Den evige fred ferdig

11
Den evige fred ARILD REIN

description

ARILD REIN Den evige fred arild rein Sigmund Skard-stipendet 2005 Målprisen 2009 frå Rogaland Mållag 2 Arild Rein Ein politisk farse Samlaget Oslo 2010 3 For Robin © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no 4 isbn 978-82-521-7780-0 5 6 Thaikylling 8 9 10

Transcript of Den evige fred ferdig

Page 1: Den evige fred ferdig

Me er på Stortinget rett før jul i 2021. Frå drabantbyane rundt Oslo kjem det meldingar som tyder på at folk held på å gå av skaftet. Eit uhyggeleg virus skaper ein hær levande døde som spreier kaos og død der dei rykkjer fram. Statsministeren og dei folkevalde lukkar seg inne i kjellaren der likhunden Harry rapporterer til oss om kva som skjer. Verda utanfor får klare seg sjølv.

ISBN 9788252177800

samlaget.no

Den evige fredARILD REIN (f.1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane.

Om Grisekoret (2001)

“Grisekoret (…) er skrevet i et kort-hogd og muntlig språk, hardkokt i kalde tanker som skjuler varme følelser. Grisekoret etablerer et musisk romanspråk som lar lyde en uendelig og til dels uforståelig menneskelighet tvers gjennom det ekstremt kroppslige og materialis-tiske stoffet den er komponert av. Det er en roman som skiller seg ut med en helt særegen stemme, som bør høres.”

Jan Inge Reilstad, Morgenbladet

Om Kaninbyen (2004)

“Med Kaninbyen leverer Arild Rein en kongenial avslutning av trilogien som plasserer forfatterskapet skyhøyt over alle andre på min private hitliste. (…) En norsk Jim Thompson, en norsk Louis Ferdi-nand Destouches, en vaskeekte kioskdostojevski med et avklart litterært prosjekt og ryggrad nok til ikke å la seg hjernevaskes av det lit-terære peanøtthjerneforbundet eller lesernes svampaktige omfavnelse.”

Terje Thorsen, Dagbladet

Om Vintercamping (2007)

“Rein har med Vintercamping skrive ei viktig og kompromisslaus bok, og utfører det heile med harme og galgenhumor. Sannsynlegvis vil lesaren steile, for her vert hans eigne fordommar pinleg utlagde og litterært konsekvensutgreidde på lite flatterande vis.”

Sindre Ekrheim, BT

ARILD REIN

Page 2: Den evige fred ferdig

arild rein

Hundedagane. Roman 1998Grisekoret. Roman 2001Kaninbyen. Roman 2004Stavangertrilogien. 2005Vintercamping. Eit underhaldningsstykke. 2007

Sigmund Skard-stipendet 2005Målprisen 2009 frå Rogaland Mållag

2

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 2

Page 3: Den evige fred ferdig

Arild Rein

Den evige fred

Ein politisk farse

SamlagetOslo 2010

3

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 3

Page 4: Den evige fred ferdig

© 2010 Det Norske Samlaget

www.samlaget.no

omslagsbilete: Andreas Soma, «Eksplosjoner»

omslagsdesign: Geir Egil Bergjord

førtrykk: Samlaget

skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5

papir: 90 g Munken Print Cream 1.5

trykk og innbinding: AIT Otta AS

Printed in Norway

isbn 978-82-521-7780-0

For Robin

Om motstandaren søker fordelar, før han på villspor– Sun Zi

4

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 4

Page 5: Den evige fred ferdig

Barnekoret

Dei høyrde to kraftige kakk på døra, og så to til. Det var18. desember 2021, i Oslo. Det snødde så tett at dei ikkjetrong å trekka for gardinene.

La oss få på oss fillene og møta verda, sa Leo Li, einkortvaksen mann med ei sangvinsk vom og ein agurksom hang halvslapt mellom beina, og som var altfor storog anatomisk ukorrekt i forhold til resten av kroppen.

Er det tetid alt? sa Tor Vinter, ein hengslete mannmed voksbart, plankeræv og øyre store som vaffelhjarte.

Dei hadde hora i fleire dagar alt. Det var noko somvar blitt ein juletradisjon. Før alle drog heim til sitt ogsine, drøymde dei seg vekk i armane på kvarandre. Detvar nok av tabbar å gløyma, og etter nyttår var det jobbe-tid og nye forsett.

Hotellrommet i Akersgata var så fylt av lår og kjønnog fis at det var nesten umogleg å pusta.

Li, kan du ringa etter taxi? sa Akila, ei bronsebrunhoppe med dei flottaste brysta på sekstiande breidde-grad. Eg vil heim. Eg har ikkje kvalifikasjonane ein krevfor denne jobben.

Ho kledde på seg reingjeringsbunaden. Hennes allahsfrukter held på å sprenga seg ut av arbeidsantrekket. Li

5

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 5

Page 6: Den evige fred ferdig

var raskt framme og drog ned glidelåsen på bunaden, såfruktene fekk pusta fritt igjen.

Eg kjenner meg pill ròten, heldt Akila fram.Hæ? sa Li. Kopuler til den store julegrismedaljen og

nyt det. Det er mitt råd. Når du er daud, vil du angra på atdu ikkje hadde det enno meir moro med kjønnsorganetditt. At du ikkje kan møta nokon med annan hudfargeog annan religion utan å ta av deg kleda, viser at du er einflott representant for det multikulturelle.

Kor mykje er klokka? sa Odin Tu, ein skalla mannmed ein rotete og schizofren tanngard, men med ein eks-trem ordenssans. Den slauren hadde alltid kontroll oghadde alltid klokka si rundt handleddet, unntatt når handeltok i orgiar.

Kvart over tolv, sa Li, som alltid hadde sitt vasstetteRolex-ur på armen, uansett kva han heldt på med.

Helvete, sa Tu. Eg skulle vore i sjette etasje i Prinsensgate klokka tolv. Eg skulle møta ein blåruss frå Finansde-partementet på toalettet der.

Du finn alltid fram til sånne interessante møtestader,sa Vinter.

Eg var ein habil orienteringsløpar i yngre dagar, sa Tu,og finn fram til sjølv dei mest bortgøymde toaletta.

Tu spratt opp frå grisebingen og trylla på seg kledasom ein Arnardo, heilt utan tankar om at han kanskjeburde gått ut på badet og vaska snurrebassen før hanskulle ut og ri ein ny hest.

Det var så vidt det gjekk an å høyra dei nye hjelpe-lause kakka på døra gjennom all den banale stønninga ogpesinga.

Li klappa i hendene nett som ein dirigent som vil ha

6

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 6

Page 7: Den evige fred ferdig

ro og merksemd frå barnekoret sitt, og sa: Alle som hartrengt inn i partnarens djupaste hemmelegheiter, kan deivera så snille å trekka seg ut og få på seg kleda og kommaseg til helvete ut. Her skal det arbeidast med andre musk -lar og ledd.

Trur du det er Bossen som vil ha tak i oss? sa Vinter.Bossen? sa Li. Han veit jo me held steinhardt fast ved

juleorgietradisjonane våre. Å komma på døra mi no villevore rein klakørverksemd.

Divaa frå Arbeidarpartiet var den siste ut av hotell-bingen.

Li, du har ikkje noko smertestillande, vel? sa ho. Helstopiat. Eg har så jævla vondt i hovudet.

Opiat? sa Li. Ja, eg er lege, men faen ikkje medisin-mann eller narkolangar. Du burde ha vondt alle andrestader enn i hovudet med tanke på den kokkelimonke -akrobatikken du har vist fram her i føremiddag. Det gårikkje an å pissa i buksa for å halda seg varm og så i etter-tid drøyma om tørre klede.

Kva er det for visvas du kjem med? sa divaa frå Arbei-darpartiet.

Harry, sa Li. Eg, likhunden Harry, reiste meg frå hundekorga mi

og begynte å gøy.Åh, eg hatar den idiotiske bikkja som har lege og stira

på meg heile føremiddagen, sa divaa frå Arbeidarpartiet.Ut, skreik Li og vifta på saueflokken.Kva for ei dør er det som er utgangsdøra? ropte ei

dame midt i saueflokken. Herregud, kunne tru at dennebygningen var teikna av ein galning.

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 7

Page 8: Den evige fred ferdig

Thaikylling

Ikkje alle som stel, er tjuvar, sa Li.Ikkje alle som horar, er horebukkar, sa Vinter.Dei to siamesiske tvillingane låg nakne på magen i

hotellsenga i Akersgata og åt TV-middag med TV-en av.Snøgardina på utsida av vindauget var framleis likeugjennomsiktige.

To fjørlette thaidamer, i Evas drakt, spankulerte attog fram på ryggane til tvillingane som om dei var mili-tærvakter, og grov dei nylakkerte tåneglene djupt inn idei korrupte ryggane.

Åh, sa Vinter. Framand fugl smaker alltid best.Ja, thailandsk kylling er verdas beste, sa Li, så lenge

dei held fugleinfluensaen på armlengds avstand.Hæ? Er dei ikkje vaksinerte?Kjøtkontrolløren min seier det er prima vare.Hm. Betre kylling enn dette er det år og dag sidan eg

har smakt. No gler eg meg berre sinnssjukt til desserten. Eg stel ikkje, men er det noko eg vil ha, så tar eg det.

Hugs: Eg er ein mann frå rennesteinen, Vinter. Gløymaldri det – for eg gløymer det aldri.

At du har lurt til deg falske legepapir i Spania og lurtdeg inn i maktas mørkaste korridorar, Li, er ikkje verre

8

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 8

Page 9: Den evige fred ferdig

enn at eg om seks månader har lurt til meg supertrygdfrå den norske staten. Tolv år i denne grisebingen, og såer du fri som ein rovfugl og kan fly og hora kor du vil.

Kva med kona di?Eg ventar berre på at ho skal komma frå Bergen så me

kan skilja oss. Eg er berre så jævla pisselei av flosklanehennes om monogami. Eg har eit brennande ønske om åligga med alle kvinner og menn eg møter.

Det er ein skiten vane, Vinter, og som lege vil eg seia:Det kan vera skadeleg for helsa.

Skjønar desse thaidamene kva me pratar om? Det drit eg i.Eg trudde den gode, gamle inn og ut-en var sunt for

hjartet? Knullar du med alle her på huset, Vinter? Bente og

Oli, Carl og Gro, Eli og Torbjørn, og Kristin?Du gløymde eit par stykk. Eg kjenner ikkje namnet

på alle eg knullar med. Har du vore gift nokon gong, Li? Er du galen, eg er altfor sjølvopptatt.Du er like lett å lesa som ein open bibel.Det var ein flott kompliment, Vinter, for mestepar-

ten av folka her på huset er det umogleg å lesa, fordi deier dumme som sement.

Dei to thaikyllingane tok trappetrinnet ned frå tvil-lingryggane og ned på golvet i eitt steg. Så flaksa dei fni-sande inn på badet med håret spreidd ut som ei vifte.

Kva faen var det dei skulle? sa Vinter.Sikkert gjera seg fine og sminka seg nedantil, sa Li.Du har ikkje nokon piller som kan gjera veslekaren

ekstra stor og sterk? Korfor blei du politikar, Vinter?

9

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 9

Page 10: Den evige fred ferdig

Fordi eg er mjuk og sentimental. Eg føretrekker åvera saman med dei sjuke og redde. Politikk handlar omå forstå ting, ikkje sant? At eg vil forstå ting, tyder på ateg er redd. Me som stammar frå apene, er jo pissereddefrå vogge til grav, og dei mest intelligente av oss er deimest redde. Berre sjå på oss politikarar. Me drit i buksaav redsel fordi me er geni.

Betre kunne ikkje ein politikar ha sagt det.Men herregud, eg er jo ein politikar, for faen. Vinter

reiste seg opp og tok ti einhandspushupar i senga. Haddedu nokon bodybuilderpiller til veslekaren?

I nattbordskuffa. Verkar dei? Trur du eg driv med ansvarsfråskriving? Vinter åla seg bort til nattbordet og helte i seg piller

rett frå glaset som om det var mjølk.Eg håper desse pillene ikkje er løgn og forbanna dikt,

sa Vinter.Harry, sa Li og tok aluminiumsformene med kylling

og ris og sette dei ned på golvet. Eg, likhunden Harry,reiste meg frå hundekorga mi og strekte dei sure musk -lane. Eg kjende spyttet skumma i kjeften og høyrde skrikafrå tarmane. Middagsrestane lukta nydeleg. Det gjordemeg ikkje ein skit å eta mat andre hadde ete seg mette på.Eg var ein likhund, så eg hadde stukke snuten min i kjøtsom lukta mykje verre, og såg mykje verre ut, enn dette.

Eg skjønar faen ikkje at du orkar å fø på det skabbetebeistet, Li.

Ikkje eg heller. Får eg tak i ein billegbillett til Syden iromjula, tar eg livet av han.

Eg fraus til, men løfta ikkje hovudet frå matfatet.

10

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 10

Page 11: Den evige fred ferdig

Det er berre så jævla irriterande å ha dei jævla hunde-augene i deg når du driv og knullar, Li.

Eg høyrer kva du seier.Denne dumsnillismen me har overfor kjæledyr, har

eg aldri skjøna.Det er ikkje eit kjæledyr. Det er ein arbeidshund.Kva tid blei det å snusa seg fram til eit oppløyst lik eit

yrke? Dei to thaidamene kom ut frå badet. Dei to tvilling -

svina, som berre var tvillingar i svinskheit og eksessar ogikkje i biologisk forstand, hadde lagt seg på ryggen medarmane bak hovudet. Det var vanskeleg å få matro medanthaiane saug på kjøtsnablane deira. Då eg løfta hovudetmitt opp frå matfatet, fekk eg akkurat med meg at deiflotte thaidamene sette seg ned på dei glinsande banditt-pølsestakane, som på ein blunk forsvann inn i mørkret.

Den evige fred ferdig.qxd:A 19-08-10 09:06 Side 11