Onen 1/2012

4
NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 2. ÅRGANGEN 1/2012 No gjev me eit førebels tilbod i form av temautstillingar, utvalde arrangement og stoff på haugesenteret.no. Den 10. mai 2014 opnar me basisutstillinga. Då tek den nye tida til. ONEN STATSSEKRETÆREN KJEM Torsdag 19. april kjem statssekretær Lubna Jaffery i Kultur- departementet til Ulvik. Den dagen møter ho rådet i Ny- norsk kultursentrum for å drøſta oppfølging av språkmel- dinga og for å få vita alt ho treng om arbeidet med Hauge-senteret. I rådet sit representantar for Ulvik herad og dei andre 22 stiſtarane frå heile landet som står bak Ny- norsk kultursentrum. Nyleg vart Mona H. Hellesnes vald til varaordførar i rådet. Same dagen lanserer Arne Skjerven og Steinar O. Bergo ny bok med ukjende Hauge-tekstar. FEM UTSTILLINGAR I EITT I år viser Hauge-senteret fem temautstillingar på ein gong. Saman med temautstillingar om Olav H. Hauge, Jon Fosse og Halldis Moren Vesaas syner me to andre utstillingar frå Ivar Aasen-tunet. Det usynlege språket fortel om omsetjing og gjendikting, og Klassisk kulturarv om den europeiske tradisjonen som Hauge var så lommekjend i. Ta gjerne kon- takt på førehand om gruppe- og helgebesøk. EIN LOGO MED H Nynorsk kultursentrum med alle sine avdelingar tek no i bruk eit nytt profilprogram og dermed nye logoar. Dette skal både få fram samanhengen mellom avdelingane og gje kvar avdeling ein særmerkt identitet. Logoen for Hauge-senteret er signert Olav H. Hauge og henta frå namnetrekket hans i den svenske boka Diktaren om sin dikt frå 1982. Fargen gav seg sjølv. Det måtte verta grønt. Det var slik det tok til. Ei kvinne sat innesnødd utanfor Arendal og skreiv til ein diktar ho berre hadde møtt gjen- nom dikta hans. Etter kvart svara han med «Kjære Bodil», og på få år utvikla venskapen og kjærleiken seg mellom dei i brevs form. Den 28. april 1975 tok Bodil Cappelen det store steget og flytta til Ulvik. «I dag kom Bodil for godt», skreiv Olav H. Hauge i dagboka. Han var over 20 år eldre enn henne og av mange utsett til evig ungkarsliv. Under Dei nynorske festspela i or las Bodil Cappelen frå dikt og brev til tonefølgje på fele av Sigrid Moldestad. Dei to fann ein tone som gjekk rett til hjarta på kvar ein gjest. Onsdag kveld 18. april skjer det på ny, i heradsstyresalen i Ulvik: Kjære Olav. Kjære Bodil. KJÆRE OLAV

description

Onen, Haugesenteret

Transcript of Onen 1/2012

Page 1: Onen 1/2012

NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 2. ÅRGANGEN

1/2012No gjev me eit førebels tilbod i form av temautstillingar,

utvalde arrangement og stoff på haugesenteret.no. Den 10.

mai 2014 opnar me basisutstillinga. Då tek den nye tida til. O N E N

STATSSEKRETÆREN KJEMTorsdag 19. april kjem statssekretær Lubna Jaffery i Kultur-departementet til Ulvik. Den dagen møter ho rådet i Ny-norsk kultursentrum for å drøfta oppfølging av språkmel-dinga og for å få vita alt ho treng om arbeidet med Hauge-senteret. I rådet sit representantar for Ulvik herad og dei andre 22 stiftarane frå heile landet som står bak Ny-norsk kultursentrum. Nyleg vart Mona H. Hellesnes vald til varaordførar i rådet. Same dagen lanserer Arne Skjerven og Steinar O. Bergo ny bok med ukjende Hauge-tekstar.

FEM UTSTILLINGAR I EITTI år viser Hauge-senteret fem temautstillingar på ein gong. Saman med temautstillingar om Olav H. Hauge, Jon Fosse og Halldis Moren Vesaas syner me to andre utstillingar frå Ivar Aasen-tunet. Det usynlege språket fortel om omsetjing og gjendikting, og Klassisk kulturarv om den europeiske tradisjonen som Hauge var så lommekjend i. Ta gjerne kon-takt på førehand om gruppe- og helgebesøk.

EIN LOGO MED HNynorsk kultursentrum med alle sine avdelingar tek no i bruk eit nytt profilprogram og dermed nye logoar. Dette skal både få fram samanhengen mellom avdelingane og gje kvar avdeling ein særmerkt identitet. Logoen for Hauge-senteret er signert Olav H. Hauge og henta frå namnetrekket hans i den svenske boka Diktaren om sin dikt frå 1982. Fargen gav seg sjølv. Det måtte verta grønt.

