Dystopia IV

25
Samlaget

description

Dystopia IV. Siste bok i DYSTOPIA 2014.

Transcript of Dystopia IV

Page 1: Dystopia IV

Samlaget

Terje Torkildsen

D

ystopia

Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen på morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane som berre har eitt mål: Dei vil heim. Dystopia I er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar.

Terje Torkildsen fekk Uprisen 2009 for romanen «Marki Marko».

Terje Torkildsen (f. 1971) bur i Stavanger, og arbeider som komikar, skodespelar og forfattar.

“Det vi ungdom ser etter i en god bok er spenning, godt språk, innlevelse, uforutsigbare hendelser, gode spenningskurver, originalitet (…)Vinnerboka inneholdt alle disse punktene.”

Ungdomsjuryen, Uprisen 2009 om «Marki Marco».

Terje Torkildsen (f. 1971) bur i Stavanger, og arbeider som komikar, skodespelar og forfattar.

Debutromanen hans Marki Marko, er nominert til UPrisen 2009, ein pris ungdommar sjølv bestemmer kven som skal få.

Samlaget

Terje Torkildsen

Sa

mla

get

Dystop

ia

Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen på morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane som berre har eitt mål: Dei vil heim. Dystopia I er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar.

Dystopia II Foto: Line Langhelle

Andre bøker i serien

Dystopia IV

Foto: Line Langhelle

ia Terje Torkildsen (f. 1971) bur i Stavanger, og arbeider som komikar, skodespelar og forfattar.

Debutromanen hans Marki Marko, er nominert til UPrisen 2009, ein pris ungdommar sjølv bestemmer kven som skal få.

Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen på morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane som berre har eitt mål: Dei vil heim. Dystopia I er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar.

Andre bøker i serien

Dystopia III

Foto: Line Langhelle

Terje Torkildsen

D

ystopia

Samlaget

Terje Torkildsen (f. 1971) bur i Stavanger, og arbeider som komikar, skodespelar og forfattar.

“Det vi ungdom ser etter i en god bok er spenning, godt språk, innlevelse, uforutsigbare hendelser, gode spenningskurver, originalitet (…)Vinnerboka inneholdt alle disse punktene.”

Ungdomsjuryen, Uprisen 2009 om «Marki Marco».Andre bøker i serien Foto: Line Langhelle

Terje Torkildsen

D

ystopia

Samlaget

Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen på morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei rei-se på liv og død for ungdommane som berre har eitt mål: Dei vil heim. Dystopia I er ein motorveg av ei lesa-roppleving, skreddarsydd for utol-modige og spenningsglade lesarar.

Terje Torkildsen fekk Uprisen 2009 for romanen «Marki Marco».

Det Norske samlaget

www.samlaget.no

ISBN 978-82-521-7409-0

Page 2: Dystopia IV

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 1

Page 3: Dystopia IV

Terje Torkildsen

Dystopia IV

Roman

SamlagetOslo 2012

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 3

Page 4: Dystopia IV

Should I stay or should I go now?If I go there will be troubleAnd if I stay it will be double

The Clash

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 5

Page 5: Dystopia IV

7

Torsdag 20.03.2014 kl. 17.33

– Eg føreslår stein, saks, papir.Scott stiller seg opp ved sida av telefonkiosken. Det er såmykje støy på den store jernbanestasjonen at han må snak-ka unaturleg høgt for å vera sikker på at dei tre vennenekan høyra han.

– Først eg mot Victor, så Kristine mot Deepika, og tilslutt vinnarane mot kvarandre. Det er rettferdig.

Victor slår oppgitt ut med armane.– Stein, saks og papir. Er du blitt åndas, mann? Me må

jo prøva å få selt diamantane først!– Hssj! freser Scott og Kristine samtidig.Victor støkk til og tek eit steg bakover.– Kva faen …Kristine himlar med auga.– Ja, rop det ut, Victor. Kom og ran oss!– Hæ?– Det d-ordet er veldig internasjonalt, seier Scott

pedagogisk. – Det blir sikkert uttalt ganske likt på alleverdas språk, så snakk i kodar, eller kall dei for steinar.

