Satans mor

23

description

Ny kriminalroman om Rolf Randen. Av Rune Timberlid.

Transcript of Satans mor

Page 1: Satans mor
Page 2: Satans mor

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 3: Satans mor

Rune Timberlid

SATANS MOR

Kriminalroman

SamlagetOslo 2015

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 1

Page 4: Satans mor

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 5: Satans mor

Satans mor

Sakte, sindig, systematisk. Slik måtte det jobbast. Eigent-leg var det skremmande enkelt, men samstundes farleg.Likevel – på ein måte var det som å stå ved kjøkenben-ken og lage ein brøddeig. Faktisk måtte det mjøl til idenne blandinga også, men ikkje for å binde ho saman.Meir for å stabilisere, hindre at friksjon og små støytarskulle få konsekvensar. Dramatiske bilete flimra forbi ihovudet. Eit tak som var flekt av ein dobbeldekkar iLondon. Sprengde dører på eit tog i Madrid. Blodige likpå ein marknadsplass i Kabul.

Alle ingrediensane var blanda, bortsett frå stabilisato-ren. Dette var den kritiske fasen. Ei sur lukt reiv i nasen.Ho kom frå bleikemiddelet. Blandinga var blitt til eitkrystallisk pulver. Det likna på sukker, faktisk. Og påmetamfetamin. Pulveret var kvitt som krit. Det sågdirekte uskuldsreint ut, men så feil kunne du ta. Fire gramvar faktisk nok til å blåse livet ut av deg. Den veldigesprengkrafta stod i skarp kontrast til kor lett det var å fåtak i det som måtte til. Ein tur innom eit par–tre butik-kar. Og vips, du kunne lage ei bombe med ei spreng-kraft som fekk alle etterretningstenester til å sveitteberre ved tanken.

Til slutt mjølet som skulle stabilisere. Uansett så vardet ei trøyst at det ikkje ville bli smertefullt om det gjekk

3

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 3

Page 6: Satans mor

gale. Men det var sanneleg verdt å ta sjansen. Ei sak stornok til å aksjonere for! Alt som i tillegg kom veltande,hadde dessutan skapt eit kjenslemessig kaos. Sviket, løg-nene, dei skitne pengane. Kaoset vart til ein tanke. Etterkvart eit brennande ønske. Til slutt ein rasjonell plan.

Plastkassane vart plasserte slik at dei stod stødig.Satans mor var klar.

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 4

Page 7: Satans mor

23. september

Kaffikoppen var tom. Han tvinna tommeltottar, vart sit-jande og studere utsikta. Trafikken flaut sakte gjennomGravensteinsgata, gatestumpen som var hovudgata der ibygda. Til venstre i synsfeltet låg politistasjonen, den nyearbeidsplassen hans, så ein bank, deretter rådhuset.

Kvifor kom ho ikkje? Rundt nabobordet var ein høglydt diskusjon i emning.

Ein gjeng godt vaksne mannfolk krangla om fotball.Han hadde forstått at det var slik det skulle vere i Sogn-dal. Dei hadde den same diskusjonen i kantina på poli-tistasjonen kvar einaste måndag etter at bygdas fotballaghadde vore i aksjon. Avtalen var å møtast her for tjueminutt sidan. Eigentleg dreit han i fotball. Om ikkjeanna så vekte krangelen om trenar og spelarar til liveminna om at han ein gong faktisk såg ein fotballkampher i bygda. Ikkje fordi det interesserte han. Men fordiho var supporter. Sogndal mot Brann i ein cupkamp,det må ha vore for snart ti år sidan. Resultatet av kam-pen var som blåst bort. Biletet av Sara i det kvite ogsvarte supporterskjerfet sat derimot som spikra. Ho vardødeleg avstandsforelska i ein langhåra jypling somspela på midtbana til heimelaget.

