KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028...PPT, avdelingsleiar Bodil Rossnes Utgreiing - Systemtiltak -...

48
KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028 KOMMUNEDELPLAN GJELDANDE FRÅ HAUST 2016 Vedtatt i Kommunestyret 15.09.16

Transcript of KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028...PPT, avdelingsleiar Bodil Rossnes Utgreiing - Systemtiltak -...

  • KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028KOMMUNEDELPLAN GJELDANDE FRÅ HAUST 2016Vedtatt i Kommunestyret 15.09.16

  • FøreordProsjektgruppa har arbeidd med grunnlaget for denne Kvalitets- planen frå september 2015 og fram til juni 2016. Planprogrammet vart vedteke i Levekårsutvalet 1. desember 2015, og ei skisse for prosjektet vart presentert for Levekårsutvalet 26. april 2016.

    Våren 2016 har ein hatt fokus på prosessar i einingar og i avdelingar samt i referanse- gruppene for å få innspel til planen, i tillegg til å informera om målsetjinga med planarbeidet. Oversynet under fortel korleis prosessen har vore det siste halvåret av prosjektet fram til ferdig utkast til plan. Endeleg plan går i trykken og blir lagt ut på kommunen sine heimesider hausten 2016.

    5. september 2015 Framlegg til planprogram sendt på høyring

    1. desember 2015 Vedtak planprogram

    Prosess innhald framlegg til Kvalitetsplan

    26. april 2016 Framlegg til Kvalitetsplan sendt på høyring

    15. september 2016 Endeleg vedtak Kvalitetsplan

    Vi vil takka alle som har kome med innspel til planen, dei som har delteke i prosjekt-gruppa og referansegruppene samt dei som har kome med framlegg til endringar og forbetringar undervegs og i samband med høyringsprosessen. Innspela har vore viktige for innhald og prioriteringar i planen slik den no ligg føre.

    Planen signaliserer ei felles målsetjing om å leggja til rette for ein trygg oppvekst i Lindås kommune, der den einskilde kan delta, meistra og læra. Vi skal arbeida for gode løysingar for den einskilde og for eit godt sosialt fellesskap både i barnehage, skule, nærmiljø og fritid. Kvar einskild vaksen spelar ei viktig rolle for å lukkast med målsetjinga – trygge barn i Lindås. Kvalitetsplanen skal sikra tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid i sektoren. Planen vil danna utgangspunkt for vidare arbeid i einingane og avdelingane, knytt til utarbeiding av lokal verksemdsplan og utvikling av dagleg praksis.

    Vi ønskjer lukka til i vidare arbeid med å utvikla tenestene i oppvekstsektoren.

    Ørjan Raknes Forthun Kristin MoeRådmann Kommunalsjef

    2 |

  • KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST 2016-2020

    Innhald

    Føreord side 02

    Innleiing side 04 Målsetjinga med Kvalitetsplanen side 06 Struktur og innhald side 09

    Prosess, oppfølging og evaluering side 11

    Målgruppa for planen side 12 Folkehelse – barn og unge i Lindås side 13

    Nøkkeldata – barn og unge i Lindås side 14

    Utsette barn og unge side 16

    Tverrfagleg samarbeid i Lindås side 19

    Innsatsområde side 23 Innleiing side 23

    1.0 Trygg oppvekst – ein grunnleggjande rett for barn og unge side 26

    2.0 Trivsel, deltaking og medverknad – å høyra til side 30

    3.0 Meistring og læring for alle – å sjå den einskilde side 34

    4.0 Gode tilbod og tenester til alle – ein kunnskapsbasert praksis side 38

    Handlingsplan for perioden 2017-2021 side 45

    Kjelder side 47

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 3

  • Innleiing

    Som følgje av arbeidet med utarbeiding av ny overordna planstrategi og rullering av kommuneplanen for Lindås kommune, vedtok kommunestyret i september 2016 Kvalitetsplan for oppvekst 2016-2028 - Kommunedelplan.

    Denne vil erstatta pedagogisk del i tidlegare kommunedelplanar for barnehage òg skule. Ny Kommunedelplan for oppvekst inneheld ikkje skildringar og prioriteringar knytt til barnehage- og skulebygg, men har fokus på innhaldet i tenestene.

    Planen byggjer på oversyn over helsetilstand og påverknadsfaktorar for innbyggjarane i Lindås kommune, som er utarbeidd i samband med planprosessen som er skildra over. Slik kan ein fastsetja mål og strategiar som er eigna til å møta utfordringar med omsyn til helsetilstanden hjå innbyggjarane i kommunen, samt positive og negative faktorar som kan verka inn på denne (Folkehelselova § 6).

    Kvalitetsplanen konsentrerer seg om sektoren sitt ansvarsområde, men omtalar og samanhengar med andre avdelingar og samarbeidspartar, samt private og frivillige aktørar. Eit forpliktande samarbeid mellom alle involverte partar til det beste for barn og unge med familie, er ein viktig suksessfaktor for å nå måla i planen.

    Oppvekstsektoren i Lindås består av tenesteområda barnehage, skule, jordmor- og helsesøstertenesta, Pedagogisk-psykologisk teneste og barnevernet. Organiseringa skal støtta opp om målsetjinga om tidleg innsats og tilpassa opplæring, og femner difor om fagområda som i hovudsak har innhaldet i tenesta retta mot barn og unge, frå svangerskap til fullført vidaregåande opplæring.

    4 |

  • Det er 2 private grunnskular i kommunen: Skodvin Montessori skule og Nordhordland kristne grunnskule. Dei 13 private og 3 kommunale barnehagane i kommunen fordeler seg slik med omsyn til skulekrinsane og tal barnehageplassar pr. barnehage:

    Alversund Knarvik Leiknes Seim Eikanger Ostereidet Kløvheim Myking Lindås Skodvin

    Lykkeliten 27

    Knarvik 167

    Leiknes 104

    Seim 90 + 25

    0 Ostereidet 66

    Kløvheim 34

    0 Kolås 31 + 25

    Hundvin 30 + 7

    Smilehullet 10

    Haugen 87

    Solhaugen 90

    Montessori 72

    Juvikstølen173

    Wilhaven 10

    Trollskogen 111

    Natås 36

    Kvalitetsplanen skal gje rammer og danna grunnlag for konkrete tiltak i Lindås kommune, både i offentleg, frivilleg og privat regi. Det er eit tett samarbeid med dei private barnehagane i kommunen, mellom anna med felles utviklingsprosessar retta mot kvalitetsutvikling i barnehagen. Kommunen har og nyleg tatt initiativ til eit samarbeidsfora med dei private skulane i kommunen samt Danielsen ungdomsskule i Meland. Ein opplever at felles møteplassar er viktig for drift, utvikling og samarbeid.

    Rådmann Ørjan Raknes Forthun

    Kommunalsjef Kristin Moe

    Einingsleiar Ragna Midtbø

    Einingsleiar Reidun Sæbdal

    Einingsleiar Mona Hagewick

    Einingsleiar Kari Fanebust

    BARNEVERN Avdeling

    Butiltak Isdal Eivind Ertesvåg

    Fagområde/fagleiar

    Mottak og hjelpetiltak

    Helge Warberg

    Omsorg Torild S. Syslak

    Nærmiljøtiltak Anne Irene Nygård

    BARNEHAGAR Avdelingar,

    kommunale barnehagar

    Juvikstølen barnehage Kristine Teigland

    Haugen barnehage Kate Klementsen

    Kolås barnehage Hanne Haukås

    Fagteam

    Spes.ped. Barnehage

    Fagnettverk private barnehagar

    HELSESTASJON OG SKULEHELSE-

    TENESTA Avdeling

    Helsesøster og jordmortenesta

    Avd. leiar Randi Træland Hella

    BARNE- OG UNGDOMSSKULAR Alversund skule Leif B. Hopland

    Eikanger skule Lena O. Fyllingen

    Knarvik barneskule Terje H. Aarvik Avdeling Læringssenter

    Knarvik ungdomsskule Olaf M. Hella

    Kløvheim skule Turid S. Tvedt

    Leiknes skule Katrine Hopland

    Lindås barneskule Åshild Halland

    Lindås ungdomsskule Henriette Rolland

    Myking skule Nils Kvalvågnes

    Ostereidet barneskule Torill P. Solli

    Ostereidet ungdomsskule Arne J. Riisnes

    Seim skule Anne Wergeland

    Lindås vaksenopplæring Sally K. Solberg

    PPT, avdelingsleiar Bodil Rossnes Utgreiing - Systemtiltak - Rettleiing

    Rådgjevar oppvekst Arne Kvamme Rådgjevar oppvekst Astrid N Sylta Forvaltning - Førebygging og tidleg innsats - Kursregionen

    Kommunalsjef Helse /omsorg

    Pr. 1.4.16 ser organisasjonskartet slik ut:

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 5

  • Målsetjing med kvalitetsplanenFøremålet med kvalitetsplanen er å mobilisera til tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats, synleggjera mål og handlingar, samt sikra oversikt og kontinuitet i arbeidet.

    Dette vil innebera at alle vaksne som møter barn og unge på ulike arenaer må samarbeida for å nå måla i planen. Kommunestyret er øvste ansvarlege organ i kommunen, og skal styra utvikling og drift av kommunen gjennom politiske vedtak. Ved at kvalitetsplan for oppvekst - kommunedelplan er handsama politisk, sikrar ein felles forankring av innhaldet, samt at planen får naudsynt status og prioritet. Administrasjonen si oppgåve vert å gje politikarane rett informasjon i avtalte møte, og tilstrekkeleg belyst avgjerdsgrunnlag når vedtak skal fattast. Slik skal ein både politisk og administrativt kunna følgja trendane på mål og kvalitetsutvikling over tid.Med fokus på felles visjon og målsetjing for sektoren, ønskjer ein med denne planen å tydeleggjera prioriteringar og metodar for arbeidet blant barn og unge i kommunen.

    Visjon

    Lindås kommune sin visjon er: «Der draumar blir røyndom.» Visjonen legg vekt på at den einskilde aktør skal kunna oppleva glede over noko ein oppnår på vegne av seg sjølv eller andre. For born og unge kan dette t.d. innebera at dei får hjelp, støtte, ros og oppmuntring til å veksa ved å ta eigne krefter i bruk for å nå eit mål.

    Vaksne må stå saman, vise omsorg og gje støtte til barn og unge, slik at kvar einskild kan oppleva å få ein draum oppfylt. Gir vi barn og unge erfaringar i å meistra og lukkast, så dannar vi og eit grunnlag for å tru på eigen kapasitet.

    Mål

    Hovudmålet for arbeidet med kvalitetsplanen er: «Trygge barn i Lindås.» Dette i tråd med formålet i Folkehelselova, § 1: «Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse».

    6 |

  • Målsetjinga skal vera rettesnora for alle som arbeider med barn og unge i kommunen. Ambisjonen vert å setja visjon for kommunen og overordna mål for kvalitetsplanen ut i live, i høve til kvar einskild barnegruppe og kvart einskild barn/ungdom og heim. Eit anerkjennande miljø med tydelege, venlege og stabile vaksne med rett kompetanse, gir eit godt utgangspunkt for eit barn å veksa og utvikla seg i. Å høyra til og bli inkludert skaper grunn- leggjande tryggleik. Planen skal òg medverka til å styrkja og gje støtte til foreldrerolla, slik at alle barn kan oppleva å ha vaksenpersonar med tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å støtta opp om barnet si utvikling og behov.

