Lesebok for jenter

25

description

Frå Homer til The Hunger Games Av Solveig Aareskjold

Transcript of Lesebok for jenter

Page 1: Lesebok for jenter
Page 2: Lesebok for jenter

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 1

Page 3: Lesebok for jenter

LESEBOK FORJENTERFrå Homer til

The Hunger Games

ved Solveig Aareskjold

SamlagetOslo

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 3

Page 4: Lesebok for jenter

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 5: Lesebok for jenter

Innhald

Om boka

Handlekraft

Å finna ein mann på stranda

Frå Odysseen

Identitet

Eg er den eg er

Frå dagboka til ei ung kvinne i Romarriket

Sjølvrealisering

Kristen jente syng heidensk song

Frå Soga om Eirik Raude

Lojalitet

Mor og dotter

Frå Alexiaden av Anna Komnena

Ære

Askepott som ikkje ville ha prinsen

Frå Heptameronen ved Margareta av Navarra

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 5

Page 6: Lesebok for jenter

Makt

Takk, Gud, for at du lét meg bli fødd som kvinne

Av dronning Kristina av Sverige

Fantasi

Den mystiske herregarden

Frå Northanger Abbey av Jane Austen

Empati

Magrete Kind

Novelle om utstøyting av Dikken Zwilgmeyer

Skam

Første møte

Novelle om audmyking av Sigrid Undset

Frigjering

Vond onsdag

Frå Mary Poppins Comes Back av Pamela Lyndon Travers

Omsorg

Saltvannsbekk

Novelle om gamle tradisjonar av He Dong

Mot

Å finna ein gut i skogen

Frå The Hunger Games av Suzanne Collins

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 6

Page 7: Lesebok for jenter

Om boka

Det er ei utbreidd misforståing at kvinnene ikkje haddefullt menneskeverd før dei fekk stemmerett og lov til å stu-dera ved universitetet. Derfor blir sjølv dei mest oppvakteog handlekraftige jentene narra til å tru at dei ville ha voreslavar om det ikkje var for samfunnsreformene dei sistehundre åra.

Lesebok for jenter er eit forsøk på å bøta på denne feilen.Det er ikkje ei lærebok i vanleg forstand, men ei samling avtekstar som burde ha stått i skulebøkene for lenge sidan.Dei spenner frå oldtida til vår eiga tid og handlar om jen-ter og unge kvinner som tenkjer og handlar som fullver-dige samfunnsborgarar. Den motgangen dei kjem ut for,er slikt som kan råka kven som helst, og dei taklar det somfolk som er vande med å bli møtte med respekt.

Sjølv om boka er skriven for jenter, rettar ho seg likemykje mot dei som har ansvar for å gje sannferdige opp-lysningar om kulturarven. For dei som underviser i sku-len, veit sjeldan meir enn det dei har lært ved universitetet,og der lærer ein berre det som ikkje strir mot dei person-lege interessene til dei universitetstilsette.

Den kulturarven som blir formidla i skulen, handlarderfor nesten berre om det framståande menn har sagt oggjort. Når kvinnene blir nemnde, er det som regel som

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 7

Page 8: Lesebok for jenter

hjelpelause offer for mannleg makt. Den norske nasjonal-songen er jo òg ei opprekning av storverka til forfedranevåre, mens formødrene gjer lite anna enn å gråta.

Men det finst mange gamle forteljingar om jenter ogunge kvinner med heilt andre krav til livet og seg sjølve.Lesebok for jenter består av tolv tekstar som spenner over tretusen år, frå den greske heltediktinga til dagens fantasylit-teratur. Den første er frå Odysseen, så følgjer innslag fråyngre oldtid, vikingtid og mellomalder og vidare framovertil totusentalet, der bogeskytaren Katniss i Suzanne Col-lins’ The Hunger Games knyter sambandet tilbake til greskmytologi.

