Dystopia III

14

description

Roman, ungdom, spenning

Transcript of Dystopia III

Terje Torkildsen

Dystopia III

Roman

SamlagetOslo 2011

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 3

© 2011 Det Norske Samlaget

www.samlaget.no

Omslag: Grandpeople

Førtrykk: Samlaget

Skrift: Adobe Garamond

Papir: 90 g Munken Print Cream 1.5

Trykk: AIT Trykk Otta AS

Printed in Norway

ISBN 978-82-521-7556-1

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 4

MORDA I MOULINDAM

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 7

Onsdag 19.03.2014 kl. 18.28

– Hei, Victor! Vent! No svima ho av igjen!Scott set seg ned på kne i det dassblaute graset. Dee-

pika ligg på ryggen med attlatne auge og open munn.Brillene hennar har ramla ned under haka. Scott prøver åfå henne til å vakna ved å ropa og klaska henne på kinnet.Ho gliper med auga og hostar litt, men så forsvinn hoigjen. Scott stappar brillene hennar i jakkelomma si ogheiser henne opp frå bakken. Ho er som ein diger deig.Han legg den eine armen hennar over nakken sin ogbukserer den motstandslause kroppen opp på aksla medeit brannmannsløft. Deepika er blitt mykje lettare deisiste vekene, så Scott har ingen problem med å løftahenne, men det er tungt nok som det er å kjempa segfram mot pøsregnet og den sterke motvinden. Å gå medei bevisstlaus jente over nakken gjer det ikkje enklare.Victor og Kristine står duknakka og ser på opptrinnet eitsteinkast lenger framme på diket.

– Me må få henne i hus! roper Scott mot dei.Det er så vidt dei høyrer han gjennom den sterke

kulingen, men dei nikkar og krummar nakken før deifortset å gå mot vinden og regnet. Det har byrja å skum-ra, og om kort tid vil det vera mørkt. Det kraftige regnet

9

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 9

har fått vatnet i elva til å stiga farleg mykje, og det kan nårsom helst fløyma over diket. Den mørke straumen rennforbi dei i stor fart og lagar hissige kvervlar og gulbruntskum. Kristine går heilt inntil ryggen på Victor for åunngå det verste piskeregnet. Victor held den eine handainntil den blaute blonde panneluggen for å verna augamot dei kvasse dropane. Difor er det Kristine som først fårauge på lyset. Ho dunkar Victor på skuldra og roper:

– Hei, Victor! Sjå! Det er lys der framme.Victor plirer mot regnet og får auge på lysskjæret, han

òg. Dei snur seg med ryggen mot vinden og gaular motScott og Deepika.

– Sjå! Lys! Scott svarer med eit rop. Dei klarer ikkje å høyra kva

han seier, men tek det som eit signal om å gå vidare. Pånedsida av diket er det myrete, og Kristine hyler i angstnår ho plutseleg sit fast med begge beina. Victor iler tilfor å hjelpa, men går på trynet og må ta nokre symjetakfor å komma seg på føtene igjen. Han kjem seg fram tilKristine og klarer å dra henne laus, men den eine støve-len hennar blir sitjande fast i sumpen. Victor gjer eit kortfånyttes forsøk på å finna igjen støvelen i den svarte myr-suppa før han og Kristine kavar seg opp til eit lite skog-holt like ved. I skogen er bakken tørrare, og trea gir litt lyfor vinden og regnet. Scott vel å gå ein omveg for åunngå myra. Børa han ber på gjer han dobbelt så tungsom dei andre. Det tek difor nokre minutt før han nårigjen dei to i skogholtet. Victor hjelper til med å få lagtDeepika varsamt ned på bakken, slik at kompisen fårstrekt ut ryggen.

10

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 10

– Ser ut som eit hus, seier Scott andpusten medan hanstår og støttar hendene mot korsryggen.

– Ja, eit digert eit, svarer Victor og hakkar tenner. – Skaleg bera Deepika litt?

– Nei, det går greitt. Eg må berre ta ein liten pause.Me må få henne innandørs no, elles frys ho i hel.

