Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA...

66
Idéhefte mot mobbing for elevrådet Barnetrinnet. Senter for atferdsforskning 2004

Transcript of Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA...

Page 1: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Idéhefte mot mobbing for elevrådetBarnetrinnet. Senter for atferdsforskning 2004

Page 2: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

2

Forord Kjære elevar,

45000 elevar i Noreg gruer seg til å gå på skolen fordi dei blir plaga / mobbaanten på skolen eller på skolevegen. Eksempel på mobbing kan vere erting,utestenging eller fysisk vald. Ein eller fleire elevar utfører denne mobbinga fleire gonger, og mange elevar ser på utan å gjere noko.

Diktaren Arnulf Øverland har skrive:Du må ikke tåle så inderlig velden urett som ikke rammer deg selv!

Vi må aldri akseptere at nokon blir utsett for mobbing / plaging. Dersom DU seier"nei" til mobbing, vil truleg også andre gjere det. UNNGÅ å bli ein passiv tilskodartil mobbing.

Å stoppe mobbing er først og fremst eit ansvar for dei vaksne. Det er derfor viktigat du melder frå til ein vaksen på skolen dersom du veit at nokon blir mobba.Å melde frå om mobbing eller plaging er ikkje å sladre.

Alle skolar har etter Opplæringsloven plikt til å arbeide for å betre skolemiljøet forelevane. Elevane skal vere med på dette arbeidet.

§ 9a i Opplæringsloven gir alle elevane ein individuell rett til ikkje å bli utsett formobbing. Lovparagrafen gjer det klart at dei vaksne har plikt til å gripe inn motmobbing.

Forsking viser at mobbinga har auka. Skolar som arbeider etter ein plan motmobbing, har mindre mobbing enn skolar som ikkje arbeider like systematisk.Det er derfor all grunn til at DE på dykkar skole går i gang med dette arbeidet– eller held fram med det gode arbeidet som kanskje allereie er sett i gang.

Zero er eit program mot mobbing som Senter for atferdsforsking har utarbeidd.For å lykkast i arbeidet mot mobbing er det viktig at alle som har noko med skolen å gjere, samarbeider om denne jobben. Derfor er programmet laga slik attilsette i skolen, elevar og foreldre kan samarbeide.

Vi har laga "idéhefte for elevrådet" til bruk for elevrådet på skolane. Vi håper heftet vil vere til god hjelp i arbeidet i den enkelte klasse og oppfordrar den tillits-valde til å samarbeide med klasselæraren sin om korleis arbeidet mot mobbingkan gå føre seg i klassen.

Erling Rolandsenterleiar

Page 3: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

4 3

Page 4: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

4

Innhald

6 Korleis bruke heftet?

7 Til tillitseleven

9 Mobbing

15 Handlingsplan mot mobbing for elevrådet

26 Årshjulet

43 Klassemiljø

55 Korleis Internett kan brukast i arbeidet mot mobbing

58 Register

Page 5: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Korleis bruke heftet?1 HEFTET ER EIN IDÉBANK!Heftet er ei samling av aktivitetar som kan brukast i arbeidet mot mobbing.Elevrådet og dei enkelte tillitsvalde kan her finne forslag og idear som passar fordeira situasjon. Heftet finst også elektonisk på følgjande nettsider:http://lom.ls.no, http://www.statped.no, www.his.no/saf ogwww.spespedtorget.no. De kan også lage ein eigen perm –elevperm mot mobbingfor elevrådet. Set inn eigne forslag, og la permen vekse.

2 DE ER VIKTIGE I ARBEIDET MOT MOBBING!Bruk heftet til å finne ut kvifor. Bruk heftet til å finne ut kva de kan gjere.Bruk heftet til å finne ut korleis de kan gjere noko på skolen for medelevane dykkar.

3 ALLE PÅ SKOLEN MÅ SAMARBEIDE I ARBEIDET MOT MOBBINGBruk heftet til å finne ut kven de kan samarbeide med, og korleis. La forslagetsetje eigen fantasi og kunnskap i sving. Er det andre i nærmiljøet som de kan dra med som samarbeidspartnarar? Kvifor er det viktig med samarbeid når vi skalførebyggje mobbing?

4 ARBEID MOT MOBBING MÅ GÅ FØRE SEG GJENNOM HEILE ÅRETSkal vi førebyggje mobbing, må vi arbeide med skolemiljø, klassemiljø og mobbinggjennom heile året. Ein dag er ikkje nok. Ei veke er ikkje nok. Kva kan elevrådetgjere for å få medelevane til å forstå dette? Korleis kan elevane på ein skole vereaktive året rundt for å gjere skolemiljøet eller klassemiljøet betre?

5

Page 6: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

6

Til tillitselevenDITT LEIARANSVARLeiarar har mykje å seie for miljøet i klassen, både når klassen er ny, og når allekjenner kvarandre frå før. Du er blitt valt som tillitselev i din klasse. Kanskjemerkar du at elevane i klassen har tillit til deg?

EIT GODT MILJØFor at det skal bli mindre mobbing og færre konfliktar på skolen, er det viktig atalle elevane trivst. Arbeidet med å skape eit godt miljø i klassen må begynne så tidleg som muleg. Byrjinga av skoleåret er svært viktig. Dersom det blir lagt eitgodt grunnlag heilt frå starten av, vil miljøet i klassen sannsynlegvis halde seggodt i lang tid framover.

TA INITIATIV!Du som er tillitsvald, har eit spesielt ansvar for miljøet i klassen. Det er viktig at dutek denne oppgåva på alvor. Ta initiativ i klassen din for å vere med på å skape eitgodt miljø! Ikkje vent! Noko av det viktigaste du kan gjere, er å vise alle at du tek avstand frå mobbing. Sei klart frå kva du meiner om mobbing. Du kan ogsåhjelpe til slik at elevane i klassen din samarbeider godt med klassestyraren. Deter heilt nødvendig for god trivsel i klassen. Avtal gjerne regelmessige konferanse-timar mellom tillitselev og klassestyrar. Andre forslag til korleis du og klassen din kan arbeide med klassemiljøet, finn du i "Idéhefte mot mobbing for elevrådet".

NÅR MOBBING OPPSTÅRDersom det oppstår mobbing i klassen din, er det mykje som kan gjerast for åstoppe den. Alle har ansvar når det gjeld mobbing. Tilskodaren har mykje makt.Når du eller andre ser at mobbing går føre seg, er de tilskodarar. Kva de gjer nårnokon blir mobba, har mykje å seie for om mobbinga vil halde fram eller stoppe.Viss ingen bryr seg, viss ingen seier noko, kan mobbinga gå vidare. Viss vi seier frå, viss vi viser at vi bryr oss, kan den som blir plaga, oppleve støtte og varme.Mobbaren vil sjå at det han eller ho gjer, er gale, og at det er ingen som liker denoppførselen.

DI ROLLE SOM TILSKODAR OG TILLITSELEVDu er spesielt viktig i arbeidet mot mobbing. Du har eit leiaransvar. Som leiar iklassen kan du styre tonen. Det at du seier NEI til mobbing, kan føre til at andreogså gjer det. I tillegg kan det vere ditt ansvar å snakke med lærararen når du veitat det er nokon som mobbar andre eller blir plaga. Du kan også hjelpe til medå ta deg av den som blir plaga. Vis interesse for han eller henne!

KVEN KAN HJELPE DEG?Arbeidet mot mobbing er eit lagspel. Vi må alle vere merksame på vår eiga rolle og kva vi kan gjere. Derfor er det også viktig at vi samarbeider med andre!Det vil vere naturleg for deg å ta mobbing opp med:

• klassestyraren eller andre lærarar• elevane i klassen din• foreldrekontaktane i klassen din• elevrådet• rektor, inspektør, sosiallærar, helsesyster/helsebror

Det er mange som kan hjelpe! Det er mange som vil hjelpe!

Ta kopi av denne sida til alle tillitselevane.

Til tillitseleven:Dette er teke frå "Idéhefte mot mobbing for elevrådet". Heftet er der for alletillitsvalde! Du kan bruke det når du vil, og på den måten du vil. Vi trur atheftet kan gi deg mange gode idear til det å vere tillitselev. Hugs også at deter eit eige avsnitt i heftet som går på klassemiljø! Slå opp, les og kopier detdu treng.

Page 7: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

7

Page 8: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

8

MobbingSANDRASkyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtti graset med blomar i håret. Ho spring hand i hand med ein venn. Dei ler …

«Sandra! Sandra, du må vakne!» Mor ristar i henne.Å nei! det var berre ein draum.«Skolen begynner om ein halvtime. Du må opp, Sandra!» Mor går mot døropninga. Det luktar frukost.

Uff! Skolen. Nei, Sandra orkar berre ikkje å gå på skolen! Hohar ingen venner der. Alle er stygge med henne. Dei ertarhenne alltid.

Plutseleg kjenner Sandra at ho har skrekkeleg vondt i magen.

«Eg trur ikkje eg kan gå på skolen i dag. Eg er sjuk,» mumlarho lågt.

«Sjuk i dag også?» Mor er forskrekka. «Eg synest du har voremykje sjuk i det siste.»

Ta kopi av desse sidene. Heft dei saman til eit informasjonshefte som kan delast ut til alle elevane.

Page 9: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

9

Korleis skjer mobbing?«SVARER DU FREKT, ELLER?»