Victor nikkar og viser handflatene.– Ok, ok, men de treng ikkje å oppføra dykk som jævla

klapperslangar fordi om eg seier eit feil ord. Eg tykkjer

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 7

Page 6: Dystopia IV

8

berre det er teit å bruka tid på å ringja før me har fåttveksla … ja, de veit kva eg snakkar om … til euro. Mehar jo berre småpengar igjen, og det blir snart mørkt. Foralt me veit kan gullsmedbutikkane allereie vera stengde.

Scott nikkar og ser på jentene.– Greitt for meg.– Nei! Kristine er nesten på gråten. Ho tek røyret av

telefonen og sjekkar at det er summetone. – Dette har egventa på i to månader. Ikkje faen om eg ventar lenger.

Deepika nikkar forståingsfullt.– Ok, men me må trekkja lodd om det, seier Scott og

tek røyret frå Kristine og hektar det tilbake på automa-ten. – Alle vil jo ringja heim, men me har ikkje nok myn-tar. Stein, saks, papir? Kom igjen, Victor.

Victor lagar ein liten smattelyd og ristar på hovudet.– Ok. Same faen for meg.Scott smiler.– Bra. Då er me einige. Skal me seia best av tre?– Herregud! Kristine himlar med auga. – Me har’kje

tid til ein jævla cup. Ein gong er nok.Victor og Scott tel til tre og viser fram høvesvis to

fingrar og ein knyttneve.– Ok, det blei meg, seier Scott. – Er de klare, jenter?

Ein, to, tre.Begge jentene viser knyttneve.– Ein gong til. Ein, to, tre.Deepika ser konsentrert framføre seg og er tydeleg

gira på å vinna, men Kristine slår henne med papir motstein. Ho pustar letta ut og smiler mot Scott.

– Ok, speidargut. Då er det du og eg.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 8

Page 7: Dystopia IV

9

Scott stiller seg opp framføre henne, men så ombe-stemmer han seg.

– Nei, det er greitt, Kristine. Du skal få denne.– Seriøst?– Ja, dette er mykje viktigare for deg enn det er for meg.Kristine lyser opp og smiler takknemleg. Victor rotar

rundt i lommene etter småpengane.– Er du sikker på at dette er så lurt, Kristine? Du kjem

garantert til å byrja å grina.– Få pengane.Kristine grabbar myntane ut av handa hans før han

får gitt dei til henne.– Og så må du sikkert slå 0047 først, seier Deepika

og ser på gutane gjennom oppskrapa brilleglas. – Trur deikkje ho må slå 0047 først?

– Men kva viss ingen tek telefonen? spør Victor. – Erdet din tur då, Scout? Det er vel rettferdig det, sidan duvar i finalen.

Scott heiser litt på akslene før han svarer.– Kan me ikkje heller gå og selja steinane viss ingen

svarer, så kan Kristine heller prøva igjen seinare?Victor og Kristine nikkar. Deepika er openbert veldig

lysten på å ringja sjølv, men vel å gi etter for fleirtalet.Kristine har allereie teke av røyret og byrja å leggja påmyntar. Det vesle displayet viser at ho har nesten femeuro å ringja for. Det kjem ein sped pipelyd kvar gongho trykkjer inn dei små metallknappane med tal på. Hopustar inn gjennom nasen og slepper ut lufta. Dei andreheld pusten.

– Hallo?

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 9

Page 8: Dystopia IV

10

Kristine held røyret med begge hendene.– Hallo? Mamma, er det deg? Det er meg, Kristine!Meir klarer ho ikkje å få sagt før tårene kjem. Victor

legg ei trøystande hand på ryggen hennar, men ho ristarhan vekk. Scott og Deepika trekkjer seg litt unna. Kristi-ne prøver å henta seg inn. Ho tørkar tårer med handba-ken og hyperventilerer.

– Ja, det er meg, kviskrar ho før ho blir overmanna avei kraftig gråteri. Det er djupe, håse hikst som får heileoverkroppen til å rista.

– Ja, eg veit! skrik ho. – Eg har tenkt på deg heile tida,kor redd du har vore!

Ho finn ein slags rytme som gjer det mogleg å ropaog grina samtidig.

– Nei, ikkje Robijne. Ho er død! Det har vore heiltjævlig. Eg vil heim!

Victor prikkar Kristine på aksla. Han ser på hennemed tårevåte auge og peiker på telefondisplayet. Det erberre snautt to euro att, og automaten tel raskt og nåde-laust ned mot null.

– Men eg har det bra. Eg er i live. Hæ? Kor me er? Eh,me er i Brussel. Hæ, ja i Brussel. På ein jernbanestasjon.Me skal til Berlin, ja, til Erlend Rikosjett. Han er onkelentil Victor.

Kristine blir ståande ei stund og lytta utan å avbryta,samtidig som ho tørkar seg i fjeset med ermet på kåpa.

– På nyheitene? Har me vore på nyheitene? Ja, lærarenvår, Normann. Han døydde på Heathrow. Ja, nei, ja, handøydde, og Thomas og Robijne er døde, men me andrelever.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 10

Page 9: Dystopia IV

Det byrjar å pipa frå telefonen, og ei stemme kjem ogseier noko på fransk og flamsk.

– Faen, det er ikkje meir pengar igjen. Prøv å ringjameg opp igjen, hæ? Skjult nummer?

Kristine saumfer telefonautomaten med blikket ogfingrane på venstrehanda.

– Nei, eg kan ikkje sjå noko nummer. Faen. Mamma!Nei! Eg er gra…

Det bryt.– …vid! Mamma!Kristine sig ned på kne og hylgrin inn i røyret.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 11

Page 10: Dystopia IV

12

Torsdag 20.03.2014 kl. 18.18

Det er så mykje folk i den travle handlegata at dei måvera konsentrerte for å ikkje mista kvarandre i mylderet.Kristine stoppar og peiker opp på ein bygningsfasade.

– Her er det, City 2 i Rue Nueve. Det var det hantaxisjåføren sa. Då må gullsmeden vera like i nærleiken.Ja. Og sjå: Der borte ligg H&M.

Dei stiller seg inntil veggen på det store kjøpesenteretog kjem seg slik litt vekk frå den største folketrengsla.Kristine står og poserer framføre eit utstillingsvindaugesom gir eit svakt spegelbilete av dei fire ungdomane.

– Korleis ser eg ut? spør ho og stryk handflatene ned-over den marineblå dunkåpa ho fekk av Madeleine dådei reiste frå slottet i Moulindam.

– Du ser faen alltid råsexy ut, Kristine, seier Victor ogviser trutmunn.

– Pøh. Ho avviser kokett komplimenten og betraktarspegelbiletet av seg sjølv med hovudet litt på skakke.– Men eg ser ikkje så verst ut, gjer eg det? Ser ikkje utsom eg har levd som ei bikkje dei siste månadene?

– Du ser veldig fin ut, smiler Deepika. – Du liknar påein berømt modell, men eg hugsar ikkje kva ho heiter.

– Ja, du gjer det, samtykkjer Scott. – Men du er kan-

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 12

Page 11: Dystopia IV

13

skje litt for flott. Folk legg merke til deg. Det er eigentlegikkje så bra. Eg har ikkje lyst, men eg kan godt prøva åselja steinane eg, viss de trur det er ein betre idé.

– Nei, det trur eg ikkje, seier Kristine med ei nedlat-ande mine. – Viss det er nokon som blir lagt merke tilher, så er det du.

Ho angrar seg med det same ho seier det.– Det eg meiner er at …– Eg er stygg, svarer Scott med eit skeivt smil.– Nei, det er ikkje det eg meiner. Du er ikkje stygg,

Scott. Du er flott. Eg meiner det. Ho legg handflatakjærleg på kinnet hans. – Men du ser shabby ut. Det ersikkert den brekte nasen og dei slitne kleda som gjer det.Ingen vil tru at du har skaffa deg steinane på ærleg vis.Eg kan ta med meg Deepika?

Deepika støkk til.– Trur du det er lurt? spør Victor. – Deepika er jo inn-

vandrar.Scott byrjar å le. Kristine ser oppgitt på Victor.– Kva faen har det med saka å gjera?Scott slår ut med armane.– Kva er dette? VM i fornærmingar? Me er jo alle inn-

vandrarar, Victor. Ja, illegale, papirlause innvandrarar,faktisk. Flyktningar til og med.