Brått og lydlaust, nesten katteaktig, smaug ho segned på stolen på andre sida av bordet. Berre eit lite nikk

5

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 5

Page 8: Satans mor

og eit kort smil. Ikkje eit ord som indikerte kva ho følteved å møte han igjen. Det var som ho frå første stundville markere ein avstand over bordet. Møtet var viktigfor han. No når begge hadde flytta til Sogndal, ønsktehan kontakt. Vere litt far og dotter igjen, slik som då hogjekk på vidaregåande og budde hjå han. Han haddeforsømt kontakten etter dette, og han var førebudd på åmåtte skrifte for sine synder. På den andre sida haddeikkje Sara vist synderleg interesse for hans liv heller. Detkjølige førsteinntrykket gjorde han usikker. Kanskje einkompliment ville løyse opp, for ho var jo flott der hosat. Eit par lange sekund leitte han etter ord, medankrangelen ved nabobordet nådde nye høgder. Han fannhalmstrået.

– Hugsar du kor kjekt vi hadde det den gongen vivar på fotballkamp, Sara?

Ho la hovudet på skakke og drog likegyldig på skuld -rene.

– Folk her er ikkje kloke når det gjeld fotball. Skullejo tru det var viktig.

Bom på første forsøk. Interessene endra seg, tydeleg-vis. Han fekk føle seg litt fram.

– Er du svolten?– Nei.Ho hadde lagt hendene framfor seg på bordet. Fing-

rane var lange og smale, slik resten av kroppen haddevakse seg til. Lyst, langt hår, slank, reine ansiktstrekk,milde, blå augo. Sara var som snytt ut av nasen til mora.

– Ein kaffikopp kan eg vel by på?– Er har slutta å drikke kaffi. Han famla vidare etter tema, og Sara gjorde ikkje

6

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 6

Page 9: Satans mor

mine til å ville hjelpe han. I eit forsøk på å vinne tidsnudde han seg mot nabobordet og bad karane dempelydnivået på diskusjonen sin. Då kom det omsider einreaksjon hjå Sara. Eit lite smil glei over ansiktet hennar.

– Må du spele politi når du er på kafé også, pappa?Han reiste seg, gjekk bort til disken og kjøpte ein

kopp kaffi. Sette seg, drakk ein slurk. Greip tak i situa-sjonen.

– Korleis går det med studia dine, Sara?– Veit du eigentleg kva eg studerer?Han tenkte seg febrilsk om, men måtte jo kome opp

med eit svar. Elles ville det vore ein katastrofe.– Du går på … denne miljølinja. Sara nikka utan å vise kva ho meinte om svaret. Så

smilte ho sarkastisk og herma etter han.– Ja, eg går på denne miljølinja. Han svarte ikkje. Visste at han hadde dumma seg ut.

Det var ikkje meir enn eit par år sidan dei hadde buddunder same tak. Det kjendest brått som eit halvt liv, ogSara hadde forandra seg på alle måtar utan at han haddefått det med seg.

– Miljøfag er sikkert framtidsretta det, Sara.– Det er slike som oss som må redde kloden. Oi sann, nye tonar her også. Sara hadde ikkje akkurat

vore nokon barrikadestormar då dei to budde i lag. Dettrong ikkje nødvendigvis liggje dramatikk i ei slik endring.Nye vener, nytt miljø og ei studieretning som sikkertførte med seg eit engasjement – klart ho utvikla seg. Menforandra var ho, ingen tvil om det, med mindre ho dreiveit spel med han. For den nye direkte stilen og tonenforvirra han. Han streva fælt med å følgje naturleg opp.

7

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 7

Page 10: Satans mor

– Du kan jo kome heim til oss ein kveld, så kan viprate meir om studia dine.