    For å nå målsetjinga, er det nedfelt fleire delmål:

    Kommunen bidrar med rettleiing og kompetansebygging inn mot foreldrerolla Barn, unge og føresette er inkludert i fellesskapet og deltar i barnehage,

    skule og på fritida God og effektiv opplæring i norsk for barn og unge frå språklege minoritetar Barnehage og skule legg til rette for stor grad av fysisk aktivitet Barn og unge møter tilgjengelege vaksne som er trygg i rolla si,

    både i familie og samfunn Barnehage og skule legg vekt på å stimulera og synleggjera

    ressursane til alle barna/ungdommane Kommunen har system og kompetanse til å oppdaga og følgja opp

    barn og unge som opplever omsorgssvikt eller overgrep Kommunen sin innsats retta mot barn og unge med særskilde hjelpebehov

    er prega av tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt Det vert lagt vekt på å utvikla venskap, respekt og toleranse, i barnehage, skule

    og på fritida, og å byggja sterke relasjonar mellom barn, unge og vaksne, samt styrkja samhandlingskompetansen til den einskilde

    Barn og unge trivst og opplever meistring, både fysisk, sosialt, emosjonelt og kognitivt

    Barn og unge med spesielle behov får hjelp, slik at dei kan oppleva meistring, fysisk, sosialt, emosjonelt og kognitivt ut frå eiga føresetnad

    Kommunen bruker kunnskapsbaserte metodar/program/tiltak Kommunen sitt arbeid med barn og unge bidrar til å utjamna sosiale skilnader,

    fremja helse samt førebyggja sjukdom

    Deltaking

    TRYGGE BARN

    Meistring Læring

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 7

  • Regjeringa la i desember 2015 fram planen Trygghet, deltakelse og engasjement, som byggjer på fire mål og prinsipp for barne- og ungdomspolitikken:

    Ein trygg oppvekst i familie og nærmiljø Like rettar og moglegheiter Deltaking og medverknad Gode tilbod og tenester til alle

    Innsatsområda er aktuelle for målsetjingane i kvalitetsplanen, og er brukt som utgangspunkt for strukturen i planen.

    «Vi som er voksne, må ta tak i mobbing blant barn og unge. En ødelagt barndom kan sette dype spor. En god barndom varer hele livet.»

    Statsminister Erna Solberg sin nyttårstale

    8 |

  • Struktur og innhald i planenKvalitetsplan for oppvekst 2016-2028 - kommunedelplan tar utgangspunkt i samfunnsdelen i kommuneplanen, og er ein delplan under denne. Samfunnsdelen viser mål og strategiar for ein heilskapleg innsats retta mot barn/unge/familiar i kommunen.

    Oppfølging av mål, tiltak og strategiar i kvalitetsplanen skjer gjennom tiltak i handlingsplanar og verksemdsplanar på einingsnivå og avdelingsnivå. Figuren under kan illustrera denne prosessen.

    Kvalitetsplanen har eit langsiktig perspektiv som involverer ei rekkje av kommunen sine tenester saman med føresette og eksterne partar.

    Planen synleggjer kommunen sin innsats retta mot barn og unge med familie, med fokus på barnehage, skule og hjelpetenester (helseteneste for barn og unge, spesial-pedagogiske tiltak inkl. logopedhjelp til barnehage og skule, PP-tenesta og barnevern). Planen viser òg til samarbeid med andre tenester i kommunen. Vidare er samarbeid med føresette, frivillige organisasjonar, statlege-, fylkeskommunale- og kommunale tenesteområde samt private samarbeidspartar (t.d. fritidsarena, private barnehagar og private grunnskular) viktig for å lukkast med målsetjingane.

    Kommuneplan Samfunnsdel

    Kvalitetsplan oppvekst -

    kommunedelplan

    Handlingsplan for oppvekst

    Verksemdplan barnevern

    Verksemdplan Avdeling einslege

    mindreårige flyktningar

    Verksemdplan skule

    Verksemdplan for kvar skule

    Verksemdplan jordmor- og helsesøstertenesta

    Verksemdplan barnehage

    Verksemdplan for kvar

    barnehage

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 9

  • Med tverrfagleg samarbeid meiner vi at faginstansane skal arbeida heilskapleg og koordinert til det beste for barn og unge med familie.

    Kommunen har frå starten av planprosessen lagt særleg vekt på satsingsområda tverrfagleg samarbeid og tidleg intervensjon.

    Tidleg innsats blir her forstått både som innsats på eit tidleg tidspunkt i eit barns liv, og det å gripa inn tidleg når vanskar vert avdekka eller oppstår.

    Med tidleg intervensjon meiner vi arbeidet med å identifisera og handtera/gripa inn i eit problem på eit så tidleg tidspunkt at problemet forsvinn eller blir redusert med avgrensa innsats. Helsestasjon, barnehage og skule blir brukt til tidleg identifikasjon av barn og unge i risikosone.

    «Det beste vi kan gi barna våre er en positiv og stabil voksenrelasjon innenfor rammen av et hjem» Magne Raundalen

    10 |

  • Prosess, oppfølging og evalueringLindås kommune har nytta prosjektstyringsmetode i utarbeiding av kommunedelplanen, frå utkast til planprogram vart sendt på høyring i september 2015 og til endeleg kommunedelplan no ligg føre.

    Prosjektgruppa og referansegruppa har vore breitt sett saman av tilsette i organisasjonen, leiarar, hovudtillitsvalde, føresette, elevar og interne/eksterne samarbeidspartar. Levekårsutvalet i kommunen har fungert som politisk styringsgruppe og ein har henta innspel frå Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Ungdomsrådet. I tillegg har det vore dialogmøte med elevråda ved ungdomsskulane, leiargruppa samt samlingar for tilsette i sektoren. Kommunedelplanen for oppvekst er med dette eit resultat av ein prosess med aktørar frå alle einingane under oppvekst, og der kommunalsjef for oppvekst har vore prosjektleiar.

    Oppfølging av kvalitetsplanen skjer gjennom arbeidet med handlingsplanar og verksemdsplanar. Mål og tiltak i handlingsplan og verksemdsplanar vert evaluert gjennom prosess knytt til kvalitetssamtalar og årsrapport.

    Kvar eining skal kvart år utarbeida ein verksemdsplan som er i samsvar med mål, prioriteringar og tiltak som kjem fram i kvalitetsplan og handlingsplan. Einingane sine planar skal vise tydeleg samanheng mellom nasjonale og kommunale føringar samt danna utgangspunkt for avdelingane sine årlege verksemdsplanar.

    Verksemdsplanar for både eininga og dei einskilde avdelingane skal gjerast kjende for føresette, og leggjast ut på heimesida til kommunen/avdelinga.

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 11

  • Målgruppa for Kvalitetsplanen

    Kvalitetsplanen omfattar barn og unge med familie i ei tidsline frå fødsel til ung vaksen.

    Tidslina på side 20 syner nokre av dei systemtiltak, særlege satsingar eller program og rutinar som er innført for målgruppa, og som kommunen har tatt eller er i ferd med å ta i bruk. Tidslina illustrerer òg kven som skal bidra for å få eit best mogleg oppvekstmiljø i kommunen.

    I Lindås var det pr. 29.09.15 busett 4226 barn og unge i alderen 0-19 år.

    2 000

    1 500

    1 000

    500

    0

    Førskule Barneskule Ungdomsskule Vidaregåande

    Tabellen under syner talet fordelt på aldersgrupper:

    12 |

  • Folkehelse – Barn og unge i LindåsSom grunnlag for arbeidet med kommuneplanen er det utarbeidd eit dokument som beskriv helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan verka inn på denne.

    Folkehelselova slår fast at kommunen skal bruka denne oversikta til å fastsetja overordna mål og strategiar for folkehelse i sine planar, og dette gjeld òg Kvalitetsplan for Oppvekst. Kommunen skal særlig vera merksam på trekk ved utviklinga som kan skapa eller vedlikehalda sosiale eller helsemessige utfordringar, eller sosial ulikskap i helse.

    Hovudinntrykket etter gjennomgangen av helsetilstand og påverknadsfaktorar er at sjølv om helsetilstanden jamt over er god, har Lindås kommune to hovudutfordringar der det finst påverknadsfaktorar som kommunen rår over:

    Blant vaksne ser vi livstilssjukdomar som overvekt, hjarte- og karsjukdom og diabetes type 2

    Unge strevar med psykiske plagar, einsemd, og fleire strevar med læringsutbytte i skulen

    Frå forsking veit vi at gode kår i barndommen gir grunnlag for eit godt liv med god helse. Både økonomi i barnefamiliar, inkludering i gode barnehagar og skular, sunne vanar, nærmiljø og fritid er viktige faktorar. Ei god ungdomstid er avgjerande for den enkelte og for samfunnet. Kommunen ønskjer å prioritere barn og unge sine levekår høgt. God svangerskapsomsorg og adekvat rettleiing til foreldre er viktig for å sikra barnet den beste starten i livet.

    Redusera ulikskap i:

    Inntekt Oppvekst og utdanning Bustad Arbeid

    Redusera ulikskap i:

    Levevanar Fysiske og sosiale miljøfaktorar

    Redusera ulikskap i helse og konsekvensar av uhelse:

    Helsetenester

    Likeverdighelse

    Faktorar som skapar likeverd i folkehelse (Folkehelseinstituttet.no)

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 13

  • Nøkkeldata - Barn og unge i LindåsNær alle elevar som går ut av grunnskulen i Lindås tek til med vidaregåande opplæring same året.

    Folkehelseprofil for 2016 (Folkehelseinstituttet: 2016) viser at kommunen har lågare prosent (19%) fråfall i vidaregåande skule enn landssnittet (24%). Fråfall er likevel ei betydeleg utfordring for dei det gjeld. Tal frå Ungdata 2013 (www.ungdata.no/NOVA) viser at i ungdomsskulen er 18% av elevane plaga med einsemd, og 14% melder om depresjon. I vidaregåande skule er tala 24% og 18%.

    Trivsel på skulen er ein av fleire faktorar som verkar inn på motivasjonen til elevane, og det å trivast er viktig for å kunna meistra utfordringar i kvardagen. Trivsel og oppleving av meistring verkar positivt inn på læringsresultat, sjølvtillit og psykisk helse. Tabellen under illustrerer nokre av kommunen sine resultat i Elevundersøkinga dei siste tre åra. Elevundersøkinga er ei nettbasert undersøking som blir gjennomført kvart år. Skalaen går frå 1-5. Høgt tal vil seie positivt resultat for alle indeksane unnateke mobbing. Når det gjeld mobbing, vil lågt tal tilseie lite mobbing.

    Delskår 7. trinn Lindås 2013-14

    Lindås 2014-15

    Lindås 2015-16

    Nasjonalt2014-15

    Nasjonalt2015-16

    Trivsel 4,2 4,2 4,2 4,4 4,4

    Meistring 3,9 4,0 3,9 4,1 4,1

    Motivasjon 3,7 3,8 3,8 4,0 4,0

    Mobbing 1,4 1,3 1,2 1,2 1,2

    Delskår 10. trinn

    Trivsel 4,2 4,2 4,1 4,2 4,2

    Meistring 3,8 3,9 3,8 4,0 4,0

    Motivasjon 3,4 3,4 3,5 3,5 3,5

    Mobbing 1,3 1,3 1,2 1,2 1,2

    Lindås har for mange elevar på lågaste nivå og for få på høgaste på nasjonale prøvar samanlikna med andre kommunar (www.skoleporten.no). Kommunen sine resultat er noko betre i høve til eksamensresultat og grunnskulepoeng. Tabellen under viser kommunen sitt resultat (grunnskulepoeng) dei siste åra:

    Lindås 2010-11

    Lindås 2011-12

    Lindås 2012-13

    Lindås 2013-14

    Lindås 2014-15

    Nasjonalt 2014-15

    Lindås kommune 39,5 40,5 38,5 41,5 41,3 40,8

    14 |

  • Lindås kommune ligg under tilrådd nivå for helsesøstertenesta i barneskulen (35 % stilling pr. 100 elev), og om lag på tilrådd nivå for helsestasjon, ungdomsskule og vidaregåande skule. Samla sett er det ein differanse på om lag 3 årsverk i høve til tilrådd norm og tal årsverk til skulehelsetenesta. Lindås kommune har pr. 1.1.16 ikkje etablert systemtiltak for samarbeidet mellom helsesøster og barnehage, men kvar barnehage har fått tildelt ein kontaktperson (helsesøster) frå helsestasjonen.

    Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har pr. april 2016 venteliste på inntil 8 månader i høve til barnehage og skule. Det er ikkje venteliste for vaksne som er tilvist til PPT. Det optimale målet er å redusera vente- og sakshandsamingstida til 90 dagar (til sakkunnig vurdering er skriven).

    Tal meldingar til barnevernet i Lindås har auka dei siste fem åra. Dette er òg ein nasjonal trend. Største del meldingar kjem i Lindås frå dei med nær privat relasjon til barnet/ungdommen (foreldre, familie, privat nettverk) og barnet sjølv. Meldingar frå andre kommunale tenester utgjer samla ein betydeleg mindre del, og dette har vore trenden i Lindås i mange år. Tal knytt til barnevernet sine hjelpetiltak for barn i heimen, har mange feilkjelder. Lindås kommune har i ei årrekkje investert blant anna i ei eiga familierettleiingsgruppe.

    På landsbasis har vi ein kraftig auke i tal flyktningar, og slik er stoda òg for Lindås. For å sikra denne gruppa ein trygg og god start i kommunen, er det viktig med gode helsetenester samt effektiv norskopplæring, skulegang og arbeidspraksis. Det er i tillegg viktig å sikra godt tverrfagleg samarbeid rundt flyktningebarn med familie. Dette vil òg gjelde for andre framandspråklege.

    Talet på barn i barnehagealder (1-5 år) har vore relativt stabilt dei siste åra. Barnetalsprognosen (Norconsult 2015) viser at tal 1-5-åringar er venta å auka gjennom perioden, til over 1100 barn i 2017, over 1200 barn i 2021, over 1300 barn i 2024 og over 1400 barn i 2029. Det er òg venta auke i elevtalet i kommunen, med den kraftigaste veksten i barneskulane. Utan at elevtalet ved dei private grunnskulane er rekna med, viser prognosane ein auke på i overkant av 350 elevar i barneskulen. Mykje av veksten er venta i siste delen av perioden, og fordeler seg over alle dei kommunale skulekrinsane.

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 15

  • For ungdomsskulen ser tala noko annleis ut, der ein kan vente noko reduksjon i elevtalet dei næraste åra, før ein svak vekst på om lag 75 elevar ut over i perioden.

    Samla sett utgjer dette ein auke i tal førskulebarn med om lag 400 barn og ein auke i tal grunnskuleelevar med om lag 500 i perioden 2016-2029. I tillegg er det fleire av ungdomsskuleelevane i kommunen som går på Danielsen ungdomsskule i Meland.

    22000

    20000

    18000

    16000

    14000

    12000

    10000

    8000

    6000

    4000

    2000

    0

    80 år og over

    70-79 år

    67-79 år

    60-66 år

    50-59 år

    40-49 år

    30-39 år

    20-29 år

    16-19 år

    13-15 år

    6-12 år

    0-5 år

    Prognose –>

    14036 1428614516 14668 14820

    1506915444 15001

    15912 1617516403 16694

    16953 1720917481 17783

    1807218371

    18732 1901119357

    19681

    Befolkningsprognose for Lindås Kommune (tall pr. 31.12)

    2008

    2009

    2010

    2011

    2012

    2013

    2014

    2015

    2016

    2017

    2018

    2019

    2020

    2021

    2022

    2023

    2024

    2025

    2026

    2027

    2028

    2029

    Utsette barn og ungeLindås kommune har fått tilskot frå Helsedirektoratet til å utarbeida ein modell for å oppdaga og følgja opp utsette barn og unge i kommunen, samt sikra heilskapleg og koordinert samarbeid kring målgruppa.

    Arbeidet har vore organisert som eit delprosjekt under Kommunedelplan for oppvekst, Kvalitetsplanen. Prosjektet Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) er pr. april 2016 i sluttfasen i høve til systemtiltak, møteplassar og rutinar og går over til implementerings- og kompetansefasen. Vidare drift av innhaldet i delprosjektet BTI går frå hausten 2016 inn i kvalitetsplanen.

    16 |

  • Kommunen har etablert følgjande møteplassar for tverrfagleg samarbeid knytt til barn og unge med familie i kommunen på overordna nivå: Leiargruppe BTI, Samordningsgruppe BTI, Tverrfagleg team, Konsultasjonsgruppe ved vald og overgrep og Psykososialt kriseteam. I tillegg er det etablert team og møteplassar på avdelingsnivå: Ressursteam (i barnehage og skule), ansvarsgrupper, samarbeidsgrupper, arbeidsgrupper og kjernegrupper (gjeld ungdomsskulane, i samarbeid med politi, helsesøster og barnevern).

    Lindås-modellen for betre tverrfagleg samarbeid for utsette barn og unge - BTIVaksne kan utgjera ein avgjerande faktor for barn og unge som har behov for ekstra hjelp og støtte. Det er viktig at tilsette handlar raskt, i samarbeid med dei det gjeld og deira foreldre. Dette gjeld mellom anna i helsestasjon- og skulehelsetenesta, barnehagar, skular, fritidsaktivitetar, PPT og barnevernstenesta. Der det er behov for innsats frå fleire instansar skal det koordinerast godt. System og rutinar skal vera kjent for alle tilsette. System og rutinar skal sikra kvalitet i praksis, gjennom heilskapleg og koordinert oppfølging av barn med føresette. Dette vil skapa tryggleik for barna, dei unge og deira foreldre – samt for dei tilsette.

    Målgruppa for BTI-modellen er barn og unge som har behov for hjelp, støtte og oppfølging i kortare eller lengre periodar i livet. Aldersgruppa er 0 til 18 år. Modellen omfattar alle tilsette i Lindås kommune som gjennom sitt arbeid kjem i kontakt med barn og unge som har behov for ekstra støtte og merksemd.

    Nivå 3 - fleire brikkerVed behov for breitt samarbeid. Når til dømes barnevernet eller andre sentrale hjelpetenester er involvert, kan sakshandsamar her overta ansvaret for koordinering (stafetthaldar).

    Nivå 2 - to brikkerTo eller fleire tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles mål og er merksame på kvarandre sin innsats. Ein kan vurdera om det skal opprettast ansvarsgrupper.

    Nivå 1 - ei brikkeEi enkelt teneste eller avdeling involvert. Medarbeidarane kan henta råd og rettleiing hjå andre utan at det fører til eit tverrfagleg samarbeid. Det vert oppretta ein stafettlogg og utnemnd ein ansvarsperson (stafetthaldar).

    Den loddrette brikka Symboliserar stafettloggen og stafetthaldaren, som knyter innsatsen til ein heilskapleg og koordinert oppfølging av barnet, ungdomen og/eller familien. Stafetthaldar sitt ansvar og oppgåver er å koordinera innsatsen, kalla inn til tverrfaglege møte, foreslå dagsorden, kalla inn til ad hoc-møte ved behov, leia møta, introdusera nye partar, gi melding til dei som ikkje skal møta eller følgja opp, avslutta arbeidet, involvera brukarar, vera kontaktperson og loggførar.

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 17

  • BTI-modellen skal nyttast av tilsette som møter barn, unge og deira foreldre i sitt arbeid i Lindås kommune. Gjennom rolla som stafetthaldar, og bruk av eit elektronisk verktøy for samhandling (stafettloggen) ønskjer ein å sikra ein tidleg og god samhandling med foreldre og/eller ungdom, kalla inn til samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte ved behov, og setja i verk tiltak. Foreldre/ungdom kan og be om at det vert oppretta ein stafetthaldar og ein stafettlogg dersom dei ønskjer at det skal bli arbeidd systematisk med deira situasjon.

    Samarbeidsmodell kring barn og unge i Lindås

    Nivå 0

    Bekymring Sjå bekymringsskala

    Konkretisér bekymringa Observasjonsskjema

    Del bekymringa

    Grunn til bekymringa?

    Saka vert avslutta

    Nivå 1

    Bør tiltak setjast i verk?

    Møte eining - foreldre Oppretta stafettlogg

    Eigen innsats

    Skal andre involverast i innsatsen?

    Lokal innsats held fram

    Nivå 2

    Vurdera tilmelding

    Samtale med foreldra

    Koordinerande møte

    Koordinerande innsats sett i verk

    Nivå 3

    Samtale med foreldra

    Koordinerande møte

    Koordinerande innsats sett i verk

    JA JA

    NEI NEI

    18 |

  • Tverrfagleg samarbeid i Lindås

    Leiargruppa Betre Tverrfagleg Innsats BTIStøtte og oppfølging av Samordningsgruppa BTI. Kompetanseoppfølging av Samordningsgruppa BTI. Gjensidig informasjonsutveksling. Eventuelt justering av mandat for Samordningsgruppa BTI.

    Samordningsgruppa BTIArbeidsgruppa arbeider på systemnivå og er oppretta for å ha eit tverrfagleg og overordna ansvar for å initiera rutinar, felles haldning, kompetanse, og tiltaksutvikling på området tidleg innsats for utsette barn og unge 0-16 år. Beslutningsmynde innafor mandatet.

    Tverrfagleg team BTITverrfagleg team arbeider på operativt nivå og er oppretta for å kunna gje rask og koordinert innsats for barn og unge med familie, som har ekstra behov for hjelp og støtte.

    Konsultasjonsgruppa ved vald og overgrepKonsultasjonsgruppa skal vera eit rettleiings- og drøftingsforum i personsaker der ein har mistanke og eller opplysningar som kan tyde på at gravide er utsett for vald eller eit barn er utsett for seksuelle eller valdelege overgrep. Her under kjem òg mistanke om kvinneleg kjønnslemlesting.

    Pykososialt kriseteamTiltak ved krise: For ivaretaking av involverte og forebygging av problemutvikling. Kriseteamet kan mobiliserast av kommunen sin administrasjon, legevakt, politi og brannvesen.

    AvdelingsnivåRessursteam skule Ansvarsgruppe Samarbeidsgruppe Arbeidsgruppe Kjernegruppe ungdomskulane

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 19

  • Vår praksis – i ei tidsline Lindås kommune har etablert mange tiltak knytt til barn og unge med

    føresette i kommunen. Følgjande figur illustrerer ein del av desse

    tiltaka. Tiltaka blir vurdert i samband med rullering av handlingsplanen.

    Fødsel 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19/20

    Uni

    vers

    elle

    tilt

    ak

    Tidleg inn Helse-samtale 8.trinn

    DUÅ baby DUÅ barnehage DUÅ skule ART

    Zippy MOT

    Ungdomsklubb

    Helsestasjon for ungdom.