Dei fleste som plagar, meiner også at mobbing er gale. Derfor er det vanleg at vifinn på ei unnskyldning når vi mobbar andre. Mobbarane kan for eksempel blieinige om at mobbeofferet må «setjast på plass» fordi han er litt høg på pæra.Ofte er det slik at sjølve mobbinga får den som blir mobba, til å bli veldig sint.Da kan det hende at eleven som blir mobba, slår eller sparkar eller bruker styggekallenamn på dei som plagar.

«Var det ikkje det vi sa? Han er jo galen!» sa Roger og gjordesitt beste til å halde Anders på avstand. Anders var rasande.Han var så redd at han blei sintare enn sintast. Då klarte hanikkje å styre seg lenger, men slo vilt.

«Du må ta deg saman, gut,» skaut Morten inn.

Dette eksemplet viser også korleis mobbarane legg skylda på den som blir mobba.Dei seier at det er Anders som gjer noko gale, ikkje Roger og Morten. Slik kanRoger og Morten lette sitt eige samvit, og dei synest sjølv dei får ein god grunn til å halde fram.

Page 10: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

"Det var ikkje berre meg,lærar!"Når vi er fleire saman om å gjere noko, er det lettare å skyve skylda over på andre.Vi trur at vi slepp å vere ansvarlege for det vi sjølv har gjort, fordi "det var ikkjeberre eg" som gjorde noko gale.

"Lærar!" sa Lise då klassen hadde komme til ro etter friminuttet."Eg såg at Svein, Pål og Jon plaga ein førsteklassing i friminuttet.""Er dette sant?" spurde læraren dei tre gutane."Eg var ikkje borti han," svarte Pål. "Det var Svein som herjamest med han.""Eg? Nei veit du kva,", utbraut Svein. "Det er vel ikkje mi skyldat han er så puslete og ikkje toler noko. Og så var det vel ikkje berre eg som var borti han heller!""Ikkje sjå på meg," sa Jon. "Eg stod der berre, eg. Hald megutanfor."

Vi kallar det mobbing når éin eller fleire personar gjer noko mot ein annan somopplever det som vondt. Sandra, i den første forteljinga, har blitt plaga så mykjepå skulen at ho ikkje orkar tanken på å gå dit lenger. Ho klagar over vondt i magentil mora si. Morten og Roger har erta Anders slik at han blir rasande. Det er tydelegat dette heller ikkje er første gongen. Morten og Roger veit kva som vil skje vissdei ertar Anders. Kan det vere riktig at barn som Sandra og Anders og guten i1. klasse skal ha det vondt på skolen? Kan vi ikkje gjere noko?

10

Page 11: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

11

TilskodaraneTilskodarane er dei som ser at nokon blir mobba. Dei er viktige personar fordi dei kan vere med på å bestemme om mobbinga skal halde fram, eller om den skalslutte.

Tenk litt på Jon i eksemplet ovanfor. Han sa: «Eg stod der berre, eg. Hald megutanfor.» Korleis kan det ha verka på Pål og Svein at Jon ikkje sa noko? Trur du Pål og Svein trudde at Jon ikkje likte at dei plaga førsteklassingen?

Det skal litt mot til å vere den som prøver å stoppe mobbing. Kva kunne blittannleis viss Jon hadde teke mot til seg og sagt: «Hald opp med det der! La någuten få vere i fred!».

Lise såg at desse tre gutane heldt på å plage ein førsteklassing. Ho var også eintilskodar. Ho valde å vente til friminuttet var over med å fortelje om mobbinga til læraren. Kva kunne ho elles ha gjort? Kva synest du om måten Lise løyste dette på?

Det er ofte vanskeleg for læraren å sjå at det er nokon i klassen som blir mobba.Derfor er det bra viss nokon kan seie frå til læraren eller prøver å hjelpe den somblir plaga. Det er også viktig at dei som plagar, forstår at dei andre synest det erdumt at nokon blir mobba.

TENK:

KVA VIL EG GJERE NESTE GONG EG FÅR VITE AT NOKON BLIRMOBBA?

Page 12: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

12

Fakta om mobbing:• Ca. 45 000 elevar i grunnskolen blir utsette for mobbing ein gong i veka eller oftare• Ca. 20 000 elevar i grunnskolen plagar andre elevar kvar veke eller oftare• Litt fleire gutar enn jenter seier at dei blir mobba• Fleire gutar enn jenter seier at dei mobbar andre• Færre jenter og gutar seier at dei blir mobba når dei blir eldre• Fleire gutar seier dei mobbar andre når dei blir eldre.• Erting er den forma for mobbing som både jenter og gutar opplever mest• Utanom erting brukar gutar mest å sparke, slå eller dytte• Utanom erting brukar jenter mest å halde andre utanfor• Gutar plagar både gutar og jenter• Jenter ser ut til å plage mest jenter• På nokre skolar er det lite mobbing, på andre skolar er det meir• Blant elevar som brukar mobiltelefon, svarer 15 % (15 av 100) at dei har opplevd

mobbing over mobiltelefon "av og til" eller oftare i det aktuelle skoleåret.• Det er ikkje forskjell mellom gutar og jenter.• Det er fleire elevar som brukar mobiltelefon på ungdomsskolen enn på barneskolen.

Derfor er det fleire elevar på ungdomsskolen enn på barneskolen som blir mobbaover mobiltelefon.

Page 13: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

13

Page 14: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

14

Handlingsplan motmobbing for elevrådet

OFFERETHan heiter eigentleg Kurt, men alle kallar han Krut fordi han erså hissig. Krut har kort lunte. Du treng berre å vifte litt medfyrstikka, så eksploderer han. Og det er mange som viftar medfyrstikka – det er show å få «kruttønna» til å eksplodere …

Kurt har blitt mobba så lenge han kan hugse. Dei har erta han,slått han, sparka han – såra han. Nokre gjer det oftare og verreenn andre, men dei fleste har vore med.

Ein mot alle – alle mot ein.

Om nokre år gir han kanskje opp. Då orkar han ikkje meir.Då vil han tru at han fortener å bli plaga. Då vil han tru at deter hans skyld at han finn matpakka i søppelet kvar dag. Då vilhan tru at han har seg sjølv å takke for dei vonde orda han harfått. Mange vil ha vore med på å øydeleggje han. Også vi somberre såg på?

Ca. 45 000 barn og unge blir mobba i grunnskolen. Kurt er éin av mange tusen barn som har det vondt i Noreg.

Ikkje la det halde fram slik. Ta opp kampen på Kurts side!

DETTE ER EI OPPFORDRING TIL ALLE ELEVRÅD I LANDET!

MED DETTE HEFTET VIL VI GI DYKK IDEAR TIL KVA DE KANGJERE FOR Å HJELPE ELEVAR SOM KURT OG ALLE DEI ANDRE

VI MÅ ALLE VISE AT VI BRYR OSS

MOBBING VEDKJEM ALLE

Page 15: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

15

Handlingsplan for elevrådetTENK:

KVA KUNNE ELEVRÅDET HA GJORT FOR Å HJELPE KURT?

KVA ROLLE SPELAR EIGENTLEG ELEVRÅDET I KAMPEN MOTMOBBING?

Desse spørsmåla må de tenkje gjennom sjølv og finne framtil ei løysing på for dykkar skole. Tanken vår er at elevrådeter viktig på fleire måtar:

• de kan informere elevane om mobbing på skolen• de kan vere kontaktledd mellom elevar og lærarar• de kan arbeide aktivt for å gjere skolen til ein betre

stad å vere for alle

EIN GOD START = EIN HANDLINGSPLAN

«Ein god start er halve løpet,» seier vi. Viss elevrådet får ein god start i arbeidetmot mobbing, kan det vere med på å hjelpe ein elev som Kurt. Korleis få ein godstart?Lag ein handlingsplan for elevrådet!

Ein handlingsplan inneheld ein årsplan over arbeidet mot mobbing. De kan fåhjelp til dette under Årshjulet og Klassemiljø. Bli einige om kva de vil gjere for å hindre mobbing på dykkar skole! I tillegg bør de tenkje gjennom kva de somelevråd vil gjere viss de får vite at nokon blir mobba. Då er de klare – i tilfelle.

Desse to delane til saman - altså både ein aktivitetsplan mot mobbing (årshjulet)og ein plan for kva elevrådet skal gjere viss det veit at mobbing går føre seg, blirkalla ein handlingsplan.

På dei neste sidene kan de lese meir om forslag til korleis de kan arbeide medein slik plan, og litt om kva som kan stå i den planen.

Page 16: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

LAG EIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBINGHandlingsplanen inneheld både dei aktivitetane som elevrådet har tenkt åarbeide med i løpet av året med tanke på å hindre mobbing (bruk forslag som står i dette heftet, sjå for eksempel under «Årshjulet»), og ein plan for rolla til elevrådet viss det får vite at det er mobbing.

ROLLA TIL ELEVRÅDET I KAMPEN MOT MOBBINGBli einige – både i elevrådet og med lærarane – om kva de som elevråd kan gjereog bør gjere. Sjå på forslag til spørsmål som kan bli diskutert.

KLASSENS TIMEKorleis kan de bruke klassens time til å snakke om mobbing? Her får de fleireforslag, med rollespel og ein transparent som kan brukast i klassen. Transparentenblir forklart slik at tillitseleven i klassen kan bruke den. Likevel er det lurt å ta kon-takt med læraren din! Det kan vere lettare å gjere dette saman med henne ellerhan. Forslag til rollespel finn du nedanfor.

FØLGJE TIL OG FRÅ SKOLENMobbing skjer ofte på veg til og frå skolen. Er det ein tanke å organisere «Vi går saman til skolen» for elevane ved skolen slik at ingen treng å gå aleine?Dette kan vere ein god idé for elevar som bur i sterkt trafikkerte område også!