Alle tekstane er skrivne av kvinner. Kan henda med tounntak: Den greske diktaren Homer skal etter tradisjonenha vore ein mann. Men opningslinja i Odysseen legg denneforteljinga i munnen på ei dotter av guden Zevs. Dersomdet likevel er ein mann som står bak, må han ha hatt meirsans for jenter enn det som har prega åndslivet fram til idag. Mens dei fleste skrivande menn er mest opptekne avkva slags kjensler kvinnene vekkjer i dei sjølve, arbeiderkvinner og gudinner hos Homer med sine eigne prosjekt.Athene hjelper Odyssevs fordi ho liker han, og fordi han erkjekk å ha i den stadige knivinga gudane imellom. Nårkongsdottera Navsikaa finn han naken og svolten påstranda, handlar ho like eins ut frå eigennytte: Sjølv om hoville ha hjelpt kven som helst som var komen i naud, haddeho ikkje vore så raus med mat og klede om han ikkje var såvelskapt og mandig. Og ho ville slett ikkje teke han medheim til foreldra sine.

Dei norrøne sogene blir òg rekna for å vera førte i pen-nen av menn. Men det er det ingen som veit. Opp gjennomhundreåra er desse bøkene blitt overleverte som avskrifter,

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 8

Page 9: Lesebok for jenter

og dersom det ein gong stod eit forfattarnamn på tittel-bladet, har det kome bort for lenge sidan. Sidan kvinnenei sogene for det meste gjer som dei sjølve vil, og sjeldan bryrseg om kva mennene synest, og nesten alltid slepp unnautan straff, kan dei like gjerne vera skrivne av kvinner.

Lesebok for jenter er bygd opp slik at kvar tekst har eitinnleiingskapittel som blir knytt til ein menneskeleg eigen-skap, som handlekraft eller lojalitet. Her gjer eg òg greiefor den samanhengen han er blitt til i. Dei eldre tekstanehar eg tilrettelagt for moderne lesarar dels ved å korta deined, dels ved å gjera språket enklare. Derfor er utdraget fråOdysseen gjenfortalt i prosa, og eg har utelate ein del av deiskildringane som gjer seg så godt på vers, men mistar kraftanår dei blir overførte til ein meir kvardagsleg stil. Det stårmeir detaljert om dette bakarst i boka.

Det er ei stor glede å få høve til å løfta den gamle kul-turarven ut or gløymsla og presentera han saman med lit-teratur frå nyare tid. Eg har etter beste evne gjengjevetekstane korrekt og sannferdig. Så er det berre å vona atikkje manglar ved mi framstilling skal hindra nokon i åoppsøkja originaltekstane.

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 9

Page 10: Lesebok for jenter

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 10

Page 11: Lesebok for jenter

Handlekraft

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 11

Page 12: Lesebok for jenter

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 12

Page 13: Lesebok for jenter

Forteljinga om ungjenta Navsikaa stammar frå det gamleHellas. Navsikaa ville gjerne gifta seg, men hadde enno ikkjefunne nokon ho ville ha. Ei natt drøymde ho at ho skullefeira bryllaup så snart ho hadde fått vaska alt skitentøyet somlåg og dreiv i heimen, og morgonen etter køyrde ho av gardei ei muldyrvogn fram til den stranda der dei brukte å vaskaklede. Der møtte ho ein mann som ho straks forelska seg i.Haken var berre at han var gift frå før.

Denne mannen var Odyssevs, hovudpersonen i Odys-seen, som saman med Iliaden høyrer til dei eldste diktverkai verda. Handlinga er lagd til om lag år før vår tids-rekning. Kor mykje som er sant og kor mykje som er opp-spinn, er ikkje godt å vita, og ingen veit om Odyssevsnokon gong har levd. Det hindrar ikkje at han framstårsom svært levande i dei forteljingane som handlar om han.

