Risp i berget

27

description

Novellesamling av Øystein Orten.

Transcript of Risp i berget

Page 1: Risp i berget
Page 2: Risp i berget

1

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 1

Page 3: Risp i berget

Øystein Orten

RISP I BERGET

Noveller

SamlagetOslo

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 3

Page 4: Risp i berget

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 172

Page 5: Risp i berget

Out there are days:tomorrows whose weights

are beyond lifting

Christine de Luca

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 5

Page 6: Risp i berget

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 6

Page 7: Risp i berget

Skriket #

Det var tidleg morgon og framleis mørkt då vi roddelangs iskanten. Blå og kald var han. Vi pusta frost.Nokre stjerner hang over oss og lyste på barnet som lågunder fellen i framskuten. Og det var ikkje snø og ikkjeregn. Berre vinden frå havet kviskra namna våre. Fråsundet såg vi at fjorden skaut seg langt inn mellombreane. Dei små bylgjene byssa barnet i søvn. Men deiandre båtane var borte. Då sola strekte seg over deikvite fjella, høyrde vi eit skrik. To fuglar flaug rett oveross. Vi fylgde etter. Slik fann vi den grøne vika der elvarenn ut.

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 7

Page 8: Risp i berget

Skriket #

Enno ingen morgon. Men mørkt som natta. Eg syngfor barnet vårt. Stryk det over ryggen. Gir det brystet.Sullar. Lallar. Den same regla om og om igjen. Båreneslår inn i båten. Føtene mine blir våte. Endeleg lysnardet. Eg snur meg. Ingen å sjå. Men vi ror vidare langsdet grå landet. Kva ligg bortanfor. Det er ein fjord sålang. Han buktar seg innover. Som ein orm. Det stilnar.Berre måsane over oss. Dei flyg sørover. Far hadde sagt:– Reis mot nord! Men ver redde!

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 8

Page 9: Risp i berget

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 9

Page 10: Risp i berget

Løysingen

Han bur under ein stein i fjellet. Berre himmelen erover han. Ingen har betre utsikt mot havet. Breiare blikkover fjorden eig ingen. Her er så fullt av underlegesyner. Det forvirrar både auge og sinn. Klatrar hanlenger opp på denne steinen, og sit skrevs over dei kvas-saste taggane, kan han sjå så langt nord at øyane blirborte i vinden. Denne kvite steinen er heimen hans. Fråfjorden liknar han ei øks. Han søv under denne øksa.Garden ser så liten ut herifrå. Løene. Stallane. Hallen.

Hovet. Dei er som små prikkar. Berre sjeldan skimtarhan folk. Røysa med gudebileta og trekuken er ikkje rådå sjå. Lunden dekkjer henne. Og stranda liknar ein avbi-ten nagl. Bylgjene som slår og slår. Han høyrer dei knap-past om natta. Når han ligg med skinnfellen over seg ogventar på at sola skal stige opp over fjella i aust. Nokredagar går han henne til møtes. Heilt til han ser heileranda av tindar. Og Kloven. Han har alltid synst at Kloven liknar ei tann i ein stor munn. – Kom, seier mun-nen. – Bli med meg. Når sola kjem og tørkar råmen frågraset. Då er her godt å vere. Då eig han i alt som er ventog varmt. Det er som om han flyttar til ein annan stad.– Til sommaren, seier han. – Lyst nesten heile døgnet.

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 10

Page 11: Risp i berget

Men blåsten er hardare enn sola. Og blå himmeltyder oftast vind. Då legg han seg bak steinen ei litastund. Ser mot hornet. Granskar skuringsstripene iberget. Isbreen sine kalde fingrar bortetter. Lik klor i eitandlet. Det er tida. Ho trøystar han. Ho lover at myraskal tørke. Då blir ho lettare å pløye. Då blir det lettareå grave veiter.Men plikta gjeld heile året. Natt som dag. Det er

havet som er plikta hans. Fjorden. Det breie sundet. Haner augene til Gorm. Og øyrene. Om fisk kjem sigande.Om farar trugar. Då er det han det står på. – Sjå etterfugleflokkar, seier Gorm. – Og sjå etter kvalen. Han jagarsildestimane. Kvalen er godt nytt. – Vift med flagget. Men om han ser menneske, lyt han blåse i hornet.

Menneske tyder fiendar.– Sjå etter segl og baugar som bryt bårene. – Og sjå

etter røyk. Kjem der fleire enn fem båtar, skal han tenne veten.

