Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

7
1 Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Planutvalet 21.03.2012 014/12 Bystyret 29.03.2012 012/12 Sakshandsamar: Reidar Hatlebrekke Arkiv: FA-L10, FE- Arkivsaknr.: 11/506 Lokale gater og vegar i Førde, Silingsrapport, Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 15.03.2012 Silingsrapport, Mars 2012 70355 1.0 Bakgrunn for saka Planutvala i Førde og Gaular har fastsett planprogrammet for ny E39 og for lokale gater og vegar i Førde. Planprogrammet syner korleis sjølve planprosessane skal gjennomførast. Som eit ledd i planarbeidet handsama bystyret ein såkalla silingsrapport over fleire alternative trasear for E39 den 27.10.2012. Bystyret vedtok kva alternativ som skal utgreiast vidare. Dette arbeidet er i gang og er venta ferdig i september 2012. Tilsvarande ligg det no føre ein silingsrapport for lokale vegar og gater i Førde. Silingsrapporten bygger på forslag på nye vegtrasear som kom fram under idédugnaden 23.11.2011, andre innspel kommunen har motteke og Adhoc-utvalet for sykkelbyen Førde sin rapport av 08.12.2010. Rapporten er utarbeidd i samarbeid med kommunen og Statens vegvesen. Arkitektkontoret Erling Haugen v/ siv.ark Arve Seger har vurdert traseane i forhold til byutvikling og elvebreidda langs Jølstra, og konsulentfirmaet SWECO har vore fagansvarleg for dei trafikale vurderingane Rådmannen legg denne rapporten fram for planutval/ bystyre med tilråding om å: Velje kva vegalternativ det er verdt å arbeide vidare med. Luke ut dei alternativa som synast uaktuelle å bruke meir ressursar på å utgreie. Det er med andre ord ikkje eit endeleg val av vegtrasear ein står ovanfor no, men eit spørsmål om kva alternativ det er verd å skaffe seg meir kunnskap om gjennom vidare utgreiing, trafikkanalyser, Risiko Og Sårbarhetsanalysar (ROS) m.m. KU- arbeidet med det lokale veg- og gatenettet går inn som ein avtalt del av det pågåande KU-arbeidet med E39 og skal vere ferdig samstundes i sept 2012. Kvar vegane skal gå vert først endeleg fastlagt når kommunedelplanane for E39 og

description

Silingsrapport Førdepakken lokale vegar og gater, politisk vedtak

Transcript of Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

Page 1: Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

1

Førde kommune

Styre, råd og utval Møtedato SaksnrPlanutvalet 21.03.2012 014/12Bystyret 29.03.2012 012/12

Sakshandsamar: Reidar Hatlebrekke

Arkiv: FA-L10, FE-

Arkivsaknr.:11/506

Lokale gater og vegar i Førde, Silingsrapport,

Vedlegg:

Dok.dato Tittel Dok.ID15.03.2012 Silingsrapport, Mars 2012 70355

1.0 Bakgrunn for saka

Planutvala i Førde og Gaular har fastsett planprogrammet for ny E39 og for lokale gater og vegar i Førde. Planprogrammet syner korleis sjølve planprosessane skal gjennomførast.

Som eit ledd i planarbeidet handsama bystyret ein såkalla silingsrapport over fleirealternative trasear for E39 den 27.10.2012. Bystyret vedtok kva alternativ som skal utgreiast vidare. Dette arbeidet er i gang og er venta ferdig i september 2012.

Tilsvarande ligg det no føre ein silingsrapport for lokale vegar og gater i Førde.

Silingsrapporten bygger på forslag på nye vegtrasear som kom fram underidédugnaden 23.11.2011, andre innspel kommunen har motteke og Adhoc-utvalet for sykkelbyen Førde sin rapport av 08.12.2010.

Rapporten er utarbeidd i samarbeid med kommunen og Statens vegvesen. Arkitektkontoret Erling Haugen v/ siv.ark Arve Seger har vurdert traseane i forhold til byutvikling og elvebreidda langs Jølstra, og konsulentfirmaet SWECO har vore fagansvarleg for dei trafikale vurderingane

Rådmannen legg denne rapporten fram for planutval/ bystyre med tilråding om å:

Velje kva vegalternativ det er verdt å arbeide vidare med. Luke ut dei alternativa som synast uaktuelle å bruke meir ressursar på å

utgreie.

