Bremanger - Fylkesatlasfylkesatlas.fylkesmannen.no/Nordsjoloype/Berle-Forde.pdf · Berle-Kåre. Han...

2
Eit Sogn og Fjordane i miniatyr “Bremanger Kommune er den kommunen som hyser dei mest karakteristiske trekka ved Sogn og Fjordane. Her finn du det nakne kystlandskapet, fjordlandskapet med eit belte av kulturlandskap under skoglier og høgfjell, med isbre og fossefall" sitat frå boka "På Kyrkjeferd i Sogn og Fjord- ane". Så tek vi kanskje ikkje munnen for full når vi karakteri- serer kommunen som eit Sogn og Fjordane i minia- tyr. Bremanger har Nord Europas høgaste sjøklippe, Hornelen, Noregs vestlegaste bre, Ålfotbreen og eit av Nord Europas største helleristningsfelt, Vingen og i Skatestraum- en har det budd folk i 8000 år. Få stader er kystkulturen teken betre i vare enn her i Bremanger. Miljøa i Kalvåg og Iglandsvik er gode eksempel på det. Ferdslevegen mellom Førde og Berle Vegen over fjellet var den naturlege ferdslevegen mellom bygdene Førde og Berle. Skulle ein på Berlestemnet eller friluftsfest i Førsmarka, var det berre å ta beina fat. Bra var det at naboskapet var godt, for det kunne vere travelt å ta seg heilt heim etter ei lang natt med dansing. Det var og populært med fjellstemner i tida før krigen. Blant anna var det arrangert stemne på Smalerabben. Mange berlarar gjekk og over fjellet for å lese for presten. Det kunne og vere vanleg at kvegdrifter gjekk over fjellet til Berle for å bli sendt vidare med båt til byn. Nordsjøløypa Løypa går i relativt slakt lende mellom dei to bygd- ene. Først stubben frå Førde går på grusveg og sein- are over på sti. Når ein kjem på høgda i Hesjedalen dukkar "Leitesela" opp på høgre sida. Ved kjenna der vegen startar å gå nedover mot Berledalen, kan ein ta ein avstikkar nord om "Gliserke" til "Rauskar- heim". Her kan ein og gå vidare nordaust over til Smalerabben. Vegen frå kjenna ved "Gliserke" går slakt nedover på fin sti. Her opnar Berledalen seg ut. Ikkje berre er dette ferdslevegen mellom to bygder, ein passerar også den gamle fogdegrensa mellom Sunnfjord og Nordfjord.No er kommunen Sunnfjord- kommune, men i Berle er dei nordfjordingar. I Berle- dalen ligg sætergrendene for bruka i Berle, og stien går vidare langs Dalevatnet og føl vidare traktorve- gen over "Kjaften" og ned til Berlebygda. Her pas- serar ein skulen og går vidare til parkeringsplassen ved hovudvegen. Turen tek ca. 1,30t. i roleg gange. Seterveg Til alle tider har fjellet vore nytta til utmarksbeite . Ei stor nyvinning var det nok då dei fleste fekk sett seg opp sel først på 1900-talet. No kunne dei ligge over til neste morgon og få med seg morgonmålet før dei gjekk ned att med mjølka. Mjølka bar dei i hølkje på ryggen, og det var vanleg at dei spøta medan dei gjekk. Det var faste kvileplassar på turen, og då la dei gjerne frå seg spøtet medan dei kvilte. Fleire bruk hadde sel i lag, og budeiene hadde det såleis sosialt både medan dei gjekk og om kveldane etter at dei hadde melka. Det var heller ikkje uvanleg at det kom besøk på laurdagane. Som regel var det på det stør- ste selet på "Rauskarheim" at det vart dansa om laurdagskveldane eller på danseflaken i Berledalen. Det var stort sett slutt med seterdrifta på midten av 1950-talet. Sidan den tid er sela gått over til å bli brukt til ferie og fritidseigendomar. Berle Historisk er Berle kjend frå før år 1000. Vikinghøvd- ingen Berle-Kåre er nemnd i Snorres Kongesaga. Vidare er bygda kjend gjennom Egil - Soga frå før 1200- talet. Denne omhandlar personar som levde kring Harald Hårfagre si tid. Grim Kveldulfson, eller Skallagrim som han og vart kalla, var barnebarnet til Autentiske og godt bevarte sjøhusmiljø finn ein mange av i Bremanger, her ifrå Struen i Bremanger. Rullesteinsfjøra på Gotraneset i Berle. Bremanger Førde - Berle Hytteutleige / Rorbu / Appartment / Pensjonat Bremanger Fasilitetar og opplevingar: Kafe, Pub Daglegvare Kulturminne / Galleri Gjestebrygge Camping Badestrand

Transcript of Bremanger - Fylkesatlasfylkesatlas.fylkesmannen.no/Nordsjoloype/Berle-Forde.pdf · Berle-Kåre. Han...