– Meiner du heim til deg og den nye flammen din?Han smilte.– Anne-Kat er meir enn eit lite eventyr. Vi har flytta

i lag. Det er alvor.Sara studerte han openlyst. Ho var blitt så kald, følte

han. Den kvikke jenta frå oppveksten var ikkje der leng-er. Ho var nesten litt monoton både i rørslene og i stem-meleiet. Gjekk ho på … eitt eller anna stoff? Det var eindel av jobben hans å sjå etter slike signal. Han fangablikket hennar, og dei sat slik nokre sekund. Så slo hanblikket ned og kjende seg letta. Pupillane indikerte i allefall ikkje at Sara var sløv av stoff.

– Sei meg ein ting, pappa, var det denne dama du varutru med før mamma sende deg på dør?

Sara var tydelegvis ikkje innstilt på å gi han nokosom helst.

– Eg møtte Anne-Kat etter at eg vart separert. Hardu ikkje lyst til å helse på ho?

Sara drog på skuldrene.– Det har eg ikkje behov for. Eg treng ikkje ei ste-

mor, pappa. Han kjende det som eit slag i trynet. Sitje på kafé og

bli mint om den lite ærerike skilsmissa frå mor til Sara.Herregud, det var då tolv–tretten år sidan. Så den kon-tante avvisinga av Anne-Kat. Han vart sitjande og lure påom det var noko poeng å sitje her særleg mykje lengerviss ikkje Sara hadde meir å bidra med.

– Var det noko spesielt du ville sidan du invitertemeg hit, pappa?

8

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 8

Page 11: Satans mor

– Hadde lyst til å høyre korleis du har det, og invi-tere deg heim for å sjå på det nye rekkjehuset vårt.

Sara nikka.– Ok, vi kan jo halde kontakten.Ho heldt mobiltelefonen sin opp mot han. Om ikkje

anna så hadde han nummeret hennar. Sara såg brått påarmbandsuret sitt, mumla at ho måtte springe for å rekkeein treningstime. Ho reiste seg frå bordet, slengde sekkenpå ryggen og vart ståande med open munn. Ho haddeein bodskap, men den sat visst langt inne.

– Pappa, eg håpar det går bra med deg og dennedama.

Han nikka og smilte.– Takk, var alt han fekk sagt. Hadde lyst til å spørje

om Sara hadde ein mann i livet, men lét det vere. Så varho borte like stille som ho kom. Tilbake sat han med eintom kaffikopp og hovudet fullt av tankar. Kva haddeeigentleg skjedd med Sara? Han reiste seg, og ved nabo-bordet var fotballdiskusjonen framleis i full fyr. Ein avdebattantane greip han i armen idet han passerte.

– No kjenner eg deg igjen! Såg intervjuet i avisa. Duer den nye politimannen.

Han frigjorde seg bestemt frå grepet, nikka og peilaseg inn på utgangsdøra. Bak seg høyrde han at pratengjekk om kven han var. Han høyrde namnet Rolf Ran-den bli nemnt.

Det var slikt han måtte rekne med når han var politi-mann på bygda.

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 9

Page 12: Satans mor

24. september

Følgjet bukta seg sakte oppover, nesten som ein sløvhoggorm om våren. Isen knasa under stegjerna då deiskar seg ned i isen under skoa. Mange stader var overfla-ta farga grå her nede, men det skein i blått i sprekkar ogpå flater der stein og støv ikkje fekk tak. Lenger oppe,der platået starta, såg den evige snøen kvit og uskuldigut. Med jamne mellomrom kom det rop frå folk underdei fargerike hjelmane dei hadde på hovudet. Gledeshyl.Johnny Krundal stoppa på toppen av ein lang rygg somgjekk gjennom brefallet. Bak han stod dei femten turis-tane som var med på turen oppover i blåisen. Krundalsnudde seg og ropte.

– Vi skal no gjennom eit område med sprekkar iisen. Her må tauet vere stramt!

Folk nikka og smilte. Dei vifta med isøksene sine forå vise at dei ville vidare oppover. Ein tur på Nigardsbre-en var eit minne for livet for dei fleste han guida heroppe. Største problemet som breførar var å få turistanetil å forstå kor farleg breen kan vere. Isen rører seg heiletida. Ein sprekk kan utan varsel opne seg. Isblokker kanlosne når folk minst ventar det.

