RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING...

9
RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

Transcript of RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING...

Page 1: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

RAPPORT FRÅ

KULTURMINNEREGISTRERING

Detaljreguleringsplan for

Solvika

Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

Page 2: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

SAMANDRAG

I samband med kulturminneregistreringa i Solvika vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike.

Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting, og graving av

prøvestikk, der det primært vart leita etter aktivitetsspor frå jarnalder og steinalder.

BAKGRUNN

Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Næring- og kulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering på Solvika. Bakgrunn for

registreringa er Sunnfjord Storsmol AS sin plan for å regulere området til akvakultur, samt tilhøyrande infrastruktur. Det vert lagt opp til etablering av

smoltanlegg på land med fylling i sjø. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt jamfør § 9 i lov om kulturminne.

Kommune: Fjaler

Gardsnamn: Solvika

Gnr/Bnr: 29/2, 29/9, 29/8

Tiltakshavar: Sunnfjord Storsmol AS, c/o Sinø Management AS.

Adresse: Pboks 513 Sentrum, 5806 Bergen.

Namn på sak: detaljreguleringsplan for Solvika

Saksnummer: 17/8231

Registrering utført: 2.-4. mai 2018 Ved: Eivind Rory Eliassen, Ingebjørg

Storvik

Rapport utført: 5. mai-2. aug.

.2018

Ved: Eivind Rory Eliassen

Rapport kontrollert

av:

Page 3: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

OMRÅDET

Tiltaksområdet ligg i nordenden av Selvika, ved Gjølanger i Fjaler kommune.

Planområdet omfattar bukta med kaianlegg, frukthage, strand, driftsbygg og bergskråning omkring 60 meter inn frå sjøen. Terrenget i sør består av

oppbygd kaianlegg i vestenden, steinstrand i midtpartiet, og berg ned mot sjø i austenden. Nordvestre del av planområde grenser mot eit kunstig

oppbygd bustadområde, i nord ligg ein bergvegg over skogkledde rasmassar. I aust er området avgrensa av ein bratt skogkledd skråning. Planområdet utgjer totalt 33 dekar.

Figur 1: Prosjektplan over området. Kart: Nordplan AS.

Page 4: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

STRATEGI OG METODE

DELTAKARAR OG TIDSROM

Området vart undersøkt av arkeologane Eivind Eliassen og Ingebjørg Storvik

2.4 – 4.4.2018. 46 timar vart nytta i felt, og 18 timar er nytta på etterarbeid. Det vart ikkje nytta 14C-datering.

Maskinell sjakting vart utført av Brødrene Lutentun ANS ved maskinførar Hallvard Lutentun.

STRATEGI OG METODE

Det vart gjort maskinell sjakting i dei flatane som var eigna, i hovudsak flater ved strandkanten. Mykje av terrenget var kunstig oppbygd i form av

hage, og dessutan utilgjengeleg for inngrep grunna straumtrasear i lufta. Der det ikkje var mogleg å kome til med maskin vart det tatt prøvestikk.

Ved maskinell sjakting bruker ein gravemaskin for å fjerna torv og matjord ned til kulturminne eller steril undergrunnen. Området som vert opna blir

deretter undersøkt av arkeologar. Sjaktene er vanlegvis om lag 3m breie med ei lengd tilpassa planområdet. Det vart opna totalt 4 sjakter.

Arkeologar nyttar gravemaskin på innmarksområder der ein kan opne store områder på relativt kort tid. Ved å bruke gravemaskin finn ein stolpehol,

kokegroper, eldstadar og flatmarksgraver som ikkje er synleg på overflata.

Eit prøvestikk tek ein ved å grave eit kvadrat på 40 x 40cm ned til den sterile undergrunnen. Ein fjernar torva og såldar om nødvendig jordmassane under. Om massane er fine og tørre kan dei tørrsåldast, men stort sett blir

dei sålda i vatn eller sjø med eit såld på 4 mm maskevidde. Slik kan ein sjå om det finns spor etter førhistorisk aktivitet i området i form av til dømes

trekol eller steinreiskap. Overflateregistrering og prøvestikking vert nytta på utmarksregistrering der

ein ikkje kjem til med gravemaskin. Denne metoden er også meir tilpassa perioden steinalder, der ein ser etter små steinreiskap og avslag.

Alle etterreformatoriske kulturminne vart fotodokumentert, og steingardane vart målt inn med CPOS.

Jordbor vart nytta for å påvise lausmassar i grunnen. I alt vart 6 prøvestikk gravne der dette vart funne. Massane i botn vart solda i sjøen. Alle

prøvestikk vart målt inn med CPOS. HMS-omsyn med tanke på moglege straumkablar i bakken utsette arbeidet i

ein kort periode, og tungt regnvêr og bratte fjellvegger gjorde digital innmåling tidkrevjande.

Page 5: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

RESULTAT

AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE

Det vart ikkje funne automatisk freda kulturminne.

NYARE TIDS KULTURMINNE

Foto 1: Naust i kaianlegget. Foto: Eivind Rory Eliassen.

Eit 4x6 meter stort naust vart fotografert. Naustet er innlemma i kaianlegget og omgitt av asfaltveg. Bygget er ikkje registrert i SEFRAK. I planområdet er

det også målt inn tre steingardar.

Figur 2: Kart over registrering, sjakter og prøvestikk. Kart: ArcGIS Pro.

Page 6: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

KONKLUSJON

Det vart utførd kulturminneregistrering i perioden 4-6. juni 2018. Det vart ikkje registrert automatisk freda kulturminne innanfor planområdet i

Solvika, Fjaler kommune.

Oslo 02.08 2018

...........................Eivind…Rory…Eliassen...........................

Feltleiar

Page 7: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

VEDLEGG 1: LISTE OVER SJAKTENE

Sjakt Gbnr. Storleik Undergrunn Masse

over

Strukturar

/Funn

Sjakta av

A 29/2 25x3 m Strand Grastorv,

siltsand

- E. R.

Eliassen, I.

N. Storvik

B 29/2 11x3 m Strand Grastorv,

siltsand

- E. R.

Eliassen, I.

N. Storvik

C 29/2 21x3 m Marin silt,

berg

Grastorv,

omrota

massar,

fyllmasse,

torv.

- E. R.

Eliassen, I.

N. Storvik

D 29/2 2x3 m Strand Grastorv - I. N.

Storvik

VEDLEGG 2: FOTOLISTE

Nr. Motiv Retning Dato Fotograf

1 Solvika (rapport-

framside)

Søraust 2. mai

2018

Eivind Rory Eliassen

2 Naust vest 2. mai

2018

Eivind Rory Eliassen

3 Strandflate Nordaust 2. mai

2018

Eivind Rory Eliassen

4 Sjakt A Aust 3. mai

2018

Eivind Rory Eliassen

5 Sjakt C Sør-aust 4. mai

2018

Eivind Rory Eliassen

6 Sjakt B Vest-sørvest 3. mai

2018

Eivind Rory Eliassen

7 Strandflate etter

sjakting

Nord-aust 4. mai

2018

Eivind Rory Eliassen

Page 8: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

VEDLEGG 3: FOTO

adsfs

asdfasdfasdf

W32rsdlkgjsdfljg 3 4 5

6 7

Page 9: RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING … · RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE

Nærings- og kulturavdelinga Pb. 173,

6801 FØRDE Besøksadresse: Storehagen 1b, 6800

FØRDE Telefon: 57 63 80 00 E-post: [email protected]

www.sfj.no