Dei blir ståande tause og tankefulle i nokre sekund.– Eg treng ein leppestift, seier Kristine plutseleg og

byrjar å sjå seg rundt.– What? Leppestift? Kva då for? Victor ser uforstå-

ande på henne.– Herregud, Victor. Kristine set auga i kjærasten. – Er

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 13

Page 12: Dystopia IV

14

du idiot? Kva trur du eg skal bruka han til? Eg skal brukahan til å tagga meg sjølv i ræva.

– I ræva?– Djises. Du er faktisk idiot, du.– Men du treng vel faen ikkje leppestift for å gå inn i

ein gullsmedbutikk?– Jau, eg gjer faktisk det!– Men me har jo ikkje fem flate øre, og hadde me hatt

pengar, så skulle me i alle fall ikkje brukt dei på leppestift.Kristine står og kikkar nedover gata.– Vent her, seier ho og forsvinn i folkemylderet.Dei tre andre blir ståande og sjå på kvarandre og skjø-

ner ikkje heilt kva som skjer. Det har byrja å skumra,men det er ingenting som tyder på at folk er i ferd med åforlata den travle handlegata av den grunn.

– Ganske sjukt eigentleg, seier Scott og ser over påVictor.

– Kva då?– Dette. Det er som om ingenting har hendt. For to

dagar sidan var me halvdøde heile gjengen og langt utiøydemarka. No står me i ei travel handlegate der folk gårpå shopping som om alt var normalt.

– Men det er sikkert mange som er flyktningar sånnsom oss, trur de ikkje? kviskrar Deepika og ser opp pådei som går forbi. – Mange merkelege folk her.

Alle tre blir ståande og betrakta folkestraumen som sakteflyt forbi dei. Plutseleg står Kristine framføre dei igjen.

– Kom. No veit eg kor gullsmeden er. Det er rett nedigata her.

– Korleis veit du det? spør Victor.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 14

Page 13: Dystopia IV

– Eg spurde ei ekspeditrise inne på H&M. Det varogså der eg knabba denne, seier ho og fiskar fram einliten sylinder frå lomma. Ho kastar eit blikk på spegel-biletet og viser med ei rutinert rørsle at ho kunne påførtseg leppestift i søvne.

– Kom, smiler ho med mørkeraude lepper og girVictor eit saftig kyss på kinnet.

– Faen, Kristine! Kva gjorde du det for? Fekk egmerke no?

Han går mot utstillingsvindauget for å spegla seg. Detraude kyssemerket er synleg på mange meters avstand.Han gnir frenetisk på kinnet med ermet på jakka.

– Satan! Kva faen var vitsen med det? Eg liker ikkjeleppestift. Blir faktisk kvalm av det.

Scott og Deepika ler.– Synd for deg, loverboy, flirer Kristine. – Du må berre

venna deg til det no som me er komne tilbake til sivilisa-sjonen. Frå og med i dag skal eg aldri meir gå utan. Kom.No er eg klar for dealing.

Kristine stakar ut kursen og tråklar seg gjennom folke-mylderet. Dei andre må hengja i for å halda følgje. Dei gåreit stykke nedover gata. Etter dei passerer inngangen til detstore kjøpesenteret, blir det mindre folk, og på eit hjørnefinn dei det dei er på jakt etter. Litt oppe på veggen på eitgammalt bindingsverkshus heng det eit mørkt skilt med einstor kvit diamant. Kristine stansar og ventar på dei andre.Ho gjer nokre kjappe pusteøvingar for å kvinna seg opp.

– Har du alt du treng? spør Scott.Kristine kjenner etter i lomma og nikkar, før ho går

med bestemte steg mot døra til gullsmedbutikken.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 15

Page 14: Dystopia IV

16

Torsdag 20.03.2014 kl. 18.37

Det kjem ein elektronisk plingelyd i det Kristine entrargullsmedforretninga. Det er to ekspeditriser der inne.Ingen kundar. Begge dei tilsette har kvite silkeblusar påseg, og svarte bukser med press. Den eine dama står bakein ganske lang glasdisk. Den andre er i ferd med å fjernasmykke og ringar frå utstillingsvindauga.

