NETT NO - UTG 1 / 2013

68
UTG. 1 / 2013 AMBASSADØRANE DEI HAR BEGGE TOPP-POSISJONAR I NHO. LES KVA KJERSTI KLEVEN, TORE ULSTEIN OG 22 ANDRE BEDRIFTSLEIARAR SPÅR OM FRAMTIDA.

description

 

Transcript of NETT NO - UTG 1 / 2013

Page 1: NETT NO - UTG 1 / 2013

UTG. 1 / 2013

AMBASSADØRANE DEI HAR BEGGE TOPP-POSISJONAR I N H O. LES KVA KJERSTI KLEVEN,

TORE ULSTEIN OG 22 ANDRE BEDRIFTSLEIARAR SPÅR OM FRAMTIDA.

Page 2: NETT NO - UTG 1 / 2013
Page 3: NETT NO - UTG 1 / 2013

Innovation Expertise Quality Added value

SPIRIT OF INNOVATIONULSTEIN er opptatt av å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Vi tilbyr kostnadseffektive, sikre og pålitelege produkt og tenester til aktørar som tenker heilheitleg og langsiktig. Gjennom satsing på innovasjon, kompetanse og fokus på kvalitet, ønskjer vi å levere meirverdi til våre kundar.

fUlsteinUlsteinGroup

www.ulstein.com

Page 4: NETT NO - UTG 1 / 2013

4

Næringslivet på Sunnmøre og i Nordfjord har plassert seg i verdstoppen innanfor offshore, fiskeri, oppdrett, verft og maritim utstyrsindustri. Totalt omsette bedriftene for 150 miliiardar kroner i 2012, og berre innanfor maritim næring er det over 14000 tilsette på Sunnmøre.

Regionen har over 200 offshorefartøy, fiskeflåten er av den største og mest moderne, og her er det trass dystre spådomar frå mange forståpsegpåarar framleis stor akti-vitet i verftsindustrien. Men også innanfor møbel, handel og næringsbygg er det stor aktivitet, og dagleg vert det starta nye bedrifter, medan andre flyttar ut og legg ny mark under seg.

Mange av bedriftene er høgt profilerte, medan andre høy-rer vi lite om. Gjennom NETT NO skal vi ta pulsen på næringslivet i heile regionen. Vi skal vere best på nyhei-ter, men vi skal også gå i djupna og gjere analyser og formidle trendar. For om næringslivet skal lukkast i å vere verdsleiande, må også journalistikken følgje med.

NYSATSINGARI handa held du det første magasinet frå NETT NO, eit magasin der vi går grundig gjennom tilstanden for næ-ringslivet på Sunnmøre og i Nordfjord. Men NETT NO vil i hovedsak konsentrere seg om nett og mobil, med ei rekkje spesialtilpassa løysingar for næringslivsaktørar, po-litikarar, lærarar, forskarar og andre samfunnsinteresserte menneske. Målet er at alle skal verte raskt og godt oppda-terte same om ein er i Sykkylven, Måløy, Singapore, Paris eller Ålesund.

Av nysatsingane er Nytt om namn, Offshorelista og Stilling ledig. Den siste tenesta er med målretta sosial integrasjon ettersom utviklinga går mot at ein i stadig større omfang rekrutterer tilsette gjennom sosiale medium og utanfor dei tradisjonelle mediekanalane.

Gjennom Nytt om namn, vil ein raskt få vite alle endringar av leiarar og mellomleiarar i næringslivet, medan ein i Offshorelista vil få ei komplett oversikt over samtlege offshorefartøy med tilknytning til distriktet.

FELLES STYRKEMålet vårt er at satsinga skal styrkje næringslivet i regi-onen og derigjennom gjere regionen endå meir attraktiv for både tilsette og kundar. Utviklinga av NETT NO har derfor skjedd i tett dialog med næringslivet, og vi ønskjer å utvikle oss vidare i samspel med næringslivet.

Hovedaktørar bak satsinga er dei erfarne næringslivsjour-nalistane Kjetil Haanes og Ogne Øyehaug, i samspel med byrået Racer.

Sjølv om dei tilsette i NETT NO skal følgje bedriftene tett både heime og ute, har selskapet etablert seg med hoved-kontor i Fosnavåg Rederipark i Herøy, med avdelingskon-tor i Ørsta og Ålesund.

Vi håpar at du likar det produktet du no held i handa, og at du ønskjer å følgje NETT NO vidare.

Kjetil Haanes & Ogne Øyehaug

VELKOMEN TIL NETT NO

Kontraktar vert inngått, selskap starta og personar skiftar beite i stort tempo i den mest pulserande næringslivs-regionen i landet. Gjennom nysatsinga NETT NO skal vi følgje med for deg.

Page 5: NETT NO - UTG 1 / 2013

5

HER ER REDAKSJONENTil saman har dei nesten 100 års medieerfaring. No utgjer dei den redaksjonelle kjernen i storsatsinga NETT NO.

Ogne Øyehaug, Kjetil Haanes og Ivar Myklebust Longvastøl, har alle bakgrunn frå Sunnmøre, men har brei journalistisk erfaring frå ulike regionale og nasjonale medium. I tillegg til dei tre erfarne journalistane, vil NETT NO også ha ein stab av frilansarar for å kunne ha ei kontinuerleg god dekning av næringslivet i dei 22 kommunane på Sunnmøre og i Nordfjord.

Kjetil HaanesPrisvinnande journalist med erfaring frå Vestlandsnytt og Sunnmørsposten. Tidlegare konserntillitsvald i Orkla Media, Edda Media og Mecom plc, nestleiar i Norsk Journalistlag, styreleiar i Norsk Presseforbund og leiar for den norske Ekspertgruppa for ytrings og pressefridom. Har arbeidd for fleire internasjonale presse- og ytringsfridomsorganisasjonar. Er fødd i 1957 og bur i Gjerdsvika.

Mobil: 90 20 12 34Epost: [email protected]

Ogne ØyehaugNæringslivsjournalist i Dagens Næringsliv 1997-2002 og i Bergens Tidende 2002-2013. Arbeidde ved Dagens Næringslivs kontor i Ålesund frå 1993 til 2002. Har dekt finansnæringane, fiskeri, oppdrett og oljebransjen. Er fødd i 1960 og bur i Ørsta. Utdanna frå BI og Journalisthøgskolen i Oslo.

Mobil: 95 77 97 27Epost: [email protected] Twitter: @Ognenettno

Ivar Myklebust LongvastølHar arbeidd som journalist i Møre-Nytt, NRK Sogn og Fjordane og Firda Media. I over 10 år med ansvar for næringslivsstoffet i Firda. Har fått Gulaprisen for framifrå journalistikk på nynorsk og presseprisen for Sogn og Fjordane. Utdanna lærar og journalist. Frå Vartdal, fødd i 1957 og bur for tida i Cape Town i Sør-Afrika. 

Telefon: 21 38 89 70Mobil: +47 91 14 98 13 / + 27 7 21 58 09 19 Epost: [email protected]

Page 6: NETT NO - UTG 1 / 2013

HOVUDKONTORNETT NOv/Bakkar & Berg MediaFosnavåg Rederipark6090 Fosnavåg

POSTADRESSEBakkar & Berg MediaPostboks 886001 Ålesund

DAGLEG LEIAREirik Staurset

REDAKSJONAnsvarleg redaktør:Ogne ØyehaugNyheitsredaktør: Kjetil HaanesSkribent: Ivar Myklebust Longvastøl

PRESSEKONTAKTOlav Sindre [email protected] 96 689

DESIGN OG PRODUKSJONRacer

FRAMSIDEFOTOMarius Beck Dahle

TRYKKTrykkmann AS

OPPLAG 10.000

UTGIVAR Bakkar & Berg Media

Ettertrykk er forbode utan avtale med Bakkar & Berg Media.

Page 7: NETT NO - UTG 1 / 2013

Tener 50 øre for kvar krone 8

Ulstein beste næringslivskommune 12

Surfar på gode tider 15

Nyskapande på kysten 16

Fem fantastiske år 18

Dempa feststemning 20

Oljeboomen jaga møbel ut 24

Norsk-hollandsk forbrødring 26

Tente best i nordvest 30

Maritime menn på lønstoppen 32

Løn som ein miniputt 38

Ambassadørane 40

Dei 100 største bedriftene 46

Ventelista 48

Storebrødre frå utlandet 50

Bedriftsleiarane om framtida 52

Kampen om vegkryssa 56

Milliardgevinst i Hexagon 62

Vil gjenreise linefiskaren 65

INNHALD

Page 8: NETT NO - UTG 1 / 2013

8

- Eg trur at mykje av nøkkelen til suk-sessen finn ein att i ordtaket om «sko-makar, bli ved din lest», seier Ivar Slettevold, gründeren og den daglege lei-aren i offshorereiarlaget Sanco Shipping.

Driftsresultatet for eigarselskapet Sanco Holding 2012 enda på formidable 93 mil-lionar, slik at selskapet sat att med 50 øre for kvar omsett krone. Også resultatet før skatt er sterkt, 65 millionar kroner.

SØSTRENE SANC OSeks fartøy har reiarlaget etter at seis-mikkfartøyet «Sanco Swift» vart over-levert frå Myklebust Mek. Verksted i Gursken i juli i år. I mars 2014 kjem søsterskipet «Sanco Sword» frå det same verftet. Totalt er prislappen 1,2 milliardar kroner, eksklusivt seismikkutstyr, for dei to skipa.

- Det første skipet kontraherte vi på spe-kulasjon, og vi stussa litt på om vi hadde mist litt av bakkekontakta då vi satsa så mykje pengar utan å ha oppdrag. Men arbeid ordna seg, og skipet gjekk rett ut i arbeid i Nordsjøen for Dolphin Geophy-sical, seier Slettevoll.

Dei to søsterskipa er 96 meter lange, 23 meter breie, er utrusta for 60 personar og

skyt 3 D-seismikk frå inntil 16 kablar.

- Dette er slett ikkje av dei største og dy-raste seismikkskipa, men det er av dei mest effektive.

Slettevoll burde vite kva han snakkar om, for han har jobba maritimt heile livet og har ikkje minst bak seg 15 år som skipper på ulike seismikkfartøy, dei fleste eigde av reiarlaget Rieber Shipping i Bergen. Han hadde i denne tida også byggjetilsyn på mange av seismikk-fartøya deira, og kom i kontakt med seismikkoperatørar, slik som Geco, CGG og PGS.

FAMILIESAT SINGDet var også erfaringa frå seismikk som var årsaka til at han i 1996 fekk med seg kona, Bjørg, og broren Bjarte, til å starte selskapet Sanco Shipping. Dei starta med to tome hender, men 17 år seinare tel sel-skapet seks skip, har 150 tilsette og om-sette i 2012 for 185 millionar kroner. Sjølv om 2012 var eit toppår, kan selskapet vise til ei lang rekkje år der driftsresultatet har lege langt oppe på 40 % -talet, noko som er eksepsjonelt høgt for offshoreselskap.

- Ja, vi har vore heldige, vedgår Slettevoll.Litt av forklaringa ligg også i at selskapet vert drive med ein svært liten stab frå ho-

vudbasen i Gjerdsvika, medan dei fleste av sjøfolka er utanlandske og skipa er registrerte i Gibraltar.

Men dei starta forsiktig. For å kome i gang, kjøpte dei den gamle reketrålaren «Flåværing» frå Herøy og sette den inn som vaktbåt for seismikkselskapa. Opp-draget var å halde andre båtar vekke frå seismikk-kablane.

- Det gjekk greitt, men her opererte vi i den nedste enden av verdiskapinga inn-anfor seismikk. Vi ville vere med også i den andre enden, seier Slettevoll.

Han hadde lenge sett at det var store kost-nader forbunde med at seismikkfartøya måtte til land for å etterfylle bunkers. Dermed måtte operasjonen avbrytast, ut-styret takast om bord, og fartøya måtte gå lange turar til land.

- Då vi i 1996 bestemde oss for å satse på eige selskap, gjorde vi det innanfor eit område der vi sat på mykje kunnskap. Med så mange konkurrentar, har du in-gen sjans, om du ikkje veit minst like mykje som konkurrentane, forklarer Slet-tevoll.

>>>>

TENER 50 ØRE FOR KVAR KRONEMed utgangspunkt i vesle Gjerdsvika har Ivar Slettevoll og medarbeidarane makta det kunststykket å byggje opp eit av landets mest lønsame offshoreselskap.

Tekst og foto: Kjetil Haanes

Page 9: NETT NO - UTG 1 / 2013

9

SANCO SHIPPING

Tal i mill.kr

2012 2011Driftsinntekter 185 180Driftsresultat 93 79Resultat før skatt 65 50

«Vi var dei første i verda som gjorde det på denne måten»

SEISMIKKPAR: Ivar og kona Bjørg Slettevold satsa på offshoreselskap i vesle Gjerdsvika - og lukkast.

Page 10: NETT NO - UTG 1 / 2013

10

>>>>I samråd med broren Bjarte, vart det bestemt å satse på ei løysing der ein ved eigne skip frakta bunkers ut til seismikk-fartøyet og gjennom ein slange overføre oljen medan fartøya var i fart.

- Seismikkfartøya går i konstant fem knops fart, og vi bestemde oss for ei løy-sing der vi ligg 70 til 100 meter framfor moderfartøyet og overfører oljen via slange. For å unngå driftsstans, satsa vi også på båtar med to propellar og to mas-kineri.

Hausten 1997 kom dei over ein slik båt, og kjøpte eit tidlegare lasteskip som vart ombygd til fraktefartøy av olje.

Konseptet vart straks ein stor suksess. Det vart presentert for selskapet PGS som straks tende på ideen og det ombygde Sanco-skipet fekk femårs kontrakt med PGS.

- Vi var dei første i verda som gjorde det på denne måten, seier Slettevoll.

L ANGSIKTIGE AV TAL ARSeinare vart det bygd spesialbygde skip til frakting av olje, og nye langsiktige avtalar inngått med selskap som PGS og CGG. Etter kvart ville selskapet også satse på eigne seismikkfartøy. Første forsøket vart gjort med to skip som kunne skyte tredi-mensjonal seismikk ved hjelp av seis

mikk-kablar som vert lagde i mønster på havbotnen, i staden for å verte slept etter moderskipet.

Sjølv om konseptet ikkje vart nokon stor suksess for Oslo-selskapet RXT som satsa på denne typen seismikk, har Sanco-ski-pa hatt godt med oppdrag fram til i dag. Men det er gjennom dei nye seismikk-skipa «Sanco Swift» og «Sanco Sword» at Gjerdsvik-selskapet har teke steget opp mellom dei større aktørane. Dei to skipa kan slepe 16 seismikk-kablar, og interessa for å leige inn skipa er stor.

Slettevoll seier at det ikkje er eit mål for selskapet å verte størst muleg.

- Etter den siste satsinga på 1,2 milliardar kroner, er det naturleg at vi tek ein inves-teringspause. Men vi er sjølvsagt opne for å sjå på mulegheiter som dukkar opp.

Han ser ingen store problem med å drive eit så stort reiarlag frå ein liten stad som Gjerdsvika, der dei for fem år sidan bygde eit administrasjonsbygg på over 700 kva-dratmeter.

- Så lenge vi har godt nok breiband kan vi styre eit slikt selskap frå alle stader. Hittil har vi også klart å skaffe oss dyktige til-sette. Vi kunne ikkje hatt ein betre stab, noko som er den viktigaste nøkkelen for suksess, seier Ivar Slettevoll.

HER ER SANCO-FLÅTEN

Sanco SwordSeismikkskip, 96,1 m langt, 23,0 m breidt, skroget er bygd i Polen og skipetskal overleverast i april 2014 frå Mykebust Verft.

Sanco SwiftSeismikkskip, 96,1 m langt, 23,0 m breidt, overlevert i juli 2013 frå Mykebust Verft.

Sanco SpiritSeismikkskip, 86,5 m langt, 16,0 m breidt, bygd i 2009 ved Vågland Båtbyggeri, Vågland.

Sanco StarSeismikkskip, 80 m langt, 16,0 m breidt, bygd i 2008 ved Vågland Båtbyggeri, Vågland.

Sanco SkySupport fartøy seismikk, 72 m langt, 13,2 m breidt, bygd i 2007 ved Aas Mek. Verkstad, Vestnes.

Sanco ChaserSupport fartøy seismikk, 51,3 m langt, 12 m breidt, bygd i 2002 ved Larsnes Mek, Larsnes.

Sanco SeaSupport fartøy seismikk, 51,3 m langt, 12 m breidt bygd i 1999 ved Voldnes Skipsverft, Fosnavåg.

SØSTRENE SANCO: 1,2 milliardar kroner kostar søsterskipa Sanco Sword og Sanco Swift, her saman ved Myklebust Mek. Verksted i Gursken.

Page 11: NETT NO - UTG 1 / 2013

sendregning.no SendRegning en avdeling i U4 Agresso-konsernet.

NETTBASERT FAKTURERING

FOR ALLE BEHOV

FRI REGISTRERING

INGEN FORPLIKTELSER PRØV GRATIS!

MarkedsledendeSendRegning er Norges eldste og ledende nettbaserte fakturasystem. Med 10 års erfaring og brukere over hele landet har vi solid kompetanse på fakturering.

Komplett fakturasystemSendRegning inneholder alt du trenger for å fakturere og passer for både små og store bedrifter. Du betaler kun for det du bruker.

Oppfyller alle lovkravLoven stiller strenge krav til fakturering. Vi samarbeider tett med regnskapsførere og revisorer. Bruker du SendRegning, kan du være helt trygg på at alle lover og regler blir fulgt.

