Download - Sykling i søvne

Transcript
Page 1: Sykling i søvne
Page 2: Sykling i søvne

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 3: Sykling i søvne

Einar Økland

SYKLING I SØVNEEller: Dårens trompet

Dikt

SamlagetOslo 2015

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 1

Page 4: Sykling i søvne

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 2

Page 5: Sykling i søvne

I

Idyllar

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 3

Page 6: Sykling i søvne

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 4

Page 7: Sykling i søvne

MORGONMESSE

Kva har du på deg? Ingen klær.

Kvar har du vore? Ikkje her.

Kva såg du? Alt.

Bak attlatne augo?Ja, for eg fekk det synleg fortalt.

Velsigna alle nattlege sengersom ber oss på sine falda vengerog varslar med vengeslagviss natta skulle bli dag.

5

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 5

Page 8: Sykling i søvne

SYKLING I SØVNE

Å passere eit monumentalt kunstverk mens ein syklar, er somå tenkje ein stor tanke mens ein syklar. Eller omvendt. Beggedelar handlar om sykling. Ein syklar vidare.Ulykka kan nærme seg som eit nys, som ikkje kjem ut viss einheld seg for nasen og pressar lippene saman. Near never kills.Ein syklar vidare.Ikkje berre ulykkene, men også orda dreg seg unna mennesketnår det syklar i søvne. Søvnen er undersida av skosolen, inn -sida av beltet, bulen i hatten, holet i lomma som viser kvarnøklane låg.Mens ein syklar, feirar krigen sigrar og freden heltar. At beggeer gløymde nå etterpå, seier alt. At vi hugsar dei, seier ingen -ting. Avisa skriv om gledene ved å hugse, utan å kjenne dei, ogmi glede les ikkje aviser. Syklar heller.Kva skal eg seie til dette, eg som drikk utan å vere tørst og sveltutan å vere svolten når eg er vaken. Det er ikkje mykje som nåer usagt. Ein usynleg trompet som kviskrar, kunne eg tenktmeg. Ein slikt talerøyr har det hendt eg har drøymt om når egsyklar i søvne.

6

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 6

Page 9: Sykling i søvne

BRÅTT BRÅTT BRÅTT

Tåka lettar –Skuggane søkk under bordet.

Tåka lettar –Ansiktet slår opp augo.

Tåka lettar –På tallerken stig speilegget opp.Eg flyttar meg ned i eit hjørne.

Tåka lettar –Nå ser eg kniven.

Tåka lettar – Vi må velje kven vi held med.

Tåka lettar –Nå rømmer vi alle.

* * *

Tåka lettar –Nei, det er ikkje sant.

Tåka lettar –Søk dekning.

7

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 7

Page 10: Sykling i søvne

Tåka lettar –Det er som å miste smaken.

Tåka lettar –Koret tar solisten med på sightseeing.

Tåka lettar –Å, fy faen, som her ser ut.

Tåka lettar –Å, fy faen, som eg ser ut.

Tåka lettar –Å, herregud.

Tåka lettar –Det er løgn alt saman.

* * *

Tåka lettar –Vengelaus.

Tåka lettar –Det er Guds vilje med tåka.

Tåka lettar – For første gong som vanleg.

8

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 8

Page 11: Sykling i søvne

Tåka lettar –Snart er eg åleine.

Tåka lettar –For meg er det siste gong.

Tåka lettar –Eg følgjer etter.

* * *

9

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 9

Page 12: Sykling i søvne

I HUGEN

Djup har eg aldri vore frivillig,derimot flat og vid.Mi retning er bortover,same kvar eg vender meg.Om blikket ofte går fortareenn føtene og skuggane deira.held alle som oftast likevel lag.Farten er knapt merkande. Hugen held seg der vi stoppar, i nærmiljøet.Ein liten myggsvermsom følgjer mednår vi går vidare.

10

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 10

Page 13: Sykling i søvne

DAGLEG

Kvar dag: augo opp:vitet fram:inn med mat:augo bortover:vegen eller avisa:nedover:dit tærne byrjar bøye segbakover:eg går – eg går:med kne og hæl:og legger der dei skal vere.

Det finst inga trappi mitt hus som kan spennebein under megpå veg ut i alt som den opne døra viser meg.Den opne døra til dagensdag, som eg hermed forlèt,takka vere uanfekta, nyrealistiske føter.Berre stå, du fjell, slik du trur at eg står, men nå kjem eg.

11

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 11

Page 14: Sykling i søvne

DAG OG NATT

Stå opp, seier sola om morgonen,mens ho renn i veg til sitt dagsverk.Ho lar seg aldri hindre av vêret.Ta eit bad, det gjer eg, er det siste ho seierfør ho roar seg ned.

Månen vil heller smyge seg framom usett.Men når han blir oppdaga, spør han:Kven er du og kva vil du?Kanskje du vil teikne meg?

Seier du nei eller ingenting, så vil månen teikne deg.Hendene først. Fram med dei.Han signerer med seg sjølv.Stundom her, stundom deri nattbildet sitt.Hendene dine, aldri såg dukvitare hender.

12

Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 12