gjennom 38 aar

38
gjennom 38 aar gjennom 38 aar

description

gjennom 38 aar. Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v. Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ” Humlekokeriet i Viken ” etablert. Ein har ALDRI - PowerPoint PPT Presentation

Transcript of gjennom 38 aar

Page 1: gjennom 38 aar

gjennom 38 aargjennom 38 aar

Page 2: gjennom 38 aar

Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v.

Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ”Humlekokeriet i Viken” etablert

Page 3: gjennom 38 aar

Ein har ALDRIunnlate å nemne, kanskje

bortsett frå brevveksling med sjefen for

HKH Kronprinsens adjutantstab kva MÅLFØRE

og MJØDMERKJEsom skal nyt(t)ast der

Selskapskarar samlast !

Page 4: gjennom 38 aar

Brevvære og brevark var før ’digitaltida’ ei

langsiktig investering.

Selskapskarane har difor site i dei

Umboda dei vart valde til under fyrste Generalforsamlinga

Ein hugseregel er soleis:

Umboda varer livet ut!

Page 5: gjennom 38 aar

Når Selskapskarane

samlast til Generalforsamling

byrjar ein alltid med å synge Opningsverset

Sume gonger har ein også , når

morgonljoset har krope fram, makta

å få fram nokre spede tonar frå Slutningsverset.

Ein har jamvel bydd fram Småmeistaren til

prøvesong hjå NRK, med dei tok ikkje mot dette

storfelte tilbodet !

Page 6: gjennom 38 aar

Selskapskarane gjorde i 1974 ein freistnad på å få noverande kong

HARALD V

Til å vera ’Vaktar’ for DNSMHOK

Framstøyten fall på steingrunn, og svaret

kom på bokmål…

Så vi er framleis våre eigne ’Vaktarar’

-Og i så langt råd er:

-Vaktarar over ’Storebror’

Page 7: gjennom 38 aar

Under Generalforsamlinga i 1975 tok vi opp eit assosiert medlem, som etter godkjend

prøvetid –sidan har vore

GREIESTYRAR i DNSMHOK

Ein vil sjå av det tilsende brevet at ein noggrant må

dokumentera kvalifikasjonane

sine når ein søkjerUmbodinnan

Selskapet

Page 8: gjennom 38 aar

Ei av Mjødkallen sine viktigaste oppgåver er å

halda kontakt med Humlekokeriet i Viken.

Attåt dette skal han inspisera og melde fraa om

alle nyhende på Mjødfronten.

Her er ’søknaden’ frå 1975

Page 9: gjennom 38 aar

Svaret let ikkje vente lenge på

seg, og som vanleg var det ikkje neiord å

finna frå inspektør Birger Graarud

si penn !

Page 10: gjennom 38 aar

Året er 1977, portoen er 100 øre, postkortet er

frå Dronningriket i Sud, men postlagt (stempla) i

Oslo.

Greiestyraren og Lovseiemannen har

vore på granskingsferd til ’Kongens By’ og røkt etter om staden kan

vera høveleg møteplass for DNSMHOK si Jubileumsfeiring

året etter.

’Det Norske Selskap’[-det opphavelege]

hadde tilhald her eit par hundreår tidlegare

Page 11: gjennom 38 aar

OPPM(J)ODINGA1978

Selskapet fatta på GF [Generalforsamling]

Vedtak om å oppm(j)ode alle ordførarar i kommuner som har Selskapskarar busett, ’Å

lata Ringnes Mjød og –vørterdrykk FLYTA FRITT.

Vi tala truleg for dauve øyro !

Page 12: gjennom 38 aar

Planlegginga av 10-års jubileet starta som mangt anna i ’manneflokken’

kring 9 månader før den store hendinga

I staden for å ro eller segla, tok vi kontakt med A/S Danske-båtene for å høyra kva dei hadde å by

oss

Vi godtok tilbodet deira i juni 1978

Page 13: gjennom 38 aar

Ein ’høgst underdanig’ Smaameistar melder frå

om at han vil borda ’Danskebåten’ i Horten

Page 14: gjennom 38 aar

Stormeistaren tek affære, og

søkjer ’Fylkesmannen i

Vestfold’ om tidsavgrensa

utsleppsløyve for

Smaameistaren

Page 15: gjennom 38 aar

Fylkesmannen ser alvoret i saka, og

gjev løyve

til og med UTAN

kvantumsgrense

– mot at Smaameistaren

’fær fram gjennom fylket

med vit og lempe’

Page 16: gjennom 38 aar

Då eit par av Umbodshavarane er i militærteneste, set

Greiestyrar og Tjeldmeistar kreftene inn på å få

permittert dei – i samband med turen til Kaupenhamn.