– Å, unnskyld, har de stengt? spør Kristine usikkert.– Nei, ikkje enno, seier dama bak disken og smiler.

– Me har berre byrja å gjera klar for stenging. Kva kan eghjelpa med?

– Eh, jo, no skal du høyra. Kristine finn tilbake tilden sjølvsikre mina ho hadde då ho gjekk inn butikk-døra. – Eg har arva ein diamant frå ei tante i Antwerpenog lurte på kva han kunne vera verd, ja, og kva eg even-tuelt kunne få for han.

Dama bak disken endrar mine frå smilande og service-innstilt til gretten og skeptisk.

– Me kjøper ikkje noko her, seier ho snurt. – Dette erein butikk. Ein butikk er ein stad der ein sel ting.

Kristine ser overraska ut.– Verkeleg? Eg fekk eit tips om å gå nettopp til dykk.

De er visst dei beste i Brussel, etter det eg har forstått.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 16

Page 15: Dystopia IV

17

Under vanlege omstende ville eg jo reist til Antwerpen,men sånn som tidene er no …

Kristine ristar sørgmodig på hovudet og lagar ein litensmattelyd. Dama bak disken nikkar medfølande. Dei blirståande slik og uffa seg ei lita stund.

– Eg var faktisk i Antwerpen for ei veke sidan, seierKristine med sensasjonsstemmeleie.

– Verkeleg? Dama bak disken bit på. – Det trudde egikkje var mogleg.

– Me drog med båt. Det er den einaste måten. Altligg under vatn. Absolutt alt.

– Ja, eg høyrer dei seier det, og det vil visst ikkje trek-kja seg tilbake heller, vatnet, seier dei. Det kan ta år, vissdet i det heile kjem til å skje.

– Ja, det er forferdeleg. Heilt forferdeleg. Den finebyen, men det finst visst stader der det er endå verre.

– Ja, England er visst ikkje til å kjenna igjen.– Uff, ja. Kristine lagar ein grimase. – Det var den

kjernekraftulukka som var det verste, seier dei. Mangemillionar er visst døde.

– Eh, er du engelsk, kanskje? spør dama forsiktig.– Nei, takk og lov. Eg er dansk, lyg Kristine. – Men

det er ikkje så mykje betre heime i Danmark, er eg redd.– Ja, huff, det har eg høyrt. Det er eit flatt land, er det

ikkje?– Jau, veldig flatt. Heile vestkysten er skylt på havet.

Mange er døde. Veldig mange. Kristine stirer tomt ut ilufta framføre seg.

– Har du mista nokon, kanskje? spør dama medan hoprøver å få blikkontakt igjen.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 17

Page 16: Dystopia IV

18

– Å nei. Heldigvis ikkje. Eg var ikkje heime då detskjedde, var på skuletur. Foreldra mine bur dessutan ikkjeved kysten, men tanta mi, ho i Antwerpen, ho mista alt.

– Forferdeleg, forferdeleg. Dama bak disken verkaroppriktig lei seg på den oppdikta tanta sine vegner. – Ogdet ser ikkje ut til at folk kan venta å få så mykje igjenheller på forsikringa. Det var jo ille nok som det var fråfør med euroen, og slike astronomiske summar som deter snakk om no. Så mykje pengar finst vel ikkje? Det erforferdeleg, men forståeleg. Heile økonomien ville jokollapsa.

Kristine nikkar sørgmodig.– Ja, du har sikkert rett. Men me får gjera så godt me

kan. Takk for praten i alle fall. Ha det bra, og gud velsignedeg.

Kristine snur seg og byrjar å gå mot døra.– Vent litt, seier dama og smiler. – La meg få sjå på

steinen din.Kristine stoppar opp og går tilbake. Ho fiskar fram

eit lite samanbretta papir frå lomma på boblekåpa oglegg det på disken. Dama tek papiret og brettar det ut.Ein liten blinkande krystall kjem til syne. Dama finnfram ei svart lupe og studerer steinen i nokre sekund.

– Han er fin, seier ho og ser opp på Kristine. – Hardu sertifikat på han?

– Nei, dessverre, svarer Kristine og gir dama eit bambi-blikk. – Det var nok difor eg fekk han av tanta mi. Dåbølgja kom, måtte ho rømma i hurten og styrten, menkjenner eg tanta mi rett, så er han garantert ekte.