Som nemnt er det heilt på det uvisse om Iliaden ogOdysseen blei dikta av ein som heitte Homer, eller om deihar oppstått på heilt anna vis. I alle fall opnar Odysseenmed at ei av døtrene til Zevs blir oppfordra til å framføraeit kvad om korleis Odyssevs farta omkring på havet i åre-vis etter at trojanarkrigen var slutt:

Songmøy, fortel om den rådsnare mannen som flakkaså videdå han til sist hadde styrta i grus det heilage Troja!

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 13

Page 14: Lesebok for jenter

Ifølgje tradisjonen var Troja eit kongerike på vestkysten avdet landet som i våre dagar heiter Tyrkia. For meir enn tretusen år sidan skal grekarane ha gått til angrep på dettekongeriket fordi ein av sønene til kongen hadde rømt avstad med ei gresk dronning, den skjønne Helena. Endå Helena var forelska i han og hadde følgt han frivillig, vardet om å gjera for grekarane å henta henne tilbake igjen, ogsom offiser i den greske hæren måtte Odyssevs kjempa iframandt land i heile ti år før trojanarane endeleg gav tapt.Men lenge etter at Helena hadde forlikt seg med den greskehusbonden sin og var reist heim igjen med han, dreiv Odys-sevs retningslaust omkring på havet, ute av stand til å finnavegen tilbake til Itaka, der kona og sonen venta på han.

Itaka ligg like aust for den kjende ferieøya Kefallinia. Såsjølv om det berre fanst umotoriserte fartøy i oldtida, vardet ikkje lengre avstand frå Troja og heim enn at reisa kunnevore unnagjord på eit par veker. Likevel brukte han ti år. År-saka var at han hadde fått guden Poseidon på nakken.

Dei gamle grekarane trudde at det fanst ei endelausmengd med gudar og gudinner, somme på fjellet, andre iskogen, i elvane og i havdjupet. Når det var storm på havet,var det på grunn av Poseidon, ei gretten og oppfarande ka-oskraft som det var vanskeleg å ha eit godt forhold til. Hanvar far til den kyklopen som Odyssevs ein gong stakk utauget på, og ville hemna seg med å drukna han. Derforkunne Odyssevs knapt gå om bord i ein båt utan at detskjedde ein katastrofe.

Heldigvis var gudane ofte ueinige med einannan, såkom du på kant med ein av dei, fanst det alltids ein annanå venda seg til. Når eit menneske fekk ein fantastisk godidé, var det som regel visdomsgudinna Athene som stodbak. For Odyssevs, som stolte meir på intelligens enn på rå

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 14

Page 15: Lesebok for jenter

styrke, fall det naturleg å halda seg til henne. Athene var òggud for handverk og militær planlegging. Det blei bygtmange store og staselege tempel til hennar ære, til dømesdet som står på Akropolis i Aten, og det som det enno finstrestar etter i Bergama i Tyrkia. Dei fleste skulpturar av At-hene viser henne som ei atletisk ung kvinne med krigar-hjelm på hovudet og spyd i handa.

Homer skildrar henne som ei skøyarjente med strå-lande auge, ei som alltid er i godt humør og alltid får detsom ho vil. I opningskapitlet av Odysseen seier ho til farsin, Zevs, at det er på tide at Odyssevs får koma heim. Der-etter flyg ho frå Olympen, der gudane held til, og dukkar ineste stund opp i kongsgarden på Itaka, forkledd som einvenn av familien. Ho vender seg til sonen i huset, ein ein-sam tjueåring med stor uro i hjartet og lita tru på fram-tida, og gjev han råd om korleis han skal få orden på livetved å fara ut i verda og spora opp den bortkomne far sin.Så løyser gjesten seg plutseleg opp i lause lufta og blir tilein fugl som flyg sin veg. Då skjønar den unge mannen atdet er ein av gudane som har fylt han med ny kraft.

Kongsgarden på Itaka er innreidd med ei stor hall derfolk kjem og går, og fleire soverom der familien kan trek-kja seg tilbake. Sonen i huset har sitt eige rom og ei gam-mal fostermor som steller for han.