Det er med andre ord ikkje eit endeleg val av vegtrasear ein står ovanfor no, men eit spørsmål om kva alternativ det er verd å skaffe seg meir kunnskap om gjennom vidare utgreiing, trafikkanalyser, Risiko Og Sårbarhetsanalysar (ROS) m.m. KU-arbeidet med det lokale veg- og gatenettet går inn som ein avtalt del av det pågåande KU-arbeidet med E39 og skal vere ferdig samstundes i sept 2012.

Kvar vegane skal gå vert først endeleg fastlagt når kommunedelplanane for E39 og

Page 2: Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

2

det lokale veg- og gatenettet vert vedteke vinteren 2012/13.

2.0 Hovudtrekk i Silingsrapporten

Silingsrapporten er ei oppfølging av det arbeidet som er definert i planprogrammet, og baserer seg på dei målsetjingane og dei kriteria for vurdering som er lagt til grunn der - (planprog. kap. 6.1.2).

Rapporten er inndelt i 2 deler:

2.1 Føresetnader (silingsrapporten del 2)

2.1.1 Kommunale planar

Dette er den siste delen av rapporten. Det tar for seg tema som har betydning når dei enkelte traseane skal vurderast.

Alle E39-alternativa er synt her. Dei har betydning for kvar lokale vegar skal knytast til. Kommunale planar om framtidig arealbruk og kvar nye bustadbygg og næringsområder skal plasserast er omtala. Tilsvarande er trafikkplanane i sentrumsområdet teke inn med kart og vedtaksdato.

For Førde sentrum er det vedteke retningsliner for korleis sentrum skal utviklast.«Byutviklingsplanen» syner kva som skal takast omsyn til med byplanlegginga, og korleis strukturen i veg- og gatenett skal byggast ut over tid. Elvebreidda Jølstra har kommunen også bestemmelsar for, og bystyret har definert målsetjingar for både klima og for bruk av sykkel.

Dei kommunale planane er som ein basis når nye vurderingar skal gjerast. Nye tankar om kvar vegen skal gå, skal vegast opp i forhold til gjeldande planar, bestemmelsar og retningslinjer. Nye planar med basis i tidlegare planar og bestemmelsar gir føreseiande planlegging.

2.1.2 Nasjonal standard

Utanom kommunen sine eigne bestemmelsar og retningslinjer finst det nasjonale standardar for bygging av vegar og gater. Detaljerte bestemmelsar om utforming og standard går fram av handbøker for veg- og gateplanlegging. Slike handbøker er normalt heimla i veglova og gjeld i prinsippet for alle type vegar. Dei er så langt mogeleg lagt til grunn i arbeidet med rapporten.

Rådmannen ser det som rett at nasjonale standardar er lagt til grunn i arbeidet med rapporten, men legg vidare til grunn at det ved seinare detaljplanlegging må vere høve til avvik om økonomi, fysiske tilhøve og anna tilseier det.

Flaumsituasjonar i Jølstra og Anga går fram av flaumsonekarta som er utarbeidde av Norges vassdrags- og Energidirektorat (NVE). Dei byggehøgdene som NVE tilrår er lagt til grunn i dette arbeidet og må fylgjast opp seinare.

2.1.3 Eigne tilrådingar

Havnivåstigning er eit stadig meir aktuelt tema som fylgje av høgare gjennomsnittstemperatur og bresmelting. Høgre nivå på fjorden verkar inn på Jølstra sin evne til å levere flaumvatn til sjøen. Det er ikkje utarbeidd kommunale retningsliner for korleis arealdisponering og byggeaktivitet skal handterast i forhold til dette.

I eit langsiktig perspektiv med flaum og høgare sjø ligg Førde sentrum lågt. Eit

Page 3: Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

3

nettverk av vegar vil nok bety at det vil vere omkøyringshøve sjølv i ekstreme situasjoner. Arbeidsgruppa har ikkje talfesta ekstra byggehøgde på vegar i forhold til framtidig havnivå, men vurdert det til å vere tistekkeleg å tilrå at NVE sine retningslinjer for bygging i flaumområder må gjelde fullt ut. I tillegg bør det leggast på ein ekstra sikringsmargin i forhold til framtidig havnivå.

Arbeidsgruppa har også rådd til at den gatestandarden som byutviklingsplanen definerer i sentrum også bør gjelde når nye gater skal byggast på t.d Indre Øyraneog på Hafstad bydel eller andre sentrumsnære framtidige byggeområder..

2.2 Vurdering (silingsrapporten del 1)

Det er grunn til å presisere at dei alternativa som er vist i denne delen av rapporten,ikkje er planlagde i detalj. Alternativa som er valt ut til å arbeide vidare med, kan verte endra når ein i utgreiingsfasen ser meir i detalj på dei. Det betyr i praksis at dei linjene som er lagt inn på karta kan verte justerte ein del undervegs.

Som nemnt er ikkje konsekvensane greidde ut enno. Det skal gjerast for dei alternativa det skal arbeidast vidare med. Det som no ligg føre er grove vurderingar ut frå omfang av nye tiltak, tunnelar, bruer, lengde, kryss m.m. Det er først når vi veit konsekvensane (sept 2012) at vi kan gi råd om beste alternativ ved å teikne det inn som det planforslaget som vert lagt fram for politisk handsaming (okt/nov 2012).

I dei tilfella det ikkje er gitt opplysningar under dei enkelte vurderingskriteria, er det enten ikkje vurdert eller vi ikkje har relevante opplysningar å legge til.

2.2.1 Gåande

Gangruter er vurdert i del 1 - kap 6.1.

Gangruter er synt på kart med framheva farge, gitt ein kort omtale og vurdert ut frå tema slik det går fram av tabellen. Konklusjonen for kvar gangrute er basert på om arbeidsgruppa ser eit reelt behov for gangrute langs den aktuelle strekninga, i forhold til måloppnåing - og elles i forhold til dei vurderingskriteria som går fram av tabellen.

Dersom ei tilrådd gangrute er langs same trase som ein sykkelveg eller køyreveg, ersykkelvegen eller køyrevegen vurdert med tillegg av gåande.

2.2.2 Syklande

Sykkelruter er vurdert i del 1 - kap 6.2.

Sykkelruter er synt på kart med framheva farge, gitt ein kort omtale og vurdert ut frå tema slik det går fram av tabellen. Konklusjonen for kvar sykkelrute er basert på om arbeidsgruppa ser eit reelt behov for sykkelruterute langs den aktuelle strekninga, i forhold til måloppnåing - og elles i forhold til dei vurderingskriteria som går fram av tabellen.

Dersom ei tilrådd sykkelrute er langs same trase som ein køyreveg, er køyrevegen vurdert med tillegg av syklande.

2.2.3 Køyrande

Køyrevegar er vurdert i del 1 - kap 6.3

Køyrevegar er synt på kart med framheva farge på same måte som for gåande og syklande. Det er konkludert etter same prinsipp som for gåande og syklande.

Page 4: Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

4

Dei økonomiske konsekvensane for køyrevegar er normalt langt større enn for både gangruter og sykkelvegar. Trafikkmodellar er derfor nytta og berekningar er utførde for dei mest aktuelle alternativa.

Utgangspunktet for trafikkberekningane er at E39- alternativet Myra –Brulandsberget - Moskog (det midtre alternativet) er bygd - samt ny veg frå Hafstad til Førdehuset.

Det betyr i praksis at trafikktala i denne rapporten er noko «snillare» enn tidlegare analysar utan ny E39 og utan ny veg frå Hafstad til Førdehuset.

Fylgjande alternativ er berekna:

Meierikrysset – over Indre Øyrane til rv. 5 ved Øyrane Vidaregåande skule (ieksisterande trafikkplan nemnt som ring nord del 1).

Frå rv. 5 over Indre Øyrane og tunnel under Presteholten til Angedalsvegen ved Hagen.

Frå fv.609 over Halbrendsøyra til Ytre Øyrane og vidare til rv. 5 ved Øyrane Vidaregåande skule .