    Helsestasjon og skulehelseteneste

    Ressursteam barnehage Ressursteam skule

    Handbok minoritetsspråklege Opplæring minoritetsspråklege Vaksenopplæring

    Salto

    Trygg i Lindås Trygg i Lindås

    Rettleiing Tidleg innsats – Tilpassa opplæring

    Musikk -og kulturskule

    Kultur og idrett - Fritidsaktivitetar

    Ungdomsråd

    Sele

    ktiv

    e ti

    ltak

    Kjernegrupper

    Rettleiing gruppetilbod

    Alternativ opplæringsarena

    Kommunepsykolog barn og unge Kommunepsykolog voksne

    Idrett for funksjonshemma

    BTI BTI

    Ungdomsgruppe psykisk helse

    Individuell rettleiing

    Individuell rettleiing

    Individuell rettleiing

    Indi

    kativ

    e ti

    ltak

    Familierettleiing COS, Marte Meo

    Individuell rettleiing

    Skulehelsetenesta20 |

  • Vår praksis – i ei tidsline Lindås kommune har etablert mange tiltak knytt til barn og unge med

    føresette i kommunen. Følgjande figur illustrerer ein del av desse

    tiltaka. Tiltaka blir vurdert i samband med rullering av handlingsplanen.

    Fødsel 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19/20

    Uni

    vers

    elle

    tilt

    ak

    Tidleg inn Helse-samtale 8.trinn

    DUÅ baby DUÅ barnehage DUÅ skule ART

    Zippy MOT

    Ungdomsklubb

    Helsestasjon for ungdom.

    Helsestasjon og skulehelseteneste

    Ressursteam barnehage Ressursteam skule

    Handbok minoritetsspråklege Opplæring minoritetsspråklege Vaksenopplæring

    Salto

    Trygg i Lindås Trygg i Lindås

    Rettleiing Tidleg innsats – Tilpassa opplæring

    Musikk -og kulturskule

    Kultur og idrett - Fritidsaktivitetar

    Ungdomsråd

    Sele

    ktiv

    e ti

    ltak

    Kjernegrupper

    Rettleiing gruppetilbod

    Alternativ opplæringsarena

    Kommunepsykolog barn og unge Kommunepsykolog voksne

    Idrett for funksjonshemma

    BTI BTI

    Ungdomsgruppe psykisk helse

    Individuell rettleiing

    Individuell rettleiing

    Individuell rettleiing

    Indi

    kativ

    e ti

    ltak

    Familierettleiing COS, Marte Meo

    Individuell rettleiing

    Skulehelsetenesta

    Helsestasjon og skulehelsetenesta Barnevern PPT

    Kultur og idrett Anna

    Barnehage Skule

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 21

  • «Et godt oppvekstmiljø skapes gjennom et tett samspill mellom familie, barn og ungdom selv, nærmiljø, offentlige og frivillige krefter.»

    Trygghet, deltakelse og engasjement - regjeringens arbeid for barn og unge

    22 |

  • Innsatsområde

    InnleiingTilsette i barnehagar og skular, samt førebyggjande helsetenester er sentrale aktørar i arbeidet med å nå målsetjingane i denne planen. Målsetjingane har eit sterkt fokus på medverknad og opplevd heilskap i tenestene.

    Tett og godt samarbeid innafor oppvekstsektoren er avgjerande for å nå måla våre. Viktige er òg alle instruktørar, trenarar, leiarar og andre i frivillige organisasjonar, samt einskildpersonar som deltar i arbeid med barn og unge i kommunen.

    Føresette gir den viktigaste ramma for eit godt oppvekstmiljø, og denne planen har eit sterkt fokus på å bidra til gode rammer rundt gravide, barn og ungdom i familie og nærmiljø. Planen skal medverka til at foreldre som treng det, skal få hjelp og støtte til å bli trygge i foreldrerolla, at foreldre opplever å bli tatt på alvor når dei legg fram ei bekymring, og at dei opplever å få eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod tilpassa sine behov.

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 23

  • Alle barn har rett til ein trygg oppvekst med høve til å delta og utvikla seg ut frå eigne føresetnader. Planen skal bidra til at barn og unge utviklar respekt og toleranse for andre, og at dei som treng støtte og hjelp får det. For born og unge betyr dette å høyra til i fellesskapet samt oppleva støtte til å etablera og utvikla venskapsrelasjonar i samhandling med andre. Trygge, tilgjengelege og kompetente vaksne skal vera til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen.

    Gode oppvekstvilkår for barn og unge er avhengig av at dei vaksne er trygge og kompetente i rollene sine, at dei er genuint interesserte i det einskilde barnet eller ungdomen, ser den einskilde sine behov og gjer dei grep som må til for å sikra barnet eller ungdomen sine rettar til ein trygg oppvekst. Planen skal bidra til at tilsette opplever tryggleik i eiga yrkesrolle, samt deltar i utviklingsarbeid for å sikra born og unge sine rettar til eit godt oppvekstmiljø. Dette kan konkretiserast som:

    System som sikrar at utsette gravide, barn og unge med familie blir fanga opp og følgde opp – på eit tidleg tidspunkt

    System som sikrar tidleg innsats i barnehage og skule

    System som sikrar systematisk førebyggjande arbeid for å redusera og handsama konfliktar, krenkingar og mobbing

    System som sikrar støtte til venskap, inkludering og samhandling

    System som sikrar at barn/unge frå språklege minoritetar utviklar tilstrekkeleg språkkompetanse (norsk) i barnehage og skule

    System som sikrar at tilsette ser den einskilde sine sterke sider, stimulerer til utvikling og meistring i samsvar med evner og behov

    System som sikrar helsefremjande tiltak frå svangerskap og gjennom barneåra

    Deltaking i tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt

    System som sikrar kompetansebygging og kvalifikasjonar hjå dei tilsette

    Å vera trygg handlar om omsorg, om å bli sett og anerkjent som person, samt å utvikla seg og delta i sosialt fellesskap. For barn og ungdom er det å bli verdsett som individ, med sine sterke (og svake) sider, utviklingspotensiale og behov, avgjerande for vidare vekst og utvikling. Barnehage og skule er viktige arenaer for læring, for å etablera sosiale relasjonar og for utvikling av sjølvkjensle og sjølvtillit. Dette er igjen grunnleggjande for motivasjon, oppleving av meistring og utvikling av tru på eigne evner. Barnehage og skule kan i høg grad verka inn på psykiske og fysiske helseforhold, både i barndom og seinare som ung og vaksen. Leik er eit viktig verkemiddel for å byggja relasjonar mellom barna og mellom barn-vaksen. Gjennom leik lærer vi kvarandre å kjenna og skaper gode fellesopplevingar. Tillit, tryggleik og fellesskap blir i mange barnegrupper utvikla gjennom leik. Leik er ein arbeidsmetode i alle fagområda i barnehagen.

    24 |

  • MEISTRING

    DELTAKING

    TRIVSEL

    ENGASJEMENT

    OPPLEVINGAR

    BARN

    EHAG

    E/SKU

    LE

    FAM

    ILIENÆ

    RMILJ

    Ø

    FRITID

    NETTVERK

    BAR

    NET

    / D

    EN U

    NGE

    ANERKJENNING

    TRYGGLEIK LIVSKVALITET

    KOMPETANSE

    INKLUDERING

    OMSORG

    LÆRING

    UTVIKLING

    Med denne planen har ein sett fokus på kor viktig det er at born og unge vert anerkjente og opplever meistring og tryggleik på alle arenaer. Vi ønskjer å mobilisera alle som møter barn og unge til felles innsats for eit godt oppvekstmiljø i kommunen, det vere seg i barnehage, på skule, i fritida og i lokalmiljøet. I kvalitetsplanen har vi prioritert følgjande innsatsområde knytt til målsetjingane for planen: 1. Trygg oppvekst i heim og nærmiljø– ein grunnleggjande rett for barn og unge 2. Meistring og læring for alle – å sjå den einskilde 3. Trivsel, deltaking og medverknad – å høyra til 4. Gode tilbod og tenester til alle – ein kunnskapsbasert praksis

    Kvalitetsplanen skal med dette medverka til å jamna ut sosiale skilnader knytt til helse, avdekka risikofaktorar som kan verka inn på barn og unge si framtidige helse, samt tidleg intervensjon ved kjende risikofaktorar.

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 25

  • 1.0 Trygg oppvekst i heim og nærmiljø– Ein grunnleggjande rett for barn og unge

    Familien er den viktigaste ramma for eit godt oppvekstmiljø, og godt foreldreskap gir trygge barn. Eit godt foreldreskap startar allereie i svangerskapet, der grunnlaget for tilknyting og omsorg vert lagt. Barnet sine relasjonelle erfaringar frå fødsel, samt kva stimulering barnet får, er viktig for seinare kognitiv og emosjonell utvikling. Kommunen og samfunnet rundt må bidra til å sikra barn og unge eit godt oppvekstmiljø, der alle kan føla seg trygge og inkludert i fellesskapet. Der familien ikkje strekk til, må vi ha system som gir barn og ungdom gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Her skal ein ha fokus på det som er det beste for barnet. Tilsette i kommunen skal vera kunnskapsrike, profesjonelle vaksne i møte med barn, unge og deira omsorgspersonar/foreldre.

    Målsetjing - Trygg oppvekst Barn og unge møter tilgjengelege vaksne som er trygge i rollene sine, både i familie og samfunn Kommunen bidrar med rettleiing og kompetansebygging inn mot foreldrerolla

    Det er eit mål at rammevilkåra for familiar i Lindås kommune skal vera gode. Foreldrestøttande tiltak er viktig for å sikra barn og unge ein trygg og god oppvekst. Slike tiltak skal hjelpa foreldre til å sjå barna sine behov, bidra til betre samspel mellom barn, ungdom og deira foreldre. Gjennom rettleiing til foreldre ønskjer ein å oppnå trygge vaksne i foreldrerolla, og at dei er bevisste på kva som er bra for barna. Slik rettleiing og kompetansebygging går føre seg på helsestasjonar, hjå PPT, i barnehage og på skule. I tillegg har kommunen andre hjelpetenester som òg gir rettleiing ved behov.

    Dei daglege møtepunkta mellom foreldre og tilsette ved helsestasjon, i barnehage og skule er og viktige for å utvikla godt foreldreskap. Ved at alle avdelingar legg vekt på dialog og samarbeid med foreldre, har klare målsetjingar og system for dette samarbeidet, samt undersøkjer korleis foreldra opplever kvaliteten på samarbeidet, får ein eit godt utgangspunkt for å arbeida med faktorar som i sum skaper rammer for eit godt oppvekstmiljø.

    26 |

  • Helsestasjonen har eit særleg ansvar for rettleiing til foreldre. Dette er mellom anna heimla i Nasjonal fagleg retningsline for det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom (Helsedirektoratet). Retningslina peikar på at kvaliteten på omsorg frå foreldre er ein viktig faktor for barnet si utvikling. Det blir vist til at ei kjærleg foreldrerolle som inkluderer god kommunikasjon, konsekvent grensesetting, samt respekt for barnet sin psykologiske autonomi, bidrar til god utvikling hjå barnet. Gjennom rettleiinga frå Helsestasjonen får foreldra òg viktig informasjon og rettleiing om amming og kosthald.

    Vaksenrolla slik den vert omtala i denne planen omfattar foreldrerolla, tilsette i kommunen som kjem i kontakt med barn, unge og deira familiar, og i noko grad vaksne på fritida. Ideelt sett ønskjer ein at alle vaksne som barn og unge møter skal kunne sjå og møta deira behov. Det er ikkje mogleg å gje ein slik garanti, men kommunen søkjer å leggja til rette for at dei vaksne kan vera trygge i rollene sine. Tilsette ved helsestasjon og skulehelsetenesta, i barnehage og skule får støtte til å utvikla vaksenrolla gjennom samarbeid og oppfølging av PPT, av kommunepsykolog for barn og unge og barnevernet, samt eksterne samarbeidspartar.

