Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom...

9
32 Korsn korsn har nordnorsk? Om bruken av korleis saman med substantiv i norske dialektar Øystein A. Vangsnes I norske dialektar er det ganske vanleg å høyra uttrykk som åssen bil og kordan vei og liknande. Ved systematisk kartleggjing kan vi fastslå at det er geografiske skilnader på denne bruken av standardspråket sitt korleis/hvordan/åssen, og i denne artkkelen skal vi sjå at nordnorske dialektar er i fremste rekkje i utviklinga av dette fenomenet. I mai 2011 var det fleire innlegg på lesarsidene til Bladet Nordlys om ordet kossen/korsn, altså bokmålets hvordan/åssen og nynorskens korleis. Temaet var bruken av dette ordet saman med substantiv slik som i følgjande eksempel frå eit opptak av ei eldre kvinne frå Mefjordvær: Men kossen bil har du? De vil æ vette! Nokre av innsendarane reagerer på at slik bruk av ordet hjå nyheitsopplesarar på NRK Troms og meiner ein heller skal seia t.d. ka slags bil. Dei meiner altså at korsn ikkje skal brukast som eit adjektiv, men berre som eit adverb, der det ikkje relaterer seg til noko substantiv, men snarare til måten ei verbalhandling vert utført på slik som i dette dømet, ytra av ei anna eldre kvinne frå Mefjordvær: Å så skriv han om […] akkoratt kossjn han opplevde de. Nye grammatiske målmerke har blitt identifisert innanfor prosjektet Nordisk dialektsyntaks. Her frå eit prosjektmøte ved Universitetet i Tromsø. Foto: Ørjan Bertelsen.

Transcript of Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom...

Page 1: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

32

Korsn korsn har nordnorsk?Om bruken av korleis saman medsubstantiv i norske dialektar

Øystein A. Vangsnes

I norske dialektar er det ganske vanleg å høyrauttrykk som åssen bil og kordan vei og liknande. Ved systematisk kartleggjing

kan vi fastslå at det er geografiske skilnader på denne bruken av standardspråket sittkorleis/hvordan/åssen, og i denne artkkelen skal vi sjå at nordnorske dialektar

er i fremste rekkje i utviklinga av dette fenomenet.

Imai 2011 var det fleire innlegg pålesarsidene til Bladet Nordlys omordet kossen/korsn, altså bokmåletshvordan/åssen og nynorskens korleis.Temaet var bruken av dette ordet samanmed substantiv slik som i følgjandeeksempel frå eit opptak av ei eldrekvinne frå Mefjordvær:Men kossen bilhar du? De vil æ vette!

Nokre av innsendarane reagerer på atslik bruk av ordet hjå nyheitsopplesararpå NRK Troms og meiner ein heller skalseia t.d. ka slags bil. Dei meiner altså atkorsn ikkje skal brukast som eitadjektiv, men berre som eit adverb, derdet ikkje relaterer seg til noko

substantiv, men snarare tilmåten eiverbalhandling vert utført på slik som idette dømet, ytra av ei anna eldre kvinne

frå Mefjordvær: Å så skriv han om […]akkoratt kossjn han opplevde de.

Nye grammatiske målmerke har blittidentifisert innanfor prosjektetNordisk dialektsyntaks. Her frå eitprosjektmøte ved Universitetet iTromsø.

Foto:ØrjanBertelsen.

Page 2: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

33

Ein tredje måte å bruka ordet på, og somein finn i all norsk, kan seiast å vera einmellomting mellom dei to nemnde ovan-for, nærmare bestemt når ein spør ettereigenskapar ved noko eller nokon.

I opptaket med den første eldre kvinnafrå Mefjordvær stiller ho også følgjandespørsmål: Kossen e han no når han eblidd gammel? Her står kossen sompredikativ til han.

Desse tre bruksområda skal vi nedanforreferera til som «adnominal korleis»(fordi det står til eit nomen, dvs.substantiv), «adverbiell korleis» (fordidet blir brukt som måtesadverb) og«predikativ korleis» (fordi det blir bruktsom predikativ).

I mai 2011 var det fleire lesarinnlegg iBladet Nordlys som tok føre seg ordetkorsn/kossen. Faksimiler: BladetNordlys.

Page 3: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

34

Delar av ordskiftet i avisa har gått påom ein kan tillata seg å bruka dialekt, ogmeir bestemt grammatiske trekk frå eindialekt, på radio og TV, men ein annandel av ordskiftet handlar rett og slett om

slik bruk av korsn er korrekt nordnorskdialekt i det heile.

