1
Du
Sens
or
Ivar Aasen
www.stavanger-kulturhus.no
10 tips for å skrive betre nynorsk
Tips til eksamen i norsk.
Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015
www.stavanger-kulturhus.no
«Eg skriv betre på eit språk som ligg så tett på talemålet mitt.»Jan Zahl, journalist i Stavanger Aftenblad
1IKKJE BRUK FANTASIEN. BRUK ORDBOKA.
10 ordklasserSubstantiv (s.) elev (m), jente (f), hus (n)
Verb (v.) gå, vere, skrive, lese
Adjektiv (a.) sint, glad, raud, gul
Pronomen (pron.) eg, du, han, ho
Determinativ (det.) min, vår, denne, ingen, alle
Adverb (adv.) gjerne, veldig, ikkje
Preposisjon (prep.) i, på, over, under
Konjunksjon (konj.) og, men, eller, for, så
Subjunksjon (sub.) at, om, viss, derfor
Interjeksjon (interj.) hurra, ja, nei
2UNNGÅ HYPERNYNORSK
7
Sensor blir litt oppgitt når……du legg til bokstavar som i eller a der du føler dei passar inn fordi du føler det blir meir nynorsk…
Desse orda finst IKKJE i nynorsk:
kvisleis, kvaleis, meist, fleist, beitre, detta, denna, dessa, honom, hu, kvem, noken, meinar
3SUBSTANTIV:TRE KJØNNTRE BØYINGSMØNSTER
9
EintalUbunden form
EintalBunden form
FleirtalUbunden form (mange)
FleirtalBunden form (alle)
Hankjønn ein gutein romanNB! ein politikarNB! ein son
gutenromanenpolitikarensonen
gutarromanarpolitikararsøner
gutaneromananepolitikaranesønene
Hokjønn ei jenteei novelleNB! ei setning
jentanovellasetninga
jenternovellersetningar
jentenenovellenesetningane
Inkjekjønn
eit eple eit verkemiddeleit menneske
epletverkemiddeletmennesket
epleverkemiddelmenneske
eplaverkemidlamenneska
Sei høgt i kor: ADLRI -r i fleirtal i inkjekjønnsord
4 VERB:STOR OG VIKTIG ORDKLASSE.DU MÅ BRUKE ORDBOKA.
11
I infinitiv kan du bruke endinga -a eller -e: å lese å lesa
Vel éi form og ver konsekvent i ein og same tekst!
Ikkje bland saman endinga du vel i infinitiv, med det neste punktet: e-verb og a-verb.
12
Svake verb
a-verb: å kalle – kallar – kalla – har kalla
e-verb: å meine – meiner – meinte – har meint
a-verb og e-verb:
å bruke – bruker – brukte – har brukt
å bruke – brukar – bruka – har bruka
13
Hugs å velje riktig ordklasse
e-verb:
å tenke – tenker – tenkte – har tenkt
substantiv:
ein tenkar = ein person som tenker,
ein filosof
Ein tenkar som tenker.
14
Pass på at du bruker riktig verb
e-verb:
å føle – føler – følte – har følt
Eg føler at dette er riktig.
a-verb:
å føle – følar – føla – har føla
Merra har føla.
15
Sterke verb Mange endrar vokal Ikkje ending i presens og preteritum
INFINITIV PRESENS PRETERITUM PRESENS PERFEKTUM
å vere er var har vore
å skrive skriv skreiv har skrive
å lese les las har lese
å bli blir blei har blitt
å verte vert vart har vorte
16
st-verb Verb som sluttar på -st i infinitiv:
å finnast – finst – fanst – har funnest
å synast – synest – syntest – har synst
Ofte har ein bruk for presens- eller preteritumsforma av -st-verb:
Eg synest is er godt, men det finst dei som ikkje liker is.
5SAMSVARSBØYING: ADJEKTIV OG PARTISIPP GRADBØYING: ADJEKTIV
18
Samsvarsbøying av adjektiv Adjektiv står gjerne til eit substantiv. Du må bøye adjektivet i samsvar med
kjønn og tal hos substantivet:
ein raud strek ein god roman
ei raud lue ei god novelle
eit raudt hus eit godt dikt
mange raude hus mange gode tekstar
19
Samsvarsbøying av partisipp Partisippforma av verbet (forma etter har
– har skrive) er som eit adjektiv, og må bøyast etter substantivet det står til:
Romanen er skriven av Knut Hamsun.
Novella er skriven av Knut Hamsun.
Diktet er skrive av Knut Hamsun.
Romanane er skrivne av Knut Hamsun. NB! Etter ha alltid inkjekjønnsform:
Hamsun har skrive dette diktet.
20
Gradbøying av adjektiv Skal du gradbøye, bruker du i hovudsak
endingane -are og -ast:
Eksamen i sidemål er lettare enn eksamen i hovudmål.
Mitt hus er raudare enn naboen sitt hus.
Dette er den lettaste oppgåva eg har skrive.