For mer informasjon, gå til sendregning.no og/eller send en epost til [email protected] nyheter og oppdateringer, følg oss på:

Våre tjenester: Enkeltregning (på epost eller papir) EHF-faktura (til det offentlige og private) Fast oppdrag Masseutsendelse Purring Inkassovarsel Inkasso (levert av Lindorff) KID (levert av Nets) AvtaleGiro (levert av Nets)

Page 12: NETT NO - UTG 1 / 2013

12

Dette viser ei kåring som NETT NO har utførd. Bak dei tre sunnmøringane på topp følgjer Nordfjord-kommunane Stryn og Vågsøy.

Ved kåringa av årets næringslivskommu-ne, har vi lagt stor vekt på evna til å skape nye arbeidsplassar. Driftsinntekter per innbyggjar, lønsemd og nyregistreringar er alle teikn på aktivitet som betyr nye jobbar.

Våre tal viser at Ulstein har dei klart stør-ste gjennomsnittlege driftsinntektene per innbyggjar med 2,7 millionar kroner. Dette er dobbelt så høgt som Vågsøy på andre plass og over ti gongar meir enn kommunar som Eid, Volda og Skodje.

I tillegg har Ulstein høgast ordinært re-sultat per bedrift i 2012 med knappe 11 millionar kroner, føre Sykkylven, Stryn og Ålesund. Ulstein har også flest nyregistreringar per innbyggjar dei siste fem åra, med heile 300 nyregistrerte selskap, eit snitt på 3,8

per innbyggjar. Her toppar Ulstein føre trioen Herøy, Ålesund og Ørskog.

Totalt omsette bedriftene i Ulstein for 21,6 milliardar kroner i 2012 anført av deisolide bedriftslokomotiva Rolls-Royce Marine, Kleven Verft og Ulstein Group.

Men når det gjeld antal bedrifter per innbyggjar, må Ulstein finne seg i å verte slått av både Herøy, Vågsøy og Ålesund,

ULSTEIN BESTE NÆRINGSLIVS-KOMMUNEUlstein er den fremste næringslivskommunen på Nordvestlandet, men vert pusta tett i nakken av nabo Herøy og med Ålesund som ein god nummer tre.

Tekst: Kjetil Haanes & Ogne Øyehaug

Page 13: NETT NO - UTG 1 / 2013

13

der både Herøy og Vågsøy har over 1,8 bedrifter for kvar 100 innbyggjarar.

VEKST I HERØYNETT NO sine statistikkar baserer seg på ferske 2012-tal for alle bedrifter med meir enn fem millionar kroner i om-setnad. Her skil Ulstein seg ut. Tala for 2012 viser også at Ulstein-dominerte Rolls-Royce Marine er den bedrifta som har auka omsetnaden mest frå 2011 til 2012 – ein auke på vel to milliardar kro-ner, føre Herøy-baserte Havyard Group med vel ein milliard og Ulstein-selskapet Kleven Verft med vel ein halv milliard.

Mellom dei tjue på topp i omsetnadsvekst finn ein også Ulstein-bedriftene Island Offshore Management, Ulstein Design & Solutions og Ulstein Verft.

Ser ein på kva for bedrifter som har vakse mest i talet på tilsette frå 2011 til 2012, er det heile fem Herøy-selskap mellom dei ti på topp, med Fosnavåg-baserte Olym-pic Crewing øverst med ein auke med 143 tilsette, tett følgd av Ulstein-selskapet Island Offshore Management med 140 nye tilsette og Fiskerstrand Verft med 139.

GOD STEMNING I STRYNBak dei tre kommunane på topp, er det tett kamp om plassane mellom Stryn, Vågsøy, Stranda, Sykkylven, Haram og Ørsta.

NETT NO kårar Stryn til den fjerde beste næringslivskommunen etter at Stryn plasserer seg høgt oppe på alle

statistikkar og har makta å få stor breid-de i næringslivet. Stryn skårar og høgt på relativ lønsemd for bedriftene. Berre Sykkylven (takka vere Ekornes) skårar betre, medan Ørsta, Stryn og Haram ligg like under.

Vågsøy er ein god nummer fem på NETT NO si kåring, men vert plassert bak Stryn ettersom ein stor del av Vågs-øy-inntektene kjem frå tre salsselskap av fisk med relativt få tilsette. Derimot skå-rar Vågsøy høgt i antal bedrifter per inn-byggjar.

I den andre enden av skalaen skil kom-munane Vanylven, Norddal og Hornin-dal seg ut, men Vanylven sine tal må sjå-ast i samanheng med eit driftsresultat på minus 53 millionar for Hofseth Biocare i 2012 – eit resultat som gir store utslag i ein så liten kommune.

NETT NO si kåring skil seg frå årets NHO-kåring i nærings-NM der Ul-stein vart rangert som nummer ni på Nordvestlandet og nummer 92 i landet. Fremst i vår region i denne kåringa kom Herøy, følgd av Sande og Stranda. I NHO sitt kommune-NM vart derimot Ulstein beste kommune på Nordvestlandet og nummer ti i landet. I denne kåringa vart det mellom anna lagt vekt på attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og lokal berekraft.

Ulstein kommune

Herøy kommune

Ålesund kommune

Page 14: NETT NO - UTG 1 / 2013

14

1. Ulstein 27102. Vågsøy 13273. Herøy 1254 4. Ålesund 12165. Stryn 7766. Sula 6057. Stranda 5678. Sande 5389. Sykkylven 53310. Ørsta 50811. Haram 50112. Ørskog 41113. Stordal 38014. Selje 32415. Hareid 31916. Giske 28017. Vanylven 26318. Eid 25719. Hornindal 24220. Volda 21621. Skodje 20522. Norddal 152

1.Sykkylven 15 %2.Ørsta 12 %3.Stryn 11 %3.Haram 11 %5.Sande 9 %6.Ålesund 8 %6.Selje 8 %6.Herøy 8 %9.Ørskog 7 %9.Volda 7 %11.Ulstein 6 %12.Hareid 5 %12.Giske 5 %12.Eid 5 %15.Sula 4 %15.Stranda 4 %15.Norddal 4 %18.Vågsøy 3 %19.Stordal 2 %19.Skodje 2 %21.Hornindal-1 %22.Vanylven-5 %

1.Ålesund 55 005 0762.Ulstein 21 611 8523.Herøy 11 112 2644.Vågsøy 8 112 3015.Stryn 5 508 2456.Ørsta 5 322 7697.Sula 5 104 9098.Haram 4 517 2779.Sykkylven 4 100 92810.Stranda 2 619 23111.Giske 2 115 97712.Volda 1 903 42113.Hareid 1 614 79214.Eid 1 517 51315.Sande 1 412 47116.Ørskog 939 30717.Selje 905 57318.Skodje 879 44819.Vanylven 871 85220.Stordal 399 87121.Hornindal 299 93922.Norddal 263 066

DRIFTSINNTEKT PER INNBYGGJARTal i tusen kr

RESULTATGRADRes. før skatt i prosent av driftsinntekter

TOTALE DRIFTSINNTEKTERTal i tusen kr

1. Ulstein 3,82. Herøy 3,72. Ålesund 3,72. Ørskog 3,75. Vågsøy 3,45. Stryn 3,47. Stranda 3,17. Stordal 3,19. Vanylven 3,010. Skodje 2,811. Haram 2,611. Sula 2,611. Sykkylven 2,611. Volda 2,615. Eid 2,515. Norddal 2,517. Ørsta 2,417. Selje 2,417. Sande 2,420. Giske 2,320. Hareid 2,322. Hornindal 1,8

1. Herøy 1,872. Vågsøy 1,813. Ålesund 1,494. Ulstein 1,425. Stranda 1,366. Ørskog 1,357. Stryn 1,258. Stordal 1,239. Sande 1,219. Selje 1,2111. Ørsta 1,2012. Eid 1,0413. Haram 0,9614. Sykkylven 0,9215. Skodje 0,9115. Sula 0,9117. Volda 0,8618. Hareid 0,8219. Norddal 0,7520. Giske 0,6821. Vanylven 0,6022. Hornindal 0,40

1. Ulstein 10.9652. Sykkylven 8.4603. Stryn 6.9624. Ålesund 6.6795. Haram 5.7326. Herøy 5.2987. Ørsta 5.2568. Sande 4.0349. Sula 2.54610. Ørskog 2.24011. Selje 2.18712. Vågsøy 2.17013. Giske 2.11514. Hareid 2.02415. Volda 1.75216. Stranda 1.48617. Eid 1.18518. Stordal 74419. Norddal 72020. Skodje 52421. Hornindal - 39322. Vanylven - 2.188

NYETABLERINGAR 2008 - 2013Per 100 innbyggjarar

BEDRIFTER I HØVE TIL FOLKETALPer 100 innbyggjarar

RESULTAT FØR SKATTGjennomsnitt per bedrift i tusen kr

DETTE ER TALA

Kjelde: Bisnode/SSB

Page 15: NETT NO - UTG 1 / 2013

15

- Det har gått bra. Interessa for produkta og kompetansen til selskapet er aukan-de, seier dagleg leiar Tommy Pettersen i data- og konsulentselskapet Datawaves.

- Det er høg aktivitet, og det er tydeleg at både bedrifter og privatpersonar er vil-lige til å bruke pengar på gode bilde, seier dagleg leiar Cecilie Hatløy i Lykkeliten Studio.

- Vi har bygd oss opp gradvis i Ulsteinvik, men aktiviteten er no høgare enn nokon gong, seier dagleg leiar Ole Theodor Hovden i Nordvest Naprapat-klinikk.

Dei tre har etablert seg innanfor heilt ulike næringar, og gjer det godt i kjøl-vatnet av den høge aktiviteten i dei maritime næringane.

BABYFOTO GR AFCecilie Hatløy (36) har bygd opp sitt eige fotostudio og har spesialisert seg på baby-foto, og då spesielt nyfødde babyar mel-lom fem dagar og to veker gamle.

- Her var ingen som hadde spesialisert seg på babyfoto, så eg tok sjansen og ber-re kasta meg ut i det.

Ho har ikkje angra på satsinga, men tok eit klart strategisk val alt i starten.

- Eg er sjølvlærd, men bestemde meg like-vel for å ikkje dumpe prisane for å kome inn på marknaden. Det fekk eg i starten mykje pepar for.

- Det ligg mykje planlegging og arbeid i gode babybilde.

Ho har hittil i år tatt foto av eit førtitals nyfødde.

- Stadig fleire legg no like mykje pengar i foto av sine eigne små som av brude-bilde. Det skulle eigentleg berre mangle.

Datawaves har no seks tilsette etter at Tommy Pettersen (51) gjekk saman med Arve Løset og starta eige selskap.

R ASK VEKSTFleire av desse har erfaring tidlegare frå større selskap, og i løpet av kort tid har Datawaves skaffa seg eit 60-tals kundar, dei fleste i Ulstein, men også frå Hareid, Ørsta, Sande, Vanylven, Vågsøy og Oslo.

- Vi er Microsoft-partner og tilbyr dei-ra tenester samt rådgjeving, konsulent-teneste og IT-støtte. I tillegg leverer vi datautstyr. Vi føler at vi har satsa på rett tidspunkt midt i det mest aktive området i regionen.

Han har stor tru på at selskapet vil vekse.Det er målet, og så langt ser det bra ut.

SURFAR PÅ GODE TIDER

Dei har alle startaaksjeselskap i årets næringslivs-kommune, og angrar ikkje.

Tekst og foto: Kjetil Haanes

Den store aktiviteten i næringslivet gir seg også fysiske utslag, noko naprapat Ole Theodor Hovden (34) kan stadfeste.

- Ja, ikkje minst merkar vi det på mange stive ryggar og nakkar.

MUSEARM O G TENNISALB O GENordvest Naprapatklinikk har inngått eit samarbeid med Stamina Helse, og saman med kollega Sara Lande Rise held Hov-den ope kvar dag i Ulsteinvik.

- No har vi fulle timelister, sjølv om det er ei relativt dyr behandling som kunda-ne ikkje får dekt om ein ikkje har teikna privat helseforsikring.

Han seier at stadig fleire selskap tilbyr privat helseforsikring til sine tilsette.

- Vi driv manuell behandling av alt frå musearm og tennisalboge til større idretts- og arbeidsskader. Interessa for våre tenester er heilt klart aukande, og sjølve meiner vi at vi er ein viktig bidragsytar til å halde flest mogleg i ar-beid.

OPTIMISTAR: Ole Theodor Hovden, Tommy Pettersen og Cecilie Hatløy satsar i Ulstein.

Page 16: NETT NO - UTG 1 / 2013

16

- Faren er om ein vert for einsidig. Sykkylven står og fell i stor grad på korleis det går med Ekorneskonsernet. Det er ein risikosport.

Høidal meiner at det er eit over 100 år gamalt mønster vi ser igjen i statistikkane over tilstanden i næringslivet.

- Det er på kysten, i kommunar som Haram, Ulstein, Herøy og Vågsøy ein har mest aktivitet og nyskaping. Dette har med fiskarkultur og bondekultur å gjere, der fiskarkulturen har vist stor evne til satsing og nyskaping, medan bondekulturen er meir traust. Entreprenørånda er langt sterkare på kysten enn i indre fjordstrøk.

Han synst heller ikkje det er merkeleg at Ålesund kjem så høgt opp på statistikkane.

- Heilt sidan spansketida på 1830-talet har Ålesund vore i fremste rekkje i regionen på næringsliv, og då spesielt knytt til fisk. I Ålesund har det vore god tilgang til kapital i tillegg til at ein også gjennomgåande har hatt ei politisk leiing som har lagt godt til rette for næringsutvikling. Begge deler har vore viktig.

FISKARKAPITALHøidal er i ferd med å skive næringslivshistoria for Sunnmøre på oppdrag for Sunnmøre Museum, ei bok som skal vere ferdig hausten neste år. Han seier at ikkje så mykje har endra seg på 100 år i det næringsmessige styrkeforholdet mellom kommu-nane.

- Fiskeria har generert store inntekter, noko som har ført til god kapitaltilgang. Men i tillegg har fiskarane hatt sterk konkurran-se og har heile tida vore nøydde til å utvikle seg. Endringsvilja har vore stor, og ser vi på statistikkane har dette tydelegvis gått i arv.

Men bildet er ikkje heilt eintydig.

- Sjå på Stryn. Der har ein makta å få eit meir allsidig nærings-liv, sjølv om Stryn tradisjonelt var dominert av landbruksin-teresser.

Han meiner at det er som forventa at Ørsta knuser Volda på næringsliv.

- Skulekommunen Volda har hatt ein stor offentleg sektor, og har kunna lene seg trygt tilbake på dette. Dette har ført til pas-sivitet på næringsfronten. Derimot har Ørsta ikkje hatt anna val enn å satse målretta på industri, der det tradisjonelt har vore tette band mellom bedrifter, bankar og kommunen.

Høidal ser ein fare i at kommunar som Ulstein vert for olje-avhengig.

- Oljeavhengigheita i verda er på veg nedover. Vi ser også at meir transport går frå land til sjø. I tillegg vil det vere mykje å hente innanfor alternativ energi som vindkraft og bølgjekraft. Her er det store mulegheiter for dei som omstiller seg i tide.

ET TERLYSER BREIDDEHan er også skeptisk til at det vert for einsidig fokus på den maritime industrien.

- Den maritime klynga er og vil vere svært viktig, men etter mitt syn er det farleg om satsinga på kunnskap og kompetanse er for einsidig innretta for å stette dagens behov i den maritime næringa.

- Etter mitt syn er det også viktig å satse på å heve allmennkun-nskapen, og satse sterkare også på humanistiske og økonomis-ke fag. Dette aukar mulegheitene for at fleire av våre ungdomar både utdannar seg her og vert buande her etter utdanning.

NYSKAPANDE PÅ KYSTEN – TRAUSTE I FJORDBYGDENE

Historikar Eldar Høidal er imponert over satsingsvilja på kysten, men er bekymra for utviklinga i kommunar som Sykkylven og Norddal.

Tekst: Kjetil Haanes / Foto: Terje Engås

NÆRINGSHISTORIE PÅ SUNNMØRE: Eldar Høidal åtvarar mot for einsidig fokus på den maritime industrien.

Page 17: NETT NO - UTG 1 / 2013

www.kleven.no

Page 18: NETT NO - UTG 1 / 2013

18

FEM FANTASTISKE ÅRTekst: Ogne Øyehaug

Frå 2008 til 2012 har bedriftene på Sunnmøre og i Nordfjord auka driftsinntektene med 33 prosent.

Page 19: NETT NO - UTG 1 / 2013

19

20122011201020092008

Resultat før skatt

10 251 63011 183 96711 000 55714 449 2647 617 248

Driftsresultat

10 746 74512 053 06110 446 20010 129 1469 790 614

Driftsinntekter

146 057 144146 499 662125 452 745116 743 712110 299 602

Tal i 1000 kroner

Tala omfattar over 2000 bedrifter med driftsinntekter over fem millionar kroner. Det høge resultatet før skatt i 2009 skuldast mellom anna tilbake-føring av valutatap frå finanskriseåret 2008, og reknskapseffekten av at det blei tatt ut store utbytte.

Kjelde: Bisnode

Page 20: NETT NO - UTG 1 / 2013

20

-Eg vil bli overraska om andre regionar i Noreg har gjort det betre enn dette, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Swedbank First Securities .

GOD LØNSEMDOver 7000 nye jobbar. Over 30 prosent auke i driftsinntektene.

Dette er fasiten for åra 2008-2012 for dei nesten 2200 bedriftene på Sunnmøre og i Nordfjord med meir enn fem millionar kro-ner i årlege driftsinntekter (sjå faktaboks).

- Ei imponerande breidde og veldig mange foretak. Dette er eit glansbilete av norsk næringsliv, seier Andreassen.

TOPPEN NÅDDMen til liks med dei andre analytikarane som har vurdert NETT NO sin database over resultata til bedriftene, trur Andreassen på ei utflating. Veksten blir ikkje så sterk som den har vore. Det har først og fremst samanheng med at den sterke veksten i investe-ringane på norsk sokkel er over, meiner han.