Innanfor den norske delen av detnordiske prosjektet Nordisk dialekt-

syntaks har vi dei siste åra systematiskkartlagt nettopp dette spørsmålet omvariantar av hvordan/åssen/korleis kanbrukast saman med substantiv ellerikkje i norske dialektar. I denneartikkelen skal vi sjå nærmare påresultata som har komme ut av dennekartleggjinga, og då med særleg vekt pånordnorsk.

SpørjeskjemaresultatAdnominal korleis vart testa medsetningane Korleis bil har du? og Korleisbil er din? Saman med om lag 140 andresetningar inngjekk desse i eit spørje-skjema som vart forelagt heimelsfolkover heile Noreg til vurdering.Testsetningane var spelt inn påførehand med regionalt tilpassa uttaleog ordval slik at versjonen brukt i tildømes Tromsø var Korsn bil har du? ogKorsn bil e din?, mens på Mo i Rana fekkdei høyra setningane som Kelessn bil hardu? og Kelessn bil e din?

Det er ein viktig tydingsmessig skilnadmellom dei to setningane. Medan Korleisbil har du? helst etterspør ein type bil,etterspør Korleis bil er din? ein bestemtbil, dvs. eit eksemplar, i den aktuellesituasjonen. Såleis vil det på standardbokmål vera mest naturleg å bruka Hvaslags bil har du? for den første setningaog Hvilken bil er din? for den andre.

I prosjektet undersøkte vi dermed altsåikkje berre om det er muleg å brukakorleis saman med substantiv, men ogsåom dette var muleg både for å spørjaetter TYPE og EKSEMPLAR. Og som vi

Nordiskdialektsyntaks

Nordisk dialektsyntaks er eit omfattandefellesnordisk samarbeid om utforskingaav grammatisk variasjon i det nordiskespråkområdet. 10 forskargruppar fordeltpå alle dei fem nordiske landa samtFærøyane har delteke i nettverket somhar vore leia frå Universitetet i Tromsø.

Datainnsamlinga i prosjektet har voreav hovudsakleg to typar. Dels har eingjort opptak med dialekttalarar på ulikestade og dels har ein samla innvurderingar av ei liste med setnings-eksempel frå dei same talarane. I regelenhar ein på kvar vitja stad konsultert fireinformantar: ein yngre mann, ei yngrekvinne, ein eldre mann og ei eldrekvinne. Setningseksempla er konstruertefor å kasta lys over om ulike setnings-konstruksjonar er i tråd med språk-kjensla til dialektbrukarane.Informantane har vurdert kvartestsetning på ein skala frå 1 (dårleg) til5 (god). Listene med testsetningar harvore regionalt tilpassa og dei har ogsåvariert i lengde frå ca. 140 i Noreg tilover 250 i Danmark. I Noreg harprosjektet besøkt over 100 forskjelligestader, og i Nord-Noreg er data samlainn frå følgjande plassar: Kirkenes,Vardø, Tana, Kjøllefjord, Hammerfest,

Kautokeino, Kvænangen, Kåfjord,Karlsøy, Tromsø, Kirkesdalen (Målselv),Senja (fleire stader), Lavangen,Kvæfjord, Myre, Stamsund, Narvik,Ballangen, Steigen, Bodø, Beiarn, Mo iRana, Herøy, Hattfjelldal og Sømna.

Oppbyggjing av forskingsinfrastrukturhar stått sentralt, og det har komme todigitale forskingsressursar ut avprosjektet, Nordisk dialektkorpus ogNordisk syntaksdatabase. I Nordiskdialektkorpus er alle opptaka samla. Deimange intervjua og samtalane er blitttranskriberte og automatisk analyserteog for mange dialektar eksisterer detbåde ein uttalenær transkripsjon og eiomsetjing ord for ord til standardbokmål. Teksten er kopla mot lyd ogvideo og det er utvikla eit avansertsøkegrensesnitt som gjer det muleg åsøka på både ord, grammatiskekategoriar og sekvensar av dette samtpå mykje annan ikkje-språkleginformasjon. I Nordisk syntaksdatabaseer resultata frå alle listene medtestsetningar samla slik at ein enkelt ogeffektivt kan henta ut vurderingane tilinformantane for kvar einskildsetningskonstruksjon. I både Nordiskdialektkorpus og Nordisk syntaksdata-base er det dynamiske kartfunksjonarsom gjer det muleg å få opp kart somviser utbreiinga av det ein har søkt etter.

