Stordfest 2013 – mai

12
VELKOMEN TIL TIDENES FEST PÅ STORD! Festkonsert med Gullberg Jensen Vennebyen med premiereshow! Animasjonsfilmane om Vennebyen er seld til 185 land. Under Stordfest kjem Apa, Ted og Elfie til Leirvik med premiere på nytt show! SIDE 11 Under Stordfest kjem Eivind Gullberg Jensen heim til Stord for å dirigere Sjøforsvarets Musikkorps på Leirvik kai. Han har med seg flotte solistar og skal få heile Stord med på allsong. SIDE 7 Ein Kaizer vender heim Janove Ottesen lovar eit spektakulært show når Kaizers Orchestra avsluttar Stordfest laurdag 29. juni. SIDE 4 Verdas beste live- band til Stordfest Sigøynerpunkbandet frå USA er kjend som verdas beste liveband. Du treng ikkje kjenne ein låt for å hoppe til musikken deira. Til Stordfest kjem Gogol Bordello med eit solid mannskap på 24. SIDE 5 Verdas flottaste skuter SIDE 8

description

Festivalavis for skute og musikkfestivalen Stordfest 2013.

Transcript of Stordfest 2013 – mai

Page 1: Stordfest 2013 – mai

VELKOMEN TIL TIDENES FEST PÅ STORD!

Festkonsert med Gullberg Jensen

Vennebyen med premiereshow!Animasjonsfilmane om Vennebyen er seld til 185 land. Under Stordfest kjem Apa, Ted og Elfie til Leirvik med premiere på nytt show! SIDE 11

Under Stordfest kjem Eivind Gullberg Jensen heim til Stord for å dirigere Sjøforsvarets Musikkorps på Leirvik kai. Han har med seg flotte solistar og skal få heile Stord med på allsong. SIDE 7

Ein Kaizer vender heimJanove Ottesen lovar eit spektakulært show når Kaizers Orchestra avsluttar Stordfest laurdag 29. juni. SIDE 4

Verdas beste live-band til StordfestSigøynerpunkbandet frå USA er kjend som verdas beste liveband. Du treng ikkje kjenne ein låt for å hoppe til musikken deira. Til Stordfest kjem Gogol Bordello med eit solid mannskap på 24. SIDE 5

Verdas flottaste skuterSIDE 8

Page 2: Stordfest 2013 – mai

2

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

ANSVARLEG REDAKTØRJostein Sydnes

GRAFISK DESIGN Espen M. Kvalheim, oktan stord

TEKST Atle Berge, oktan stord Stordfest

TRYKKBladet Sunnhordland

Nokre artistar er meir kjende for ålmenta enn andre, men me garante-rer for å gi deg fantastiske konsertopp-levingar uansett kva band du ynskjer å få med deg. Ny utekonsertarena blir ved Stord Kulturhus og me gleder oss til å ta den i bruk.

Stordfest er meir enn store artis-tar. Leirvik hamn vil bli fylt opp av Noregs flytande kulturskattar og nokre av verdas største seglskuter.

Busshaldeplassen i sentrum må vike plass for eigen marknadsplass og fami-lieområde med masse underholdning og aktivitetar for store og små, piratar og landkrabbar.

Stordfest er eit omdømeprosjekt og me håpar stordabuen og alle tilreisande ser fram til denne festhelga i slutten av juni. Me skal gjere vårt beste for å legge til rette for dykk, men det er de, gode publikum, som gjer festen mogleg.

Stor takk t i l våre sponsorar, samarbeids partnarar, festival leiing og frivillige som ser verdien av å bli med og skape ei super festivalhelg på øya vår.

Hjartans velkomen til uforgløyme-lege dagar på Herlege Stordøy!

Med ynskje om god vind! Haakon S. Vatle

www.stordfest.no

twitter.com/stordfest

facebook.com/stordfest

Velkomen til Stordfest 2013!

Suksessen byrja i 2007, første Stordfest gjekk av stabelen og markerte 10-årsjubileet for Stord som by. Då me såg akterenden på skipa sigla ut frå Vikafle, og me kunne sjå attende på ei helg som var eit eventyr for oss alle, var talen klar – dette ville me gjerne ha i reprise.

2010 gjentok suksessen seg, og no står me framom Stordfest 2013. Det er bestilt fint ver, og med eit program spekka av høgdepunkt, er det berre å bu seg på ei helg ein seint vil gløyme. Ei rekke skuter frå fjern og nær, og artistar som får blodet til å bruse. I tre år er det blitt jobba i kulissene,

og dei siste vekene har det vore hektisk aktivitet for å få dei siste detaljene på plass. Heldige er me som har slike initiativtakarar i byen vår. Takk også til dei som tek sin del av dugnadsarbeidet denne helga. Ta del i arrangementet, då vil me kunne gle oss til ny Stordfest når me etterkvart vinkar den siste skuta ut frå hamna.

God fornøyelse!

Liv Kari EskelandOrdførar i Stord

Stord Hotell

LeirvikSentrum

LeirvikSentrum

Takk til sponsorane som gjer Stordfest 2013 mogleg:

Kjære fastbuande og gjester frå inn

og utland – me seglar mot Stordfest 2013!

Gjennom lang planlegging har me lagt til rette for at siste helga i juni bør bli tidenes festivalhelg på Stord. Aldri har me hatt eit så heftig konsertprogram med store norske og internasjonale artistar!

UTESTADANE I SENTRUM

Page 3: Stordfest 2013 – mai

3

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

– Me gler oss til å koma tilbake, seier Chirag Rashmikant Patel som saman med Magdi Ytreeide Abdelmaguid utgjer rapduoen Karpe Diem.

Chirag hugsar Kværner-konserten godt:

– Det var stas å få sjå dei svære oljeriggane, og å få ha på industri- arbeidarhjelm!

