NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · Klar Tale. Ho er siviløkonom og jobbar i Civita....

4
Foto: Maren Gjelvik / Klar Tale SØTT: Vi et 1 sjokolade i sekundet i påska. Heidi Schellhorn er blant dei som har forstått at sjokolade er god butikk. Vi handlar påskesjokolade for fleire hundre millionar kroner. Påskeharar i grønt og brunt er sett fram på disken. Gule kyllingar og fargerike egg er pakka fint inn. Alt er laga av sjokolade. Det blir ete 1 sjokolade i sekundet i påska. Og mange tek turen innom sjokoladebutikken SebastienBruno i Mathallen i Oslo. – Vi merkar det allereie nokre veker før påske. Spesielt egga er populære. Mange vil bruke dei til å pynte opp heime, seier Heidi Schellhorn. Ho er butikksjef i seks av SebastienBruno sine butikkar. Sjokoladane liknar små kunstverk. Dei kostar meir enn sjokolade frå mat-butikken. Schellhorn trur nordmenn er blitt meir opptekne av kvalitet. Konditor Pascal Dupuy driv kjeda Pascal. – Vi selde 16.000 påskeegg i or. Egga er ikkje akkurat rimelege. Vi bruker berre den beste sjokoladen, som kostar mykje meir enn annan sjokolade, seier Dupuy. Maren Gjelvik [email protected] Harar og egg Les meir på side 2 Mange andre kan berre gløyme all den betalte fritida. TRAFIKK: Folk juksar med teoriprøven når dei skal ta førarkort. Det avslører kanalen NRK. Kriminelle nettverk hjelper folk til å jukse. Nettverka som NRK veit om, er utanlandske. Nokre har drive med juksinga sidan 1990-talet. KASAKHSTAN: Eit romfartøy utan folk i skal «snuse» etter liv på planeten Mars. Ferda starta måndag frå Kasakhstan. Mange er spente på dette samarbeidet mellom Europa og Russland. Sonden skal vere framme 19. oktober. Juksar når dei tek førarkort Skal leite etter liv på Mars kort klart & TORSDAG 17.03.2016 NYHENDE PÅ NYNORSK 6

Transcript of NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · Klar Tale. Ho er siviløkonom og jobbar i Civita....

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · Klar Tale. Ho er siviløkonom og jobbar i Civita. Dei deltek i debattar i samfunnet. Vi skal ha ferie minst 25 vanlege arbeidsdagar

Foto

: Mar

en G

jelv

ik /

Kla

r Tal

e

SØTT: Vi et 1 sjokolade i sekundet i påska. Heidi Schellhorn er blant dei som har forstått at sjokolade er god butikk.

● Vi handlar påskesjokolade for fleire hundre millionar kroner.

Påskeharar i grønt og brunt er sett fram på disken. Gule kyllingar og fargerike egg er pakka fint inn. Alt er laga av sjokolade. Det blir ete 1 sjokolade i sekundet i påska.Og mange tek turen innom sjokoladebutikken SebastienBruno i Mathallen i Oslo.

– Vi merkar det allereie nokre veker før påske. Spesielt egga er populære. Mange vil bruke dei til å pynte opp heime, seier Heidi Schellhorn.

Ho er butikksjef i seks av SebastienBruno sine butikkar.

Sjokoladane liknar små kunstverk. Dei kostar meir enn sjokolade frå mat-butikken. Schellhorn trur nordmenn er blitt meir opptekne av kvalitet.

Konditor Pascal Dupuy driv kjeda Pascal. – Vi selde 16.000 påskeegg i fjor. Egga er ikkje akkurat rimelege. Vi bruker berre den beste sjokoladen, som kostar mykje meir enn annan sjokolade, seier Dupuy.

Maren [email protected]

Harar og egg Les meir på side 2

Mange andre kan berre gløyme all den betalte fritida.

TRAFIKK: Folk juksar med teoriprøven når dei skal ta førarkort. Det avslører kanalen NRK. Kriminelle nettverk hjelper folk til å jukse. Nettverka som NRK veit om, er utanlandske. Nokre har drive med juksinga sidan 1990-talet.