- Oljeselskapa har teke ein tenkjepause. Det er ingen tvil om at det skal gjennomførast store investeringar, men investeringane vert flytta frå dei dyraste delane av norsk sokkel til andre delar av verda. Eg trur eksportsjefane blir enda viktigare enn dei har vore framover, seier Andreassen.

PÅ VIPPEN- Omsetnadsmessig har ein gjort det forbløffande godt. Det er ein større vekst i desse selskapa enn i landet som heilskap. Men det siste året ser det ut som om ting byrjar å stoppe opp, seier professor Ola Grytten ved Norges Handelshøyskole.

Driftsinntektene (omsetnaden) i 2012 er om lag som i 2011, og lønsemda er svakt fallande. Men fallet i lønsemda er så liten at Grytten er i tvil om det faktisk viser at bedriftene har fått det tyngre. Resultatet før skatt er svakt fallande frå 2009, men held seg over sju prosent av driftsinntektene i heile perioden.

Grytten er også veldig i tvil om korleis næringslivet vil utvikle seg dei næraste åra.

- Vi står og bikkar. Signala utanfrå er gode. Spesielt frå EU har det kome signal om at no går det betre. Men innanlands er det dårlege signal, seier han.

T YNT BAK EKORNESMen Grytten ser ei klar todeling av økonomien.

- Det maritime næringslivet, knytt til oljebransjen , driv aktivi-teten opp. Samstundes byrjar det å bli tynt bak Ekornes i mø-belindustrien.

Alt som har med olje og maritim og marin sektor å gjere er meir solid enn resten, meiner han.

- Så lenge ein er i maritime/marine næringar, oljeprisen er høg og det er mykje fisk, så bør det gå. Eg er mest spent på korleis det går med tradisjonell industri, som møbel, som er avhengig av heimemarknaden, seier Grytten.

IMPONERT OVER STRYNGryttens professorkollega frå konkurrenten BI, Torger Reve, ser ingen faresignal i tala frå sunnmørs- og nordfjordbedriftene samla sett. Tala syner at området er sterkt knytt til oljebransjen, men ikkje så einsidig oljeorientert som i Stavangerområdet.

- Dette er betre enn det du finn i innlandet, og dårlegare enn det du finn i Stavanger, seier Reve.

- Men ser vi på kommune for kommune, blir biletet eit anna. Til lenger ut mot kysten, dess betre går det i næringslivet. Det er ingen tvil om at det er ei todeling i økonomi, med området der oljerelaterte bedrifter står sterkt som vinnarane.

Men det finst unntak, og Stryn er det klaraste døme på at det ikkje er naudsynt å sjå til havs for å gjere det bra.

Etter fem, fantastiske festår spår analytikarane utflating for næringslivet på Nordvestlandet.

DEMPA FEST-STEMNINGTekst: Ogne Øyehaug

Page 21: NETT NO - UTG 1 / 2013

21

- Eg er kjempeimponert over Moods of Norway, som gjer sånne ting som er mot naturen. I teorien skal det ikkje vere mogleg, seier Reve.

RET T Å SAT SE PÅ OLJEFem av dei ti største selskapa på Sunnmøre og i Nordfjord er reiarlag, verft eller utstyrsleverandørar knytte til oljebransjen. Slike bedrifter har vore den avgjerande vekstdrivaren i området dei siste åra, men Andreassen meiner det blir heilt feil å kritisere næringslivet i regionen for einsidig oljesatsing.

- Skulle ein berre la desse viktige forretningsområda segle forbi seg, når ein hadde både teknologien og moglegheitene, spør han retorisk.

Han meiner det lokale næringlivet tidlegare har greidd å omstille seg, når vilkåra blei endra, og vil klare det igjen.

- Eg er ikkje bekymra for sunnmøringane si evne til å tene pengar, seier Andreassen.

OLJEPRISEN BET YR ALTOljeprisen er kritisk faktor nummer ein hos analytikarane. Eit oljeprisfall ned til 75 dollar fatet vil vere eit enormt sjokk for norsk økonomi, meiner sjeføkonom Elisabeth Holvik i Spare-bank 1.

- Det betyr lågare vekstimpulsar, lågare skatteinntekter, brems i offentleg forbruk og investeringar, seier ho.

På kort sikt trur ho sjansen for eit markert fall i oljeprisen er svært liten, så lenge det er vekst i verdsøkonomien og dyrt å vinne ut meir olje. Men på lengre sikt er det noko anna.

- Eg trur vi må byrje å bu oss på at oljeprisen etter kvart vil falle. USA blir sjølvforsynt. Europa, og spesielt Tyskland, satsar tungt på fornybar energi. På litt sikt vil det få stor effekt, seier ho.

FRYKTAR IKKJE BUSTADPRISFALLKritisk faktor nummer to er bustadprisane.

Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre minner om at det er mange arbeidsplassar i bedrifter og bransjar utanom industrien som er knytte direkte opp mot oljebransjen.

- Fall i bustadprisen vil føre til redusert etterspørsel etter private tenester (t.d. butikkar, hotell, restaurantar, red. merk), som ik-kje er knytt til oljeindustrien. Men sjansen for eit prisfall er for-holdsvis liten, seier sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre.

Skulle det kome ein nedgang i norsk økonomi som er sterk nok til å utløyse eit markert fall i bustadprisen, trur Furre styresmak-tene vil gripe inn med stimuleringstiltak, slik det blei gjort un-der finanskrisa i 2008/2009.

FAKTA

På oppdrag for NETT NO har selskapet Bisnode samla og bearbeidd reknskapsinformasjon for nesten 2200 selskap på Sunnmøre og i Nordfjord.

Oversikta omfattar alle selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekter, og strekkjer seg over åra 2008-2012.

Oversikta inneheld mellom anna informasjon om driftsinntekter, lønsemd, tal på tilsette og løn for dagleg leiar, og er eit utgangs-punkt for manga av artiklane i dette magasinet.

Seks analytikarar har sett gjennom materialet og gitt sine kommentarar til NETT NO.

ANALYTIKARANE

Elisabeth HolvikSjeføkonomSparebank1

Ola GryttenProfessor

Norges Handelshøyskole

Torger ReveProfessor BI

Harald M. Andreassen Sjeføkonom

Swedbank First Securities

Inge FurreSjeføkonom

Sparebanken Møre

Page 22: NETT NO - UTG 1 / 2013

22

MARITIM KLYNGE VEKS VIDARE

Den maritime klynga i nordvest veks vidare, trass i at norsk økonomi flatar ut.Hittil i år har skipsverft, utstyrsleverandørar, skipskonsulentar og reiarlaga i Møre og Romsdal auka arbeidsstokken med 550 årsverk.

Det er meir enn forskarane ved Møreforsking Molde spådde for eitt år sidan. I løpet av dei siste åtte åra har sysselsettinga i desse bedriftene auka frå 15.000 til 20.000 årsverk. Og forskarane ved Møreforsking trur ikkje veksten er over. Fram mot 2020 ventar dei at den maritime klynga vil auke med mellom 2000 og 3000 årsverk.

Men det er større uvisse knytt til spådommen frå Møreforsking enn det var for eitt år sidan. Faren for at det går dårleg i Kina, kostnadsinflasjon i oljebransjen, overkapasitet i offshoreflåten og auka konkurranse frå asiatiske verft gjer framtida litt meir usikker enn den var.

- Men det mest sannsynlege er at dette tuslar greitt av stad, seier Arild Hervik, professor ved Høgskolen i Molde og seniorforskar ved Møreforsking.

Han er fagleg ansvarleg for Møreforsknings årlege tilstandsrap-port om dei maritime bedriftene i Møre og Romsdal, og har vore

med på arbeidet heilt sidan det starta for 25 år sidan.Møreforsknings rapport strekkjer seg inn i 2014.

Prognosen er at skipsverft, utstyrsleverandørar, skips-konsulentar og reiarlaga i Møre og Romsdal til saman vil auke driftsinntektene frå 46 milliardar kroner i 2012 til 51 milliardar i 2013. Det store fleirtalet av bedrifter trur og på vidare vekst i 2014.

Men lønsemda vil gå litt ned, frå ein resultatmargin (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) på 8,2 prosent i 2012 til 7,5 prosent i 2013. Det er likevel brukbar lønsemd for alle, med unntak av reiarlaga.

- For fjerde år på rad er innteninga i offshorereiarlaga dårlegare enn vi har vore vane med, og dårlegare enn den bør vere, seier Hervik.

Trøysta er at reiarlaga er så robuste og renta så låg at det ikke er snakk om noko krise.

- Men ratene må opp, seier Hervik.

Tekst: Ogne Øyehaug

Page 23: NETT NO - UTG 1 / 2013

23

35ÅRS ERFARING

INNEN SKIPS- OG

INDUSTRIRØRLEGGING

rortek.no

Page 24: NETT NO - UTG 1 / 2013

24

OLJEBOOMEN JAGA MØBEL UT

25 prosent av norsk møbelproduksjon er flytta ut sidan finanskrisa starta.

Skiftet er eit klart svar på det stigande norske kostnadsnivået, drive opp av den norske oljeboomen, meiner bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industris bransjeavdeling for møbel- og interiørbransjen.

Oljeboomen halde rett nok vore med og halde den norske mø-beletterspørselen oppe, men det har ikkje skjerma den norske industrien frå konkurransen utanfrå.

Møbelindustri-bedriftene har greidd å halde driftsinntektene sine uendra gjennom finanskrisa, men store deler av produk-sjonen deira er flytta til dotterselskap eller underleverandørar i utlandet.

- Dei norske lønskostnadane har stige heile tida under finanskri-sa, medan dei hos våre konkurrentar dels har gått tilbake, dels stått stille, seier Sundet.

Førre gang møbelfabrikkane kutta kostnadar la dei i stor grad ned eigne tre- og stålavdelingar, og sette arbeidet ut til under-leverandørar i Noreg eller utlandet.

I denne runda er tendensen å flytte heile produksjonen ut til

eigne bedrifter i utlandet. Dermed held bedriftene drifts-inntektene oppe, sjølv om meir av arbeidet blir gjort ute.

FLY T TA U THos møbelnestor Helge Brunstad i Brunstad i Sykkylven er det fast overtid to dagar i veka. Etterspørselen har tatt seg opp etter ferien, og Brunstad utelet ikkje nytilsetjingar i nær framtid.I Sykkylven er han delvis skjerma for konkurransen frå oljebran-sjen, meiner han.

- Den påverkar nok i større grad dei som ligg rundt senter for bedrifter knytt til oljebransjen. Hadde vi hatt fabrikk på Hareid så ville det ikkje vore like greit, seier Brunstad.

Men også Brunstad har tilpassa seg konkurransen frå ut-landet. Gjennom Hadi Invest eig han både fabrikken i Sykkylven og ei produksjonsbedrift i Estland, Violante Mööbel OÜ, som mellom anna eksporterer stolar og sofaer til Noreg un-der eige varemerke.

I Noreg er det nesten 120 tilsette, i Estland rundt 60. Og tendensen sidan finanskrisa er akkurat som hos møbelindustri-en generelt, produksjonen aukar ute og går ned i Noreg.

FLYTTA UT: Gjennom Hadi Invest har Helge Brunstad bygd opp møbelproduksjon i Estland, medan produksjonen har krympa heime. Det er typisk for møbelindiustrien etter finanskrisa.

Vi er utfordreren i vår bransje. Vår strategi med lokal forankring og partnernærhet til kundene har bidratt sterkt til vår suksess. I dag er vi 1 200 ansatte, fordelt på 67 kontor over hele landet, og vi vokser stadig.

Nære og gode kunderelasjoner gjør det mulig å være fleksible, løsningsorienterte og reaksjonsdyktige i samarbeidet med kundene.

For mer informasjon om BDO, kontakt en av våre partnere:

BDO ET BEVISST VALG

REVISJONSKATT & AVGIFTRÅDGIVNINGFORETAKSSERVICE

Ulsteinvik Tlf.: 70 01 81 81 [email protected]

– Thor Martin Eidem – Eldar Zahl – Einar Giljarhus Løkken

Ålesund/Brattvåg Tlf.: 70 20 95 90 [email protected]

– Erik Langlo-Johansen – Audun Halsen

Ålesund Tlf.: 70 17 88 80 [email protected]

– Ole Martin Sæter

www.bdo.no

foto: Geir M

ogen

BDO_Felles-NordVest_MaritimA4.indd 2 12.11.2013 15:33:34

Tekst og foto: Ogne Øyehaug

Page 25: NETT NO - UTG 1 / 2013

Vi er utfordreren i vår bransje. Vår strategi med lokal forankring og partnernærhet til kundene har bidratt sterkt til vår suksess. I dag er vi 1 200 ansatte, fordelt på 67 kontor over hele landet, og vi vokser stadig.

Nære og gode kunderelasjoner gjør det mulig å være fleksible, løsningsorienterte og reaksjonsdyktige i samarbeidet med kundene.

For mer informasjon om BDO, kontakt en av våre partnere:

BDO ET BEVISST VALG

REVISJONSKATT & AVGIFTRÅDGIVNINGFORETAKSSERVICE

Ulsteinvik Tlf.: 70 01 81 81 [email protected]

– Thor Martin Eidem – Eldar Zahl – Einar Giljarhus Løkken

Ålesund/Brattvåg Tlf.: 70 20 95 90 [email protected]

– Erik Langlo-Johansen – Audun Halsen

Ålesund Tlf.: 70 17 88 80 [email protected]

– Ole Martin Sæter

www.bdo.no

foto: Geir M

ogen

BDO_Felles-NordVest_MaritimA4.indd 2 12.11.2013 15:33:34

Page 26: NETT NO - UTG 1 / 2013

26

NORSK-HOLLANDSK FORBRØDRINGDen hollandske verftskjempa Damen Shipyard Group har fått fotfeste innanfor norsk offshorenæring gjennom samarbeid med Ulstein-baserte World Wide Supply.

Tekst: Kjetil Haanes / Foto: Kjetil Haanes og World Wide Supply

REFLEKSGULE EDELSTEINAR: Alle World Wide Supply sine båtar er identiske og har refleksgul farge og namn etter edelsteinar. Her World Peridot, som opererer i spotmarknaden i Nordsjøen.

Page 27: NETT NO - UTG 1 / 2013

27

- Vi har i dag seks skip. Det er ingen flåte, seier dagleg leiar Jostein Sætrenes i World Wide Supply, og signaliserer dermed vekst framover.

Frå dei nye Sydvestor-lokala i Ulsteinvik sentrum har Sætrenes utsikt til Ulstein Verft og Kleven Verft, samt til utstyrsleverandø-ren Rolls-Royce Marine. Likevel har Sætrenes og partnerane sett mot Holland når dei skal byggje eit nytt offshorereiarlag.

NETT NO kjenner til at lokale aktørar har vore inne i diskusjo-nar om større avtalar med Ulstein-selskapet, men utan at dette førde fram.

- Dette ønskjer eg ikkje å kommentere, men neste gong håper eg sjølvsagt at fleire lokale selskap kan verte involvert, seier Sætrenes.

HERØY-SAMARBEIDWorld Wide Supply vert leia frå Ulsteinvik, men selskapet har inngått samarbeid med Herøy-baserte Remøy Management, som tek seg av det operasjonelle ansvaret for alle fartøya.

Hittil har World Wide Supply fått levert tre av totalt seks identiske PSV-fartøy av typen Damen PSV 3300 CD. Det første kom i juni, det andre i august og det tredje i september. Det siste skal vere levert før årsskiftet, og samtlege er bygde ved det Damen-eigde Galati-verftet i Romania.

- Båtane er leverte til rett tid, og kvaliteten er god, seier Sætrenes.

Designet er utvikla i nært samarbeid med Damen Shipyard, som med sine 38 verft og 7700 tilsette er mellom dei største verftsak-tørane i Europa. Damen-verfta har levert meir enn 5000 fartøy sidan 1969.

- Vi er nøgde med samarbeidet med Damen-gruppa så langt, seier Sætrenes.

Damen Shipyard Group har også stått bak engineering og skaffa det meste av utstyret til skipa.

HOLL ANDSK FINANSIERINGKvart av skipa er eigde gjennom hollandske selskap, og det var den hollandske banken ABN Amro gjennom sitt Oslo-kontor som saman med Atradius (hollandsk GIEK) til slutt stod for lånefinansieringa av dei seks første skipa.

Sætrenes har sjølv lang erfaring innanfor offshore, mellom anna som finansdirektør i tidlegare Havila Supply ASA og adm. dir. i Bourbon Offshore. Han har i tillegg erfaring frå finansierings-sida frå tida som administrerande direktør i Kredittbanken og Glitnir Bank.

- Ideen om å starte eit nytt offshoreselskap har vakse fram over tid, seier han.

Ideen går ut på å byggje eit reiarlag der ein reindyrkar satsinga på PSV-skip innanfor «midtsegmentet».

- Mange reiarlag satsar på å ha skip innanfor dei fleste segment, alt frå enkle PSV-ar til kompliserte konstruksjonsskip. Eg seier ikkje at dette er feil, men vi har vald å spesialisere oss innanfor eit bestemt område.

VURDERTE KINADei seks første skipa er 80,10 meter lange, 16,20 meter breie og har eit dekk på 720 kvadratmeter. Prislappen for kvart skip er på rundt 190 millionar kroner.

- Om vi hadde bygd skipa i lokalt, ville nok prisen vore 30-40 millionar kroner høgare, seier Sætrenes.

Han opplyser at ein vurderte Kina, men slo det frå seg.

- Sjølv om prisen der var konkurransedyktig, er det mange som har opplevd at kinesiske verft har problem med å oppnå god nok kvalitet og å halde leveringstida. Vi har også sett at man-ge kinesisk bygde skip har vore gjennom dyre tilpassingar etter levering.

Sætrenes seier at reiarlaget gjennom sin modell har fått bygd skip med Nordsjøstandard til asiatiske prisar.

- Vi er godt nøgde, og godt posisjonerte til å ta oppdrag over heile verda, derav namnet World Wide Supply.

