Sjangerkunnskap og myndiggjering -...
Transcript of Sjangerkunnskap og myndiggjering -...
Sjangerkunnskap og myndiggjering Gloppen folkebibliotek og Nordstranda skule
Alle foto: Ann-Kristin Hovstad og Reidun Sandøy Os
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek om prosjektet
Gloppen folkebibliotek ville auke kompetansen på formidling til ei gruppe der mange ikkje
har etablert seg som bibliotekbrukarar, nemleg elevar i 2. og 3. klasse. I prosjektet har
bibliotek- og skulebesøk vore kopla opp mot kompetansemåla i læreplanen for norskfaget.
Det har vore ti samlingar i året som har innehalde undervisningsopplegg med ulike former for litteraturformidling. Dei fleste samlingane har vore i biblioteket, for at elevane skulle verte godt kjende med lokalet og boksamlinga.
Alle samlingane har teke utgangspunkt i relevante læreplanar. Dei har vore innom dikt, eventyr, samansett tekst og faktabøker. Dei har også snakka om bøker med tema elevane kjenner igjen frå andre fag som natur- og samfunnsfag. Gjennom å knyte bibliotekaren sin litteraturkompetanse til lærebøker og læreplanar, har biblioteket fått utvida sitt formidlingstilbod, og skulen har fått eit verdifult supplement til norskundervisninga.
Ny formidling Det ligg mykje førebuing og arbeid bak alle samlingane, til dømes har alt blitt loggført og evaluert. Bibliotekaren har hatt eit tett og variert program som vist i årsplanane under.
Det er òg skrive fyldige oppsummeringar frå kvart år med bilete og sitat. Dette, i tillegg til alt
av elevarbeid, er tatt vare på og samla i kronologisk rekkefølgje. Materialet har stor
overføringsverdi og vil bli formidla vidare ved ulike høve.
Ein del av målsettinga til lesarhistorieprosjektet har vore å evaluere undervegs for å
kartlegge og utvikle formidlingspraksisar. Ved å teste ut og tilpasse formidlinga etter kvart
besøk, har biblioteket utvikla si eige teneste. Ein praksis som også er heilt i tråd med
filosofien til Gloppen folkebibliotek om å sette lånaren i sentrum.
Samarbeid mellom skule og bibliotek
Både lærar og bibliotekar melder at dei har fått fagleg utbytte av samarbeidet.
Les berre kva lærar Reidun Sandøy Os skriv om prosjektet:
Gjennom prosjekttida har vi fått vere med på:
Mange gode og lærerike bibliotekbesøk, der vi har lært om dei ulike bøkene og sjangrane
som finst på biblioteket, og kvar ein kan finne dei
Høyrt mange fine opplesingar med Ann Kristin, og sett nokre kule filmar
Hatt besøk av to fine forfattarar, der høgdepunktet var besøk av Anna R. Folkestad. Ho hadde
klassen si fulle merksemd heile tida,
Opplevd gleda av å låne bøker, og setje seg ned med ein gong og lese i dei, eller ta dei med
heim eller til skulen og nyte dei der
Alt i alt vil eg seie at leseprosjektet har vore ei stor inspirasjonskjelde, ein læringsarena og ein
arena for gode opplevingar knytte til bøker og biblioteket.
Tilsvarande har lærar gitt bibliotekaren verdifulle tips om samspel med aldersgruppa og
«yrkestriks» om plassering og stemmebruk m.a. For bibliotekarar generelt er det nyttig å få
vite kva ein kan krevje/forvente av klassar ein skal møte, for å vite kor en kan legge lista og
tilpasse formidlinga deretter.
Prosjektet i Gloppen viser kva som konkret kan komme ut av at lærar ser på lærebøker og
læreplanar i lag med bibliotekaren og planlegg formidlinga deretter. Bibliotekaren får nytta
sin kompetanse om passande litteratur og formidling, og læraren sin kunnskap om skulens
rammeverk og den enkelte elev. Gjennom litterære samtalar lærer begge partar meir.
For meg har biblioteket vore eit supplement til undervisinga . Elevane har fått besøke og fått
undervisning av bibliotekaren og tykkjer det er stas – samstundes har vi jobba med same tema ei tid i
gjerne både i forkant og etterkant av besøket.
(Inger Lise, lærar på 2.trinn)
I dette prosjektet er det jobba med kompetansemåla i 2. og 3. klasse, men bruk av litteratur
er sjølvsagt relevant for kompetansemål for alle alderstrinn. Som ei oppfølging av dette
prosjektet kan det tenkast ei kartlegging av korleis bibliotek kan supplere
(norsk)undervisninga også på andre klassetrinn.
For barnebibliotekaren i Gloppen har det nok vore ekstra givande å jobbe med akkurat
denne aldersgruppa. Dei er interesserte, nysgjerrige, kreative og har masse humor. Klassen
har hatt elevarbeid etter kvart besøk, og har stolt vist fram resultatet frå gang til gang.
