"Trylledrikken" i Firda Tidend, dobbeltside

1
FIRDA TIDEND onsdag 26. juni 2013 13 onsdag 26. juni 2013 • FIRDA TIDEND 12 – Eg tykkjer det er utruleg bra at Eivind Kandal tek med seg opera til heimbygda. Dette er ei modig satsing og sikkert nytt for mange. Eg har aldri vore på opera før, seier Paul Nygård. Han var ein av dei 120 som fann vegen til Galle- ri Skarstein søndag kveld. F.T.: Inger H. Aske Lothe Publikum strøymde til galleriet i Kandal med forventning om å få oppleve noko heilt spesi- elt. Arrangørane hadde plassert ut 100 sto- lar, men måtte leite fram 20 til for å få plass til alle. Aldri før har opera vore framført i denne bygda, og gallerieigar Vesla Kallhovd ønskte velkomen til ein historisk kveld. – Imponerande Eivind Kandal har nettopp avslutta utdan- ninga si ved operahøgskulen og er på turné i lag med tre songvener. Han hadde med seg to sopranar, ein baryton, ein pianist og ein statist til Kandalen. – Stemmene deira er heilt utruleg. Det er imponerande å høyre dei synge, og veldig artig at dei framfører opera på ein humoris- tisk måte. Det blir som ei teaterframsyning. Det er veldig positivt at Eivind tek med seg venene sine til Kandal slik at vi også får høy- re opera. Eg likar i grunn på all type musikk, for eg høyrer mykje på radio, men opera kringkastar dei sjeldan. Kveldens musikk ligg dermed litt utanom det eg høyrer på til van- leg, men eg har tru på at desse unge songa- rane vil nå langt, seier Paul Nygård. Stolt bestemor Ester Løvland var like begeistra. – Dette var så flott. Det er kjekt at vi får oppleve kva ungdom frå bygda held på med. Eg har vore i Opera Nordfjord og fått med meg ”Figaros Bryllup”. Eg har også høyrt elevar frå operahøgskulen i Litteraturhuset i Oslo. Eg har kosa meg veldig i kveld. Det var kjekt å få med seg denne historiske hendinga og flott at vi kan få høyre opera her i bygda – ikkje berre i byane, peikar ho på. Ei stolt bestemor, Solveig Kandal, hadde også tatt turen til galleriet. 95-åringen bur på Retunet. – Det er første gong eg høyrer opera på ei scene, men eg har høyrt Eivind synge opera heime i stova på nyttårsaftan ein gong. Å sjå barnebarnet på scena i kveld var flott. Det var rett og slett eineståande. Det hadde eg i grunn aldri drøymt om. Han har gjort eit uventa yrkesval, han som kjem frå ein van- leg bondeheim. Dei tek seg opp. Dette kjem eg til å hugse og tenkje mykje på, seier ho. – Ei oppleving Elin Gro Skaaden gleda seg over å til stades. – Dette var ei oppleving. Songarane er dyk- tige, og huset og plassen her er kjempeflott. Eg vil seie det er eksotisk både ute og inne. Og så trur eg aktørane på scena merkar at publikum er med og at dei blir sett pris på. Publikum i Gloppen har ei sterk kjensle for song og musikk, og vi likar å følgje med våre eigne utøvarar, smiler ho. Eigaren av galleriet strålte som ei sol etter framføringa av ”Trylledrikken”. – At ein opera kan vere så morosam – og at dette skjer her i Kandal – er utruleg kjekt. At desse unge songarane er opptatt av å få operaen ut til folket, er flott. For meg er det fantastisk moro å sjå så mange kome hit for å oppleve ein kulturfest, seier Vesla Kallhovd. Etter framsyninga serverte ho og medhjel- parane hennar rømmegraut med tilbehør i selskapslokalet over galleriet. Mange stogga igjen for å kose seg med god mat og hyggje- leg samvær. – Det er Ester Løvland og Klara Midtkan- dal som har laga grauten. Rømmegraut hø- ver godt på ein jonsokkveld, slår ho fast. Eksotisk oppleving i gamal geitefjøs æ Eivind Kandal med vener framførte