Jakob og Neikob. Naboen

15

description

Fjerde boka om Jakob og Neikob! Bildebok av Kari Stai.

Transcript of Jakob og Neikob. Naboen

Page 1: Jakob og Neikob. Naboen
Page 2: Jakob og Neikob. Naboen
Page 3: Jakob og Neikob. Naboen

Kari Stai

SamlagetOslo 2016

Page 4: Jakob og Neikob. Naboen

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag på ein bakketopp. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.

Page 5: Jakob og Neikob. Naboen
Page 6: Jakob og Neikob. Naboen

– I dag håpar eg det skjer noko spennande, seier Jakob.– NEI, seier Neikob.

Plutseleg ser dei at dei har fått ein nabo.– Så spennande, seier Jakob.– NEI, seier Neikob.

Page 7: Jakob og Neikob. Naboen

Neikob set opp eit gjerde.– Da kan ikkje naboen kome på besøk, seier Jakob.– NEI, svarer Neikob. – Nettopp.

Page 8: Jakob og Neikob. Naboen
Page 9: Jakob og Neikob. Naboen

Jakob set opp ei bru.– Da kan jo naboen kome på besøk, seier Neikob.– JA, svarer Jakob. – Nettopp.

Page 10: Jakob og Neikob. Naboen

– Har du ikkje høyrt om nabobråk og nabokrangel? spør Neikob.– Har du ikkje høyrt om nabolag og naboskap? svarer Jakob.– NEI, svarer Neikob.

Page 11: Jakob og Neikob. Naboen
Page 12: Jakob og Neikob. Naboen

Telefonen ringer. Det er naboen som inviterer på fiskebollar.– NEI, svarer Neikob. – Vi likar ikkje fisk i bollane.

Page 13: Jakob og Neikob. Naboen

Seinare bankar det på døra.– Å NEI, seier Neikob. – Naboen no igjen?– JA, svarer Jakob.– Du veit vel at ein ikkje snakkar med framande, Jakob? seier Neikob.– JA, svarer Jakob.

Dei opnar ikkje.

Page 14: Jakob og Neikob. Naboen

Neikob tek fram kikkerten.– Skal du spionere? spør Jakob.– NEI, svarer Neikob. – Eg skal kontrollere.

I same augeblinken trekker naboen for gardina.– Sjå! Naboen har noko å skjule! seier Neikob.– JA? seier Jakob.

Page 15: Jakob og Neikob. Naboen

– Da er han anten tjuv eller monster! seier Neikob.– Hjelp! seier Jakob. – Tenk om han kjem på døra att.