Slik er det òg heime hos kongsdottera Navsikaa. Kon-gen, dronninga og alle stormennene held til i halla, mensNavsikaa har ei lita leilegheit for seg sjølv, og fostermor sitil å laga mat til seg.

Navsikaa er ein av dei gode hjelparane i Odysseen. Hoblir brukt som reiskap for Athene, som ikkje går av vegenfor å utnytta kjenslene til ei pur ung jente. For det som gag-nar den eine, er ikkje alltid det den andre har mest bruk for.

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 15

Page 16: Lesebok for jenter

Elles er Navsikaa privilegert og ressurssterk på alle vis,med kloke foreldre som gjev henne akkurat så mykje fri-dom som ho kan handtera. Truleg ville ikkje eit kongepari oldtida la ei tenåringsdotter streifa omkring utan tilsynheilt utan vidare. Men når ho seier at ho må køyra tilstranda for å vaska skitentøyet til familien, gjev faren hennebåde vogn og muldyr, endå han nok har ein mistanke omdenne plutselege vasketrongen berre er eit påskot for nokoanna.

Her til lands er det vel kjent korleis oldemødrer og tip-poldemødrer sleit ut hendene sine på klesvask. Derfor erdet fint å få vita at i det gamle Hellas vaska dei med føteneog stod og stampa i elva med høg beinløfting i staden for åbøya slitne ryggar over vaskebrett og balje. Det homeriskejentetilværet er fullt av uteliv og kroppsøving og forklarerkvifor dei eldste illustrasjonane av kvinne- og manns krop-par er så like.

Navsikaa kjem inn i forteljinga på eit tidspunkt dåOdyssevs i heile sju år har vore fange hos gudinna Kalypsopå ei øy langt utanfor den vanlege skipsleia. Kalypsobrydde seg ikkje om at han var nedtrykt og lengta heim tilItaka, for ho rekna med at det ville retta seg etter kvart.Som udøyeleg guddom hadde ho tida for seg. Men ein dagkom ho heilt uventa og sa at han skulle få fara. Han fekk lovtil å byggja seg ein flåte, og segla av garde med godt motheilt til Poseidon sleppte uvêret laus og flåten kantra.

Då det ikkje lenger nytta å flyta på vrakrestane, sumdeOdyssevs dag og natt i to døgn. Mellom dei høge bølgjeneskimta han land langt der framme. Han sumde og sumdemens kreftene ebba ut, og barnleg håp skifta med den svar-taste fortviling. Då han den tredje morgonen såg skogenog bakkane inne på land, blei han jublande glad. Straks

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 16

Page 17: Lesebok for jenter

etter høyrde han braket av brenningane som knuste seg ikvitt skum mot svaberget, og veikna i hjarte og kne, reddfor å bli smadra mot fjellet.

Heldigvis var Athene like mektig på landjorda som Po-seidon var på havet. Her på grensa mellom sjø og landverka dei inn på Odyssevs frå kvar sin kant, kaosguden forå utsletta han, visdomsgudinna for å reisa han opp. Nettidet ei overhendig bølgje slengde han mot strandknausane,var Athene der og sørgde for at han greidde gripa fatt i kan-ten på berget. Men dragsuget reiv han laus og drog han utigjen. Og sjølv om Odysseen er eit helteepos, blir hjelpe-løysa til hovudpersonen utlevert rått og omsynslaust: Somnår ein slimete polypp er blitt rykt opp med sugekoppanefulle av småstein, slik blei Odyssevs skyld bort av straumenmed oppflerra hender.

Då han dukka opp igjen, fylte Athene han med sinnsro.Han speida etter eit skar i berget eller ei vik å symja inn iog oppdaga at han var like ved ein elvemunning. Der kravlahan i land med sjøvatn strøymande frå nase og munn.

Han var ribba for alt. Han hadde ikkje klede, ikkje skor,ikkje våpen til å verja seg mot fiendar og villdyr, ikkjepengar å betala for seg i dette ukjende landet. Nokon måttekoma og gje han mat. Dei måtte ta han inn i ein mennes-keleg fellesskap. Elles nytta det lite at han hadde greidd åkoma seg gjennom brenningane. Utan hjelp frå andre komhan til å døy.

Etter at han hadde henta seg litt inn, rusla han bort tileit skogholt. Der fann han seg ei lun grop mellom to tresom stod så tett at kronene hadde vakse saman til eit tak,og grov seg ned i fjorgammalt lauv og fall i søvn.

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 17

Page 18: Lesebok for jenter

Å finna ein mann på stranda

Det var nesten blitt morgon då Navsikaa drøymde at bestevenninna hennar kom til henne og sa:

«Navsikaa, har mor di lært deg opp til slurv og slend -rian? Alle dei fine kleda dine ligg jo her og driv, bådeskitne og ustelte. Og du som snart skal ha bryllaup, dumå ha mange flotte klesplagg, ikkje berre til deg sjølv,men òg til bruresveinane dine. For du skal vita at du blirikkje gåande ugift mykje lenger no. Lat oss fara til vaske-stranda i morgon tidleg, rett etter frukost! Me skal vaskaom kapp, du og eg, så blir me fort ferdige. Men be far dinom å få låna muldyr og vogn, for det er jo ganske langt.»

Ikkje visste Navsikaa at den som såg ut som beste -venninna hennar, var Athene i forkledning, og ho haddeslett inga aning om at dette snakket om at ho snart skullegifta seg, berre var eit guddomleg knep for å lokka hennetil å ta ansvar for ein vilt framand mann. Då sola stod opp,var Navsikaa òg oppe. Ho skunda seg gjennom huset, forbimora som allereie sat og spann ved eldstaden, og bort tildøra, der ho akkurat fekk stansa faren som var på veg ut.

«Far,» sa ho, «kan eg få ei arbeidsvogn, ei av dei høge,slik at eg kan køyra til elva og vaska klede? Det flyt joover av skitentøy her heime, og du treng å vera sømmelegkledd når du sit i rådet saman med dei fremste av folket.

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 18

Page 19: Lesebok for jenter

Og brørne mine kjem alltid og spør meg etter nyvaskaklede når dei skal på dans, og alt er mitt ansvar!»

Såleis tala ho og nemnde ikkje eit ord om bryllaup,blyg for far sin som ho var. Men han forstod alt og svaraat han ville ikkje nekta henne verken muldyr eller vogn.Tenarane drog vogna ut og spente muldyra føre mensNavsikaa bar ut fangevis med staselege klede og la deivarleg ned i vogna. Mor hennar gav henne ein boks medmat og ein geiteskinnsdunk med vin, og då Navsikaahadde stige opp i vogna og var klar til å køyra, kom homed ei forgylt krukke med olje som dottera og teneste-jentene skulle salva seg inn med når dei hadde bada. Såsamla Navsikaa taumane i hendene, svinga med svepa ogkøyrde av garde. Tenestejentene følgde etter til fots.

Vel framme spente dei muldyra frå og lét dei beita igraset på elvebreidda. Elva gjekk i kvervlande stryk og varfull av vaskedammar som det stadig strøymde friskt vatninn i, og det fanst knapt så skite tøy at det ikkje måtte blireint der. Navsikaa og tenestejentene henta bunkane medklede frå vogna og la dei nedi vaskedammane, og så steigdei oppi med berre bein og oppknytte kjolar og trakkaenergisk opp og ned, som ein slags førindustriell stor -hushaldsvaskemaskin. Etterpå la dei det våte tøyet utoverdei glattslipte strandsteinane. Mens det tørka i solsteiken,bada dei og salva seg med olje, og så sette dei seg på elve-breidda og åt lunsj.

Etter maten dansa dei ballkastingsdansen, som gjekkut på at dei song og dansa samtidig med at dei kasta balletter kvarandre. Navsikaa var forsongar, eit hovud høgareenn dei andre, og sterk og vakker som sjølvaste Artemis,den frie jegergudinna som ferdast omkring i skog og fjellmed pil og boge og jaktar på villsvin og hjort.

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 19

Page 20: Lesebok for jenter

Fram til no hadde Athene halde seg i bakgrunnen. Dådet lei så seint at dei skulle fara heim att, syntest ho detvar på tide å gripa inn igjen. Idet Navsikaa for siste gongheiv ballen etter ei av tenestejentene, bomma ho, og ballen fór langt ut på sjøen.

Jentene sette i eit skrik som vekte Odyssevs der han låggøymd inni krattet. Han kom seg på føtene og gav seg tilå undrast på kva slags folk han var hamna hos, om deivar villmenn utan folkeskikk og rettferd eller gjestfrie oggudfryktige. Det kvinneskriket som nettopp nådde øyrethans, kom det frå ei av dei nymfene som bur i elvekjelderog grøne dalar, eller var det mennesketale han høyrde?

Mens han småsnakka slik med seg sjølv, kraup Odyssevs fram frå krattet. Han braut ei grein med tettlauv frå eit tre og batt den kring hoftene for å dekkja tilløyndommen sin, og steig så fram som løva på fjell, somtrygg på sin styrke går sin veg i regn og i storm med glødande auge, heiter det i Odysseen. Samtidig var hanengsteleg for korleis jentene ville reagera. For han vissteat han såg fæl ut etter å ha lege og kava i den salte sjøenså lenge.

Jentene blei då òg så forferda at dei sprang skrikande ialle retningar. Berre Navsikaa stod att, oppfylt av mot fråden kloke Athene, og såg Odyssevs beint i auga. Han bleiplutseleg usikker på om han skulle kasta seg på kne forhenne eller halda seg på avstand mens han bad audmjuktom å få låna nokre klede.

Når folk kneler hos Homer, slår dei armane kringbeina på den dei bøyer kne for. Odyssevs kom fram til atden flotte jenta kunne ta det ille opp om han kom så nær,og blei ståande der han stod mens han framførte ein langog innsmigrande tale: Ho såg ut som ei gudinne, som

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 20

Page 21: Lesebok for jenter

sjølve Artemis, og dersom ho berre var av menneskeslekt,kunne foreldra og brørne prisa seg lukkelege som haddeei slik dotter og søster. Aller heldigast var den som skullefå henne til hustru.

Sjølv hadde Odyssevs aldri sett eit slikt menneske somhenne, verken kvinne eller mann. Men ved Apollon- alteret på øya Delos såg han ein gong ein ung palme somskaut så fagert i høgda at det fylte han med ærefrykt. Slikærefrykt kjende han no for den unge jenta, derfor vågahan ikkje famna om knea hennar, endå så elendig detstod til med han.

Men sidan ho var den første han møtte her i dette framande landet, måtte han be henne ha miskunn og gjehan ei fille å slengja kring seg og visa han vegen til byen.Så ville gudane gje henne alt det ho ønskte seg, mann oghus og triveleg samliv. For det finst ingenting som erbetre enn at mann og kvinne lever hjartans forliktesaman.

Til det svara Navsikaa at framandkaren verka verkensom ein stakkar eller som ein tosk. Og lukka er det Zevssom deler ut, så ingen kan noko for om det går opp ellerned. Men sidan han no var komen til hennar land, kunneho fortelja han at folket heitte fajakane, og at ho sjølv vardotter til kongen. Så ropte ho på tenestejentene at det vardå ikkje ein flokk med fiendsmenn heller, berre ein stakkars omflakkande framand. Og sidan alle arme ogframande stod under særskilt vern frå Zevs, skulle dei nogje han mat og drikke og la han få ta seg eit bad ein lunstad i elva.