KJENDIS PÅ DEN SUNNE MÅTENChirag og Magdi platedebuterte i 2004 med Glasskår – eit album som låg seks veker på VG-lista og selde til gull. Duoen var med andre ord ikkje framand for suksess då det verkeleg tok av i 2010. For Aldri solgt en løgn (2010) fekk dei den gjeve tittelen «Årets spellemann», medan neste og til no siste plate Kors på halsen, Ti kniver i hjertet, Mor og Far i døden (2012) vart kåra til beste popalbum på årets Spellemann-utdeling.

– Kvifor har det tatt så enormt av etter 2010?

– Eigentleg har det vel skjedd grad-vis, meiner Chirag. – Det trur eg er

Karpe Diem klar for meir Stord-suksessI mars 2011 selde dei ut Arena på ein blunk, og i juni same år rappa dei for 4 000 i plateverkstaden på Kværner. No er Karpe Diem er klar for Stordfest.

– Me gler oss til å koma tilbake!chirag

sunt. Mange blir rikskjendis på to månader i eit eller anna TV-show. Det er ikkje alle som taklar det…

SJELDEN RAPSUKSESSAldri solgt en løgn (2010) er det første hiphopalbummet som har kapra førsteplassen på VG-lista, og Karpe Diem er ei av få rap-grupper som er headlinerar på dei største festivalane. Ingen andre norske rapparar har heller klart å fylle Oslo Spektrum slik Chirag og Magdi gjorde i mars i år.

– Kva er det de gjer som andre rappa-rar ikkje får til?

– Kvaliteten på live-showet har nok mykje å seie. Me har halde på i 13 år uten å bli mette, og invisterer mykje i showa våre.

Chirag synest det er stor stas og ei ære å vere blant dei som får bandnam-net i størst font på festivalplakatane:

– No gjer me alle dei fantastiske tinga me har tenkt på sidan me var små. Det var spesielt fint å avslutte Øyafestivalen. Samtidig er det eit stort ansvar å vere headliner. Faktisk så stort at vi vurderte å ringe festivalsjefen og trekke oss.

Det gjorde dei heldigvis ikkje. Konserten fekk terningskast seks i alle dei største avisene, og vart ein magisk hiphopkveld som viste at festen er i trygge hender når Chirag tar med seg Magdi ut på hovudscena i Leirvik 28. juni.

Karpe Diem UTESCENA KULTURHUSET28

Torsdag 27. juni UTESCENA KULTURHUSET

Loe Bjørnstad Trio plays Kate Bush 18.00

L’Angelus (US)

19.00

Valkyrien Allstars 20.00

First Aid Kit (SE)

21.00

CC Cowboys 22.30

Fredag 28. juni UTESCENA KULTURHUSET

D’AccorD 19.00

Eva & The Heartmaker 20.00

Karpe Diem 21.00

Gogol Bordello (US)

22.30

DJ Stian Stratocaster 00.00–02.30 CLUB KULTURHUSET

NB! TRANGT OM PLASSEN, FØRSTE MANN TIL MØLLA

Laurdag 29. juni UTESCENA KULTURHUSET

Yuma Sun 18.30

Storm Weather Shanty Choir 19.30

Kvelertak 21.00

Kaizers Orchestra 22.30

DJ Stian Stratocaster 00.00–02.30 CLUB KULTURHUSET

NB! TRANGT OM PLASSEN, FØRSTE MANN TIL MØLLA

Storm Weather Shanty ChoirFenomenet frå Stord har konkurrert med Led Zeppelin og Rihanna på Itunes sin listetopp, turnert i heile Europa, Japan og USA, blitt invitert av ambassadar og vore på fleire av dei største festivalane i Noreg. Ikkje verst for eit kor frå Stord.

Dette blir pur glede, skrikande allsong, og eit rockekor med storm i blodet og rom i støvlane.

UTESCENA KULTURHUSET LAURDAG 29. JUNI

Valkyrien AllstarsTre hardingfeler. Som erobrar Noreg og utlandet og spelar seg inn på alt frå hit-lister via ambassadar til undergrunn-sklubbar og konsertsalar. Høyrt det før? Vel, kanskje ikkje! Valkyrien Allstars har sidan oppstarten i 2005 vore heilt unike i norsk musikk, og har blitt ein attraksjon over store delar av verda. Vokalist Tuva Syvertsen er kjend frå Korslaget og Stjernekamp på TV.

UTESCENA KULTURHUSET TORSDAG 27. JUNI

KJØP FESTIVALPASS PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN ELLER POSTEN!

Page 4: Stordfest 2013 – mai

4

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

– Me har alltid lyst til å vere gode.janove ottesen

Janove Ottesen (38) var stordabu til han fylte eitt år. Det har ført til «eit lass med nachspieltilbod» når Kaizers Orchestra står for den musikalske avslutninga på Stordfest 29. juni.

– TRIST OG DEILIG14. september spelar Kaizer Orchestra altså sin siste konsert i DNB Arena. Janove seier at det både blir trist og deilig, men understrekar at dei fleste i bandet har andre musikalske prosjekt på gong.

Stordfest-journalisten foreslår at Ottesen-familien kan flytte tilbake til barndomsøya no som orkesteret tar pause.

– Du kan kjøpe deg ein liten båt og sitte med beina på ripa og lese Sunnhordland?

Forslaget viser seg å ikkje vere langt unna sanninga: – Dersom gamlingen kjøper hytte på øya, så har eg sagt at eg kjøper piano og ein liten båt til å trene seiling med, fortel Kaizeren.

Ein Kaizer vender heim

Eva & The HeartmakerDet er allereie gått sju år sidan Eva Weel Skram, sammen med ektemann Thomas Stenersen plate debuterte som Eva & The Heartmaker. Etter ein solid sma-kebit på 100Dagar i mars er ban-det klar for Stordfest 2013. Singelen deira Joanna har vore A-lista på P1 heile våren. Me gler oss til eit her-leg gjensyn med dei mange hitsa og det strålande bandet.

