Emneplan Bismo barnehage 2019-2020 - Skjåk · barnehage, skule og eigars kompetanse i å fremje...

12
Emneplan Bismo barnehage 2019-2020 «Musikk er det godeste og gladeste vi er i»

Transcript of Emneplan Bismo barnehage 2019-2020 - Skjåk · barnehage, skule og eigars kompetanse i å fremje...

Emneplan

Bismo barnehage 2019-2020

«Musikk er det godeste og gladeste vi er i»

Vårt satsingsområde: Musikk,

rørsle og drama

I Bismo barnehage ynskjer vi å skape magiske opplevingar i barna sin

barnehagekvardag. Difor vektlegg vi mykje musikk der barn og vaksne syng, spelar,

lyttar og dansar saman. Gjennom felles musisering og dramatisering vil vi skape gode

opplevingar, glede, mestring og trivsel. Musikk er eit verdsspråk uavhengig av kultur,

som knyter oss saman og styrkar samhald, gjev oss fellesskap og identitet. Eit mangfald

av musikalske aktivitetar er inkluderande, og gjev mange moglegheiter til undring og

utfalding. Dei musiske aktivitetane vil og stimulere barna si utvikling på alle område:

emosjonelt, motorisk, estetisk og kognitivt.

Kvifor vektlegg vi musikk, rørsle og drama?

Dette er kreative , morosame og lystbetonte arbeidsmetodar som innbyr til kreative

prosessar. Forsking viser at:

Vi stimulerer sansane i kreativitet, og forsterkar mentale prosessar

Det stimulerer hukommelse

Vi blir meir kreative i problemløysing. Ser ting på ulike måtar

Bryt tankerekkjer, og får i gang nye måtar og tenkje på

Stimulerer og påverkar sinnsstemning og humør

Aktiverer underbevisstheita

Aktiverer sansane våre, og opplevinga av desse

Magi i kvardagen gjennom

musikk, rørsle og drama

FRÅ MUSIKK TIL SPRÅK

Vi veit at melodi og rytme gjer språktreninga til ein aktiviserande og artig leik. Gjennom song

får barna erfaring og øving på ord og setningar. Song, bevegelse og rytme har god effekt på

språkopplæringa, der vi opplev at song og rytme gjer det lettare å hugse teksta. Vi seier at

musikk er eit verdsspråk fordi det er noko som er kjent for alle barn uavhengig av kultur.

Dette gjer at tospråklege barn kan delta på lik linje med dei andre barna.

Rammeplan

Gjennom arbeid med fagområdet kommunikasjon og språk skal barnehagen bidra til at

barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetanse og eit mangfald av

kommunikasjonsformer. Barnehagen skal bidra til at barna leiker med språk, symbol og

tekst, og stimulere til språklig utvikling. Synleggjera språkleg og kulturelt mangfald.

MÅL

Barna skal få oppleve eit rikt

språkmiljø

Barna skal få god

språkstimulering gjennom

barnehagekvardagen

Barna skal oppleve ein kvardag

der dei kan utvikle språket sitt

ved å høyre, og bruke språket i

meiningsfulle situasjonar i

direktesamhandling med andre

Barnehagen skal fange opp og

støtte barn som treng ekstra

støtte i si språkutvikling

Barnehagen skal skape eit godt

språkmiljø for alle barna ved å

oppmuntre barna til å leike med

lyd, rim, rytme og fabulere med

hjelp av språk og song

METODE

Personalet skal vera gode

språkmodellar:

-sette ord på konkreter

-vera lyttande og

interessert

- vere bevisst på å skape

eit godt samspel

Gode kvardagssamtaler

Tidleg innsats

Nært samarbeid med

heimen

Song og musikk som ein

reiskap i språkutviklinga

Forteljingar, høgtlesing,

rim, regler, dikt, song, og

songleikar kvar dag

Bruk av

språkstimulerande verkty

som td. Snakkepakken,

Språksprell og

Språkkista

LEIK OG VENNSKAP

Song skapar inkludering. Når ein kan dei same songane kan ein leike saman sjølv om ein ikkje

snakkar same språk. Barna som syng saman får ei oppleving av fellesskap ved å ha same

kunnskap og felles kodeforståing

Musikk og song kan vere ein døropnar til vennskap!

Musikk og språk går hand i hand og skaper vennskapsband

Leik er er sjølve kjennemerket til barndommen. Leiken er ein frivillig aktivitet som barnet

sjølv vel å delta i. Den er ein tilstand det er fint å vere i, samtidig som det er barnet som har

kontroll over si medvirking i leiken, og tek ansvar for den. Det er viktig at vi vaksne har

kunnskap om leik, og deltek på barna sine premissar, tek initiativ til leikesituasjonar og

brukar leiken som arena for læring.

Leiken er barna sin hovudaktivitet og dannar grunnlaget for sosialisering, utvikling, læring og

danning.

Rammeplan: Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal

anerkjennast. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både inne og ute.

Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement

gjennom leik-aleine og saman med andre.

MÅL

Barna har leikeferdigheiter

Barna held leiken i gang

Barna veit kva det er å vere

ein venn, ha venner og

halde på vennskap

Barna er inkluderande

Barna kjenner leikekodene

METODE

Felles opplevingar

Deling i grupper

Samarbeid mellom avdelingar

Vaksenstyrt leik

Aktive vaksne

Observasjon og refleksjon

Fristande leikemateriale

Formelle grupper i dans,

musikk, drama, forming og

rørsle

Vennereglar i Bismo barnehage

Vi skal si fine ting til kvarandre

Alle skal ha nokon å leike med

Å ha det gøy har og innverknad på psykisk helse. Dei gamle leikene legg til rette for å skape

inkludering og samhald i gruppa. Ved å møtast i leiken og dele det glade augeblikk, blir det

skapa eit solid grunnlag for eit fint samspel og gode relasjonar.

Rammeplan

Barnehagen skal vera ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og

den motoriske utviklinga til barna. Måltid og matlaging i barnehagen skal gi barna eit

grunnlag for å utvikle ro, kvile og avslapping i løpet av barnehagekvardagen.

Livsmeistring og psykisk helse

Rammeplanen beskriv livsmeistring som barnas psykiske og fysiske helse, samt forebygging

av krenking og mobbing. I arbeidet med barns livsmeistring er det derfor viktig og fremje

psykisk helse, og forebygge psykiske vanskar. Livsmeistring handlar om dei positive kreftane i

barna sitt liv. God barnehagekvalitet vil fremje livsmeistring. Positive erfaringar saman med

nærverande vaksne og andre barn fremjar trivsel og livsglede her og nå, samstundes som dei

bidreg til robustheit og motstandskraft som gjer at barna blir betre i stand til å tåle livets

opp- og nedturar.

4. faktorar som fremjar barns livsmeistring

Gode relasjonar som er prega av tryggheit, gjensidigheit, glede og stimulering.

Positive kjensler som glede, interesse og lykke. Positive kjensler i barndommen bidreg til

trivsel og velvære, og til betre meistring av seinare utfordringar.

Støtte av ein trygg vaksen til regulering av negative kjensler som sinne og irritasjon er

viktig for barn sjølvutvikling.

Meistring: Ein vaksen som gjev passe hjelp og støtte vil kunne bidra til at barnet vil lykkast

med meistringsforsøk som det ikkje ville ha fått til åleine. Barn som skal lære og meistre

noko nytt vil måtte øve og tåle å mislykkast før dei lykkast.

Inkluderande barnehage- og skulemiljø.

Kunnskapsdepartementet legg til rette for kompetanseutvikling som skal styrke

barnehage, skule og eigars kompetanse i å fremje trygge miljø og førebyggje, avdekkje og

handtere mobbing og andre krenkingar.

Ein del av denne kompetanseviklinga er tilbodet inkluderande barnehage- og skulemiljø-

samlingsbasert tilbod. Skjåk kommune er nå så heldige å få delta i eit toårig prosjekt.

Som mål har satsinga å:

Førebyggje, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar.

