OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i...

18
1 OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 Oppmøte Oppstartsmøtet er basert på planinitiativ motteke av kommunen: 28.06.2019 Møtestad: Kommunehuset Sogndal Møtedato: 13.08.2019 Deltakarar frå forslagstillar: Deltakarar frå kommunen: Tiltakshavar: SOAH AS v/Magne Hofslundsengen og Arild Andersen, Jørgen Christian Lindstrøm Grunneigar: Magne Hofslundsengen og Arild Andersen, Jørgen Christian Lindstrøm Plankonsulent: Vidar Lerum Architects Andre: Markus Mohn Werner, leiar plan og næring Hilde Helene Bjørnstad, sakshandsamar 2 Saksnummer og plan-ID Arkivsaknr.: 19/3363 Plan-ID: Når forslagsstillar har varsla oppstart vert planen tildelt ein plan-ID som skal nyttast på alle plandokument. Ved mindre endring vert plan-ID frå gjeldande reguleringsplan nytta. 3 Føremål med planarbeidet Forslagsstillar sitt føremål med planen/planendringa (bakgrunn og formål): Legge til rette for 16 bueiningar i lågblokk på gbnr. 19/17 (felt B2). Tre bustadetasjar i tre volum over parkeringskjellar. Køyretilkomst frå Gravensteinsgata. På møtetidspunkt vart det ikkje konkrete planar for utvikling av naboeigedom gbnr. 21/1/53 (felt B1), men den er føreslege teke med i planavgrensinga. Innspel frå kommunen: Felt B1 bør regulerast minimum lik slik områdeplanen legg opp til. Forslagsstillar sitt forslag til planavgrensing: Ikkje relevant Innspel frå kommunen: Bør utvidast jf. punkt om planavgrensing nedanfor i dette notatet. Ber om at framleggsstillar avklarar planavgrensing med kommunen før melding om oppstart. Digital fil av planavgrensing skal leverast til kommunen ved oppstart slik at vi får det inn i kommunekart.

Transcript of OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i...

Page 1: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

1

OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL.

1 Oppmøte

Oppstartsmøtet er basert på planinitiativ motteke av kommunen: 28.06.2019

Møtestad: Kommunehuset Sogndal Møtedato: 13.08.2019

Deltakarar frå forslagstillar: Deltakarar frå kommunen:

Tiltakshavar: SOAH AS v/Magne Hofslundsengen og Arild Andersen, Jørgen Christian Lindstrøm

Grunneigar: Magne Hofslundsengen og Arild Andersen, Jørgen Christian Lindstrøm

Plankonsulent: Vidar Lerum Architects

Andre:

Markus Mohn Werner, leiar plan og næring

Hilde Helene Bjørnstad, sakshandsamar

2 Saksnummer og plan-ID

Arkivsaknr.: 19/3363

Plan-ID: Når forslagsstillar har varsla oppstart vert planen tildelt ein plan-ID som skal nyttast på alle plandokument. Ved mindre endring vert plan-ID frå gjeldande reguleringsplan nytta.

3 Føremål med planarbeidet

Forslagsstillar sitt føremål med planen/planendringa (bakgrunn og formål):

Legge til rette for 16 bueiningar i lågblokk på gbnr. 19/17 (felt B2). Tre bustadetasjar i tre volum over parkeringskjellar. Køyretilkomst frå Gravensteinsgata. På møtetidspunkt vart det ikkje konkrete planar for utvikling av naboeigedom gbnr. 21/1/53 (felt B1), men den er føreslege teke med i planavgrensinga. Innspel frå kommunen: Felt B1 bør regulerast minimum lik slik områdeplanen legg opp til.

Forslagsstillar sitt forslag til planavgrensing: ☐Ikkje relevant

Innspel frå kommunen: Bør utvidast jf. punkt om planavgrensing nedanfor i dette notatet. Ber om at framleggsstillar avklarar planavgrensing med kommunen før melding om oppstart. Digital fil av planavgrensing skal leverast til kommunen ved oppstart slik at vi får det inn i kommunekart.

Page 2: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

2

Forslagsstillar sitt forslag til plannamn: Elvebakken ☐Ikkje relevant

Innspel frå kommunen: Ut frå stadnamnkartet på fylkesatlas.no er området kalla Elvabakken og

Doktorøyna. Vi har allereie ein reguleringsplan som heiter Elvebakken i

området. Difor tilrår vi å nytte stadnamnet Doktorøyna. Skildring: Øy i elvi

v/Sogndal Hotel. Doktar Schøyen budde på Bahus frå 1894 til 1921. Derav

truleg namnet som er nokså ungt. Øyi ligg på grunn som har tilhøyrt Bahus,

Foss og Ål.

