Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

14
Flytte til Askvoll kommune. Gründerkommune Bustad og helse Barn og skule 1 Fritid Fjell fiske strand båt Sjå film

description

 

Transcript of Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

Page 1: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

Flytte til Askvoll kommune.

Gründerkommune

Bustad og helse

Barn og skule 1

Fritid

Fjell fiske strand båt

Sjå film

Page 2: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

OM ASKVOLL

2

Folketal rundt 3000

Askvoll er ein kommune i Sogn og Fjordane som ligg ut mot Nordsjøen.

Askvoll er ein omstillingskommune som betyr ekstraordinær satsing på folketalvekstog næringsutvikling.

Naturopplevingar

Historia

Fritid

Page 3: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

FLYTTING TIL ASKVOLL KOMMUNE

LØYVERDet er mange typer løyve og ulike reglar ved flytting til Noreg fra eit anna land. For fullstendig oversikt og informasjon om dei ulike løyva gå inn på www.udi.no

FOLKEREGISTRERINGAlle som flyttar til Noreg eller innenfor Noreg pliktar å gje melding til folkeregistret innan 8 dagar. Folkeregisteret er ein del av skattekontoret. Når du flyttar til Noreg skal du møte personleg på skattekontoret. Skattekontoret som tilhøyrer Askvoll kommune er i Førde. Hafstadvegen 21,6800 FØRDE. Skatt vest Førde.

D-NUMMERSkal du opphalde deg i Noreg under 6 månader, får du tildelt eit D-nummer. D-nummeret er naudsynt for å få skattekort og ha eit kundeforhold til ein norsk bank.

FØDSELSNUMMERAlle menneske registrert og busett i Noreg skal ha eit fødselsnummer. Fødselsnummeret (11 siffer) består av fødselsdato (6 siffer) og personnummer (5 siffer).

Alle som arbeider i Noreg må ha skattekort, som viser kor mykje skatt arbeidsgjevaren skal trekkje før løna vert utbetalt til deg. Du søkjer skattekort hos skattekontoret i Førde, det skal du levere til arbeidsgjevarendin. Meir om skattetrekk og frådrag finn du her. Hva blir skatten for siste inntektsår?

3

Page 4: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

INNFØRING AV FLYTTEGODSNår du flyttar til Noreg må du fylle ut skjemaet Erklæring for innførsel av flyttegods. ( RD0030).Du skal levere erklæringa til tollvesenet når du kjem til Noreg og skal tollbehandle flyttegodset.Om du ikkje vere til stades ved tollbehandlinga, må du syte for at den som fraktar varene for deg,kan leggje fram flyttegodserklæringa som er underskriven av deg. Flyttegodset kan ikkje bli tollbehandla før erklæringa er levert og rett utfylt. For å forenkle tollkontrollen, bør du leggje ved ei oversikt over kolliane.

Nokre varer har spesielle innførslesreglar: For meir informasjon klikk på kvart

element, matvarer, planter, dyr, motorkjøretøy , fritidsbåt, Alkohol og tobakk, våpen.

Yrkesutstyr er ikkje friteke for avgifter i samband med flytting og må fortollast.

Ved flytting til Askvoll kommune er det Tollregion Vest-Norge du skal kontakte. E-post [email protected]. sentralbord 55 57 37 00, på landsbasis bruk gjerne fellesnr. 03012. Heimeside www.toll.no

4

Meir informasjon på fleire språk kan du finne her.

Page 5: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

ARBEID

Alle har rett til ei skriftleg arbeidskontrakt, uansett lengde på arbeidsforholdet, eller storleik på stillinga. Informasjon om arbeidskontrakt, arbeidstid, løn, ferie, feriepengar, permisjon, helse, miljø og tryggleik, oppseiing og anna finn du på www.arbeidstilsynet.no.

Eigenmelding/sjukemelding, hovudregelen er at retten til eigenmelding kan brukast opptil tre kalenderdagar om gongen, deretter må du levere sjukemelding fra lege. Du kan bruke eigenmelding fire gonger i løpet av ein 12-måneders periode. Arbeidstakar må ha vore tilsett i 2 måneder før ein kan bruke eigenmelding.

