PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 –...

8
PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019 gulen.arbeidarparti.no

Transcript of PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 –...

Page 1: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

PROGRAM

GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019

gulen.arbeidarparti.no

Page 2: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

trygge menneske skapar trygge samfunnArbeidarpartiet sin visjon er ei rettferdig verd utan fattigdom, der menneske er frie, likestilte og kan påverke sin eigen kvardag. Alle menneske er unike, uerstattelege og like mykje verd. Vi i Arbeidarpartiet vil ha eit samfunn basert på fridom, solidaritet og like mulegheiter for alle. Trygge menneske skapar trygge samfunn. Små forskjellar og like mulegheiter har gjort at vi i Noreg har sterk tillit mellom menneske, og mellom menneske og styresmakter.

I samband med ny kommunereform er det viktig at innbyggjarane vert høyrde gjennom ein open og demokratisk prosess. Dagens ungdom er dei som framover må leve med vedtaka som vert gjorde, og må tidleg inn i prosessen. Eit overordna mål er å sikre innbyggjarane gode tenester, nærleik til tenestene og eit fortsatt godt lokaldemokrati. Uansett utfall av reforma ynskjer Gulen Arbeidarparti å utvikle samarbeidet med nabokommunane slik at tenestene vert best mogeleg for innbyggjarane.

Gulen Arbeidarparti vil at kommunen skal vere ein attraktiv stad å bu, arbeide og leve i.Vi vil sjå heile kommunen under eitt gjennom desse satsingsområda:

• Bustad- og næringsutvikling• Personalpolitikk• Helse- og sosialpolitikk• Barn og ungdom

• Idrett, kultur og kulturvern• Natur- og miljøvern• Kommunikasjon og samferdsle

Vi står framfor ein spennande valperiode der målet vårt er å føre ein politikk med gode og framtidsretta fellesskapsløysingar som tek vare på innbyggjarane i alle livsfasane, og bidreg til god integrering av nye landsmenn.

Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte helse- og skule/barnehage- tilbod, eit variert næringsliv og rein natur med rike mulegheiter for friluftsliv og rekrea- sjon. Men for å oppretthalde- og auke folketalet, treng vi nye arbeidsplassar og bustadar, gode idretts- kultur og fritidstilbod og ikkje minst betra veg- og samferdsletilbod.

I praktisk politikk må vi prioritere, og prioriteringane må tilpassast kommunen sitt økonomiske fundament. Vi lover ikkje meir enn vi kan halde, men lover å ha fokus på god økonomisk planlegging og god politisk styring der prioriteringane er basert på grunnleggande verdiar om friheit for den enkelte, solidarisk fordeligspolitikk og like muligheiter for alle.

Å vidareutvikle kommunen er ein kontinuerlig prosess der politikarane legg premissane, men er avhengige av godt samarbeid med nærings-

liv, lag/organisasjonar og innbyggjarane i kommunen.

Vi håper valprogrammet vårt er i samsvar med dine verdiar, og oppfatning av kva politikk som er til beste for innbygg-

jarane.

Godt val! Odd Harald Eide, 1. kandidat

Page 3: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

BUSTADBYGGJINGLett og rimeleg tilgang til bustadtomter er eitt av vilkåra for at ungdommen skal slå seg til i bygdene våre. Dette har dei ulike bustadfelta og også den spreidde bustadbyggjinga stadfesta. Gulen Arbeidarparti vil arbeide for ei vidareføring av spreidd bustadbyggjing.

guLen Ap vil:• arbeide for tilgjengelege utleigebustader i alle deler av kommunen

• leggje til rette for eit variert busetnadsmønster ved:

- ordinære bustadfelt

- mindre felt i grendene

- høve til utskiljing av enkle tomter

- rådgjeving til personar som vil bygge i/flytte til kommunen

- arbeide for tilrettelegging av båtplassar i grendene

• Idrett, kultur og kulturvern• Natur- og miljøvern• Kommunikasjon og samferdsle

Page 4: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

NÆRINGSUTVIKLING/ RESSURSFORVALTINGEksisterande næringar må styrkjast og nye utviklast for å auke sysselsetjinga og tryggje busetnaden i distrikta.

guLen Ap vil: • arbeide for at forvaltinga av naturressursane våre blir basert på eit fornuftig samspel mellom bruk og vern

• vere ein positiv medspelar til næringsliv og industri på eit berekraftig grunnlag

• sikre næringsareal i alle delar av kommunen

• arbeide for nyskaping og eit breiare spekter av arbeidsplassar i kommunen

Page 5: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

HELSE- OG SOSIALPOLITIKK

Dei tilsette i kommunen er ein viktig ressurs for å få gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Gulen Arbeidarparti vil arbeide for at Gulen kommune skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

guLen Ap vil:• arbeide for å ivareta kommunen sine tilsette gjennom kompetanseutvikling og gode arbeidstilhøve

På denne måten vil ein også kunne redusere behovet for ekstern hjelp.

Arbeidarpartiet vil ha best mogeleg kvalitet på helse- og omsorgstenestene.

guLen Ap vil:• styrke det førebyggande helsearbeidet og frivilligsentralen

• styrke samarbeidet mellom oppvekstsentra og eldre/omsorgtrengande

• tryggje eit godt barne- og familievern

• legge til rette for å skape ein meiningsfylt kvardag for menneske med særskilte behov

• sikre tilstrekkeleg sjukeheims- og dementplassar

• styrke rusvernet med særleg omsyn på førebygging

• arbeide for å oppretthalde eit godt lege- og tannlegetilbod i kommunen

• oppretthalde utekontora for legane på Byrknes og Brekke

PERSONALPOLITIKK

Page 6: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

IDRETT OG KULTUR guLen Ap vil:• styrkje arbeidet i lokale lag og organisasjonar med særleg vekt på arbeid for barn og unge

• arbeide for vidare utbygging av idrettsanlegg i tilknyting til eksisterande anlegg ved Dalsøyra skule

• vidareutvikle kulturskuletilbodet

• arbeide for utvida bruk- og aktivitet ved tusenårsstaden Gulatinget

Gode oppvekstvilkår for barn og unge er ei viktig framtidsretta oppgåve for oss alle.

guLen Ap vil:• arbeide for best mogeleg kvalitet i barnehage/skule

• arbeide for vidareføring av Hordalandsavtalen, og utviding av avtalen til å gjelde elevar frå heile kommunen

• styrke samarbeidet mellom skulane i kommunen

• arbeide for lærlingeplassar i kommunen

• arbeide for styrka samarbeid med ungdomsrådet

BARN OG UNGDOM

Page 7: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

NATUR- OG MILJØVERN

KOMMUNIKASJON OG SAMFERDSLE

Gulen Arbeidarparti ser det som svært viktig at kommunen aktivt og planmessig arbeider for å sikre natur- og livsmiljøet no og for framtida. Kommunen sin energi og klimaplan er ein viktig reidskap i dette arbeidet.

guLen Ap vil:• arbeide for å sikre oljevernet

• arbeide for å få lagt eit nasjonalt kompetansesenter for oljevern til kommunen

• sikre vern av natur- og friluftsområde i kommunen

Kommunikasjon er viktig for å binde kommunen saman, og for å tryggje busetnad og næringsliv.

guLen Ap vil: • arbeide for god mobil- og breibanddekning i heile kommunen

• prioritere arbeidet med rassikring av vegen Brekke – Instefjord

• arbeide for ein sikker og trygg skuleveg

• arbeide for å betre samanbindingsvegane i kommunen med særskilt fokus på Fv1 og -57

• halde fram arbeidet med utbetring/asfaltering av kommunale vegar

• arbeide for betring av busstilboda i kommunen

Page 8: PROGRAM GULEN ArbeidArparti 2015 – 2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · 2016-10-31 · Gulen er ein flott stad å bu, med gode og desentraliserte

1. Odd harald per eide

2. gerd ingunn ynnesdal

3. merete ånneland misje

6. rune håvåg

4. jørgen virkesdal

5. rebecka fedøy randal

HUgs å STEMme på åshild VED FYLKESTINGSVALET!

1. Odd Harald Per Eide Eivindvik 1955

2. Gerd Ingunn Ynnesdal Brekke 1962

3. Merete Ånneland Misje Byrknesøy 1972

4. Jørgen Virkesdal Dalsøyra 1959

5. Rebecka Fedøy Randal Ånneland 1994

6. Rune Håvåg Eivindvik 1976

7. May Lynn Osland Sande 1986

8. June Glenjen Omdahl Dalsøyra 1964

9. Nina Kolås Rutledal Eivindvik 1980

10. Line Birknes Byrknesøy 1982

11. Trond Haveland Eivindvik 1964

12. Leif Bjarte Andersen Dalsøyra 1967

13. Arve Osland Sande 1946

14. Anders Indrebø Eivindvik 1992

15. Sølvi Ann Oddekalv Byrknesøy 1958

16. Åse Haugen Eivindvik 1968

17. Rune Virkesdal Brekke 1961

18. Leiv Morten Nordgulen Eivindvik 1972

19. Ingunn Mjelde Mjømna 1962

20. Gro Sandnes Eivindvik 1967

21. Oddny Solrunn Oddekalv Eivindvik 1960

GULEN ARBEIDARPARTI 2015