Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten...

16
Litt om ljå, orv og blad

Transcript of Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten...

Page 1: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

Litt om ljå, orv og blad

Page 2: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

Kunstar og knep knytt til ljåen Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom anna Tessungdalen i Tinn. Kunnskapen om tilverking av orv (skaft), er i praksis ikkje særleg godt teke vare på så mange stader, heller ikkje i Telemark.

Ved hjelp av midlar frå Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) fekk Kulturlandskapssenteret i perioden 2012-2014 høve til å engasjere Gaute Midtbøen i Tessungdalen til å smi eit større opplag med ljåblad, og Torbjørn Haugen i Hjartdal til å lage orv etter eldre modellar frå Hjartdal.

I samband med desse oppdraga blei det skipa til eit møte der handverkarane kunne få utveksle kunnskapar om desse emna med eldre i nærområdet. Det blei også samla inn nokre opplysingar under utstilling av ljeane på Slåttefestivalen i 2012 og 2013. Det me har fanga opp av kunnskapar, «kunstar og knep» knytt til ljåen er kort oppsummert i denne faldaren.

For dei som er særleg interesserte i desse tema vil me elles tilrå nettsida www.slaattekurs.no ved Hans Petter Evensen på Torpo i Hallingdal. Denne nettstaden har også vore ei nyttig kjelde for oss.

Hjartdal, juni 2014 Ingvill Marit Buen Garnås

Page 3: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

1

Tre steg i ljåbladets utvikling

Tynsleljå

Utanfor Norden har ein enno berre tynsleljear; På ein tynsleljå blir bladet «tynsla» kvasst, dvs. hamra mot ein liten ambolt.

Slipeljå, gamal type (smidd)

Slipeljåen kom ikkje før på slutten av 1700-talet, med nye teknikkar innan herding og såkalla essesveising: Veldig enkelt fortalt la smedane herdbart stål i kjerna av bladet, og blautare stål («jarn»/«jønn») i kring. Dette kallast laminering. Ved sliping kjem så eggen av herdbart stål fram.

Det var, i motsetnad til med tynsleljeane, ikkje for einkvar gardbrukar å smi slike ljåblad. Såleis fekk ein på denne tida vidan kjende «ljåsmibygder», fyrst Tinn i Telemark, seinare Hol i Hallingdal, m.fl.

Sliping kan vel reknast som ein noko enklare vedlikehaldsmetode enn tynsling. Likevel er slipeljeane blitt ein særnordisk tradisjon.

«Fabrikkljå» / «Stål-ljå»

Frå 1960-talet overtok etter kvart fabrikkproduserte slipeljåblad marknaden i dei nordiske landa. «Fabrikkblada» er stansa ut av plater med herdbart stål. Dei er dermed mykje stivare enn smidde. Ein kan ikkje nytte fullt så hardt stål som det ein legg i kjerna av dei smidde, dermed blir dei heller ikkje fullt så kvasse.

Page 4: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

2

Nemningar på dei ulike delane av ljåbladet: Odden, ryggen, eggen, helen, tangen og tappen. På eit smidd slipeljåblad kan ein bøyge noko på tangen, og lettare vri til bladet (jordlegge ljåen). Bladet er smidd av Gaute Midtbøen, Tinn.

Page 5: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

3

Smidde blad, form og eigenskapar

Med eit smidd slipeljåblad er det lett å jordlegge ljåen, dvs. at ein etter at bladet er montert, vrir det litt til slik at bladet får riktig vinkel mot bakken (sjå s. 12).

Det er elles ingen «opplesen og vedteken» mal for handsmidde blad. Frå gamalt av har folk hatt ulike preferansar, men noko står fast:

Bladet skal skjera, ikkje «hogge»: - Det er difor svakt bogeforma. - Det har difor også ei langsgåande krumming ned mot bakken,

slik at ryggen av bladet ligg nedpå (elles vil det «hæle»).

