Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved...

13
Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule «Korleis er det å leve som ein viking ein heil skuledag?»

Transcript of Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved...

Page 1: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

Årets nysgjerrigper 2020

6.klasse ved Askvoll skule

«Korleis er det å leve som ein viking ein heil

skuledag?»

Page 2: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

1

Innhaldsliste

Trinn 1 – Dette lurer eg på

- Korleis er det å leve som ein viking ein heil skuledag?

Trinn 2- Kvifor er det slik?

- Hypotesar

Trinn 3- Legg ein plan

- Organisering

- Forarbeid og førebuing

- Kva type undersøking brukar vi for å hente inn informasjon?

Trinn 4- Hent opplysningar

- Korleis henta vi opplysningar?

- Spørjeskjema med resultat

Trinn 5- Dette har eg funnet ut

- spørjeundersøking

- vurdering av hypotesane

- konklusjon

Trinn 6- Fortell andre

- utstilling på skulen og bibliotek

Page 3: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

2

1. Dette lurer eg på

6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje

om å arbeide tverrfagleg ein periode. Ideen kom då eit kapittel i

samfunnsfagboka dukka opp, som heitte «Vikingtida». Elevane snakka

lenge om korleis dei trudde det var å leve som ein viking, og då

nysgjerrigpermetoden vart introdusert for dei, var ein av

problemstillingane dei ville undersøke «Korleis er det å leve som ein

viking ein heil skuledag?» Så denne problemstillinga var med heilt frå

byrjinga før vi hadde idémyldring utan eit bestemt tema.

Dei hadde mange idear, som omfatta all slags tema. Vi hadde fleire

runder på kva problemstillingar dei ønskte å ha. Først måtte vi gjennom ei inspirasjonsrunde.

Då gjekk vi gjennom nysgjerrigpermetoden sine nettsider, og spontane spørsmål dei kom på.

Etterpå skulle kvar enkelt skrive ned så mange problemstillingar dei kom på. Vidare delte alle

ideane sine med sidemannen i klasserommet, før vi tok til på ei ny runde der dei skreiv ned

idear. No var dei inspirert av klassekameratane, så denne gongen vart spørsmåla endå meir

nyansert.

Den siste delen bestod av å velje ut ei problemstilling kvar, av alle dei hadde skrivet ned.

Etterpå samla vi alle problemstillingane i eit dokument som ei liste. For å finne fram til den

problemstillinga som flest elevar var interessert i å arbeide vidare med, brukte vi

elimineringsmetoden. Vi hadde dokumentet med problemstillingar på storskjerm, og for kvar

runde skulle elevane bestemme seg for ei problemstilling dei ikkje ville ha. Ved å bruke

handsopprekking, såg vi raskt kva problemstilling som blei stemt ned for kvar runde. Slik

haldt vi på til vi stod igjen med ei problemstilling.

«Korleis er det å leve som ein viking ein heil skuledag?»

Page 4: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

3

2. Kvifor er det slik?

Sidan dette vart eit tverrfagleg prosjekt, der nysgjerrigpermetoden var noko som

kom litt på toppen av det heile, var allereie aktivitetar vi skulle gjennomføre

bestemt. Då visste elevane kva som skulle gå føre seg denne dagen dei ville leve

som vikingar. Då vart det litt lettare då dei skulle danne seg ei meining om korleis

dette kom til å bli.

Elevane måtte først bli kjend med kva ein hypotese var, før dei kunne formulere tankane sine

til ein slik hypotese. Vi gjekk gjennom mange eksempel, og dei fekk prøve seg på å lage

hypotesar knytt til andre tema. Etter litt førebuing på dette, var dei ivrige etter å lage

hypotesar til problemstillinga dei skulle teste. Elevane fekk skrive mange hypotesar kvar, men

måtte til slutt velje ut to kvar som dei ville skulle verte ståande. Kvar enkelt elev har altså sine

to hypotesar som klassen skal teste.