    Samfunnet er i konstant endring, og vi må ta utgangspunkt i kjenneteikn ved oppvekstmiljøet i dag når vi legg til rette for gode lokalmiljø. I Noreg i dag er nokre av dei største utfordringane born og unge møter, knytt til:

    Generell velstandsauke versus barnefattigdom Kunnskapssamfunnet som skaper utanforskap om ein ikkje lukkast på skulen Utdanning og framtidig yrkesutdanning - å gjennomføra vidaregåande skule Oppleving av stress og det å ikkje strekkja til Kroppsbilete Einsemd og lite deltaking i organiserte aktivitetar

    Oppvekstmiljøet i Lindås skal gje støtte i høve til desse utfordringane, og skapa gode, trygge miljø bygd på dei gode tradisjonane og sterke sidene til lokalsamfunn i Lindås. Vi vil skapa eit utviklande og inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge, uavhengig av bustad, kjønn, sosial bakgrunn, etnisk opphav eller funksjonsevne.

    I eit slikt miljø inngår skular og barnehagar som gir god støtte, fagleg og sosialt til det enkelte barn slik at dei kjenner seg verdsett. Skule og barnehagemiljøet kan då verka som ein beskyttande faktor, ein arena der venskap og god sjølvkjensle oppstår og utviklar seg.

    I tråd med eksisterande kunnskap ønskjer Lindås kommune i størst mogeleg grad å leggja til rette for at barn, unge og deira familiar får rask og rett hjelp når dette er naudsynt (identifiserte problem), samt å investera i barn og unge si utvikling

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 27

  • gjennom å retta tiltak mot grupper der ein veit at det er risiko for skeivutvikling (selekterte grupper/tiltak). Kva selekterte tiltak vil til ei kvar tid vere avhengig av faglege og politiske avgjersler, men skal ta utgangspunkt i kunnskap om befolkninga i Lindås og kva utfordringar kommunen sine barn, unge og deira familiar har. Kommunen har òg universelle tiltak retta mot barn, unge og deira familiar, og desse kjem alle til gode – òg dei som har behov for særskild hjelp. Universelle tiltak er ei framtidsinvestering.

    Tidleg avdekking av risikofaktorar er viktig for å sikra barn og unge ein trygg oppvekst. Aktuelle risikofaktorar kan til dømes vera omsorgssvikt, vald og overgrep frå nære omsorgspersonar eller det å veksa opp i ein konfliktfylt heim. Andre kjende risikofaktorar kan vera at mor eller far har alvorlege og langvarige psykiske eller rusrelaterte problem, å veksa opp i fattigdom eller det å stå utanfor fellesskapet i nærmiljøet. Avhengig av type risikofaktor, vil foreldre få tilbod om rettleiing hjå helsestasjon, PPT, barnevern, hjå andre avdelingar i kommunen eller hjå eksterne samarbeidspartar.

    Tiltak

    Utvikling av tenestene Implementera BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Samarbeid) i alle avdelingar under Oppvekst Rettleiing til foreldre ved svangerskap, etter fødsel og vidare Implementera Tidleg inn - Helsestasjon Jordmor formidlar kor viktig det er med fysisk fostring og kosthald i svangerskapet Foreldre vert informert om spedbarnsernæring og sunt levesett Helsesøster gir aldersadekvat rettleiing på helsestasjon og gjennom skulehelsetenesta Utarbeida rutine for å kjenna til barn som er født, og familiar som flyttar til kommunen Møteplassar for å utveksla praksis Opne temasamlingar for foreldre med barn i alderen 1-18 år Foreldrekurs etter alder på barna og etter tema Foreldremøte med foreldre i barnehage og skule – definera innhald saman med FAU og SU PPT - meir aktiv rolle i ressursteam og rettleiing Utarbeida handbok for godt foreldresamarbeid – Kommunalt foreldreutval for barnehage og skule Kompetansetiltak barnehage og skule – avdekka risikofaktorar helse og utvikling Kulturtolk - Foreldrerolla i Noreg

    28 |

  • Nye tiltak (som krev omprioritering av økonomisk ramme) Etablera møteplass for barn som pårørande til fysisk, somatisk og psykisk sjuke føresette/søsken Auka kapasitet til miljøtiltak i skule – miljøarbeidar, sosiallærar

    Resultat Styrkja foreldreskap i kommunen Tett foreldresamarbeid i barnehage og skule Godt tverrfagleg samarbeid – opplevd heilskap i tenestene frå kommunen Auka trivsel i barnehage og skule Avdekking av omsorgssvikt, vald og overgrep Betre psykisk helse hjå barn og unge

    «Skal vi gjøre noe for å forebygge helseproblemer og helseforskjeller, må vi starte med barna der barna er. I skoler og barnehager når vi alle barn, derfor ønsker vi å heve kompetansen om fysisk aktivitet og kosthold i skoler og barnehager. Det er en investering i barnas fremtid.»

    Jonas Gahr Støre – publ. Kunnskapsdep. 3.9.13

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 29

  • 2.0 Trivsel, deltaking og medverknad – Å høyra til

    I dette innsatsområdet har vi fokus på arenaer utanfor heimen. For dei fleste barn og unge vil dette først og fremst gjelde barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.

    Ettermiddags-, nærmiljø- og fritidsaktivitetar er avgjerande for opplevinga av å høyra til i fellesskapet, og difor er desse arenaene med i dette innsatsområdet. Vi ønskjer med andre ord å sjå på temaet med eit heilskapleg fokus.

    Både barnehage og skule skal arbeida førebyggjande for å fremja eit godt psykososialt miljø,

    ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamna ut sosiale skilnader. Det einskile barn i barnehage og den einskilde elev i skulen skal oppleva tryggleik og sosialt tilhør (Barnehagelova, Opplæringslova).

    Målsetjing – Trivsel, deltaking og medverknad Barn, unge og føresette trivst og er inkludert i fellesskapet og deltar i barnehage, skule og på fritida Det vert lagt vekt på å utvikla venskap, respekt og toleranse i barnehage, skule og på fritida, og å byggja sterke relasjonar mellom barn, unge og vaksne, samt styrkja samhandlings- kompetansen til den einskilde Nulltoleranse for krenkingar, mobbing, diskriminering og trakassering Barnehage og skule legg til rette for 1 time fysisk aktivitet kvar dag (som ein del av det ordinære opplegget, og skal ikkje føra til utvida opphaldstid i barnehage eller utvida skuledag/undervisningstid i skulen).

    Djupedalsutvalet (2015) innleiar i NOU 2015:2 Å høre til med å visa til at krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering er eit samfunnsproblem som går føre seg på alle arenaer og i alle aldersgrupper. Samfunnet må difor arbeida saman for ei nulltoleranse for mobbing. Vaksne som møter barn på dei ulike arenaene må ha tilstrekkeleg kompetanse til å avdekkja, stoppa og handtera negativ veremåte mot andre.

    Barnehagen skal gi barn trua på seg sjølv og andre. Aktivitet, engasjement og deltaking i barnehagefellesskapet gir barna kunnskap om seg sjølv i forhold til andre. Ved å bli kjent med det som er forskjellig, blir barnet bevisst på seg sjølv og sin personlegdom. Å respektere det som er forskjellig, er ein del av verdigrunnlaget til barnehagen.Rammeplan for barnehage, kapittel 2

    30 |

  • Systematisk arbeid over tid skal sikra barn og unge eit godt psykososialt miljø i barnehage og skule. Vaksne må ha tilstrekkeleg kompetanse til å arbeida aktivt og godt med førebyggjande miljøarbeid, men og vita kva ein ser etter for å avdekka krenkingar og mobbing, korleis ein stoppar slike handlingar, samt korleis ein skal følgja opp både den som er utsett for dette og den som utfører handlinga.

    Miljø som viser konsekvent og felles vaksenrolle i høve til barna og dei unge, der den einskilde si oppleving av miljøet blir tatt på alvor og der leiinga tydeleg signaliserer at det psykososiale miljøet er viktig, er miljø der ein opplever minst mobbing og negativ åtferd frå barn og unge.

    Førebyggjande miljøarbeid må ha eit sterkt fokus i alle foreldregrupper, rådsorgan i barnehage og skule, samt i kommunalt foreldreutval. Barn og unge si stemme skal koma tydeleg fram i førebyggjande arbeid og i einskildsaker, og elevråd og ungdomsrådet skal vere aktive bidragsytarar i arbeidet. Kommunalt foreldreutval vil kunne vera ein drivkraft i dette arbeidet. For å lukkast i arbeidet mot mobbing, treng vi systematisk arbeid i alle ledd, og tett samarbeid med føresette undervegs. PPT gir rettleiing til barnehagar og skular med omsyn til dette, i tillegg til at ein i Stab oppvekst har eit overordna ansvar for å koordinera det førebyggjande arbeidet i kommunen.

    Kommunen ønskjer å bidra til at barn og unge får ein aktiv og helsefremjande oppvekst, med leik og moro, fellesskap og glede. Fokus på glede over fysisk aktivitet må starta tidleg. Det er eit mål at alle barn og unge i Lindås skal få høve til å delta i aktivitetar der dei kan få bruka seg sjølve og evnene sine, ofte i samhandling med andre. Det kan vera i skule og barnehage - i tillegg til aktivitetar i fritid - innan idrett, friluftsliv, kultur, musikk, kunst og teater. Barn og unge som får høve til å undra seg og vera nysgjerrige, får lyst til å læra.

    Eit godt oppvekstmiljø er avhengig av opne og inkluderande møteplassar, der terskelen for å delta er lågast mogleg. Til dømes på idrettsbanar eller nærmiljøanlegg rundt om i kommunen, eller på uteområda knytt til skule- og barnehageanlegg. Å etablera stader der alle er like velkomne, er blant dei viktigaste investeringane i eit trygt oppvekstmiljø, og er i tillegg godt førebyggingsarbeid. Kommunen ønskjer å leggja til rette for aktivitetar i fritida, og ved det vera med på å skapa trygge rammer rundt born og unge, og bidra til eigna areal for aktivitet både ute og innomhus. Dette kan gjelde lokalitetar, opne hallar, ope bibliotek, kulturskule og andre stader der born og unge kan møtast på tvers av alder. Eit mangfald av sosiale og kulturelle aktivitetar til barn og unge er viktig for å inkludera alle i eit fellesskap, der dei kan utvikla evner og talent. Slik kan ein bidra til at alle skal få ein så innhaldsrik kvardag som mogleg, med aktiv fritid også utanom organiserte aktivitetar.

    Vi veit at livsstilsvanar vert danna tidleg. Ved å ha eit helsefremjande fokus i barnehage og skule kan ein danna grunnlaget for gode vanar og livslang læring hjå barna. Målet

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 31

  • er å styrkja barnehagane og skulane si rolle som helsefremjande og førebyggjande arena, samt redusera sosial ulikskap. Fysisk aktivitet er naudsynt for normal vekst og utvikling hjå barn og unge og viktig for å oppretthalda god funksjonsevne gjennom heile livet. Strategisk arbeid med aktivitet og rørsle i barnehagen er viktig. I følgje nasjonale tilrådingar bør barnehagebarn vera fysisk aktive i leik eller annan aktivitet minst 60 minutt kvar dag. Aktivitetane bør vera varierte og allsidige. Leik og fysisk aktivitet ut over 60 minutt gir ytterlegare helsegevinst.