Frå fv.609 med bru over Jølstra ved det gamle flytårnet og vidare til rv. 5 ved Øyrane Vidaregåande skule .

Vegalternativ for vidareføring av rv. 5 i Sentrum Sør og austover.

Resultat frå trafikkanalysen er teke inn under kriteriet trafikal effekt.

På tilsvarande måte som for gang- og sykkelruter har arbeidsgruppa gitt tilråding om kva alternativ for nye køyrevegar det bør arbeidast vidare med.

2.2.4 Generelt om gods og kollektiv

Godstransporten har viktigaste målpunkt på Ytre Øyrane, Firda Billag og på Sanderplassen i tillegg til typiske næringsområder som Reset, Ytre Øyrane, Indre Hornnesvika og Moskog om ein ser noko fram i tid.

Handelssenteret på Brulandsvellene må også reknast som målpunkt for godstrafikk.

Det er ikkje gjort eigne vurderingar for godsruter i det ein legg til grunn at køyrerutene til og frå desse målpunkta har tilfredsstillande standard. Nye køyreruter som vert planlagde, vil få tilfredsstillande standard for slik transport i samband med detaljplanlegging og bygging.

For kollektiv trafikk er dei viktigaste målpunkta Firda Billag (busstasjonen), Sentralsjukehuset, Førdehuset, skulane og køyrerutene for bybussen. Det er mellom desse punkta køyrevegen må ha tilfredsstillande standard og busslommer må etablerast. Bussen har elles – som andre bilar – høve til å køyre på vegar som er opne for alminneleg ferdsel. Det er ikkje lagt opp til å avgrense bussrutene til spesielle korridorar –t.d ved skilting eller smale trasear.

3.0 Om Sentrum Sør

I arbeidet med denne rapporten er det leita etter trafikale løysingar som reduserer trafikken i Sentrum Sør. Det er søkt etter løysingar slik at gjennomgangstrafikken vert ført utanom Sentrum Sør. Det er kun den lokale køyretrafikken som høyrer til i området, som naturleg skal førast inn her. Ei slik løysing er det beste utgangspunktet for byutvikling basert på lokale premissar.

Vurderingane går fram av kap 6.3.7 og er ei vidareføring av det oppdraget bystyret

Page 5: Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

5

ga den 27.10.2011 om å utgreie ny trase for rv.5 gjennom Sentrum Sør (BY-056/11)

4.0 Samandrag

Det lokale gatenettet i Førde tåler ikkje vidare ekspansjon. Framandtrafikk må så vidt mogeleg førast utanom sentrum. Nye lokale trafikkårer må byggast for å gi rom for framtidig vekst. Køyrande, syklande og gåande må få sine definerte ruter langs logiske trasear frå målpunkt til målpunkt.

Rapporten bygger på eksisterande og nye trasear. Dei er vurdert i forhold til eit framtidig Førde slik det er synt i del 2 – kap 3 og kan byggast ut over tid.

Sjølv om anleggsstart kan ligge fleire år fram i tid, er det viktig at korridorar alt no vert sikra mot nedbygging.

Rådmannen ser den framlagde silingsrapporten som eit godt reiskap for vidare arbeid, og rår til at den vert godkjent.

Rådmannen sitt framlegg til vedtak:Silingsrapport, lokale vegar og gater i Førde, datert mars 2012, vert godkjend som grunnlag for vidare planarbeid med det lokale veg- og gatenettet i Førde

Handsaming i Planutvalet 21.03.2012:Nytt fellesframlegg:

Framlegg til endring gangruter (side 42/16)- Punkt 6.1.1: Forlenga frå Sjøahola gjennom Kyrkjevegen over Tåene til

Angedalsvegen - Punkt 6.1.6: Forlenga frå Vie Senter til Runnen- Ny rute:

o Frå Halbrend skule til Hogane med undergang under E39

Framlegg til endring av sykkelruter (side 57/31)- Punkt 6.2.4 Forlenga over Jølstra til Hafstadparken- Punkt 6.2.9 Forlenga frå Vie Senter til Runnen- Ny rute:

o Frå Halbrend skule til Hogane med undergang under E39

Framlegg til endringar av gang- og sykkelveg- Angedalsvegen – Svanehaug (6.2.10)- Halbrendsøyra – Handelshuset- Planutvalet ber om at alternativ kryssing av Jølstra ved Førdehuset/ Hafstad

Idrettspark vert utgreidd.