UTESCENA KULTURHUSET FREDAG 28. JUNI

KvelertakDei siste to og eit halvt åra har vore heilt eventyrlege for Kvelertak. Etter å ha levert det som mange meinte var årets beste norske album i 2010, og som av Asbjørn Slettemark ble omtala som ei «perfekt plate», har dei turnert land og strand her heime og sett store deler av ver-den saman med dei aller største banda innan rocken. Andreplata deira Meir som kom i vår er endå steg på veg mot rockehimmelen for Kvelertak.

Like før dei kjem til Stordfest varmar dei opp for Kiss.

Me ser fram til ein heftig og energifylt konsert!

UTESCENA KULTURHUSET LAURDAG 29. JUNI

FotoutstillingStord fotoklubb har med utgangspunktet i «Herlege Stordøy» funne fram til mange vakre og varierte motiv frå øya vår. Bileta kjem du til å få sjå på utstillinga deira på konsertområdet og som postkort. Plukk med deg eit kort under festivalen.

Kaizers Orchestra UTESCENA KULTURHUSET29

Det begynte i Bergen: Rett etter tusenårsskiftet starta ein kompisgjeng frå Rogaland eit band som frå første slag på oljefatet var prega av ein uvanleg estetisk sjølvtillit. Tretten år etter har oljefat, gassmasker og ei original blandinga av sigøynarmusikk og rock, gjort Kaizers Orchestra til eit av dei største banda i norsk musikkhistorie. 14. september spelar Kaizers sin siste konsert i DNB Arena i Stavanger, men først skal dei altså til Stord, til øya vokalist Janove Ottesen vart fødd på.

FØRST BUSINESS, SÅ PLEASURE– Betyr det noko ekstra å spele på Stord sidan du har røtene dine her?

– Det betyr i alle fall eit lass med nachspiel tilbod. Vorspieltilboda takkar me nei til. Først business, så pleasure.

– Kva kan publikum vente seg når orkesteret går på scena på Stordfest?

– Me har alltid lyst til å vere gode. Me kjem til å gjere alt me kan for å vere nettopp det. Gode.

FØLG OSS PÅ FACEBOOK.COM/STORDFEST

Ottesten vil ikkje ut med kva låtar frå den omfangsrike discografien publikum kan vente seg på hovudscena 29. juni: – Det kjem ikkje alltid an på kva me spelar, men like mykje korleis me spelar det. Innstilling og haldning på kvar låt er viktigare enn å berre lire av seg Hjerteknuser utan å meine det.

Nytt konsertområdeStordfest flyttar konsertområdet til Stord Kulturhus. Nyt smakfull sushi frå Fengselet, nydeleg thaimat frå Soradas eller ein god pizza frå Pizzabakeren i

fantastiske omgjevnadar. Parken rundt Kulturhuset er den perfekte hangout-staden mellom konsertane. DJ Stian Stratocaster spelar mellom konsertane.

Etter konsertane fredag og laurdag vert det afterparty inne i Kulturhuset.

Gjer deg klar for tidenes fest!

Page 5: Stordfest 2013 – mai

5

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

Gogol Bordello frå USA er verdskjende for sine heilt elleville konsertar med tunge balkanrytmar og ekstatiske publi-kummarar. Musikken deira kan minne om ein raskare og meir punka stil enn Kaizers Orchestra, og dersom du likar Kaizers Orchestra vil du garantert gå av hengslene når du høyrer Gogol Bordello live!

Stord blir ikkje det samme etter dette bandet har gått av scena. Det blir garantert den store snakkisen under festivalen.Du treng ikkje kjenne ein låt for å hoppe til musikken deira. Til Stordfest kjem Gogol Bordello med tunge balkangrooves og eit solid mannskap på 24.

CC COWBOYSCowboyen frå «Hver gang vi møtes»Med klassikarar som «Harry» og «Tigergutt» har CC Cowboys vore alle-mannseige sidan 1990-talet, men då vokalist Magnus Grønneberg i vin-ter var ein av sju artistar i TV2-hiten «Hver gang vi møtes», vart bandet på nytt hyperaktuelt. Grønneberg har kanskje norsk rock si mest karakte-ristiske stemme, og formidla tekstane til så ulike artistar som Ole Paus og Marion Ravn med ein intensitet som fekk tårene fram hos både artistkolle-gaar og tv-sjåarar.

«Hver gang vi møtes» viste også kor sterkt låtmaterialet til Grønneberg og

dei andre cowboyane er. Med strålande norskspråklege rockelinjer som «Vill, vakker og våt» og «Kanskje du behø-ver noen som trenger deg», ligg alt til rette for allsong frå første til siste låt når CC Cowboys avsluttar torsdagskvel-den under Stordfest 27. juni.

FIRST AID KIT (SE)

Suksessfull musikalsk førstehjelpI 2008 la Johanna og Klara Söderberg ut ein coverversjon av Fleet Foxes-songen «Tiger Mountain Peasant Song» på You Tube. Fem år etter er dei to søstrene i First Aid Kit for tida det største bandet i Sverige og blant landet sine mest vellukka eksportvarer.

Frå første YouTube-klipp har Söderberg-søstrene hatt ein klar identitet: Nydelege volkalharmoniar kombinert med country- og folke-musikkinspirerte melodiar. Duoen pla-tedebuterte i 2010 med «The Big Black And The Blue», før dei i 2012 verke-leg vart superstjerner med «The Lion’s Roar» og monsterhiten «Emmylou». Andreplata var på dei fleste listene over

årets plater i 2012, og vart kåra til årets album på «Nordic music awards» med denne historiske grunngjevinga: For 150 år sidan vandra 1,2 millionar fattige svenskar til Amerika, og tok med seg felene og folkesongen sin. No er musikken til-bake. Dei unge søstrene Klara og Johanna Söderberg syng som englar i Amerika, vek-kjer forfedrene sine til live.

Det er med andre ord musikalsk før-stehjelp av første klasse som kjem til Stord torsdag 27. juni.

GOGOL BORDELLO (US)

Verdsstjerner og festløver

Gogol Bordello UTESCENA KULTURHUSET28

First Aid Kit UTESCENA KULTURHUSET27

CC Cowboys UTESCENA KULTURHUSET27

KJØP FESTIVALPASS PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN ELLER POSTEN!

