Onen 1/2013

4
NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN 1/2013 Språk er fossil poesi, skreiv den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson i 1844. Med raust inkluderande arrange- ment over heile landet gjer Språkåret 2013 endå meir poesi til levande språk. ONEN HAUGE-SENTERET I SPRÅKÅRET Ulvik ligg midt i verda, og verdas poesidag høyrer Ulvik til. Unesco vedtok i 1999 å lage ein slik verdsdag. Den dagen feirar Hauge-senteret laurdag 23. mars med film og lyrikk. I beste kaffitid på ettermiddagen viser me filmen Dråpar av eit diktarliv. Dei som gjekk glipp av poeten Erlend Nødtvedt på Ulvik Poesifest i or, får ein ny sjanse no. Dei som var der i or, veit kva dei har å gle seg til denne laurdagskvelden. No har han dessutan med seg Alexander Lund på kontra- bass. HAUGE SAMLA PÅ TYSK – Det er utfordrande å omsetja og gjendikta Hauge, for han nyttar fleire ord som ikkje finst i ordbøkene, seier diktaren og omsetjaren Klaus Anders. I or vår var han ferdig med si store gjendikting av Olav H. Hauge til tysk. Me har inter- vjua Anders om arbeidet med Gesammelte Gedichte. Det intervjuet er no publisert på www.haugesenteret.no. ROM FOR UNG POESI Hauge-senteret skal formidla poesi i mange former på tvers av språkgrenser. Me ynskjer også å kryssa aldersgrensene. I Hauge-senteret får publikum møta både dei sterke røys- tene som lenge har vore viktige, og dei nye røystene som er på veg inn i poesien eller musikken. Når me feirar Verdas poesidag 23. mars, kjem difor 17 år gamle Åshild Sorteber- glien Ljones frå Ulvik med sin vakre tradisjonssong saman med Marte Lindvik på fele. Til 80-årsdagen for Olav H. Hauge i 1988 vart det laga ein film der diktaren Jan Erik Vold intervjua Hauge heime på Rossvoll. «Vold og eg sette oss til eit bord på loſtet, fotogra- fane hadde sikta inn kanonane und ljoskastarane, og so bar det laust», skreiv Hauge i dagboka etter opptaka. Filmen Dråpar av eit diktarliv har ikkje vore vist offentleg på over 20 år. Produsentar var Turid Borgen og Hans Eirik Voktor. Dei har teke godt vare på filmen, som no er digitalisert av produksjonsselskapet TVP i Stavanger. Dette er ein av få filmar der Olav H. Hauge sjølv fortel om si dikting. Den 23. mars får filmen nypremiere i Hauge-senteret, og Voktor kjem for å presentera filmen. DROPAR AV EIT DIKTARLIV Foto: Jan Erik Vold

description

Meldingsbladet Onen 1/2013

Transcript of Onen 1/2013

Page 1: Onen 1/2013

NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN

1/2013Språk er fossil poesi, skreiv den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson i 1844. Med raust inkluderande arrange-ment over heile landet gjer Språkåret 2013 endå meir poesi til levande språk.

O N E NHAUGE-SENTERET I SPRÅKÅRETUlvik ligg midt i verda, og verdas poesidag høyrer Ulvik til. Unesco vedtok i 1999 å lage ein slik verdsdag. Den dagen feirar Hauge-senteret laurdag 23. mars med film og lyrikk. I beste kaffitid på ettermiddagen viser me filmen Dråpar av eit diktarliv. Dei som gjekk glipp av poeten Erlend Nødtvedt på Ulvik Poesifest i fjor, får ein ny sjanse no. Dei som var der i fjor, veit kva dei har å gle seg til denne laurdagskvelden. No har han dessutan med seg Alexander Lund på kontra-bass.

HAUGE SAMLA PÅ TYSK– Det er utfordrande å omsetja og gjendikta Hauge, for han nyttar fleire ord som ikkje finst i ordbøkene, seier diktaren og omsetjaren Klaus Anders. I fjor vår var han ferdig med si store gjendikting av Olav H. Hauge til tysk. Me har inter-vjua Anders om arbeidet med Gesammelte Gedichte. Det intervjuet er no publisert på www.haugesenteret.no.

ROM FOR UNG POESIHauge-senteret skal formidla poesi i mange former på tvers av språkgrenser. Me ynskjer også å kryssa aldersgrensene. I Hauge-senteret får publikum møta både dei sterke røys-tene som lenge har vore viktige, og dei nye røystene som er på veg inn i poesien eller musikken. Når me feirar Verdas poesidag 23. mars, kjem difor 17 år gamle Åshild Sorteber-glien Ljones frå Ulvik med sin vakre tradisjonssong saman med Marte Lindvik på fele.