    Med folkehelsemeldinga «Mestring og muligheter» (Meld. St. 19 (2014-2015)) rettar Regjeringa eit sterkt fokus på å fremja psykisk helse og trivsel blant barn og unge. Nokre barn og unge har behov for tett oppfølging i så måte. Det kan gjelde barn med nedsett funksjonsevne, dei som opplever utanforskap av ulik grad, samt barn i fattige familiar. Dette er òg eit fokusområde for Lindås kommune. Gjennom tverrfagleg samarbeid må ein arbeide systematisk for at fleire unge skal oppleva god psykisk helse og trivsel i kvardagen. Det å høyra til i fellesskapet blir viktig, samt at ein arbeider aktivt mot mobbing og utanforskap.

    Barn og unge si rett til medverknad på alle forvaltningsnivå er nedfelt i Barnekonvensjonen. Ved å gje dei unge rom for deltaking og reell medverknad, vil ein kunne skapa engasjement og eigarskap i lokalmiljøet. Ein trygg og god oppvekst for barn og unge skal inkludera rom for å kunna medverka og ytra sine eigne meiningar, deltaking i demokratiske prosessar, samt oppleving av respekt og aksept for eigen person. I Lindås kommune skal dette koma til syne gjennom aktivt arbeid inn mot ungdomsråd og elevråd i grunnskulen, samt at barn og unge skal ha rett til å uttala seg i alle saker som vedkjem dei personleg. Barnehagar og skular gir øving og opplæring i medverknad, og syter for at dei demokratiske organa som sikrar medverknad frå foreldre og elevar, fungerer godt og vert brukt.Tverrfagleg samarbeid er viktig for å fremja god helse til barn og unge i kommunen. I fellesskap skal Lindås kommune stå fram som ein støttespelar rundt utviklinga til barn og unge, og kommunen si oppfølging skal vera heilskapleg og koordinert til det beste for barnet eller den unge med familie.

    32 |

  • Tiltak Utviking av tenestene Førebyggjande program/system: MOT, Zippy, DUÅ, ART Sosial kompetanse som satsingsområde i barnehage og skule Årshjul for fysisk fostring, kosthald og helse i barnehage og skule Undersøkja grunnlag for å etablera open barnehage/småbarnstreff Tettare samarbeid mellom Salto, helsestasjon, barnevern og resten av Oppvekst Sikre samarbeid mellom spesialpedagog barnehage og tilsette i barnehage - utvikle felles praksis og metode Etablera møteplass for førebyggjande arbeid under Oppvekst Aktive rådsorgan: Elevråd, FAU, SU, SMU, Kommunalt (for private og kommunale barnehagar/skular) og ungdomsråd i kommunen Informasjonsansvarleg i kvar eining og avdeling, samt på overordna nivå Ta i bruk foreldreportal i Visma flyt skule Alternativ opplæringsarena for einskilde elevar, knytt til lokalsamfunnet. T.d. Inn på tunet, TAM, arbeid i bedrift Styrkja det sosiale fellesskapet i klassane

    Nye tiltak (som krev omprioritering av økonomisk ramme) Etablera stilling som ungdomskoordinator i kommunen Ta i bruk program for betre læringsmiljø/redusere krenkingar og mobbing Styrkja helsesøsterfunksjonen i barnehage og skule Auka kapasitet for rettleiing til barnehage og skule - PPT

    Resultat Auka sosial kompetanse barn og unge – auka trivsel Auka aktivitet blant barn og unge - betre fysisk helse Auka deltaking i nærmiljøet – betre psykisk helse Tidleg avdekking og oppfølging av risikofaktorar Reduksjon i krenkingar og mobbing i barnehage og skule Auka oppleving av å høyra til i fellesskapet – barnehage, skule og nærmiljø

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 33

  • 3.0 Meistring og læring for alle – Å sjå den einskilde

    Barn og ungdom har i dag langt på veg lik tilgang til opplæring og utdanning. Dei fleste barn går i barnehage, grunnskulen er obligatorisk og alle har rett til vidaregåande opplæring. Men trass i like rettar til å delta i utdanningssystemet, er det store skilnader med omsyn til læringsutbytte og deltaking i utdanning. Framleis har vi for stor grad av reproduksjon av sosial ulikskap.

    Grunnlaget for ein god skulestart tar til i barnehagen. Språkutvikling før skulestart har innverknad både på lesekompetanse og sosiale ferdigheiter ved skulestart. Funn frå tidlegare analysearbeid knytt til PIRLS-undersøkinga kan tyda på at elevar med høg lesekompetanse på 4. klassesteg hadde betre forkunnskaper då dei tok til ved skulen, samanlikna med elevar med låg lesekompetanse på 4. klassesteg (Solheim og Tønnessen 2003). Språkutvikling er og viktig for barna si sosiale utvikling. Barn med språkvanskar forstår og nyttar færre ord enn andre barn på same alder, og dette kan verke inn på deltaking i leik og samhandling. Helsestasjonen har ei viktig rolle med omsyn til rettleiing til foreldre og å følgje opp barnet si språkutvikling. Ein må vera særleg merksam på språkutviklinga til barn som ikkje går i barnehage.

    Barn og unge i Lindås kommune skal ha like moglegheiter til å utvikla seg sjølv og sine evner. For å lukkast med det, må ein arbeida aktivt for at alle barna skal tileigne seg eit rikt og variert erfaringsrepertoar knytt til eiga meistring. Vaksne må leggja til rette for at alle barn får gode erfaringar i å lukkast i kvardagen. Barn og unge som har erfaring i å meistra vil stola på eigen kapasitet, vera motivert for å ta fatt på oppgåva og utvikla tru på eigen kompetanse (Bandura 1997). Det er desse barna som får flest positive erfaringar knytt til eiga læring og meistring. Gjennom støtte og oppmuntring, samt utfordringar som er tilrettelagt den einskilde, skal

    vaksne bidra aktivt for at alle barn og unge i det daglege opplever glede over eiga meistring. PPT gjev støtte og rettleiing til utvikling av vaksenrolla gjennom kollektive prosessar i barnehage og skule. Helsestasjonen gir støtte og rettleiing til foreldre og deltek i samarbeid med barnehage og skule.

    Skal barn og unge yta sitt beste i barnehage og skule, ta utfordringar og slik skaffa seg gode erfaringar og opplevingar av at «Eg kan!», så er dei avhengige av at miljøet legg til rette for at det er trygt å prøva og feila.

    34 |

  • Målsetjing - Meistring og læring for alle Barnehage og skule legg vekt på å stimulera og synleggjera ressursane til alle borna/ungdommane Barn og unge trivst og opplever meistring, både fysisk, sosialt, emosjonelt og kognitivt Alle barn og unge skal ha tilgang på gode tilbod og tenester, og ha høve til å delta og bruka evnene sine uavhengig av sosial, økonomisk og etnisk bakgrunn. Barn og unge blir høyrd og deira synspunkt blir vektlagt God og effektiv opplæring i norsk for barn og unge frå språklege minoritetar

    For å lukkast med målsetjingane for satsingsområdet, må tilsette i barnehage og skule leggja til rette for at kvart barn får oppleva meistring ut frå sitt potensiale. Det sentrale her vil vera å skapa eit godt grunnlag for å lukkast, for slik å oppleva meistring. Dei fleste barn som meistrer ei oppgåve, vil utvikla positive haldningar og interesser for temaet eller oppgåva. På same tid vil det føra til auka sjølvtillit og kanskje positive haldningar til læraren eller skulen. I tillegg vil desse haldningane føra til eit positivt løft for vidare læring, kanskje og for andre tema eller fagområde (Befring 2012). Denne tankegangen vil vera like relevant og for barn i førskulealder. Vi må i fellesskap støtta opp om barn og unge sin kompetanse i å læra, hjelpa dei til å utvikla strategiar for å handtera utfordringar, evaluera seg sjølv, utvikla forståing for at læring krev innsats og uthald, slik at dei etter kvart kan utvikla haldningar og forventningar om at «Eg kan læra!».

    Tilsette i kommunen må ha tilstrekkeleg kompetanse og dugleik til å nytta pedagogiske verkty som bidrar til opplevingar av meistring for det einskilde barn, og som møter barn og unge sine behov på ein aktiv måte. Ein slik kompetanse må inkludera både relasjonskompetanse og kompetanse knytt til tidleg innsats og tilpassa opplæring. Skal vi lukkast med meir sosial utjamning, må vi møta den einskilde med høge forventingar. Barn med spesielle behov må få tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp, slik at dei kan oppleva meistring og nytte ressursane sine fullt ut. På same tid må barn som ikkje har tilfredsstillande læringsutvikling fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Tidleg innsats må innebera både vurdering av barnet eller eleven sin kompetanse, samt oppfølging i ettertid. Dette krev at våre tilsette kan bruke eit profesjonelt skjønn for å avgjera kva for tiltak som skal setjast inn. Om vi som vaksne på eit tidleg stadium har for låge forventningar til eit barn si utvikling og meistring, kan dette verka negativt inn på seinare faglege moglegheiter.

    I eit trygt miljø vil fleire våga å ta fatt på nye utfordringar. Gjer ein feil, så lærer ein likevel noko verdifullt undervegs. Det er dei vaksne som er ansvarlege for at barn og unge opplever eit trygt læringsmiljø. Tilsette i kommunen må arbeida for å etablera ein

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 35

  • tillitsfull og god dialog med alle barn og unge, ein dialog som er kjenneteikna av anerkjennande kommunikasjon med interesse for den andre part. Barn og unge skal oppleva at vaksne bryr seg om dei, tar dei på alvor og vil gjera sitt beste for å støtta opp om vidare vekst og utvikling.

    Vidare må miljøet på avdelinga i barnehagen eller klasserommet i skulen vera slik at det er godt å vera der. Her vil samspelet mellom dei vaksne og barn og unge spela ei avgjerande rolle. I skulen blir læraren si evne til å etablera eit godt sosialt mijø, skapa ro og orden i undervisningssituasjonen, leggja vekt på læring, gje variert undervisning og gode tilbakemeldingar, samt samarbeida tett og godt med heimen, trekt fram som viktige faktorar for å fremja læring (St.meld.nr. 31).

    Språk er viktig for integrering, opplæring og utvikling, og særleg viktig for barn og unge med anna morsmål enn norsk. For at framandspråklege barn og unge raskt skal tileigna seg norsk språk, og raskt skal bli integrert i sitt lokalmiljø, må språkopplæringa skje i nært samspel med leik og aktivitetar der språket blir praktisert i naturlege samanhengar. Framandspråklege barn og unge skal, når dei kjem til Lindås kommune, få tilbod om opplæring utan ugrunna opphald, og skal så snart som mogleg integrerast i ordinært opplæringsløp. Det skal leggjast til rette for at framandspråklege barn og unge skal få delta på ulike arenaer på fritida.

