EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 3 ......Magasinet vert distribuert via Synste Møre. På...

7
EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 3 - 2012 Glam og rustikk på Eidså side 3-5 Gardakjerring side 8-9

Transcript of EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 3 ......Magasinet vert distribuert via Synste Møre. På...

  • 1

    EIT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ VANYLVEN KOMMUNE | NR. 2-2009 EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 3 - 2012

    Glam og rustikk på Eidsåside 3-5

    Gardakjerringside 8-9

  • 322

    På Eidså fant dEi utfordringa dei søkte etter. draumehuset frå 1906 med namnet Bekkely, trong omsorg og ei kjærleg hand. Jorunn fluevaag og nils Korneliussen nølte ikkje eit sekund.

    - Tenk deg å finne eit slikt hus i dei omgjevnadane, rett ved sjøen, og med fjella tett ved, seier Jorunn fluevaag og visar til utsikta. På trass av at det er oktober, tek utsikta pusten frå ein. fjelltoppane er kvite og spisse, fjorden spegelblank og stille som om den berre ventar på snøen. innandørs er det malt delikat kvitt, og huset har fått behalde tømmerveg-gane og dei breide golvplankane. det heile vert toppa med glamorøse og litt rocka lysekroner og kandelabere, samt originale og rustikke trekasser på hjul som fungerar som oppbevaring. Elles er dei opptekne av å bevarehuset sin originalitet.

    det beste er likevel ikkje omgjevnadane, huset eller naturen. det beste er menneska. Jorunn, som har røtene sine frå bestefaren i Vanylven, har tilbrakt mang ein sommar her, og ofte lengta etter det enkle, ukompliserte livet på bygda. sambuaren hennar nølte heller aldri.

    dette er den niande utgåva av magasinet ”Vanylven – ein grunn til å smile”. årsaka til at ein etablerte dette magasinet var for å få fokus på alle desse hendingane, opplevingane og kvardags-historiene som alle er med på å legge innhald i slagordet til kommunen. nyheitsverdien er nok ikkje like stor i alle sakene, men alle har eit bodskap eller eit innhald som dei fleste vanylv-ingane på ein eller annan måte kan kjenne seg igjen i .

    for vi må nok ha eit eige lynne, vere av ein spesiell variant av menneskeheita, vi som no bit oss fast i denne delen av sunn-møre som tilsynelatande – i fylgje alle statistikkar og regionale media, berre vert mindre og fjernare. Kva er dei kvalitetane som skil oss frå omlandet? naturen? Mangfaldet? Moglegheita for det svært så oppbrukte frasa ”det gode liv”? Vi vonar at svaret fins i desse utgåvene av magasinet vårt. For det er nettopp summen av alle menneska og alle aktivitetane som utgjer om-dømet til kommunen – den kan ikkje kjøpast av konsulentar.

    MOt-arbeidet som dei seinare åra har vorte tydeleg integrert i skulen handlar ikkje berre om haldningar ovanfor mobbing eller rusmidlar. det handlar om å stå for sine eigne standpunkt, å få oppdage at alle har ei moglegheit til å påverke – ta ansvar for eigne val og handlingar. dette arbeidet handlar like mykje om lokalsamfunnsutvikling – tenk kor framtida kan sjå ut den dagen ungdommane som har fått dette under huda i ung alder skal forme samfunnet?

    Vanylven Utvikling as har, som ansvarleg for omstillingsarbeidet og forvaltar av Rda-midlane, hatt eit omfattande arbeid med forstudiar og forprosjekt innan ulike områder dei siste åra. Både små og mellomstore bedrifter har vorte lyfta fram og ein har sett nærmare på gründerkultur og landbruksnæringa i eit fram-tidsperspektiv. Men uansett kva områder ein ser på så er ein avhengig av å ha personar og ressursar som ynskjer å drage lasset – Vanylven Utvikling kan berre vere eit verktøy for å gjere vegen mot målet kortare/enklare/raskare. difor vert satsinga siste del av omstillingsperioden spissa mot konkrete prosjekt som kan gi oss resultat innan fleire arbeidsplassar, fleire tilflyt-tarar – vekst i kommunen.Har du tips eller innspel? ta kontakt!