6PRONOMEN OG DETERMINATIV
22
Personleg pronomen
Eintal Subjektsform Objektsform
1. person eg meg2. person du deg3. person han
hodet
hanhenne/hodet
NB! Hugs at den ikkje er pronomen i nynorsk:Eg har kjøpt ny bil. Han er blå.
23
Fleirtal Subjektsform Objektsform
1. person vi/me oss2. person de/dokker dykk/dokker3. person dei dei
BM: Dere må lære dere pronomen!NN: De må lære dykk pronomen!NN: Dokker må lære dokker pronomen!
Vanskeleg? Test med 1. person eintal:Eg må lære meg pronomen.
24
Ubunden pronomen - ein
Hugs at det heiter ein, ikkje man.
Ein kan meine at dette er viktig.
Det ein kan tolke ut frå dette,
er at novella handlar om kjærleik.
25
Lær deg spørjepronomen
Kva: Kva heiter du? Kven: Kven er du? Kvar/kor: Kvar bor du? Kor bor du? (stad) Kor: Kor gammal er du? (grad) Korleis: Korleis veit du det? Kvifor/korfor: Kvifor/korfor veit du det? Kva for ein/kva slags/kven av:
Kva for ein is vil du ha?
26
Determinativ – nokon viktige ord å lære seg
Sjølv kan du bruke i eintal og fleirtal:
Du må sjølv ta ansvar for å pugge dette.
De må sjølv/sjølve ta ansvar for å pugge dette.
27
annan, ingen, nokonHankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
ein annan tekst
ei anna novelle
eit anna dikt
andre verkemiddel
ingen forfattar
inga novelle ikkje noko dikt
ingen verkemiddel
nokon tekst noka novelle
noko dikt nokon/nokre verkemiddel
28
Nokon eller nokre i fleirtal? Enkelt: Bruk alltid nokon.
Eg kjenner nokon elevar som kan hjelpe deg.
Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg.
Vanskeleg: Du kan forskjellen på nokon og nokre.
Nokre i forteljande setningar.
Eg kjenner nokre elevar som kan hjelpe deg.
Nokon i nektande og spørjande setningar.
Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg.
7 AKTIV OG PASSIV
30
Aktive setningar gir betre språk Aktiv: Eg leverte boka. Eg skal levere
boka. Passiv: Boka blir levert i morgon.
PassivHjelpeverbet
bli/verte:Boka blir levert i morgon.
Gi verbstammen endinga -ast
etter dei modale hjelpeverba:
Boka må leverast i dag.
31
Ikkje bland st-verb med passiv på -ast:
Han synest at huset kan seljast i morgon.
å synast – synest – syntest – har synst
å selje – sel – selde – har selt
8FIRE GREP FOR GODE SETNINGAR
33
Etterstilt eigedomspronomenMor mi har bedt meg om å vaske opp.
I analysen min har eg fokusert på tre moment.
I oppgåva mi vil eg sjå nærmare på novella «Karen» av Alexander Kielland.
Men:
Mi mor, ikkje di mor, har bedt meg om å vaske opp.
34
Dobbel bestemming Bunden artikkel + bunden form av
substantivet:
Nasjonaldagen er viktig for det norske folket.
Den norske regjeringa drog frå hovudstaden då andre verdskrig braut ut.
Ikkje: det norske folk, den norske regjering
35
Genitiv Genitiv-s kun ved særnamn og tid:
Noregs land, Ibsens skodespel, ei vekes tid Skriv om med preposisjon eller
pronomen:
fars bil bilen til far/far sin bil
novellens tema temaet i novella
forfatterens språk forfattaren sitt språk
språket til forfattarenforfattaren
skriv/bruker…
36
Unngå substantivsjuke – skriv om med verb Dårleg setning:
For mange menneske er det knytta store vanskelegheitar til ei gjennomføring av dette. God setning:
For mange menneske vil det vere vanskeleg å gjennomføre dette.
ei forklaring – å forklare
ei gjennomføring – å gjennomføre
gjere ei vurdering – å vurdere
9VEL NYNORSKE ORD
38
Vel nynorske ord
Ord som byrjar med an-, be, hen- og sluttar på -het og -else er mindre vanleg i nynorsk.
BM: NN:
antall talet på
begrep omgrep
budskap bodskap
gjentakelse gjentaking
opplevelse oppleving
virkelighet verkelegheit
10 VER KONSEKVENT
40
To viktige prinsipp når du skriv
Valfridom: Du kan velje ei form av ordet som ligg nært talemålet ditt.
Ver konsekvent: Hald deg til éi form.
vi me
da då
nå no
skoleskule
først fyrst
for eksempel til dømes
41
Kjelder
Fridtun, Kristin (2013): Nynorsk for dumskallar, Samlaget
Språkrådet.no: «Minigrammatikk» http://elevrom.sprakradet.no/skolen/minigrammatikk
Wikipedia: «Hest»
https://no.wikipedia.org/wiki/Hest
Top Related