VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske...

12
VALPROGRAM 2015 – 2019 foto: Sveinung Klyve

Transcript of VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske...

Page 1: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

VALPROGRAM 2015 – 2019

foto: Sveinung Klyve

Page 2: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

BLI MED PÅ DEN GRØNE BYLGJA!

“Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnast sunne økologiske prinsipp, og fremja fred og rettferd både lokalt og globalt. Livs- kraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå målet. Me tek mål av oss til å utforma ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggjande solidaritetsprinsipp; solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar, og solidaritet med dyr og natur.” -Frå prinsipprogrammet

Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan Stortingsvalet i 2013 har me klart å påverka både Stortinget og Fylkestinget i ei grønare retning. Til hausten ynskjer me å oppnå det same i Voss kommune!

Stor!aumen hausten 2014 førte til store skadar i Voss kommune og i mange andre bygder. Klimaendringane er globale, men årsakene, skadane og løysingane "nn ein lokalt. Difor er det viktig kva slags politikk ein fører i kvar enkelt kommune. Det hastar med å redusera dei skadelege utsleppa. MDG vil gjera det lettare for inbyg- gjarane å ta klimavenlege val i kvardagen. Me går inn for at kommunen får ein klimaplan som inneheld ambisiøse mål og forpliktande tidsfristar og som gjer Voss til ein føregangskommune i klimapolitikken.

Partiet har fokus på livskvalitet for alle, framfor stadig auka forbruk. Me kan bidra med gode løysingar som er miljøvenlege samtidig som dei er nyttige for kommunen og innbyggjarane.

Voss kommune har livskraftige bygder med rike natur- og kulturlandskap. Desse verdiane må forvaltast med klokskap, til glede og nytte for oss sjølve, naboane våre og dei framtidige generasjonane.

Page 3: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

1. NATURVERN. TENKJA GLOBALT, HANDLA LOKALT!Menneska er ikkje heva over naturen, men er ein del av den. Korleis me forvaltar naturresursane og behandlar dyra seier mykje om oss som menneske. Med klimaendringane har naturvern fått ei ny tyding. MDG vil ta til orde for at Voss kommune fører oppsyn med tilstanden til viktige økosystem. Ut frå dette kan ein tre#a berekraftige og kunnskapsbaserte vedtak knytt til arealforvaltning og vern. Debatten om !aumregulerande tiltak i kommunen er aktuell. Slike tiltak må gjennom-førast slik at dei skader naturen minst mogeleg.

MDG Voss vil arbeida for å:

- verna sårbar natur, våtmarksområde og andre artsrike område.

- ha forbod mot å byggja i strandsona, nær elvar og vassdrag.

- verna om allemannsretten og arbeida mot sal av offentleg eigd skog og utmark.

- bruka naturmangfaldlova aktivt i all offentleg sakshandsaming.

- verna viktige friområde som t.d. Prestegardsmoen.

- halda på delar av Bømoen som friluftsområde.

- verna matjord og utmark.

- ta vare på dei elvene me har att, og vurdera oppgradering av eksisterande vasskraft

anlegg som eit alternativ om det ikkje medfører skade for naturen i området.

- tenkja nytt om alternative fornybare energikjelder, som til dømes solenergi.

- oppretta ei eiga stilling som miljøvernrådgjevar i kommunen.

foto: Øystein Ormåsen

Page 4: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

2. LANDBRUK. TRE- OG NÆRINGSMIDDELINDUSTRI.Voss kommune har lange og stolte landbrukstradisjonar. Grøn politikk legg stor vekt på å forvalta dyrka område på ein klok og framtidsretta måte, og i større grad basera kosthaldet på kortreist og sunn mat produsert etter økologiske prinsipp. Ved sida av denne primæroppgåva er landbruket viktig for å ta vare på kulturlandskapet, og det dannar grunnlag for anna lokal verksemd og trivsel i bygda.

MDG Voss vil arbeida for å:

- ta vare på matjorda, m.a. hindra utbygging på dyrka mark.

- fremja omsetjing og bruk av lokalt framstilte matvarer og leggja til rette for lokal

næringsmiddelindustri.

- leggja til rette for eit berekraftig jordbruk, m.a. å bidra til gode vilkår for omlegging

til økologisk drift.

- stimulera til produksjon av norske fôrvarer til erstatning for importert kraftfôr, slik t.d.

målet er i forskingsprosjektet ”Foods of Norway”.

��� Ìi���>��ÞÌÌ���>}��i`�L©�`i�i�v�À�F�w��>��Þi��}�Ã��Ài����Ìi�ÌÃ��i�`iÀ��}��««�F�LiÌÀi� utnytting av dyrka jord, som til dømes andelsgardar.

- støtta konkrete klimavenlege tiltak i landbruket, t.d. energiøkonomisering, utnytting

av bioenergi og reduksjon i utslepp av klimagassar.

- fremja skogskjøtsel, berekraftig skogsdrift og ein aktiv treindustri.

foto: Terje Nesthus

Page 5: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

3. BUSETNAD OG BYGGING. MDG ynskjer å leggja til rette for !eire som vil arbeida og bu i kommunen. Trygg bustad er blant dei grunnleggjande behova våre og er avgjerande for å ha ei god helse. Ved nybygging og oppgradering av bygg bør det leggjast vekt på plassering som minkar behovet for biltransport, på energiøkonomisering og bruk av fornybar energi. Me går i mot bygging på dyrka jord.

MDG Voss vil arbeida for å:

- oppretthalda lokale samfunn med naudsynte tenestetilbod som skule, barnehage,

butikk, møteplassar og gode kollektive transportløysingar.

���Ì>���ÃÞ��Ì���vÀ>�Ì�`�}�v>Ài�v�À�y>Õ���}�À>Ã�Ûi`��ÞLÞ}}��}°- stimulera til energiøkonomisering og bruk av fornybare energikjelder ved all

nybygging og oppgradering av eksisterande bygningsmasse.

- ta vare på eldre bygningar og bygningsmiljø og ta omsyn til lokal byggjeskikk.

- premiera rehabilitering og tilpassing av eksisterande bygg framfor riving og

nyoppføring.

- gjera det mogleg å byggja enkelt, miljøvenleg og billig, og leggja til rette for meir

sjølvbygging.

foto: Sveinung Klyve

Page 6: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

4. BEREKRAFTIG SAMFERDSLE Miljøpartiet Dei Grøne vil arbeida for at grunnleggjande infrastruktur som breiband, veg, jernbane, straum og post vert lagt til rette slik at me kan oppretthalda busetnad og samferdsel i heile kommunen. Eit grønt samfunn krev eit berekraftig transportsystem. Dei Grøne vil konsekvent prioritera dei transportløysingane som belastar miljøet minst. Me vil satsa langt sterkare på ein meir e#ektiv kollektivtra"kk, og særskild på jernbane.

MDG Voss vil arbeida for:

- å leggja til rette for sykling.

- å byggja ut eit godt sykkelvegnett og gode gangvegar, og halda dei ved like,

sommar som vinter

- bygging av trygg veg og jernbane Voss-Arna så snart som mogeleg.

- å verna om eksisterande haldeplassar for tog.

- å halda dei kommunale vegane ved like, inkludert brøyting.

���F�Ã>�>ÀLi�`>��i`�vÞ��ië���Ì��>À>�i�ÛFÀi�v�À�F�}�iÀ>�����i�Ì�ÛÌÀ>w��i��ÃF�>ÌÌÀ>�Ì�Û� som mogeleg, ved billegare billettar og hyppige avgangar.

- at dei kollektive transportmidla i størst mogleg grad vert driven av lågutsleppteknologi.

- å innføra delvis bilfritt Voss sentrum.

- å stimulera til etablering av bildelingsordningar.

���F��««ÀiÌÌ>�yi�Ài��>`iÃÌ>Ã���>À�v�À�i��L��>À

5. NÆRINGSLIVMDG Voss vil arbeida for å oppretthalda og utvikla eit allsidig næringsliv basert på kommunens særpreg og naturlege ressursar, samt å styrka Voss som regionsenter med handels- og serviceinstitusjonar.Voss kommune er rik på kulturlandskap og naturlandskap. Den korte avstanden mellom levande bygder og vill natur er noko av det som er unikt med Voss kommune. Dette gjev eit godt utgangspunkt for økoturisme, som byggjer på eit samspel mellom autentiske naturopplevingar, lokalprodusert mat og lokal kultur.

Page 7: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

MDG Voss vil arbeida for:

- at gründarar og næringsdrivande blir gitt gode vilkår for å starta nye og utvikla

eksisterande verksemder.

- etablering av eit ressurs- eller kompetansesenter for grøn næringsutvikling.

- å stimulera verksemder til nytenking gjennom etablering av eit idé- og diskusjons

forum med vekt på økologiske prinsipp.

- å utforma ein kommunal innkjøpsstrategi som går ut på å nytta lokale produsentar.

���F�iÌ>L�iÀ>�i�����>��ÃÌ©�>`Ã�À`���}�v�À�Li`À�vÌiÀ�Ã���Û���ÃiÀÌ�wÃiÀ>�Ãi}�Ì�������©vÞÀÌFÀ�°- å utforma ein ambisiøs plan for energisparing i all kommunal verksemd.

- å innføre ei ordning for belønning av målretta ENØK-tiltak.

foto: Lillian Rogne

Page 8: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

6. KULTUR, SPORT OG FRITID. Dei grøne ser kulturelt mangfald som eit vilkår for eit fritt og levande samfunn. Me meiner det er ein rett å kunna engasjera seg i kulturlivet, og at kunstnarlege uttrykk er ein sentral del av eit levande demokrati og viktig for vår livskvalitet. Me vil sikra at folk både i våre og komande generasjonar kan dyrka friluftsliv.

Me ynskjer å støtta den sterke dugnadsånda i Vossebygda og vil arbeida for å halda ved like kommunen sin sterke posisjon som kulturbygd, frilufts- og sportssenter.

MDG Voss vil vidare arbeida for å:

- leggja til rette for aktivt bruk av skulane etter skuletida.

- prioritera barne-, ungdoms- og breiddeidrett, samt leggja til rette for andre fritids-

aktivitetar som t.d. musikk og kunst.

- utrusta kommunale leikeplassar med apparat for trening og moro.

- etablera ei kommunal ordning for utlån av tur- og fritidsutstyr.

- prioritera støtte til frivillige organisasjonar.

- styrka dei direkte tilskota til kunst- og kulturutøvarar.

- støtta kulturinstitusjonar, grendalag og velforeiningar økonomisk i deira arbeid for å

skapa trivsel og aktivitet i nærmiljø.

- gjera det meir attraktivt og rimeleg for lag å leiga lokale i kulturhuset.

foto: Sveinung Klyve

Page 9: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

7. OPPVEKST, BARNEHAGAR OG SKULARBorn sine behov for tryggleik og kjærleik, samt fråvær av overgrep og forsømming må alltid prioriterast framfor andre omsyn. Skular og barnehagar bør i større grad byggja på tillit til dei pedagogisk tilsette sin kompetanse og mindre på målstyring og byrå- kratiske ordningar. MDG ynskjer auka midlar til tidleg innsats og førebyggjande tiltak i barnehagen og fyrste del av barneskulen for å unngå problem seinare i skulen, også for born utan diagnosar.

MDG Voss vil arbeida for:

- å ta vare på dei grendaskulane som er att.

- auka bruk av støttetiltak i heimen og i familienettverk før barnevernet tek over.

- å styrkja det førebyggjande arbeidet med psykisk helse i barnehage og skule.

- å utgreia tiltak som sørgjer for at elevar som treng særskilt tilrettelagt opplæring,

� vFÀ����Ì��ÕiÀ�i}��««v©�}��}°��iÌÌi�}�i�`�����i����ÃÌ���Ã>�L>�`��i`�yÞÌÌ��}��}� overgang mellom skuleslag.

���yi�Ài�`i�Ì�`ë�>ÃÃ>À���L>À�i�>}>À°- to årlege opptak til barnehagar. Born skal som hovudregel få plass i den barne-

hagen som ligg nærast heimen.

- trygge skulevegar for alle elevar.

- skulematordning, med økologisk og eventuell varm mat.

- at elevar i ungdomsskulen får eit behovsprøvd tilbod om praksis i arbeidslivet.

foto: Øystein Ormåsen

Page 10: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

8. SOSIALE FORHOLD, HELSE OG OMSORG.MDG ser helsepolitikken i samanheng med andre politiske område. Me ser det som viktig å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar helse og trivsel ved å redusere forureining, fremje sunne matvanar og leggja til rette for dagleg mosjon og felles sosiale møteplassar. Me vil arbeida for eit inkluderande samfunn og aktivt motarbeida sosial isolasjon og stigmatisering. Me er opptatt av å kjempa mot fattigdom og sosiale ulikskapar. Kvar og ein av oss treng å kjenna eigenverd og høyra til eit samfunn og eit nærmiljø. Dette er viktige utfordringar som MDG tek på alvor.

MDG Voss vil arbeida for:

- at dei med redusert arbeidsevne kan få arbeida med tilpassa, meiningsfylt arbeid.

- ulike typar kunstnarisk eller fysisk aktivitet, praktisk arbeid, felles sosiale aktivitetar og

samvær med dyr, som er god grøn terapi og som kan auka trivsel og styrkja helse.

- at kommunale institusjonar har eige kjøkken og i størst mogeleg grad nyttar økologisk

mat og lokale råvarer.

- å minna om at sjukeheimane er bebuarane sine heimar. At dei tilsette og bebuarane

har felles måltider og er saman om daglege aktivitetar, gjerne med bidrag frå frivillige.

9. DEMOKRATI OG SAMFUNN.I eit solidarisk samfunn er kommunen fyrst og fremst til for innbyggjarane. Komm-unen sine tenester må difor vera lett tilgjengelege. Kommunikasjonen må vera open og tydeleg. MDG vil i det heile arbeida for demokratiske prosessar, og bidra til eit positivt og nært forhold mellom innbyggjarane og kommunen.MDG er opptatt av å halda på levande lokalsamfunn framfor sentralisering.

MDG Voss går inn for:

- at planar som skal ut på høyring, vert presenterte for ålmenta i god tid på førehand

i kortfatta og lett forståeleg språk.

- å oppretta ei side på internett for initiativ frå innbyggjarane overfor kommuneleiinga.

- at politiske parti, lag og organisasjonar får bruka kommunale bygg gratis til møte.

- å samarbeida med politisk uavhengige lag og organisasjonar.

- at Voss vert medlem av Transparency International, som arbeider med å avdekkja og

motarbeida korrupsjon.

Page 11: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

10. FLYKTNINGAR OG INTEGRERINGMDG har gjort framlegg på Stortinget om å styrkja mottaksapparatet for asylsøkjarar, særleg oppfølging av asylborna, ved å gje 300 millionar kroner til kommunane. Me meiner at Voss kommune kan ta i mot !eire !yktningar. MDG går inn for å lagaordningar som gjer at !yktningane kan få prøva seg i jobb så tidleg som mogeleg, til beste for dei sjølve og næringslivet i kommunen. MDG Voss vil støtta arrangement der folk frå framande kulturar får høve til å visa fram sin kultur, i form av mat, klesdrakter, musikk, dans, kunst m.m. Me går inn for at kommunen legg til rette for jamlege innsamlingsaksjonar og arrangement som viser internasjonal solidaritet og vilje til å hjelpa dei som vert råka av naturkatastrofar og kon!iktar.

MDG Voss vil vidare arbeida for:

- støtte til organisasjonar som bidrar til inkludering og redusert framandfrykt.

���yi�Ài��©Ìi«�>ÃÃ>À��}����Ì�>Ì�Û�Ì���Ã>�Ì>�>À��}��©Ìi��i`�ÛFÀi��Þi��>�`Ã�i��°���>Ì�`iÌ�Ã�>��L����iÌÌ>Ài�v�À�yÞ�Ì���}>À�F�vF�LÕÃÌ>`�Ì����ÛiÀ���i�i}���ÃÌ�>`°������ÀÃ��««�CÀ��}�«F��Þ��ÀÃ��v�À�yÞ�Ì���}>�i°- styrking av opplæringstilbodet ved Vaksenopplæringa, m.a. tiltak som kan bidra til

� >Ì�yi�Ài�>Û�`i��Ã���Þ�Ã��iÀ�`iÌ]�vÕ��v©ÀiÀ�}ÀÕ��Ã�Õ�i�««�CÀ��}°�

foto: Sveinung Klyve

Page 12: VALPROGRAM 2015 – 2019 · Miljøpartiet Dei Grøne tek sikte på å endra det politiske landskapet. Vår politikk set omsyn til miljø og medmenneske heilt øvst på agendaen. Sidan

Lillian er lokallagsleiar i MDG Voss og har vore aktiv styremedlem i Voss Naturvernlag dei siste 5 åra. Hjartesaker er at det skal vera lett å ta miljøvenlege val i lokalmiljøet og at dagens klimautfordringar må møtast med politikk som kan mobilisera folk i bygda. Å leva miljøvenleg er ikkje berre bra for klimaet, men òg for lommeboka og helsa. Det medmenneskelege aspektet er viktig for Lillian og ho vil difor jobba for at alle skal føla at dei kan bidra i lokalmiljøet uavhengig av kjønn, alder, status og etnisitet.

Sveinung har sidan 1992 arbeidd som miljøvern-rådgjevar i Vaksdal kommune. Han har i dei siste 20 åra bygd opp og vore med å driva ein kommunal villmarksleir i Bergsdalen. Han har jobba mykje med tilrettelegging for friluftsliv og "ske, kartlagt natur og vilt i kommunen m.m. Prosjekt for barn og unge har vore viktige tema i arbeidet. For tida også tilsett i 20 % stilling hjå Hordaland fylkeskommune for å arbeide med vassforskrifta (EU-vanndirektiv)Han brukar naturen heile året og har alltid kamera med i sekken. Har eige enkeltmanns foto"rma. Han guidar folk i $ellet, held foredrag, lagar kvart år Vossa- kalenderen , skriv artiklar til blad, bøker, internett m.m. Har laga 7 bøker med natur og foto som tema.

”Vi har det bedre med mindre, mer medmenneskelige samfunn der livskvaliteten og ikke forbruket er i fokus. Naturen er vis og vi kan samarbeide og ta lærdom, istedenfor å overkjøre den. Allsidig dyrking av mat over større deler av landet vil kunne skape arbeidsplasser og bolyst med brede ringvirkininger for distriktene. De Grønne vil stimulere ”den omvendte !yttestrømmen” fra by mot bygd ved å styrke økonimien i landbruket og stimulere til grønt entreprenørskp. Vi må legge om til økologisk drift både i skog- "ske- og jordbruk. Coctail-e#ekten må taes på alvor og vi må slutte å forgifte naturen og dermed livsgrunnlaget vårt.”

”Eit kvart liv er eit fullverdig liv. Menneskeverdet kan difor ikkje målast opp mot den enkelte si evne til produksjon. Eg har tru på at det er når me lever godt med menneska og naturen rundt oss, me òg "nn vegen til å leva godt med oss sjølve. Framtida ligg i små bærekraftige lokalsamfunn der me tar på alvor våre økologiske fotavtrykk, - desentralisering framfor sentralisering. Ressursane må forvaltast på ein bærekraftig måte, det er enkel teori. Forbrukssamfunnet me i dag lever i, "nn eg ikkje moralsk forsvarleg, - om me då er samde om at moral er å handle til andre sitt beste, utan tanke på oss sjølve”.

4. kandidat

Mona

Nordaas

57 år, Kunstnar

2. kandidat

Aina

Andreassen

38 år, Sjukepleiar

3. kandidat

Sveinung

Klyve

54 år, Miljøvern-

rådgjevar

1. kandidat

Lillian

Rogne

46 år, Radiograf og

Rosenterapaut

MILJØ

MER

KET

241

Try k

ksak

6

99

Lik oss på Facebook:

facebook.com/mdgVoss mdg.no