Odyssevs bad om å få vera aleine mens han vaska avseg saltet og slimet frå havet, for han tykte ikkje detsømde seg å visa seg naken for slike fine jenter. Då han

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 21

Page 22: Lesebok for jenter

hadde fått på seg dei kleda dei hadde lagt fram for han,og smurt seg inn med olje frå den gylne krukka, gav Athene han ein ekstra finish, slik at han verka større ogrøslegare enn tidlegare, og ho krølla håret hans slik at detfall nedover hovudet som hyasintklokker.

Velstelt og fornya sette han seg ned eit stykke bortan-for jentene. Men Navsikaa studerte han på avstand og satil tenestejentene at denne mannen var send hit av gudane på Olymp. Han var ikkje mykje å sjå på då hanførst viste seg, men no såg han jo ut som ein gud. Haddedet berre vore så vel at ho fekk ein slik mann til husbond,ein som ville slå seg ned og bu her! Men nok om det, nomåtte dei la han få styrkja seg med mat og vin.

Dei lytta oppmerksamt og lydde villig, og Odyssevs åtog drakk både lenge og vel. Imens bretta Navsikaa kledasaman og la dei inn i vogna. Ho spente føre muldyra ogsteig oppi og sa til Odyssevs at han kunne følgja ettersaman med tenestejentene fram til bymuren. Der var detein lund som var vigd til Athene, og der skulle han setjaseg og venta ei stund. For dersom ho kom heim med einmann på slep, ville det setja i gang eit utoleleg slarv. «Korfann ho han?» ville folk seia, og så kom dei til å skravla iveg om at det nok måtte vera ein gud som hadde dalt nedfrå himmelen, for noko dårlegare ville ho vel ikkje nøyaseg med, ho som hadde avvist alle dei som hadde fridd tilhenne til no. Når Odyssevs rekna med at Navsikaa og te-nestejentene var vel heime, skulle han spørja seg fram tilkongsgarden. Vel innkomen skulle han først gå fram tilmor til Navsikaa, som sat og spann ved eldstaden, ogbøya seg for henne. Han måtte ikkje la seg distrahera avat kongen sat og breidde seg like attmed, men leggja segpå kne for dronninga og famna kring knea hennar mens

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 22

Page 23: Lesebok for jenter

han audmjukt bad om hjelp til å koma heim til sitt eige. Så svinga Navsikaa med svepa og sette muldyra i trav.

Dei var så raske og villige at ho måtte halda taumanestramt for at Odyssevs og tenestejentene som sprang bak,skulle halda følgje. Ved soleglad var dei framme ved lun-den, og Odyssevs sette seg ned og bad ei bøn til Athene:«Om du ikkje høyrde meg då den rasande jordskakarenknuste skipet mitt, høyr meg no, og lat meg få nåde hosfajakane!»

Imens køyrde Navsikaa til kongsgarden med vogna,og brørne hennar kom springande og tok seg av muldyraog vasketøyet. Sjølv gjekk ho rett inn på rommet sitt, derden gamle fostermor hennar gjorde opp eld og laga tilkveldsmat for henne.

No var det endeleg tid for Odyssevs til å gå inn tilbyen. Sidan folk der på staden ikkje var særleg glade i framande, sveipte Athene han inn i eit tett tåkeflak, slik athan blei usynleg. Sjølv skapte ho seg om til ei ungjentesom var på veg til vasskjelda med ei krukke. Utan åskjøna kven det var, spurde Odyssevs henne om vegen, ogho snakka og fortalde i det vide og det breie mens deigjekk forbi hamna, der mange velbygde skip låg for-tøydde, og over tingvollen og langs den høge bymuren.Før dei skildest utanfor kongsborga, gjentok ho den sameinstruksen som Navsikaa hadde gjeve han: Han skullebøya seg for dronninga før han gjekk fram for kongen.