Vi har òg laga mange bøker, med inspirasjon frå alt vi har lese og opplevd i samband med
leseprosjektet. Desse bøkene har vi i klasserommet, og dei blir lesne om att og om att.
(Reidun, lærar på 3.trinn)
Resultat:
Bibliotekar har utvikla eit formidlingsopplegg som supplerer norskundervisninga og
kan tilbydast til andre skular/bibliotek. Biblioteket har utarbeidd planar for
vidareføring etter prosjektperioden.
Lærar og bibliotekar har evaluert alle klassebesøka, og tilpassa besøka deretter.
Dette er kunnskap som kan komme andre til gode og som vil bli trekt fram i andre
publikasjonar.
Prosjektet viser potensialet som ligg i at lærar og bibliotekar samarbeider om den
faglege kunnskapen dei sit på. Bibliotekar har fått pedagogiske tips av lærar, lærar
har fått tips om litteratur og formidling.
Elevane har øvd seg på å lese nye og ukjende sjangrar, dei har øvd på å snakke om
litteratur, og dei har reflektert rundt eiga lesarhistorie. Som resultat har elevane fått
ei meir positiv haldning til bøker og bibliotek, samstundes som dei er blitt meir
bevisste på eiga lesing. Kanskje dette best kan illustrerast gjennom denne
tilbakemeldinga frå lærar Inger Lise til bibliotekar Ann-Kristin:
Å vere på biblioteket er noko positivt og kjekt! Elevane er blitt glade i bøker. Nokre blader og ser på bilda – les litt her og der – men kosar seg og får med seg mykje av handlinga sjølv om ikkje alle orda vert lesne. Andre les alt. Det som er felles for alle elevane i 2.klasse – uavhengig om dei er gode eller svake lesarar – dei likar bøker. Dei likar å lese/ kike i bøker sjølve og dei likar å bli lesne til. Dette er eg usikker på om eg hadde klart å skape utan hjelpa di
Ann-Kristin Hovstad bibliotekar ved Gloppen folkebibliotek
Målgruppe: 2. og 3. klasse Nordstranda skule
Prosjektet har vore eit samarbeid mellom lærar Reidun Sandøy Os ved Nordstranda skule og
bibliotekar Ann-Kristin Hovstad ved Gloppen folkebibliotek.
Innhald og aktivitetar: undervisningsopplegg, litteraturformidling, elevarbeid og
forfattarbesøk
Det har vore faste samlingar mellom klassa og biblioteket gjennom heile perioden. Omlag 10
samlingar kvart av dei to skuleåra. Samlingane inneheldt undervisningsopplegg med ulike
former for litteraturformidling. Vi har lagt vekt på å presentere elevane for eit breitt
litteraturutval og sjangrar. All litteratur er valt ut med utgangspunkt i den enkelte elev si
lesarhistorie. All litteratur som vi presenterte for elevane vart kjøpt inn ekstra og sett i eit
klassebibliotek, som var tilgjengeleg for elevane gjennom heile prosjektperioden.
Dei fleste samlingane har vore i biblioteket, for at elevane skal verte godt kjend med lokalet
og boksamlinga vår.
Elevane har delteke gjennom samtale, og ved å lage eige skriftleg materiale. Dei har mellom
anna skrive diktbok, levert tilbakemeldingar på litteratur dei har fått presentert og dei har
reflektert over eiga lesarutvikling – lesarhistorie.
Etter fyrste året med fokus på lesing og litteratur gjennomførte elevane hausten 2016 eit
vellukka «bokbad» for elevane i klassa under.
Kvart skuleår har vore avslutta med besøk av ein forfattar som skriv på nynorsk.
I samarbeid med læraren har vi hatt fokus på at all aktivitet skulle vere forankra i
kompetansemåla i læreplanen for norskfaget for 2. og 3. trinnet. Til slutt i rapporten er det
døme på planar og elevarbeid.
Resultat
Gjennom prosjektet har elevane øvd seg på lese nye og ukjende sjangrar, dei har øvd på å
snakke om litteratur og dei har reflektert rundt eiga lesarhistorie. Dette har gitt elevane ei
positiv haldning til bøker og bibliotek, samstundes som dei er blitt meir bevisste på eiga
lesing. Dei har utvikla seg mykje, er klare på kva dei likar og ikkje likar, samtidig som dei er
opne for å prøve nye utfordringar.
Måloppnåing
Elevane er blitt trygge bibliotekbrukarar både i skulesamanheng og på fritida. Alle elevane
har fått auka litteraturerfaringar og kompetanse om si eiga lesarhistorie gjennom eit tilpassa
litteraturutval til kvar enkelt elev.
Bibliotekaren har fått auka både sin bokkunnskap og sin kompetanse på formidling til denne
lånargruppa. Samtidig har prosjektet gitt auka forståing i å fokusere på den individuelle
lånaren sitt behov.
Både skulen og biblioteket ser den gjensidig verdien av det tette samarbeidet, og vil halde
fram med dette.
Erfaringar som andre kan ha nytte av
Å kunne samarbeide med ein lærar som kjenner elevane godt, både som lesarar og som
menneske, er avgjerande for eit godt resultat. For bibliotekaren har det vore viktig å få eit
tillitsforhold til elevane for å bli godt nok kjende med dei til å nå måla i prosjektet.
Å kople aktiviteten på biblioteket opp mot kompetansemåla i norsk gjer at skulen kan bruke
tid på, og lettare sjå verdien av, den grundige litteraturinnføringa elevane har fått i dette
prosjektet.
Nordstranda skule ligg for langt vekke til at elevane kan gå til biblioteket. I prosjektet har vi
løyst denne utfordringa ved å bruke litt av prosjektmidlane til transport.
Sandane, januar 2018
Eksempel på planar, aktivitetar og elevarbeid
Plan for 2. klasse 2015/16 1. prosjektår
Mai: Vi gledar oss til hausten
Sept: Biletbøker
Okt: Fagbøker
Nov: «Lese-sjølv-bøker»
Des: Høgtlesingsbøker
Jan: Eventyr
Feb: Dikt, rim og regler
Mars: Teikneseriar (+ebokbib og websøk??)
April: Korleis finne fram til bøkene
Mai: Besøk av Anna R. Folkestad:
Bokomslag: Samlaget
Eksempel på innhald, samlinga om dikt 25.februar 2016:
Opningsregler:
Øglænd. Margaret Mo
Myklebust. God ven
Kva er eit dikt?
vers, lita historie, kan vere på rim. Kva er å rime:
finne eksempel på ord som rimar
Hugsar dei Herr Spiss?
Kjenner elevane nokon dikt?
Veit Reidun om eit fint eit?
Kva likar eg?
Øglænd. Mors beste barn
Kva rimar her?
Bjørlykke. Kva er regnet?
Kva handlar dette diktet om?
Nynorsksenteret (animasjon)
Kleiva. Kribledagar
Lese dei 3-4 fyrste sidene utan illustrasjonar, lese dei ein gong til med ill. Er det
forskjell på kva dei synes diktet handlar om? Lese heile om dei har lyst
Dreyer. Konrad Kråkebolle
Kva handlar dette diktet om?
Tusvik. Kra kra
Kva handlar dette diktet om?
Nynorsksenteret (animasjon) – leike med ord
Kaldestad. Høner gjer meir
Leik med illustrasjonar (nynorsksenteret)
Oppgåve til neste gong
Gi dei kvar sitt dikt som dei skal «anmelde»
Veldig kort presentere dei nye bøkene dei får med på skulen
Låne bøker
Arbeid med dikt:
«Analyse» av Kaldestad. Høner gjer meir
Plan for 2. og 3. klasse 2016/17 2. prosjektår
Aug: Bli-kjend-dag på biblioteket (2. kl)
Sept: Lese gode bøker (3. kl)
Okt: Presentere biletbøker for 2. kl (3. + 2. kl. på skulen)
Nov: Skjønnlitterære tekstar og fag tekstar (3. kl)
Feb: Fagbøker (2. kl)
Feb: Kva skal vi lese i dag? (3. kl)
Mars: Dikt, rim og regler (2. kl)
Mars: Ebok og websøk (3. kl)
Mai: Besøk av Ingunn Thon (3. kl på skulen):
3. klasse lærer 2. klasse om biletbøker:
Leselogg frå bokpresentasjonen:
Eksempel frå samling om å lese gode bøker 16.september 2016:
Velkomen tilbake
Kva skal vi gjere på i 3 klasse?
Lese kjekke bøker!
Lære 2. klasse om bøker
Korleis finne fram til bøker vi har lyst til å låne?
Har du lese ei bok du likte veldig godt?
Kan vi finne ei som likna?
Sjå på bøkene:
Omslaget
Lese baksideteksten
Lese starten på boka
Oppgåve
Sjå på ulike framsider og baksidetekster
Kva handlar desse bøkene om?
1. Ersland. Hoggormen
2. Bratland. Kvar er Lurven?
3. Kuhn. Lunda på rideskole
4. Fiske. Plystre på Tella
5. Horst. Jakten på Jungelens dronning
6. Waglermo. Keegan og sjiraffen
7. Losnegård. Frese-sky-flyet
8. Osland. Gullfalken
Høgtlesing
Ørnejenta – frå Gullfalken
Elevark
Vise arka dei skal fylle ut på skulen
Låne bøker
Elevane reflekterer over eigne lesarhistorier: