STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket...

17
STRATEGIPLAN 2018 - 2021 for Norske Landbrukstenester

Transcript of STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket...

Page 1: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

STRATEGIPLAN

2018 - 2021 for Norske Landbrukstenester

Page 2: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Verdiar

S amhald

E ngasjement

T illit

T ilgjengeleg

Visjon for NLT

Rett vikar til rett tid

Page 3: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Innleiing «Kva er det framtidsbonden har bruk for og etterspør?»

-sitat frå styreseminaret-

Norske Landbrukstenester(NLT) er organisert som ei foreining. NLT har ein administrasjon på 4 personar med

lokalisering i Rosendal, Kvinnherad kommune i Hordaland. Styret i NLT har 5 medlemar frå heile landet.

Vi arbeider for fellesskapet og medlemslaga sine interesser. Målet er å betra bonden sin arbeidssituasjon, velferd

og økonomi. NLT har ikkje noko region-/fylkesledd.

Våre medlemmar er landbrukstenester og avløysarlag spreidd ut over heile landet. Per i dag er det 88 einingar.

Vi er med i Norges Bondelag sitt representantskap, og er medlem i Norsk Landbrukssamvirke og NHO Mat og

Drikke. I dei siste åra har velferdsordningane i landbruket vore under sterkt press, og ordninga med refusjon av

utgifter til ferie og fritid har vore føreslege fjerna. For mange av våre medlemar er desse ordningane ein viktig

føresetnad for vidare drift.

I vår kontakt med styresmaktene og andre aktørar vert vi konfronterte med at tenestetilbodet som våre medlem-

mar gjev rundt om i landet er ulikt. I nokre område må beredskap gjennom ordninga med landbruksvikar bli betre

for å kunne fylle oppgåva vi har teke på oss. NLT som organisasjon og dei einskilde medlemslag vert sett under eitt

og målt på det «svakaste» ledd.

Også innan landbruk går den teknologiske utviklinga raskt. Det er avgjerande at vi i fellesskap leverer tenester med

den kvalitet og kompetanse som vert etterspurt, og til ein konkurransedyktig pris.

NLT ynskjer å vera i forkant av utviklinga, bygge opp under og styrke sine medlemar slik at ein best mogleg kan møta

framtida sine krav og etterspurnad. Vi vil tilby gode fellesskapsløysingar og den kunnskap som ervervast i

organisasjonen må delast til nytte for tilsette og bønder.

Med denne planen ynskjer vi å knytta alle i NLT-familien enda sterkare saman slik at vi vert SETT. Vår organisasjon

skal vera den bønder, offentlege etatar og andre organisasjonar, både i og utanfor

landbruket, vender seg til om velferd for bonden.

Vi ynskjer å styrka felles tenking og handling slik at det ikkje vert;

EG, MEG og MITT, men fullt ut VI, OSS og VÅRT!

Page 4: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Verdiar I vår organisasjon tyder det at...

Samhald

• Det er gjensidig respekt og tillit mellom

arbeidsgjevar, kunde og tilsett

medlemslag og hovudorganisasjon

tilsette og tillitsvalde

medlemslag

• Vi ser kvarandre som ein viktig del av eit fellesskap

• Vi har takhøgde for interne diskusjonar

Engasjement

• Du vert sett som tilsett og medlem

• Vi deler erfaring og lærer av kvarandre

• Vi er med og utviklar vår eigen organisasjon med

entusiasme

• Vi er synlege i lokalmiljøet

• Vi er inkluderande og viser positiv deltaking

Tillit

• Du blir tatt vare på som tilsett og kunde

• Tilsette med kompetanse stepper inn i kunden sin

kvardag

• Vi er ein seriøs aktør som løyser oppgåver

• Vi fylgjer lover og reglar

• Vi held det vi lovar

Tilgjengeleg

• Vi er å få tak i når du treng det

• Vi vil ha ein gjensidig lav terskel for å ta kontakt

• Vi har tilgjengeleg, kvalifisert arbeidskraft når det er

behov

• Vi er tett på i lokalmiljøet

Foto: Harald Lie

Page 5: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Organisasjon

«Vi må ha lag av ein viss storleik for å verta mindre sårbare.

