Produksjonsprosessen av limtrebjelkar på moelv
-
Upload
gjovik-university-college -
Category
Documents
-
view
460 -
download
1
Transcript of Produksjonsprosessen av limtrebjelkar på moelv
Laga av
Arne Bring Fugllien
Denne presentasjonen vil ta for seg produksjonsgangen av
limtrebjelkar hos limtreprodusenten Moelven Limtre AS
Fyrst kjem skurlast inn på eit
sorteringsbord, her blir trevirket
kontrollert maskinelt for
fuktigheit samt kvalitet.
Kvaliteten blir målt og seinare
sortert, slik at best kvalitet blir
brukt i lamellane som ligg ytst.
Feil fuktigheit eller kvalitet blir
kassert automatisk. Trevirket
blir også snudd i lik retning i
forhold til kjerneveden slik at
dei blir spleisa saman med like
styrkeeigenskapar.
Treverket kjem i
forskjellige lengder, og for
å få rett lengde på trevirket
blir det fresa spor til
fingerskjøten i enden av
trevirket. Lengdene blir så
kappa for å få like lengder
til bjelkane.
Her ser vi
korleis endane
møtast og
pressast saman
med høgt trykk
frå maskinane.
Resultatet er
ein sterk
fingerskjøt fylt
med lim, pressa
saman i lengder
omkring 15
meter.
Trevirket kjem så ut på
eit nytt sorteringsbord
der dei blir stabla etter
kvalitet, som vart
kontrollert i starten. Frå
desse stablane skal det
seinare bli plukka ut rett
mengde og rett
rekkefølje av dei
forskjellige kvalitetane.
For å få rett kvalitet på
lamellane ytst på bjelken og
midt i blir desse plukka
manuelt av ein arbeidar. Ei
datamaskin styrer rekkefølja
av kvalitet ved hjelp av lys
ved den aktuelle
kvalitetsstabelen som
arbeidaren legg på plass.
I neste prosess blir bjelkane frakta ein og ein gjennom ei maskin som påfører trevirket lim på oversida. Alle lamellane får lim på seg utanom kvar lamell som skal ligge øvst i kvar bjelke. Det er for at dei skal kunne plassere fleire bjelkar oppå kvarandre i høgda i ein herdeprosess.
Etter at ein lamell er lagt på plass, kjem neste lamell og får påført lim og blir så lagt saman med fyrste lamellen. Dette gjentakast heilt til bjelken har fått rett mengd lamellar. Deretter blir det lagt press på bjelken for å fordele limet jamt utover slik at lamellane heng saman. Så blir neste bjelke lagt saman og blir stabla i høgda med dei tidlegare limde bjelkane. Desse blir pressa saman med høgt trykk i høgda heilt til ramma med bjelkar er full.
Når ei ramme er stabla
full med ferdig limde
bjelkar blir ramma
sendt inn i ein
herdingsomn. Når
bjelkane har vore til
herding i om lag ein
times tid kjem dei ut av
herdingsomnen og blir
delt frå kvarandre og
sendt inn i ein høvel.
Her blir sidene på
bjelken høvla og
justert så dei får ein
fin og glatt overflate
i ei stor
høvelmaskin.
Etter høvlinga blir kvar bjelke kontrollert manuelt av ein arbeidar som utbedrar evt. feil med enkle reiskapar som høvel og kniv, og tilfører lim dersom det skulle være synlege manglar med lim nokre plassar. Etter ein visuell kontroll blir bjelkane pakka og lagra.
Kontrollar for å teste
kapasitetane i
fingerskjøtane til
bejkane er
nødvendig for å
tilfredstille krava. Her
ser vi korleis
fingerskjøten
oppfører seg med
stor belastning.
Normalt får vi
øydeleggjande strekk
og stukning av
treverket før limet i
fingerskjøten gjer
seg.
For vanlege limtrebjelkar er dette ein effektiv måte å produsere bjelkar
på. Maskinane utfører det meste av arbeidet, og fører til ein jamn og
effektiv produksjonsprosess. Men spesialbestillingar med bøygde
formar lyt det utførast manuelt. Det gjeld også dei større bjelkane som
ikkje går gjennom maskinane.