Vi tilrår plannamnet Detaljreguleringsplan for gbnr. 19/17 m.fl

Doktarøyna bustader.

4 Planstatus i området

Arealbruk i planområdet er regulert av:

☒Kommuneplanen sin arealdel (generelle føresegn)

☒Områderegulering (pbl § 12-2) Områdereguleringsplan for Fjøra vest.

☐Detaljregulering (pbl § 12-3)

☐Reguleringsplan etter eldre plan- og bygningslov (pbl85 eller eldre)

☐Utbyggingsplan etter eldre plan- og bygningslov (pbl85 eller eldre)

Tilhøvet til andre planar:

☐Planen vil heilt /delvis erstatte følgjande planar: ☐Ikkje relevant

☐Planen vil heilt/delvis grense til følgjande planar: ☐Ikkje relevant

☒Kommunen kjenner ikkje til anna planarbeid i området

☐Kommunen kjenner til følgjande planarbeid i området:

5 Type plan som er tenkt utarbeidd

Reguleringsplan etter plan- og bygningslova:

☐ Områderegulering ☒ Detaljregulering Endring av: ☐ Områderegulering ☐ Detaljregulering

Page 3: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

3

☐ Reguleringsplan etter eldre plan- og bygningslov ☐ Utbyggingsplan etter eldre plan- og bygningslov

Mindre endring av: Plankartet Føresegnene

☐ Mindre endring av områderegulering ☐ ☐

☐ Mindre endring av detaljregulering ☐ ☐

☐ Mindre endring av reguleringsplan etter eldre plan- og bygningslov ☐ ☐

☐ Mindre endring av utbyggingsplan etter eldre plan- og bygningslov ☐ ☐

Ved endring av reguleringsplan gjeld same reglar som for utarbeiding av ny plan, jf. pbl. § 12-14. Ved endring av eldre planar må planen oppdaterast i tråd med ny planlov. NB! Ved mindre endring vil berre delar av punkt 6 til 12 vere relevant. Ei mindre endring av reguleringsplan inneber ein enklare planprosess og ei lita justering av plankart og/eller føresegner.

6 Tilhøvet til overordna plan

Samsvar med overordna plan:

Planformålet samsvarar med overordna plan

Innspel frå kommunen:

☒Ja ☒Nei ☐Ikkje relevant

Føremål bustad og regulering av gangveg er i samsvar med områdeplan Fjøra Vest. Utnyttingsgrad og bygnadstruktur avviker frå områdeplan.

Innhaldet i private detaljreguleringsplanforslag må følgje opp hovudtrekk og rammer i kommuneplanens arealdel og områderegulering. Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3)

7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

Avklaring av behov for planprogram og/eller konsekvensutgreiing:

Det må utførast ei nærare vurdering av om planen vil få vesentlege verknadar for miljø og samfunn og dermed utløyser krav om konsekvensutgreiing, jf. pbl. § 4-2. Denne vurderinga skal utførast i tråd med konsekvensutgreiingsforskrifta § 3.

☐ Det må utførast ei nærare vurdering av om planen vil få vesentlege verknadar for miljø og samfunn og dermed utløyser krav om planprogram, jf. pbl. § 4-1. Denne vurderinga skal utførast i tråd med konsekvensutgreiingsforskrifta vedlegg 3.

☐ Planen utløyser krav om planprogram, jf. pbl. § 4-1.

☐ Planen utløyser krav om konsekvensutgreiing, jf. pbl § 4-2 og KU-forskrifta § 2.

☒ Ikkje relevant, jf. punkt 6.

Innspel frå kommunen: Vi vurderer at planen ikkje kan få vesentlege verknadar for miljø eller samfunn, jf. forskrift om konsekvensutgreiingar § 10.

Page 4: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

4

Planinitiativet er i samsvar med føremål i overordna planar (kommuneplan og områdeplan), og fell ikkje inn under kriteriene for planar som skal konsekvensutgreiast.