Arbeidstaker har krav på fri dersom barnet eller barnepassar er sjuk. Retten avgrensar seg fram til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år og gjeld 10 dagar kvart år, eller 15 dagar kvart år dersom ein har omsorgfor meir enn to barn. Meir informasjon på www.nav.no

Du har rett på sjukepengar om du misser inntekt på grunn av sjukdom. Vilkår er at du har vore tilsetti minst fire veker før du vert sjukemeld. For meir informasjon om sjukepengar sjå www.nav.no

Når du arbeider i Noreg, blir du automatisk medlem av norsk folketrygd frå din første dag på jobb. Du vil ikkje bli medlem dersom du arbeider mellombels for din utenlandske arbeidsgjevar i Noreg.

Finn jobb på www.finn.no, www.firda.no, www.framtidsfylket.no, www.nav.no

5

Page 6: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

GRÜNDER

Askvoll Sjømat & Delikatesser starta opp i Juli 2010 og er drive av Inger Johanne, Helge og Eirik. Tre faglærde kokar som ønskjer å gje deg eitgodt utval av fersk fisk, bakvarer, heimalaga salatar, spennande ost, spekemat samt mykje meir. Sjå meir her.

Norsk Bergsikring AS er eit selskap som starta opp i februar 2012 og tek til seg oppdrag av alt innan fjellsikring. I utgangen av oktober 2012 hadde deiallereie 5,1 millioner kroner i omsetning. Meir om Norsk Bergsikring her.

Askvoll er i utvikling og vil gjerne høyre frå deg som er gründer eller deg som har ein forretningidé!All informasjon om næringsutvikling i Askvoll Kommune finn du her.

6

Innovajon Norge bidreg til nyskaping i næringslivet. Føremålet med Innovasjon Norge er at ved hjelp av innovasjon, internajonalisering og profilering bidra til å skape lønsame bedrifter av regionale ressursar og fortrinn. Sjå meir informasjon på www.innovasjonnorge.no

På www.altinn.no er det samla informasjon om det du treng å vite for og etablere deg som næringsdrivende og drive næringsverksemd i Noreg.

I Askvoll kommune er det fleire nye spennande bedrifter, her er kort om to av dei som har oppnådd suksess på kort tid.

Page 7: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

HUGS INNBUFORSIKRING

DEPOSITUM er et pengebeløp som leigetakar stiller som sikkerheit for husleige. Depositumet kan ikkjevere større enn 6 gonger månadleg leige, vanleg er 3 mnd. Beløpet skal setjast på ein eigen bankkonto (vert deponert) og verken leigetakar eller utleigar kan disponere beløpet på eiga hand i leigeperioden.

Standardleigekontrakt finn du på www.forbrukerportalen.no

BUSTØTTE skal hjelpe personar med låge inntekter og høge buutgifter til å skaffe seg bustad eller bli

buande. Søkjarane må oppfylle alle vilkår for ordninga. Søknadsfrist for å søkje om bustøtte er den 14. i kvar

månad og utbetaling 10. i månaden etter. Søknad sendast til: NAV Askvoll, Kommunehuset på kaia,Postboks

43,6988 Askvoll

Å finne bustad: Lokalavisa, lokalnettavisa, www.firda.no og www.finn.no

Leie bustad

7

Page 8: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

Startlån er ordning der personar som har problem med å få lån frå banken, kan søkje om startlån for å kjøpe bustad. Sjå meir informasjon om startlån her www.husbanken.no

Grunnlån inntil 80 % av kostnader eller salspris av ny bustad. Søknad sendast til Husbanken . www.husbanken.no

Førsteheimslån er ei ordning for personar som ikkje har bustad i Noreg. Det er banken der du søkjer lån som avgjer og vurderer søknad. Ta med sjølvmelding og lønsslipp når du besøkjer banken din.

Bustadtilkot er ei ordning som dei mest økonomisk vanskelegstilte kan søkje på til kommunen. Sjå meirinformasjon på www.husbanken.no

Å kjøpe bustad

8

Page 9: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

BARN

Svangerskapspengar: Du kan ha rett til svangerskapspengar om tilhøvet på arbeidsplassen kan føre til risiko for skader for fosteret. Du må ha vore i arbeid i minst fire veker for å ha rett til svangerskapspengar og at det ikkjeer mogleg med omplassering eller tilrettelegging til anna arbeid på arbeidsplassen

Foreldrepengar kan du ha rett dersom du har hatt arbeidsinntekt i minst seks av dei ti siste månedane . Tidligere arbeidsforhold i EØS-land kan reknast med.

Eingongsstønad vert gjeve ved fødsel og ved adopsjon dersom du ikkje har rett til foreldrepengar. Du må vere medlem i folketrygda på det tidspunktet du føder eller adopterer barn, for å kunne ha rett til eingongsstønad. Du kan lese meir på www.nav.no

Barnetrygd er ein stønad som vert gjeve for alle barn under 18 år som er busett i Noreg. Barnetrygden skal bidra til å dekkje utgifter ved å ha barn. Dersom du er einsleg forsørgjar, kan du få barnetrygd for eitt barn mer enn det du faktisk bur sammen med (utvida barnetrygd). Søknadsskjema og meir informasjon her.Dersom du er statsborger i et EØS-land og arbeider i Norgeg mens familien din bor i hjemlandet, kan du ha rett til Barnetrygd etter spesielle regler, sjå meir her.

Kontantstøtte kan søkjast på om har barn mellom eitt og tre år. Vilkåret er at barnet ikkje har heltidsplass i barnehagen. Meir informasjon her.

9

Page 10: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

SKOLE

Barnehage: Kommunen har ansvar for barnehagene i Noreg. Oversikt over barnehagar i Askvoll kommune finn du her. Søknadsskjema for barnehageplass hos Askvoll kommune finn du her.

Grunnskule : Alle barn er pliktige til å gå i grunnskule i ti år. All offentleg grunnskuleopplæring er gratis. Oversikt over grunnskuler i Askvoll kommune finn du her.

Skulefritidsordningane, SFO, er eit frivillig tilbod til alle barn 6-9 år som treng tilsyn og omsorg før og etter skuletid og heile dagar når elevar på 1. – 4. årssteget har skulefri. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur, og fritidsaktivitetar. Sjå meir informasjon her. Søknadsskjema og prisar finn du her.

Videregåande skular finst det fleire av i området rundt Askvoll kommune: Dale videregående , Øyranevideregående og Hafstad videregående . Videregåande skule skal vere gratis, men elevane må dekkjeutgifter til naudsynt utstyr. Meir informasjon om Videregåande opplæring i Sogn og Fjordane finn du her.

Skuleskyss er ei gratis teneste til alle barn som bur langt fra skulen. For førsteklassingar er grensa 2 km, fra 2-10 klasse er grensa 4 km, medan den på videregåande er satt til 6 km.

Høgare utdanning kan du finne alt om på www.samordnaopptak.no

10

Page 11: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

FRITID

Vik aktivitet og islandshestgard er eit flott ridesenter som tilbyr kurs etter skuletid, vekekurs med og uten overnatting på sommartid. Meir informasjon finn du her.

Askvoll bibliotek er eit kombinert skule- og folkebibliotek. Biblioteket er plassert på Askvoll skule - like ved Askvollhallen. Finn meir informasjon her.

Kulturskulen har tilbod om ulike aktivitetar, piano, musikkverkstad, fiolin, kunstskule, dramagruppe, kor og dans. Finn meir informasjon her.

11

I Askvoll er fotballlag, handballlag, barneidrett, volleyball og badminton. Treningstider finn du her

Symjing, Askvoll skule har symjebasseng på 12,5x8,5 m. Tider finn du her.

I Askvoll kommune er flott natur for barn og vaksne. Du kan finne mange fine turstier i naturen. Til dømes Alden – den norske hest. Eit fjell som stig nesten loddrett opp av havet. Det er også populært å gå på Blegja som er den høgste fjelltoppen langs kysten. Med sine 1304 m.o.h. er dette ein utfordrende tur men naturopplevinga er desto større.

Page 12: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

HELSE

Eigenandel er det beløpet du sjølv må betale hos den offentlege helsetenesta. Du betaler berre ein liten del av kostnaden for den helsetenesten du har motteke. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit fastsett beløp i godkjende eigenandeler som høyrer inn under frikortordninga. Dette vert kalla for egenandelstaket. Det er Stortinget som fastset eigenandelstaket kvart år. Svangerskapskontroll er friteke fråeigenandel.

Europeisk helsetrygdkort kan du få om du er medlem av folketrygda i Noreg. Oppheld du deg mellombels i eit anna EØS-land eller Sveits, bør du ha med deg Europeisk helsetrygdkort. Kortet dokumenterer at du har rett til naudsynt helsehjelp på lik linje med oppholdslandets eigne statsborgarar.Her kan du bestille Europeisk helsetrygdkort.

Informasjon om fastlegeordninga, prisar og korleis du byter fastlege finn du på www.helfo.no.

Legevakta i Askvoll har tlf 57734613. Legevakta hjelper deg med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. VED AKUTT ALVORLEG SJUKDOM OG SKADAR; RING NØDNUMMER 113. På dagtid: Ta kontakt med fastlegen ved Askvoll legekontor, tlf 57 73 46 00. Meir informasjon om Askvoll legesenter finn du her.

Sjukehuset i Førde. Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde.

12

Helsestajonen í Askvoll kommune er eit tilbod til barn og unge frá 0 til 20 år. I Askvoll er det to helsesøtre og lege kver torsdag. Helsestajonen er lokalisert i 2. etg. I Askvoll legesenter. Meir informasjon finn du her.

Jordmortenesta i Askvoll kommune er heilheitleg omsorg rundt graviditet og fødsel, barseltid og nyfødtperiode. Jordmortenasten er lokalisert i 2. etg. I Askvoll legesenter. Meir informasjon finn du her.

Page 13: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

TRANSPORT OG TJENESTER

Bruk av utenlandsk førarkort utskrive i EU/EØS land er gyldige like lenge som i landet det er skrive ut i.For førarkort skrive ut i andre land, sjå her.

For reglane og skjema for innførsel av bil og mellombels bruk se her.

Informasjon om forsikringsvilkår og pris for bilforsikring kan du finne her.

Eu kontroll i Askvoll kan du få hos AutoMarin as og Askvoll Servicesenter.

Viktige datoar for deg som har bil: 1.januar – grunnlag for årsavgiftskrav for eiar av kjøretøy med forfall 20.mars, 1. måndag etter påske er tid for skifte til sommerdekk, 1.november – kan du ta på piggdekk.

På www.firda-billag.no finn du all informasjon om bussturar til og fra Askvoll kommune. Ruteinformasjon i Noreg får du i tlf 177 eller www.177.no.

Næraste flyplass er Bringeland flyplass, for billettar sjå www.wideroe.no For internasjonale fly sjå www.sas.no, www.norwegian.no

13

Page 14: Flytte til Askvoll kommune Nynorsk

VERDT Å VITE

I Noreg har alle rett til å ferdast i naturen, i skog og fjell og ved sjø og kyst, uavhengig av kven som eiggrunnen. Du kan fritt oppholde deg på stader som vert rekna som utmark, som strender, svaberg, vatn, myr, hei, skog og fjell. I utmark kan du plukke bær, sopp og blomar. Det er lov å slå opp telt i naturen men minst 150 meter borte fra næraste hus eller hytte. Ønskjer du bli meir en to netter på ein stad må du spørje grunneigar om løyve til det. Det er strengare reglar for innmarks som er hustomt, gardsplassar knytt til bustader og fritidshus, all dyrka jord, åker, eng og liknande områder. Det er lov å fiske i elver og sjø men det krev løyve eller fiskekort fra grunneigar.

Postkontor i Askvoll finn du i Coop.

NØDNUMMER: Brann og større ulukker 110Politi og redningssentral 112Ambulanse 113

Askvoll velforening kan du ta kontakt med på [email protected]

14

Meir informasjon om Askvoll kommune finn du her. Kontaktinformasjon: Askvoll kommune, Rådhuset, boks 174, 6988 ASKVOLL. Telefon: +47 57 73 07 00, epost [email protected].

I Askvoll og i Noreg er det veldig vanleg å bruke fritida si på å delta i frivillig arbeid. Å engasjere seg i eit lag eller organisasjon er difor ein fin måte å bli kjend med folk i lokalsamfunnet ditt.