NYHENDE PÅ NYNORSK · Klanen. Lillebroren vår på 11 år blei medlem berre 23 minutt etter at han...

4
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix STYRTA: Her blir delar av det styrta helikopteret henta opp av sjøen. Oljearbeidarane fekk aldri komme heim. Etterforskarane leitar for fullt etter svar på helikopter-ulykka. – Kjetil sin humor og omsorg vil bli sakna, skriv Per Wathne i ei melding til media. Broren Kjetil Wathne hadde fire barn og sambuar. Kjetil og 12 andre døydde i den alvorlege helikopter-ulykka førre fredag. Styresmaktene leitar etter svar. Dei har funne ut at det var ein teknisk feil med helikopteret. Det var ikke pilotane som gjorde feil. Rotoren fall av og maskina styrta. Det skjedde ved Turøy i Hordaland. Oljearbeidarane skulle heim frå olje-plattforma Gullfaks B i Nordsjøen. Til saman var det 12 menn og éi kvinne. – Det blir utruleg viktig å finne årsaka, seier Kolbjørn Andreassen til Klar Tale. Han jobbar i organisasjonen Norsk olje og gass. Tryggleik er svært viktig for oljebransjen. Det gjeld like mykje i dårlege tider når selskapa sparar pengar, seier han. Men selskapa har fått kritikk. Nokon meiner at kutta råkar tryggleiken. Karin Flølo [email protected] 13 styrta i døden Les meir på side 3 Alle skreik og jubla. Det var ei stor oppleving. USA: Senator Ted Cruz gir opp kampen mot Donald Trump. Både Cruz og Trump har kjempa for å bli kandidat til president i USA. Tysdag stemte folk i delstaten Indiana. Trump vann valget. Berre John Kasich er framleis med i kampen mot Trump. UTDANNING: Norske studentar slit med å bli ferdige med utdanninga. Berre fire av ti studentar som tar bachelor- eller mastergrad, blir ferdige når dei skal, viser ein rapport. Det skriver nyhendebyrået NTB. Cruz gir opp Blir ikkje ferdige med å studere kort klart & FREDAG 06.05.2016 NYHENDE PÅ NYNORSK 9

Transcript of NYHENDE PÅ NYNORSK · Klanen. Lillebroren vår på 11 år blei medlem berre 23 minutt etter at han...

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK · Klanen. Lillebroren vår på 11 år blei medlem berre 23 minutt etter at han blei fødd. Då blei han meld inn via nettsidene, seier Robin Grov til Klar Tale.

Foto

: Tor

stei

n B

øe /

NT

B s

canp

ix

STYRTA: Her blir delar av det styrta helikopteret henta opp av sjøen.

● Oljearbeidarane fekk aldri komme heim. Etterforskarane leitar for fullt etter svar på helikopter-ulykka.

– Kjetil sin humor og omsorg vil bli sakna, skriv Per Wathne i ei melding til media. Broren Kjetil Wathne hadde fire barn og sambuar. Kjetil og 12 andre døydde i den alvorlege helikopter-ulykka førre fredag.

Styresmaktene leitar etter svar. Dei har funne ut at det var ein teknisk feil med helikopteret. Det var ikke pilotane som gjorde feil. Rotoren fall av og maskina styrta. Det skjedde ved Turøy i Hordaland.

Oljearbeidarane skulle heim frå olje-plattforma Gullfaks B i Nordsjøen. Til saman var det 12 menn og éi kvinne.– Det blir utruleg viktig å finne årsaka, seier Kolbjørn Andreassen til Klar Tale. Han jobbar i organisasjonen Norsk olje og gass.

Tryggleik er svært viktig for oljebransjen. Det gjeld like mykje i dårlege tider når selskapa sparar pengar, seier han. Men selskapa har fått kritikk. Nokon meiner at kutta råkar tryggleiken.

Karin Flø[email protected]

13 styrta i døden

Les meir på side 3

Alle skreik og jubla. Det var ei stor oppleving.

USA: Senator Ted Cruz gir opp kampen mot Donald Trump. Både Cruz og Trump har kjempa for å bli kandidat til president i USA. Tysdag stemte folk i delstaten Indiana. Trump vann valget. Berre John Kasich er framleis med i kampen mot Trump.

