Oseana Opningsprogram 2011

9
OPNINGS PROGRAM 18.-26. juni 2011

description

OPNINGSPROGRAM18.-26. juni 2011

Transcript of Oseana Opningsprogram 2011

Page 1: Oseana Opningsprogram 2011

OPNINGSPROGRAM18.-26. juni 2011

Page 2: Oseana Opningsprogram 2011

Hei OsinG! Kva forventar du deg av Oseana?

Fredag 17. juni blir Noregs første lavenergi kunst- og kulturhus offisielt opna med eit mangfald av kulturinnslag i Oseanasalen.

Billettane vart utselde på ein time.

Kvelden er ein forsmaK på opningsveKa som startar laurdag 18. juni!

StorSlått opningskveld av Oseana

Velkommen til oSeana

innhold Per Grieg: Med rotfeste i Os s. 03

Griegsamlingen s. 04

Utstilling frå lokale kunstnarar s. 05

Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo: Ikkje heilt A4! s. 06

Havfest - folkeopera som du aldri før har sett det s. 07

Oseana opningsprogram s. 08

Svingande jazz og sveitt blues s. 10

Gunnar Nagell Dahl: Ein spenningsøkjande festivalsjef s. 11

Suksessen “Smakverket” til Oseana s. 12

Terje Søviknes - ein kontrollfreak s. 13

Jiri Hlinka Klaverakademi s. 14

Fakta om Oseana s. 15

Forsidefoto: Vidar Langeland

Tekst: Veronica Simoné Fjeld

Layout: Picapoint Studio AS

Trykk: Media Trykk

Distribusjon: Vest Distribusjon

Opplag: 25.000

No er det ikkje lenge igjen å venta! Om nokre veker opnar ei av dei mest spennande kunst- og kultursatsingane i Noreg i dette tusenåret. Me gler oss!

Det som byrja med ei fantastisk gåve frå Per Grieg Sr. for

nokre år sidan har utvikla seg til ei framtidsretta satsing

som vil gje osingar, menneske i nabokommunane og

andre gjester gode opplevingar året rundt.

Oseana Kunst & Kultursenter vil ha den nest største

scena i Hordaland. Karane bak restauranten ”Færingen”

har vunne prisar for si restaurantdrift med gode

drikkevarer og smakfulle matvarer frå nærområdet. Den

nasjonalromantiske kunstsamlinga som Per Grieg Sr.

har brukt fleire tiår på å samla, blir utstilt her. Ramma

for arrangementa er eit vakkert og miljøvenleg bygg i

sjøkanten og med utsikt over Bjørnefjorden.

På våre nettsider, oseana.no, finn du meir informasjon

om Oseana Kunst & Kultursenter. Her kan du kjøpe

billettar, og her får du informasjon om dei ulike

arrangementa. Det er også mogleg å leige lokale til

konferansar og andre arrangement.

Oppstarten er helga 17-19. juni. Haustprogrammet

blir klart rundt skulestart i august. Frå september vil

arrangementa koma tettare og tettare, med stor breidde

og variasjon.

Me opplever god entusiasme og høge forventningar frå

kunstnarar, musikarar, politikarar, tilsette i kommunen

og andre osingar me har vore i kontakt med.

Me som er så heldige at me får arbeida med

Oseana kvar dag gler oss til å visa deg kunst og

kulturopplevingar som ein ikkje har funne i Os

tidlegare.

no er det iKKje lenge igjen å venta!

Kim Kristoffersen direktør

ingVild hetleflåt 68 år

Eg forventar yrande

aktivitet på mange plan.

Mykje klassiske- og

jazzkonsertar. Eg skal

absolutt nytte huset!

ronja Skaathun, 16 år

Eg håpar det blir halde

dansekurs der, gjerne hip hop.

Eg håpar det ikkje bare blir

halde konsertar med

countryband, men og

noko for oss unge.

håkon mathiSen, 26 år

Eg forventar at Oseana blir

ein samlingsplass som kan

skapa tilhøyrsel i Os. Det er

positivt at det no blir satsa

stort på kultur i bygda.

iSaac lekVen, 42 ½ år

Eg forventar at det blir meir

liv i bygdo og at folk blir meir

engasjerte. Oseana er nok

for lite for mitt favoritt-

band, men det er jo lov å

håpe på at Pearl Jam

finn vegen hit!

joachim Wagner-larSen 26 år

Eg forventar at bergenserane lar

seg lokka hit og at Oseana vil

ha same effekt her som

Grieghallen har hatt

i Bergen.

HOvudsAMARbeidsPARtnARAR:

2 3

Page 3: Oseana Opningsprogram 2011

Per Grieg Sr. er ein vaksen mann i sin beste alder, med nok penger i banken til å kunne byggje og drifte eit kunstmuseum kvar som helst i Noreg eller verda for den saks skuld. Valet vart Os. Han er ein mann med sterke kjensler, ikkje berre for kunsten, men og for denne vakre bygda.

Griegsamlingen består av kunst, hovedsakelig billedkunst, som er eiet av Grieg Foundation og andre innenfor Grieg Group-sfæren.

Den er samlet over en 50 års periode, og stort sett har

undertegnede stått for innkjøpene. Det har ført til at

samlingen er ganske personlig, uten noen overordnet

strategi eller linje, bortsett fra det som subjektivt har

vært oppfattet som spennende til enhver tid. Nokså

tidlig ble det som kan kalles en Gullalder i norsk

malerkunst, nemlig produsert av kunstnere født rundt

midten av 1800-tallet, et fokusområde.

Blant mange spennende navn finnes:Christian Krohg, Frits Thaulow, Eilif Peterssen, Harald

Sohlberg, Thorvald Erichsen, Nikolai Astrup

Ludvig Karsten, Erik Werenskiold, Theodor Kittelsen,

Christian Skredsvig og Edvard Munch.

For å få en viss bredde på det som etter hvert fikk

ambisjonen av å fremstå som et mini nasjonalgalleri,

kom det på den eldre side til navn som: J.C.Dahl,

Eckersberg, Flintoe, Tidemand, Gude, Balke og Baade.

