· Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er...

111
HAREID KOMMUNE Innkalling Utval: Formannskapet Møtestad : Hadartun møterom 3. etasje Dato: 11.06.2019 Tid: Kl. 09:00 Gyldig forfall skal snarast meldast til servicetorg og politisk sekretariat på telefon 70 09 50 00 eller [email protected] , som kallar inn vara. Forfallet skal grunngjevast. Varamedlemer møter berre etter eiga innkalling. Medlemmer som er inhabile i ei sak vert bedne om å gi melding, slik at varamedlemmer kan kallast inn. Møtet er ope for publikum, bortsett frå når det eventuelt skal behandlast saker som er unnatekne offentleg innsyn. Saksdokumenta er publiserte på www.hareid.kommune.no . MERK: Møtet skal vere på Hadartun. Møterom 3. etasje. Det vil bli servert lønsj.

Transcript of  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er...

Page 1:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

HAREID KOMMUNE

Innkalling

Utval: FormannskapetMøtestad: Hadartun møterom 3. etasjeDato: 11.06.2019Tid: Kl. 09:00

Gyldig forfall skal snarast meldast til servicetorg og politisk sekretariat på telefon 70 09 50 00 eller [email protected], som kallar inn vara. Forfallet skal grunngjevast.Varamedlemer møter berre etter eiga innkalling.

Medlemmer som er inhabile i ei sak vert bedne om å gi melding, slik at varamedlemmer kan kallast inn.

Møtet er ope for publikum, bortsett frå når det eventuelt skal behandlast saker som er unnatekne offentleg innsyn.

Saksdokumenta er publiserte på www.hareid.kommune.no .

MERK:Møtet skal vere på Hadartun. Møterom 3. etasje.

Det vil bli servert lønsj.

Page 2:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Sakliste

Sak nr. Sakstittel Arkivsaksnr.70/19 Godkjenning av innkalling og sakliste 19/1244

71/19 Godkjenning av protokoll 19/1244

72/19 Orienteringar 19/1244

1 Orientering byggesaker 19/1244

73/19 Referatsaker 19/1244

2 Protokoll generalforsamling 2019 - Hapark 19/1242

3 Styringsgruppemøte 5K - referat frå møte 29. mai 2019 19/1242

74/19 Årsmelding Hareid kommune 2018 19/985

75/19 Kommunerekneskapen 2018 19/1541

76/19 1. tertialrapport 2019 19/1186

77/19 Budsjettrevisjon - juni 2019 19/1464

78/19 Botnfrådrag eigedomsskatt 2020 19/1137

79/19 Deltaking i interkommunal barnevernsvakt 19/1302

80/19 Godkjenning av låneopptak SSIKT 2019 19/1415

81/19 Innbyggar- og lokaldemokratiundersøking 2019 19/1461

82/19 Svar på høyring - Plan for omdanning av stiftingane Sunnmøre museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal til Musea på Sunnmøre

19/866

83/19 Høyring nasjonal ramme for vindkraft 19/1006

84/19 Høyring gebyrforskrift for plan- og bygningslova og lov om eierseksjoner

19/1068

85/19 Høyring - adresseforskrift 19/1039

86/19 Ruteendringsprosessen 2020 - Innspel frå Hareid 19/864

Page 3:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

kommune

87/19 Svar på interpellasjon om digitale læremiddel 19/1322

88/19 Oppretting av kommunekomité og løyvingar frå Hareid kommune til TV-aksjonen 2019 - Care

19/865

89/19 Søknad om skjenkeløyve - Sans Pub AS 19/17

90/19 Dispensasjon Vedbod - Pilskogvegen 19 - Gnr 77 bnr 133

19/802

91/19 Samhandling, samskaping - retning og prioritering 19/1721

Hareid, 06.06.2019

Anders Riise (p)

Page 4:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1244 19/5797Saksbehandlar: Erlend FriestadDato: 27.05.2019

Saksnr. Utval Møtedato70/19 Formannskapet 11.06.2019

Godkjenning av innkalling og sakliste

Saksbehandlar: Erlend FriestadDato: 27.05.2019

Saksnr. Utval Møtedato71/19 Formannskapet 11.06.2019

Godkjenning av protokoll

Page 5:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Protokoll - Formannskapet - 23.05.2019

Page 6:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1244 19/5798Saksbehandlar: Erlend FriestadDato: 27.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato72/19 Formannskapet 11.06.2019

Orienteringar

Underliggande sak:

Saksnr. Tittel1 Orientering byggesaker

Page 7:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1244 19/6234Saksbehandlar: Erlend FriestadDato: 06.06.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato1 Formannskapet 11.06.2019

Orientering byggesaker

Ordførar orienterte om pågåande byggesaker frå byggenemnda.

Page 8:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1244 19/5799Saksbehandlar: Erlend FriestadDato: 27.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato73/19 Formannskapet 11.06.2019

Referatsaker

Underliggande sak:

Saksnr. Tittel2 Protokoll generalforsamling 2019 - Hapark3 Styringsgruppemøte 5K - referat frå møte 29. mai 2019

Page 9:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1242 19/5795Saksbehandlar: Erlend FriestadDato: 27.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato2 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Protokoll generalforsamling 2019 - Hapark

Vedlegg: Protokoll generalforsamling 2019 - Hapark

Page 10:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1242 19/6137Saksbehandlar: Ragnhild Velsvik

BergeDato: 04.06.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato3 Formannskapet 11.06.2019

Styringsgruppemøte 5K - referat frå møte 29. mai 2019

Page 11:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/985 19/5419Saksbehandlar: Ragnhild Velsvik

BergeDato: 16.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato13/19 Eldrerådet 05.06.201904/19 Råd for menneske med nedsatt funksjonevne 05.06.201925/19 Levekårsutvalet 05.06.201921/19 Næring- og miljøutvalet 05.06.201974/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Årsmelding Hareid kommune 2018

Samandrag:Rådmannen legg med dette fram årsmeldinga for Hareid kommune. Denne viser at det er ein organisasjon i stor utvikling, og at mange etterlengta prosjekt har kome godt i gang.

Mange dyktige tilsette står på for å levere gode tenester til innbyggarane i Hareid kommune, og mi takk går til desse for flott innsats på alle tenesteområda.

Her ligg store omstillingskrav framfor oss om vi skal kome i mål med tenesteytinga, og alle tiltaka som ligg i kø og venter på tur. Grunna økonomiske utfordringar vert prioritering og bevisst val av standard sentrale nøkkelord i tida som kjem.

Levekårsutvalet 05.06.2019:

Behandling:

Røysting:Samrøystes vedteke.

LKU- 25/19 Vedtak:

Kommunestyret tek årsmeldinga 2018 for Hareid kommune til

Page 12:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

vitande.

Rådmannen si tilråding:Kommunestyret tek årsmeldinga 2018 for Hareid kommune til vitande.

Page 13:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Årsmelding 2018Årsmelding 2018 for interkommunal barnevernsteneste

Saksopplysningar:Rådmannen legg med dette fram årsmeldinga for 2018 for Hareid kommune.

Vurdering og konklusjon:«Skriv her»

Likestillingsmessige sider ved saka: Konsekvensar for folkehelsa: Miljøkonsekvensar:Økonomiske konsekvensar:Beredskapsmessige konsekvensar:Konsekvensar for barn og unge:

Ragnhild Velsvik BergeRådmann

Page 14:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1541 19/6116Saksbehandlar: Egil-André Ness

MortensenDato: 04.06.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato75/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Kommunerekneskapen 2018

Samandrag:Rekneskapen for 2018 syner eit meirforbruk på 3,2 mill. kroner. Rekneskapet må godkjennast og kommunestyret må vedta korleis meirforbruket skal dekkast inn.

Rådmannen si tilråding:Rådmannen rår til at kommunerekneskapen for 2018 godkjend slik den ligg føre. Ein viser til revisjonsuttale dagsett 24.05.18 og kontrollutvalet sin uttale til rekneskapen for 2018 i møte den 29.05.2018.

Rekneskapen viser eit negativt netto driftsresultat på 2 121 107 kr og eit meirforbruk på 3 216 155 kr. Meirforbruket vert dekt med bruk av disposisjonsfond.

Page 15:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Rekneskap 2018Revisjonsmelding 2018 Hareid kommuneHA 02-19 SAK 16-19 KOMMUNEREKNESKAPEN MED ÅRSMELDING 2018 - UTSKRIFT

Saksopplysningar:Årsmeldinga for 2018 gir informasjon om den økonomiske situasjonen i kommunen.

Vurdering og konklusjon:Rådmannen meiner at sakstilfanget gir eit tilstrekkelig grunnlag for vurderinga. På basis av dette meiner rådmannen at årsrekneskapen kan godkjennast.

Likestillingsmessige sider ved saka: Ingen kjende Konsekvensar for folkehelsa: Ingen kjendeMiljøkonsekvensar: Ingen kjendeØkonomiske konsekvensar: Bruk av disposisjonsfond gjer kommunen mindre rusta til å takle uforutsette utfordringar i framtida Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen kjendeKonsekvensar for barn og unge: Ingen kjende

Ragnhild Velsvik Berge Egil-André Ness MortensenRådmann økonomileiar

Page 16:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1186 19/5748Saksbehandlar: Egil-André Ness

MortensenDato: 23.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato14/19 Eldrerådet 05.06.201905/19 Råd for menneske med nedsatt funksjonevne 05.06.201924/19 Levekårsutvalet 05.06.201922/19 Næring- og miljøutvalet 05.06.201976/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

1. tertialrapport 2019

Samandrag:Tertialrapporten er ei oversikt over deler av kommunen si løpande drift. Det er lagt særskilt vekt på oppfølging av målsettingar og politiske vedtak. Rapporten gir ei god intern oversikt, og er eit nyttig styringsverktøy for politikarane

Levekårsutvalet 05.06.2019:

Behandling:

Røysting:Samrøystes vedteke.

LKU- 24/19 Vedtak:

Kommunestyret tek saka til vitande

Rådmannen si tilråding:Kommunestyret tek saka til vitande

Page 17:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:1. tertialrapport 2019Vedlegg 1 - Hareid kommune- rapport gjeldsportefølje pr 30.04.2019Vedlegg 2 - Investering

Saksopplysningar:Viser til innhaldet i rapporten.Vurdering og konklusjon:Det er ynskjeleg med eit dataverktøy for å framstille betre og enklare rapportar, men det er ikkje sett av midlar til dette pr dato

Likestillingsmessige sider ved saka: ikkje relevantKonsekvensar for folkehelsa: ikkje direkte relevant Miljøkonsekvensar: ikkje relevantØkonomiske konsekvensar: ikkje relevant utover det som er skildra i rapportenBeredskapsmessige konsekvensar: ikkje relevantKonsekvensar for barn og unge: ikkje relevant

Ragnhild Velsvik Berge Egil-André Ness MortensenRådmann økonomileiar

Page 18:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1464 19/6036Saksbehandlar: Egil-André Ness

MortensenDato: 31.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato77/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Budsjettrevisjon - juni 2019

Samandrag:Behov og endringar i drift og investeringar gjer at det er naudsynt å gjere budsjettkorrigeringar. Det idielle er å ha postar for uforutsette utgifter. Alternativt er det eit fond skal ta naturlege svingingar i drifta. Kommunen har lite reservar i driftsbudsjettet, så inndekninga må takast frå fond eller kutt. Hareid kommune er i ein prosess der målet er å bygge opp reservar, eit fond og omprioritere midlar frå drift til investering. Dette skal ein gjere samstundes som ein er ein god arbeidsgivar og utviklar gode tenester for innbyggarane. På vegen til målet må vi bruke av fondet for få etablert tiltak som verkar og få effekt av desse.

Her er nye behov både på teneste og investeringssida. For å dekke opp desse har vi stramma inn på andre område. Når nye tiltak skal inn må tiltak som er vedtekne utsettast.

Rådmannen si tilråding:Kommunestyret vedtek endringane i drifta i tråd med budsjettskjema 1a, 1b, 2a og 2b.

Page 19:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Tiltaksrapport

Saksopplysningar:Første tertialrapport syner eit vurdert avvik ved årsslutt på 10,2 million kroner. Avviket er størst på sektor for velferd, der vurdert avvik er 9,5 million kroner. Av dette er det barnevern som utgjer den største enkeltposten. Syner elles til tertialrapporten for meir informasjon. Sektorene har jobba med å finne tiltak for å redusere meirforbruket. I vurdering og konklusjon kjem det ein gjennomgang av tiltaka.

Vurdering og konklusjon:Samla sett rapporterte kommunen om eit forventa meirforbruk på 10,2 mill. kroner. I tillegg har barnevern varsla eit ytterlegare meirforbruk på 300 000 kr. Samla sett må kommunen då finne dekning for 10,5 million kroner.

Det vil være vanskeleg å unngå å nytte fondsmidlar for å oppnå budsjettbalanse når avviket er så stort. Det står att 2,5 mill når vi brukar 2,961 meir av fond (i tråd med forslaget vårt til revidert budsjett).I tillegg ligg det inne i LTB at vi skal bruke ein mill i 2020. Då er bufferen kun 1,4 mill.

Det er rekna på kor stort forbruk kommunen kan legge opp til, i tillegg til den allereie budsjetterte bruken, for å framleis ha dekning ift. vedtekne økonomiplan. Dette beløpet er 4,3 mill. kroner. I fleire rundar med sektorane er det funne fleire kutt og sparetiltak slik at bruken av fond i rådmannens forslag kjem like under 3 mill. kroner.

I hovudsak blir det lagt opp til kutt. Kutta pr. sektor er lista opp i tabellen under. For detaljert informasjon, visast det til vedlagt tiltaksrapport.

Sektor KuttSentraladministrasjon 0,25 mill. kronerLæring og kultur 2,25 mill. kronerVelferd 1,5 mill. kronerSamfunnsutvikling 2,7 mill. kronerFinans 1,577 mill. kronerTotalt 8,277 mill. kroner

 

Det er lagt inn tiltak som rådmannen vurderer som naudsynte for 700 000 kr. I omstillingsprosessen har vi fokus på varige tiltak for driftsreduksjon, og dette er prosessar som tek tid då drifta i hovudsak er bunden opp av enkeltvedtak med tildeling av tenester og bemanningsnormer.

Kort om kutt pr. sektor;

Sentraladministrasjonen har identifisert at tilskot til SSIKT er budsjettert for høgt dette året, og kan redusere budsjettramma.

Læring og kultur har identifisert at tilskot til privat barnehage kan reduserast med

Page 20:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner.

Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert ved hjelp av å halde stillingar vakante, eller å redusere stillingar i tråd med stillingsbudsjett. I tillegg er det redusert på innkjøp. Dei fleste av tiltaka frå velferd må sjåast på som netto auke i ramma, då dei fleste einingane rapporterte større negative avvik i tertialrapporten. Sparetiltaka har då blitt nytta som kutt som går opp mot tiltak for å deke budsjettavviket som var rapportert i tertialrapporten.

I sektor for samfunnsutvikling er det i hovudsak satt vedteke vedlikehald på vent. Mellom anna asfalt og utskifting av tak på Hareid skule. For ei meir detaljert liste, visast det til vedlagte tiltaksrapport. Her er også lagt inn eit kutt på overføring til kyrkja. Det gjeld ein løns- og prisjustering som fall ut i budsjettarbeidet, og det er ynskje om å få inn att i budsjettrevisjonen. Kyrkja har på den andre sida fått tilført nye midlar til fast lønn. Når kommunen har så stram økonomi må ein også vurdere rammene som gjeld overføringar til andre. Ser ein på samanlikningstal ligg Hareid over både land, fylke, samanlikningskommunar når det gjeld overføring til kyrkja

På finans er det reduserte rentar og avdrag som bidreg til budsjettbalanse. Visar til skjema 2B lenger ned. Det prosjektet som bidreg mest er helsehusinvesteringa, som er teke ned med 50 mill. kroner i 2019. Dette er ei midlertidig justering, og prosjektet må justerast opp neste år.