L’Angelus (US) Tilbake! L’Angelus vart ein skikkeleg publikums-fa voritt sist dei vitja Stordfest i 2010. Cajunbandet L’Angelus frå USA består av fire søsken frå Nashville. Dei var festivalbandet under Stordfest 2010, og var seinast i Noreg under The Tall Ships Races 2011 Stavanger, der dei sjarmerte tusenvis av publikummarar til heftig dansbar musikk utført av fire genieærklerte musikalske søsken.

UTESCENA KULTURHUSET TORSDAG 27. JUNI

Loe Bjørnstad Loe Bjørnstad tok Stord publikummet med storm då dei tolka Kate Bush under Øyo festivalen i 2011. Konserten Don’t Push Your Foot On The Heartbrake/Loe Bjørnstad tolkar Kate Bush får ein oppleve på ny under Stordfest den 27. juni.

Dei tre søskena er alle kunstnera innan sine ulike områder og når dei slår seg saman får ein oppleva eit unikt uttrykk.

UTESCENA KULTURHUSET TORSDAG 27. JUNI

Yuma Sun Dei store vinnarene av 100Dagar er klare for Stordfest 2013. Ein samstemt festivalbransje ønska at Yuma Sun skulle få bli Œrets vestlandssatsing.

Det finnes få band her til lands som trakterer westernrocken like elegant som Yuma Sun fra Norges villeste vest, Bergen. Dei fem lovlause har sidan eit vellukka rømningsforsøk plyndra norske byar og publikum med rå energifylt karisma og sjarm utan grenser.

UTESCENA KULTURHUSET LAURDAG 29. JUNI

Page 6: Stordfest 2013 – mai

6

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

Not

ahau

gska

ien

Vent

ekai

en

Sunnhordlandskaien

Nattrute

kaien

Skotabergskaien

Sunnhordlandsk

aien

SØRLANDET

SVANHILD

CHRISTIAN RADIC

H

STO

RD I

STATSRAAD LEHM

KUHL

KNM

HIT

RA

SELADON

PROLIFIC

KV TOR

MATHILDE

LOYAL

SWAN UK

CAROLINE AF

SANDNES

INNGANG

2

1

1

2

Marknadsplass

Konsertarena

Innganger

HOVU

DINNGANG

INNGANG

ARTIST

INNGANG

FRIVILLIG

EXIT

/TR

ANSPO

RT

EXIT

/TR

AN

SPO

RT

HOVU

DIN

NGAN

G

ARTISTOMRÅDE

INTE

RNA

SJO

NA

L M

ARK

NA

D

Kulturh

uset

Amfi Stord

Bytunet

Rådhuset

Sponso

rtelt

Sponso

rtelt

Buss

Buss

SCENE

FOH

BrannPolitiRK

DJ

ARTISTBUSS

ARTISTBUSS

BONG

MAT

BONG

SERVER

ING

SERVERING

SERVERING

SERVERING

MERCH

MAT

SCENE

STORDDØRA

UTSIKTSPUNKT

Lisbeth og Per Vidar Johannesen jobba som Stordfestfrivillig både i 2007 og 2010, sonen Torgeir er i år med for første gong.

– Eg er matansvarleg i år, fortel Per Vidar som skal ha med seg frivllig-debutant Torgeir på laget. – Ansvaret mitt er å passe på at publikum, frivillige og artistar får seg noko å ete. Eg laga også mat første gong eg var med. I 2010 hadde eg ansvar for sceneskiftgjengen.

Lisbeth fortel at ho tidlegare har vore «kulien» til Grethe Brask: – Eg

registrerte inn og ut dugnadsfolk og frivillige.

I år har Lisbeth utvida ansvar, og samarbeidar med festivalleiinga om å få arrangementet til å gå knirkefritt: – Eg skal organisere vaktlister, i forkant, og i gjennomføringa på sjølve dagane, og telle dugnadstimar.

Stordfest manglar framleis fri villige, og frivilligfamilien anbe falar andre å bli med.

– Ja, bli med på festen! seier Torgeir. – Festivalpasset kjem godt med, og berre det å få hjelpe til med

at folkefesten går som den skal, er motivasjon for meg.

– Ja, det er kjekt å vera ein del av heile settingen, seier Lisbeth. – Alle dei flotte folka, folkefesten. Eg er stolt av å få vera ein del av det heile!

– Som Torgeir nemnde får alle frivillige gratis festivalpass, er det konsertar på årets Stordfest de ser spesielt fram til?

– Kvelertak blir nok røft! seier Torgeir. – Og så får eg vel kjeft av vennegjengen viss eg ikkje seier Kaizers.

Lisbeth er ikkje heilt sikker på kor mykje ho får tid til mellom jobbinga, medan Per Vidar gler seg til Kaizers Orchestra og Gogol Bordello.

Familien FrivilligFamilien Johannesen får Stordfest til å gå rundt. Dei vil gjerne ha deg med på laget!

Marknadsplass KAIEN

TORSDAG 27. JUNIMe ventar på skutene.Gratis inngang på marknads­plassen 12–18

FREDAG 28. JUNISkutene kjemMarknadsplass 10–22

LAURDAG 29. JUNIHerlege StordøyMarknadsplass 10–22

Kjøp billett ved inngang kr. 100/50 (under 10 år) pr. dag

Konsertområde STORD KULTURHUS

TORSDAG 27. JUNIPortane opnar kl. 17.00Konsertområde stenger kl. 00.00

FREDAG 28. JUNIPortane opnar kl. 17.30Konsertslutt k. 00.00DJ Club til kl. 02.30

LAURDAG 29. JUNIPortane opnar kl. 17.30Konsertslutt k. 00.00DJ Club til kl. 02.30