For Runemeistaren sin del fører dette til at troppsjefen hans

vert kontakta frå Forsvarsleiinga på Akershus

Festning

Page 17: gjennom 38 aar

Ljodmeistaren søkjer permisjon….

På permisjonssetelen står ’raudt på kvitt’

”Innnvilges ikke !”

Så vidt eg hugsar var Ljodmeistaren tilstades heile

Jubileumsferda !

Kanskje kompanisjefen ikkje brukte kuleramma

denne helga ?

Page 18: gjennom 38 aar

Kjenslejunkaren melde avbod,

men var likevel tilstades – både under

inspeksjonen av Humlekokeriet, og

vidare nedover Skagerak.

Han heldt strengt

oppsyn med ’Kjenslone’ under heile

’Kransferda til Kaupenhamn’

Page 19: gjennom 38 aar

Lovseiemannen tok i god tid før Kransferda kontakt med Ambassaden i Kaupenhamn

for å varsku dei kva slag storhende som skulle bli

Danane til del.Presseattacheen med make

vart invitert til Lunsjen vi skulla ha hjå Madam Juel’s i Sværtestrætet nummer sju.

Vi fekk nokre dagar etter orsakingsbrev frå ambassaden – litt

desorientert på kva land han eller vi haddde vitja tykkjest

han vera ut frå svaret.

[Og etter all ’Vin ad libitum’ på båten er stormeistaren redd for at vi ikkje synte oss frå vår beste side – Hell i uhell !]

Page 20: gjennom 38 aar

Sidan vi skulle leggje ned ein blomekrans med norske

fjellbygdsplanter under feiringa i Kaupenhamn,

fann vi det rettast å søkje

’Statens Planteinspeksjon’ om utførsleløyve

Ein kan aldri vita kva Skjællendske tolltenestemenn

kan finna på når nordmenn strøymer ut til Kvæsthusbroen

– og bær med seg både ”Kjerringris, brisk,

kræklinglyng og fjellbjørklauv”.

Kransen, laga hjå gartnar Steindebakken på Fagernes, hamna sidan ved føtene til

H C Andersen

Page 21: gjennom 38 aar

Olav Drivenes ved Statens Planteinspeksjon sende oss så det BESTE

svarbrevet vi har motteke gjennom all tid!

Noko utførsleløyve var ikkje nødvendig, men han

utstyra oss med eit ’phytosanity certificate’

som burde berga kransen gjennom sjølv dei minste

EF-nålauge

Til sist gjer han Selskapskarane

merksame på at kransen har ein mangel – Det er ikkje noko

’Filipendula Ulmaria’ å finna ioppskrifta !

Page 22: gjennom 38 aar

Å samla inn pengar av deltakarane framfor bilettluka

fann vi å måtte unngå.Med hjelp av Ærestilvist Offiser

/ banksjef i Vestre Slidre Sparebank fekk vi ein likvid

medel stor kr. 10.300,-.

Dette vart betalt attende 18/9-1978, slik avtalen lydde !

Page 23: gjennom 38 aar

Ein tok før Jubileumsferda kontakt med den 4. statsmakta for å gi dei høve til å få meir opplysningar om

DNSMHOK.

Ein tillyste ’Bladmannsamrøde’

på lokalet merkt ”Karar” på Etna Stasjon klokka

02.55 måndag 11/9(men ingen frå Selskapet møtte fram)

Så vidt vi veit, hadde både ’Oppland Arbeiderblad’ og

’Sogningen/Sogns Avis’ teke inn pressemeldinga vår.

Page 24: gjennom 38 aar

Selskapslovi § 3 1.punktum slær fast at berre KARFOLK

kan vera medlemmer i Selskapet.