Eit Sogn og Fjordane i miniatyr“Bremanger Kommune er den kommunensom hyser dei mest karakteristiske trekkaved Sogn og Fjordane. Her finn du detnakne kystlandskapet, fjordlandskapet med

eit belte av kulturlandskap under skoglierog høgfjell, med isbre og fossefall"

sitat frå boka "På Kyrkjeferdi Sogn og Fjord-ane". Så tek vikanskje ikkje

munnen for fullnår vi karakteri-

serer kommunen someit Sogn og Fjordane i minia-

tyr. Bremanger har Nord Europas høgastesjøklippe, Hornelen, Noregs vestlegaste bre,Ålfotbreen og eit av Nord Europas størstehelleristningsfelt, Vingen og i Skatestraum-en har det budd folk i 8000 år. Få stader erkystkulturen teken betre i vare enn her iBremanger. Miljøa i Kalvåg og påIglandsvik er gode eksempel på det.

Ferdslevegen mellom Førde og BerleVegen over fjellet var den naturlege ferdslevegenmellom bygdene Førde og Berle. Skulle ein påBerlestemnet eller friluftsfest i Førsmarka, var detberre å ta beina fat. Bra var det at naboskapet vargodt, for det kunne vere travelt å ta seg heilt heimetter ei lang natt med dansing. Det var og populærtmed fjellstemner i tida før krigen. Blant anna var detarrangert stemne på Smalerabben. Mange berlarargjekk og over fjellet for å lese for presten. Det kunneog vere vanleg at kvegdrifter gjekk over fjellet tilBerle for å bli sendt vidare med båt til byn.

NordsjøløypaLøypa går i relativt slakt lende mellom dei to bygd-ene. Først stubben frå Førde går på grusveg og sein-are over på sti. Når ein kjem på høgda i Hesjedalendukkar "Leitesela" opp på høgre sida. Ved kjennader vegen startar å gå nedover mot Berledalen, kanein ta ein avstikkar nord om "Gliserke" til "Rauskar-heim". Her kan ein og gå vidare nordaust over tilSmalerabben. Vegen frå kjenna ved "Gliserke" gårslakt nedover på fin sti. Her opnar Berledalen seg ut.Ikkje berre er dette ferdslevegen mellom to bygder,ein passerar også den gamle fogdegrensa mellomSunnfjord og Nordfjord.No er kommunen Sunnfjord-kommune, men i Berle er dei nordfjordingar. I Berle-dalen ligg sætergrendene for bruka i Berle, og stiengår vidare langs Dalevatnet og føl vidare traktorve-gen over "Kjaften" og ned til Berlebygda. Her pas-serar ein skulen og går vidare til parkeringsplassenved hovudvegen. Turen tek ca. 1,30t. i roleg gange.

SetervegTil alle tider har fjellet vore nytta til utmarksbeite . Eistor nyvinning var det nok då dei fleste fekk sett seg

opp sel først på 1900-talet. No kunne dei ligge overtil neste morgon og få med seg morgonmålet før deigjekk ned att med mjølka. Mjølka bar dei i hølkje påryggen, og det var vanleg at dei spøta medan deigjekk. Det var faste kvileplassar på turen, og då la deigjerne frå seg spøtet medan dei kvilte. Fleire brukhadde sel i lag, og budeiene hadde det såleis sosialtbåde medan dei gjekk og om kveldane etter at deihadde melka. Det var heller ikkje uvanleg at det kombesøk på laurdagane. Som regel var det på det stør-ste selet på "Rauskarheim" at det vart dansa omlaurdagskveldane eller på danseflaken i Berledalen.Det var stort sett slutt med seterdrifta på midten av1950-talet. Sidan den tid er sela gått over til å blibrukt til ferie og fritidseigendomar.

BerleHistorisk er Berle kjend frå før år 1000. Vikinghøvd-ingen Berle-Kåre er nemnd i Snorres Kongesaga.Vidare er bygda kjend gjennom Egil - Soga frå før1200- talet. Denne omhandlar personar som levdekring Harald Hårfagre si tid. Grim Kveldulfson, ellerSkallagrim som han og vart kalla, var barnebarnet til

Autentiske og godt bevarte sjøhusmiljø finn ein mange av i Bremanger, her ifrå Struen i Bremanger.

Rullesteinsfjøra på Gotraneset i Berle.

BremangerFørde - Berle

Hytteutleige / Rorbu /Appartment / Pensjonat

BremangerFasilitetar og opplevingar:

Kafe, Pub

Daglegvare

Kulturminne / Galleri

Gjestebrygge

Camping

Badestrand

Berle-Kåre. Han var opphavet til Myrmannsætta påIsland. Son til Skallagrim, Egil, er hovudpersonen iEgil Skaldagrimson saga. Denne sagaen er ei av deieldste og største av dei Islandske ættesagaene. Påfleire av gardane finn ein graver frå vikingtida.Berle har og ei krigshistorie. Under 2. verdskrigenbygde tyskarane opp eit kystfort på Gotraneset vedBerle. Berle er eit av utgangspunkta til Nord Europashøgaste sjøklippe, Hornelen. Ruta frå Berleneset ermerka med T- ane til Den Norske Turistforening.