Johnny Krundal vinka følgjet vidare. Ormen rørteseg igjen, inn i eit flatare område.

– Stramt tau, gjentok Krundal med rungande røyst.

10

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 10

Page 13: Satans mor

Han hadde ført turistar opp og ned her hundrevis avgonger. Dei lumske sprekkane, dekte berre av ei brumed skaresnø, låg som regel lenger oppe, i knekkenmellom platået og brefallet. Men den globale oppvar-minga skapte problem. Isen smelta, og nye sprekkardukka opp.

– Hjelp!Ropet skar gjennom lufta. Johnny Krundal kjende eit

rykk i tauet. Han bråsnudde. Ei kvinne midt i følgjethadde gått uti ein bresprekk. Ho hang viljelaust og sprel-la i tauet. Johnny Krundal reagerte lynraskt.

– Alle står stille! Eigentleg var det ikkje så farleg som det såg ut, berre

dei andre i følgjet heldt seg i ro. Johnny Krundal fekkraskt kvinna inn på trygg is. Det første vesle sjokketgjekk raskt over i latter, tårer og klemming. Kamerakom fram. Det vesle dramaet i isen måtte forevigast.

Breførar Krundal brukte isøksa for å fjerne resten avden lumske snøbrua. Sprekken var ikkje så veldig stor,fem–seks meter lang og ein meter på det breiaste. JohnnyKrundal følgde regelboka når slikt skjedde. Han førteturistane ut av området og ned igjen mot Nigardsvatnetlangs ei tryggare rute ved den sørlege kanten av brefallet.Sanneleg ikkje ofte han førte turistar langs denne delen avbreen! Eit stykke gjekk dei på blankskura fjell. Nedetterfjellsidene rann det små bekkar som minte om sølvårer idet grå fjellet. Breen viste tydelege prov på at isen var iferd med å trekkje seg lenger tilbake enn på svært lenge.Overalt rann smelta is i små bekkar som vart til størregrøver som vart til ei elv på vegen ned mot vatnet.

Nokre stader opna det seg små holrom i kanten av

11

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 11

Page 14: Satans mor

breen der isen måtte gi etter for det varmare klimaet.Isen hadde trekt seg eit godt stykke tilbake sidan sistJohnny Krundal gjekk her. Dermed kunne eigentlegkva som helst dukke opp. Eitt eller anna som kunne for-telje om livet i Jostedalen før brearmane voks kraftigunder den vesle istida på 1800-talet. Eller kanskje eitteikn frå dei verkeleg dramatiske tidene her, då svarte-dauden ifølgje segnene tok livet av alle i dalen med unn-tak av ei lita jente. Jostedalsrypa. Johnny Krundal ogfølgjet hans var i ferd med å passere ei slik hòle i isen dåbreføraren brått stoppa. Han frigjorde seg frå tauet,klat ra ned frå berget dei gjekk langs, og forserte ein litenmorenerygg før han kom fram til ishola. Han gjekk nedpå kne og plukka opp ein gammal sko. Skoen hadde eispenne som såg ut til å vere laga av sølv. Han la skoenforsiktig ned igjen og bøygde hovudet slik at han fekksikt innover i holrommet. Høgda kunne vere ein meter,og rommet var eit par–tre meter djupt.

Johnny Krundal såg noko stikke ut av isen. Truddeførst det var stein eller ein stokk. Lyset var dårleg derinne. Han myste lenge. Så kjende han seg sikker.

– I helvete, mumla han halvhøgt då han reiste segopp igjen.

Ut av isen inne i hola stakk ein fot.