KASAKHSTAN: Eit romfartøy utan folk i skal «snuse» etter liv på planeten Mars. Ferda starta måndag frå Kasakhstan. Mange er spente på dette samarbeidet mellom Europa og Russland. Sonden skal vere framme 19. oktober.

Juksar når dei tek førarkort

Skal leite etter liv på Mars

kortklart& TORSDAG

17.03.2016

NYHENDE PÅ NYNORSK

6

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · Klar Tale. Ho er siviløkonom og jobbar i Civita. Dei deltek i debattar i samfunnet. Vi skal ha ferie minst 25 vanlege arbeidsdagar

2 TORSDAG17.03.2016NOREG

Vi boltrar oss i fritid ● Mens nordmenn et

appelsin i solveggen, jobbar dei i USA.

Det har akkurat vore juleferie og vinterferie. No er påskeferien her. Og alle dei herlege heilagdagane. – Vi treng ikkje meir pengar for å bli lykkelege. Vi vil heller at folk jobbar endå mindre, og tener mindre pengar, seier Lars Gaupset til Klar Tale. Han er partisekretær i Miljøpartiet dei Grøne.

Snart skal vi nyte skjærtorsdag. Det er ein offentleg fridag i Noreg. Svenskane og amerikanarane skal jobbe.

Folk i mange andre land kan berre gløyme all den betalte fritida. Folk i Sør-Korea må klare seg med 11 dagar ferie i året. USA har 14 dagar. Det viser ei undersøking frå reisebyrået Expedia i 2014, skriv avisa Aftenposten.

– Eg synest ikkje vi nordmenn er late. Mange deltek i arbeids-livet i Noreg. Det betyr at vi jobbar mange timar til saman. Vi har teke oss råd til meir ferie, seier Mathilde Fasting til Klar Tale. Ho er siviløkonom og jobbar i Civita. Dei deltek i debattar i samfunnet.

Vi skal ha ferie minst 25 vanlege arbeidsdagar i året.

13 offentlege fridagar kjem i tillegg. Desse varierer frå land til land. – Folk jobbar færre og færre timar. Det har skjedd gradvis sidan 1930-talet, seier Fasting.

Vi må jobbe meir effektivt framover, seier ekspertar. Viss ikkje, kan vi ikkje bruke så mykje pengar på velferd. Folk må jobbe lenger enn til dei er 67 år gamle. Og Noreg kan ikkje rekne med å tene så mykje pengar på olje som før. Mange blir også eldre på éin gong. Då bruker vi meir pengar på pleie.

Karin Flø[email protected]

SOL: Snart er det påskefri for mange av oss. Då er det fint med ein tur til fjells, om sola skin.

Foto: Lise Åserud / N

TB

scanpix

OPPGÅVA

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · Klar Tale. Ho er siviløkonom og jobbar i Civita. Dei deltek i debattar i samfunnet. Vi skal ha ferie minst 25 vanlege arbeidsdagar

TORSDAG17.03.2016 3 NOREG

VERDA

Det kostar samfunnet 154 milliardar kroner i året at vi et usunt, seier Helse-direktoratet. Vi kunne spart pengane om vi følgde råda frå styres-maktene.

Kristeleg Folkeparti vil tilby eit ekstra år på vidaregåande skule. Det gjeld elevar som står i fare for å slutte på skulen.

Ein hund blei slept nesten 2 kilometer etter ein bil i Haugesund i Rogaland søndag. Eigaren oppdaga det ikkje. Hunden overlevde.

Kort fortalt

Kort fortalt

Meiner Breivik blir straffa for mykjeRETTEN: Terrordømde Anders Behring Breivik blir straffa ekstra. Det sa advokaten hans Øystein Storrvik i retten tysdag. Breivik har saksøkt staten. Han får ikkje sone med andre fangar, og breva hans blir sjekka. Han meiner at

staten bryter menneske-rettane. – Soninga kan ikkje bli verre enn det ei dødsstraff ville vore, sa Storrvik.