– Ja, eg har ingen problem med å sjå at han er ekte.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 18

Page 17: Dystopia IV

19

Kvaliteten er god, og han er fint slipt. Men det kan veraein konfliktdiamant.

– Konfliktdiamant? Kva meiner du?– Ja, dei blir gjerne også kalla for bloddiamantar. Det

er steinar med tvilsamt opphav. Diamanten din kan jovera stolen for alt eg veit.

Kristine får ei fornærma mine i fjeset.– Eg kan verkeleg forsikra deg om at den diamanten

ikkje er stolen.Dama ser alvorleg på Kristine.– Men kan du bevisa det?Kristine ventar litt med å svara. Ho ristar sakte på

hovudet.– Nei, seier ho roleg. – Det kan eg dessverre ikkje.Ho skal til å ta diamanten tilbake, men dama bak dis-

ken viser med ei handrørsle at ho ikkje skal gjera det. Såsnur ho seg mot ei dør og roper eit namn på flamsk. Eineldre mann kjem inn bak disken. På panna har han eimerkeleg brilleinnretning med luper på. Han mønstrarKristine med eit kjapt blikk før han bøyer seg ned overdiamanten, vippar ned ei lupe frå brilla og studerer denvesle krystallen.

– Wesselton? Dama bak disken snakkar så lågt atKristine knapt kan høyra kva ho seier.

Mannen nikkar. Dei har ein kort samtale på flamsk.– Fem hundre, seier han kjapt og kort. Først på

flamsk til dama bak disken og så på engelsk til Kristine.– Fem hundre? seier Kristine tilsynelatande overraska.

– Eg trudde …– Ja, du kan sikkert få meir for han ein annan stad,

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 19

Page 18: Dystopia IV

seier dama. – Etter det som skjedde i Amsterdam og Ant-werpen, er prisane skyhøge, men berre viss ein har papirai orden. For at me skal kunna selja steinen, må me få hanresertifisert. Me kan gi deg fem hundre euro, men ikkjemeir.

Kristine tenkjer seg om.– Tusen.– Nei, du får fem hundre, men ikkje meir.– Sju hundre?Dama smiler overberande.– Fem hundre, eller ingenting.– Kontant?– Ja, kontant.Kristine speler tenksam i nokre sekund.– Ok, det er ein avtale.Dama nikkar og smiler medan ho opnar kassen.– Og forresten, seier Kristine og viser eit Colgate-

smil. – Det er fint viss eg kan få ein del myntar.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 20

Page 19: Dystopia IV

21

Torsdag 20.03.2014 kl. 18.59

– Du er eit geni, Deepika! roper Victor samtidig som hantrykkjer eit pizzastykke inn i kjeften. – Et og drikk såmykje du orkar for ti euro. Det er faen meg eit kupp.

– Herregud, Victor. Kristine himlar med auga. – Dutreng vel ikkje eta med begge hendene for det?

– Nei, du får plass til meir mat viss du tek det litt rolegog et saktare, seier Deepika og ser smilande rundt på ven-nene ved bordet. – Det har i alle fall mor mi alltid sagt.

Scott har munnen full av mat og nøyer seg med ånikka eit svar. Victor tek ein stor slurk brus frå eit papp-beger samtidig som han tygg i seg siste resten av pizzaen,noko som gjer at han byrjar å hikka heftig.

– Hikk! Satan. Hikk! Eg har fått hikke. Hikk!Dei andre ler. Scott må leggja ei hand framføre mun-

nen for å halda maten på plass inni kjeften. Folka på deinærmaste borda snur seg mot dei.

– Hikk! Victor klarer ikkje å stoppa. – Skrem meg,for faen. Hikk!

Dei andre ler så dei nesten ramlar på golvet.– Faen. Det er ikkje løye. Hikk! Han prøver å skylja

vekk hikken med ein slurk brus, men så kjem det eit nytthikk midt i slurken, noko som gjer at mesteparten av

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 21

Page 20: Dystopia IV

22

brusen hamnar på bordet og genseren. Dette får ikkjeakkurat dei andre til å slutta å le.