Page 4: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

35

straks skal sjå, er det interessanteregionale forskjellar på dette punktet.

Resultata frå spørjeskjemaundersøkingaer sidan blitt lagt inn i ein database derein kan søka systematisk i materialet ogder ein også kan laga kart som viserutbreiinga av positive, negative ogmiddels resultat.

Kart 1 viser resultata for TYPE-setningaKorleis bil har du?. Dei kvite markørane

viser til ein gjennomsnittsskår på 4–5,dei svarte markørane ein gjennom-snittsskår på 1–2 og dei grå viser eingjennomsnittsskår på ca. 3.

Dette kartet viser at TYPE-spørsmåletblir godteke i heile Nord-Noreg ogmange stader i Trøndelag, påAustlandet og nokre stader i Rogalandog at ho blir avvist på store delar avVestlandet samt i Hallingdal. Kartetviser samtidig at det manglar resultat

frå Agder, vestlege og nordlege delar avAustlandet, samt frå Nordvestlandet.Hovudinntrykket er likevel klart:

Kart 1 og 2: Kartet til venstre visergjennomsnittsskåren for setningaKorleis bil har du? i Nordisksyntaksdatabase og kartet til høgregjennomsnittsskåren for setningaKorleis bil har du?. Kvit markør =høg skar; svart markør = lag skar; gramarkør = middels skar.

Page 5: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

36

Kart 3 og 4: Aldersskilnadar ibedømminga av setninga Korleis biler din? i Nordisk syntaksdatabase forNord-Noreg. Kartet til venstre viserresultata for yngre informantar,kartet til høgre for eldre informantar.(Kvit markør = høg skår; svartmarkør = låg skår; grå markør =middels skår).

Adnominal korleis med TYPE-lesing blirgodteke i Nord-Noreg, i Trøndelag og isentrale austlandsstrøk, men avvist påstore delar av Vestlandet.

Kart 2 viser resultata for EKSEMPLAR-spørsmålet Korleis bil er din?. Som viser, blir denne godteken på færre staderenn TYPE-spørsmålet. For det første blirEKSEMPLAR-spørsmålet i svært litengrad godteken på dei undersøktestadane sør for Trøndelag. Vidare finnvi både i Trøndelag og i Nord-Noregfleire grå markørar enn i kart 1, nokosom altså seier oss at setninga får einmiddels skår fleire stader enn kvatilfellet var for TYPE-setninga. Deneinaste staden i Nord-Noreg der TYPE-setninga blir heilt avvist, er Hattfjelldal,og elles ser vi at begge setningene fårein middels skår i Sømna (det sørlegastemålepunktet i Nordland). Eit viktigpoeng her er at det ikkje er nokon stadder vi finn det motsette mønsteret, dvs.at informantar godtek EKSEMPLAR-setninga men ikkje TYPE-setninga.

I kart 3 og 4 er det skilt mellom resultatafor høvesvis unge og gamle informantar

for EKSEMPLAR-setninga Korleis bil erdin, og då ser vi ein tydeleg skilnad: Påmange av stadane godtek dei yngreinformantane setninga medan dei eldreikkje gjer det.

Dette tilseier at vi har ei utvikling ibruken av adnominal korleis i nord-norsk: Desse aldersrelaterte skilnadanekan tyda på at eldre informantar (inokon grad) berre tillet korsn medsubstantiv når uttrykket er TYPE-spørjande medan yngre informantargodtek det med både TYPE- ogEKSEMPLAR-lesing. Med andre ord: Viser ei pågåande endring frå det systemetein har t.d. på Austlandet til ein meirfriare adnominal bruk. Vi skal kommatilbake til ein nærmare diskusjon avdenne utviklinga nedanfor.

I karta ovanfor ser vi at det også ermarkørar i Sverige og at det er tydelegeskilnader mellom kart 1 og kart 2. Ordetsom vart brukt i det svenske spørje-skjemaet, er hurdan, altså Hurdan bilhar du? og Hurdan bil är din? Det erforholdsvis velkjent at dette ordet vertbrukt adnominalt på svensk, sjølv om

det av mange nok blir rekna som ganskearkaisk.

