Erfaringar med praktisk terminologiarbeid - produksjon av ei lita ordliste
description
Transcript of Erfaringar med praktisk terminologiarbeid - produksjon av ei lita ordliste
Erfaringar med praktisk terminologiarbeid
- produksjon av ei lita ordliste
Sigbjørn Hjelmbrekke
Liknande prosjekt
MotivasjonNynorskbrukande studentar møter lite nynorsk
Dette fører til at
- det er vanskeleg å skriva eit godt fagspråk
- mange skiftar til bokmål
Framgangsmåte gjekk gjennom bøker og artiklar trekte ut termar leita etter omsetjingar fann på termar der det mangla sende listene til fagfolk for kommentarar gjekk gjennom kommentarane, såg dei i
forhold til kvarandre og i forhold til andre kjelder
Avgrensingar
ikkje fagleg avgrensing
avgrensa til eit bruksområde
avgrensa til dei viktigaste termane
lite informasjon på kvart oppslag
Kva gjer denne lista? Gjev vanlege omsetjingar engelsk–norsk
Gjev avløysarar for engelske lånord i norsk
Bidreg til å byggja nynorsk på eigen grunn, mellom anna ved å i størst mogleg grad unngå ord som byrjar på an-, be- eller sluttar på -heit, else.
Set opp enklare/norskare alternativ som eit supplement til framandord
Ein til ein?
ubestemt integral – indefinite integral
ubestemt uttrykk – indeterminate form
betinga verdsetting – contingent valuation
betinga sannsynlighet – conditional
probability
Excludability
ekskluderbarheit
ekskluderlegskap
utestengbarheit
ekskluderingshøve
utestengingshøve
Dummy variable liksomvariabel
av-på-variabel
uekte variabel
anten-eller-variabel
null-ein-variabel
0-1 variabel
binærvariabel
indikatorvariabel
dummyvariabel, dummy-variabel, dummy variabel
Motig framlegg
steady state (SS) (eller steady-state) likevektstilstand –en, stasjonærtilstand, stødig stode* –a
Hedgefund hedge (v) sikra, gardera, tryggja (å kjøpa verdipapir som
gjev vinning ved motsette utviklingar) hedge fund sikringsfond*, garderingsfond*, risikofond*,
hedgefond (stor usemje om rett nemning) hedging gardering -a, kurssikring -a, hekkekjøp -et (byggjer
truleg på feil omsetjing)
hedging – hekkekjøp?? Det står i ei ordbok
Average mean
Average, som er kvardagsleg og er (truleg) synonymt med middelverdi, som er fagterm.
Mean, som er fagterm, er synonymt med gjennomsnitt, som er kvardagsleg.
Skal alt setjast om?
Gemeinschaft og Gesellschaft ethnos og demos modus og median hedgefond? dummyvariabel?
Takk for meg!