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 12

Page 15: Satans mor

Lyster sanatorium, april 1946

Du må vere på isolat ein periode.Overlegen hadde smilt ned til ho ein augneblink og

rørte kort ved skuldra hennar då han sa det. Han var einlang og slank mann. Oftast gjekk han med legefrakkenflagrande rundt seg. Den store mannen i den kvite frak-ken osa av autoritet. Men mange kjende også ei vissfrykt når denne mannen kom inn i rommet. Humørethans kunne svinge frå den eine augneblinken til denandre. Overlegen hadde liksom to ansikt. Han kunnevere blid og mild som vårsola. Men bak dei runde bril-leglasa kunne augo bli strenge og mørke som ei desem-bernatt. Når han snakka, skarra overlegen på r-ane. Detvar slik dei snakka i nokre av dei store byane på kysten,det hadde ho høyrt i radioen før ho vart sjuk. Tæringa di er blitt verre igjen.Beskjeden kom overraskande. Ho opna munnen for

å protestere, ville fortelje at ho eigentleg kjende segbetre enn på lang tid. Men stemma lystra ikkje. Pasien-tane protesterte ikkje på avgjerdene som overlegen tok.Hans ord var lov her oppe på Harastølen. Eigentleghadde ho kjent optimismen stige den siste tida. Ja,hadde til og med gått fleire turar gjennom parken heiltbort til utsiktspunktet som pasientane galgenhumoris-tisk kalla Verdens Ende. For mange var det stort å bli

13

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 13

Page 16: Satans mor

frisk nok til å gå dit på eiga hand. Dei fleste var så svakeat dei sjeldan kom lenger enn til båsane under eit halv-tak på utsida av den store, kvite bygningen. Her sat deiinnpakka i sine store posar laga av reinsdyrskinn ogpusta inn den tørre og klare lufta som skulle lækje deiher oppe.

Turane til Verdens Ende hadde gjort ho godt. Hoelska å stå der borte, samle tankane og studere alt somlydlaust rørte seg på vegane og på fjorden hundrevis avmeter lenger nede. Tankane kverna rundt kjærasten ogalt dei skulle ta igjen når ho ein dag var frisk nok til åreise frå sanatoriet. Pusten gjekk lettare, ingen tvil omdet, og ho kjende seg sterkare. Optimismen haddedenne våren kome krypande inn i ho. Og ein dag dei sati skinnposane under halvtaket starta det å versere rykte.Optimismen spreidde seg frå skinnpose til skinnposeetter kvart som nyhendet gjekk rundt. Dei har funneein medisin som kan knekkje tæringa! Tenk om det varsant. Snart ville kanskje denne forferdelege sjukdomenslutte å ete ho opp innanfrå.

Frå isolatet hadde ho ikkje eingong utsikt til Lustra-fjorden. For det meste såg ho berre inn i tett fureskog.Veggane i rommet var kvite og nakne om ho såg bort frånokre gamle innramma foto. På eit lite bord med topinnestolar til låg det ei bok. I ei skuffe i nattbordethadde ho lagt skriveboka si. I den noterte ho tankar oghendingar når ho hadde overskot til å skrive.

Ho sette seg ved bordet, men orka verken lese ellerskrive i dag. Alt no sakna ho fellesskapet dei trass althadde inne på sovesalane, i stovene og ute under halv -taket. Her inne var ho i total einsemd. Kvar gong ho

14

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 14

Page 17: Satans mor

snakka med andre, måtte ho ha på seg munnbindet. Deikvite munnbinda – som ho hata dei! Men ho visste detvar ingen veg utanom. Det vesle tøystykket kunne vereskilnaden på liv og død.

Ho ville kvile litt før neste måltid vart servert, mendøra gjekk opp like etter at ho hadde trekt dyna opp tilhaka. Overlegen steig inn. Rundt halsen dingla eitmunnbind, og stetoskopet stakk opp av eine sidelommapå frakken. Før han lét igjen døra, sveipte blikket overden tomme gangen i fløya der isolatet låg. Legebesøketkom tidleg i dag, og ikkje hadde han med seg sjukesøs-ter til å føre pasientjournalen heller. Han sa ingen ting,nikka berre i retning senga idet han tok av seg legefrak-ken og hengde han opp på ein krok på veggen. Så stiltehan seg framfor døra med ryggen mot senga. Låste handøra? Så snudde han seg og vart ståande medan hanopna den dobbelspente grå dressjakka si. Overlegenkremta og kom bort til senga. Ta på deg reint munnbind. Hugs du er blitt verre. I nattbordet låg det alltid munnbind, og ho tok lydig

på seg eit nytt. Han sette seg på sengekanten. I daghadde han det milde blikket. Roleg greip han einehanda hennar oppå dyna. Augo deira møttest. Ei set-ning dukka opp i minnet – ein påstand, eigentleg. Eindag dei sat ute i skinnposane, fortalde ei jente at over -legen likte godt å besøkje kvinnelege pasientar på eigahand. Han hadde visst eit eige kontor der han tok imotdei. Påstanden hadde berre kalla på mild latter hjå deiandre. Ein mann i hans posisjon hadde då lov til å snak-ke med ein pasient på eiga hand! Overlegen var ein hei-dersmann! Han var dessutan det einaste håpet dei hadde

15

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 15

Page 18: Satans mor

om ein gong å få reise frå Harastølen fri for tæring. Hanheldt fast i handa og blikket hennar.Har du høyrt om den nye medisinen som er komen?Ho prøvde dra handa til seg, men dei lange fingrane

på den senete handa heldt ho fast. Ho prøvde å setje segopp i senga, for overlegen var nok komen for å lytte pådei sjuke lungene hennar. Med ei bestemd hand motdyna markerte han at ho skulle bli liggjande.Eg kan skaffe deg medisin som vil knekkje tuberkulosen

din. Ho kjende først varm glede ved tanken. Så kom tvilen.

Skulle ikkje alle pasientane få den nye vedunderkuren? Først om mange år blir det laga nok medisin til at alle

kan få.Uro jaga gjennom kroppen ved tanken på at overle-

gen ville gjere akkurat ho til ein av dei utvalde. På sana-toriet var det då mange andre unge pasientar som for-tente ein slik medisin like mykje som ho? Eg trur du vil gjere deg fortent til å leve vidare.Nokre sekund vart ho liggjande og lure på kva han

meinte. Ingen av dei ho kjende, fortente å bli pinte saktetil døde av tæring som spreidde seg rundt i kroppen.Bak munnbindet måtte ho brått hoste. Kjende det komopp slim. Ho tok av munnbindet og bytte det ut medeit nytt. Flink jente, Helga.For første gong brukte overlegen førenamnet hennar

også. Vanlegvis vart ho berre kalla frøken av legane påsanatoriet. Ho prøvde å reise seg opp i sitjande stillingendå ein gong. Fåfengt. Den eine handa hans heldt honede. Hardare – meir bestemt denne gongen. Med den

16

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 16

Page 19: Satans mor

andre handa tok han på seg eit munnbind som delte detsmale ansiktet hans i to. Bak brillene såg ho no over -legen med dei beksvarte augo. Sakte løfta han dyna av ho. Vil du leve vidare?Stemma hans var med eitt grautete. Bak brillene

vandra eit intenst blikk opp og ned langs kroppen hen-nar. Han flytta handa inn under dyna slik at ho vart lig-gjande over eine brystet hennar. Nokre glimt frå ung -domen flimra forbi. Famlande hender på brysta, kortpust, ein stiv lem … den første gongen i høyet på låven.Å, som ho hadde lengta etter at ho skulle bli frisk nok tilå leve ut den verkande trongen ho kjende. Få vere kvinne.Ansiktet hans nærma seg hennar. Pusten gjekk raskare.Angsten kom. Borte var tankane ho ein augneblinkhadde hatt om kropp og attrå. Livet ditt har ein pris.Det svartna. Med hender veike av sjukdom prøvde ho