    Magasinet vert distribuert via Synste Møre. På den måten når vi ikkje berre dykk som bur her, men også utflytta vanylvingar som ein dag kanskje vil vende blikket mot Vanylven, naturen, men-neska og moglegheitene her.

    Kva er Vanylven Utvikling AS?

    VU er Vanylven kommune sitt næringsapparat og næringslivet i Vanylven sitt næringsorgan. VU for-valtar kommunalt næringsfond, er lokal hoppid.no-kontakt for gründerar og etablerarar , ansvarleg for omstillingsstatusen som kommunen har frå 2005 – 2013 og forvaltar RDA-midlane* etter vedtekne årlege handlingsplanar.

    *RDA-midlane er overføringar frå fylket som kom-pensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Differan-sen mellom høg og lav sats for bedrifter med meir enn 40 tilsette vert overført til kommunen og skal disponerast i årlege handlingsplanar, utforma av næringslivet, til tilretteleggande tiltak for varige positive effektar for næringslivet. Bedriftsretta tils-kot kan også løyvast for auka konkurranseevne og lønsemd .

    “Vanylven vil aldri verte urbant, og det er nettopp det som er så attraktivt!”

  • 54

    EI LYSANDE IDÉ

    - Her er ein samansveist gjeng, der alle snakkar med alle, seier nils.

    dei er vant med å reise mykje, og var ikkje redde for å prøve noko nytt. Jobbane deira offshore gjorde steget kort til å slå til då draumehuset sto til sals for ein overkommelig pris på nettet.- Eit slikt hus i byen ville ha kostet skjorta, kontaterar nils nøk-ternt.3. juledag i fjor var dei på visning, utan moglegheit til å sjå hagen grunna all snøen, Jorunn beskriver dette som litt av ei opplev-ing. Jorunn og nils er opptekne av å ivareta hus og hage, med oppussing og stell, og synest det er trist når hus står og forfell. i hønsehuset med same byggestil som hovedbygninga, bur no tre dverghøns. Bekkely kjennest som heime, og etter alt oppstyret rundt boligkonkurransen i BoligPluss der dei vann folkeprisen, kan dei endeleg puste ut.

    - Eg har eit inntrykk av at vanylvingane ikkje skjønte korleis vi kunne velje å flytte hit frivilleg, seier Jorunn med eit smil. Kanskje er dei ikkje klar over verdiane dei sit på? Vi håpar vi kan vere med på å bevisstgjere at området kan vere ein attraktiv stad å bu også for yngre. Ho ser at fjernsyn og media prøver å skape eit glans-bilete av det å bu på landet, men sjølv har ho langt ifrå eit roman-tisk bilete av bygdelivet. Likevel er det her ho vil vere. Ho håpar også å kunne tilbakevise fordommar om at byane er mest trendy, og vise at det går an å få det til her også.

    - Bygda henger med i svingane!

    nils synest han har alt han treng rundt seg, og Jorunn poengterar at det ikkje er langt til ålesund. dei bestiller på nett, eller handlar lokalt. Ein vert også nødt til å tenke meir kreativt når ikkje alt er tilrettelagt for forbruk. det fremjar kreativiteten.- Eg trur her er mange meir kreative folk enn i ein by, seier Jo-runn. Mykje fleire enn det vi anar! Og så må ein vere litt handy-man.

    i offshore-bransjen er sunnmøringar visstnok ettertrakta og har godt ry på seg for å vere god og stabil arbeidskraft, fortel Jorunn.nils siterar naboen Harald på at sjølv om ein mistar mange av dei unge som flyttar til byen for å studere, kjem dei ofte attende når dei skal stifte familie.

    Både Jorunn og nils har levd bylivet og veit kva dei går glipp av i form av kafé, kino, restauranter og uteliv. - i det store heile så betyr det så lite, når ein er ferdig med det.- Ja, ein by kan du alltid oppsøke, men det er vanskelegare å få med seg verdiane bygda har, dersom du ikkje bur her, seier nils.

    for kameratane Petter Morseth og inge nordaune Hasz var dagen då breibandet kom til bygda heilt avgjerende for at draumen deira skulle realiserast: å drive med det dei likar, og halde fram med å bu i Vanylven.

