25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit...

9
25.–27. august 2017

Transcript of 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit...

Page 1: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

25.–27. august 2017

Page 2: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

Velkomen | 32 | Velkomen

JAN KRISTOFFER DALE si debutbok, Arbeidsnever, verkar å ha fylt eit sakn hos lesarar og meldarar, eit sakn etter ny litteratur med eit tydeleg sosialpolitisk medvit. Novellesamlinga handlar om unge som lever og arbeider nedst på den norske klassestigen, formidla gjennom eit ukunstla språk og ein fin varme. Det er dei som hoppa av utdanninga, dei som aldri lærte seg eit fag, dei som blei buande heime, dei som blei fråreiste. For novellene om strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt til fjorårets aller beste nybyrjar og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris. Og kanskje finst det ei linje der, til Vesaas sitt alvor for unge livssituasjonar og til det jord-nære, empatiske blikket for ein Mattis på arbeidslivets botn, for ikkje å seie utside.

FOR LITTERATURDAGANE likar å trekke linjene til den rike kulturelle arven i Vinje. For å vite kva ein kan gjere må ein vite kva som har blitt gjort. Tradisjon og historie må gjennomlysast og bli forstått, ikkje berre reprodusert, og bli del av den einskilde si oppdaging av å vere del av ein større samanheng. For felekunsten er større enn felespelaren, som meister Knut Hamre tek til orde for i samtalane med sin elev Benedicte Maurseth. Og like viktig som å vekkje arven til live, er det å lyfte fram dei nye, sterke stemmene.

SOM ALLTID blir forfattarar og musikarar frå øvste hylle tromma saman til dette tredagars møtet med mykje mat for både tanken og hjartet. Og ikkje minst, tør me spå, eit lydhøyrt, begeistra og syngande publikum! Det er berre til å reinse stemmebanda og slå av telefonen. Me håpar årets dagar blir ei samlande og fordjupande motvekt til alt som er flyktig og forstyrra.

ME TEK TIL PÅ FREDAG med å setje lys på barnelitteratur. Maria Parr sine to barnebøker er høgt elska og høgt prisa, både her i landet og internasjonalt, og i haust er ho aktuell med si tredje. Odd Nordstoga akkompagnerer med Vaffelhjarte-viser. Så vil den dansk-grønlandske seljordingen Kim Leine snakke om sitt forfattarskap med Peter Fjågesund. På kvelden framfører Henrik Mestad og Trygve Seim «Den andre mannen i meg», ei sterk oppsetjing om dei veldige kreftene som prega livet og diktinga til Olav H. Hauge.

LAURDAG SIT DEN mangefasetterte Einar Økland i høgsetet. Lyrikar, barnebokforfattar, sakprosaist, psykolog, bygdemenneske og husmor. Tvisynt språk-akrobat med nesten hundre bøker på samvitet. Deretter er det klart for debutantsamtalen mellom Jan Kristoffer Dale og Olav Vesaas.

I ÅR VIL LITTERATURDAGANE setje litt ekstra fokus på Halldis Moren Vesaas. Aasne Linnestå tek for seg diktinga hennar i årets Vesaas-føredrag. Me vil også få høyre dikt og utdrag frå memoarbøkene I Midtbøs bakkar og Båten om dagen. Dessutan vil trioen Fra de mollstemte skoger hente inn den rette hedmarkske stemninga. Laurdags-kvelden blir storfin når Herborg Kråkevik festtalar og Kristin Sørsdal mottek Storegutprisen for dei nynorske omsetjingane av dei enormt populære bøkene til Elena Ferrante.

SUNDAG BLIR dagane avrunda i Vinje Biletgalleri, med dei nemnde hardingfelespelarane Benedicte Maurseth og Knut Hamre i samtale og spel.

Velkomen!

