Coolman og Kai

14

description

Teikneserieroman av Bertram & Schulemeyer. Frå tysk ved Ragnar Hovland.

Transcript of Coolman og Kai

Page 1: Coolman og Kai
Page 2: Coolman og Kai

Rüdiger Bertram

Ein teikneserieromanmed illustrasjonar av Heribert Schulmeyer

Frå tysk ved Ragnar Hovland

SamlagetOslo 2014

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 1

Page 3: Coolman og Kai

1. kapittel

Om eg får lov: COOLMAN og eg

Sjå føre dykk ei gate. Bratt som ein hoppbakke går honedover fjellet. Ved enden av ovarennet ligg ein liten parkmed ein dam som ser ørliten ut her oppe ifrå.Har de fått med det?Flott.Sjå så føre dykk ein gul søppelcontainer. Ein slik medørsmå gummihjul under, fylt til randa med uvaskayoghurtbeger. Kan de sjå den føre dykk? Kan de lukte muggen? OK, sjå no føre dykk ein gut som står til halsen i dessestinkande begera og skrik i panikk, høgare enn ein brøle -ape i dyrehagen, fordi denne idiotiske plastlikkista ikkje harnokon bremser og rullar fortare og fortare nedover denbratte gata.Kan de sjå det føre dykk?Veldig bra, då veit de også kven eg er. Eg heiter Kai, ogeg er han guten som brøler for livet i containeren fordilastebilen som kjem frå høgre, ikkje bremsar før i sistesekund, og der framme kjem alt neste kryss.

Så langt har de hatt det lett. Men no blir det vanskeleg,for eg er ikkje åleine i containeren.

3

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 3

Page 4: Coolman og Kai

Sjå føre dykk ein fyr med kappe og svart augnemaskesom sit ved sida av meg. Han held hovudet høgt i vindenog ser til og med ut som han nyt det.Og for å gjere det endå litt vanskelegare for dykk så harhan ein fargerik plasttrompet i handa som han blæs i, somom han skulle vore trompetist i 6. kavaleri. På veg for åredde ein flokk nybyggjarar frå ein horde med apasjar påkrigsstien.

Må eg få presentere? Den livstrøytte fyren medtrompeten ved sida av meg lyder namnet COOLMAN.COOLMAN har følgt meg sidan eg var fire. Men det er

4

Eg elskar at vindenstryk meg gjennom

håret!

Eg vil ut herifrå! Kvifor det? Vi har jo nett opp starta.Tilangrep, vi kjem!

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 4

Page 5: Coolman og Kai

berre eg som kan sjå han. For alle andre er han usynleg,og det er også best slik. Det held at han gjer livet mitt tilei endelaus rekke av stadig meir katastrofale katastrofar.Og – kjempeoverraskande! – COOLMAN er også skyld iat eg sit i denne stinkande containeren og rasar av stadmot min eigen slutt.

Eigentleg begynte dagen ganske bra. Ein bra Kai-dag erein dag som går over utan større ulykker, og der COOL -MAN viser seg så sjeldan som mogleg. Som eigentleg gårut på det same.Denne føremiddagen var ein slik bra Kai-dag. Sola skein,eg gjorde meg ikkje til latter på skulen, og også COOL -MAN var stille og tilbakehalden. Han liker ikkje skulen,akkurat som eg. Men det er også det einaste vi har tilfelles.

Tre grunnar til at COOLMAN ikkje liker skulen:1) Han kan ikkje rekne.2) Han kan ikkje skrive.3) Når eg har undervisning, har eg inga tid til overs forhan.

Tre grunnar til at eg ikkje liker skulen:1) Den begynner for tidleg.2) Den varer for lenge.3) Eg kjenner enno ikkje så mange der, då vi nettopp harflytta hit.

5

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 5

Page 6: Coolman og Kai

Ok, COOLMAN har rett. Altså, når det gjeld folk, ikkje 45.Eg kjenner verkeleg ingen her enno, elles hadde eg ikkjesete i denne teite containeren. Viss eg hadde kjent dei togutane som sat på benken framfor skulen, så hadde eghalde kjeft då dei spente bein for meg. Eg hadde berrereist meg utan å seie eit ord. Bortsett frå kanskje: «Unn -skyld at eg snubla over føtene dykkar.»

6

Ikkje lyg! Du kjenneringen her utanom

meg.

Klart egkjennernokon.

Kven då?Fru

Maier.