Krav til planprosess og innhald i reguleringsplanen vil bli påverka dersom det er krav om nærare vurdering av om planen kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, krav om planprogram eller krav om konsekvensutgreiing. Vurdering etter konsekvensutgreiingsforskrifta § 3: Forslagsstillar har ansvaret for å utføre ei vurdering av om planen kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn. Kommunen har ansvar for å ta stilling til om planen kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, dette vert som regel avklart i etterkant av oppstartsmøtet. Enten planen får vesentlege verknadar eller ikkje, skal dette grunngjevast og gå fram av varsel om oppstart av planarbeidet. Forslagsstillar kan ikkje varsle oppstart før kommunen har teke stilling til dette spørsmålet. (Jf. konsekvensutgreiingsforskrifta § 4)

8 Viktige tema for denne planen

Temaliste er sett opp i del III. I utgangspunktet skal alle tema vere med i planomtalen. Dette for å synleggjere kva tema som vert sjekka ut som ikkje relevante og kva tema som er relevante og dermed må følgjast opp vidare i plankart og føresegner. Tema som er relevant i samband med vurdering av risiko- og sårbarheit skal inngå i risiko- og sårbarheitsanalyse etter pbl § 4-3. Det kan dukke opp andre problemstillingar. Ta kontakt for nærare avklaring når slike problemstillingar dukkar opp – t.d. gjennom innspel frå andre i planprosessen.

☒Forslagsstillar er gjort kjend med kva krav til kunnskapsgrunnlag og utgreiingar kommunen set for det vidare planarbeidet. Spesielle krav til kunnskapsgrunnlag og utgreiingar: Flaumfare må greiast ut.

☒Forslagsstillar har fått følgjande råd til planarbeidet: Tidleg avklaring med Sogn Brann og Redning IKS vedkomande krav til framkomst for

utrykkingskøyretøy. Sjå SBRIKS sin rettleiar her:

https://www.sognbrann.no/getfile.php/4264479.2055.pwjwksbmqtujjm/Retningslinjer+for+tilretteleggi

ng+for+rednings-+og+slokkemannskap+i+SBRIKS+pr+4+apr+2018%5B1%5D.pdf

☐I etterkant av møtet sender kommunen utfyllande informasjon til forslagsstillar om viktige tema for denne planen. T.d. link til fagsider om ulike tema.

9 Andre tilhøve

Tilhøvet mellom plan og offentlege anlegg:

☒Tiltaket føreset utbygging / utbetring av det kommunaltekniske anlegget

☐Tiltaket utløyser krav om utbyggingsavtale ☐Ikkje relevant Innspel frå kommunen:

Page 5: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

5

I områdeplanen ligg det rekkefølgekrav om opparbeiding av offentleg gangveg frå Elvestien til Elvebakken.

Tilhøvet mellom plan og eigedomsgrenser / kartgrunnlag:

☐Tiltaket utløyser krav om ny kartlegging i området

☒Tiltaket utløyser krav om klarlegging av eigedomsgrenser

☐Kart er av tilstrekkeleg kvalitet

☐Eigedomsgrenser er av tilstrekkeleg kvalitet

☐Ikkje relevant

Innspel frå kommunen:

Sjå eiga punkt om kart nedanfor.

10 Medverknad

☐I etterkant av møtet sender kommunen utfyllande informasjon om viktige interessentar i plansaka til forslagsstillar. Døme på viktige interessentar er offentlege instansar, lokale instansar, kommunale instansar, grunneigarar, andre rettslege heimelshavarar, eventuelt naboar og andre. Innspel frå kommunen: Fylkesmannen i Vestland, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Statens vegvesen, NVE region vest, Sogn Brann og Redning IKS, Sognekraft, SIMAS, Opplysningsvesenets fond (festet tomt), Kommunalt ungdomsråd ([email protected]) Miljøretta helsevern Indre Sogn ([email protected]) Kommunalt eldreråd/råd for personer med nedsett funksjonsevne/folkehelsekoordinator (same kontaktperson: [email protected]) Vi viser elles til pbl § 12-8: Registrerte grunneiere og festere i planområdet, og så vidt mulig andre rettighetshavere i planområdet samt naboer til planområdet, skal når de blir direkte berørt, på hensiktsmessig måte underrettes om at planarbeidet tas opp.

11 Oppstart av planarbeid – tilråding frå kommunen

☒Kommunen tilrår oppstart av planarbeidet under føresetnadane som er nemnt i notatet. Kommunen har følgjande råd til det vidare planarbeidet:

☐Kommunen tilrår ikkje oppstart av planarbeidet. Grunngjeving frå kommunen:

12 Krav til utkast til plan

Kommunen vil sjekke om utkast til plan er av god nok kvalitet til å ta opp til vidare politisk handsaming. Det er ikkje kommunen si oppgåve å oppgradere eit for dårleg utkast til god nok kvalitet. Om den ikkje stettar krava til kvalitet vil tiltakshavar sin konsulent få attendemelding om å utbetre manglar i utkastet.

Page 6: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

6

13 Gebyr i plansaker

☐Forslagsstillar er gjort kjend med kommunale handsamingsgebyr, og med tidspunkt for fakturering. Kommunale handsamingsgebyr skal sendast til: SOAH AS postboks 113, 6851 Sogndal.

