rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent Emne: Re:...

9

Transcript of rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent Emne: Re:...

Page 1: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor
Page 2: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

To historier om ein helt og ein humor­ist. To svært ulike historier som likevel handlar om det same – å elske livet og vere klar for dei små og store eventyr som livet byr på. Det er også dette vi ønskjer at Askvoll skal vere for deg – ein stad der du kan oppleve dine personlege eventyr. Ein stad der dine villaste draumar kan realiserast, men også ein stad der dei små kvardags­eventyra kan få lov til å leve.Det er tru og håp dette handlar om, og at dine draumar kan verte vår framtid.

Difor vil vi i Askvoll gje rom for nett dine eventyr.

Aud Kari Steinslandordførar

­rom for eventyr!

INNHALD

Noregs vestlegaste ku bur midt mellom Bergen og Ålesund 4 Talent på djupt vatn 6

Store opplevingarrett på døra 8

Draumen om den store reisa 10

Kart 12

Informasjon 15

Olai Hillersøy frå

Bulandet kom med i Shetlandsgjengen

under 2. verdenskrig. Shetlandsgjengen var modige

fiskarar og sjøfolk som frakta flyktningar frå Vestlandet til Shetland. Dei gjekk både i storm og stille, var aldri trygge for å

verte oppdaga av tyskarane. Olai Hillersøy sette dagstøtt sitt eige liv på

spel for å redde andre frå tysk fangenskap og tortur.

Men Olai er også ein stor humorist. Ein dag då han nærma seg 90 år,

fekk han med seg sonen sin, og dei sette opp eit lite treskilt framfor

huset på Hillersøyna i Bulandet, lengst vest i Noreg. På skiltet stod det

NUDISTLEIR med store bokstavar, og ei lita pil ned mot sjøen. Ein

klesknagg vart også montert på skiltet. Olaien tykte at det

hadde vorte for stilt rundt han i det siste, og han gjorde

noko med det – på sin måte.

Page 3: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

4 5

4 daglege avgangar med ekspressbåt, korrespondanse med ferjerute til øyane. Reisetid til Bergen ca 2,5 timar, til Florø 40 min.

Breiband til alle bygder ikommunen i løpet av 2006.

Tilgjengelege tomter i heile kommunen.

Dagpendleavstand til vidare-gåande skular i Dale og Førde.

Transportstøtte tilungdomsarrangement.

Ungdomskort – rabattordning for all kollektivtrafikk i Sogn og Fjordane.

Askvoll ligg ved skipsleia sentralt på kysten. Det er gode kommunikasjonar med båt til Bergen og bil til næraste flyplass i Førde. To ferjesamband bind saman øyer og fastland medan to samband sikrar kommunikasjon mot sør over Dalsfjorden. Kommunen har lange tradisjonar for pendling til arbeidsplassar i skipsfart, fraktefart og oljeindustri. Mange arbeistakarar dagpendlar også til sørvissenteret Førde.

Page 4: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

6 7

Fra: Askvollkommune<[email protected]>Sendt: fråår2006,ogsålengedetfinsttalentTil: Talent<[email protected]>Emne: Re:Talentpådjuptvatn

Talentpådjuptvatn

>TorLøkelandogIdunLosnegårdhargåttkvarsinvegilivet.DeiertotalentfråAskvollsomharreistutiverdaforårealiseredraumanesine.>TorhaddeetterkvartvaletmellomseljarjobbiSingaporeogåovertafamilieverksemdaSigurdLøkelandASpåHerland.Hanvaldedetsiste.NolagarhandelikatesserforverdsmarknadenavkrabbefråkystenavSognogFjordane.>Idunhaddeeinskodespelarimagen.Hostartamedamatørteateriungdomslaget,toksjansenogreistetilLondonforåutdanneseg.Noerhofreelanceskodespelarogtekopp-dragmellomannavedSognogFjordaneTeater.>Totalent-toretningar,mendensameskaparviljenogeventyrlysta.

MedvenleghelsingAskvoll

Askvoll har godt med tilrettelagt industriareal, og djupvasskaier er tilgjengelege fleire stader i kommunen.

Fiskerinæringa har greidd omstillinga til ein moderne kystnotflåte med god lønsevne.

Landbruksnæringa er inne i ei liknanade omstilling, og reiselivet ser ut til å vere i starten av ein vekstperiode.

Vi samarbeider tett med nabokommunar, og nye bruer over Dalsfjorden og til Atløy vil gjere arbeidsmarknaden større og meir dynamisk.

Industriutvikling på Lutelandet i Fjaler er eit regionalt satsingsprosjekt.