ROLLESPELBruk forslaga til rollespel med oppgåver som de finn her, eller lag eit eige rollespel.

16

Page 17: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

17

Handlingsplan for elevrådet mot mobbing i skolen

De vil finne mange forslag til aktivitetar i dette heftet som kan hjelpedykk i arbeidet.

1 Bli kjent med heftet!Ta dykk tid til å sjå på forslaga i heftet. Les informasjonen ommobbing som står fremst i heftet.

2 Kva vil elevrådet jobbe med i år?De kan først kome med ALLE MULEGE forslag. Men så er detnødvendig å kutte ut nokre. De klarer ikkje å gjere ALT på eittår! Finn fram til nokre få saker som de synest det er viktig ågjere noko med.

3 Set opp ein handlingsplan for året mot mobbingDe kan bruke teikninga av årshjulet i dette heftet (ta kopi!),eller de kan lage eit eige oppsett. Det er viktig å få det skrivepå papir slik at alle veit kva de i elevrådet blei einige om.Det vil også vere fint om dei andre elevane på skolen får vitekva som står i planen.

Page 18: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

18

Rolla til elevrådet ikampen mot mobbing

Diskuter:

1 Diskuter desse spørsmåla i elevrådet:– Kva bør elevrådet gjere når de veit at nokon blir mobba?– Kva er grunnane til at de meiner dette vil vere riktig for

elevrådet?

2 Sei frå til lærarane kva de tenkjer i denne saka.– Finn ut kva lærarane meiner: Synest de at dei bør gjere

noko?– I tilfelle ja, kva meiner de at dei bør gjere?– Kva er grunnane til det?– I tilfelle nei, kva er grunnane?

3 Bli einige med lærarar og rektor om korleis de kan hjelpe.

4 Lag ein plan for arbeid mot mobbing på skolen samanmed lærarar og rektor.

Page 19: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

19

Klassens timeKunnskap om mobbing er nødvendig. Her er eit eksempel på korleis tillitseleven,saman med ein eller fleire lærarar, kan hjelpe klassen til å forstå at alle elevaneer viktige i arbeidet mot mobbing.

ROLLESPELBruk rollespelet og oppgåvene som de finn her under «Handlingsplan for elevrådet», eller lag dykkar eige rollespel.

DISKUSJON I KLASSENBruk delen om mobbing som står framme i heftet. Den kan kopierast og heftastsaman til alle elevane.

Stopp opp etter at de har lese forteljinga om Lise på side 11.

DETTE KAN DU OG LÆRAREN DIN VISE FOR KLASSEN:

• Teikne fire fyrstikkmenneske på tavla.

• Sei: Her er Marit, Anne, Lise og Kari.

• Teikne talebobler frå to av figurane

• Fortel: Jentene plagar Kari. Dei snakkar stygt om henne.

• Les det som står i taleboblene.

• Hald handa di over teikninga av Anne slik at ho «forsvinn».

• Spør: Er det som Marit seier om Kari mindre stygt fordi Anne også seier noko stygt?(Blei det noka forandring på det som Marit seier? Blir det som Marit seier mindre sårande fordi om Anne også seier noko stygt? )

• Fortel: Når læraren spør Marit om ho har vore stygg med Kari, svarer ho:«Det var ikkje berre meg, lærar.»

• Spør: Kva ville du ha svart henne viss du var læraren?

NÅR DE ER KLARE, KAN DE LESE VIDARE OM "TILSKODARANE" PÅ SIDE 12.

Anne

Kari

Marit

Lise

Skjønner ikkje atnokon orkar å veresaman med deg! Du er så teit!

Page 20: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

20

BRUK TRANSPARENTEN

Du finn ein kopieringsoriginal på side 27. Som du vil sjå, tek spørsmåla utgangs-punkt i delen om mobbing. Dermed kan dei brukast når de arbeider med dendelen, eller for seg sjølv.

Klassen kan for eksempel diskutere spørsmåla i grupper. Kvar gruppe legg så framsine forslag til tiltak, og klassen kan bli einig om å prøve å følgje nokre av forslaga.

BLI EINIGE OM NÅR DE VIL TA OPP MOBBING I EIN KLASSENS TIME IGJENSei at då vil de snakke om korleis det har gått med å følgje forslaga frå klassen.

Page 21: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

21

RollespelRollespel gir oss ofte gode bilete på ting som skjer i det verkelege livet. På denneste sida finn de eit lite rollespel om mobbing. «Fotballen» heiter det. Det ergreitt å bruke i klassen. Alt som trengst, er fire elevar som vil vere skodespelarar.

Dette rollespelet stoppar midt inne i handlinga. Elevane skal sjølv kome fram tilkva som vil skje vidare. Målet er at elevane skal sjå korleis dei som tilskodarar kan bryte inn i ein mobbesituasjon.

Kanskje tillitseleven kan bruke eit slikt opplegg i klassenstime?

Dramagruppa kan sjølvsagt forandre på språket slik at det blir naturleg for dykk.

Å skrive det om til eigen dialekt er det beste.

Pass på at det ikkje blir eit slags show ut av rollespelet.

Ta utgangspunkt i spørsmåla på side 23 når klassen skal diskutere.

Page 22: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

22

FotballenVi treng desse personane: Arild, som blir mobba

KennethAnitaRune, som mobbar

Arild er aleine. Han triksar med den nye fotballen sin. Kenneth, Anita og Runestår og ser på Arild og kviskrar saman. Arild missar, og Kenneth går bort til han.

Kenneth: Kor mange klarte du no? 3? Ja, ja! Det er jo ikkje så rart,med den teknikken! (Dei tre ler)

Kenneth: (Høyrest bestemt ut) Gi meg ballen din, så skal eg vise deg.

Arild: Ver forsiktig, då! (Gir ballen motvillig frå seg) Den er heilt ny …

Kenneth: Ja, da … (Går bort til dei andre to med ballen under armen)

Anita: Nå har vi ball! Kom, så stikk vi bort på banen!Dei tre spring vekk med ballen, og Arild står rådlaus igjen. Mot slutten av friminut-tet kjem dei tilbake – utan ballen. Dei overser Arild fullstendig. Arild går bort til dei.

Arild: Kvar er ballen?

Rune: Ballen? Kva for ein ball? (Snur seg bort frå Arild)

Anita: : Eg har ikkje sett nokon ball! Veit du kva han meiner, Kenneth?

Kenneth: Inga aning! (Dei flirer til kvarandre)

Arild: (Usikker) De hadde den jo i byrjinga av friminuttet!

Kenneth:Seier du at vi har stole ballen din, eller? Hæ?(Snur seg mot Arild. Går trugande mot han)

Arild: Nei …, men … (Dreg seg litt unna)

Anita: Men, kva? Korleis vågar du å seie noko sånt, din frekking!(Dei tre står rett framfor Arild. Ser sinte ut)

Arild: Hald opp! Få tilbake ballen! (Freistar å dytte Anita bort)

Rune: Begynner du å bli hissig no?

Anita: Eg trur han treng ei avkjøling!

Rune: Ja! Vi hiv han i sølepytten!

Arild snur seg, klar til å springe.

Kenneth: Hald han! Han stikk av!

Rune tek tak i Arild, og saman dreg dei han bort til sølepytten. Dei ser seg om –ingen lærar i sikte! Arild blir tvinga ned mot vatnet. Han er livredd.

Arild: Nei! Ver så snill …

FRYS BILETET!Kva skjer no?

Page 23: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

OppgåverDe kan sjølv velje korleis de vil arbeide med rollespelet. Her er nokre tankar omkorleis det kan gjerast:

• Elevane set seg i grupper og diskuterer spørsmåla på neste side.

• Elevane tek utgangspunkt i dei to første spørsmåla og lagar sitt eigeframhald på rollespelet. Når det så skal spelast, er alle elevane med.Dramagruppa spelar mobbarar og mobbeoffer, mens resten av klassen spelartilskodarar. De vel sjølv om tilskodarane skal gripe inn eller halde seg utanfor.Kva trur de er best?

23

Page 24: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

24

Spørsmål til diskusjon:KORLEIS GÅR DET TIL SLUTT?

1 Dersom du var tilskodar til ein slik situasjon, kva ville du ha gjort?

2 Kva ville ha skjedd dersom du gjorde som du sa i spørsmål 1?

OM Å VERE TILSKODAR

Dei fleste av oss har nok opplevd å vere tilskodarar til mobbing. Her er nokreoppgåver som de kan bruke for å tenkje over kva tilskodarar betyr for mobbarenog for offeret:

3 Har de som ser at nokon blir plaga, eit ansvar for å få slutt på det, eller ermobbing ei sak mellom mobbaren og offeret?

4 Dersom du vel å ikkje «blande deg inn», korleis …

a) … trur du mobbaren oppfattar deg?

b) … trur du offeret oppfattar deg?

Trur dei at du er for eller mot mobbinga?

5 Dersom det går føre seg mobbing i klassen din eller på skolen, kva trur du dei andre tilskodarane tenkjer om plaginga? Synest dei det er gale?

6 Er det di oppgåve å finne ut om dei andre elevane har det bra på skolen?

7 Kva kan gjerast for å hindre mobbing i friminutta?

Page 25: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

25

(Transparent kopieringsoriginal) MobbingKva kan vi gjereviss vi veit at nokonplagar andre eller blir plaga?

Kva kan vi gjereviss vi ser at nokon blir plaga?