Bli med på laget!MELD DEG SOM FRIVILLIG PÅ STORDFEST.NO

Page 7: Stordfest 2013 – mai

7

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

Not

ahau

gska

ien

Vent

ekai

en

Sunnhordlandskaien

Nattrute

kaien

Skotabergskaien

Sunnhordlandsk

aien

SØRLANDET

SVANHILD

CHRISTIAN RADIC

H

STO

RD I

STATSRAAD LEHM

KUHL

KNM

HIT

RA

SELADON

PROLIFIC

KV TOR

MATHILDE

LOYAL

SWAN UK

CAROLINE AF

SANDNES

INNGANG

2

1

1

2

Marknadsplass

Konsertarena

Innganger

HOVU

DINNGANG

INNGANG

ARTIST

INNGANG

FRIVILLIG

EXIT

/TR

ANSPO

RT

EXIT

/TR

AN

SPO

RT

HOVU

DIN

NGAN

G

ARTISTOMRÅDE

INTE

RNA

SJO

NA

L M

ARK

NA

D

Kulturh

uset

Amfi Stord

Bytunet

Rådhuset

Sponso

rtelt

Sponso

rtelt

Buss

Buss

SCENE

FOH

BrannPolitiRK

DJ

ARTISTBUSS

ARTISTBUSS

BONG

MAT

BONG

SERVER

ING

SERVERING

SERVERING

SERVERING

MERCH

MAT

SCENE

STORDDØRA

UTSIKTSPUNKT

Stordfest er musikk og maritim kultur side om side. Når Sjøforsvarets musikkorps under leiing av Gullberg Jensen spelar konsert på Leirvik kai 29. juni, er legeringa mellom tonar og båtliv sterkare enn nokon gong. Repertoaret spenner frå Verdi, Brahms og Grieg til Bernstein og Bjørnstad. Det heile vert avslutta med allsong med Mellom Bakkar og berg og Herlege Stordøy.

– I tillegg til Sjøforsvarets musik-korps, er Mari Eriksmoen med som solist, fortel stjernedirigenten frå Kåravikjo. – Me får også med oss bl.a. Berte Rommetveit og Sigurd Sele.

– Kva type musikk er det publikum kan vente seg?

– Komponist Knut Vaage kjem til å lage eit arrangement med utgangs-punkt i kjende songar som Mellom bakkar og berg og Herlege Stordøy. Det er heller ikkje utenkjeleg at me spelar noko av Grieg, og kanskje kjem det også smakebitar frå West Side Story som skal setjast opp på Moster Amfi sommaren 2014.

Gullberg Jensen understrekar at det blir rikeleg med moglegheiter for allsong, og kryssar fingrane for godt vêr og mange songglade festivalgjestar:

– Det blir ikkje kjekkare enn fest på kaien, veit du!

«Herlege Stordøy Mellom Bakkar og Berg»

Festkonsert på kaien med Gullberg Jensen

Til vanleg er han sjefsdirigent for Radiofilharmonien i Hannover. Men under Stordfest kjem Eivind Gullberg Jensen heim for å dirigere utekonsert på Leirvik kai.

Eivind Gullberg Jensen (over), Berte Rommetveit (øverst til høgre), Sigurd Sele og Mari Eriksmoen bidreg på allsong på kaien.

Bli med på den store hendinga! Lær deg teksten på Herlege Stordøy og Mellom bakkar og berg. Alle er med og syng første vers. Første verset blir repetert mot slutten av songen. Mellomversa blir sunge av solist. Her blir det «Pomp & Circumstances»!

HERLEGE STORDØY(OLAV O. HOLDHUS)

Herlege Stordøy, herlege Stordøy!Fager og fin millom fjordane blåStig du or havet – bjart som ei solmøy,toppar og tindar mot skyene nå. Skogen han susar songen so lint:«Å, her er utifrå fagert og fint».

Bygdi seg breider ven i frå sjøen, speglar seg av i det djupaste blå. Gardane logne ligg upp på bøen, sjølve so kan dei i djupni seg sjå. Kjærlege heimar – ljos yver liv, soli ho lyser og skuggane driv.

Herlege Stordøy, segnrike strender, minne frå Håkon den Gode si tid.Inn i vår soga hev dine grender, skrive sitt namn i ein ærefull strid. Ransmann laut røma, Skrøya du batt, fridom du elska og fri stod du att.

MELLOM BAKKAR OG BERG(IVAR AASEN)

Mellom bakkar og berg ut med havetheve nordmannen fenge sin heim,der han sjølv heve tuftene graveog sett sjølv sine hus oppå deim.

Han såg ut på dei steinute strender;det var ingen som der hadde bygt.«Lat oss rydja og byggja oss grender,og så eiga me rydningen trygt»

Han såg ut på det bårute havet;der var ruskut å leggja ut på,men der leikade fisk ned i kavet,og den leiken, den ville han sjå.

Mellom bakkar og berg ut med havetheve nordmannen fenge sin heim,der han sjølv heve tuftene graveog sett sjølv sine hus oppå deim. Og når liene grønkar som hagar,når det laver av blomar på strå,og når netter er ljose som dagar,kan han ingen stad venare sjå.

Herlege Stordøy KAISCENA29

STO

RDØY

HERLEGE

STO

RDØY

HERLEGE

KJØP FESTIVALPASS PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN ELLER POSTEN!

Med atterhald om endringar i kartet!

Page 8: Stordfest 2013 – mai

8

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

113 år gamal svane legg til kai

Swan vart sjøsett i mai 1900 på verftet Messrs Hay & Co i Lerwick på Shetland, og er med sine 67 fot framleis den største båten bygd i byen.

Dei første 60 åra vart svana nytta til fiske, først og fremst sildefiske, før ho

på 1960-talet vart gjort om til husbåt i den engelske hamnebyen Grimsby. På 1980-talet hamna skuta i hendene på eigarar som ikkje tok vare på svana si, og båten sank ved fleire høve ved kaien grunna dårleg stell.

I 1991 vart Swan flytta tilbake til Shetland, og 11. mai 1996 – 96 år etter at båten først vart sjøsatt – kunne den restaurerte skuta på nytt sjøsetjast i Lerwick hamn. Frå og med det har The Swan seilt som skuleskip både rundt Shetland, langs franskekysten og i norsk farvatn.