UTDANNING: Norske studentar slit med å bli ferdige med utdanninga. Berre fire av ti studentar som tar bachelor- eller mastergrad, blir ferdige når dei skal, viser ein rapport. Det skriver nyhendebyrået NTB.

Cruz gir opp

Blir ikkje ferdige med å studere

kortklart& FREDAG

06.05.2016

NYHENDE PÅ NYNORSK

9

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK · Klanen. Lillebroren vår på 11 år blei medlem berre 23 minutt etter at han blei fødd. Då blei han meld inn via nettsidene, seier Robin Grov til Klar Tale.

2 FREDAG06.05.2016NOREG

VERDA

Kort fortaltTusenvis streikar for meir løn og gode. Det gjeld mellom anna hotellbransjen. Det er også fare for at mange som jobbar i staten, kjem til å streike.

Politiet ber om 20 års fengsel for mannen som drap dottera si i 2014. Toåringen blei stukken i hel mens ho sat i armkroken til mora.

Ein 14 år gammal gut blei kidnappa av russejenter i Sarpsborg i Østfold. Dei dynka han i urin. Foreldra vil melde russen til politiet.

Åtvarar mot riskakerMAT: Ikkje gi små barn riskaker, åtvarar Mattilsynet. Årsaka er stoffet uorganisk arsen. Det finst i riskakene. Det kan vere farleg om det blir for mykje av det i barnekroppen. Barn under seks år bør heller ikkje drikke risdrikke, seier Mattilsynet.

Vil ha jobbøvingJOBB: Å øve seg i arbeid kan få folk raskare i jobb, trur innvandrings-minister Sylvi Listhaug. Regjeringa meiner slike praksis-plassar bør bli ein del av opplæringa for nye innvandrarar.

Kopplam ● 1,2 millionar lam blir fødde

i Noreg på våren. Men ikkje alle hosauer har nok mjølk til å ta vare på lamma sine. Då blir det eit kopplam hos bonden. «Kopplam» består av to ord. «Kopp» er ein behaldar til å drikke av. «Lam» er barna til sauen. Eit «kopplam» er ein nyfødd sau som blir fostra opp av menneske.

ORD I NYHENDA

ÅTVARAR: Slike riskaker kan vere farlege for små barn.

ALEINE: Mange menn under 18 år kjem aleine til Europa.

Foto: NTB scanpix

Foto: NTB scanpix

Foto: NTB scanpix

Foto: NT

B scanpix

Kort fortaltTi gislar frå Indonesia er sette fri på Filippinane. Dei var fanga av den islamistiske gruppa Abu Sayyaf. Gruppa held framleis andre gislar.

Det finst tre andre planetar som liknar på jorda i solsystemet, trur forskarar. Men dei er 40 lysår unna.

Ein lege hjelpte USA å finne Terroristen Osama bin Laden for fem år sidan. Men han sit framleis i fengsel i Pakistan.

90.000 kom aleineHELLAS: Over 90.000 asylsøkarar under 18 år har komme til Europa i år. Dei har komme aleine, viser tal frå Eurostat. Over halvparten har flykta frå Afghanistan. Ni av ti er gutar. Veldig mange søkte asyl i Sverige, Tyskland, Ungarn og Austerrike.

Bomba sjukehusSYRIA: Bomber trefte eit sjukehus i Aleppo i Syria tysdag. Minst 20 menneske døydde. Dei fleste var kvinner og barn. Opprørarar angreip, skriv statlege medium i Syria.

Redda baby KENYA: Minst 23 menneske døydde etter at ein bygning kollapsa. Ulykka skjedde i Nairobi i Kenya fredag. Det budde folk i bygget. Det hadde seks etasjar. Ein baby blei redda ut frå ruinane. 93 personar er framleis sakna.

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK · Klanen. Lillebroren vår på 11 år blei medlem berre 23 minutt etter at han blei fødd. Då blei han meld inn via nettsidene, seier Robin Grov til Klar Tale.

FREDAG06.05.2016 3 SPORT

Fans for livet ● Dei fekk kjærleiken til

fotballklubben Vålerenga i fødselsgåve.

– Heile familien er med i Klanen. Lillebroren vår på 11 år blei medlem berre 23 minutt etter at han blei fødd. Då blei han meld inn via nettsidene, seier Robin Grov til Klar Tale.

Klanen er supporterklubben til fotballklubben Vålerenga (VIF). Også brørne Christer og Robin Grov blei med i Klanen frå dei var babyer. Medlemskapet fekk dei av mor og far.

Dei sit på puben Bohemen i Oslo sentrum. Dette er ein

av Klanen sine stampubar. Her møter fansen kvarandre. Snart skal dei køyre i bussar til kamp. VIF skal spele mot laget Lillestrøm i eliteserien.

Det er om lag 5.000 medlemmer i Klanen. Torsdag var det akkurat 25 år sidan Klanen blei starta. Jubileet blir feira 25. juni med «Børst & Ball». Sjølve fotballklubben Vålerenga er mykje eldre. Den feira 100 år i 2013.

Brørne Grov kjem aldri til å melde seg ut av Klanen. Dei kjem frå bydelen Kampen like ved Vålerenga. – Vi har vakse opp med laget. Eg har vore på kampane sidan

eg var liten, seier Christer. Det beste minnet er fra cupfinalen i 2008. Då var han berre åtte år gammel. – Alle skreik og jubla. Vi spelte seriemesteren av bana. Det var ei stor oppleving, seier Christer.

Erling Rostvåg er talsmann for Klanen. Stemninga på kamp med Klanen er heilt unik, meiner Rostvåg.

VIF har ikkje gjort det så bra til no i sesongen. Dei har berre vunne to av fem kampar. Dei ligg på 14. plass i eliteserien.

Elin B. Øvrebø[email protected]

FOTBALLFANS: Hjartet bankar ekstra sterkt for Vålerenga. Det seier Erling Rostvåg (til venstre), Christer Grov (i midten) og Robin Grov.

Foto

: Elin

Øvr

ebø

/ K

lar T

ale

OPPGÅVA

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK · Klanen. Lillebroren vår på 11 år blei medlem berre 23 minutt etter at han blei fødd. Då blei han meld inn via nettsidene, seier Robin Grov til Klar Tale.

4 FREDAG06.05.2016KULTUR

Ei mystisk venninne » 12 år gamle Anna er på sommarferie. Ho møter ei jente som

heiter Marnie. Men kvifor er det berre Anna som kan sjå Marnie og huset der ho bur? «Marnie – den hemmelege venninna mi» er ein teiknefilm frå Studio Ghibli. Det japanske studioet er blant anna kjend for «Chihiro og heksene». Filmen har premiere fredag. Han passar for dei over seks år.

Kort fortaltI 2013 blei fem av ti norske filmar laga i Noreg. No blir sju av ti filmar spelt inn her.

Organisasjonen Røde Kors får pengar frå TV-aksjonen i år. Dei hjelper menneske i område med krig og konfliktar.

Pernille Sørensen er kåra til «Årets morosamaste kvinne». Ho fekk prisen under Komiprisen 2016 laurdag. 12 ulike prisar blei delte ut.

– Kva er ditt favorittord? – Akkurat no er det «forventing».

– Kvifor liker du dette ordet så godt?– Eg har nett slutta etter 31 år i Vårt Land. No er eg spent på kva livet vil bringe vidare.

– Kva ord liker du ikkje?– Dei tabloide orda «sterke meiningar». No skal vi skikkeleg ta sats og meine noko som sjokkerer verda.

– Kva er eit typisk «Vårt Land»-ord?– «Omsorg».

– Kva ord bruker du ofte?– Ein kollega sa at eg ofte brukte ordet «pressa». Det var nok ein måte å seie at eg hadde ein krevjande jobb.

– Kva ord skildrar deg best?– «Tilbakelent». Eg stressar meg ikkje opp unødig. Men eg jobbar ganske bra under press.

Helge Simonnes, 60 år gammal. Han slutta nyleg som sjefredaktør i avisa Vårt Land. Han skriv bok.

TERRORISTAR: Utstillinga viser dei to som sprengde seg på flyplassen i Brussel i mars.

MITT ORD

31 år med omsorg

Foto: Erlend Berge / V

årt Land

Rasar over utstillingUTSTILLING: Danskane er sinte over utstillinga «Martyrmuseum». Ho viser bilete av folk som døydde for det dei trudde på. Også ekstreme islamister som døydde i terror-angrep er med. Utstillinga er laga av Christian Lollike. Han laga også teaterstykke om terroristen Anders Behring Breivik.

FILM

Foto: Ida Grarup