St. Olav-komplekset

14

description

Hardkokt spøkelsesforteljing av Arild Rein

Transcript of St. Olav-komplekset

Page 1: St. Olav-komplekset
Page 2: St. Olav-komplekset

1

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 1

Page 3: St. Olav-komplekset

Arild Rein

St. Olav-komplekset

Roman

SamlagetOslo 2014

3

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 3

Page 4: St. Olav-komplekset

For Helge P.

You better believe in ghostsbecause soon enough you toowill become one

– Lydia Lunch

4

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 4

Page 5: St. Olav-komplekset

01

Ti sekund etter at Fritz Hellman hadde skrudd på mobi-len, freste han i bukselomma lik ein elektrisk støyt. Hanheiste seg opp i bilsetet og trekte opp mobilen. Trafikkenvar tung og snigla seg som ein uendeleg makk innovermot Melbourne sentrum. Han hadde køyrt i tjuefemtimar. Klokka var ikkje meir enn sju om morgonen. Bikkjahans, den amerikanske staffordshireterrieren Joe, sat ipassasjersetet. I baksetet låg jentungen og sov som eitbarn. Han opna sms-en. Meldinga var frå ekskona: «Fardin er daud.» Han kjende ingenting. «Far din er daud.»Så slo det inn som eit støvelspark i magen. Han opnavindauget og tende ein sigarett. Fullasta trailerar drønnaforbi. Dei rumlande brøla frå desse dinosaurane på hjulhøyrdest ut som om dei kom kvelvande ut frå jordasindre. Han visste at denne dagen ville komma, men hanhadde aldri sett fram til han. Han kryssa Yarra River ogvar heime etter nok ein vellykka turné, den første etterkollapsen. Han hadde køyrt hardt og fort, og nakken varstiv og spent som ei fjør. Utan amfetamin hadde det voreumogleg å køyra Agnes Water–Melbourne nonstop. Detvar berre fire dagar sidan han hadde selt unna det siste

5

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 5

Page 6: St. Olav-komplekset

partiet med hydro og sat åleine i sommarregnet i bas-senget på Carmlet Motor Inn i Bundaberg og drakkbrandy medan han såg på dei gigantiske flokkane medfruktflaggermus som gjorde den flammeraude kvelds-himmelen svart som olje, og kunne ikkje anna enn ågrøssa av naturens under. Og berre tre dagar sidan hantrefte jentungen på den milelange og folketomme strandai Agnes Water. Det var ikkje planlagt. Det skjedde berre.Og etterpå gjekk han og jentungen til campinghyttahans og knulla så rasande at ho blei redd. Gradestokkennærma seg tretti grader allereie. Det lyse håret hans klistra seg til kraniet. Den tjukke sveitten rann i ukon-trollerte bekkar på innsida av skjorta. Alt hadde endraseg då arbeidsgivaren hans drog til Balkan for å kjempafor fedrelandet mot muslimane: «Desse rottene som drogned buksene og lét tyrkarane knulla dei i ræva for sekshundre år sidan og framleis klynkar av nyting.» Hanskjøna faen ikkje kva Goran Tanic babla om. Fyren varaustralsk statsborgar og hadde ingenting på Balkan ågjera. Men ein ting skjøna han: Goran Tanic hadde øyde -lagt livet hans med det jævla tøvet sitt. No var det einhorde med lågpanna analfabetar han gjorde businessmed, og han visste faen ikkje kor lenge han orka det.Han hadde konsentrert seg om uviktige personar altforlenge. Folk han ikkje brydde seg om. Folk han aldri villerisikert livet for. Tvert imot. Han stoppa på raudt lys ogkikka bort på det døgnopne bordellet som låg på gate-plan i det nyoppussa forretningsbygget. Melbournehadde ikkje noko red light district. Det hadde politika-