Utvikle og oppretthalde gode og trygge barnehage-/skulemiljø

Organisasjon og leiing, generell regelverkskompetanse og tverrfagleg samarbeid

AKTIVITETSKALENDER

Månad

August Oppstart og tilvenning

September Tilvenning Innhausting: bærplukking og potetplukking (Søre) Smak av naturen Kulturstigen og sykkeltur (førskulebarna)

Oktober Forut: Innsamlingsaksjon i samband med FN-dagen

November

Desember Aktivitetar knytt til tema jul Luciafeiring med beste-/oldeforeldre Julegløgg med foreldre Julebord

Januar Vinteraktivitetar med snø, is og vatn Gå julebukk på Skjåkheimen (Søre)

Februar Markering av at sola er komen attende Samefolkets dag

Mars Ski-/akedag i Botn

April Aktivitetar knytt til tema påske Brannvern/besøk på brannstasjonen (førskulebarna)

Mai 17. mai- øve på å gå i tog Dugnad med foreldre Sykkeldag i barnehagen, førskulebarna har sykkeltur til

Holemork

Juni Motbakkeløp «Hulderholet Upp» Sommartur (vi køyrer buss) Sommarfest i barnehagen Overnatting med førskulebarna

Bismo barnehage

Tlf. 61 21 70 71

PERSONALET

Kjøp av dagar

Det er høve til å kjøpe enkeltdagar utanom dei faste

barnehagedagane. Personalet vurderer til ein kvar tid om det

er kapasitet til å ta inn barn på enkeltdagar.

Pris på kjøp av enkeltdag: kr. 305,-

Styrar: Mogunn Synstnes tlf. 48 29 24 06

NØRDRE Pedagogiske leiarar: Ingebjørg Turtum 80 % Fagarbeidarar: Heidi Krøkje 80 % Ona Merete Hole 100 % Ellen Therese Lien 70 % Rutta Gebrealese 30 % SØRE Pedagogiske leiarar: Sigrid Byre 100 % Kari Gjelbakken 100 % Fagarbeidarar: Kari Eline Bakken 80% KNERTEN Pedagogisk leiar: Karin Fjerdingren 100 % Fagarbeidarar: Anne Ma Eggen 80% Marit Kveom 100 %

Månadsplan

Kvar månad vil de få ei

oversikt over dei daglege

aktivitetane i barnehagen.

DAGSRYTME

07.00 Barnehagen opnar. Vi startar dagen med roleg aktivitetar 08.00 Frukost. NB! Dei som skal ha frukost må vera i Barnehagen til kl.08.00

09.00 Frileik/gruppedeling/tema-aktivitetar

10.00 Samling

10.30 Smøremåltid

11.30 Uteleik/sovetid for dei minste

13.30 Lett måltid

14.30 Frileik inne/ute fram til henting

16.30 Barnehagen stenger

Vi ynskjer ei kjernetid i tidsrommet 09.00-14.30 der alle

barna er til stades pga. ulike tilrettelagde aktivitetar.

.

På pppp

Hjelpemus (Søre)

På omgang får barna vere med å hjelpe til med dei

daglege gjeremåla, som t.d. dekkje bord, hjelpe til

i samling, gå først når vi skal på tur mm. Dette blir

markert på garderobeplassen deira om

morgonen.

Kva barnet treng å ha i barnehagen

Feiring av bursdagar

Bursdagsbarnet er med og pyntar bord og krone til

feiringa. Bursdagar blir feira berre på avdelinga til den

som har bursdag. Flagg blir hengt opp for å markere at

vi har bursdagsbarn.

Regnklede og støvlar

Vind /vasstett parkdress eller overtrekksjakke-/bukse.

Gode tur-/utesko

Innesko

Skift/ekstraklede dei må ha i korga si i garderoba (truser,

sokkar, bukse, t-skjorte, tynn genser, stilongs, ullsokkar,

vottar, lue, hals/buff)

Vinterstid: Fleece/ullgenser og bukse, vinterdress, lue,

vottar, gode og varme vintersko, hals/buff i staden for

skjerf

Dei minste: Bleier (ikkje trusebleie), smokk, klut el. som

dei brukar ved soving, vogn dei kan sove i ute.

Klede og sko skal vera namna

«Musikk skapes ut av glede, av glede skaper man musikk»