Victor og Kristine hjelper til med å få Deepika opppå skuldrene til Scott igjen. Dei stavrar seg gjennom skog-holtet og kjem til ein stor plen. Der stoppar dei opp ogblir ståande og betrakta den store bygningen. Huset er ikkjeså høgt, berre to fulle etasjar, men fasaden er lang. Det erlys berre i nokre få vindauge i andre etasje. Kristine stårog snufsar medan ho lepjar i seg salte tårer og kalde regn-dropar med tunga.

– Ser ut som eit slott, seier Scott.– Ja, faen! Victor kikkar oppglødd på dei andre. – Det

er faen meg eit slott! Dei må vel ha plass til oss på eitsvært jævla slott?

Han spring ut på plenen utan å venta på dei andre.Midt på den lange fasaden er det ein stor balkong, ogunder balkongen ei brei trapp som leier opp til to høgeglasdører. Victor stiller seg opp ved den nærmaste døraog bankar på. Han står og lyttar etter fottrinn innanfrå,men høyrer ikkje anna enn den ulande vinden. Deiandre kjem også opp på trappa. Victor bankar ein gongtil, endå hardare, med knytt hand.

– Det må jo vera nokon her inne, seier Kristine, menei rynke i panna viser at ho er i tvil. – Det er jo lys i vind-auga der oppe, meiner eg.

Victor nikkar og bankar ein gong til på døra.

11

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 11

– Kanskje me skal prøva å hiva småstein på vindaugamed lys i? føreslår Scott.

– Nei, faen, svarer Victor gjennom ein klaprande tann -gard. – Me kan ikkje byrja å leita etter stein no. Det er jodritmørkt, og me er i ferd med å frysa i hel. Me må berrebryta oss inn.

Scott føreslår at dei heller skal sjå etter ein annan inn-gang, men så dukkar det plutseleg opp eit lys der inne.Gjennom glaset kan dei sjå ei eldre dame som med storskepsis nærmar seg balkongdøra. Ho held ei lommelykt iden eine handa. Victor blir oppglødd og bankar hardt pådøra. Dama på innsida stoppar opp.

– Hei, hallo! brøler han på engelsk. – Du treng ikkjevera redd. Me er ikkje farlege. Me treng berre tak overhovudet. Deepika her er sjuk. Ho har svima av.

Dama på innsida blir openbert uroleg av det hanseier, eller måten han seier det på. Kristine skyv Victorvekk frå døra og legg nasen heilt inntil glaset.

– God kveld, smiler ho og viser kvite tenner. – Mebeklagar viss me skremde deg, men me treng desperat eintørr stad å overnatta. Venninna mi her er sjuk og trengtørre og varme klede.

Dama på innsida kjem litt nærmare, slik at det ermogleg for dei på utsida å få eit inntrykk av henne. Hoer i femtiårsalderen og har lyst hår knytt i ein dult i nak-ken. Ho har eit rundt ansikt oppå ein endå rundarekropp. Ho ser på dei med engstelege auge og seier nokopå fransk med sped stemme. Kristine kikkar på gutane.Dei ristar på hovudet, begge to. Ho snur seg tilbake motdama på innsida og stotrar på dårleg fransk:

12

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 12

– Me treng hus. Venninna mi er sjuk. Ver så snill.Den runde dama peiker med lykta på henne. Kristine

smiler som ho skulle vore hos fotografen. Dama på inn-sida flyttar lysstrålen over på Scott. Ho støkk til når hoser den langhåra uflidde guten med den livlause jentaover akslene.

– Eg beklagar verkeleg, seier ho med eit mildt smil,– men me kan ikkje ta inn sjuke folk her no.

– Ver så snill! ber Kristine. – Eg beklagar, eg kan ikkje …– Ver så snill! Me døyr her!Dama snur seg for å gå. Kristine blir desperat og byr-

jar å ropa ut franske gloser medan ho slår og sparkar idøra.

– Ver så snill! Eg ber deg! Ikkje gå! Ver så snill. Ven-ninna mi er dødssjuk! Eg er gravid!