Og fra den noe senere periode: Aulie, Ekeland, Enger,

J. Johannessen, Heramb, Karl-Erik Harr, Gullvåg og Per

Krohg.

I en senere periode har vi forsøkt å komplettere med

spesiell vekt på Vestlandskunstnere, som Xan Krohn,

Henrik Lund, Knud og Nils Bergslien, Bernt Tunold,

Olav og Frida Rusti, Lars Osa og Ingebrigt Vik.

For å ha noen representanter fra våre kjære naboland,

Danmark og Sverige, har vi sikret oss noen av

Skagenmalerne som Michael og Anna Ancher, L. Tuxen,

naturmaleren Bruno Liljefors, familieromantikeren Carl

Larsson, og Anders Zorn.

Per Grieg Sr. har sterke band til Os. Som liten gut ferierte

han i familiens sommarhus på Strøno i åtte veker kvar

sommar. Det var langt ”pokker i vold” for ein liten bygut.

– Frå Lepsøy vart vi rodde ut til det tomme huset av ein

bondeven, og då vi først var kome på plass var vi isolerte

frå resten av verda. Utan vatn, elektrisitet eller telefon.

Her fekk eg rotfeste og ein nærleik til sjøen som eg likte

svært godt, og tida med storfamilien på Strøno blei

viktigare med åra.

Sidan den gong har det maritime vore viktig for Per.

Han vart skipsreiar og er i dag dagleg leiar for Grieg

Foundation. Med ein far som var arkitekt og oppteken

av estetikk, og ei mor som var brennande engasjert i

musikk, fekk Per auga opp for kultur og biletkunst i ung

alder.

– Interessa for måleriet fekk eg som ung siviliingeniør på

femtitalet. Då vart eg fast inventar hos Paus Knudsen,

eitt av få kommersielle galleri på den tida. I galleriet til

Knudsen fekk eg sjå store verk av blant anna Nikolai

Astrup.

Mystikken i måleria til Astrup vekte kjensler i unge Per.

Kjensler som skulle resultere i ei av Bergens største,

private kunstsamlingar. Som kunstkjøpar lar Per seg

aldri påverke av debatten samtidskunsten kan føre med

seg. Han handlar kunst som har overlevd over tid, og

som rører noko i han.

– Det er kanskje bakvend å seie ”det likar eg ikkje”,

men viss eg ikkje føler noko så er det ikkje kunst for

meg. Samlinga har inga anna line enn at det er kunst

som eg har likt.

Per er ein bestemt mann, men han finst ikkje egoistisk.

Han ser ingen verdi i å halde kunstsamlinga si for seg

sjølv. Enklast ville det kanskje vore å medverke til at

den flotte rekka av museum i Bergen vart enno større,

men Per såg mot Os då han bestemde seg for å vise fram

samlinga si.

– Eg har fått merke den krafta som finst i Os, som får

tinga gjort. Eg ba om eit møte med Terje Søviknes og la

tretti millionar på bordet, med et ønskje om å byggje eit

kunstmuseum i Os.

Per hadde eit behov for å gje noko tilbake til bygda som

han ser på som si andre heimstad. Dette har no resultert

i at Grieg Foundation er Oseanas største private

bidragsytar. Dei har gått inn med 65 millionar kroner.

– Det er utruleg mykje pengar for noko ein ikkje veit

kjem til å overleve?

– Viss ein skal drive med allmennnyttig verksemd,

må ein kaste seg ut i det. Eg veit jo at Grieghallen har

endra Bergen. No kan vi ikkje tenkje oss byen utan den

kulturelle storstova. Det same er eg overtydd vil skje for

Os og Oseana.

Per Grieg Sr. seier han har røtene sine i Os, at delar av

identiteten ligg her i bygda, i fjella og i fjorden. Han har

hjartet sitt i Os og håpar no at kunstsamlinga i Oseana er

ei samling som osingane kan bli glade i.

– Når eg blir trøytt og lei og treng noko friskt i houvudet,

vender eg meg mot kunsten. Då får eg denne fridomen

av tanke som er så fantastisk.

Per blir engasjert og samstundes mild i blikket når han

får snakke om kunst. Det same gjeld når han får tenkja

på barndomsminnena frå Os. Så kan ein spørje om det

er slik at skipsreiaren no har fått sjansen til å gjere noko

for Os, eller om det er Os som har gjort noko for Per?

Med rotfeste i Os

utstilling frå lokale kunstnararOseana Kunst & Kultursenter får ei heilt ny utstilling med utvalde verk frå kring 40 lokale kunstnarar. Samlinga opnar 18. juni. Vibeke Harild har sett saman utstillinga.

– Dette er ei utstilling som favnar om mykje, frå

skulpturar og treskjæring til maleri, rosemåling,

teikning, tekstil, foto, glas og keramikk, fortel kurator

Vibeke Harild, som leier arbeidet med utstillinga.

Nokre verk har aldri vore vist tidlegare og er laga

speiselt for denne utstillinga. Det er også ei historisk

utstilling, med gamle objekt innan måleri og

rosemåling. Som ein av dei få stadene i landet har

Os ein tradisjon i rosemåling som har vore ubroten i

nær 200 år.

Breidde og kvalitet– Eg tykkjer at breidde er viktig når det er ei

åpningsutstilling og objekta eg har plukka ut held

eit høgt nivå, fortel Harild.

Den erfarne kunstnaren og galleristen frå Danmark

har dei siste to månadene arbeidd med å velja

ut kring 50 kunstverk, mellom anna keramikk,

glasarbeid, tekstil, teikningar, rosemåling,

treskjæring, foto og skulptur. Ho er ikkje ferdig

med arbeidet, men har nokre veker på seg til å

treffa fleire kunstnarar.

– Os kommune har ei lang historie med kunstarbeid

innanfor husflid og produksjon av møblar. Også i vår

tid har osingane valt å arbeida med kreative uttrykk

innanfor husflid, design og kunst, fortel ho.