Handsamingsgebyr:

Oppstartsmøte: kr. 5 273,- fakturerast etter møtet er gjennomført.

Annonsering og kopiering: kr. 6 328 ,- fakturerast når planen er motteke til adminstrativ 1.

handsaming.

Arealgebyr

kjem i tillegg, avhengig av storleik på regulert areal. Fakturerast etter planen er handsama 1. gong i

forvaltningsutvalet.

Sjå gebyrregulativet på kommunen sine nettsider:

https://www.sogndal.kommune.no/private-arealplanar-og-dispensasjonar-handsamingsgebyr.4869583-

391540.html

☒I etterkant av møtet sender kommunen forslagsstillar utfyllande informasjon om gjeldande

gebyrregulativ og gebyr i plansaker.

14 Stadfesting

Notatet frå oppstartsmøtet skal hjelpe fagkyndig plankonsulent i å utarbeide eit planforslag i tråd med kommunen sine forventningar. Verken oppstartsmøtet eller notatet gjev rettar ved vidare handsaming av plansaka.

Page 7: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

7

VIKTIGE TEMA I PLANEN

Fagetatens kommentarar til aktuelle fagtema

Med fokus på tema der fagetaten har konkrete krav eller anbefalingar, er skeptisk eller tema som krev utgreiingar eller avklaringar. Liten skrift i parentes er døme på tema / vurderingar som kan kommenterast nærare i merknadskolonnen. Her kan kommunane også skrive inn kommentarar knytt til tema, t.d. lovkrav eller føresegner / retningsliner i kommunale planar og vedtekter som skal leggast til grunn

Generelt

Generelle vurderingar (hovudinntrykk av planarbeidet)

Planinitiativet viser eit prosjekt som volummessig svarar godt på den smale og lange tomta og

viser ein høgde frå gatenivå Elvebakken som harmonerer med høgda på nabobusetnaden langs

Elvebakken. Områdeplanen har ikkje formulert bygningstype, men føresegn 4.1.2.2. leser vi som

at intensjonen er 3-4 småhus med maks grunnflate på 150 m2 kvar. Planinitiativet viser

blokkbusetnad som vi i utgangspunktet vurderer kan fungere som eit godt tilskot til varierte

bustadtyper i denne del av Fjøra, i tillegg til at det gir ein høgare arealutnytting på sentralt

areal. Planområdet grensar til verna småhusbusetnad – kulturmiljø. Grunna ovannemnde vil vi

difor legge særleg vekt på føresegn 4.1.2.2 om arkitektonisk utforming i samspel med

trehusmiljøet. Materialbruk og uttrykk i prosjektet skal spele på element frå eksisterande

småhusbygnad langs elvestien.

For sentrumsnære bustader bør det særleg leggast vekt på universell utforming.

Løysing av gangveg slik den er vist i planinitiativet er eit godt utgangspunkt.

Slik vi ser det bør det særleg leggast vekt på gode løysingar for flaumhandtering, tilhøve til

naturområde og elvesti, samt gatene Elvebakken.

Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?)

Areal og lokalisering er i samsvar med områdeplan.

Planområdet

Generelle vurderingar (framtidig utvikling av området, infrastruktur, grønstruktur,

senterområde, områderegulering)

Planområdet ligg inntil Elvestien som heng i saman med fjordstien. Begge deler er viktige

satsingspunkt for bygdeutviklinga i Sogndal kommune. Stiane langs elv og fjord skal utgjøre ein

samanhengande grønstruktur gjennom bygda. Prosjektet ligg på ein av dei få attverande ubygde

eigedomane langs fjord- og elvesti, og det er særs viktig å fokusere på prosjektet sitt møte med

dei offentlege areala. Prosjektet skal vere eit positivt bidrag til opplevinga av Elvestien.

Elvestien vidare frå planområdet og opp til Stedje bru er tenkt å byggast ut i løpet av dei

nærmaste åra.

Alternativ (tilkomst, føremål, bygnadsstruktur, lokalisering)

Områdeplanen legg opp til at planområdet skal ha tilkomstveg frå Elvebakken. Dette bør

vurderast i planprosessen.

Page 8: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

8

Plantema

I dei tre kollonnene under «Aktualitet» har vi sett opp ei stigande gradering frå 1-3 på dei ulike undertema, der 1 betyr «Ikkje aktuelt» 2 «Aktuelt» og 3 «Svært aktuelt».

Aktualitet Bygnad og bygnadsstruktur

1 2 3 Merknad

Bygnad og byform

☐ ☐ ☒ Jf. under.

Arkitektur, estetikk og kvalitet

(form, struktur, funksjon, uttrykk,

tilhøvet til staden, landskapet og

strøkskarakteren)

☐ ☐ ☒ Områdeplanen 4.1.2.2 Felt B2:

Bygning(ar) skal ha ei arkitektonisk

utforming som gir eit godt samspel med

eksisterande busetnad innanfor

omsynssone bevaring av trehusmiljø.

Bygning(ar) skal ta omsyn til og

vidareføre bygningsprinsippa frå det

eldre trehusmiljøet.

I nytt prosjekt bør materialbruk og

fargeval relatere til eksisterande

trehusbygnad langs elvestien. Bruk av

tre og stein, natursteinsmurer.

4.1.1.4 Der anna ikkje er spesifisert skal

bygningane i felta ha saltak, med

takvinkel mellom 35 og 40 grader.

Andre takvinklar kan vurderast i

planarbeidet. Omsyn til bygningsmiljø

skal vektleggast.

4.1.1.5 Ved nye tiltak skal taktekke vere

av ikkje-reflekterande materiale. Plater

av metall er ikkje tillate som taktekke

ved nye tiltak.

Bygnadsstruktur

☐ ☒ ☐ Det skal vere opningar mellom voluma

som gir sikt frå Elvebakken i retning

elva.

Utnyttingsgrad og byggehøgder

(gjeldande planar, presedens)

Om ein ønskjer detaljerte føresegner knytt til takvinkel, storleik, utsjånad, høgde og liknande bør desse ta høgde for framtidige endringar.

☐ ☐ ☒ Områdeplanen 4.1.2 Felt B1-18.

felt B1: BYA=312 m2

felt B2: BYA=556 m2

Page 9: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

9

Områdeplanen 4.1.2.2 Felt B2:

Innanfor feltet kan det oppførast

minimum 2 frittståande bustadeiningar.

Største tillate fotavtrykk per

bustadeining er 150 m2. Det kan delast

frå 1 tomt innanfor feltet.

Høgare utnytting kan vurderast dersom

prosjektet viser godt samspel med

eksisterande trehusmiljø.

Sjå punktet «generelt» på side 7 i

notatet.

4.1.1.1 I felt med fleire høgdekotar skal

gesims- og mønehøgde reknast frå

største høgdekote innanfor tiltaket sitt

fotavtrykk. Uavhengig av plassering skal

gesims- og mønehøgde for nye tiltak ikkje

overstige differansen mellom største

høgdekote innanfor feltet og dei

spesifiserte maksimumshøgder.

Eventuelle avvik grunngjevast og

vurderast i planarbeidet.

Fjernverknad

(plassering i terreng,

terrengformasjonar, naturlandskap,

hovuddrag, fjernverknad)

☐ ☒ ☐ Plassering langs elvefront fører til at

prosjektet er eksponert for

omgjevnadane. Fjernverknad er eit tema

som bør skildrast i planarbeidet.

Lokalklima

(vind, sol, terrengdrag)

☒ ☐ ☐ Elvetrekk, bør ha auge for dette ved

plassering og detaljprosjektering av

uteareal.

Energiløysingar

(fjernvarme, passivhus, plusshus,

takform, beliggenheit)

☐ ☒ ☐ Planområdet ligg innanfor omsynssone

med krav om infrastruktur –

tilknytingsplikt til fjernvarmeanlegg.

Framleggsstillar bes avklare med

Sognekraft.

Aktualitet Grønstruktur og landskap

1 2 3

Merknad

Landbruk

(areal i drift, kjerneområde, potensial)

☒ ☐ ☐

Page 10: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

10

Biologisk mangfald (skal kommenterast i

alle saker, jf naturmangfaldlova)

☐ ☒ ☐ Vurdering etter nmfl §§ 8-12 gjerast i

planomtalen.

Grønstruktur

☐ ☐ ☒ Bustadprosjektet grenser til elvestien

som er eit viktig grøntdrag. Det grøne

preget, og den økologiske funksjonen

knytt til grønstrukturen langs Elvestien

skal sikrast gjennom planen.

Områdeplanen punkt 8.4 Omsynssone

grønstruktur – kantvegetasjon_540

8.4.1 Innanfor omsynssona skal

stadeigen vegetasjon ivaretakast.

8.4.2 Innanfor omsynssona er det ikkje

høve til å gjere tekniske inngrep eller

andre permanente tiltak, utan godkjent

løyve frå Sogndal kommune.

Friluftsliv

(dagens bruk, potensial, stiar,

grøntkorridor)

☐ ☒ ☐ 7.3 Natur- og friluftsområde - NF

7.3.1 Elva skal reknast som del av det

tettstadsnære friluftsområdet i Sogndal

sentrum.