Gründerar har sett spor etter seg i Askvoll. Små lokaleigde industri­verksemder skapar saman med fiskeri og landbruk dei fleste private arbeids­plassane i kommunen. Industriprodukta spenner frå fiskefilet i Bulandet, laks og stein på Værlandet og krabbe på Atløy til mekaniske produkt hos Klausen på Helle og kniv frå Helle Fabrikker i Holmedal.

Page 5: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

8 9

Aktivitetar:Havkajakk, fiske, riding, klatring, hjortejakt, sykkel.

Øyhoppingsturar Solund - Bulandet.

Temaparken i Bulandet – lokalhistorisk samling.

Fleire galleri

I Askvoll finn du alt frå lette spaserturar til luftige toppturar:

Nipebu, sjølvbetjent DNT-hytte med stinett på fastlandet.

Blegja, 1300 meter opp til fantastisk utsikt over kystlandskapet.

Alden – Den Norske Hest – eit lite høgfjell i havet.

Nordsjøløyper på øyane.

Thaimat og havkajakk ­ foredla natur i to variantar ­ to små bitar av eit stort eventyr ­ levert rett på døra. Reiseliv er eit satsingsområde. I sentrum finn du hotell, kro og eit variert handels­ og tenestetilbod. Utleigehytter og gjeste­hamner finst i heile kommunen, og tomtene i dei nye private hyttefelta er ettertrakta. Askvoll har store natur­kvalitetar med heile 17 naturreservat og ein svært spesiell geologi der fjell som Alden og Atløy reiser seg i over 500 meter høgde langt vest i havet.

Page 6: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

10 11

1/3Menneska har til alle tider drøymt om å reise.Kanskje det er difor historia om Ingolf Arnarson – utvandraren frå Rivedal til Island - har halde seg levande i meir enn tusen år?

2/3Heller ikkje i dag nøyer vi oss med draumen!Vi reiser både i verda og på nettet. Ungdommane studerer i utlandet, og vi får ofte utanlandske gjestar på besøk. Nokre er nøgde med ein smak av Askvoll, medan andre vert buande...

3/3Draumen om den store reisa er meir enn ein draum! Nyfikne og reiselystne ungdommar er lokalsamfunna si beste livsforsikring! Dei lever med opne vindauge mot verda og knyter viktige kontaktar for Askvoll si framtid.

Internasjonal ungdomsutveksling i regi av prosjektet «Vesle Daniel».

Samarbeid på bygdenivå med Skottland og Shetland.

Vidareutvikling av dei historiske banda til Island.

Bygging av internasjonale nett-verk knytta tilNordsjøløypa og Naturbruksprosjektet.

Kulturopplevingar i landskapet ( Dalsfjordveka, Nordsjøporthelga, Skjærgardstreffet og skiftande lokale arrangement).

Ungdomsmedverknad gjennom Askvoll Ungdomsråd.Feriearbeid til ungdomgjennom Ung Jobb.

Musikk- og kulturskule, kommunal fritidsklubb og tilskot til ungdomsaktivitetar i lokalsamfunna.

Når reiseaktiviteten aukar, vert positive opplevingar i oppveksten enno vikti­gare enn før. I Askvoll satsar vi på at gode og meiningsfulle opplevingar skal skape breie og sterke band.Involvering i lokalsamfunnet og inter­nasjonal utveksling er hovudpilarane i dette arbeidet.

Draumen om den store reisa!

3 meldingar mottatt

melding sendt

Page 7: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

Værlandet

BulandetAlden

Atløy

Gjervik

Askvoll

Staveneset

EikenesHolmedal

Dale

Kvammen

FjalerKommune

GaularKommune

NaustdalKommune

FloraKommune

Svanøy

Rivedal

Til flyplass og Førde

Askvoll Flokeneset

Herland

Ekspressbåt til Bergen

Ekspressbåt til Florø

Dalsfjorden

Stongfjorden

Førdefjorden

Bulandet: Fiskeri, fiskeindustri,bygdemuseum, øyhoppingog padleeldorado.

Værlandet:Sjøfuglvern i Sørværet,kystkultur i Værøyhamna,Nordsjøløype og steineksport til Italia (Black Beauty).

Alden:Seglingsmerke som stig460 meter rett opp frå havet.

Atløy:Sagaøya med Vilnes kyrkje frå 1674, krabbefabrikk og det geologiske landemerket Brurastakken.

Askvoll:Kystperle og kommune-sentrum. Kommunikasjons-knutepunkt og heimstaden til kunstmålaren Anders Askevold.

Holmedal:Hellekniven si heimbygd. Sterke teaterkrefter og rik industrihistorie.