Kjelde: www.swantrust.com

Mange flotte skuter legg til kai i Leirvik under Stordfest, men nokre har ei meir

imponerande historie enn andre. Med 113 år på sjøen, er seglskuta The Swan ei av dei.

D/S Stord I jubilererVeterandamp skipet Stord I fyller 100 år i 2013. D/S Stord I vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1913, og gjekk i rutefart fram til 1969. Denne levande maritime kultur skatten kallar fram minner fra ein over 100 årig epoke i rutebåttrafikken med dampskip på Vestlandet. I jubileums-året for STORD I er ho eit naturleg midtpunkt ved hamna under Stordfest.

Skipet vert liggjande ved kai ved marknadsplassen.

Skuter og skip KAIEN

Anløp av skipa FREDAG 28. JUNI 14.00–16.00

Eliasbåten tar turar med born FREDAG 28. JUNI 12.00–16.00

LAURDAG 29. JUNI 12.00–16.00

Sjørøvartur med S/S Christian Radich LAURDAG 29. JUNI 10.00–13.00

LEDIGE BILLETTAR!

Ope skip på S/S Statsraad LehmkuhlS/S Christian Radich LAURDAG 29. JUNI 14.00–15.00

Ope skip på S/S Statsraad LehmkuhlS/S Christian Radich SUNDAG 30. JUNI 12.00–14.00

Utandørs gudsteneste på SS Statsraad Lehmkuhl SUNDAG 30. JUNI 11.00–12.00

KJØP BILLETTAR PÅ BILLETTSERVICE, NARVESEN

ELLER POSTEN!

Frå Lerwick til Leirvik:

FØLG OSS PÅ FACEBOOK.COM/STORDFEST

Page 9: Stordfest 2013 – mai

9

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

ANDRE SKUTER DU KAN SJÅ UNDER STORDFEST 2013

S/S Statsraad LehmkuhlDen har vore eit fast innslag på Stordfest i 2007 og 2010 og er i våre auge verdas vakraste skute. Vestlandets stolte skute er sjølvskriven gjest også ved Stordfest 2013.

LoyalAllereie då ho vart sjøsett, gjekk det gjetord om denne flotte skuta, og mellom sjøfolk fekk ho fort kjælenamnet «Kvitegaleasen».

ProlificProlific, kjend som pøbelskipet, vart bygd i 2005 som ein hyllest til dei gamle kutterane som segla på 1800-talet. Skuta har eit klassisk design med ein moderne struktur.

MathildeOm sommaren seilar hardangerjakta Mathilde tokt langs kysten, ho set no kursen mot Leirvik og Stordfest2013.

NortunLoggeren Nortun er ei fantastisk skute frå Stavanger, bygd på Nordseeverftet i Emden i 1905 for drivgarnsfiske etter sild.

SvanhildSvanhild har heimehamn i Florø, og er ei 76 fot lang hardangerjakt, bygd i Surnadal på Nordmøre i 1889. Ho er i dag eit av dei mest autentisk restaurerte fartøya me har i Noreg.

SeladonSeladon er ein to-mastra kutter på 58 fot, bygd i 1937. Dei fleste seglskutene er knytt til feminine verdiar, men Seladon er meir som ein gresk, maskulin gud, og namnet gir klare assosiasjonar.

CarolineCaroline, originalt namngjeven Trine, vart bygd i 1885 i Kristiansund. Fram til 1939 gjekk skuta for seil langs kysten med saltfisk, men set no kursen mot Leirvik.

KNM HitraUbåtjagaren frå andre verdskrig var i 1943 brukt av Shetlandsgjengen, og har nok redda mange liv, både under krigen og i jobben som kystvakt og kystoppsyn. Båten vart restaurert her på Stord på Oma båtbyggeri i 1983, og er idag eit seilande museum.

S/S Christian RadichSkuleskipet som seglar med lang norsk maritim tradisjon i segla, har vore på sjøen sidan 1937 og blir omtala som ei av dei vakraste fullriggarane i verda.

ØNSKER DU Å LEIGE SKUTE, TA KONTAKT PÅ [email protected]

LEDIGE BILLETTAR TIL SJØRØVARTOKT! KJØP PÅ BILLETTSERVICE

Page 10: Stordfest 2013 – mai

10

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

FRAM OG TILBAKEDet er ikkje tilfeldig at det er rei-ler kunstnargruppa Puls ønskjer seg: «Mange av ungdommane på Stord har eit ambivalent forhold til øya, og eit sterkt ønske om å flytte vekk så snart dei blir gamle nok. Mange av dei som flyttar vekk, kjem derimot til-bake til Stord for å slå seg til ro,» skriv prosjektgruppa i ei pressemelding. Reilo er eit bilete på denne tendensen: «Du rører deg i ein bestemt rytme, i en puls. Fram og tilbake.»

ARKITEKTKONTORET ARKITULLAlle kan legge inn bilete av reilene sine på Facebook-sida «Vis meg reilo di!», men Sæ barnehage i Grindavikjo vart

Då kunstnargruppa Puls inviterte stordabuarar til å vere med å pynte Stordfest med reiler, starta Sæ barnehage arkitektkontoret Arkitull.

«Vis meg reilo di!»

Magdalena F. Delis og Stordfest sitt eige danseensemble «Justin Bieber Dance Academy Tribute» stiller på Stordfest for å lære publikum Justin Bieber-koreografi. Dansarane er også

med på skattejakt når sjørøvarane leia av Torill B. Falk og Cathrine B. Eriksen kaprar Christian Radich og legg frå kai i Leirvik laurdag kl. 10.00, og på sjørøvarshowet same dag.

KAISCENA 28. JUNI KL. 10.00

29. JUNI KL. 10.00 OG KL. 16.30

Følg oss på Facebook:STORDFESTVIS MEG REILO DI

Dansarar varmar opp til Stordfest2013

Marknadsplassen

TORSDAG 27. JUNI12.00–18.00Boder og internasjonalt marked og serveringsområde. Me ventar på skutene.Gratis inngang på marknads­plassen.