Victor byrjar også å hamra på døra. Dama stansar,men ikkje på grunn av bankinga. Det kjem ein ung mannbort til henne og spør om eit eller anna. Dei utanfor slut-tar å bråka. Dama seier noko til mannen som dei ikkjekan høyra. Begge bruker armane når dei snakkar, og deter tydeleg at dei er ueinige om eit eller anna. Den ungemannen peiker bestemt med den eine armen, og damagår motvillig vekk. Mannen kjem bort til døra. Han ser utsom ein filmskodespelar frå gamle dagar og snakkar eng-elsk med fransk aksent:

– Kva er problemet her?– Beklagar, seier Kristine og byrjar å grina, – men me

er desperate. Me held på å frysa i hel, og venninna mi erbevisstlaus. Ver så snill!

13

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 13

Den unge mannen på innsida nikkar med ei alvorlegmine.

– Eg forstår. Sjølvsagt skal de få husly, men de kan ikkjekomma inn denne døra. Den kan ikkje opnast. Hovud-inngangen er på andre sida. Han viser med ei handrørsleat dei må gå rundt.

– Å, tusen takk, tusen takk. Kristine smiler og snufsar. Scott er allereie på veg ned trappa. Dei går bortover

langs veggen til dei kjem til eit hjørne. Her er det eingrusveg som fører inn til ein slags borggard. På motsettside av den opne plassen er det ein annan stor bygningmed eit høgt tårn som dei berre kan ana som ein mørkskugge. Victor er så gira at han spring frå dei andre. Scottstoppar opp for å få eit betre grep om Deepika.

– Vent litt, Kristine, seier han. Ho stansar. Han kjem tett inntil henne og seier med

låg stemme:– Eg er elendig i fransk, men sa ikkje du nettopp til ho

dama at du var gravid? Var det berre noko du sa for å fåoss inn, eller?

Kristine opnar munnen for å svara, men så er det somho ombestemmer seg og byrjar i staden å grina igjen.

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 14

Onsdag 19.03.2014 kl. 18.55

Den unge mannen står i døra saman med Victor og ventarpå dei tre andre. Kristine græt sårt og høglydt. Victor berhenne skjerpa seg. Den unge mannen tek Deepika påpanna.

– Ho har feber.Scott prøver å blåsa bort den lange, våte panneluggen

som heng som ei gardin ned i ansiktet hans. – Ja, ho har vore dårleg i fleire dagar no. Eg veit ikkje

om det er noko alvorleg, eller om ho berre er utmatta. Memå uansett få henne tørr og varm så fort som mogleg. Egklarer heller ikkje å bera henne særleg mykje lenger.

Dama med lommelykta dukkar opp bak dei. Ho berpå ein bunke ullteppe som ho slepper demonstrativt nedpå golvet i inngangshallen. Ho mønstrar fantefølgjetmed ei sur mine og kommenterer at det dryp av kledadeira.

– Lucy! seier den unge mannen strengt. – Plukk oppteppa igjen og ta dei med inn på kjøkkenet. La meg fålykta, og finn fram nokre handklede, så dei kan få tørkaseg.

Lucy gir frå seg lommelykta med eit snøft og snur påhælen.

15

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 15

– Eg beklagar, seier den unge mannen lågt og ser unn-skyldande på besøket. – Ho er litt … vanskeleg.

Han rettar lysstrålen innover i inngangshallen, der deikan skimta dei nedste trinna av ei brei trapp. Elles er detstore rommet stappmørkt.

– Som de sikkert skjøner, seier den unge mannen, såer straumen gått, men viss de følgjer meg, så går de dykki alle fall ikkje vill her inne.

Den unge mannen kryssar over golvet i hallen. Restenav gjengen følgjer etter. Dei går gjennom to høge dører,men det er så mørkt at dei ikkje klarer å danna seg nokoinntrykk av det dei passerer. Den unge mannen stopparopp og set lommelykta frå seg på eit bord. Dei er komneinn i eit stort, gammalt kjøkken. Veggene er kvite og reflek-terer det meste av lyset frå lommelykta, slik at rommet blirrimeleg bra opplyst. Victor trekkjer Kristine trøystandeinntil seg, og hulkinga hennar går over i snufsing. Scottlegg Deepika varsamt ned på ein stor slaktebenk i massiveik. Han serverer eit stønn i det han frigjer seg frå dentunge børa.