Kort om nye tiltak;Viser til vedlagt tiltaksrapport for meir utfyllande informasjon. Her er liste over nye vedtak som er teke med;

· Fjerning granulat fotballbana· Auke Hareid sokn· Auke ramma til samfunnsutvikling knytt til manglande budsjett

tenesteytingsavtala soknet· Renovere dusjar og toalett Hareidhallen, Symjehallen· Kjøleanlegg Hadartun· Uforutsett vedlikehald, som alt er utførd

Summen av desse endringane er reflektert i skjema 1A / 1B under.

Skjema 1A;

Page 21:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Skjema 1B

Page 22:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert
Page 23:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Det er naudsynt å gjere korreksjonar i investeringsbudsjettet også. Viser til skjema 2A/2B, og forklaringar nedst.

Page 24:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert
Page 25:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Ragnhild Velsvik Berge Egil-André Ness MortensenRådmann økonomileiar

Page 26:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1137 19/5672Saksbehandlar: Vegard SelvågDato: 22.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato26/19 Levekårsutvalet 05.06.201978/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Botnfrådrag eigedomsskatt 2020

Samandrag:Det vert vurdert kor vidt kommunen skal innføre eit botnfrådrag på eigedomsskatten i 2020, og kor stort dette frådraget eventuelt skal vere.

Levekårsutvalet 05.06.2019:

Behandling:Endringsforslag av Wenche Jøsok og May Britt Ertesvåg, foreslått av May Britt Ertesvåg, FremskrittspartietKommunestyret vedtek å vidareføre ordninga med eigendomsskatt med eit botfrådrag med 250 000,-.

Røysting:Det vart røysta punktvisDet vart fyrst røysta over endringsforslaget frå Wenche Jøsok og May Britt Ertesvåg, Forslaget fall med to røyster mot fem røyster.Det vart så røysta over punkt 1 i rådmannen si tilråding. Forslaget fall med to røyster mot fem røyster.Til sist vart det røysta over punkt 1 i rådmannen si tilråding. Forslaget vart vedteke med fire røyster for og tre røyster mot

LKU- 26/19 Vedtak:Kommunestyret vidarefører ordning med eigedomsskatt utan botnfrådrag

Rådmannen si tilråding:Rådmannen legg fram saka med to alternative tilrådingar:

1. Kommunestyret vidarefører ordning med eigedomsskatt utan botnfrådrag2. Kommunestyret vedtek eit botnfrådrag med kr 250 000, og ei auke i

Page 27:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

promille på 0,5 opp til 3pp i sak om eigedomsskatt som vert behandla politisk hausten 2019.

Page 28:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Saksopplysningar:Eit botnfrådrag er eit fast kronebeløp som trekkast frå skattetakstgrunnlaget før den endelege eigedomsskatten vert utrekna. Resultatet vert at dess lågare verdi på bustaden, dess større prosentvis reduksjon vil skattytaren få. På denne måten vil ein klare å skape eit noko meir fleksibelt og rettferdig system.

Moglegheita til å nytte botnfrådrag kjem av eigedomsskattelova §11, andre ledd. Lovteksta seier at «kommunestyret kan fastsetje botnfrådrag i eigedomsskatten for alle sjølvstendige bustaddelar i faste eigedomar som ikkje vert nytta i næringsverksemd.»

Ordninga er altså berre gjeldande for bustad- og fritidseigedomar.

Eit eventuelt botnfrådrag skal berre settast for eitt år av gongen, og det er ikkje sett verken øvre eller nedre grense for sjølve størrelsen. Dersom frådraget vert sett større enn skattetaksten, vert skatten sett til null. I lys av dette har finansdepartementet uttala at frådraget ikkje skal settast so høgt at fleire eigedomar i praksis vert fritekne frå eigedomsskatt.

Vurdering og konklusjon:Fyljande skjema viser inntekter for kommunen med forskjellege verdiar for promille og botnfrådrag:

Det gjennomsnittlege botnfrådraget for kommunar med eigedomsskatt i 2018 var cirka 350 000. Ser vi i kolonnen for 2,5 promille som Hareid nytter i dag, ville dette gitt i underkant av 2 millionar i reduserte inntekter.

For ein tiltenkt eigedom med eit skattetakstgrunnlag på kr. 3 000 000, vil dette utgjere kr. 875 i skattelette totalt for året. Ein annan eigedom som kanskje er verd halvparten vil få den same reduksjonen i kroner og ører, men den relative skatteletta vert altså noko større.

Likestillingsmessige sider ved saka:

Page 29:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Skattytaren vil oppleve relativ skattelette i forhold til verdien på bustaden sin. Rådmannen gjer merksam på at ei reduksjon i eigedomsskatten vil føre til at kommunen må vurdere å legge ned tenester som er lovpålagde. Kommunen er allereie inne i ein omstillingsprosess, der målet er å kutte 18 millionar kroner innan budsjettåret 2021. I tillegg viser tertialrapport for 2019 eit vurdert avvik på 10 millionar kroner i løpet av rekneskapsåret. Ei eventuell innføring av botnfrådrag må berre vurderast i kombinasjon med ei auke i promillesatsen for eigedomsskatten.

Som ein ser i tabellen over ligg eigedomsskatten utan botnfrådrag på 8 783 360 kr. Når ein tek stilling til eit eventuelt botnfrådrag må ein passe på å auke promillen så ikkje totalbeløpet blir mindre enn dette.

Med bakgrunn i dette tilrår rådmannen eventuelt å innføre eit botnfrådrag på 250 000 kr, og samstundes auke eigedomsskatten med 0,5 promille opp til 3pp. Dette er eit relativt nøytral endring samla sett for kommunen, total skatteinngang aukar då med ca. 120 000 kr. Konsekvensar for folkehelsa:Kommunen må vurdere å legge ned lovpålagde og naudsynte tenester dersom eigedomsskatten blir redusert.

Miljøkonsekvensar:Ingen kjende.

Økonomiske konsekvensar:Kommunen justerer promillen og størrelsen på botnfrådraget for å få ønska inntekt til å styrke tenestetilbodet. Rådmannen gjer merksam på at det ikkje er berekraftig økonomisk sett å redusere eigedomsskatten. Ei eventuell innføring av botnfrådrag må berre nyttast i kombinasjon med ei auke i promillesatsa som samla sett gir ei auke i den totale skatten. Kommunen er allereie så pressa økonomisk at ei reduksjon i skatten vil føre til at kommunen kan komme i ein situasjon der den ikkje er i stand til å utføre lovpålagde tenester.

Beredskapsmessige konsekvensar:Ingen kjende.

Konsekvensar for barn og unge:Ingen kjende.

Ragnhild Velsvik Berge Egil-André Ness MortensenRådmann økonomileiar

Page 30:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1302 19/5878Saksbehandlar: Ragnhild Velsvik

BergeDato: 28.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato27/19 Levekårsutvalet 05.06.201979/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Deltaking i interkommunal barnevernsvakt

Samandrag:Det kommunale barnevernet har ansvar for at barn som oppheld seg i Norge får nødvendig hjelp og beskyttelse. Det er eit krav at alle kommunar skal ha tilstrekkeleg og riktig barnevernsfagleg kompetanse tilgjengeleg også utanom kontortid, som kan utøve mynde etter lov om barnevernstenester. Pr. i dag har kommunane Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta ikkje ei ordning som stettar krava i lova utanom kontortid. Lov om barnevernstenester § 1-4 seier at tenester og tiltak etter lova skal vere forsvarlege.

Barnevernsvakt må derfor etablerast for kommunane, anten i eigen regi eller som del av den interkommunale barnevernsvakta som Ålesund kommune byggjer opp.

Levekårsutvalet 05.06.2019:

Behandling:Tilleggsforslag frå rådmannen: Komunestyret ber rådmannen gå i forhandlingar med Ålesund kommune om fordelingsnøkkel for interkommunal barnevernsvakt på Sunnmøre.Røysting:Rådmannen si tilråding med tilleggsforlag samrøystes vedteke .

LKU- 27/19 Vedtak:

Hareid kommune takkar ja til tilbod om å ta del i interkommunal barnevernsvakt på Sunnmøre med Ålesund som vertskommune.Kostnadane for inneverande år vert

Page 31:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

dekt av prosjektmidlar som skissert i saksutgreiinga.Dei vidare kostnadane vert å innarbeide i budsjett- og økonomiplanen.Komunestyret ber rådmannen gå i forhandlingar med Ålesund kommune om fordelingsnøkkel for interkommunal barnevernsvakt på Sunnmøre.

Rådmannen si tilråding:Hareid kommune takkar ja til tilbod om å ta del i interkommunal barnevernsvakt på Sunnmøre med Ålesund som vertskommune.

Kostnadane for inneverande år vert dekt av prosjektmidlar som skissert i saksutgreiinga.

Dei vidare kostnadane vert å innarbeide i budsjett- og økonomiplanen.

Page 32:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Informasjon og invitasjon til å delta i interkommunal barnevernsvakt 24/Informasjon og invitasjon til å delta i interkommunal barnevernsvakt 24Sakspapirer til politisk behandling i ÅlesundUtredning ny barnevernsvakt 10.09.19BarnevernvaktProsjektskisseProsjektskjønn-Rapport-15-18-0040-22.01.2019Prosjektskjønn-Søknad-15-18-0040-16.03.2018Referat ordførar rådmannsmøte 080219tilbud til kommunene 07.02.19tildeling skjønsmidlar 2018tildeling-prosjektskjonn-2018__

Saksopplysningar:Det kommunale barnevernet har ansvar for at barn som oppheld seg i Norge får nødvendig hjelp og beskyttelse. Det er eit krav at alle kommunar skal ha tilstrekkeleg og riktig barnevernsfagleg kompetanse tilgjengeleg også utanom kontortid, som kan utøve mynde etter lov om barnevernstenester. Pr. i dag har kommunane Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta ikkje ei ordning som stettar krava i lova utanom kontortid. Lov om barnevernstenester § 1-4 seier at tenester og tiltak etter lova skal vere forsvarlege.

I brev av 11.06.2016 frå Barne- ,ungdoms- og familiedirektoratet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kjem det fram følgjande :

«Dersom barnevernlovens formål skal oppfylles, må barnevernstjenesten kunne håndtere alle situasjoner hvor barn befinner seg i en krisesituasjon og står i fare for å bli vesentlig skadelidende på grunn av forholdene i hjemmet»

«Det er urealistisk å tenke seg at en i Norge skal ha barnevernsvakt tilgjengelig i alle kommuner. Vi mener imidlertid at alle kommuner bør ha beredskapsordninger som sikrer tilstrekkelig og riktig kompetanse til å gi barn og familier i akutt krise nødvendig hjelp til rett tid. Et eksempel kan være samarbeidsavtale med en barnevernsvakt for å kunne ha tilgang til denne kompetansen når akutte situasjoner oppstår»

«Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet vurderer imidlertid at kravet til forsvarlige tjenester i barnevernloven tilsier at alle kommuner må ha tilstrekkelig og riktig kompetanse tilgjengelig utenfor vanlig kontortid. Kompetansen kan være tilgjengelig i kraft av en bakvaktsordning pr.telefon. Selv om håndteringen av mange akuttsituasjoner forutsetter et tett samarbeid med politiet og andre hjelpeinstanser, kan barneverntjenesten ikke overlate ansvaret for disse situasjonene til andre alene. En bakvaktsordning må være formalisert slik at noen faktisk har ansvar for å bidra med barneverntjenestens kompetanse, og samarbeide med andre hjelpeinstanser dersom det oppstår alvorlig situasjon utenfor kontortid. En bakvaktsordning som baserer seg på at barnevernsledere eller ansatte i varierende grad kan kontaktes på privat telefonnummer i krisesituasjoner er ikke en forsvarlig organisering barneverntjenestens akuttberedskap»

Page 33:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

«Barnevernloven er ikke til hinder for at flere kommuner samarbeider om akuttberedskap. Et slikt samarbeid vil være særlig aktuelt for små kommuner»

«Kravene til internkontroll i barnevernloven §2-1 annet ledd tilsier at alle kommuner må være i stand til å redegjøre og dokumentere hvordan de oppfyller kravene barnevernloven stiller til akuttberedskap»

Våren 2018 søkte kommunane i den interkommunale barnevernstenesta saman med dei andre kommunane i sjustjernesamarbeidet om skjønsmidlar frå fylkesmannen til etablering av ei felles vakt (sjå vedlegg). Ein fekk midlar til dette og det vart sett i verk arbeid med å finne den beste løysninga for våre kommunar (sjå vedlegg).

Ålesund kommune har hatt barnevernsvakt sidan tidleg på 90-talet. I samband med at Ålesund kommune skal slåast saman med fleire kommunar har dei utgreia ny organisering av barnevernsvakta i kommunen. Dei inviterer omliggande kommunar inn, slik at vakta vert interkommunal (sjå vedlegg).

Fleire av kommunane har no vedteke å gå inn i vaktsamarbeidet og andre arbeider med å førebu saker der det vert foreslått å vedta å gå inn. Slik det ser ut no vil alle kommunane på Sunnmøre vere med på ei slik vakt om kommunane i Sjustjerna vedtek å gå inn.

Ålesund kommune har som mål å starte opp vakta frå tidlegast september 2019, men vakta er framleis under arbeid og det er usikker når tidspunktet for oppstart vil vere.

Dagens situasjonDen interkommunale barnevernstenesta og kommunane Herøy, Sande og Vanylven har i dag ikkje vaktordning utanom kontortid. Det fører til at det er barnevernsleiarane som i praksis tek i mot henvendingar på ettermiddag, kveld, natt, helger og høgtider. Det varierer kor mykje det vert tatt kontakt, og det er som regel politiet som tek kontakt. Fleire av kommunane har tidlegare hatt samarbeid om barnevernsvakt som baserte seg på at tilsette hadde vakt på toppen av eiga stilling i barnevernstenesta. Dette viste seg å ikkje kunne vare over tid, dei tilsette vart slitne og vegra seg etter kvart for å ta vakter. Avspasering skapte vanskar i den ordinære tenesta og vaktene vart etter kvart avvikla.

Omfang av akutte henvendingar til interkommunal barnevernsteneste i 2018Barnevernsleiaren i den interkommunale tenesta har fått 23 henvendingar utanfor ordinær arbeidstid i 2018. Nokre av desse har vorte løyst i telefonsamtale, medan nokre har ført til utrykking. Det er då naudsynt for barnevernsleiaren å kontakte tilsette. Det kan være særs vanskeleg å få tak i tilsette som er klar til å rykke ut og dette gjer situasjonen krevjande og usikker for barna som treng hjelp.

Eit eksempel er at barnevernsleiaren fekk telefon frå politiet medan ho var på ferie i utlandet, om ein rusa forelder åleine med fleire små barn i sentrum i ei av kommunane på kveldstid. Politiet vart beden om å kontakte stadfortredande leiar. Denne var på oppdrag i Molde og måtte derifrå ringe rundt til tilsette for å finne

Page 34:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

nokre som kunne rykke ut. Slik tok det lang tid før barnevernet kunne kome dit borna var og gi naudsynt hjelp.

På dagtid har den interkommunale tenesta fått 109 akutte henvendingar i 2018. Desse tek mykje tid og ressursar. Anna arbeid må leggast til side og fleire tilsette må som regel involverast.

Den interkommunale tenesta var involvert i saker der barn var til avhøyr på barnehuset vedkomande 37 barn i 2018. Desse sakene nyttar vi mykje tid og ressursar på.

Førebuande arbeid med barnevernsvakt i sjustjernaBarnevernsleiarane i dei sju kommunane hadde i 2017 samarbeidsmøter som førte til eit notat om saka, der det vart foreslått ei løysing med barnevernsvakt hausten 2017. Dette forslaget kom ikkje vidare. Våren 2018 vart det søkt om skjønsmidlar frå Fylkesmannen for å utgreie og etablere felles vakt i desse kommunane (sjå vedlegg). I juni 2018 fekk ein vite at ein fekk kr 750 000 til dette (sjå vedlegg).