– Faen, ikkje le. Skrem meg! Hikk!Kristine tørkar lattertårer og set seg opp på den grøne

skaibenken. Ho tek den eine handa til Victor i sine ogser han djupt inn i auga.

– Det er noko eg må fortelja deg, Victor, seier ho medalvorleg stemme.

– Hikk! Ja vel?– Du skal bli far. Eg er gravid.Den siste stavinga kjem som eit kvin, og så ramlar ho

over bordet med latterkrampe. Scott ler så høgt og hjar-teleg at det rungar i heile pizzarestauranten.

– Å, det er så spennande, seier Deepika oppglødd.– Tenk at de skal bli foreldre. Eg føler det nesten som ateg skal bli tante, på ein måte.

Victor sit og stirer konsentrert framføre seg.– Han forsvann.– Kven då? spør Deepika forviten.– Hikkinga. Victor er eit einaste stort smil. – Det

verka, faen meg. Du klarte å skremma meg, Kristine.Kristine ligg nedsøkkt på benken og tørkar lattertårer.– Å satan, det var løye. Du skulle sett det trynet ditt,

Victor.Ein sur servitør kjem bort til bordet og bed dei roa

seg ned. Scott mumlar ei unnskyldning til svar.– Eg hadde hikke, seier Victor til servitøren og peiker

på halsen.Kristine slepper ut ein liten latter mellom hardt saman-

pressa lepper.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 22

Page 21: Dystopia IV

23

– Er du redd for å bli far, Victor? spør Deepika medei litt bekymra mine.

– Eh. Victor ser frå Deepika til Kristine og tilbakeigjen på Deepika. – Redd. Nei. Eg er ikkje redd for noko,eg, Kva faen skulle eg vera redd for?

Det blir stille rundt bordet i nokre sekund.– Nei, no må me bruka kjeften til å eta med, seier

Scott og stig brått ut av båsen med tallerken i handa.Han går over mot pizzabuffeten. Deepika følgjer

etter. Kristine tek handa til Victor og får eit lite smil til-bake.

– Sa du det til mor di at du er gravid? spør han.Kristine ventar litt med å svara.– Nei, eller jo. Eg prøvde å seia det, men det var då

det braut. Eg trur ikkje ho høyrde det. Eg må uansettringja tilbake igjen når me kjem til jernbanestasjonen.

– Skal me tilbake dit no etterpå?– Ja, skal me ikkje det?– Eg veit ikkje kva me skal.Kristine lener seg over bordet og senkar stemma.– Me må komma oss vekk herfrå, Victor, så fort som

mogleg.Victor ser uforståande på henne.– Kvifor det? Er det noko du er redd for?Kristine hufsar seg.– Eg veit ikkje. Eg har berre ei dårleg kjensle. Liker

ikkje dette landet.Victor legg overkroppen mot bordplata og kviskrar.– Trur du det er nokon andre enn oss som veit om

steinane?

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 23

Page 22: Dystopia IV

24

Kristine kikkar seg over skuldra før ho svarer medhanda framføre munnen.

– Nei. Eller… No veit jo gullsmeden om den einesom eg selde, men gudane skal vita kva meir dei kanfinna ut med dei spooky lupene sine. Skulle få steinenresertifisert, sa dei.

– Kor mange steinar har me igjen?– 63.– Bra. Men du har sikkert rett. Lurt å komma seg av

garde og få selt resten ein annan stad, i ein annan by. Sik-kert lurt å bevega seg. Selja litt her og litt der, sånn somlangarane gjer. Ikkje det at eg trur at me har politiet ihælane altså, men likevel.

Kristine nikkar.– Eg kan venta med å ringja heim igjen. De andre kan

ringja. Eg kan venta til me kjem til Berlin.Victor set seg opp i setet og ser alvorleg på henne,

men så lyser han plutseleg opp.– Men høyr: Kva om me kjøper ein billeg kontant-

telefon i staden? Då kan me få foreldra våre til å ringjaoss opp igjen, og så slepp me å stressa med alle myntane.

– Må me ikkje ha leg for å kjøpa telefon?Victor smiler oppglødd.– Nei, det trur eg ikkje. Hugsar i alle fall at Hugoen

hadde ein uregistrert telefon. Du veit han som deala påskulen.