    5

    VISSTE DU DETTE OM LED?

    lLysdiode, lysemitterende diode, oftast forkortet LEd, er ein halvlederdiode som utstrålar farga lys når det går elektrisk straum gjennom den.

    lLEd-pærer har svært lang levetid, mange gonger så lang som vanlege glødepærer eller sparepærer.

    lLEd-pærer har ikkje glødetråd og tåler derfor vibrasjonar og på/av-syklusar mykje betre enn tradisjonelle pærer.

    lLEd-pærer utviklar ikkje lys ved hjelp av varme, og er derfor lite brannfarlege.

    lLEd-pærer inneheld ikkje kvikksølv.

    lLEd produserast som små og robuste lyskjelder med lang levetid, og brukas m.a. til sendarar i fiberoptiske kommunikasjonssystem, varsellampar og tallindikatorer, t.d på elektroniske ur og lommekalkulatorer.

    Kjelde: Store Norske Leksikon og sparelys.no

    dei starta med å lage webbsider for bedrifter, med selskapet trioWeb i 2005. der inge var ein kløppar på koding, kunne Petter litt om alt. så kom tanken på å drive nettbutikk innimellom webb-prosjekta, og då Petter hadde vansker med å finne LED-pærer til 12V-opplegget på hytta var det innlysande at det å importere slike pærer for salg på nett kunne vere ein god satsing.

    derfor la dei ein slagplan: alle pengane webbprosjekta dro inn, skulle gå til å kjøpe LEd-pærer frå Kina. det som kunne høyrast ut som ein dristig plan, viste seg også å vere det. nykomlingane prøvde og feilet – då det fyrste partiet på 500 pærer ankom åheim ein vakker haustdag, oppdaga dei nemleg at 300 av dei var ubrukelege pga feilbestilling. idag kan kompanjongane le godt av det, men så står også nettbutikken sparelys.no for 95% av inntekta.

    - i starten holdt vi til i kjellaren til Petter, og kommuniserte med kvarandre over skype, fortel inge nordaune Hasz om oppstarten. Han hugsar godt at han måtte ta over for Petter ein gong han var sjuk, og plutseleg tok seg i å stå og pakke varer oppå ein topp-mata frysar i den vesle buda.

    Etterkvart flytta dei inn i lokala til den gamle pallefabrikken på åheim, og sidan då har dei utvida litt om litt. no er kontor og pakkeavdeling på 350 m2, og lagerhallen er på 700 m2 med kapasitet til 504 paller i reolane.

    - Eg hadde ein draum om å kunne leve av dette, seier Petter beskjedent, men i starten såg vi det meir som ei attåtnæring.

    dei arbeidde også med andre ting ved sida av webbprosjekta og investeringar i LEd-pærer, solcellepanel og lampar. Petter var tilsett på pallefabrikken der dei no leiger lokale. inge studerte til dataingeniør i ålesund og jobba på HL data i syvde. Etterkvart måtte dei konsentrere seg om sitt eige firma.

    TrioWeb har under fleire år hatt ein eventyrleg vekst med for-dobling av omsetninga. firmaet brukar sommarvikarer og litt ekstrahjelp for å auke kapasiteten i perioder det trengs mest. Utover Petter og inge, er inge sin sambuar Helga Grønnevik tilsett på fulltid, og endå ein person i halv stilling. Petter, som er dagleg leiar, har ansvaret for innkjøp, samt å besvare førespurnader på epost og telefon. inge har hand om den tekniske biten og den grafiske profilen med fotografering og annonser. Litt om litt prøvar dei å gjere seg meir uavhengige av kvarandre, slik at det ikkje vert problematisk med ferier i framtida. sommaren er nemleg den travleste tida. då er folk på hytta, og

    har tid å oppgradere solpanel eller installere nye lampar. for spa-relys sel også elektrisk utstyr til fritidsmarkedet, samt gassovnar, gasskjøleskap og tilbehør.

    dei veit å verdsette friheita med å vere sin eigen sjef, men poeng-terer at det verkeleg er friheit under ansvar.