Odyssevs blei ståande like utforbi døra mens hangrunna på om det verkeleg var den rette måten å presen-tera seg på. For kongen strålte som både sol og måne derhan sat i eineståande glans og prakt inni ei høglofta hallmed koparvegger og gullslegne dører. Der var endåtil eitpar levande gullhundar som heldt vakt over huset, laga av

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 23

Page 24: Lesebok for jenter

den olympiske smedguden Hefaistos. Langs alle veggersat det fajakiske høvdingar og drakk vin i armstolar medmjuke puter i. Men då Odyssevs hadde fått samla seg,gjekk han raskt forbi alle saman og bøygde kne for dronninga. I det same fjerna Athene tåkeflaket.

Mens alle høvdingane sat tagale og undrast på korleisein vilt framand mann hadde greidd å koma seg inn midtiblant dei, famna Odyssevs kring knea til dronninga ogbad om hjelp til å koma seg heim.

Så tok éin til å snakka igjen, og så ein til. Deretter vardet ingen ende på spørsmål og kommentarar. Dronningasjølv tok ikkje til orde før etter kveldsmaten. Då spurdeho Odyssevs om korleis det kunne ha seg at han hadde påseg klede som ho sjølv og tenestejentene hadde vove ogsydd, han som nettopp sa at han var komen drivandeover sjøen.

Odyssevs svara at det var det sanneleg ikkje lett å for-klara, men det hadde seg altså slik at han var blitt land-fast hos ei gudinne som heitte Kalypso, som hadde settseg føre å ha han hos seg alltid. Om det var ho sjølv somhadde skifta sinn, eller Zevs som hadde tvinga henne, detvisste han ikkje, men etter sju år gav ho han lov til å byggja ein flåte og sendte han av garde med eit solid for-råd av mat, vin og klede. Han segla i innpå tre veker oghadde landkjenning av øya til fajakane då Poseidon rørteopp havet og slo flåten sund, slik at han måtte symja detsiste stykket. Så berga han seg unna brenninga ved åsymja opp i elveosen, og sov i ein dunge med tørt lauvheilt til jentene vekte han opp dagen etter. Slik bar det tilat Navsikaa tok seg av han og gav han dei kleda som hangjekk i no.

Kongen blei så oppglødd av det Odyssevs fortalde, at

|

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 24

Page 25: Lesebok for jenter

han sa beint ut at han ville gjerne hatt han til svigerson.Men han ville på ingen måte halda han att og lova åskaffa fram skip og mannskap og skyssa han heim tilItaka.

Det tok enno nokre dagar før alt var klart. I mellom-tida var Odyssevs saman med kongen og dei andre stor-mennene frå han stod opp til han la seg. Navsikaa såghan nesten ikkje i det heile. Kva ho heldt på med, og korleis ho hadde det med seg sjølv, er ikkje godt å vita.Men det kan nok tenkjast at ho syntest at turen til vaske-stranda stemte temmeleg dårleg med den draumen hohadde i førevegen. Og når ho skimta han mellom deiandre mennene, kjende ho sikkert eit stikk i hjartet oglengta tilbake til den ettermiddagen ho fann han påstranda og han var overgjeven til henne med liv og sjel.

På den andre sida var han jo nesten like gammal somhennar eigen far. Dessutan var han gift frå før, og ikkjeville ho dela mann med nokon. Hadde han berre ikkjehatt slikt eit tankefullt drag over auga, så heilt annleis ennalle andre, skulle ho aldri tenkt på han meir.

Ein kveld då han nettopp hadde bada og var på veg tilmatbordet, stod Navsikaa attmed ei søyle, vakker som eigudinne, og sa idet han kom inn i halla:

«Gløym ikkje meg som er den du kan takka for at dublei berga!»

Og Odyssevs svara: «Når eg kjem heim, vil eg all mitid minnast deg som ein guddom.»

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 25