Her er hypotesane frå elevane:

Eg trur det vert vanskeleg å leve som ein viking

Eg trur eg kan lære noko nytt om vikingane

Eg trur det vert kjekt å prøve nye ting

Eg trur det vert rart å sløye ein fisk

Eg trur vi lærer noko vi ikkje visste frå før

Eg trur vi får mykje energi, og at vi får lyst til å gjere meir ting

Eg trur at det vert gøy

Eg trur at vi lærer mykje

Eg trur det vert tungt

Eg trur eg kjem til å verte meir svolten enn vanleg

Eg trur det vert mykje jobb

Eg trur det vert rart

Eg trur det vert spennande

Eg trur det blir ein morosam dag

Eg trur vi vert fortare svolten enn kva vi pleier å bli

Eg trur vi vert trøytte

Eg trur vi vert litt sterkare

Page 5: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

4

Eg trur vi treng meir drikke enn vanleg

Eg trur det vert utfordrande

Eg trur det vert spennande å sjå korleis dei gjorde ting før i tida

Eg trur eg kjem til å vere sletne når vi er ferdige

Eg trur eg får ilt i kroppen

Eg trur det vert strevande

Eg trur eg kjem til å like å leike at eg er ein viking

Page 6: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

5

3. Legg ein plan

Organisering Vidare var spørsmålet korleis ein skulle organisere arbeidet for å teste

hypotesane. Sidan sjølve inn hentinga av informasjon skulle gå føre seg ein heil

skuledag. Opplegget var lagt opp som ein skuledag, men med livsstilen til ein viking, så var

det naturleg i dette tilfellet at alle elevane skulle vere engasjert i alle aktivitetar, og alle skulle

gjennom dei same aktivitetane i løpet av denne dagen. Dagen var lagt opp som ein type

stasjonsarbeid i skogen, slik at måten å organisere aktivitetane på var ein måte elevane var

vande med å arbeide på.

Forarbeid Før denne dagen var det ein del forarbeid som måtte ligge til grunn, for å vere bevisst på

korleis livet til ein viking eigentleg var. Elevane hadde arbeida med teoristoff om

kvardagslivet til vikingane, og snakka om kva ressursar dei hadde tilgjengeleg. Kvardagslivet

innehaldt både matlaging, fysisk arbeid, estetiske oppgåver og leik. Elevane hadde også brukt

sløydtimar å laga sin eigen flettevev, som dei kunne ha med denne dagen. På denne

fletteveven, skulle dei veve snor til eit smykke. Sjølv anhenget til smykket skulle dei også

støype denne dagen. Så ein del av førebuingsarbeidet omfatta også å lage former av keramikk,

som dei kunne legge smelta tinn oppi.

Opplysningane elevane måtte fokusere på å finne denne dagen, var korleis dei opplevde dei

ulike aktivitetane dei skulle gjennom. Gjennom fysisk arbeid, finmotoriske aktivitetar,

estetiske vurderingar, og praktiske oppgåver måtte dei erfare korleis det var å arbeide på desse

måtane for å få eit innblikk i kva kvardagslivet til vikingane dreia seg om.

Kva type undersøking må vi førebu? Sidan heile klassen skulle evaluere denne dagen, måtte vi velje ein enkel måte vi kunne hente

inn informasjon frå 14 elever på. Etter samtale i plenum, vart vi einige om at eit spørjeskjema

var lurt, for det var både tidssparande, og det var lett for alle å bidra, og vi fekk henta inn lik

og like mykje informasjon frå kvar elev. Spørjeskjema skulle innehalde dei ulike typane

spørsmål, enkle og korte spørsmål, ikkje for mange spørsmål, opne spørsmål, lukka spørsmål,

og alle spørsmål måtte ha eit «veit ikkje» alternativ

Tanken var også og ha ein samtale i klassen etterpå, der ein kunne komme med litt generelle

tankar og erfaringar dei hadde lyst å dele med alle.

Page 7: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

6

4. Hent opplysningar

Elevane skulle no prøve seg «ute i felt», og teste hypotesane. Undervegs

på denne dagen kunne dei snakke med andre, samtidig som dei utførte dei

ulike oppgåvene. Vi snakka på førehand om at ein hypotese kan vere

vanskeleg å teste, men det var viktig å gjere det ein kunne for å kunne

anten styrke eller svekke hypotesane. Elevane var bevisst på at dei skulle

prøve alt av aktivitetane, slik at dei hadde eit godt grunnlag når dei skulle

konkludere. Dei vart minna på hypotesane, slik at dei kanskje kunne danne

seg litt meiningar og tankar undervegs.