Vibeke legg til at det blir mogleg å kjøpa nokre av

kunstverka i utstillinga, men ikkje alle er til sals.

anerkjent kunstnarVibeke Harild driv til dagleg Vedholmen Galleri

saman med ektefellen, iren Peter Marron.

Dei to anerkjende kunstnarane har budd i Os

Kommune i 12 år, og flytta til Søre Øyane på

grunn av det spesielle lyset ute i fjorden.

Her opna dei eit lite galleri med høgt og

internasjonalt nivå på utstillingane.

Vibeke har studert ved Kunstakademiet i Århus, ved

Depart. of Art i Colombus Ohio (USA) og ved Bergen

Kunsthøgskule der ho tok hovedfag. Tidlegare

har ho vore styreleiar i Hordaland Kunstsenter for

Norske Kunsthåndtverkere (NKNV) og regionsleiar

NKNV. Ho var leiar for styringsgruppa til Norske

Kunsthåndverkerers landsdelsutstilling «Taktil».

No er ho styremedlem i Fondet for utsmykning i

Bergen Kommune og sit i representantskapet for

Kunstmuseene i Bergen.

– På denne utstillinga er det med mange erfarne

kunstnarar, men også ukjente talent som får visa

fram sin produksjon, sier Vibeke.

Ho vil ikkje framheva nokre kunstnarar eller verk.

– Det er ingen som skal bli nevnt meir enn andre,

det er såpass bra nivå på alle at det er det ikkje

grunn til. Eg vil ikkje seia så mykje mer no. Eg synes

kunstverka skal få snakka for seg sjølv!

GriegsamlingenPORtRett

“Sognebud“ av Adolph Tidemand.

Vibeke Harild.

Rosemåleri med typisk Os-rosemåling.

Maleri målt av Sigurd Bugge, Os.

Håndtverk av Vibeke Harild.

«Kvennagongog Jølstratun» av Nicolai Astrup.

4 54 5

Page 4: Oseana Opningsprogram 2011

– HavFest er forfriskande og tankevekkjande. Det er ei

eventyrleg framsyning med eit filmatisk lydbilete.

Noko liknande har aldri blitt vist i Os!

Glenn Erik Haugland er komponist, prosjektansvarleg

og dirigent på folkeoperaen HavFest. Ei framsyning som

er skreddersydd til opninga av Oseana.

– I tråd med miljøprofilen til Oseana, er alle kostymer

og scenografi i HavFest gjenbruk. Tema er miljørelatert,

og alt du ser på scena er laga av resikulert materiale.

Under opningsfesten skal publikum få bli kjend med

kystens herskerinne, Guri Kunna. Lenge før norrøn

tid trudde kystens folk på denne mytiske figuren

som var stolt, vakker og mektig. Heidi Tronsmo er

manusforfattar og medkomponist, og speler rolla

som Guri Kunna på scena.

– Guri Kunna er lunefull, og heilt uforskyldt skapar

ho storm og ubalanse når ho forelskar seg i mennesket,

Arnfinn.

Gjennom ei frodig musikkforteljing blir vi kjend med

Havfolket, Brefolket, kongar og dronningar. Vi møtar

Gurifolket og Vinden, og blir med på ei reise som har

som mål å rydde opp i problema som Guri Kunna

skapar med dei amorøse kjenslene sine. Haugland trur

publikum kjem til å elske det musikalske uttrykket.

– Dette er ein heilt ny måte å nærme seg opera på.

Utgangspunktet er henta frå tangoen, men her er

fleire musikalske sjangre smelta saman.

Eit orkester av proffe musikarar og unge amatørar vil

skapa rammane rundt HavFest. Framsyninga blir den

første i Oseana sin storsal og Haugland har difor bedt

om ekstra lang prøvetid. Viktigast av alt blir plasseringa

av orkesteret på ti mann.

– Vi må få tid på oss til å teste ut akustikken i rommet,

men også kor orkesteret skal få ein naturleg plass.

Storsalen har inga orkestergrav og akkurat no er vi

svært spente på å sjå kor orkesteret til slutt vil ende opp.

Svaret på orkestergåta får

vi først den 18. juni.

Då er det urpremiere

i Storsalen i Oseana.

Sjå festprogrammet for

andre speledatoar.

Hovedoppsetjinga under opningsfesten til Oseana er ei fargerik og eksperimentell framsyning, som på tvers av musikksjangre vil engasjere store og små. Heile familien er invitert når Guri Kunna og resten av Havfolket byr opp til HavFest!

Kunstnarparet Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo har to døtre og ei bikkje, men er ingen typisk

kjernefamilie. Paret, som har laga opningsframsyninga til Oseana, lever som kunstnarar flest, i strukturert kaos, ofte med

dusinvis av ballar i lufta.

HavFest – folkeopera som du aldri før har sett det!

ikkje heilt A4!– Kva er det du drikk? Kaffe mocca? Det vil eg også ha!

Då får du ta det same som meg, Glenn, vi som er så like!

Heidi Tronsmo er multikunstnar og eit fyrverkeri av ei

dame. I ein bås på Peppes Pizza i Os har ho tatt plass

saman med ektemaken gjennom 25 år, komponist

Glenn Erik Haugland.

– Vi blei kjærestar i 1985 og gifta oss i 1986. Det var

eigentleg eit halvt år for seint. Vi hadde planar om å gifte

oss allereie same år som vi vart kjærestar, men så fekk eg

fullstendig panikk og avlyste på ståande fot!

Det gjekk fort i svingane når dei to formaliserte

kjærleiken til kvarandre på midten av åttitalet.

Det høge tempoet har på ingen måte stagnert med åra.

Saman har dei to av dei mest imponerande kunstneriske

cv`ane Noreg har sett. Nyleg vart barneoperaen ”Poy”,

produsert gjennom ekteparets selskap Opera Omnia,

headhunta til den nederlandske nasjonaloperaen.

Heilt unikt i norsk samanheng.