Page 3: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

4 | Program

FREDAG 25. AUGUST

Vinjar

kl. 12.00 Registrering og mat

kl. 12.30 Opning ved ordførar Jon Rikard Kleven

kl. 12.45 Maria Parr i opplesning og samtale med Ingrid Storholmen

kl. 13.45 Song og spel / Odd Nordstoga

kl. 14.00 Kim Leine i opplesning og samtale med Peter Fjågesund

kl. 14.00 Graut og grautpinne

Programleiar: Aud Groven

Vinjehusetkl. 18.00 Kaffi og kringle

kl. 19.00 Henrik Mestad og Trygve Seim Den andre mannen i meg – Frå Olav H. Hauges dagbøker

LAURDAG 26. AUGUSTEdland samfunnshuskl. 11.30 Mat

Kl. 12.00 Einar Økland i opplesing og samtale med Jan H. Landro. Scenegjest: Guri Vesaas

Kl. 13.45 Hilde Vesaas les dikt av Halldis Moren Vesaas

Kl. 14.00 Halldis Moren Vesaas-foredraget ved Aasne Linnestå

Kl. 14.45 Matøkt, suppe

Kl. 16.00 Vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris Jan Kristoffer Dale, i opplesning og samtale med Olav Vesaas

Programleiar: Erlend Kaasa

Festkveld kl 19.00 på EdlandFesttale ved Herborg Kråkevik

Olav Vesaas les frå I Midbøs bakkar / Båten om dagen

Musikk ved «Fra de mollstemte skoger»

Mat, kling og gomme

Storegutsongar ved Odd og Aasmund Nordstoga

Utdeling av Storegutprisen til Kristin Sørsdal

Programleiar: Aasmund Nordstoga

SUNDAG 27. AUGUSTSmørklepp

kl. 11.30 Vandring med lokalkjentmann Olav Nordstoga Frammøte ved grendehuset/gamleskulen i Smørklepp

kl. 13.00 Konsert i Vinje biletgalleri Benedicte Maurseth / Knut Hamre Programleiar: Stein Versto

PROGRAM

Program | 5

Page 4: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

6 | Bidragsyterar Bidragsyterar | 7

EINAR ØKLAND

(f. 1940), frå Valevåg i Sveio er utdanna psykolog, men debuterte med diktsam-linga Ein gul dag i 1963, og har vore forfattar på heiltid sidan 1967. Sidan har han gjeve ut nærare åtti romanar innafor dei fleste sjangrar, han har

gjendikta utanlandsk lyrikk og vore ein sentral person i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. For virket sitt har han motteke ei lang rekke prisar (mellom desse Aschehougprisen 1988, Doblougprisen 2000, Gyldendalprisen 2006).

JAN H. LANDRO

(f. 1948) journalist og forfattar. Bur i Bergen. Var tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende og redaksjonssjef i J. W. Eides forlag. Har spesialisert seg på forfattarintervju, som mellom anna har resultert i portrettboka Jeg er ikke

ironisk. Samtaler med Dag Solstad. Har også skrive, redigert og bidrege til fleire bøker om litteratur. Spaltist i Dag og Tid sidan 2013.

KIM LEINE

(f. 1961) er fødd i Seljord og flytta til København som ung. Der utdanna han seg til sjukepleiar, og flytta sidan til Grønland kor han budde i femten år. I 2007 debuterte han med den sjølvbio-grafiske romanen Kalak. I 2013 fekk

han Nordisk Råds litteraturpris for den fjerde romanen sin, Profetene i Evighetsfjorden. Han skriv bøker for både vaksne og barn og har seinast gjeve ut barneromanen Skogpiken Skjerv. Bøkene hans er omsette til 25 språk.

PETER FJÅGESUND

(f. 1959), frå Garvikstrondi i Seljord, er professor i britisk litteratur ved Høgskulen i Søraust-Noreg, og har særleg interesse for reiselitteratur, anglo-skandinavisk kulturutveksling og skjønnlitterær omsetjing. I 2014

gav han ut boka The Dream of the North: A Cultural History to 1920. Fjågesund er også kjend for omsetjingsarbeidet sitt, særleg av D.H. Lawrence.

MARIA PARR

(f. 1981) kjem frå Fiskå i Vanylven og vert ofte kalla norsk barnelitterat-urs superstjerne. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og fekk sitt store gjennombrot i 2009 med boka Tonje Glimmerdal. Bøkene hennar er omsett

til mange språk og er vel som klassikarar å reikne i den norske barnebokfloraen. Vaffelhjarte vart i 2009 laga til TV-serie av NRK, og begge bøkene til Maria er blitt til populære teaterstykke. Maria Parr har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og er utdanna lærar. I august kjem Maria ut med ei ny bok, Keeperen og havet, som er ein fritt-ståande oppfylgjar til Vaffelhjarte.

INGRID STORHOLMEN

(f. 1976) kjem frå Verdal og debuterte i 2001 med diktsamlinga Krypskyttar-loven. Både denne og oppfølgjarane Skamtalen, Graceland (2005) og Siri-boka (2007) fekk svært gode kritikkar, og i 2009 kom den fyrste prosaboka

hennar, den Bragepris-nominerte Tsjernobylfortellinger, der ho gjennom ulike stemmer gjev ei gripande skildring av konsekvensane av kjernekraftkatastrofen. Storholmen har vore litterær redaktør i Morgenbladet, og er ein framifrå kjennar av diktinga til Tarjei Vesaas. I 2014 kom romanen Her lå Tirpitz.

Page 5: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

8 | Bidragsyterar Bidragsyterar | 9

HERBORG KRÅKEVIK

(f. 1973) kjem frå Jondal i Hardanger og slo gjennom som revyartist i lag med Kenneth Sivertsen på 1990-talet. På eiga hand gjorde ho vidare stor suksess med forestillinga og plata Herborgs Verden etterfylgd av albumet

Kråkeviks songbok i år 2000. Herborg har ei mangslunge karriere å vise til. Ho har medverka på fleire filmar og enno fleire musikal- og teaterstykke, frå Haugtussa i 1995 til Hellemyrsfolket i 2014. Som artist er det som framifrå for-midlar av den norske songskatten dei fleste kjenner ho, men i det siste har det også vore redaktøren som har stått fram gjennom det populære juleheftet Juleroser. Den kultur- og samfunnsmedvetne Kråkevik har alltid gått hand i hand med underhaldaren og artisten. I 2016 var ho med i juryen som i regi av NRK var med å kåra Noregs beste dikt.

AASNE LINNESTÅ

(f. 1963) er forfattar, opphavleg frå Rjukan, busett i Oslo. Har skrive romanar, dikt, noveller, dramatikk og librettoar. Ho har hausta svært gode kritikkar for bøkene sine, og har ei stemme som blir skildra som særeigen

rå og sår på same tid. I 2015 debuterte ho dessutan som ung-domsbokforfattar. Gjekk på Forfatterstudiet i Bø i 94/95. Har vore medlem av Det Litterære Råd og skrivelærar. Blei tildelt Mads Wiel Nygaards Legat i 2017.

KRISTIN SØRSDAL

(f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal er forfattar og omsetjar, og debuterte i 2010 med Makabre bikkjer. Ho har master i italiensk, og har i mange år arbeidd som lærar i norsk for flyktningar og

innvandrarar. Mare (2017) er den tredje boka hennar. Sørsdal omset bøkene til Elena Ferrante til norsk, og har blitt tildela Kritikerlagets pris for beste oversettelse 2016, for omset-tinga av Historia om det tapte barnet.

JAN KRISTOFFER DALE

(f. 1984) er oppvaksen i Froland, og bur i dag i Grimstad. Han har jobba på bryggeri og er tidlegare student ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og har publisert fleire noveller. Arbeidsnever er den fyrste boka hans, og blei tildelt

Tarjei Vesaas’ debutantpris 2016. Boka blei også nominert til Sørlandets litteraturpris 2017.

KNUT HAMRE

(f. 1952) frå Granvin er ein av dei fremste hardingfelespelarane i landet. Har hatt eit langt virke som omtykt pedagog i kulturskulen. Han har sidan 1975 turnert landet rundt og delteke på festivalar og konsertar over heile

verda. Han har samarbeidd med kunstnarar i fleire sjangrar, og gjeve ut fleire plater både som soloartist og i lag med andre. Hamre har vunne ein heil del prisar, Landskappleiken hardingfele klasse A heile sju gonger, og blei i 2017 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for framståande innsats for norsk folkemusikk.

BENEDICTE MAURSETH

(f. 1983) folkemusikar, komponist og skribent opphavleg frå Eidfjord, bur i Bergen. Byrja å spele hardingfele hos Knut Hamre åtte år gamal. Har studert ved Ole Bull-akademiet og samarbeidd på tvers av kunstartar, med mellom

andre Jon Fosse, Svein Tindberg, Anne Marit Jacobsen, Nils Økland, Gabriel Fliflet og Berit Opheim. I tillegg til harding-fele, har Maurseth fordjupa seg i barokkinstrumentet viola d’amore og i kveding. Ho har ei rekke utgjevingar bak seg, og ho har turnert i inn- og utland. Blei i 2007 kåra til årets unge folkemusikkutøvar i Noreg.