Dei gamle smidde ljåblada er lette og mjuke, og skøyre. Dei er utvikla for, og eignar seg best på, tradisjonelle slåtteenger, dvs. ugjødsla og seint slegne «naturenger». I «moderne enger» med grovare gras er dei meir utfordrande i bruk, i alle fall for urøynde. Eit moderne fabrikklaga stålblad kan du i motsetnad, i fylgje smeden - og nok litt sett på spissen, «grava poteter med»

Godt bruka og slitne blad var rekna som best! Men desse var rekna som luksus og «dyre kjøp», sidan dei ikkje kunne nyttast så lenge.

I gamle dagar kunne folk handtere tynne blad. No blir dei av omsyn til meir urøynde brukarar gjerne laga noko tjukkare.

Page 6: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

4

Stuttorv

Det mest utbreidde er «tohending», som ein held med båe hendar, men det finst også mindre «einhendingar», dvs. stuttare og meir sigdaktige ljear. Ved bruk av «einhending» hadde ein gjerne samstundes ein liten kost i andre handa til å børste fram gras rundt steinar og liknande. Det gjaldt å ta med seg! I det fylgjande er det «tohendingen» som blir omtala; Stuttorva varierer mykje i storleik og form, sikkert fordi dei har vore i bruk både av menn og kvinner, born og ungdomar.

Øvre del er gjerne forma for eit godt grep, det bør vera godt å halde i over tid. Det må elles ikkje vera for grant (tynt) til den som skal ha det. Da blir ein sliten i nevane etter kvart.

Stuttorva her i kring har ofte ein karakteristisk sving på nedste halvdel. Den er fin reint estetisk sett, men hjelper også til at bladet legg seg riktig mot bakken, dvs. får god jordvending (sjå s. 12). Treslag til stuttorv

Til stuttorv blei det mest bruka gråor. Det er lett og godt å slå med, men ikkje så sterkt. Ein nybyrjar fekk kanskje heller orv av silju. Det er noko sterkare, og godt å halde i. Elles er det bruka både bjørk, løn og andre treslag også.

Page 7: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

5

Stuttljå slik ein oftast ser dei i Hjartdal og omeign.

Legg merke til den karakteristiske svingen nedst på orvet. Orvet er laga av Torbjørn Haugen, Hjartdal.

Bladet av Gaute Midtbøen, Tinn.

Page 8: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

6

Langorv

Det er mange variantar av langorv her i landet. I Telemark har me «overarmsljå», dvs. at det øvre handtaket, kaggen, blir halde over venstrearmen (i venstre armkrok). I andre dalføre (m.a. i delar av Buskerud) har dei «underarmsljå», dvs. at dei held i to handtak frå oversida av orvet. Desse er ledige å bruke, mest på linje med stuttorv i steinete mark. I nord finst det også døme på at ein berre har handtak heilt i enden av orvet i tillegg til ljåpinnen på midten. Det finst i tillegg fleire variantar.

I det fylgjande er det «overarmsljåen» som blir omtala;

Ulike mål

Generelt må ein ta til takke med det ein har, finne eit orv som passar slik nokolunde, - eller få laga seg eit etter mål:

Eit vanleg mål er at kaggen skal nå oppunder armhola, og at ein da skal kunne gripe kring pinnen. I praksis er ofte denne avstanden noko kortare.

Avstanden mellom kaggane avgjer «makta» over ljåen. Om ein blei sliten kunne ein gjerne ta tak under veslekaggen.

Makta over ljåen er også avhengig av korleis bladet er stilt i forhold til orvet (horisontalt). Les om vinkelen mellom kaggen og bladet på s. 9.

Langorvet bør elles ikkje vera for kort, ein må kunne gå ganske rett og unngå knekk i ryggen. I dag er folk blitt lengre, og gamle orv er gjerne litt for korte.

Page 9: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

7

Kaggen

Pinnen

LANGORV

STUTTORV

Orv laga av Torbjørn Haugen, Hjartdal. Blad laga av Gaute Midtbøen, Tinn.