Då skal han springe opp Gjelet og setje eld der kongHåkon har bestemt. Men om det er fredens folk, skalhan ikkje gjere noko. Då skal han halde seg i ro. Og omder er kvite segl. Ikkje vifte. Ikkje blåse. Tenner hanveten då, kappar Gorm armen. Det har han sagt. Hanvil ikkje mukke. Wodan råder.

Stova er lita. Men stor nok for han. Som eit spinkelttraste reir. Han lyt krype inn døra. Eine veggen er sterksom berget. Det er steinen. Den andre er veik som spin-delvev. Berre noko sarv. Kvistar. Jolar. Gras. Taket er tekt

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 11

Page 12: Risp i berget

med litt tjukkare greiner. Ei gamal mast. Nokre båtbord.Ein morkna rå til møneås. Taket bøyer seg under snøen.Han lyt ha eit nytt før vinteren kjem. Han treng krafti-gare sperrer. Han tettar veggane med leire og møkk.Men mest av alt er det mose. Det er det einaste her ernok av. Og golvet. Han vil ikkje snakke om golvet. Nokreeiner. Det er alt. Så ujamt at det nesten svimlar. Når hanvaknar, tenkjer han at han siglar på havet.Heile stova er bygd opp rundt grua. Dei flataste stei-

nane har han funne i fjøra. Det var tungt å bere deiopp. Men kva skal han brenne. Ikkje har han torv. Ikkjehar han skikkeleg ved. Raudeine. Noko plank han fanndrivande i fjøra. Saueparlar som han tørkar. Okse -kamar som han tørkar. Han ulmar lenge. Men det blirså mykje røyk. Og lukta. Det er lukta som gjer at hanknapt pustar.Dyra søv i andre enden av stova. Ei geit. To sauer. Det

er ikkje nok. Slaktar han den eine, har han berre ein att.Geita gir han litt mjølk. Sauene gir han noko ull. Hanslår graset som veks på dei hamrane som skyt ut heiltopp under hornet. Men det er tungt arbeid. Klatring.Bering. Han skulle ynskje at han hadde ein son. Nokonsom kunne gå han til hendes.Frå stova går det eitt trakk oppover. Mot Gjelet. Og

to trakk nedetter. Det eine mot garden til Gorm. Detandre mot sjøen. Begge nordover. Han lyt hoppe overdei våte stadene. Snart skal han steinsetje dei. Gorm er den rikaste mannen på Søre luten. Han er

hovding frå rot til topp. Rynkene i panna hans er somstøypte i jarn. Om dagane rir han rundt og ser til at

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 12

Page 13: Risp i berget

trælane gjer arbeidet. At dei bryt jorda. At dei gjetergrisane. At dei klipper sauene. Stundom i berr over-kropp. Stundom i full rustning. Gorm eig eit sverd somer mesta like langt som han sjølv. Berre sjeldan seierhan noko. Gorm er gift med Un den vakre. Ho er rak og stolt

med breie bryst under selekjolen. Men Un vil ikkje gihan søner same kor mange sølvsmykke han hengjerrundt halsen hennar. Berre døtrer. Seks døtrer. Men deter ikkje nok. Så ein gut i fostring. Runi. Av høg ætt.Breiaksla og lyshærd. Med gullrender i skjortelinning-ane. Han fylgjer Gorm. Er saman med han i eitt og alt.Ein gild kar. Men det er ikkje nok. Nesten ingen har høyrt Un seie noko. Ho treng hel-

ler ikkje å opne munnen. Men det raslar i nøkkelknip-pet hennar. Og om ho berre viser seg i dørgluggane,veit trælkvinnene kva ho vil. Dei vaskar kleda i elva derborna badar. Dei hentar vatnet frå brønnen. Dei melkornet på store steinar og sopar det saman med einmåseveng. Dei snakkar lågt til einannan på eit språkingen forstår.Han kan ikkje høyre dei oppe ved steinen. Han

berre anar. Arbeidet deira. Uroa. Og lengten. Så hanputlar med sitt. I åkeren hans veks det rabber og neper.Ei rast med kvar. Han har tenkt å rydde ei ny medarden. Om han berre kunne få plante kornet. Men dåtreng han frø. Byggmjølet gir beste brødet.I dynga bak steinen ligg restane av gamle måltid.