    Plasseringa på åheim spelar stor rolle for trioWeb. Leige av lokaler er forholdsvis låg, og Måløy Containerhavn er tilstrekkelig nær for å forenkle varetransporten. Petter understrekar at det også er gode transportmoglegheiter med fleire bilar per dag frå ålesund, og nærleika til stryn er veldig gunstig.

    dei prøvar å vere på hugget og legge planer om korleis bedrifta skal utvikle seg vidare, og meiner begge at det er viktig å ikkje legge seg til å sove. Produktutvikling er ein stor del. Medan inge er den som gjerne kaster seg på nye ting, er Petter den som held litt tilbake når innkjøpsiveren vert for stor. På trass av at det ikkje er anbefalt å starte forretning med kompiser, kompletterar dei kvarandre godt, og omgås også på fritida.

  • 76 7

    “- Eg vil at dei skal lære det grunnleggande i strikking”

    tid, tråd Olga, født Tunheim, vaks opp på Tunheim på Fiskå før ho flytta til Kvamsøya og seinare vart gift med samvirkelagsbestyraren Jakob sørdal. Han hadde også røtene i Vanylven, gjennom faren sin, som var frå sørdal i syvde. då Olga var ung, var det framleis slik at ein måtte laga dei kleda ein skulle ha. Og alle jenter skulle lære handarbeid, anten det var strikking eller hekling eller søm. Eller nuperelle, som er det ho driv mest med idag. det er ein slags teknikk som inneber at ein knyt knutar av tynn bomullstråd, til det dannar eit vakkert og svært så delikat mønster av små og større buer. det vert gjerne dukar av slikt, og det har Olga laga ein del av opp gjennom åra.

    Olga sørdal var sju år då store-systera hennar gjekk kurs i nupe- relleteknikk, og slik vart også Olga bitt av basillen. det tek si tid, men tid har ho. Og ho meiner at det ein lærer som ung, det hugsar ein, også seinare i livet. strikkar og heklar gjer ho ikkje lenger, då får ho verk i skuldra, og derfor er nuperelle fint å ha. Det tek omlag to dagar å lage ein liten duk. Ho likar godt å sitje ved stoveglaset sitt og sjå bilar og folk, vêr og vind, medan ho arbeidar med noko som kanskje vert gitt bort i gåve. når arbeidet er ferdig, skal det

    stivast med slik stivelse som nesten ikkje er å få kjøpt i butikken lenger, men som Olga fortel går fint an å lage sjølv av vatn og potetmjøl.- sukkerløysing, fungerar ikkje det?- nei, det øydelegg tråden med tida.

    i kvar ein heim fantes ein spinnrokk. Ein måtte karde ulla, eller som Olga si familie gjorde, levere den inn på Lillebø Ullvare-fabrikk og få «førespone» attende, og så var det å lære å spinne på rokk. det var det ho likte best. neste steg var, framleis ved hjelp av spin-nrokken, å legge to eller trå-dar saman, og på den måten få to-tråds eller tre-tråds ullgarn. før det vart teke i bruk, kunne ein farge det om ein ville.

    Olga brenn for å lære andre å lage nuperelle, men erfarar at det ikkje er mange som tek seg tid til å halde på med slikt

    idag. det synest ho er leit, for det er ikkje mange igjen som kan teknikken. Og så var det denne skyttelen då, det vesle verktyet som held tråden. den er nesten ikkje å oppdrive lenger, endå den ser nokså moderne ut, i plast. Skal tru om det kanskje finst fleire i nokon bortgløymd skuffe på ein sytilbehørsbutikk?

    “- Det ein fyrst har lært, det hugsar ein”

    Olga sørdal (90) hugsar godt då ho lærte å strikke. Ho var seks år gamal, og bråtet på ullestane ho strik-ka til seg sjølv vart litt laust. i alle fall på den fyrste.

    og tolmod

    Det kan verke som reine og skjære foreininga, filosoferande rundt livet i stort og smått, på trass av at det faktisk er vanleg skuletime i Kunst og handverk på åheim skule idag. for åttende klasse står nemleg strikking på timeplanen. På tekstilromet sit derfor 9 elevar henslengte i sjølvvalt positur, alle med større eller mindre strikk mellom henda.

