Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering...

29
, Foreldregruppe i barnehagen Eit tilbod til foreldre som har barn med helseutfordring eller kronisk sjukdom Evalueringsrapport Et samarbeidsprosjekt mellom FOUSAM-rapport (September 2018) Bømlo kommune

Transcript of Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering...

Page 1: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

,

Foreldregruppe i barnehagen

Eit tilbod til foreldre som har barn med

helseutfordring eller kronisk sjukdom

Evalueringsrapport

Et samarbeidsprosjekt mellom

FOUSAM-rapport (September 2018)

Bømlo kommune

Page 2: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

1 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Samandrag

Lærings- og mestringstilbodet «Foreldregruppe i barnehagen, for foreldre som har barn med

helseutfordring eller kronisk sjukdom», vart gjennomført våren 2018. Det var eit samarbeid

mellom barnehagane i Bømlo kommune, helsesøstertenesta i Bømlo kommune,

Barneseksjonen i Helse Fonna og FOUSAM.

Bakgrunnen for prosjektet var eit aukande tal på familiar som har barn med varig helse-

utfordring og at mestring av kvardagen er eit viktig tema for denne foreldregruppa.

Samhandlingsreforma har eit tydeleg fokus på tidleg innsats og førebygging, at brukaren skal

få tenester nærmare der dei bur og på ei sterkare brukarmedverknad i tenestene.

Representantar frå alle samarbeidspartane danna prosjektgruppa og var ansvarlig for både

planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjektet. Brukarrepresentant var aktivt med i

heile prosessen.

Utforming av tilbodet bygde på erfaringar frå gjennomføring av foreldregruppe i Tysvær

kommune våren 2017. I tillegg nytta vi erfaringar frå liknande tilbod i spesialisthelseteneste

og kommune, og relevant erfaring og kompetanse. Tilbodet gjekk over fire kveldar og vart

gjennomført i barnehagen sine lokale. Det var eit tema for kvar samling og hovudoverskrifta

var mestring av kvardagen.

Foreldra fekk gruppebasert veiledning og støtte, samt kunnskap og råd gjennom dialog og

erfaringsutveksling. Det vart lagt vekt på gode prosessar og arbeidsmetodar for å skape

trygghet og aktiv deltaking i foreldregruppa.

Prosjektet vart evaluert med spørjeskjema og fokusgruppeintervju med deltakarane i

foreldregruppa. Det vart òg gjennomført fokusgruppe-intervju med prosjektgruppa. I tillegg

vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og

foreldregruppe.

Evalueringane tyder på at det var nyttig for foreldra å delta i samtalegruppa. Samarbeid på

tvers og det å kople pedagogisk oppfølging og helsetilbod, vart opplevd som spesielt viktig

for foreldra i målgruppa. At erfaren forelder (brukarrepresentant) var med i gruppa, blei

framheva som viktig for utbyte av tilbodet.

Brukarmedverknad inn i planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbodet, opplevde

prosjektgruppa som sentralt for kvaliteten på tilbodet.

Tilrettelegging for gode gruppeprosessar var viktig for å skape tryggleik i foreldregruppa. Det

var òg viktig for å få til eit likeverdig samarbeid mellom samarbeidspartane.

Page 3: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

2 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Prosjektgruppa og foreldre som deltok, anbefaler at tilbodet vert vidareført i Bømlo kommune

og at andre kommunar vurderer å starte eit slikt tilbod. Her kan hospitering i foreldregruppa i

Bømlo, vera ein god måte å gjera seg kjent med tilbodet på.

Prosjektgruppa anbefaler at samarbeid mellom pedagogikk og helse om gruppebasertre

tilbod, som er det nye i dette prosjektet, vert vidareutvikla. Det bør òg leggjast vekt på i

andre deler av tenestetilbodet til både målgruppa for dette prosjektet og andre barn- og

foreldretilbod.

Tusen takk

Vi ønskjer å takke foreldra som deltok i evalueringsarbeidet for at dei var så positive til å

dele sine tilbakemeldingar og anbefalingar.

Kristin Ådnøy Eriksen frå Høgskulen på Vestlandet gjennomførte fokusgruppeintervjuet med

både foreldregruppa og prosjektgruppa, på ein god og trygg måte. Emy Kirkhus Dahle frå

Lærings- og mestringssenteret i Helse Fonna, tok oppgåva som sekretær for fokusgruppene.

Tusen takk til begge to.

Maurtua barnhage stilte lokale til disposisjon for både planleggingsmøta og gjennomføring av

foreldregruppa, tusen takk, det skapte god ramme for arbeidet.

Barn frå Maurtua barnehage lage flotte teikningar til brosjyre og markedsføring. Tusen takk til

både barna som teikna og foreldra som gav oss lov til å bruke teikningane, det gjorde

brosjyren kjempefin!

Tusen takk til Bømlo kommune som allereie har lagt planar for korleis prosjektet skal gå over

i drift. Tilbodet skal vera ein del av kommunen si oppfølging av foreldre som har barn med

varig helseutfordring.

Vi i prosjektgruppa har opplevd eit godt og utviklande samarbeid i prosjektet. Me håpar at du

som les rapporten tar erfaringane våre med i inn ditt arbeid for å skape ei god og

samanhengande helseteneste, og spesielt i oppfølging av desse familiane. Håpar òg at du vil

dele rapporten med andre som du tenkjer kan ha nytte av den!

Helsing oss i prosjektgruppa

Miriam Johannessen, familierettleiar, helsestasjonen på Bømlo

Lene Sortland Nesse, assisterande styrar Maurtua barnehage SA

Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM

Sølvi Heimestøl, rådgjevar og prosjektleiar FOUSAM og Helse Fonna.

Page 4: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

3 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Innhold

Samandrag ............................................................................................................................................ 1

1. Hensikt og mål med prosjektet ................................................................................................... 5

2. Innledning....................................................................................................................................... 5

2.1. Frå idé til prosjekt ................................................................................................................. 5

2.2. Fleire familiar lever med varige helseutfordringar ........................................................... 6

2.3. Samarbeidspartar med erfaring .......................................................................................... 6

2.3.1 Lærings- og mestringssenteret ......................................................................................... 6

2.3.2 Barneseksjonen i Helse Fonna ......................................................................................... 7

2.3.3 Barne og familietenesta i Bømlo kommune .................................................................... 7

2.3.4 Barnehagene i Bømlo ........................................................................................................ 7

2.4. Nasjonale føringar for samarbeid – lokal samhandlingsstruktur ................................... 8

3. Gjennomføring ............................................................................................................................... 8

3.1. Skildring av tiltaket ................................................................................................................ 8

3.1.1 Målgruppe ...................................................................................................................... 8

3.1.2 Innhald ............................................................................................................................ 9

3.1.3 Rekruttering ................................................................................................................... 9

3.1.4 Praktisk ........................................................................................................................... 9

3.2. Brukarrepresentasjon ........................................................................................................... 9

3.3. Forankring og finansiering ................................................................................................. 10

3.3.1. Prosjektgruppe ............................................................................................................ 10

4. Evaluering .................................................................................................................................... 11

4.1. Metode .................................................................................................................................. 11

4.1.1. Data frå deltakarane ................................................................................................... 11

4.1.2. Data frå prosjektgruppa ............................................................................................. 12

4.1.3. Analyse av data ........................................................................................................... 13

5. Resultat ........................................................................................................................................ 13

5.1. Deltakarane sine tilbakemeldingar ................................................................................... 13

5.1.1. Spørjeskjema ................................................................................................................... 13

5.1.2. Fokusgruppeintervju ....................................................................................................... 15

5.1.3. Group Session Rating Scale - skjema (GSRS-skjema) ............................................ 16

5.2. Prosjektgruppa si tilbakemelding...................................................................................... 16

