Bokbåten Epos

21

description

Jubileumsskrift 50 år.

Transcript of Bokbåten Epos

Page 1: Bokbåten Epos

1

Page 2: Bokbåten Epos

2 3

Bokbåten EposVestlandet sitt flytande bibliotek i 50 år

Utgjeve til bokbåten Epos sitt 50-årsjubileum

Redaksjon: Møre og Romsdal fylkesbibliotek

Ålesund 2013

ISBN: 978-82-992167-1-5

50 år med bokbåten EPOS – vel verdt eit jubileum!

Denne båten, som har reist rundt i Hordaland, Sogn og Fjordande og Møre og Romsdal i storm og stilla gjennom 50 år, representerer noko unikt i norsk og internasjonal biblio-tekhistorie. Båten er blitt ein institusjon på kysten, og tenesta har utvikla seg i eit godt vestlandssamarbeid i takt med skiftande tider og utviklingstrekk i samfunnet. Epos vekker gode kjensler i store delar av folket langs kysten. Mange er dei barna som sto forventningsfulle på kaiene når båten var venta, og som fekk sine første bokopplevingar og møte med levande kultur i det lille bibliotekrommet om bord. Ein av dei viktigaste suksessfaktorane er den unike kombinasjonen av kulturpro-gram og bibliotek.

Kulturbåten EPOS har også ei historie – dei mange «kultu-rane» som har bidratt med alt frå folkeopplysning til trylleri, musikk, teater og kåseri utgjer eit imponerande mangfald også i nasjonal samanheng.

Ved ein milepel som eit slikt 50-årsjubileum, er det naturleg å ta eit dykk ned i historia til båten. Dei tre fylkesbiblioteka har gått saman om ei felles jubileumsfeiring hausten 2013, ei markering som også er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Som del av markeringa har vi laga dette jubileumsheftet for å vise kva som har skjedd gjennom åra, korleis båten blir opplevd av kystfolket, korleis det er å leve og arbeide om bord, og kven som har bidratt.

Det er med glede vi legg ut på jubileumsferda hausten 2013 med ei teneste som både har ein solid plass hjå folket på kysten – og som er like aktuell også etter 50 år!

Ellen Kristin MolværFylkesbiblioteksjef i Møre og Romsdal

Bokbåten kjem! (Foto: Stian Wiik).

Page 3: Bokbåten Epos

4 5

Bokbåten – eit skattkammer (foto: Stian Wiik).

50 år i frisk nord-vest.Når det sjøgåande biblioteket EPOS fyller 50 år, fyller det også den opprinnelege tydinga av ordet: «eit lengre fortel-jande dikt som handlar om heroiske hendingar som har vore viktige for ein kultur eller ein nasjon».

Bokbåten EPOS har sigla langs kysten med bøker, lydbøker og kulturprogram. Den er stadig like populær. Skular og barneha-gar besøker båten og får supplert tilboda frå skulebiblioteka sine. Det er stor stas når EPOS legg til kai ved dei små tettsta-dene langs heile vestlandskysten. Kulturtilboda er mange og mangfaldige, og heldige er alle dei ungane som har fått besøke båten og teke del i forteljingane og teaterframsyningane.

Visst har det vore motvind på ferda, men så godt har EPOS sigla, at samarbeidet mellom dei tre Vestlandsfylka har stått motvinden av. I jubileumsåret vil eg meine bokbåten EPOS har befesta seg som ein del av den kulturelle grunnmuren, som skal sikre ytringsfridom, mangfald og tilgang på kulturopp-levingar i distrikta så vel som i dei store byane. Eit typisk og godt Vestlands-produkt!

Gratulerer med jubileet og lukke til med den vidare ferda.