Gjennom stasjonsarbeid med fire stasjonar, byrja elevane å utforske korleis kvardagslivet til

ein viking kunne vere. Stasjonane var :

Lage bål, som ein trong til å smelte tinn. Tinnet skulle dei helle over i heimelaga

keramikkform.

Page 8: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

7

Sage ved

Teikne typiske motiv frå vikingtida med kolstift

Page 9: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

8

Sløye fisk og snakke om kva ein kunne bruke dei ulike

delane av fisken til

Veve på heimelaga flettevev – ei oppgåve dei kunne kose seg med

inn i mellom, og ved lunsj.

Vi hadde også grilling av fisk på bål med grønsaker, og ein tautrekkingskonkurranse, sidan

dette var ein av formene for leik vikingane brukte.

Evaluering av dagen – spørjeskjema Dagen etter skulle elevane svare på spørjeskjema om denne dagen. Dette var individuelt

arbeid, og dei fekk ikkje snakke med nokon på førehand. Dei hadde god tid til å tenkje

gjennom kva dei skulle svare. Vi snakka om at det var viktig å vere ærleg, slik at

opplysningane vart mest mogleg rett. Dette var for å danne eit godt grunnlag når vi skulle sjå

på hypotesane etterpå og prøve å konkludere om hypotesane stemde eller ikkje stemde.

Opplysningane vart systematisert i ei oversikt, slik at det var lett å lese kva resultata var frå

spørjeskjemaa.

Page 10: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

9

Spørjeskjema nysgjerrigpermetoden

«Korleis er det å leve som ein viking ein heil skuledag?

Korleis var opplevinga di av denne utedagen, samanlikna med det å ha ein vanleg skuledag?

veldig kjekk noko kjekk lite kjekk veit ikkje

7 3 0 0

Korleis var arbeidsoppgåvene i vanskelegheitsgrad?

vanskelege noko vanskeleg litt vanskeleg veit ikkje

0 6 4 0

Kva synes du var den kjekkaste aktiviteten?

matlaging støype sløye

fisk

sage tautrekking teikne

med

kolstift

veve veit

ikkje

II IIIIIIII 0 1II IIIII IIIII I 0

Var det noko du synes var vanskeleg?

matlaging støype sløye

fisk

sage tautrekking teikne

med

kolstift

veve veit

ikkje

0 I IIII IIIII I I 0 II

Lærte du noko nytt denne dagen?

ja nei veit ikkje

9 0 1

Ville du hatt ein slik dag igjen?

ja nei veit ikkje

8 0 2

Dersom du lærte noko, skriv ei lita liste her over kva det var:

At det var vanskeleg å tenne bålet

Å sløye fisk

Å teikne med kolstift, og at mønstera dei brukte var vanskelege

Å støype

At vikingane hadde mykje å gjere

Page 11: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

10

5. Dette har vi funnet ut Då vi hadde systematisert desse opplysningane i skjemaet, var det naturleg og ha

ein samtale i plenum om kva andre tankar dei satt att med. Så først hadde vi ei

runde i klassen der alle fekk sei noko. Etterpå tok vi hypotese for hypotese og

gjekk gjennom, der vi summerte opp litt kva dei tenkte i forhold til dei enkelte

hypotesane. Då fekk vi eit godt innblikk i kva klassen til saman hadde funnet ut

av. Her er hypotesane med ein kommentar under om kva heile klassen tenkte:

Eg trur det vert vanskeleg å leve som ein viking

Noko av aktivitetane var vanskelege, som til dømes å sløye fisk, og å sage

Eg trur eg kan lære noko nytt om vikingane

Ingen tvil om at vi lærte noko

Vi lærte å sløye fisk, støype, at å vere viking var mykje arbeid, at det var vanskeleg

å fyre opp eit bål med flint og stål, og at motiva dei brukte var mykje meir annleis

enn dei vi brukar

Eg trur det vert kjekt å prøve nye ting

Dei fleste synes det var kjekt å få prøve fleire nye arbeidsmåtar

Eg trur det vert rart å sløye ein fisk

Dei fleste synes dette var både rart og ekkel, nokre frå synes det var heilt greit

