UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville...

22
UTAFOR STUDIEMATERIELL

Transcript of UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville...

Page 1: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

UTAFORSTUDIEMATERIELL

Page 2: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

DET NORSKE TEATRETUTAFORINNLEIING

Å vere utanfor er å kikke inn på eit fellesskap du ikkje er ein del av. Det er utanfor ein finn det mørkaste hatet. Det er der ein skaper det klåraste fiendebildet. Og det er her, på utsida, ein finn likesinna.

Framsyninga Utafor tar utgangspunkt i forteljingane til fire unge menneske. Alle forteljingane handlar om å vere utanfor samfunnet. Terror, ekstremisme og fordommar er ein del av historiene til Tor Itai Keilen, Siri Marie Seim Sønstelie, Faten Mahdi Al-Husseini og Yousef Bartho Al-Nahi. Dei veit at radikalisering skjer på tvers av tru og religion. Og at radikale meiningar ikkje oppstår av ingenting.

Utafor hadde premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i 2018, og svært mange skoleklassar fekk sett framsyninga da. Ho blei også filma av Applaus Scene og tilgjengeleg for digital strøyming.

Våren 2020 måtte både skolar og teater stenge grunna koronaviruset og pålegg frå helsemyndigheitene. Da er det fint at vi kan dele denne framsyninga digitalt. I dette studiemateriellet har vi samla artiklar, utdrag frå manus og oppgåver du kan bruke i undervisninga, om du skulle ønskje det.

- Målet med framsyninga er å vise dei unge at vi har ansvar for kvarandre, også i skolegarden. Det er alle sitt ansvar at ingen hamnar utanfor, seier regissør Svein Tindberg om framsyninga.

Utafor er aktivisme, musikk og personlege erfaringar. Det er teater i kampen mot radikalisering.

Håpar de får ei fin oppleving med Utafor, og velkommen til den digitale versjonen av Det Norske Teatret!

Beste helsing

Erlend Tårnesvik Dreiåsformidlings- og pedagogisk ansvarlegDet Norske Teatret

Å VERE UTANFOR SAMAN

PÅ SCENEN

Page 3: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

DET NORSKE TEATRETUTAFORGALLERI

PÅ SCENENFATEN MAHDI AL-HUSSAINI

YOUSEF BARTH

AL-NAHI

TOR ITAI KEILEN

SIRI MARIE SEIM

SØNSTELIE

SEBASTIAN SEVERIN ALSTEDT

NICOLE GENOVE

FERNANDEZ

BÅRD ELIAS NYSTØYL

ADANNE LIN-JI E.

SÆTEREIE

KEVIN HAUGAN

LINDE MYKLEBUST

HODNE

HANNAH HASLIE

WESTENVIK

SIGURD V. MARTHINUS-

SEN

BELINDA BRAZA

AMISHA KUMRA

Regissør: Svein TindbergLysdesignar og scenograf: Torkel SkjærvenKomponist: Øystein SkarKostymedesignar: Line AntonsenVideodesignarar: Finn Walther og Martin WaltherKoreograf: Belinda BrazaLyddesignar: Christopher WoxholttDramaturg: Anders Hasmo

KUNSTNARLEG LAG

av Svein Tindberg i samarbeid med Just Unity

Sjå Utafor digitalt!

Du finn den digitale versjonen av Utafor

på nettsida til Det Norske Teatret.

Page 4: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOR

YOUSEF BARTHO AL-NAHIMedgrunnleggjar av JustUnity

Al-Nahi har jobba i Konfliktrådet, vore prosjektkoordinator for førebygging av radikalisering og ekstremisme i Minotenk.

Han har dei siste seks åra samarbeidd tett med norske kommunar, politiet og andre relevante aktørar for å førebyggje radikalisering og ekstremisme.

Yousef var sjølv i ein radikaliseringsprosess i perioden 2009–2010. Han bruker også si personlege erfaring både i samtale med ungdom og når han held foredrag rundt om i inn- og utland.Jeg følte det som om jeg hadde funnet de siste brikkene i puslespillet da jeg fant islam, men at det nå føltes som om jeg hadde konvertert ut av Norge. Det traff nok mange hardt at en etnisk norsk mann fortalte at han ikke følte seg norsk lenger.

FATEN MAHDI AL-HUSSEINIMedgrunnleggjar av JustUnity

Al-Husseini var initiativtakar til demonstrasjonen mot Den islamske staten (IS) 25. august 2014 og vinnar av Bergersenprisen 2014 for engasjementet og den sterke stemma mot ekstremisme.

Ho har jobba i Irak som hjelpearbeidar og har sett ekstremisme og terrorisme på nært hald.

Det siste året har ho jobba med å reise rundt i inn- og utland for å snakke til både skuleelevar, politikarar og menneske i førstelinja om korleis ein kan førebyggje og arbeide mot ekstremisme.

Ho har også eit stort engasjement for sosial kontroll knytt opp mot integrering og arbeidet mot ekstremisme.Jeg var radikalisert, jeg var ekstrem. Alle som ikke forsto det jeg forsto, eller hadde sett det jeg hadde sett, var vantro! Til og med moren og faren min tenkte jeg på som vantro.

DEI FIRE

Page 5: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOR

SIRI MARIE SEIM SØNSTELIEMedarbeidar i JustUnity (frivillig i JustUnity, tilsett medarbeidar frå sommaren 2016 og fram til 1.3.2017)

Sønstelie har ein bachelorgrad i internasjonale relasjonar og menneskerettar frå University of Essex og ein mastergrad i sikkerheitspolitikk frå University College London.

Masteroppgåva hennar handlar om førebygging av valdeleg ekstremisme og avradikalisering av personar som har vore involverte i ekstreme grupper.