Det var slik det tok til. Ei kvinne sat innesnødd utanfor Arendal og skreiv til ein diktar ho berre hadde møtt gjen-nom dikta hans. Etter kvart svara han med «Kjære Bodil», og på få år utvikla venskapen og kjærleiken seg mellom dei i brevs form. Den 28. april 1975 tok Bodil Cappelen det store steget og flytta til Ulvik. «I dag kom Bodil for godt», skreiv Olav H. Hauge i dagboka. Han var over 20 år eldre enn henne og av mange utsett til evig ungkarsliv. Under Dei nynorske festspela i fjor las Bodil Cappelen frå dikt og brev til tonefølgje på fele av Sigrid Moldestad. Dei to fann ein tone som gjekk rett til hjarta på kvar ein gjest. Onsdag kveld 18. april skjer det på ny, i heradsstyresalen i Ulvik: Kjære Olav. Kjære Bodil.

KJÆRE OLAV

Page 2: Onen 1/2012

ONSDAG 18. APRIL20.00 Heradsstyresalen, Heradshuset i UlvikKjære Olav. Kjære Bodil.

Bodil Cappelen og Sigrid MoldestadKr 150Billettsal i døra

TORSDAG 7. JUNI19.00 Den grøne kafé, Heradshuset i UlvikDiktarmøte

Henning H. BergsvågKr 80Billettsal i døra

I august er me medarrangør for Diktardagen ved Hardan-ger Folkemuseum på Utne.

OLAV H. HAUGE-SENTERET

DEN STORE POESIHELGAÅ VAKNAI dag vakna eg og var vaken. Det hadde opna seg liksom. Fuglane og alt levande, ja, daudt med, visste alt um kvarandre og lydde og svara, sjølv flugone, so vel som må-sar kom og sette seg på handi mi. Ja, dette er ikkje noko nytt, eg har upplevd slikt ofte, ikkje berre i draumar. Men so ris ein, og tek til med

dagen, og røyndi legg seg til ro att, eller søkk tilbake, men sjølv so sementa og grå er ho ikkje.

Olav H. Hauge i dagboka 22. mars 1960

Foto: Odd Nerbø

TENKINGA ER I GANGI desember og januar hadde utstillingsgruppa og fag- rådet ved Olav H. Hauge-senteret dei første møta sine. Desse utvala skal vera rådgjevarar i utviklinga av senteret, og store spørsmål melde seg alt ved første høve.Fagrådet peika på at poesi er viktig i alle kulturar, men kva funksjon har poesien i ulike land, og korleis kan Hauge-senteret formidla noko av dette? Fagrådet slo fast at berre det å laga ein katalog over Hauges publiserte dikt i ulike variantar er ei svær og tidkrevjande oppgåve.Kva gjer me når me skal for-midla lyrikk, som er tekst, ord, lyd? Det drøfta utstil-lingsgruppa, som ikkje stop-

pa der: Korleis kan me ut-trykkja dette i ei utstilling? Gruppa minte om at Hauge greip dei unge med opplesin-gane sine, men spurde seg sjølv: Kor mykje kan ungdo-men ha forandra seg? Det lurer nok fleire på.

BY-STOLAR I SALENHeradshuset i Ulvik vart opna i 1953. Året etter lan-serte Fora Form i Ørsta ein stol dei kalla City. I fjor gjekk Ulvik herad og Nynorsk kul-tursentrum saman om eit spleiselag for ei meir funk-sjonell innreiing i salen. Med god hjelp frå interiørarkitekt Unni Bryn på Voss og med dåverande ordførar Mona H. Hellesnes som prøvesitjar fall valet på stolen som er jamga-mal med huset. No kan salen

PROGRAM VÅR OG SOMMAR 2012

Frå torsdag 13. til søndag 16. september fyller Ulvik Poesifest folk og hus med poesi frå all verda. Temaet er «Forvandling», og alt no er det klart at Hauge-gjendiktaren Klaus Anders, fin-ske Catharina Gripenberg og tyrkiske Orhan Tekelioglu kjem. Det same gjer felespelaren Be-nedicte Maurseth og songaren Åsne Valland.

Page 3: Onen 1/2012

MITT HAUGE-DIKT

TILSKOTSGIVARAR

TA KONTAKT! KOM INNOM!

Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvikwww.haugesenteret.no Tlf. 56 52 70 70

Ope måndag–fredag 9–15

Omvising i temautstillin-gane etter avtale

Det er rotstokkane av alle trei som har stupt uti her, som gjer du kan gå trygt yver myri. Slike stokkar held seg lenge, dei kan ha lege her i hundratals år, og endå er det eit morke skrimsel att av dei under mosen, dei er enno med og ber so du kjem frelst yver.