FREDAG 28. JUNI09.00–21.00Boder og internasjonalt marked og serveringsområde.

LAURDAG 29. JUNI09.00–21.00Boder og internasjonalt marked og serveringsområde.

Kaiscena

FREDAG 28. JUNI09.00–10.00Familie Bootcamp10.00–11.00Justin Bieber Tribute Dance Academy12.00–13.00Vennebyen Premiere på nytt show!13.30–14.30Familiebandet L’Angelus (US) 16.00–17.00Brygga 11 v/meisterkokken Geir Skeie – for store og små17.00–18.00Maritimt vorspiel v/Jarle Andhøy og Alex Rosen18.00–19.00Evolver21.00–22.30Familiebandet L’Angelus (US) spelar til dans

LAURDAG 29. JUNI09.00–10.00Familie Bootcamp10.00–11.00Dansetime med Kulturskulen11.00–12.00Kortime Stord Ungdomskor/Corona14.00–15.00Herlege Stordøy v/Eivind Gullberg Jensen, m.fl. ALLSONG av «Mellom Bakkar og Berg» og «Herlege Stordøy»16.30–17.00Sjørøvar show for borna17.00–18.00Maritimt vorspiel v/Guttene, allsong og røvarhistoriar18.00–19.00Orgelfall21.00–22.30Familiebandet L’Angelus (US) spelar til dans

KJØP BILLETT VED INNGANG

KR. 100/50 (UNDER 10 ÅR) PR. DAG

Magne KjellesvikAKVARELL20 år sidan siste separatutstilling på Stord! Opning ved Otto Ersland.

GALLERI GIGA TORSDAG 27. JUNI KL 16.30

saman med andre lokale barnehagar spesielt invitert til å kome med forslag.

– Eigentleg dreiv me på med eit anna prosjekt, men då me spurde ungane om dei ville lage reiler, tok dei heilt av, forklarer Torill B. Falk.

Falk er overhovud i arkitektkontoret Arkitull. Ho forklarar at kontoret har gått systematisk fram i arbeidet med reilene: – Me har laga både tankekart og teikningar.

«RULLESTOLREILO»Ungane viser ivrig fram reilene som er hengt opp i skogen ved barnehagen i Grindavikjo.

– Favorittreilo vår er «Kitla i magen», fortel Linea (6) og Aksel (5).

Reilo med det svært talande namnet er ei slengsdisse med ei bøye i enden. I skogen heng også ein gullfarga rul-lestol. Det er stor rift om å få vere den som skal sitje på «Rullestolreilo» når fotografen tar bilete.

– Det beste med prosjektet er at ungane har sett kor mykje som er mog-leg å få til dersom ein vil, meiner Falk. – Det er tydeleg at prosjektet har opna nye moglegheiter for dei.

Dei vakraste, raraste og mest impo-nerande eksemplara av reilene vil kunstnargruppa Puls presentera under Stordfest.

Page 11: Stordfest 2013 – mai

11

STO

RDFE

ST 2

013

27.–

30. J

UN

I

Andre aktivitetar som fyller hamna med glede under Stordfest2013INTERNASJONAL MARKNAD Under Stordfest blir sentrum forvandla til ein internasjonal marknad der du kan oppleve spennande smakar og luktar frå heile verda, kjøpe kunsthandtverk, brukskunst og mykje meir.

FAMILY BOOT CAMPInstruktørar frå Sport-Treff serverer fredag og laurdag eit variert treningsprogram for alle former i alle aldrar. Ein perfekt start på dagen frå kl. 09.00 ved scena på kaien.

SJØRØVARSHOW Laurdag vert det sjørøvarshow for dei yngste på kaiscena. Hiv og hoi og pass på skattane dine når dei seks sjørøvarane legg til kai kl. 16.30!

BRYGGA 11 OG GEIR SKEIEGeir Skeie presenterer spennande kjøkkentips for store og små på fredagen.

DANSE- OG KORTIME Lokale dansegrupper og kor kjem til å spre glede og presenterar delar av repertoaret sitt på kaien fredag og laurdag. Corona og Stord Ungdomskor er blant dei som kjem.

HISTORISK VANDRING Laurdag kl. 10.00 har du mogleg-heit t i l å vere med på ulike historiske vandringar. Det vert byvandring og vandring t i l Gullberg. Desse turane har avgrensa plassar, meld deg på til [email protected] for ei unik og innhaldsrik oppleving.

CAOS Kunstnargruppa CAOS vart danna i 2012 og består av tre kunstnarar og ein kunstformidlar som alle har bakgrunn frå det skandinaviske seglskipsmiljøet. Under Stordfest stiller dei ut måleri, teikningar, foto og keramik.

EVOLVER Evolver er på trappene med ny EP som vert sluppen i løpet av sommaren. Deira solide opptreden under 100 Dagar både i 2012 og 2013 har gjort at bookingsjef for Hovefestivalen, Toffen Gunnulfsen, har kome med lovord om den unge gjengen. Allereie i 2011 varma dei opp for sjølvaste Karpe Diem då dei spelte på Stord. Dette er funky og variert musikk med høg kvalitet.

ORGELFALL Orgelfall har allereie sluppe sin EP og hadde ein strålande sleppefest på Arena berre for ein månad sidan. Med medlemmer frå heile Sunnhordland og med ulike bakgrunnar er Orgelfall blitt ein skikkeleg smeltedigel av musikalske innfallsvinklar med det felles at dei ønsker å lage god fengande musikk og elleville liveopplevingar for publikum.

EKSKLUSIV TUR TIL GRUO MED VETERANBUSS Meld deg på denne ekslusive og unike turen tilbake i tid. Med veteranbuss til Gruvene på Litlabø får du høyra historiar frå korleis ting var før og oppleva dei unike Gruvene våre. Få plassar! Laurdag kl. 10 -13 Meld interesse til [email protected]

Elias­båtenDu har nok sett tv-serien om Elias og dei andre båtvennane hans? Rednings-selskapet sin eigen Elias-båt kjem til Stordfest, og du kan få sitje på!