Page 10: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

8

Slått med langorv. «Overarmsljå» øvst og «underarmsljå» nedst. Frå praksisdel av «Ut i mark og eng – Kulturlandskap i skulen»,

eit samarbeid mellom Slåttefestivalen og Kulturlandskapssenteret.

Page 11: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

9

Vinkelen på kaggen

Kaggen skrår på mange orv her i kring (som elles) litt nedover, og av og til også noko fram. Slike «ligg godt i armkroken».

På nokre orv står kaggen derimot vinkelrett ut frå orvet. Desse blir gjerne haldne litt annleis, meir «på sida», med båe armane rett ned. Enden av orvet blir da liggande mot overarmen, og kan gnage i lengda.

Vinkelen mellom kaggen og bladet

Bladet må vera montert slik at ljåen er «slagvinn» for den som skal bruke den, dette er litt avhengig av korleis ein held ljåen.

På ljear med skrå kagg, er bladet oftast montert slik at det ligg i vinkel om lag midt i mellom kaggen og pinnen.

På ljear med rett kagg er bladet ofte montert omtrent i flukt med pinnen. Dette har med den andre haldemåten å gjera (armane ned).

Det ser elles ut til å vera litt ulike vanar, «smak og behag» ute og går!

Tre vinklar å halde styr på

I tillegg til vinkel mellom kagg og blad, kjem den vertikale vinkelen mellom blad og orv (stilling av ljåen), og mellom bladet og bakken (jordlegging av ljåen), sjå eigne avsnitt om dette på s. 12.

Treslag til langorv

Til langorv er det bruka mest gran. Det er både sterkt og lett. Ein fann gjerne gode emne med grein i riktig vinkel til å bli storkagg, Ein reiste nok ikkje «eins ærend», men la merke på dei elles. Det var elles vanleg med tappa kaggar frå gamalt av også.

Page 12: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

10

Fire langorv frå Hjartdal.

Dei to til høgre har skrå kagg, og bladet er montert med vinkel ein stad mellom ljåpinnen og kaggen. Dette er det vanlegaste, men vinkelen vil variere noko avhengig av korleis ljåen blir halde.

Dei to til venstre har rett kagg, og blada er montert om lag i flukt med ljåpinnen.

Page 13: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

11

Festing av blad til orv

Det gamle var lærreim og spitu (kile), både på langorv og stuttorv. Lærreima surrast rundt og festast, og så slåast spitua i. Lærreima skulle helst vera av svin (fleskereim). Det var elles også bruka reim av dei fine røtene til bjørk eller «viu», desse blei lagt i vatn så dei skulle halde seg mjuke. Somme føretrakk dette, men det var vel også lettvint og tilgjengeleg. Ein ser frå gamalt av også surring med hesjetråd og diverse... Spitua var helst av hassel. Den er hard og slett, og eignar seg best. Seinare byrja ein med smidde metallringar/holkar, framleis med kile. På fabrikkutgåvene av stuttorv er blada skruva direkte på orvet. I dag er det på langorv mest bruka fabrikkerte metallringar/holkar, med skruvar for firkantnykkjel.

Reim tyngjer ikkje ljåen, og er å føretrekke om ein kan handtere det.

Festemåte må elles sjåast i samanheng med kva ein rår greitt med. Med «gamlemåten» må ein kan hende feste opp att og stramme noko oftare. Det er også greitt å kunne ta av bladet når det skal slipast.