Køyrevegar- Nordre ring frå Hagen til Kronborgvegen (6.3.10)

Avrøysting:Rådmannen sitt framlegg til vedtak med endringar vart samrøystes tilrådd.

Page 6: Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

6

PLAN-014/12 Vedtak:Silingsrapport, lokale vegar og gater i Førde, datert mars 2012, vert godkjend som grunnlag for vidare planarbeid med det lokale veg- og gatenettet i Førde, med fylgjande endringar:

Endring av sykkelruter (side 57/31)- Punkt 6.2.4 Forlenga over Jølstra til Hafstadparken- Punkt 6.2.9 Forlenga frå Vie Senter til Runnen- Ny rute:

o Frå Halbrend skule til Hogane med undergang under E39

Endringar av gang- og sykkelveg- Angedalsvegen – Svanehaug (6.2.10)- Halbrendsøyra – Handelshuset- Planutvalet ber om at alternativ kryssing av Jølstra ved Førdehuset/ Hafstad

Idrettspark vert utgreidd.

Køyrevegar- Nordre ring frå Hagen til Kronborgvegen (6.3.10)

Handsaming i Bystyret 29.03.2012:Bjørg S. Refvik (FrP) gjorde slike endringsframlegg:Nytt alternativ: Gang- og sykkelveg frå Slåttebakkane frå svingen over Førde Bygg til Ekornlia.

Følgjande punkt vert teke ut: Ny veg frå Kletten til sentrum parallelt med eksisterande RV 5 Tunnellar bak Førde Hotell Gangbruer frå Halbrendsøyra til Handelshuset Gang/sykkelveg over frå Førdehuset til Hafstad idrettpark

Bjørn Harald Haugsvær (KrF) gjorde framlegg om å endre planutvalet sitt framlegg slik:«Silingsrapport, lokale vegar og gater i Førde, datert mars 2012, vert godkjend som grunnlag for vidare planarbeid med det lokale veg- og gatenettet i Førde, med fylgjande endringar:

Endringar av gang- og sykkelsamband- Alternativ 6.1.8/6.2.10 skal utgreiast: Angedalsvegen – Svanehaug - Nytt alternativ som skal utgreiast: Halbrendsøyra – Handelshuset/Elvegården- Nytt alternativ som skal utgreiast: Frå Halbrend skule til Hogane med undergang

under E39- Planutvalet ber om at alternativ kryssing av Jølstra ved Førdehuset/ Hafstad

Idrettspark vert utgreidd.

Køyrevegar- Alternativ 6.3.10 skal utgreiast: Nordre ring frå Hagen til Kronborgvegen .»

Avrøysting:FrP sitt framlegg om å ta ut tiltak fekk 2 røyster og fall

Page 7: Silingsrapport lokale vegar og gater, politisk vedtak

7

Bjørn Harald Haugsvær sitt endringsforslag vart vedteke mot 2 røyster.FrP sitt framlegg om ny gangveg vart vedteke mot 1 røyst.

BY-012/12 Vedtak:Silingsrapport, lokale vegar og gater i Førde, datert mars 2012, vert godkjend som grunnlag for vidare planarbeid med det lokale veg- og gatenettet i Førde, med fylgjande endringar:

Endringar av gang- og sykkelsamband- Alternativ 6.1.8/6.2.10 skal utgreiast: Angedalsvegen – Svanehaug - Nytt alternativ som skal utgreiast: Halbrendsøyra – Handelshuset/Elvegården- Nytt alternativ som skal utgreiast: Frå Halbrend skule til Hogane med undergang

under E39- Planutvalet ber om at alternativ kryssing av Jølstra ved Førdehuset/ Hafstad

Idrettspark vert utgreidd.

- Gang- og sykkelveg frå Slåttebakkane frå svingen over Førde Bygg til Ekornlia.

KøyrevegarAlternativ 6.3.10 skal utgreiast: Nordre ring frå Hagen til Kronborgvegen