opera i Galleri Skarstein æ Fullsett lokale æ Eit begeistra publikum takka med ståande applaus Bestemor Solveig Kandal på 95 år likte det ho fekk høyre. – Dette var fantastisk moro. Eg pleier alltid å vere nervøs før ei framsyning, men var spesielt nervøs i dag sidan eg er heime i Kandalen. Eg ønskjer å gjere ting skikkeleg på heimebane, seier Eivind Kandal. Saman med Bernt Ola Volung- holen har glopparen gjennom fleire år arbeidd med å lage framsyningar og miniversjonar av kjende operaer. Dei brukar musikken som basis for nye, enkle og ofte morosame fram- syningar. ”Trylledrikken” be- står av høgdepunkt frå ”Trylle- fløyten” av Mozart og ”El- skovsdrikken” av Donizetti, to av dei mest spelte operaene i verda. God akustikk – Publikum i kveld var livleg og overraskande godt. Det er veldig gjevande når vi får så god respons. Å nytte galleriet her på Skarstein gard til fram- syninga var svært vellukka. Her er mange moglegheiter scenisk sett, mellom anna fordi det finst fleire dører inn til lo- kalet. Akustikken var også god, seier Eivind Kandal, og legg til at det er spennande å vere på turné. – Målet vårt er å gjere opera meir folkeleg og å få denne ty- pen musikk ut til folket. Publi- kum elskar det vi gjer, men vi har vore litt redde for tilbake- meldingar frå eigne rekkjer. No prøver vi å lodde stem- ninga og sjå om det er mogleg å gjere dette til eit levebrød, seier Bernt Ola Volungholen. København Fem studentar avslutta nyleg studia ved operahøgskulen. – Når vi veit at berre ti stil- lingar ved Den Norske Opera er faste, er nålauget utruleg trongt. Det er vanskeleg å få jobb i Bjørvika. Difor priorite- rer vi no å gjere akkurat det vi ønskjer – nemleg å satse på miniversjonar av kjende opera- er, seier dei to. Til hausten flyttar dei begge til København. Medan Volung- holen skal studere ved operaa- kademiet, skal Eivind Kandal ta privattimar hos Susanna Eken. – Dermed kan vi halde fram det gode samarbeidet, seier dei. ”Trylledrikken” består av to akter, den første er basert på ”Tryllefløyten”. Her møter pu- blikum fire karakterar. Tamino er ein sjarmerande prins på lei- ting etter kjærasten, prinsesse Pamina. Han møter fuglefanga- ren Papageno, og får hjelp til å leite etter prinsessa. Det viser seg snart at den skumle karak- teren Nattens dronning kan ha noko med forsvinninga å gjere. Ho er i alle fall ei sint dame. Kanskje kan no trenge ein kjæ- rast ho også? Andre akt er basert på ”El- skovsdrikken”. Her blir publi- kum kjend med bondesonen Nemorino. Han er forelska i den finaste jenta i bygda, Adi- na, men ho synest ikkje å vere like interessert i han. Då kvakksalvaren Dulcamera kjem til bygda med ein heime- laga elskovsdrikk, gjev det håp for Nemorino. – Dette var fantastisk moro Kvakksalvaren Dulcamera (t.v.) kjem til bygda med ein heimelaga elskovsdrikk. Det gjev håp for Nemorino, som er forelska i ei vakker jente. Flott song og mykje humor prega framsyninga i Kandal. Fuglefangaren Papageno klarer til slutt å fange kjærleiken. Jonsokkvelden vart ei heilt spesiell oppleving i og rundt galleriet til Vesla Kall- hovd. 120 personar fann vegen til Galleri Skarstein denne kvelden. – Det var kjempeartig å få vise kva eg driv med, seier Eivind Kandal, som nettopp har avslutta studiane ved operahøgskulen. Søndag inviterte desse unge songarane til opera i Kandal. Frå venstre: Caroline Wettergreen frå Bergen, Bernt Ola Volungholen frå Hedmark, Eivind Kandal og Kathrine Amdam Eckholm frå Ålesund. Trylledrikken Sider - onsdag_SIDEMAL ODD 25.06.13 09.36 Side 12

description

Artikkel etter forestilling, dobbelstside

Transcript of "Trylledrikken" i Firda Tidend, dobbeltside

Page 1: "Trylledrikken" i Firda Tidend, dobbeltside

FIRDA TIDEND • onsdag 26. juni 2013 13onsdag 26. juni 2013 • FIRDA TIDEND 12

– Eg tykkjer det er utruleg bra atEivind Kandal tek med seg operatil heimbygda. Dette er ei modigsatsing og sikkert nytt for mange.Eg har aldri vore på opera før,seier Paul Nygård. Han var ein avdei 120 som fann vegen til Galle-ri Skarstein søndag kveld.

F.T.: Inger H. Aske Lothe

Publikum strøymde til galleriet i Kandal medforventning om å få oppleve noko heilt spesi-elt. Arrangørane hadde plassert ut 100 sto-lar, men måtte leite fram 20 til for å få plasstil alle. Aldri før har opera vore framført idenne bygda, og gallerieigar Vesla Kallhovdønskte velkomen til ein historisk kveld.

– ImponerandeEivind Kandal har nettopp avslutta utdan-ninga si ved operahøgskulen og er på turné ilag med tre songvener. Han hadde med segto sopranar, ein baryton, ein pianist og einstatist til Kandalen.

– Stemmene deira er heilt utruleg. Det erimponerande å høyre dei synge, og veldigartig at dei framfører opera på ein humoris-tisk måte. Det blir som ei teaterframsyning.Det er veldig positivt at Eivind tek med segvenene sine til Kandal slik at vi også får høy-re opera. Eg likar i grunn på all type musikk,for eg høyrer mykje på radio, men opera

kringkastar dei sjeldan. Kveldens musikk liggdermed litt utanom det eg høyrer på til van-leg, men eg har tru på at desse unge songa-rane vil nå langt, seier Paul Nygård.

Stolt bestemorEster Løvland var like begeistra.

– Dette var så flott. Det er kjekt at vi fåroppleve kva ungdom frå bygda held på med.Eg har vore i Opera Nordfjord og fått medmeg ”Figaros Bryllup”. Eg har også høyrtelevar frå operahøgskulen i Litteraturhuset iOslo. Eg har kosa meg veldig i kveld. Det varkjekt å få med seg denne historiske hendingaog flott at vi kan få høyre opera her i bygda– ikkje berre i byane, peikar ho på.

Ei stolt bestemor, Solveig Kandal, haddeogså tatt turen til galleriet. 95-åringen bur påRetunet.

– Det er første gong eg høyrer opera på eiscene, men eg har høyrt Eivind synge operaheime i stova på nyttårsaftan ein gong. Å sjåbarnebarnet på scena i kveld var flott. Detvar rett og slett eineståande. Det hadde eg igrunn aldri drøymt om. Han har gjort eituventa yrkesval, han som kjem frå ein van-leg bondeheim. Dei tek seg opp. Dette kjemeg til å hugse og tenkje mykje på, seier ho.

– Ei opplevingElin Gro Skaaden gleda seg over å til stades.– Dette var ei oppleving. Songarane er dyk-

tige, og huset og plassen her er kjempeflott.Eg vil seie det er eksotisk både ute og inne.Og så trur eg aktørane på scena merkar atpublikum er med og at dei blir sett pris på.Publikum i Gloppen har ei sterk kjensle forsong og musikk, og vi likar å følgje med våreeigne utøvarar, smiler ho.

Eigaren av galleriet strålte som ei sol etterframføringa av ”Trylledrikken”.

– At ein opera kan vere så morosam – ogat dette skjer her i Kandal – er utruleg kjekt.At desse unge songarane er opptatt av å fåoperaen ut til folket, er flott. For meg er detfantastisk moro å sjå så mange kome hit for åoppleve ein kulturfest, seier Vesla Kallhovd.

Etter framsyninga serverte ho og medhjel-parane hennar rømmegraut med tilbehør iselskapslokalet over galleriet. Mange stoggaigjen for å kose seg med god mat og hyggje-leg samvær.

– Det er Ester Løvland og Klara Midtkan-dal som har laga grauten. Rømmegraut hø-ver godt på ein jonsokkveld, slår ho fast.

