Hjartdal kommune
3692 Sauland
Møteinnkalling for Kommunestyret
Møtedato: 03.06.2015
Møtestad: Kommunehuset, kommunestyresalen
Møtetid: Kl. 09:00
Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i
nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla
inn.
Stad Sauland, 28.05.15
Sven Tore Løkslid
ordførar
Strategikonferanse
PROGRAM
09.00 Kulturelt innslag
09.20 Presentasjon av analyse av behov for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar v/RO
(Ressurssenteret for omstilling i kommunene)
10.20 Presentasjon av årsmelding og rekneskap 2014 v/rådmann Rune Engehult
10.45 Økonomiske utviklingstrekk og kommuneproposisjonen v/rådmann Rune Engehult
11.30 Lunsj
12.00 Fotografering av kommunestyret
12.30 Kommunereforma (gruppearbeid på tvers av partia)
- Kva er viktig for Hjartdal ved forhandlingar med andre kommunar om
kommunesamanslåing?
13.30 Økonomiske prioriteringar (gruppearbeid - partivis)
- Kva vil partia prioritere - og kva er de villige til å nedprioritere for å realisere det?
14.30 Slutt strategikonferanse
15.00 Start handsaming av ordinære kommunestyresaker.
16.30 Middag på Løvheim
Handsaming av kommunestyresaker held fram.
Strategikonferansen er definert som ein del av ordinært kommunestyre med møteplikt. Forfall
medlast til servicekontoret 35 02 80 00.
Sakspapir blir lagt ut på ACOS møteportal seinast 28.05.15.
Sakliste Sak nr. Saktittel
041/15 GODKJENNING AV MØTEBOK
042/15 REFERATSAKER
043/15 ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2014
044/15 HANDLINGSPLAN/ØKONOMIPLAN 2015-2018 MED
ÅRSBUDSJETT 2015
045/15 TERTIALRAPPORT NR 1 - 2015
046/15 BUDSJETTJUSTERING JUNI 2015
047/15 KOMMUNEREFORMA - FORHANDLINGSUTVAL OG
MANDAT - AUST-TELEMARK
048/15 STIG- OG LØYPEPLAN - OFFENTLEG HØYRING OG
OFFENTLEG ETTERSYN
049/15 OMRÅDEREGULERINGSPLAN SAULAND SENTRUM - 1.
GONGS HANDSAMING - HØYRING OG OFFENTLEG
ETTERSYN
050/15 RULLERING SAMFUNNSDELEN AV KOMMUNEPLANEN
2015 - OPPSTART
051/15 KOMMUNAL PLANSTRATEGI - RULLERING ETTER
KOMMUNEVALET 2015
052/15 SAMFUNNSSIKKERHEIT OG BEREDSKAP I HJARTDAL
KOMMUNE 2015 - OVERORDNA RISIKO- OG
SÅRBARHEITSANALYSE
053/15 BYREGIONPROGRAMMET
054/15 BUSETTING AV FLYKTNINGAR MED BAKGRUNN I
DAGENS FLYKTNINGKRISE
055/15 SØSTRENE WEIDEMANN AS - SØKNAD OM
SKJENKEBEVILLING
056/15 LØVHEIM INTERIØRBUTIKK OG GJESTEHUSET AS -
SØKNAD OM UTVIDING AV OMRÅDE FOR SKJENKELØYVE
057/15 BØEN KIOSK OG KAFE - SØKNAD OM SERVERINGS- OG
SKJENKELØYVE
058/15 GREIVJORD FJELLGARD - KLAGE PÅ AVSLAG PÅ SØKNAD
OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT FOR SKATTEÅRET 2015
PÅ BYGG MED HISTORISK VERDI
059/15 92/1/22 - SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT
ETTER ESKL § 7, BOKSTAV A. EIGAR: NORSK
FOLKEHJELP GRANSHERAD OG NOTODDEN
060/15 FORVALTNINGSREVISJON - EIGEDOMSSKATT
061/15 HJARTDAL ELVERK AS - EIGARSKAP
062/15 SAULAND KRAFTVERK AS - EIGARSKAP
063/15 IRMAT AS - EIGARSKAP
064/15 IKA KONGSBERG - EIGARSKAP
065/15 TELEMARK KOMMUNEREVISJON IKS - EIGARSKAP
066/15 KOMMUNEKRAFT AS - EIGARSKAP
067/15 E134 HAUKELIVEGEN AS - EIGARSKAP
068/15 TELEMARK INTERKOMUNALE NÆRINGSFOND -
EIGARSKAP
069/15 AGDER OG TELEMARK
KONTROLLUTVALGSSEKRETÆRIAT IKS -EIGARSKAP
070/15 OSLOREGIONEN - EIGARSKAP
071/15 KULTURLANDSKAPSSENTERET I TELEMARK AS -
EIGARSKAP
072/15 VEST TELEMARK NÆRINGSBYGG AS - EIGARSKAP
073/15 KONSESJONSKRAFTSTYRET I TELEMARK - EIGARSKAP
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 041/15 IL
Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/763
GODKJENNING AV MØTEBOK
RÅDMANNEN TILRÅR
Møteboka frå K-møte 22.04.15 blir godkjent slik ho ligg føre.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 042/15 IL
Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/762
REFERATSAKER
Nr Dok.ID T Dok.dato Avs./Mott. Tittel
1 15/2187 I 05.05.2015 Kongsbergregionen ÅRSRAPPORT 2014 -
KONGSBERGREGIONEN
2 15/1805 I 20.04.2015 Hjartdal
skogeigarlag
v/Ingrid Flatland
Høydahl
TREBRUK OG BIOENERGI I NYE
SAULAND SKULE
3 15/2131 I 05.05.2015 Norges
Handicapforbund
Grenland v/Berit
Evensen
VEDR. VERN RETTEN TIL
HJELPEMIDLER
4 Regional digitaliseringsstrategi http://www.godtsagt.no/regionaldigitaliseringsstrategi/innledning.html
RÅDMANNEN TILRÅR
Referatsakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 026/15 HG
Kommunestyret 03.06.2015 043/15 RF
Saksansvarleg: Reidun Finkenhagen Arkiv: K1-210,
K2- Arkivnr.: 14/3223
ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2014
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
7 I 23.04.2015 Telemark
Kommunerevisjon
IKS
MELDING FRÅ REVISOR - UTTALE OM
REKNESKAPEN
9 I 07.05.2015 KOntrollutvalet HJARTDAL KOMMUNE SITT ÅRSREKNESKAP
2014 - KONTROLLUTVALET SI UTTALE
Vedlagde dokument:
Journalpost nr. 7 og 9
Årsmelding og årsrekneskap 2014
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Kommunelova av 25.9.1992
Forskrift om kommunal- og fylkeskommunal rekneskapsføring av 15.12.2000
Økonomireglementet
Saksgang:
Formannskapet tilrår
Kommunestyret vedtek
Bakgrunn for saka:
Etter forskrifter om kommunale og fylkeskommunale årsrekneskap og årsmeldingar, jfr.
Kommunelova §48 nr. 3, skal kommunestyret vedta årsrekneskap og årsmelding etter innstilling
frå formannskapet. ”Vedtaket må angi disponering av rekneskapsmessig overskot eller dekning
av rekneskapsmessig underskot”. I årsmeldinga skal det gjevast opplysningar om forhold som er
viktig for å vurdere kommunen si økonomiske stilling og resultat av verksemda som ikkje går
fram av årsrekneskapen, samt om andre forhold av vesentleg tyding for kommunen.
Årsrekneskapen – drift 2014 har eit mindreforbruk på kr. 6 889 734. Investeringsrekneskapen går
balanse og det er nytta fellesfinansiering av kommunen sine investeringar.
Det er kommunestyret si oppgåve å anvise disponering av overskotet i driftsrekneskapet.
Vurdering:
Hjartdal kommune hadde eit solid netto driftsresultat; 4,65% som er godt over målsettinga på
2,0%. Årsaka til dette er samansett der det viktigaste grunnane er:
Uventa sterk skatteinngang (7% )
Stort overskot i ”integreringsrekneskapet for flyktningar”
Lågare lønskostnader i sentraladministrasjon, oppvekst, helse og omsorg og utvikling
Høgare vederlagsbetaling innan helse og omsorg
Ramma for drift og utbygging er negativt påverka av forsinka framdrift av avløpsanlegget i
Kovstulheia-Russmarken.
Det er rådmannen sitt syn at det er lagt ned eit svært solid arbeid frå dei tilsette i 2015. Det er
spart midlar gjennom heile året ved at fravèr av ulik art, fullt ut ikkje har blitt erstatta gjennom
vikarbruk. Dei tilsette har såleis tatt i eit ekstra tak for å redusere utgiftsnivået. Dei tilsette har
vist fleksibilitet og velvilje sjølv om det for mange har ført til ein krevjande
arbeidssituasjon.Rådmannen er derfor av det oppfatning av dei tilsette bør påskjønnast for dette
gjennom bruk av ein liten del av mindreforbruket. Det rådmannen har falt ned på er innkjøp av
allversjakke til alle tilsette til ein kostnad på ca. kr. 850,-. Delar (ca. kr. 300,-) av denne summen
blir finansiert av dei tilsette (avsetning). I tillegg til at dette fungerar som ein takk til dei tilsette,
så er det òg eit tiltak for å marknadsføre kommunen.
Hjartdal kommune har tidlegare (2013) motteke kr. 100 000 frå Skagerak Kraft as i samband
med vilkårsrevisjon av Hjartdøla-utbygginga. Midlane blei ikkje gitt som øyremerka midlar og
”forsvant” i samband med rekneskapsavslutninga for 2013. Rådmannen reknar med at det vil
kome kostnader i 2015 knytt til kommunen sitt arbeid i denne samanhengen. Rådmannen ønskjer
derfor at det blir sett av midlar til eit eige Disposisjonsfond merka Revisjon Hjartdøla-
utbygginga med finansiering frå mindreforbruket i 2014.
I 2014 viser ”integreringsrekneskapet” for flyktningar eit stort overskot. Til saman kan dette
forklare ca. halvparten( kr. 3,4 mill) av mindreforbruket i 2014. Dette skuldast ikkje minst at
tilskota kommunen mottar første busettingsåret er like stort uavhengig av busettingstidspunktet.
Hovudtyngda av busettinga i 2014 skjedde mot slutten av året. Tilskota er i hovudsak frie midlar.
Etter rådmannen sitt syn må det økonomiske reknestykket sjåast over fleire år. Det er ein risiko
for at kostnadene vil bli større enn løpande tilskot dei neste åra, ikkje minst fordi det skjer ein
gradvis nedtrapping av tilskota for tidlegare busette flyktningar. Av stor tyding vil òg kvaliteten
på integreringsarbeidet vere. Rådmannen meiner derfor at hovuddelen av
”rekneskapsoverskotet” for integrering av flyktningar bør settast av til eit disposisjonsfond
merka Integrering av flyktningar.
Ut frå ønskje om å styrke kommunen sin eigenkapital, er rådmannen av den oppfatning at det
ordinære Disposisjonsfondet bør tilførast dei resterande midlane.
RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Hjartdal kommunestyre godkjenner årsmeldinga for 2014.
2. Hjartdal kommune godkjenner årsrekneskapen for 2014.
3. Mindreforbruket på kr. 6 889 734 blir disponert slik:
a) Kr. 130 000 til innkjøp av allversjakke til deil tilsette (med påsydd logo Hjartdal
kommune)
b) Kr. 100 000 til Fond Revisjon Hjartdølautbygginga (nytt disposisjonsfond)
c) Kr. 3 000 000 til Fond Integrering av flyktningar (nytt disposisjonsfond)
d) Kr. 3 659 734 til Disposisjonsfondet (konto nr. 25600085)
Saksordførar:
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Sven Tore Løkslid fremma følgjande endringsforslag til pkt 3
c) Kr 2 500 000 til fond for integrering av flyktningar (nytt disposisjonsfond)
d) kr 3 789 734 til disposisjonsfondet
Sven Tore Løkslid fremma følgjande tilleggsforslag til pkt 3
e) Kr 350.000 til kjøp av iPad til ungdomsskuleelevar inkl opplæring av lærarar
f) Kr 20.000,- til fysisk aktivitet i regi av rådet for eldre og menneske med nedsett
funksjonsevne
VOTERING:
Rådmannen si tilråding til pkt 1 blei samrøystes vedteke
Rådmannen si tilråding til pkt 2 blei samrøystes vedteke
Rådmannen si tilråding til pkt 3a blei samrøystes vedteke
Rådmannen si tilråding til pkt 3b blei samrøystes vedteke
Rådmannen si tilråding til pkt 3c blei sett opp mot forslaget til Løkslid.
Løkslid sitt forslag blei vedteke med 3 mot 2 stemmer.
Rådmannen si tilråding til pkt 3d blei sett opp mot forslaget til Løkslid.
Løkslid sitt forslag blei vedteke med 3 mot 2 stemmer.
Løkslid sitt forslag til nytt pkt 3e blei vedteke med 3 mot 2 stemmer
Løkslid sitt forslag til nytt pkt 3f blei vedteke med 3 mot 2 stemmer.
FOR-026/15 TILRÅDING:
1. Hjartdal kommunestyre godkjenner årsmeldinga for 2014.
2. Hjartdal kommune godkjenner årsrekneskapen for 2014.
3. Mindreforbruket på kr. 6 889 734 blir disponert slik:
a) Kr. 130 000 til innkjøp av allversjakke til deil tilsette (med påsydd logo Hjartdal
kommune)
b) Kr. 100 000 til Fond Revisjon Hjartdølautbygginga (nytt disposisjonsfond)
c) Kr. 2 500 000 til fond for Integrering av flyktningar (nytt disposisjonsfond)
d) Kr. 3 789 734 til Disposisjonsfondet (konto nr. 25600085)
e) Kr 350.000 til kjøp av iPad til ungdomsskuleelevar inkl opplæring av lærarar
f) Kr 20.000,- til fysisk aktivitet i regi av rådet for eldre og menneske med nedsett
funksjonsevne
Saksordførar: Sven Tore Løkslid
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 028/15 HG
Kommunestyret 03.06.2015 044/15 RE
Saksansvarleg: Rune Engehult Arkiv: K1-151 Arkivnr.: 14/2061
HANDLINGSPLAN/ØKONOMIPLAN 2015-2018 MED ÅRSBUDSJETT
2015
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
40 I 29.04.2015 Fylkesmannen i
Telemark
ØKNING AV SKJØNNSRAMMEN FOR 2015
41 I 29.04.2015 Fylkesmannen i
Telemark
UTBETALINGSANMODNING -
SKJØNNSMIDLER TELEMARK 2015
Vedlagde dokument:
Journalpost 40 og 41
Vedlegg 1-3
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Plan og bygningslova § 11-1
Kommunelova §§ 44-45
Saksgang:
Formannskapet tilrår
Kommunestyret vedtek
Bakgrunn for saka:
I kommunestyresak 092/14 handsama Hjartdal kommune Kommuneplanen sin handlingsdel –
økonomiplan 2015-2018 og årsbudsjett 2015-2018. Fylkesmannen i Telemark har i brev datera
4.3.15 gjort kommunen merksam på at årsbudsjett og økonomiplan 2015-2018 ikkje er godkjent
og at denne må handsamast på nytt. Grunnen til dette er at kommunen har budsjettert med 2,7
mill i skjønsmidlar.
Frå 1.7.2015 blei Hjartdal kommune, saman med 30 andre kommunar i landet, flytta frå
arbeidsgivaravgiftssone 1A til sone 2. I utgangspunktet var dette ei positiv sak da alle
arbeidsgjevarar i Hjartdal, uansett storleik, fikk redusert arbeidsgivaravgifta frå 14,1% til 10,6%.
Hjartdal kommune blei i 2004 flytta frå sone 2 til sone 1A, og blei, gjennom skjønsmidlar,
kompensert for kostnadsauken på ca. kr. 2,7 mill. Slik var regimet til og med 2014.
I kommuneproposisjonen for 2015 vart det signalisert at kommunane dette gjelder, naturleg nok
ville bli miste skjønstilskotet da kostnadene dette skulle kompensere, no vart falt bort.
I samband med endringa frå 1.7.2015 òg Statsbudsjettet for 2015, blei kompensasjonen i staden
trekt i innbyggjartilskotet (sentralt) samstundes som Fylkesmannen òg reduserte skjønsmidlane
– med andre ord dobbelt trekk.
I handsaminga av økonomiplan for 2015-2018 la Hjartdal kommune til grunn det openbare, at
kommunane ikkje skulle bli trekt dobbelt òg at skjønsmidlane ville bli oppretthaldt fullt ut (fordi
trekket allereie var gjennomført sentralt i innbyggjartilskotet).
Etter betydeleg innsats frå ordførarane i Drangedal, Nome og Hjartdal (kommunane i Telemark
som dette gjeld) og med verdifull bistand frå Telemarksforsking as, oppnådde ein å få inn ein
komitèmerknad i statsbudsjettet for 2015 om ikkje for brå nedtrapping av skjønsmidlane. Dette
vart seinare følgd opp med statleg overføring av kr. 7 mill til både Fylkesmannen i Telemark og
Fylkesmannen i Møre og Romsdal som er dei 2 fylkesmennene som opprinneleg hadde fordelt
skjønsmidlane på ein slik måte at dobbelttrekket blei betydeleg.
Den 12. mai blei revidert nasjonalbudsjett for 2015 og Kommuneproposisjonen for 2016 lagt
fram. Dette var gledeleg lesing. Trekket i rammetilskotet blir gradvis fjerna over ein 5-
årsperiode. Samstundes blir signala til fylkesmennene om gradvis nedtrapping av tidlegare
avgiftskompensasjon presisert. Etter 5 år vil hele trekket i rammetilskotet være reversert (og
dermed òg kompensasjonen). Dette vil gjere gjeldande kommunar fullverdige medlemmer av
avgiftssone 2, heilt i tråd med kommunen sin argumentasjon ført overfor både Fylkesmannen i
Telemark og KMD.
Det er gledeleg å sjå at innsatsen som har blitt lagt for dagen, har båret frukter.
Vurdering:
Hjartdal kommune har i årsbudsjett og økonomiplan 2015-2018, budsjettert med følgjande
skjønsmidlar:
2015 2016 2017 2018
2 700 000 2 700 000 2 700 000 2 700 000
I 2015 vil Hjartdal kommune motta kr. 1 820 000, dvs. 880 000 mindre enn budsjettert. I
kommeproposisjonen for 2016 har departementet gitt sterke føringar på at Fylkesmennene skal
trappe ned skjønsmidlane over fleire år(kompensasjonsmidlane). Rådmannen tar for gitt at
Fylkesmannen i Telemark samordnar si tildeling av skjønsmidlar med trekket i rammetilskotet
for åra 2016-2018 slik at verknaden av omlegginga blir nøytral i disse åra. Noko anna ville være
å ikkje ta signala gitt i Kommuneproposisjonen for 2016 på alvor.
Rådmannen er òg kjent med at Fylkesmannen i Telemark har halde tilbake vel kr. 3 mill i
skjønsmidlar for 2015. Dersom det i løpet av året, ikkje oppstår ekstraordinære hendelsar i
fylket, tar rådmannen det for gitt at disse midlane mot slutten av året, blir fordelt mellom
Drangedal, Nome og Hjartdal kommunar – for på den måten, delvis kompensere det tap disse
kommunane har fått i 2015. For Hjartdal kommune utgjer dette kr. 880 000. Rådmannen ser det
likevel ikkje som forsvarleg å budsjettere med noko beløp når det gjeld denne mogelege inntekta
da rådmann vurderar dette som for usikkert.
I sum ser verknadene for Hjartdal kommune da slik ut:
År 2015 2016 2017 2018
Reduksjon
skjønnsmidlar
-880 000 -550 000 - 1 113 000 - 1 669 000
Redusert trekk i
rammetilskot
+556 000 +1 113 000 + 1 669 000
Netto
”forverring”
-880 000 0 0 0
For Hjartdal kommune er det utfordrande ”å kaste seg rundt” og på ein lettvint måte handtere
dette gjennom kutt i 2015. Hjartdal kommune er heldig – ved at 2014 resulterte i et solid positivt
driftsresultat. I tillegg har kommunen framleis store nok disposisjonsfond til å takle utfordringa.
Rådmannen er derfor av den meining at inntektsbortfallet i denne omgang må salderast mot
tilsvarande auka bruk av Disposisjonsfondet i 2015. Dette er innarbeidd i skjema 1A og vedlegg
3, Økonomisk oversikt drift, som begge ligg ved saka.
I tillegg til endringa over, tilrår rådmannen at avsetning av pårekna fellingsløyver, kr. 85 000
avsettast til bundne fond. Same beløp forventast å bli nytta i 2015, og rådmann tilrår derfor at
same beløp nyttast (brukast) i 2015. Denne endringa vil ikkje ha nokon nettoverknad i budsjettet
og er av meir teknisk karakter. Endringa er innarbeidd i skjema 1A og vedlegg 3, økonomsikt
drift som rådmann under tilrår vedtatt.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret viser til vedtak i sak 092/14.
Kommunestyret vedtek justert budsjettskjema 1A og vedlegg 3 økonomisk drift slik dei ligg
føre.
Saksordførar:
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
VOTERING:
Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
FOR-028/15 TILRÅDING:
Kommunestyret viser til vedtak i sak 092/14.
Kommunestyret vedtek justert budsjettskjema 1A og vedlegg 3 økonomisk drift slik dei ligg
føre.
Saksordførar: Sven Tore Løkslid
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 027/15 RE
Kommunestyret 03.06.2015 045/15 RE
Saksansvarleg: Rune Engehult Arkiv: K2- Arkivnr.: 15/668
TERTIALRAPPORT NR 1 - 2015
Vedlagde dokument:
Tertialrapport nr 1/2015
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Økonomireglementet.
Økonomiplan 2015-2018, med budsjett 2015
Saksgang:
Formannskapet tilrår.
Kommunestyrt gjer vedtak.
Bakgrunn for saka:
I punkt 10 i økonomireglementet står det at rådmann skal legge fram for formannskapet
økonomirapportar gjennom året som syner utviklinga i rekneskapen samanlikna med vedteke
budsjett.
Rådmannen har normalt rapportert kvart kvartal. Denne gang blir det lagt fram ein tertialrapport
(4 månader). Årsaka til dette er at rådmannen fin det naturleg å ta med oppdatert informasjon frå
april månad i sin rapportering. Kvartalsrapportering ville ført til "gamalt nytt".
I kva for grad det blir aktuelt med ein permanent endring frå kvartals- til tertialrapportering må
vurderast. Rådmannen ser det som viktig at den rapporteringa som blir gitt er så oppdatert som
mogeleg. Kommunestyret sin møteplan avgjer rapporteringstidspunkta.
Rådmannen legg fram ein ny mal for rapporteringa og håper at denne fell i smak hos dei
folkevalde. Malen kan og vil bli justert ved behov.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tek tertialrapport nr 1/2015 til orientering.
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Sven Tore Løkslid fremma fremma følgjande forslag til nytt pkt 2:
Kommunestyret ser på utviklinga i sjukefråveret med bekymring. Rådmannen bes intensivere
arbeidet med oppfølging, og iverksette konkrete tiltak for å få ned sjukefråveret. Om naudsynt
bes rådmannen komme tilbake til kommunestyret med eventuelle kostnader på tiltak.
VOTERING:
Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
Løkslid sitt tilleggsforslag blei samrøystes vedteke.
FOR-027/15 TILRÅDING:
1. Kommunestyret tek tertialrapport nr 1/2015 til orientering.
2. Kommunestyret ser på utviklinga i sjukefråveret med bekymring. Rådmannen bes
intensivere arbeidet med oppfølging, og iverksette konkrete tiltak for å få ned
sjukefråveret. Om naudsynt bes rådmannen komme tilbake til kommunestyret med
eventuelle kostnader på tiltak
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 029/15 HG
Kommunestyret 03.06.2015 046/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K1-153 Arkivnr.: 15/711
BUDSJETTJUSTERING JUNI 2015
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 1-4
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Kommunelova
Økonomireglementet
Saksgang:
Formannskapet tilrår
Kommunestyret vedtek
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret vedtok i desember 2014 Kommuneplanen sin handlingsplan med økonomiplan
2015-2018 m/ årsbudsjett 2014. Her blei rammeområda sine netto driftsbudsjett og
investeringsbudsjettet vedtatt.
Nye opplysningar, jfr. òg tertialrapporten, har no kome til, noko som gjer ei justering av
driftsbudsjettet naudsynt.
Kommunestyret får derfor no lagt fram ei budsjettjustering som syner endringane som blir
foreslått.
Vurdering:
I tabellen blir berre postar der det blir foreslått endringar, kommentert.
Driftsbudsjettet
Kva Forklaring Beløp
Skjema 1A – Inntekter og
finans
Eigedomsskatt Lågare eigedomsskatten på kraftverk enn .
forventa. Oversikt over eigedomsskatten for
kraftverk sendast ut frå Sentralskattekontoret
for store selskap heilt mot slutten av året.
-250 000
Konsesjonskraftinntekter Revidert budsjett frå Konsesjonskraftstyret og
prognose på endeleg resultat for 2014, syner
ein inntektssvik i 2015 på til saman
-1 390 000
Andre statlege overføringar Rentekompensasjon, overføring til Hjartdal
burettslag, ikkje budsjettert. Dette er
kompensasjon knytt til eigedomsmassa som
burettslaget overtok i si tid frå Hjartdal
kommune.
-110 000
Andre statlege overføringar Ein gjennomgang av sikre tilskot dersom
kommunen busett så mange som kommunen
har forplikta seg til innan utgangen av 2015,
tilseier at opprinneleg budsjettert inntekt kan
være noko høg. For å være på den sikre sida
blir det derfor foreslått at inntektsposten blir
redusert med
-795 000
Premieavvik Ny prognose frå KLP syner ein kraftig
reduksjon i negativt premieavvik. Samla (inkl.
amortisering/avskriving av gamalt
premieavvik) fører dette til at denne posten går
frå å være ein inntekt til å bli ein kostnad.
Samstundes går premien ned slik at
kostnadsrammene i skjema 1 B kan reduserast,
likevel kr. 775 000 mindre en endringa i
skjema 1A. Netto blir det ein negativ effekt på
dette beløpet. Endringa i skjema 1 A er til
saman på
-3 752 442
Reduserte renteinntekter Grunna lågare rentenivå enn forventa, er det
sannsynleg at renteinntektene blir redusert med
-100 000
Sum reduserte inntekt i skjema
1A
Reduserte rentekostnader Med same grunngjeving som for
renteinntekter, forventar ein at rentekostnadene
reduserast med
300 000
Bruk av ubundne fond Jfr. kommunestyresak 040/15 –
bemanningssituasjonen i administrasjonen
913 000
Bruk av bundne fond Avsetning til integrering av flyktningar. Dette
er avsette midlar som berre kan nyttast til
introduksjonsprogrammet
182 347
Sum endringar i skjema 1A Netto reduksjon midlar til fordeling 5 002 095
Skjema 1B – nettokostnader
på rammeområda
Politisk Økt ramme til kontrollutvalget,
selskapsrevisjon som omsøkt frå
Kontrutvalssekretariatet.
60 000
Politisk Andel redusert pensjon -16 000
Sentraladministrasjonen Overlapping økonomisjef, k.sak 040/15 250 000
Sentraladministrasjon Reduksjon utgifter til pensjon -338 000
Oppvekst- grunnskulen Ikkje budsjetterte refusjonsinntekter
grunnskulen
-700 000
Oppvekst – barnehage Økte kostnader til pedagogiske ressurar utløyst
av talet på auka barnetal, minus økt
foreldrebetaling
275 000
Oppvekst barnehage Økte ressursar flyktningar 300 000
Oppvekst Reduksjon utgifter til pensjon -533 000
Helse og omsorg Lågare kostnader til integrering av flyktningar
både til etablering, rettleiing, aktivitetar osb.
-1 204 973
Helse og omsorg Redusert utgifter til pensjon -1 693 442
Utvikling Områderegulering Sauland sentrum, ny 100%
stilling utvikling, 50% stilling landbruk, k.sak
040/15
663 000
Utvikling Reduserte utgifter til pensjon -135 000
Utviling Økte kostnader til handsaming av klagesaker
vedr. eigedomsskatt. Avdelinga har i dag ikkje
kapasitet til, innafor normal arbeidstid, å
handsame alle klagene som har kome inn. For
å kome i mål innafor rimeleg tid, er det derfor
naudsynt å leige inn ekstern bistand utover
budsjetterte kr. 100 000. Auken er berekna til
300 000
Drift og utbygging Lågare kostnad til Irmat as enn budsjettert -150 000
Drift og utbygging Vaskeriet – utfordringer med å gjennomføre
vedtatt innsparing, jfr. økonomiplan 15-18
25 000
Drift og utbygging Reduserte utgifter til pensjon -262 000
Sum endringar i skjema 1B Netto reduksjon rammeområda -3 159 415
Nettobeløp som må
finansierast i tillegg til
fondsbruk kr. 913 000 i
kommunestyresak 040/2015
1 842 680
Det er eit betydeleg beløp som manglar finansiering I første omgang er rådmannen derfor av den
meining at forverringa på kr. 1 852 580 må finansierast ved bruk av Disposisjonsfondet.
Rådmannen føresett at rådsmannen sitt nye forslag til årsbudsjett og økonomiplan 2015-2018 er
vedtatt før handsaminga av denne saka.
Forslaget til endringar over er innarbeida i nye forslag til skjema 1A og 1B, samt vedlegg 3
Økonomisk oversikt drift.
RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Kommunestyret vedtek regulert budsjettskjema 1A og 1B samt vedlegg 3 Økonomisk
oversikt drift, slik dei ligg føre.
Saksordførar:
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
VOTERING:
Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
FOR-029/15 TILRÅDING:
1. Kommunestyret vedtek regulert budsjettskjema 1A og 1B samt vedlegg 3 Økonomisk
oversikt drift, slik dei ligg føre.
Saksordførar: Mathias Kleppen
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Administrasjonsutval 28.05.2015 010/15 RE
Kommunestyret 03.06.2015 047/15 RE
Saksansvarleg: Rune Engehult Arkiv: K1-026,
K2- Arkivnr.: 14/2498
KOMMUNEREFORMA - FORHANDLINGSUTVAL OG MANDAT -
AUST-TELEMARK
Dokument i saka:
Kommunestyresak 033/15
Vedlagde dokument:
Agenda for møte for formannskapa i Tinn, Notodden og Hjartdal 28.05.15
Forhandlingsutvalgets utredning Stokke, Andebu og Sandefjord.
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Inndelingslova
Saksgang:
Formannskapet tilrår.
Kommunestyret gjer vedtak.
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret vedtok i sak 033/15 "Kommunereforma - val av alternativ", mellom anna (pkt 4-
6)
4. Kommunestyret ber rådmannen vurdere følgjande alternativ for framtidig
kommunestruktur:
Aust-Telemark (Hjartdal, Notodden, Tinn)
Seljord, Hjartdal, Notodden, Sauherad
Hjartdal som eigen kommune
5 Kommunestyret gir ordføraren mynde til å ha uformelle drøftingar med sine kollegaer i
dei aktuelle kommunane parallelt med rådmannen sin vurdering.
6 Kommunestyret framskundar punktet "intensjonsavtale" frå fase 3 til fase 2 i vedteken
framdriftsplan.
Hjartdal kommune hadde i forkant av vedtaket motteke invitasjon frå Tinn kommune om eit
felles møte mellom Tinn, Notodden og Hjartdal kommunar for å sondere mogelegheitene for
kommunesamanslåing. Møte blei halde 22.04.15. Frå Hjartdal kommune møtte ordførar,
rådmann og ein tillitsvald. Dei andre kommunane stilte med tilsvarande representasjon.
Konklusjonen på møtet var at ordførarane ville innkalle til eit møte for alle tre formannskapa,
rådmenn, tillitsvalde og verneombod. Fylkesmannen og KS skulle òg inviterast.
Rådmenna har i samarbeid med Fylkesmannen utarbeid agenda for eit slik fellesmøte 28.05.15
på Gaustablikk høyfjellshotell.
Etter fellesmøte vil kvar kommune følgje opp tematikken med nødvendige formelle vedtak i sine
folkevalde organ (dvs denne saka).
Når det gjeld oppfølging av alternativet "Lifjell Aust" (Seljord, Hjartdal, Notodden og Sauherad)
så har rådmann og ordførar teke initiativ til eit tilsvarande møte som var mellom Tinn, Hjartdal
og Notodden 22.04.15. På bakgrunn av tilbakemelding frå Notodden kommune er fastsetting av
møte utsett til primo juni.
Vurdering:
På bakgrunn av signal frå Fylkesmannen den siste månaden, er pkt 4 og 5 i
kommunestyrevedtaket i sak 033/15 sett meir under eitt. Fylkesmannen signaliserar at for å sikre
nødvendig framdrift i prosessen for å rekke innbyggjarmedverknad og vedtak før fristen våren
2016 bør kommunane ha fokus på forhandlingar framfor utgreiingar.
Gjennom konkrete forhandlingar mellom aktuelle kommunar vil det vere mogeleg å kome fram
til ein intensjonsavtale som innbyggjarane og kommunestyret kan ta stilling til. Ein
intensjonsavtale kan omhandle tema som;
kva skal kommunen heite
kor skal administrasjonen vere lokalisert
kor mange kommunestyrerepresentantar skal det vere
korleis skal tenestetilbodet vere
kva for investeringar skal bli gjort dei første åra
kva slags arbeidsgjevarpolitikk skal den nye kommunen ha osb.
Dette er konkrete punkter som er viktige for den endelege avgjerda. Ei utgreiing vil stor sett
handle om samanstilling av historiske data og prognosar. Dette gir eit bakteppe, men har liten
tyding for kva innbyggjarar og folkevalde vil meine om saka.
Den SWOT-analysa som blei lagt fram for kommunestyret 22.04.15 viste òg at det var
kompetanse/tenestetilbod, økonomi og lokaldemokrati innbyggjarane var opptekne av.
Dette er ein prosess som er brukt av kommunane Andebu, Stokke og Sandefjord med gode
erfaringar. Resultatet av forhandlingane i desse kommunane er vedlagt saka - som eit eksempel
på korleis ein slik avtale kan sjå ut.
Fylkesmannen tilrår at kommunestyret venter med ta stilling til kva for medverknadsmodell som
kommunen skal bruke. Når prosessen er komen lengre er det lettare å vurdere kva innbyggjarane
blir bedne om å ta stilling til.
Når det ligg føre ein konkret intensjonsavtale er det og lettare å sette dette opp mot ei
vidareføring av Hjartdal som eigen kommune.
Ein føresetnad for gode forhandlingar er at partane møter kvarandre som likeverdige partar. Eit
forhandlingsutval bør derfor vere sett saman med like mange personar frå kvar kommune.
Utvalet må ha tilstrekkjeleg politisk bredde, samtidig som utvalet ikkje blir for stort. Rådmenna
tilrår eit forhandlingsutval på tre personar frå kvar kommune; ordførar, varaordførar/gruppeleiar
posisjon og gruppeleiar opposisjon. I samband med kommunevalet hausten 2015 vil det skje
endringar. Medlemmene i forhandlingsutvalet vil følgje posisjon, medan vara må veljast som
personaval.
Dei tilsette sine organisasjonar har rett til å delta i strukturelle prosessar. Rådmenna tilrår at to
tillitsvalde frå kvar kommune får delta i forhandlingsmøta med talerett, men utan forslags-
/stemmerett.
Hjartdal kommune sine representantar i forhandlingsutvalet må ha med seg eit
forhandlingsmandat frå eige kommunestyre. Kva er viktig for Hjartdal i forhandlingane?
Rådmannen ser for seg at det må vere ein viss dynamikk i dette - ved løpande orientering til - og
tilbakemelding frå kommunestyret, samtidig som kommunestyret sin møteplan ikkje må legge
hindringar for framdrifta i forhandlingane. Rådmannen ser derfor for seg at kommunestyret
drøftar dette på strategikonferansen 03.06.15, - og at det blir nye drøftingar etter at nytt
kommunestyre er på plass i oktober 2015.
RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Hjartdal kommunestyre vedtar å gå i forhandlingar med Notodden kommune og Tinn
kommune om ein intensjonsavtale for eventuell kommunesamanslåing.
2. Forhandlingane legg til grunn dei utgreiingar om dei tre kommunane som allereie ligg
føre i ulike samanheng, m.a frå Lifjell Rundt, Ny Kommune og andre aktuelle utgreiingar
med fakta og om dei tre kommunane og moglege samanlikningar med andre.
3. Kommunestyret oppnemnar eit forhandlingsutval som blir sett saman slik:
- Ordførar
- Varaordførar
- Gruppeleiar for det største opposisjonspartiet
- Som vara for ordførar veljast………………………
- Som vara for varaordførar veljast:……………………..
- Som vara for gruppeleiar for opposisjonen veljast:…………………..
4. Rådmann deltar i utvalet sine møte og syter for praktisk bistand til utvalet sitt
arbeid.
5. To representantar for dei tillitsvalde blir invitert til å delta i forhandlingsmøta med
talerett.
6. Det interkommunale forhandlingsutvalet gis følgjande mandat:
Utarbeide en intensjonsavtale som beskriver bl.a..:
Mål og prinsipp for samanslåingsprosessen
Kommunens namn og symbol
Mål for den nye kommunen
Tenestetilbod – lokalisering og struktur
Kompetanse og tenesteproduksjon
Kommunikasjon, samfunns- og næringsutvikling
Økonomiforvaltning
Framtidige investeringsprosjekt
Effektivisering
Kommunen som arbeidsgjevar
Informasjon
7. Utgreiinga bør være ferdig slik at den kan bli lagt fram for kommunestyret tidlig i 2016.
8. Forhandlingsutvalet orienterar fortløpande formannskapet og kommunestyret om
utvikling og status i forhandlingane.
Saksordførar:
28.05.2015 Administrasjonsutval
Handsaming:
Omforeina forslag:
Endring av Pkt 3:
"Gruppeleiar for det største opposisjonspartiet" endrast til
" formannskapsmedlem for det største opposisjonspartiet"
Tillegg til pkt 6:
* lokaldemokrati
som vara for ordførar blei Olav Listul foreslått
som vara for varaordførar blei Audun Dølen foreslått
som vara for opposisjonen blei Bjørg Inger Flatland foreslått
VOTERING:
Rådmannen si tilråding pkt 1 blei samrøystes vedteke.
Rådmannen si tilråding pkt 2 blei samrøystes vedteke.
Rådmannen si tilråding pkt 3 med endring frå "gruppeleiar opposisjonen" til
"formannskapsmedlem i det største p" blei samrøystes vedteke.
- som vara for ordførar blei Olav Listul samrøystes vald
- som vara for varaordførar blei Audun Dølen samrøystes vald
- som vara for opposisjonen blei Bjørg Inger Flatland samrøystes vald.
Rådmannen si tilråding pkt 4 blei samrøystes vedteke.
Rådmannen si tilråding pkt 5 blei samrøystes vedteke.
Rådmannen si tilråding pkt 6 med tilleggspunktet "lokaldemokrati" blei samrøystes vedteke.
Rådmannen si tilråding til pkt 7 blei samrøystes vedteke.
Rådmannen si tilråding til pkt 8 blei samrøystes vedteke.
ADM-010/15 TILRÅDING:
1. Hjartdal kommunestyre vedtar å gå i forhandlingar med Notodden kommune og Tinn
kommune om ein intensjonsavtale for eventuell kommunesamanslåing.
2. Forhandlingane legg til grunn dei utgreiingar om dei tre kommunane som allereie ligg
føre i ulike samanheng, m.a frå Lifjell Rundt, Ny Kommune og andre aktuelle utgreiingar
med fakta og om dei tre kommunane og moglege samanlikningar med andre.
3. Kommunestyret oppnemnar eit forhandlingsutval som blir sett saman slik:
- Ordførar
- Varaordførar
- Formannskapsmedlem i det største opposisjonspartiet
- Som vara for ordførar veljast Olav Listul
- Som vara for varaordførar veljast Audun Dølen
- Som vara for gruppeleiar for opposisjonen veljast Bjørg Inger Flatland
4. Rådmann deltar i utvalet sine møte og syter for praktisk bistand til utvalet sitt
arbeid.
5. To representantar for dei tillitsvalde blir invitert til å delta i forhandlingsmøta med
talerett.
6. Det interkommunale forhandlingsutvalet gis følgjande mandat:
Utarbeide en intensjonsavtale som beskriver bl.a..:
Mål og prinsipp for samanslåingsprosessen
Kommunens namn og symbol
Mål for den nye kommunen
Tenestetilbod – lokalisering og struktur
Kompetanse og tenesteproduksjon
Kommunikasjon, samfunns- og næringsutvikling
Økonomiforvaltning
Framtidige investeringsprosjekt
Effektivisering
Kommunen som arbeidsgjevar
Informasjon
lokaldemokrati
7. Utgreiinga bør være ferdig slik at den kan bli lagt fram for kommunestyret tidlig i 2016.
8. Forhandlingsutvalet orienterar fortløpande formannskapet og kommunestyret om
utvikling og status i forhandlingane.
Saksordførar:
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 033/15 THK
Kommunestyret 03.06.2015 048/15 THK
Saksansvarleg: Torunn Hovde Kaasa Arkiv: K2-K11 Arkivnr.: 14/2049
STIG- OG LØYPEPLAN - OFFENTLEG HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
30 I 19.01.2015 Prosjektgruppa FORELØPIG FORSLAG TIL PLANOMTALE
KOMMUNEDELPLAN STUIGAR OG LØYPER
HJARTDAL KOMMUNE 2015 - 1. HØYRING
31 I 19.01.2015 Prosjektgruppa KOMMENTAR TIL TILTAKSNUMMER I
GRUNNLAGSKART
33 S 13.05.2015 STIG- OG LØYPEPLAN - OFFENTLEG
HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN
Vedlagde dokument: Dokument nr. 31 og 33 Kart m/kommentarar Bestemmelsar Redigert planomtale Samandrag av innkomne høyringsuttaler Vurdering av traséar m/oversikt over grunneigarar Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Plan- og bygningslova. Lov om motorferdsle i utmark. Friluftslova. Merkehåndboka.
Saksgang: Formannskapet tilrår. Kommunestyret vedtek. Bakgrunn for saka: Kommunestyret vedtok i møte 29.01.2015, i medhald av pbl § 11-14, å legge forslag til kommunedelplan med planomtale og kart med nummererte tiltak, ut til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn i perioden 16.02.-02.04.15. Høyringsdokumenta med forslag til planomtale og kartgrunnlag med eksisterande og forslag til nye traséar har vore ute på 1. høyring. Det kom 47 uttaler til denne høyringa, i tillegg til uttalene til planprogram og dei som kom i samband med arealplanarbeidet. Rådmannen har vurdert innkomne uttaler som grunnlag for tilråding i saka. Kommunestyret tok ikkje stilling til innkomne uttaler om stigar og løyper da arealdelen i kommuneplanen blei behandla. Kommunestyret vedtok at dei skulle vurderast i samband med ein eigen stig- og løypeplan for Tuddal. I mellomtida kom saka om forsøksordning for snøskutertrasé for fritidskøyring opp. Kommunen søkte og fekk tilslutning til å delta i forsøksordninga. Noverande regjering avvikla forsøksordninga, og Stortinget har nettopp vedteke nye reglar for snøskuterkøyring til fritidsbruk. Kommunane har fått mynde til å avgjere dette. Eit absolutt krav for slike løyper er godkjenning frå berørte grunneigarar. Kravet er også at snøskutertraséar blir utarbeidd som arealplan, med tilhøyrande krav til konsekvensutgreiingar i høve overordna retningsliner og regelverk. Kommunestyret har bestemt at trasé for snøskuterløyper til fritidskøyring skal vurderast i stig- og løypeplanen. I og med kravet til arealplan, blei området utvida til å gjelde heile Hjartdal og planen fekk status som kommunedelplan, etter plan- og bygningslova § 11. Planen følger same retningsliner som for arealdelen i kommuneplan. Kommunedelplan blei også valt fordi det ville gje eit forutsigbart løypenett ved tildeling frå løypefondet, som kommunestyret har vedteke oppretta. Kart med tilhøyrande bestemmelsar gjeld bare for tilrettelegging av stig- og løypenettet, og vil gjelde skiløyper og merka sommarløyper i fjell og utmark. Vurdering: På bakgrunn av høyringsuttalene har rådmannen ikkje funne grunnlag for å innarbeide løyper for snøskuterkjøring. Kravet til at planen skal ha status som kommunedelplan fell da bort. Da står att å vurdere om ein kommunedelplan i større grad gjev forutsigbarhet for framføring av traséar og for tildeling av tilskot frå løypefondet til infrastrukturtiltak. Dersom kommunestyret veljer å la heile eller delar av planen vere ein temaplan, kan forutsigbarhet sikrast gjennom vedtektene i fondet, for eksempel krav til 10 års avtaler, slik det er vanleg ved søknader om tilskot frå offentlege mynde. Planen vil likevel vere retningsgjevande for kartfesting av stig- og løypenettet, og for kommunen si tilrettelegging i saker, som involverar stigar og løyper. Ein temaplan er ikkje juridisk bindande.
Kommunen har etter høyringsfristen hatt samtaler med løypelaga og Hjartdal IL, møte med berørte grunneigarar tilhøyrande ansvarsområdet til Tuddal løypelag, grunneigarar som har gjeve uttale ang skiløyper i Hjartdal, og to grunneigarar i Sauland ang skiløyper i Slettefjell. Det har også vore møte i referansegruppa. Ein kommunedelplan sikrar både grunneigarar og løypelag forutsigbarhet når det gjeld traséar og avklaring om omfanget av oppkøyrde skiløyper. Det gjer også at kommunen får ei meir aktiv rolle, i og med at det må søkast om nye traséar. Fleire grunneigarar i bygda Hjartdal har i sine uttaler gjort det klart at dei er godt nøgd med samarbeidet med løypekøyringa som Hjartdal IL står for. Ingen uttaler seg mot at dagens løyper blir køyrt opp. Langt dei fleste grunneigarane som har uttalt seg, ønskjer ikkje løypene inn i ein kommunedelplan, og varslar annan haldning dersom det skjer. På møtet med grunneigarar i Hjartdal møtte også løypeansvarlege frå Hjartdal IL. Dei er samde om at det ikkje er behov for ein kommunedelplan for Hjartdal. Frå Tuddal si side er det lite konkrete uttaler mot kommunedelplan. Uttalene er i større grad knytt til premisser for samarbeid med løypelag, spørsmål om omfang, opparbeidingsgrad og traséval. Fleire er kritiske til nye løypetraséar, mellom anna av omsyn til dyreliv og jaktinteresser, noko som gjev grunnlag for å vurdere om det er område som bør skjermast mot ytterlegare tiltak og kanalisering. Nokre av uttalene er også kritiske til sjølve prosessen med planarbeidet, og meiner nye traséar skulle vore avklart med grunneigarar før dei kom som forslag i kart. Det blei valt å gjere det slik, for å gje god tid til prosess og avklaring. I Sauland er det kome to uttaler til eksisterande skiløypenett. Løypelaget har muntlege avtaler med dei fleste grunneigarane, og be om meir tid til avklaring. Eksisterande løyper ligg inne i kartet. Uttalene ang. stig- og løypenett i samband med arealdelen i kommuneplanen, kom frå Tuddal. Behovet for ein plan, som sikrar forutsigbarhet for alle partar, er større i Tuddal enn i andre delar av kommunen. Det er naturleg pga store hytteområde og kryssande interesser. Behovet for tilrettelegging av stig- og løypenett er større i eit område med svært mange tilreisande. Samtidig er det eit større behov for å skjerme område frå tilrettelegging, for å ta vare på område der vilt og fugl får ro og jaktinteresser. Når det gjeld sommarstigar er det mest positive kommentarar på slik tilrettelegging. Fleire grunneigarar i Hjartdal seier det er positivt med tiltak i nærområda/bygda, som skaper trivsel, men bed samtidig om at planen blir lagt vekk. To grunneigarar påpeikar at ein kommunedelplan kan hindre uttak av skog og bruk av kulturbeite. (H4 og H5). Ut frå ei totalvurdering vil rådmannen tilrå at stig - og løypeplanen får status som temaplan, men at det blir utarbeidd ein kommunedelplan for løyper i Tuddal. For kommunen er planen viktig for å kunne kvalitetssikre at tilskot som blir gjeve, er basert på inngåtte avtaler med grunneigarar. Innkomne uttaler viser at det er grunneigarar i Sauland, som ikkje har blitt kontakta om trasé over sin eigedom. To grunneigarar i Tuddal har sagt opp avtala til ny løypeplan ligg føre, som klarlegg kor løyper skal gå og kva for standard dei vil ha.
Rådmannen legg i det vidare arbeidet til grunn at eksisterande løypenett, som ligg inne i dei 4 løypekarta, har avtaler, der ikkje anna har kome fram. Kartet som følgjer denne planen vil gje ein heilskapleg oversikt over sommar- og vinterløyper i Hjartdal kommune. Det er mest hensiktsmessig at forslag til nye sommarløyper i innmark blir lagt inn som informasjon i kartet, uansett om kommunestyret veljer å oppretthalde kommuneplanstatus eller ikkje. Det har kome uttaler til teksten i planomtala og uttaler knytt til meir rettmessig fordeling av ulemper og goder, der grunneigarar som held friareal ikkje får noko att økonomisk. Det er eit krav frå enkelte at fordeling må på plass, og at løypene i størst muleg grad må ligge på eigedommen til utbyggar. Noko av innhaldet i uttalene er ikkje relevant for denne stig- og løypeplan. Rådmannen viser til samandrag av uttalene. Ordet ”tvangsinngrep” blir i to av uttalene oppfatta som trugsmål. Fylkesmannen påpeikar at plan- og bygningslova ikkje inneheld dette omgrepet, og det vil ikkje bli brukt i det vidare arbeidet. Frivillige avtaler blir lagt til grunn for løypenettet, der kommunestyret ikkje vedtek noko anna. Fleire av uttalene reiser spørsmålet om nokre område bør skjermast mot kanalisering og tilrettelegging. Omsynet til dyre- og fuglelivet, natur og miljø er argument for dette. I Hjartdal kommune er jakt ein høgt skatta fritidssyssel for mange, ikkje minst eigne innbyggarar. Det er viktig å avvege dei ulike interessene mot kvarandre. Det å ferdast trygt i fjell og utmark er viktig. Når det gjeld vinterløyper er det fleire som etterlyser krav til opparbeiding, breidde osv., og nokon meiner det er umuleg å inngå avtaler så lenge det ikkje er avklart. Det var først i høyringsrunden vi hadde høve til å sjekke ut om det var krav om høgare kvalitet. Det har ikkje kome uttaler som seier noko om behov for betra kvalitet eller forslag til kvalitetskriterier. Kommunen legg derfor dagens standard til grunn i det vidare arbeidet. Der det er aktuelt å endre breidde, opparbeidingsgrad etc, må løypelag og grunneigarar avtale dette i kvart enkelt tilfelle. Uttaler frå hytteforeningane viser at dei er positive til utviding av løypenettet, men ein hytteforening presiserar at ressursar til å halde det etablerte løypenettet opent er viktigare enn å legge nye traséar. Det er engasjement ang løyper gjennom hyttefelt og framføring av traséar. ”Hjartdal skal vere ein destinasjon for langrenn/bortoverski”. Her blir det påpeika frå Flugonfjell hytteforening at kommunen har alle naturgjevne føresetnader, men løypekøyringa er for uforutsigbar og har for låg frekvens. Dei bed kommunen nytte friluftslovens § 35. Påpeikar at det ikkje er rett at planen i seg sjølv er rettsleg grunnlag og viser til planomtala. Rådmannen vil justere planomtala og presisere dette punktet. Hytteforeningen har vore i kontakt med fleire grunneigarar som er negative til løypekøyring, men har erfart at konstruktiv dialog fører fram, og at det for enkelte handlar om å bli høyrt på skikkeleg måte. Dei bed om at kommunen sikrar alle relevant og rett info og at alle får si si meining. Fleire uttaler frå Tuddal peikar på at det burde vore dialog og samarbeid før nye løyper blei lagt i kart. Nye forslag blei lagt inn i kartet for å få debatt og tid til å vurdere desse saman med løypelag/ansvarlege lag og grunneigarar. Det er Tuddal løypelag som har kome med forslag til muleg nye løypetraséar, og rådmannen meiner det er viktig at det blir ein open prosess som
involverar. Det har også vore viktig for rådmannen at alle partsinteresser kjem fram og blir avvegd mot kvarandre. Endeleg behandling i kommunestyret vil avklare kva for traséar som blir teikna inn i kart, og kva for status dei skal ha. Faun naturforvaltning har utgreidd konsekvensar for nye traséar B4, H16, T20, T21 og T22. Dei har gått gjennom tidlegare registreringar og vurdert verknader for naturmangfaldet ved utviding av løypenettet. Notatet ligg ved saka. Forslag om å forlenge trasé B4 vil føre til at løypa går inn i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde, med vinterbeite for villrein. Området er rekna for ein god hekkebiotop for lirype/fjellrype, og det er registrert hekkeplass for kongeørn/fjellvåk i Ramsnuten. Områdestyret for Brattefjell-Vindeggen må behandle denne før den evt. blir etablert og lagt inn i endeleg kart. B10 er eit forslag som må til verneområdestyret for Brattefjell/Vindeggen før avklaring, sjølv om planen får status som temaplan. Derfor er den ikkje konsekvensvurdert her. Forslag til utviding av skiløypenettet i Tuddal (T20, T21, T22). Faun viser til Sjåvatnområdet er varig verna mot kraftutbygging gjennom verneplan V for vassdrag (2008). I St.t. prp. 75 (2003-2004) står det at det er reletivt store urørte myrareal, som gjev grunnlag for fleire våmarksfuglar, spurvebestanden er tett, og det er eit særleg viktig området for lokale bestandar av orrfugl og rype. Vidare viser dei til tidlegare utgreiingar i Tuddal (Kiland 2012 og 2011). Området er midlertidig underlagt restriksjonar i påvente av avklaring av Sjåvatnet som muleg drikkevasskjelde. H 16 rundt Breivatn er det i viltkartlegging (Flaa 2004) blant anna registrert spelplass for storfugl i Rognlia og Listul. Dette er usikre opplysningar. Det er ca 60 grunneigarar i området rundt Breivatn. Fylkesmannen påpeikar at eventuelle tiltak i strandsona må konsekvensutgreiast. Skagerak energi bed om at løypa bli lagt på land pga usikker is. Ei uttale gjer klart at dei ikkje vil tillate sykkel-/skiløype over sitt område (25/2). Andre uttaler seg positivt om nye løyper. Fleire grunneigarar vil ikkje godkjenne skiløyper dersom dei blir lagt inn i ein kommunedelplan, og peikar på at dei vil tillate skiløyper, som blir køyrt opp i dag. Det har kome mange uttaler knytt til hyttefelt og løypenett gjennom regulerte hyttefelt i Tuddal (T24 og T25). I kontakt med hytteforeningar og Tuddal løypelag oppmodar rådmannen til at det blir arbeidd vidare med gode løysingar i dette området. Det har kome m.a. kome innspel til alternative traséar og forslag om å bruke kloakktraséen i området som skiløype. Løypelag, grunneigarar og hytteforening må vurdere forslaga nærare før det blir teke stilling til traséval det er usemje om i dette området. Konsekvensar ved kryssing av fylkesveg blir vurdert etter 2. høyringsrunde når/om ny trasé blir bestemt. Alle nye innkomne forslag til traséar blir oversendt berørte grunneigarar og lag, for GPS merking
og dokumentasjon av avtaler mellom lag og grunneigar. Leggast ikkje inn i kart nå. Innteikna
skiløype over Reisjåvatnet blir bare sporadisk køyrt og blir teke ut. Har også feil tiltaksnummer.
T15 ved Sjåvatnet har feil tiltaksnummer, dette er endra til T17 eksisterande løypenett. T16 er
heile traséen til Gaustaløypa, nemning vil bli presisert i kartet.
Planomtala blir justert i tråd med konklusjonane i saksutgreiinga.
Rådmannen har vurdert dei innkomne uttalene og dei ulike traséane (eigne ark for kvar trase). På bakgrunn av høyringsuttalene har rådmannen innarbeidd følgande endringar i kartet:
H22 - Trasé for sykkel- og snøskutertrasé langs Prestevegen blir teke ut av kartet. Prestevegen får symbol ”sommarstig merka”. B4 og B10 oppretthaldast og blir oversendt verneområdestyret for Brattefjell/Vindeggen for nærare vurdering. H16 - Sykkel-/skiløype rundt Breivatn blir teke ut. Eksisterande traséar oppretthaldast. T20 og T22 - blir teke ut. T21 - oppretthaldast.
RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Stig- og løypeplanen får status som temaplan.
2. Kommunestyret legg stig- og løypeplanen ut på høyring i perioden 15. juni til 7. august.
3. Kart m/bestemmelsar for Tuddal får status som kommunedelplan med juridisk binding.
4. Med dei endringane som er omtalt, legg kommunestyret kommunedelplan for løyper i
Tuddal ut til 2. gongs høyring og offentleg ettersyn etter pbl§ 11-14.i perioden 15. juni til
7. august.
Saksordførar: 26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Inger Øya Grøgård stilte spørsmål ved sin habilitet da ha er grunneigar som har interesser i saka.
Grøgård blei samrøystes erklært inhabil med heimel i Fvl § 6 første ledd bokstav a.
4 av 5 tilstades.
VOTERING:
Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
FOR-033/15 TILRÅDING:
1. Stig- og løypeplanen får status som temaplan.
2. Kommunestyret legg stig- og løypeplanen ut på høyring i perioden 15. juni til 7. august.
3. Kart m/bestemmelsar for Tuddal får status som kommunedelplan med juridisk binding.
4. Med dei endringane som er omtalt, legg kommunestyret kommunedelplan for løyper i
Tuddal ut til 2. gongs høyring og offentleg ettersyn etter pbl§ 11-14.i perioden 15. juni til
7. august.
Saksordførar: Sven Tore Løkslid
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 032/15 AEB
Formannskapet 28.05.2015 038/15 AEB
Kommunestyret 03.06.2015 049/15 AEB
Saksansvarleg: Anne E. Bamle Arkiv: K2-L10 Arkivnr.: 14/2326
OMRÅDEREGULERINGSPLAN SAULAND SENTRUM - 1. GONGS
HANDSAMING - HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 05.02.2014 Asplan Viak AS SKISSE FOR PROSESS FOR
OMRÅDEREGULERINGSPLAN SAULAND
2 U 04.03.2015 Studentgruppa
v/Preben Rogn
REFERAT FRÅ FORHÅNDSKONFERANSE
26.02.15
3 U 07.03.2015 54 mottakere... OPPSTART AV PLANARBEID -
OMRÅDEREGULERINGSPLAN SAULAND
SENTRUM. INFORMASJON TIL
GRUNNEIGARAR OG NABOAR
4 I 10.03.2015 Hjartdal og
Gransherad
Sparebank
MERKNAD TIL INFORMASJON OM
OPPSTART AV PLANARBEID FOR SAULAND
SENTRUM
13 I 13.03.2015 Fylkesmannen i
Telemark
INNSPILL TIL VARSEL OM PLANOPPSTART -
SAULAND SENTRUM
5 U 16.03.2015 Geir Johannes Hagen;
Gunhild Finnebråten;
Halvdan Mandt
Haugen;
Helga O. Pedersen;
Hjartdal burettslag
v/Notodden BBL;
Hjartdal Elverk;
Hjartdal og
Gransherad
Sparebank;
Leif Skoje;
Ragnar Frøland;
Sauland bensin AS;
Sauland
Pinsemenighet
v/Svein Tore Kasin;
INVITASJON TIL MØTE - NY
OMRÅDEREGULERINGSPLAN SAULAND
SENTRUM - TYSDAG 7. APRIL 2015
Saulandtunet
eigedom AS;
Statens vegvesen
Region Sør;
Studentgruppa
v/Preben Rogn;
Toralf Hjartdsjø;
Vest-Telemark
Næringsbygg AS;
Wierd Oosterloo;
Steinar O.
Tømmermo;
Nils Carsten Nilsen;
Jeanett Haugan
Samuelsen;
Arvid Særsland
6 I 18.03.2015 miljøhygienisk
avdeling Notodden
kommune
MILJØHYGIENISK AVDELING -
ADMINISTRATIV UTTALE
7 I 08.04.2015 Tone Lonar Bøe FORESPØRSEL OM KART VEDK.
PLANARBEIDET SAULAND SENTRUM - GNR
71 BNR 2
8 I 13.04.2015 Statens Vegvesen MERKNAD TIL VARSEL OM OPPSTART
PLANARBEID SAULAND SENTRUM
9 U 15.04.2015 Tone Lonar Bøe FØRESPURNAD OM KART - SAULAND
SENTRUM
10 I 15.04.2015 Opplysningsvesenets
fond
HØYINGSUTTALE VEDK. OPPSTART AV
PLANARBEID - SULAND SENTRUM
11 I 15.04.2015 Aase og Roar Fjeld INNSPEL TIL OPPSTART AV PLANARBEID
SAULAND SENTRUM
12 I 15.04.2015 Mathias Kleppen INNSPEL TIL OPPSTART AV PLANARBEID
SAULAND SENTRUM
14 I 16.04.2015 Leif Skoje INNSPILL TIL OMRÅDEREGULERING
SAULAND SENTRUM
16 I 17.04.2015 Hans L. Skoje
Hannestad
VEDR. GRENSER FOR KOMMUNENS
OMRÅDEREGULERINGSPLAN FOR SAULAND
SENTRUM
15 I 19.04.2015 Reidun Kasin Skoje
og Halvor Skoje
MERKNAD TIL REGULERINGSPLAN FOR
SAULAND SENTRUM
17 I 20.04.2015 Direktoratet for
mineralforvaltning
MERKNAD TIL REGULERINGSPLAN
18 I 23.04.2015 Toralf Hjartsjø INNSPEL TIL NY
OMRÅDEREGULERINGSPLAN FOR SAULAND
SENTRUM
21 I 21.05.2015 planavdelinga OMRÅDEREGULERINGSPLAN SAULND
SENTRUM -PLANKART
Vedlagde dokument:
Framlegg til planomtale
Framlegg til kart: Plankart samt detaljkart sentrum – vil bli ettersendt
Framlegg til føresegner
Kommentar til innkomne merknader i samband med Varsel om planoppstart
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
LOV-2008-06-27-71: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (pbl)
Arealdelen til kommuneplanen vedtatt 27.11.13
Saksgang:
Formannskapet tilrår
Kommunestyrt legg planen ut på høyring og til offentleg ettersyn
Bakgrunn for saka:
Kommuneplanen
Kommunestyret vedtok ny arealdel til kommuneplanen 27.11.13. Det blei satt krav til
områdereguleringsplan for Sauland sentrum. I denne planen skulle inngå området BN1
(kombinert føremål bustad/næring) som fekk følgjande retningsline:
Viktig å utvikle området i høve til sentrumsfunksjonar.
Utnyttingsgrad 4 bustader/daa.
Området må inngå i ein områdereguleringsplan for Sauland sentrum.
Området BOT1 (kombinert føremål bustad/offentleg tenesteyting) fekk følgjande retningsline:
Viktig å utvikle området i høve til framtidig behov for helse/omsorgsrelaterte butilbod.
Utnyttingsgrad 4 bustader/daa.
Området må inngå i ein områdereguleringsplan for Sauland sentrum.
BN1 var gjenstand for mekling etter at Fylkesmannen i Telemark kom med motsegn. I
meklingsprotokollen blei det satt krav til utnyttingsgrad og områdeplan.
Planstrategien
Gjeldande planstrategi frå desember 2013 seier at områdereguleringsplan for Sauland sentrum
skulle hatt oppstart i 2014. I budsjettet for 2014 var det satt av midlar til arbeidet. Manglande
administrative ressursar er årsaka til at planen ikkje blei starta på i 2014.
Planarbeidet har vore etterspurt av grunneigarane.
I desember 2014 fekk Hjartdal kommune ein førespurnad frå Multiconsult AS om kommunen
hadde eit område som skulle regulerast og som kunne egne seg som ein bachelor-oppgåve i regi
4 studentar ved HIT.
Oppgåva har fått følgjande definisjon:
Oppgaven vil være å lage en detaljert områdeplan for sentrumsområdet i Hjartdal kommune, innenfor
fagområdene VA, plan og infrastruktur. Det vil bli regulert to nye boligfelt, et sørøst (Gnr 72, Bnr 10) og
et nord (Gnr 72, Bnr 43) for kommunehuset. Etter ønske fra kommunen vil målet være å frigjøre
eksisterende boliger, ved å planlegge sentrumsnære boenheter tilpasset den eldre generasjon. Studentene
skal i samarbeid med kommunen lede planprosessen som innebærer regulering av sentrumsområdet.
Gruppen skal presentere sitt arbeid til offentligheten og få innspill fra lokalbefolkningen. Dette vil være
en sentral del av oppgaven og når prosjektperioden er over vil kommunen videreføre planprosessen.
Gruppen skal gjennomføre:
Regulering av to boligfelt med tilhørende VA og overvann. Dimensjonere vann og
spillvannnsledning, beregning av selvfall, oversiktskart av VA og kum, kumdetalj, grøftesnitt og
profiltegning.
Utarbeide sikringstiltak vedrørende flomproblematikken tilknyttet Hjartdøla som ligger like ved.
Breddeutvidelse og dimensjonering av E134. Utforming av kryss mot Tuddal skal endres for å
øke trafikksikkerheten. Plan og profiltegninger vil bli utarbeidet. En vil også se på muligheten for
en planfri overgang.
Som en konsekvens av breddeutvidelsen av E134 er det ønskelig at inngangspartiet til rådhuset
og banken flyttes fra dagens plassering mot E134 til å heller vende sør/vest mot elven. Gruppen
skal derfor vurdere hvordan nytt område rundt inngangsparti kan omgjøres til et bilfritt torg.
Gjennomføre en reell planprosess med følgende: informasjonsmøte, møter med avdeling for
næring, oppstartsmøte, arrangere offentlige høringer i samarbeid med kommunen, annonsering,
innhente grunnlagsdokumenter.
Kontaktperson hos Multiconsult/koordinering av studentoppgave: Preben Ragnes
Kontaktperson hos Hjartdal kommune: Anne Bamle
Fagressurs vei/regulering/plan: Thomas Realfsen, Multiconsult
Fagressurs va/overvann/drensanlegg: Nils Magnus Ringnes, Multiconsult
Alle grunneigarar innan planavgrensinga blei varsla i eiget brev datert 07.03.15. Dei
grunneigarane som blir meir eller mindre direkte berørt i Sauland sentrum blei i tillegg invitert til
eiget møte 07.04.15.
Vurdering:
Rådmannen vil først seie seg glad for og fornøgd med samarbeidet med studentane som gjorde
det mogleg å realisere planarbeidet.
Planavgrensing
Planen si avgrensing er i tråd med omsynssone satt i arealdelen. Det er berre kjerna av Sauland
sentrum som er gjenstand for detaljplanlegging no. Det betyr at eksisterande arealbruk blir
vidareført i store delar av planen.
Forholdet til kommuneplanen
Det er avvik i forhold til vedtatt arealdel i og med området BN1 (kombinert føremål
bustad/næring) i høyringsutkastet berre er planlagt med bustader. Situasjonen pr i dag er at det
er ledig næringsareal i Saulandstunet. Vidare er det mogleg å fortette/utvide Saulandtunet ved å
ta i bruk arealet mellom Hjartdalbanken og Saulandtunet Mat. Rådmannen tilrår derfor at planen
vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn utan innregulert næringsareal på BN1.
Tilkomst til BN1
I arbeidet med arealdelen forutsatte Statens vegvesen at tilkomst til BN1 blei lagt frå vegkrysset
inn til Saulandtunet. I møtet 7. april blei tilkomst eit sentralt tema og det har vore avholdt møte
med vegvesenet. Rådmannen tilrår at planen blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn
med utvida bruk av eksisterande tilkomst aust for BN1. Kravet er at tilkomst direkte frå E134
frå eigedomane 72/24, 72/10, 72/19 og 72/26 bli sanert. Dei to sistnemnte eigedomane ligg
utanfor varsla planavgrensing og gjer at planen bli utvida mot søraust.
Tilkomst til BOT1
Området får tilkomst frå Hågånvegen. På sikt kan 72/2 få tilkomst via BOT1 og dagens tilkomst
direkte frå E134 sanerast.
E134
Rådmannen tilrår at det ikkje blir lagt inn breddeutviding. Det er langt fram før det vil bli tatt
avgjerd om eventuell breddeutviding av eksisterande veg kontra flytting av vegen. No i 2015 er
det vanskeleg å sjå kor stort areal ein eventuell utviding av eksisterande trase vil krevje. Planen
tek omsyn til krav i dag til byggjegrense frå senterline veg. Rådmannen ser det som vanskeleg å
legge inn framtidige krav som pr i dag ikkje er kjente. Breddeutviding har vore diskutert med
Statens vegvesen i møte.
Krysset E134 – Tuddalsvegen er i planen stramma opp i tråd med ønska frå vegvesenet.
Rådmannen kan opplyse at vegvesenet set i gong strakstiltak i sommar i samband med g/-veg
forbi Løvheim til Hågånvegen. Dei vil òg sjå på kryssing av Tuddalsvegen.
I arbeidet med framlegg til plan har det vore vurdert planfri kryssing for fotgjengarar. Ein
overgang tek stor plass, jamfør krav til universell utforming. Undergang rett vest for dagens
kryss har òg vore vurdert. Spørsmålet er om det med enkle midlar i form av t.d. oppbygging av
flaumvoll vil vere mogleg å unngå flaum i undergangen.
G/S-veg frå Bøfeltet/Gamle Tuddalsveg langs Tuddalsvegen
Eit anna team i planarbeidet har vore g/s-veg langs Tuddalsvegen til sentrum. I dag sluttar g/s-
vegen ved Gamle Tuddalsveg. Det betyr at skuleborna har trygg skuleveg frå Øvstebøfeltet,
Åsenfeltet og Bøfeltet. Det er mellom anna sett på om det er mogleg å legge vegen bak
eksisterande eigedomar vest for Tuddalsvegen. Vegvesenet meiner ein slik plassering vil få preg
av å vere turveg, som vil vere kommunen sitt ansvar.
I merknader til varsel om planoppstart har ein grunneigar vore positivt til å avgje grunn til g/s-
veg.
Hjartdal kommune og rådmannen vil fortsette å jobbe opp mot Statens vegvesen når det gjeld
planfri kryssing for fotgjengarar og g/s-veg langs Tuddalsvegen. Rådmannen ser det ikkje som
mogleg å løyse oppgåvene i dette planarbeidet.
Til sist nemner rådmannen at planomtala og føresegnene vil bli omsatt til nynorsk før andre
gongs handsaming.
Rådmannen tilrår at planen blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Områdereguleringsplan for Sauland sentrum blir lagt ut på høyring og til offentleg ettersyn i
perioden 8. juni til 1. august 2015, jamfør pbl § 12-11.
Saksordførar:
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Sven Tore Løkslid foreslo å utsetje saka til ekstramøte 28.05.15.
VOTERING:
Utsettingsforslaget til Løkslid blei samrøystes vedteke.
FOR-032/15 TILRÅDING:
Saka utsetjast til ekstramøte 28.05.15.
28.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Rådmannen opplyste at kart for heile planområdet ikkje ligg føre, og kva for alternativ som er
aktuelle.
Sven Tore Løkslid fremma følgjande endringsforslag:
Kommunestyret delegerar til utval for plan og bygg å legge områdereguleringsplanen for
Sauland sentrum ut på offentleg høyring.
VOTERING:
Rådmannen si tilråding blei sett opp mot forslaget frå Løkslid.
Forslaget til Løkslid blei samrøystes vedteke.
FOR-038/15 TILRÅDING:
Kommunestyret delegerar til utval for plan og bygg å legge områdereguleringsplanen for
Sauland sentrum ut på offentleg høyring.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 034/15 THK
Kommunestyret 03.06.2015 050/15 THK
Saksansvarleg: Torunn Hovde Kaasa Arkiv: K1-110 Arkivnr.: 15/691
RULLERING SAMFUNNSDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2015 - OPPSTART Dokument i saka: Ingen. Vedlagde dokument: Ingen. Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Plan- og bygningslova. Saksgang: Formannskapet tilrår. Kommunestyret vedtek. Bakgrunn for saka: Iflg. vedteken planstrategi skal samfunnsdelen rullerast (sak 87/13). Det sittande kommunestyret vil starte arbeidet, slik at erfaringar frå denne perioden blir med over i komande kommunestyreperiode. Arealdelen blei vedteke i kommunestyremøte 27.11.2013. Det betyr at samfunnsdelen må ta omsyn til rammer som er lagt i arealdelen. Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet i kommunen, og gjev rammer for utvikling av kommunen. Kommuneplanen er ein viktig del av den langsiktige planlegginga i kommunen.
Samfunnsdelen skal innehalde mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon.
Arealdelen består av eit kart med bestemmelsar for bruk, vern og utforming av areal i kommunen. Formålet er å avgjere korleis areala skal brukast i framtida og kva for omsyn kommunestyret vil ivareta.
Samfunnsdelen er i motsetning til arealdelen ikkje juridisk bindande, men vil vere retningsgjevande for prioriteringa av ressursar i kommunen.
Vurdering:
Det skal utarbeidast eit planprogram for samfunndelen. Plan- og bygningsloven $4-1 første og andre
ledd:
For alle regionale planer og kommuneplaner, og for reguleringsplaner som kan ha vesentlige
virkninger for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeides et
planprogram som grunnlag for planarbeidet.
Planprogrammet skal gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og
deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt,
hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger. Forslag til planprogram sendes
på høring og legges ut til offentlig ettersyn samtidig med varsling av planoppstart.
Planprogrammet fastsettes ordinært av planmyndigheten.
Først må det altså utarbeidast eit planprogram, deretter startar arbeidet med å lage sjølve planen.
Kommunen skal legge den regionale planstrategien til grunn for det vidare planarbeidet i regionen (pbl §
7-2).
Det innebærer at dei val og avgjerder vi gjer er prega av langsiktigheit, kvalitet og bærekraft. Ei bærekraftig utvikling skjer når alle dimensjonane er ivaretekne. Innhaldet i dei tre dimensjonane blir i regional strategi for Telemark eksemplifisert ved at: ”- Vi fremmer bærekraftige sosiale forhold gjennom å; skape steder preget av toleranse, trygghet og tilgjengelighet; sikre tilgang til trygg mat, godt vann, gode boliger og ren energi; verne om menneskers helse; sikre at mangfoldet av mennesker bemyndiggjøres i demokratiske prosesser; sikre tilgang til kulturopplevelser, kunnskap og utdanning. - Vi fremmer bærekraftig økonomi gjennom å; sikre tilgang til tilfredsstillende og belønnende arbeid for alle arbeidstakere; bidra til at næringsliv og offentlig sektor tåler konjunktursvingninger og kriser; sikre god og framtidsrettet infrastruktur; verdsette frivillig arbeid; redusere fattigdom og sosial eksklusjon. - Vi fremmer et bærekraftig miljø gjennom å; bruke energi, naturressurser og arealer på en effektiv måte; begrense og håndtere avfall og forurensing; verdsette og verne om mangfoldet i natur- og kulturarven som en ressurs for framtiden.” (Regional strategi, 2012) Visjon for Telemark: Bærekraftige Telemark er valt som det leiande heilskapsprinsipp. Dei tre dimensjonane; bærekraftige sosiale forhold, bærekraftig økonomi og bærekraftig miljø, er prinsippa som skal styre dei kortsiktige vala og beslutningar som skal fremme gode og framtidsretta løysingar til beste for befolkninga i Telemark. Sektorovergripande perspektiv som folkehelse, universell utforming, klima og miljø skal ivaretakast i all planlegging. For Hjartdal bør vi som følge av sektorovergripande perspektiv ha merksemd knytt til tidleg innsats og nettverksbygging. Den strategiske overbygningen skal ikkje sette konkrete mål, dei operative måla skal knytast til dei enkelte planane som blir utarbeidd i kommuneorganisasjonen. Viktige dokument i samband med samfunnsdelen i kommuneplan 2015.
Regionale planar som er relevante for Hjartdal. Arealdelen med kart og bestemmelsar. Kommuneplan – samfunnsdel. Trafikktryggleiksplan.
Beredskapsplan. Økonomiplan og handlingsprogram for Hjartdal – vedteken 13.12.2013. Handlingsplanar i dei ulike avdelingane i kommuneorganisasjonen.
Som ledd i arbeidet med Samfunnsdelen, skal kommunen utarbeide eit kunnskapsdokument for Hjartdal, med oppdatert statestikk, forskning, regionale planer, prosjekt etc.
Bakgrunnen for å utarbeide eit kunnskapsdokument er at:
Det skal gje dei folkevalde eit betre og breiare avgjerdsgrunnlag. Det skal synleggjere mulegheiter og utfordringar som kommunane står overfor. Det skal vere grunnlaget for planarbeidet i kommunen. Det skal vere grunnlagsdokument ved årleg rullering av økonomi- og handlingsprogram. Det skal gi informasjon til innbyggarane.
Kunnskapsdokumentet er meint å brukast som eit aktivt verktøy ved prioriteringar og planlegging. Det faglege arbeidet vårt skal ikkje bygge på intuisjon og synsing. I all planlegging er det viktig å ha eit breiast muleg faktagrunnlag. Dette vil Kunnskapsdokumentet gje oss. Kunnskapsdokumentet vil beskrive utviklingstrekk og utfordringar i kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Ein samfunnsdel blir til i samarbeid og samhandling med innbyggarane og samarbeid på tvers i kommuneorganisasjon. Det leggast opp til brei involvering med møte i nærmiljøa/bygdene, og møte/dialog som er spissa mot målgrupper. RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Formannskapet er styringsgruppe for arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen. 2. Rådmannen peikar ut prosjektleiar og arbeidsgruppe.
Saksordførar:
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
VOTERING:
Rådmannen si tilråding bløei samrøystes vedteke.
FOR-034/15 TILRÅDING: 1. Formannskapet er styringsgruppe for arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen.
2. Rådmannen peikar ut prosjektleiar og arbeidsgruppe.
Saksordførar: Helle K. Gjerde
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 035/15 AEB
Formannskapet 28.05.2015 039/15 AEB
Kommunestyret 03.06.2015 051/15 AEB
Saksansvarleg: Anne E. Bamle Arkiv: K2-L00 Arkivnr.: 15/548
KOMMUNAL PLANSTRATEGI - RULLERING ETTER
KOMMUNEVALET 2015
Dokument i saka:
Vedlagde dokument:
Gjeldande planstrategi
Vegleiar Kommunal planstrategi
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
LOV-2008-06-27-71: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven,
pbl)
Saksgang:
Formannskapet tilrår
Kommunestyret vedtek
Bakgrunn for saka:
Kommunal planstrategi var eit nytt verktøy etter førre kommuneval. Føremålet er å klargjere
kva for planoppgåver kommunen bør starte opp, eller vidareføre, for å legge til rette for ønska
utvikling i kommunen.
Planstrategien skal det nye kommunestyret vedta seinast eit år etter konstituering.
Rådmannen ynskjer å legge til rette for erfaringsutveksling frå sittande kommunestyret til det
nye. Sittande kommunestyre blir derfor invitert til å kome med sine erfaringar og eventuelt gje
anbefalingar til det nye kommunestyret.
I inneverande kommunestyreperiode har planstrategien blitt revidert to gongar. Første gong i
mars 2013 med bakgrunn i manglande ressursar til å drive fleire tunge planprosessar parallelt.
Siste revidering skjedde i desember 2013. Grunngjevinga var den same. Det var ikkje nok
administrative ressursar til å gjennomføre ønska planarbeid og rådmannen bad kommunestyret
prioritere.
Vurdering:
Planstrategien er som nemnt over ikkje ein plan. Det skal ikkje vedtakast mål eller strategiar,
men kommunestyret skal drøfte utviklingstrekk i kommunen som grunnlag for å vurdere
planbehovet i kommunestyreperioden. Arbeidet med strategien skal gje kommunestyret godt og
systematisk grunnlag for å vurdere planbehov for å møte kommande utfordringar. Vidare vil
strategien syne behov for ressursar til å møte planbehovet.
Sittande kommunestyret har vedtatt ny arealdel til kommuneplanen. Samfunnsdelen står for tur
for rullering og de vil få eigen sak om invitasjon om erfaringsutveksling i det planarbeidet òg.
Rådmannen ber kommunestyret bør drøfte om arealdelen bør rullerast allereie i den neste
kommunestyreperioden.
Bakgrunnen for drøftingane kan vere følgjande spørsmål: Kva er erfaringane med gjeldande
arealdel?
Rådmannen ser at hittil har det ikkje kome mange nye reguleringsplanar i kjølvatnet av
arealdelen. Dette kan ha fleire årsaker som ikkje har direkte med kommunen som planmynde å
gjere. Det har vore møter med grunneigarar rundt Breivatn. Som kjent er det her eit krav om at
det skal vurderast å sette krav til felles planarbeid. Dette har blitt positivt mottatt blant
grunneigarar . I Tuddal er det heller ikkje nye planar på gong, men dette har sin naturlege årsak
mellom anna i påvente av ny veg til Hovdemarken og Flugonfjell. Ny reguleringsplan for dette
tiltaket er under handsaming.
Det har heller ikkje vore mange søknadar om dispensasjon frå planen.
Det vil frå administrasjonen si side ikkje kome anbefaling om å rullere arealdelen. Rådmannen
meiner planen fangar opp på ein god nok måte dei utfordringane ein ser framover med tanke på
bustadpolitikk, næringspolitikk, miljøpolitikk og utbyggingsmønster.
Vidare bør kommunestyret seie noko om dei planane det ikkje har vore kapasitet til å utarbeide.
Kva har utfordringane vore ved at dei planane dykk meinte det var behov for, ikkje er på plass.
Kommunestyret bør òg drøfte om dykk ser behov for andre planar, både overordna og
detaljreguleringsplanar, enn dei som stend i gjeldande planstrategi.
Når det gjeld eldre reguleringsplanar for bustadfelt i kommunen, vil rådmannen halde fast ved
behovet for å sjå på føresegene på nytt. Som kjent er det t.d. i nokre av dei grense for kor stor
garasje ein kan bygge. Samstundes veit ein at det kjem nye reglar til sommaren om kva som kan
byggjast utan søknaden, men med melding. Dette er eit revisjonsarbeid rådmannen håper å
kunne starte på før ny planstrategi er på plass.
Saka vert lagt fram utan tilråding frå rådmannen si side. Det er sittande kommunestyre som blir
invitert til å dele sine erfaringar vidare til nytt kommunestyret.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Saka blir lagt fram utan tilråding.
Saksordførar:
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Sven Tore Løkslid foreslo å utsetje saka til ekstramøte 28.05.15
VOTERING:
Utsetjingsforslaget til Løkslid blei samrøystes vedteke.
FOR-035/15 TILRÅDING:
Saka utsetjast til ekstramøte 28.05.15.
28.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Omforeina forslag:
Kommunestyret 2011-2015 har følgjande erfaringar med planstrategien:
- planstrategien er eit nyttig verktøy
- det er viktig å legg vekt på opplæring og informasjon om kva ein planstrategi er
- vurdere behov for næringsplan
- det er viktig med prioritering av planane
- planstrategien bør vere eit levande dokument som haldast oppdatert
- planstrategien er ein måte å sette eit tema på den politiske dagsorden
VOTERING:
Det omforeina forslaget blei samrøystes vedteke.
FOR-039/15 TILRÅDING:
Kommunestyret 2011-2015 har følgjande erfaringar med planstrategien:
- planstrategien er eit nyttig verktøy
- det er viktig å legg vekt på opplæring og informasjon om kva ein planstrategi er
- vurdere behov for næringsplan
- det er viktig med prioritering av planane
- planstrategien bør vere eit levande dokument som haldast oppdatert
- planstrategien er ein måte å sette eit tema på den politiske dagsorden
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 031/15 BR
Kommunestyret 03.06.2015 052/15 BR
Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-X20,
K2- Arkivnr.: 15/633
SAMFUNNSSIKKERHEIT OG BEREDSKAP I HJARTDAL KOMMUNE
2015 - OVERORDNA RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 05.05.2015 Sakshandsamar OVERORDNA RISIKO- OG
SÅRBARHEITSANALYSE
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 1
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Lov av 25.06.2010 om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret
(sivilbeskyttelsesloven), Kap. V. Kommunal beredskapsplikt
Forskrift av 22.08.2011 om kommunal beredskapsplikt
Saksgang:
Formannskapet tilrår
Kommunestyret vedtek
Bakgrunn for saka:
Jfr. Forskrift av 22.08.2011 om kommunal beredskapsplikt § 2:
"Kommunen skal gjennomføre en helhetlig risiko- og sårbarhetsanalyse, herunder kartlegge, systematisere og vurdere sannsynligheten for uønskede hendelser som kan inntreffe i kommunen og hvordan disse kan påvirke kommunen.
Den helhetlige risiko- og sårbarhetsanalysen skal forankres i kommunestyret.
Analysen skal som et minimum omfatte:
a) eksisterende og fremtidige risiko- og sårbarhetsfaktorer i kommunen.
b) risiko og sårbarhet utenfor kommunens geografiske område som kan ha betydning for kommunen.
c) hvordan ulike risiko- og sårbarhetsfaktorer kan påvirke hverandre.
d) særlige utfordringer knyttet til kritiske samfunnsfunksjoner og tap av kritisk infrastruktur.
e) kommunens evne til å opprettholde sin virksomhet når den utsettes for en uønsket hendelse og evnen til å gjenoppta sin virksomhet etter at hendelsen har inntruffet.
f) behovet for befolkningsvarsling og evakuering.
Kommunen skal påse at relevante offentlige og private aktører inviteres med i arbeidet med utarbeidelse av risiko- og sårbarhetsanalysen.
Der det avdekkes behov for videre detaljanalyser skal kommunen foreta ytterligere analyser eller oppfordre andre relevante aktører til å gjennomføre disse. Kommunen skal stimulere relevante aktører til å iverksette forebyggende og skadebegrensende tiltak."
Gjennom tilsyn innan samfunnstryggleik og beredskap gjennomført av Fylkesmannen i
Telemark i april 2014 vart det avdekka at kommunen har avvik på følgjande område:
1. Kommunen har ikkje ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse
2. Det ligg ikkje føre ein overordna beredskapsplan som har grunnlag i heilskapleg risiko-
og sårbarheitsanalyse
3. Kommunen har ikkje utarbeidd langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for
oppfølging av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap
Etter tilsynet vart det gjort avtale med Fylkesmannen om at avvika skulle vere lukka innan
01.06.2015.
Drøfting og forankring av arbeid med heilskapeleg - overordna - risiko- og sårbarheitsanalyse
(Overordna ROS) vart gjort i formannskapet hausten 2014, før sjølve arbeidet med
analyseprosess hadde oppstart i januar 2015, med beredskapskoordinator som leiar for arbeidet
som vart prosjektorganisert.
Framlegg til Overordna Risiko- og sårbarheitsanalyse ligg no føre, og siktemålet er at
avvikspunkt nr 1 skal vere lukka i tråd med avtala mellom kommunen og Fylkesmannen. I og
med at Overordna ROS er grunnlaget for å kunne lukke pkt 2 og 3, vil kommunen ikkje kunne
innfri denne delen av avtala innan fristen 01.juni 2015.
Vurdering:
Arbeidet med Overordna ROS er gjennomført i tråd med Veileder til helhetlig risiko- og
sårbarhetsanalyse i kommunen, utgjeven av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
2014.
Hovudmål med arbeidet har ikkje vore å lukke avvika påvist gjennom tilsyn, sjølv om tilsynet er
ein pådrivar til at prosessen har blitt sett i gang. Det viktige er å auke kommunen sin kompetanse
og evne til å handtere uønska hendingar der samfunnssikkerheit og tryggleik er truga.
Samfunnsutviklinga nasjonalt og globalt syner at sjansen for at slike situasjonar kan inntreffe når
og der ein minst ventar det er aukande.
ROS-analysen sine funn er eintydige når det gjeld kva tiltak kommunen må setje i verk for å
auke beredskapsnivået ( Jfr. Kap. 1, s. 4):
oppdatere og samordne beredskapsplanverket på overordna og verksemdsnivå
utarbeide plan for systematisk øving i beredskap
Som del av ROS-analysen er det utarbeidd konkret tiltaksplan på overordna og verksemds-
nivå ( Kap 9, ss 21 - 22). Det er lagt inn framlegg til realistiske tidsfristar for gjennomføring.
Tiltaka i handlingsplanen vil bidra til å imøtekome fylkesmannen sine krav om lukking av
avvikspunkt 2 og 3.
Rådmannen ser at framlegg til Overordna ROS kan ha svake sider i høve til forskriften sine krav:
Dette gjeld punkt c), korleis ulike risiko- og sårbarheitsfaktorar kan påverke kvarandre, og
underpunktet om at kommunen skal sjå til at relevante offentlege og private aktørar inviterast
med i arbeidet med utarbeiding av risiko- og sårbarheitsanalysen.
Når det gjeld det første vil rådmannen peike på at problematikken med "kjedehendingar" best
kan analyserast og byggast sannsynlegheits- eller konsekvensbarrierer mot i ein
øvingssamanheng.
Når det gjeld punktet om å invitere offentlege og private aktørar med i arbeidet, vil dette bli løyst
gjennom det vidare arbeidet med mellom anna beredskapsplanar.
I Hjartdal kommune er Røde Kors ein viktig aktør på fleire område, og tiltaksplanen har punkt
om å inngå samarbeidsavtale mellom kommunen og HRK.
Likeins har tiltaksplanen eige punkt om beredskapsplan for Århus/Gvammen, der kommunen må
samarbeide med redningsetatane og Statens Vegvesen.
Det må i tillegg understrekast at Framlegg til Overordna ROS ikkje kan dekke alle moglege
hendingar som kan inntreffe. Det er lett å finne tenkbare situasjonar som ikkje nemnast i
dokumentet, men da er det viktig å ha som utgangspunkt at Det viktige er å auke kommunen sin
kompetanse og evne til å handtere uønska hendingar der samfunnssikkerheit og tryggleik er
truga.
Sett i det perspektivet vurderar Rådmannen Framlegg til Overordna ROS som eit godt verktøy.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Overordna Risiko- og sårbarheitsanalyse godkjennast slik den ligg føre.
Saksordførar:
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Inger Øya Grøgård foreslo tillegg på side 10 i analysa:
- Tuddal Triatlon, Bygdedag i Tuddal og Bygdedag i Sauland.
VOTERING:
Grøgård sitt forslag til tillegg i den overordna ROS-analysa blei samrøystes vedteke.
Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
FOR-031/15 TILRÅDING:
Overordna Risiko- og sårbarheitsanalyse godkjennast slik den ligg føre med tillegg side 10 i
analysa: - Tuddal Triatlon, Bygdedag i Tuddal og Bygdedag i Sauland.
Saksordførar: Inger Øya Grøgård
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Formannskapet 26.05.2015 036/15 SLA
Kommunestyret 03.06.2015 053/15 SLA
Saksansvarleg: Stefan Langfors Arkiv: K1-130 Arkivnr.: 15/85
BYREGIONPROGRAMMET
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 14.01.2015 Notodden kommune BYREGIONPROGRAMMET - FASE II
2 I 14.01.2015 Notodden kommune INVITASJON TIL DELTAGELSE I BYREGION
PROSJEKTET FASE II
3 I 04.02.2015 Notodden kommune INFORMASJON OM BYREGION
PROGRAMMET FASE II
4 I 04.02.2015 Bø kommune BYREGIONPROGRAMMET FASE II
5 I 29.04.2015 Notodden Kommune DOKUMENTASJON PÅ SØKNAD,
BYREGIONPROGRAMMETS FASE II
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 5 m/vedlegg
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Vedtekter 251 000 79 Konsesjonskraftfondet
Saksgang:
Formannskapet tilrår
Kommunestyret gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Invitasjon frå Notodden og Tinn kommune om deltaking i Fase II av byregionprosjektet.
Utviklingsprogram for byregioner er eit program i regi av KMD som skal auke kunnskapen om
samspelet mellom by og omland for å styrke desse områdas vekstkraft. Utlysinga byggjer
mellom anna på rapporten ”Samspill mellom by og omland som kilde til økonomisk vekst” som
kan lastast ned her:
http://distriktssenteret.no/2015/04/27/samspill-by-omland/
Det er no seks kommunar som er invitera inn til å bli med vidare, i tillegg til Bø kommune som
allereie har takka nei. Desse er Hjartdal, Sauherad, Seljord og Kongsberg i tillegg til dei
opphavlege søkjarkommunane Notodden og Tinn.
Vurdering:
Hjartdal kommune blei òg invitera til å delta i prosjektets fase I, som i stor grad var ein
utredingsfase. Ein valde då å takke nei av kapasitetsomsyn, men sa seg samstundes villig til å
vere ein del av utredningsgrunnlaget samt bidra etter kapasitet og behov. Fase II har fått tittelen
”Vennskap bygges av delte gleder,- ikke av delte bekymringer”
Når ein no er invitera inn i fase II er det understreka at det ikkje er ein omkamp, men ein ny
invitasjon på grunnlag av dei regionale analysane som er utførd i fase I. Hjartdal kommune har
vore invitera inn og aktivt delteke i dei vurderingar som ligg til grunn for søknaden. Hjartdal
Kommune har òg gjort eigne undersøkingar som syner at regionen har mange felles utfordringar,
mellom anna i regi av Samordna Næringsapparat i Kongsbergregionen.
Fokuset for prosjektet er basisnæringar og besøksnæringar. Basisnæringar er i denne
samanhengen næringar som utviklar og sel produkter og tenester som blir eller har potensiale til
å bli eksportera ut av regionen. Dei er viktige fordi dei trekk kapital inn til regionen som
grunnlag for vekst og utvikling. Basisnæringane omfattar verksemder innafor landbruk,
skogbruk og industri, samt dei tenestene som konkurrerer i større marknader som til dømes IT,
ingeniørtenester og forsking.
Besøksnæringar er dei bransjane som kjenneteiknas av at kunden må vere personleg til stades, og
omfattar til dømes butikkhandel, overnatting, servering og ulike typar opplevingar.
Reiselivsnæringane med hytteutvikling inngår som ein del av besøksnæringa.
Hjartdal Kommune er relativt godt representera innafor desse segmenta, med ein stor
primærsektor og eit høgt tal hytter målt mot innbyggjartal. Spesielt innafor besøksnæringane har
vi òg indikasjonar på at Hjartdal slit med å vere konkurransedyktig og mistar arbeidsplassar målt
mot nasjonal utvikling.
Prosjektet har vidare vald seg to prioriterte satsingsområdar som tilnærming for å skape fleire
arbeidsplassar innafor desse områda. Det er primært å styrke vertskapsrolla i næringsetablering,
samt utvikle strategiar for FoU-basera utviklingsarbeid. Fokuset er mellom anna å styrke dei
regionale ”lokomotiva” samt legge til rette for meir underleveranse gjennom samarbeid og FoU.
Måla for prosjektet er formulera slik:
- Å samle resultat fra næringsutviklingsprosjekter som er gjennomførte og de som er aktive
for åetablere en felles kunnskapsdatabase.
- Å etablere verktøy for strategisk kompetanseplanlegging i kommunene for å sikre dagens
velferdstjenester, og samtidig styrke evnen til fornyelse av tjenester og arbeidsformer i
regionen.
- Å etablere møteplasser for identifisering og initiering av tiltak for kompetanseutvikling
og nye samarbeidsformer mellom lokomotivbedriftene og regionale underleverandører.
- Å etablere en nettverksarena for opplevelsesnæringer, eventselskap og festivaler for slik
å videreutvikle de etablerte internasjonale festivalene og se hvordan lokale festivaler og
arrangement kan gjøres bærekraftige og stimulere til nye arrangement.
Rådmannen meiner at prosjektet kan ha interesse for Hjartdal kommune. Ei av Hjartdals store
styrker er ei god strategisk plassering med nærskap til fleire store arbeidsmarknader i spesielt
Notodden, Seljord, Kongsberg og til ein viss grad òg Tinn. Om lag 84% av dei sysselsette i
Hjartdal har arbeidsplass i ein av kommunane som er invitera inn i prosjektet. Vi er såleis i eit
regionalt fellesskap der utviklinga vår heng tett saman med utviklinga i omlandet.
Prosjektets kostnadar er ikkje spesielt høge, samla sett. For Hjartdal er det snakk om ca. 0,4
årsverk i eigeinnsats fordela på tre år. Dette binder opp 0,14 årsverk årleg. I tillegg er det lagt inn
noko ressursar til frikjøp for å administrere sjølve prosjektet. Dette er berekna til kr 20 000,- per
kommune over alle tre åra. Det er såleis naudsamt med både ei kroneløyving og ei allokering av
ressursar. Rådmannen har vurdert at løyvinga bør takast frå Konsesjonskraftfondet med
utgangspunkt i vedtektenes §2:
”Konsesjonskraftmidlar skal nyttast som tilskots- og investeringsmidlar til viktige
fellesoppgåver knytt til næring, stadsutvikling og busetting og fellestiltak for
næringslivet/lokalsamfunnet”
Rådmannen er spesielt betenkt når det gjeld ressursane. 0,14 årsverk kan vise seg å vere ei god
investering med tanke på kva prosjektet gir tilbake. Per i dag er det utfordrande å finne ledig
kapasitet i sentraladministrasjonen. Det vil likevel bli frigjort noko kapasitet når prosjektet Bygd
til Landsby avrundast ved utgangen av året som kanskje kan nyttast til formålet. I tillegg har ein
god del (om lag halvparten) av samfunnsutviklars stillingsheimel blei i 2014 nytta til andre
føremål enn næring og busetting, noko det er eit mål å redusere.
Det er slikt sett fyst og fremst eit spørsmål om prioritering, og det er eit vanskeleg og politisk
spørsmål kor ein får best utteljing for ressursbruken. Rådmannen ser likevel at det kan vere
mogleg å etablere synergiar mellom prosjektet og andre eksisterande bestillingar. Om prosjektet
lukkast i å skape betre førehald for etablering, skape nye arbeidsplassar samt gode møteplassar
for vidare utvikling i næringar som er viktige for Hjartdal, kan det i seg sjølve være med på å
sikre måloppnåing på andre områder som politikarane ønskjer å prioritere.
Ein risikofaktor er knytt til samla deltaking i prosjektet. Kostnadsrammene for prosjektet slik dei
er skildra over har som føresetnad at alle dei inviterte kommunane deltek. Rådmannen er kjend
med at saka er handsama positivt i Seljord med følgjande vedtak:
” Kommunestyret sluttar seg til deltaking i ”Utviklingsprogrammet for byregionar
(ByR)” på grunnlag av samfunnsanalyse og prosjektsøknad "Vennskap bygges av delte gleder,- ikke
av delte bekymringer" i samarbeid med kommunane; Notodden, Tinn, Hjartdal, Sauherad og
Kongsberg.”
Rådmannen vil i tida fram mot handsaming søke å samle inn informasjon om eventuell
handsaming hos dei kommunane der det er aktuelt. Om ein eller fleire kommunar vel å stå utafor
prosjektet kan det medføre auka kostnadar eller reduksjon i prosjektets omfang. Rådmannen ser
ikkje anna løysing enn at det då eventuelt må leggast fram i eiga sak, men gjer inntil vidare
merksam på risikoen.
RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Hjartdal Kommune sluttar seg til deltaking i Utviklingsprogram for byregioner Fase II
som skildra i søknad "Vennskap bygges av delte gleder,- ikke av delte bekymringer" i
samarbeid med kommunane Notodden, Tinn, Seljord, Sauherad og Kongsberg.
2. Hjartdal Kommune løyvar 20 000,- til deltaking i Utviklingsprogram for byregioner Fase
II som skildra i same søknad
3. Deltaking føreset at alle invitera kommunar blir med i prosjektet og at prosjektet blir
fullfinansiert i høve til søknad.
4. Finansiering av løyvinga gjerast over 251 000 79 Konsesjonskraftfondet
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
VOTERING:
Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
FOR-036/15 TILRÅDING:
1. Hjartdal Kommune sluttar seg til deltaking i Utviklingsprogram for byregioner Fase II
som skildra i søknad "Vennskap bygges av delte gleder,- ikke av delte bekymringer" i
samarbeid med kommunane Notodden, Tinn, Seljord, Sauherad og Kongsberg.
2. Hjartdal Kommune løyvar 20 000,- til deltaking i Utviklingsprogram for byregioner Fase
II som skildra i same søknad
3. Deltaking føreset at alle invitera kommunar blir med i prosjektet og at prosjektet blir
fullfinansiert i høve til søknad.
4. Finansiering av løyvinga gjerast over 251 000 79 Konsesjonskraftfondet
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Utval for levekår og kultur 19.05.2015 024/15 THK
Formannskapet 26.05.2015 030/15 THK
Kommunestyret 03.06.2015 054/15 THK
Saksansvarleg: Torunn Hovde Kaasa Arkiv: K2-F30,
K2- Arkivnr.: 15/580
BUSETTING AV FLYKTNINGAR MED BAKGRUNN I DAGENS
FLYKTNINGKRISE
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 23.04.2015 likestiling og
inkluderingsdepartem
entet Det kgl. barne
BOSETTING AV FLYKTNINGAR MED
BAKGRUNN I DAGENS FLYKTNINGGKRISE
2 I 28.04.2015 KS BOSETTING AV FLYKTNINGER I 2015 OG
2016
4 I 22.05.2015 Amnesty
International
DUGNAD FOR FLYKTNINGER FRA SYRIA:
HVA VIL HJARTAL KOMMUNE GJØRE?
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 1 og 2
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Ingen.
Saksgang:
Utval for levekår og kultur tilrår.
Formannskapet tilrår.
Kommunestyret vedtek.
Bakgrunn for saka:
Brev frå barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne til alle ordførarane i landet,
med førespurnad om kor mange fleire flyktningar kommunen kan ta imot i 2015 og 2016 utover
dei vedtak som gjort. Ho varslar at det blir sendt ut ei tilleggsoppmoding, og at eventuelt mottak
av syriske flyktningar vil kome på toppen av dette.
KS har på bakgrunn av brevet frå statsråden, tilrådd at kommunane ikkje ventar på
tilleggsoppmodinga frå IMDi, men førebur ei sak for politisk behandling på bakgrunn av brevet
frå statsråden, og svarar ut frå dei vedtak som da blir fatta.
KS tilrår også i sitt brev til kommunane at svaret til statsråden også kommenterar i kor stor grad
styrking av dei økonomiske verkemidla for busetting og integrering av flyktningar vil kunne
auke mulegheitene for kommunane til ein betydeleg auke i busettingskapasiteten i 2015 og 2016.
KS strekar under at frivillighetslina er godt eigna til å møte busettingsbehovet, og gjer det muleg
for kommunane å planlegge eiga verksemd og tenestetilbod. KS meiner det er behov for å auke
den samla tilskotsramma for bygging av utleigebustader både i 2015 og 2016. Rammene vil først
bli avklart i samband med revidert statsbudsjett for 2015.
Statsråden bed kommunen svare konkret på kor mange ekstra flyktningar vi kan si ja til i
2015 og 2016, ut over dei vedtak som allereie er fatta.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet går ut frå at Hjartdal kan busette 7 personar
utover dei 10 vi har vedtak om i 2015, og 4 utover dei 10 vi har vedtak om i 2016. Kommunane
blir bedne om å justere talet ut ifrå kva ein reknar med at kvar kommune kan ta imot, som følgje
av auka behov for busetting grunna flyktningkrisa i Syria og Middelhavet.
Vurdering:
Vi har eit ansvar som ein velfungerande nasjon, i eit verdensbilde der vi står i ein særstilling,
både som velferdsstat og med økonomiske rammer som er unike. Dette er den største
flyktningkrisa etter 2. verdskrigen, medan vi i Norge kan glede oss over 70 år med fred. Det
kunne vore oss som var i den situasjon mange av verdas flyktningar er i, på flukt frå krig, terror,
vald, religionsforfølging og undertrykking. Det er viktig å ha som bakteppe når statsråden bed
kommunestyret om å bidra til at fleire får hjelp. Vi kan ikkje hjelpe alle, alle kan hjelpe nokon.
I Hjartdal har vi busett 26 flyktningar sidan september 2013. Vi har bygd opp eit team i
flyktningtenesta ved NAV, styrka ressursane i skule, barnehage og helsetenestene. Statlege
arbeidsplassar som styrker fagmiljøa ved avdelingane i kommunen.
Vi samarbeider med Notodden kommune om norsk og samfunnskunnskap ved
Vaksenopplæringa i Notodden. Pr i dag deltek 9 vaksne der. For 9 pers. betalar vi i overkant av 1
mill. kr. I tillegg kjem utgifter til transport, kr 1.300,- pr mnd/pers. over 30, og kr 400,- for dei
under 30 år. Etter kvart blir det eit spørsmål om når det er mest lønsamt å drifte eigen
vaksenopplæring.
Vedtek kommunestyret å ta imot fleire flykningar, vil det gjere det muleg å planlegge drift av
eigen voksenopplæring allereie frå august 2016. Med andre ord fleire lokale
kompetansearbeidsplassar, noko som vil vere positivt. På den andre sida vil det stille krav til
fleire språkpraksisplassar både i kommunen og hjå privat næringsliv. Dei som tek grunnskulefag
eller vidaregåande fag har skule på full tid. Det vil sannsynlegvis bli behov for inntil 6
språkarbeidsplassar frå hausten av. Dette må kommunen ta høgde for. Eiga vaksenopplæring
eller fortsatt samarbeid må reknast meir på, og vil eventuelt kome som eiga sak.
Etablerer kommunen eigen vaksenopplæring, vil det vere enklare å busette flyktningar i heile
kommunen. Vi har erfaring frå at busetting i Hjartdal krev noko meir ressursar enn å busette i
Sauland. På den positive sida er det frivillige i Hjartdal, som tek ansvar for å inkludere dei nyleg
busette i bygda på ein god måte.
Kommunestyret har sett av budsjettmidlar for 2015 og 2016 til bygging/kjøp av bustader. Det
skal byggast flyktningbustader på tomt på Øvstebøfeltet. Administrasjonen følger opp
økonomiplanvedtaket og reknar med ferdigstilling i desember. Det vil gje auka kapasitet. Det vi
bygger nå er i tråd med tidlegare vedtak. Dersom kommunen vedtek å busette fleire, må
kommunestyret ta høgde for auka behov for bustad i økonomiplanarbeidet.
I skulen er det tilstrekkeleg med ressursar. Det er også sett av ekstra ressursar i barnehagen i
Sauland. Det vil truleg ikkje vere behov for fleire tilsette i grunnskule ved auka busetting.
Dersom det blir busett flyktningar med funksjonshemming eller adferdsproblem, finst
øyremerkte midlar å søke på, inntil ca 1 mill i året ved behov.
Dersom kommunestyret vedtek å busette fleire flyktningar, bør vi prøve å busette før nyttår, slik
at vi utnyttar integreringstilskotet for 2015 fullt ut. Ein annan grunn til å vente til desember, er at
vi busette 9 overføringsflyktningar like før påske, og treng desse månadene for å kunne gjere ein
god jobb saman med dei som er busett nå.
Utover hausten vil vi arbeide ut mot lag og foreningar og andre frivillige, for å knytte større
nettverk rundt nokon av flyktningane. I dag gjer frivillige ein kjempejobb, men vi skulle gjerne
hatt fleire som fekk mulegheiten til å bli kjent med familiane. Det er først og fremst
flyktningtenesta som må ta initiativ til slike nettverk, og vi har så langt hatt mest fokus på tilbod
for dei vaksne i Introduksjonsprogrammet og oppfølging av barn i helse, skule og barnehage.
Når det gjeld mulegheiter for utdanning og arbeid, er Hjartdal sentralt plassert. Det går fint å ta
høgare utdanning og bu i Hjartdal. Næringslivet i Kongsberg og Notodden gjev mange
mulegheiter til å skaffe seg arbeid når dei har lært norsk godt nok og tatt fagutdanning/annan
utdanning.
Nokon vil flytte vidare når dei er ferdige med introduksjonsprogrammet. Da skal vi i Hjartdal ha
gjort ein god jobb med å lære dei om norske samfunnsforhold, og sørga for at dei har lært språket
så godt at dei kan forsørge seg sjølve. Ein liten kommune har gode føresetnader for tett
oppfølging. Bø har erfaring med at ca 30% flyttar etter 3-4 år.
Vi har stort sett dei same utfordringane i Hjartdal som det andre kommunar har. Det handlar først
og fremst om at dette er ei løpande kommunal oppgåve, som vi ivaretek gjennom å utvikle gode
rutiner for samhandling og gjennom å skape tydelege og gode rammer for arbeidet.
Kommunen må stille krav om at Husbanken innvilgar tilskot til bygging av bustader når
kommunen søker om det, og at ramma aukast i tråd med behovet for tilgang på bustader. Klare
rammer gjer det forutsigbart for kommunane, og er ein føresetnad for god planlegging og
busetting. Stor etterspurnad i 2015 gjer at rammene for tilskot i Husbanken snart er brukt opp.
Regjeringa seier i revidert statsbudsjett, 12.05.15, at dei ønsker å bidra til at det blir bygd fleire
bustader til vanskelegstilte, og foreslår å auke tilskotsbevilgninga til utleigebustader med 50 mill.
kr. Tilsagnsramma foreslår dei å auke med111,1 mill. kr. Forslaget vil gje rom for om lag 200
fleire utleigebustader.
RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Kommunestyret vedtek å ta imot 7 flyktningar utover dei vedtekne 10 i 2015, og 4 utover
vedteken ramme for 2016.
2. Kommunestyret forutsett at staten tek sitt ansvar og gjev full økonomisk dekning for
kostnader i samband med busetting av flyktningar. Det gjeld og ramma for tilskot til
bustader i Husbanken.
Saksordførar:
19.05.2015 Utval for levekår og kultur
Handsaming:
Einar Løndal, AP fremma følgjande forslag:
LOK meiner det er viktig å sikre god kvalitet på intregrering av flyktningar. Utvalet ser difor
ikkje moglegheiter for å auke inntaket utover dei allereie vedteke i 2015 og 2016. LOK ynskjer
ei ny vurdering etter ca. halvparten av flyktningane har komme i 2016.
Votering:
Forslaget til Løndal blei sett opp mot rådmannen sitt forslag.
Forslaget til Løndal beli vedteke med 5 mot 2 stemmer.
LOK-024/15 TILRÅDING:
LOK meiner det er viktig å sikre god kvalitet på intregrering av flyktningar. Utvalet ser difor
ikkje moglegheiter for å auke inntaket utover dei allereie vedteke i 2015 og 2016. LOK ynskjer
ei ny vurdering etter ca. halvparten av flyktningane har komme i 2016.
26.05.2015 Formannskapet
Handsaming:
Sven Tore Løkslid fremma rådmannen si opphavlege tilråding til pkt 1.
Sven Tore Løkslid fremma følgjande endringsforslag til pkt 2:
Kommunestyret forutsett at staten tek sitt ansvar og gjev full økonomisk dekning for alle
kostnadar i samband med busetting av flyktningar. Det gjeld òg ramma for tilskot til bustader i
Husbanken.
Sven Tore Løkslid fremma følgjande forslag til nytt pkt 3:
Rådmannen må auke arbeidet med informasjon, der status og plan for kommunens
integreringsarbeid kjem tydelig fram.
VOTERING:
Tilråding frå utval for levekår og kultur blei sett opp mot forslaga frå Løkslid.
Forslaget til Løkslid blei samrøystes vedteke.
FOR-030/15 TILRÅDING:
1. Kommunestyret vedtek å ta imot 7 flyktningar utover dei vedtekne 10 i 2015, og 4 utover
vedteken ramme for 2016.
2. Kommunestyret forutsett at staten tek sitt ansvar og gjev full økonomisk dekning for alle
kostnader i samband med busetting av flyktningar. Det gjeld og ramma for tilskot til
bustader i Husbanken.
3. Rådmannen må auke arbeidet med informasjon, der status og plan for kommunens
integreringsarbeid kjem tydelig fram.
Saksordførar: Bjørg Inger Flatland
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Utval for levekår og kultur 19.05.2015 019/15 BR
Kommunestyret 03.06.2015 055/15 BR
Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63 Arkivnr.: 15/611
SØSTRENE WEIDEMANN AS - SØKNAD OM SKJENKEBEVILLING
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 28.04.2015 Søstrene Weidemann
AS
SØKNAD OM SKJENKEBEVILLING
2 I 28.04.2015 Jon Ingar Tråer OPPHØR AV TIDLEGARE VERKSEMD
3 U 29.04.2015 Lensmannen i
Hjartdal
SØKNAD OM SKJENKELØYVE - UTTALE
ETTER ALKOHOLLOVA
4 U 29.04.2015 NAV - Hjartdal UTTALE I SAMBAND MED SØKNAD OM
SKJENKELØYVE
5 U 29.04.2015 Skatteetaten UTTALE I SAMBAND MED SØKNAD OM
SKJENKELØYVE
7 I 03.05.2015 NAV Hjartdal UTTALE FRÅ NAV
8 I 06.05.2015 Hjartdal
lensmannskontor
Telemark
Politidistrikt
UTTALE I SØKNAD OM SKJENKELØYVE -
SØSTRENE WEIDEMANN AS
Vedlagde dokument:
Alle dokument i saka
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Alkohollova med forskrifter
Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2012-2016
Saksgang:
Utval for levekår og kultur tilrår
Kommunestyret vedtar
Bakgrunn for saka:
Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Løyvet
kan ikkje gjevast åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Alle søknadar om sals og
skjenkeløyve vert retta til kommunen. Det er kommunestyret som tek endeleg avgjerd i slike
saker.
Kommunale bevillingar for sal av alkoholhaldig drikk med høgare alkoholinnhald enn 4,7
volumprosent gis for inntil 4 år om gangen og med normal opphør senast 30. juni året etter nytt
kommunestyre har tilrådt.
Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til
bevillinga. Kommunen vil i slike tilfeller legge vekt på antall sals og skjenkestader, staden sin
karakter, beliggenheit, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til
lokalmiljøet.
Søstrene Weidemann AS har overteke drift av tidlegare Tuddal kro og catering søker om
alminnelig bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 ut løyveperioden, dvs. fram til
30.06.2016. Styrar er Øyvind Øyen og og stedfortreder er Jon Ingar Tråer. Sistnemnde har vore
styrar ved Tuddal Kro og Catering
Søstrene Weidemann ønskjer å drive kro med servering av mat og drikke, og arrangement av
selskap med organisert vakthald etter bestemmelsar i alkohollova.
Styrar har godkjent kunnskapsprøve etter alkohollova. Det er avlagt
etablererprøve/kunnskapsprøve etter serveringslova.
Bilder av områder der det er søkt bevilling til er vedlagt søknaden. Bevilling er
søkt for:
Inne i bygningen til venstre for inngang, maks kapasitet på ca. 80 mennesker.
Utendørsservering (sjå kart): Det er 3 steder utendørs det ønskes servering; på område til
venstre av inngangen (”område A” på kartet, ca. 50 m2), på veranda bak
kafen/restauranten (”område B” på kartet, ca. 20 m2) og ved inngangen under taket
(”område C” på kartet, ca. 20 m2).
Opningstider:
Fredag - Lørdag: kl. 10.00 - 02.00
Søn/helligdagar: kl. 10.00 - 19.00
Mandag - Torsdag: Opent i skuleferiane
Vurdering:
Søknaden er i samsvar med Alkohollova § 1-7 og vandelskrava i same lov § 1-7b og 1-7c
oversendt NAV Hjartdal og Hjartdal Lensmannskontor for uttale. Det er ingen merknader til
søknaden.
Søstrene Weidemann As vidarefører drifta som Tuddal kro og catering ved Jon Ingar Tråer har
serveringsløyve for frå tidligare. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det er ingen
restansar på skattar og avgifter.
Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Rådmannen tilrår at i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske
retningsliner at kommunen gir Søstrene Weidemann AS, Tuddalsvegen 2096, 3697 Tuddal
bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i gruppene 1, 2 og 3 etter føljande spesifikasjon:
1. Tidsrom: bevilling gjeld frå vedtaksdato - 30.06.2016
2. Bevillingshavar: Søstrene Weidemann AS
3. Styrar: Øyvind Øyen, Sjotmovegen 113, 3692 Sauland
4. Stedfortreder: Jon Ingar Tråer, 3697 Tuddal
5. Serveringsstad: Søstrene Weidemann, Tuddalsvegen 2096, 3697 Tuddal. Org. nr: 915
062 547. Bevillinga gjelder kafe/restaurant med 80 plassar, veranda ved inngangen (20
m2), veranda område til venstre for inngangen (50 m
2) og på veranda bak kafe/restaurant
(20 m2).
6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3
7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan
skje i tidsrommet kl. 08:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap. Skjenking av
alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl.
13:00 – 24:00. Dette gjeld også i lukka selskap.
Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminneleg lover og
føresegner for sal og skjenking.
Saksordførar:
19.05.2015 Utval for levekår og kultur
Handsaming:
Nils Olav Hovde KrF foreslår rådmannen si tilråding utan å ikkje gje løyve til alkoholruppe 3.
Votering:
Rådmannen si tilråding vart vedteke med 5 mot 2 stemmer.
LOK-019/15 TILRÅDING:
Rådmannen tilrår at i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske
retningsliner at kommunen gir Søstrene Weidemann AS, Tuddalsvegen 2096, 3697 Tuddal
bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i gruppene 1, 2 og 3 etter føljande spesifikasjon:
1. Tidsrom: bevilling gjeld frå vedtaksdato - 30.06.2016
2. Bevillingshavar: Søstrene Weidemann AS
3. Styrar: Øyvind Øyen, Sjotmovegen 113, 3692 Sauland
4. Stedfortreder: Jon Ingar Tråer, 3697 Tuddal
5. Serveringsstad: Søstrene Weidemann, Tuddalsvegen 2096, 3697 Tuddal. Org. nr: 915
062 547. Bevillinga gjelder kafe/restaurant med 80 plassar, veranda ved inngangen (20
m2), veranda område til venstre for inngangen (50 m
2) og på veranda bak kafe/restaurant
(20 m2).
6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3
7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan
skje i tidsrommet kl. 08:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap. Skjenking av
alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl.
13:00 – 24:00. Dette gjeld også i lukka selskap.
Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminneleg lover og
føresegner for sal og skjenking.
Saksordførar: Einar Løndal
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Utval for levekår og kultur 19.05.2015 018/15 BR
Kommunestyret 03.06.2015 056/15 BR
Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63,
K2- Arkivnr.: 15/240
LØVHEIM INTERIØRBUTIKK OG GJESTEHUSET AS - SØKNAD OM
UTVIDING AV OMRÅDE FOR SKJENKELØYVE
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 17.02.2015 Løvheim
interiørbuutikk og
Gjestehuset
ASv/Wierd
Oosterlooo/Marijke
Oosterloo
SØKNAD OM SERVERINGSLØYVE FOR
MAT,DRIKKE OG ALKOHOLHOLDIGE
DRIKKEVARER PÅ TERRASSE
2 U 19.02.2015 Løvheim
Interiørbutikk og
Gjestehus as
LØVHEIM INTERIØRBUTIKK OG
GJESTEHUSET AS - SØKNAD OM
SERVERINGSBEVILLING, TERRASSE
3 I 20.02.2015 Løvheim
Intriørbutikk og
Gjestehus AS
SØKNAD OM SERVERINGS OG
SKJENKEBEVILLING FRÅ TERRASSE
4 U 28.04.2015 Lensmannen i
Hjartdal
LØVHEIM INTERIØRBUTIKK OG
GJESTEHUSET AS - SØKNAD OM
SERVERINGSBEVILLING FOR TERRASE
6 U 29.04.2015 Hjartdal NAV LØVHEIM INTERIØRBUTIKK OG
GJESTEHUSET AS - SØKNAD OM UTVIDA
SKJENKEOMRÅDE
7 I 06.05.2015 Hjartdal
lensmannskontor
Telemark
Politidistrikt
UTTALE I SØKNAD OM
SERVERINGSBEVILLING FOR TERRASSE -
LØVHEIM
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 1 - 4
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Alkohollova med forskrifter
Hjartdal kommune, Alkoholpolitiske retningsliner 2012 - 2016
Saksgang:
Utval for Levekår og kultur tilrår
Kommunestyret vedtek
Bakgrunn for saka:
Løvheim interiørbutikk og Gjestehuset AS v/Wierd Oosterlooo/Marijke Oosterloo har
alminneleg skjenkjeløyve for kafe/restaurantarealet i verksemda. Dei ønskjer å utvide arealet ved
å bygge ny terrasse i forlenginga av bygget austover frå noverande terrassedør utover i hagen
parallelt med E134. Det er lagt ved skisse over tiltaket som syner eit areal på 100 kvm. Terrassen
skal gjerdast inn.
Det søkjast om alminneleg skjenkeløyve på terrasse for alkohol klasse 1, 2 og 3 i perioden 01.05
- 30.09 alle vekedagar i tdsromet 13.00 - 22.00.
Vurdering:
Søknaden er i samsvar med Alkohollovas § 1-7 og vandelskrava i same lov § 1-7b og 1-7c er
oversendt lensmannen for uttale. Ut i frå opplysningar frå tidlegare opphaldsstad i Nederland
samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollovas krav i § 1-7b og 1-
7c.
Jfr. alkohollova er det ikkje særskilde retningsliner for behandlingsmåten i denne saka, der søkjar
allereie oppfyller vilkåra og innehar skjenkeløyve. Kommunen har difor vald å behandle saka
som ei ordinær sak om skjenkeløyve, med ordinær saksgang til utval og kommunestyre.
Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det kjem ikkje fram restansar på skattar og
avgifter.
Styrar har fullført godkjend etablerarprøve
Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova.
Dagens areal der det tillatast skjenking er ca 80 kvm, og ei utviding med uteservering vil vere eit
verdifullt tilskot til verksemda i den omsøkte perioden. Kommuneplanens handlingsdel påpeikar
viktigheita av å støtte opp om det lokale næringslivet og å legge tilrette for møteplassar. Det
omsøkte tiltaket vil vere eit bidrag i dette arbeidet, og rådmannen ser difor positivt på søknaden.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Rådmannen tilrår at Hjartdal kommune i medhald av Alkohollova med forskrifter og
kommunens alkoholpolitiske retningsliner gir Løvheim Interiørbutikk og Gjestehus, 3692
Sauland serveringsbevilling og skjenkeløyve til sal av alkoholhaldig drikk i gruppene 1, 2 og 3
etter følgjande spesifikasjon:
1. Tidsrom: bevilling gjeld frå vedtaksdato 2015 til og med 30.06.2016
2. Bevillingshavar: Wierd Oosterloo, 3692 Sauland
3. Styrar: Wierd Oosterloo, 3692 Sauland
4. Stedfortreder: Marijke Hilda Oosterloo de Vries
5. Serveringsstad: Løvheim Interiørbutikk og Gjestehus, 3692 Sauland. Org. nr: NO 912
781 356 MVA. Bevillinga gjelder kafe/restaurantlokale og terrasse. For terrassearealet i
perioden 01.05. - 30.09. i tidsromet kl. 13.00 - 22.00. Utearealet for skjenking må vere
tydeleg avskjerma med gjerde.
6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3
7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan
skje i tidsrommet kl. 08:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap. Skjenking av
alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl.
13:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap.
Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminnelege lover og
føresegner for sal og skjenking.
Saksordførar:
19.05.2015 Utval for levekår og kultur
Handsaming:
Votering:
Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke.
LOK-018/15 TILRÅDING:
Rådmannen tilrår at Hjartdal kommune i medhald av Alkohollova med forskrifter og
kommunens alkoholpolitiske retningsliner gir Løvheim Interiørbutikk og Gjestehus, 3692
Sauland serveringsbevilling og skjenkeløyve til sal av alkoholhaldig drikk i gruppene 1, 2 og 3
etter følgjande spesifikasjon:
1. Tidsrom: bevilling gjeld frå vedtaksdato 2015 til og med 30.06.2016
2. Bevillingshavar: Wierd Oosterloo, 3692 Sauland
3. Styrar: Wierd Oosterloo, 3692 Sauland
4. Stedfortreder: Marijke Hilda Oosterloo de Vries
5. Serveringsstad: Løvheim Interiørbutikk og Gjestehus, 3692 Sauland. Org. nr: NO 912
781 356 MVA. Bevillinga gjelder kafe/restaurantlokale og terrasse. For terrassearealet i
perioden 01.05. - 30.09. i tidsromet kl. 13.00 - 22.00. Utearealet for skjenking må vere
tydeleg avskjerma med gjerde.
6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3
7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan
skje i tidsrommet kl. 08:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap. Skjenking av
alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl.
13:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap.
Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminnelege lover og
føresegner for sal og skjenking.
Saksordførar: Einar Løndal
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Utval for levekår og kultur 19.05.2015 017/15 BR
Kommunestyret 03.06.2015 057/15 BR
Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63,
K2- Arkivnr.: 15/231
BØEN KIOSK OG KAFE - SØKNAD OM SERVERINGS- OG
SKJENKELØYVE
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 16.02.2015 Bøen kiosk oh kafe
v/Anne-Lise Tjønn
SØKNAD OM SERVERINGS- OG
SKJENKELØYVE
2 U 19.02.2015 Bøen kiosk oh kafe
v/Anne-Lise Tjønn
SØKNAD OM SERVERINGS- OG
SKJENKELØYVE
3 U 19.02.2015 Hjartdal
Lensmannskontor
UTTALE TIL SØKNAD OM
SKJENKEBEVILLING
4 U 19.02.2015 her
Skatteoppkrevjaren
UTTALE I SAMBAND MED SØKNAD OM
SKJENKELØYVE
5 U 19.02.2015 NAV Hjartdal UTTALE TIL SØKNAD OM
SKJENKEBEVILLING
6 I 25.02.2015 Telemark
Politidistrikt
UTTALE - SERVERINGS- OG SKJENKELØYVE
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 1 - 6
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Alkohollova med forskrift
Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2012-2016
Saksgang:
Utval for Levekår og kultur tilrår
Kommunestyret vedtek
Bakgrunn for saka:
Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Løyvet
kan ikkje gjevast åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Alle søknadar om sals og
skjenkeløyve vert retta til kommunen. Det er kommunestyret som tek endeleg avgjerd i slike
saker.
Kommunale bevillingar for sal av alkoholhaldig drikk med høgare alkoholinnhald enn 4,7
volumprosent gis for inntil 4 år om gongen og med normal opphør senast 30. juni året etter nytt
kommunestyre har tilrådt.
Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til
bevillinga. Kommunen vil i slike saker vektlegge tal på sals og skjenkestader, staden sin
karakter, beliggenheit, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til
lokalmiljøet.
Bøen Kiosk og Kafé har søkt alminneleg skjenkebevilling. Søknadsprosessen om alminneleg
skjenkeløyve er relativt omfattande og krev politisk behandling. Bøen Kiosk og Kafe har
tidlegare fått innvilga administrativt løyve for å kunne servere alkohol i gruppe 1 og 2 i samband
med Påskesesongen. Søknaden gjeld området inne samt et avgrensa område ute bak kafeen. Foto
og kart over områder der det er søkt bevilling til er vedlagt søknaden, og syner at det omsøkte
området er klart definert og avskjerma.med gjerde. (sjå kart og foto)
Vurdering:
Søknaden er i samsvar med Alkohollovas § 1-7 og vandelskrav i same lov § 1-7b og 1-7c er
oversendt lensmannen for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller
bevillingssøkjar krav i alkohollovas krav i § 1-7b og 1-7c.
Bøen Kiosk og Kafé ved Anne Lise Tjønn har serveringsløyve frå tidligare. Det føreligg
skatteattest for bevillingssøkjar, og det er ingen restansar på skattar og
avgifter.
Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøva i alkohollova.
Bøen Kiosk og Kafé har eksistert sidan 2010 og har i tida sida den starta hatt fokus på servering
av mat, middag og catering. Kundegruppa er variert og består av fastbuande, campingturistar,
gjennomreisande og hyttefolk. Bøen Kiosk og Kafé tilbyr mat og servering til sine gjester, staden
vil også kunne vere arena for mindre selskapelege samkomer som bryllup, fødselsdagsfeiringar
o.l..
Frå før av er det i Tuddal sentrum gjeve skjenkeløyve til Tuddal Kro og Catering, der det våren
2015 er nye drivarar. I ein overgangsperiode nyttast skjenkeløyvet til tidlegare driftsansvarlege,
noko det er høve til etter alkohollova.
Tuddal sentrum er definert som turistområde, og det er til tider mange tilreisande som nyttar
ulike tilbod i bygda. Rådmannen ser det ikkje som nokon ulempe at det er to aktive skjenkeløyve
i Tuddal sentrum. Kommuneplanens handlingsdel påpeker viktigheita av å støtte opp om det
lokale næringslivet, legge tilrette for møteplassar og attraktive aktivitetar.
Uttaler frå NAV og Hjartdal Lensmannskontor har ingen merknader til søknaden.
Etter ei generell heilskapsvurdering ser rådmannen positivt på søknaden.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Rådmannen tilrår at i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske
retningsliner gir Bøen Kiosk og Kafé, 3697 Tuddal bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i
gruppene 1, 2 og 3 etter føljande spesifikasjon:
1. Tidsrom: bevilling gjelder frå 03.06.2015 - 30.06.2016
2. Bevillingshavar: Anne Lise Tjønn, Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal
3. Styrar: Anne Lise Tjønn, 3697 Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal
4. Stedfortreder: Jon J. Tjønn, Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal
5. Serveringsstad: Bøen Kiosk og Kafé, Tuddalsvegen 2130, 3697 Tuddal. Org. nr:
989313142. Bevillinga gjelder kafe/restaurant med 48 plassar og veranda på baksida av
bygningen ( 60 m2) med kapasitet til ca 40 gjester, totalt ca 90 gjester ute og inne.
6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3
7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan
skje i tidsrommet kl. 08:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap. Skjenking av
alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl.
13:00 – 24:00. Dette gjeld også i lukka selskap.
Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminneleg lover og
føresegner for sal og skjenking.
Saksordførar:
19.05.2015 Utval for levekår og kultur
Handsaming:
Nils Olav Hovde KrF foreslår rådmannen sitt forslag utan å ikkje gje løyve til alkoholgruppe 3.
Votering:
Rådmannen si tilråding vart vedteke med 5 mot 2 stemmer.
LOK-017/15 TILRÅDING:
Rådmannen tilrår at i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske
retningsliner gir Bøen Kiosk og Kafé, 3697 Tuddal bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i
gruppene 1, 2 og 3 etter føljande spesifikasjon:
1. Tidsrom: bevilling gjelder frå 03.06.2015 - 30.06.2016
2. Bevillingshavar: Anne Lise Tjønn, Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal
3. Styrar: Anne Lise Tjønn, 3697 Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal
4. Stedfortreder: Jon J. Tjønn, Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal
5. Serveringsstad: Bøen Kiosk og Kafé, Tuddalsvegen 2130, 3697 Tuddal. Org. nr:
989313142. Bevillinga gjelder kafe/restaurant med 48 plassar og veranda på baksida av
bygningen ( 60 m2) med kapasitet til ca 40 gjester, totalt ca 90 gjester ute og inne.
6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3
7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan
skje i tidsrommet kl. 08:00 – 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap. Skjenking av
alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl.
13:00 – 24:00. Dette gjeld også i lukka selskap.
Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminneleg lover og
føresegner for sal og skjenking.
Saksordførar: Trine L. Kahrs
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 058/15 AEB
Saksansvarleg: Anne E. Bamle Arkiv: K1-232,
K3-&16
Arkivnr.: 14/1969
GREIVJORD FJELLGARD - KLAGE PÅ AVSLAG PÅ SØKNAD OM
FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT FOR SKATTEÅRET 2015 PÅ BYGG
MED HISTORISK VERDI
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
2 S 25.08.2014 SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT
PÅ BYGG MED HISTORISK VERDE - SØKJAR:
SIGRID DAHL
5 I 29.12.2014 Greivjord Fjellgard SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT
FOR VERNEVERDIGE BYGNINGAR
6 S 18.01.2015 SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT
FOR BYGG MED HISTORISK VERDE -
SØKJAR: SIGRID DAHL
7 U 30.01.2015 Greivjord Fjellgard
v/Sigrid Dahl
MELDING OM VEDTAK
8 I 04.02.2015 Sigrid Dahl VEDR. SØKNAD OM FRITAK FOR
BYGNINGAR MED HISTORISK VERDE
9 U 18.02.2015 Sigrid Dahl SVAR VEDRØRANDE SØKNAD OM FRITAK
FOR EIGEDOMSSKATT FOR BYGNING MED
HISTORISK VERDI
10 U 21.04.2015 Greivjord Fjellgard
v/Sigrid Dahl
INFORMASJON OM VIDARE SAKSGONG -
KLAGE PÅ KOMMUNESTYRET SITT VEDTAK
I SAK 13/15
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 2 samt 5 til og 10
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Lov-1975-06-06-29 Lov om eigedomsskatt til kommunane (esktl)
Retningsliner for handsaming av søknader om fritak frå eigedomsskatt for bygningar som har
historisk verde, vedtatt av Hjartdal kommunestyre i sak 15/14, 19.03.14
Saksgang:
Kommunestyret avgjer klaga. Viss klaga ikkje blir tatt til følgje, gjeng saka til Fylkesmannen i
Telemark for endeleg avgjer
Bakgrunn for saka:
Sigrid Dahl søkte 29.12.14 om fritak for eigedomsskatt på tre bygg; Gamlestugu (165995929)
nytta til camping utleige, hytte (165995937) og annan bygning for overnatting (300382816).
Søknaden grunngjevast med at dei tre bygga ligg i et gamalt tun omkransa av loft og veslebur frå
1770-talet. Garden har fenge Olavsrosa av Norsk kulturarv. Sigrid Dahl meiner at aktivt bruk er
det beste vernet, og at ho vidarefører ein viktig del av den norske kulturarven.
Kommunestyret handsama søknaden 20.01.15 med følgjande vedtak:
KOM-013/15 VEDTAK:
Hjartdal kommunestyre har handsama søknad datert 29.12.14 om fritak for eigedomsskatt for
skatteåret 2015 for 3 bygg på eigedomen gnr. 100, bnr. 1.
Med heimel i eigedomsskattelova § 7, bokstav b, vert søknad om fritak for eigedomsskatt for
bygningar med historisk verde ikkje innvilga.
Kommunestyret ser at eigaren har ein tydeleg plan med for å bevare det historiske verdet, og
både dei sjølvstendige bygga og garden som ein heilskap har stor grad av autentisitet. Det er
heller ingen tvil at det vert lagt ned store kostnadar og personleg innsats for å halde det
historiske verdet vedlike. Grunngjevinga for å ikkje gje fritak for eigedomsskatt for bygg med
historisk verde, er at fritaket vil føre til konkurransevriding, samt at det ikkje vert
likehandsaming i høve til andre som driv liknande næring, og som ikkje har bygg med historisk
verde.
Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt melding har kome fram til mottakar.
For at klaga skal vere satt fram i tide, er det nok at den er postlagt innan fristen. Ved overskriding av
fristen gjeld forvaltningslova § 31
Klage på dette vedtaket er datert 3. februar og er soleis kome inn innan fristen.
Vurdering:
I si klage meiner klagar det er rot i bygningsnummer. Det er det ikkje for skatteåret 2015, men
var det for 2014. Feilen blei retta opp i det påfølgjande kommunestyret ved at det blei fatta
følgjande vedtak:
076/14: GODKJENNING AV MØTEBOK
RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå K-møte 10.09.14 blir godkjent med følgjande merknad: ”Ved ein feil i referatet er det oppgitt feil
bygningsnummer i sak 74/14, Søknad om fritak for eigedomsskatt for bygg med historisk verdi, gnr. 100, bnr. 1.
Korrekt bygningsnummer skal vere 165995937.”
22.10.2014 Kommunestyret
Handsaming: VOTERING:
Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
KOM-076/14 VEDTAK: Møteboka frå K-møte 10.09.14 blir godkjent med følgjande merknad: ”Ved ein feil i referatet er det oppgitt feil
bygningsnummer i sak 74/14, Søknad om fritak for eigedomsskatt for bygg med historisk verdi, gnr. 100, bnr. 1.
Korrekt bygningsnummer skal vere 165995937.”
Dessverre har det for skatteåret 2015 blitt gjort ein ny feil frå eigedomsskattekontoret si side.
Det er ein feil som er til klagar sin fordel: Eldhuset med bid 165995937 er ikkje skattlagt for dei
to første kvartala.
Viss klaga ikkje blir tatt til følgje vil klagar få eigedomsskatt på eldhuset frå og med 1. juli 2015.
I og med feilen er gjort av oss, vil me ikkje krevje skatt frå og 1. januar 2015.
Så til klage på at det ikkje er gitt fritak for eigedomsskatt for skatteåret 2015 for Eldhuset, bid
165995937. Klagar nemner ikkje om Eldhuset er ein del av næringsdrifta på garden eller ei.
I ei tidlig klage på eigedomsskattetaksten våren 2014 er Eldhuset nemnt:
I klage på eigedomsskattetaksten hausten 2014 er ikkje Eldhuset nemnt.
Eigedomsskattesjefen kan ikkje sjå at klaga inneheld nye moment når det gjeld faren for
konkurransevriding ved å gje fritak for eigedomsskatt på næringsbygg.
EIGEDOMSSKATTESJEFEN TILRÅR:
Kommunestyret har handsama klage datert 03.02.15 og opprettheld sitt vedtak i sak 13/15 om
avslag på søknad for fritak eigedomsskatt på Eldhuset, bid 165995937, på eigedomen Greivjord
Fjellgard, gnr. 100, bnr. 1.
Kommunestyret kan ikkje sjå at klaga inneheld nye moment når det gjeld faren for konkurranse-
vriding ved å gje fritak for eigedomsskatt på næringsbygg. Kommunestyret har handsama alle
søknadar om fritak for eigedomsskatt likt når det gjeld bygg kor eigar har næringsdrift som tek
sikte på å gå med forteneste.
Klaga vert sendt Fylkesmannen i Telemark til endeleg avgjersle.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 059/15 ESK
Saksansvarleg: Eigedomsskatt Arkiv: GBNR-
92/1/22
Arkivnr.: 13/1797
92/1/22 - SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT ETTER ESKL §
7, BOKSTAV A. EIGAR: NORSK FOLKEHJELP GRANSHERAD OG
NOTODDEN
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
3 I 12.03.2014 Norsk Folkehjelp
Gransherad &
Notodden
92/1/22 - SØKNAD OM FRITAK FOR
EIGEDOMSSKATT
4 U 27.03.2014 Norsk Folkehjelp
Gransherad &
Notodden
SØKNADSSKJEMA - FRITAK FOR
EIGEDOMSSKATT
5 I 08.04.2015 Norsk folkehjelp
Gransherad og
Notodden
92/1/22 - SØKNAD OM FRITAK FOR
EIGEDOMSSKATT
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 3, 4 og 5
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
LOV-1975-06-06-29: Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) eskl
§ 7 Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
b) Bygning som har historisk verde.
c) Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommuneloven § 10, kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.
d) Bygning og grunn i visse luter av kommunen.
e) - - -
Saksgang:
Kommunestyret avgjer saka, jamfør eskl § 7.
Bakgrunn for saka:
Hjartdal kommune innførte eigedomsskatt i heile kommunen frå og med skatteåret 2014.
Eigedomsskattelova § 7 gir kommunen høve til å frita visse eigedomar heilt eller delvis for
eigedomsskatt. Fritak kan kommunestyret gi etter søknad. Fritaket gjeld for eit år av gongen,
jamfør eskl § 10.
Det er opp til kommunestyret om eigedomar i alle gruppene, i nokon eller i ein av gruppene skal
få fritak. Innanfor gruppe a) (Eigedom åt stiftingar eller institusjonar), som denne saka gjeld,
kan utvalte eigedomar få fritak, men ikkje utvalte skatteytarar.
Eigedomskattekontoret har hatt ute annonse i Telen med frist til 31.12.14 med å kome med
søknad.
Norsk Folkehjelp Gransherad og Notodden har vore eigar av hytte i Tjønnstul sidan 1984.
Eigedomen er regulert som fritidsbustad.
Etter mottak av vedtak om eigedomsskattetakst i februar 2014 bad eigar kommunen om å finne
ein klassifisering som gjorde at eigedomen ikkje kom inn under krav om eigedomsskatt.
Eigedomsskattekontoret svarte at i og med eigedomen er regulert til fritidsbustad, er det lite som
kan gjerast med bygningstypen. Eigar fekk oversendt søknadsskjema og informasjon om at det
kunne søkjast om fritak etter esktl § 7, bokstav a. Søknad om fritak for 2014 kom ikkje.
Det er ikkje registrert inn klage hausten 2014.
9. april 2015 er det registrert inn søknad om fritak for eigedomsskatt for 2015.
Grunngjevinga fort søknaden er at dei er ein ideell organisasjon som driv humanitært-,
flyktninge- og redningsarbeid. Gruppa har hatt få medlemmer dei siste åra og har ikkje hatt
godkjent det dei kallar sanitet. I 2015 er det verva fleire nye medlemmer. Det er valt nytt styre
og ny sanitetsgruppe er etablert. Vidare opplyser dei at økonomien er i balanse, men at dei er
utan eigenkapital.
I 2014 opplyste dei mellom anna at tenesta dei leverer er gratis for dagsturistar og for hyttefolk.
At dei er til stades i Tjønnstul, gir kort responstida ved ulykker og leiteaksjonar.
Vurdering:
Eigedomsskatteloven har krav om direkte eigarskap: ”Eigedom åt stiftingar eller institusjonar
…”. Det er ikkje tilstrekkeleg med disposisjonsrett. Dette kravet er oppfylt.
Kva som er ”stiftingar” er greitt å vurdere, men ”institusjonar” er ikkje eit særleg innarbeida eller
eit presist juridisk begrep.
Finansdepartementet uttalte i 2003 at begrepet omfattar alle juridiske personar kor ingen har
direkte eigarinteresser, herunder foreiningar. Aksjeselskap er òg omfatta så lenge dei utførar
oppgåve som det offentlege elles måtte utføre, og dei øvrige vilkåra er til stades, sjå under.
”Institusjon” omfattar imidlertid ikkje fysiske personar, enkeltmannsføretak eller ansvarlege
selskap med fysiske personar som deltakarar.
Finansdepartementet uttalte òg at kommunestyret må foreta ei konkret vurdering kor mellom
anna det må vurderast, i tillegg til vurderinga om stiftinga/institusjonen utfører oppgåver som det
offentlege elles må take hånd om;
Om stiftinga/institusjonen har som føremål å gå med overskot
Om stiftinga/institusjonen delar ut utbytte til sine medlem
Korleis stiftinga/institusjonen er finansiert
Eigedomsskattekontoret er ikkje kjent med dei tenestene Norsk Folkehjelp Gransherad og
Notodden yter i området. Det er imidlertid òg andre organisasjonar frå andre kommunar som har
hytter i Hjartdal kommune. Desse har ikkje søkt om fritak for eigedomsskatt.
Det kommunestyret skal ta stilling til er om Norsk Folkehjelp Gransherad og Notodden ”tek
sikte på å gagna” Hjartdal kommune.
Eigedomsskattesjefen vil tilrå at søkjar ikkje får fritak for 2015. Ei av grunngjevingane for dette
er at laget ikkje er operativt pr i dag. Dei er i ei oppbyggingsfase etter at dei etter eigne
opplysningar ikkje har godkjent sanitet. Det er vanskeleg å sjå at drifta til Norsk Folkehjelp
Gransherad og Notodden er av ein karakter som gjer at dei tek på seg oppgåver i 2015 som
Hjartdal kommune elles måtte ha utført.
I tillegg kjem at det er vanskeleg å sjå for seg at utanbygds institusjonar som veljer å investere i
fritidsbustader her i kommunen, skal ha fritak for eigedomsskatt berre fordi dei er ein institusjon.
Kravet om at dei må ”gagne” Hjartdal kommune bør etter eigedomsskattesjefen sitt skjønn
vurderast strengare enn om det t.d. hadde vore eit lokalt lag av Norsk Folkehjelp som hadde vore
eigar av fast eigedom i kommunen.
EIGEDOMSSKATTESJEFEN TILRÅR:
Hjartdal kommunestyre har handsama søknad frå Norsk Folkehjelp Gransherad og Notodden,
eigar av gnr. 92, bnr. 1, fnr. 22, om fritak for eigedomsskatt etter eskl § 7 bokstav a, for
skatteåret 2015.
Det vert ikkje gitt fritak. Grunngjevinga er at laget ikkje er operativt pr i dag. Dei er i ei
oppbyggingsfase etter at dei etter eigne opplysningar ikkje har godkjent sanitet. Kommunestyret
kan ikkje sjå at drifta til Norsk Folkehjelp Gransherad og Notodden er av ein karakter som gjer at
dei tek på seg oppgåver i 2015 som Hjartdal kommune elles måtte ha utført.
Etter § 28 i forvaltningsloven kan vedtaket klagast på til fylkesmannen. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen da
brevet kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan utløpet av fristen.
Klaga skal sendast skriftleg til Hjartdal kommune, vise til vedtaket det klagast over, den eller dei endringar som er ønskt og
dei grunnar du vil føre for klaga. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, ber vi
deg om også å oppgje når denne meldinga kom fram.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 060/15 RE
Saksansvarleg: Rune Engehult Arkiv: K1-216,
K2- Arkivnr.: 14/3056
FORVALTNINGSREVISJON - EIGEDOMSSKATT
Dokument i saka:
Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel
1 I 11.11.2014 Telemark
Kommunerevisjon
IKS
FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT -
INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT I
HJARTDAL
2 I 17.03.2015 Telemark
kommunerevisjon
IKS
FORVALTNINGSREVISJONNSPROSJEKT OM
EIGEDOMSSKATT - HØYRING
3 U 07.04.2015 Telemark
kommunerevisjon
IKS
FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT OM
EIGEDOMSSKATT - RÅDMANNEN SIN
KOMMENTAR
4 I 13.04.2015 Telemark
kommunerevisjon
IKS
FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT -
EIGEDOMSSKATT HJARTDAL KOMMUNE
5 I 23.04.2015 Kontrollutvalet
Hjartdal kommune
FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT
EIGEDOMSSKATT
Vedlagde dokument:
Dokument nr. 5
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Forskrift om revisjon i kommunane.
Saksgang:
Kontrollutvalet sin tilråding blir lagt direkte fram for kommunestyret som gjer endeleg vedtak.
Bakgrunn for saka:
Kontrollutvalet vedtok i sak 16/14 å gjennomføre eit forvaltningsrevisjonsprosjekt knytt til
innføring (utviding) av eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen.
Kontrollutvalet har fått Telemark kommunerevisjon IKS til å gjennomføre
forvaltningsrevisjonsprosjektet.
Problemstillingar, metode, resultat og konklusjonar går fram av vedlagte
forvaltningsrevisjonsrapport.
I medhald av § 8 i forskrift om revisjon i kommunane har rådmannen gitt sin kommentar til
rapporten før den blei handsama av Kontrollutvalet. Rådmannen sin kommentar framkommer
som vedlegg 1 i rapporten. Rådmannen har der gjeve uttrykk for at han vil ta med seg
erfaringane som er gjort i det vidare arbeidet.
KONTROLLUTVALET TILRÅR:
Hjartdal kommune tar rapporten til orientering og ber rådmannen følge opp rapporten sine
anbefalingar:
Sikre at kommunestyret årleg fattar vedtak om kva for reglar som skal nyttast ved
utskriving av eigedomsskatt det komande skatteåret.
Gjennomgå vedtektene for eigedomsskattetakst for å rette opp uklarheiter.
Sikre god opplæring av alle som skal handsame eigedomsskattesaker.
Kommunestyret ber om tilbakemelding på rapporten og gjennomførte tiltak innan utgangen av
året.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 061/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-S10,
K2- Arkivnr.: 15/738
HJARTDAL ELVERK AS - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Ingen
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signa/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Hjartdal kommune eig selskapet 100%.
Så langt er det ikkje sendt ut innkalling til generalforsamling i Hjartdal Elverk as
Selskapet har ikkje valnemd.
Vurdering:
Økonomi
Sjølv om innkalling til generalforsamlinga enno ikkje er sendt, er det rådmannen si meining at
selskapet sin økonomiske stilling er trygg - ikkje minst grunna inntektsgarantien på 2%. I tillegg
har selskapet (ut frå 2013-tala) svært høg eigenkapitaldel.
Framtidsutsikter
Staten sette for nokre år sidan eit eige utval (Reiten-utvalet) som mellom anna skulle sjå på
nettbransjen og organiseringa av denne. Rapporten er lagt fram og konklusjonane går ikkje i
favør av små nettselskap. Det er utvalet si meining at strukturen i dag med mange og små selskap
hindrar effektiv drift og er til ugunst for samfunnet. Dersom forslaga i rapporten, mellom anna
det å stille enda meir omfattande krav til selskapa og det år redusere inntektsgarantien til 0, blir
følgd opp, kan rammevilkåra for Hjartdal Elverk as bli svært utfordrande.
Dette har kommunestyret i Hjartdal sett, og i kommunestyresakene 031/13 og 035/15 fatta
vedtak om at både fusjon med anna/andre nettselskap og sal, skal bli vurdert. Når vurderinga er
gjennomført vil rådmannen legge fram eiga sak til kommunestyret om dette.
Val
Som tidlegare nemnt har ikkje Hjartdal Elverk as valnemd. Det er derfor naturleg at
kommunestyret gir signal til ordføraren om dette.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusorientering om eigarskapen i Hjartdal Elverk as til orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 062/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-S11,
K2- Arkivnr.: 15/741
SAULAND KRAFTVERK AS - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Ingen
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarsskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Kommunen er varsla om at det vil bli generalforsamling 24.06.15 og at sakspapir vil bli sendt ut
etter styremøtet 03.06.15.
Hjartdal kommune har ein eigardel på 14,35%
Selskapet har ikkje valnemnd.
Vurdering:
Da innkalling ikkje er motteke, er det vanskelig for rådmannen å kunne gjere nokre vurderingar.
Rådmannen vil likevel gjere merksam på mangelen på valnemnd i selskapet.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusrapportering om eigarskapen i Sauland Kraftverk as til orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 063/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-M65,
K2- Arkivnr.: 15/739
IRMAT AS - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signa/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Innkalling til generalforsamling ble sendt 16.4.2015 – med møtedato 15.6.2015.
Hjartdal kommune har ein eigardel på 7,20%
Selskapet har valnemd.
Av innkallinga går det fram at det berre er ordinære generalforsamlingssaker som er til
handsaming. Årsmelding og årsrekneskap ligg ikkje ved innkallinga.
Vurdering:
Da verken årsmelding eller årsrekneskap er sendt ut, har rådmann ikkje noko grunnlag for
vurderingar.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusrapportering om eigarskapen i Irmat as til orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 064/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K1-026 Arkivnr.: 15/727
IKA KONGSBERG - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2-3
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
IKA Kongsberrg IKS sendte ut møtepapira den 30.3.15 – med møtedato 22.4.2015.
Hjartdal kommune var ikkje representert på representantskapsmøtet.
Det er berre ordinære årsmøtesaker som det skulle fattast vedtak om.
I tillegg sto orientering om nytt bygg og driftsavtale på agendaen.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde i 2014 eit ordinært resultat på kr. 162 254 Samla balanse var ved årsskiftet på
kr. 122 640 231 og eigenkapitalen på kr 5 934 348.
Val
IKA Kongsberg IKS har valnemnd
Vurdering:
Selskapet sin balanse har grunna investering i nytt bygg auka betydeleg. Det same har gjelda slik
at eigenkapitaldelen dermed har gått mykje ned. Selskapet sin soliditet er likevel sikra gjennom
eigaransvaret til kommunanene.,
IKA Kongsberg har valkomite i tråd med kommunen si eigarskapsmelding. Skulle
kommunestyret ønskje at andre kandidatar bør veljast enn dei valkomiteen har forslag om, ser
rådmannen det som naturleg at slike signal kommer frå kommunestyret til
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusorientering om eigarskapen i IKA Kongsberg IKS til orientering.
Saksordførar:
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 065/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K1-216 Arkivnr.: 15/733
TELEMARK KOMMUNEREVISJON IKS - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2-8
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det òg fram at Hjartdal kommune vil arbeide
for at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument
må sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Telemark Kommunerevisjon IKS sendte ut møtepapira den 14.4.15 – med møtedato 30.4.2015.
Det er berre ordinære årsmøtesaker som det skal fattast vedtak om.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde i 2014 eit ordinært resultat på kr. 364 943. Samla balanse var ved årsskiftet på
kr. 10 229 818 og eigenkapitalen på kr. 6 132 142. Hjartdal kommune sin eigardel er på 0,62%
Val:
Ingen på val.
Protokoll frå møtet syner at alle vedtak var samrøysta. Hjartdal kommune var representert ved
ordfararen. Da det berre var ordinære årsmøtesaker som var til handsaming på
representantskapsmøtet blir dette berre ei orientering om at representantskapsmøtet er
gjennomført.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusrapportering om eigarskapen i Telemark kommunerevisjon IKS til
orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 066/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-S11 Arkivnr.: 15/731
KOMMUNEKRAFT AS - EIGARSKAPEIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2-5
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I april/
mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Kommunekraft as sendte ut møtepapira den 8.5.15 – med møtedato 21.5.2015.
Det er berre ordinære årsmøtesaker som det skal fattast vedtak om.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde i 2014 eit ordinært resultat på kr.417 613. Samla balanse var ved årsskiftet på
kr. 4 542 138 og eigenkapitalen på kr. 3 169 539. Hjartdal kommune sin eigardel er på 0,31%
Val:
Følgjande styremedlemmer sto på val i 2015:
Arvid Lillehauge, styreleiar
Kjell Ida Juvik, med vara Nils Jarl Nessa
Inga Balstad (LVK), med vara Roar Obrestad
Solveig Sundbø Abrahamsen (LVK), med vara Eirik Kaupang
Forslag til val blei ikkje sendt ut med innkallinga.
Vurdering:
I tillegg er selskapets sin økonomi solid. Generalforsamlinga blei gjennomført den 21.5.2015,
kommunen var ikkje representert på generalforsamlinga.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusrapportering om eigarskapen i Kommunekraft as til orientering
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 067/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-Q12 Arkivnr.: 15/730
E134 HAUKELIVEGEN AS - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det òg fram at Hjartdal kommune vil arbeide
for at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument
må sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
E134 Haukelidvegen AS sendte ut møtepapira den 12.5.15 – med møtedato 15.6.2015.
I tillegg til ordinære årsmøtesaker er det og sett på dagsorden å gi styret fullmakt til utviding av
aksjekapitalen.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde i 2014 eit ordinært resultat på kr.22 989. Samla balanse var ved årsskiftet på kr.
4 307 529 og eigenkapitalen på kr. 2 501 366. Hjartdal kommune sin eigardel er på 2,22%
Utviding av aksjekapitalen
I sakspapira under sak 8 går det fram at det blir bedt om at generalforsamlinga gir styret fullmakt
fram til 12. juni 2017 å auke aksjekapitalen frå kr. 450 000 fordelt på 450 aksjar til kr. 550 000
fordelt på 550 aksjar, gjennom nyteikning av aksjar til pålydande verdi mot oppgjer i kontantar.
Verken i saksinnkallinga eller i årsmeldinga for 2014 er dette ønskje grunngjeve.
Val:
Følgjande styremedlemmer sto på val i 2015:
Laila Irene Johansen med vara Arvid Lyngås
Terje Riis-Johansen med vara Lise Wiik
Arne Haldorsen med vara Inge Fatland
Helene Justad med vara Tore Opdal Hansen
I møteinnkallinga går det fram at valnemnda legg fram si innstilling på generalforsamlinga.
Valnemda består av: John Skogseth, leiar, Leif Malvin Knutsen og Turid Opedal.
Vurdering:
Rådmannen ser det som ein svakheit at det ikkje går fram av sakspapira nokon grunngjeving for
ønskje om utviding av aksjekapitalen. Det er likevel grunn til å tru at det er ønskjeleg med ei slik
fullmakt for å ”fange opp” nye aksjonærar og anbefaler derfor at slik fullmakt blir gitt. Selskapet
har valnemnd i tråd med kommunen si eigarskapsmelding. Skulle kommunestyret ønskje at
andre kandidatar bør veljast enn dei valkomiteen har forslag om, ser rådmannen det som naturleg
at slike signal kommer frå kommunestyret til ordførar/varaordførar.
RÅDMANNEN TILRÅR:
1. Kommunestyret tar statusrapportering om eigarskapen i E134 Haukelidvegen AS til
orientering.
2. Hjartdal kommune støtter forslaget om at styret i E134 Haukelidvegen as får fullmakt til
å utvide aksjekapitalen frå kr. 450 000 fordelt på 450 aksjar til kr. 550 000 fordelt på 550
aksjar, gjennom nyteikning av aksjar til pålydande verdi mot oppgjer i kontantar.
3. Hjartdal kommune støttar valnemnda si innstilling.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 068/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K1-026 Arkivnr.: 15/729
TELEMARK INTERKOMUNALE NÆRINGSFOND - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2-6
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signa/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Telemark interkommunale næringsfond sendte ut innkalling den 8. mai – med møtedato
27.5.2015.
Det er berre ordinære årsmøtesaker det skal fattast vedtak om.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde i 2014 eit ordinært resultat på kr.1 344 627. Samla balanse var ved årsskiftet på
kr. 9 549 101 og eigenkapitalen på kr. 7 427 915.
Val:
Av vedtektene går det fram at styret skal ha 6 medlemmer med personlige varafolk. KS
Telemark peikar ut 3 medlemmer inkl. leder som representantar for kommunane.
Fylkeskommunen peikar ut dei tre andre medlemmene.
Vurdering:
Økonomien i selskapet er god – og kommunen si rolle elles når det gjeld årsmøtesaker er
avgrensa.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statussoppdatering om eigarskapen i Telemark interkommunale næringsfond
til orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 069/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K1-216 Arkivnr.: 15/732
AGDER OG TELEMARK KONTROLLUTVALGSSEKRETÆRIAT IKS -
EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2-7
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signa/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Telemark kontrollutvalgssekretariat IKS sendte ut møtepapira 7.4.2015 – med møtedato
23.4.2015.
Hjartdal kommune var representert med ordførar Sven Tore Løkslid.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde i 2014 eit mindreforbruk på kr. 442 460. Samla balanse var ved årsskiftet på kr.
3 183 457 og eigenkapitalen på kr. 411 178.
Val:
Selskapet hadde tidlegare ikkje valkomite. Forslag om dette var oppe på representantskapsmøtet
den 23.4.15. og blei vedtatt. Av mottatt protokoll går fram at Representantskapet ber Vest-
Agder, Aust-Agder og Telemark fylkeskommunar til å oppnemne kvar sin representant til
valkomiteen.
Elles var det ingen som sto på val.
Vurdering:
Det er rådmannen si meining at selskapet sin økonomiske stilling er trygg - ikkje minst grunna
organisasjonsforma der deltakarane (kommunane og fylkeskommunane) er ansvarlege for
selskapet si gjeld..
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusorientering om eigarskapen i Agder og Telemark
kontrollutvalgssekretariat IKS til orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 070/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K1-026 Arkivnr.: 15/728
OSLOREGIONEN - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument
Vedlegg 2-3
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Osloregionen sendte ut møtepapira den 11.5.2015 – med møtedato 2.6.2015. I tillegg til ordinære
årsmøtesaker, skal søknad frå Oppland fylkeskommune handsamast.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde eit meirforbruk i 2014 på kr. 2 358 959. Etter bokføring av dette meirforbruket
er akkumulert mindreforbruk ved årsskiftet på kr. 2 241 441.
Val
Mottatte sakspapir seier ingen ting om val.
Vurdering:
Selskapet er i første rekkje ein politisk samarbeidsallianse og medlemmene hefter for alliansen
sin mogeleg gjeld.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusorientering om medlemsskapet i Osloalliansen til orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 071/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-C50 Arkivnr.: 15/743
KULTURLANDSKAPSSENTERET I TELEMARK AS - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Ingen
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Kommunen har så langt ein kan sjå, ikkje mottatt innkalling til generalforsamling i 2015.
Hjartdal kommune har ein eigardel på 13,61%
Selskapet har ikkje valnemnd..
Vurdering:
Da innkalling ikkje er motteke, er det vanskelig for rådmannen å kunne gjere nokre vurderingar.
Rådmannen vil likevel gjere merksam på mangelen på valnemnd i selskapet.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusrapportering om eigarskapen i Kulturlandsskapssenteret i Telemark as
til orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 072/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-U04,
K2- Arkivnr.: 15/742
VEST TELEMARK NÆRINGSBYGG AS - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Ingen
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Kommunen har så langt ein kan sjå, ikkje mottatt innkalling til generalforsamling i 2015.
Hjartdal kommune har ein eigardel på 6,05%
Selskapet har valnemd.
Vurdering:
Da innkalling ikkje er motteke, er det vanskelig for rådmannen å kunne gjere nokre vurderingar.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusrapportering om eigarskapen i Vest-Telemark Næringsbygg as til
orientering.
Hjartdal kommune
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar
Kommunestyret 03.06.2015 073/15 HG
Saksansvarleg: Helge Granlund Arkiv: K2-S11,
K2- Arkivnr.: 15/740
KONSESJONSKRAFTSTYRET I TELEMARK - EIGARSKAP
Dokument i saka:
Ingen
Vedlagde dokument:
Vedlegg 2
Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.:
Eigarskapsmeldinga
Saksgang:
Kommunestyret gir signal/gjer vedtak
Bakgrunn for saka:
Kommunen er medeigar i ulike selskap (aksjeselskap, interkommunale selskap ol.). I
april/mai/juni har desse selskapa sine generalforsamlingar og representantskapsmøte. Det er
ordførar/varaordførar som er vald til å representere kommunen i desse eigarorgana.
I kommunen sin eigarskapsmelding heiter det at rådmannen skal leggje fram saker med oversyn
over dei saker ulike eigarorgan skal ta stilling til.
Av eigarskapsmeldinga for Hjartdal kommune går det fram at Hjartdal kommune vil arbeide for
at det blir vedtektsfesta at alle selskap der kommunen er eigar at saksliste og saksdokument må
sendast ut minimum 30 dagar før møtet.
Selskapet sendte ut innkalling til årsmøtet 21.5.2015 – med møtedato 3.6.2015.
Selskapets resultat og økonomi
Selskapet hadde i 2014 eit netto driftsresultat på 114 187 053 mot 130 913 163 i 2013. Samla
balanse var ved årsskiftet på kr. 130 782 990 og eigenkapital på 116 687 053.
Val
I styret skal det være ein representant frå kraftkommunane Vinje og Tokke og denne
representanten skal peikast ut av disse kommunane i fellesskap – i tillegg òg en personleg
vararepresentant.
Frå dei andre seks kraftkommunane (Hjartdal kommune er ein av dei) skal det òg veljast ein
representant med personleg vararepresentant.
Forslaget til vedtak på årsmøtet er slik:
”Årsmøtet i Konsesjonskraftstyret godtek at eit møte mellom kraftkommunane vel representant
til styret i Konsesjonskraftstyret og personleg vara for dei neste to åra. Dagleg leiar innkallar til
eit kommunemøte snarast etter kommunevalet. I mellom periodar skal det veljast representantar
på ordinært årsmøte.”
Vurdering:
Selskapet sitt føremål er å forvalte konsesjonskrafta til deltakarkommunane. Grunna fallande
kraftprisar må ein rekne med et fall i disse inntektene – noko som vil ramme kommunane. Denne
utvikling kan ein sjå allereie for 2014. Det forventast at denne utviklinga vil forsterke seg dei
neste åra grunna rullering av fastpriskontraktar.
RÅDMANNEN TILRÅR:
Kommunestyret tar statusrapportering om deltakinga i Konsesjonskraftstyret i Telemark til
orientering.
Top Related