    TiltakUtvikling av tenestene Handbok for arbeidet med minoritetsspråklege barn i bruk i alle barnehagar Etablera ressursteam for barnehage Psykisk helse som temaarbeid i skulen Byggja opp rettleiar, inkludert verktykasse, for arbeidet i ressursteam i barnehage og skule Samarbeid mellom barnehage, skule, Frivilligsentral og kultureininga, når det gjeld språklege minoritetar Etablera standard for tidleg innsats i barnehage og skule Etablera innføringsklasse for ungdomsskuleelevar med anna morsmål enn norsk, om det er mange nok elevar Etablera fadderordning i ungdomsskulen - ungdommar med anna morsmål enn norsk Sikra drift av LeseLos i alle barneskulane Evaluera rådgjevartenesta i grunnskulen – i samarbeid med Ungdomsrådet Etablera tettare samarbeid med vidaregåande skule - Overgang Kompetansetiltak tilsette - Tidleg innsats, Tilpassa opplæring og Spesialpedagogiske tiltak Kompetansetiltak tilsette – Vaksenrolla – DUÅ - Relasjonar Utdanningsstimulerande tiltak – Tilsette i barnehage

    36 |

  • «Å inkludera kvar enkelt i læringsfellesskap som stimulerar til livslang læring, er eit viktig bidrag for å skapa eit godt liv – både for seg sjølv og eins næraste.» St.meld.nr. 16

    Nye tiltak (som krev omprioritering av økonomisk ramme) Etablera standard for styrkingsressurs i barnehage Etablera standard for vaksenressurs i barnehage Etablera koordinator for LeseLos Etablera koordinator for DUÅ barnehage og skule, samt DUÅ-nettverk Etablera koordinator DUÅ ved kvar barnehage og skule, helsestasjon Aktivitetstilbod for barn og unge i kommunen i delar av sommarferien Leksehjelp for elevar i ungdomsskulen Tettare samarbeid mellom næringsliv, offentleg sektor, NAV, grunnskule og vidaregåande skule

    Resultat Felles vaksenrolle i barnehage og skule Betre tilpassa opplæring Auka læringsutbyte fagleg og sosialt Redusert spesialpedagogisk hjelp i barnehage og spesialundervisning i grunnskulen Betre integrering av barn og unge Auka deltaking i vidare utdanning og arbeidsliv Redusert fråfall i vidaregåande opplæring

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 37

  • 4.0 Gode tilbod og tenester til alleEin kunnskapsbasert praksis

    Lindås kommune har over år hatt som målsetjing å vera ein lærande organisasjon, og har med dette sett kunnskapsutvikling i fokus. Ved å innføra Lean som modell for å forbetra interne arbeidsprosessar og setja brukaren sine behov i fokus, har kommunen tatt eit nytt steg i høve til å vidareutvikla eigen kompetanse.

    Målsetjinga vår er å nytta metodar og tiltak som byggjer på forsking, og som følgjer sentrale tilrådingar innafor dei ulike fagområda. Slike metodar/program/tiltak vert omtala som kunnskapsbaserte eller evidensbaserte. Satsinga på metodar og tiltak skal vera langsiktig og føreseieleg. Føresetnaden for å kunna driva kunnskapsbasert og/eller evidensbasert er at det vert sett av tilstrekkeleg med ressursar og at gjennomføringa vert gjort slik metoden/programmet krev.

    Dette ønskjer ein å halda fram med, både knytt til meir universelle tiltak og i tiltak knytt til både selekterte grupper og dei med identifiserte vanskar. Det er viktig å syta for at ein innan dei ulike fagområda har tilstrekkelig breidde i utvalet av metodar/program. Samla sett er dei ulike tiltak/metodar/program å samanlikna med ei verktykasse. På kommunalt nivå er det ikkje naudsynt å ha alle slag spesialverkty, men det er avgjerande å ha eit tilstrekkelig utval verkty til å handtera utfordringane innafor dei ulike fagområda kommunen har ansvar for.

    Målsetjing – Gode tilbod og tenester til alle Kommunen sin innsats retta mot barn og unge med særskilde hjelpebehov er prega av tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt, med tanke på å utvikla ei heilskapleg oppfølging av kvar einskild som har behov for kommunen sine hjelpetenester Kommunen nyttar til ein kvar tid kunnskapsbaserte/evidensbaserte metodar/program/tiltak som følgjer sentrale tilrådingar

    Det er viktig for barn og unge si tryggleik, trivsel og utvikling at dei på ulike arena møter godt kvalifiserte tilsette som gjennom å nytta utvalde metodar og program syter for at det einskilde barn får den oppfølginga det treng. Rett hjelp og oppfølging til rett tid er eit sentralt mål.

    38 |

  • For å lukkast med målsetjingane for dette tiltaksområdet, er kompetansen til våre tilsette avgjerande. Ressursteam i barnehage og skule skal bidra til kompetanse- utvikling lokalt ut frå individuelle behov. Her deltar helsesøster, PPT og barnevern etter behov. Skuleeigar og PPT samarbeider om kompetanseutvikling på overordna nivå, i tillegg til at PPT gir rettleiing til barnehage og skule i individsaker og gjennom systemretta tiltak. Kompetansetiltak som kjem fram av denne planen, er felt ned i overordna kompetanseplan for kommunen, og dette dannar utgangspunkt for prioritering av felles kompetansetiltak for sektoren. Nokre kompetansetiltak i kommunen går på tvers av fagfelt og sektor, og inkluderer samarbeid med andre avdelingar enn dei vi samarbeider tettast med til dagleg. I tillegg er det behov for å etablera og drifta møteplassar for tverrfagleg samarbeid i kommunen. Oversyn over dette er skildra på dei komande sidene.

    Tiltak

    Utviking av tenestene Implementera BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats) Leggja ut oversyn over tiltak/metodar/program på heimesida Oppdatera spesialpedagogisk system barnehage Etablera felles praksis rundt ansvarsgruppe knytt til einskildbarn Etablera felles praksis rundt kjernegrupper i ungdomsskulekrinsane Utarbeida plan for vedlikehald og evaluering av systemtiltak førebygging Vurdera nye tiltak/metodar/program opp mot sentrale føringar innan dei ulike fagområda Kompetanseplanar i alle avdelingar tek omsyn til at program/metodar/tiltak vert vedlikehalde og sikrar at ein innan feltet har tilstrekkeleg metodisk breidde Auka involvering av elevråd og ungdomsråd Utarbeida rutine for overgang grunnskule - vidaregåande skule

    «Det krevst ei heil bygd for å oppdra, danna og utdanna eit barn»

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 39

  • Nye tiltak (som krev omprioritering av økonomisk ramme) Etablera koordinator for Betre Tverrfagleg Innsats (BTI)

    Resultat Foreldre til barn med særskilde behov opplever at barna deira får ei heilskapleg oppfølging frå hjelpetenesta i kommunen Systema er oppdaterte og funksjonelle Tilsette har tilstrekkeleg kunnskap og dugleik knytt til aktuelle tiltak/program/metodar innan sitt virke

    GODE

    TILB

    OD O

    G

    TENE

    STER

    TIL A

    LLE

    MEISTRING OG LÆRING

    FOR ALLETR

    IVSE

    L, DE

    LTAK

    ING

    OG M

    EDVE

    RKNA

    D

    TRYGG OPPVEKST

    I HEIM OG NÆRMILJØ

    Tver

    rfagl

    eg sa

    mar

    beid

    Heils

    kapl

    eg o

    ppfø

    lgin

    g.

    Kunn

    skap

    sbas

    tert

    prak

    sis.

    Vaks

    enro

    lla –

    Felle

    s pra

    ksis.

    Sjå ressursane til den einskilde - Tidleg innsats.

    Trivsel og meistring, involvering av barn og unge.

    Rådgjeving i skulen.

    Effektiv norskopplæring – Språklege

    minoritetar.

    Inklu

    dert

    i fel

    less

    kape

    t, go

    dt p

    syko

    sosia

    lt m

    iljø

    Vens

    kap,

    resp

    ekt o

    g to

    lera

    nse

    - Opn

    e og

    inklu

    dera

    nde

    møt

    epla

    ssar

    .

    Helse

    frem

    jand

    e fo

    kus.

    Med

    verk

    nad,

    akt

    ive

    råds

    orga

    n.

    Tver

    rfagl

    eg sa

    mar

    beid

    .

    Støtte til foreldrerolla.

    Avdekke risikofaktorar.

    Vaksne som ser den einskilde.

    Utviklande og inkluderande oppvekstmiljø.

    40 |

  • Møteplassar og team Møte med kven Kor ofte Ansvar Deltakarar

    Oppvekst

    Møte med Kommunalt foreldreutval (KFU) - kommunalsjef

    4 gonger i året Kommunalsjef Representantar KFU, Stab oppvekst

    Møte mellom rådmann og einingsleiarar

    4 gonger i året Rådmann Rådmann, kommunalsjef, einingsleiarar

    Møte mellom kommunalsjef og stab oppvekst

    Kvar 2. veke Kommunalsjef Tilsette Stab oppvekst, kommunalsjef

    Leiarmøte Oppvekst 5 gonger i året Kommunalsjef Einingsleiarar oppvekst, einingsleiar helse, leiar PPT, Stab oppvekst, kommunalsjef

    Møte i Oppvekstforum 2 gonger i året Kommunalsjef Leiarar barnehage, skule, barnevern, PPT, helsestasjon, kultureininga, KFU, frivillige lag/org. samt kommunepsykolog barn/unge og tilsette Stab oppvekst, andre aktuelle

    Temasamling 2 gonger i året Kommunalsjef Føresette, PPT, helsesøstre, tilsette i barnehage og skule

    Pedagogisk-psykologisk teneste - PPT

    Januar: Nye sakkunnige vurderingar

    1 gong i året PPT PPT, styrar, rektor

    Overføring av informasjon barnehage-skule

    Februar Rektor PPT, styrar, rektor, føresette, ressursteam

    Overføring av informasjon barneskule-ungdomsskule

    Oktober Rektor ungdomsskule

    PPT, rektor skulane, føresette, ressursteam

    Overgangsmøte ungdomsskule-vidaregåande skule

    1 gong i året OT/PPT PPT, representant frå ungdomsskule, representant frå vidaregåande skule, OT/PPT

    Helsestasjon

    Møte på skulane 4 gonger i året Helsesøster Helsesøster, rektor, sosiallærar

    Helsesøster – kontaktlærarar Kvart år Helsesøster 1., 5. og 8. trinn

    Helsesøster – foreldremøte på skulane

    Kvar haust Helsesøster/rektor

    3. og 8. trinn

    Ansvarsgruppemøte Etter behov Styrar/rektor Deltakarar ansvarsgruppe

    Møte med tannhelsetenesta Kvart år Avdelingsleiar jordmor- og helsesøstertenesta

    Tannhelsetenesta, helsesøstrene, styrarar, barnevern

    Barnevern

    Stordalenseminaret Årleg BUP Samling for alle hjelpetenester for barn og unge i Nordhordland

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 41

  • Ansvarsgruppemøte Etter behov Barneverntenesta/Andre t.d. skule

    Deltakarar ansvarsgruppe

    Kjernegrupper Etter behov Ungdomsskule Barnevern, Politi, ungdomsskule

    Møte med tannhelsetenesta Kvart år Avdelingsleiar jordmor- og helsesøster-tenesta

    Barnevern, helsestasjon, eining for funksjonshemma m.fl

    Samarbeidsmøte landkommunar og Bufetat

    4 gonger i året Bufetat Barneverntenester i landkommunar region vest, Bufetat

    Barnehage

    Barnesamtalar Gjennom året, minst 2 gonger i året

    Avdelingsleiar Barn, tilsett på avdelinga

    Foreldresamtalar 2 gonger i året Avdelingsleiar Føresette, avdelingsleiar/pedagog

    Foreldremøte 2 gonger i året Styrar Føresette, tilsette

    Foreldrerådsmøte Min. 2 gonger i året

    Leiar foreldreråd Foreldrerepresentantar, (styrar)

    Møte i SU (Samarbeidsutval) Min. 4 gonger i året

    Styrar Representantar for tilsette, foreldre, styrar, ev. eigar

    Avdelingsmøte 1 gong i veka Avdelingsleiar Styrar, avdelingsleiarar

    Personalmøte 4 gonger i året Styrar Tilsette i barnehagen

    Spesialpedagogisk team barnehage

    1 gong pr. veke Teamleiar Teamleiar, spesialpedagogar barnehage, logoped, einingsleiar