    - Kva betyr "mp"? spør fredrik Hovdevik ut i lause lufta, der han sit på pulten med beina dinglande, og strikkepinnane i eit kramp-aktig grep. Og han får svar, frå ein av klassekameratane:- "M" betyr meter.- "Legg opp 13 meter lys beige, og strikk"...? les fredrik halvhøgt for seg sjølv i strikkeoppskrifta, og ser ut til å tenke sitt. Om litt kjem lærar i Kunst og handverk, Janne Breiteig, og ordnar opp i feiltolkinga.

    - Eg vil at dei skal lære det grunnleggande i strikking, slik at det vert lettare for dei å byrje å strikke seinare i livet, seier ho. Eg reknar med at det etterkvart kan bli aktuelt å lage babytøy, mønstre og slikt, og då er terskelen lågare for å setje i gong.

    Nokre av elevane har prosjekt som tova flaskevarmare, andre har kopiert mønsteret til ein Bik Bok-hue eller eit skjerf. Planane er høgtflygande, ein stor del av det skal gis bort i julegåve.

    sjølve vil dei helst ha kjøpte ting på seg. at ein i "gamledager" måtte strikke dei plaggene ein ville ha, hauster ingen stor jubel hos 13-åringane.

    Janne Breiteig trur at det som skil unge idag frå før, er at dei no får bruke kreativiteten sin på ein heilt anna måte. dette skapar kreative elevar som tør å utfolde seg og eksperimentere. før i tida ble det lagt stor vekt ved det å vere teknisk god, og ein måtte gjerne lage eit produkt på ein forutbestemt, korrekt måte. Reglane var mykje strengare. idag brukar elevane internett som verktøy for inspirasjon, og for å få idear.

    trendy er det i alle fall ikkje å strikke, skal ein tru elevane på åheim skule. det vert humra at det mest positive med strikking er at då slepp ein dei andre faga for ein stund.dette halvåret har det gått i tekstilsløyd, men

    neste semester står tresløyd for tur.

    - Hvis ein vil slappe av og høyre musikk og sånn, då er tekstil-sløyd heilt klart betre enn tresløyd, forklarer Jonas Løvold over mørkeblå rillestrikk.Og legg til med eit stort sukk:- Men fekk eg bestemme sjølv, hadde eg vore på Harpefossen og stått slalom no.

  • 98

    Gardakjerring

    Ei eitrande sint og oppfarande kjerring med sleggja i handa, kan ein vere truandes til å sjå føre seg. formfull, ikledd litt for trang kjeledress frå felleskjøpet, og med krøllane i ein sky kring hovu-det der ho kjem høglydt bannande over tunet.

    Grethe Ervik (39) er korkje sint eller ikledd kjeledress. ikkje ban-nar ho særleg heller. inga sleggje står på vent ved ytterdøra (men er neppe langt unna) der ho opnar, vever og lys med pigge auge, og med Sofie Alma på ti månader som lystig brekar «bæææ» rundt føtene hennar.- det skal tidleg krøkast, veit du!

    det var nemleg medan ho var heime i fødselspermisjon med dottera i vår, midt under lamminga på garden i syvde der ho sto og dro lam ut av søyene, tanken på å starte ei eiga nettside kom. Etter å tilfeldig ha lest bloggene til ungjenter med opptil 40.000 treff skildre ei kunstig verd der 16-åringar kan sprøyte Restylane inn i kroppen sin med målet å sjå ut som Barbie, vart Grethe brått bekymra over kva slags påverknad unge menneske utsetjest for.

    - Livet er noko heilt anna enn det desse bloggarane beskriv. Eg syntest det var på sin plass med ei motvekt. derfor laga eg ein blogg der eg la ut dagens Out-fit: gummistøvler og kjeledress, humrar Grethe. Eg ville ironisere litt, men sams-tundes fortelje om livet som gardbrukar. Hamburgaren kjem no ikkje frå Mcdon-alds, sant?

    sjølv om ho tek fjøsstell, saudesank-ing i fjellet og lamming på strak arm, har ho ikkje vakse opp på gard. Grethe har bakgrunnen sin frå stadt, og etter vidaregående flytta ho til Oslo for å få ein cand. phil. det året ho var heime for å skrive hovedoppgåva i historie møtte ho mannen sin, Kim tonny Røys frå syvde. slik har det seg at ho vart gardakjerring. Elles er ho lærar i norsk og samfunnsfag på Myklebust skule. det er frå stadt ho har med seg mange av kraftuttrykka ho brukar i bloggen sin. naturleg nok er dei ofte henta frå sjøen.

    Odelsgut, eller Kim tonny som han altså heiter i verkelegheita, er i følgje Grethe ein roleg type som tek dei fleste situasjonar med stoisk ro, til og med når ho harselerar med svigerfar i bloggen sin.- Eg har eit veldig godt forhold til svigerforeldra mine, som bur rett ved sida av og driv gard i lag med oss. svigerfar tek det heile på ein veldig humoristisk måte.- Men dette med at svigerfar plutseleg vart stamkunde hos tannle-gen, som du skreiv om på bloggen?- det er faktisk sant! Hehe! Vi hadde kjøpt ei gravemaskin som vi måtte reparere beltet på. då Kim tonny skulle banke ut ein bolt med ei sleggje, spurte han fyrst om eg kunne hjelpe til med å halde. Men eg forstod raskt at det var ein viss fare for at det ikkje kom til å gå så bra, derfor trakk eg meg. dagen derpå trødde

    svigerfar til, og trur du ikkje at han vart treft i kjaken med sleg-gja? Eg sat i lag med svigermor då han kom gåande i halvørska. Heldigvis gjekk det bra.

    for halve moroa når Grethe skriv, er å forestille seg korleis ein slik situasjon kunne ha utspelt seg dersom det ikkje hadde stoppa der. Bloggen er derfor fullspekka av maleriske beskrivingar av omreisande tenner, spytt, gørr og blod, for ikkje å snakke om gjødsel og gassovnar som «eksplofanmegdeirar». alt servert med ein god dose sunnmørsk glimt i auget - og kanskje ein pitteliten smule overdreve?- der er veldig mykje som ikkje er sant, det må eg no berre in-nrømme, ler ho.

    Eit aldri så lite frø av sannheit finst det likevel i det meste ho skriv. Sidan gardslivet ligg ho nærast, vert det flest innlegg om det. dessutan skjer det faktisk ganske mykje på ein gard, seier Grethe

    lurt. Men bur ein på landsbygda, trur ho at ein kjenner seg lett igjen, gardbrukar eller ikkje.- Eg meiner, kven har ikkje ein mann som har lyst på ein stor gassgrill? Kva er eigentleg denne greia med mannfolk og gass!?

    nokre gongar er det meir ønsketenking ho bedriv på bloggen.- Med fire ungar er det veldig sjeldan fredsduene flaksar rundt hovudet ein søndagsmorgon ved frokosten, for å seie det sånn, seier Grethe lattermildt. når eg skriv, er det like mykje for min eigen del. det er heilt greit hvis ikkje alle likar det. Og eg tek meg friheita til å setje kommateikna der eg sjølv vil!

    - saftfabrikken i kjellaren, til dømes, den finst vel ikkje - men eg er sikker på at hvis eg skulle hatt det, kunne Kim Tonny lett ha fiksa slike taljer og automatikk. Eg kosar meg veldig med å finne på korleis det kunne ha vorte.

    - Men ti frysarar...?- Vi har mange! Men litt overdreve er det nok.

    Ho beskriv kvardagen med Odelsgut på gardsbruket i Vanylven med eit språk så saftig og levande at sunn-møringane som les bloggen «Gardakjerring» på internett sprutar ut i ukontrollert latter. Men kven er eigentleg gardakjerringa?

    GARDAKJERRINGAS ORDLISTE

    Brelle (truse) t.d g-strengbrelle, bokserbrelleLivmykjen (lettliva)spæl, spur (bakende)Våbøle (mykje føre seg, bort i alt, litt urokråke)BrosmeMoldkrædeRokkeHåjæle (Hågjel, ein haiart)KrapylGrindkval Kjelder: Ivar Aasen: Norsk Maalbunad (1876), Norleif Holstad: Ord og uttrykk frå Hareid

  • 1110

    Buldr

    ar på

    Fisk

    å10 11

    dEt VERKaR i GRUnnEn MøRKt og stilt overalt, når ein kjem til bygda i sjutida om kvelden i okto-ber. ikkje er det så mange menneske å sjå heller. Men sidan beskjeden var at det skulle buldrast på Helgøy gartneri onsdagane, er det dit ferden går. folketomt eller ikkje.

    Og der, i kveldens mulm og mørke, kan ein så vidt skimte ein skikkelse som låser opp døra og let det bli lys. Her er ingen skilt, ingen prangande plakatar. Berre eldsjelar som møtest så ofte dei kan for å klatre, seier skikkelsen mystisk og let lyset flomme i holen. Og brått vert det mindre mystisk. Golvet er heildekt med tjukk matte, på veggane er det knallfargar. Ja, og knottar i ulike storleikar og former. Blå, raude, grøne, gule, lilla, grå og svarte knottar - eller klatretak, som det eigentleg heiter - spritar opp veggane inntil det surrealistiske.

    - Buldring er klatring, men utan tau, forklarar Lars Jonasmo, lærar frå Volda. Han er vakt på floget

    Klatreklubb ikveld, og fortel om eit prosjekt bygd på dugnad, som sto ferdig våren 2012. Eit annleis tilbod for vaksne og ungdom frå tolv år, som har slått godt an i området, men som har plass til fleire. Onsdagar held dei til her, tysdagar i Olivinhallen.

    - ikkje alle driver med fotball, seier han og snører på seg skona. for klatresko bør ein ha, dei gjev betre grep og finst i alle prisklassar nett som joggesko. Elles buldrar ein i vanlege kle, og utan utstyr. ikkje ein liten sik-kerheitsline eingong. det er då heller ikkje så høgt til taket at det gjer noko, og ein landar mjukt på matta.

    Ein etter ein kjem etterkvart til for å klatre, musikken frå cd-spelaren og latteren frå unge i forholdsvis fritt svev fyller romet.

    Om ikkje takhøgda er så høg, er i alle fall stemninga det. det er heilt tydeleg at ein ikkje berre vert sterk, men også glad av å buldre.

    Mellom klatretaka sit små teipbitar med merkelege namn, som syner ulike ruter med klatreutfordringar.

    Metal woman, saRs topp, Bøtteline. Mad monkey?- det er ein rute eg har laga, seier klatreentusiast og fysioter-apeut Erik Botnmark. Eigentleg handlar klatring mykje om å bruke beina, men på denne skal ein ikkje bruke beina i det heile tatt. så demonstrerer han at det faktisk går an, og heng som ein edderkopp i nettet før han fell på den mjuke matta.

    - det er ein fordel å vere liten og lett, ja, ler han.i denne sporten konkurrerar ein med seg sjølv, og folk i alle aldrar vert bitt av klatrebasillen. Ja, faktisk er fjellklatrarane gjerne folk litt opp i åra, utan at ein heilt veit kvifor. nett idag prøvar Lisa sangen (17) buldring for fyrste gong, og det ser ut til at ho finn tonen med veggen.

    - det verkar kjempekjekt! seier ho og fortel at ho vart invitert av instruktør ingvild Helgøy, som ho kjenner frå før.

    førebels har dei instruktør og samlast onsdagkveldar 19-21, sjølv om medlemmer kan kome andre tider etter avtale med klubben. Ingvild Helgøy fortel at dei håpar på å få med fleire på klatring, slik at dei kan halde ope endå oftare.