7.3.2 Det er ikkje høve til å gjere

inngrep eller tiltak i elva. Unntaket gjeld

for oppføring av ny bru innanfor

tiltakssona.

Kommunen er ikkje kjend med stiar på

tvers av eigedomen. Området er tilgrodd

med trær og busker og bærer ikkje preg

av bruk og aktivitet. Barn og unges burk

av grøntområdet avklarast i

planprosessen.

Terrengbehandling og massebalanse

☐ ☒ ☐ Sikre gode terrengmessige overgangar

til tilgrensande areal. Unngå høge

skjeringar og murer. Gjerast greie for i

illustrasjonsplan.

Uteopphaldsareal

(felles, privat, mengde, areal, kvalitet,

plassering i feltet)

☐ ☐ ☒ Områdeplan 2.2

I reguleringsplanar og søknader om

tiltak skal byggjeområde disponerast og

bygningar plasserast slik at det vert

oppnådd gode private og felles

uteområde. Med mindre anna er

spesifisert i denne områdeplanen skal

alle bueiningar ha tilgjenge til utandørs

Page 11: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

11

opphaldsareal av tilstrekkeleg storleik og

kvalitet i samsvar med følgjande areal-

og kvalitetskrav som måtte følgje den til

ein kvar tid gjeldande arealdel til

kommuneplanen.

Privat areal (balkong, markterrasse,

takterrasse): minimum 7 m2

Felles areal: 15 m2

Prosjekt opp til 15 einingar: Leikeplass

på minimum 200 m2.

Kvalitetskrava i arealdel til

kommuneplan pkt. 1-6 c) punkt B er

gjeldande.

Gjerast greie for i illustrasjonsplan.

Areala skal vere opparbeidd før

bruksløyve.

Aktuelt Samferdsle

1 2 3

Merknad

Trafikk (sikkerheit, framkome,

vegstandard, tilkomst, stigning,

tilgjenge til kollektivtransport)

☐ ☐ ☒ Områdeplanen 4.1.2.2 Felt B2

Eigedommen skal ha tilkomst med

innkøyring frå Elvebakken.

Planinitativet viser tilkomst frå

Gravensteinsgata forbi hotellet. Dette er

ein gunstig løysing, då trafikk inn i dei

tronge gatene i Elvebakken ikkje vert

auka.

Planinitiativet viser at bustadane er

tiltenkt gangtilkomst også frå

Elvebakken. Det vert i utgangspunktet

også krav om å sikre køyretilkomst også

her. Eventuelt ny bygnad på B1 bør

vurderast om tilkomst skal vere frå

Elvebakken eller ved hotellet.

Elvebakken langs 19/17 og 21/1/53 er

stengt for trafikk og gjort om til

gang/sykkelveg grunna dårleg standard.

Må utbetrast før køyring kan tillatast.

Page 12: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

12

Framleggsstillar bes avklare med Sogn

brann og redning kva som er krav

vedkomande rednings- og sløkkeinnsats.

Ny rundkøyring for krysset

Dalavegen/Gravensteinsgata med

avkøyring til hotellet er regulert i

reguleringsplan for Rv5 Rundkøyring

1420-2013017. Bygging av denne er

forventa etter 2022. Vegvesenet styrer

denne prosessen – kontaktperson er

Eivind Yttri. Det kan forventast å kome

eit rekkefølgjekrav på at rundkøyring må

vere etablert før bustadprosjektet kan

takast i bruk.

Parkering (behov, kommunal norm,

kantparkering, soneparkering,

kommunale parkeringskrav)

☐ ☐ ☒ 4.1.1.3 Krav til parkering skal dekkjast på

eigen eigedom eller gjennom frikjøp i

parkeringsareal under bakken.

Krav i arealdel til kommuneplan er

gjeldande;

1,2 bilplassar per 100 m2 BRA.

2 plassar til sykkel per 100 m2 BRA.

Sykkelparkering for bebuarane bør vere

innomhus.

Gang- og sykkeltrafikk

(skuleveg, snarvegar, tverrsnitt,

sykkelparkering)

☐ ☐ ☒ Områdeplanen punkt 8.3

Infrastruktursone - Rekkjefølgjekrav

gangveg_430

I forkant av eller samstundes med nye

tiltak i B2, skal det i nordvestre del av

feltet opparbeidast eit gangvegsamband

mellom Elvebakken og fjordstien.

Gangvegen skal utformast med jamn

stigning og utan trappesteg. Breidda skal

vere minimum 2,5 meter. Gangvegen

skal vere offentleg og ålment

tilgjengeleg.