Karta viser ganske tydeleg at det førstog fremst berre er den første av desse,TYPE-spørsmålet som blir godteke, og dåspesielt i Sør-Sverige. EKSEMPLAR-spørsmålet blir godteke på svært fåstader. Såleis liknar det (sør-)svenskesystemet for adnominal hurdan det vifinn for adnominal korleis påAustlandet.

Når vi no har sett på spørjeskjema-resultata frå ScanDiaSyn, kan vi gåvidare og sjå på ein annan type data frådet same prosjektet, nemleg førekomstarav adnominal korleis i opptak avintervju og samtale.

Resultat fråtalemålsopptak

På dei same stadane som det vart hentainn vurderingar av setningane i (4) og (5)og resten av spørjeskjemaet, vart detogså gjort opptak med heimelsfolka,både korte intervju med dei einskilde ogopptak av samtalar der to og toinformantar sat i lag og snakka fritt.

Page 6: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

37

Desse opptaka er blitt lagt inn i einavansert, søkbar database som vi hargitt namnet Nordisk dialektkorpus.

I Nordisk dialektkorpus har eg funne 132sikre førekomstar på adnominal korleis,mellom anna dei følgjande, eitt frå kvartav dei nordnorske fylka.

kossjn skoLe ska du gå?(Beiarn, ung mann)

kossjn hårfarrge har hann?(Medby på Senja, ung kvinne)har du nå fåssjlag te kossjn leka vikann ha ?

(Kirkenes, ung kvinne)

I tabell 1 er dei 132 førekomstane avadnominal korleis sorterte etterregionane Nord-Noreg, Trøndelag,Vestlandet, Agder og Austlandet, ettervariablane kjønn og aldersgruppe ogetter om dei etterspør TYPE ellerEKSEMPLAR. Som kriterium for å skiljamellom TYPE og EKSEMPLAR har egbrukt om det i den aktuelle kontekstenhar vore naturleg å omsetja til bokmålmed hva slags (TYPE) eller hvilken(EKSEMPLAR).

Tala vi har her, understøttar deiresultata vi har fått i spørjeskjema-undersøkinga. For det første er det eintydeleg skilnad mellom yngre og eldreinformantar ved at langt dei fleste dømaer ytra av yngre informantar – 112 mot20. Dette er veldig klart for Nord-Noreg,

men vi ser faktisk at det også er tilfelletfor alle landsdelane. I prinsippet kan detskuldast at det finst meir opptak medyngre informantar og/eller at dei iopptaka i større grad stiller spørsmål tilkvarandre enn kva tilfellet er med deieldre – det er ikkje blitt undersøktnærmare.

Om vi ser på totaltala først, er det for detandre eit delvis samsvar med spørje-skjemaundersøkinga i geografiskfordeling: Det er ein forholdsvis jamnførekomst av både TYPE og EKSEMPLAR-eksempel i Nord-Noreg og Trøndelag, ogvi ser også at det er ein ganske tydeleg

overvekt av TYPE-spørsmål fråAustlandet.

Tala for Vestlandet og Agdersamstemmer ikkje heilt medspørjeskjemaundersøkinga, i alle fallikkje ved første augekast. For Agder ogNordvestlandet manglar detspørjeskjemaresultat, så i desse områdahar vi mangelfullt samanliknings-grunnlag. Men det viser seg at heile 12av døma frå Vestlandet er frå Sokndalsom ligg heilt sør i Rogaland, ogtalemålet her har mange trekk til fellesmed nabodialektane i Vest-Agder.Halvparten av Sokndal-døma igjen er

Utsikt frå Medby på Senja derforskarar frå prosjektet Nordiskdialektsyntaks gjorde undersøkingar ioktober 2006.

Foto:ØysteinA.Vangsnes.