Tre vinklar å halde styr på

Når bladet skal monterast må ein syte for

1) riktig vinkel mellom bladet og kaggen (få ljåen slagvinn), sjå s. 9 2) riktig vinkel mellom bladet og orvet (stille ljåen), sjå s. 12 3) riktig vinkel mellom bladet og bakken (jordlegge ljåen), sjå s. 12

Page 14: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

12

Å stille ljåen

Set ljåen opp mot ein vegg, og hald fingeren i vinkelen mellom orv og blad. Når du vippar ljåen sidelengs (eller ut frå veggen), skal odden treffe dette punktet. Eller om du føretrekk det - litt over eller under;

Over 90 grader = «gag» (overstilt) Under 90 grader = «gruv» (understilt)

Det kan vera greitt at ljåen er litt «gruv» i tjukk eng, dvs. at den ikkje tek for mykje i slengen. Det kan like eins vera greitt at ljåen er litt «gag» i tynn eng, vel og merke om slåttekaren er god Vanlegvis veljast varianten midt i mellom, korkje «gag» eller «gruv».

Å jordlegge ljåen

Bladet skal ligge nedpå bakken, både i det ein slår og i rørsla attende. Men eggen må peike litt opp, noko under 1 cm opp frå bakken. Dette kallast riktig jordlegging eller god jordvending på bladet. Poenget er å få ei god rørsle og samstundes spare eggen for slitasje.

På gode gamaldagse laminerte slipeljåblad er det lett å bøyge tangen. Ein set gjerne bladet mellom to stokkendar i eit husnov, og vrid til.

På moderne ljåblad i utstansa herdbart stål må tangen varmast opp. Orvet kan ev. også skjerast noko til, men dette kan gå ut over festet.

Ljear med orv som har ein liten «sving» på nedste del får gjerne automatisk ei god jordvending. Dette gjeld både lang- og stuttorv.

Page 15: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

13

Til slutt litt om kvessing av ljå, sliping og bryning

Å slipe og bryne ljå er ein eigen kunst, og kan (akkurat som det å slå) neppe lærast ved å lesa... Likevel, heilt kort om emnet:

Slipeband kan nyttast til grovsliping, men stein er å føretrekke. Tilhogd naturstein er å tilrå framfor støypte. Det er i dag vanskeleg å få tak i gode slipesteinar til ljå. Gotlandsstein var rekna som bra i Telemark.

Det finst mange ulike slipesteinanretningar, med sveiv, trøer, vassdrivne og heimelaga elektriske oppfinningar…

Slipinga er i hamn når eggen har fått ein tynn brett ytst som kallast ru. Det same må så gjerast frå andre sida. Så brynast rua bort.

Både tynsleljear, smidde slipeljear og fabrikkljear blei, og blir, brynte.

Brynesteinproduksjonen i Eidsborg starta alt på 700-talet. Det er funne Eidsborgsbryne i arkeologiske utgravingar i store delar av Nord-Europa.

Bryne og bryneholk høyrde naturleg med til slåtteutstyret. Nokre hadde også etui i tre til å oppbevare fleire ferdig slipa blad i.

Page 16: Litt om ljå, orv og bladarkiv.kulturlandskapssenteret.no/userfiles/Ljfaldar_liten.pdf · Kunsten å smi ljåblad er teke vare på i somme fåe område og tradisjonsliner, mellom

Kjøpe/tinge ljåblad, ljåorv eller ein komplett ljå? Smidde ljåblad laga av Gaute Midtbøen, Tessungdalen Handlaga orv laga av Torbjørn Haugen, Hjartdal Prisar

Berre blad til stuttorv: 1.000 inkl. mva. Berre blad til langorv: 1.500 kr inkl. mva. Berre stuttorv: 1.200 kr inkl. mva Berre langorv: 2.500 kr inkl. mva. Komplett stuttljå m. orv og blad: 2.200 kr inkl. mva Komplett langorv m. orv og blad: 4.000 kr inkl. mva. Kontaktinfo

Kulturlandskapssenteret tek opp tingingar og vidareformidlar til Gaute Midtbøen og Torbjørn Haugen: Kulturlandskapssenteret i Telemark Bygdesentralen, 3690 Hjartdal Tlf.: 97187758 E-post: [email protected] NB: Sei gjerne i frå om ynskt lengde på ljåbladet. Tingingar for sommaren 2015 bør vera inne innan 1. oktober 2014.