HjortejaktBremanger har lenge vore den største hjortekommu-nen i Norge, men i ytre Bremanger var det Berle somi 1968 var først ute med jakt.

Bremangerpollen På veg opp Nordsjøløypa frå Førssida, vil de få eitflott utsyn over Bremangerpollen. Bremangerpollenvart i tidlegare tider også kalla " Kvinnfolkehavet".Dette fordi det var mange kvinner som deltok påtorskefiske. Ein kan tenke seg at dette var barsktarbeid, men det er òg skildra som ei tid kvinnene sågfram til då dei kunne vere saman.

Sjørøvarane i FørsmarkaDet er fortalt at i dei tider det var skog i Førsmarkavar skogen tilhaldstad for engelske sjørøvarar. Dei vartil stor plage rundt om i bygdene, så noko måttegjerast. Bøndene i Førspollen inngjekk difor avtalemed gulingane om å brenne ned skogen mot å fåskogen i Allmenning i byte. Så vart gjort, og sjørøva-rane måtte komme seg derifrå. Sidan har det voreskralt med både skog og sjørøvarar i Førsmarka.

BerledråpenDet har som regel vore godt vennskap mellom Berleog Førde. Slik var det og då det sat ein nesjekonge ikvar bygd. Berlekongen var gjerne over til Førde forå ro på fiske derifrå. Men so vart dei usamde, ogBerlekongen rømde heimover. Førdekongen nåddehan att inn i Førsmarka og slo han i hel der. Stadender kongen vart drepen har sidan den gong vorekalla "Berledråpen".

KyrkjevegKnut Person i Førde har fortalt at det skal ha stått eikyrkje på jorda hans. Det seiest at på den tida detstod kyrkje i Førspollen gjekk Berlarane til kyrkje der.Dersom det har vore kyrkje i Førde, så må det havore før Grolskyrkja på 1300-talet. Truleg vart førsteBremangerkyrkja oppsett i Førde på 1100-talet.

Flora og FaunaDet snaue landskapet karakteriserar Ytre Bremanger.Ein høyrer imidlertid sagn om at Bremangerlandethar vore skogdekt ein gong i tida, og ein har funneeike – røter i jorda langt inne på fjellet. Avskogingalangs kysten skuldast for ein stor del menneskeleg

aktivitet. På vegen vil ein også sjå det gule rome-graset, opphavet til sjukdommen Alveld hjå sauer.Bremanger er elles ein del av lyngheiområda i Noreg.

KommunikasjonFor å komme til Berle/ Bremanger kan ein nytteekspressbåt frå Bergen til Nordfjord med stoppestadSmørhamn og vidare med buss til Bremanger. Medbil, ferje frå Kjelkenes til Smørhamn, Måløy tilOldeide eller Stårheim-Isane over fastlandssambandetriksveg 616. Vidare kan ein ta riksveg 614 gjennomkommunesenteret Svelgen til ytre Bremanger.

Rettar:• Ferdast fritt til fots og på ski• Raste og overnatte• Ri eller sykle på stiar og vegar• Ferdast fritt i båt, fortøye og gå i land i

utmark langs kysten• Plukke bær, sopp og blomar• Bade i sjø, vatten og vassdrag• Fiske med sportsfiskereiskap etter saltvassfisk

Plikter:• Ikkje skade naturmiljøet eller uroe dyr og

fuglar• Ikkje gå i dyrka mark og eng• Ikkje gjere opp eld i skog og mark mellom

15. april og 15. september• Hundar skal vere i band på offentleg veg

eller i naturen. I Bremanger Kommune er detbandtvang for hund heile året.

Turistinformasjon:Tlf. 57 79 37 50visitbremanger.noBremanger KommuneTlf. 57 79 63 00Tekst: Jan K. og

Hildegard S.Nygård/ Tor ErikLiset/ Karen E.RylandsholmFoto: Tor Erik Liset /Kjell Ove Førde/

Hildegard S. NygårdKart: Ugland IT Group

Formgjeving: eko Førde

NordsjøløypaNorth Sea trail er eit sam-arbeid for vern av Nordsjø-regionen sin felles kultur-arv som kommunikasjonog transportåre.

ALLEMANNRETTEN GJELD I UTMARK

Supported by Interreg IIIB North Sea Programme.

Utsyn over Bremangerpollen. Bremangerpollen vart itidlegare tider også kalla " Kvinnfolkehavet".

Sauehaldet har hatt mykje å seie for det sær-merkte landskapet. Gjennom slått og beiting erøyane opne og snaue.

Grotlesanden - ei vakker, kvit skjelsandsstrand medtransperent sjø.

Rydd etter deg og ta avfallet med heim. Lag ikkje bål på bart fjell. Vern om kulturminna. Ferdsel iutmark er på eige ansvar. Ta særleg omsyn i hjotejakta, sjå merking ved vegen under jakting.NB

Fiske på brua over Krokelva i Berledalen.

BremangerKommune