Kristine nikkar. Scott kjem tilbake til bordet med einstabel pizzastykke og eit par salatblad som han har lagtpå tallerken for å framstå som mindre glupsk.

– Kva seier du, Scout? Victor er tydeleg begeistra for

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 24

Page 23: Dystopia IV

25

ideen sin. – Kva om me kjøper ein kontanttelefon i sta-den for å bruka myntautomatar? Då kan dei heime hellerringja oss tilbake igjen.

Scott svelgjer og nikkar.– Veldig lurt, Victor. Viss me har ein telefon sjølve, kan

me dessutan ringja frå kor som helst. Sikkert frå toget òg.– Skal me dra tilbake til jernbanestasjonen no? spør

Kristine. – Eller kva med fly? Det er kanskje like billeg?Sjølv om det ikkje går fly til Noreg, så går det vel flymellom dei andre landa?

Scott har byrja å eta på det eine pizzastykket allereie førhan har sett seg, og må tyggja litt før han svarer. Deepikakjem og set seg inntil bordet.

– Eg trur det er lurt å dra tilbake til stasjonen så fortsom mogleg, seier Scott og skyl ned maten med ein slurkbrus. – Me kjem oss neppe inn på noko fly utan legiti-masjon. Me kan eventuelt oppsøkja den norske ambas-saden her i Brussel, men den er sikkert stengd no, såseint, og det er vel bortkasta pengar å leggja seg inn på eithotell? Eg vil dessutan rekna det som ganske sannsynlegat det går nattog frå Brussel til Berlin no i kveld. Kormykje pengar har me igjen, etter me har betalt for detteherremåltidet?

– 460 euro, svarer Victor kjapt.Scott kastar seg over matfatet igjen.– Bør me ikkje gi tips? spør Deepika.– Oh, no.– Ikkje faen.– Når du er fattig, har du lov til å vera kjip, seier Scott

pedagogisk. – Me kan kanskje få fire togbillettar og ein

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 25

Page 24: Dystopia IV

26

kontanttelefon for dei pengane me har igjen, men eg erikkje sikker.

– Eg skulle veldig gjerne hatt eit par nye briller, seierDeepika og løftar brillene av nasen. – Sjå her, dei er heiltoppskrapa. Eg ser berre skodde.

– Me må nok venta med det, seier Scott og ser påhenne med eit faderleg blikk. – Briller er dyre, veit du.Me må nok venta til me kjem til Berlin i alle fall.

Victor og Kristine er einige.– Kva om me kjøper togbillettane først, føreslår Scott.

– Det er vel det viktigaste?– God plan, Scout. Jævlig god plan.Kristine nikkar. Victor reiser seg frå benken.– Skal du ha endå meir mat? spør Kristine overraska.– Ja, visst faen skal eg ha meir, men først skal eg drita.

Flytt deg, Scout. Scott går ut av båsen for å sleppa kom-pisen forbi, men Victor stoppar opp halvvegs oppreist ogblir ståande og nøla.

– Eller vil du ha meir pizza, Kristine? Skal eg hentanoko til deg, før eg går på dass?

– Å nei, elles takk, svarer ho og ristar på hovudet. – Eghar ete så mykje at eg nesten spyr.

– Må du kasta opp igjen? spør Deepika medfølande.Kristine smiler og ristar på hovudet.– Nei, eg trur ikkje det. Eg meinte berre å seia at eg er

veldig mett. Gå og drit du, Victor.– Ok, takk. Victor stig endeleg ut av båsen. – Eh,

men kor var dassen eigentleg?– Nedi kjellaren, svarer Kristine og byrjar å ta på seg

kåpa.

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 26

Page 25: Dystopia IV

– Nei, slapp av. Take it easy. Victor viser begge hand-flatene. – Me skal ikkje gå enno. Eg skal berre ein tur pådass. Eg er ikkje ferdig å eta. Først skal eg drita, så skal egeta meir. Så skal eg drita, så skal eg eta. Heile resten avlivet: drita og eta. Eg er ein føkkings evigheitsmaskin! Fyfaen, livet er herleg!

Dystopia IV 2 korr.qxd:Dystopia 26-06-12 12:51 Side 27