Page 7: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

38

!"#$%&'()*#+*,+*-.&'/.*0+!"#$%&'(/ )"#*&'!(*&+$%!,!"#-.'123456 ,(7+5895:4;<=60$(/.>+?&#-$0)+@A+0*.-(-$0*#+!"#$%!"#&'( )*'#&(+,**( )*'#&(-./**&( &0$#&(+,**( &0$#&(-./**&( 1"2,02(1345( 6 77( 8 7 89(5:;5<4=>?( 79( 7@( 8 7 98(1#A*$&0,'( )*'#&(+,**( )*'#&(-./**&( &0$#&(+,**( &0$#&(-./**&( 1"2,02(1345( @ @ B C 7@(5:;5<4=>?( C D 7 9 79(E&F20,*$&2( )*'#&(+,**( )*'#&(-./**&( &0$#&(+,**( &0$#&(-./**&( 1"2,02(1345( 9 C 8 B 65:;5<4=>?( D 7 B 7 G>'$&#( )*'#&(+,**( )*'#&(-./**&( &0$#&(+,**( &0$#&(-./**&( 1"2,02(1345( 8 9 B B D5:;5<4=>?( 9 9 B 7 G>HF20,*$&2( )*'#&(+,**( )*'#&(-./**&( &0$#&(+,**( &0$#&(-./**&( 1"2,02(1345( C 7I( 7 7 7@(5:;5<4=>?( 8 8 B B CJ&/0&(0,*$&2( )*'#&(+,**( )*'#&(-./**&( &0$#&(+,**( &0$#&(-./**&( 1"2,02(1345( 8C( 9C( D @ @6(5:;5<4=>?( 8G( 8G( 9 @ @9(1"2,02( D7( @7( K 78( 798(

EKSEMPLAR-etterspørjande. Pussig nokhar alle dei fire informantane fråSokndal avvist testsetningane i (4) og(6), og det kan såleis vera noko som harverka forstyrrande i testsituasjonenakkurat der.

To av dei gjenverande vestnorske døma– begge TYPE-refererande – er frå Budytst i Romsdal, altså nær det trøndskemålområdet, medan dei to siste er fråLuster og Fusa. Det at det er så fåvestnorske døme samstemmer såleismed hovudinntrykket frå spørjeskjema-undersøkinga, nemleg at adnominalkorleis er lite brukt der. Dersom vividare slår saman Sokndal med Agderhar vi eit samanhengande område heiltsør i landet som med god grunn børundersøkast nærmare – tala tilseier at viher har eit område som liknar på dettrøndske og nordnorske ved atadnominal korleis blir brukt med bådeTYPE og EKSEMPLAR-lesing.

Diskusjonen går

17. september 2011 skreiv ReidarNielsen frå Kvalsund noko oppgittfølgjande i eit lesarbrev i Bladet Nordlysom språket i NRK sine lokalsendingar inord:

Øvst: Tabell 1: Fordeling avadnominal korleis i Nordiskdialektsyntaks i ulike delar av landet.

Nedst: Øystein A. Vangsnes (t.v.)intervjuar ein informant om spørjeord,i dette tilfellet i Älvdalen i Sverige.

Foto:HenrikRosenkvist.

Page 8: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

39

Lokalt er flere av reporterne blitt alvorligangrepet av «kossen-syken». Dedialektiske spørreordene «ka slags»,«kor» og «kas», er redusert til et eneste«kossen».

På ein måte understøttar det vi har settovanfor, Nielsens observasjon. Vi harsett i materialet frå prosjektet Nordiskdialektsyntaks at korleis/hvordan har einvidare bruk blant yngre enn blant eldre iNord-Noreg er det ein god del eldreinformantar som ikkje godtek setningaKorsn bil e din? medan dei alle flesteyngre informantane meiner slik seiemåteer i tråd med deira språkkjensle.

Den totale avvisinga av å brukakorsn/kossen og liknande former samanmed substantiv som kjem fram både hjåNielsen og i nokre av dei tidlegare avis-innlegga, er det derimot lite grunnlag forå støtta: Slik bruk er ein heilt naturlegdel av talemålet i heile landsdelen. Menvi har altså påvist ei sannsynlegpågåande språkutvikling her: Frå atadnominal korleis berre blir brukt medTYPE-lesing, blir konstruksjonen ogsåbrukt med EKSEMPLAR-lesing.

Ei pågåande utviklingDenne utviklinga kan vi sjå i eit vidareperspektiv dersom vi tek utgangspunkt idet geografiske hovudmønsteret forheile landet sett under eitt. VissVestlandet representerer utgangs-punktet, det vil seia ein type dialekt derein ikkje brukar korleis adnominalt i detheile, men berre som sjølvstendig leddpå setningsnivå, kan vi sjå på det

austnorske mønsteret som eit førstesteg: Korleis blir brukt saman medsubstantiv, men berre med TYPE-lesing.I grammatisk forstand vil dette seia atkorleis blir brukt som eit adjektiv, ogdette mønsteret er det då vi har ogsåblant mange eldre nordlendingar. Detneste steget i utviklinga blir så det

trøndske og nordnorske hovudmønsteretmed både TYPE og EKSEMPLAR-lesing.EKSEMPLAR-lesinga tilsvarargrammatisk sett at korleis blir bruktsom det vi kallar determinativ. Vi kansetja dette opp slik:

Vestnorsk → Austnorsk → Nordnorsk[-TYPE, -EKSEMPLAR] [+TYPE, -EKSEMPLAR] [+TYPE, +EKSEMPLAR]

Page 9: Korsn korsn har nordnorsk? - UiT33 Eintredjemåteåbrukaordetpå,ogsom einfinniallnorsk,kanseiaståveraein mellomtingmellomdeitonemndeovan-for,nærmarebestemtnåreinspøretter ...