Ho er jo kontaktlærarendin. Ho tel ikkje. Og

forresten kan egrekne.

Kor mykjeer 4 x 5? 45!

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 6

Page 7: Coolman og Kai

Min største feil: Eg høyrer for ofte på råda til COOLMAN.«Når de blir store, kan de få vaske Porschen min,» sa eg,då eg syntest det var litt overdrive med Ferrari.Eg visste jo ikkje at dei var dei verste slåstkjempene påheile skulen. Farlege typar som ein ALDRI I LIVET bør gieit frekt svar.For å seie det kort: Dei greip tak i meg, stappa meg påhovudet opp i den gule containeren og skubba meg ut pågata. Det var ille nok, men ikkje bekymringsverdig.Bekymringsverdig var det derimot at skulen vår ligg høgtoppe på fjellet, som eg no rasar nedover i vill fart i dengule plastkabrioleten.

7

Sei til deiat når dei blir store,

kan dei få vaskeFerrarien din.Eg er då ikkje

lei av livet.

Sei det!Sei det!

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 7

Page 8: Coolman og Kai

Det første raude lyset hadde eg overlevd. Men derframme er neste lyskryss, og det er også raudt. Med mitthell kunne eg heller ikkje vente meg noka grøn bølgje.Men det er iallfall det siste lyskrysset. Bak det ligg parken,og viss eg kjem meg heilt dit, er sjansane mine for åkunne krype levande ut av containeren ikkje så dårlege.Langsamt finn eg ut av korleis eg kan styre han. Når egkastar meg tungt frå den eine sida til den andre, gjer ogsåden gule søppelracerbilen eit lite sprang til sida. Det erabsolutt nødvendig, då eg må passere ein liten bil somstoppar for raudt lys. Hårfint stryk eg forbi støytfangarenog klarer å suse forbi på venstre side. Då eg står påhøgde med rattet, ser eg kven som eig bilen. Bak rattet sitfru Maier, læraren min. Ho stirer på meg som om ho bleiforbikøyrd av ein elefant på skøyter.

8

Du må helse!Har du ingen manerar?

Sei pent god dag!

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 8

Page 9: Coolman og Kai

Men det får eg ikkje gjort fordi eg fer forbi henne så raskt. Det blir akkurat tid til å vinke til henne. Fru Maiervinkar tilbake, men eg går ut frå at det berre var einhøfleg refleks. Så er ho alt langt bak meg, og eg måkonsentrere meg om å komme meg levande over sistekryss.Framme til høgre held det eine hjulet på å ramle av. Ikkjeså rart, desse greiene er laga for å bli trilla fråoppbevaringsplassen og bort til søppelbilen og tilbake, ogikkje for noko anna. Til Formel-1-løp er materialet heiltueigna, og ein avkøyringsplass der ein kunne skifte hjul, erheller ingen stad å sjå.Trass i hjulproblemet kastar eg meg eit par gonger motcontainerveggane for å komme meg unna bilane somkryssar gata frå venstre og høgre. COOLMAN forsøker åtute oss fram med trompeten. Som om nokon kunnehøyre det! Trompeten er det berre eg som høyrer, og denstøyen som COOLMAN kallar musikk, sørgjer ikkje akkuratfor å gjere situasjonen lettare. Tvert om. Det er fordiCOOLMAN sjeldan treffer den rette tonen. Og når hangjer det, er det heilt tilfeldig.

COOLMAN elskar dårlege vitsar, men nett no gjer detmeg ingenting. Det siste krysset ligg bak oss, og eg leverenno. Hurra! EG LEVER ENNO!No kan det ikkje skje så mykje meir. Der framme ligg altparken, og med litt hell vil køyretøyet mitt langsamt falle tilro på plenen.

9

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 9

Page 10: Coolman og Kai

Og sanneleg mistar containeren farten på parkvegen. Egsnur meg og ser meg tilbake på den bratte gata somfører opp til skulen min. Midt i krysset står framleis eit parforvirra bilførarar parkerte og kan ikkje forklare for segsjølve kva det var som nettopp rasa forbi dei. Det skulleikkje forundre meg om direktelinja til UFO-oppdagings -kontoret vil vere opptatt dei neste timane.

Containeren rullar no ganske langsamt over plenen motdammen. Vatnet er dekt med eit illeluktande slimlag, dåendene her sit tettare saman enn høner i eit hønseri.KNAKK! Lyden kjem frå høgre side der framme. Det øyde -lagde hjulet har stanga nedi eit harehol og har tatt endelegfarvel. Resultatet er at containeren legg seg over på sida,som i langsam kino, og spyttar heile innhaldet sitt, altså megog dei uvaska yoghurtbegera, ut i det grøne vatnet i pølen.

10

Eg har til og med spelttrompet for kongar!

Kva forkongar?

Hjarterkonge,Sparkonge,

Kløverkonge …

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 10

Page 11: Coolman og Kai

«Hei, gut, kva er det du driv med?! Du er vel blitt heiltgalen!» Ein pensjonist med rutete skyggelue på hovudet ogein pose med andemat i handa står på land og peikarmed krykkestaven på yoghurtbegera som sym rundt idammen. «Det der ryddar du opp, gut! Og det på timen!»Eg nikkar berre, i og med at gamlingen ikkje ser ut somhan vil diskutere skyld og uskyld med meg. Heldigvis nårvatnet meg berre til knes. Eg vassar gjennom slammet ogsamlar inn igjen plastsøpla, som ligg og duppar mellomendene i grauten.Gamlingen seier ikkje eit ord, men til gjengjeld plaprarCOOLMAN utan avbrot og fortel meg korleis han ein gongsaug alt saltet ut av Atlanterhavet, til havvatnet smakte likesøtt som limonade. Samanlikna med arbeidet den gongen

11

I denne varmen ereit bad deteinaste rette.

Det er ekkelt.

Det er ikkje ekkelt.Det er graut.

Eg elskar graut!

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 11

Page 12: Coolman og Kai

er desse få yoghurtbegera her ingenting, seier han. Detnyttar ikkje å halde seg for øyra eller auga. Det har egprøvd før. Minst ein million gonger. COOLMAN er alltid der.Ein kan ikkje berre slå han av som eit tv-apparat. COOL -MAN står alltid på stand-by.Etter eit kvarter er eg ferdig. All søpla ligg reinvaska igjen icontaineren, som eg med mine siste krefter har dratt påland. Så treng eg nye ti minutt for å finne ut kor denmerkelege kvekkinga kjem frå.Først då eg igjen har pakka ut all søpla, oppdagar eg einlòden andunge som har forvilla seg inn i den gule plastlikk -kista og ikkje kjem ut ved eiga hjelp. Gamlingen medkrykkestaven står ved sida av meg utan å gi meg eihandsrekking. I sitt tidlegare liv var han sikkert slavedrivarpå ein bomullsplantasje. Ikkje at eg trur på reinkarnasjon.Men ta no for eksempel COOLMAN: Noko gale må eg hagjort i mitt tidlegare liv for at eg i mitt noverande blirstraffa med COOLMAN. Truleg var eg Dracula,Frankenstein-uhyret eller ein annan slik ekling.

Heilt utsliten sleper eg meg opp på plenen og sig saman idet støvete graset for å la dei våte kleda få tørke i sola.«Hei, gut! Forbode å trakke på plenen! Kom deg vekk, ogdet på timen!» brøler den gjenfødde slavedrivaren ogpeikar på eit ørlite stykke gras, ikkje mykje større enn eitlommetørkle. «Der borte er plenen ein kan liggje på!»Trøytt reiser eg meg og følgjer den utstrekte krykkestavenhans.

12

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 12

Page 13: Coolman og Kai

Endeleg ro. Eg ligg på ryggen og myser mot sola. SjølvCOOLMAN ved sida av meg held munn og nyt deivarmande strålane.Så lenge han held kjeft, er det eigentleg ikkje så ille.COOLMAN har også sine gode sider.

Det som taler til hans fordel:1) Eg er aldri åleine.2)3)

Til punkt to og tre kjem eg sikkert på noko seinare. Menså lenge eg ikkje har funne nokon nye venner her, har egiallfall COOLMAN som eg kan snakke med. Det er dånoko.

13

Eg eringa straff!Eg er ei

belønning!

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 13

Page 14: Coolman og Kai

Ja, ja, for det meste, iallfall.

Fem minutt seinare skubbar ei tjukk, mørk sky seg framforsola. Like etterpå begynner det å hølje ned. Regnet plaskarned på meg. Men det gjer ingenting, sidan eg jo alt ergjennomvåt. Og dessutan fører regnvêret også noko bramed seg: Eg treng ikkje finne på noko for å forklareforeldra mine kvifor eg kjem heim heilt gjennomblaut.

Ikkje sant? Du er alltidder for meg!

Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 14