Villheks. Atterkomaren

27

description

Sjette og siste boka i fantasyserien om villheksa Clara. Av Lene Kaaberbøl. Omsett av Øystein Rosse.

Transcript of Villheks. Atterkomaren

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Atterkomaren

Frå dansk ved Øystein Rosse

Med vignettar av Anders Walter

SamlagetOslo 2015

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 1

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

1 Ein flygande sporhund

Eg låg på ryggen i sanden og såg opp på ein disig, blå him-mel. Det var morgon, og papegøyane i trea kraksa og bråkaverre enn ein heil skulegard rett før det ringde inn. Eg visste at eg burde reise meg – at eg iallfall måtte reise megganske snart – men akkurat no var det herleg å berre liggje.Å kvile armar og bein, som var mørbanka av å klatre, hoppe,trave, krype og slite, å tenkje på absolutt ingenting annaenn sanden og sola og den blå himmelen.Då fekk eg auge på han. Ein kjempefugl, med venger så

breie at han såg ut som ei flygande dør. Han krinsa sakte ioppvinden, litt lågare for kvar runde, og det enorme venge -spennet fekk papegøyane til å sjå ut som små, sprag letesporveungar.Var det ei ørn? Eg visste ikkje kva slags fuglar eg kunne

vente å sjå her på øya til Kahla.Nei, det var visst ikkje ei ørn. Halsen var for lang, var

han ikkje? Eg myste mot sola for å sjå betre. Den enormefuglen dalte endå nokre meter, og no var han så nær at egblei litt uroleg. Han var så stor … og sjølv om rovfuglarsjeldan angreip menneske, så …Den eine ramnungen gav frå seg eit forskrekka skvårk.

Om det var Arkus’ villven Erya eller den andre, den vesleramnehannen, kunne eg ikkje høyre, men han mumla ro-ande til begge.Eg var i ferd med å setje meg opp då fuglen stupte. Han

landa rett framfor meg og sprang nokre klossete steg mot

3

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 3

meg. Han var merkeleg rynkete og lyseraud kring auga, ogbortsett frå det kraftige, gule nebbet likna han litt på ein sur,gammal mann. Auga skein vondskapsfullt og mørkeraudt,og han hadde størkna blod i fjørene på det meste av ho-vudet og særleg kring nebbet.«Forsvinn!» ropte eg automatisk og heldt handa opp

for å beskytte ansiktet, men i same sekund kjende eg eiskarp smerte i underarmen. Den søtlege, halvrotne lukta tilfuglen slo imot meg, og eg blei treft av ein kraftig vengdå han baska nokre gonger, letta så fort han kunne, ogflaug vekk ut over havet.«Au!»Det var eit hòl rett nedanfor olbogen. Eit djupt hòl som

ein kunne stikke ein finger inn i viss ein ville. Det ville egikkje. Først sat eg berre dumt og glodde på såret, men såbegynte det å dunke, og blodet fossa fram og rann ned-over armen.«Å nei,» jamra Ingentingen forskrekka. «Kva var det

som skjedde?»Kahla hadde reist seg. «Det var ein gribb,» sa ho. «Ein

gåsegribb, trur eg.»Æsj. Det var ille nok å bli hakka i av noko eg trudde var

ei ørn, men ein gribb … ein åtseletar som brukte nebbet tilå rote i halvrotne innvolar … æææssssjj.«Han … beit meg,» sa eg. Oscar såg på blodet – unødvendig roleg, syntest eg. «Det er frykteleg djupt,» sa han. «Ein kan sjå sener og

slikt …»Det hadde begynt å gjere skikkeleg vondt.

4

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 4

«Kahla,» bad eg. «Kan du ikkje …» Det begynte fak-tisk å svimle litt for meg. Ein gribb. Noko så ekkelt!Kahla greip meg kring handleden og begynte å syngje.

Eg syntest nesten eg kunne sjå blodstraumen saktne fartenog tørke inn. Såret lukka seg litt – men ikkje heilt. Det varvel for mykje forlangt, sjølv av ei dyktig villheks somKahla.«Vask det,» sa ho og peikte på bølgjene som slo lett og

flatt opp over stranda.«I sjøvatn? Det kjem til å svi som berre …»«Saltvatn hemmar betennelse,» avbraut ho meg. «Berre

gjer som eg seier!»Eg vassa nokre meter ut og stakk nølande armen ned i

vatnet. Det sveid som søren, og eg måtte konsentrere megveldig om alle dei fæle gribbebakteriane saltvatnet skyldevekk.«Eg trudde ikkje gribbar angreip levande menneske,»

sa Oscar. «Kanskje han trudde du var død? Du låg veldigstille …»«Eg sette meg jo opp! Då kan han vel ikkje ha trudd at

eg var eit åtsel.»«Gåsegribbar liker ikkje å fly over vatn,» sa Kahla. «Men

han flaug rett ut over havet då han stakk. Dessutan …held dei stort sett til i fjellet. Det er noko som ikkje stem-mer …»«Trur du det var eit trældyr?» Eller … trælfugl heitte

det vel. Eit vesen som var blitt fråteke sin eigen frie vilje.Akkurat som slangane som mor til Kahla hadde under-tvinga seg – iallfall til dei gjorde opprør og drap henne.