>>>>

LEIARPAR: Dagleg leiar Jostein Sætrenes og finansdirektør Ottar Jan Mork er utleigde frå Sydvestor for å leie satsinga rundt World Wide Supply.

Page 28: NETT NO - UTG 1 / 2013

28

Fleire lokale aktørar satsar stort på det nye offshoreselskapet World Wide Supply AS.

Største samla eigargruppe er dei Ulstein-baserte selskapa Sydvestor og Nordvestor Aktiv med totalt 14 prosent. Det er frå denne gruppa både dagleg leiar Jostein Sætrenes og finans-direktør Ottar Jan Mork er utleigd til World Wide Supply.

Neste største aksjonær med 13,6 prosent er Fosnavåg-selskapet Remøy Management, som står bak det daglege operasjonelle ansvaret for fartøya. Av andre lokale investorar finn vi Ervik & Sævik AS frå Bølandet, Hareid Elektriske AS frå Hareid og Gjerde Invest AS frå Gjerdsvika. Største eksterne aksjonær er Dønna Invest AS, som tidlegare har satsa stort innafor oppdrett, samt Lundh’s Labradoreksport, sist-nemnde med Mette Lundh Håkestad frå Larvik i spissen. Dei to Laksevåg-baserte Becker Invest og Frydenbø Investment er også aksjonærar.

Konsernsjef Knut Herman Gjøvåg i Frydenbø-gruppa er styreleiar i World Wide Supply AS.

DESSE SATSAR WORLD WIDE

ROYAL DÅP: Prinsesse Margareta av Romania var gudmor for World Diamond. Her rettar prins Radu Duda på Margareta sitt smykke under dåpsseremonien ved Galati-verftet i Romania.

>>>>

Unntaket er norsk side av Nordsjøen ettersom skipa er NIS-registrerte.

- Vi endrar fort til NOR-registeret om det skulle vise seg at vi får kontraktar på norsk side.

Skipa har eit mannskap på tolv på kvart skift, der offiserane i utgangspunktet er norske.

Alle skipa har namn etter edelsteinar, og dei to første av dei refleksgule skipa, World Diamond og World Peridot, opererer no i spotmarknaden i Nordsjøen. Også World Pearl er levert frå det rumenske verftet, og er på veg til Nordsjøen.

PETROBR AS-AV TAL ARDei neste skipa, Emerald, Opal og Sapphire, skal leverast i tur og orden fram til årsskiftet. I løpet av første halvår neste år vil fire av selskapet sine skip starte på kontraktar for Petrobras i Brasil. Kontraktane er på fire år fast med opsjonar på fire nye år.

Sætrenes seier at målet for selskapet er å byggje ein større industriell aktør innanfor dette offshoresegmentet.

- Vi arbeider med evigheita som perspektiv, men når det er sagt er alt til sals til rett tid og rett pris.

Page 29: NETT NO - UTG 1 / 2013

29

1956TRADISJON FORKVALITET SIDEN

FACEBOOK.COM/TRIISEAS | KJØPMANNSGATA HAREID

C

M

Y

CM

MY

CY

CMY

K

T.Riise_Alternativ1.pdf 1 08.11.2013 12:59:52

Page 30: NETT NO - UTG 1 / 2013

30

TENTE BEST I NORDVEST

SELSKAP LØN 2012 ADRESSE BRANSJE

1. Oddbjørn Eliassen (67)* Rolls-Royce Marine AS 6.310.000 Ulsteinvik Skipsutstyr

2. Roy Reite (48) Vard Group AS 5.958.000 Ålesund Verftsgruppe

3. Karl-Johan Bakken (55) Farstad Shipping ASA 4.948.000 Ålesund Reiarlag offshore

4. Terje Bakken (53)** Epax Norway AS 4.585.000 Ålesund Næringsmiddel

5. Eivind Volstad (53) Volstad Shipping AS 4.561.000 Ålesund Reiarlag offshore og fiske

6. Henning Tangen Veibust (48) Havskjer AS 4.427.000 Ålesund Havfiske

7. Per Ivar Fagervoll (50) Golden Energy Offshore 3.842.000 Ålesund Reiarlag offshore

8. Tomas Settevik (53) Stokke AS 3.730.000 Ålesund Møbel

9. Frank Ove Reite (43) Converto AS 3.589.000 Ålesund Kapitalforvalting

10. Kari Mette Ski (56) Devold of Norway AS 3.570.000 Langevåg Tekstil/mote

11. Bjørn Sævik (53) Kings Bay AS 3.316.000 Leinøy Havfiske

12. Øyvind Tørlen (43)*** Ekornes ASA 3.209.000 Sykkylven Møbel

13. Jon Erik Ytreeide Engeset (49)**** Saferoad AS 2.706.000 Ørsta Industri

14. Tor Vikenes (54) Norway Pelagic ASA 2.620.000 Ålesund Fiskemottak/-foredling

15. Ole Møller Zahl (53) Sinopacific Norway AS 2.617.000 Fosnavåg Skipsmekling

16. Tor Austad (63) Austad Diagnostikk 2.569.000 Ulsteinvik Helse

17. Gunvor Ulstein (44) Ulstein Group 2.424.000 Ulsteinvik Verft m.m.

18. Trygve Aasland (49) Fora Form 2.420.000 Ørsta Møbel

19. Roger Halsebakk (48) Sølvtrans ASA 2.286.000 Ålesund Reiarlag oppdrett

20. Olav Arne Fiskerstrand (57) Sparebanken Møre 2.263.000 Ålesund Bank

Dei best betalte bedriftsleiarane i nordvest 2012. Løn omfattar ordinær løn, bonus og anna godtgjersle. Pensjonskostnader er ikkje med.

* Slutta ved årsskiftet. ** Slutta i februar 2012, løn omfattar sluttvederlag. *** Slutta i desember 2012. **** Slutta sommaren 2013.

Kjelde: Bisnode og årsrapportar frå selskapa 2012.

Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl

Page 31: NETT NO - UTG 1 / 2013

31

Etter eit langt yrkesliv i Rolls-Royce, ryddar Oddbjørn Eliassen kalenderen for å prioritere barnebarna, men også ha tid til å hjelpe andre bedrifter.

Han toppar lønslista for fjoråret med 6,3 millionar, der over halvparten (4 mill.) er verdien av aksjar i selskapet.

Frå årsskiftet venta eit heilt anna liv på 67-åringen. Lange arbeidsdagar og mange, lange reiser er bytt ut med eit tilvære der han styrer dagen sjølv.

- Eg er vel ein av dei toppleiarane i Rolls-Royce som har sete lengst. Etter 20 år med 150-200 reisedøgn i året, var det veldig godt å slutte, seier Eliassen, som likevel ikkje har tenkt å pensjonere seg heilt. Gjennom sitt nye selskap, Elia Consulting, vil han bruke erfaring og kunnskap til å hjelpe mellomstore selskap med vekstambisjonar.

- Går du inn med både kapital og kompetanse?

- Først og fremst kompetanse, men eg har gått inn med kapital i eitt selskap som eg har spesielt stor tru på.

- Korleis var det å forlate Rolls-Royce etter så mange år?

- Veldig godt. Eg har vel vore på overtid lenge og føler at eg har gjort min del. Det er eit enormt press å skulle levere kvar dag – eit hardt køyr.

- Og det har gått ut over eit vanleg familieliv?

- Ja, men no tek eg det igjen med barnebarna. No er det dei som har førsteprioritet, seier han.

Eliassen trekkjer også fram at han er glad for at han fekk vere med å realisere Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund før han slutta i Rolls-Royce, og der har rådgjevaren skaffa seg kontor og har ein naturleg plass.

Ålesundaren, opphavleg frå Nedre Eiker i Buskerud, var for-melt sjef for 2500 tilsette i dei norske RR-bedriftene frå Haram til Sandnes, med ein samla omsetnad på 9,4 milliardar i fjor, men det var som konserndirektør for handelsfartøy over heile verda og ein del av leiargruppa i London at han gjorde seg fortent til løna si.

- Rolls-Royce har eit lønssystem der leiarar får opsjon på aksjar tre år fram i tid. Når du måla tre år på rad, gir det god uttel-jing, og desto dårlegare når det ikkje går så bra. Kall det gjerne ei gulrot, der du må yte for å få topp løn. Eg har nytt godt av den store ordreinngangen på skip for tre-fire år sidan, seier Eliassen.

ODDBJØRN ELIASSEN – best betalt, har nyleg avslutta ein lang karriere som toppsjef i Rolls-Royce Marine. Foto: Pressefoto

Page 32: NETT NO - UTG 1 / 2013

32

- Eg har vel vore god til å forhandle på den eine sida av bordet, og dårleg på den andre, då, humrar Frank O. Reite (43), den toppsjefen i nordvest med kraftigast lønsauke i 2012.

MARITIME MENNPÅ LØNSTOPPEN

Reite tok ut vel 3,5 millionar kroner i løn og bonus frå Converto AS i fjor, ein auke på 1,5 millionar frå året før. Herøyværingen busett i Ålesund, ofte omtalt som Kjell Inge Røkkes høgre hand, er både dagleg leiar, hovudaksjonær og styreleiar i rådgjevings-selskapet Converto AS.

- Vi gir råd til små og store selskap innanfor dei fleste bransjar, alltid med verdiutvikling for eigarane som målsetting, seier Reite.

KL AR MARITIM D OMINANSRangeringa over dei best betalte leiarane er utarbeidd på grunn-lag av årsrapportane til over 2000 aksjeselskap på Sunnmøre og i Nordfjord. Under løn er rekna med bonusar, anna godtgjersle og verdien av opsjonar på aksjar i selskapet. Ingen frå Nordfjord nådde opp på lista over dei 20 best betalte sjefane (sjå tabellar).

Bedrifter med maritim tilknyting dominerer klart, to er reine fiskebåtreiarlag og tre er store møbelprodusentar. Selskap som

Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl

FRANK O. REITE – størst lønsauke, herøyværing som forhandlar på begge sider av bordet i Converto. Foto: Pressefoto

Page 33: NETT NO - UTG 1 / 2013

33

gir råd og meklar, Converto og Sinopacific Norway, er også sterkt knytte til sjømat og skipsbygging. Geografisk er det Åle-sund og Ulstein som skil seg ut, ut frå plassering av hovudkon-tor. Og det er dei største selskapa som betaler leiarane sine best. Rolls-Royce Marine og verftsgruppa Vard hadde begge nesten 10 milliardar i driftsinntekter i fjor.

VARD O G FARSTADPå lønstoppen 2012 vert Eliassen tett følgt av konsernsjef Roy Reite (48) i Vard Group. Verftsgruppa leverte sterke resultat både i 2011 og 2012, noko Reite fekk betalt for med 1,7 millionar kroner i bonus i fjor, på toppen av ei løn på fire millionar. Bo-nusen til toppsjefen ”fastsettes skjønsmessig av selskapets kom-pensasjonskomité” og skal godkjennast av styret, går det fram av årsmeldinga. Vard, tidlegare STX OSV AS, vart i januar selt til italienske eigarar, har 1000 tilsette på fem verft i Norge, og eig i tillegg fire verft i Romania, Brasil og Vietnam. Roy Reite er ikkje i slekt med Frank Reite.

Karl-Johan Bakken (55), administrerande direktør i Farstad Shipping ASA, kjem også på ”topp tre” med ei løn på nesten fem millionar kroner, ein auke på 855.000 kroner frå året før.

- Bonus utgjer ein betydeleg del av dette, seier Bakken.

Farstad hadde eit svært godt år i 2011, og dette fekk sjefen glede av i fjor i form av solid bonus året etter. Bakken har også ei god pensjonsordning som kosta selskapet ein million i fjor.

Hjørungavågaren busett på Hareid kom frå Ulsteingruppa til Farstad i 1999, og i 2006 overtok han som toppsjef. Han har an-svar for 2100 medarbeidarar, 1870 av dei fordelte på 59 offsho-refartøy.

- Er du fornøgd med løna di?

- Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Det eg kan seie er at Far-stad har ein lønsmodell for å sikre at toppleiinga tenkjer langsik-tig og driv selskapet på ein trygg og god måte. Difor har ein til dømes ikkje opsjonar, med fare for at resultatet vert ”blåst opp” og leiarar går vidare til neste selskap, seier Bakken.

GOD U T TELJINGEin annan Bakken, Terje (53), har fått svært god utteljing på åtte månaders jobb for Epax Norway AS, som driv stor butikk og kallar seg verdsleiande på å foredle fiskeolje til kosttilskotspro-duktet Omega 3, med hovudkontor og produksjon i Ålesund og salskontor i Oslo. Bak suksessen står Røkke-dominerte Aker Biomarine med 50 prosent eigardel.

Terje Bakken (53) kom inn som toppsjef sommaren 2011 og slutta etter åtte månader – og fekk med seg 4,5 millionar kroner i løn og sluttvederlag. Ifølgje ei pressemelding frå selskapet var det usemje mellom eigarane og Bakken om strategien vidare. Bakken seier til nett.no at det er ei grei skildring av kva som skjedde, og han meiner det er feil å ta han med på lønstoppen for Nordvestlandet.

- 4,5 millionar er bra utteljing på så kort tid?

- Det er ein del av prisen, og internasjonalt er ikkje det uvanleg. Denne summen omfattar litt av kvart. Eg jobba også for eigar-selskapet Epax Holding med prosjekt i utlandet og i Oslo, og det vert feil å samanlikne lønsnivået på Nordvestlandet med ei Oslo-basert verksemd, seier Bakken.

Om den korte tida i jobben:

- Det var ikkje slik det var meint.

Sidan han slutta i Epax, har 53-åringen skifta jobb to gonger. Frå mai var han tilbake i gjødsel, ein bransje han kjenner godt etter mange år i Hydro og Yara, no som rådgjevar for Moskva-baserte Eurochem. I Epax overtok Ola Snøve (36) som sjef og tente vel 1,1 million frå mars og ut 2012.

R ÅD GJEVAREN REITEFrank O. Reite har med seg seks andre på laget i Converto, blant dei tidlegare Ekornes-sjef Øyvind Tørlen (43) som gjennom den tidlegare jobben også er med på lønstoppen for 2012.

>>>>

KARL-JOHAN BAKKEN – på tredjeplass, hjørungavågar som leiar offshorereiarlaget Farstad Shipping. Foto: Pressefoto

Page 34: NETT NO - UTG 1 / 2013

34

>>>>

Converto AS gav råd for 27 millionar kroner i fjor og sat igjen med eit driftsoverskot på 6,6 millionar. Den klart største kunden er Converto Capital Fund AS, der Reite også er dagleg leiar og forvaltar eigarinteressene i store Aker- og Røkke-domi-nerte selskap som Norway Seafoods (kvitfisk), Ocean Harvest (pelagisk fiske, Argentina), American Shipping Company og Aker Philadelphia Shipyard i USA.

Eivind Volstad (53) er, på same måten som Reite, både sjef og hovudaksjonær (100 prosent) i Volstad Shipping. Fiskebåtreiar-en har frå 2005 bygt opp ein moderne offshoreflåte med fem far-tøy og har avtale med tyrkiske Tersan Shipyard om å byggje ny båt til 800 millionar, eit spesialskip for undervasskonstruksjo-nar. Begge partar har teke atterhald om finansiering, så avtalen er ikkje effektiv enno, understrekar reiaren.

Volstad tok ut 4,5 millionar kroner i løn i fjor.

- Som eigar er du i ein litt spesiell situasjon, og løna kan variere frå år til år av ulike årsaker, seier Volstad.

- Kva er viktigast, løn eller skapartrong?

- Ei løn må ein ha, men det viktigaste er å skape trygge og løn-same arbeidsplassar, seier reiaren som har kring 200 tilsette på seks fartøy, blant dei på den nye fabrikktrålaren Volstad, no på sin andre tur i Barentshavet.

Eivind Volstad tok eit utbyte på 10 millionar kroner, av eit over-skot etter skatt på 48 millionar kroner i morselskapet i fjor.

BERRE TO KVINNERBerre to kvinner er på lønstoppen. Konsernsjef Gunvor Ulstein (44) hadde 2,4 millionar for å leie Ulstein Group i fjor, nokre få tusenlappar meir enn året før. Klart best betalt av kvinnene er administrerande direktør for ei anna sterk merkevare, Kari Mette Ski (56), i Devold of Norway AS i Langevåg. Ho tente vel 3,5 millionar kroner, eit par hundre tusen meir enn året før trass svakare omsetning og resultat. Ski ønskjer ikkje å kommentere løna si og seier at løn er eit privat forhold mellom eigar og dagleg leiar.

EIVIND VOLSTAD – får god utteljing, har bygt opp offshoreflåte og teke i bruk ein splitter ny fabrikktrålar. Foto: Pressefoto

«ei løn må ein ha, men det viktigaste er å skape trygge og lønsame arbeidsplassar»

Page 35: NETT NO - UTG 1 / 2013

SENTRALISERT IT-DRIFT GIR DEG TID TIL Å TENKjE NYTT

La oss ta ansvar for overvaking og drift av kritiske IT-system, slik at de får meir tid til å fokusere på eigen produksjon og kjerneverksemd. Med oss får du stabile IT-tenester frå moderne datasenter strategisk plassert i den maritime klynga på Sunnmøre.

Om de ønskjer å ha serverparken lokalt, flytte han inn i eit av datasentera våre, eller kaste alt på båten og kjøpe serverkapasitet og tenester frå oss, har vi kompetanse og ressursar til å gjere eit IKT-løft i bedrifta di.

Eit stadig aukande fibernett og med fleire datasenter, vil Tussa IKT vere den viktigaste samarbeidspartnaren din for å sikre stabilitet, oppetid og feiltoleranse på kritiske IT-system. Sikkert, stabilt og sytalaust!