40

Forfatteren:

Øystein A.Vangsnes er forskarved CASTL – Centerfor Advanced Studyin TheoreticalLinguistics og har detsiste tiåret leia eitomfattande nordisk

samarbeid omkring utforskinga avgrammatisk variasjon i det nordiskespråkområdet, formalisert gjennomprosjekta Nordisk dialektsyntaks(ScanDiaSyn) og Nordic Center ofExcellence in Microcomparative Syntax(NORMS). Innanfor dette samarbeidethar han gjort feltarbeid på ulike stader ialle dei tre nordnorske fylka og mangeandre stader i Norden. Hans eigaforsking fokuserer mellom anna pågrammatikken til spørjeord ogspørjesetningar. Vangsnes er elles einaktiv formidlar, og skriv mellom annaom språk og språkvitskap på bloggen tilnettstaden forskning.no.E-post: [email protected]

Det finst måtar å forstå denne utviklingateoretisk. Utan å gå i detalj er hovud-tanken er at vi har å gjera med eingrammatikaliseringsprosess: Over-gangen frå adjektiv til determinativ gjerordet «meir» grammatisk ved at det fårein spesifiserande funksjon.

Grammatikken til spørjeord er ein særsdynamisk del av språket, kan det sjå utsom, og ulike språk delar opp dette feltetpå ulike måtar. Ta til dømes ordet kor.Det spør i utgangspunktet etter stad,men det blir også brukt i spørsmål omgrad som i Kor gammal er du?. For eitsvensk øyre kan det høyrast rart ut, forsvensk skiljer på dette punktet mellomvar for stad (Var bor du?) og hur forgrad (Hur gammal är du?). Men i sin turbrukar dei hur der vi har adverbiellkorleis/hvordan, slik som t.d. i Hur mårdu?.

«Totalrekneskapen» i norsk og svenskfor dette vesle utsnittet avgrammatikken blir såleis det same – toord for tre funksjonar i begge språk,men med ulik oppdeling. Ogsamanhengen orda opptrer i, gjer dentilsikta tydinga eintydig nok.

Det same er tilfellet når korleis/hvordanblir brukt saman med substantiv:Samanhengen gjer at tydinga framgårklart. Det er såleis ingen grunn til å slåned på denne bruken verken når den blirbrukt til å spørja etter TYPE eller etterEKSEMPLAR. For dei som sjølve ikkjebrukar korleis/hvordan på denne måtenblir utfordringa snarare å akseptera atandre har eit litt anna grammatisksystem enn ein sjølv, og slik trening i

språkleg toleranse kan vera nyttig fornokon kvar.

Litteratur:

Johannessen, Janne B. og Øystein A.Vangsnes. 2011: Nye nordiskeisoglossar: Dialektforsking ved bruk avNordic Syntactic Judgments Database(NSJD). Svenska Landsmål och svensktfolkliv, 2011: 69–78.

Vangsnes, Øystein A. 2008a:Decomposing manner how in colloquialScandinavian. Studia Linguistica 62:1,119–141.

Vangsnes, Øystein A. 2008b: Omkringadnominalt åssen/hvordan i Oslo-målet.I J. Johannessen og K. Hagen (red.):Språk i Oslo. Ny forskning omkringtalespråk. Novus forlag, Oslo, 50–62.

Vangsnes, Øystein A. og Janne B.Johannessen. 2011: Reconciling corpusand questionnaire data inmicrocomparative syntax: A case studyfrom Scandinavian. F. Gregersen et al.(red.) Language Variation - EuropeanPerspectives III. John Benjamins,Amsterdam, 135–148.

Nettstader:Heimesida for prosjektet Nordiskdialektsyntaks – http://uit.no/scandiasyn

Heimesida for Nordisk dialektkorpus ogNordisk syntaksdatabase –http://www.tekstlab.uio.no/nota/scandiasyn/