Hønsevengar. Fiskespordar. Griselabbar. Bein som hanhar gnage reine for brusk. Bein som han har soge mer-

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 13

Page 14: Risp i berget

gen ut av. Han har ofte grunda på om han nokon gongskal bli mett. Men han drit ikkje her. Han har respektfor dei liv som har berga han. Ingen skal sjå at han et.Ingen skal sjå at han drit. Dette har han lovd seg sjølv.Ingen. Aldri.Inne i stova heng ljåen og arden. Trælen sine rei -

skapar. Han har teke dei med. Saman med kammensom han vedda til seg. Ingen sverd. Ikkje enno. Sjølvom han har snakka med smeden. – Du får vente tilølet, seier Gorm. Men han har bogen. Han er laga avrogn. Ho gir beste spensten. Strengen er av grisebust.Stundom ser han mot skogen og tenkjer. Enn om hanhadde ulvetarmen. Han har høyrt at innvolane tilulven skal vere dei beste. Men dei gamle trælkvinneneseier at det er evigheiter sidan skrubben var her.

Så om kvelden. Desse lydane i skogen. Han førerrekneskap med kvar haren hoppar, og når trasten syng.Ørna ligg på ei helle i urda. Ho et røyskattane i lia. Eingong kom her ein bjørn. Han snusa på dynga. Hanstrauk eine labben mot leveggen, som om han villeprøve styrken. Han såg ikkje bjørnen. Kunne berrekjenne pusten hans. – Drep du hjorten, skal du få skin-net, seier Gorm. – Men gi skrotten til meg. Ja, kor dun-kelt blir ikkje alt under slike høge tre. Her er så mørktat fredlause kan gøyme seg her. – Pass deg for rømling-ane. – For skoggangarane, seier Gorm. – Dei har ingen-ting å tape. – Dei kan drepe for ein rabbebit.Og om natta. Kvar tredje time lyt han granske sun-

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 14

Page 15: Risp i berget

det. Han kan høyre siklene i berget. Dei dryp som tårer.Så kulden tærer han ikkje heilt ned. Ugla skrik som einkatt. Kor stille kunne her ikkje vere i dalen når vindenkom frå aust. Berre dette suset. Dette småsnakket.Denne nynninga. Ord som ikkje er ord. Dalande. Stig -ande. Igjen og igjen. – Kven syng, tenkjer han. – Er detWodan og daudingfylgjet hans. Er det volvene. Ingenkan høyre hjorten når han et knoppane frå treet. Menstundom anar han skuggar. Stundom lys. Månen er einblå ven. Han speglar seg i fjorden. Fjella i aust er kjevenpå ein stor munn. Kloven er ei knekt hjørnetann.Wodan råder.

Sjølv om han er fri, er han framleis Gorm sin mann.Merket i det høgre øyret viser det. Det er det same somsauen har. Ein V. Og svimerket på skuldra. Ein G. Ingenskal vere i tvil om kven som eig han. Slikt varer livet ut.Han har framleis visse plikter. Han er ikkje heilt laus.Han lyt passe på at geitene ikkje rotar seg for langt oppi fjellsidene. Og han lyt hjelpe smeden når han senderbod etter han. Blåse med belgen. Halde jarnet medtengene. Kanskje skal det blir eit nytt sverd. Kanskje einny plog. Spydpikar har han gjort mange av. Og pilspis-sar. Tønneband. Beslag til kister og skjold. Naglar tillangskipet. Boltar til dørene. Varmt er det i smia. Detblir mange sveitte timar. Ein gong smidde smeden eindolk til han. – Til auren, sa han. – Til laksen. Men hanfår ikkje fiske i elva, som krunglar seg blågrå nedetterdalen som årene på ein arm. Gorm har sagt at han heller

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 15

Page 16: Risp i berget

ikkje får fange ålen. Han får slettes ikkje ete muslingane.Han får ikkje skjere torv. Og han får ikkje hogge i skogen. Det er gamal skog. Skogen er heilag. – Wodanråder der, seier Gorm. – Du får vente til frelsesølet. Då erdu fri. – Då er lappen din, seier Gorm. – Hald deg i nær-leiken av meg. Og pass Sundet, seier han. – Om du serbåtar, så blås i bukkehornet. – Om der er fleire ennfem, tenn veten. Gorm har lært han å telje. – Førti ernok, seier han. – Vi har ikkje meir enn førti av nokoslag.Heller ikkje trælar. Dei er blitt færre no. For det er