    Buldring er styrke, medan klatring er uthald

  • 12

    Tips og idear om redaksjonelt innhald?Takontakt på: [email protected]

    Vanylven - ein grunn til å smile, nr. 3-2012Utgjevar: Vanylven Utvikling asansv. redaktør: ane Malene søvik nygårdRedaktør, ord og bilete: anna-Ma Olsson - [email protected]: nytrykk / anna-Ma Olsson

    Ja til mangfald!det var begynt å minke på hjortekjøtet i frysa. der var berre nokre få skrottar att, i tillegg til maks eit par titals kilo med hjortemår, hjortekarbonader, hjortepølse og ikkje minst hjortesnutar som alle veit er steikjande gode å grille på varme og ikkje varme sommarkveldar. det var altså praktisk talt krise i heimen. takk og lov for at jakta var i gong, slik at det var råd å fylle opp matlageret før vinteren. no er det sjølvsagt ein eller annan jævel som har hatt den lyse ideen om at ein skal selje unna hjorteløyva, så den årlege jakta, der ein delte laget i to, eit skytelag og eit jagelag, var tapt for alltid.

    sjølv er eg ikkje oppvaksen på gard, og vi har aldri hatt jaktløyve, men etter å ha sendt Odelsgut i jakta kvart år, meinte eg på at det var på tide at eg også gjorde mitt for matauket i huset. Odelsgut var ikkje like ivrig, og eg merka at han helst hadde sett at eg heldt meg heime. Han trudde vel ik-kje at eg hadde greie på slikt, men eg skulle nok vise han!

    Berre gå og sett deg i bilen, eg kjem snart! ropa eg til han. i all løynd hadde eg sydd meg ein dress av hjorteskinnet frå i fjor, her skulle det glidast rett inn i hjorteflokken! I tillegg hadde eg kjøpt meg ein lur som visstnok laga akkurat den same lyden som ei hjortekvige i brunst. det var vanskeleg å tolke blikket til Odelsgut idet eg nærma meg bilen. Tørk av deg det fliret, sa eg, berre vent å sjå! du har kanskje erfaring når det gjeld jakt, men eg forstår meg på kva hankjønnet er ute etter, smelde eg i han. Jauda, han måtte innrømme at hadde det ikkje vore for hårrullane, kunne eg ha vore god nok kjerring for kva bukk som helst. Men kva i fan er den lukta, snerra han i det vi burna oss ut av tunet. Det er lukta av brunst, svara eg, og viste han den store brune flaska eg hadde kjøpt på Ebay på tilbod for 99 euro.

    du får sette deg ut i einefaret, du då, sa Odelsgut, så får eg ta turen over elva slik at det vert kjøt på oss i vinter. Eg hepsa meg ut av bilen, han var ikkje akkurat lett, kamuflasjefanskapen, men han kom til å gjere nytta si, det var eg viss på. ta spælet ditt og dra deg vekk, ditt fesjå! ropte eg. Eg la meg godt til rette midt oppe i ei stor einetue, dynka meg med brunstlukta, tok fram luren og bles med det eg hadde. å, herregud for ein lyd! det var nesten som å høyre Odelsgut då eg voksa ryggen hans fyrste gongen. Brått vart alt merkeleg stille, endåtil fuglane slutta å kvitre, men ingen hjort var å sjå. Eg får prøve ein gong til, tenkte eg og bles i veg. Brått høyrde eg eit voldsamt rabalder frå skogen. Jorda dirra og trea flaug som fyrstikker til side. Fan steike! Der kom kvar ein einaste grade hjort i mils omkrins i full galopp rett mot stakkars vesle meg. Eg hoppa opp og la på sprang så fort beina bar, men i den store hjorteskinndressen, var det ikkje enkelt å få den eine foten framføre den andre. Odelsgut! skreik eg fortvila. Om du ikkje hjelper meg no, vert det ikkje mykje att til kveldskosen!!! Eg kjende det som om eg sprang i sakte film idet eg snubla i ei blåbærtue og datt med trynet fyrst. Eg snudde meg og såg horva kome imot meg, og akkurat idet den fyrste bukken kom hoppande, høyrde eg ei rad med skot som ingen ende ville ta. Hjortedressen hadde sprukke både her og der, men maten var komen i hus! Og som Odelsgut sa, betre hjorteagn har han sjeldan sett!

    Hjort er hjort

    http://gardakjerring.blogg.no