Overtakast av kommunen dersom den er

utforma etter kommunal vegnorm

(Statens vegvesen handbok N100).

Page 13: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

13

Aktuelt Born og unge

Ja Nei

Merknad

Skule og barnehage

(tiltakets verknad på kapasitet)

☒ ☐ Nye bustadar kan gje auka trong for

barnehage og skuleplassar i

skulekretsen.

Born og unges interesser (barnetråkk,

dagens bruk, potensial, erstatningsareal)

(NB! skal kommenterast i alle saker)

☒ ☐ Barn og unges bruk av området

avklarast i planprosessen.

Aktuelt Verneverdige kulturminne

Ja Nei

Merknad

Kulturminne

(enkeltobjekt, bygningar, anlegg,

steingard, vegfar, teknisk, industrielt,

automatisk freda)

☐ ☒ Kommunen er ikkje kjend med

enkeltobjekt i dette området.

Kulturmiljø

(der kulturminne inngår i ein større

heilskap, bygningsmiljø)

☒ ☐ Planområdet grenser til verna

kulturmiljø – trehusbusetnad. Skal

takast omsyn til, jf. områdeplan

føresegn.

Kulturlandskap

☐ ☒

Aktuelt Risiko og sårbarheit

Ja Nei

Merknad

Risiko og sårbarheit (særlege ROS-tema,

sjå FK rettleiar for utarbeiding av

reguleringsplan)

☐ ☐ Tilkomst for utrykkingskøyretøy.

Forureining

(luft, grunn, vatn)

☐ ☐ Gjeldande forskrifter må leggjast til

grunn.

Støy

(sone, type, skjerming)

☐ ☐

Geotekniske tilhøve

(ras, skred, fundamentering)

☒ ☐ Stabilitet i byggegrunn må

undersøkast. Vurdering skal inngå i

planprosessen.

Flaum

(lavtliggande område, elv /bekkefar)

☒ ☐ Områdeplan 8.1 Flaumsone_320

Nye tiltak innanfor omsynssona skal

dimensjonerast i tråd med Byggteknisk

forskrift (TEK10), for å tåle

Page 14: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

14

utfordringane ved elveflaum og/eller

stormflo.

Det må leggast til klimapåslag på

omsynssona.

NVE skal gjennomføre ny

flaumvurdering av Sogndalselvi,

prosjektet er venta ferdig våren 2020.

Deretter vert det aktuelt å prosjektere

elvestien forbi hotelltomta opp til

Stedje bru.

Lokalklima ☐ ☒

Aktuelt Nærmiljø

Ja Nei

Merknad

Nabotilhøve

(sol, utsikt, innsyn)

☒ ☐ Må kommenterast i saken.

Enkel sol- og skuggevurdering.

Levekår

(storleik på leilegheiter, bukvalitet,

minimumsløysingar, avbøtande tiltak)

☒ ☐ Det bør vere ein miks av ulik storleik på

bueiningar i prosjektet.

Oppfordrar til å legge til rette for

fellesrom, t.d. felles

sykkelverkstad/sykkelvask, smørebod,

selskapsrom, utleigehybel.

Tilføre nærmiljøet nye / betre kvalitetar

(mangelfulle kvalitetar, grønstruktur, gang-

og sykkeltilknyting, støyskjerming,

trafikksikkerheit)

☒ ☐ Alltid aktuelt.

Prosjektet har krav om å legge til rette

for offentleg gangveg mellom

Elvebakken og Elvestien.

Bygge- og anleggsperioden

(støy, trafikksikkerheit, riggområde)

☒ ☐ Gjeldande forskrifter skal følgjast.

Aktuelt Helse

Ja Nei

Merknad

Universell utforming

(Stigning, tilpassa bueiningar)

☒ ☐ Krava i TEK10 og Norsk standard gjeld.

Universell utforming bør særleg

vektleggast i bustadprosjekt i sentrum.

Kriminalitetsførebyggande omsyn

(potensielle gjerningsstader, lyssetjing,

oversiktlege og inkluderande bumiljø,)

☐ ☐

Folkehelse ☐ ☐

Page 15: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

15

(beskytte mot risikofaktorar og fremme

faktorar som verkar positivt på helse og

livskvalitet, motverke helseskilnader)

Aktuelt Sjø og vassdrag

Ja Nei

Merknad

Vassdrag

(byggegrense, bekk / elv, nedslagsfelt)

☒ ☐ Byggeområde mot Sogndalselvi er

avklara i områdeplanen. Byggegrense

og eventuelle avvik frå byggeområdet

avklarast gjennom planprosessen.