Kontakt oss på telefon 70 10 36 00eller send ein e-post til [email protected]

IKT FRÅ TuSSA

Foto

: Mar

ius

Beck

Dah

le

Page 36: NETT NO - UTG 1 / 2013

36

SELSKAP LØN 2012 ADRESSE BRANSJE

1. Rolf Domstein (56) Domstein ASA 1.649.000 Måløy Fiskeforedling

2. Nils Karstad Lysø (45) Moods of Norway AS 1.360.000 Stryn Tekstil/mote

3. Arnt Ove Hoddevik (48)* Welcon AS 1.345.000 Deknepollen Fiskemjøl/-olje

4. Jarl E. Lillesalt (55) Kystfisk AS 1.285.000 Måløy Fiske

PÅ TOPP I NORDFJORD

Dei best betalte bedriftsleiarane i Nordfjord 2012. Løn omfattar ordinær løn, bonus og anna godtgjersle. Pensjonskostnader er ikkje med.

* Dagleg leiar frå juli 2012.

Kjelde: Bisnode og årsrapportar frå selskapa 2012.

-EG HAR DET GODT

Konsernsjefen i fiskeforedlingsbedrifta Domstein ASA med hovudkontor i Måløy toppar lønslista for bedriftsleiarar i kom-munane Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal og Stryn. På plassen bak kjem Nils Karstad Lysø (45), administrerande direktør i motee-ventyret Moods of Norway i Stryn.

- Eg leier eit lite børsnotert selskap, og eg trur dette er ei løn som er rett i høve til marknaden og på same nivå som eg ville få i ein tilsvarande jobb i eit anna selskap, seier Domstein.

- Å skape verdiar i Domstein er viktigare enn løna mi. Eg kan også få glede av verdiskapinga som eigar, seier han.

R. Domstein & Co AS eig 49,3 prosent av Domstein ASA. I hol-dingselskapet er aksjane likt fordelt mellom brørne Rolf, Gunnar (55) og Knut Magne (50). Gunnar Domstein si løn som drifts- direktør i Norway Pelagic ligg forresten nokre få tusenlappar over det eldstebror har for å leie familieverksemda.

- Vår undersøking viser at leiarlønene i Nordfjord ligg lågt. Kan det føre til at nordfjordbedrifter ikkje får tak i dei beste leiarane?- Eg trur bedriftene her har gode leiarar. Mange er også eigarar

- Eg har det godt og er ikkje så oppteken av løn, seier Rolf Domstein (56).

og dei er sterkt forankra i lokalsamfunnet, og det er viktigare enn løn til seg sjølv. Med den type og storleik vi har på bedriftene, meiner eg leiarlønene ligg på eit naturleg nivå, seier Rolf Domstein og understrekar at han er veldig komfortabel med si løn.

ROLF DOMSTEIN – har høgast løn i Nordfjord, og trur ikkje at han ville fått høgare løn i eit tilsvarande selskap andre stader. Foto: Pressefoto

Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl

Page 37: NETT NO - UTG 1 / 2013

ENGASJERT BANKEin bank som vil bety noko for næringslivet i Møre og Romsdal må by på meir enn berre pengar. Engasjerte og kompetente medar- beidarar som kjenner dei lokale forholda, gir dei beste råda.

Vi høyrer til her.

Page 38: NETT NO - UTG 1 / 2013

38

TOR AUSTAD: - Ingen andre legar i Noreg finn så mykje kreft som eg gjer. Ultralydspesialisten er nummer 16 på lønstoppen i nordvest.

- Det er enormt stort og på mange måtar den beste løna eg kan få, seier lege Tor Austad.

63-åringen i Ulsteinvik plasserer seg blant dei 20 best løna bedriftsleiarane i nordvest, saman med reiarar, konsernsjefar og direktørar i store internasjonale selskap. Også konsernsjef Gunvor Ulstein i same by må sjå seg «slegen» av røntgenlegen som driv Austad Diagnostikk AS, med hovudkontor i Ulsteinvik og avdeling i Oslo. I fjor tok han ut løn på vel 2,5 millionar og kosta i tillegg på seg eit utbyte på 805.000 kroner.

Tor Austad er radiolog, ein lege som er spesialist i å tolke bile-te av menneskekroppen, og Austad har spissa sin kompetanse innanfor ultralyd. Han tilbyr undersøkingar av ei rekkje organ, der føremålet er å oppdage eventuelle sjukdommar på eit tidleg tidspunkt. På heimesida si trekkjer han fram tidleg diagnose av kreft og åreforkalking.

- FREMST I NOREG- Ingen andre legar i Noreg finn så mykje kreft som eg gjer, seier Austad til NETT NO.

Han fortel at han har 40 års erfaring som lege og har vore spesi-alist i radiologi frå 1983. Med 30.000 timar ultralyd-diagnose på CV-en, reknar han seg som den fremste på dette feltet i landet.

- Eg kan sjå skjulte kreftsvulstar og pulsårer som held på å sprekke, seier Austad.

- Og du tek deg bra betalt?

- Ein proffspelar i fotball tener ti gonger så mykje, utan å ha i nærleiken den erfaring eg har. Eg jobbar mykje og det har vore ein lang veg å gå, og eg hadde låge inntekter i mange år. Det er først dei siste åra eg har tent så bra, seier han.

Han har jobba i det offentlege helsevesenet og hos andre pri-vate helseklinikkar. Det var kollegaer på Medi 3 i Ålesund som oppmoda han om å starte for seg sjølv og satse enda meir på ultralyd-undersøkingar.

- Diagnose ved hjelp av røntgen, MR og CT er enklare. Få legar er gode på ultralyd, og få offentlege institusjonane prioriterer det. Eg meiner det vert brukt altfor lite, og behovet er aukande.

KOSTAR MEIR I OSLOAustad undersøkjer kring 4000 personar årleg. Han tilbyr ei en-kel undersøking til 800 kroner, og full sjekk til 1700 kroner i Oslo og 1300 kroner i Ulsteinvik.

- Det verkar ganske rimeleg?

- Ja, eg ønskjer at mange skal få tilbodet, og at alle skal ha råd til det. Grunnen til at det er dyrare i Oslo er at eg har høgare faste utgifter der, seier Austad.

- Korleis vert du motteken av andre legar?

- Då eg starta for snart 20 år sidan, var det veldig negativt, men det har endra seg. I dag er det kanskje ein av ti som er negative, og eg får ein heil del pasientar tilvist frå fastlege. Eg får pasientar frå heile Noreg, og folk kjem frå Stockholm og London for å få helsesjekk, seier Austad.

- Korleis ser du på at du har høgare årsløn enn til dømes Gunvor Ulstein, som leier eit konsern med 800 tilsette?

- Det vil eg ikkje kommentere, men samanlikna med Noregs beste fotballspelar eller Noregs beste advokat, så er eg ein miniputt, fastslår Tor Austad.

- LØN SOM EIN MINIPUTT

- Det går nesten ikkje ein dag utan at nokon seier til meg at «du har redda livet mitt», eller livet til ektefellen eller naboen.

Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl / Foto: Kjetil Haanes

Page 39: NETT NO - UTG 1 / 2013

K O M M U N I K A S O NA R A C E R E D E S I G NM H E I @ R A C E NR OP Y A G L G P R I X

C E RO

.R

A B Y R Å O R A M ÅN M A C V L N D E L R D DJ S O M E R W E Ø GA P PE I K A S T A N J E I M IW U T V I K L I N G

EM V

W F O I K R I S E S E EW S O S O S I A L E A ®M

D

H

FINN FREM EN PENN

Engasjert byrå søker engasjert kunde

Page 40: NETT NO - UTG 1 / 2013

40

AMBASSADØRANEDagleg er dei konkurrentar, men no går Kjersti Kleven og Tore Ulstein saman for å fronte interessene til norsk næringsliv.

- Det er viktig at fleire får forståing for industrien sin po-sisjon i samfunnet, og ikkje minst for samanhengen mel-lom industriskapinga og den velstanden vi opplever, seier Kjersti Kleven.

Tekst: Kjetil Haanes / Foto: Marius Beck Dahle

Page 41: NETT NO - UTG 1 / 2013

41

AMBASSADØRANETore Ulstein er hjartans samd.

- Og så er det viktig å setje eit større fokus på behovet for konkurransekraft, utdanning, kompetanse og innovasjon.

- Heilt sant, og så må vi ikkje gløyme at det er viktig å satse på samferdsle og byggje ned byråkratiet, seier Kleven.

- Godt poeng, seier Ulstein.

Som president i NHO representerer Tore Ulstein 520.000 tilsette i 21.500 norske bedrifter. Under seg har han eit system med 21 bransjeforeiningar, der Norsk Industri er den klart største med 2.400 bedrifter og 130.000 tilsette. Her er Kjersti Kleven styreleiar.

Med utgangspunkt i Kleven Maritime og Ulstein Group har dei to lokale industrileiarane innteke to av dei desider-te toppverva i norsk industri.

Page 42: NETT NO - UTG 1 / 2013

42

KJERSTI KLEVEN: EIT KINDEREGGKjersti Kleven ser på seg sjølv som eit Kinderegg for NHO-organisasjonen Norsk Industri; eigar, kvinne, frå utkant-Norge og nynorskbrukar.

Page 43: NETT NO - UTG 1 / 2013

43

Kva er dei største farane du ser for regi-onalt næringsliv dei neste åra?

- Næringslivet her konkurrerer sterkt in-ternasjonalt. Eg er veldig spent på korleis konkurransebildet ser ut om nokre år, når konkurrentlanda våre har vore nøydde til å omstille seg og bli meir produktive for å overleve, medan vi har tatt ut store delar av veksten vår i kostnadsauke. Den største utfordringa på kort sikt er rekrut-tering av ulik teknisk kompetanse.

Korleis kan ein best handtere og over-vinne desse farane?

- Kostnadsnivået smittar dessverre over på andre næringar og på offentleg sektor. Vi må investere for større produktivitet og vi må halde på prinsippet om at det er dei konkurranseutsette bransjane som skal legge lista for lønsoppgjera. Så ser vi at unge i større grad søker seg til realfag og tekniske fag, og det er bra.

Kva føresetnader er avgjerande for vi-dare vekst og positiv utvikling?

- Vi er eit lite land og vi må prioritere res-sursane våre – sjølv om dei er veldig store. Det er nokre næringar som vi har betre føresetnader for å drive med enn andre og dei må få ekstra merksemd. Dette er t.d. kystnæringar som maritim industri, fiskeri, marin industri og energisektoren i vid forstand. Utdanning, samferdsel og brukarstyrt forsking er viktig for å utvikle all verksemd vidare.

Kva meiner du om dagens lønsnivå i industrien, og kva meiner du er ei for-nuftig og forsvarleg lønsutvikling i in-dustrien dei neste åra?

- Skal vi ikkje svekke konkurranseevna vår, må løn og produktivitet fylgje kvar-andre. Vi har på få år hatt ei lønsutvikling som gjer at vi i dag ligg 40-60% over dei næraste naboane våre i Europa. Denne

lønsveksten har vi ikkje greidd å kompen-sere med tilsvarande produktivitetsvekst. Dessutan ser vi at lønsskilnaden i Norge veks noko, slik at høgt utdanna grupper, som ingeniørar, ikkje lenger er så relativt sett «billige» som dei hittil har vore.

Korleis skal ein klare å tiltrekkje seg meir kompetent arbeidskraft - og kvar skal den eventuelt kome frå?

- Både Norge og vår region vil trenge innflytting om vi skal vekse. Denne ar-beidskrafta må kome både frå andre stader i Norge og frå utlandet. I dag er det arbeidsinnvandringa som skaper fol-ketalsveksten i fylket. For å få tilflytting må ein tilby ein god bu- og arbeidsmar-knadsregion. Arbeidsmarknaden er her, men vi må ha gode kommunikasjonar slik at ein har god tilgang til breidda i ar-beidsmarknaden. Så trur eg folk ser etter eit godt oppvekstmiljø for borna sine; dei treng barnehageplass, dei vurderer sku-letilbodet og dei ynskjer seg eit levande kulturliv. Så kvaliteten på tenestene kom-munane tilbyr og aktive frivillige lag, er svært viktig.

Vil ein sjå vidare utflagging av regional industri –  eventuelt kva type indus-tri og til kvar?

- Ut- og innflagging er ein «levande ma-terie» som endrar seg over tid. Teknolo-girådet hevdar at ved bruk av moderne teknologi vil det på sikt bli meir lønsamt med lokal småskalaproduksjon framfor å transportere varer over lange avstandar, slik tradisjonell «utflagging» fører til.

Kor unik er eigentleg den maritime klynga på Nordvestlandet - og kvifor?

- Klynga har innanfor eit veldig avgren-sa geografisk område representantar for heile den komplekse verdikjeda som fø-rer fram til bygging og drift av skip. Vi har mange reiarlag, vi har verft, utstyrsle-

verandørar og skipsdesignarar og vi har dei viktigaste tenesteytarane som bankar og klasseselskap. Den korte avstanden mellom oss gjer det enkelt å gjere end-ringar og skape nyvinningar utan at vi brukar mykje ressursar på formalitetar og byråkrati. Vi er ikkje redde for å dele kunnskap og det er veldig spesielt i inter-nasjonal samanheng. På den måten blir vi veldig konkurransedyktige når vi skal ut i verda.

Er den maritime klynga avgjerande el-ler hindrande for vidare vekst – kvifor/korleis?

- Eg trur den er positiv og viktig også for vidare vekst, men effekten kjem ikkje av seg sjølv. Mange av bedriftene som er lo-komotiva i klynga er etter kvart store og då må ein passe seg for å bli byråkratiske og «seg sjølv nok».

Kva er det viktigaste du kan bidra med som styreleiar i Norsk Industri? - Eg skal sjølvsagt sørge for at breidda av industrien i Norge blir synleg og får best moglege vekstvilkår. For å gjere det må eg representere den viktige industrien på Vestlandet på ein god måte ved å få fram vår bedriftskvardag, den store kunnska-pen som industrien her har og at kyst-kompetansen vil vere heilt sentral for det vi skal leve av også i framtida.

Kva fordeler ser du av å  ha vokse opp ute i fjøresteinane på Sunnmøre og ha eit så tungt nasjonalt verv?

- Fordelen trur eg først og fremst er at eg kvar dag blir mint om kva bedrifter betyr for lokalmiljøet sitt – og omvendt. - Eg er jo eit «Kinderegg» for ein slik organisa-sjon; kvinne, eigar, frå utkant-Norge og nynorskbrukar!

DOBBELTINTERVJU DEL 1

Page 44: NETT NO - UTG 1 / 2013

44

VIL HA SLUTT PÅ SVARTMÅLINGNHO-president Tore Ulstein fryktar auka gap mellom løner og produktivitet, men meiner likevel at den maritime industrien ikkje må svartmåle situasjonen.

Page 45: NETT NO - UTG 1 / 2013

45

Kva er dei største farane du ser for regionalt næringsliv dei neste åra?

- Utviklinga av kostnadsnivået. Den sis-te tida har vi sett at lønsnivået har auka meir enn produktivitetsutviklinga. Dette negative gapet mellom auken i løn og au-ken i produktivitet er urovekkande, og vi er nøydde til å få ut meir av kvar krone vi satsar.

Korleis kan ein best handtere og over-vinne desse farane?

- Ny teknologi og innovasjon er nøkkel-ord. Vi er nøydde til å jobbe meir effek-tivt, bruke mindre tid på kvart prosjekt og gjenbruk av løysingar, til dømes i de-signprosessen av skip.

Kva føresetnader er avgjerande for vi-dare vekst og positiv utvikling?

- Auka fokus på innovasjon og nyskaping. Vi må kunne tenkje nytt og ta dei muleg-heitene som finst i marknaden. Samstun-des er vi nøydde til å straumlineforme produksjon og organisasjonar endå meir.

Kva meiner du om dagens lønsnivå i industrien, og kva meiner du er ei for-nuftig og forsvarleg lønsutvikling i in-dustrien dei neste åra?

- Det må vere harmoni mellom vekst i løn og vekst i produktivitet. Om vi får ei lønsutvikling som er større enn produk-tivitetsauken, vil vi fort kome til å slite.

Korleis skal ein klare å tiltrekkje seg meir kompetent arbeidskraft - og kvar skal den eventuelt kome frå?

- I maritim industri må vi i alle fall slutte med å svartmåle situasjonen, men heller vise til mulegheitene som finst i denne in-dustrien og vere ærlege på at dette er ein bransje med svingingar. Vi må også vere

flinkare til å stå fram som attraktive over-for den neste generasjonen arbeidstaka-rar, og i større grad lage system som gjer at den enkelte har mulegheit til å utvikle seg innanfor organisasjonane.

Vil ein sjå vidare utflagging av regional industri –  eventuelt kva type indus-tri og til kvar?

- Det spørs kva ein legg i omgrepet ut-flagging. Eg trur ikkje at mange regionale verksemder vil flytte all produksjon til utlandet, men eg trur at fleire vil etablere avdelingar i utlandet. Dette er ein kon-sekvens av at når ein lukkast internasjo-nalt., så er det også naturleg å satse på å byggje opp organisasjonar internasjonalt. Men dette har også positive ringverkna-der lokalt, slik at det for mange bedrifter er ein samanheng mellom å lukkast inter-nasjonalt og sikre arbeidsplassar lokalt.

Kor unik er eigentleg den maritime klynga på Nordvestlandet - og kvifor?

- Den er heilt unik, maritim næring had-de ei verdiskaping på 150 milliardar kro-ner i 2011 og sysselset over 100.000 tilset-te. Dette fortel det meste.

Er den maritime klynga avgjerande el-ler hindrande for vidare vekst – kvifor/korleis?

- Absolutt avgjerande for vidare vekst, og vi bør jobbe for å gjere den maritime klynga endå sterkare. Dette er ei komplett klynge med mange relevante aktørar som i fellesskap bidreg til samhandling innan-for klynga og skaper synergiar og styrke.

Kva er det viktigaste du kan bidra med som NHO-president?