ikkje noka lønsemd i å fare i viking lenger. Folket i vesthar bygd borger av stein. Men ein og annan jordknølengår her enno. Desse som bur langs stranda. I einehytterog hellarar. Desse som et det dei finn rett frå molda. Dessesom gjer frå seg på Dritskjeret. Svartkjeftar er dei alle.Bleikfjesingar. Vanskapningar. Dei matar grisane. Inneved langskipnaustet. Oppe på Gjerdet. Dei gjeter kyrne ifjellsidene. Dei lempar stein til vòren. Tungt er det. Steinbryt kroppen ned. Til slutt er der ingen krefter meir.– Du kan no selje dei. Det er Un. Ikkje ofte seier ho

noko. Men stundom skjenker ho i staupet til han somsit i høgsetet. – Det løner seg ikkje å reise heilt til kau-pangen berre for å selje eit par trælar, svarer Gorm dys-tert. – Vi får ikkje eingong eit fiskesnøre for kvar av dei.Eg vil ikkje gjere meg til latter meir.Nokre av trælane er utslitne. Som Halte. Han er ein

ven og ei støtte. Å, kor han har slite. Nevane hans ergrove og sprokne. Dei luktar mold. Dei luktar våt oske.Dei luktar fiskeslo. Han innbiller seg at ein far skal vere

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 16

Page 17: Risp i berget

slik som Halte er. Mild. Roleg. Lyttande til historier.Stundom skulle ein tru at det er sjølve namnet somsvekkjer trælen si kraft. Gorm har prøvd å selje han.Men på marknaden er det ingen som vil ha slike skakkekrokar. Dei varer ikkje lenge.Fyrst døydde Vim. Han med dei store, stirande

augene. Ingen snakka om det. Og sidan Birr. Den van-skelege. Han som stilte spørsmål. Ingen tala om detheller, men alle visste at han no låg ved sida av Vim derborte i myra. Så vart Traske sjuk. – Viss du ikkje arbei-der, skal du ikkje ete, sa Gorm. Og et du ikkje, vil dusnart døy. Det veit alle.Så no er det snart berre Krum, drittømmaren, og

Veitbest, den nye. Å, kor irriterande er ikkje dennekaren. Gorm har kjøpt han billeg, for han manglar tofingrar. Kjeften hans kviler aldri. Orda kjem utan stans.Men arbeide kan han ikkje.Og gode Hild. Stallkona. Den gamle. Ho spakna lik-

som bort. Styrken i hendene hennar visna. Noko skik-keleg ilt hadde teke bustad i henne. Ein slags eiter somaldri gav henne kvile. Kanskje var det kulden somhadde bite seg fast etter all klesvasken i elva. Og ho vartikkje betre. Ho gret og ropte gjennom nettene som omdet var den vonde sjølv som rei henne. Ein dag komGorm opp til steinen og bad han om å ta hand omHild. – Bli kvitt kvinnfolket. Det er ikkje bruk forhenne lenger. – Men vent med å slå henne i hel. Vi måikkje uroe gudane på veksande måne. Etter to vekertrilla han kreket bort frå tunet i ei torvbåre, slik at ikkjeborna skulle sjå. Hild ansa han ikkje. Føtene hang liv-

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 17

Page 18: Risp i berget

lause etter henne. Augene hennar var smale. Dei visteberre det kvite. Litt skum stod i munnvikane hennar.Vel borte ved myrhaugane treiv han i hakka. Bestemteseg for å bruke berre eitt slag. La heile sinnet i dette.Sinnet mot Gorm. Sinnet mot seg sjølv og si eiga pine.Så grov han henne ned i trældungen.Halte døydde under treskinga. Den gamle greidde

vel ikkje å svinge den tunge tusten. Han skulle ha ynsktat det var Gorm som låg der med open munn i graset.Til føde for hund og kråke og maur. Denne tanken varein draum. Ei trøyst. Hunden. Kråka. Mauren.Smeden hjelpte han med å dra Halte inn i myra. Og

snart låg både Krum og Veitbest der. Ingen av dei varverde meir enn nokre saueparlar frå i fjor. Han sa til segsjølv: – Betre å drukne på havet enn å liggje i dennedungen.Han hugsar godt korleis det var då Gorm hadde

henta han. Oppe ved breane, der han var fødd. Hen-dene som ville halde han. Sverda over strupane. Blod-sprutane. Han var berre barnet. Slik kom han hit. Hanhar inga slekt her. Inga ætt. Om nokon spør han kvarhan kjem frå, seier han berre: – Frå nord. – Eg kjemnordafrå. Men det er så lenge sidan. Mor. Far. Hanhugsar dei ikkje. Bror. Syster. Ingen andlet ser han omnatta. Men han hugsar at nokon la han under eit tre.Og han minnest greinene på dette treet. Korleis lauvetrisla i vinden. Som ein kviskrande song. Kanskje vardette fyrste gongen augene hans såg dagen. Kanskje vardette fyrste gongen øyrene hans høyrde fuglane fråhavet.