Kristin Marie SørheimLeiar i Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal

Helsingar

Helsingar ........................................................................................................................ 5Historia til bokbåten ................................................................................................ 7 Dei første åra ..................................................................................................... 7 Båten Epos .......................................................................................................... 7 Utvida teneste til dei andre Vestlandsfylka ...................................... 8 Ny organisering ................................................................................................ 9Bokbåten i dei enkelte fylka ................................................................................ 10 Bokbåten i Møre og Romsdal .................................................................... 10 Bokbåten i Sogn og Fjordane .................................................................... 11 Bokbåten i Hordaland ................................................................................... 11Rammevilkår ................................................................................................................ 13 Skjer i sjøen ........................................................................................................ 13Bokbåten i ei ny tid ................................................................................................... 15 Bokbåttenesta på anbod ............................................................................. 15 Ny profilering, bokbåtklubb og sosiale medier ................................ 15 Båten for barn og lesestimulering .......................................................... 16 Kontakt med skular og barnehagar ........................................................ 16 Den kulturelle skolesekken ........................................................................ 16 Modernisering av biblioteket .................................................................... 17Kulturbåten Epos ...................................................................................................... 18 Dei første kulturprogramma ..................................................................... 18 Kulturprogram for barn ................................................................................ 18Folka om bord.............................................................................................................. 20 Eigarar ................................................................................................................... 20 Bibliotekarar ...................................................................................................... 20 Kontaktpersonar ............................................................................................. 21 «Kulturar» ............................................................................................................ 22 Båtmannskapet ................................................................................................ 23«Mitt bokbåtminne» ................................................................................................ 24Helsingar frå «kulturar» ......................................................................................... 29Bokbåten i media ....................................................................................................... 33Internasjonale presentasjonar ........................................................................... 34Oversikt over «kulturane»..................................................................................... 34Roar Hagen : Med bokbåten Epos i Undredal i Sogn ............................... 39

Innhaldsliste:

Page 4: Bokbåten Epos

6 7

Historia til bokbåtenDei første åraHausten 1959 vart det sett i gang ei ny bibliotekteneste i Hor-daland. Ein båt skulle låne ut bøker til folk på småstader. Ideen til dette flytande biblioteket oppstod i Hordaland biblioteklag ein gong i 50-åra. Første tur var i september med ein 60 fot båt som hadde namnet Abdulla. Tenesta vart populær og auka slik i omfang at ein etter 5 turar måtte finne ein meir eigna og større båt. I 1962 vart Fjord Guide leigd inn. Han var større og hadde betre fasilitetar, spesielt for dei bibliotektilsette, men også betre plass til bøker og utlån.

Til og med turen om hausten 1961 var det berre ordinært utlån av bøker om bord. Frå våren 1962 vart det sett i gang eit forsøk med foredrag, film, musikk og anna opplysingsteneste paral-lelt med utlånsarbeidet. For barna vart det arrangert even-tyrtimar og vist film. Om kvelden var det foredrag for vaksne. Skodespelar Erik Svensen, forfattar Eva Scheer, opplysnings-sekretær Torkjell Larsen og Victor Krüger frå Samnenda for studiearbeid heldt foredrag og formidla litteratur om kvelda-ne. Dette forsøket med levande kultur og bøker slo så godt an at det vart eit av varemerka til bokbåten.

Sjølv om det om bord i Fjord Guide var enklare å drive ei effektiv teneste, var populariteten med kultur- og foredrag så stor at også denne båten vart for liten. Det var behov for fleire lugarplassar, betre sanitærforhold og betre høve for matlaging.

Båten EposSentralbiblioteket i Hordaland, som hadde det administrative og praktiske arbeidet med bokbåttenesta, sette no i gang med å finne ein ny båt. Dette var eit langvarig og omfattande ar-beid, men i 1962 fekk Sentralbiblioteket kontakt med eigaren av ein båt som var under bygging ved Fjellstrand båtbyggeri i Oma i Hardanger. Denne båten var Epos og eigaren var Knut Svåsand frå Bakka i Hardanger. Båten var eit pionerbygg –den største aluminiumsbåt i verda på den tida. Han var 85 fot lang og utstyrt med ein mindre salong framme og ein større akter. Det var 4 doble lugarar under dekk framme og to enkle akter. Ikkje minst hadde båten ei velutstyrt bysse, herre- og dametoalett og dusj. Båten var utstyrt med to Caterpillar-mo-torar, som gjorde han lett å manøvrere og som kunne gi båten ei fart på nesten 15 knop. Det viktigaste for Sentralbiblioteket var den store salongen akter som hadde god plass til bøker og sitteplassar til 130 menneske.