Sjø

(byggegrense)

☐ ☒

Sjøfront

(offentleg tilgang, minimum byggehøgde)

☐ ☒

Aktuelt Kommunaltekniske anlegg

Ja Nei

Merknad

Vatn og avløp, overvasshandtering.

Vannleidning langs elvestien er

kjøleleidning.

☒ ☐ Terreng- og overflateutforming,

grønstruktur, vegetasjon og

overvasshandtering skal samordnast.

Overvatn skal tilbakeførast til grunnen

og til vegetasjon nærast mogleg kjelda

i tråd med prinsippa for lokal

overvasshandtering, jf. Overvassnorm

for Sogndal kommune 2013.

Overvassplan skal sendast til eining for

kommunalteknikk for uttale og vere

godkjend før planframlegget vert sendt

til 2. gong handsaming.

Renovasjon

(teknisk løysing, lokalisering)

☒ ☐ Framleggsstillar bør ta tidleg kontakt

med SIMAS for å avklare løysingar for

renovasjon. Nedgravd eller lukka

Page 16: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

16

løysing bør veljast av omsyn til elvesti

og offentleg rom.

Kommunal overtaking tekniske anlegg ☒ ☐ Planløysingane må vere i tråd med

kommunen sine krav til tekniske

løysingar. Aktuelt for gangveg.

Aktuelt Reguleringsføresegner

Ja Nei

Merknad

Rekkefølgekrav

(aktuelle, sannsynlege)

☒ ☐ Aktuelt: Gangveg frå Elvestien til

Elvebakken. Tilkomstveg Elvebakken.

Sannsynleg: Kryss mot

Gravensteinsgata.

Utbyggingsavtalar

(pågåande arbeid)

☐ ☐ Der rekkefølgjekrav legg til rette for

det, kan det lagast utbyggingsavtale

med kommunen for opparbeiding av

infrastruktur. Ta kontakt med Eining for

Kommunalteknikk.

Aktuelt Kart

Ja Nei

Merknad

Kartgrunnlag

(koter, eigedomsgrenser, bygnad)

☐ ☐

Eigedomstilhøve

(uklare grenser, eigartilhøve,

kartforretning)

Eventuell naudsynt justering av eigedomsgrenser bør skje i løpet av planprosessen

☒ ☐ M.o.t. eigedomsgrenser i området så er

det kun avgrensingane mot Fjordstien

langs elva som er fastlagt med

oppmålingsforetning. M.o.t.

fastsetjing av grensa mot Fjordstien

vart det frå kommunen si side fremja

eiga sak for planmyndigheita i

kommunen for godkjenning av

grenseplasseringa slik den viser i

matrikkelen, ettersom denne

grenseplasseringa ikkje fylgjer

føremålsgrensa for FrP-området slik

den var vist i gjeldande reguleringsplan

på oppmålingsstidspunktet.

Dei øvrige eigedomsgrense er innlagt

i kartet på grunnlag av beskrivelsar i

Page 17: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

17

skylddelingsforretningar, og kan av den

grunn vere noko usikre. I den grad

planlegginga føreset bestemte

avstandar til grenser av denne

kategorien, bør det vurderast om det er

behov for klarlegging av

eigedomsgrenser før godkjenning av

planen.

Planavgrensing

(tilgrensande planar, vegar, vegkryss,

ubygde tomter, heile delområde)

☒ ☐ Avhengig av trong for tilkomst frå

Elvebakken. Dersom det viser seg at

det vert trong for utbetring av

tilkomstveg Elvebakken bør

planavgrensing ta høgde for dette.

Ta med grøntområdet - Frp ved elva.

Ta med delar av parkeringsplass i nord

for å sikre inn og utkøyring frå

parkeringshus, evt. andre funksjonar

(renovasjonsanlegg ect.). Tilråding:

Aktuelt Prosess

Ja Nei

Merknad

Behov for tiltak utover lovens minstekrav

(høyringsinstansar, interessegrupper,

infomøte eller annan medverknad)

☐ ☒

Undervegsmøte

☒ ☐ Minst ein gong i planprosessen. Tilrådd

mellom oppstart og innlevering av

planframlegg til 1. handsaming.

Page 18: OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING – GBNR. 19/17 M.FL. 1 ... · Ved vesentlege avvik gjeld krava i pbl. §§ 4-1 og 4-2 andre ledd. (jf. pbl. § 12-3) 7 Krav om planprogram og konsekvensutgreiing

18

Parallell sakshandsaming

(jf. pbl §§ 1-7, 12-15 og 21-4)

☐ ☒ Parallell sakshandsaming av plan og

byggesak