- Eg dreg med meg mykje erfaring frå ei dynamisk næring som samstundes er viktig for Norge. I tillegg har eg erfaring

med lokalt eigarskap, og har dermed følt på kroppen kvar dag dei utfordringane industrien står overfor. I NHO er det utruleg mange dyktige folk, men eg øn-skjer å få meir av denne kompetansen ut til medlemane, slik at NHO i større grad kan bidra til vidare vekst og verdiskaping. Dette vert ei viktig oppgåve.

Kva fordelar ser du av å  ha vokse opp ute i fjøresteinane på Sunnmøre og ha eit så tungt nasjonalt verv?

- Eg er prega av oppveksten, der det i vår familie var eit konstant fokus på verdiska-ping, rammevilkår, konkurransekraft og innovasjon. Dette er ein viktig ballast å ha med seg vidare. Men elles er det både gledeleg og interessant å registrere at den maritime klynga her ute no har både NHO-presidenten gjennom meg, styre-leiaren i Norsk Industri gjennom Kjersti Kleven og visepresidenten i Det Norske Veritas gjennom Morten Ulstein, og der Leif Arne Langøy i tillegg er president.

DOBBELTINTERVJU DEL 2

Page 46: NETT NO - UTG 1 / 2013

46

DEI 100 STØRSTERolls-Royce Marine AS ULSTEIN 9 445 534 115 020Vard Group AS ÅLESUND 9 276 330 1 260 995Norway Pelagic AS ÅLESUND 3 445 524 -48 084Bunker Oil AS ÅLESUND 3 008 736 42 009Island Offshore Management AS ULSTEIN 2 557 235 8 150Coast Seafood AS VÅGSØY 2 385 278 57 251H I Giørtz Sønner AS SULA 2 249 176 69 677Kleven Verft AS ULSTEIN 2 228 601 231 554Farstad Supply AS ÅLESUND 2 139 995 356 259Nordfjord Kjøtt AS STRYN 2 122 136 174 882Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag Sa ÅLESUND 2 035 110 5 029Island Offshore Shipholding ULSTEIN 1 954 000 NAUlstein Verft AS ULSTEIN 1 932 312 160 566J E Ekornes AS SYKKYLVEN 1 600 954 251 894Waynor Trading AS VÅGSØY 1 525 031 53 495Vard Electro AS HARAM 1 339 264 243 062Brødr. Sunde A/S ÅLESUND 1 194 295 49 870Brødrene Sperre AS ÅLESUND 1 191 788 15 454Havyard Group AS HERØY 1 109 442 88 082Sparebanken Møre ÅLESUND 1 087 000 640 000Stokke AS ÅLESUND 962 381 179 230Havila Ships AS HERØY 955 980 -231 291West-Norway AS ÅLESUND 945 662 4 494Ulstein Design & Solutions AS ULSTEIN 764 616 72 991Jangaard Export AS ÅLESUND 758 513 20 274Bourbon Ships AS HERØY 717 470 -1 032Nils Sperre AS ÅLESUND 705 361 5 748Hofseth AS VANYLVEN 643 677 16 974Rem Ship AS HERØY 620 600 225 002Måløy Havneservice AS VÅGSØY 606 865 9 252Norsk Sjømat AS STRANDA 604 075 30 253Vik Ørsta AS ØRSTA 603 771 65 252Myklebust Verft AS SANDE 596 548 40 614AS Møre Codfish Comp ÅLESUND 540 979 3 821Normarine AS ÅLESUND 539 389 338Ocean Supreme AS ÅLESUND 532 599 14 079Cod-Export AS ÅLESUND 506 944 17 832Vartdal Plastindustri AS ØRSTA 482 717 19 639Tafjord Kraftproduksjon AS ÅLESUND 478 912 207 160Havila Shipping ASA HERØY 474 090 6 059Fjordlaks AS ÅLESUND 471 995 -57 948Thermo-Transit Norge AS ÅLESUND 456 887 10 382Villa Sales AS ÅLESUND 455 011 8 519Epax Norway AS ÅLESUND 450 952 97 538Olympic Ship AS HERØY 441 923 -4 586Bertel O Steen Møre og Romsdal AS ÅLESUND 435 271 6 705Island Offshore Viii KS ULSTEIN 432 410 80 542Volstad Seismic AS ÅLESUND 431 371 -389Seafood Farmers Of Norway AS GISKE 422 563 -2 358Brages Bilforretning AS ÅLESUND 411 620 11 556

123456789

1011121314151617181920212223242526272829303132333435363738394041424344454647484950

Tal i tusen kr

BEDRIFT KOMMUNE OMSETJ ING RESULTAT FØR SKATT

Page 47: NETT NO - UTG 1 / 2013

47

51525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899

100

Tafjord Marked AS ÅLESUND 407 395 8 405K A Aurstad AS ØRSTA 402 721 26 345Rauma Misund AS ØRSKOG 398 888 5 233Island Offshore Iii KS ULSTEIN 374 222 99 051Coldwater Prawns Of Norway AS ÅLESUND 365 816 2 663Inmarsat Solutions AS ÅLESUND 364 669 -74 777Olympic Crewing AS HERØY 348 132 7 574Møller Bil Ålesund AS ÅLESUND 343 937 5 870Ulstein Power & Control AS ULSTEIN 328 962 -7 351Volstad Shipping AS ÅLESUND 323 198 67 158AS Granit ØRSTA 309 158 261 155Jets Vacuum AS HAREID 297 110 25 829Fjordlaks Aqua AS ÅLESUND 297 015 -10 739Tussa Energi AS ØRSTA 294 705 90 428Scana Volda AS VOLDA 294 314 8 437Kongsberg Evotec AS ULSTEIN 290 211 -107 213Tafjord Kraftnett AS ÅLESUND 289 085 5 986Partrederiet International Offshore Services ANS ÅLESUND 282 826 14 340Ødegaard Engros AS ÅLESUND 278 734 22 492Sølvtrans Rederi AS ÅLESUND 278 352 48 970Island Offshore Crewing AS ULSTEIN 271 621 542AS Mørebunkers VÅGSØY 271 094 1 862Ekornes ASA SYKKYLVEN 269 908 302 197Tufjordbruket AS ÅLESUND 265 773 -16 326Vest Buss Norge AS STRYN 263 942 12 385Hareid Elektriske Teknikk AS HAREID 261 039 16 428Nor Seafoods AS ÅLESUND 259 275 3 349Tess Møre AS ÅLESUND 259 135 18 842Møre Trafo AS SYKKYLVEN 257 827 17 928Sperre Industri AS ÅLESUND 243 264 20 367Tussa Nett AS HERØY 242 235 -9 078Sirena Norway AS HORNINDAL 241 357 -10 834Gustav Stokke AS ÅLESUND 238 421 1 811Optimar Giske AS GISKE 238 123 31 763Selected Seafood AS VÅGSØY 229 961 -662Moods Wholesale AS STRYN 224 119 37 541Tussa-24 AS HERØY 218 086 -125Sevrin Tranvåg AS SULA 216 696 -3 685Olav E Fiskerstrand AS SULA 215 670 1 856Island Ventures 4 AS ULSTEIN 215 147 13 577Poly Har AS ØRSTA 214 304 24 480Nlm-Barnehagene AS ÅLESUND 211 766 1 883Maritime Partner AS ÅLESUND 211 113 2 874Island Offshore Xii Ship AS ULSTEIN 210 163 52 815Båtbygg AS VÅGSØY 209 000 4 927Ekornes Skandinavia AS SYKKYLVEN 208 001 7 633Selstad AS VÅGSØY 207 578 10 792Måløy Sildoljefabrikk AS VÅGSØY 207 302 1 175Olympic Nor AS HERØY 205 790 3 280Ålesund Bil AS ÅLESUND 198 228 8 227

Bedriftene er rangerte etter driftsinntekter i 2012. Vi har teke utgangspunkt i einskilde selskap, ikkje konsern. Selskap i til dømes Ulsmo-konsernet (t. d. Ulstein Verft), Ekornes ASA og offshorereiarlaga dukkar dermed opp fleire stader på lista, men rangeringa gir likevel ein god peikepinn på storleiken til dei ulike bedriftene.

BEDRIFT KOMMUNE OMSETJ ING RESULTAT FØR SKATT

Page 48: NETT NO - UTG 1 / 2013

48

Størst auke i driftsinntekter 2011-2012 Tal i tusen kr Rolls-Royce Marine AS 2 021 508Havyard Group AS 1 083 942Kleven Verft AS 513 484Island Offshore Management AS 456 340Bunker Oil AS 405 760Nordfjord Kjøtt AS 247 447Island Ventures 4 AS 215 147AS Granit 207 372Volstad Shipping AS 197 958Kongsberg Evotec AS 194 047Rauma Misund AS 186 881Ulstein Design & Solutions AS 177 452Hofseth AS 149 436Stokke AS 140 901Brødr. Sunde AS 135 216Ulstein Verft AS 135 020K A Aurstad AS 135 015Consto Vest AS 134 818Olympic Seafood AS 124 116Seafood Farmers Of Norway AS 114 513

Kjelde: Bisnode

VENTELISTA

Tal i tusen kr

Byggmann Handel AS 187 813Scan Mar AS 187 807Furuno Norge AS 186 890Farstad Offshore AS 186 209Sanco Holding AS 185 159Sunnmørsposten AS 184 167Havila Subcon AS 183 227Vard Accommodation AS 182 264Sparebank 1 Søre Sunnmøre 180 490Havila Offshore AS 180 156Norgesvinduet Bjørlo AS 177 182Hagen AS 176 087Nettbuss Nordfjord - Ottadalen AS 175 875Busengdal Transport AS 174 340Moods Retail AS 172 813Platina Seafood AS 172 596Coldwater Prawns Production AS 172 025Mørenot Fishery AS 169 784K. Nordang AS 168 351Nogva Motorfabrikk AS 162 774Ole Ringdal AS 161 839Norwegian Seafood Company AS 160 977Vestlandske Auto AS 159 638Grytestranda Fiskeindustri AS 159 409Golden Energy Offshore Services AS 158 867Consto Vest AS 157 389Bama Ålesund AS 157 356Atlantic Seafood AS 157 000Farstad Shipping ASA 151 860Brødrene Tennebø ANS 150 474Sol Bac Export AS 144 644Pretre AS 144 194Ulstein Elektro Installasjon AS 142 587Acel AS 142 341Ulstein Hull AS 141 995Farstad International AS 141 413Hexagon Devold AS 141 227Devold Of Norway AS 137 941Volda Maskin AS 137 691Merit Consulting AS 136 883Olympic Seafood AS 135 995Arctic Linefish AS 134 698Møre Boligkreditt AS 130 000Ålesund Bygg AS 129 128Vard Piping AS 127 971Nordfjord Kjøtt Slakt AS 127 737Hjellegjerde AS 126 226Geo Caspian AS 126 166Fora Form AS 124 571Brunstad AS 124 353Medi 3 AS 120 579

Kjelde: Bisnode

Størst auke i tilsette 2011-2012

Olympic Crewing AS 143Island Offshore Management AS 140Fiskerstrand Verft AS 139Nv Service AS 97Merit Consulting AS 77Havila Shipping ASA 72Rem Offshore ASA 70Bourbon Offshore Norway AS 66Rem-Pol Resources Norway AS 58Vestvakt AS 52Moods Retail AS 46Sunsea AS 43Maroff Crewing AS 38Brødr. Sunde AS 36Kongsberg Evotec AS 36Moods Wholesale AS 32Tussa Installasjon AS 31Tunnelteknikk AS 29Nordsjøbas AS 28Måløy Bygg AS 27

Kjelde: Bisnode

Page 49: NETT NO - UTG 1 / 2013

Vi utfører små og store oppdrag i høyden på en trygg og effektiv måte. Våre spesialfelt er NDT-inspeksjon, tilkomstteknikk og stillas, hver for seg eller i kombinasjon. Vi har inspektører og operatører med høy kompetanse på flere fagfelt. Jobben blir alltid utført med stort fokus på sikkerhet og kvalitet.

N DT

S T I L L A S

T I L KO M S T T E K N I K K

NORWEGIAN GROUPA HIGHER STANDARD OF SAFET Y

W W W.NORWEGIANGROUP.NO | [email protected]

WW

W.O

SBER

GET

.NO

Page 50: NETT NO - UTG 1 / 2013

50

STOREBRØDRE FRÅ UTLANDET

Rolls-Royce Marine og Vard Group er storebrødrene blant bedriftene i nordvest.Bygging av skipsutstyr og skip gav dei to selskapa til saman nesten 20 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor.

Dei to utanlandskeigde selskapa er i sær-stilling størst, også som privat arbeidsg-ivar. Rolls-Royce er britisk, Vard Group er eigd av italienske Fincantieri. Til saman har dei over 3500 tilsette, dei aller fleste av desse busette i nedslagsfeltet til NETT NO.

Det utgjer nesten 20 prosent av all tilsette i den maritime klynga i Møre og Romsdal, som omfattar skipsverft, skipskonsulentar, utstyrsleverandørar og offshorereiarlag.

LOKOMOTIV- Dette er dei to lokomotiva i klynga, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Mari-timt Forum Nordvest.

Det årlege studiet som Møreforsking Molde gjer av dei maritime bedriftene

i Møre og Romsdal avdekkjer tette og stabile band mellom dei ulike bedriftene i området.

I fjor kjøpte til dømes skipsverfta 38 prosent av varer og tenester frå under-leverandørar i fylket. Og 33 prosent av verfta sine driftsinntekter skreiv seg frå reiarlag i fylket.

- Då Rolls-Royce overtok var det ei frykt for kva som ville skje. Men sidan oppkjøpet i 1999 har talet på tilsette auka formidabelt i denne regionen – og spesielt i Ålesund. Rolls Royce har kome til Sunnmøre for å bli, og har styrka den maritime klynga, seier Ingjerd.

Verfta i Vard Group fikk koreanske ei-garar etter at Aker selde i 2007. I januar 2013 tok italienske Fincantieri over.

- Selskapet hadde ein god posisjon i STX, og alt tyder på at det har ein like god posisjon i Fincantieri, seier han.

På sjetteplass kjem største selskapet i Nordfjord, fiskeeksportøren Coast Seafood i Vågsøy. Selskapet er ein av dei største frittståande seljarane av norsk oppdrettslaks og –aure, og sende fisk for over to milliardar ut av landet i fjor.

Alliansen som gjer Nordfjord Kjøtt til hoffleverandør til Remabutikkane har gitt Loenbedrifta eit veldig oppsving. Nordfjord Kjøtt passerte 2,1 milliardar kroner i driftsinntekter i 2012 og er den tiande største bedrifta i Nordfjord og på Sunnmøre.

Til saman 20 bedrifter har over ein milli-ard kroner i driftsinntekter, og hos heile 192 bedrifter er driftsinntektene over 100 millionar kroner.

Blant dei 100 største er 36 selskap frå Ålesund, ni frå Ulstein og åtte frå Herøy. Maritim bransje, offshorereiarlag, skips-verft og utstyrsleverandørar utgjer rundt fjerdeparten av dei 100 største.

Tett på næringslivet

Vi er i dag mange engasjerte personar med erfaring frå ulike bransjar og forretnings- område. SpareBank 1 Søre Sunnmøre har svært god kjennskap til det lokale nærings livet og vi er opptatt av å vere med på å utvikle distriktet vårt. Vi har et breidt utval av produkt og tenester som gjer oss til ein solid samarbeidspartnar for bedrifta di.

Bank. Forsikring. Og deg.

sommersethdesign.no

Tekst: Ogne Øyehaug / Foto: Kjetil Haanes

THRUSTERPRODUKSJON: Målt i omsetning er Rolls-Royce Marine den største bedrifta på Nordvestlandet.

Page 51: NETT NO - UTG 1 / 2013

Tett på næringslivet

Vi er i dag mange engasjerte personar med erfaring frå ulike bransjar og forretnings- område. SpareBank 1 Søre Sunnmøre har svært god kjennskap til det lokale nærings livet og vi er opptatt av å vere med på å utvikle distriktet vårt. Vi har et breidt utval av produkt og tenester som gjer oss til ein solid samarbeidspartnar for bedrifta di.

Bank. Forsikring. Og deg.

sommersethdesign.no

Page 52: NETT NO - UTG 1 / 2013

52

Jarle Støylen (60)Adm. dir. Brimer Kvamsøy, Sande

Om to år: Veldig bra, håper eg. Vi har nyleg gått inn i eit samarbeid med HighComp AS i Rogaland, der vi spesielt skal samarbeide om utvikling og marknadsføring av tankløysin-gar for oppdrettsnæringa. Kundane er veldig ”happy” for å få ei sterk gruppering å jobbe med.

Utfordringar: Skattepolitikk og samferdsle. Vi treng ein skattepolitikk som er råd å leve med. I dag må eg ta ut overskot frå bedrifta for å betale mine private rekningar. God kommunikasjon er viktig, og vi vil ha fast-landssamband.

Ole Håvard Stavseng (44)Styreleiar Stordal Møbel, Stordal

Om to år: Vi har starta opp igjen etter finanskrise og konkurs, med 20 tilsette. Vi satsar på færre produkt og ein spissa marknad, med større vekt på Norge. Vi vil behalde skreddarsaumen i Stordal, men legg ein større del av produksjonen ute. Vi tenkjer offensivt, med vekt på nye løysingar, design og kjernekompetanse.

Utfordringar: Marknaden bestemmer. Det er krevjande å drive industri i Norge, og vi øn-skjer oss ein meir offensiv industripolitikk.

Gunvor Ulstein (44)Konsernsjef Ulstein Group, Ulstein

Om to år: Vi har blitt meir internasjonale. Vi har passert meir enn 100 X-BOW skip i ope-rasjon eller under bygging i verda. Vi jobbar vidare med spennande innovasjonar, og vi er enda sterkare til stades i heile verdikjeda frå OSV (oil service vessels) til drillskip.