6

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 6

Page 7: St. Olav-komplekset

rane bestemt. I staden låg bordella spreidde rundt i byensom små, usynlege vardar. Tre smilande og skjeggetemenn i kritkvite kjortlar kom ut frå bordellet. Ein haddekjeften full av gull. Ein annan hadde eit skeivt smil somfekk han til å tenka på faren. Han rista på hovudet oggrynta som ein gris. Eit bilde av Goran Tanic på turist -visum kravlande rundt i fjella på Balkan med automat -våpen, bajonett og handgranatar poppa opp i skallen.Han hadde sett det altfor mange gonger. Okei folk var istand til å gjera forferdelege ting. Han sette ToyotaHilux-en i gir igjen. Korfor kunne ikkje fanatikarar avalle slag møtast på bordell i staden for å springa rundt ogskjera halsen over på kvarandre? Når rognposen er tom,blir alle litt rolegare. Han tørka sveitten i andletet medhandbaken og retta litt på gebisset i underkjeven. Kjeftenvar kvit og tørr som mjøl. Han kikka i spegelen og svingaav frå St. Kilda Road og inn i Carlisle Street. Jentungenvar vaken og sat og såg ut vindauget utan å seia eit ord.Det digre solbleikte rastahåret stod til alle kantar. Ifølgjeden kinesiske astrologien var ho ei rotte nett som han.Den einaste skilnaden var at ho var tjuefire år yngre ennhan, og eitt år yngre enn sonen hans, Adam. Medan deisat og åt frukost oppe i Agnes Water, hadde jentungenplutseleg, ut av det blå, spurt korfor han såg så ulykkelegut. Han var ikkje ulykkeleg. Han hadde aldri vore ulykke -leg i heile sitt liv, men han hadde sjeldan lyst til å le. Oghan var alltid roleg. Kanskje det var det som fekk folk utav fatning og mistolka han? Han visste ikkje. Han varførtifire år, men det kunne ingen sjå. Det var som om

7

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 7

Page 8: St. Olav-komplekset

metabolismen i kroppen hans heilt hadde stoppa opp.Som om nokon hadde dyppa han ned i sjølvaste ung-domskjelda. Kanskje det var alt dopet han hadde tatt?Ekspertane meinte det endra metabolismen og bremsaaldringsprosessen. Ikkje ein kjeft tok han for å vera eindag over trettifem. Sjølv hadde han dei ti siste åra sagt athan var trettito, til folk han ikkje kjende. På fortauetframfor 33 Carlisle Street stod Sjølvmords-Sandra i einblomstrete hippiekjole og klødde seg manisk i håret, påoverarmane og på leggane, som om heile kroppen var fullav lopper og lus. Ho var høg som ei radiomast på dop.Gatene rundt her var fulle av folk som henne. Ingensnudde seg og såg etter dei lenger. Fordi dei skamma segover å vera så på trynet, forventa dei ei slags ømheit i allefall han ikkje kunne gi. Sjølvmords-Sandra var endå ei avdesse ikkje-venninnene han verken hadde tid eller kreftertil å bry seg om. Og ho var ubrukeleg til sex. Ho sleppteut slike merkelege, rautande kulydar at menn mista lysta.Han fann fram remotekontrollen utanfor leilegheits-komplekset, opna metallporten og køyrde inn.

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 8

Page 9: St. Olav-komplekset

02

Den lange, kvite bygningen i to etasjar var ikkje meir enntjuefem år, men bar tydeleg preg av forfall og dårleg ved-likehald. Malinga flassa av veggane. Søppel låg og flautrundt hushjørna. Han hadde tatt kontakt med eigarinnafor seks veker sidan og fortalt henne at ventilasjonsanleg-get var reine rottemotorvegen. Ho hadde takka han høf-leg for informasjonen, sagt ho skulle få folk til å sjå pådet med ein gong. Ingenting hadde skjedd. Er det her dubur, Gary? sa jentungen og smilte. Engelsken hennar varperfekt, men med ein tydeleg skandinavisk aksent. Dethadde tatt han nesten tjue år å fila vekk aksenten sin. Vel-kommen til St. Kilda og kongeriket mitt. Gary Spencervar berre eitt av dekknamna han brukte. Han sette bilenfrå seg på parkeringsplassen på baksida av bygningen oggjekk ut av bilen med Joe hakk i hæl. Han strekte deistive og sure musklane, og bikkja gjorde det same. Deivar eit samansveisa team. Joe, bestevennen og våpenethans, følgde han overalt som ein skugge. Jentungen komkrypande ut frå baksetet. Ho myste opp mot himmelenog blotta ein perfekt mage under den utvaska T-skjorta.Han løyste stroppene på lasteplanpresenningen. Han

9

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 9

Page 10: St. Olav-komplekset

heiste opp ein svart sportsbag og eit par armyboots ogbegynte å gå mot trappeoppgangen, som låg på utsida avbygget. Jentungen drog fram ryggsekken sin og følgdeetter. Han gjekk opp trappene og sette nøkkelen i døra tilleilegheit 213, opna og slo på airconditionen. Leilegheitalikna eit lurvete motellrom frå ein lågbudsjettfilm. Eidobbeltseng. Ein liten sofakrok med ein TV og eit litekjøkken med eit rundt bord. Borte ved dobbeltsenga eidør inn til eit knøttlite bad. Leilegheita var ikkje meirenn tjuefem kvadrat. Han skjøna med ein gong at dethadde vore folk i leilegheita medan han hadde voreborte. Det var noko med lukta. Han stivna til. På kjøkken - bordet stod ein skoeskeaktig pakke han aldri hadde settfør. Du kan setja ryggsekken frå deg borte ved senga, sahan. Han sette bagen og bootsa ned på golvet og vannigjen kontrollen ved hjelp av raseriet sitt. Han opnabagen, tok toalettveska med seg og gjekk ut på badet.Han fann fram barbersaker, tannbørste og kam. Det varikkje før toalettsakene var på plass, han var heime. Då hankom ut frå badet, låg jentungen splitter naken i dobbelt-senga og stira i taket. Kan eg låna dusjen? Du finn hand-klede i hylla under vasken. Jentungen spratt opp og for-svann inn på badet før han fekk kjærteikna den perfektekroppen. Ho gjorde han ung og kåt, medan ho heilt klartblei eldre av å vera med han. Han gjekk bort til ytter-døra, opna henne og studerte dørkarmen og døra. Ingenteikn på innbrot. Dei jævlane hadde nøkkel. I kjøle -skapet fann han fram hundemat til Joe og ein frukostøltil seg sjølv. Han fylte drikkekaret til bikkja med kaldt

10

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 10

Page 11: St. Olav-komplekset

vatn og spretta ølflaska. Så drog han fram mobilen fråbukselomma. Han las sms-en frå ekskona ein gong til:«Far din er daud. Du kan ringa onkelen din: +4748319391.Han sa noko om ein eksplosjon, men engelsken hans varså dårleg at eg ikkje fekk med meg alt.» Han hadde ikkjehøyrt eitt ord frå ekskona på fire år. Dei hadde berre for-svunne frå kvarandre på nattehimmelen som mørklagdefly. Dei hadde halde litt kontakt det første halve året etterskilsmissa på grunn av Adam, men etter at Adam flyttatil Sydney og heilt braut kontakten og Eva gifta seg på nyog fekk ein unge i rekordfart, var det slutt på all kommu-nikasjon. Det var han heilt komfortabel med. Eva haddesett fram krav som det var umogleg for han å innfri.Nokre aksepterer den typen ting. Han gjorde det ikkje.«Eg vil bli gravid igjen.» Det var denne setninga somstarta alt. Berre tanken på å få nok eit barn med det krav-store og dumme mennesket, var grotesk og heilt uaktu-ell. Han hadde nådd det punktet at han – utan å lukkaaugene – kunne sjå for seg det monstrøse og raudhårahovudet til det som kom til å bli avkommet deira. Detskaka han og gjorde han kvalm. Adam og Eva hadde blittfullstendig uviktige for han. Å møta livet som ein nybyg-gar var hans ideal. Han fortente litt omsorg og velværeno. Livet baud ikkje på for mange dagar med sol ogglede. Men ein ting skulle ekskona ha, utan henne haddehan aldri blitt australsk statsborgar. Han tok ein ny slurkav ølen. Det var tjueto år sidan han hadde sett far sin sist.Då var gamlingen yngre enn han var no. Eit bilde avfaren kledd i lys sommardress og blåstripete slips fór

11

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 11

Page 12: St. Olav-komplekset

igjennom skallen. Han tende ein røyk. Han måtte haduppa av, for då han såg bort på sigaretten, var det berreei klo av oske igjen av han. Ein dump lyd, som omnokon slo på ein skrott med ein kjepp, høyrdest frånaboleilegheita. Så gråt og spetakkel. Dei parpirtynneveggane gjorde det umogleg for han å sleppa unna dessekrapyla. Ingen ønskte å bu på sånne bisarre plassar somdette, bombardert av lyd og lort tjuefire timar i døgnetåret rundt. Han hadde latt ekskona sitja igjen med hus,bil og møblar. Alt han tok med seg, var ein søppelsekkmed klede og to småesker med bøker. Han orka ikkje åkrangla om ting. Han likte å reisa med liten bagasje.Starta ein på ny, kunne ein like godt starta heilt på bot-nen. Då fanst det berre éin farbar veg – opp mot lyset.Han hadde alltid innbilt seg at livet ordnar opp i ting påeiga hand. Han hadde aldri planlagt noko. Var ein istand til å akseptera det livet hadde å tilby, gjekk det somregel ikkje så verst. Det gjaldt berre å ha så låge forvent-ningar til folk og fe som mogleg. Då blei alt som komrekande inn i livet av ørsmå gleder, reine bonusen. Somjentungen, som hadde gitt han kroppen sin omtrent somei mor gav tåteflaske til eit uroleg barn. Alt var så ukom-plisert med jentungen. Det var fordi dei ikkje kjendekvarandre. Eller orka å rota i fortida til kvarandre. Ågløyma var ein av dei få luksusane i livet. Eska på kjøk-kenbordet var pakka inn i grått papir. På toppen av eskahadde nokon skrive med barneskrift: «Dette er ikkje eibombe.» Han rista på hovudet. Avsendaren hadde i allefall humor. Han reiv av papiret og opna eska. Ho var fylt

12

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 12

Page 13: St. Olav-komplekset

med bomull. Midt i bomullsenga låg ei daud rotte påryggen, med føtene trekte opp under seg og strupen sko-ren over. Tydelegare melding gjekk det ikkje an å få. Hansette lokket på eska og bretta saman innpakningspapiret.Då Joe skjøna at Fritz Hellman var på veg ut, styrta bikkjaetter. Med skoeska under armen småjogga han ned trap-pene. Søppelkonteinarane stod i eit eige skur borte vedparkeringsplassen. Han heiv skoeska i konteinaren formatavfall. Så gjekk han bort til bilen, fann fram eit skru-jern frå verktøykassen bak på lasteplanet og begynte åskru av New South Wales-skilta. Toyota Hilux-en hansvar blitt modifisert med ein ekstra bensintank. Ein to -hundreliters tank, ca. tretti centimeter brei, som strekteseg under heile lasteplanet. Ei flyttbar plate på innsida avtanken delte han i to avdelingar. Ei for legitim bruk. Ogei for pengar, våpen, bilskilt, hydro og anna dop. Han de -monterte bensintanken og tok ut eit sett med Victoria-skilt, som han skrudde på. Så drog han ut seks burgar -tjukke bunkar med hundredollarsetlar, la New SouthWales-skilta inn i bensintanken og skrudde igjen. Heileseansen tok ikkje meir enn fire–fem minutt. Han deltedollarbunkane i to og dytta dei ned i kvar si baklomme.Så spurta han mot leilegheita. Bikkja rasa forbi han somei kule skoten ut av ein kanon. På toppen av trappenesokk han saman og heiv etter pusten. Han kjende sterkesmerter på innsida av ribbeveggen, som om det varmetallbitar der. Det var noko med maskineriet som faenikkje stemde. Noko var riv ruskande gale. Lungene droginn og pressa ut luft lik eit trekkspel spelt av ein galning.

13

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 13

Page 14: St. Olav-komplekset

Joe stod ved sida av han og såg på han med triste auge.Lyden av dritmusikk frå naboen blei med eitt høgare.Det gjorde han meir uttrykkslaus og fokusert. Han gjekkbort til leilegheit nummer 215 og banka på døra. Einliten, bøtteknottaktig mann han aldri hadde sett før,opna. Han var bleik og herja, som så mange i St. Kilda.Ein sigarett dingla i munnvika. Hovudet var altfor stortfor kroppen. Smilet stakkaren sette opp, såg ut som detvar malt på. Gå heim, sa Fritz Hellman. Partyet er over.Kven faen er du? Kva vil du? Fritz Hellman snuddehovudet rundt som om han kikka etter noko. Er dette eitfilmsett eller noko? Kva faen er det du bablar om, dinjævla apekatt? sa bøtteknotten. Er Kim der? Nei. Partyeter over, sa eg. Bøtteknotten var rusa. Kanskje stakkarenvar dopa på dopet Kim hadde krita av han? Det spelteinga rolle. Han såg fjes inne i leilegheita han ikkje kunneutstå. Han likte ikkje Kim. Og Kim likte ikkje han. Holikte ikkje nokon. Det var det dei hadde felles. Dei likteikkje folk. Han tok sigaretten ut av kjeften på bøtteknot-ten med høgre handa og klinka til han med venstre.Berre ein gong. Armar og bein fauk opp i lufta og sokksaman som eit telt utan bardunar. Heilt frå starten pådenne pinlege seansen hadde han kjent berre forakt fordenne fyren. For denne krypande fattigdommen, og folksom underkasta seg han. Det grensa til vemming. Ja, hanvar ein kald faen. Han visste det. Han var ein mann medein fisks blod.

St Olav-komplekset ferdig_A 13.12.13 13.09 Side 14