I august 2018 starta ein på nytt opp med møter om barnevernsvakt mellom barnevernsleiarane i dei åtte kommunane og hovudtillitsvald for FO i den interkommunale barnevernstenesta. I første møte vart ein einige om at ein raskt skulle utgreie saka ved hjelp av andre kommunar sine erfaringar og ha klart eit forslag til løysing innan oktober 2018. I løpet av hausten fekk vi vite at Ålesund kommune var i ferd med å utgreie barnevernsvakt for Nye Ålesund der dei la opp til å kunne ta ansvar for ei barnevernsvakt også for omliggande kommunar. Denne utgreiinga var venta å være ferdig 1.desember. Venke Brandshaug som hadde ansvar for utgreiinga tok del i eit møte med barnevernsleiarane i våre kommunar. Etter dette vart det lagt fram eit forslag for rådmannsgruppa om å vente med å arbeide vidare med ei eiga barnevernsvakt i Sjustjerna til Ålesund var ferdig med si utgreiing. Det vart bestemt at ein venta slik at ein kunne vurdere om det kunne være ei løysing å gå inn i samarbeid med Ålesund om vakta. 10.01.19 fekk ein den ferdige utgreiinga frå Ålesund kommune (sjå vedlegg).

Den 4. januar 2019 kom det tilbod frå Ålesund kommune om å delta på eit orienterings- og dialogmøte der ein drøfta om det er mogleg å etablere ei stor barnevernsvakt på Sunnmøre. Møtet blei gjennomført 4. februar 2019 med deltaking av eit fleirtal av barnevernstenestene frå kommunane på Sunnmøre. I møtet var det stor semje om at tenestene ynskjer ei interkommunal vakt. I etterkant av møtet kom vart det sendt ut eit tilbod til kommunane der det vart tydeleggjort kva ei interkommunal barnevernsvakt kan tilby (sjå vedlegg).

Den 08.02.19 vart saka om barnevernsvakt drøfta på ordførar og rådmannsøte i sjustjernekommunane. I møtereferatet vert det konkludert slik (sjå vedlegg):

«Ein ser at ei lokal løysing på søre vil vere ei meir sårbar teneste med store krav til dei tilsette. Ein ynskjer at det vert jobba vidare med ei løysing saman med Ålesund.»

Eksemplar frå andre kommunar sine løysingarBarnevernsvakta på Romerike starta opp i 1991 for fem kommunar med til saman

Page 35:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

100 000 innbyggarar. Det har auka jamt med kommunar som har slutta seg til, og det er i dag tretten kommunar med til saman 300.000 innbyggarar som er med i vaktordninga. Kommunane sine innbyggartal varierer frå 2.900 innbyggarar til 54.000 innbyggarar.

Vakta kostar ca. 47 kr pr. innbyggar og har i dag heildøgnsdrift med 25 faste tilsette.

Vakta har ein eigen del tilsette som utøver tilsyn med barn i fosterheim for fire av kommunane, fleire vurderer å slutte seg til ordninga. Dei ser klare fordelar med at kommunar samarbeider om ei «stor» teneste då dette gir ei robust teneste som er kostnadseffektiv, har stabile tilsette med eigen kompetanse på akuttarbeid og gir moglegheit for å ta på seg tilleggsoppgåver som tilsyn.

Erfaringa er at når ein har vakt med eit telefonnummer og ei stabil opningstid aukar dette etterspørselen. Barn og foreldre i krise treng ein stad å vende seg for å kunne ta kontakt.

Molde starta opp med barnevernsvakt i 2016, vakta bestod i utgangspunktet av dei fire kommunane som var del av den interkommunale barnevernstenesta. Vakta var organisert slik at barnevernstenesta sine tilsette hadde vakter kombinert med arbeidet sitt i barnevernstenesta. Dei erfarte at dette ikkje er ei god løysing over tid. Det var stor turnover på dei som hadde vaktene. 10 tilsette hadde delstilling i vakta i 2016, når dei kom til 2018 var 2 av desse igjen i vakta. Dei tilsette vart utslitte og det gjekk utover arbeidet i barnevernstenesta. Dei såg at dei med den vaktordninga ikkje oppnådde at tilsette opparbeidde seg erfaring og naudsynt kompetanse.

Molde har no utvida vakta til ei interkommunal vakt med Molde som vertskommune. Det er 14 kommunar som er med i vakta. Kommunane har til saman 101 000 innbyggarar. Vakta har ein kostnad på 47 kr pr. innbyggar. Dei kommunane som ikkje er med er Surnadal og Rindal som er knytt opp mot barnevernsvakta i Trondheim og Fræna. Fræna vil antakeleg kome med i vakta når kommunen ver slått saman med Eide i 2020. Vakta har 8 fast tilsette i ulike stillingsprosentar som er tilsett i til saman 4,6 stillingar, inkludert leiar i full stilling. Dei har vakt heile døgnet. Dei har kontor annakvar veke ved politistasjonane i Kristiansund og Molde.

Kommunane Giske, Sula, Sykkylven og Stranda har sidan 2016? hatt eit samarbeid om vakt utanfor kontortid. Dette har fungert bra på mange måtar, men dei har også erfart at det er krevjande for tilsette å ha vakt i tillegg til arbeid i tenesta og at det derfor ikkje er forsvarleg å oppretthalde vakta over tid. Desse kommunane er no i ferd med å vedta å ta i mot tilbodet frå Ålesund om ei interkommunal vakt. Det vert opplyst at t.d. Sula kommune vil ved å gå inn i vaktsamarbeidet få 100 000 i auka utgifter i forhold til utgiftene til vaktsamarbeidet dei no er i, som i 2019 var estimert til kr 300 000.

Etablering av eiga vaktordning for sjustjernekommunaneEtter ei drøfting i gruppa som består av leiarteamet i barnevernstenesta, leiarane i kommunane Sande, Vanylven og Herøy er ein komne fram til følgande forslag til løysing:

Page 36:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Barnevernsvakta er ei passiv vakt som er tilgjengeleg utanom barnevernstenesta si kontortid; frå kl. 15:30 -08:00 kvardagane og frå 15:30 fredag ettermiddag til måndag morgon kl. 08:00 og heile døgnet i høgtider. Vakta består av to personar, ein som har ansvarsvakt og tek i mot telefonar og ein som ringast ved behov for drøft eller utrykking. Det er alltid to ved utrykking for i ivareta dei tilsette sin sikkerheit jf. krava i arbeidsmiljølova si forskrift om utføring av arbeid § 23-A-1.

Den interkommunale barnevernstenesta har leiaransvar for tenesta og delegert mynde frå Sande, Vanylven og Herøy i eit samarbeid etter vertskommunemodellen jmf kommunelova § 28-1. Det vil være behov for leige av lokale som vakta kan nytte seg av ved eventuell utrykking. Å ha kontor i den interkommunale tenesta sine lokalar vurderast ikkje som sikkert nok, då der ikkje er andre folk tilstade utanom kontortid. Det er foreslått at dette kan være anten i politiet sine lokalar i Ørsta eller i legevakta sine lokalar. Eventuelt kan omsorgssenteret i Volda være aktuelt. Det som er viktig er at kontoret er ein stad der det er andre som også er på arbeid utanom ordinær kontortid. Det er kanskje mest nærliggande og tenke seg at kontoret ligg hjå politiet då dette vil ivareta sikkerheita best og det er politiet ein pr. i dag får flest henvendingar frå. Det vil også være behov for tenestebil. Her tenker ein at vakta kan nytte seg av barnevernstenesta sine leasingbilar. Det må være ein eigen telefon til vakta og bærbar PC.

Ein foreslår ei vakt med ein tilsett i passiv faktor 1/5 og ein tilsett med passiv faktor 1/7. Dei tilsette i vakta må være tilsett i den interkommunale barnevernstenesta og ha vakt i ei delstilling. Om ein tek omsyn til gjeldande regelverk bør det vere 8 personar som har 25% arbeid i barnevernsvakta og øvrig del av si stilling i barnevernstenesta.

Dette utgjer ein stillingsressurs på to fulle stillingar og utgjer ein kostnad på om lag kr 1 435 000 årleg. Vakta må administrerast og leiast og om ein reknar inn ein 50% leiarressurs vil dette koste om lag kr 500 000 årleg. Til saman ein kostnad på kr 2 010 000 årleg. I tillegg kjem kostnad til overtid ved utrykking, leige av kontor, bilbruk etc.

Det vil også medføre eigne kostnadar til etablering av ei slik teneste lokalt. Det vil medføre ein omfattande tilsetjingsprosess og omstrukturering av interkommunal barnevernsteneste. Det er viktig å gjere eit grundig arbeid i startfasa for å sikre at ein etablerar ein robust teneste med naudsynt kompetanse.

Forslag til samarbeid og organisering frå Ålesund kommuneÅlesund har hatt barnevernsvakt sidan tidleg på 90-talet. Barnevernsvakta er no organisert i «Virksomhet barn og familie, barneverntjenesten». Dei har ein person på vakt. Vakta har 1,2 årsverk totalt, men berre 0,8 er besett. 0,4 nyttast til å utvide kapasiteten ved behov, ved å sette inn ein person til på vakt. Dei tilsette har turnus med fem kvardagar i strekk og så ein fri periode på sju dagar før dei har helgevakt. Vakta er først og fremst ei akuttvakt, men vert i særskilte høve nytta til

Page 37:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

tilsyn over korte periodar. Vakta slik den er i dag har passiv vakt 16.30 – 02.00 på kvardagar. Helg: frå kl 16.30 fredag til 02.00 natt til måndag. Det er aktiv vakt fredag og laurdag frå kl 22.00 – 02.00. Politistasjonen i Ålesund er barnevernsvakta si base i dei aktive timane. Der har dei kontorplass og pc, skrivar, etc.

I samband med at Ålesund kommune skal slåast saman med fleire kommunar har dei utgreia ny organiseringa av vakta. Dei inviterer her omliggande kommunar inn, slik at vakta vert interkommunal. Utgreiinga legg vekt på at ei felles barnevernsvakt på Sunnmøre vil utvikle ein kompetanse i akuttarbeid som dekker behov for ei forsvarleg vakt (sjå vedlegg).

Etter møtet i med kommunane på Sunnmøre 04.02.19 sendte Ålesund kommune ut eit tilbod til omkringliggande kommunar om ein interkommunal barnevernsvakt med ei presisering av arbeidsoppgåver, organisering og økonomi frå Ålesund kommune, sitert under (sjå vedlegg):

Arbeidsoppgavene til en ny interkommunal barnevernsvakt blir følgende:· Beredskapsvakt 24/7 for de kommunene som er delaktig i vaktordningen· En felles vakttelefon med ett telefonnummer til barnevernsvakta· Barnevernsfaglig bistand til politiet· Ansvar for barn som er på gjennomreise· Bidra ved tilrettelagt avhør · Tilsyn etter tilrettelagt avhør i en kort periode· Bidra ved hasteflyttingar innanfor barnevernsvakta sitt nedslagsområdet· Oppfølging av biologiske foreldre etter hasteflytting i en kort periode· Informasjon om barnevernsvakta ut til ulike samarbeidsparter i kvar enkelt

kommune· Rådgiving til samarbeidspartnarar · Etablering av et tettere og mer formalisert samarbeid med politiet og Helse

Sunnmøre· Faste møter med de ulike barnevernstenestane· Akutt veiledning til fosterhjem som står i akutt-krise· Veiledning i akutte konfliktsaker

Barnevernvakten har en forpliktelse til å rykke ut når det er påkrevet og vil være døgnåpent og fungere som beredskapsvakt-telefon hele døgnet.

Turnus:· Alltid to på vakt· Mandag til fredag aktiv vakt frå kl. 0800-2200· Passiv vakt frå kl. 2200-0800

Helg:· Aktiv vakt fra lørdag kl. 0800-0200. Resten av helgen passiv frem til

mandag kl. 0800

Ålesund kommune er enno ikkje ferdig med å etablere vakta. Prosessen med Nye Ålesund kommune påverkar arbeidet og dei har ikkje klar eit forslag til avtale enno.

Page 38:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Det vil bli lagt fram ein avtale om interkommunalt samarbeid om barnevernsvakt etter Kommunelova § 28 med Ålesund kommune som vertskommune.

Vurdering og konklusjon:Barna i kommunane i sjustjerna har i dag ikkje eit forsvarleg tilbod om barnevernsfagleg kompetanse heile døgnet. Det er eit krav at dette vert etablert.

Å etablere ei eiga vakt for kommunane i sjustjerna vil ha den styrka at vi kjenner lokalmiljøa og at det i nokre tilfelle vil være kortare utrykkingstid. Skal ein opprette ein barnevernsvakt i kommunane i sjustjerna er det viktig å sikre at ein får på plass ei vakt som er forsvarleg og stabil over tid.

Ålesund ynskjer seg fleire inn i deira samarbeid for å kunne etablere meir forsvarlege tenester. Molde viser til at den vakta dei har hatt ikkje har klart å halde på tilsette fordi det vert for krevjande å ha vakta i tillegg til arbeid i barnevernstenesta og har etablert ei vakt med fleire kommunar med ei anna organisering for å kunne tilby ei meir forsvarleg teneste.

Ei barnevernsvakt som vert kjend for alle vil kunne sikre at barn i slike situasjonar vert ivaretekne. Slik det er i dag fører usikkerheit om kven ein skal vende seg til, til at ein kanskje ikkje kontaktar barnevernet i slike situasjonar. Akuttvakt også på dagtid vil avlaste barnevernstenesta slik at ein kan konsentrere seg om det ordinære barnevernsarbeidet. Både helsetenester og politi har behov for å ha personar med barnefagleg kompetanse med seg der det er barn involvert i deira akuttsituasjonar.

Å etablere ei felles barnevernsvakt med Ålesund vil gi ei vakt der dei tilsette kan ha fulle stillingar og få ei spisskompetanse på akuttarbeid. Det vil også gi kvalifikasjonar til å vurdere betre kva som krev akutt handsaming og ikkje. Det å ha berre eitt telefonnummer inn vil gjere det lettare for dei som treng å ta kontakt med vakta. Dette gjeld både samarbeidspartar som politi og helsetenester, og privatpersonar som barn og foreldre.

Ålesund peiker i si utgreiing på at det no er gitt eit handlingsrom i denne fasa når mange kommunar er i ferd med å utvikle beredskapsordningar. Her vert det sagt at det er viktig at kommunane nyttar det handlingsromet til å utvikle ei felles barnevernsvakt i området. Dette vil styrke beredskapen, og gi eit meir heilskapleg tenestetilbod.

Barnevernstenesta er ei krevjande teneste å arbeide i og den interkommunale barnevernstenesta har utfordingar med sjukefråvær og slitne medarbeidarar. Akuttarbeid er ein vesentleg faktor i denne samanheng. At dette i stor grad vert ivaretatt av ein eigen organisasjon med fagleg styrke, fokus og kompetanse vil vere ei vesentleg lette for barnevernstenestene i kommunane. Det vil då kunne vere meir muleg å få nådd tenestemåla, noko som ein ser ein ikkje når i dag.

Kostnadane ved å etablere ei eiga barnevernsvakt i sjustjerna vil truleg bli om lag på same nivå som eit samarbeid med Ålesund og dei andre

Page 39:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Sunnmørskommunane. Det er med andre ord andre faktorar som vil vege tyngst når vi skal ta stilling til korleis dette arbeidet bør organiserast. Dei faglege perspektiva bør ha vesentleg tyngde. Behovet for å skape ei forsvarleg ordning, slik barnevernslova krev, er også tungtvegande argument. Eit samarbeid med Ålesund vil kunne gje ei robust og fagleg sterk teneste som vil kunne fungere over tid, med eigne tilsette. Vakta vil kunne avlaste i akutte situasjonar hele døgnet, også på dagtid. Dette vil kunne bidra til at prosessarbeidet i barnevernstenestene vert betre ivaretatt. Slik det er i dag må ofte prosessarbeidet vike for akuttarbeid og dette fører til at ein ikkje får ivaretatt godt nok viktig undersøkings- og tiltaksarbeid.