– Det er fint om de kan ta av dykk dei våte kleda herinne, seier den unge mannen. – Her er det fliser på gol-vet og lettare å tørka opp vatnet.

I lyset frå lykta og dei kvite veggene kan dei sjå at hanneppe er så mykje eldre enn dei sjølve. Over tjue kanskje,men ikkje stort meir. Han har fyldig, svart hår og ser utsom om han kunne vore med i ein barberhøvelreklame.Lucy kjem inn med teppa og nokre handklede. Ho stillerseg opp framføre den unge mannen og ventar på ordre.

– På kjøkkenbenken takk, seier han.

16

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 16

Lucy legg frå seg børa medan ho himlar med auga.Ho lagar ein liten forulempa smattelyd og går ut av rom-met. Den unge mannen blir ståande og sjå etter hennesamtidig som han ristar oppgitt på hovudet.

– Ja, de får verkeleg unnskylda Lucy, seier han og snurseg. – Eg heiter Marco, forresten, Marco Morris. Vel-kommen til Château de Moulindam.

Han rettar fram ei hand til helsing, men ungdomaneer så opptekne med å få av seg dei våte kleda at ingenregistrerer invitasjonen. Marco snur seg høfleg vekk etterkvart som det klissvåte undertøyet deira klaskar mot gol-vet. Scott tørkar seg kjapt med eit handklede og knytereit ullteppe rundt livet før han byrjar å kle av Deepika.Når ho er naken, rullar han henne inn i eit brunt teppe,noko som får henne til å likna på ein diger sigar. Marcogår bort til Deepika og kjenner etter puls på halsen hen-nar. Han snur seg mot dei andre og ser på dei med eibekymra mine.

– Ho skulle vore på sjukehus. Eg har prøvd å kommai kontakt med hospitalet i Tournai i heile dag, men det erhåplaust, og det er ikkje lett å få henne dit no, i dettevêret, utan bil.

Scott ser overraska på han.– Er det sjukehus her? Som fungerer, meiner eg? – Ja. Eller ikkje akkurat her, då. I nabobyen, i Tournai. Victor kjem med eit uhemma gledesutbrot. Kristine

byrjar å grina igjen, og Scott blir så begeistra at han mis-tar ullteppet i golvet. Han blir ståande kliss naken i fleiresekund før han får tylla det på seg igjen.

– Er det sant? Meiner du det?! Er det sjukehus her?

17

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 17

Marco er så overraska av den overdrivne reaksjonendeira at han ikkje heilt veit kven han skal sjå på.

– Eh, ja, det er eit sjukehus i Tournai. Problemet er åkomma i kontakt med dei. Stormen har slått ut telefon-nettet.

– Stormen? Du meiner vel bølgja? spør Scott.– Nei, eg meiner stormen. Me har hatt telefon stort

sett heile tida, me, men nettet datt ut igjen i går. Egreknar i alle fall med at det var på grunn av vêret, ellerhar det komme ei ny flodbølgje?

Det tek nokre sekund før Scott skjøner at Marco stil-ler han eit spørsmål.

– Eh, ei ny flodbølgje? Nei, ikkje så vidt eg veit. Menden store flodbølgja som kom 18. januar, kom ikkje denhit?

– Nei. Ho nådde ikkje lenger enn til Gent.– Yes! Yes! Takk, Jesus. Takk, Gud. Takk, Buddha. Yes!

Endeleg!Victor oppfører seg som ei blanding av ein OL-vin-

nar og ein sørstatspastor. Deepika byrjar å hosta kraftig.– Eg trur det er best me går opp i biblioteket, seier

Marco. – Det er lyst og varmt der. Me må få ho derunder ei dyne, elles er eg redd ho kjem til å stryka med.

Scott nikkar og lempar Deepika opp på aksla igjen.

Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia 15-06-11 18:49 Side 18