Page 26: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

26

Page 27: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

27

ÅrshjuletNedanfor ser du eit eksempel på eit årshjul som eit elevråd har laga: Årshjulet er eit godt hjelpemiddel i planlegginga av aktivitetar. På neste side

er det teikna eit årshjul som de kan ta kopi av og bruke. Det kan hjelpe dykk til å halde arbeidet i gang og til å sjå kva som skal gjerast i løpet av eit skoleår.Dessutan kan årshjulet kopierast og hengjast opp i alle klasserom. Då vil alleelevane vite kva som er på programmet, og kva dei kan vere med på.

TA BILETEBLI KJENT!

SOMMAR-AVSLUTNING!

Page 28: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

28

Ta kopi av dette årshjuletBruk kopien til å skrive ned kva de vil gjere i år. Skriv gjerne noko om korleis detgjekk med dei aktivitetane de hadde ansvaret for eller sette i gang. Neste år kande ta ein ny kopi. Når alle årshjula blir lagt i mappa etter kvart, blir det ei litahistoriebok!

HUGS Å TØMMEPOSTKASSEN!

Page 29: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

29

Forslag til innhaldpå eit årshjul

Nokre av forslaga som de finn her, kan gjerne bli brukte år etter år. Andre vil dekanskje bare bruke eitt år. På dei neste sidene vil vi forklare litt meir om dei flesteav forslaga nedanfor. Vi håper at forslaga kan gi dykk idear, og at eigen fantasi blir sett i sving!

BLI KJENT I ELEVRÅDETTre forslag finn du på eige ark.

TRYGG SKOLEGARDKAMPANJEMange elevar gruer seg til friminutta. Kva kan vi gjere med det?

POSTKASSEN TIL ELEVRÅDET Oppfordre alle til å seie meninga si! HUGS: Elevane må få vite at de vil tømmepostkassen regelmessig, og at de vil ta opp alle spørsmåla som kjem!

SKOLEAVIS MED MOBBING SOM TEMAKan elevrådet gi ut eiga avis? Eller har de ei skoleavis som elevrådet kan skrivei? Kanskje andre elevar vil komme med teikneseriar, dikt, forteljingar og fakta ommobbing. Det er ein del her i permen som også kan brukast!

STORSAMLING MED MOBBING SOM TEMA

ERKLÆR SKOLEN FOR «EI MOBBEFRI SONE»

KONKURRANSAR: SKRIVE-, KUNST- OG FOTBALLKONKURRANSAR, KLASSEMOT KLASSE

LAG EIN VIDEOFILM OM MOBBING

LAG EIN MUSIKAL OM MOBBING

KAFÉ

TEMADAG OM MOBBING ELLER PROSJEKTVEKE OM MOBBINGElevrådet kan også engasjere seg i eit slikt arbeid. Kom med forslag til innhald!Bruk gjerne forslag som er gitt her.

Page 30: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Bli kjent i elevrådet!Dette kan passe godt første gongen elevrådet er samla: To og to går saman.Den eine intervjuar den andre om for eksempel:

– interesser/hobbyar– kvifor ville du bli med i elevrådet?– kva vil du helst bli hugsa for når året er omme?– kva vil du føreslå at elevrådet kan arbeide med?

Deretter fortel intervjuaren alle dei andre om den personen han eller ho harintervjua.

ELEVRÅDSKVELDSet av ein kveld heilt i oppstarten til å bli betre kjende med kvarandre. Gjer dettriveleg saman: noko godt å ete, spel, underhaldning, konkurransar – kanskje eit tema for kvelden? Det er mykje å velje mellom!

ELEVRÅDET PÅ UTSTILLINGVeit dei andre elevane på skolen kven som er i elevrådet? Det kan vere ein idé å ta bilete av elevrådet, eller kanskje å fotografere kvarandre? Bestem sjølv korleisbileta skal sjå ut, og korleis og kvar dei skal hengjast opp, slik at alle legg merke til dei. Skriv namn og klasse under bileta av dei forskjellige medlemmene.

30

Page 31: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

31

Trygg skolegardkampanjeMange elevar gruer seg til at skoleklokka ringjer ut.Kva kan vi gjere med det?

Vi veit at mykje av mobbinga skjer i friminutta. Vi veit også at mykje kan gjerastfor å få friminutt der alle liker seg betre. Kva kan elevrådet gjere?

Eit forslag er å starte ein «Friminutt-kampanje» som skal freiste å gi alle elevaneei betre fritid på skolen. Det kan vel ikkje vere riktig at nokre skal grue seg til atklokka ringjer ut?

NOKRE SPØRSMÅL Å ARBEIDE MED FOR Å KOMME I GANG MED EIN SLIKKAMPANJE:

Kva skal «Trygg skolegard»... eller kampanjen «Vi koser oss i friminutta» …heite? eller «Alle for éin, og éin for alle» …

eller … «Fritt fram for friminutt»?Finn på eit godt namn for dykkar eigen kampanje.

Kva skal vi gjere?

Vakthald? Bør vi samarbeide med lærarane om betre vaktordning i fri-friminutta? Fleire lærarar? Eller kan elevane gjere noko? Foreldra?

Aktivitetar? Kan vi organisere leikar? Kva slags? Kvar? Kva må til for at vi skalkunne ha leikar i friminutta? Kven kan hjelpe oss?

Ope bibliotek? Kan vi vere inne av og til? Kva må til for at vi skalkunne bruke biblioteket/mediateket? Korleis skal vi bruke det?

Felles matfriminutt? Kan vi sitje saman, elevar og lærarar, og etematen vår? Kvar? Korleis? Kva må til for at det skal vere muleg?

Kafé? Kan vi servere mat? (Sjå andre forslag under Årshjulet)

Fadderordning? Kan dei eldre elevane ha eit spesielt ansvar for dei yngre? Korleis? Kva kan dei eldre gjere for dei som er yngre?(Dersom de alt har ei slik ordning, korleis fungererden? Er alle like flinke? Korleis kan det bli enda betre?)

Meir? Kom med eigne idear!

Organisering? Når de har blitt einige om kva de vil gjere for at friminutta skal bli betre for alle, må de tenkje på korleis det kan bli gjort! Her er nokre spørsmål til som kan hjelpe dykk med organiseringa:

Korleis skal vi fordele ansvaret for dei forskjelligeaktivitetane?

Kven kan hjelpe oss?

Er det elevrådet som bør arbeide med alle planane aleine?

Kan vi snakke med rektor og lærarane?

Kva med foreldra? Og FAU?

Kva for oppgåver vil elevrådet ha?

Kan vi dele ut oppgåver på dei forskjellige trinna?

Kva må til for at kampanjen vår skal lykkast?

Korleis kan vi klare det?

Page 32: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

32

(Her er eit forslag til korleis de kan la dei andre elevanefå vite at de har eigen postkasse.)

Postkassen til elevrådet Elevrådet har eigen postkasse!

No kan du gi oss dine forslag til kvavi kan arbeide med. Vi reknar medat du har mange gode forslag.Du vil sikkert vere med og hjelpetil slik at skolen vår blir ein endahyggjelegare skole å gå på. Kva kandu hjelpe oss med? Gi beskjed tilein av oss i elevrådet eller send osseit brev i postkassen.Vi vil også høyre frå deg viss du harnoko du vil at vi skal ta opp i møtavåre. Kanskje du har eit problemsom du vil ha hjelp til? Vi vil gjerevårt beste og prøve å hjelpe deg.Postkassen vår finn du

____________________________________

Postkassen tømmer vi den første onsdageni kvar månad.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Page 33: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

33

StorsamlingForslag til innhald

Skodespel om mobbing.

Skyggespel om mobbing. Dette kan ha ein veldig fin effekt! Bruk musikk til.Be om hjelp frå ein lærar som er flink i musikk og/eller drama, eller ta kontaktmed ein eller fleire foreldre som kan hjelpe dykk.

Dikt. Eigne dikt, eller kanskje dei som har vunne i ein skolekonkurranse? Det er også andre dikt som kan passe.

Songar. Eigne songar, kanskje songar som har vunne i ein skolekonkurranse?Har de, eller kan de lage, eit eige band?

Premieutdeling i samband med skolekonkurranse.

Informasjon om mobbing. Få tak i nokon som kan besøkje skolen, eller bruk infor-masjonen som finst her. De kan for eksempel ta kontakt med skolekontoret ellerPPT i kommunen dykkar og spørje om nokon der kan hjelpe dykk.

Klassevis framføring. Kvar klasse, eller nokre klassar, kan ha ansvar for innslag somhar temaet mobbing.

Presentere resultat frå trivselsundersøking. Mange skolar arbeider med mobbingog trivsel på skolen. Rektor og lærarane gir elevane eitt ark eller fleire med spørs-mål om korleis elevane har det på skolen. Elevane svarer på desse spørsmåla, menskriv ikkje namnet sitt på arket (arka). Då er det ingen som veit akkurat korleis denenkelte eleven har det, men rektor og lærarane får vite noko om korleis det er åvere elev på den skolen. Det er veldig viktig for dei vaksne å få vite dette. Ofte veitikkje dei vaksne at det er mykje mobbing på skolen, eller at det er fleire som ikkjetrivst. Ei slik undersøking kan hjelpe i arbeidet med å gjere skolen til ein betre stadå vere for alle.

Page 34: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

34

Mobbefri soneLag plakatar, skilt, banner! Heng dei opp slik at dei blir godt synlege.La alle vite at her på skolen er det ingen som vil ha mobbing!

FORBODE!