Det er viktig for å gi rett behandling til rett tid på rett stad at det vert etablert ei barnevernsvakt som tilbyr barnevernsfagleg kompetanse til barn og familiar i akutte situasjonar.

Likestillingsmessige sider ved saka: Ikkje relevant

Konsekvensar for folkehelsa: Det er eit gode for barn i oppvekst at ein skaper robuste fagmiljø som er rusta til å kunne sette inn gode tiltak i rett tid til dei som treng det. At barn og unge får hjelp i rett tid vil gi helse, miljø og samfunnsmessige innsparing i framtida.

Miljøkonsekvensar: Ikkje relevant

Økonomiske konsekvensar: I utreiinga om barnevernsvakt har Ålesund kommune lagt fram ulike forslag til løysingar. Eit endeleg forslag vil kome seinare.

Viser til tabellen i utredninga side 18 (sjå vedlegg) I denne prisen er det innlagt kostnader til overtid slik at det ikkje vert meirkostnader ved utrykking.

Dei legg opp til ulike løysningar som vert skissert med ulike alternativ (sjå figur nedanfor). Om ein til dømes vel alternativet som fordelar kostnadane med 30 % medlemsavgift og 70% sum barnetal, gir dette ein samla sum for sjustjernekommunane på kr 2 135 526 årleg.

Ei interkommunal barnevernsvakt vil tidlegast vere etablert frå september 2019. Det fører til at utgiftene for 2019 vil gjelde for fire av årets tolv månader. Våre kommunar har fått kr 750 000 frå Fylkesmannen til å utgreie og etablere ei slik vakt. Desse pengane er sett til side og det riktige vil vere å nytte desse til å dekke desse utgiftene. Det er enno ikkje utarbeidd ein avtale om interkommunalt samarbeid om barnevernsvakt. Det er frå Ålesund kommune tenkt at medlemskommunane skal vere med på å utarbeide denne avtala og med dette også kunne påverke modell for fordeling av utgiftene. Desse utgiftene vil bli innarbeidd i budsjettet for 2020.

Page 40:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Beredskapsmessige konsekvensar: Betring av beredskapen innan barnevern

Konsekvensar for barn og unge: Større tryggheit for barn og unge som treng å ta kontakt med barnevernet. Enklare å nå dei når det vert eit nummer inn.

Ragnhild Velsvik BergeRådmann

Page 41:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1415 19/5969Saksbehandlar: Kariann BigsethDato: 29.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato80/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Godkjenning av låneopptak SSIKT 2019

Samandrag:Kommunestyret har tidlegare vedteke å flytte ansvaret for finansiering av investeringar til Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) frå kommunane til SSIKT.

Samla låneopptak for SSIKT for 2019 er kr 10.775.000,- som kommunane i samarbeidet må godkjenne.

Rådmannen si tilråding:Hareid kommune godkjenner at SSIKT kan ta opp kr 10.775.000,- i lån for 2019.

Page 42:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Saksopplysningar:Styret i SSIKT har vedteke eit investeringsbudsjett for 2019 på Kr. 10.775.000,-.

SSIKT treng eit eige kommunestyrevedtak frå kvar deltakar kommune for å få ta opp lån.Investeringane skal finansierast ved låneopptak og lånet skal nedbetalast over 5 år.

Investeringsbudsjettet for SSIKT i 2019 er:

Maskiner og utstyr på driftssenter Kr. 2.950.000,-Agresso digitaliseringstiltak Kr. 875.000,-Sak/arkiv system Kr. 5.750.000,-Gerica: Svar ut Kr. 200.000,-Helsestasjonsprogram Kr. 1.000.000,-Sum Kr. 10.775.000,-Alle summar er netto beløp (eks. mva).

Vurdering og konklusjon:Rådmannen vil tilrå at SSIKT tek opp lån på Kr. 10.775.000 i 2019.

Likestillingsmessige sider ved saka: Ikkje relevantKonsekvensar for folkehelsa: Ikkje relevantMiljøkonsekvensar: Ikkje relevantØkonomiske konsekvensar:

Utrekninga syner kostnadane kvar kommune får p.g.a. låneopptak i SSIKT for 2019. Det er teke utgangspunkt i ei rente på 2%.

Hareid kommune har budsjettdekning for dette i budsjettet for 2019.

Beredskapsmessige konsekvensar: Ikkje relevantKonsekvensar for barn og unge: Ikkje relevant

Ragnhild Velsvik Berge Kariann BigsethRådmann assisterande rådmann

Page 43:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert
Page 44:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1461 19/6018Saksbehandlar: Kariann BigsethDato: 31.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato12/19 Eldrerådet 05.06.2019

Råd for menneske med nedsatt funksjonevne31/19 Næring- og miljøutvalet 05.06.201932/19 Levekårsutvalet 05.06.201981/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Innbyggar- og lokaldemokratiundersøking 2019

Samandrag:Hareid kommune har våren 2019 gjennomført to store brukarundersøkingar. Lokaldemokratiundersøkinga som er retta mot kommunestyrepolitikarane og innbyggarundersøkinga som er retta mot alle vaksne innbyggarar i kommunen.

Felles for begge undersøkingane er at det er fyrste gongen dei har vore gjennomført i Hareid kommune. Dei er derfor å rekne som 0-undersøkingar. Sjølv om undersøkingane samanliknar oss med andre kommunar i Noreg, er det for oss viktigare å kunne samanlikne oss med oss sjølve neste gang vi tek undersøkingane. Etter planen vil dette verte om 2 år.

Levekårsutvalet 05.06.2019:

Behandling:

Røysting:Samrøystes vedteke

LKU- 32/19 Vedtak:Orienteringa teke til vitande.

Rådmannen si tilråding:Kommunestyret tek resultatet av innbyggar- og lokaldemokratiundersøkingane til vitande.

Page 45:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert
Page 46:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:excelrapport fullstendigInnbyggarundersøkingkommentarar allesnittkarakter alle spørsmålsnittkarakter per kategorisvarfordeling alle spørsmål

Saksopplysningar:Hareid kommune har våren 2019 gjennomført to store brukarundersøkingar. Lokaldemokratiundersøkinga som er retta mot kommunestyrepolitikarane og innbyggarundersøkinga som er retta mot alle vaksne innbyggarar i kommunen.

Felles for begge undersøkingane er at det er fyrste gongen dei har vore gjennomført i Hareid kommune. Dei er derfor å rekne som 0-undersøkingar. Sjølv om undersøkingane samanliknar oss med andre kommunar i Noreg, er det for oss viktigare å kunne samanlikne oss med oss sjølve neste gang vi tek undersøkingane. Etter planen vil dette verte om 2 år.

Lokaldemokratiundersøkinga KS har gjennomført denne undersøkinga på vegne av fleire kommunar i 2014 og 2018.Dei skulle ikkje gjennomføre undersøkinga i 2019, men Hareid fikk tilgang til spørsmåla som vart stilt.Hareid kommune har gjennomført ein forenkla versjon av undersøkinga. Det var berre kommunestyrepolitikarane inkl. første vara som vart spurt på Hareid, medan KS også har spurt eit utval av befolkninga elles. 20 politikarar svarte på undersøkingaVi har samanlikna Hareid sine resultat med det andre politikarar i Noreg har svart.

Resultatet av undersøkinga vart presentert for kommunestyret 11.4.2019. Kort oppsummert viser undersøkinga at kommunestyrepolitikarane på Hareid er nøgde med rolla som politikar og den påverknaden dei har, men at forholdet til administrasjonen kunne vore betre.

Innbyggarundersøkinga Undersøkinga blei gjennomført i løpet av to vekene før påske. Alle innbyggarar som er 18 eller eldre (eller fyller 18) kunne svare. Det vart gjennomført omfattande informasjon til innbyggarane om undersøkinga:· Kort vart sendt til alle husstandar· Plakatoppslag på sentrale stader i kommunen· To oppslag i Vikebladet· Artiklar på nettsida vår· Til dels massiv merksemd på Facebook· Det vart arrangert fleire hjelpestader for ikkje-digitalebrukarar, på biblioteket,

to treff på Hadartun og på Seniortreff på Frivilligsentralen

 Vi fekk inn 844 svar. Det tilsvara 21 prosent av dei som kunne svare. Det er

Page 47:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

vanskeleg å måle om dette er bra eller ikkje. Tilsvarande undersøkingar har fått frå 16-30 prosent deltaking andre stader.

· 56 % av dei som svarte er kvinner. · 30 % er mellom 18-39 år, disse utgjer 28 % av befolkninga i kommunen. · 54 % er mellom 40-66 år, dei utgjer 34 % av befolkninga i kommunen. · 17 % er over 67 år, dei utgjer 15 % av befolkninga. · 50 % av dei som svarte har høgare utdanning, medan 20 % av

innbyggarane i kommunen har høgare utdanning. · 80 % av dei som har svart har budd i kommunen meir enn 15 år.

 Undersøkinga er ikkje vekta for desse feilkjeldene. Dette er altso ikkje ein representativ undersøking (som til dømes meiningsmålingar er). Ut frå vår vurdering er undersøkinga likevel relevant, då det var liten endring i svara etter kor mange som svarte. Vi tok ut rapport etter at dei 100 fyrste hadde svart. Svara endra seg lite fram til undersøkinga blei avslutta. (0,2-0,3 +/- poeng per svar).

Alle grad-spørsmåla er rigga slik at det er bra med høgt tal. 1 er minst/dårlegast, 6 er maks/best. Ingen av snittsvara er vekta, det vil seie at alle 80 spørsmåla tel like mykje i snitt-/totalskåren, sjølv om dei kanskje er mindre viktige eller omfattande.

Totalen for Hareid er 3,7 (snitt av alle 80 spørsmål), snittet på dei andre kommunane som har teke same testen i år er 4,1. Generelt ligg vi noko bak dei andre kommunane på alle parameter, men vi skal vere varsame med å sjå til dei andre kommunane. For det fyrste er det berre fem kommunar som har teke testen i år, vi veit ikkje kva kommunar det er og utvalet kommunar kan bli bytta ut til neste gong. Det kan gi store utslag.

Snittkarakter kategori Hareid NorgeTjenestene fra din kommune - bruker 4,4 4,5Tjenester fra din kommune - inntrykk 4,1 4,3Næring og arbeid 3,9 4,0Transport og tilgjengelighet i kommunen 2,9 3,3Miljø i kommunen 4,9 4,8Klima og energi 3,6 3,8Natur og landskap og friluftsliv 4,0 4,3Levekår 4,0 4,2Bomiljø og senterfunksjoner i kommunen der du bor 3,2 4,1Servicetilbudet 3,3 4,1Boligtilbudet 3,6 3,8Kultur og idrett 4,0 4,4Utbygging og utvikling 3,1 3,7Trygghet 4,9 4,9Kommunen som bosted 4,4 4,7Møte med din kommune 3,1 3,5Tillit 3,4 3,8Helhetsvurdering 3,1 4,0Snitt totalt 3,7 4,1

Page 48:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Kort oppsummert er brukarar av tenestane meir nøgde enn dei som berre har eit inntrykk av tenestane. Barnehage, miljø og tryggleik er det Hareid skårar høgast på. Elles er det forbetringspotensiale på dei fleste områder.

Vurdering og konklusjon:Resultatet av undersøkinga er formidla ut til sektorane og dei har starta arbeid med resultatet. Vi har innhenta umiddelbare reaksjonar frå sektorane, samt planar for vidare arbeid.

Sektor for samfunnsutvikling: · Forbetring av punkta som gjeld Samfunnsutvikling er i hovudsak ivareteke i

pågåande utarbeiding av ny trafikktryggingsplan, eller at det er utarbeid tiltak som er/vert lagt fram i budsjettprosess.

· Klima, miljø og Friluft er ikkje forankra i organisasjonen og ansvar delegert.· Sentrumsutvikling, møteplassar osv. er ivareteke gjennom pågåande

Miljøgateprosjektet og realisering av parken.· Sektoren vil elles arbeide med omdømme, likebehandling, service osv.· Når det gjeld generelle merknader, vil ein først kartlegge og finne ut kva vi

kan gjere noko med, deretter prioritere.· Allereie no kan ein seie at mykje av tilbakemeldingane er knytt til

prosjektgjennomføring av dei store byggeprosjekta.

Sektor for læring og kultur: Barnehage - Ligg over snittet, noko som er veldig positivt. Det er god barnehagedekning i Hareid og alle får stort sett plass når det er behov. Foreldre blir positivt møtte og er i barnehagen kvar dag, så relasjonen blir tett. Vi ser dette i samanheng med i kvalitetsplanar og utviklingsarbeid i sektoren. Kontinuerleg arbeid. Utvikla oss enno meir mot ein lærande organisasjon.

Skule - Her ligg vi på snittet for Noreg. Dette er vi stort sett fornøgd med. Skulane har historisk hatt mykje uro rundt seg med skulenedlegging. Dette talet viser at skulen har roa seg, og skulestrukturen har landa. Vi ser samanheng her også med det gode utviklingsarbeidet i sektoren. At skule ligg lavere enn barnehage trur vi er naturleg i forhold til ulike kulturar og krav. Skular blir ofte samanlikna i media, ting går litt i berg og dalbane som gjer at innbyggjarane blir påverka. Vi tenkjer at skule er kompleks, vi må vise all positiv utvikling i media. Lovverk i skule/SFO og barnehage er ulikt. Vaksentettheita er ikkje som i barnehage, dette merkar nok foreldra. Må jobbe med positiv informasjon.

Fritidstilbod - Hovudtyngda ligg på fornøgde brukarar, sjølv om resulatet er litt under snittet. Her må vi i sektoren ta tak med nyåpning av ungdomsskafeen/klubben. Heilårleg UKM, nytt biblioteket etc.

Biblioteket - Dei fleste som svarar er positive. Her vil jo det kome eit kjempeløft med nytt helsehus og nytt bibliotek.

Page 49:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Kulturskulen - Umiddelbar reaksjon på resultatet var at dette må vi ta tak i. Har difor sett opp tre punkt som vi skal arbeide mykje meir med.

· Samarbeid - Jobbe mykje meir med å forbetre kontakt mellom skule og heim. Fleire felles foreldremøte. Kortare mellom føresette/lærar/elevmøter osv.

· Øving - Legge til rette for at borna finn gode rutiner på øving. Hjelpe til, fylgje opp, vere positiv.

· Tolmod - Det krev tolmod å lære seg eit instrument, ha auge for detaljer i kunst eller kunne uttrykke seg gjennom dans. Viktige faktorar her er motivasjon. Hjelpe over ein kneik. Inspirere.

Generelt for sektoren så er vekting mot det positive i skule og barnehage, ser litt meir negativt på fritidstilbud til ungdom.

Sektor for velferd: Sektoren har fokusert på korleis ein skal jobbe vidare med resultatet av undersøkingane:

· Kort orientering i leiar- stabsmøte (14.mai).· Tema i leiar- og stabssamling 13 juni (deltakande møte).· Gjennomgang i alle einingane innan medio september· Gjennomgang i samarbeidsmøte mellom kommunalsjef -

tillitsval/verneombod.  · Oppsummering i leiar- stabssamling sep/okt (fokus: samskaping).

Sentraladministrasjonen:Sentraladministrasjonen ser at vi særleg må jobbe med omdømmet til kommunen og vil vurdere eit prosjekt på dette. I tillegg reknar vi med at vidare arbeid med god informasjon vil gi betre inntrykk av tenestane våre.

Resultatet av undersøkingane vil mellom anna vere tema på personalmøte 20.6.2019. Det som kjem ut av dette vil bli diskutert i leiarmøte i sentraladministrasjonen før vi tek det vidare med rådmannens leiargruppe.

Etterarbeid og analyseIntern handsamingResultatet vert først drøfta i rådmannens leiargruppe. Så tek sektorleiarane det med sine leiarar og den enkelte einingsleiar med sine tilsette. Det vert sett mål og tiltak for vidare oppfølging som vert rapportert tilbake. Ei endeleg prioritering av eventuelle felles tiltak vert gjort i rådmannen si leiargruppe. Oppfølging av resultatet vert presentert i ei politisk sak. Det vert rapportering om gjennomføring og resultat i tertialrapport og årsmelding.