Eg trur vi lærer noko vi ikkje visste frå før

Det var noko lærdom i denne dagen, spesielt det å sløye fisk, støype og teikne med

kolstift

Eg trur vi får mykje energi, og at vi får lyst til å gjere meir ting

Energinivået var kanskje ikkje så høgt etter ei stund, men motivasjonen var på plass

Eg trur at det vert gøy

Dei fleste ville hatt ein slik dag igjen, for dei synes det var kjekt

Eg trur at vi lærer mykje

Elevane synes dei lærte mykje, spesielt om ein såg denne dagen i samanheng med

førebuingane vi hadde gjort i andre fag

Eg trur det vert tungt

Nokre kjende på at det å sage var tungt

Eg trur eg kjem til å verte meir svolten enn vanleg

Page 12: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

11

Elevane var svoltne når det var lunsj, så svoltne at fisk smakte veldig godt!

Eg trur det vert mykje jobb

Det var travelt med alle arbeidsoppgåvene dei skulle gjennom

Eg trur det vert rart

Det var ikkje så veldig rart

Eg trur det vert spennande

Spennande var dei einige om at det var

Eg trur det blir ein morosam dag

Einige var dei også om at det var ein morosam dag

Eg trur vi vert fortare svolten enn kva vi pleier å bli

Då vi skulle ete var alle svoltne, men ingen hadde tenkt over det sidan vi hadde så

mykje å gjere

Eg trur vi vert trøytte

Då dagen var slutt var alle klar for å reise heim, så litt trøytte vart dei

Eg trur vi vert litt sterkare

Det fysiske arbeidet var tung synes dei, men om dei vart sterkare var det tvil om

Eg trur vi treng meir drikke enn vanleg

Same som med maten, så tenkte ein ikkje over drikke heller det var ein travel dag

Eg trur det vert utfordrande

Noko av arbeidet var utfordrande, og dette var veldig individuelt kva som var det

Eg trur det vert spennande å sjå korleis dei gjorde ting før i tida

Motivasjonen var god heile tida, og noko av arbeidet var spennande

Eg trur vi kjem til å vere sletne når vi er ferdige

Alle var noko trøytte og sletne då dagen var ferdig

Eg trur eg får ilt i kroppen

Ingen fekk ilt i kroppen, det var berre godt å få brukt den litt annleis enn ein vanleg

skuledag

Eg trur det vert strevande

Ikkje så frykteleg strevande, noko individuelt kva som var strevande

Eg trur eg kjem til å like å leike at eg er ein viking

Alle var einig i at vikingdagen var vellykka, og spesielt leiken med tautrekking var

kjekk

Page 13: Årets nysgjerrigper 2020 6.klasse ved Askvoll skule · 2 1. Dette lurer eg på 6.klasse ved Askvoll skule består av 14 elevar, og dei hadde eit ønskje om å arbeide tverrfagleg

12

Klassen konkluderte med at mange av hypotesane stemde. Delar av oppgåvene var

noko individuelt korleis elevane opplevde dei, men dei fleste konkluderte med at

vikinglivet kunne virke kjekt. Lærerikt og kjekt å prøve å leve som ein viking, i staden

for å sitje i klasserommet og lese om det.

6. Fortell til andre

Etter prosjektet og utedagen var fullført, og vi hadde prata og reflektert over prosessen og

arbeidsmetoden, måtte vi formidle noko av arbeidet. Noko av det klassen gjorde, var å lage ei

utstilling av ein liten del av prosjektet. Dei fortalde om prosessen med å lage flettevev og

smelting av tinn, som resulterte i eit smykke. Utstillinga vart sett opp på biblioteket, og

foreldre, lærarar og ordførar var blant gjestane. Utstillinga bestod av smykket dei hadde laga,

plakatar med runesymbol, og vevane dei sjølv hadde laga. Ved opninga fortalde nokre av

elevane kva vi hadde arbeid med siste tida, korleis vi hadde arbeidd, og litt om korleis dei

opplevde prosjektarbeidet og utedagen då vi testa hypotesane.

Elles har elevane laga ei lita utstilling på vegg inne på skulen, med teikningar og rapporten

tilgjengeleg for alle å lese. Vi har også sendt inn til «Årets nysgjerrigper 2020».