I

Page 35: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

35

KonkurranseInviter skolen til ein konkurranse

Konkurransar er ein fin måte å vekkje interesse for eit tema på. Då blir ein nøyddtil å lære litt ekstra om noko, for eksempel om mobbing. Samtidig er det gøy ågjere noko viss det går an å vinne ein premie.

Føremålet med slike konkurransar er i dette tilfellet å få fram gode idear som kan brukast i arbeidet mot mobbing og for å betre skolemiljøet.

KVA SKAL KONKURRANSEN HANDLE OM?De kan bruke forslaga våre omkring mobbing, miljø og trivsel i denne permen,eller finne på eigne måtar å sjå på dette temaet.

KVEN SKAL SITJE I JURYEN?Det kan vere ein idé å dra både lærarar og foreldre inn i arbeidet med å kårevinnaren. Juryen kan for eksempel ha med to elevar frå elevrådet, to lærarar og ein foreldrerepresentant (FAU-representant).

I ein skrivekonkurranse kan det vere naturleg å ha med to norsklærarar, og kanskjeto formingslærarar i ein teikne- eller kunstkonkurranse.

KVA MED PREMIE?De bestemmer sjølv premien. For eksempel kan vinnarteksten i ein skrive-konkurranse bli trykt i skoleavisa eller det elevane lagar, bli hengt opp/stilt utpå skolen.Kanskje kan skolen eller foreldreutvalet vere interessert i å hjelpe til med pengar til premie? Eller er det nok med ære og gjetord?

KORLEIS KAN FORSLAGA BRUKAST ETTER KONKURRANSEN?Hovudsaka er at alle dei gode ideane og forslaga til korleis skolen kan arbeidefor å stoppe mobbinga, blir brukte! I tillegg kan vi få interesse rundt mobbe-temaet for eksempel ved å annonsere i lokalavisa for ei open utstilling der alleinteresserte kan komme og sjå på det som har blitt laga.

Inviter gjerne ein journalist til å komme og lage ein reportasje.

Page 36: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

SkrivekonkurranseTil alle forfattarspirer: Bli med og stopp mobbing

No kan også du bli forfattar! Elevrådet inviterer alle som har lyst til å skrive noko om mobbing, til å vere med på ein skrivekonkurranse.

Skriv teksten som forteljing, dikt, i brevform eller som song. Her kjemoppgåva:

1 Har du nokon gong sett mobbing, vore med på mobbing eller sjølv blittmobba? Fortel om korleis du opplevde det. Korleis trur du deiandre som var der, opplevde det?

2 Kva kan gjerast på din skole for å stoppe mobbing?

3 Kva kan dei som ser på, gjere for å stoppe mobbinga?

Vinnarane vil bli premierte med . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Med i juryen er: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Høyrest dette spennande ut? I så fall, ta pennen fatt! Tekstane må vereleverte til elevrådet innan . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

36

Page 37: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

KunstkonkurranseTil skolens Picassoer

Er du ein misforstått kunstnar? Eller er du ein kunstnar som ventar på å bli oppdaga?Då er dette noko for deg! Elevrådet inviterer til kunstkonkurranse der mobbing ertemaet. Oppgåva går rett og slett ut på å lage noko som handlar om mobbing.Du kan teikne eller måle noko. Vi treng for eksempel gode plakatar til åhengje rundt på skolen. Du kan også lage figurar i leire eller papp, kvasom helst. All kunst er god kunst!

Vinnarane vil bli premierte med . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Med i juryen er: : . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Finn fram noko å lage med, her er det berre fantasien som set grenser.

Resultata må vere leverte til elevrådet innan . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

37

Page 38: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

FotballturneringNo må du trene godfoten igjen!Den årlege fotballturneringa som elevrådet arrangerer, startar

MÅNDAG 5. mai kl. 9

Påmelding av klasselag til Ahmad innan måndag 28. april.Kampoppsett vil bli hengt opp på oppslagstavla til elevrådeti gangen utanfor kontoret.

NB: Nytt av året!I år deler vi ut ein spesiell premie. Det er ein fair play-premiesom går til den klassen som spelar mest fair.Tillitselevane i kvar klasse fortel meir om dette.

38

Page 39: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Klasse mot klasseKvar er klasseånda?

I samband med kampanjen mot mobbing inviterer elevrådet til ein konkurransemellom klassane. Oppgåva går ut på å komme med det beste forslaget til å betreklassemiljøet. Kvar klasse får berre komme med eitt forslag, så her gjeld det å leggje hovuda i bløyt og samarbeide. Fleire hovud tenkjer betre enn eitt!

Klassen med det beste forslaget vil bli premiert med

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Med i juryen er: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Få med heile klassen og set i gang!

Forslaga må vere leverte til elevrådet innan . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

39

Page 40: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Videofilm

Bli med og lag film om mobbing

Vi treng:

– gode idear om temaet og filmen

– nokre som vil vere skodespelarar

– kamerafolk (fint viss de har kamera)

– alt anna som skal til for å lage film

40

Page 41: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

41

KaféLei av varm mjølk,tørt brød og ost som sveittar?Kafé er svaret!

ER DET KAFÉ PÅ DIN SKOLE? IKKJE?Start ein, då vel! Det treng ikkje å vere så vanskeleg. Mange skolar har lykkastmed å ha kafé. Det er lurt at fleire elevar går saman om å drive kafeen slik atde kan fordele oppgåvene mellom dykk. Nokre må stå i kafeen, nokre må lagemat, nokre må ta seg av innkjøp, og nokre må halde styr på økonomien. (Når detgjeld økonomien, kan det vere greitt å få hjelp av ein lærar eller ein av foreldra.)

STRESS?Litt arbeid er det nok, men garantert også gøy. Kafeen treng heller ikkje å haope kvar dag. Ein gong i veka eller kanskje en gong i månaden går òg fint.

KVA MED VARER?Nokre av varene, som for eksempel mjølk og yoghurt, må de skaffe i butikken.Høyr med nærmaste butikk. Kanskje er dei interesserte i å samarbeide med kafeendykkar. De kan også lage noko sjølv, for eksempel bake, smøre horn og rundstykke,og kanskje ein gong imellom kan de lage ein varm rett! Kven kan vel motstådufta av nybakte bollar, rykande varm pizza o.l.? Bruk skolekjøkkenet!

ROM?Alt de eigentleg treng, er ei salsbu, så kan elevane ta med maten tilbake tilklasseromma og ete der.

Page 42: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

42

Temadag/prosjektom mobbingEin temadag er ein skoledag der alle elevane og læraranearbeider saman om eit tema, for eksempel mobbing.Eit prosjekt er meir langvarig. Det kan vere snakk om foreksempel ei prosjektveke.

FØREBUINGEin god temadag og eit godt prosjekt treng god førebuing. Både elevarog lærarar må ha tenkt gjennom det temaet som skal takast opp.Å lage ei skoleavis om mobbing kan vere éin måte å førebu seg på.Ei felles storsamling om mobbing kan vere ein annan.

AKTIVITETARHer i dette heftet er det mange forslag til aktivitetar som kan brukast på eintemadag eller ei prosjektveke om mobbing. De finn også fleire forteljingar ommobbing og oppgåver som kan brukast i gruppearbeid. Kanskje kan det å skriveeigne forteljingar vere ei oppgåve? Truleg vil lærarane planleggje slike dagar og veker på dykkar skole. Likevel er det muleg for elevrådet å ta del i planleggingog kanskje vere ansvarleg for noko av dagen eller veka.

FRAMHALDDet er ikkje umuleg å gjere noko med mobbing. Men vi må ikkje tru at ein dag om mobbing er nok. Vi må alle vere på vakt og gjere vårt til at det blir mindremobbing på skolen. Dei vaksne på skolen har eit stort ansvar når det gjeld å gjereskolen til ein god stad å vere. De kan hjelpe.

Page 43: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

43

Page 44: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

44

KlassemiljøDu oppheld deg nesten 1000 timar i året i klassen din. Har du tenkt over kor viktigdet er for deg at du trivst der? Er det viktig for deg at dei andre trivst i klassen?

TENK OVER:

KORLEIS ER DET I KLASSEN DIN?

KORLEIS ER KLASSEMILJØET VÅRT?

ER VI VENNER?

ER VI GREIE MED KVARANDRE?

ER DET MANGE KLIKKAR I KLASSEN? KVA KAN GRUNNANE VERE TIL DET?

KORLEIS SNAKKAR VI TIL KVARANDRE? TEK VI OMSYN?

KORLEIS SNAKKAR VI OM KVARANDRE?

KLASSEMILJØET VERKAR INN PÅ MANGE TING …… for eksempel på mobbing. I klassar med godt miljø er det ofte mindremobbing enn i klassar med dårleg miljø. Kva trur du kan vere grunnanetil det?

Page 45: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

45

Kva kan klassen gjere forå betre klassemiljøet?Du har heilt sikkert mange gode forslag! Spør du klassen din i ein klassens time,vil også dei andre elevane heilt sikkert ha mange gode forslag. De kan kommemed eigne idear, og velje eitt eller to av dei som de kan begynne med. Kanskje det er ein tur de vil på? Eller nokon kan arrangere eit selskap?

På denne sida finn du ei oversikt over nokre forslag. Forslaga kjem vi tilbake til pådei neste sidene. Der kan du få idear om korleis forslaga kan bli brukte eller presen-terte for dei andre i klassen. Håper du finn noko som passar for deg og klassen din!

DISKUSJON I KLASSEN OM KLASSEMILJØTa dette opp med lærararen din. Saman kan de velje ut nokre av spørsmåla viføreslår, eller finne fram til spørsmål som passar betre for dykk. Læraren din kanogså hjelpe med å setje saman grupper og leie diskusjonen. Snakk med lærarendin om korleis elevane i klassen din kan sitje slik at alle kan sjå kvarandre.

MILJØGRUPPE I KLASSENKva er det? Les arket som tek for seg miljøgruppe.

HEMMELEG VENNNår heile klassen skriv sine eigne namn på ein lapp og du trekkjer ein lapp mednamnet på ein av klassekameratane dine på, då har du ein hemmeleg venn!Denne vennen skal du vere ekstra snill mot i for eksempel éi veke. Det er opp tildeg og fantasien din å finne på måtar som du kan glede den hemmelege vennendin på.

PUSSE OPP I KLASSEROMMET

TEATER- OG KINOBESØK

SKRIVEKONKURRANSEEin skrivekonkurranse for klassen kan også vere ein del av ein skrivekonkurransefor heile skolen (sjå Årshjulet).Det går an å velje den beste frå klassen som så går vidare til ein skolefinale e.l.

POSTKASSE FOR KLASSENEin postkasse som for eksempel miljøgruppa kan tømme? Eller ein som tillitseleven og vararepresentanten kan ta seg av? (Sjå elles Årshjulet.)

ADVENTSKALENDERKjekt med gåver? Adventstida er ei fin tid til slikt!

PIKNIK I SKOLEGARDENTa med teppe å sitje på, god mat å dele med andre – og kos dykk!

På dei neste sidene kan du lese meir omnokre av desse forslaga.

Hugs: Klassen din har sikkert mange gode idear!

Page 46: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

46

Diskusjon i klassen om klassemiljøGi alle ein sjanse til å seie noko om dei spørsmåla de har valt ut! Alle må få seiedet dei har på hjarta, utan å bli avbrotne. Alle er like viktige! Det må likevel verelov å melde pass dersom ein ikkje har noko å seie.

Gruppeleiaren har ansvar for å «ta runden» slik at alle får vere med.

Diskuter i klassen eller i grupper: OM KLASSEMILJØ1 Kva er «eit godt klassemiljø»?2 Meiner vi at eit godt klassemiljø er viktig?3 Kvifor er det viktig?

OM KLASSEMILJØET VÅRT4 Korleis er det i klassen vår ?5 Kva må til for å betre miljøet i klassen vår?6 Er det noko som må forandrast på?

(for eksempel noko vi gjer som vi ikkje burde gjere?)7 Korleis ville det vere muleg for oss å forandre på det?

OM FORSLAG8 Er det nokre forslag til kva vi kan gjere for å få

eit betre miljø i klassen?

Page 47: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Miljøgruppe i klassenKVA ER EI MILJØGRUPPE?Ei miljøgruppe er ei gruppe personar som har fått eit spesielt ansvar for å setjesøkjelyset på klassemiljøet. Gruppa kan føreslå aktivitetar som kan vere med påå gjere klassemiljøet betre.

KVEN BØR VERE MED I MILJØGRUPPA I KLASSEN?Klassestyraren, den tillitsvalde, to-tre elevar og ein av klassekontaktane bør veremed.

Det bør vere både gutar og jenter i gruppa, men det bør ikkje vere dei som ermest saman i friminutta.

KOR OFTE BØR MEDLEMMENE I MILJØGRUPPA SKIFTE?Å få vere med i ei miljøgruppe er eit privilegium. Det er noko alle bør få sjansen tilå oppleve. Dermed vil det også vere muleg for alle å kunne arbeide med klasse-miljøet. Vi føreslår at dei vaksne er dei same heile året, men at elevar i klassen kanskiftast ut slik at alle får prøve seg. Det er ikkje nødvendig for alle å vere i miljø-gruppa kvart år. De kan byte for eksempel 3-4 gonger i året. Snakk med deiandre i klassen om dette. Kva synest dei?

Kvifor kan det vere godt å ha ei miljøgruppe i klassen?

Ei miljøgruppe kan møtast for eksempel ein gong kvar månad og ta oppsaker som desse:

• korleis har vi det i klassen?

• kva kan vi gjere for klassemiljøet?

• er det nokre saker vi bør ta opp (for eksempel frå ein elev som har lagt ein lapp ipostkassen)?

Bare det å ha ei miljøgruppe viser at de tek mobbing og klassemiljøalvorleg.

Diskuter:

• KVA MEINER DU OM MILJØGRUPPER?

• KVEN BØR VERE MED?

• KVA KAN MILJØGRUPPA ARBEIDE MED I DIN KLASSE?

• KORLEIS KAN DU KOMME I GANG MED EI MILJØGRUPPE?

47

Page 48: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

48

Hemmeleg venn… HYSJ!Ikkje sei det til nokon …

Eg har Thomas som hemmeleg venn …

HYSJ!I ei hel veke til endes …

Skal eg vere snill mot Thomas …

HYSJ!Han veit det ikkje …

Men det var eg som gav han rosinbollen i går …

… og passar på at han får ballen når vi spelar basketball …

… og skriv lapp om at eg liker

… at han er så snill

… at han ler så godt

… at han hjelper andre

HYSJ! Ikkje sei det til nokon!(Har du ein hemmeleg venn?)

Page 49: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

49

Høyrt i skolegarden:Elev nr. 1: «Klasserommet vårt liknar på utedoen på hytta;

det luktar vondt,papiret flyt,og fluene trivst betre enn folk!"

Elev nr. 2: «Ha! Synest du det er ille? Klasserommet vårtser ut som ein utedo ettereit bombeangrep! Til og medfluene flyktar!»

Elev nr. 3: «Fluer? Kva er det? Vi har aldri hatt fluerpå besøk hos oss.Trur ikkje dei tør …»

Gjer noko med det!Ta målarkostar fatt,trø i gang symaskinane,la grøne fingrar sleppe til,set elevar, lærarar og foreldre i sving!

Eit klasserom skal ein trivast i!

Page 50: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

TeaterbesøkKlassen vår skal i teater saman.

18. november kl. 19.00

skal vi møtast ved teateret for å sjå

Ronja Røvardotter

Vi håper alle blir med! Prisen er kr 50,- per person.

Fyll ut lappen nedanfor og gi den til Karl innan 5. november.

JA, eg blir med.

Namn: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Signaturen til foreldra. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

50

Page 51: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Skrivekløe?Her har du sjansen til å gjere noko med det.Bli med på skrivekonkurransen i klassen.

Vi vil kåre det besteklassedikteteller den besteklassesongen.

Du kan jobbe aleine eller saman med andre.

INNLEVERING: Vi må ha diktet eller songen innan 17. februar.

JURY: (Sosiallæraren, leiaren for FAU, norsklæraren, musikklæraren, elevrådsstyret)

PREMIE: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

51

Page 52: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

52

AdventskalenderAlle i klassen tek med seg ei gåve kvar til 1. desember. De bør bli einige om einpris som ikkje er for høg, for eksempel 10-20 kroner. Det er faktisk mykje å få tak i til den prisen framleis!

Gåvene heng de opp på oppslagstavla, som er fint pynta, eller på ein eigenadventskalender. Dei kan også leggjast i ein stor sekk. Då blir det kanskje meirspennande å trekkje ei gåve når det er din tur? Ja, for ein av dagane i desemberblir det din tur til å få ei gåve. Alle i klassen får kvar sin dag til å trekkje gåve.

Ein annan variant er å kombinere «Hemmeleg venn» med adventsgåver.Då trekkjer du ein hemmeleg venn som du skal ha heile desember. Kvar veke skaldu ta med deg ei gåve til den hemmelege vennen din, men det er heilt spesiellegåver du må finne på!Dei skal ikkje koste mykje – her er det fantasien din det kjem an på!

Her er eksempel på gåver de kan gi kvarandre:

fredag 6. desember: noko søtt (ein slikkepinne, ein sukkerbit …)

fredag 13. desember: noko langt (eit garnnøste, ein linjal, eit måleband, …)

fredag 20. desember: noko surt (sitron, sure drops, sure sokkar …)

Andre forslag: noko sleipt, noko glatt, noko mjukt, noko hardt, noko rundt …

Page 53: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

PiknikUmmmm … Dette skal bli godt!

Finn fram litt god mat å dele med andre(brød, bollar, pålegg, salat, ost, kake, heimebakst …)og ta det med,pluss noko å ete på (tallerken) og ete med (bestikk)pluss ei flaske brus eller saft

og bli med på årets storhendingi skolegarden:

PIKNIK for klasse .............................

fredag 11. september kl. 12-12.30(Vi ordnar med teppe å sitje på!)

Helsing fråmiljøgruppa

53

Page 54: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

54

Er alle gode venner?Det er ikkje alle klassar som har det så godt saman. Dessverre er det slik ati nokre klassar er det mange som kjenner seg utanfor. I nokre klassar er det deielevane som er mest negative som har mest å seie. Dei vil kanskje le av forslag om å betre klassemiljøet. Kva gjer ein då?

• Ta kontakt med klassestyraren, sosiallæraren rektor, ein foreldrerepresentanteller andre vaksne som har noko med klassen å gjere.Dei vil vere interesserte i å høyre på deg og kan vere til hjelp. Det erogså viktig å vere klar over at i klassar der det er nokre som kjennerseg utanfor, skal det meir til enn ein klassetur for å forandre pådet! Det kan også tenkjast at ein klassetur gjer saka endå verre.

• Tenk deg at du er den som er aleine i klassen. Så begynner klassenå planleggje telttur ei helg. Alle skal dele telt med nokon i klassen.Kven vil dele med deg? Kva slags helg får du?