å skyve vekk den store mannen. Det var som å skulle flytte eit fjell. Nattkjolen vart dregen oppover langsføtene, forbi hoftene. Ho kneip føtene saman, men måttegi opp då handa hans glei inn mellom låra hennar ogtvinga dei frå einannan. Overlegen greip handa hennarog la ho i skrittet sitt. Ho prøvde å skrike, men han laeine handa for munnen hennar. Ho kjende seg kvalmog utan krefter til å stå imot då mannen kvelva seg overho i senga. Så trengde han inn. Slik ja, du skal bli rikt lønt.Ho vart liggjande og stire inn i den kvite veggen. No

visste ho altfor godt kor høg pris ho måtte betale for åbli frisk.

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 17

Page 20: Satans mor

Solvorn, mars 1821

Inngangsdøra gjekk stille opp, og ein undersetsig mannsmatt inn. Han stilte seg mot veggen ved sida av døra. Påhovudet hadde han ei skyggelue som var trekt godt ned ipanna. Kleda stakk seg litt ut inne i den mørke skjen -kjestova. Mannen hadde på seg ein raud vest og eit gultsilketørkle i halsen under jakka. I det mørke lokalet slovarmen mot han saman med den stramme lukta av sveit-te, tobakk, mjød og brennevin. Akkurat same lukta sommøtte han på alle andre vertshus. Nokre sekund vart hanståande medan han sveipte over lokalet med vaktsameaugo. Vertshuset i Solvorn var godt besøkt i kveld. Vedalle bord sat det folk. Mannfolk for det meste, men ei oganna kvinne også. Ein kort augneblink fekk han blikk-kontakt med ei mørkhåra dame som sat ved eit bordmed fleire menn. Borte i ein krok var det ein høgrøystakrangel mellom to karar som stod og drog i kvar sin armpå ei dame. Ingen andre brydde seg om det.

Han pusta rolegare. Ingen kjende var å sjå i lokalet,men trygg kunne han ikkje vere. Han hadde for lengstgitt opp å flykte frå sitt eige rykte. Men i kveld ville hanha litt brennevin i skrotten før han drog vidare. Kanskjekunne han til og med skaffe seg ei varm seng for nattaog ein villig kropp å liggje inntil. Sjansen baud seg gjer-ne om han berre var tolmodig og venta til mannfolka

18

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 18

Page 21: Satans mor

vart fulle nok. Lett på foten gjekk han fram til diskender det vart servert. Han fiska opp ein skillingsmyntsom han la på disken.

– Eit krus brennevin, sa han.Mannen bak disken greip mynten, heldt han opp mot

eit talglys som stod på disken. Deretter myste han motframandkaren, før han studerte silketørkleet i halsen.

– Jaså, det er fint folk ute og rek i kveld? sa mannen.Det dunsta brennevin av han.

Eigentleg burde han visst betre enn å reise rundt iSogn med klede som trekte til seg merksemd. Diskrétok han av seg silketørkleet og la det i jakkelomma. Stå-ande ved disken tok han ein slurk av kruset. Vertshuset iSolvorn hadde ord på seg for å servere skikkeleg brenne-vin. Drikken reiv i halsen, og ein god varme spreiddeseg i magen. Han tok ein slurk til og kjende dei førsteteikna på svak rus.

Eit bord vart ledig borte ved ein vegg. Han sette segder, og ingen av dei andre gjestene såg ut til å bry segmed framandkaren. Ved nabobordet sat det nokre kararog braut handbak medan dei togg på tobakken sin.Karane sende stadig brune strålar i retning spyttebakkensom stod på golvet. Han tømde kruset sakte, det villevere dumt å drikke for mykje. Det var skjødeslaust nokberre å gå inn ein slik stad.