Til 80-årsdagen for Olav H. Hauge i 1988 vart det laga ein film der diktaren Jan Erik Vold intervjua Hauge heime på Rossvoll. «Vold og eg sette oss til eit bord på loftet, fotogra-fane hadde sikta inn kanonane und ljoskastarane, og so bar det laust», skreiv Hauge i dagboka etter opptaka. Filmen Dråpar av eit diktarliv har ikkje vore vist offentleg på over 20 år. Produsentar var Turid Borgen og Hans Eirik Voktor. Dei har teke godt vare på filmen, som no er digitalisert av produksjonsselskapet TVP i Stavanger. Dette er ein av få filmar der Olav H. Hauge sjølv fortel om si dikting. Den 23. mars får filmen nypremiere i Hauge-senteret, og Voktor kjem for å presentera filmen.

DROPAR AV EIT DIKTARLIV

Foto

: Jan

Eri

k Vo

ld

Page 2: Onen 1/2013

LAURDAG 23. MARS16.00 Heradsstyresalen, Olav H. Hauge-senteretDråpar av eit diktarliv

Olav H. Hauge i samtale med Jan Erik VoldRedigert filmopptak frå 1988 Introduksjon ved filmproduse-nt Hans Eirik Voktor

Unge tonar: Tradisjonsmusikk med songar Åshild Sorteberglien Ljones og felespelar Marte Lindvik Kr 150 / student, honnør 100

21.00 Den grøne kafé, UlvikPoesikveld med Erlend O. Nødtvedt

Tonefølgje av Alexander Lund (kontrabass)Kr 100

LAURDAG 4. MAI16.00 Heradsstyresalen, Olav H. Hauge-senteretInn i diktarverdaMøte med ein folkekjær forfattarProgram vert annonsert seinareKr 100

Med atterhald om endringar

OLAV H. HAUGE-SENTERET

GJESTENE HAR ORDETDette skulde vere ein ny dag, og eg trur det er. For eg har gjort eit stort forset, sett stål i viljen, og lova å byrja å nyo.Rett nok gjeng me og ventar på at det underfulle skal skje, og det fær me vona det gjer ein gong òg, men inntil so lenge fær me gjera det ein kan, med det ein ser seg råd med. Det er litt hardt å gripa til seigt metodisk arbeid for

ein som trur på magi, og det gjer me alle, men det fær so vera. Skal du til Mars, nyttar det lite å byrja gå etter stjer-na.

Olav H. Hauge i dagboka 1. mars 1959

Under utvikling: eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser

Foto: Odd Nerbø

ARRANGEMENT VÅREN 2013

A wonderful welcome from Olav Hauge to one who left many years ago. A man from my parents’ generation in Ulvik. Tu-sen takk! Trygve Bratteteig & Sanja Bulic

Har med glede sett teikningane til Jon Hjelmevoll, og lese nokre dikt av Olav.Magnus Ljone

FRÅ FILM TIL LYRIKK– Olav H. Hauge var ein internasjonalt orientert diktar, og er framleis respektert i mange ulike kulturar. Det univer-selle i det nære, opnar for spennande formidling av Hauge og anna nynorsk poesi. Det seier Geir S. Netland (53). Måndag 4. mars tek han til som dagleg leiar ved Hauge-senteret. Netland har arbeidd med film og kino i fleire tiår. Han har produsert ei rekkje dokumentarfilmar og fjernsyns-seriar og vunne prisar for fleire kortfilmar. Netland har også vore kinosjef på Bryne, i Sandnes og i Stavanger. Han har vore styremedlem i festivalen Maijazz og var med og bygde opp den barne- og ungdomsfilmfestivalen som no heiter Fabu. Kven av dei mange filmskaparane som er favoritten hans? Andrej Tarkovskij, ein av dei største i sovjetrussisk film. Hauge + Tarkov-skij. Her er det duka for litt av kvart.

Foto

: Asc

heho

ug

Foto

: Pri

vat

Page 3: Onen 1/2013

MITT HAUGE-DIKT

TILSKOTSGIVARAR

TA KONTAKT! KOM INNOM!

Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik

www.haugesenteret.no Tlf. 56 52 70 70

Kontortid måndag–fredag 9–15

Omvising i temautstillingane etter avtale

Einsleg, forvistlangt frå land,strider holmenpå grufsen fjellsjø.I stille næter,når sjøen søv,kjenner han berget under segbreider seg tungt og veldig utog vert eitt med landet.Dropar i austavind, 1966

Eksistensielt om byrgskapen og styrken i det å vere ein del av makrokosmos, enn kor einsamt det kjennest.

Theresa Wallevik, leiar Venelaget Olav H. Hauge

Under utvikling: eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser

ULVIK HERAD

GJEST PÅ ROSSVOLL«Ham skulle du møte. Han og hans Bodil bor midt i et stort maleri», skreiv Rolf Ja-cobsen om Olav H. Hauge i 1977. Han hadde vore der før og visste kva han snakka om. I 1980 var han der att; dette

biletet er teke i juni 1980. Jacobsen og Hauge kjende ikkje kvarandre personleg då dei var unge, men i godt vak-sen alder vart dei gode vener. Dei møttest første gongen våren 1973 – Hauge var 64, Jacobsen 65. Foto: Bodil Cappelen.

DEN FJERDE STILLINGANo har Hauge-senteret tre faste medarbeidarar og det er sett av midlar til den fjer-de og siste stillinga ved Hauge-senteret frå hausten 2013. På 2 ½ år har Nynorsk kultursentrum sikra Ulvik og Hauge-senteret fire faste arbeidsplassar av den sor-ten kommunar flest saknar – og fleire nye innbyggja-rar.

HAUGE-MATERIALE?Ei viktig oppgåve for Olav H. Hauge-senteret er å dokumentera diktarens liv og forfattarskap. Veit du om kvar det finst brev, dikt og anna han skreiv, og gjenstandar han eigde eller laga, høyrer me gjerne frå deg så me kan registrera ei-gar og informasjon.

Holmen

BESTE LYRIKK-BIBLIOTEKET I LANDETOlav H. Hauge har sett mange spor etter seg i Ulvik. Eit av dei mest handfaste er i Ulvik folkebibliotek. Sidan 1965 har det kome ut mengder av lyrikk på norsk. Slike bøker kvittar dei fleste biblioteka seg med så fort dei kan. Berre ikkje Ulvik folkebibliotek. Der er dei alle saman, godt synlege fyller bøkene hyllemeter på hyllemeter, ute blant publikum, ikkje i eit låst magasin. Kan noko bibliotek i landet syna til noko liknande? Trur ikkje det, nei.

Page 4: Onen 1/2013

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM ANSV. REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

GRENSELAUSTTorsdag 27. juni opnar Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda. 50 arrangement sei-nare er det slutt søndag et-termiddag 30. juni. Festspela er eit av dei store arrange-menta i Språkåret 2013. 200-årsjubileet for Ivar Aa-sen vert feira med å sjå fram-over.

I tråd med temaet Grense-laust har Dei nynorske fest-spela i år heile tre festspel-diktarar, alle unge og alt viktige: Lars Petter Sveen, Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Bot-heim. Hauge-senteret eig litt i dette, me også. Guri Sørum-gård Botheim er med i utstil-lingsgruppa som arbeider med den store basisutstil-linga vår.

NEI, KVA GJER ME PÅ?Me tenkjer, les, ringjer, skriv, lærer, skriv, ringjer, les, ten-

kjer. Me skal arbeida oss fram til våre måtar å fortelja på om Hauge og andre lyri-karar.

Me skal finna ut korleis he-radshuset i Ulvik best kan fyllast med ei basisutstilling som overraskar publikum og gjev dykk lyst til å koma att. Og me skal gjera noko ingen har gjort før. Planar vert lag-

ww

w.h

aug

esen

tere

t.no

Olav H. Hauge Dikt i samling (hefta) Kr 149

Til

bo

d f

ne

ttb

uti

kk

en

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: ABC Kr 229

Iren Kleiven Putetrekk, bilete og kort med ulike Hauge-sitat

Putetrekk kr 450 Bilete kr 229 Kort kr 30

de, avtalar skrivne, dårlege idear forkasta. Er det noko du synest me bør gjera, høy-rer me gjerne frå deg!

BLIR DU NR. 1000?Medan me byggjer opp det som skal verta det samla pu-blikumstilbodet vårt, gjev me publikum ei rekkje ar-rangement, dessutan utstil-lingar i enkle former. Seinare i vår presenterer me som-marprogrammet. Så mange har gjesta oss at ein eller an-nan gong i år kjem gjest nr. 1000. Vert det du? Ei over-rasking ventar til den rette.