Utfordringar: Kostnadsnivået i Norge er høgt i forhold til ein del av konkurrentane våre. Vi må difor auke konkurransekraf-ta gjennom auka produktivitet og lågare kostnader. Vi vil fortsetje å kombinere styrkane våre innanfor design, engineering og skipsbygging med internasjonalt kon-kurransedyktig kostnadsnivå. Dette vil vere konsernets største mulegheit, men samtidig største utfordring framover.

Karl Inge Rekdal (63)Adm. dir., Sykkylven Stål, Sykkylven

Om to år: Vi har vore gjennom ei enorm omstilling siste tre åra etter finanskrisa og nedgang i vår klart største marknad i mange år, møbelindustrien. No veks vi i fleire krev-jande marknader, særleg i maritim næring. I fjor leverte vi til dømes over 100.000 delar og over 1100 ulike artiklar til Rolls-Royce. Målet vårt er å vekse med 20 prosent årleg. Vi skal lykkast på Sunnmøre og konkurrere med verda.

Utfordringar: Å tilpasse bedrifta til dei behova marknadene våre har.

DETTE MEINER BEDRIFTSLEIARAR OM FRAMTIDA

1. Korleis ser det ut for di bedrift om to år?

2. Kva er bedrifta sine største utfordringar?

Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl

Page 53: NETT NO - UTG 1 / 2013

53

Peter Tennfjord (58)Adm. dir. Fiskerstrand Verft, Sula

Om to år: Vi er framleis eit verft som kombi-nerer nybygg og reparasjonar, med vekt på ferjer og fiskebåtar. Vi kjem ikkje til å prøve oss på nybygg av offshorefartøy, der er man-ge aktørar allereie, men vi kjem truleg til å reparere fleire av denne fartøytypen.

Utfordringar: Kostnadsnivået. På nybygg og større ombyggingar er konkurransen hard frå til dømes Spania og Tyrkia. Og tilgangen på norsk arbeidskraft, både ingeniørar, pro-sjektleiarar, sveisarar og andre. Oljen stikk av med forferdeleg mange.

Bjarne Jarle Øen (60)Adm. dir. Øen Kuldeteknikk, Hornindal

Om to år: Vi ventar ein jamn auke dei neste åra også. Vi har satsa stort på varmepumpe-anlegg til industrien, og vi har vore med på fjordvarmeanlegg til dømes på Nordfjordeid, i Valldal og Fosshaugane Campus i Sogndal, og det vil kome fleire.

Utfordringar: Å få tak i fagfolk, det er nes-ten umogleg. Vi kunne tilsett to kuldetek-nikarar på dagen, men det vert utdanna få kuldeteknikarar i Norge, og det er stor rift om dei.

Jan Tore Leikanger (50)Adm. dir. Jets, Hareid

Om to år: Jets har vekstambisjonar, og veksten vil primært kome internasjonalt. Ein aukande landmarknad vil vere største bidragsytar til framtidig vekst.

Utfordringar: Eit stadig aukande norsk kostnadsnivå er ei stor utfordring, og som internasjonal aktør vert vi heile tida utfordra på ein effektiv internasjonal logistikk.

Per Arne Edvardsen (44)Adm. dir. Vello Nordic AS, Skodje

Om to år: Då har vi 50 prosent høgare om-setnad, hovudsakleg henta inn på eksport til Nord Europa. Den største veksten ventar vi i bygg og anlegg og i olje og gass.

Utfordringar: Kostnadsnivået i Norge i ein internasjonal konkurranse. Vi har hatt ein lønsauke på 3-4 prosent årleg og konkurrerer med land som ikkje har hatt reallønsvekst på 10 år. Når vi skal vekse, er utfordringa å drive effektivt og få produk-sjonsapparatet til å henge med.

Richard Grov (49)Adm. dir. Hotel Alexandra, Stryn

Om to år: Vi har lansert nokre nye produkt slik at marknaden rundt oss er større. Via Ferrata Loen er døme på eit slikt produkt. Den norske marknaden vil framleis vere berebjelken dei komande åra. Norge er ferd med å prise seg ut i høve til store volum av utanlandske gjester.

Utfordringar: Som før er det å klare og skaffe kapital til framtidige investeringar. Alexandra er lokal eigd og driven, og eg ser fram til at formueskatten vert fjerna.

Kjetil Nesset ( 47)Adm. dir. Vik Ørsta, Ørsta

Om to år: Vi trur på ein god marknad vida-re. Marknadsområda våre er trafikksikring, lysmaster, tunnel- og bergsikring og marina, og Nasjonal Transportplan tilseier at aktivi-tetsnivået skal auke.

Utfordringar: Kostnadsnivået. Norsk indus-tri har hatt ein lønsauke som er 60 prosent høgare enn mange konkurrentar siste 10 åra, og då er effektivisering og robotisering nød-vendig for å henge med. Med lågkonjunktur i Europa og Asia aukar konkurransen frå utlandet. Den norske marknaden vert meir attraktiv og dette pressar prisane.

Page 54: NETT NO - UTG 1 / 2013

54

Sølve Refsnes (34)Styreleiar og marknadssjef, Saga Boats, Selje

Om to år: Eg ser ikkje store endringar på to år, men håper at eksporten tek seg opp igjen. Vi har lansert ein mindre modell for å tilby kundane våre eit breiare tilbod.

Utfordringar: Kostnadsvekst og valutaut-vikling. Kombinasjonen krise i Europa og ei sterk krone har redusert eksporten ned mot null. I eit normalår er fordelinga mellom eksport og sal til den norske marknaden cirka 50/50.

Lars-Ove Hammer (42)Adm. dir. Haugenbok.no, Volda

Om to år: Vi skal framleis vere Norges stør-ste nettbokhandel og yte så god service at vi er den bokhandelen folk vil bruke når dei skal kjøpe bøker på nettet.

Utfordringar: Det er hardt prispress på bøker til høgare utdanning, og vi ser at sterke aktørar er villige til å selje med dårleg forteneste og kanskje til og med med tap. Skulebøker utgjer i dag kring 10 prosent av omsetnaden vår. Vi er avhengige av god logistikk til og frå Volda for å halde til her.

Eirik Kavli (36)Banksjef Ørskog Sparebank, Ørskog

Om to år: Bankane har skjerpa krav til ei-genkapital, og vi må jobbe smartare for å ha den innteninga vi treng. Eigenkapitalkravet vil framleis legge press på utlånsrenta.

Utfordringar: Vi må henge med på den teknologiske utviklinga for å drive meir ef-fektivt, og vi må syte for å ha rett kompetan-se for å gje gode råd til kundane våre. Rette produkt og rett kompetanse er avgjerande.

Kristine Landmark (59)Adm. dir. Slettvoll Møbler, Stranda

Om to år: Vi har god lønsemd og vekst, og om to år håper vi å ha ei enda sterkare be-drift med ein unik kolleksjon og eit tydeleg merke.

Utfordringar: Vi har norske kostnader og konkurrerer mot varer som blir produsert i land med vesentleg lågare kostnadsnivå. Som “utkantbedrift” er vi avhengige av fagkompetanse innanfor møbelproduksjon, produktutvikling og sal/marknadsføring. Den todelte økonomien med eit lønsnivå i olje- og gassrelaterte næringar som vi absolutt ikkje kan konkurrere med, er også ei stor utfordring.

Aina Moldskred Krakset (45)Dagleg leiar Hakallegarden, Vanylven

Om to år: Vi har fått opp to nye bygg på garden. Eit stort grindhus skal nyttast til innandørs riding og aktivitetar for bedrifter. Eit strandhus, som bygdelaget eig og vi skal drive, er veleigna for konferansar. Vi vil byg-gje regnet ute for å få meir heilårsdrift, og vi har større aktivitet og større omsetnad.

Utfordringar: Meir aktivitet heile året, og dermed marknadsføring overfor fleire bru-kargrupper. Vi ligg eigentleg heilt supert til, nær mange folketette område.

Petter Geir Smådal (40)Reiar Smaragd, Herøy

Om to år: Nye ”Smaragd” er på sjøen, ein kombinert snurpar og trålar som vi har fått utvikla heilt etter eigne idéar i samarbeid med lokale designarar og båtbyggjarar i Ha-vyard. Båten får 2100 kubikkmeter lasteka-pasitet og innandørs notbinge. Vi er heldige å ha gode, store fiskebestandar i norske farvatn, og folk treng mat.

Utfordringar: Å informere om det vi driv med og få tak i dei flinke folka. I dag er det ikkje opplagt at alle veit kva vi arbeider med på ein fiskebåt. Dessutan må vi få selt produkta våre til ein fornuftig pris.

Page 55: NETT NO - UTG 1 / 2013

55

Sindre Kvalheim (36)Adm. dir. Localhost, Vågsøy

Om to år: Då er vi godt i gang med å bli ein leiande norsk aktør innanfor hosting, altså vertskap for datalagring.

Utfordringar: Den største er å takle vekst utan å tilsetje for mange folk. Vi skal handte-re ein stor kundemasse med få tilsette, og vi må halde fram med å vekse smart. Det er også kostnadsmessig og teknisk risikabelt å halde oppe ein høg grad av innovasjon.

Rune Taklo (48)Adm. dir. Frislid Konfeksjon, Eid

Om to år: Vi skal klare oss bra, framleis presentere stabile tal og tek sikte på ein liten vekst.

Utfordringar: Vi må vere veldig flinke på kostnader, i ein bransje med små marginar. Vi har nesten berre norske kundar, men kjø-per alle råvarene i utlandet, så i motsetnad til eksportbedriftene ønskjer vi ei sterk kro-ne. Med produksjon og lager på Vestlandet og storparten av kundane på Austlandet, er kommunikasjon ei utfordring.

Tor Helge Aarseth (40)Adm. dir. Seafood Farmers of Norway, Giske

Om to år: Som ein del av Hofseth-grup-pa skal vi vere ein av dei største aktørane innanfor foredling av laks og aure. Vi skal utvikle dei store marknadene vi har fått, spesielt i USA og Canada, og vi lanserer nye produkt.

Utfordringar: Stabil tilgang av råstoff, både når det gjeld volum og pris. Og vi treng fø-reseielege rammer frå styremaktene for heile oppdrettsnæringa, slik at vi kan planlegge og legge til rette for utvikling og vekst.

Odd Rune Heggen (48)Adm. dir., Valldal Høvleri, Norddal

Om to år: Situasjonen vil vere ganske lik, med satsing på hytter, hus og leilegheiter, men vi vil også utvikle nye prosjekt. No er vi i gang med å byggje åtte leilegheiter i Valldal sentrum med høg standard. Denne buforma kjem også på landsbygda, men det er dyre og krevjande prosjekt med dagens reglar.

Utfordringar: Vi er avhengige av at folk har råd til å kjøpe hytter og bustader, og då er sikre jobbar og eit stabilt rentenivå avgjerande. Bedrifta vår må ha tilgang på kvalifisert arbeidskraft, spesielt byggjeleiarar og ingeniørar.

Bjørn Hatlehol (69)Hovudaksjonær, Hatlehols, Haram

Om to år: Grafisk bransje er i stor endring, og eg håper vi framleis er oppegåande og kan tilby kundane dei tenestene dei etter-spør.

Utfordringar: Vi må ha den rette kompe-tansen og få tak i ei aldersgruppe som er nysgjerrig og svolten på nyskaping og nye oppgåver. Haram har industribakgrunn med eit sterkt maritimt miljø, og vi konkurrerer med ein bransje med større lønsevne.

Anne Mari Rødal Kleppe (54)Senterleiar, Amfi Moa, Ålesund

Om to år: Vi er godt i gang med utbyg-ging og snart klare med 15.000-20.000 nye kvadratmeter butikklokale, etter å ha rive Stokke-bygget, og vi er i gang med å byggje bru mellom Moa aust og sør. Opplevingar vert enda viktigare i framtida. Moa skal ikkje berre vere butikkar.

Utfordringar: Trafikksituasjonen! Det er varsla bomring rundt Ålesund, og då er det spesielt viktig for oss å vere attraktive på innsida av ringen, og at det kjem trygge og gode trafikkløysingar. Vi er positive til at Ikea kjem hit.

Page 56: NETT NO - UTG 1 / 2013

56

KAMPEN OM VEGKRYSSA

- Digernesskiftet blir det nye store på Sunnmøre.

Per Waagan ser utover knausar og furu-skog ved Digernesskiftet ved E39/E136 i Skodje kommune, 15 km aust for Moa i Ålesund, ved avkøyringa mot Vatne, Tresfjord og Brattvåg.

Kjøpesentergiganten Moa, møbelbutik-kane i Breivika og bilforretningane ved Spjelkavik er eit snaut kvarter unna. Der er det trangt. Her er det rikeleg med plass.

Den tidlegare lastebilsjefen og hans partnarar (sjå faktaboks) vil sprenge ut og planere 200 mål tomt. Når Waagan står på tomta si og snur seg austover mot Skodje og Ørskogfjellet ser han den digre tomta Wenaas Kapital og partnarane (faktaboks) er i ferd med å fullføre. Her går dumperane i skytteltrafikk og knuse-maskiner kverner fjell til pukk og grus.

Nye vegsamband og nye veganlegg opnar sjansen for nye handels- og trans-portknutepunkt. Eiksundsambandet og Kvivsvegen har auka interessa for Furene midt mellom Ørsta og Volda. På vestsida av Eiksundtunnelen har Myr-våg-området i Herøy blitt meir attraktivt. Men ingen stadar er aktiviteten like høg

som på Digernesskiftet.

Ny Remabutikk er under bygging, Max-bo opna i vår og anlegget som sette fart på Digernesutbygginga – postens distri-busjonssentral for Møre og Romsdal og Nordfjord – opna sommaren 2012.

Wenaas Kapital vann konkurransen om å få bygge distribusjonssentral, etter at Posten kom til at det blei for trangt og smått i Breivika ved Moa.

- Det var det som var forløysande for oss, seier Nils Eirik Wenaas i Wenaas Kapital.

- For fem år sidan, då vi sto på eit fjell og peika på staden for Posten Norge, trudde folk vi var galne. Men det er vel ingen som ikkje har tru på Digerneset no, seier dagleg leiar Jan Petter Larsen i Wenaas Kapital.

INVESTERER FIRE MILLIARDARWaagan er ikkje i tvil om han investerer pengane på rette staden:

- I Ålesund er det ikkje plass til å bygge meir. Så kjem Møre-aksen. Det som vi

veit er at det blir mindre enn ein time å køyre frå Ålesund til Molde, og Diger-nesskiftet ligg midt i mellom.

Nils Eirik Wenaas anslår at det på Wenaas Kapital sitt område (Digerneset Næringspark) blir investert for rundt 2,5 milliardar kroner innan området er ferdig utbygd.

Då er planering, bygg, vegar og annan infrastruktur rekna med. Gjer vi Wenaas sitt reknestykke gjeldande for området til Waagan/Svinø (Skodje Næringpark), kjem investeringane ved Digerneskrysset opp i rundt fire milliardar kroner.

STOR LOKAL MARKNADValresultatet kan sette ekstra fart på etableringane på Digernesskiftet fordi både Høgre og Framstegspartiet har varsla at dei helst vi ha bort reglane som hindra fri etableringa utanfor tettstadar og etablerte kjøpesenterområdet.

Slik Wenaas Kapital vil ha det , blir han-delsbedriftene liggande ut mot vegane, synlege for alle potensielle kundar som susar forbi, medan distribusjon-, lett industri og anleggsbedrifter okkuperer

Tekst og foto: Ogne Øyehaug

Page 57: NETT NO - UTG 1 / 2013

57

tomtene lenger bak på området.

Nye reglar for kvar handelen får etablere seg, gjer det lettare å nå målet. Og utbyg-gjaren treng ikkje dra langt for å finne kundegrunnlaget.

I følgje Jan Petter Larsen skaper den ven-ta veksten i folketalet i Skodje fram til 2020 åleine grunnlag for 20.000 kvadrat-meter ekstra daglegvare-butikkareal. Dessutane er det ein stor handeleslekka-sje i området, to av tre skodjeværingar handlar maten sin utanfor kommunen.

Både han og dei andre investorane er overtydde om at Digernesskiftet skal bli vellukka, uansett.

Men det er ein faktor som truleg kan garantere at vegkrysset blir ein publi-kumsmagnet raskt.

IKEA I FRONTI 10 år pendla Tore Rødal forbi Digernesskiftet i jobben. Gradvis vaks ideen om at dette var staden å satse. Etter at han selde UFO Pukkverk i 2001 gjekk han saman med kompanjongen Hans Olav Drabløs – som var på jakt etter ein plass til ein storbilverkstad - og kjøpte 400 mål ved Digernesskiftet.

Etter kvart har Rødal berre blitt sikrare og sikrare på at Digenensskiftet blir det sentrale knutepunktet for heile fylket.

Både trafikken nord-sør og aust-vest må forbi her.

- Korleis ser det ut om to år?

- Då har vi vel Ikea i front der, seier

Rødal.Kvar publikumsmagneten Ikea hamnar heng framleis som eit ubesvart spørsmål for utviklarane av både Moa og Diger-nesskiftet, sjølv om Ikea er klar på kva som er første prioritet.

- Vi ønskjer å etablere oss på Moa og er i dialog med kommunen om ei tomt, seier Ikeas talsmann, Kristian Willanger. Kva som skjer ved eit eventuelt nei til sal til Ikea ber Willanger om å få kome tilbake til når saka er avklart.

Bystyret kjem til å ta stilling til eit even-tuelt sal av den kommunale tomta i løpet av hausten, i følgje rådmann Jarle Bjørn Hanken i Ålesund.

Men Ikea har bedt om ei betinga kjøpskontrakt, og spaden blir ikkje sett i jorda sjølv om bystyret seier ja til sal. Ein Ikea-butikk skaper mykje trafikk, og då kjem også andre styremakter enn kommunen inn i biletet.

- Ikkje minst vegmessig er det knytta nokre utfordringar til ei etablering, seier Hanken.