I tillegg til å ha ein solid fagleg bakgrunn har Siri sjølv følt terror på kroppen som ein av dei som overlevde angrepet på Utøya 22. juli 2011. Ho har skrive den sterke boka «– Jeg lever, pappa» om opplevingane sine den dagen.Du kan ikke belyse 22. juli uten å fortelle om ham. Å si at vi ikke skal snakke om ham er å fjerne seg fra debatten. Da tør vi ikke å ha det vondt - men det er vondt.

TOR ITAI KEILENTilsett på prosjekt i Just Unity

Keilen har arbeidd som frilans skodespelar og regissør sidan 2008, og har brei erfaring med både store og små teaterproduksjonar, i alt frå profesjonelle ensemble til amatørteatergrupper.

Sidan 2013 har han òg vore knytt til frigruppa Para Film & Teater, og har arbeidd både som produsent og skodespelar ved dei fleste av produksjonane til gruppa.

Han er utdanna dramapedagog, og har sidan 2013 arbeidd som instruktør og teaterlærar ved ulike kulturskular i Oslo og Akershus.

Keilen er fødd i Israel og er jøde.Jeg sier det aldri. Jeg har aldri sagt det til noen, at jeg er jøde. Når du bærer på en hemmelighet på den måten, gjennom hele skoletiden, når viktige sider av deg alltid må holdes skjult, blir du veldig alene. Jeg har alltid hatt venner - og jeg har alltid vært ensom. Jeg kompenserte med utadvendthet, med humor, med teater - jeg var klassens klovn, alle visste hvem jeg var. Jeg lo og var veldig ensom.

Page 6: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOR

Dei siste åra har fleire tusen europearar slutta seg til IS. PST anslår at om lag 100 av desse framandkrigarane har band til Noreg. I dette talet er det både menn, kvinner og barn. Når grunnen no skakar under Den Islamske Staten, reiser fleire av framandkrigarane heim igjen til Noreg.Korleis startar ein radikaliseringsprosess? Og korleis kan ein stogge denne prosessen? Startar han allereie i skolegarden? Kan det vere så enkelt som at vi må sjå kvarandre? Dette er spørsmål som blir løfta opp på Hovudscenen med framsyninga Utafor.

Aktivisten- Eg er eit teatermenneske, har vore det heile livet. Noko så spinkelt som ei teaterframsyning kan endre enkeltmenneske. Eg trur faktisk på at sanne møte mellom menneske kan endre oss.

Skodespelar Svein Tindberg har vore med på dette møtet mange gonger. Teateret i si enklaste form – skodespelar, tekst og publikum – kjenner han godt til. Dei to soloframsyningane Evangeliet etter Markus og Abrahams barn har til saman vore spelt nesten 500 gonger, for meir enn 175 000 publikummarar. No står eit nytt prosjekt for tur. Denne gongen løfter han fram stemmer og forteljingar om utanforskap. Framleis er det religionsdialog med teaterrommet som møteplass. Men denne gongen er det kampen mot

TEKST Erlend Tårnesvik Dreiås FOTO Finn og Martin WaltherFOTO FRÅ FRAMSYNINGADag Jenssen

TRU, HÅP OG TEATERUtafor er teater i kampen mot ekstremisme. Det regissør Svein Tindberg ønskjer med prosjektet, er at vi skal sjå kvarandre, for pokker!

ARTIKKEL

Page 7: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

radikalisering som opptek han. Det blir aktivisme, musikk og personlege erfaringar. Og han har med seg fire unge menneske til å fortelje desse historiene.

Ein dampvegvalsFørste gongen Svein møter Faten Mahdi-al Husseini er på eit dialogmøte for studentar på Høgskolen i Vestfold. Faten har vore synleg i mediebildet etter at ho som den første i Europa arrangerte den første demonstrasjonen mot IS og den meir heimlege organisasjonen Profetens Ummah, der ho tala ekstremistane midt imot.- Eg visste godt kven ho var. Faten gjorde inntrykk på meg. Ho er som ein dampvegvals! Vi snakka om dei same tinga, men på totalt ulik måte, seier Svein Tindberg.Tindberg ser at ho verkar som ein magnet på unge menneske, spesielt jentene som flokkar seg rundt ho etter foredraget. Eg kan spele Abrahams barn ti tusen gonger, og aldri nå dei same menneska som ho, tenkte eg. Som ung muslimsk jente i Noreg hadde Faten erfaringar og historier Tindberg visste lite eller ingenting om. Og ho hadde språket og viljen til å inspirere andre med si forteljing.

Seinare møter han også Yousef Bartho Al-Nahi. Yousef er ein norsk konvertitt frå Nøtterøy. Han gjekk på vidaregåande da han tok dei første stega inn i ekstremismen. Det var einsemda som gjorde at han oppsøkte dette miljøet, og der tok dei varmt imot han. Det er med utanforskap at kimen til radikalisering blir fødd. Yousef kom seg ut av miljøet, og saman med Faten starta han organisasjonen Just Unity. Dei reiser rundt i inn- og utland for å fortelje om radikalisering og ekstremisme.

Fire sterke stemmerSvein Tindbergs møte med desse to, og dei kraftfulle historiene dei fortel, gir han ein ide. Han vil hjelpe dei å nå ut til fleire. Han vil få dei opp på sin heimebane: teaterscenen. Svein får med seg Siri Seim Sønstelie. Ho var på Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall på Tor Itai Keilen.

Svein Tindberg har ide og regien for framsyninga Utafor.

Bilde venstre:Faten M. Al-Hussaini i Jerusalem.Bilde høgre:Tor Itai Keilen ved den omstridde Klagemuren.

Page 8: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

Faten, Yousef, Siri og Tor skal stå på Hovudscenen på Det Norske Teatret for å fortelje sine eigne og andre sine historier om utanforskap. Tindberg er manusforfattar og initiativtakar til prosjektet. Han skal òg har regi på framsyninga. Prosjektet har motteke 400.000 kroner i støtte frå Kulturdepartementet.- Det er så enkelt som at møtet med desse fire ungdommane har endra meg, seier han. - Eg veit noko meir om verda. Eg vil at mange skal høyre det. Han ønskjer med dette å sette einsemd inn i ein ny samanheng.Dei han først og fremst ønskjer å nå, er ungdom. Utanforskap startar i skolegarden.

Unge forteljingarI fjor haust var fleire hundre skoleelevar innom Det Norske Teatret der dei mellom anna møtte Faten, Yousef og Svein. Desse elevane er med på eit stort internasjonalt teaterprosjekt om radikalisering og utanforskap. Som ein del av dette prosjektet hadde dei ein workshop knytt opp mot framsyninga Utafor.

Elevane var med på nokre øvingar på golvet. Dei skulle plassere seg sjølve på ei linje, «ja» på den eine sida, «nei» på den andre. Har du vore med på å halde nokon utanfor? Dei fleste elevane går til «ja». Har du sjølv vore utanfor? Absolutt alle svarar «ja». Og i desse to svara finn Tindberg bodskapen til framsyninga:– Ja, eg har halde nokon utanfor, og ja, eg har kjent på smerta av å vere utanfor. Her har eg konklusjonen om kva denne framsyninga skal vere: Sjå kvarandre da, for pokker!, seier Tindberg.Ungdommane fekk lov til å sende inn eigne forteljingar om utanforskap anonymt. I historiene som kom inn var heile spekteret av utanforskap, og fleire veldig mørke forteljingar. Ungdom som har prøvd å ta sitt eige liv, om eteforstyrringar, alkoholisme i heimen, mobbing. Svein seier at ein kan ta kva for klasse som helst, og ein vil finne slike historier. - Det er så mykje utanforskap, og det er ikkje alltid det er synleg.

Bilde venstre:Yousef Bartho Al-Nahi m.f. frå framsyninga.Bilde høgre:Faten M. Al-Hussaini frå framsyninga.

Page 9: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

Fragment av fleire av desse historiene vil bli ein del av teaterframsyninga Utafor. For Svein er det viktig at ungdommane sjølve føler at deira stemme blir teken på alvor. Dette er ikkje berre teater for ungdom, men med ungdom.

Ikkje for mannfolkI det internasjonale skoleprosjektet har ungdom svart på ei spørjeundersøking. Så langt har rundt 300 ungdommar frå 5 ulike land vore med i undersøkinga. Godt over halvparten svarar at dei er bekymra for framtida. Svein Tindberg kan forstå det:

- Eg er og bekymra for framtida, det er mange mørke skyer. Desse tinga vi snakkar om no, miljøet vårt, verdas utvikling, Trump. Men samstundes veit eg at det finst lyspunkt. Og desse lyspunkta er enkeltmenneske.I enkeltmenneske ligg det håp. Wenche Foss sa ein gong at skodespelar er eit veldig fint yrke, men det passar ikkje for mannfolk. Teater er hjartevarmt og naivt. Små menneskeleg møte som endrar oss. Sånn er det med Utafor, avsluttar han.Svein Tindberg har tru på at dette prosjektet kan endre nokon, gi nokon eit rikare syn på sine medmenneske. Og eit anna syn på dei som trør feil her i livet. Det er teater i kampen mot utanforskap. Og den kampen startar med at vi ser kvarandre.

•Video:Sjå også inverju med Svein Tindberg på YouTube, på kontoen til Applaus Scene.

Page 10: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOR

UTANFOR ER ...

ARTIKKEL

Nancy Herz er menneskerettforkjempar, ei av dei “skamløse jentene” og forfattar av boka Skamløs (Gyldendal) i lag med Sofia Nesrine Srour og Amina Bile.

«Utanfor» er den klumpen i magen, den der du veit at noko ikkje stemmer, og bruker heile oppveksten på å tru at det er deg det er noko gale med.

«Utanfor» er det å vite at du aldri er nok. Norsk nok. Libanesisk nok. Muslimsk nok. Vestleg nok. Flink nok. Snill nok. Rett og slett ikkje god nok.

«Utanfor» er når du opplever rasisme på den eine sida. Negativ sosial kontroll på den andre. Litt mobbing for å gjere det heile vanskelegare, toppa med at det generelt er hardt å vere i puberteten.

«Utanfor» er når desse opplevingane blir diskrediterte, og du blir fortald at rasisme ikkje finst, og at negativ sosial kontroll ikkje finst. Men kvar finst du oppi det heile?

«Utanfor» er den kjensla når du gjer alt du kan for å vere innanfor, og endar opp med å overkompensere for alt som gjer at du er ein «annan». Og i jakta på å bli ein del av «oss» mistar du det aller viktigaste, nemleg ideen om «deg».

Kven er du?Kven er du når alt du er, alt du meiner, alt du trur på, er i eit krysspress? Kven er du, når det er sterke ytterpunkt og krefter som prøver å dra deg til seg? Og ikkje minst kven vel du å vere, når alle prøver å fortelje deg kven du er?

Eg har sjølv opplevd å føle meg utanfor. Då eg gjekk på ungdomsskulen, var eg aldri ein del av «gjengen». Eg ville ikkje vere det heller. Eg gjekk rundt og syntest at medelevane mine var kjipe, og hang heller for meg sjølv eller med dei vaksne. For meg blei flukta religion.Eg tenkte at eg aldri kom til å bli «norsk nok», og satsa heller på å bli «den perfekte arabiske/muslimske jenta».

Ingen fortalde meg at ho eigentleg ikkje finst, og at ambisjonane mine var for høge. Eg skulle bli den beste muslimen i verda, og ikkje minst best på å vere utanfor.

«Eg skal vise dykk kva det betyr å ikkje passe inn», tenkte eg. Og det varte ei stund. Men for meg var dei sjølvpåførte avgrensingane, utanforskapen eg dyrka og som eg mistolka som styrke, og ikkje minst tanken om at eg kunne bli «bra nok», det som heldt prosj ektet gåande.

Å finne balanseEg har brukt mykje tid i etterkant på å finne ein balanse. Då eg slutta heilt å

TEKSTNancy HerzTIL NYNORSK VED Aud Søyland FOTOMaria Gossé/Gyldendal

Page 11: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

tru nokre år seinare, føltest det frigjerande, og riktig. Men så kjem spørsmåla: «Gjer eg dette fordi det er det motsette av noko anna, eller fordi eg verkeleg ønskjer det?» «Lever eg livet mitt slik eg gjer, fordi det er riktig for meg, eller fordi det er det motsette av det foreldra mine ønskjer?» «Kven er eg?»

Utanforskap handlar ikkje berre om ikkje å vere det eine eller det andre. Det handlar om det som skjer når summen av identitetane dine blir opplevd som uforlikeleg, og ingen tar seg bryet med å fortelje deg at det går an å vere «både-og», ikkje «anten-eller».

Eg fann min balanse til slutt, men det kravde noko av meg. Det kravde ei forståing av at det å velje eit ytterpunkt er det enklaste ein kan gjere. Det er ingen heltedåd. Ei forståing av at det krev meir arbeid å vere «både-og» enn å vere «anten-eller». At ein då må tenkje gjennom alle vala og verdiane sine, og spørje kvifor ein har dei, og kvar dei kjem frå.

MenneskeverdDet kravde ikkje minst at nokon såg meg og gav meg eit fellesskap basert på noko anna enn ytterpunkta. For meg handla det om menneskerettar og menneskeverd, og i år er mitt sjuande år som Amnesty-medlem og aktivist. Dette engasjementet gav meg nokre grunnpilarer som eg har lent meg på i etterkant, når eg har danna meg ei meining om noko. Eg kallar dei for «saklegheit», «å vere konsekvent» og «å vere prinsippfast».

Det kravde ein innsats frå foreldra mine, som betalte meg for å vere med venner, frå vennene eg fekk på vidaregåande og som gjorde at eg blei ein del av «gjengen», frå dei som pirka meg i riktig retning. Som ikkje såg på meg som ein «annan», men som sa at summen av identitetane mine er både er tillaten og ønskjeleg.

Å vere «innanfor» er å vite at det ikkje er deg det er noko gale med, men systema som avgrensar deg og tener på den dårlege klumpen i magen som du held for deg sjølv. Skal vi nedkjempe utanforskap, må vi nedkjempe systema, ikkje menneska i dei.

Og ikkje minst så må vi snakke saman.

Boka Skamløs (Gyldendal) av Nancy Herz, Sofia Nesrine Srour og Amina Bile.

Page 12: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOR

Eg er så heldig som får kjenne mange menneske frå forskjellige miljø. Ei jente eg kjenner godt, spurde meg ein kveld mens vi sat og åt kveldsmat: «Kvifor lurer alle på kvar eg kjem frå?» Eg trur det er fordi det er viktig for oss menneske å vite noko om dei vi møter, og kvar du bur, er ein slik kunnskap, svarte eg. «Men kvifor gjentek dei alltid spørsmålet når eg fortel at eg er frå Grorud i Oslo?» spurde ho vidare. Ho fortalde at det er akkurat som om menneska ho møter, ikkje aksepterer at ho er frå Oslo, sjølv om ho er fødd og oppvaksen her. Det er hennar heim, på lik linje med din og min heim. Ho har fleire gonger undra seg over om det er fordi huda hennar er litt mørkare enn mi, fordi foreldra hennar er frå Iran og Irak, eller fordi ho vel å bruke hijab.

Er nokre ”norskare” enn andre?Utanforskap kan kome av mange forskjellige faktorar. Vi har lett for å tenkje at dei som ropar høgast om at «du bør reise tilbake dit du kom frå», er dei som i størst grad bidreg til polarisering og kjensla av å ikkje høyre til. Heldigvis er ikkje slike opne, intolerante utsegner daglegdags. I Noreg møter ein dette nokså sjeldan, dersom vi ikkje reknar med dei såkalla nettrolla som stadig spyr ut eiter og galle mens dei gøymer seg bak skjermens skjold. Utsegna «kvar kjem du frå» er derimot allemannseige for dei av oss som har hatt gleda av å ha slekt tilbake til ei svunnen tid i landet.I dei fleste tilfelle er ikkje dette vondsinna eller vondt meint, men samtidig har det ei ekskluderande kraft nettopp fordi det ber med seg ei oppfatning av at nokre er «norskare» enn andre.

Utanforskap kan føre til ekstremismeI framsyninga Utafor får vi høyre fire menneske som fortel om utanforskap. Nokre har stadig vekk følt at dei har levd og eksistert på ein eigen planet midt blant oss, andre har opplevd ytste konsekvens av kva eit samfunn kan bli påført av liding og død, som følgje av ekstremisme og terror. Yousef, som er ein av deltakarane, var tidlegare på veg inn i ekstremisme. Han fortel at

KVAR KJEM DU FRÅ?

Geir Lippestad er tidlegare styreleiar i Just Unity, lokalpolitikar for Arbeiderpartiet i Oslo og forsvars-advokat. Han har mellom anna ført forsvaret for Ole Nikolai Kvisler og Anders Behring Breivik.

TEKSTGeir LippestadTIL NYNORSK VED Aud Søyland FOTO

Page 13: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

under ein demonstrasjon fleire ytterleggåande grupper heldt i Oslo, fekk han auge på mor si i mengda. Han fortel at auga hennar utstrålte varme, kjærleik og fortviling over valet sonen hadde teke. I den augneblinken kjende han på kjærleiken til familien sin, og dette blei vendepunktet som førte til at han valde ein annan veg, bort frå radikalisering og ekstremisme.

Eg synest Yousefs historie er så sterk, nettopp fordi ho beskriv eit behov alle vi menneske har for å føle at vi har verdi for andre individ og samfunnet vi lever i. Årsakene til utanforskap kan vere mange, men eg trur det er riktig å seie at dei som ikkje opplever anerkjenning og aksept i eit samfunn, også føler mindre lojalitet og dermed har kortare veg ut av fellesskapet og inn i einsemda. Eller, i verste fall, kortare veg til grupper som står med opne armar nettopp fordi hatet til samfunnet er limet som held gruppa samla. I søkinga etter å finne sin plass i samfunnet er det ikkje alltid det aktivt fordømmande mennesket som er det største problemet. Det er alle dei tause, likeglade, dei som eigentleg ikkje bryr seg, som er den største utfordringa for eit skjørt sjølvbilde. Alle ønskjer ein plass i samfunnet, og får vi ikkje ein plass, tek vi ein som er ledig.Dei sist tilgjengelege billettane er ofte i yttergrensene av samfunnet, men for dei som vel den vegen, kan det verke forlokkande. Endeleg ein stad å bli sett.

Det globale bygdedyretI mange år har eg arbeidd med menneske som er straffedømde. Gjennom oppveksten deira er dei ofte omtala som verstingar eller samfunnstaparar. Ein av dei mangeårige klientane mine har lært meg det aller mest sentrale om omgrepet menneskeverd. Han fekk sjanse til å spele hovudrolla i eit skodespel som fengselet skulle setje opp for befolkninga i byen, og utførte oppgåva over all forventning. Han song, og hadde lært all tekst utanåt, også den som var på engelsk. Etter framsyninga fekk han ståande applaus. Denne tøffe, unge mannen gret på premierefesten. Då eg spurde han kvifor, såg han på meg og sa: «Eg kan ikkje hugse at nokon har klappa for meg. Nokon gong.» Eg kjenner hans journal frå livsens start. Han har aldri fått det

Page 14: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

privilegiet det er å føle anerkjenning og respekt.

Viss vi tenkjer oss ein kvardag der vi blir latterleggjorde, mistenkeleggjorde og nedvurderte på dagleg basis, kven av oss hadde klart å bli den beste utgåva av seg sjølv?

Er det ikkje det verste i oss som vaknar, når det er nettopp det samfunnet forventar og tilbyr? Kvart eit samfunn har behov for å diskutere kven vi er, og om alle har ein plass. I det gamle bygdesamfunnet var det enkelt å setje fingeren på guten som valde å elske ein annan gut. Jenta som blei gravid utanfor ekteskap. Familien som fekk ein psykisk utviklingshemma son, dei fattige eller dei som var tilflyttarar frå nabobygda. Dette fenomenet hadde til og med eit namn – «bygdedyret». Det var dei mot oss, vi er dei rettskafne, det er dei som ikkje høyrer til. I dag fnyser vi av denne måten å behandle menneske på, men i den globale verda vi lever i, har bygdedyret vakse seg endå større og sterkare. No har vi fleire å peike på, fleire å rynke på nasen til, fleire å spørje «kvar kjem du frå? Kvifor er du her?».

Å bli kjend med det ukjendeDei samfunna som i framtida meistrar mangfaldet på den beste måten, vil også bli dei tryggaste og mest spennande stadene for oss menneske å bu. Menneske er forskjellig – vi er gamle, unge, har nedsett funksjonsevne, kjem frå forskjellige land. Vi vel å leve åleine eller i kollektiv. Nokre dannar familie, andre gjer det ikkje. Vi elskar den som passar best for oss. Vi ber med oss den kulturen og dei tradisjonane som foreldra våre har gitt oss. Nokre vel å tru på ein gud, andre vel å tru på andre ting. Inkludering handlar ikkje om at vi skal vere mest mogleg like, men at vi skal respektere og anerkjenne kvarandre for dei vi er.

Eg kjenner på fordommar i meg sjølv kvar dag.Tillèt eg meg sjølv å bli kjend med det mennesket eg er usikker på, fell fordommane til jorda. I denne framsyninga får vi høve til å møte fire forskjellige menneske som alle har gjort forskjellige val. Gi dykk sjølv den gåva det er å få ta del i deira perspektiv for ein kveld. Eg er heilt sikker på at det vil gi viktige erfaringar. Vi har alle eit ansvar for at det ikkje er dei som skrik høgast og mest brutalt, som styrer samfunnet. Det viktigaste er at fleirtalet bryr seg, at vi ser og møter enkeltmenneske der dei bur og lever, på butikken, skulen, jobben eller i nabolaget. Hugs at eit hyggeleg blikk eller eit smil kan vere nok til å forandre livet til eit menneske.

Page 15: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOROPPGÅVER

Oppgåve 1: Kunst i kampen mot ekstremisme

Spørsmål: Kva kan teater gjere? Form: Lese, sjå video, reflektere. Fag: Norsk, samfunnsfag, KRLE, drama

Les artikkelen «Tru, håp og teater» i dette studiemateriellet, og sjå videointervju med regissør Svein Tindberg på YouTube. Tindberg kallar framsyninga «teater i kampen mot ekstremisme», og fortel kva han meiner teater kan gjere for menneske og for å minske kjensla av utanforskap.

• Ifølgje Tindberg: på kva måte kan teater bidra positivt i kampen mot ekstremisme?

• Kva er det teater kan, som t.d. ein artikkel eller ei bok ikkje kan? • Etter å ha sett framsyninga: Kva for forteljingar om utanforskap og

ekstremisme er det vi møter her? • Kva meiner du? Kan teater og kunst gjere ein skilnad i kampen mot

terrorisme og utanforskap? Diskuter kvifor/kvifor ikkje. • Diskuter: kva er skilnaden på ein fagartikkel/fagbok og ei kunstnarleg

skildring av eit tema? Kva er fordelane og ulempene med dei to ulike sjangrane?

Oppgåve 2: Kvar kjem du frå?

Spørsmål: Er det mogleg å bli fødd utanfor? Form: Lese, reflektere Fag: Samfunnsfag, norsk, KRLE.

Les teksten «Kvar kjem du frå?» av Geir Lippestad, og teksten «Utanfor er…» av Nancy Herz. Reflekter rundt desse spørsmåla, anten individuelt eller i små grupper: • Har du nokon gong fått spørsmål om kvar du kjem frå, eller sjølv spurt

nokon om kvar nokon kjem frå?

Oppgåver til framsyningaHer er oppgåver som er relevante for framsyninga Utafor. Nokre av desse oppgåvene var del av eit internasjonalt skoleprosjekt kalla Nadia. Her skulle elevar frå ulike land samarbeide på Facebook, og løyse ulike oppgåver og undersøke tema som utanforskap og radikalisering. Elevar i Noreg var med i dette prosjektet. Dei norske elevane såg framsyninga Utafor som ein del av opplegget. Her finn du nokre av desse oppgåvene, i ein tilpassa versjon, samt nokre nye oppgåver. Nokre av oppgåvene krev at de ser framsyninga først, medan andre står meir fritt.

Tips: Du kan også sjå framsyninga Abrahams barn, av og med Svein Tindberg, som digitalt teater.

Page 16: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

• Kva trur du er grunnen til at vi vil vite kvar folk kjem frå? • Kva for identitetsmarkørar ved eit menneske gjer at ein blir nysgjerrig på

kvar vedkommande kjem frå? (utsjånad, måten ein snakkar, korleis ein oppfører seg, osb.)

• Dei fleste har opplevd situasjonar der dei har følt seg utanfor på ein eller annan måte. Har du nokon gong følt at du ikkje passa inn, eller har blitt aktivt halde utanfor ein situasjon? Korleis følte du i så fall det?

Diskuter i klassen: • Kva betyr mest: Kvar du er fødd, kvar du har vakse opp eller kvar du bur

no? • Er det mogleg å bli fødd utanfor? Er det andre som plasserer deg utanfor?

Kan ein sjølv plassere seg utanfor?

Oppgåve 3: Eg er NEET

Spørsmål: Kven er mennesket bak tala? Form: Lese, reflektere, skrive Fag: Norsk, samfunnsfag

Her finn du artikkelen: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/hvordan-gar-det-med-unge-som-faller-utenfor

Les artikkelen «Hvordan går det med unge som faller utenfor?» frå Statistisk sentralbyrå. Dette er ein fagleg gjennomgang av unge som stod utanfor utdanning, opplæring eller arbeid (såkalla NEET) i 2012, og ser på utviklinga i denne gruppa i åra 2008-2017.

Spørsmål til teksten: • Basert på denne teksten, kva er dei viktigaste grunnane til at unge

hamnar utanfor i samfunnet? • Korleis gjekk det med dei fleste som var med i denne undersøkinga frå

2012?

Skriveoppgåve: Skriv ein skjønnlitterær tekst på ei A4-side basert på informasjonen i denne teksten. Ta utgangspunkt i ein person som høyrde til denne NEET-gruppa i 2012. Kven er denne personen? Korleis ser vedkommande ut? Kva er årsaka til at denne personen var med i denne statistikken? Korleis har denne personen det no, i 2020, åtte år seinare? Kva drøymer denne personen om?

Ver medviten om kva type sjanger du skriv innanfor, og følg sjangerkrav. Skriv gjerne på nynorsk!

Faktaboks: NEET er ei forkorting for «Not in Education, Employment or Training» som på fagspråk blir brukt om ungdom utanfor arbeid, utdanning eller opplæ-ring.

Page 17: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

Oppgåve 3: Kvifor reiser dei frå landet sitt? Spørsmål: Kvifor vel unge menneske å forlate landet dei bur i? Form: Research, skrive ein tekst. Fag: samfunnsfag, norsk

Kvifor vel unge menneske å forlate landet dei bur i? Vi trur at mellom 4000 og 20 000 menneske har reist frå europeiske land for å bli med i kalifatet dei siste åra.

1. Research: Søk på internett etter historier om menneske som har reist for å bli med i kalifatet. Gå inn på www.searchingfornadia.eu/resources for bakgrunnsinformasjon. Kanskje finn du intervju med folk som angrar på at dei drog, folk som kom tilbake, eller intervju med vener og familie til menneske som har dratt? Prøv å finn ut kvifor dei drog.

2. Skriveoppgåve: Vel ei av dei desse oppgåvene:

• Vel ein ung person med ei historie du finn interessant. Bruk dette som eit utgangspunkt for ei fiksjonshistorie i første person eintal (ei “eg”-forteljing). Du kan skrive ho som eit brev eller ei novelle. Skriv denne historia der du fortel om kvifor du valde å reise, og kva du håpa du skulle finne på denne nye staden. Avslutt historia med eit bodskap til dei menneska du reiste frå i heimlandet ditt.

• Basert på informasjonen du har funne om temaet, skriv ei fiksjonshistorie som eit brev eller ei novelle. Skriv frå synsvinkelen til ein ven eller ein familiemedlem til nokon som har reist til kalifatet. Forklar kva som har hendt. Kva seier du til ein som har valt å ta eit så radikalt steg? Forstår du kvifor personen valde å reise?

Oppgåve 4: Handling

Spørsmål: Korleis kan eg forbetre klassa mi, skolen min, landet mitt? Form: Individuelt tankekart, diskusjon i plenum. Fag: samfunnsfag, KRLE, norsk.

Mange unge menneske dreg til kalifatet med eit håp om å bygge eit idealsamfunn der. Dei tenkte dei ville kjenne seg heime saman med likesinna, kunne praktisere trua si, gjere heltedådar og bygge det dei oppfattar som eit godt samfunn. Tenk deg at du kunne bygge ditt idealsamfunn. Korleis skulle det vere?

1. Idemyldring: Første del er ei individuell oppgåve. Kvar elev får tre A4-ark.

Page 18: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

Ark ein: «La oss bli kvitt …»

På toppen av det første arket skriv kvar elev «La oss bli kvitt …» Gi elevane to minutt til å skrive opp så mange svar som mogleg på kva dei kunne tenke seg å bli kvitt. (Moglege svar kan vere å bli kvitt reglar, heimearbeid, krangling, mobbing, fattigdom, rasisme osv.)

Ark to: «La oss gjere meir …»

På toppen av det andre arket skriv kvar elev «La oss gjere meir …» Gi elevane to minutt til å skrive opp så mange svar som mogleg på kva dei kunne tenke seg å gjere meir av. (Moglege svar kan vere å smile meir, synge, sove, fleire gode gjerningar osb.)

Ark tre: «La oss slåst for …»

På toppen av det tredje arket skriv kvar elev «La oss kjempe for … “ Gi elevane to minutt til å skrive opp så mange svar som mogleg på kva dei kunne tenke seg å gjere meir av. (Moglege svar kan vere å kjempe for likskap, fred, vennskap, lengre feriar osb.)

2. Diskusjon: Jamfør svara. Er det nokon idear som fleire/alle delar? Korleis er dykkar idealsamfunn?

3. Kampanje/aksjon: Vel ut nokre av svara og lag ein kampanje eller ein aksjon for å forbetre det sosiale miljøet. (Moglege handlingar kan vere: alle elevane bestemmer seg for å seie “god morgon” til folk dei går forbi på gata, legge hyggelege meldingar i postkassa til folk i nabolaget, sende ein hyggeleg SMS til nokon dei ikkje har snakka med på lenge, skrive eit brev til statsminister Erna Solberg osb.)

Klassa bestemmer seg for å gjere noko som de føler vil gjere miljøet betre i klassa, på skolen eller i heile samfunnet. Gjer greie for aksjonen og kva de vil oppnå.

Den neste veka skal heile klassa prøve ut denne aksjonen.

4. Evaluering: Etter ei veke har heile klassa gjennomført ein kampanje/ei handling. Snakk om resultatet av kampanjen:

• Kva gjorde de og korleis gjekk det? • Fekk de nokon respons frå folk som opplevde det? • Korleis opplevde elevane sjølve at det var? • Er kampanjen noko de kunne tenke dykk å halde fram med? Skriv ei oppsummering av evalueringa.

Merk: Det finst ingen rette eller galne svar i denne oppgåva, det spelar inga rolle om svara gjeld personlege eller meir generelle ting.

Page 19: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

Oppgåve 5: Skriv teaterkritikk

Spørsmål: Korleis var det å sjå teater digitalt? Form: Individuell skriveoppgåve Fag: Norsk, drama

Ein teaterkritikk skal både beskrive handling og tema i framsyninga og diskutere korleis dette er løyst på scenen. Til slutt er det ein konklusjon som vurderer om handling og tema er behandla på ein god måte, som enkeltelement og i heilskapen.

Var det ei god framsyning? Kvifor – kvifor ikkje? Viss ein kritikk skal vere interessant for andre å lese, er det viktig ikkje å berre skrive «god» eller «dårleg», men prøve å forklare for lesaren kva som var bra eller dårleg. Fleire teaterkritikarar i avisene nyttar i dag terningkast. Det er ein visuell og effektiv måte for å vise fram den heilskaplege vurderinga. Men eit terningkast må stå saman med ein tekst som grunngir korleis du landa på dette terningkastet.

Dei verkeleg gode teaterkritikkane er meir enn ei rein kvalitetsvurdering av framsyninga. Dei klarar kanskje å løfte diskusjonen om framsyninga inn i ein aktuell samfunnsdebatt og plassere teaterhendinga i ein større samanheng. Teater er augneblikkskunst, og på denne måten kan ein vise korleis framsyninga kan opplevast her og no.

Akkurat denne framsyninga er digital, ved at ho er filma. Dermed kan ein argumentere for at det ikkje er teater du no har sett, fordi teateropplevinga tilseier at du sit i salen og ser skodespelarar på scenen saman med andre publikummarar. Altså at de er på same stad til same tid. Ta derfor også med i vurderinga di korleis det var å sjå denne filma versjonen av framsyninga.

DEL 1: Beskriving • Kva handlar stykket om? (skriv eit kort resymé) • Kva for tema eller problemstillingar vil du seie er viktige i denne

framsyninga? • Veit du noko om forfattaren, iscenesetjinga eller teksten som kan vere

relevant å ta med? • Kven hadde regien? • Beskriv scenerommet og korleis dette blei brukt.

DEL 2: Diskusjon

Vurder dei ulike komponentane på scenen. Her treng ein ikkje å ta med alt, men det ein synest er vesentleg å diskutere. T.d. har nokre framsyningar ein scenografi som utmerkar seg positivt eller negativt. Spelemåte og manus

Page 20: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

kan vere andre vesentlege element å diskutere. Dette må du vurdere frå gong til gong. Kvart element kan bli vurdert i seg sjølv og i heilskapen. Diskuter korleis desse komponentane prega opplevinga, bodskapen og deg som publikummar. Her er tips til korleis du kan vurdere personane (rollene/ skodespelarane), scenografien og dramaturgien.

Personane: • Skriv ein karakteristikk av dei viktigaste personane i stykket. • Korleis vil du beskrive forholdet mellom dei? Kva for fellestrekk og

kontrastar er det mellom dei? • Endrar personane seg i løpet av framsyninga (dynamiske)? Kva er det

som eventuelt gjer at dei endrar seg? • Kva for bipersonar møter vi, og kva for rolle spelar dei i framsyninga? • Legg merke til korleis karakterane blir framstilte. Det er mykje som kan

forteljast med kostyme, kroppsspråk, språkbruk, lys og musikk.

Scenografi: • Kva for verkemiddel er brukt for å framstille miljøet? Korleis er scenen

utforma for at vi skal bli betre kjent med staden handlinga utspelar seg og tida det skjer i?

• Kva for funksjon har bruken av lys, lyd og musikk?

Dramaturgi: • Korleis er handlinga bygd opp? Er ho kronologisk, er det tilbakeblikk og

parallellhistorier? • Bygger framsyninga opp mot eit høgde- eller vendepunkt? Korleis er

avsluttinga?

DEL 3: Vurdering

Til sist skal du komme med ei vurdering og trekke fram dei viktigaste funna frå analysen din. Kva tykkjer du om framsyninga under eitt? Kva dreg opp, kva dreg ned? Blei tematikken behandla på ein god måte? Er dette ei relevant framsyning å vise i vår tid? Går framsyninga inn i ein aktuell samfunnsdebatt? Kven passar ho for? Til sist kan du trille eit terningkast, om du vil.

Tips: Etter at elevane har skrive eigne teaterkritikkar, kan det vere spanande å sjå kva meldarar i dei store avisene meinte om framsyninga.

Page 21: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOR

Bakveggen er som kompakt mur. På golvet ligg flytt-bare element av muren. Ein stad står ein mikrofon på eit stativ. Den vert brukt under filmane.

Alle kjem inn i mørkeret, sit rundt på scena.Musikk - A Glashav (Versjon A DNT, 5:38.Film - Klipp av hav, flyktningar, elevar, nyheiter osv.

Alle slå på lys på mobilane sine. ”les frå mobilen.”

HANNAHI starten var det blikking og fnising. Så kommenta-rar, spytting, slag. Dei andre berre visste at eg var eit lett offer.

ADADet er så vanskelig å bli kjent med noen her. Språ-ket er som greiner, umulig å komme gjennom.

SEBASTIANBestevenen min er saman med andre no og spør ikkje om eg vil vere med på ting. Pappaen min har starta ein ny familie og flytta langt vekk. Både pap-paen min og bestevenen min har bytta meg ut.

UTDRAG

Musikk – Pianotema (1:10)

KEVINDet er som å være et spøkelse. De få gangene jeg faktisk snakker er det som om de ikke ser eller hø-rer meg. Jeg er luft. Jeg er glass. De bare snakker videre uten å merke ordene mine.

NICOLEEg er den einaste på trinnet med dysleksi. Dei andre jentene trur det er ein sjukdom. Eg har fleire gonger tenkt på å ta livet av meg fordi eg ikkje er verdt noko.

BÅRD ELIASI helgene legg dei ut bilde. Alle smiler. Alle ser glade ut. Ingen ser meg. Eg er usynleg.

AMISHAJeg føler meg for mye norsk for utlendinger og for mye utlending for de norske. Jeg kan liksom aldri være den ekte meg.

LINDEEin sommardag ringde pappa og fortalte at han skulle flytte tilbake til heimlandet sitt fordi han ikkje hadde nokon her. Hadde han ikkje nokon her? Kva med meg da?

Alle reiser seg. Dei står og ser på filmen på bakveg-gen.

Dans og skift + Steinskift til Domino

Yousef, Faten, Tor og Siri går mellom steinane.Kevin dytte steinane, Sebastian tek imot dei, alle dei unge spring ut.Yousef, Faten, Tor og Siri er att på scena.

UTDRAG FRÅ MANUS 1Første akt, opningPå Scenen: Alle.

Page 22: UTAFOR - Amazon Web Services...Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall

XXXXXX DET NORSKE TEATRETUTAFOR

UTDRAG FRÅ MANUS 2Scene 1På scenen: Faten, Tor.

UTDRAG

Bildet av Faten.

FATENDet er rart å tenke på at hun lille jenta der skulle bli det mennesket som skaffet NRK så mye bråk. Se på alle de krøllene, ikke rart jeg begynte med hijab. Jeg var nemlig den første programlederen i norgeshistorien, ja, jeg tror søren meg jeg var den første programlederen i hele Skandinavia som brukte hijab på TV. NRK har aldri fått så mange klager. Seriøst. Aldri. Jeg slo Skavlan, som hadde den gamle rekorden.

(Ho les frå nokre av klagane på mobilen.)

Døgnet rundt fikk jeg meldinger: «Du er ikke norsk», ”Pell deg ut av landet”, «Du blir aldri norsk», «Ha, ha. Hun sandnerger`n der er ikke norsk»

TORSandneger?

FATEN Araber. 6000 klager pga dette.

(Leser)

«Se å ha deg hjem der du kåmmer fra!

TORKåmmer med å!

FATENNår du ser de meldingene her, er det to ting som går igjen - hat og stavefeil.

Ofte føles det som jeg ikke har noen tilhørighet til Norge i det hele tatt, så jeg bestemte meg for å dra ett år til Irak for å finne ut om det var bedre der, men i Irak var det akkurat det samme; ”Hvor kommer du fra? Du er ikke iraker.”

En dag, mens jeg var i Irak, gikk det av en bilbom-be foran meg da jeg var på vei til butikken. Jeg ville snu og løpe hjem, men da gikk det av en ny bombe bak meg. Jeg ble bare stående der, livredd. Jeg ble ikke skadet, men gjennom lufta … Det fløy kroppsdeler gjennom lufta. Jeg var 11 år. Kroppsdeler gjennom lufta. Du glemmer ikke det. Den dagen begynte jeg å hate.