Politisk handsamingUndersøkinga presenterast for kommunestyret før sommaren. Er det valår, vil det også bli gitt ein presentasjon for det nye kommunestyret – anten i møte eller i samband med folkevaldopplæringa.Før kommunestyret skal den innom brukar- og fagutvala.

Page 50:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Tal frå undersøkinga skal nyttast aktivt i sakshandsaminga – både når ein leiter etter nye tiltak og når ein tar grep for å bevare eller betre noko som er omtala i undersøkinga. Det er viktig at undersøkinga blir referert i sakspapira når ho er ein del av sakskomplekset.

Ragnhild Velsvik Berge Kariann BigsethRådmann assisterande rådmann

Page 51:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/866 19/6088Saksbehandlar: Christine Riise

ØvrelidDato: 03.06.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato82/19 Formannskapet 11.06.2019

Svar på høyring - Plan for omdanning av stiftingane Sunnmøre museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal til Musea på Sunnmøre

Samandrag:Frå 01.juli 2019 vert Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM), Stiftelsen Kulturkvartalen (SSK) og Stiftinga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) slått saman til stiftinga Musea på Sunnmøre (MuPSu). Fusjonen skjer ved at SSK og FAMR vert overdrege til SMM. Styra i dei tre stiftingane har gått inn for dette. Føremåla til dei tre stiftingane er samanfallande innanfor bevaring og formidling av materiell og immateriell kulturarv av dei respektive kategoriane og fag.

Rådmannen si tilråding:Hareid formannskap støttar framlegg til «Vedtekter for Musea på Sunnmøre»

Page 52:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Plan for omdanning ved fusjon av stiftingane Sunnmøre museum Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal - (64824534)

Saksopplysningar:Stiftarane har gitt frist til 31.mai 2019 med å svare på høyringsdokumentet. Rådmannen ba om at saka vert handsama politisk, og grunna at dokumentet var kommunen i hende først 03.mai ba ein om utsetjing av høyringsfristen. Prosjektleiar for samanslåinga har gitt tilbakemelding om at «vi utsetter ikke fristen, men vil behandle uttalelser som kommer også etter fristen så langt vi klarer»

Det vart sendt ut invitasjon til uttale på høyringa til Ishavsmuseet den 03.06.19, med frist til uttale innan 07.06.19. Dersom det kjem uttale frå Ishavsmuseet, vert denne presentert i formannskapsmøte tysdag 11.06.19.

I 2001 vart det sett i gang ei stor museumsreform i Noreg gjennom ABM-meldinga (Arkiv, Bibliotek og Museum). Denne synte ønske om ein betre kvalitet på museumsarbeidet. Mange fylke fekk eitt museum, men i Møre og Romsdal vart det tre regionsmuseum, samt Kulturkvartalet i Ålesund og Nynorsk Kultursentrum. Ikkje alle mindre museum kom med då der var krav om ein viss omsetnad og viss storleik for å kunne bli med.

Hareid kommune har hatt avtalar med SSM vedkomande Ishavsmuseet fram til 31.12.2011, då Ishavsmuseet melde seg ut av Stiftinga Søre Sunnmøre Museum (SSM). Jfr Kommunestyresak 2011/214 heiter det; « Hareid kommunestyre tek Ishavsmuseet si utmelding av Stiftinga Sunnmøre Museum til vitande. Som ein konsekvens av denne utmeldinga gjer kommunestyre om inkje vedtak i sak PS 121/07 om utbetaling av driftsstønad til Stiftelsen Sunnmøre Museum. Som ein konsekvens av dette stoppa Hareid kommune utbetalingar til det årlege tilskot til SSM frå og med 2012. I PS 82/11 er det vedteke at ein vil løyve kr 250.00,- pr år til drifta av Ishavsmuseet, gjeldande frå 2012. Frå 01.07.19 blir Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM), Stiftelsen Kulturkvartalen (SKK) og Stiftinga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (FAMR) slått saman til Stiftinga Musea på Sunnmøre (MuPSu). Fusjonen skjer ved at SKK og FAMR blir overdratt til SMM. Styra i dei tre stiftingane har gått inn for dette. Føremåla til dei tre stiftingane er samanfallande innanfor bevaring og formidling av materiell og immateriell kulturarv av dei respektive kategoriane og fag. Ambisjonen med ei felles museumsstifting på Sunnmøre, er å bygge fagmiljø som kvar for seg og i fellesskap kan skape ny utviklingskraft i arbeidet for bevaring og formidling av materiell og immateriell kunst- og kulturarv på Sunnmøre, i Møre og Romsdal, og i den nasjonale museumsfamilien. Det vert synt til vedlegget for detaljar om planen.

Vurdering og konklusjon:Rådmannen vurderer at vedtektsendringa skjer som følgje av statleg og regional museumspolitikk. Styra i dei tre stiftingane har gått inn for dette. Hareid kommune er ein av mange stiftarar av Stiftinga Sunnmøre Museum og det er rådmannen si

Page 53:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

vurdering at kommunestyret støtter framlegg til «Vedtekter for Musea på Sunnmøre.

Likestillingsmessige sider ved saka: I framlegg til vedtekter vert det føreslått fylgjande: «Så langt råd er skal det vere likskap mellom kvinner og menn i styret, jf. Stiftelsesloven § 27 a»

Konsekvensar forKonsekvensar for folkehelsa: Ingen kjende Miljøkonsekvensar: Ingen kjende

Økonomiske konsekvensar: Fusjonsdokumentet omfattast ikkje av økonomi og vedtaket har ingen økonomiske konsekvensar.

Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen kjendeKonsekvensar for barn og unge: Ingen kjende

Ragnhild Velsvik Berge Eivind LongvaRådmann kommunalsjef

Page 54:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1006 19/6178Saksbehandlar: Erlend FriestadDato: 05.06.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato83/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Høyring nasjonal ramme for vindkraft

Samandrag:Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har på oppdrag frå departementet utarbeida eit forslag med område i Norge som kan vere eigna for utbygging av vindkraft, og lagt dette ut på høyring. Sjølv om eit område er eigna, så er gir dette ingen rett til utbygging og det skal søkjast konsesjon for utbygging. Deler av Hareid kommune ligg inn i eit av områda som NVE syner til som eigna for vindraft og kommunen må ta stilling til om vi skal gje høyringssvar.

Hareid kommune mottok 3. juni eit innbyggarforslag der kommunestyret blir oppmoda om å «seie eit prinsipielt nei til vindkraftverk i kommunen».

Rådmannen si tilråding:Hareid kommune syner til forslag frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og kommunen vil gje følgjande høyringssvar:

1. «Hareid kommune ber om at NVE tek omsyn til naturmiljø, landskap, friluftsliv, reiseliv og naboverknader når de skal ta stilling til ekskludering av utbyggingsområde i kommunen.»

eller

2. «Hareid kommunestyre er prinsipelt mot mot vindkraft i Hareid kommune. Ei vindkraftutbygging vil endre fjella for alltid med store veganlegg og vindturbinar. Nærleik til slike industriområde vil påverke folkehelsa, fugle- og dyreliv og øydelegge natur og bulyst. Vindmøller vil også vere øydeleggande for reiselivet i kommunen og regionen.»

Page 55:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Forslag til saksframlegg - felles med HerøyUttale Møre om Romsdal fylkeskommune brev 110618 (L)(3140)Ei ny sak er klar frå minsak.noEi ny sak er oppretta på minsak.noÅlesund Sunnmøre Turistforening 181018 uttaleSender e-post: NVE - forslag til nasjonal ramme for vindkraft lågoppløyselegEksklusjonskart NVE vindkraft Hareidlandet

Saksopplysningar:Vindkraft er lite utbygd i Norge. I saka som no ligg føre, skal Hareid kommune ikkje uttale seg om ei konkret utbygging, men om styringsverktøy knytt til område («analyseområde 20») som kan eigne seg for utbygging av vindkraft. Innanfor desse område er det likevel område som er ekskludert på grunn av ulike omsyn, jfr side 154 i rapporten: «En del av arealet innenfor det utpekte området er ekskludert, og skal derfor ikke regnes som en del av området (Figur 70). De harde eksklusjonene skyldes hovedsakelig dårlige vindforhold i noen dal-/fjordstrøk, verneområder på Hareidlandet og innflygingssonen til Ørsta/Volda lufthavn. De myke eksklusjonene omfatter blant annet • et helhetlig kulturlandskap i Hareid • svært kuperte og skredutsatte områder • nedslagsfelt for drikkevann • områdene rundt åtte sendere i det digitale bakkenettet for TV-signaler • områder med mer enn tre støyfølsomme bygg per kvadratkilometer»

Vedlagte kart viser dei ekskluderte område i fargar, side 155 i rapporten. Rapporten ligg vedlagt i si heilheit og kan også lesast her.

NVE har i sin rapport vidare peika på følgjande som er viktig å vurdere, dersom det kjem søknadar om utbygging av vindkraft i dei områda som ikkje er ekskludert, side 156 i rapporten: «Til tross for at det er pekt ut som et av de mest egnede områdene, er det mange viktige miljø- og samfunnsinteresser i området. Egnetheten må vurderes konkret i en konsesjonsbehandling før det kan bygges vindkraftverk. Under presenteres noen av interessene som kan være viktige ved planlegging og behandling av vindkraftprosjekter. Oversikten er hentet fra analyseskjemaene for analyseområde 20, og er ikke uttømmende»

Naturmiljø«Hele området har svært gode bestander av havørn. Det er også gode bestander av vandrefalk i fjordområdene og av kongeørn i fjellområdene. Hubro har blitt kartlagt grundig både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal de siste årene. Arten har gått sterkt tilbake i begge fylker, men hekker for tiden på Gurskøya og i indre deler av Selje. Det utpekte området vurderes som gjennomgående attraktivt for flaggermus og dermed med stort potensial for funn, basert på høydemodell og terreng. Dette gjelder særlig øyer og odder ut mot havet.

Gurskøya-Dimna (med Haugshornet) er et viktig friluftsområde med regional betydning, i hovedsak for kommunene Sula, Ålesund og omland.

Page 56:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Både Sunnmørs- og Nordfjordregionen er i stor grad profilert som reiselivsregioner, og det utpekte området omfatter en del av det norske fjordlandskapet som er viktig for reiselivsnæringen. I den nordlige delen av området ligger innseilingen til Geiranger og andre viktige fjordområder på Sunnmøre. […]

NabovirkningarDet er mye bebyggelse i det meste av området, særlig langs fjordene. Avstandskrav til støyfølsom bebyggelse kan dermed være en viktig begrensning i eventuelle konsesjonssaker.»

Generelt er det ein viss motstand i befolkninga mot utbygging vindkraft, både i forhold til inngrep i naturen, støy og skade på fuglar. Det blir her vist til artikkel i Teknisk Ukeblad (TU) den 30. mars 2019, der statskraft si konserndirektør uttale følgjande på Vinterkonferansen 2019: «Vi ser et økende konfliktnivå som vi som næring vil lide under om vi bygger mer enn det det er folkelig aksept for.»

Bakgrunnen for denne uttala var NVE sitt forslag om «Nasjonale ramme for vindkraft», og konserndirektøren varslar samstundes at Statskraft ikkje vil byggje ut fleire vindparkar i Norge, etter at vindparkane på Fosen; i Kvinesdal og på Remmafjellet er ferdige. Olje- og energiministeren Kjell Børge Freiberg var i same artikkel i TU sitert på at det er viktig å lytte til innvendingar som kjem i vindkraftsaker, og uttalte: «Vi må gjøre dette på ein klok måte. Det er ikke uvesentlig hva en kommune mener om anlegg som skal komme hos seg, og det er en del av konsesjonsbehandlingen.»

Det som er viktig å understreke er at det ikkje blir utbygging av vindkraft utan at ein aktuelle utbyggjar. I vårt nærområde er Tussa AS ei aktuell utbyggjar, men har direktør Elling Dybedal uttalt følgjande til Vestlandsnytt den 23. mai 2019: «Vi var mellom interessentane både med tanke på Haugshornet vindpark og ei eventuell utbygging i Vanylven for ein del år tilbake. Men motstanden var stor, og det vart jamvel slått fast at vindressursen ikkje er god nok. Difor er det litt overraskande at dei same områda no kjem på bordet som aktuelle igjen. Utover det kan eg berre slå fast at Tussa ikkje har noko planar om å engasjere seg i vindkraft for tida.»

Det er viktig å understreke at det er konsesjonsbehandlinga som er avgjerande for om det blir gjeve konsesjon eller ikkje, og ikkje om område er definert som eigna for utbygging. Det går klart fram av rapporten frå NVE, og det blir sitert frå rapporten: «NVEs forslag til de mest egnede områdene for ny vindkraft er et resultat av omfattende analyser. Disse analysene er utført på et overordnet nivå. Det følger av metodene som er anvendt at det vil være mange steder innenfor de utpekte områdene som er lite egnet for vindkraft. Samtidig kan steder utenfor områdene være egnet. Enkeltprosjekter må derfor vurderes konkret i en konsesjonsbehandling før det kan avgjøres om et sted er egnet for vindkraft. Kartet kan likevel brukes som et styringsverktøy for hvilke områder som vil bli prioritert framover. Det vil være mulig å søke om konsesjon også utenfor de utvalgte

Page 57:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

områdene. Som det framgår av oppdragsbrevet fra OED, skal det imidlertid være vanskeligere å få konsesjon i et område som ikke er pekt ut i den nasjonale rammen. NVE legger ikke opp til å gi slike saker samme prioritet.

NVE mener samtidig at noen typer konsesjonssaker bør behandles uavhengig av kartet med de utpekte områdene. Dette gjelder blant annet små vindkraftverk nær eksisterende infrastruktur og reetableringer og utvidelser av eksisterende vindkraftverk. Når det gjelder behandling av søknader om utsatt frist for idriftsettelse for vindkraftverk med eksisterende konsesjon, legger vi opp til å gi korte utsettelser dersom det er pågående aktivitet eller andre gode grunner til at søknaden bør innvilges. Utover dette vil vi bruke kartet på samme måte som for nye saker.»

NVE bad i brev av 8. juni 2018 om innspel til aktuelle utbyggingsområde for vindkraft, før den framlagte rapporten var utarbeida. I Møre og Romsdal var det berre Sula kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund-Sunnmøre Turistforening som gav uttale. Her var det gjeve følgjande uttale frå Ålesund-Sunnmøre Turistforening i brev av 18. oktober 2018: «I analyseområde 20 er det nordre del fra fylkesgrensa til Sogn og Fjordane og opp til Sula som er vårt medlemsområde. Som nevnt i innledningen er det ikke blitt tid til å gjøre en grundig analyse av hele området til sammen. Det vi kan være helt klare på er at vestlige delen av Sula kan tas vekk fra analyseområdet, eventuelt skraveres grått, hvis det er noen hjelp i. Sula har et flatt platå, men svært bratte sider til alle kanter. Med de veiene som er nødvendige i et vindkraftanlegg vil det bli enorme skjæringer i fjellsidene uansett hvilken side av øya de kommer på. Det er også to naturreservat sør og sørvest på øya som det vil være vanskelig å ikke berøre ved veibygging opp til platået vest for Vardane. På øst- og nordsiden av øya er det helt uaktuelt med veibygging av denne størrelsen da dette er et svært mye brukt turområde for veldig mange. Sula er et regionalt viktig friluftsområde for hele Ålesundsområdet, og er også veldig synlig i innseilinga til Storfjorden/Geiranger. Lignende problemstilling vil man også ha på Gurskøya, og ikke minst i det småkuperte terrenget i Vanylven.

Ved eventuelle søknader vil vi måtte invitere frilufts-, miljøorganisasjoner og enkeltpersoner for å kunne gi en god vurdering lokalt. Generelt er vi skeptisk til omfanget og planene for vindkraft på land, og tviler på at dette er den rette måten å dekke inn behovet for grønn energi på.»