Samstundes må ikkje laga verta så store

at ein misser lokal oversikt»

- sitat frå vårsamlinga-

Organisasjonen vår har ei viktig oppgåve i landbruket. Uavhengig av kva del av landet ein bur i, skal bøndene kjenne

seg trygge på at dei får det same tilbodet. Det vere seg ferie og fritid, hjelp ved sjukdom eller ved krisesituasjonar.

Merkevara vi tilbyr skal vera til å kjenna att. Vi utfører ei teneste for den norske bonden, men og på oppdrag frå

avtalepartane i landbruket. Dette medfører eit ansvar for kvalitet i alle ledd.

Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt

eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding gjev eit klart signal om at velferdsordningane står sterkt.

Å forvalta dette ansvaret på ein god måte gjev tillit til å vidareføre velferdsordningane, ja kanskje til

og med styrka dei. Vår organisasjon må vere med å legga til rette for dette.

Page 6: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Mål og Strategi

Organisasjon

Mål Korleis Tiltak

Ein einsarta

organisasjon

• Auka «vi-følelsen» i organisasjonen

• Få felles verkelegheitsoppfatning

• Framstå likt i alle deler av landet

• Sette av tid på felles arenaer til erfaringsdeling,

samhandling, haldningsendring og

organisasjonskultur

• Gjennomgå medlemskriteriar

• Vedta felles visjon og verdiar

• Stå samla når vi forhandlar

• Likt tilbod av kjernetenester over heile landet

Effektiv

organisering

• Tydlege arbeidsoppgåver og

ansvarsforhold

I kvart enkelt lag

Sentralt

• Etablera fylkeskontaktar/regionkontaktar i

organisasjonen tilpassa ny regionreform

• Gjennomføra fylkesvise/regionvise møter

• God kommunikasjon sentralt/lokalt

Sterke medlemslag • Stort nok driftsgrunnlag

• Robust nok til å tole endringar

• Marknadsføring

• Lage strategiar lokalt

Bli ein tydelegare

eigar

• Bevisstgjera styra om sitt

ansvar og sin myndigheit

• Verte ein bevisst arbeidsgjevar og vere

til stades for dagleg leiar

• Arrangere kurs i styrearbeid

• Rekruttera tillitsvalde

Foto: Einar Blikra

Page 7: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Ansvarsområder

Organisasjon

Mål Lokalt ansvar Sentralt ansvar

Ein einsarta

organisasjon

• Delta på samlingar i regi av NLT

• Arrangera kurs for landbruksvikarar,

avløysarar, kontorpersonal og

tillitsvalde (inkl. valnemnd)

• Delta på arrangement saman med NLT

• Bruke felles system og tilbod vi har

• Vidareutvikle kurs og samlingar

• Involvera seg i lokale arrangement

• Legga til rette for medlemslaga gjennom

felles teknologi, profil, innkjøp

• Sjå på vedtektene

Effektiv organisering • Ta initiativ til møter mellom laga i fylke/region

• Arrangera felles kurs for tilsette i fylke/region

• Sette av tid på haustsamlinga til å

diskutere/få på plass fylkesvise/regionvise

kontaktledd

• Koordinere og delta på fylkesvise/

regionvise samlingar

Sterke medlemslag

• God økonomistyring

• Utnytta lokalt driftsgrunnlag innan landbruk

og andre bransjar

• Utforma lokal strategiplan

• Laga gode rammeavtalar nasjonalt

Bli ein tydelegare eigar • Styret tar ei tydlegare rolle

• Bevisstgjera valnemndene • Legga til rette for styrekurs

Foto: JS-Norge

Page 8: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Beredskap

og kompetanse

«Vi må levera på oppdraget»

-sitat frå haustsamlinga-

NLT skal dekka den norske bonden sin etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft til ei kvar tid. Landbruksvikarord-

ninga med beredskap ved akutt sjukdom og krise, er ein viktig tryggleiksfaktor for bonden og for å ivareta god

dyrevelferd. Dette krev velfungerande lag som samarbeider og kommuniserer godt.

Ein må sørge for å ha fagleg kvalifiserte tilsette som jamnleg tek kurs og etterutdanning.

Det må leggast til rette for at tilsette kan ta fagbrev.

NLT må aktivt påverka faglag og politikarar for å sikre at velferdsordningane og fagutdanninga vert utvikla vidare.