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 18

Page 19: Risp i berget

Så gjekk det femten vintrar. Han levde mellom gri-sane oppe på Gjerdet. Skulle gi dei mat. Skulle vøleinnhegningane. Binde strongane saman med nye vid-jer. Han åt og sov i bingen. Dyra gav han varmen.Føtene hans vart tjukke å gå på. Fulle av griselortoppetter leggane. Men Gorm har også andre i brødet. Oppsynsfolk.

Hestekarar. Høvedsmenn på havet. Dei søv i hallen. Påbenkane. Under skjolda, som heng på treknaggar bort -etter veggen. Og bogane. Dei liknar halvmånar. Når deiikkje smir våpna og vøler båtane og styrer med hestane,tek dei ryggtak og ropar etter bakstekonene eller træl -kvinnene. Vevkjerringane. Ullkardarane. Spøtarane. Detstår aldri på sengevarmen for krigarane til Gorm.Om nokon mukkar, skjer Gorm øyret av. Om

nokon stel. Ei pølse. Ein ost. Då kappar han nasen.Kanskje slår Gorm stakkarane i hel. Aldri om han ikkjeheld det han lover. Å misse ære er ille. Men å bli gjortnarr av er det verste. Stundom får Gorm hestekaranetil å binde småtjuvar til steinane i fjøra. Så set han segpå ei lyngtue og ventar på at floda kjem. Men han lerikkje. Ingen har sett Gorm le.Berre ein gong har han vore inne i hallen. Han skulle

spørje Gorm om å få låne færingen før det mørkna. Ienden skimta han høgsetet. Stolpane med gudenaglar.Han miste mesta pusten. Ti slag med stav en fekk han fordette synet.I slike stunder lyt han bite harmen i seg. Hemn er

berre vegen til ein raskare død. Gorm tok slekta fråhan. Kanskje er ho tjue dagsreiser unna. Kanskje er ho

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 19

Page 20: Risp i berget

berre tre. Med god bør. Han tenkjer ofte på dette. Kvarfolket hans er. Men ingen kan hjelpe han. Berre den blåvinden. Som kjem med steikjeosen frå Gorm sine hjor-tegryter. Og så alt dette rundt. Øyar i havet. Øyar påhimmelen. Kald vind er alt han har.

Men hadde det ikkje vore for Ellisif, hadde han sovemellom grisane enno. Den minste tausa til Gorm. Densjette og siste dottera hans. Hjartebarnet. Gullhåret.Det var ikkje den nye guden Kvit som hadde bergahenne. Det var han som drog henne i land då ho heldtpå å drukne i elva. Ellisif leika seg med hunden. – Bal-der! – Balder min! Så glei ho på ein stein. Han høyrderopa heilt opp til bingen på Gjerdet og sprang til. Nedbakkane. Innover myrane. Langs bardane. Han snublaog datt. Stupte uti. Kava. Baska. Gulpa vatn. Gulpablod. Men redda henne. Berga henne. Det var han somfekk Ellisif på land. Ikkje Kvit. Slik vart han løyst. Fordette livet ville Gorm gi han hylla. Og den vesle myr-lappen. Og den kvite steinen. Steinen kunne vere god åha å sikte etter. – Du lyt halde han rein for mose, saGorm. – Skrap han av. Skur han rein med småstein ogsand. – Og du lyt passe Sundet. Så Ellisif frelste han. OgEllisif skulle ein gong løyse han. Sjølv ikkje Gormtrong noka større bot enn eit liv.

Våren kjem. Det blir lettare å stå opp om natta oggranske fjorden. Han kjenner bylgjene sin song. Seks

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 20

Page 21: Risp i berget

timar fjøre. Seks timar flod. Han kan kjenne at havetstig og søkk, inne i sin eigen kropp. Han ser båtane påVika og smiler veikt. Så trygge. Så verna. Kvar og einsom barnet i mors mage. Men så ein dag. Langskip isundet. Han kryp inn døra og hentar fram luren. Hanpressar bukkehornet mot munnen, men ventar med åblåse. Der er berre fire båtar. Og segla er grå som veng-ane på ungmåsen. Det er Gorm som har vore på rovigjen. Han har vore lenge borte. Og toktet har ikkjeberre gitt sølvspenner. Han har med seg nye trælar. Deikjem frå ei av øyane vest i havet. Tjuesju stykke. Fem-ten kvinner. Dei snakkar ikkje hans språk. Berre nokrefå ord forstår han. Gorm handsamar dei ikkje dårleg. Dei får liggje i

løene til mennene har snikra ferdig ei stove til dei. Deifår ete skrellet frå rabbene. Dei får suge beina tommefor merg og ete frå brødbitane på golvet. Dei får jamvelsmake ølet. Mennene spar torv. Mennene grev grøfter.Ein kar utan hår prøver å kløyve ein stubbe med kilar.Ein annan heiter Brad og har så godt lag med dyra. Eikvinne utan nase samlar tørre kvistar i ei korg. Ho skalogså vere flink til å lage krukker. Ja, her i dalen er detsaktens leire nok. Ei anna hentar vatn. Håret hennar erklistra ned åt skallen. Det må vere sveitte eller feitt fråister. Og tre gutar, den eine med seks fingrar, blir feitaopp på søtbrød og flesk. Dei skal seljast på marknadentil våren.Han har sett ei fager jente. Ho heiter Gwen. Kan

ikkje vere meir enn sytten somrar. Kanskje atten. Såfine hofter. Så stolt ein rygg. Så tjukt eit hår. Om natta

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 21

Page 22: Risp i berget

drøymer han om Gwen. Han kunne ha tenkt seg eikone. Han spør Gorm, men han seier: – Etter ølet.Han ser det etter nokre veker. Gorm likar Gwen. Ho

slepp å karde ulla. Ho slepp å hente vatnet. Ho får betremat. Ho får torskehaudet kokt og nøgda av salt tilhjartet på sauen. – Gwen, seier Gorm med eit mildtdrag i stemma. – Kom hit, Gwen.

Så. Tidleg ein morgon. Båtane. Segla. Det er fyrst fem.Så sju. Så tolv. Blå segl. Grøne segl. Han spring av villepina. Dribbar. Fell. Blæs i luren. Blæs i luren. Han ser atGorm samlar mennene sine på tunet. Hestar blir sala.Våpen tekne ut. Sverd. Skjold. Bogar. Men det er ingenfare. Det er Håkon. Son av Harald. Son av Athalstein.Sjølvaste. Sjølvaste. Han undrar seg over at det går an åvere son av to kongar. Gorm tek imot han. Gorm vas-sar ut og tek imot han. Dei står der med fjorden tilhaka, både Gorm og denne fostersonen, Runi. Nokonkjem med stolen. Så ber dei kongen i land. Han harmed seg skjegglause menn med kvite serkar. Dei fårvade inn sjølve. Håkon får sitje i høgsetet saman medGorm og Gwen. Un seier ingenting. Un står i krokenog ser ein annan stad. Ho leikar seg med smykket ihalsgropa. Det er av rav frå Austersjøens kvite strender.Og brosja skin. Nokon seier ho er kjøpt for tre hundrereinskinn i Miklagard.Han har høyrt det før. Håkon er god. Men det er

ikkje bror hans. Og brorsønene er endå verre. Dei bru-ker svarte segl. Håkon seier at Gorm skal tenne veten

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 22

Page 23: Risp i berget

om han ser svarte segl. – Sjølv om du berre ser eitt skip.Tenn veten.Håkon vil fortelje om Kvit. Men Gorm seier at

Håkon har fortalt om denne guden før. Slavane frå vesthar høyrt om han. – Kvit frelser, seier dei. – Kvit ber ossover til den andre sida. Sjølv om der er djupt. Det heile er så underleg. Kvit er eigentleg tre gudar.