Enn så lenge er det god plass til Ikea på Digernesskiftet.

- Det må jo vere mykje fornuftigare for Ikea å etablere seg her enn å presse seg opp i ein krok bak kyrkja på Moa, seier Per Waagan.

Sjølv om Ikea seier selskapet helst vil til Moa, er Waagan klar over at endeleg avgjerd ikkje er teken.

- Det er klart at vi ikkje legg oss til å sove no, seier han.

Page 58: NETT NO - UTG 1 / 2013

58

MILLIARDSATSING: Når Jan Petter Larsen (til venstre) og Nils Eirik Wenaas i Wenaas Kapital og Oddgeir Svinø og Per Waagan (til høgre) i Skodje Næringspark har fått ferdig utbygginga av Digernesskiftet vil det vere investert rundt fire milliardar kroner ved vegkrysset.

SENTRALT: Ombygginga av avkøyringa frå Europavegen til Vatne, Brattvåg og Skodje har gitt Digernesskiftet nytt liv. Då Posten flytta distribussjonsentralen frå Breivika i Ålesund, til Digernesskiftet, fekk utbyggingsplanane forløysande drahjelp.

Digerneset Næringspark AS

Er i gang med planering og bygging.Eigd av Wenaas Utvikling (80 prosent), Jan Petter Larsens selskap Dreg (10 prosent) og Tore Rødals selskap Trh (10 prosent).

Wenaas Utvikling AS er heileigd av Wenaas Kapital, investeringselskapet til familien Nils Wenaas barna, Lene Wenaas og Nils Eirik Wenaas. Kom inn i Diger-nesprosjektet i 2008.

Saman med sin bror Lars bygde Nils Wenaas opp arbeidskleprodusenten Wenaasgruppen i Måndalen, som seinare investerte tungt i eigedom. Etter at han blei kjøpt ut av broren i 2006, har Nils Wenaas og barna satsa på eigne investeringar gjennom Wenaas Kapital.

Skodje Næringspark

Er i gang med reguleringsarbeid.

Eigd av Waagan Holding (50 prosent), Oddgeir Svinøs selskap Svinø Entreprenør (40 prosent) og Toril Hole Svinø (10 prosent).

Waagan Holding: Investeringsselskap eigd av Per Waagan og hans tre barn; Stein Arve, Vegard Øverli Waagan og Kjersti Waagan. Selde Waagan Transport Group, med over 80 bilar og 110 tilsette, til danske DSV Road i 2008.

UTBYGGARANE

Postterminalen for Møre og Romsdal og Nordfjord. 9000 kvadratmeter og 35 mål tomt. Sto ferdig i juni 2010.

Maxbo opna i 2. kvartal i 2013. 4500 kvadratmeter og 10 mål tomt.

Rema 1000 butikk. Under bygging. 4000 kvadrat-meter. Rema skal leige 1500 kvadratmeter, resten skal leigast ut til andre.

Coop. Har kjøpt 27 mål tomt. Avgjerd om byggestart første kvartal 2014.

Statens vegvesen/Digernes Næringspark planlegg anlegg med service- og kvileplass for tungtransport, eit av dei første i sitt slag i Noreg.

Digernes Næringspark reknar med å ha avklart bygging av to lager/logistikk/industri-bygg i løpet av fjerde kvartal 2013.

BYGD/UNDER BYGGING

Page 59: NETT NO - UTG 1 / 2013

59

Page 60: NETT NO - UTG 1 / 2013

60

Ingen får større gevinst av betre vegar enn Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

NORDVEST TENER MEST PÅ BETRE VEGAR

FINT: Ferjene knyter f jordfy lka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane saman, men kunne dei ers tat tas t med vegar, bruer og tunnelar vi l le den reel le arbeidsmarknaden bl i dobla, viser ein s tudie f rå Transpor tøkonomisk ins t i tu t t . (Foto: Fjord 1)

Page 61: NETT NO - UTG 1 / 2013

61

Med betre vegar og ferjefrie samband kan tilbodet av arbeidsplassar innanfor 45 minutts reise frå der du bur bli meir enn dobla i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane er gevinsten enda større. 45 minutt pendleavstand er den tida mange reknar som akseptabel reisetid.

Med dagens veg- og ferjesamband er 16.000 arbeidsplassar innan rekkevidde for ein gjennomsnittsbuar i Møre og Romsdal.

Kan vi køyre ferjefritt på eit nytt vegnett, vil nesten 40.000 arbeidsplassar ligge innan 45 minutt, viser ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt. Rapporten, ”Potensiale for region-forstørring”, kom i 2011 og er seinare blitt ein del av grunnlaget for Nasjonal Transportplan 2014-2023, som blei behandla i Stortinget i vår.

Større tilbod av arbeidsplassar betyr en-kelt og greit at risikoen for å måtte flytte ved jobbskifte blir mindre, og at faren krympar for at bustaden blir verdilaus om du mister jobben.

LET TARE REKRU T TERINGStørre tilbod av arbeid innanfor ein akseptabel pendleavstand gjer det truleg og lettare å flytte til, eller bli buande, i første omgang. Området blir meir attraktivt.

For bedriftene betyr det at det blir lettare å rekruttere, fordi tilbodet av aktuelle kandidatar blir større. Eit pluss er det og at sjansen aukar for at ektefeller/sambu-arar til aktuelle arbeidstakarar kan finne arbeid i same område.

Bedriftene vil og stå friare til å velge kvar dei vil etablere seg, fordi tilgangen på arbeidskraft innanfor akseptabel reisetid blir større.

Forskarane bak rapporten har ikkje sett på kva som er teknisk mogleg, og kva det vil koste er ikkje med i reknestykket. Ein god del av sambanda som må byg-gast ut for å få reknestykket til å gå opp, vil truleg aldri hamne på teiknebrettet ein gong.

Men konklusjonen, at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har svært mykje å vinne på betre vegsamband, er likevel rett.

Page 62: NETT NO - UTG 1 / 2013

62

Midt i juni i år lånte Hexagon Composites 300 millionar kroner i obligasjonsmarknaden. Pengane skal mellom anna brukast til å finansiere utbygging av produksjonskapasiteten i USA, der sel-skapet ventar ein kraftig vekst i salet av sine drivstofftankar og tanksystem i kompositt.

Alternativet, å invitere nye eigarar til å skyte inn meir eigenka-pital, slik at eksisterande eigarar fekk ein mindre eigarandel, var ikkje aktuelt. Det var eit godt val, viser det seg. Hexagon er i særklasse årets børsrakett i nordvest.

Ved årskiftet 2012/2013 vart selskapet verdsett til 575 millionar kroner på Oslo Børs.

14. juni 2013, då selskapet tok opp obligasjonslånet på 300 mil-lionar kroner, hadde kursen stige til 10,05 kroner pr aksje, og verdien på heile selskapet til 1,3 milliardar kroner.

OPP 400 PROSENTI første halvdel av november har kursen lege på rundt 25 kroner pr. aksje, og selskapet har dermed vore verdsett til rundt 3,3 milliardar kroner, ein verdiauke på over 400 prosent.

Hexagon Composites droppa aksjemarknaden og hentar heller pengar i obligasjonsmarknaden. Det har Knut Flakk og resten av aksjonærane fått milliardgevinst på.

MILLIARD-GEVINST FOR HEXAGON-EIGARANETekst: Ogne Øyehaug / Foto: Hexagon

MILLIARDPOST: Knut Flakk, styreleiar og storaksjonær i Hexagon Composites. Gjennom Flakk Holding eig han Hexagon-aksjar for 1,1 milliardar kroner.

Page 63: NETT NO - UTG 1 / 2013

63

For styreleiar Knut Flakk, som eig 38,48 prosent av Hexagon Composites gjennom Flakk Holding, betyr det at Hexagon-pos-ten hans no er verdt over 1,1 milliardar kroner.

LØFTA AV USAAnalytikarane peikar ein veg når dei skal forklare den veldige kursoppgangen i Hexagon-aksjen, til USA. Konsernsjef Jon Erik Engeset er samd.

- Det er særleg utviklinga i Nord-Amerika som skaper ein mog-leg stor vekst for oss. Vi er ikkje åleine, men vi er klart mar-knadsleiande på høgtrykkstankar i kompositt-materiale, seier han.

Teknologien som gjer det råd å utvinne naturgass frå skiferberg-artar i undergrunnen har gjort veldige framsteg. Medan USA for få år sidan planla å bli storimportør av naturgass, mellom anna frå Noreg, er landet i staden i ferd med å bli ein eksportør. Resultatet er at gassprisane har stupt, og interessa for å ta i bruk gassen som drivstoff på tyngre køyrety gått til vers.

Slik prisane er no vil ein tung lastebil tene inn ekstrakost-naden med ein gassmotor på eitt til to år, ifølgje Engeset.

Kraftige gassmotorar kjem no i masseproduksjon. Motorpro-dusenten Cummins Westport har nettopp lansert ein 12 liters

gassmotor for dei største lastebilane.

- Det blir produsert 250.000 slike lastebilar i året i USA. Seriøse institusjonar spår at minst 35 prosent av dei nye lastebi-lane vil gå på gass innan 2020. Med mellom to og ein halv og tre drivstofftankar pr bil utgjer det over 200.000 tankar i året, seier Engeset.

FIRED OBL AR KAPASITETENHexagon har bestemte seg for å byggje ut produksjonskapasite-ten i USA. Det første byggesteget på fabrikken i Nebraska er fer-dig neste år. Det vil doble kapasiteten. Neste byggesteg skal vere ferdig i første kvartal 2015 og vil doble kapasiteten nok ein gong.

- Vi har investert 65 millionar kroner i år, størsteparten av dette i den utbygginga vi held på med i USA. Det neste steget er planlagt til 25 millionar dollar (cirka 150 millionar kroner), seier Engeset.

U T AV VINDIfjor la Hexagon Composites ned produksjonen i av glasfiber-matter i Langvåg, og flytta den til ein ny fabrikk i Litauen. Glassfibermattene blir mellom anna brukt som forsterking av vengane på vindmøller. Engeset seier produksjonen i Litauen er >>>>

GASS: Komposi t tbehaldarar for gass, t i l mel lom anna gassgri l lar, har gjor t Hexagon kjent på heimebane.

Page 64: NETT NO - UTG 1 / 2013

64

>>>>

veldig rasjonell, men selskapet har likevel avgjort at produksjon av glasfibermatter ikkje er ein del av kjerneverksemda, og skal selgast, heilt eller delvis. Målet er å ha unnagjort prosessen i lø-pet av første kvartal neste år.

Produksjonen av komposittbehaldarar for hushaldning- og fri-tidsbruk, til dømes til gassgrillar, skal derimot ikkje selgast. Den foregår på Raufoss og er så fullautomatisert at

Hexagon vil bruke kunnskapen derifrå til å automatisere pro-duksjonen i USA. Men med den viktigaste marknaden i USA og produksjon der og på Raufoss, kvifor skal Hexagon styrast frå Ålesund eigentleg?

- Det er slik at både styreformann, underteikna og andre nøkkelpersonar bur her, og trivst med det. Det er ingen grunn til at konsernet ikkje skal kunne leiast ut frå Ålesund, så då er det enkelt, seier Engeset.

FAKTA OM HEXAGON COMPOSITES ASA

Børsnotert selskap med hovudkontor i Ålesund.

Største aksjonær er Flakk Holding med 38,48 prosent av aksjane.

Lagar drifstofftankar og tanksystem i kompositt, for oppbevaring av gass.

Kompositt er eit fellesnamn for materiale som brukar kolfiber eller glassfiber blanda med ulike syntetiske stoff som herdar. Resultatet er eit lett og sterkt materiale.

Mest kjent i Noreg for sine behaldarar for mellom anna gassgrillar, men det viktigaste produktet er blitt drivstofftankar for lastebilar og bilar, der USA er den viktigaste marknaden.

Aksjekursen har stige over 400 prosent hittil i år.

Har produksjonsanlegg på Raufoss, i Litauen og USA.

Hexagon Composi tes ASAPr. 3 kvartal Tal i mill. kroner 2013 2012Driftsinntekter 1105 785Driftsresultat 131 31Resultat før skatt 123 21

VEKST: Hexagon Composites lagar mobile system for transport og lagring av komprimert naturgass, og drivstofftankar for mellom anna lastebilar, bussar og personbilar. Det er spesielt forventningane til marknaden for drivstofftankar på tyngre lastebilar som har drive aksjekursen i Hexagon til vers.

Page 65: NETT NO - UTG 1 / 2013

65

Dette seier Herøy-reiar Paul Harald Lei-nebø i Leinebris AS. Saman med reiar-kollega Åge Uran satsar no Leinebø på å byggje ein supermoderne kombinert garn- og linebåt ved Tersan Shipyard i Tyrkia.

- Vi er stolte av å vere linefiskarar. Du finn ikkje betre sjøfolk og fiskarar enn linefis-karane. Gjennom denne satsinga ønskjer vi å vere mellom spydspissane i den nor-ske fiskerinæringa.

VEMODIGSatsinga inneber at det vert att ein linebåt i fiskerikommunen Herøy.

- Det er litt vemodig at vi er den siste li-nebåten her, men vi har sett liknande ut-vikling andre stader i landet. Det er ikkje mange år sidan det var 100 linebåtar i Norge. No er vi færre enn 30 og nærmar oss fort 20, seier Leinebø.

U TFORDRINGARHan meiner det finst fleire grunnar til at så mange har gitt seg på kort tid. Ein hovedgrunn er kravet til eigenkapital ved modernisering. Mykje kapital vert brukt til kvotekjøp.

- Vi har ikkje statlege støtteordningar, slik ein har for bygging av offshorefartøy.

- Det er også arbeidskrevjande å drive ein linebåt, spesielt for små familiesel-

skap, og mange eigarar har seld unna og fordelt gevinsten.

- I tillegg er det mindre motiverande å drive til mindre linemiljøet vert.

BR A LØNSjølv har Leinebø gått på land, men han ønskjer å avlive myten om at linefiskara-net tener dårleg.

- I fjor tente dei av våre folk som var med heile året over ein million kroner, medan

ein passerte halvmillionen om ein var med halve året. Dette er betre enn i supp-ly, og vi har skiftordning med faste datoar for turnusskifte kvar femte veke.

FAMILIESAT SINGTotalt vil rundt 35 fiskarar verte sysselset-te om bord i den nye linebåten. Ein av dei er Leinebø sin eigen son Christer, som er ein av skipperane. Han har også andre fa-miliemedlemer om bord, medan

>>>>

VIL GJENREISE LINEFISKARENTekst: Kjetil Haanes / Foto: Kjetil Haanes

- Det er ikkje vi som siste åra har vorte inviterte til Kongens bord, men du har aldri høyrd ein linefiskar gramme seg. Vi gir aldri opp linefiskaren.

LINESATSING : Paul Harald Leinebø har tru på god framtid for norsk linefiske, og satsar stort på ein ny kombinert garn- og linebåt.

Page 66: NETT NO - UTG 1 / 2013

66

>>>>

andre arbeider i familieselskapet på land, mellom anna dottera Lisa og svigersonen Daniel Harbo Pineiro.

- For meg er det inspirerande å sjå at nye generasjonar tek etter, seier Leinebø.

KVALITET SFISKGjennom selskapet PHL Service sel sel-skapet også sin eigen fisk.

- Det er aukande etterspurnad etter kvali-tetsfisk frå lineflåten. Vi har seld mykje til land som USA, Skottland, Canada, Spa-nia og Kina, men no er den norske mark-naden også i ferd med å kome etter.

- Fisken vi fiskar kjem sprell levande om bord, bløgga med det same og kjem i kar-tongar i fryseromet etter maksimalt fire timar.

Gjennom nysatsinga har kvotene til «Leinebris» og «Urevaag» vorte samla i

eitt felles kombinasjonsfartøy for autoline og garn. Leinebø seier at dei to selskapa har hatt eit godt samarbeide dei siste åra, men heving av kvotetaket i havfiskeflåten frå tre til fem var avgjerande for at dei to selskapa valde å gå saman.

- Saman står vi sterkare enn nokon gong for å drive med det vi kan; linefanga kva-litetsfisk frå Noreg, seier han.

NY DR AGEBRØNNLØYSINGDet supermoderne fartøyet er utvikla av Skipsteknisk AS i samarbeid med eigara-ne. Skipet vil mellom anna få eit nytt die-selelektrisk framdriftssystem bestående av ein nedsenkbar azimuth propell fram-me og ein frekvensstyrt framdriftsmotor tilknytta gir/hoved-propell i hekken.

Vidare vil fartøyet få ei heilt nyutvikla dragebrønnsløysing som vil vere spesielt tilpassa haling av drivgarn og line.

- Ingen har drege garnet gjennom drage-brønnen før, så også her vil vi vere heilt i

NYE LEINEBRIS: Mykje nytt på nye Leinebris. Mellom anna ein 360-graders Sky Lounge og heilt ny dragebrønnsløysing. Skisse: Skipsteknisk.

front. Dette vil gjere oss endå meir effek-tive, seier Leinebø.

SKY LOUNGEBåten er utforma etter strenge helse-, ar-beidsmiljø- og sikkerheitskrav for mann-skap. Det er høg komfortklasse i lugarar og anna innreiing. På toppen av styrehu-set er det ein eigen «Sky Lounge» med 360 grader utsikt.

Båten får ei lengde på 58 meter, ei bred-de på 13,40 meter og vil vere innreidd for 24 personar. Nybygget vert finansiert av SpareBank 1 SMN, SpareBank 1 Nordvest og Innovasjon Norge.

Levering vil skje på vårparten 2015.

«Du finn ikkje betre sjøfolk og fiskarar enn linefiskarane.»

Page 67: NETT NO - UTG 1 / 2013

HAVILA SHIPPING ASAwww.havilashipping.no

World leading Offshore company-Founded on a boy´s dream

Page 68: NETT NO - UTG 1 / 2013