Page 9: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Mål og Strategi

Beredskap og kompetanse

Mål Korleis Tiltak

Dekke kunden sin

etterspurnad etter

arbeidskraft

• Ha kvalifisert arbeidskraft tilgjengeleg

døgeret rundt, året rundt

• Utvikla lokale einingar

• Velfungerande administrasjonar

• Rekruttera og etterutdanna

• Fleire fast tilsette

100% beredskap ved

akutt sjukdom

og krise

• Velfungerande landbruksvikarordning

• Arbeida aktivt for å videreutvikla ordninga

• Etablera beredskapstelefon

• Samarbeid mellom lag om døgnopen beredskap

Auke i talet tilsette med

fagbrev/fagskule

• Jobba for at fagbrevordninga vert

permanent

• Legga til rette for at tilsette kan ta fagskule

• Aktiv påvirkning av faglag og politikarar

Foto: Romar Skeie Olsen

Page 10: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Ansvarsområder

Beredskap og kompetanse

Mål Lokalt ansvar Sentralt ansvar

Dekke kunden sin

etterspurnad etter

arbeidskraft

• Årlege kurs for landbruksvikar og

avløysarar

• Samarbeid med nabolag

• Ha kontaktmøter i fylke/region

• Legge til rette kursmodellar fylkesvis/regionvis

• Finne kommunikasjonsløysingar

100% beredskap ved

akutt sjukdom

og krise

• Ha god fagleg beredskap på plass • Påverka faglag og politikarar

Auka andelen

tilsette med

fagbrev/fagskule

• Organisere ordninga • Legge til rette for gode utdanningsmoglegheiter i

landbruket

Foto: Hege Osnes

Page 11: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Omdøme

og rammevilkår

«Vårt lag sitt største konkurransefortrinn er tilgjengelegheit» -sitat frå spørjeundersøkinga-

Eit godt omdøme er avgjerande for å kunne eksistera over tid for alle selskap. Vi må levera tenester våre eigarar og

kundar etterspør, med høg kvalitet i alle ledd på ein effektiv og servicevenleg måte. Dette er med på å skapa eit godt

omdøme.

Det er og viktig for at vi skal vera eit kjent positivt merkenamn for bonden, og ein attraktiv

arbeidsplass for våre tilsette.

Vi opplever stadig endringar av rammevilkår og ein auka konkurranse innanfor vårt arbeidsfelt. Det er difor

nødvendig å ha stor merksemd rundt våre kjernetenester, landbruket sine velferdsordningar.

Vi må arbeide aktivt mot både politikarar og faglag, lokalt og sentralt, for å sikre og

utvikle ordningane.

Page 12: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Mål og Strategi

Omdøme og rammevilkår

Mål Korleis Tiltak

Positivt omdøme

• Vere synleg i media, landbrukets

organisasjonar, for bonden og i

nærmiljøet

• Skapa positiv publisitet,

unngå negativ

• Vere kontinuerleg oppdatert i lover og reglar

• Tydeleggjera roller og ansvar i organisasjonen

• Kvalitet i alle ledd

Ekspert på

velferdsordningar

i landbruket

• Kontinuerleg oppdatering på

ordningane

• Ha dyktige og engasjerte tilsette og

tillitsvalde

• Delta og bidra på møter, skaffa seg informasjon

• Utveksling av kunnskap i organisasjonen

• Aktive tilsette og tillitsvalde (lokalt og sentralt)

• Innspel til og påverknad av faglag og politikara lokalt og

nasjonalt

Framstå einsarta

• Felles profil, visjon og verdiar,

merkevare og felles minstekrav

til kjerneverksemda

• Vedta strategiplanen

• Gjennomgå medlemskriterier

Naturleg

samarbeidspartnar

• Vere ein sjølvskriven og aktiv

del av landbruksfamilien

• God samhandling med

landbruksforvaltninga

• Delta i fora saman med faglag og andre

landbruksorganisasjonar, samt forvaltninga

• Kontakt og samhandling Foto: NLT

Page 13: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Ansvarsområder

Omdøme og rammevilkår

Mål Lokalt ansvar Sentralt ansvar

Positivt omdøme

• Vere oppdatert til ei kvar tid

• Ta initiativ til mediedekning

• Levere tenester med høg kvalitet

• Bidra til god mediehandtering

• Fagleg oppdatering

• Synleggjera verdien av arbeidet som vert utført i

organisasjonen

Ekspert på

velferdsordningar

i landbruket

• Syte for å vera oppdatert

• Rekruttera og vidareutdanna

tilsette

• Arbeida politisk og drive

nettverksbygging

• Syte for å vere oppdatert

• Arbeida politisk og drive nettverksbygging

Framstå einsarta • Følge felles retningslinjer • Gjera felles retningslinjer kjend