– Vi er medvetne på å ikkje tenkje at ”dette skal bli ein

suksess” når vi går i gang med ulike prosjekt. Viktigast

av alt er for oss å vere i stoffet og tvinge fram eit endeleg

uttrykk gjennom konsentrert leik.

Paret har oppfostra to jenter, som no er i tjueåra. Som

foreldre har Glenn og Heidi alltid forsøkt å nærme seg

bornas alder etter kvart som dei vaks opp. Leik har

stått sterkt hos familien som har hatt bustad i Oslo,

Italia og no på Haugland i Os. Litt morosamt er det jo

at eldstedotter, Anne Goro, ikkje opplevde system i

kvardagen før ho byrja på folkehøgskule.

– Vi måtte le når vi over telefon fekk høyre at ho var

overraska over at dei på skulen hadde faste måltid til

faste tidspunkt.

Ingen dagar er like i kunstnarheimen på Haugland.

Nokre dagar held Heidi til i eit lite hus på småbruket

som ho har kalla ”Lurestovo”. Glenn sit gjerne pal

i ”komponistbula” si, men som oftast er det på

kjøkenbenken at dei store idéane tek form.

– Vi kastar ball til kvarandre heile tida, og ofte må

vi jobbe parallelt med fleire framsyningar. Då kan

temperaturen bli høg på kjøkenet, men han når

aldri kokepunktet.

Det er mykje latter i båsen på Peppes Pizza. Glenn og

Heidi snakkar i munnen på kvarandre og iretteset den

andre der det trengs. Akkurat no er dagane fylt opp med

arbeid foran urpremieren av folkeoperaen HavFest i

Oseana.

– Heilt fryktlaust har vi gått inn i dette prosjektet. Vi er

meir redde for at nokon i ensemblet skal bli ramma av

sjukdom enn at framsyninga ikkje skal falle i smak.

Heidi og Glenn håpar dei er så dyktige i faget sitt at

dei kan bu kor som helst og produsera for kven som

helst. Akkurat no er paret meir enn nøgd med å bu på

Haugland, i ei bygd som har forstått at kultur er viktig

som næring.

– Kulturnæringa er verdas femte største industri.

Forhåpentlegvis vil Oseana bidra til at produksjonar

herfra blir sendt vidare ut i verda.

Med musikkteater i utvida forstand har Opera

Omnia fått ein posisjon i kulturlivet som står sterkt

både nasjonalt og internasjonalt. Like sterkt som

kunstnerparet sjølv, kanskje nettopp på grunn av at

dei er alt anna enn A4.

På Scena:guri Kunna: Heidi Tronsmo

vinden: Terese Mungai

arnfinn: Ståle Ytterli

Bredronninga: Magnhild Korsvik

skarvar: Malin Brimsholm,

Tonje Mykkeltveit

og Adeline Eikanger

Havprinsar: Gustav Navas Hasfjord,

Martin Myrlid Herfjord,

Bjørn-Erik Ulvatne

PORtRett

6 7

Page 5: Oseana Opningsprogram 2011

PROGRAM velKOMMen til stORslått OPninGsFest 18.-26. juni!

l 13:00 OPninG Av KunstsAMlinG OG utstillinGslOKAle Per Grieg Sr. har ei av Bergens største og interessante kunstsamlinger. No har du mogelegheit til å sjå verka til nokre av Noregs største kunstnarar gjennom tidene på nært hald. Me opnar óg utstillingrommet der du kan sjå både nye og gamle kunstverk frå Os.

13:00 OPe Hus Oseana held dørene opne for alle dei som er nyfikne på korleis Os si nye storstove ser ut! Ope til kl 15:00.

14:00 GRAtis AnsiKtsMAlinG OG AbleGøyeR Med KåRe KnAll Klovnen Kåre Knall har greie på dette med underhaldning for store og små. Ta med deg borna på ballongshow og eit tullete trylleshow heilt utanom det vanlege!

16:00 GRAtis KOnseRt Med søRe neset MusiKKlAG Søre Neset Musikklag kjem med eit variert repertoar.

19:00 uRPReMieRe Av FOlKe- OPeRAen ”HAvFest” I samarbeid med Opera Omnia inviterer Oseana på folkeopera i Storsalen. HavFest er hovudframsyninga under opnings- festen, ei fargerik og spektakulær familie- framsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Varer til kl. 21:30. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

12:30 tHe beRGen PiPe bAnd Forrykande sekkepipeopptog frå Osøyro til Oseana, med påfylgjande konsertarrangement. Varer til kl 13:00.

10:00 Os FRiMeRKeKlubb stillAR ut i FOAjéen I samband med opninga av Oseana vil det bli sal av eigne Oseanafrimerke. Sjå også Os Frimerkeklubb si utstilling i foajéen. Utstillinga og sal av frimerke vil gå føre seg til og med torsdag 23. juni

13:00 OPe Hus Oseana held dørene opne for alle dei som er nyfikne på korleis Os si nye storstove ser ut! Ope til kl 15:00.

13:00 GRAtis KAMMeRKOnseRt Lærarane ved Kongshaug vidaregåande skule har øvd og øvd, og øvd enno meir for at denne søndagsmatinéen av ein kammerkonsert skal bli så minneverdig som mogeleg. Kom og la deg imponera!

17:00 seniORdAns, KOR OG leiKARRinG Os Pensjonistforening arrangerer dans og gratis underhaldning. Varer til kl 18:30.

19:00 HAvFest i stORsAlen I samarbeid med Opera Omnia inviterar Oseana på ein folkeopera heilt utanom det vanlege. HavFest er hovudframsyninga under opningsfesten, ei fargerik og spektakulær familieframsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

19:00 HAvFest i stORsAlen I samarbeid med Opera Omnia inviterar Oseana på ein folkeopera heilt utanom det vanlege. HavFest er hovudframsyninga under opningsfesten, ei fargerik og spektakulær familieframsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

21:30 RiO - ROcK i OseAnA Os Rockeklubb og Søfteland Rock’n LOL inviterer til heftig rockekonsert i foajéen! Kvelden vil innehalde rocke-quiz, eit eksklusivt musikalsk innlsag samt musikk frå ein DJ. Her blir det klubb-stemning for dei som likar høgt desibelnivå! Vil Oseana verte sertifisert som ”Rock`n Roll Approved Venue”? Varer til kl. 24:00 Billettar får du i døra.

