Månadsbrev - august

3
Månadsbrev - august Denne månaden har me brukt tida på å verta kjende med kvarandre og barnehagen. Me har smaka på søte bringebær Me har dansa og sunge Ribbevegge n er populær!

description

Månadsbrev - august. Denne månaden har me brukt tida på å verta kjende med kvarandre og barnehagen. Me har smaka på søte bringebær. Me har dansa og sunge. Ribbeveggen er populær !. - PowerPoint PPT Presentation

Transcript of Månadsbrev - august

Page 1: Månadsbrev  - august

Månadsbrev - augustDenne månaden har me brukt tida på å verta kjende med

kvarandre og barnehagen.

Me har smaka på søte bringebær

Me har dansa og sunge

Ribbeveggen er populær!

Page 2: Månadsbrev  - august

Mange av dykk har nok også fått med seg at det skjer endringar i innemiljøet vårt. Me lagar nye leikekrokar for barna, og dei har sjølve fått vore med på å seie noko om kva leikekrokar dei ynskjer sjølv.

Me har også vald å fokusere på meir verdilaust materiale og naturmaterial, noko som styrkjer fantasien og utvidar bruksområda i leiken til barna.

Utkledning og rolleleik er morosamt, og særleg dersom me kan få gjer det med ein morosam «vri».

Perling og hyttebygging er også morosame aktivitetar i kvardagen.

Page 3: Månadsbrev  - august

I tillegg til dette, har me hatt stor fokus på å

«klare sjølv». Dette inneber at barna får høve til

god tid blant anna i garderoben og på badet. Me

brukar også store delar av dagane våre ute,

uansett vær. Det kan vera vanskeleg for barna å

kle seg i overgangen frå sommar til haust, så

dette er også noko me har jobba litt med. Men

framleis er det lett for å hive av seg litt klede når

sola skin og anledninga byr seg.

Neste månad startar me opp med faste turdagar

og barnas prosjektdag!

Den magiske

samlingsstunda kvar

fredag har vorten

eit populært innslag

i vekene våre. Her

har me blant anna

fokus på sansing,

oppleving og

undring.