Naturleg

samarbeidspartnar

• Syte for å vera tilstades i landbrukets

fora, lokalt og regionalt

• Kontakt og dialog med fylkesmann og

kommune

• Syte for å vere til stade i landbrukets

fora sentralt

• Kontakt og dialog med Departement og

Direktorat

Foto: Kåre Eik

Page 14: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Administrasjon

og utvikling

«Det er viktig å sjå og læra av dei laga som har stor oppslutnad» -sitat frå høyringsrunden-

Det vert ofte sagt at dei tilsette er ei bedrift si viktigaste ressurs. For NLT, som er bondens vikarbyrå, er dette på alle

måtar rett. I ein arbeidsmarknad med stor konkurranse om dei dyktige medarbeidarane er det å stå fram som ein

attraktiv arbeidsgjevar av stor verdi. Vi treng omgjengelege leiarar og tilsette med god fagkunnskap, endringsvilje,

fleksibilitet og serviceinnstilling. Slike tilsette får ein om ein er ein ryddig og positiv arbeidsgjevar som ser og

motiverer den einskilde arbeidstakar.

Dette gjev eit godt grunnlag for utvikling og vekst i organisasjonen.

Det er naudsynt for å styrka seg i møte med konkurrentar og skapa grunnlag for ein trygg økonomi.

Page 15: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Mål og Strategi

Administrasjon og utvikling

Mål Korleis Tiltak

Auka

omsetnaden

Fleire kundar ved å

• Marknadsføra og selja dei

produkta vi har

• Utvikle nye produkt og

finne nye marknader

• Levera kvalitet i alle ledd

• Marknadsføring på sosiale media

• Utarbeida og gjennomføra sals- og marknadsføringskampanjar

• Sjå på områder med lav marknadsdel

Engasjerte og

nøgde tilsette

• Aktiv personalpolitikk

• Gje rom for utvikling

• Vere ein ryddig arbeidsgjevar

• Oppfordre tilsette til å ta relevant

etter- og vidareutdanning

• Etablera ein god tilbakemeldingskultur

Effektiv drift • Felles teknologi

• Samarbeid og spesialisering

Ta ut effektiviseringsgevinstar ved

• Felles teknologi som webtemp

• Samarbeid med andre lag

• HMS/administrasjonshandbok

• Effektiv utnytting/utveksling av kompetanse mellom lag

Tilstrekkeleg

eigenkapital

• Sikra overskott

• Auka omsetnad

• Aktivt salsarbeid

• Marknadsføring

• Økonomistyring Foto: NLT

Page 16: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Ansvarsområder

Administrasjon og utvikling

Mål Lokalt ansvar Sentralt ansvar

Auka

omsetnaden

• Aktiv marknadsføring

• Kartlegga behov, utvikla tilbod

• Synleg lokalt og på sosiale media

• Sjå på kva laga med stor

oppslutnad og omsetnad gjer

• Sentral marknadsføring, synleg sentralt og på

sosiale media

Engasjerte og

nøgde tilsette

• Sende fleire på kurs/samling

• Gjennomføra medarbeidarsamtalar

• Lage møteplassar for dei tilsette

• Legger til rette for og arrangera «målretta» kurs

• Forhandla fram gode rammeavtalar for tilsette

Effektiv drift • Sette seg inn i programma

• Sette av midlar

• Initiere og legge til rette for felles teknologi

• Informera tidleg om lovendringar, og handheving av

dette

Tilstrekkeleg

eigenkapital

• Vurdera EK i høve til ansvar og risiko

• Styrke økonomikompetansen • Tilby kurs/vidareutdanning i økonomiforståing

Foto: NLT

Page 17: STRATEGIPLAN 2018 2021 · Det er viktig å vera synleg og til stades på dei arena landbruket møtest, om det er lokalt, regionalt eller sentralt. Prosessen rundt siste jordbruksmelding

Postboks 21

5486 Rosendal

Norske Landbrukstenester

Telefon: 53 48 22 80

Telefaks: 53 48 22 81

E-post: [email protected]

www.landbrukstenester.no