Dersom ein klasse skal betre klassemiljøet, må den vereheilt sikker på at alle får vere med på lik linje med alle andre.

Alle er viktige!

Page 55: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

55

Page 56: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

56

Korleis Internettkan brukast i arbeidetmot mobbing

Internett kan vere ein nyttig reiskap. Her er nokre forslag til korleis Internett kanbrukast av dykk i arbeidet mot mobbing. Forslaga byggjer på at de kan få hjelpi dette arbeidet, eller at de kan såpass mykje om Internett at de klarer dykk sjølv.

Informasjonskjelda til elevrådet

De kan finne informasjon om mobbing på Internett. Her er nokre forslag tilnettstader de kan bruke:

Søkjeord: mobbinghttp://kvasir.nohttp://www.skole.nohttp://www.barneombudet.nohttp://ung.no

Kontaktkjelde for elevrådet

NOKON SOM ER OPPTATT AV DET SAME SOM OSS?Det kan ta litt tid å finne fram til dei, men det kan vere vel verdt det! De kankomme i kontakt med andre skolar i Noreg og i utlandet som er aktive i arbeidetmot mobbing. Kanskje har dei nokre gode idear som de kan gjere nytte av? Har dei kanskje løyst problem som de møter? Det er også fleire stader der elevarkan diskutere det dei er opptekne av. Start ein debatt!

Lenker

Ei lenke er ei vidarekopling til i anna heimeside. De vil sikkert finne framtil skolar eller andre som har ført opp lenker til andre heimesider som dei meinerer interessante. Kanskje er de heldige og finn fram til meir nyttig informasjon?Kanskje vil den nye lenka vere nokon som de kan ha nytte av å ta kontakt med.

Page 57: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

57

Heimesida til elevrådetMange skolar har eigne heimesider på Internett. Elevrådet har ofte eiga side i tillegg. Her kan elevråda fortelje andre kva dei har arbeidd med, kven som er i elevrådet, og korleis elevrådet fungerer. I tillegg kan elevråda diskutere medelevråd på andre skolar. Då har avstand ingenting å seie. De kan vere tusenvisav kilometer frå kvarandre og likevel ha kontakt ofte.

Forslag til innhald på heimesida:

• HANDLINGSPLAN FOR ELEVRÅDETLegg ut den handlingsplanen som elevrådet har mot mobbing på heimesidadykkar. La andre få sjå korleis de tenkjer, og kva de vil gjere. Mykje talar for atandre elevråd vil ta kontakt med dykk for å få vite litt meir.

• ÅRSHJULETÅrshjulet er ein del av handlingsplanen, men det kan også stå for seg sjølv.Fortel andre kva for aktivitetar de vil arbeide med i år. Sei gjerne litt om kviforde meiner det er viktig å arbeide slik de har tenkt.

• INFORMASJON OM MOBBINGHar elevrådet laga eit informasjonsark om mobbing til alle elevane på skolen?Legg også det ut på nettet. Kanskje andre er interesserte i den ideen. Då kan dei bruke informasjonsarket som de har laga, eller dei kan forandre litt på det.

• KVA ROLLE HAR ELEVRÅDET I KAMPEN MOT MOBBING?Skriv litt om kva elevrådet på dykkar skole har kome fram til. Inviter andreelevar, elevråd og andre interesserte til å komme med synspunkt og lag eidiskusjonsgruppe. Dette kan få andre til å tenkje over dette viktige spørsmålet.

• LENKERFunne nokre gode heimesider som tek for seg mobbing?

Page 58: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

58

Page 59: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

59

Page 60: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

60

Register

God bok!Det er mange bøker som tek opp mobbing. Her er ei liste over nokre av desse bøkene. Gjer lista enda lengre ved å føre på favorittane dykkar!

Biletbøker

Bringsværd, Tor Åge: Ruffen – sjøormen som ikke kunne svømme.Bokklubben, 1981. 30 s.Ruffen har vannskrekk. Den fine familien hans skammar seg over han, mens jamaldringane ertar han. Men så møter han Tusen og Trevde, og ein dag overraskar Ruffen alle.

Mathisen, Mathis: Sally Vally.Aschehoug, 1983. 16 s.Høna Sally Vally stikk av frå hønsegarden fordi ho ikkje får vere saman meddei andre hønene.

Nordberg, Harald: Kråkegutten.Aschehoug, 1983. 17 s.Den nye guten i klassen interesserer seg for planter og fuglar og blir ikkje teken opp i klassefellesskapen.

Andersson, Rune Johan: Spann.Gyldendal Tiden, 1998. 32 s.Dette er forteljinga om ein liten fyr med eit digert spann kvit måling. Han hugsarikkje kven han er eller kva han skal med spannet, men han er frykteleg redd. Hanblir kommandert til å måle, men arbeidet blir øydelagt. Når han tek til motmæleog,brøler mot plageåndene, vinn han over redselen.

Genechten, Guido: Rikki.Aschehoug, 2000. 26. s.Rikki er ein vanleg kanin, bortsett frå at han har eit øyre som heng ned. For å sleppe å bli erta, prøver han ulike metodar for å få øyra til å stå normalt. Først nårhan innser at alle øyre er ulike og hans eigne er bra nok som dei er, greier han å setje seg i respekt i kaninverda og til og med le av seg sjølv.

Leer-Salvesen, Paul og Gamman, Hilde: Fy Fabian.Barnas forlag, 2001. 42 s.Fabian har hale og skal begynne i barnehuset. På barnehuset blir han mobba forhalen sin og ønskjer at han aldri hadde hatt den. Han vil skjere den bort og får eit sår som legen må sy. Legen har ein kjempehale sjølv, og då blir det lettare forFabian å akseptere sin.

Page 61: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

61

1.– 4. klasseSkjønnlitteratur:

Aspås, Anne Berit: Gutten i heisen. Damm, 1988. 122 s.Guttorm blir mobba fordi han spelar blokkfløyte og leikar med fire år yngre Guy.

De Bode, Ann og Broere, Rien: Det er alltid meg de skal ta.Egmont bøker, 1999. 33 s.Robin har flytta til ein ny by og må begynne på ein ny skole. Gutane i klassenertar han, og Truls er den verste. Då Robin oppdagar at Truls er sengevætar, blirdet slutt på ertinga.

Eriksson, Eva: Den nye jakka. Aschehoug, 1985. 43 s.Sture blir erta for den nye jakka si, men oppdagar snart at også mødrene til andreharvore på utsal.

Ewo, Jon og Kjeldsen, Reidar: Ingen er redd for Otto monster. Damm, 1996. 73s.Det litle monsteret Otto blir mobba av alle fordi han ikkje er noko farleg. Ein dagoppdagar han at han kan noko som ingen andre kan, han tek hemn over dei somhar mobba han og blir kåra til årets verste monster.

Gripe, Maria: Hugo og Josefin. Bokklubbens Barn, 1985. 127 s.Josefin får problem på skolen, men Hugo blir vennen hennar

Holm, Annika: Stå på, Matilda Markstrøm! Bokklubbens Barn, 1993. 162 s.Matilda går i ein 2. klasse som er prega av valdelege gutar og ei frøken som ikkjevil gripe inn. Alle jentene blir utsett for mobbing, og det tek tid før dei tør visemot.

Jonsson, Jon Sveinbjørn og Nærdal, Håvard Buran: Da Per så Svart og Hvitt.Damm, 1997. 35 s.

Per har fått ei ny jente i klassen, Anna. Dei blir mobba av dei to bøllene på skolen,Svart og Hvitt. Saman klarer dei å ta luven frå mobbarane ved å stele namnetdeira. Anna er nemleg frå Afrika, mens Per er kvit.

Johansson, Kerstin: Moa og Pelle – en kjærlighetshistorie. Gyldendal, 1983. 61 s.Pelle ser at bestevenninna Moa blir plaga av dei andre barna, men han tør ikkjebry seg.

Kirkegaard, Ole Lund: Gummi-Tarzan. Gyldendal,1993. 102 s.Ivan blir erta på skolen og får juling

Laird, Elizabeth: En veldig rar hund. Damm, 2000. 66 s.Simon blir mobba av Lenny og dei andre gutane i klassen. Simon får ein kvelp som han kallar Tipp. Det viser seg etter kvart at Tipp er ein løveunge, den skremmer Lenny slik at han sluttar å plage Simon. Pga Tipp blir Simon populærblant dei andre elevane i klassen.

Lind, Mecka: Sigge Jansson 8 1/2 år. Gyldendal, 1990. 111 s.Sigge er med på å mobbe læraren, men føler etter kvart solidaritet med han

Mathisen, Mathis: Tom er en pyse. Damm, 1992. 96 s.Tom blir erta av både jamaldringar og av dei som er yngre

Osland, Erna: Noas løve. Samlaget, 1989. 89 s.Valina er annleis og vert mobba av klassevenninnene

Peterson, Hans: Pelle Jansson, en heldig gutt. Bokklubben, 1981. 140 s.Pelle blir erta fordi han snakkar jemtlandsk på skolen i Göteborg

Aas, Tor og Dybvig, Per: Rosa ransel full av hevn. Damm, 2000. 66 s.Elise blir erta fordi ho er tynn og lang, og ho gruer seg når ho må opp til tavlai klassen. Byoriginalen Flaske-Heksa hjelper henne med ei merkeleg innretningsom ho kallar tankefangar.Med denne reiskapen hypnotiserer Elise sine plage-ånder til det ugjenkjennelege.