Men han er sjølv berre den eine. Ein lyt forstå det densom kan. Gorm sit stille ved sida av kongen. Han lètdrosene by han maten og mjøden og sidan vinen. Tilslutt seier han at han gjerne skulle ha sett hovudet tildenne Kvit. Men det finst ikkje. Berre ein kross. Ogikkje kunne han gjere han rik på gods og gull. Og ikkjekunne han gi lovnader om gode fangstar. Kvit villeberre gjere trælane frie.Neste dag bryt Håkon opp med alle folka sine. Han

seier til Gorm: – Du må byggje ei vardehytte der oppeved veten. Med fire gluggar. Slik at ein kan sjå heilehavet og heile himmelen. Så reiser krigarane og kvit-serkane utan skjegg. Runi den lyshærde og med gull-rendene i skjorta fylgjer kongen ned til vòren. Heilebygda snakkar om Kvit. Men Gorm forbyr dei å be tilhan. Blotnektarar har han lite tru på. – Denne gudeneignar seg ikkje for oss. Vi bønder på Søre Luten kanlike Håkon, men ikkje dette tullet med guden Kvit. Ogein og annan byrjar å riste på hovudet. Tenk å ofre segsjølv på denne måten. Opphengd i eit tre. Med eikrone av stikkande klunger. Nesten som Wodan. MenWodan hengde seg for visdomen. Kvit ville ikkje ein -gong døy for å berge seg sjølv. Kor ussel kunne ikkje

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 23

Page 24: Risp i berget

nokon gjere seg. – Elles er han vel som gudar flest,seier Gorm.

Vinter. Han søv som ormen i bolet. Krøllar seg. Buktarseg. Pratar i halvsøvnen. Små glimt frå ein dunkel barn-dom krydrar draumane hans. Han høyrer stemmer.Nokre menn. Men helst kvinner. Stundom eit barn somgræt. Han drøymer om Un. Han drøymer om Gwen. Også treet. Vinden. Raslinga av lauv. Han drøymer om ølet.Fridomsølet. Då skal han be Gorm om å få kjøpe Gwen.Men vinteren er kald. Han lever i skuggen av hornet.Sola manglar. Sola har reist bort. Det er tanken på øletsom held han varm. Og dyra. Geita. Sauene. Dei heldhan vaken. Dei trakkar i båsen. Dei nappar lauv frå trea.Dei et seljekvistar. Han gir dei vatn frå sikla. Det rennsjølv om her er snø. Ein dag krøkjer han seg opp i bergetog ritar ei sol. Og han rispar teikn han har sett på steinari hovet. Han bruker flintkniven. Men svakt blir det.Mesta usynleg. Som katteklor.Vinden snur. Linnvêret avløyser frosten. Om det

regnar utan stans i tre dagar, og elva blir stor, og detblir kulde igjen, då kan Vika fryse att, og ein kan gå påhenne. Ei natt drøymde han at han kunne springe overfjorden og rømme frå alt dette. Nordover. Heimover.Men det blir berre Vika som frys.Det ergrar han at vêret skiftar heile tida. Snart snø.

Snart regn. Greinene på taket bøyer seg. Det blæs inn.Det dryp inn. Han treng nye sperrer. Han svelt. Hantyrstar. Ei natt smyg han seg ned i fjøsen til Gorm og

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 24

Page 25: Risp i berget

syg mjølk frå to kyr. Han stel ein famn med gras frå eiutløe og blandar det i grauten. Vassgrauten. Han er leiav trælematen, sjølv om han blir mett. Men ikkje kulom han skal gjere det igjen. – Eg et heller blada og grei-nene. Han forbannar gudane. – Til våren skal eg paregeita. Eg skal kle meg i ulltrøya og hjortehudkappa. Såskal eg gi røyskattskinnet til Gwen. Til slutt skal egspørje Gorm om han vil låne meg ein bukk. Men vinteren varer så lenge. Han frys så inn i ham-

pen. Han oppsøkjer ei trælkvinne som heiter Snø. Ho lèthan suge eit bryst. Men det er ikkje nok. Han kjenner segsom eit tre med mange årringar. Snart er han eldre ennhan greier å telje. Stemmer i skogen. Lydar. Vengar. Lab-bar. Føter. Snart veit han ikkje kvar råsene fører dei.Ein dag rir ein brunserk med kross på magen forbi.

Han har væpna fylgje. Tre karar i full rustning. Kvarkjem dei frå. Blotnektarane. Trælfrelsarane. Det er someit varsel.