5.2.1. Fokusgruppeintervju ....................................................................................................... 16

Page 5: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

4 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

5.2.2. Group Session Rating Scale - skjema (GSRS-skjema) ............................................ 17

6. Drøfting og anbefalingar ............................................................................................................ 17

6.1. Saman er vi mindre åleine – om å dele erfaringar, tips og råd som foreldre ............ 17

6.2. Ny samarbeidsarena og ny samarbeidsform gir muligheiter ....................................... 18

6.2.1. Truverdig og ekte – om erfaren forelder som kursleiar ............................................. 18

6.2.2. Nye aktørar samarbeider på ein ny arena .................................................................. 18

6.2.3. Ein god stad å vera – om leiing av samlingane og arbeidsmetodar ....................... 19

6.3. Samarbeid gir betre kvalitet .............................................................................................. 21

6.3.1. Utfyllande kompetanse – kursleiarar med ulike perspektiv ...................................... 21

6.3.2. Relevante tema – om innhald og utbyte ...................................................................... 21

6.4. God arena for deling av kunnskap og erfaring som fagpersonar ................................ 22

6.5. Dette bør andre få tilbod om – markedsføring ............................................................... 22

7. Konklusjon ................................................................................................................................... 23

Referansar: .......................................................................................................................................... 25

Vedlegg: Brosjyre foreldregruppe .................................................................................................... 27

Page 6: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

5 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

1. Hensikt og mål med prosjektet

Hensikt med prosjektet var å etablere eit gruppetilbod (lærings- og mestringstilbod) for

foreldre som har barn med varig helseutfordring, i eit samarbeid mellom Bømlo kommune,

barnehagane i Bømlo, Helse Fonna og FOUSAM.

o Tilbodet skulle planleggjast, gjennomførast og evaluerast i eit samarbeid mellom

partane.

o Tilbodet skulle ha aktiv brukarmedverknad.

Målet med prosjektet var å gi foreldre som har barn med varig helseutfordring, tilbod om å

delta i samtalegruppe i kommunen der dei bur. Tilbodet skulle gjennomførast innan mars

2018.

Det overordna målet i prosjektet var å styrke deltakarane si rolle som forelder til eit barn

med varig helseutfordring, og slik bidra til at foreldra skulle oppleve auka mestring av

kvardagen og familielivet.

2. Innledning

2.1. Frå idé til prosjekt

Det har frå 2002 vore fleire forsøk på samarbeid om gruppebaserte lærings- og mestrings-

tilbod til foreldre, mellom helsesøstertenesta i ulike kommunar og Barneseksjonen i Helse

Fonna, via Lærings- og mestringssenteret. Små prosjekt har vore prøvd ut, men da

helsestasjonen først og fremst har hatt eit primærførebyggjande perspektiv, vart det

utfordrande å få til varig samarbeid. I prosjektet «De viktige små»1 ved BUP, vart

representantar frå alle miljø som møter små barn og deira føresette, kopla saman i

planlegging av fagdagane «Sped- og småbarns-dagane». Her vart det knytt kontakt mellom

Helse Fonna og representantar frå barnehagane i Tysvær og helsestasjonen i Bømlo

kommune. Det kom fram at alle partar såg behov for eit gruppetilbod til foreldre som har barn

med vedvarande helseutfordring, og at eit slikt tilbod kunne leggjast til barnehagen.

FOUSAM vart invitert inn i samarbeidet og det vart gjennomført eit prosjekt i samarbeid med

Tysvær kommune våren 20172. FOUSAM og Helse Fonna etablerte så eit samarbeid med

1 Samhandlingsprosjekt ved BUP i Helse Fonna med fokus på dei minste barna og på behandlingstilbod - oppfølging og

kompetanse (2011-2012)

2 Lenke til prosjektrapport Tysvær

Page 7: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

6 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Bømlo kommune om å gjennomføre eit prosjekt, bygd på erfaringane frå Tysvær og med

lokal tilpassing. Barne- og familietenesta i Bømlo satsar på gruppebaserte tilbod og såg at

dette tilbodet passa inn i deira arbeid.

2.2. Fleire familiar lever med varige helseutfordringar

Tal frå Helse- og levekårsundersøkinga (1) kan tyde på at forekomst av kroniske

sjukdommar og plager hos norske barn ligg på heile 30% og at den er aukande (2). Helse

Fonna regionen har totalt rundt 42 600 barn og unge. Det vil sei at mange familiar i vår

region har eit eller fleire barn med ekstra utfordringar. Dette kan stille store krav til foreldre

om handtering av barnet sin sjukdom, i tillegg til ein hektisk kvardag med små barn. Det kan

påverke både familieliv med kvardagsrutinar, forhold til jobb og samarbeid med barnehage

og nettverk (3 – 7)

2.3. Samarbeidspartar med erfaring

Partane i prosjektet hadde lang erfaring i samarbeid med foreldre, både foreldre til friske

barn og barn med helseutfordringar. Dette var eit godt grunnlag for å prøve ut eit nytt

lærings- og mestringstilbod, der partane var saman om heile prosessen.

2.3.1 Lærings- og mestringssenteret

Lærings- og mestringssenteret i spesialisthelsetenesta har både kompetanse og erfaring

med lærings- og mestringskurs for foreldre og familien, der barnet har nedsett

funksjonsevne. Erfaringane viser at sjølv om barna sine diagnosar er ulike, opplever foreldre

dei same utfordringane når det kjem til mestring av kvardagen og familielivet. Dei har god

nytte av å møte og dele erfaringar med foreldre i liknande situasjon (8 - 9). Tilboda vert

utvikla etter arbeidsmetoden ved lærings- og mestringssentra, som inneber systematisk

brukarmedverknad og likeverdig samarbeid mellom fag- og erfaringskompetanse, i

planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbodet. (10)

Forsking knytt til effekt av lærings- og mestringstilbod for vaksne som lever med

helseutfordringar, viser at deltaking i gruppebaserte tilbod gir auka kunnskap og bevisstheit

om eiga helse, samt oppleving av fellesskap, støtte og håp for framtida. Vidare at deltaking

bidrar til å redusera symptom og betre takling av symptom (11). Vaksne som har barn med

nedsett funksjonsevne, opplever nokre av dei same resultata ved å delta i lærings- og

mestringstilbod som handlar om korleis takle utfordringar dei står i. (12 -13). I eit

Page 8: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

7 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

samfunnsperspektiv peikar nyare litteraturgjennomgang gjort av NK LMH 3, at

pasientopplæring er helseøkonomisk lønnsamt (14).

Starthjelp, eit kurstilbod for foreldre som nyleg har fått barn med nedsett funksjonsevne, er

eksempel på eit slikt lærings- og mestringstilbod. Det vart utvikla i Helse Fonna i samarbeid

med Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NKLMH), og er no eit

fast tilbod i alle helseregionane i Norge. NK LMH har gjort ei systematisk evaluering av

Starthjelp som underbyggjer at foreldre har nytte av å møte kvarandre og dele erfaringar, tips

og råd, i tillegg til å få rettleiing av erfarne brukarrepresentantar og fagpersonar. (15)

2.3.2 Barneseksjonen i Helse Fonna

Som spesialisthelseteneste har Barneseksjonen i samarbeid med LMS, tilbod om korte og

diagnoseretta lærings- og mestringstilbod for barn og foreldre. Dei siste åra har fleire av

desse tilboda, til dømes innan astma, allergi og eksem, vorte lagt ned (16). Per i dag har

seksjonen tilbod til foreldre som nyleg har fått barn med epilepsi som ein del av

pasientforløpet. Når det gjeld diabetes har Helse Fonna eit kvalitetssikra oppfølgingstilbod,

både individuelt og i grupper frå 1.- 10. klasse. Det er i tråd med nasjonale føringar for

oppfølging av barn med diabetes og er blitt ein modell som nasjonalt vert lagt merke til.