Eksotisk oppleving i gamal geitefjøsæ Eivind Kandal med vener framførte opera i Galleri Skarstein æ Fullsett lokale æ Eit begeistra publikum takka med ståande applaus

Bestemor Solveig Kandal på 95 år likte det hofekk høyre.

– Dette var fantastiskmoro. Eg pleier alltid åvere nervøs før eiframsyning, men varspesielt nervøs i dagsidan eg er heime iKandalen. Eg ønskjerå gjere ting skikkelegpå heimebane, seierEivind Kandal.

Saman med Bernt Ola Volung-holen har glopparen gjennomfleire år arbeidd med å lageframsyningar og miniversjonarav kjende operaer. Dei brukarmusikken som basis for nye,enkle og ofte morosame fram-syningar. ”Trylledrikken” be-står av høgdepunkt frå ”Trylle-fløyten” av Mozart og ”El-skovsdrikken” av Donizetti, toav dei mest spelte operaene iverda.

God akustikk– Publikum i kveld var livlegog overraskande godt. Det erveldig gjevande når vi får sågod respons. Å nytte galleriether på Skarstein gard til fram-syninga var svært vellukka.Her er mange moglegheiterscenisk sett, mellom anna fordidet finst fleire dører inn til lo-

kalet. Akustikken var også god,seier Eivind Kandal, og legg tilat det er spennande å vere påturné.

– Målet vårt er å gjere operameir folkeleg og å få denne ty-pen musikk ut til folket. Publi-kum elskar det vi gjer, men vihar vore litt redde for tilbake-meldingar frå eigne rekkjer.No prøver vi å lodde stem-ninga og sjå om det er moglegå gjere dette til eit levebrød,seier Bernt Ola Volungholen.

KøbenhavnFem studentar avslutta nylegstudia ved operahøgskulen.

– Når vi veit at berre ti stil-lingar ved Den Norske Operaer faste, er nålauget utrulegtrongt. Det er vanskeleg å fåjobb i Bjørvika. Difor priorite-rer vi no å gjere akkurat det viønskjer – nemleg å satse påminiversjonar av kjende opera-er, seier dei to.

Til hausten flyttar dei beggetil København. Medan Volung-holen skal studere ved operaa-kademiet, skal Eivind Kandalta privattimar hos SusannaEken.

– Dermed kan vi halde framdet gode samarbeidet, seierdei.

”Trylledrikken” består av toakter, den første er basert på”Tryllefløyten”. Her møter pu-blikum fire karakterar. Taminoer ein sjarmerande prins på lei-ting etter kjærasten, prinsessePamina. Han møter fuglefanga-ren Papageno, og får hjelp til åleite etter prinsessa. Det viserseg snart at den skumle karak-teren Nattens dronning kan hanoko med forsvinninga å gjere.Ho er i alle fall ei sint dame.

Kanskje kan no trenge ein kjæ-rast ho også?

Andre akt er basert på ”El-skovsdrikken”. Her blir publi-kum kjend med bondesonenNemorino. Han er forelska iden finaste jenta i bygda, Adi-na, men ho synest ikkje å verelike interessert i han. Dåkvakksalvaren Dulcamerakjem til bygda med ein heime-laga elskovsdrikk, gjev det håpfor Nemorino.

– Dette var fantastisk moro

Kvakksalvaren Dulcamera (t.v.) kjem til bygda med ein heimelaga elskovsdrikk.Det gjev håp for Nemorino, som er forelska i ei vakker jente.

Flott song og mykje humor prega framsyninga i Kandal. Fuglefangaren Papageno klarer til slutt å fange kjærleiken. Jonsokkvelden vart ei heilt spesiell oppleving i og rundt galleriet til Vesla Kall-hovd.

120 personar fann vegen til Galleri Skarstein denne kvelden.

– Det var kjempeartig å få vise kva eg driv med, seier Eivind Kandal, som nettopp har avslutta studiane ved operahøgskulen. Søndag inviterte desse unge songarane til opera i Kandal. Frå venstre: Caroline Wettergreen frå Bergen, Bernt OlaVolungholen frå Hedmark, Eivind Kandal og Kathrine Amdam Eckholm frå Ålesund.

Trylledrikken

Sider - onsdag_SIDEMAL ODD 25.06.13 09.36 Side 12