Midtvinter. Ylir. Alt handlar om å overvinne mørket,kulden, telen. Det er solsnu. Jól. Gorm snakkar om deisom skal kome til gildet. Gòden. Gydja. Frøykvinnene.Men Gorm snakkar endå meir om dei som ikkje skalkome. Håkon. Kvitserkane. Krossmennene. – Send deitil Hel, ropar Gorm. – Lat ho kysse dei med dauding-trynet sitt. Så i sundet. Ein svær båt med kvitt segl.Svart hammar. Det er gòden. Han kjem frå Gøyna.Kappa er raud. Skjegget grått. Nokon blir sette til åblankskure offersteinen. Hovet skal fargast raudt. Dra-

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 25

Page 26: Risp i berget

kehovuda skal skine frå kvart eit møne på garden. Ogøltønnene. Også dei skal fargast raude.Gorm treng eit godt år. Han treng gutar. Han seier:

– Eg vil sjå blod. To trælar blir plukka ut til å drepe. Fyrstein hane. Så ein hund. Så ein grisunge. Sidan slaktar deiein hest. Det er hingsten Grå. Trælane ler. Alt går somein leik. Men det er gòden som skjer over halsen på han.Kvinnene tek vare på blodet. Det blir tappa i kar. Dei erkledde i linskjorter med skulderspenner som blenkjerfarleg i lyset frå faklane. Flammane kveikjer i lystene.Kvinnene tek vare på heste kuken som ein heilagdom.Dei løyner han i blad frå hassel og ask.Eit digert bål blir tent ved hovet. Det skal vare lenge.

Uryddige flokkar av trælar står i utkanten av ringen.Strandknølane. Holebuarane. Dei vaksne i nærleikenav Gorm. Borna som skuggar attanfor. Svartkjeftane.Om kvelden sender dei rundt mjøden. Det er fest. Gil-det viskar ut skiljet mellom træl og fri mann. Snart sitalle rundt Frøy. Drikk frå bollen. Han blir aldri tom. Såropar krigarane etter trælkvinnene. Dei ler. Dei skral-lar. Medan gydja stenkar pikken med blodet frå Gråmed ein harelabb. Ho smør trekuken i lunden medfeittet frå grisen. Ho heller mjølk frå kua over brysta tilkvinnene. Gydja syng. Ho skvettar med blodkvisten.Dei fleste får offerblod i andletet. Søvn og trolldomskal gjere alle friske. Gòden lallar. Tregudane i urda erraude. Kuken er raud. Dei skålar for Frøy, mørk av kåt-skap og alder, med kuken stiv og bein som på einoppegsa hingst. For Njård. For vinden. For regnet. Fortoreguden. Ingen skålar for Brage. Ingen skålar for

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 26

Page 27: Risp i berget

guden Kvit. Dei sit i ein ring. Gorm i høgsetet. Allesmaker på ølet. På vinen. Dei skålar for digre kukar.Dei skålar for kvinnebryst fulle av mjølk. Dei skålar forsæden. For gror. For søner. Gòden sit urørleg. Han lal-lar ikkje lenger. Hovudet hans hallar litt til sides, somom han tenkjer. Endeleg blir fem kvinner leidde ut på tunet. Under

kappene er dei skrubb nakne. Det blenkjer i ringar ogperlesmykke. Fire av dei er unge. Ei av dei er gamal ogfeit. Dei verkar glade og øsne alle saman. Oppskjenktepå den sterkaste vin. Ei av dei skal ta imot sæden frå einmann. Og frå stranda kjem brått ein ukjend karridande på ein svart hest. Det smell i jorda frå hovane.Mannen ropar. Brøler. Svingar med sverdet før hanhoppar av. Ei av kvinnene har kasta kappa og bøyer segover Frøy. Det er den gamle og feite. Augene hennar ermåla heilt svarte med kol. Ho byrjar å krype baklengsmot trekuken. Då ho snur seg og klyp om han med deilubne fingrane sine, skrik folket som om dei vil sjåmeir blod. Så spenner ho rumpa i vêret, slik at mannenfrå stranda kan kome inn i henne. Det er visst ingen-ting i vegen med denne karen. Han stikk pikken i hennebakanfrå, som bukken på ei geit. Sidan framanfrå, somplogen i åkeren.I lyset frå bålet skodar Gorm mot steinen. Han sko-

dar mot veten. No har han gjort alt som står i hansmakt. No er det opp til gudane sine nykke.Neste morgon. To trælar heng hovudlause i trea.

Dinglar i lundegreinene etter kvar sin fot. Hesteslakta-rane. Dei flirer ikkje lenger.

Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 27