    Kommunale leiarar barnehage 1 gong pr. mnd. Einingsleiar Styrarar, einingsleiar

    Leiarmøte sektor 1 gong pr. mnd. Rådgjevar/einingsleiar

    Styrarar, einingsleiar, rådgjevar, PPT, kommunalsjef

    Ressursteam 1 gong pr. mnd. Styrar Deltakarar i ressursteamet, PPT, helsesøster, ansvarleg minoritetsspråklege deltek etter avtale

    Overføring av informasjon barnehage-skule

    Februar Rektor PPT, styrarar, rektor, føresette

    Samarbeidsmøte barn Etter behov Styrar Føresette og samarbeidspartar kring barn som har behov for oppfølging frå fleire tenester, men som ikkje fyller vilkåra for ansvarsgruppe

    Interne arbeidsmøte barn og unge

    Etter behov Styrar Føresette og avdelingsleiar/pedagog kring barn og unge med behov for koordinert og langsiktig arbeid internt i barnehagen, utan eksterne samarbeidspartar

    Skule

    Elevsamtalar 2 gonger i året Kontaktlærar Elev, kontaktlærar

    Skule-heim samtalar 2 gonger i året Kontaktlærar Elev, føresette, kontaktlærar

    42 |

  • Foreldremøte, trinn 2 gonger i året Kontaktlærar Føresette, kontaktlærar

    Foreldremøte, skule 1 gong i året Rektor Føresette, tilsette

    Møte i SU (Samarbeidsutval) Min. 4 gonger i året

    Rektor Representant for undervisningspersonale, andre tilsette, foreldrerådet, elevane og kommunen

    Møte i SKMU (Skulemiljøutval) Min. 4 gonger i året

    Rektor Representant for elevane, føresette, tilsette, skuleleiinga og kommunen.

    Møte i Foreldreråd Min. 2 gonger i året

    Leiar Foreldreråd Føresette, (rektor)

    Møte i FAU-rektor Min 4 gonger i året

    Rektor Foreldrerepresentant for klassane, rektor

    Møte i Elevråd 1 gong pr. mnd. Kontaktlærar elevråd

    Representant for elevane 5.-10.trinn, kontaktlærar elevråd

    Rektormøte Min 4 gonger i året

    Einingsleiar Rektorar, einingsleiar, rådgjevarar, PPT, kommunalsjef

    Skuleleiarsamlingar Min 4 gonger i året

    Einingsleiar Rektorar, inspektørar, einingsleiar, rådgjevarar, PPT, kommunalsjef

    Ressursteam 1 gong pr. mnd. Rektor Deltakarar i ressursteamet, PPT, ansvarleg minoritetsspråklege og helsesøster deltek etter avtale

    Plangruppesamling 1 gong i året Einingsleiar Plangruppene ved skulane, PPT, einingsleiar, kommunalsjef

    Ressursteamsamling 1 gong i året Einingsleiar Ressursteama ved skulane, PPT, helsesøstrene, einingsleiar, kommunalsjef

    Kjernegrupper (ungdomsskulane)

    Etter behov Rektor Elev, føresette, skule, ev. politi, helsesøster, barnevern

    Overføring av informasjon barnehage-skule

    Februar Rektor PPT, styrar, rektor, føresette

    Overføring av informasjon barneskule-ungdomsskule

    Oktober Rektor PPT, rektor skulane, føresette

    Overgangsmøte ev. anna møtepunkt ungdomsskule-vidaregåande skule

    1 gong i året OT/PPT PPT, representant frå ungdomsskule, representant frå vidaregåande skule, OT/PPT

    Samarbeidsmøte barn og unge Etter behov Rektor Føresette og samarbeidspartar kring barn og unge som har behov for oppfølging frå fleire tenester, men som ikkje fyller vilkåra for ansvarsgruppe

    Interne arbeidsmøte barn og unge

    Etter behov Rektor Føresette og kontaktlærar/ansvarleg lærar kring barn og unge med behov for koordinert og langsiktig arbeid internt i skulen, utan eksterne samarbeidspartar

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 43

  • Tverrfaglege team

    Leiargruppe BTI 4 gonger i året Kommunalsjef oppvekst

    Leiar av samordningsgruppa BTI, medlem av samordningsgruppa BTI, rådgjevar stab, kommunalsjef helse og kommunalsjef oppvekst

    Samordningsgruppe BTI 1 gong pr. mnd. Einingsleiar skule/einingsleiar barnehage

    Einingsleiarar for barnehage, skule, helsetenesta, barnevern, rådgjevar oppvekst, kommuneoverlege, leiarar for helsestasjon, PPT, avdeling psykisk helse og rus

    Tverrfagleg team Etter behov Leiar av samordnings-gruppa BTI

    Leiar av samordningsgruppa BTI, andre etter behov

    Konsultasjonsgruppa ved vald og overgrep

    Etter behov Representant for barnevernet

    Representant for barnevernet, helsesøstertenesta, kommunepsykolog for barn og unge

    Psykososialt team Etter behov Representant for avdeling psykisk helse

    Kommunepsykolog vaksne, kommunepsykolog barn og unge, representant for avdeling psykisk helse og rus, prest, NAV, leiar for jordmor- og helsesøstertenesta

    Ansvarsgruppe Etter behov Styrar/rektor Føresette, representant frå barnehage/skule, andre tenester som er involvert

    «Samarbeidsmøte» Kvart år Barnevern Psykisk helse- og rus, VOP, BUP, kommunepsykolog for barn- og unge, kommunepsykolog for vaksne

    44 |

  • Handlingsplan 2017-2020Prioriterte tiltak (som krev omprioritering av økonomisk ramme) Oversynet under er grunnlaget for økonomiplanarbeidet 2017-2020.

    Innsatsområde Framlegg til tiltak

    Når Ressurs-behov

    Finansiering Kommentar

    2017 2018 2019 2020

    1. Etablera møteplass for barn som pårørande

    Knytt til barn som har alvorleg sjuke foreldre eller foreldre med rusvanske

    2017 Innafor ramma

    Avdeling for rus ønskjer å starte opp med tilbodet

    1. Auka kapasitet til miljøtiltak i skule – miljøarbeidar eller sosiallærar

    Sosiallærar eller miljøarbeidar ved dei største skulane

    201720182019

    Kr. 1.800.000

    Kr.600.000

    Kr.600.000

    Kr.600.000

    Behov for miljøtiltak ved fleire skular

    2. Etablera stilling som ungdoms-koordinator i kommunen

    I samarbeid med Kultureininga, finansiering 50-50?

    2017 Kr. 300.000(finansiert i 2016)

    2. Ta i bruk program for betre læringsmiljø/redusera krenkingar og mobbing

    Felles implementering førebyggjande program skule

    201720182019

    Kr.100.000

    Kr.100.000

    Kr.100.000

    Implementering over 3 år

    2. Styrkja helsesøster-funksjonen i barnehage og skule, rettleiing foreldre

    1 ny stilling i året for2017 og 2018

    20172018

    Kr. 1.200.000(1 stilling finansiert i 2016)

    Kr.600.000

    Kr.600.000

    2 årsverk totalt.Ta i bruk DUÅ Foreldrerettleiings-program, foreldre til barn 3-6 år, 6-12 år

    2. Auka kapasitet for rettleiing til foreldre, barnehage og skule – PPT

    1 ny stilling 2017

    2017 Kr. 600.000(1/2 stilling finansiert i 2016)

    Kr. 300.000

    Ta i bruk DUÅ. Foreldrerettleiings-program, foreldre til barn 3-6 år, 6-12 år

    3. Etablera standard for styrkingsressurs i barnehage

    Auka opp denne ressursen med kr. 250.000 pr. år i perioden

    Frå2017til 2020

    Kr.1.000.000

    Kr.250.000

    Kr.250.000

    Kr.250.000

    Kr.250.000

    Skal nyttast til tidleg innsats

    3. Etablera koordinator for LeseLos

    2017 Innafor ramma

    Drift av nettverk og kompetansetiltak LeseLos

    3. Etablera koordinator DUÅ i barnehage og skule

    2017 Innafor ramma

    Drift av nettverk, ressursperson DUÅ for barnehage og skule

    4. Etablera koordinator for BTI

    2017 Innafor ramma

    Drift av implementering og møteplass BTI

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 45

  • Ikkje prioriterte tiltak (som krev omprioritering av økonomisk ramme)

    Innsatsområde Framlegg til tiltak

    Når Ressursbehov Finansiering Kommentar

    3. Leksehjelp for elevar i ungdomsskulen

    4 timar leksehjelp ved kvar ungdomsskule

    Kr.600.000

    Auka ressurs eller om-prioritering av ramma

    Fleire grupper ved Knarvik ungdomskule

    3. Etablera standard for vaksenressurs i barnehage

    Auka grunn-bemanninga i barnehage, 6 barn pr. årsverk

    Kr.1.500.000(gjeld kommunale barnehagar, utløyser i tillegg auke i tilskot til private barnehagar på kr. 5.500.000, samla sum kr. 7.000.000)

    Treng auka ressurs til barnehage

    Kan innførast over fleire år

    3. Aktivitetstilbod for born og unge i kommunen i delar av sommarferien

    Etablera aktivitetstilbod 1-2 veker etter skuleslutt i juni og 1-2 veker før skulestart i august

    «Om to elever har omtrent de samme forutsetningene til å lykkes, er det den med mest tro på egen kapasitet og tillit til egen mestring som har de største mulighetene til å lykkes»

    Bandura, 1997

    46 |

  • Kjelder

    Bandura, Albert (1997): Self-efficacy: The exercise of control. New York: W.H. Freeman and company.

    Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2015): Trygghet, deltakelse og engasjement. Oslo.

    Befring, Edvard og Reidun Tangen (2012): Spesialpedagogikk. Cappelen Akademiske Forlag.

    Folkehelseinstituttet (2016): Folkehelseprofil 2016, Lindås kommune. http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=239&trg=Content_6496&-Main_6157=6261:0:25,6852&MainContent_6261=6496:0:25,7300&Content_6496=6178:117725:25,7300:0:6562:1:::0:0&utm_source=FHI+Nyhetsvarsling&utm_cam-paign=7dd1f3a012-RSS_EMAIL_CAMPAIGN&utm_medium=email&utm_term=0_c18b0957c5-7dd1f3a012-75041709

    Lov om barnehage: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-64?q=barnehagelova

    Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61/

    Meld. St. 19 (2014-2015): Folkehelsemeldingen – Mestring og muligheter.

    Norconsult (2015): Utvikling i folketal i Lindås kommune 2010-2029. Bergen.

    Nottingham, James (2013): Læringsnøkkelen. Hvordan oppmuntre og inspirere til bedre læring? Cappelen Damm Akademisk. Oslo.

    Kunnskapsdepartementet (2015): NOU 2015:2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø.

    Redd barna (2016): http://www.reddbarna.no/elevenesmening/til-laerere/hvordan-faa-til-elevmedvirkning/voksenrollen-er-viktig

    Solheim, Ragnas Gees og Finn Egil Tønnessen (2003): Hvorfor leser klasser så forskjellig? Senter for Leseforsking. Høgskulen i Stavanger.

    St. meld. nr. 16 (2006-2007): … og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring.

    St. meld. nr. 31 (2007-2008): Kvalitet i skolen.

    Ungdata (2013): Ungdata 2013, nøkkeltalsrapport Lindås kommune.http://ungdata.no/asset/7437/1/7437_1.pdf

    KVALITETSPLAN FOR OPPVEKST 2016-2028

    | 47

  • KVALITETSPLAN

    FOR OPPVEKST 2016-2028