2.3.3 Barne og familietenesta i Bømlo kommune

Barne- og familietenesta i Bømlo har høg kompetanse på foreldrerettleiing. Helsestasjonen

møter barn og foreldre med jamne mellomrom og har tilbod om ulike

foreldrerettleiingsprogram både individuelt og i gruppe, til dømes søvngrupper, barselgrupper

ICDP- grupper4 PMTO5-grupper og COS-P6 grupper. Familiane sin kontakt med

helsestasjonen er hyppigast i førskule-alder.

2.3.4 Barnehagene i Bømlo

Bømlo Kommune har berre private barnehagar. Barnehagane har god pedagogisk

kompetanse og lang erfaring med tett og nært samarbeid med foreldre. Dei tilsette i

barnehagen er ofte dei første foreldra drøftar bekymring med rundt barnet si helse og

3 NK LMH: Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse: www.mestring.no 4 ICDP-grupper: International Child Develupment Programme 5 ICDP-grupper: International Child Develupment Programme 6 COS-P grupper: Circle of Security - Parenting

Page 9: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

8 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

utvikling. Bømlo Kommune har i 2018 òg starta opp arbeid med BTI, Betre Tverrfagleg

Innsats (19).

2.4. Nasjonale føringar for samarbeid – lokal samhandlingsstruktur

Samhandlingsreforma (17) har eit tydeleg fokus på tidleg innsats og førebygging og at

brukaren skal få tenester nærmare der dei bur. Vidare er brukarmedverknad i tenestene løfta

fram som eit krav. St.mel.36 (18) understreker at for å lukkast med intensjonane i reforma,

må det leggjast vekt på teamarbeid både i føre-byggjande tenester og oppfølging av

personar med kronisk sjukdom.

Nasjonale føringar er tydelege på at barn og foreldre som slit med ulike utfordringar skal

verta fanga opp så tidleg som mogleg og få rette hjelp på rett nivå. I Helse Fonna-regionen

er det eit lokalt samarbeid kring BTI-satsinga (Betre tverrfagleg innsats), som legg vinn på

samarbeid på tvers av kommune og helseteneste, og mellom pedagogikk og helse. (19).

Lokale samarbeidsavtalar mellom Helse Fonna HF og dei 18 kommunane i regionen der òg

Høgskulen på Vestlandet er kopla på, gir rom for å vektlegge samarbeid på tvers. FoU-eining

for samhandling, FOUSAM7, vart etablert i samband med innføringa av

Samhandlingsreforma og er ei felles forskings- og utviklingseining eigd av partane. Eininga

har erfaring med og kompetanse på prosjektgjennomføring, fasilitering av

samhandlingsprosessar og koordinering av faglege nettverk som er viktige for samarbeid i

praksis. Fagnettverket «Barn og unge» har oversikt på tilbod til målgruppa for dette

prosjektet og korleis tenestene heng saman (20). Fagnettverket «Læring og mestring» har eit

særskild fokus på tilbod til barn og unge i handlingsplanen sin (21).

3. Gjennomføring

3.1. Skildring av tiltaket

3.1.1 Målgruppe

Målgruppa i prosjektet var foreldre som hadde barn i barnehagealder med varig

helseutfordring, som til dømes astma, diabetes, cøliaki, eksem eller allergi, og som opplevde

at det gav ekstra utfordringar i kvardagen.

7 FoU-enhet for samhandling: www.fousam.no

Page 10: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

9 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

3.1.2 Innhald

Prosjektgruppa utvikla eit lærings- og mestringstilbod som bygde på liknande

kunnskapsbaserte tilbod i spesialisthelseteneste og kommune, samt lokal relevant erfaring

og kompetanse (22). Det var eit gruppetilbod som gjekk over fire kveldar og hadde eit

hovudtema for kvar samling: «Mestring av kvardagen», «Livet i familien – kunsten å ta vare

på kvarandre», «Samarbeid med barnehage – fritidsaktivitetar – venner» og «Dei gode

grensene».

Foreldra fekk gruppebasert veiledning og støtte, samt kunnskap og råd gjennom dialog og

erfaringsutveksling. Det vart lagt vekt på gode prosessar og metodar for å skape trygghet og

aktiv deltaking i foreldregruppa.

3.1.3 Rekruttering

Prosjektgruppa utforma brosjyre8 som samarbeidspartane hadde ansvar for å formidle til

aktuelle deltakarar. I tillegg vart brosjyren lagt på Bømlo kommune og FOUSAM sine

nettsider. Lokalavisa hadde artikkel om tilbodet der prosjektgruppa vart intervjua.

Tilbodet var frivillig og foreldra tok sjølv kontakt for å melde seg på. I barnehagane i Bømlo

vart invitasjon gitt via oppslag, e-post og direkte kontakt med aktuelle foreldre. Helsestasjon

og legekontor hadde brosjyrar på venteromma og helsestasjonen anbefalte tilbodet direkte til

foreldre i målgruppa.

3.1.4 Praktisk

Samlingane gjekk over fire kveldar, frå kl 20 -22, ein gong i veka med pause i vinterferieveka.

Foreldregruppa vart gjennomført i Maurtua barnehage på Svortland og det vart servert kaffi/

te og litt frukt.

3.2. Brukarrepresentasjon

Arbeidsmetoden ved Lærings- og mestringssentra med systematisk brukarmedverknad vart

nytta (10). Brukarrepresentanten vart rekruttert og følgt opp via samarbeidet med FOUSAM

(23) og ho var aktivt med i både planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbodet.

8 Sjå vedlegg og lenke til omtale: Fousam.no

Page 11: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

10 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

3.3. Forankring og finansiering

Suksesskreteria for liknande etableringsprosessar og frå gjennomføringa i Tysvær

kommune, viste at det var nødvendig å forankre tilbodet i leiinga på førehand og avklare

finansiering av tiltaket . Prosjektet vart forankra i leiinga hos alle samarbeidspartane, og

gjennomført utan ekstra midlar som ein del av partane si drift. Forankring i

samhandlingsstrukturen i Helse Fonna-regionen, vart ivareteke via FOUSAM. Fagnettverket

Barn og unge var ressursgruppe og prosjektet var i tråd med fagnettverket Læring og

mestring sin handlingsplan.

Representantar frå partane danna ei prosjektgruppe med ansvar for å planlegge,

gjennomføre og evaluere prosjektet.

3.3.1. Prosjektgruppe

Deltakarar i prosjektgruppa

Lene Sortland Nesse, assisterande styrar, Maurtua barnehage Bømlo SA

Miriam Johannessen, familierettleiar, Helsestasjonen i Bømlo kommune

Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM

Sølvi Heimestøl, rådgjevar, Barneseksjonen i Helse Fonna og FOUSAM

Prosjektleiar

Sølvi Heimestøl

Prosjektgruppa hadde fire møter à 2-3 timar frå mai til desember 2017. Målet med møta var

å utforme opplegget, planlegge gjennomføring og fordele ansvar og oppgåver. I tillegg

hadde vi eit kort evalueringsmøte rett etter kvar foreldresamling, og alle møtte i god tid før

samlingane for å legge til rette og planlegge dei siste deetaljane.

I alle møta var det fokus på å skape gode samarbeidsprosessar i gruppa og det vart nytta

ulike verktøy og metodar for å skape trygghet og likeverdig samarbeid.

Page 12: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

11 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

4. Evaluering

4.1. Metode

Prosjektleiar har saman med prosjektgruppa hatt ansvar for evaluering av prosjektet. Det vart

samla data i form av tilbakemeldingar frå både deltakarane i foreldregruppa og frå

medlemmane i prosjektgruppa. Handsaming av data vart gjort i eit samarbeid mellom

prosjektleiar, prosjektgruppe og FOUSAM.