Page 62: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

62

5.–7. klasseSkodespel:

Sjöstrand, Ingrid: Er du redd for Tobben? Han er også redd – Et spillom mobbing. For de unge, 1979. 56 s.

Skjønnlitteratur:

Dæhli, Liz Bente: De kan bare prøve! Cappelen, 1995. 140 s.Tina flyttar frå ein skole til ein annan utan at det hjelper på mobbinga. Ho tvilarpå seg sjølv og lèt det gå langt før ho fortel om situasjonen sin til nokre vaksne.

Følelser: artikler og brev i Kameratposten 1983–1991.Bokklubbens Barn/Gyldendal, 1994. 160 s. Eitt kapittel om mobbing.

Hagen, Christian: Plystrejenta. Gyldendal, 1992. 141 s.Lone, 11 år, stammar. Ho søkjer ein som er nokolunde lik, det tidlegare mobbeofferet Stig.

Helleve, Dag: Kubanaren. Samlaget, 1999. 109 s.Mingus har mange probleim: yngst i familien, dårlegast i fotball og vanskar medskolearbeidet. Han taklar problema med skulking, flipperspel og dagdrøyming.Kubanaren i kiosken gir han eit lite dyr som veks seg større og større, det livnærerseg av å ete tal frå bøker.

Henmo, Sverre: Dødsern. Gyldendal Tiden, 2000. 105 s.For å komme unna dei verste bøllene i klassen, set Anton utfor den lange, livs-farlege issklia alle kallar Dødsern. Han fattar ikkje sjølv korleis han torde, men somved eit under klarer han å stå heilt ned. Dagen etter er han helten på skolen.

Kjærnlie, Tone: Gutten med den magiske fiolin. Cappelen, 1995. 257 s.Mange av personane i boka strevar med livet sitt, bl.a. Fredrik som blir mobba ogKyrre, mobbaren, som sjølv blir mobba. Ved hjelp av eventyret og det at Fredriktrur på det magiske, blir mykje forandra for desse menneska.

Hollup, Anne Grete: Du skal ikke lyve. Gyldendal, 1995. 123 s.Nora lyg om Milly, den mest populære jenta i klassen og koret. Den eine løgnatek den andre, og snart er Nora fanga i sitt spel.

Härtling, Peter: Benn elsker Anna. Gyldendal, 1990. 79 s.Anna kjem frå Polen til Tyskland og blir møtt med skepsis og latter.

Ingebrigsten, Dagfinn: Bare Morten. Gyldendal Tiden, 1998, 110 s.Morten har blitt audmjuka på det grovaste. Glenn, bølla i klassen, har drege ned buksa hans og blottlagt Morten framfor heile klassen. Morten dreg til skogs der han opplever både uhyggje og spenning. Ei dame hjelper han med gode råd om korleis han skal takle Glenn.

Jenseg, Grete Randsborg: Bakkestart, Valentino! Gyldendal, 1987. 126 s.Valentino er 7 år. Han blir mykje erta og begynner å slå klassekameratane.

Leer-Salvesen, Paul: Englebarn i tau. Damm, 1994. 85 s.Tjukke Paul blir plaga av gymnastikklæraren sin.

Leer-Salvesen, Paul: Engler og bukser og huba buba. Damm, 1992. 78 s.Buksa til tjukke Paul sprekk på skolen og alle ler, til og med Silje

Lundgren, Max: Roseli, kjæreste Rosa. Bokklubbens barn, 1993. 124 s.Ein håplaus lærarvikar er årsaka til at Roseli og andre som ikkje når opp til evne- og venleiksideala, blir mobba.

Pedersen, Hæge Follegg: Venner i regn. Cappelen, 1988. 126 s.Mor er på mentalsjukehus, far er langt borte, og Sara blir mobbeoffer.

Page 63: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

63

Peterson, Hans: Den siste dagen. Samlaget, 1983. 44 s.Svenne terroriserer læraren, mobbar og vert sjølv mobba.

Starheimsæter, Herman: Bang, sa Big. Aschehoug, 1999. 118 s.Aslak må vere 2 veker hos bestefar der han ikkje kjenner nokon. Han er ein roleg,flink gut. Før Big dukkar opp, keiar han seg. Saman med Big gjer han ting hanelles aldri ville ha vore med på.

Starheimsæter, Herman: Den svarte Audien. Selja forlag, 2000. 111 s.Her møter vi Aslak i heimbygda hans. Han blir erta av gutane i nabolaget oglengtar etter far sin som han aldri har møtt. Big flyttar til bygda og viser seg å vere ein god venn som hjelper Aslak.

Sterling, Dorothy: Mary Jane. Bokklubbens barn, 1985. 166 s.USA i 1960-åra. Mary Jane går på raseintegrert skole og får problem.

Svejstrup, Josefina Protacio og Kaardahl, Anders: Hunden som trudde han var katt.Samlaget, 1999. 28. s.Dette er ei bok om å vere annleis. Ein rar hund med eit rart namn kjem tillandsbyen, og han mjauar som ein katt. Dei andre dyra aksepterer ikkje nykom-maren. Det blir eit vilt slagsmål, og berre den rare hunden kan ordne opp medsine spesielle evner.

Viermyr, Marianne: Fløy en liten blåfugl – og en grønn. Gyldendal, 1995. 108 s.Linda blir erta og forakta av Betsy og dei andre i klassen fordi ho er for fantasirikog gløymsk. Likevel vil ho veldig gjerne vere bestevenninne med Betsy.

Faglitteratur:

Hanson, Torben: Mobberen, musen og meg. Om å ha det godt med segselv og andre. Aventura, 1987. 54 s.

Olsen, Torben: Hvorfor slår du? En bog om vold, mobning og drilleri.Borgen, 1986. 75 s.

Page 64: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

64

Filmar:Petter fra Ruskøy. Høver godt frå 10 år. Speletid: 84 minuttar.Handling: Petter må flytte frå fiskeværet på Ruskøy til Oslo. Hans nye skolekame-ratar er ikkje nådige mot han. Men saman med vennen sin Ole og hunden Isakklarer han til slutt å bli akseptert.

Busters verden. Aldersgrense: 7 år. Speletid: 91 minuttar.Handling: Det spesielle og fantasifulle livet til Buster gjer livet vanskeleg for han.Møtet med Johanna gjer det muleg for Buster å halde ut. Om kjærleik og venn-skap.

Sixten Giftekniv. Aldersgrense: 7 år. Høver godt for 9–14 åringar.Handling: Sixten er 13 år og bur saman med far sin i ein drabantby i Stockholm.Han klarer seg bra, sjølv om foreldra er skilde, og bråkmakaren Bobo plagar han av og til. Sixten Giftekniv er ein komedie.

Jakten på Juni. Speletid: 26 minuttar.Zafer er innvandrar frå Tyrkia. Han kan norsk, men det er mange ord som han ikkjeforstår. På skolen blir han erta for dette. Ein av dei som plagar Zafer, er Henning,som mister papegøyen sin, Juni. Det fell seg slik at Henning og Zafer saman dregut på jakt etter Juni, og etter kvart forstår Henning litt om korleis det kan vere åbu i eit land der du blir mobba fordi du ikkje kan språket, og fordi du er innvandrar.Novellefilm for barn laga for Grunnskolerådet for å fremje antirasistiskehaldningar.

Mollys pilegrim (Molly’s pilgrim). Høver godt frå 10 år. Speletid: 25 minuttar.Molly er ei russisk-jødisk jente som har flykta til USA saman med foreldrasine for å komme unna religiøs forfølging. Men som flyktning og innvandrar blirho ikkje akseptert av klassekameratane. Ho er annleis, ein framand. Novellefilmfor barn og ungdom basert på ei bok av Barbera Cohen.

Mobbing – Scener fra barns hverdag. Speletid: 25 minuttar. Fem mobbescenar fråskolegarden og skolevegen. Passar både for vaksne og barn, for lærarmøte ogforeldremøte, forutan i den vanlige skoleundervisninga. Scenane viser eksempelpå mobbing i aldersgruppene 7 –12 år og 13 – 16 år.

Norsk filminstitutt, Dronningens gt. 16, 0152 Oslo. Telefon: 2247455

Page 65: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

65

Kontaktpersonar ogsamarbeidspartnarar:Lærarar, sosiallærarar, miljøarbeidarar, tilsette ved SFO og administrasjon vedeigen skole er sjølvsagte samarbeidspartnarar. Kva med andre tilsette på skolen?

Foreldre er viktige samarbeidspartnarar!

Helsepersonell som er knytt til skolen eller nærmiljøet, vil også ha interesse avå arbeide med førebygging av vanskar.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) vil også vere naturleg samarbeidspartnar.Dessutan kan det tenkjast at ressurspersonar innan mobbing i kommunen ellerfylket er tilsette ved PPT.

Elevorganisasjonar har vore representerte i referansegruppa for "Idépermen tilelevrådet". Dei er interesserte i arbeidet vidare og vil vere mulege kontakt-personar.

Arbeidsutvalet til foreldra (FAU) på den enkelte skole og i kommunen.I kvar klasse er det ein forelder som er klassekontakt. Alle klassekontaktar er med i FAU. Der kan dei ta opp viktige saker med andre foreldre på skolen.Elevrådet kan også samarbeide med FAU.

Samarbeid er viktig og nødvendig.Bruk dei ressursane som finst på skolen og i nærmiljøet!

Page 66: Idéhefte mot mobbing for elevrådet · Slå opp, les og kopier det du treng. 7. 8 Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret.

Senter for atferdsforskning