Greiestyraren ottast at vi skulle få vanskar med den nye ”Jamstellingslovi”, og

sende ein søknad om varig fritak til Departementet.

Page 25: gjennom 38 aar

Underskrivaren til det vyrde Departement, Audun Edvardsen,

er vel den einaste som med reine ord har stempla oss som

UDUGELEGE.

Vi vil tru at han ser på seg sjølv som svært dugande !

Humørlause Byråkratar !!

Page 26: gjennom 38 aar

Myntslagaren tok eit alvorleg tak for å betra ’Myntonomisk Stode’

og sende ein søknad om kulturmidlar til Oppland

fylkeskommune

[ etter ’Rekneskapen’ å døma, er Myntslagaren ein god diktar ! ]

Vedtaket i fylkeskommunen vart som venta, og

Myntslagaren finn det ikkje eingong turvande å sjenka

dei noko ’Budsjett’.- Dette hadde han gløymt å

dikta opp då han ’utarbeidde’ rekneskapen.

Page 27: gjennom 38 aar

”Stova åt Majoren”(Majorstua)

Under ei samling i Årdal våren 1978 fann ein å måtte

rette ymse spursmål til Rikskringkastingi.

Mjødkallen sette ord på tankane til dei frammøtte, og

skikka eit brev i veg.

Kristian Øgrim i NRK tykkjer brevet er ’underleg’.

Han sender tilbodet om å frigi Småmeistaren til ’Prøvesong’

vidare til Underhaldningsavdelinga,

som skjønar sitt eige beste – dei let Småmeistaren synge i

eigen heim !

Page 28: gjennom 38 aar

I 1979 har Selskapet Generalforsamling på

Grindaheim Hotell.Her på ’heimebanen’ fortel

Greiestyraren om dei stygge utsegnene som

kjem frå ’Statssekretærutvalet’

Dei har meint å ’tappa kaldvatn på Pilsflaskene’!

Med sterk innsats frå Greiestyreren vert kvelden

vellukka og aktiviteten i DNSMHOK aukande i arbeidsbolken 1980

Page 29: gjennom 38 aar

Greiestyraren hadde ei lang brevveksling med ’Folkeaksjonen

for Pilsen’,Ikkje minst med

’Rotestyrar’ Helge Wettre

(Umbodstitlane våre er smittsame, ser det ut for )

Rotestyraren er på språkleg vikande grunn, og vel å sende attpartar både til Noregs Mållag

og Rigsmaalsforeningen

Page 30: gjennom 38 aar

Ei vidare brevveksling med Folkeaksjonen

Kunne Greiestyraren senda Stormeistaren og

Lovseiemannen avgarde til ’Engebret’

på bankplassen for å få ei møtestund saman

med ’Folkeaksjonistane’

Page 31: gjennom 38 aar

Stormeistaren tek mot ’Den Gylne Seidel’ på vegne av DNSMHOK

Page 32: gjennom 38 aar

Same Ættnamnmen

ulikt syn på Mjød

Helsing frå Selskapet ved

Generalforsamling1980

Page 33: gjennom 38 aar

’Vi kan i det minstefå eit svarbrev’

(Ljodmeistar Eivind Røyne)

Page 34: gjennom 38 aar

I 1993 runda DNSMHOK 25-årsmerket, og

Umbodshavarane samlast.

Ved dette høvet fann ein det turvande å fortelje

Humlekokeristyresmaktene at ein var lite nøgd med at

dei la ned lager/distribusjon i Valdres,

og istaden flytta dette til Hallingdal.

Page 35: gjennom 38 aar

Te

Selskapet rår i alle fall over eit tosifra beløp i Vestre Slidre Sparebank Myntslagaren seier i april 2006:

Kan stutt nemna at den myntonomiske stoda i selskapet nett no er sers stabil, då banken ikkje

har lagt til renter dei siste åra! 

Page 36: gjennom 38 aar
Page 37: gjennom 38 aar

3. juni 2006 samlast vi til ’Vårslepp på Valdres Folkemuseum

Page 38: gjennom 38 aar

Vi let

Selskaps-hymnen

slutta

dette stutte oversynet om ein underleg blom i blant

norske Organisasjonar