Møre og Romsdal fylkeskommune har i brev av 11. juni 2018 gjeve mange generelle innspel knytt til naturmiljø, turisme med meir, men fylkeskommunen har ikkje gjeve konkrete innspel til analyseområde 20, utover følgjande: «Den generelle kommentaren vil vere at reiselivet i Møre og Romsdal i stor grad er basert på naturkvalitetar i kombinasjon med kulturhistoriske element. Vindkraftanlegg vil i stor grad kunne påverke dei opplevde kvalitetane. Internasjonale destinasjonar i så måte er Geiranger-Trollstigen, Atlanterhavsvegen (som begge er nasjonale turistvegar) og Runde. For dei to sistnemnde viser vi til kulturfaglege merknader og vedleggskarta.»

InnbyggarforslagInnspela frå Ålesund-Sunnmøre Turistforening og Møre og Romsdal

Page 58:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

fylkeskommune er innspel som er kome til NVE før rapporten var lagt fram. I etterkant av at rapporten er lagt fram av NVE, er det registrert eit stort lokalt engasjement rundt mot vindkraft. Det var mellom anna arrangert eit folkemøte på Hareid 27. mai 2019 i regi av NVN Nei til Vindturbinar i Vest.

Vidare er det fremja eit innbyggarforslag som ber Hareid kommune om å seie eit prinsipielt nei til vindkraft i kommunen:

«I Nasjonal ramme for vindkraft er mykje av våre fjell-, natur- og fritidsområder på Hareidlandet peika ut som egna for utbygging av vindkraft. Ved høyring av nasjonale ramme ber vi kommunestyret i Hareid seie eit prinsipielt nei til vindkraftverk i kommunen. Ei vindkraftutbygging vil endre fjella for alltid med store veganlegg og vindturbinar. Det er vorte kjend at nærleik til slike industriområder vil påverke folkehelsa, fugle-og dyreliv, øydelegge natur og splitte befolkninga sosialt. Det fremmer verken bulyst, forretningsverksemd eller reiselivet i kommunen og regionen.»

Innbyggarforslaget blei lagt ut på minsak.no av Amalie Havåg for signering 30. mai. På berre få timar hadde forslaget fått dei naudsynte 103 underskriftene. Forslaget blei sendt inn til kommunen etter fire dagar. Då hadde forslaget fått 366 underskrifter. Eit innbyggarforslag kan ligge ute i ein månad før det blir underkjent. Initiativtakar ønskte å få opp saka rastk og sendte derfor forslaget opp før månaden var gått. Det grunn til å tru at forslaget hadde fått langt fleire enn dei 366 underskriftene om det hadde lagt ute i ein heil månad.

Innbyggarforslag er regulert i Kommunelova paragraf 39a:

«Innbyggerne i kommunen eller fylket kan fremme forslag som gjelder kommunenseller fylkeskommunens virksomhet. Kommunestyret eller fylkestinget plikter selv åta stilling til forslaget dersom minst 2 prosent av innbyggerne står bak forslaget.Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid tilstrekkelig.Kommunestyret eller fylkestinget tar selv stilling til om forslaget gjelder kommunenseller fylkeskommunens virksomhet.» (1.)

Eit innbyggarforslag i Hareid kommune treng med dagens innbyggartal 103underskrifter. Forslaget frå Havåg har 366 underskrifter og tilfredsstiller dermed lovkravet. Med langt fleire underskrifter enn kravet vil det ikkje vere naudsynt å sjekke om kvar enkelt underskrift er reell.

Kommunelova (§ 39a (2)) gir kommunestyret ein frist på 6 månadar til å ta stilling tileit innbyggarforslag. I dette tilfellet har administrasjonen strekt seg ekstra for å få saka raskt opp til handsaming på grunn av aktualiteten og sidan administrasjonen allereie var i gang med eit saksframlegg. Andre forslagsstillarar kan ikkje forvente at dei kan få saka opp til politisk handsaming på ei veke.

I same valperiode kan det ikkje fremmast eit forslag dersom det har same innhaldsom eit tidlegare innbyggarinitiativ eller same innhald som ein sak kommunestyrethar handsama i perioden (komlov 39a 3. punkt). Sidan administrasjonen allereie var i gang med å handsame høyringsuttala då forslaget blei levert inn, har vi valt å inkludere forslaget i sakshandsaminga. Det er uansett kommunestyret sjølv som skal ta stilling til om dei vil handsame saka med bakgrunn i dette punktet.

Dette saksframlegget er basert på saksframlegg utarbeida i Herøy kommune.

Page 59:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vurdering og konklusjon:NVE sitt grunnlag er ikkje ei regulering for utbygging av vindkraft, men ein oversikt over område som kan vere aktuell for utbygging. Hareid kommune kan be NVE ta omsyn til turismen og naturmiljø, for å understreke det som Ålesund- Sunnmøre Turistforening og fylkeskommunen har gjeve som innspel i 2018.

Samstundes har innbyggarforslaget vist fram at det er eit stort engasjement mot vindmøller i kommunen. Denne høyringa er i utgangspunktet meint å hente innspel til den nasjonale ramma for utbygging av vindkraft. Det er likevel ingenting i vegen for at kommunestyret òg kan seie eit prinsipielt nei til vindkraft.

Rådmannen vil derfor legge fram ei tilråding til høyringssvar med to alternativ: Eit alternativ som ber NVE om å ta omsyn til miljø og innbyggarar og eit alternativ som tar opp i seg essensen i innbyggarforslaget som er fremja.

Likestillingsmessige sider ved saka: Ingen kjendeKonsekvensar for folkehelsa: Utbygging av vindmøller vil kunne ha ein negativ effekt på folkehelsa då viktige tur- og rekreasjonsområde kan blir øydelagte.Miljøkonsekvensar: Vindkraftutbygging i kommunen vil kunne ha store miljøkonsekvensar.Økonomiske konsekvensar: Ingen kjendeBeredskapsmessige konsekvensar: Ingen kjendeKonsekvensar for barn og unge: Sjå punkt om folkehelse

Ragnhild Velsvik BergeRådmann

Page 60:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1068 19/5547Saksbehandlar: Silja ØvrelidDato: 20.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato84/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret30/19 Næring- og miljøutvalet 05.06.2019

Høyring gebyrforskrift for plan- og bygningslova og lov om eierseksjoner

Samandrag:Grunna endringar i lov om eierseksjonering er det behov for ein revisjon av «Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter Plan- og bygningslova og Lov om eierseksjoner – Hareid kommune».

Rådmannen si tilråding:Kommunestyret legg «Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter Plan- og bygningslova og Lov om eierseksjoner – Hareid kommune» på høyring. Høyringsfristen skal vere 3 månadar. Forskrifta må endeleg godkjennast av kommunestyret.

Page 61:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter plan- og bygningslova og lov om eierseksjonerSatsar for sakshandsaming PBL og SEK_20.05.19

Andre relevante dokument:Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter plan- og bygningslova og lov om eierseksjoner

Saksopplysningar:I 2018 kom det ny Lov om eierseksjonar som legg til grunn og opnar for ei anna berekning av gebyr knytt til sakshandsaming etter denne lova. Det er difor lagt inn nye satsar og ny måte å ta gebyr for sakshandsaming i eigarseksjoneringssaker.

Det er også gjort mindre endringar knytt til byggesak. Gebyret for dispensasjon har blitt delt i to, eit gebyr for politiske dispensasjonar og eit gebyr for administrativt handsama dispensasjonar. Ein har også halvert gebyret for ansvarsrettar og piperehabilitering då ein har sett siste året at desse gebyra har vore for høge i forhold til tidsbruken knytt til sakshandsaming.

Vidare har ein no tatt gebyrsatsane ut av forskrifta og laga desse som eit eige vedlegg. På denne måten vil det vere lettare å rullere berre satsane samstundes som budsjettet vert vedteke årleg.

Alle gebyr etter forskrifta er utarbeida i tråd med sjølvkostprinsippet.

Vurdering og konklusjon:Forskrifta som no ligg føre er ei nødvendig oppdatering av gebyrforskrifta som er gjeldande i dag, dette for å stette dagens lovverk. Rådmannen rår difor kommunestyret til å legge forskrifta ut på høyring.

Likestillingsmessige sider ved saka: Ingen kjende. Konsekvensar for folkehelsa: Ingen kjende. Miljøkonsekvensar: Ingen kjende. Økonomiske konsekvensar: Ingen kjende. Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen kjende. Konsekvensar for barn og unge: Ingen kjende.

Ragnhild Velsvik Berge Silja ØvrelidRådmann einingsleiar

Page 62:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1039 19/5508Saksbehandlar: Silja ØvrelidDato: 20.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato85/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret29/19 Næring- og miljøutvalet 05.06.2019

Høyring - adresseforskrift

Samandrag:Hareid kommune har i dag ei adresseforskrift frå 2006. Denne er heimla i lovverk som i dag er oppheva eller endra, det er difor behov for ein revisjon av Hareid kommune si adresseforskrift. Forskrifta som no ligg føre er basert på den Hareid kommune har i dag, men den er oppdatert i tråd med dagens lovverk samt dagens organisering i kommunen. Forskrifta må på høyring i 3 månadar før den kan vedtakast av kommunestyret.

Rådmannen si tilråding:Kommunestyret legg «Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Hareid kommune» (adresseforskrift) på høyring. Høyringsfristen skal vere 3 månadar. Forskrifta må endeleg godkjennast av kommunestyret etter høyringsperioden.

Page 63:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Hareid kommune (Adresseforskrift)

Saksopplysningar:Føremålet med ei adresseforskrift er å legge til rette for at matrikkellova vert oppfylt. Det er også viktig med gode retningslinjer som administrasjon og folkevalde kan fylje knytt til adressetildeling, for å sikre einasarta og pålitelege adresser som er tilgjengelege, slik at aktørar lett kan finne fram. Dette kan til dømes vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse i ein krisesituasjon.

Det er ikkje gjort nokon kontroversielle endringar i forskrifta som no ligg føre sett opp i mot dagens gjeldande forskrift. Den er tilpassa dagens lovverk, samt dagens politiske og administrative organisering. Det er også lagt inn ein ny paragraf (§ 6) med retningsliner for val og skrivemåte av adressenamna. Det er også lagt inn ein ny paragraf (§ 9) om klagerett.

Adresserettleiaren til kartverket er nytta i utarbeidinga av ny adresseforskrift.

Vurdering og konklusjon:Rådmannen ser behovet for ein revisjon av Hareid kommune si adresseforskrift, Rådmannen ser heller ingen årsakar til å ikkje legge forslaget som no ligg føre på høyring. Rådmannen rår difor kommunestyret til å legge adresseforskrifta på høyring i minimum 3 månadar.

Likestillingsmessige sider ved saka: Ingen kjende. Konsekvensar for folkehelsa: Ingen kjende.Miljøkonsekvensar: Ingen kjende. Økonomiske konsekvensar: Ingen kjende. Beredskapsmessige konsekvensar: Positivt med ei oppdatert forskrift som sikrar at naudetatar finn fram til rett adresse. Konsekvensar for barn og unge: Ingen kjende.

Ragnhild Velsvik Berge Silja ØvrelidRådmann einingsleiar

Page 64:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/864 19/6107Saksbehandlar: Bent Arild GryttenDato: 04.06.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato86/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Ruteendringsprosessen 2020 - Innspel frå Hareid kommune

Samandrag:Møre og Romsdal fylkeskommune har starta opp det årlige arbeidet med å tilpasse/endre rutetilbodet for kollektivtransporten. Eventuelle ruteendringar vil i hovudsak virke frå 1. mai 2020.

Møre og Romsdal fylkeskommune har i samband med dette, invitert Hareid kommune m/fl., til å kome med innspel til arbeidet.

Denne saka har som målsetting, å gi innspel til det vidare arbeidet med kollektivtilbodet i regionen.

Rådmannen si tilråding:Hareid kommunestyre viser til saksframstillinga, og bed om at Møre og Romsdal fylkeskommune utvidar dagens Fram Ekspress tilbod med ny ekspressrute Volda - Furene - Garnes - Moa.

Page 65:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Innspel til ruteendringsprosessen 2020Ruteendringsprosessen 2020-Høring

Andre relevante dokument:Innspel til ruteendringsprosessen 2020

Saksopplysningar:Ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussruter er ein årviss aktivitet som har som mål å optimalisere kollektivtilbodet i fylket innanfor tilgjengelige rammer.

Forslag om ruteendringar som tidligare er sendt inn, er ikkje nødvendig fremme på nytt.

Møre og Romsdal fylkeskommune bed om at innspel må vere kome fram innan 26.juni. Viser til vedlegg for meir informasjon om prosessen

Vurdering og konklusjon:Fylkeskommunen har i dag etablert FRAM Ekspress som «merkevare» i Møre og Romsdal, og følgande ekspressruter er i drift:

· FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund· FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes (togbuss)· FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes (togbuss)· FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal (togbuss)· FRAM Ekspress rute 902 Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim

(Mørelinjen)· FRAM Ekspress rute 905 Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen)

Gjennom arbeidet med å etablere nytt bussknutepunkt på Garnes, vart det skapt forventningar om eit betre kollektivtilbod på søre Sunnmøre. Spesielt hadde ungdommen forventningar til auka valmuligheiter for å reise kollektivt, enten reisemåla var mellom kommunesentra på søre Sunnmøre eller reisemålet var Ålesund/Moa. Vidare var det knytt store forventingar til eit betre skulebussalternativ. Så langt har ikkje forventningane vorte innfridd.

Hareid kommunestyre ynskjer at det vert etablert ei Fram Ekspress rute over Garnes (Volda-Furene-Garnes-Moa). Med betre materuter inn/ut mot Garnes vil ei slik ekspressrute over Garnes gi:

· Betre bussfrekvens mellom dei 7 kommunane på søre Sunnmøre.· Betre frekvens og samordning mot dei vidaregåande skulane på søre

Sunnmøre, våre høgskular, sjukehusa og flyplassar mm.· Betre frekvens mellom søre Sunnmøre og nordre Sunnmøre (Moa

bussterminal).

Likestillingsmessige sider ved saka: Ingen kjende

Page 66:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Konsekvensar for folkehelsa: Ingen kjende

Miljøkonsekvensar:Ingen kjende

Økonomiske konsekvensar: Ingen kjende

Beredskapsmessige konsekvensar:Ingen kjende

Konsekvensar for barn og unge:Sannsyn for betring i kollektivtilbodet.

Ragnhild Velsvik Berge Kai-Rune BjørkeRådmann kommunalsjef

Page 67:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1322 19/5901Saksbehandlar: Eivind LongvaDato: 29.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato87/19 Formannskapet 11.06.2019

Svar på interpellasjon om digitale læremiddel

Samandrag:Skulen i Hareid kommune har dei 3 siste åra gjennomført kjøp av, og opplæring i digitale læringsverktøy. I opplæringa nyttar ein både læringsprogram og app’ar. Svært mange av desse har hjelpetekst og overskrift/ knappeval på bokmål eller engelsk. Utvalet av app’ar på nynorsk er svært avgrensa, og eit val om berre nytte app’ar på eige målføre vil gjere det digitale læringsarbeidet vanskeleg.

Rådmannen si tilråding:Skulen i Hareid skal velje nynorske program, og app’ar, der det ligg føre slikt på begge målføre. Samt arbeide for at tilbodet av digitale verktøy blir utvikla på begge målføre.

Page 68:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Saksopplysningar:Viser til interpellasjon til Ranja Dimmen Alme som omhandlar digitaliseringa i skulen i Hareid, og kravet til målform og parallellutgåver av læremidlar.Satsinga på digitale læringsverkty i skulen i Hareid er forankra i kvalitetsplanen for sektor for læring og kultur. Skuleeigar har i 2017, 2018 og 2019 løyvd nok midlar til at alle elevar i grunnskulen vil få si eiga digitale eining (iPad eller Chromebook/PC).Dette opnar nye dører til læring for elevane, og det gir pedagogisk personale eit nytt verkty til å tilpasse undervisninga og til å kommunisere med elevane. Frå administrativ skuleeigar si side er det presisert at satsinga ikkje skal erstatte noko, men kome som eit supplement til dei didaktiske verktya som er i bruk i dag.

Ei digital eining i seg sjølv har avgrensa pedagogisk verdi. Den digitale eininga er eit middel for læring.

På kort tid har skulen i Hareid kommune teke store digitale steg, og i den digitale satsinga er det planlagt og gjennomført kompetansehevande tiltak for det pedagogiske personalet. IKT-satsinga i 2017, 2018 og 2019 har løfta skulen, og skal gjere den i stand til å møte den digitale framtida. Dette er i tråd med sentrale politiske mål og føringar, og det er kjekt at ein i Hareid ser kva den digitale satsinga har skapt av glede, motivasjon og entusiasme hjå elevane.

Utvalet av appar på nynorsk er avgrensa, og truleg kan ikkje Hareid og andre nynorskkommunar vente at utviklarane av digitale læremiddel kjem med versjonar av programvarene sine på nynorsk. Til det er marknaden for liten.Innkjøp av appar og distribusjon av desse skjer sentralt på kommunenivå gjennom eit mobile device management (MDM) og Apple sitt voluminnkjøpsprogram for utdanning (VPP). Hareid kommune har eigen avtale med Apple for innkjøp. Vi har eit management som er sett opp av SSIKT.

I opplæringa nyttar vi firmaet Kreasjon. I samråd med Kreasjon gir vi lærarane opplæring i eit utval appar som gjev nye undervisningsstrategiar. Poenget er ikkje å flytte det analoge over i det digitale. Vi ynskjer å legge til rette for nye moglegheiter. Nye moglegheiter for tilpassing, motivasjon, meistring, inkludering osv.

Fleirtalet av appane vi nyttar er rammeverk rundt det arbeidet som lærar planlegg uavhengig av fag. Desse inneheld td, biletteikn, symbol, norske og engelske uttrykk osv. Enkelte program har lydsyntese, desse har også nynorsk innstilling og støttar læring etter STL+metodikken med lydstøtte (skriv seg til lesing) . Appane er hjelpemiddel som lærar og elevar fyller med innhald på sitt målføre.Utanom desse appane nyttar skulane andre læringsressursar på nett slik dei har vore vande til. Forlaga gjev kjøpar av lærebøker tilgong til nettressursar. Desse er på begge målføre. På iPad er det lett å laste ned appar som gjev elevane enkel tilgang til nettopp deira nettressursar.

Page 69:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Skulane kan be om (tinge dei hjå rådgjevar) spesielle appar dei ynskjer til sin skule, enkelte elevgrupper eller enkelte elevar. Då vert eleven kopla mot appen, og ikkje omvendt. Dette er ein app med lettlesebøker på bokmål, nynorsk, teikn og eit utval framandspråk som passar både for norsktalande, og for nykomne elevar med anna morsmål enn norsk. Med det digitale løftet ligg det til rette for tilpassa undervisning i ei anna grad enn vi har sett tidlegare.

Når det gjeld målform, heiter det følgjande i opplæringslova:§ 2-5.Målformer i grunnskolenKommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.Sidan nynorsk vert nytta i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid, er krava i lova stetta.Kommunen skal i tillegg stette krava som forskrifta til opplæringslova set opp: § 17-1.Elevens rett til læremiddel på eiga målformEleven har rett til læremiddel på ønskja målform; nynorsk eller bokmål. Kravet til språklege parallellutgåver skal gjere det enklare for eleven å gjere seg nytte av opplæringa og sikre dei språklege rettane som eleven har.I andre fag enn norsk kan det berre brukast læremiddel som ligg føre på nynorsk og bokmål til same tid, med mindre læremiddelet er omfatta av unntaka i § 17-2. Kravet til språkleg parallellitet gjeld berre for fag med årskull over 300 elevar.Kravet om språklege parallellutgåver gjeld for læremiddel som skal brukast regelmessig i opplæringa og dekkjer vesentlege delar av kompetansemåla eller er viktig for dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Med regelmessig meiner ein at læremiddelet blir brukt fast, over ei lengre periode eller jamleg. Når det er tvil om eit læremiddel dekkjer vesentlege delar av læreplanen i fag, skal skoleeigar vurdere saka konkret.Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Dei kan vere enkeltståande eller gå inn i ein heilskap, og dekkjer aleine eller til saman kompetansemål i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.Når det skal vurderast om læremiddelet er omfatta av kravet til parallellitet gjeld dei same vurderingane for trykte og digitale læremiddel.På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet utarbeidde Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2008 ein rapport om digitale læremiddel: Under stadig utvikling…I rapporten vert det slått fast at digitale læremiddel er eit noko flytande omgrep. I rapporten vert det vist til følgjande forståing av omgrepet:Digitale læringsressurser er både enkeltstående læringsressurser og en samling læringsressurser relatert til den sammenhengen de opptrer i, det vil si tekst, bilde, video/film, lyd og simuleringer, presentasjoner, men også kurs, undervisningsopplegg og studietilbud. Ressursen kan være fagdidaktiske, altså utviklet for læringsformål, eller de kan være digitale datakilder som kan brukes og tilpasses læring.Kunnskapsdepartementet har definert omgrepet digital læringsressurs slik:Pedagogiske redskaper som kan brukes til læringsformål og som utnytter IKT for å fremme læring via produkter, tjenester og prosesser.

Page 70:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Den digitale utviklinga har ikkje gjort det enklare å kome fram til ei eintydig forståing av omgrepet digitalt læremiddel/læringsressurs.Administrativ skuleeigar er oppteken av at elevane i Hareid, også digitalt, skal ha eit likeverdig tilbod med elevar elles i landet. Samstundes skal skuleeigar sjå til at lov og forskrift som gjeld retten til læremiddel på eiga målform vert oppfylt. Det tyder at appar og/eller program der ferdig tekst utgjer ein viktig del av innhaldet, skal oppfylle kravet om parallellutgåver,td lesetreningsprogram med ferdige ordlister osb.Appane som er i bruk i skulen i Hareid no er i all hovudsak å sjå på som eit rammeverk der all bruk vert styrt av lærar og/eller eleven som skriv og les på si eiga målform. Den norske teksten i appane utgjer på den måten ingen eller ein liten del av bruken, og ein kan såleis argumentere med at læremiddelet/læringsressursen ikkje kjem under kravet til språkleg parallellutgåve, jfr. forskrift til opplæringslova §17-2:

§ 17-2.Unntak frå parallellkravetReglane i § 17-1 skal ikkje hindre at elevane får ta i bruk eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa.Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og likande kjem ikkje under kravet til språklege parallellutgåver, sjølv ved regelmessig bruk.Læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kjem ikkje inn under kravet til språkleg parallellutgåve.Administrativ skuleeigar i Hareid er samstundes medviten på at appar med nynorsk forklaringstekst går føre andre alternativ ved innkjøp, men ein kjem ikkje utanom at marknaden for digitale læremiddel der nynorsk utgjer ein vesentleg del av innhaldet er liten, og av den grunn ikkje vert prioritert av produsentar.

Vurdering og konklusjon:Slik bruken av program og app’ar vert nytta kjem ikkje dette inn under Opplæringslova § 17-1 Elevens rett til læremiddel på eiga målform, men kjem inn under Opplæringslova § 17-2 Unntak frå parallellkravet. Hareid er ei nynorskkommune. Skulen i Hareid skal velje nynorske program, og app’ar, der det ligg føre slikt på begge målføre. Samt arbeide for at tilbodet av digitale verktøy blir utvikla på begge målføre.

Likestillingsmessige sider ved saka: Konsekvensar for folkehelsa: Miljøkonsekvensar:Økonomiske konsekvensar: Beredskapsmessige konsekvensar:Konsekvensar for barn og unge:

Ragnhild Velsvik Berge Eivind LongvaRådmann kommunalsjef

Page 71:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/865 19/5971Saksbehandlar: Helga BøeDato: 31.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato88/19 Formannskapet 11.06.2019

Oppretting av kommunekomité og løyvingar frå Hareid kommune til TV-aksjonen 2019 - Care

Samandrag:TV-aksjonen NRK 2019 går til Care sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verda sine mest sårbare områder. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 20. oktober.

Rådmannen si tilråding:1. Formannskapet vedtek å delta i innsamlingsaksjonen : TV-aksjonen

Care2. Medlemane i formannskapet vert oppnemnd som kommunekomité 3. Ordførar vert vald som leiar og varaordførar vert vald som nestleiar 4. Sekretær for komitéen er servicetorg og politisk sekretariat 5. Formannskapet løyver kr 15.000,- til TV-aksjonen 2019. Løyvinga vert

innarbeida i neste budsjettrevisjon 6. Formannskapet oppfordrar friviljuge einskildpersonar og

organisasjonar om å vere med som bøsseberarar på innsamlingsdagen

Page 72:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Førespurnad om å oppretta kommunekomité for TV-aksjonen NRK 2019TV-aksjonskomite i Hareid kommune

Saksopplysningar:TV-aksjonen 20. oktober skal gjere det mogeleg for 400 000 kvinner å skapa sin eigen arbeidsplass, bestemma over sin eigen kropp og delta i samfunnet. Dette vil gje ringverknader for meir enn 1,5 millionar menneske.TV-aksjonen skal gje kvinner eit betre liv, eiga inntekt og til å delta i lokalsamfunnet og i politikken. Tvaksjonsmidlane går til CARE sitt arbeid i Mali, Niger, DR Kongo, Burundi, Rwanda, Palestina, Jordan, Afghanistan og Myanmar.

Kommunekomiteen er avgjerande for å mobilisera organisasjonar, skular, næringsliv, foreiningar, idrettslag og bøssberarar.

Vurdering og konklusjon:Ordførar Anders Riise er leiar i komitéen. For å engasjere flest mogelege bør ressurspersonar frå politiske grupper/parti, organisasjonar, skular, næringsliv og foreiningar vere med i komitéen. Den kommunale stønaden til TV-aksjonen har dei siste åra teke utgangspunkt i kr 3,- pr. innbyggjar, om lag kr 15.000,-.

Likestillingsmessige sider ved saka: Ingen kjendeKonsekvensar for folkehelsa: Ingen kjendeMiljøkonsekvensar: Ingen kjendeØkonomiske konsekvensar: Løyvinga må innarbeidast i neste budsjettrevisonBeredskapsmessige konsekvensar: Ingen kjendeKonsekvensar for barn og unge: Ingen kjende

Ragnhild Velsvik Berge Helga BøeRådmann leiar servicetorg og politisk sekretariat

Page 73:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/17 19/5817Saksbehandlar: Helga BøeDato: 27.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato28/19 Levekårsutvalet 05.06.201989/19 Formannskapet 11.06.2019

Kommunestyret

Søknad om skjenkeløyve - Sans Pub AS

Samandrag:Sans Pub AS søkjer om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3 inne på Brandal Grendahus. Sans Pub AS satsar på å forsette drifta på som dei har hatt til no i kjellaren på Melshorn med konserter, stand up show, quiz m.m. Matservering kan verte ein større del av tilbodet enn det har vore til no.

Levekårsutvalet 05.06.2019:

Behandling:

Røysting:Samrøystes vedteke.

LKU- 28/19 Vedtak:Kommunestyret har vurdert søknad frå Sans Pub AS org.nr. 918145915, dagsett 18.04.19, og merknadar som er motteke i saka.

A. Søknad om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 for Sans Pub AS, Almestadbakken 13 vert imøtekomen.

Som styrar for skjenkeløyve vert Jartrud Hareide f. 07.08.78 godkjent.Som avløysar for skjenkeløyve vert Johannes Arne Røren f. 02.08.73 godkjent.

B. Løyveperioda gjeld frå 01.09.2019 til 30.09.2020.

Skjenketida for alkohol:1. Varegruppe 1 (frå 2,5 til 4,7 %) og 2 (frå 4,7 til 22 %) vert avgrensa

mellom kl. 09.00 – 01.00 søndag – torsdag og mellom kl. 09.00 – 02.00 fredag og laurdag på område som vert vist i vedlegg

2. Varegruppe 3 (frå 22 til 60 %) vert avgrensa mellom kl. 13.00 og

Page 74:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

24.00 alle dagar på område som vert vist i vedlegg 3. Utvida skjenketid i romjula (2. juledag – 1. nyttårsdag) og

påskeveka (frå måndag etter palmesøndag til 2. påskedag) til kl. 02.00 for varegruppe 1 og 2 på område som vert vist i vedlegg

4. Konsum av alkohol på skjenkestaden skal vere slutt seinast 30 minutt etter at skjenketida er ute

Vilkår:· Styrar og avløysar for løyvet skal delta på kurs i ansvarleg vertskap når dette

vert arrangert· Før løyvdokumentet vert utferdiga og løyve kan takast i bruk, må søkjar sende

inn fylgjande dokumentasjon:

- dokumentasjon for godkjent alkoholprøve for styrar og avløysar- skatteattest- firmaattest- internkontroll for skjenking av alkohol

Brot på skjenkeforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for skjenkeløyve.Grunngjeving: Vedtaket for løyve til skjenking er gjort med heimel i alkohollova §§ 1-6, 1-7 – 1-7c, 3-1 og 4-1 – 4-4, alkoholforskrifta § 8-2 og alkoholpolitisk handlingsplan for Hareid kommune.

Rådmannen si tilråding:Kommunestyret har vurdert søknad frå Sans Pub AS org.nr. 918145915, dagsett 18.04.19, og merknadar som er motteke i saka.

A. Søknad om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 for Sans Pub AS, Almestadbakken 13 vert imøtekomen.

Som styrar for skjenkeløyve vert Jartrud Hareide f. 07.08.78 godkjent.Som avløysar for skjenkeløyve vert Johannes Arne Røren f. 02.08.73 godkjent.

B. Løyveperioda gjeld frå 01.09.2019 til 30.09.2020.

Skjenketida for alkohol:1. Varegruppe 1 (frå 2,5 til 4,7 %) og 2 (frå 4,7 til 22 %) vert avgrensa

mellom kl. 09.00 – 01.00 søndag – torsdag og mellom kl. 09.00 – 02.00 fredag og laurdag på område som vert vist i vedlegg

2. Varegruppe 3 (frå 22 til 60 %) vert avgrensa mellom kl. 13.00 og 24.00 alle dagar på område som vert vist i vedlegg

3. Utvida skjenketid i romjula (2. juledag – 1. nyttårsdag) og påskeveka (frå måndag etter palmesøndag til 2. påskedag) til kl. 02.00 for varegruppe 1 og 2 på område som vert vist i vedlegg

4. Konsum av alkohol på skjenkestaden skal vere slutt seinast 30 minutt etter at skjenketida er ute

Page 75:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vilkår:· Styrar og avløysar for løyvet skal delta på kurs i ansvarleg vertskap når dette

vert arrangert· Før løyvdokumentet vert utferdiga og løyve kan takast i bruk, må søkjar sende

inn fylgjande dokumentasjon:

- dokumentasjon for godkjent alkoholprøve for styrar og avløysar- skatteattest- firmaattest- internkontroll for skjenking av alkohol

Brot på skjenkeforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for skjenkeløyve.

Grunngjeving: Vedtaket for løyve til skjenking er gjort med heimel i alkohollova §§ 1-6, 1-7 – 1-7c, 3-1 og 4-1 – 4-4, alkoholforskrifta § 8-2 og alkoholpolitisk handlingsplan for Hareid kommune.

Page 76:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:TeikningarServerings- og skjenkeløyve - søknad

Saksopplysningar:Alkohollova sin § 1-4b seier at løyve skal tildelast den ”for hvis regning virksomheten drives”. Løyve skal altså gjevast til den juridiske enhet som har den direkte økonomiske interessen i, og ansvaret for salet eller skjenkinga av alkohol. Løyvehavar og andre sentrale personar i verksemda som td eigar, dagleg leiar eller ein som får vesentlege inntekter frå løyvehavaren, må ha utvist uklanderleg vandel i høve alkohollova og andre lover som har samanheng med formålet i alkhollova, § 1-7b. I tillegg må desse personar ha ein uklanderleg vandel i høve skatte- og avgiftslovgivinga.

Til kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og avsløysar for løyvet. Det er adgang til å søkje om at kravet om avløysar vert fråvika. For styrar og avsløysar er det etter alkohollova ikkje så strenge vandelskrav som til eigar m.fl. Styrar og avsløysar må ha utvist uklanderleg vandel i høve til alkohollova og andre lover som har samanheng med alkohollova sitt formål, § 1-7c.

Alkohollova § 1-7a lyder slik:”Ved vurdering av om bevilling bør gis, kan kommunen blant annet legge vekt på antallet salgs- og skjenkesteder, stedets karakter, beliggenhet, målgruppe, trafikk- og ordensmessige forhold, næringspolitiske hensyn og hensyn til lokalmiljøet forøvring. Det kan også legges vekt på om bevillingssøker og personer som nevnt i § 1-7b første ledd er egnet til å ha salgs- og skjenkebevilling.

Reglane om vandel og retningsliner bidreg til at kommunen har fått eksemplifisert kva omsyn det er relevant å legge vekt på i samband med handsaminga av ein søknad om løyve. Kommunen har også fått høve til å legge vekt på søkjar eller andre personar er eigna til å drive næring gjennom at det ved vandelsvurdering vert vurdert om løyvehavar og dei impliserte partar tidlegare har overheldt skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga.

Søknadar om nye sals- og skjenkeløyve vert rutinemessig, på bakgrunn av alkohollova sine bestemmelsar, oversendt politi, sosialteneste og skatte- og avgiftsmyndigheter til uttale. Etter kvart som besluttningsgrunnlaget vert klart i høve til den einskilde søknad, vert saka sendt til politisk uttale og endeleg vedtak.Søknaden vert handsama etter reglane i alkhollova, kommunale retningsliner og i tråd med kommunal praksis.

SøkjarSkjenkestaden sitt namn: Sans Pub AS Adr.Almestadbakken 13Søknaden gjeld: Søknad om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 innanfor kommunen si maksimaltid og som då ligg innanfor ramma som er sett i alkoholpolitisk handlingsplan jf. kap. 3.2.1.1.Løyvehavar: Sans Pub As Styrar: Jartrud HareideAvløysar for styrar: Johannes Arne RørenSkjenkestaden sitt totale areal: 272 m2

Page 77:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Skjenkeareal for alkohol: 272 m2

Det vert opplyst i søknaden at driftskonseptet er pub, danse- og spisestad

Alkohollova pålegg skjenkemynde å hente inn fråsegn frå sosialteneste og politi før saka vert avgjort jf. § 1-7, 2. ledd. I tillegg hentar kommunen inn fråsegn frå kemneren/skatteetaten, og andre instansar, dersom det skulle vere naudsynt. Dette er innarbeidde rutinar i samband med handsaminga av denne typen saker.

Uttale frå politiet: Ikkje mottekeUttale frå Skatte og avgift: Ingen merknad, brev datert 02.05.2019 Uttale frå NAV Sosial: Ikkje motteke

Vurdering og konklusjon:Søknad frå Sans Pub er ein ny søknad om skjenkeløyve i kommunen.

Sans Pub AS, Bedehusgata 8, har hatt 11 kontrollar i åra 2017 og 2018. Dei har fått tildelt 2 prikkar for opnebart rusa person i lokale i desember 2018 elles har dei ikkje hatt avvik knytt til skjenkeløyve. Det er ingen hefter vandelsmessig ved nokon av dei som er implisert i verksemda.

Vedtak om skjenkeløyve medfører ikkje auke i talet på skjenkestadar, sett i høve det som har vore vanleg dei siste åra. Sans Pub AS sluttar med puben i kjellaren på Melshorn Hotell. Talet på skjenkestadar har lagt nokolunde stabilt, per dags dato 6 stk. Kommunen har ikkje innført avgrensingar i talet på skjenkestadar jf. kap. 3.2 i alkoholpolitisk handlingsplan, noko som er ein medviten politikk for å ikkje hindre etablering av nye gode konsept. Ved kvar einskild søknad skal det takast ei objektiv vurdering.

Dei søkte skjenketidene er innanfor dei rammene som alkoholpolitisk handlingsplan set.Det er ikkje noko som tilseier at søkjar ikkje skal få skjenkeløyve innanfor kommunen si normal skjenketid med utvida skjenketid romjula og påskeveka jf. kap. 7.1 i alkoholpolitisk handlingsplan.

Staden det er søkt skjenkeløyve til er nærast midt i Brandal sentrum der det også ligg bustadhus. Dette vil nok skape ein del uro og støy som ikkje tidlegare har vore der, speielt knytt til helgane. Slik er det også i Hareid sentrum. Det vi må spørje oss er om dette er akseptabelt eller om det vert så stor belastning for nærmiljøet at det er tilrådeleg å ikkje gi løyve. Vi vel å tenke at dette vil gi bygda eit positivt tilskot og at dei som skal drive skjenkestaden har kontroll og kunnskap slik at dei vil ha kontroll på gjestane sine.

Det neste vi må ta stilling til er om dei skal få skjenkeløyve på heile område det er søkt for, sjå vedlegg teikningar og område merka med 1, 2, 3 og 4. Vi ser ingen grunn til at søkjar ikkje skal får skjenkeløyve for lokala i 1. og 2. etasje og gangane mellom dei områda.

Page 78:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

For å kunne få tildelt skjenkeløyve er det ein føresetnad at to sentrale personar i verksemda har klart kunnskapsprøva. Desse skal fungere som styrar og vara for løyvet, begge har godkjent kunnskapsprøve.

Skatt-Midt har ikkje merknad til skjenkeløyve. Vi har ikkje motteke uttale frå politi og sosialteneste, desse vert lagt på bordet i utvala om vi mottek dei i perioda fram til vedtak.

Planen set også vilkår for løyve jf. kap. 3.3: Kommunen set krav om å delta i kurs «ansvarleg vertskap» som skal vere med på å gi verksemda meir kunnskap om alkoholhandtering og dermed betre føresetnad til å forstå løyve som er gitt, takle uføresette episodar og skape samhald mellom bransjen, politi og kommunen. Kommunane har sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med å få på plass dette, gruppa skal vere samansett av representant frå politiet, skjenkestadar, kommunar og kontrollør.Skjenkestyrar har delteke på slikt kurs.

Alle løyvehavarar pliktar å ha eit opplegg for slik internkontroll. Jf. alkoholforskrifta § 8-2. Alle tilsette må gå gjennom intern opplæring og kvittere for dette i internkontrollsystemet. Rådmannen føreset at dette vert gjort i samband med den interne opplæringa, som vil følgje av eit eventuelt løyve.

Konsekvensar for folkehelsa: vurdert i alkoholpolitisk handlingsplan Miljøkonsekvensar: ingen kjende Økonomiske konsekvensar: ingen kjende Beredskapsmessige konsekvensar: ingen kjende Konsekvensar for barn og unge: vurdert i alkoholpolitisk handlingsplan

Ragnhild Velsvik Berge Helga BøeRådmann leiar servicetorg og politisk sekretariat

Page 79:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/802 19/5942Saksbehandlar: Christer Adrian

MorkDato: 29.05.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato90/19 Formannskapet 11.06.2019

Dispensasjon Vedbod - Pilskogvegen 19 - Gnr 77 bnr 133

Samandrag:Det blir søkt dispensasjon for oppføring av frittliggande vedbod. Det blir søkt dispensasjon frå regulert utnyttingsgrad, og krav om geologisk rapport, då det er potensiell skredfare i området, basert på omsynskarta.Tiltaket er nabovarsla utan merknad.

Rådmannen rår ifrå at ein gjev dispensasjon. I så fall må ein få vurdert den potensielle skredfaren.

Rådmannen si tilråding:Hareid Formannskap gir ikkje dispensasjon som omsøkt jf PBL §§ 19.1—19.2.Grunnegjevinga for dette er at tiltaket ligg innanfor område med potensiell skredfare. Ein er her samd med uttalen til fylkesmannen. Tiltak som er søknadspliktige kan ikkje gjevast løyve til før eventuell skredfare er avklara ved hjelp av ein geologisk rapport.

Page 80:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Vedlegg:Søknad om tiltak utan ansvarsrettKvittering for nabovarselDispenssjonssøknadSituasjonskart og teikningarOppføring av bod gnr 77 bnr 133 - Dispensasjon frå kommuneplan og reguleringsplan

Saksopplysningar:Det blir søkt om tiltak utan ansvarsrett for oppføring av frittliggande vedbod på ca 9m² datert 09.04.2019.Det blir søkt om dispensasjon frå regulert utnyttingsgrad, samt krav om geologisk undersøking av den potensielle skredfaren, datert 20.03.2019

Tiltaket er nabovarsla datert sist, rekommandert 21/3/19. det føreligg ingen merknadar frå varslinga.

Vedlagt ligg situasjonskart, og teikningar frå Trelast AS.

Saka har vore på uttale hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Vi legg kun ved konklusjonen her

« Vi rår ifrå at det blir gitt dispensasjon frå krav til geologisk vurdering som skal avklare om byggegrunnen er trygg. Vi har elles ingen merknad».

Vurdering og konklusjon:

Det å gi dispensasjon er underlagt lovreglar. Dispensasjonsreglane i plan- og bygningslova finn ein i kapittel 19. I høve Plan- og bygningslova kan ein ikkje gje dispensasjon etter § 19-2 dersom ikkje fylgjande vilkår ligg føre:

«Hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse» ikkje «blir vesentlig tilsidesatt». I tillegg må «fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering».

Det første spørsmålet i dispensasjonsvurderinga er om dispensasjonen er ei vesentleg tilsidesetjing av omsyna bak reguleringsplan 1517-19770002:PILSKOG-OVERÅ.Når det føreligg ein godkjent reguleringsplan for Hareid kommune, inneber dette at arealbruken er fastlagd gjennom ein omstendelig og grundig politisk prosess der ulike interesser har fått høve til å delta.

Ein må difor vere varsam med å dispensera frå ein plan som kommunestyret har vedteke med rettsleg bindande verknad. Kommunen skal likevel i kvar einskild sak gjera ei konkret og reell vurdering av alle relevante tilhøve. Ein eventuell dispensasjon må vurderast ut frå dei omsyn som er fremja gjennom planen og ut frå fylgjene ein dispensasjon kan få. Ved finmaska planar må ein vere restriktiv med å vike frå

Page 81:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

arealbruk gjennom enkelt dispensasjonar. Ved meir grovmaska planar, og der arealbruken har endra seg etter at planen vert vedteken, kan vilkåra for dispensasjon vera til stades. På bakgrunn av dette må det konkluderast med at ein dispensasjon, samla sett vil/ikkje vil setje til side omsyna bak planen, jf. Pbl. § 19-2 jf. § 19-1.

Vilkåra i Plan- og bygningslova § 19-2 er kumulative vilkår, jf. «i tillegg» i Pbl. § 19-2 2.ledd. Det vil seie at alle vilkåra må vere stetta før ein kan gi dispensasjon. Når omsyna bak reguleringsplanen vil bli vesentlig tilsidesett er ikkje vilkåret i § 19-2 2. ledd 1. punktum stetta. Ein kan difor ikkje gi dispensasjon sjølv om ein skulle finne at fordelane er større enn ulempene.

Spørsmålet er då om oppføring av vedbod vesentleg tilsidesett omsyna bak reguleringsplanen.

Det er snakk om å oppføre ei lita vedbod på under 10m². den er frittliggjande og er tenkt plassert på det nordaustlege hjørnet av tomta. Utnyttingsgrad i planar er til for å sikre at ein tek i vare grøntareal, parkering, leike areal osv. Administrasjonen kan ikkje sjå at ei utviding av BYA på tomta med i underkant av 10m², og spesielt med tanke på tenkt plassering vil setje til side omsyna i reguleringsplanen. Det er i eit bratt og unytteleg terreng, som elles vil vere til inga nytte, eller gro att. Det har heller ikkje kome merknadar frå nokon av naboane. Administrasjonen ser difor ikkje på tiltaket av ein slik karakter at det vil vesentleg tilsidesett omsyna bak plan.

Det er og søkt dispensasjon frå krav om geologisk undersøking i området. omsynssone for skred må utgreiast før ein kan utføre tiltak etter PBL. Sidan ein overstig utnyttingsgrada på tomta, blir oppføring av bod søknadspliktig. Det må difor kunne visast til ein fagleg utgreiing som seier noko om eventuell skredfare, eller tryggleik i området, før tiltaket som er av ein søknadspliktig karakter kan gjevast løyve til.

Konklusjon

Sidan tiltaket er i ei omsynssone, med potensiell skredfare, kan ein ikkje gje løyve til tiltak før ein har avklara faren. Rådmannen rår til at ein ikkje gjev løyve som omsøkt.

Plan- og bygningslova § 28-1:

«Grunn kan bare bebygges, eller eiendom opprettes eller endres, dersom det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold. Det samme gjelder for grunn som utsettes for fare eller vesentlig ulempe som følge av tiltak.

For grunn som ikke er tilstrekkelig sikker, skal kommunen om nødvendig nedlegge forbud mot opprettelse eller endring av eiendom eller oppføring av byggverk, eller stille særlige krav til byggegrunn, bebyggelse og uteareal».

Page 82:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Likestillingsmessige sider ved saka: ingen kjendeKonsekvensar for folkehelsa: ingen kjendeMiljøkonsekvensar: ingen kjendeØkonomiske konsekvensar: ingen kjendeBeredskapsmessige konsekvensar: ingen kjendeKonsekvensar for barn og unge: ingen kjende

Ragnhild Velsvik Berge Silja ØvrelidRådmann einingsleiar

Page 83:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Hareid kommune Vår referanse: 19/1721 19/6227Saksbehandlar: Ragnhild Velsvik

BergeDato: 06.06.2019

Saksframlegg

Saksnr. Utval Møtedato91/19 Formannskapet 11.06.2019

Samhandling, samskaping - retning og prioritering

Samandrag:Dette er ei drøftingssak som skal fremje god samskaping og kloke val for vidare utvikling av Hareid kommune

Rådmannen si tilråding:Formannskapet tek saka til vitande.

Formannskapet gjer vedtak om slik oppfølging:1.2.3.

Page 84:  · Web view1,6 mill. kroner. I tillegg er det motteke støtte til norm i barnehage som ikkje er budsjettert ca. 0,5 mill kroner. Velferd har gått gjennom alle einingane, og redusert

Saksopplysningar:Det er behov for faste møtepunkt mellom politikk og administrasjon for å få felles forståing og eigarskap til plan- og styringsverktøy i kommunen. Denne saka er ei drøftingssak som bidreg til ei slik samskaping.

Vi veit at kommunen treng å frigjere driftsmidlar for å skape ein buffer for uforutsette utgifter, vi treng å gjere det same for å frigjere midlar frå drift til investering. Årsmelding, tertialrapport, budsjettrevisjonen og kommunerekneskapen dannar alle eit faktagrunnlag for den ståstaden vi har å jobbe ut frå. Rådmannen vil halde eit innlegg som vil leie fram til nokre spørsmål til diskusjon om strategi og samhandling om vidare retning for Hareid kommune.

Vurdering og konklusjon:Etter rådmannen sitt innlegg vert desse spørsmåla løfta fram for drøfting av temaet

· Korleis få godt samarbeid mellom politikk og administrasjon ?· Kva retning/tiltak ynskjer politikarane å greie ut ?· Kva kan vi gjere for å få forutsigbarheit og kvalitet i budsjettarbeidet, og

budsjettvedtaket ?

Likestillingsmessige sider ved saka: ikkje aktueltKonsekvensar for folkehelsa: god samhandling og godt arbeidsfellesskap er viktig for trivsel og dermed helse Miljøkonsekvensar: ikkje aktueltØkonomiske konsekvensar: Svært viktig

Beredskapsmessige konsekvensar: Kan vere avhengig av sunn økonomiKonsekvensar for barn og unge: Kan vere avhengig av sunn økonomi

Ragnhild Velsvik Berge Ragnhild Velsvik BergeRådmann rådmann