19:00 HAvFest i stORsAlen I samarbeid med Opera Omnia inviterar Oseana på ein folkeopera heilt utanom det vanlege. HavFest er hovudframsyninga under opningsfesten, ei fargerik og spektakulær familieframsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

17:00 KAMMeRKOnseRt Konsert med master class elevar frå Jiri Hlinka klaverakademi. Billettar får du i døra. Til ca. 18:30.

20:00 KROHnenGen bRAss bAnd Eit av Noregs beste brassband kjem frå Sandviken og byr på høg musikalitet på mange plan. No kan du få oppleve Krohnengen Brass Band LIVE i Storsalen. Til ca. 21:30. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice, posten eller i døra.

17:30 st. HAnsAFten i MObeRGviKjO Os turlag og Os Speiderlag inviterer til tradisjonell midtsommarfest for heile familien. Stort St. Hansbål og musikk med Os Spelmannslag og Dur- samskipnaden vil setje stemninga og lage fest for store og små. Arrangementet er gratis. Arrangementslutt 19:30.

20:00 vAMP i stORsAlen Osøren Blues & Jazzfestival har, i samarbeid med Oseana, hanka inn VAMP for å kickstarte årets festival. VAMP er Noregs fremste utøvarar av folkemusikk, kombinert med viser og rock. Billettar får du hos billettservice eller på posten.

17:00 OPninG Av OsøRen blues & jAzzFestivAl Med billy t bAnd. Billy T Band vann årets Spellemannpris for beste bluesalbum i 2010. Dei opnar årets festival i foajéen!

20:00 PAPA slide bAnd i vARGA-sAlen Høyoktanblues frå Bergen i form av Papa Slide Band!

20:00 OsøRen jAzzenseMble i FOAjéen Osøren Jazzensemble speler svingande tradjazz akkurat slik det skal vere!

21:00 billy t bAnd M/ beRnie MARsden i stORsAlen Billy T Band levarer svingande blåtoner til ståkarakter og fekk nyleg Spellemann- pris for årets bluesalbum i 2010.

ca.22:00 tOne lise MObeRG i FOAjéen Tone Lise Moberg frå Os imponerar med sitt jazztalent i foajéen. Saman med bandet speler ho latinamerikansk musikk.

ca.22:30 bb lynGs bluesbAnd i vARGA-sAlen Blues med sjel og energi frå BB Lyngs Bluesband i Varga-salen!

ca.23:30 beRnie MARsden i stORsAlen Det blir fullt trøkk i Storsalen med Bernie Marsden, tidlegare gitarist i Whitesnake, når han kjem med ein hyllest til Rory Gallagher.

ca.00:30 RicH HARPeR i vARGA-sAlen Opplev eit liveband av ekstraordinær sort med amerikanaren Rich Harper i Varga-salen.

12:00 FestivAljAM Med HeReide And tHe bluesGAnGsteRs Det blir formiddagsjam i solveggen på terrassen med utadvendt og ernergisk blues frå Hereide and the Bluesgangsters.

ca.15:00 HeReide And tHe blues- GAnGsteRs i FOAjéen Matiné med utadvendte Hereide and the Bluesgangsters i foajéen.

ca.16:00 blue nOte sHuFFle i FOAjéen Opplev dei lokale heltane i Blue Note Shuffle i foajéen.

ca.17:00 PAPA slide bAnd i FOAjéen Papa Slide Band frå Bergen avsluttar matinéen i foajéen.

19:30 jOlly juMPeR & biG MOe i PRøvesAlen Jolly Jumper & Big Moe har i lengre tid blitt kalla Noregs leiande akustiske blues duo.

20:00 blue nOte sHuFFle i stORsAlen Blue Note Shuffle frå Os speler moderne elektrisk texasblues og klassisk texasshuf fle. Opplev dei LIVE i Storsalen!

20:00 tOne linn Mjånes Quintet i FOAjéen Svingande jazz med lokale Tone Linn Mjånes Quintet.

ca.22:00 eRic ”sliM” zAHl & tHe sOutH West sWinGeRs i vARGA-sAlen Eric “Slim” Zahl & The South West Swingers var i år Spellemannominert for beste bluesalbum i 2010.

ca.22:00 WAsHAMbA i FOAjéen Bergensbaserte Washamba miksar latinske rytmar med jazz og folkemusikk.

ca.22:30 vidAR busK & His tRue beliveRs i stORsAlen Vidar Busk med original besetning!

ca.00:30 vetRHus bluesbAnd i stORsAlen Stødig liveblues med Vetrhus Bluesband frå Hardanger!

ca.00:30 RicH HARPeR i vARGA-sAlen Livelegenden avsluttar kvelden i Varga-salen.

16:00 ”veRn OM Min jORd” i stORsAlen I fjor fylte Kari Fjeldstad Grieghallen med sin miljøsong ”Vern om min jord”. No inviterer ho til konsert i Oseana. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice, posten eller i døra.

20:00 ”MellOM FjORdAR OG Fjell” - KORKOnseRt i stORsAlen Gjennom eit allsidig program presenteres åtte kor frå Os - både kvar for seg og samla. Billettane vil bli lagt ut for sal frå 23. mai på Statoilstasjonen på Os, hos kora og i døra.

laurdag 18.juni Sundag 19.juni måndag 20.juni

tySdag 21.juni

onSdag 22.juni

torSdag 23.juni

fredag 24.juni

laurdag 25.juni

Sundag 26.juni

FOR billetteR til Alle ARRAnGeMent 24. OG 25 . juni, sjå www.osoren.no

8 9

Page 6: Oseana Opningsprogram 2011

11

Det er duka for årets happening i Os! For første gong sidan festivalen starta for tretten år sidan skal Osøren Blues & Jazzfestival flytta inn under eitt og same tak. Større, betre og med fleire store namn på programmet, blant desse ein fersk Spellemannprisvinnar.

Lenge såg det ut for at Gunnar Nagell Dahl ikkje ville stille til attval som festivalsjef for Osøren Blues & Jazz

Festival anno 2011. Han var rett og slett lei av rutinane! Så vart det

klart at årets festival blir lagt til Oseana, og dermed var spenninga i gang. No gjeld det berre for sjefen å

hugse namna på årets artistar.

– Osøren Blues & Jazzfestival er blitt kjend for sin

kvalitet og mangfald, og årets festivalprogram lovar

toppartistar frå inn- og utland. Billy T Band vann årets

Spellemannpris for beste bluesalbum i 2010.

Dei står for årets opningskonsert!

Festivalsjef Gunnar Nagell Dahl er ekstra gira foran

årets festival. Kven hadde vel drøymt om at ein i 2011

skulle kunne invitere til innandørs festival?

– Vi garanterer tørrskodde konsertopplevingar,

god lyd og topp stemning!

Som festivalgjengar kan du i år sjå fram til å vrimle

frå konsert til konsert i tre salar i det nye kunst- og

kultursenteret. Få med deg Vidar Busk med opprinneleg

besetning, amerikanaren Bernie Marsten, Rich Harper

og lokale Blue Note Shuffle, for å nevne nokon.

– I år kjem vi, for første gong, til å selje festivalpass.

Har du pass kan du vandre fritt mellom dei tre ulike

konsertsalane og få med deg fleire band på same kveld.

I tillegg til å ha fullt kjør inne i Oseana vert det arrangert

jam i solveggen på terrassen utanfor innganspartiet

frå klokka tolv på laurdag formiddag. Få også med

deg eitt eller fleire av åtte cruise som vert satt opp

som tidlegare år.

– Cruisa våre er enormt populære! Her får du ei fortetta

stemning og ei heilt unik oppleving av musikken.

Blues og jazz egner seg ofte best på små scener.

Festivalsjefen forventar at 5000 blues og jazzinteresserte

publikum vil vere innom i løpet av dei tre dagane

festivalen arrangerast.

Med eit fyldig festivalprogram og spennande nye

lokalitetar, tyder alt på at årets festival blir like sveitt og

svingande som tidlegare år. Detaljert festivalprogram

finn du ein annan plass i avisa.

Svingande jazz og sveitt blues

– nO i OseAnA!

1010

– Heldigvis har eg vondt for å hugse namn.

Eg prøver å se positivt på det.

Gunnar Nagell Dahl har sjølvironi på det faktum at

han ikkje er særleg god på namn. Han må alltid ha

med jukselapp når han blir intervjua. Ein slik lapp har

han glømt i dag. Journalisten får heller spørje om kor

interessa for blues & jazz kjem frå?

– Far min var musiker, så interessa for musikk fekk eg

som liten gut. Interessa for blues fekk eg i 1972 då eg

blei kjend med bluesmiljøet i Bourbon street.

Gunnar var tilsett som kokk på båt og fekk sjå store

delar av verda som ung mann. I New Orleans

kunne han sitje og høyre gamle

bluesmusikarar jamma heilt

til ølet dovna vekk.

– Det var fantastisk!

I dag brukar Gunnar mykje tid på konseptutvikling

innan lokal mat, og arbeid med festivalar i inn- og

utland. Han er tilsett som matattaché i fylkesmannen

si landbruksavdeling. Han er lidenskapeleg oppteken

av mat og vil helst improvisere med råvarane.

– Eg føler meg fanga viss eg må følgje ei oppskrift.

Det blir som å spele musikk etter noter.

Festivalsjefen prøver alltid å bryte ut av rutinar. I år er

arbeidet med Osøren Blues & Jazz Festival lite prega

av rutinar. For første gong sidan starten i 1998 skal

Os si framste happening om sommaren samlast

under eitt tak.

– Det er mange fordelar ved at festivalen blir lagt til

Oseana, men som konsertarena er det nye kulturhuset

heilt uprøvd. Det ligg mange utfordringar i det.

Gunnar er, som resten av styret i Osøren Blues &

Jazz Festival, ein typisk ildsjel. Saman jobbar dei

fram festival etter festival heilt utan å ta betalt for

det. Festivalsjefen betalar til og med den faste

medlemsavgifta.

– Rich Harper!

– Kva for noko?

– Du spurde om eg hadde ein favoritt i årets

festivalprogram. No hugsar eg namnet: Rich Harper.

Som bluesartist og på gitar er han absolutt ein av mine

favorittartistar.

Journalisten noterer. Ho hadde gløymt spørsmålet

frå starten av intervjuet. Betryggande nok gløymer

ikkje festivalsjefen, og til tross av ein litt sviktande

detaljhugs lovar Gunnar Nagell Dahl ein festival med

fleire høgdepunkt. Festivalen tjuvstartar med VAMP

i Oseana Storsal den 23. juni. Eigen omtale og

detaljert program finn du ein annan plass i avisa.

Ein spenningsøkjande

festivalsjef

VAMP m/Eivør

Pàlsdòttir spelar

i Oseana

Storsal

23. juni

Festivalsjef for

Osøren Blues og Jazz

Festival, Gunnar

Nagell Dahl.

PORt

Rett

Page 7: Oseana Opningsprogram 2011

12 13

Før lunsj kan Terje Søviknes gjerne ha drukke seks koppar kaffi, men utan å ha hatt ein einaste kaffipause. Han har to mobiltelefonar, eitt sett øyrepluggar og i underkant av fire tusen vener på nettsamfunnet Facebook. Ordføraren i Os er utan tvil ein mann med mange jern i ilden, og det er akkurat slik han vil ha det.

– Eg vil helst vere tett på og likar å gjere ting sjølv.

Eg veit at det er den raskaste vegen til målet.

På mange områder er eg nok ein kontrollfreak.

Terje Søviknes har is i magen. Han taklar kvardagen

som travel ordførar ved å tenkja dag for dag, avtale for

avtale. Akkurat no har han vore i eit møte om fergefri

kyststamveg mellom Stord og Bergen. Terje sitt andlet

lysar opp av praten om ei spektakulær flytebru.

– Noko verda aldri har sett før! Då tennar eg!

Ordføraren i Os er mildt sagt risikovillig. Han kallar det

for ”kalkulert risiko” når praten går over på Oseana.

Eit prosjekt som kom i gang med Terje ved roret, til tross

for eit hol på mange millionar i finansieringa.

– Hvis du skal venta til alt er 100% på plass, tar ting ofte

altfor lang tid og det blir fort dyrare. Vi hadde øydelagt

heile prosjektet om vi skulle venta til alt var på plass

med finansieringa. Per Grieg Sr. sitt initativ var for godt

til å takka nei til.

Iphonen til Terje ringer. Det er ein frå fylkeskommunen.

Ordføraren løftar telefonen til øyret, men høyrer

ingenting. Øyrepluggane heng framleis i. Terje ler.

Det kan nokre gonger gå litt fort i svingane.

– Kva er det kjekkaste med ordførarvervet i Os

kommune?

– Det er utan tvil dialogen med innbyggjarane. Eg føler

at eg har fått kontakt med mange i løpet av alle åra som

ordførar. Terskelen for å ta kontakt er lav, det er kanskje

det eg sett mest pris på.

Terje Søviknes har nytt godt av tilliten til veljarane tolv

år har han fått lov til å styre skuta i Os. Jobben har ført

med seg utallige prosjekt, mange av dei har vore stikk i

strid med Framstegspartiet sitt politiske grunnprogram.

– Carl I. Hagen har ironisk sagt at alt det FRP-politikarar

ikkje skal gjere, det har eg gjort!

Oppføringa av Noregs første kombinerte kunst – og

kultursenter er eit av dei prosjekta som det ikkje

akkurat luktar FRP-politikk av. Men under parolen

om at dette er eit OPS-prosjekt, altså eit Offentleg-

Privat-Samarbeidsprosjekt, har Søviknes leia både

byggekomiteen og driftstyret til Oseana. Engasjementet

rundt senteret har vore spanande for ordføraren å følgje.

Tilbakemeldingane har vore overveldande positiv,

medan nokre kommentarar har vore vanskelegare å

svelgja.

– Det verste har kanskje vore at eg har blitt mistrudd

på motiva for å realisere Oseana. Utan å framstå som

ein sutrekopp så må eg få lov til å seie at det er litt sårt å

høyre at ”no skal Terje byggje seg eit slott”. Eg taklar det,

men eg kjenner litt på det.

Ordføraren har ein klar ambisjon om å gjere sentrum

i Os meir attraktivt for folk flest, osingar og tilreisande.

Han trur det same vil skje med Oseana som det har

gjort med Osbadet, at bergensarane ser mot Os for nye

opplevingar saman med vener og familie.

– Oseana vil gje Os ein sterkare identitet og naudsynte

impulsar inn til sentrum. Eit viktig steg i riktig retning

om vi skal vere det regionsenteret vi har sett oss som

mål å vere.

17. juni er prosjektet, som nærmast har blitt ein baby

for Terje, fullført. Då skal huset offisielt opnas av

ordføraren. Kanskje er talen allereie klar?

– Nei, talen blir ikkje skrive før tidlegast dagen før, men

det er ingen grunn til uro. Eg har full kontroll!

Terje Søviknes

– ein kontrollfreak

Bak Smakverket står ein gjeng mat- og kaffi-entusiastar

som har samla si erfaring og kunnskap i eit konsept

som handlar om den gode smaken. Dei ser det som ei

fantastisk moglegheit å starta opp på Oseana, og til å

bringa sin kompromisslause haldning til kvalitet vidare

gjennom Færingen restaurant & kafé.

Alt av sausar, majonesar og bakverk er laga på

Færingen. I tillegg er råvarekvalitet viktig. Dei bruker til

dømes bacon berre frå Brakstad og kylling frå Stange

gård. I Oseana vil det også vera eit stort fokus på lokale

råvarer.

Færingen vil ha ope frå morgon til kveld kvar dag.

Her vil du kunna nyta kaffi av dei fleste slag, i tillegg

til ei rekkje smårettar, som lune smørbrød og kalde

og varme lunsjrettar. All mat blir laga på bestilling, så

ferdigsmurte sandwichar i glassmonter finn du ikkje

her. Utover ettermiddagen og kvelden vil det også bli

servert deilige middagsrettar og gourmetmenyar.

Os er ein kommune i sterk vekst og entusiastane i

Smakverket trur det finst ein marknad for dagleg drift i

bygda. Akkurat no er Smakverket i gong med å få tak i

kjøkkensjef, kokkar og servitørar til Færingen restaurant

& kafé. Dei ønskjer alle i Os og omegn velkomen til

store smaksopplevingar i tida som kjem.

Mat er også kultur. Derfor skal du som tar turen til Oseana også bli begeistra på matfronten. No opnar Færingen restaurant & kafé i det nye kunst – og kultursenteret på Mobergsneset.

Suksessen

”smakverket” til Oseana

PORt

Rett

Page 8: Oseana Opningsprogram 2011

14 15

Klaverakademiet ble offisielt åpnet i september 2008 med Den tsjekkiske ambassadør, Den norske forsvarsminister, Fylkesmannen, Bergens - og fylkeskommunens ordførere til stede.

Akademiet er et unikt tilbud lagt til Bergen for

nasjonale og internasjonale pianister i starten på

sine konsertkarrierer. Professor/statsstipendiat Jiri

Hlinka, som er kunstnerisk leder, er en internasjonalt

anerkjent pianist og pedagog. Han har vært pedagog

for flere av Norges mest kjente pianister i dag;

pianister som vil dele det kunstneriske ansvar

med Hlinka og etter hvert ta over etter at han

oppnår pensjonsalderen i 2011.

Det er blitt arrangert 5 masterklasser siden starten

av akademiet, siste gang i mars 2010 med studenter

fra syv forskjellige nasjoner hvorav 4 av studentene

kom fra Norge. Studentene har gjort seg bemerket

med egne konserter i blant annet Edvard Griegs hjem

på Troldhaugen, i distriktet under Hardingtonar

festivalen i juni 2009 og Kabuso mars 2010, og i

Rekstensamlingene hvor masterklassen avholdes.

Akademiet har innledet samtaler om deltakelse på

Festspillene i Bergen.

Studentene bor på Rekstensamlingene og har 6 flygler

og 4 pianoer til disposisjon under oppholdet. Denne

muligheten og Jiri Hlinka som pedagog har gjort

akademiet til en ubetinget kunstnerisk suksess som

ikke har gått ubemerket hen i media. Akademiet har så

langt basert driften på beskjedne beløp fra kommune,

fylke, et par lokale sponsorer, billettinntekter fra

konserter og kursavgift.

Vi har ambisjoner om å utvikle akademiet videre med

blant annet kammermusikk, engasjere spesielt unge

talenter på ”åpne masterklasser” med Jiri Hlinka og

studentene, gjøre den klassiske musikken tidsaktuell

og tilgjengelig for et yngre publikum ved å benytte

ulike virkemidler/ytringsformer, og lage en arena

for samarbeid med andre institusjoner hvor man

kan utveksle erfaringer, kompetanse og interesse for

tilgrensende musikkgenre.

Av historisk grunner og på grunnlag av vår erfaring så

langt, ligger det spesielt godt til rette for videreutvikling

av et pianoakademi på høyt nasjonalt og internasjonalt

nivå i Bergen hvor man ser et økt engasjement fra

Jiri Hlinkas tidligere elever som i dag har nasjonal og

internasjonal anerkjennelse.

kammerkonSertmed jiri Hlinka Klaverakademi 22. juni kl 17:00

Konsertintroduksjon ved Leif Ove Andsnes.

Jiri Hlinka Klaverakademi

Byggjestart for Oseana kunst- og kultursenter fann stad 24.04.09, og i juni skal bygget overleverast til driftsorganisasjonen Oseana KF.

KF står for Kommunalt føretak, og organisasjonsforma

kan samanliknast med eit aksjeselskap i det private.

Oseana KF har eige styre, og eigen administrasjon med

4 tilsette. Direktør Kim Kristoffersen skal, saman med

arrangementssjef Berit Steen, teknisk sjef Kjetil Moberg

og kulturhusvert Janne Mari Hjelle, driva senteret. Terje

Søviknes (FrP) og Norvald Skåtøy (AP) er høvesvis leiar

og nestleiar i styret for Oseana KF.

eneRGiOseana har Noregs største solcellepanel m/363 moduler

fordelt på 463 m2. Effekt 65 kW, og forventa produksjon

45 000 kWh/år.

Samla redusert energibehov m/solceller og

varmepumper til Bjørnefjorden er estimert til 695 000

kWh/år. Oseana har gjennom dette fått økonomisk

støtte og forbildestatus som energieffektivt kulturbygg

av ENOVA.

investeRinG, byGG 5 800 M2private Grieg Foundation 50,0 mill

Oseanalauget 26,6 mill

offentlig Fylkeskommunen 11,5 mill

Stat 1,4 mill

Os kommune 61,4 mill

anna

Sal av parkeringsplassar 4,0 mill

Momsrefusjon 39,3 mill

total 194,2 mill

Rest til finansiering * 16,5 mill

Total budsjettramme 210,7 mill

* I påvente av fullfinansiering vert rest 16,5 mill kr lånefinansiert gjennom Oseana KF, og renter dekkja av eit rentefond på 10 mill kr frå Grieg Foundation. Arbeidet med statlege støtte og sponsormidlar held fram i 2011.

dRiFtsbudsjett 2011Løn kr 2 150 000

Andre ordinære driftskostnader kr 2 015 000

Oppstartkostnader kr 2 300 000

Driftskostnader * kr 6 465 000

Kommersielle inntekter kr 2 815 000

(arr., husleige, restaurant, catering)

Kommunal støtte ** kr 1 350 000

Eingongsinntekter oppstart kr 2 300 000

(Grieg kr 1 500 000, Os kom. kr 800 000)

Driftsinntekter kr 6 465 000

* pga oppstart i juni er 2011-budsjettet basert på 2/3 år

** den kommunale støtta inneheld tidlegare driftskostnad m/Fjellheim, husleige for Kulturskulen og subsidiering av husleige til frivillige lag og organisasjonar.

FAKtA OM oSeana

Buss Tur/reTur Bergen: Rute 600 frå Nesttun terminal.

Meir info: www.skyss.no

FOr BesøkjanDe meD BiL Bruk parkeringsområder som er markert på kartet.

Vi oppfordrar innbyggjarar i Os om

å la bilen stå i perioden 18. - 26. juni for å gi plass til besøkjande gjestar.

Foto: Simon Fowler / EMI Classics

552

552

552

552

< Bergen

< h

alh

jem

hatVik

>

Page 9: Oseana Opningsprogram 2011

oSeana oPningSProgram velkommen til storslått opningsfest 18.-26. juni

Billetter og meir info finn du på www.oseana.no, www.osoren.no, billettservice og posten. Ved enkelte arrangementer seljast også billettar i døra.

Oseana treng frivilligetil oppgåver som publikumskontakt, vakthald, rigging, omvising og anna type arbeid. Ta kontakt med kulturhusvert Janne Mari Hjelle, tlf. 97 09 69 97 eller på mail: [email protected]

www.oseana.no

AdMinistRAsjOn, OseAnA

Kim Kristoffersen - direktør

[email protected] tlf. 992 40 394

Berit Steen - arrangementsjef

[email protected] tlf. 916 84 128

Kjetil Moberg - teknisk sjef

[email protected] tlf. 959 88 955

Janne Mari Hjelle - kulturhusvert

[email protected] tlf. 970 96 997