5

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 5

«Kanskje.»Men kven ville gjere det? No som Lamia var død, kom

eg berre på ei anna villheks som kunne finne på noko slikt.«Blodsungen?»«Korleis skulle eg vite det?» sa Kahla surt. «Eg veit

ikkje kva alle vonde villhekser i verda driv med. Berrefordi mor mi var … berre fordi mor mi …» Ho gjekk i stå.Eg såg det rykte i skuldrene hennar, og visste at ho haddeproblem med å halde gråten tilbake.«Det var ikkje slik meint,» sa eg stille. «Du er berre …

så mykje flinkare enn oss andre. Eller iallfall enn meg. Duveit meir.»Ho fekk orden på skuldrene. Sende meg til og med eit

trist lite smil. «Gjer det framleis vondt?» spurde ho. Det gjorde det, men saltvatnet sveid ikkje så veldig

lenger, og eg følte meg i det minste reinare no.«Det er ikkje så ille,» sa eg. «Men det er nok best eg

finn noko å forbinde det med.»Kahla gav meg taust eit av silketørklea som høyrde til

«prinsessedrakta» som mora hadde meint ho burde gåmed.«Gribbar har svært god luktesans,» sa ho ettertenk-

samt. «Dei kan skilje mellom friske kadaver og rotne lik,og dei kan spore dei på fleire kilometers avstand.»«Ja, det visste eg òg!» sa Oscar plutseleg og lyste opp

av begeistring. «Nokre stader bruker ein dei til å spore lek-kasjar i dei lange, transkontinentale gassleidningane.»Det var moro å høyre eit vaksenord som transkonti-

6

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 6

nental kome ut av munnen til Oscar, men iblant visste handei merkelegaste ting.«Korleis veit du det?» spurde eg. «Og korleis gjer ein

det?»«Ein tilset ein gasstype som luktar åtsel. Og så ventar

ein og ser kvar gribbane krinsar. Eg såg eit program omdyr med merkelege jobbar. Visste du at dei bruker ilderartil å dra leidningar gjennom lange røyr under fotballbanarog slikt?»«Nei,» sa eg fråverande. «Men kvifor er det så viktig?

Ikkje det med ilderane, altså, men det med at gribbar ergode til å lukte?» Eg syntest det var litt overraskande. Eintenkte ikkje akkurat på fuglar når det gjaldt luktesans. Deihadde jo liksom nebb og ikkje nase.Kahla stirte ut over havet. Gribben var sjølvsagt borte

for lengst, men det var nok den ho såg etter likevel.«Viss ein treng ein sporhund,» sa ho, «ein som kan

leite gjennom eit kjempestort område på null tid …»«Det er derfor dei bruker dei til det med dei transkon-

tinentale leidningane,» sa Oscar, framleis i fullstendig nerde -modus.«Ein gribbesporhund?» sa eg og kjende eit grøss som

iallfall ikkje hadde noko med vêret å gjere. Det var minst30 grader.«Å nei,» sa Ingentingen. «Det er nokon som leiter etter

oss.» Ho kasta eit blikk på armen min, som allereie haddelaga ein blodflekk på silkebandasjen. «Og det er ikkje einsom liker oss!»Arkus hadde ikkje sagt eit ord – han var ofte så taus at

7

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 7

vi nesten gløymde at han var der. Men no retta han segopp.«Vi må få ramnane tilbake til Ramnekjelen,» sa han.

«Dei er ikkje trygge her.»Eg tok meg forsiktig til armen og tenkte at det var det

nok ingen av oss andre som var heller.

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 8

2 Blodgass

«Eg skulle no gjerne hatt ein liten badeferie,» mumla egfor meg sjølv mens vi samla saman tinga våre og gjordeoss klare til å dra. Ei veke her på stranda utan å gjere annaenn å liggje i skuggen av palmane, ete solmodne mango-frukter og drikke kokosmjølk og hoppe i det turkisblå vat-net når eg ville. Kvifor hadde Kahla aldri bede meg heimtil seg? Eg ante ikkje at ho budde i noko som var som tekerett ut av ein tropeferiekatalog.Far hennar hadde sikkert vore imot det. Eg tenkte på

alle dei åra han hadde klart å skjule for Kahla korleis – ogkvar – mor hennar eigentleg var. Alle dei åra han haddehalde Lamia fanga og uskadeleggjord nede i labyrinten,mens Kahla trudde at ho hadde «forsvunne». Han haddesikkert ikkje hatt lyst til å ha ein framand og nysgjerrigvillhekslærling rennande rundt der.Tru om tante Isa og resten av heksekrinsen hennar visste

det? Var det derfor tante Isa hadde sagt ja til å underviseKahla? Så ho kunne lære å bli villheks på den rette måten:å ta seg av den ville verda utan å utnytte ho. Aldri ta utanå gi. Det var ei villhekslov som Lamia heilt sikkert aldrihadde forstått.Eg kikka bort på Kahla. Ho hadde allereie lagt prin-

sessedrakta under fleire fargerike, ulne lag og hadde pakkaendå fleire reiseklede i ein ryggsekk. No stod ho slik littfor seg sjølv og såg opp mot det tomme huset, og ho sågtil dei grader ut som ein som trong ein klem – sjølv om ho

9

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 9

ikkje akkurat var typen som omfamna folk og gav kyss påkinnet slik i tide og utide.Oscar kom meg i forkjøpet. Altså ikkje slik å forstå at

han kasta seg over henne og tok henne i dei sterke armanesine som i ei vekebladnovelle. Han gav berre skuldra hen-nar ein liten klem.«Er alt bra med deg?» spurde han lågt. Ho nikka kort og stramt, to små nikk og ikkje meir. På

Kahla-språk betydde det: «Nei, det er det ikkje, men egvil gjerne late som det er det.» Det trur eg faktisk Oscarskjønte, for han gav henne berre ein oppmuntrande klapppå skuldra og tok ryggsekken hennar for henne. Ho sendehan endå eit av dei små, triste smila sine.Oscar var min besteven, men det ville liksom berre

vere for småleg å bli sjalu no. Nett no hadde ikkje Kahlaandre i heile verda enn oss. Mor hennar var død, og farhennar kunne nesten like gjerne vere det. Viss ikkje vifekk Erya og den vesle hannramnen tilbake til Ramne-kjelen, var døden uunngåeleg for både meister Millacondaog tante Isa og resten av heksekrinsen hennar – Shanaia,fru Pommerans og herr Malkin. Berre ved hjelp av ramn -ungane kunne ramnemødrene fri dei frå det stivna sekun-det dei var fanga i, før livskrafta deira ebba heilt ut.Og vi var jo ikkje kjærastar heller, Oscar og eg. Kan-

skje var det heilt greitt at bestevenen min og den einastevillheksveninna mi heilt opplagt var i ferd med å falle forkvarandre? Kattunge nytta høvet til å hoppe opp på meg,huke seg fast med klørne og klatre opp på skuldra mi. Hanrista seg på kattevis så sanden skvatt til alle kantar. Eg

10

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 10

blunka fort for ikkje å få han i auga og kjende korleisskarpe, små sandkorn dryste ned innanfor genseren. Hangneid hovudet mot kinnet mitt og mol som ei symaskin.

Mi. Mi, mi, mi.«Ja då,» mumla eg. «Eg har skjønt det.» Eg klødde han

litt bak øyret med tommelen, akkurat der han likte det allerbest.«Er vi klare?» spurde eg. «Kahla, kan du …?» For det

var framleis Kahla som var best til det med villvegane.Ho nikka. «Kanskje vi skulle ta kvarandre i hendene,» peip Ingen -

tingen. «I tilfelle det kjem ein ny ramnestorm …?»Ingentingen hadde ingen hender, men det var det ingen

som var taktlause nok til å seie.«Det er nok lurt,» svarte eg. Eg overtalte ein motstrev -

ande Kattunge til å smette innanfor genseren – meir sand påirriterande stader – og Ingentingen tok det som etter kvarthadde blitt den vanlege plassen hennar, i ryggsekken min.Oscar, Kahla, Arkus og eg tok kvarandre i hendene. Kahlalukka auga og nynna nokre innleiande villsongtonar. «OK,» sa ho. «Denne vegen …»Tåkene begynte å samle seg nesten med det same. Den

eine augneblinken gjekk vi bortover sandstranda, og denneste … … var noko forferdeleg feil.Tåkene lukka seg tett ikring oss. Sjølv om eg visste at

Kahla gjekk nesten rett framfor meg, såg eg henne ikkje.Eg kjende handa til Oscar og såg omrisset av den kjendeskapnaden hans, og fingrane til Arkus klemde nervøst

11

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 11

kring mine. Men bortsett frå det var eg så godt som blind.Og tåkene …«Det er varmt …» sa Oscar. «Bruker det vere det?»Det hadde det vore før ramnestormen hadde kome hy-

lande gjennom villvegane for å drepe alle dei vaksne ram-nane i Ramnekjelen òg.«Kahla,» ropte eg. «Eg trur vi må ut herfrå …»Det høyrdest nokre underlege, fjerne smell, og så gjekk

det opp for meg at alt rundt meg ikkje lenger var grått. Tå-kene hadde begynt å gløde med eit mørkeraudt skjær, somgammalt blod. Eg høyrde Kahla hoste, og like etter kjendeeg det òg: ein veldig svie i auge og lunger, ein følelse avå bli skålda av etsande dampar. Eg hosta sjølv krampaktig,og det snørte seg i magen. Kva var det som skjedde?«Gass,» gispa Oscar. «Kahla … vekk!»Han stramma grepet kring handa mi, og eg gjorde det

same med Arkus. Vi kjende eit veldig rykk, og så tumla viut av tåkene. Eg slo skjenebeinet i noko, snubla og måttesleppe handa til Oscar. Kattunge kveste og sette klørne imeg så eg etterpå oppdaga åtte klomerke, små, men djupe.Eg kunne framleis ikkje sjå, tårene blenda meg og rann ned-over kinna, eg hosta og harka, og då eg prøvde å gni tårenevekk med den ledige handa, blei det endå verre, som om deivarme, blodraude gassdampane framleis klistra seg til hudami. Tungt, tett regn trengde gjennom håret og genseren påein augneblink, men eg var glad for det. Det skylde den svi-ande hinna av huda, kjende eg, og eg vende ansiktet opp ogprøvde å halde auga opne så regnet også kunne lindre denforferdelege etsinga som fekk tårene til å fosse fram.

12

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 12

Eg stod slik i fleire minutt før synet sakte vende tilbake. Det var mørkt rundt oss – ikkje slik stummande langt-

ute-på-landet mørkt, meir slik bymørkt med gatelys. Dendunkande følelsen i skjenebeinet kunne eg takke ein benkfor – ein heilt vanleg, grøn parkbenk av jern og plast. Einkort augneblink fekk eg ein rar, draumeaktig følelse av åvere tilbake der eg kom frå. Men sjølv om det i første om-gang likna litt, var ikkje dette Stjerneparken heime. Blo-mar og tre var heilt annleis. Fuksiabuskane bak benkenvar meterhøge og urskogaktige, og frå dei sirlege bedasende nokre store, trompetforma kvite blomar ut ei sterk,søtleg duft som nett no, saman med gassen, var meir kval-mande enn behageleg. I det store treet på den andre sidaav stigen og ei stripe bleikt gras sat fire ørsmå apar ogstirte på oss med enorme auge.Nei, vi var så avgjort ikkje heime. Og ikkje stort nær-

mare Ramnekjelen heller, kom eg til. Men kvar var vi då?Og kva hadde skjedd med villvegane?«Atsssjooo. Å nei. Atsssssjjjooooo. Harrrk. Kva var

det for noko … forferdeleg?» jamra Ingentingen. Veng-ene hennar gjekk opp og ned i små, korte vindaugsviskar -rykk, ikkje fordi ho prøvde å lette, men fordi ho heile tidamåtte bremse trongen til å røre ved auga med dei.«Brei vengene ut så regnet får reinsa dei betre,» fore-

slo eg. Ho gjorde som eg sa, men dei sitra framleis kramp-

aktig, og sjølv i skjæret frå parklyset kunne eg sjå at augahennar var heilt raude og opphovna. Tru om mine var likehardt angripne?

13

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 13

«Det var ein eller annan slags gass,» sa Oscar. Han sågheller ikkje så godt ut. Tårer og regn rann nedover detfreknete ansiktet. «Nærmast ein slik … blodgass.»Kattunge kjempa seg kvesande fri frå genseren min.

Han virra nokre gonger med hovudet og likte nok hellerikkje regnet noko særleg, men verka elles like heil.«Ramnane,» utbraut eg. «Er dei skadde, Arkus?»«Nei,» sa han håst. «Eg trur skjorta mi beskytta dei.

Iallfall litt.» Det såg i det heile ut til at dyra hadde sloppe lettare frå

det enn menneska.«Kahla,» sa eg. «Kvar er vi?» «Eg veit ikkje,» sa ho. «Eg … eg prøvde berre å kome

ut.»Det var det jo ikkje noko å seie på, og eg var glad for

at ho hadde klart det. Men det gjekk kaldt nedover ryggenpå meg når eg tenkte på kor gale det kunne ha gått. Detviktigaste og vanskelegaste med villvegane var å haldegreie på kvar ein var på veg. Ikkje fare vill. Anten slappein kanskje aldri ut att – det var slik foreldra til Shanaiadøydde – eller så risikerte ein å kome ut på heilt feil stad:for eksempel 20 meter under havflata.Det kunne godt vere at vi no var midt i eit tropisk regn-

vêr i ein eller annan by vi ikkje ante kvar var, gjennom-våte, gjennomgassa og svært langt frå målet, men vi haddevore heldige.Vi var framleis i live.

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 14

3 Nærmaste villheks

«Tjueseks og ein halv,» sa Oscar nedslått og såg på densamla tilgjengelege formuen vår. «Dessutan bruker deisikkert heilt andre slags pengar her òg.»«Det der hadde vi knapt nok fått ein pizza for,» sukka

eg. Vi hadde teke med mat til ramnungane, men ikkje tiloss sjølve. Vi hadde rekna med å vere framme innan eintime.Eg skulle ønskje eg ikkje hadde sagt ordet «pizza». No

som kvalmen hadde lagt seg, var eg skrubbsvolten, og eglikte ikkje å vere så svolten. Det minte meg altfor mykjeom den gongen eg hadde opplevd atterkomarsvolten tilBlodsungen på min eigen kropp. Eg hugsa enno korleisdet var å ha overveldande lyst til å ete eit kull nyføddegrevlingungar.«Eg gjer det ikkje igjen, altså,» sa Kahla. «Ikkje ein

gong til.»Dei vonde auga mine heldt med henne. Ikkje ein gong

til. «Kvar kjem den gassen frå?» spurde Ingentingen. «Er

det …»«Blodsungen,» sa eg utan fnugg av tvil. «Det er henne.

Eg trur ho prøver å hindre oss i å kome oss til Ramnekje-len.»«Korleis kan du vite det?» spurde Oscar. «Det … luktar henne. Og kven andre ville gjere noko

slikt? Eller kunne gjere det, for den del.»

15

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 15

«Meiner du at gassen er magisk? At det er ei villhekssom har laga han?» Han såg skeptisk ut.«Du trur ikkje på det?» «Nja … det er berre det at … gass er jo liksom noko …

noko kjemisk. C10H5CIN2 og så vidare.»«Kva er det?» spurde eg. «Den kjemiske formelen for tåregass.»Det er det eg seier. Iblant veit Oscar dei merkelegaste

ting, særleg viss det har noko med våpen å gjere. «Det er henne,» sa eg sta. «Eg veit det.»«Eg seier ikkje at det ikkje er henne. Berre at … eg

ikkje skjøner korleis ho gjer det. Ho er vel ikkje akkurattypen som står på lur med ein haug gassgranatar?»Eg var trøytt og svolten og hadde vondt i auga og i

armen der gribben hadde teke kjøtbiten sin. Det sveid slikunder bandasjen at eg hadde rive han av. Det hjelpte, ogregnet kjendest kjølig og lindrande. Eigentleg hadde egmest lyst til å ta av meg alle kleda og ta ein lang regn-vêrsdusj. Den kriblande, kløande gassfølelsen ville ikkjeforsvinne, og det gjorde meg ganske irritabel.«Eg veit ikkje korleis ho gjer det,» sa eg surt. «Og ak-

kurat no gir eg blaffen i det òg. Er det nokon som har nokoforslag til korleis vi skal kome oss vidare?»Eg såg meg om i krinsen. Vi såg ut som ein flokk

drukna myser – særleg Valiant, så klart, som jo meir ellermindre var ei mus, eller iallfall ein sjusovar. Han sat påskuldra til Oscar og pussa i veg på nase og vêrhår medbegge frampotane på ein gong. Det var rare greier. Om egskulle ha tippa på kva for dyr Oscar ville få som villven,

16

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 16

så hadde eg nok ikkje akkurat peikt på Valiant. Ein hund,kanskje, eller iallfall noko større og modigare. Men like-vel … Tante Isa hadde ein gong sagt at vi helst ikkje skalha villvener som liknar for mykje på oss sjølve, men i sta-den dyr vi kan lære noko av, og som kan lære noko av oss.Og Oscar var modig nok frå før, så kanskje var det nokoanna han trong å lære – å ta farar på alvor, for eksempel?«Vi treng hjelp,» sa Kahla. «Ja,» svarte eg. «Men korleis får vi det?»«Vi må finne nærmaste villheks,» sa ho. «Og håpe at

ho er nokolunde venlegsinna.»«Greitt nok,» sa eg. «Men korleis gjer vi det?» Tol-

modet mitt føltest omtrent like tynnslite som den sviandehuda.Kahla beit seg i leppa. Så breidde eit lite regnvått smil

seg i ansiktet hennar. Ho peikte på apane i treet overfor oss.«Vi spør lokalbefolkninga,» sa ho.

«Er du sikker på at det er her?» sa eg.Apen berre stirte på meg med dei overdimensjonerte

auga. Kahla hadde sagt at det var ein spøkelsesape, og detvar i grunnen eit veldig godt namn. Han var ikkje stortstørre enn ein gjennomsnittleg hamster, men hadde lange,underleg knokkelaktige klatrehender og klatreføter, eit kule -rundt hovud med ein ørliten nase og eit par flaggermus-aktige øyre, og så var resten av ansiktet berre auge – nokrekjempestore, gylne gluggar med pupillar som svarteknappe nålshovud.Sjølv om det var Kahla som hadde stått for dei inn-

17

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 17

leiande forhandlingane, var det mitt hår og min hals denvesle apen klamra seg til. Eg trur ikkje han hadde så lyst tilå kome altfor nær Kahlas slangevillven Saga. Det kjendestnesten som å ha ein fugl på skuldra, så knøttliten var han.Han svarte ikkje beintfram «ja» på spørsmålet mitt. Eg

følte berre eit visst utolmod frå han.Men eg syntest ikkje det såg ut som noko villhekshus.

Eg veit ikkje korleis eg hadde førestilt meg at ei typiskvillheks på desse kantane budde – kanskje noko med eihytte med palmebladtak og veranda? Bygningen framfoross var inga hytte. Det var ei stor, kvit betongkasse medmetallemmar for vindauga, omgitt av eit sirleg symmet -risk hageanlegg der ingenting fekk bli meir enn cirka 40centimeter høgt før det blei trimma, klipt og skore halvt ihel. Alt saman var omgitt av eit svartlakkert stakitt, og vedporten var det eit samtaleanlegg og eit overvakingskamerasom ikkje gjorde det minste forsøk på å vere diskré.Oscar trykte på ringjeknappen, og vi høyrde ei sum-

ming. Elles skjedde det ingenting. Han prøvde igjen.«Kanskje det er midt på natta her,» sa eg. Men denne gongen høyrde vi ei skurring i høgtalaren

og eit nølande: «Ja?»Spøkelsesapen hoppa frå skuldra mi og over på porten

og gav seg til å pludre oppglødd. Eller det vil seie … egtrur iallfall det, for det såg slik ut. Men det kom ingen lyd.Likevel reagerte stemma i den andre enden.«Bima? Er det deg?»Meir lydlaus pludring frå den vesle apen. Så høyrdest eit klikk, og porten gjekk sakte opp.

18

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 18

«Kom inn,» sa stemma. «Og fortel meg kven det erBima har med seg heim denne gongen …»

«Det må eg seie. Bima har aldri før drege med seg men-neske hit,» sa dr. Yuli og såg på oss over kanten på deiblanke lesebrillene. «Det plar vere nødlidande apar. Menset dykk. De ser jo også litt … medtekne ut.»Dr. Yuli var ørlita og gammal. Kanskje det var derfor

ho minte meg om fru Pommerans? Elles var dei ikkje like.Håret til dr. Yuli hadde ein gong vore svart, og det varframleis overraskande mange mørke striper att i det elleskritkvite håret, så det nesten var litt sebrapels over det.Huda var tynn og rynkete og kanelfarga og augebryna kol-svarte. Ho hadde på seg ein kvit laboratoriefrakk, men hanvar ikkje knept, og under titta ei noko meir fargerik gul ogsmaragdgrøn drakt fram.Det med det grøne var sjølvsagt også Pommerans-

aktig, men eg trur no først og fremst det var venlegheitasom strålte ut av dei gamle auga. Ho hadde sjølv opnadøra for oss og sagt at ho heitte dr. Yuli. Viss ho var sværtoverraska over å sjå ein flokk unge villhekser og eit vesensom Ingentingen, så viste ho det ikkje. Ho smilte berre, sådei tindrande, mørke auga nesten forsvann i rynkene.Bima hadde kasta seg i armane hennar med eit av dei mer-kelege, lydlause skrika sine. No låg han og slanga seg iden eine armkroken hennar og lét seg stryke på magen,med alle teikn på fryd – dei små, tynne armane var strekteopp over hovudet, og beina rykte som beina på ein hundnår ein klør han på den heilt rette staden.

19

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 19

Inne var det store huset ei herleg blanding av heim og la-boratorium, og litt meir villheksaktig enn det såg ut somutanfrå. Store fargeplansjar med bilete av dyr, fuglar og in-sekt dekte dei fleste veggene, men der var også allslags tek-nisk utstyr – mikroskop, så klart, men også meir mystiskeapparat. Det såg ut som om ho kunne sentrifugere, fordampe,destillere, riste, filtrere, fermentere og analysere nesten kvasom helst. Men møblane passa ikkje akku rat så godt på eit la-boratorium – plysjsofaer med fargerike silkeputer, blanke,runde mahognibord, spraglete ullteppe og ei mengd lakkertekorgstolar med ryggar som var måla som påfuglhalar.«Set dykk,» sa dr. Yuli og peikte på nokre av påfugl-

stolane. «Vil de ha noko kaldt å drikke? Eg har fruktsaftog limonade. Eller te, viss de heller vil ha noko varmt?»Halsen min var framleis ru og sår etter blodgassen, og

tanken på sitrussviande limonade eller glovarm te fekkhan til å kjennast endå sårare. «Kanskje berre litt kaldt vatn?» bad eg. «Det var eit beskjedent ønske,» sa dr. Yuli med endå

eit fort smil. «Det står ein vassbehaldar bak koflerben-ken.» Ho peikte på eit av laboratorieborda, der det stod eitapparat som ved første augekast minte litt om eit mikro-skop, men som tydelegvis ikkje var det. Det var iallfallkopla forskjellige andre kasser og målarar til det.Eg reiste meg stølt og henta vatn i plastkrus, til både

dei andre og meg sjølv. Det viste seg at alle var tørste, dyraòg. Sjølv ramnungane dukka fram frå gøymestaden hosArkus, dyppa det umodne nebbet i vatnet og la hovudettilbake, omtrent som drikkande høner.

20

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 20

«Unnskyld at eg stirer så uhøfleg,» sa dr. Yuli etter åha studert Ingentingen ei stund, «men eg har aldri sett eitvesen som den unge dama der. Kan eg få spørje kva duheiter, og kvar du kjem frå?»Ingentingen blei sjølvsagt straks heilt forfjamsa. «Å,» sa ho. «Eg … eh … eg er eigentleg berre ein feil.

Eg heiter Ingentingen.»Dr. Yuli heva begge augebryna. «Det er då ikkje noko namn for ein levande skapnad,»

sa ho. «Det er upassande og farleg, for viss ein ikkje pas-sar på, blir ein det ein seier ein er. Eller kanskje til og med– det andre seier ein er. Og det er endå verre.»«Åå,» sa Ingentingen igjen. «Unnskyld! Det er berre

det at … eg har ikkje noko anna namn.»«Det bestemmer du sjølv,» sa dr. Yuli strengt. «Men eg

vil rå deg til å finne eit betre namn snart!»«Eg … eg skal prøve.»Stakkars Ingentingen. Det var lett å sjå at ho tenkte at

no var det endå ein ting som var feil med henne.«Vi skal hjelpe deg,» mumla eg og klappa henne lett på

den eine handfoten. Dr. Yuli rista på hovudet.«Det er ikkje opp til dykk,» sa ho. «Eg er redd for at

Ingen tingen vil fortsetje å vere ingenting til ho sjølv finnut at ho er noko.»Ingentingen såg ut som om ho var på gråten, og eg fatta

ikkje at den elles så hyggjelege dr. Yuli kunne seie nokoså fælt. Eg hadde ein ekkel mistanke om at ho hadde rett,men … det høyrdest berre så hardt ut.

21

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 21

«Eg treng visst ikkje spørje om de er villhekser,» fort-sette dr. Yuli tørt. «Men kva gjer de her? Og kva harskjedd med dykk?»«Det var ikkje meininga,» sa eg. «Vi skulle … ein

annan stad. Til Ramnekjelen, faktisk.»«Ramnekjelen,» gjentok dr. Yuli. «Ja, då er de på av-

vegar!» «Vi hadde ikkje kome så langt,» forklarte Oscar, «før …

blodgassen plutseleg kom. Glovarm og raud. Vi kunneikkje fortsetje.»«Eg måtte berre få oss ut,» sa Kahla og såg ut som om

ho syntest det var eit pinleg nederlag. «Eg trur rett og slettdet var … den nærmaste utgangen.»Dr. Yuli nikka sakte. «I parken?» spurde ho. «Ja.»«Det er alltid lettare å kome seg inn og ut av villveg -

ane på dei stadene som ofte blir brukte. Og eg plar gå tilparken når eg vil bruke dei. Ein kan vel seie at eg oppgjennom åra har trakka ein stig. Men det var flaks. Dekunne ha hamna kvar som helst.»«Eg veit det,» sa Kahla og hang med hovudet. «Det var ingen kritikk, venen min. Du kunne ikkje ha

gjort det betre – og det kunne ha gått mykje verre viss duikkje hadde vore ei så flink villheks.»Eg trur faktisk Kahla raudna. Iblant var det litt vans -

keleg å sjå fordi huda hennar var så mørk som ho var, mendet skjedde iallfall noko. «Takk,» mumla ho.

22

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 22

«Det er utruleg viktig at vi kjem oss til Ramnekjelen,»sa eg. «Desse ungane … dei er dei aller siste ramnane tilramnemødrene.»Dr. Yuli såg sjokkert ut. «Dei siste?» sa ho. «Ja, men korleis …»«Dei vaksne ramnane blei drepne i ein forferdeleg

storm. Har du høyrt om Bravita Blodsunge?»«Det har vel alle,» svarte dr. Yuli. «Eller iallfall alle

villhekser.»«Ja, men … dei fleste trur vel at ho er død. Men ho

har … vendt tilbake til livet.»«Ein atterkomar?» Dr. Yuli bleikna, og Bima gav frå seg

eit lydlaust lite klynk og gøymde ansiktet i ermet hennar.«Ja. Akkurat no – trur vi iallfall – har ho ingen kropp

ho kan bruke, og det hemmar henne litt. Men ho er like-vel skremmeleg sterk. Og eg er heilt sikker på at båderamnestormen og blodgassen er hennar verk.»Eg var glad for å kunne snakke om Blodsungen. Det

var vanlegvis ikkje det eg likte best, men akkurat no be-tydde det at eg slapp å fortelje kva som hadde skjedd medegga og alle dei andre små ramnungane som ville ha kometil verda viss ikkje Kahla hadde knust dei. Rett nok fordiho blei tvinga til det av mor si, men alt det der var litt inn-vikla å forklare, og Kahla ville vel nærmast visne på flek-ken av rein og skjær skuldkjensle.«Men … kva vil ho?» spurde dr. Yuli. «Denne atter -

komaren? Kvifor drepe ramnane?»«Fordi ho vil ha verdsherredømme,» sa Oscar med sik-

ker sans for melodramatisk skurkelogikk.

23

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 23

«Eh … ja,» sa eg og prøvde å hugse dei litt for verke-lege Blodsunge-mareritta mine. «Eller … ho vil ha hemnover dei villheksene som sperra henne inne i fleire hundreår, og over dei menneska som i mellomtida har fordrivealt det ville og øydelagt det ho ser på som heilagt.»Dr. Yuli sukka. «Eg er berre 92,» sa ho. «Ikkje eit hundreår eingong.

Men når eg tenkjer på alt det vi har mista berre i mi leve-tid …» Ho strauk Bima over hovudet. «Han er ein av deisiste av sin art,» sa ho sørgmodig. «Det er nok mindre ennhundre att. Eg prøver å hjelpe dei, prøver å redde dei …men eg er redd for at det er for seint. Ei rekkje spøkelses-apeartar har alt bukka under og finst ikkje meir. Eg seierikkje at eg held med Blodsungen. Men eit stykke på vegkan eg … forstå henne. Viss eg hadde vore borte i – kvablir det, cirka 400 år? – og kom tilbake og såg kor mykjesom var borte …»Eg såg på vesle Bima. Det var forferdeleg å tenkje på

at slike små, fine vesen var i ferd med å forsvinne frå jor-das overflate. Men når eg tenkte på atterkomaren sin svoltetter liv, når eg tenkte på korleis ho berre tok og tok …«Blodsungen er ikkje svaret,» sa eg stille. «Ho gjer

berre vondt verre. Viss det blir ho som vinn, så … blirverda ein blodig stad å vere. Og nett no er ho i ferd med åutslette ein art.» Eg peikte på Erya og den vesle hann-ramnen som framleis leikte med vatnet i plastkruset – ikkjefordi dei var tørste, trur eg, berre fordi dei syntest det varmoro.«Ja,» sa dr. Yuli. «Det må vi hindre. Utan Ramnekjelen

24

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 24

er villheksene her i verda ikkje anna enn nokre naturfan-tastar spreidde rundt omkring, utan samlingspunkt, utanfelles rett og reglar og utan ramnane sin visdom og deiraoverblikk over den store verda. Blodsungen kan sigre oveross ein etter ein – viss det er det ho vil.»«Det er det,» sa eg. «For henne er alt svart eller kvitt.

Anten er ein på hennar side, eller så …» Eg skutta meg.Dr. Yuli nikka. «Ja vel,» sa ho. «Då må eg jo gjere det eg kan for å

hjelpe dykk. Kan eg få ein liten bit av blusa di?»

Atterkomaren NN ferdig_Layout 1 15.04.15 11:35 Side 25