Ber om tips frå 1993DRAP: Sambuaren til Ann Karin Nilsen seier at han drap henne i 1993. Politiet ber no om hjelp til å finne kvinna. Dei har etterforska saka utan å finne liket. Nilsen høyrde til rusmiljøet i Oslo. Ho var lam i høgre arm, skriv nyhendebyrået NTB.

1.500 fleire må slutte i AkerNÆRINGSLIV: 1.500 personar kan måtte slutte i selskapet Aker Solutions i 2016. – Dette er vanskeleg, men naudsynt. Selskapet skal bli betre rusta i konkurranse, skriv dei i ei pressemelding.

HELSING: Breivik hadde barbert

hovudet og gjorde nazihelsing

i retten.

TRANGT: Det blei trangt i gatene då folk protesterte mot presiden-ten i Brasil.

1,4 millionar mot presidentenBRASIL: Mange vil at president Dilma Rousseff i Brasil skal slutte. I storbyen Sao Paulo demonstrerte 1,4 millionar menneske søndag. Folk demonstrerte også i andre byar. Dei er sinte på grunn av skandalen i oljeselskapet Petrobras. Politikarar og sjefar er mistenkte for å ta imot pengar i det skjulte. Partiet til Rousseff skal ha fått pengar, meiner politiet.

Russland hentar soldatar og fly tilbake frå Syria. Dei vil bidra til fred i staden.

Htin Kyaw er vald til ny president i Myanmar. Han er nær venn av politikar Aung San Suu Kyi.

Minst 14 lik er funne i ei massegrav i Venezuela. Dei er truleg blant dei 21 forsvunne gruve-arbeidarane.

Foto: NTB scanpix

Foto: NT

B scanpix

Foto: NTB scanpix

Foto:Politiet

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · Klar Tale. Ho er siviløkonom og jobbar i Civita. Dei deltek i debattar i samfunnet. Vi skal ha ferie minst 25 vanlege arbeidsdagar

4 KULTUR Konstituert redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

Satsar på britisk krim ● I år kan du velje mellom

fem britiske krimseriar på TV. Kvifor er påskekrimmen vår alltid britisk?

Den aller første påskekrimmen blei send på TV for 40 år sidan. Då blei Noreg kjent med Lord Peter Wimsey på kanalen NRK. Han snakka pent, kledde seg feilfritt og drakk te. Og han hadde som hobby å løyse mysterium.

Sidan har vi sett fleire høflege britar på TV-skjermen. Etter kvart er dei forfina detektivane blitt til bryske politifolk. Men ramma er framleis den same: Påskekrimmen skal vere britisk.

– NRK har ein vellykka tradisjon med å sende britisk krim i påska, seier Trine Fossan i NRK. Ho har ansvar for å kjøpe inn TV-seriar.

Det er ikkje slik at krimmen absolutt må vere britisk, seier ho. Men det blir gjerne slik. Britane lagar nemleg den typen krim som NRK gjerne vil sende i påska.

– Den skal vere mystisk og skummel, og gjerne på ein slik måte at heile familien kan sjå på den. Det er ofte meir vald og action i krim frå USA, seier ho.

Tradisjonen med påskekrim stammar visstnok frå ein

svært vellykka reklame i 1923. Reklamen for «Bergenstoget plyndra i natt» førte til stor suksess for boka. Den starta trenden med å lese krim i påska.

– Påskekrim er jo eit fenomen vi berre har her i Noreg, seier Nina Lorgen Flemmen. Ho er sjef for å kjøpe inn seriar til kanalen TV 2. Også TV 2 satsar på britisk krim i år. Hovudkrimmen er ein spion-thriller i åtte delar. «The Night Manager» er så fersk at den framleis blir send på TV i Storbritannia.

Ingvild [email protected]

ERKEBRITISK: Det osar britisk av påskekrimmen på TV. Her er tre av dei fem seriane du kan få med deg.

Foto

: Kan

alen

e

«The Night Manager»

«Unge inspektør Morse»«Ingen utvei»

På NRK:

På NRK:

På TV 2: