Coeur de Lion

13

description

Dikt av Ariana Reines. Gjendikta av Anna Kleiva.

Transcript of Coeur de Lion

Page 1: Coeur de Lion
Page 2: Coeur de Lion

1

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 1

Page 3: Coeur de Lion

Ariana Reines

Cœur de Lion

Gjendikta frå amerikanskav Anna Kleiva

SamlagetOslo 2015

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 3

Page 4: Coeur de Lion

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 4

Page 5: Coeur de Lion

innhald

Cœur de Lion 7

Her, hjarte, her. Etterord 95

Å vente på å komme. Ein samtale med Ariana Reines 100

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 5

Page 6: Coeur de Lion

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 6

Page 7: Coeur de Lion

Her om kveldendå eg ikkje fekk soveattmed deg og egsa eg hadde lyst til å gråteog du sa eg burde gjere detog eg såg ned og pustaog så gret egog du prøvde å ta på megog du gjorde detog du prøvde å kysse megog du gjorde på ein måte detog eg var så reddfor at eg elskar deg og du ikkje elskar megeg følte meg dum då eg tok på meg bukseneog eg følte meg dum då eg tok på meg skjortaog eg følte meg dum då eg gjekk inn på naborommet for å hente

boka miBeware of Pity av Stefan Zweig(eg hadde lese forordet til degdå eg framleis trudde vi kom til å knulle)og eg følte meg dum då døra dislamra for høgt att bak megmen då nattelufta slo mot megvar eg letta.

7

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 7

Page 8: Coeur de Lion

Du les mykje. Du har ein hunger.Eg likar det. Hungeren din gjerat du legg merke til ting.Du må ha lagt merke til at eg følte meg dumat eg følte meg hjelpelaus.Kvinner.Eg veit ikkje, Jake.Eg forstår meg ikkje på kvinner.Akkurat no føler eg meg som ei.Eg veit ikkje kva kvinner vil hamen eg veit at dei eg likarikkje er sånne hurpersom legg ein arm rundt deg(i dette scenarioet er duden yngre kvinna)og seier Du kjem til eit tidspunkt i livet.Faen ta dei, dritkjerringarsom prøver å forgifte fortvilte jentermed sitt resignerte og stusslege syn på verda.Kvinner. Dei er nøydde til å kjenne begjær.Eg òg. Eg er nøydd til å kjenne det.Og eksen din, eller kanskje de er saman igjeneg veit ikkje, Emma. Eg las noko av det ho skreivtil deg då eg braut meg inn på gmail-kontoen din.Ho er sjarmerande. Litt overflatisk kanskje

8

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 8

Page 9: Coeur de Lion

men kvikk. Sikkert ikkje så krevjande.Vi er ikkje særleg like; du er mildog nedlatande når du skriv tilhenne. Det er vanskeleg å vitenoko som helst. I grunnen verkar ho velnydeleg. Ho har krølletehår som meg, men på denne jpeg-en ser det ut somho brukar meir fuktigheitsprodukt i sitt.Du kallar henne Bunny.Det er søtt. Av og tilnår eg sit over skrevs på deg seier duei sånn latterleg greie, MamaLlama. Av og til klynkar duog jamrar og lèt somdu græt, du seier, ÅhAri, du får meg til å føle så mykje på ein gong.Eg følte også mykje på ein gong.Eg trur ikkje eg likar dei jentenesom ber om unnskyldning lik barnviss dei skulle oppføre seg usøtt.Av og til ber eg om unnskyldning. Egbad deg om unnskyldning. Syndeg ikkje er sterkare. Då skulle eg vore steilare.Emma jobbar i eit galleriein etasje under eit galleri dereg jobba for sånn tre år sidan.Ho er the gallery girl.Eg veit kva det handlar om.Eg var the gallery girl. Eg prøvde å like det. Det var viktig

9

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 9

Page 10: Coeur de Lion

å late som om ein var interessert iå vere nær kunstnarar og kunst som om nærleik var ekvivalententil metonymi, noko det ikkje er, ikkje iverkelegheita. Kva er metonymii verkelegheita. Du gnir degmot noko; noko av det som ersant og ufullstendig i det smittar over på deg;du ber det rundt påkroppen din. Kanskje. Kunst. Den der oppskryttetrivielle driten rike folk kjøper.Då eg jobba i etasjen overder Emma jobbarvar eg redd for kva det innebarå eksistere parallelt med nokonannan si oppfatning av kunst. Hjartet mittvart knust.Eg fekk aldri til å setje opp det tomme ansiktsuttrykket som kjenneteiknar heilt notidig skjønnheit.Og så har eg rarutsjånad. Eg har brukt orda Verkelegheit; Føle.Då eg jobbafor galleriet i etasjen over derEmma jobbar brukte eg miniskjørtog rare kjolar, og sjefen min,kort sagt ein bløff og det franskmennpå 1800-talet kallaein arriviste (eg kan vere pretensiøs

10

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 10

Page 11: Coeur de Lion

for eg snakkar om kunstverda),pla introdusere meg for samlararsom «geniet» hennar. Den særheita var ikkje det raraste ved denne kvinna; det ho ville havar berømmelse og meir pengar (ho hadde allereie massepengar), men trass i dettehadde ho fått smaken på idéar.Og adjektiv. Jo teitare jo betre.Ord. Eg fekk brukt nokre hos hennefordi der var ei slags vill intellektuelloverskriding i henne som trektehenne mot sånt. Den galne bror hennargav meg sparken tre gongar. Uansett,eg veit ikkje kvifor eg fortel deg detteanna enn at eg trur gallery girlshar noko å gjere medkva visse kvinner vil ha og gjer og er.Kva med gallery boys, det vilseie teknikarane.Dei gjelds også. Blæh.Ein kan forsøke å bli forført av idéen om at det å sitjeog stå i same rom som nokonokon er villig til å betale forer det same som å haeit hjarte; ideal. Det opne systemetein ferdast gjennom vil finneein måte å tre i kraft påuansett. Denne bestemte oppfatninga, eit smykke hengande på kulturen, i den tilstanden den er.

11

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 11

Page 12: Coeur de Lion

Det kjendest så døvt, å tatelefonen og spelepen og nedlatandenår eg ikkje er nokon av delane.Å late som om det der pisset ernoko eg veit korleis eg skal gjerenår eg er så dårleg på det. For nerdeteog følsam. For jævla entusiastisk.Nokre folk kan få kva som helsttil å høyrast sant ut. Eg har hora førogså. Kanskje det er fordi eg støttvil ha kjennskap til kvinner at eg har tekedesse nedverdigande jobbane.Nokre kvinner er så intenseJake, forstår du kva egmeiner? Så intense at dei aldrier seg sjølve; aldri berre det.Og eg meiner ikkje sånn internettaktigsjølvreferering, sjølvironi, kva dei nokallar det, som om eit sjølv var så grunnfesta at berre å ironisere over «det» kunne skapeei bølgje av bevisstheit.Eg fell for kvinner som er bortanom seg sjølve,deg, situasjonen sin, og alt.Det er dei kvinnene eg vil ha kjennskaptil. Det er dei kvinnene eg vil kjenne.Akkurat no høyrer eg på Nicoog vurderer å føle megtrua. Eg vil føle kjærleik.

12

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 12

Page 13: Coeur de Lion

Eg elska deg då du sadet er forferdeleg, det som har skjeddmed middelhavskulturen. Og eg elska degdå du sa det eg ikkje kunne halurt deg til å seieat det var så mykje meir intenst, sexenog alt mellom deg og megenn det var mellom deg og henne.Eg har aldri vore ho andre jenta før.Det gjer meg kvalm av redslemen eg klarer ikkje la vereå skrive til deg på denne måten.

13

Coeur de lion ferdig_A 26.02.15 10:02 Side 13