Rivedal:Sterke band til Island gjennom historia om Ingolf Arnarson.

Stongfjorden: Idyll og industristradisjon.Første aluminiumsverketi Skandinavia.

Staveneset:Helleristningar og grav-røyser fra bronsealder.

Førdefjorden:Trivelege bygder og gode bumiljø langs fjorden.Pendleavstand til Førde.

Fure

Ferje til Dale

13

Tviberg

Stongfjorden

Værlandet

Askvoll

Ferje til Værlandet

Page 8: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

Europa

Oslo

Florø

Kristiansand

Nordkapp

Noreg

Europa

Danmark

Sverige

Finland

Island

Askvoll – knutepunkt mellom sjø og land – med kort veg til dei beste natur­ og kulturopplevingane i Fjord Noreg.

Frå Askvoll kan du utforske andre kystperler som Utvær og Solund i sør, og Svanøy, Kalvåg og Selje i nord.

På dagstur med bil kan du besøkje Jostedalsbreen, stavkyrkjene ved Sognefjorden eller eit av kunst­målaren Nikolai Astrup sine jølster­landskap.

Årvisse opplevingar er også Den Internasjonale Folkemusikkfestivalen i Førde og Kinnaspelet ved Florø.To og ein halv times sjøreise mot sør møter du den gamle hansastaden Bergen. Våren i Bergen byr på kultur­opplevingar som festspel og nattjazz, men også resten av året er byen ein

innfallsport til Vestlandet, og ein smeltedigel for lokal og inter­nasjonal kultur.

Dei største eventyra finn du likevel i dei næraste omgjevnadene ­ øyhopping i Solund og Værlandet/Bulandet, Vikingtur på Dalsfjorden, teaterfest på Kyrkjebakken eller fisketur i lyse sommarnetter ved Flokeneset – alternativa er mange når utgangspunktet er Askvoll.

Gjennom brosjyra «Rom for eventyr» vil vi gje deg ein smakebit av Askvoll og Noreg. Vil du vite meir om eventyret, kan du laste ned brosjyra på engelsk, fransk, tysk og spansk på websida:www.askvoll.kommune.no

Mal: Ralston & BauFoto: David Zadig (s.7 Vasco Pinhol)

Skottland

PolenNetherlands

Shetlandsøyane

FærøyaneFørde

Bergen

Eng

lish:

O

ur b

roch

ure,

«R

oom

for A

dven

ture

»,

aim

s to

giv

e yo

u a

tast

e of

Ask

voll

and

Nor

way

. If y

ou w

ant

to k

now

mor

e ab

out

wha

t we

have

to o

ffer

, pl

ease

dow

nloa

d th

e br

ochu

re in

Eng

lish

from

our

web

site

: w

ww

.ask

voll.

kom

mun

e.no

Fra

nçai

s:

Cett

e br

ochu

re

«Ter

re d

’ave

ntur

vous

don

nera

un

avan

t-go

ût d

’Ask

voll

et d

e la

Nor

vège

. Si

vous

vou

lez

en s

avoi

r pl

us,

télé

char

gez

la

broc

hure

en

angl

ais,

fr

ança

is, a

llem

and

ou

espa

gnol

sur

not

re s

ite:

ww

w.a

skvo

ll.ko

mm

une.

no

Deu

tch:

M

it un

sere

r «M

ärch

ense

ite»

möc

hten

wir

Ihne

n au

f un

sere

Art

ein

en k

lei-

nen

Vor

gesc

hmac

k au

f A

skvo

ll un

d N

orw

egen

ge

ben.

Uns

ere

deut

-sc

he B

rosc

hüre

kön

nen

Sie

auch

auf

uns

erer

H

omep

age

ww

w.a

skvo

ll.ko

mm

une.

no h

erun

ter-

lade

n

Esp

añol

: Con

«E

spac

io p

ara

la a

vent

ura»

hem

os

quer

ido

ofre

cero

s un

a pe

queñ

a m

uest

ra d

e A

skvo

ll y

Nor

uega

. Pa

ra m

ás in

form

ació

n so

bre

la a

vent

ura,

de

scar

gue

el fo

lleto

en

espa

ñol d

esde

el s

itio

web

:w

ww

.ask

voll.

kom

mun

e.no

M

ILJØMERKET

241 Trykksak 600

Page 9: rom for eventyr! · Sendt: frå år 2006,og så lenge det finst talent Til: Talent  Emne: Re: Talent på djupt vatn Talent på djupt vatn >Tor

Postboks 174, 6988 Askvolll Tlf: 57 73 07 00 [email protected]

­rom for eventyr!