Støyen og bråket i skjenkjestova auka på. Då han varkomen eit stykke ned i krus nummer to, starta det eitslagsmål ved eit bord. Det var bordet der den mørkhårakvinna sat. Taus sat ho og såg på karane som veiva rundtute på golvet. Mannen som styrte skjenkjestova, vartberre ståande og glise. Noko særleg til slagsmål vart det

19

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 19

Page 22: Satans mor

heller ikkje. Karane hadde drukke for mykje sprit tildet. Den eine vart liggjande og krabbe på golvet, førhan vart slept bort til døra og lempa ut. Dei to andresom var innblanda, vart skyssa på dør, dei også.

Ho sat åleine ved bordet no, den svarthåra. Han sågat ho var barmfager. Augo deira møttest igjen. Nikka hotil han? Han tok sjansen. Greip brennevinskruset, krys-sa golvet og sette seg på ein krakk ved bordet hennar.

– Kan eg by deg noko å drikke? spurde han galant. Ho rista sakte på hovudet.– Nei, eg lyt fare heim no. Skal tidleg opp i morgon.– Ein skvett kan du vel dele med ein einsam kar før

du går. Ho studerte den ukjende utan å svare. Han var ganske

liten av vekst og verka kvikk. Hendene var små og håretmørkt. I det diffuse lyset i skjenkjestova såg augo blåsvar-te og intense ut. Under det venstre auga såg ho eit arr.

– Kven er du, framande?Han gav ho eit namn. Sa han var handelsmann frå

Bergen på gjennomreise til Gudbrandsdalen. Ho rakkikkje svare. Inngangsdøra gjekk opp med eit brak. Einfyldig mann i uniform stod i døropninga. LensmannHillestad steig inn. Han hadde ei mørk røyst som buldragjennom lokalet.

– Det har vore innbrot i eit stabbur i kveld. Flatbrød,kjøt og pengar er stole. Har de sett framande her i kveld?

Roleg vart han sitjande medan han såg etter ein veg årømme. Han såg ingen.

– Kor mykje pengar vart stole, lensmann? ropte man-nen som selde brennevin.

– Fire spesidalar og ti skillingsmyntar.

20

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 20

Page 23: Satans mor

– Den framandkaren der har pengar! Mannen bak disken peikte mot han. Lensmann Hille -

stad gjekk med tunge steg bort til bordet. Kvinna meddet mørke håret reiste seg sakte og trekte seg unna. Hansat roleg utan å møte blikket til lensmannen.

– Kva er du for ein kar? brumma lensmannen.Han mumla det same namnet som han gav til kvinna.

Lensmannen tok tak i aksla hans og heiste han opp.Han hadde kjent igjen lensmann Hillestad i det samedøra gjekk opp. Dei hadde hatt med kvarandre å gjeresist han var heime i Sogn. Augo deira møttest. Eit glisbreidde seg i det raudmussa ansiktet under uniformslua.

– Tenkte eg det ikkje, sa lensmann Hillestad triumfe-rande.

Spelet var over. For denne gongen.– Vi har fått besøk av sjølvaste meistertjuven. Dette

er Gjest Baardsen! Alle lensmenn i heile landet visste at han var på røm-

men frå ei livstidsstraff i Trondheim. Men lensmannHille stad på Hafslo hadde ikkje fått nyss om at GjestBaardsen hadde teke turen til heimlege trakter. Nokunne han arrestere den mest ettersøkte forbrytaren ikongeriket. Triumferande greip han Gjest i armen ogførte han ut medan dei andre gjestene stod og hoia ogklappa. Fleire spyttklyser vart sende i retning arrestantenutan at lensmann Hillestad brydde seg. Utanfor stoppafølgjet, og den røslege lensmannen såg intenst ned påmannen han var i ferd med å arrestere. Den støyandegjengen frå vertshuset samla seg i ein sirkel rundt dei.

– Denne gongen skal du i alle fall ikkje sleppe unnafør du har gjort opp for deg, Gjest!

Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 21