4.1.1. Data frå deltakarane

Spørjeskjema

Foreldra som deltok i tilbodet vart spurt om å fylle ut spørjeskjema ved starten av første

samling, og ved avslutning av siste samling. For å ivareta anonymiteten knytt til

spørjeskjema, la foreldra sjølv utfylte skjema i samlekonvolutt og limte igjen. Skjema vart

behandla av tilsett i FOUSAM som ikkje var med i prosjektet, og prosjektgruppa fekk

presentert data i eit samleskjema.

Det vart nytta same spørjeskjema som i Tysvær og som er bygd på Nasjonal

kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse, sitt evalueringsverktøy for Starthjelp.

Det vart lokalt tilpassa av prosjektgruppa i Tysvær. I førskjema kryssa deltakarane av for

kjønn, blei spurt om kvar dei fekk vite om tilbodet, kor lenge barnet hadde hatt kronisk

helseutfordring og om barnet hadde søsken. Vidare vart foreldra presentert for utsegn om

mestring av kvardagen når barnet har ein vedvarande helseutfordring. Her skulle dei gradere

i kva grad dei var einige eller ueinige på ein skala frå 1-7, der 1 var svært ueinig, 4 var

verken eller og 7 var svært einig. I etterskjema vart dei presentert for dei same utsegna i

tillegg til spørsmål om dei opplevde tilbodet som nyttig, om dei fekk meir kunnskap og om

korleis dei oppfatta organiseringa og leiinga av foreldregruppa. Siste side i både før- og

etterskjema hadde eit ope felt for «andre kommentarar». Alle deltakarane som var til stades

på første og siste samling svarte. Det var 11 deltakarar som svarte på førskjema og 10

deltakarar som svarte på etterskjema, til dels ulike respondentar svarte før og etter.

Group Session Rating Scale - skjema (GSRS-skjema)

På dei tre første samlingane fylte deltakarane ut GSRS-skjema. Her skulle deltakarane score

korleis dei opplevde relasjonane i gruppa og korleis dei opplevde å bli forstått og respektert

av leiarane og dei andre deltakarane. Vidare om det vart arbeidd med relevante mål og

tema, om korleis tilnærming og metode passa den enkelte og heilskapen i gruppesamlinga.

Skjema vart først og fremst nytta for å få tilbakemelding ved slutten av kvar samling slik at vi

kunne justere opplegget til neste gong. Hovudinntrykk frå scoringa vart presentert for

Page 13: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

12 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

deltakarane i starten av neste samling og nytta som utgangspunkt for å ta opp tråden frå

sist.

Forventingsrunde

På første samling hadde vi ein runde med forventingsavklaring og kom fram til

samlingsreglar for gruppa. Dette vart teke fram under vegs på samlingane og på siste

samling. Det vart nytta ulike metodar som biletkort, post it–lappar, flippover og pedagogisk

sol for å få refleksjon og dialog i gruppa. Tilbakemeldingane vart dokumentert via bilete av

verktøya som var i bruk og som feltnotat og referat. Dette er teke med som datagrunnlag i

evalueringa.

Fokusgruppeintervju

Basert på anbefalingar frå Tysvær om å innhente utdjupande kommentarar frå foreldra, i

tillegg til spørjeskjema, inviterte vi til eit fokusgruppeintervju fire veker etter siste samling. Her

deltok 6 foreldre. Prosjektgruppa laga intervjuguide og intervjuet vart gjennomført av

rådgjevar i FOUSAM/ første-amanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Kristin Ådnøy

Eriksen. Data vart dokumentert ved at sekretær var til stades under intervjuet.

4.1.2. Data frå prosjektgruppa

Etter det vi erfarer har det verken lokalt eller nasjonalt, vore gjennomført eit slikt prosjekt der

barnehage, helsestasjon, brukarrepresentant og spesialisthelseteneste samarbeider

likeverdig om utvikling, gjennomføring og evaluering av eit lærings- og mestringstilbod, og at

tilbodet vert gjennomført i barnehagen. Det var difor viktig å få fram aktørane si oppleving av

tilbodet og samarbeidsprosessen.

Forventingsavklaring og samarbeidsklima

I starten av samarbeidet, la vi vekt på å bli kjent med kvarandre og avklare forventingar om

kva og korleis tilbodet skulle vera. Data frå arbeidsprosessen vart samla via bilete av

verktøy, feltnotat og referat frå planleggings- og evalueringsmøta.

Group Session Rating Scale - skjema (GSRS-skjema)

Som utgangspunkt for evaluering av planleggingsmøta, nytta prosjektgruppa GSRS-skjema.

Her scora deltakarane korleis dei opplevde relasjonane i gruppa og korleis dei opplevde å bli

forstått og respektert av både prosjektleiar og dei andre i gruppa. Vidare om det vart arbeidd

med relevante mål og tema, og i kva grad tilnærming og metode passa den enkelte og

heilskapen i møtet.

Fokusgruppeintervju

Det vart gjennomført fokusgruppeintervju med prosjektgruppa etter same modell som

Page 14: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

13 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Tysvær og gjennomført av same person, rådgjevar i FOUSAM/ første-amanuensis ved

Høgskulen på Vestlandet, Kristin Ådnøy Eriksen gjennomførte . Data vart dokumentert ved at

sekretær var til stades under intervjuet.

4.1.3. Analyse av data

Prosjektgruppa har hatt ansvar for analyse av data der prosjektleiar har hatt skrive- og

koordineringsrolla. Vi hadde ei samling for å gå igjennom data der alle fekk tilsendt referat frå

fokusgruppene saman med oppsummert spørjeskjema, i forkant. Kvar deltakar i

prosjektgruppa fekk fritt dela si oppfatning av tilbakemeldingane og saman fant vi hovudtema

i materialet. Deltakarane har fått tilsendt utkast til rapport under vegs og gitt tilbakemeldingar

på både innhald og oppsett.

5. Resultat

Totalt deltok 13 foreldre i samtalegruppa, 7 mødre og 6 fedre. Alle hadde partnar, men det

varierte om begge klarte å møte grunna reisejobb og utfordringar med barnevakt. Det var 7

barn representert i gruppa og 4 av barna hadde søsken.

5.1. Deltakarane sine tilbakemeldingar

5.1.1. Spørjeskjema

Det var 7 mødre og 4 fedre som svarte på førskjema og 6 mødre og 4 fedre som svarte på

etterskjema. Det kom fram at dei fleste fekk vite om tilbodet i barnehagen eller

helsestasjonen. Barna hadde hatt kronisk helseutfordring frå eit halvt år til et år (4 stk.), frå to

til tre år eller meir (7 stk.). Barna hadde ulik grad av funksjonsnedsetting og ulike diagnosar.

Figur 1 viser tilbakemeldingane foreldra gav i FØR- og ETTER-skjema, om korleis dei opplevde situasjonen sin,

relatert til ulike utsegn.

FØR skjema

FØR skjema

ETTER skjema

ETTER skjema

Utsegn i spørjeskjema

Score9 – Gjennomsnitt

Spreiing i svar

Score Gjennomsnitt

Spreiing i svar

Jeg har kunnskap om hvordan jeg kan ivareta barnet med de ekstra utfordringene det har.

5,5

1-7

6,4

6-7

Jeg har kunnskap om hvordan jeg kan støtte barnet i mestring av hverdagen.

5,4

2-7

6,3

6-7

9 Foreldra graderte i kva grad dei var einige eller ueinige i utsegna på ein skala frå 1- 7, der 1 var svært ueinig, 4 var verken

eller og 7 var svært einig.

Page 15: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

14 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

FØR skjema

FØR skjema

ETTER skjema

ETTER skjema

Utsegn i spørjeskjema

Score10 – Gjennomsnitt

Spreiing i svar

Score Gjennomsnitt

Spreiing i svar

Barnets søsken blir godt ivaretatt.11

6,4 6-7 6,6 6-7

Min partner og jeg samarbeider godt.

6,3 5-7 5,9 5-7

Mine venner skjønner min situasjon og hva jeg står i.

4,5 1-7 4,6 3-7

Jeg har et sosialt nettverk hvor jeg kan koble av og være meg selv.

5,3 1-7 5,7 3-7

Jeg har et sosialt nettverk hvor jeg får støtte og råd fra mennesker i samme situasjon.

3,9

1-6

5,1

3-7

Jeg spør familie og venner om hjelp når jeg trenger det.

5,0 2-7 5,3 3-7

Jeg har oversikt og kontroll over situasjonen vår.

5,5 2-7 5,5 2-7

Jeg klarer å få oppgavene hjemme til ”å gå opp”.

5,3 2-7 5,9 4-7

Jeg klarer å få oppgavene i jobbsammenheng til ”å gå opp”.12

6,1 5-7 6,7 6-7

Jeg håndterer livssituasjonen uten å bli mer sliten enn andre jeg kjenner som er omsorgspersoner for barn.

4,5

2-7

4,6

1-7

Jeg har godt samarbeid med barnehagen/skolen om barnets helseutfordringer.

5,3

3-7

4,4

2-7

Jeg har god støtte fra helse-stasjonslege/helsesøster og vet jeg kan spørre om råd om nødvendig.

3,7

1-7

5,3

3-7

Jeg har god støtte fra fastlegen i oppfølging av barnets helse-utfordringer.

5,2

3-7

5,8

3-7

10 Foreldra graderte i kva grad dei var einige eller ueinige i utsegna på ein skala frå 1- 7, der 1 var svært ueinig, 4 var verken

eller og 7 var svært einig. 11 For 4 foreldre i FØR-skjema og 5 foreldre i ETTER-skjema var spørsmålet uaktuelt. 12 For 3 foreldre i FØR-skjema og 2 foreldre i ETTER-skjema var spørsmålet uaktuelt.

Page 16: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

15 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Figur 2 viser korleis foreldra ved avslutning på siste samling, oppfatta deltaking i foreldregruppa, både når det

gjaldt organisering, innhald, leiing av gruppa og utbyte:

Utsegn i spørjeskjema – etterskjema Score13 – Gjennomsnitt

Spreiing i svar

Foreldregruppa ble jevnt over ledet på en god måte. 6,7 6 - 7

Innlegg og deltagelse fra fagfolk var nyttig for meg. 6 4 - 7

Innlegg og deltagelse fra erfaren foreldrerepresentant/bruker-representant, var nyttig for meg.

6,4 5 - 7

Samtale/utveksling av erfaring i foreldregruppa var nyttig for meg.

5,7 4 - 7

Det var passe antall deltagere i gruppa. 6,6 5 - 7

Det ble satt av nok tid til pauser. 5,3 3 – 7

Foreldregruppa har gitt meg mer kunnskap om hvordan jeg kan håndtere hverdagen.

5,8 2 - 7

Foreldregruppa har gitt meg nye bekjentskaper med mennesker i lignende situasjon.

5,4 3-7

Alt i alt var det nyttig å delta i foreldregruppe. 6,4

6 - 7

5.1.2. Fokusgruppeintervju

I fokusgruppeintervjuet deltok seks foreldre, to fedre og fire mødre.

Tema i fokusgruppa - foreldre

Saman er vi mindre åleine - om å dele erfaringar, tips og råd

Truverdig – om erfaren forelder som kursleiar

Utfyllande kompetanse - kursleiarar med ulike perspektiv

Relevante tema – om innhald og utbyte

God stad å vera – om leiing av samlingane og arbeidsmetodar

Dette bør andre få vite om – markedsføring

13 Foreldra graderte i kva grad dei var einige eller ueinige i utsegna på ein skala frå 1-7, der 1 var svært ueinig, 4 var verken

eller og 7 var svært einig.

Page 17: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

16 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

5.1.3. Foreldregruppe Group Session Rating Scale - skjema (GSRS-skjema)

5.2. Prosjektgruppa si tilbakemelding

5.2.1. Fokusgruppeintervju

Alle i prosjektgruppa deltok i fokusgruppeintervjuet.

Tema i fokusgruppa - prosjektgruppe

Ny samarbeidsarena og samarbeidsform gir muligheiter

Samarbeid gir betre kvalitet

God arena for deling av kunnskap og erfaring

Dette må vi gjøre meir av – om ressursbruk og vidareføring

Page 18: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

17 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

5.2.2. Prosjektgruppe Group Session Rating Scale - skjema (GSRS-skjema)

6. Drøfting og anbefalingar frå både foreldre og

prosjektgruppe

6.1. Saman er vi mindre åleine – om å dele erfaringar, tips og råd

som foreldre

Det kom tydelig fram i fokusgruppeintervjuet med foreldre at dei kjente fellesskap med

kvarandre i det å ha eit barn med ekstra utfordringar, dei erfarte «at det har skjedd med

andre enn oss». Dei opplevde det «godt å treffe andre som forstår» og «høyre at andre

også er slitne og fortvila – ein blir kan hende mindre fortvila og lei da!» . Fleire gav uttrykk for

at dei var åleine både i familie og vennekrets om erfaringane sine og at dei ikkje hadde

nokon «å snu seg til, å be om erfaring og hjelp frå». Dei framheva som nyttig å «spørje andre

om tips og råd i konkrete saker» og «gjere seg nytte av kvarandre sin lærdom og erfaring».

Spørjeskjema understrekar dette ved at fleire scora lavt i førskjema på punktet om det å ha

eit sosialt nettverk der eg får råd frå andre i same situasjon, og med betydeleg høgare score i

etterskjema. Materialet viser òg stor variasjon i kva grad ein har avlastning og støtte frå

familie og vener, her var dei flinke til å dele erfaringar om korleis ein kan involvere andre i

omsorga for barnet.

Page 19: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

18 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Intervjuet med fagpersonar viser at dei har same opplevinga av foreldra si nytte av å møtast

og dele erfaringar, «kjekt å sjå korleis dei skapte nettverk og delte erfaringar, dei har lært

mykje av kvarandre» og «dei lærte at dei ikkje var åleine».

Både foreldre og prosjektgruppe anbefaler at det vert sett av enda meir tid til slik

erfaringsutveksling i samlingane, spesielt ut i kurset når deltakarane har blitt trygge på

kvarandre og kursleiarane. Funna bekreftar resultat i tidlegare rapport frå foreldregruppa i

Tysvær, og funn som er beskrive frå andre foreldregrupper og lærings- og mestringskurs. Sjå

punkt 2.3.1.

6.2. Ny samarbeidsarena og ny samarbeidsform gir muligheiter

6.2.1. Truverdig og ekte – om erfaren forelder som kursleiar

Foreldra opplevde det som «flott at det var med ein erfaren mamma, ein brukarrepresentant,

da vart det meir ekte med rett perspektiv, det vart ikkje berre eit kurs» . Dei opplevde det

som lærerikt, inspirerande og som kjelde til håp, å høyre hennas historie og korleis dei løyste

sine utfordringar i familien. Ein familie fortel i intervjuet korleis dei planlegg å prøve ut

konkrete råd og tips frå brukarrepresentanten, at det var rett inn i deira situasjon.

I arbeid med gruppebasert pasient- og pårørandeopplæring og læring og mestring i

spesialisthelsetenesta, er arbeidsmetoden ved lærings- og mestringssenteret, Standard

metode (10), godt kjent. Metoden byggjer på ei likestilling av brukarkompetanse (erfarings-

kompetanse) og fagkompetanse i planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbodet. I

prosjektgruppa var brukarrepresentanten og representanten frå spesialisthelsetenesta/

FOUSAM godt kjent med metoden. Dei losa resten av gruppa gjennom bruken av den.

Prosjektgruppa gav tilbakemelding på at vi «ser verkelig nytte av å ha med

brukarrepresentant», at metoden fungerte godt i gjennomføring av foreldregruppa og at

involvering av brukarkompetanse i heile prosessen var ein ny og nyttig erfaring.

Nasjonale føringar er tydelige på at aktiv brukarmedverknad er eit auka krav til helsetenesta

framover. Både foreldre og prosjektgruppa anbefaler at systematisk og reell

brukarmedverknad vert inkludert i dette tilbodet framover og i andre deler av tenestene.

6.2.2. Nye aktørar samarbeider på ein ny arena

Foreldra beskreiv det som «kjempenyttig at kursleiarane hadde ulik plattform» og at «dei

hadde forskjellig og bredt spekter i erfaring med seg». Dei erfarte å få svar «på alle ting på

ein gang», at dei slapp å venta til dei kom til neste instans eller etat, for her var dei på same

plass.

Page 20: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

19 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Alle i prosjektgruppa hadde erfaringar frå tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Berre

brukarrepresentant og representant frå FOUSAM/ spesialisthelsetenesta, hadde erfaring

med samarbeid mellom barnehage, brukarrepresentant, helsestasjon og

spesialisthelseteneste, og der alle partane var involvert i heile prosessen. Prosjektgruppa

opplevde samarbeidet som utfyllande og at det gav nye muligheiter. Brubygging mellom

etatar, både internt i kommunen (mellom pedagogikk og helse) og mellom nivå, såg alle som

viktig. Dei opplevde det spesielt viktig for desse familiane som er avhengige av godt

samarbeid med og mellom tenestene, for at kvardagne skal gå i hop. «Det er fantastisk å ha

med både barnehage og helsestasjon, her får dei alt på ein gong, eit fantastisk tilbod til

foreldra».

Foreldra opplevde barnehagen sine lokale som ein trygg og kjent arena å møtast på. Dette

er same erfaringane som vart gjort i Tysvær, og prosjektgruppa anbefaler vidareføring av

det. Prosjektgruppa tenkjer det kan vera klokt å nytte denne arenaen òg for samarbeid om

andre tilbod. Det kan vera å leggje nokre av dei faste barnekontrollane til barnehagen og/

eller tilbod til foreldre og tilsette om «trefftid med helsesøster» i barnehagen.

Både foreldra og prosjektgruppa anbefaler at det vert meir og tettare samarbeid mellom nivå

og etatar slik at foreldra kan oppleve heilheit i tenestetilbodet. Det er samanfallande med

erfaringane frå foreldregruppa i Tysvær, at dette tilbodet er ein god start og kan opne vegen

for samarbeid på andre område. Tettare samarbeid er i tråd med gjeldande nasjonale (17,

18, 24, 25) og regionale føringar (26).

6.2.3. Ein god stad å vera – om leiing av samlingane og arbeidsmetodar

Foreldra utrykte at dei opplevde «trygghet i gruppa» og at det var god «takhøgde der ingen

dømmer deg for det du seier», og at det var «god stemning» og «låge skuldra». Fleire utrykte

at dei hadde vore skeptiske i starten, spesielt til metodar som gruppearbeid, «eg fekk veldig

assosiasjonar til skulearbeid da det vart nemnt gruppearbeid». I etterkant såg dei likevel at

ulike arbeidsmetodar gav «gode samtalar og at det vart lettare å dele etter kvart». Dei trakk

fram at gruppeleiarar som «byr på seg sjølv» og som har «personlige erfaringar kombinert

med kompetanse», var viktig for å oppnå eit godt miljø i gruppa. Dei opplevde

gruppeleiarane som «gode i lag», at det var «fin miks dei imellom, både fagleg og

personleg» og at det skapte «trygghet at gruppeleiarane kjente kvarandre frå før». Svar frå

spørjeskjema og GSRS-skjema, understreka det som kom fram i fokusgruppeintervjuet. Dei

viste høge score og liten variasjon i foreldra sine svar på om gruppa vart leda på ein god

måte.

Page 21: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

20 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Heile prosjektgruppa gav uttrykk for at dei opplevde det som viktig å bli kjent med og trygge

på kvarandre, før dei møtte foreldra; «vi fekk ein god tone med ein gong og på siste

planleggingsmøte var vi ekstra trygge, vi våga å by på oss sjølv og fortelje vår eigen historie.

Det var viktig for å kunne fungere godt, både som brukarrepresentant og kursleiarar.

Fagpersonane frå kommunen hadde begge lang erfaring i det å møte foreldre, både

individuelt og i grupper, men var tydelige på at dette opplegget representerte nye

arbeidsmetodar og tilnærmingar, både i planlegginga og i gjennomføring av foreldregruppa.

«Allereie første møte i prosjektgruppa baud på nye arbeidsmetodar, i starten var eg litt

overraska, dette var ein ny måte å arbeide på.» «Alle måtte hive seg frampå på ein god

måte», «det var godt opplegg og god struktur for møta, ting som vart sagt i møta vart tatt

vare på og sett fokus på». For prosjektleiar/ fasilitator, var det grunnleggjande å få til gode

prosessar, «vi kjente kvarandre to og to frå før, målet var å involvere alle frå første møte, å

vise at alle var like viktige».

Prosjektgruppa var samde om at nye arbeidsmetodar i foreldregruppa, gav rom for noko

meir og for andre prosessar enn i reint manualbaserte gruppeopplegg, «foreldra har fått

komma godt fram, det er ikkje berre vi som ekspertar som har fått komme med vårt». «Eg

kjenner mange av foreldra frå før, kjekt å sjå dei i nye roller i denne gruppa» ,«fint å sjå dei

veksa med den anerkjenninga dei får», «fantastisk å sjå at gruppa klarar seg sjølv, kunne

lene seg tilbake som kursleiar og sjå dei utvikle seg frå å vera tilbaketrekte til å våga meir og

meir». Nytten av andre arbeidsmetodar vart òg illustrert ved at ei mor vart referert slik i

intervjue med kursleiaranet: «ho trudde ikkje ho kom til å lære noko da ho skjønte at det ikkje

var eit opplegg med skikkelig powerpointforedrag, men på siste samlinga fortalde ho at ho

hadde lært masse!». Det vart òg fortalt om ein pappa som på grunn av jobb ikkje kunne delta

på alle samlingane, men følte seg likevel inkludert og heime, «han ringte meg for å skryte

over innhaldet og opplevinga. Eg trur hann innsåg at det han har opplevd som strevsomt,

faktisk er greitt å streve med. Verdien av å bli sett , bli anerkjent.»

I FOUSAM er kompetanse på fasilitering og tilrettelegging av gode samarbeidsprosessar ein

viktig del av arbeidet i eininga. Erfaringar frå både piloten i Tysvær og gjennomføringa i

Bømlo, er med og synleggjer verdien av å prioritere slike prosessar og at det kan ha

betyding for resultatet i eit prosjekt. Dette stemmer med funna som er beskrive i artikkelen

bygd på ein evalueringsstudie av Familieambulatoriet i Helse Fonna (27). Prosjektgruppa

anbefaler eit auka fokus på fasilitering og kompetanse på feltet, inn i både tenestetilbod og

ulike samhandlingsfora.

Page 22: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

21 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

6.3. Samarbeid gir betre kvalitet

6.3.1. Utfyllande kompetanse – kursleiarar med ulike perspektiv

Som beskrive i punkt 6.2.2, opplevde foreldra det nyttig at kursleiarane hadde ulik bakgrunn,

perspektiv og erfaring. Sjølv om foreldra opplevde at dei var i same situasjon, var dei ulike

som personar og hadde varierte erfaringar, forventingar og behov. Når dei i intervjuet fortalde

om kva som var viktigast for den enkelte, var det ulikt frå person til person. Med ulik

kompetanse hos kurshaldarane opplevde alle å få sine behov dekka. At forelda møtte

representant frå barnehagen og helsestasjonen på same plass, var nytt i dette tilbodet, og

vart framheva av foreldra, «barnehagen er jo ein arena me er på i kvardagen, det var nyttig å

ha tema om samarbeid med barnehagen», og av prosjektgruppa, «at foreldra forstår at

barnehagen og helsestasjonen spelar på lag er verdifullt.»

Prosjektgruppa opplevde at dei hadde eit felles mål om å støtte og hjelpe barn og foreldre,

«noko av det mest positive er det felles fokuset vi har på barna, men at vi likevel har ulike

innfallsblikk på det», «godt å sjå kva dei andre fagpersonane tenkjer, setje seg inn i deira

synspunkt».

6.3.2. Relevante tema – om innhald og utbyte

I spørjeskjema gav foreldra høgt score og med lite variasjon i svar, på spørsmålet om kor

nyttig dei opplevde det var å delta i foreldregruppa. Dette vart understreka i GSRS-skjema

og i fokusgruppeintervjuet. Det å møte både foreldre i liknande situasjon, erfaren

brukarrepresentant og fagfolk, vart opplevd som nyttig, saman med tid til å stoppe opp og

reflektere over eigen situasjon. Fleire fekk nye «bekjentskap» med andre foreldre som forsto

situasjonen dei var i, der dei opplevde seg åleine. Prosjektgruppa såg korleis foreldra fekk

kontakt, «gruppa har innad utveksla telefonnummer og fått gode forbindelser – dei har lært

mykje om kvarandre sine utfordringar».

I intervjuet gav foreldra tilbakemldling på at alle oppsette tema for samlingane var relevante,

men som beskrive i punkt 6.3.1., var det noko variasjon i kva som vart opplevd som

viktigast. Den praktiske tilnærminga til alle tema, det å handtere livet slik det er, var viktig for

alle foreldra. Her handla det om korleis dei i vanleg kvardagsliv kunne ta vare på søsken,

kvarandre som par og korleis handtere samarbeidet og dialogen med familie, vener,

barnehage og hjelpeapparat, på best mulig vis. Det å få tilbakemelding på rolla som foreldre,

vart trekt fram som viktig både av foreldra og prosjektgruppa. «Vi fekk bekrefta at vi kan

mykje, har god kontroll – det er ein trygghet å hente, å føle seg normal». Det kom fram i

intervjuet med foreldra at det «kunne vore meir skriftleg informasjon og brosjyrar, også meir

brosjyrar om sjukdommane, det er alltid godt å ha det å kikke på når det har gått nokre

Page 23: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

22 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

dagar». Foreldra gav òg uttrykk for at det var godt ha barnevakt og komme seg ut, «når vi er

på helsestasjonen må ein jo halde styr på barna, her får vi ha meir fokus på innhaldet».

Temaet om å ta vare på kvarandre som par, vart framheva som viktig både i intervjuet med

foreldre og prosjektgruppa. Dette bekreftar erfaringane frå arbeidet i Hva med oss? –

programmet som er i regi av BUF-etat og Familievernet (24). I intervjuet med foreldra kom

det fram at «eg vart litt overraska over den kvelden med tema parrelasjonen», «det er veldig

lett å gløyma paret når me har sjuke barn, kjente meg i igjen i skildringa av søvnmangel,

kjempenyttig time». Prosjektgruppa opplevde at «foreldra har lært å ta vare på kvarandre

som vaksne, ta vare på relasjonen» og såg at dette var viktig inn i deira kvardag, «tenk kor

viktig det er både for barna og samfunnet at desse foreldra held saman». I oppfølging av

barnet er det den medisinske tilstanden som har hovudfokus og det vert mindre tid til å ta

opp korleis foreldra har det. Kursleiarane frå kommunen gav uttrykk for at prosjektet har auka

deira fokus på tema, «dette brukar eg no meir tid på, også i andre kurs».

Prosjektgruppa anbefaler at tema for samlingane som no er prøvd ut i både Tysvær og

Bømlo kommune, vert nytta i vidareføringa av tilbodet. Tema vert best formidla og handtert i

gruppa ved at pedagogikk og helse samarbeider, og at aktiv brukarmedverknad vert

inkludert i tilbodet.

6.4. God arena for deling av kunnskap og erfaring som fagpersonar

Undervegs i samarbeidet og i evalueringa, kom det tydeleg fram at alle deltakarane i

prosjektsgruppa opplevde å ha mykje å lære av kvarandre, «barnehagerepresentanten sine

nye auge ruska litt i forelesingsrolla mi, no vart det gjort på ein anna måte – eg vart utfordra

på ein god måte». Alle opplevde at prosjektsamarbeidet gav ein god muligheit for å dele

kompetanse og drøfte utfordringar med ulike perspektiv, «å ha med ein så erfaren

familerettleiar og gruppeleiar var gull verdt». Dei opplevde å kjenne igjen element frå

kvarandre si profesjonsutdanning og teorigrunnlag og at det var utfyllande kunnskap, « godt

å sjå andre sitt fag, her har eg noko å lære, eg lar meg inspirera».

6.5. Dette bør andre få tilbod om – markedsføring

Foreldra gav tydleg uttrykk for at tilbodet bør vidareførast, «ja, dette burde fortsetje, eg har

fortalt andre om dette og ser at det er behov hos andre òg – det trengs verkeleg». Når det

gjeld å nå ut med tilbodet har foreldra klare råd til arrangørane, «markedsføring er

kjempeviktig, dei må vera flinkare til å få det ut», «dei må vera meir konkrete, sei til dei som

burde gå at du bør gå på dette, ikkje berre gje ein brosjyre til kven som helst».

Page 24: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

23 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Prosjektgruppa hadde same oppfatning som foreldra, tilbodet bør vidareførast.

Representantane frå Bømlo gav uttrykk for at dei såg tilbodet som utfyllande til oppfølging og

behandling som dei har i dag. Det bør inngå som ein del av pasientforløpa og vera kjent for

alle som møter barn og foreldre i kommunen. Dei opplevde tilbodet viktig inn i eit

førebyggjande perspektiv for ei gruppe foreldre som står i tøffe situasjonar over tid, «eg er

overtydd om at disse samtalegruppene gir oss mykje nytte over tid, betre å ta det før foreldra

er heilt utslitt». Vidare kom det fram at nye retningslinjer for helsestasjonane kan gje enda

meir rom for å jobbe slik, «det skjer eit skifte på helsestasjonen, det blir ei ny tid no, tenkje

meir førebyggjande for denne gruppa. Dette må vi få til å rulle å gå». Dei har og tankar om

at «når dette spreiar seg, når desse foreldra her no snakkar om gruppa dei har vore med i, vil

rekrutteringa bli lettare».

Representantane frå Bømlo uttrykte uro for om dei var klare til å ta tilbodet vidare åleine,

«samarbeidet med Helse Fonna har vore ein kvalitetsfaktor, det er betre enn å kun figurere

som kommune». Dei opplevde at «brukarrepresentanten var «gull verd» og uroa seg for

«korleis vi skal få til dette i fortsetjinga».

Anbefalinga frå prosjektgruppa er difor at spesialisthelsetenesta og FOUSAM deltar delvis i

neste gjennomføring av foreldregruppa, det er eit poeng å bli trygg i nye oppgåver før ein

overtar ansvaret. Det bør òg vurderast i kva grad spesialisthelsetenesta kan bidra i ein liten

del av kurset på lengre sikt. Dette for å ivareta både foreldra og prosjektgruppa sine positive

erfaringar med å samarbeide og møte begge helsetenesetene på ein gong.

Kommunen bør rekruttere brukarrepresentant som kan vere med i neste gjennomføring for å

«lære». Det er òg viktig at kommunen utarbeider system for oppfølging/ honorering av

brukarrepresentantar, her har FOUSAM retningslinjer som kommunen kan vurdere å bruka.

For å vidareføre tilbodet til andre kommunar, anbefaler prosjektgruppa at Bømlo kommune

tar i mot «hospitant» .

7. Konklusjon

Med bakgrunn i evaluering frå deltakarane i både foreldregruppe og prosjektgruppe, ser det

ut som at samtalegruppe i barnehagen for foreldre som har barn med varig helseutfordring,

kan være eit nyttig tiltak. Det gjeld òg måten samarbeidsprosessen vart gjennomført på, med

samarbeid på tvers av etatar, tverrfagleg samarbeid og brukarmedverknad. Både prosjektet i

Tysvær og i Bømlo, understrekar i tillegg, at ein samhandlingsaktør med erfaring i fasilitering

av samhandlingsprosessar er viktig. Det bidrar til eit likeverdig og trygt samarbeid i arbeidet

med å planleggje, gjennomføre og evaluere tilbodet.

Page 25: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

24 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Det innovative i dette prosjektet er samarbeidet på tvers og kopling mellom pedagogisk

oppfølging og helsetilbod. Dette er ikkje gjort tidlegare og for denne målgruppa i Noreg.

Prosjektet si gjennomføring viser at samarbeidet var spesielt viktig for foreldra som deltok.

Resultata frå prosjektet gir grunnlag for å vidareføre og utbreie eit slikt samarbeid, både når

det gjeld dette tilbodet, men òg samarbeid om andre tilbod/ tenester for prosjektet si

målgruppe.

Page 26: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

25 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Referansar:

1 Folkehelseinstituttet. ( 2010, 7.mai ). Norske barn er blant de friskeste i verden.

Hentet 30.august 2017 fra https://www.fhi.no/tm/div/nyheter_i_barnehage_og_skole/norske-barn-er-blant-de-friskeste-i/

2 Folkehelseinstituttet. (2014, 7.oktober). Helse hos barn og unge. Hentet 30.august 2017 fra https://www.fhi.no/nettpub/hin/helse-i-ulike-befolkningsgrupper/helse-hos-barn-og-unge---folkehelse/

3 Grue, L. (2011). Hinderløype. Foreldre, barn og funksjonshemming. NOVA rapport 19/2011.

Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, Oslo.

4 Haugen, G.M.D., Hedlund, M. & Wendelborg, C. (2012). ”Det går ikke an å bruke seg sjøl

både på retta og vranga”. Om helsebelastninger, sårbarhet og forebygging i familier med

barn med funksjonsnedsettelse. NTNU Samfunnsforskning AS, Mangfold og inkludering.

5 Lundeby, H. & J. Tøssebro (2009). Livsløp i familier med funksjonshemmete barn. I Tøssebro

J. (red.). Funksjonshemming – politikk hverdagsliv og arbeidsliv (s. 149-164). Oslo,

Universitetsforlaget.

6 Tøssebro, J., Kermit, P., Wendelborg, C. & Kittelsaa, A. (2012). Rapport 2012 Avdelingen

Mangfold og inkludering. Som alle andre? Søsken til barn og unge med funksjonsnedsettelser.

NTNU Samfunnsforskning AS, s.12.

7 Wendelborg, C. og Tøssebro, J. (2009). Helsestatus til foreldre til barn med nedsatt

funksjonsevne. En sammenstilling av data fra HUNT 2 og Forløpsdatabasen FD-Trygd. NTNU

Samfunnsforskning AS, Avdeling for mangfold og inkludering.

8 Berg, B. & Strøm, A. (2012 a). Et annerledes og ensomt foreldreskap. Fontene Forskning 1/12,

s. 56-68.

9 Berg, B. & Strøm, A. (2012 b). Forståelse i særklasse: Foreldregrupper når barnet har store

funksjonsnedsettelser. Sykepleien forskning nr. 4, 2012; 7.

10 Nasjonalt kompetansesenter for læring og mesting (NK LMS). Arbeidsmåten i lærings- og

mestringssentrene: Standard metode 2011-versjon. Hentet 10. nov. 2017 fra https://mestring.no/wp-content/uploads/2012/12/Standard_metode_2011.pdf

11 Stenberg, U, Haaland Øverby, M, Fredriksen, K, Kvisvik, T, Vågan, A & Sandvin Olsson, AB.

Utbytte av lærings- og mestringstilbud. Sykepleien 2017 105(4). DOI:

10.4220/Sykepleiens.2017.61278

12 Karlsson, L. (2012). Møte mellom fortellinger – om betydningen av brukerhistorier i lærings-

og mestringstilbud. (Master i sosialt arbeid, Universitetet i Nordland, Fakultetet for

samfunnsvitenskap). Bodø: Universitetet i Nordland.

13 Nilsen, F.J. (2014). «Erfaringsutveksling som grunnlag for mestring og livskvalitet –

Diagnoseoverskridende samtalegrupper for familier med barn som har nedsatt funksjonsevne og/eller

kronisk sykdom». PhD-avhandling. PhD series No. 48 – 2014, Universitetet i Nordland,

Handelshøgskolen i Bodø.

14 Stenberg, Vågan, Flink, Lynggaard, Fredriksen, Westermann, Gallefoss «Patiant Education and Counseling» , Patient Education and Counseling 101 (2018)

15 Sandvin Olsson, AB, Fønhus, MS Heimestøl, S & Strøm, A. Når barna har nedsatt

funksjonsevne. Fontene 2016 (4) s. 54-59.

16 Nettverk for læring og mestring i Helse Vest. Årsrapport 2015. Hentet 10.okt. frå

www.helse-fonna.no/samhandling

Page 27: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

26 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

17 Meld. St. 47. Samhandlingsreformen

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-47-2008-2009-/id567201/

18 Meld. St. 26 (2014-2015) Fremtidens primærhelsetjeneste – nærhet og helhet https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-26-2014-2015/id2409890/?q=fremtidens primærhelsetjeneste nærhet og helhet

19 FOUSAM, Betre tverrfaglig innsats i Helse Fonna-regionen: http://www.helsetorgmodellen.net/prosjekter/forebygging-og-tidlig-intervensjon/

20 Fagnettverk barn og unge i Helse Fonna-regionen. Henta 10.okt. frå http://www.helsetorgmodellen.net/samhandling/fagnettverk/nettverk-for-barn-og-unge/

21 Fagnettverk læring og mestring i Helse Fonna-regionen. Henta 10.okt. frå http://www.helsetorgmodellen.net/samhandling/fagnettverk/lms-nettverk/

22 Eksempel på LMS-tilbod som er lagt til grunn: NKLMH sitt opplegg for Starthjelpkurs og Ideperm for samtalegrupper; www.mestring.no

23 FOUSAM. Retningslinjer for brukarmedverknad. Henta 10.okt. frå http://www.helsetorgmodellen.net/samhandling/brukermedvirkning/

24 Helsedirektoratet.

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/veileder-for-kommunale-frisklivssentraler-

etablering-organisering-og-tilbud

25 Helsedirektoratet

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-

og-koordinator

26 Helse Vest HF. Helse 2020, punkt 6.2.2. https://helse-vest.no

27 Eriksen & Heimsetøl (2017) «Developing a culture of pride, confidence and trust: enhanced collaboration in an interdisciplinary team», International Practice Develupment Journal

Page 28: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

27 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Vedlegg: Brosjyre foreldregruppe

Page 29: Bømlo kommune - helsetorgmodellen.net · vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe. Evalueringane tyder på at det

28 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

FoU-eining for samhandling

ved Høgskulen på Vestlandet

Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund

Telefon: 48 24 68 11

www.fousam.no