Og når du skyv ut på fjellvatnet, kjenner du at minnet um den kaldingen som drukna seg her ein gong, er med og ber den skrale pråmen. Han, den galningen, trudde livet sitt til vatnet og æva. Frå Dropar i austavind, 1966.

Minne om han som drukna seg får båten til å flyte. Kanskje han ofra seg?

Stein Torleif Bjella

lett endrast frå møterom til konsertsal. I januar hadde heradsstyret sitt første møte med nye bord og stolar. No-kre tykte at dei nye borda var litt smale for alle papira, men alle sat så godt at det vart både lange innlegg og gode vedtak.

ULVIK HERAD

UNG POESI-TEVLING

I samarbeid med Hordaland fyl-keskommune skipar Venelaget Olav H. Hauge til tevlinga ”Ung poesi i Hordaland”. Prisen er på 10 000 kr og kan delast opp.

Tevlinga er open for alle mellom 18 og 30 år som ikkje har debutert som forfattarar og som bur i Hor-daland.

Send fem lyrikktekstar med namn, yrke, alder og adresse i eige doku-ment til [email protected] eller Unni Solem, Boks 5, 5730 Ulvik.

Tekstane vert vurderte av ein uav-hengig jury oppnemnd av tilskipa-rane. Namn vert ikkje lagde fram for juryen.

Frist for innsending er 20. juni 2012. Prisvinnarane vert varsla på førehand, og prisen vert delt ut fredag 14. september 2012 under Ulvik Poesifest.

LEIAR MED INDUSTRINYNORSKKjersti Kildahl (52) frå Bergen er tilsett som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret frå 1. juni. – Aldri før har ei stil-lingsutlysing snakka så direkte til meg, seier Kildahl. – Med det gode arbeidet som alt er gjort, er det ei ære å få vera med og utvikla denne viktige kulturinstitusjonen vidare. Kildahl har foreldre frå Voss, voks opp i Ålvik og tok exa-

men artium ved Øystese gymnas i 1980 – saman med Jon Fos-se. Utdanna siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule i 1984 gjennomførte ho i 2008 Solstrand-programmet for leiarutvik-ling. Ho har arbeidd i både offentleg forvaltning og private verk-semder og er styremedlem i fleire kulturinstitusjonar.Mari Olafson Lundemo sluttar 30. mars, og Ottar Grepstad er fungerande dagleg leiar til Kildahl tek over. – Kildahl kjem til Hauge-senteret med robust røynsle som leiar og utoverretta for-midlar. Me takkar Lundemo for slitesterk innsats og gler oss stort over at Kildahl har takka ja, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Yver hengjemyri

Page 4: Onen 1/2012

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM ANSV. REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

FESTSPELA 20 ÅR20-årsjubilanten Dei nynor-ske festspela i Ørsta og Volda opnar torsdag 28. juni og sluttar søndag 1. juli. Temaet er «Songen» og festspeldikta-ren er Arne Moslåtten frå gruppa Hellbillies.

– Med Moslåtten som fest-speldiktar gjev me songlyrik-

ken den plassen denne dikte- og brukskunsten fortener i norsk litteratur, seier pro-gramansvarleg Åshild Wi-derøe. Programmet vart lan-sert 27. mars, og billettsalet er i gang på aasentunet.no. Der kan du også kjøpa t-skjorta av året og festspel-krus med originaltekst av Moslåtten.

100 SIDER OM 2013Tysdag 31. januar kl. 14.05 aula byråkratane ut av kon-tora sine i Kulturdeparte-mentet. Dei samla seg rundt

møtebordet hos ekspedi-sjonssjef Roy Kristiansen for å vera dei første som fekk sjå på den 100 sider store pro-sjektplanen for Språkåret 2013. I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og Språkåret skal vera ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg. Dette er fyrste gong at også bokmålet vert feira nasjonalt, saman med samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk.Nynorsk kultursentrum har

ww

w.h

aug

esen

tere

t.no

Sigrid MoldestadSandkorn

Kr 180

Til

bo

d f

ne

ttb

uti

kk

en

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: Brev 1970 – 1975

Kr 299

Haugekopp av Ingvild S. Winters

Kr 280

teke på seg den store opp- gåva det er å styra dette store tiltaket som opnar i Kristiansand 2. januar 2013.

LESEHUG FOR HAUGETorsdag 26. april inviterer Voss bibliotek og litteratur-gruppa Lesehug til stor kul-turkveld om Olav H. Hauge i Voss kulturhus. Der vert ut-stillinga Diktarens utvegar om Hauge frå Ivar Aasen-tunet vist, og ein av innleia-rane er dokumentasjonsan-svarleg Eirik Bergesen Dalen ved Olav H. Hauge-senteret.