Page 6: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

10 | Bidragsyterar Bidragsyterar | 11

FRA DE MOLLSTEMTE SKOGER

er Hege Nylund (song, ukulele, auto-harpe), Tove Hagen (song, fele, cello), Annar By (song, gitar) - ein trio frå Østerdalen som set tone til dikt av for-fattarar frå Hedmark, som Hans Børli, Halldis Moren Vesaas, Magnus Buflod,

Ove Røsbak og Ola Jonsmoen. Tekstane varierer frå det vemodige, vakre og sarte via det humoristiske, til det mørke og beiske. Musikken er komponert av trioen som hentar inspirasjonen sin frå folkemusikken og visetradisjonen, men lyttaren vil også høyre påverknad frå andre sjangrar.

ODD NORDSTOGA

(f. 1972) musikar og songskrivar frå Vinje. Har sidan debuten i 1997 gjeve ut fjorten album, både som soloartist og i samarbeid med andre. Han slo for alvor gjennom med albumet Luring og songen Kveldssong for meg

og deg i 2004. Nordstoga har fått ei rekke prisar, mellom anna Spelemannsprisen for beste tekstforfattar for albumet Dette landet i 2015. I tillegg til plateproduksjon, har han samarbeidd med NRK som ansvarleg for musikken i mellom andre seriane om Linus i Svingen og Vafflehjarte.

OLAV VESAAS

(f. 1935) frå Vinje. Har vore kulturjourn-alist i NRK i nesten 30 år, bortsett frå to år som forlagssjef for Det Norske Samlaget. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar, laga ei bok om Telemark saman med fotografen Johan Brun, og

skrive biografiar om Tarjei Vesaas, Aasmund Olavsson Vinje og Halldis Moren Vesaas.

HENRIK MESTAD

(f. 1964) har vore tilsett ved Nation-altheatret sidan 1991. Mestad er skodespelar og forfattar med mange roller bak seg både på scenen og på lerretet. Landskjend vart han for alvor då han spelte Joakim i den populære

TV-serien Vestavind i 1994. Han har vunne Amandapris for beste birolle både for filmen Burning (2015) og Sønner (2007). På teatret har han spelt alt frå ei framragande tolking av Helmer i Ibsens Et Dukkehjem til kongen i Spelet om Heilag Olav. Henrik Mestad har røter i Hordaland og har gledd mange med si eineståande formidling av forfattaren Olav H. Hauge.

TRYGVE SEIM

(f. 1971) er saxofonist og komponist frå Oslo. Trygve Seim er ein sentral figur innan norsk moderne jazz og har fleire plateutgjevingar bak seg på det legendariske tyske plateselska-pet ECM. Han er utdanna på Jazzlina

ved NTNU og er kjend frå mellom anna banda Airamero og The Source. I seinare år har han samarbeidd til dømes med trekkspelaren Frode Haltli på plata Yeraz og pianisten Andreas Utnem på albumet Purcor - Songs for Saxophone and piano. Hans siste prosjekt Rumi Songs, der Tora Augestad syng, vart nominert til Spelemannsprisen for 2016. Trygve Seim står med bandet sitt The Source bak dei fantastiske og fargerike julekonsertane «The Source of Christmas».

HILDE VESAAS

(f. 1966), er oppvaksen og framleis busett på Kolbotn, men har sin andre heim på Midtbø. Er cand.philol. med hovudfag i Nordisk, og tilsett som lektor i vidaregåande skule, der ho underviser i norsk og spansk. Driv med munnleg

forteljing, og held dessutan på å forfatte si fyrste bok. Har også jobba med omsetjings- og konsulentarbeid for forlag.

Page 7: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

Forestilling | 1312 | Forestilling

DEN ANDRE MANNEN I MEG

No får du som kjem til Litteraturdagane i Vinje høve til å oppleve denne lovprisa teaterframsyninga, når manusforfattar/skodespelar Henrik Mestad og saksofonist/komponist Trygve Seim står på scena vår i august.

«Den andre mannen i meg» hentar innhaldet frå dagbøkene til lyrikar Olav H. Hauge. I meir enn 70 år førte Hauge dagbok, og nedteikningane hans avdekker eit liv fylt av djupe indre konfliktar, kombinert med eit poetisk blikk for det kvardagslege og nære.

Framsyninga, av og med Mestad og Seim, har spela for fulle hus på Nationaltheatret og mange scenar elles i landet – og er omtala som ein «formidabel suksess».

VINJEHUSET FREDAG 25. AUGUST KL 19

FRÅ OLAV H. HAUGES DAGBØKER.Av og med Henrik Mestad.

Page 8: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

14 | Storegutprisen

LITTERATURDAGANE I VINJE delar kvart år ut «Storegut-prisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege romet.

Det er ei glede å kunngjera at Storegutprisen i år går til forfattaren og omsetjaren Kristin Sørsdal.

Valet bør ikkje vera overraskande: det er tale om opphavet til at tusenvis av norske lesarar dei siste par åra er lyfte inn i hendingane, lagnadene, politikken og dramatikken i det mangslungne napolitanske samfunnet etter krigen, meisterleg skildra av (pseudonymet) Elena Ferrante og like meisterleg omsett frå italiensk til eit levande nynorsk av Kristin Sørsdal.

Det kjem ut mykje god nynorsk litteratur; bøker skrivne av forfattarar som er med på å utvikle den solide nynorske litteraturarven og gjera han aktuell for vår tid. Sume av dei oppnår òg relativt høge salstal. Men den såkalla Napoli-kvartetten overgår det aller meste: over 300 000 bøker er selde til no!

Det Norske Samlaget og Kristin Sørsdal har ikkje berre slege fast at god litteratur kan bli populær litteratur, men òg vist at nynorsk ikkje er ei hindring for å nå fram til mange lesarar, jamvel til dei som ikkje er vane med å lesa nynorsk. Det set Litteraturd-agane i Vinje stor pris på.

Storegutprisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Aasmund O. Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen. Laurdag 26. august kjem Kristin Sørsdal til Edland for å ta i mot heideren i samband med festkvelden på litteraturdagane i Vinje.

TIDLEGARE VINNARAR:2002: Ivar Eskeland

2003: Berge Furre

2004: Ragnhild Sælthun Fjørtoft

2005: Bjørn Bø

2006: Sigmund Groven

2007: Liv Signe Navarsete

2008: Audun Svartdal

2009: Nina og Øystein Rudi

2010: Odd Nordstoga

2011: Astrid Brekken

2012: Ingvild Bryn

2013: Herborg Kråkevik

2014: Sondre Bratland

2015: Lerum

2016: Are Kalvø

Storegutprisen 2017:

KRISTIN SØRSDAL

Storegutprisen | 15

Page 9: 25.–27. august 2017 - Visit Vinje / Forside - Visit Vinjevisitvinje.info/content/download/45250/840824/version/1/...strev og tryggleikslengt i dei heilt vanlege liva, blei Dale utropt

Haukeli hotell tlf. 350 70 214 www.haukelihotell.noMjonøy - hytter tlf. 911 48 580 www.mjonoy.noVelemoen Camping tlf. 350 70 109 [email protected] Gard tlf. 350 72 792 www.visitsvalastog.noUrdbø Fjellgard tlf. 909 97 987 www.urdboefjellgard.comArbutun Turisthytter tlf. 350 70 534 www.arbutun.noHaukeliseter Fjellstue tlf. 350 62 777 www.haukeliseter.noRaulandsakademiet tlf. 350 73 292 www.raulandsakademiet.noGroven camping tlf. 476 46 496 www.grovencamping.no

PRISAR

OVERNATTING

Festivalpass kr 1700,-Festivalpass for medlemmer kr 1400,-Studentpris på festivalpass kr 1000,-Fredag på Vinjar kr 500,-Fredag kl. 19.00 på Vinjehuset kr 300,-Laurdag på dagtid kr 500,-Festkvelden laurdag kr 400,-Sundag med vandring og konsert kr 300,-

BILLETTAR OG INFORMASJONÒ www.litteraturdaganeivinje.noÒ www.vinjekommune.no Ò Billettar tingast via eBillettÒ Billett kan også tingast ved å betale til kontonr 1594 52 98674.

Hugs å merk betalinga med kva billett du ynskjer å betale for.

Ò Informasjon og spørsmål til: [email protected] / Tlf. 35 06 23 50

Totak

Åmot

Vinje

Haukeli Arabygdi

Rauland

E 134

Oslo

Bergen

Kristiansand

Mjonøy

Vinje Biletgalleri

Edland Samf.hus

Vinjar

Vinjehuset

www.litteraturdaganeivinje.no

Lik oss på facebook!