Animasjonsfilmane om Vennebyen er seld til 185 land. Under Stordfest kjem Apa, Ted og Elfie til Leirvik med eit flunkande nytt show!

Showet heiter «Verdens beste venner» og er eit underhaldande musikalsk show som tek føre seg venskap og samarbeid med humor og glimt i auga. Her kan store og små vera med å synga og dansa til Vennebyen sine kjende songar, samstundes som dei lærer gode verdiar av bestevenene Apa, Ted og Elfie.

Vennebyen sine tidlegare show har blitt sett av over 35 000 menneske og med det nye showet «Verdens beste venner» gler me oss til å underhalda både nye og gamle vener over heile landet, fortel skaparen av Vennebyen, Carl Christian Hamre.

KAIEN FREDAG OG LAURDAG

Dei har reist verda rundt og gjort ting me berre drøymer om. No tek Alex Rosen og Jarle Andhøy turen til Stordfest og held eit ekte maritimt vorspiel med mykje humor og glede.

på med. På Stordfest får du oppleve desse to vaske-ekte moderne piratane frå kaiscenen fredag 28. juni akkurat i det dei mange fantastiske skutene har lagt til kai i Leirvik Hamn. Ei heilt rett ramme for eit vidunderleg heilsprøtt maritimt vorspiel under Stordfest 2013.

Berserk på Stordfest

Dei moderne folkepiratane Jarle Andhøy og Alex Rosén vitjar Stordfest!

Folkekjær og kontroversiell er to ord ein ikkje ofte høyrer saman, men om Jarle Andhøy og Alex Rosén er det nok beskrivande. Med mot og humor har desse to villstyringane vokse seg inn i nordmenn sine hjarter. Felles for dei begge er deira stadige jakt på nye utfordringar og den utrulege evna til å møte alle moglege folk med samme ekte interesse og begeistring. Dei snakkar rett frå hjarta og har ein sjeldan innleving for det dei held

KAISCENA 28. JUNI KL. 17.00–18.00

Alex Rosén.

Jarle Andhøy.

KAISCENA 28. JUNI KL. 12.00

PREMIERE!

SJÅ OPP FOR!

Det vert innslag i gatene kvar dag på festivalområdet. Sjå opp for gatepiratar og Max Normal!

Page 12: Stordfest 2013 – mai

UTESCENA KULTURHUSET 

MARKNADSPLASSEN 

TORSDAG 27. JUNI18.00 Loe Bjørnstad19.00 L’Angelus (US)20.00 Valkyrian Allstars21.00 First Aid Kit (SE)22.30 CC Cowboys

FREDAG 28. JUNI19.00 D’AccorD20.00 Eva & The Heartmaker21.00 Karpe Diem22.30 Gogol Bordello (US)

LAURDAG 29. JUNI18.30 Yuma Sun19.30 Storm Weather Shanty Choir21.00 Kvelertak22.30 Kaizers Orchestra

TORSDAG 27. JUNI10.00 Open marknadsplass med boder,

internasjonal marknad (med bl.a. Paella, oliven, ost, pølser, med meir) og serveringsområde. Ope for alle på marknads plassen. Sceneunderhaldninga startar fredag

22.00 Stengt

SUNDAG 30. JUNI10.00 Open marknadsplass med boder

og internasjonal marknad (med bl.a. Paella, oliven, ost, pølser, med meir)

14.00 Stengt

FREDAG 28. JUNI09.00 Marknadsplassen opnar

med kulturelle innslag, sponsortelt, boder, internasjonal marknad og serveringsområde.

09.00 Familie Bootcamp

10.00 Justin Bieber Tribute Dance Academy

12.00 Vennebyen (premiere på nytt show

13.30 Familiebandet L’Angelus (US)

14.30 Anløp av skutene

16.00 Brygga 11 v/meisterkokken Geir Skeie – for store og små

17.00 Maritimt vorspiel v/Jarle Andhøy og Alex Rosen – røvarhistoriar frå Berserk, m.m

18.00 Evolver

Kjøp billett ved inngang kr. 100/50 (under 10 år) pr. dag

LAURDAG 29. JUNI09.00 Marknadsplassen opnar

med kulturelle innslag, sponsortelt, boder, internasjonal marknad og serveringsområde.

09.00 Familie Bootcamp

10.00 Dansetime med Kulturskulen

11.00 Kortime Stord Ungdomskor/Corona

15.00 Konsert v/Eivind Gullberg Jensen, Sjøforsvarets Musikkorps, Mari Eriksmoen, Berte Rommetveit, Sigurd Sele, ALLSONG av «Mellom Bakkar og Berg» og «Herlege Stordøy». Ordføraren opnar konserten

16.30 Sjørøvar show for borna

17.00 Maritimt vorspiel v/Guttene, allsong og røvarhistoriar frå Bergens beste showmakere

18.00 Orgelfall

Kjøp billett ved inngang kr. 100/50 (under 10 år) pr. dag

SKUTENE TORSDAG 27. JUNI10.00 Ankomst

S/S Statsraad Lehmkuhl

17.00 Skjergardstur S/S Statsraad Lehmkuhl (fullbooka)

FREDAG 28. JUNI14.00 Bli med og ta i mot

skutene!

16.00 Skuter på skjergardstur

LAURDAG 29. JUNI10.00 Sjørøvartur

S/S Christian Radich

14.00 Ope skip på S/S Christian Radich og S/S Statsraad Lehmkuhl

SUNDAG 30. JUNI11.00 Utandørs gudsteneste

S/S Statsraad Lehmkuhl

12.00 Ope skip på S/S Christian Radich og S/S Statsraad Lehmkuhl

Sjå oppdatert program, nyhende og informasjon på www.stordfest.no

Følg oss på Facebook!

Me tek atterhald om endringar i programmet.

KJØP FESTIVALPASS NO!SPAR KR 600,-