Epos vart sjøsatt tidleg 1963, og i mars vart det gjort avtale om leige. Etter sjøsettinga vart båten slept til Bakka for å ver-te gjort ferdig til turistfart for HSD på Hardangerfjorden og bokbåtdrift hausten same år. Men alt i mai gjorde båten ein tur i Hordaland med utlån og kulturprogram. Mellom anna hadde dei 4 stopp på 17. mai, og bokbåten sitt kulturprogram var 17. maiprogram på Lygrenes den dagen.

Med Epos byrja ei ny æra i bokbåten si historie, ikkje minst med omsyn til talet på bøker ein kunne ha med og arbeids- og oppholdsforholda til dei som arbeidde om bord.

I 1985 vart båten delvis ombygd. Det vesle styrehuset vart erstatta med eit større og romslegare, og her vart det i tillegg plass til to lugarar. Biblioteksalongen vart utvida, fordi dei to lugarane bak vart plasserte under dekk. Dei opprinnelege bibliotekhyllene romma ca 2000 bøker, desse vart skifta ut med nye som gjorde at samlinga kunne utvidast til ca 5000 bøker. Etter at ny eigar overtok i 2003, har båten fått dobbelt så sterke motorar og lugarane under dekk er pussa opp.

Postkort med bilde av «gamle» Epos (foto: Normann).

Bokbåten har vore ein kjær gjestBokbåten har vore ein kjær gjest når den har kome på besøk til ulike stoppestadar kringom i våre kyst og fjordbygder. Med bøker og anna kultur om bord har den skapt ei annleis kulturoppleving, og glede for mange. Eg ynskjer til lukke med jubileet og ei fin kulturreise i 2013.

Nils Gjerlandleiar i hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane

Samarbeid i 50 årBokbåttenesta i Hordaland starta med den 62 fot lange kutta-ren «Abdulla» i september 1959.

Ønskje var at båten skulle by på meir enn bøker. Ein ville vise film, halde barnetimar, og ha med eit program til eit vaksen publikum om kvelden. «Abdulla» var for liten, og våren 1962 tok den 66 fot lange «Fjordguide» over.

Våren 1963 blei nybygde «MS Epos» på 85 fot sett inn i drifta. Den var planlagt i samarbeid med Sentralbiblioteket i Hordaland og var sikra faste turistruter for HSD i sommar-halvåret. Første året var tilbodet berre i Hordaland, medan Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane kom med frå vinteren 1964. Kvart fylke har ansvar for drift i sitt fylke, men det er eit godt og tett samarbeid mellom fylka, som sikrar drifta og at tilbodet blir kontinuerleg fornya og modernisert.

Bokbåttenesta er eit unikt tiltak, som er høgt skatta i distrikta. Forventingane er store når båten kjem med sine tilbod, som

inspirerer til lesing og eggar fantasien til barn og vaksne. Både nasjonalt og internasjonalt har bokbåten blitt eit velkjent symbol på kystkulturen på Vestlandet.

Markeringa av at «Epos» er 50 år, er også ei markering av eit solid samarbeid mellom dei tre Vestlandsfylka.

Til lukke med jubileet!

Anne Beth Njærheimleiar for Kultur-og ressursutvaletHordaland fylkeskommune

Ei helsing til bokbåten i Hordaland ved 50-års feiringa i 2009.

Page 5: Bokbåten Epos

8 9

Utvida teneste til dei andre VestlandsfylkaTenesta vart først etablert i Hordaland. Alt seinhausten i 1959 vart det teke initiativ til eit møte i Statens bibliotektilsyn om å utvide tenesta til dei fem fylka frå Rogaland i sør til og med Trøndelag i nord. Planen synte seg altfor ambisiøs då det ville vere for omfattande å skaffe stor nok båt og stor nok boksam-ling til å dekke dette distriktet. Arbeidet vidare konsentrerte seg difor om å dekke dei tre typiske Vestlandsfylka. Kyrkje- og undervisningsdepartementet med Statens bibliotektilsyn ynskte likevel meir erfaring frå bokbåttenesta i Hordaland før ei sak kunne fremmast for Finansdepartementet og dei lokale fylkesmyndigheitene. I 1962 la departementet saka fram utan at ho vart realitetsdrøfta i Stortinget. Alt i 1963 arbeidde departementet med ei ordning som skulle gjere det mulig å starte eit forsøk for heile Vestlandet.

Biblioteksjef Johannes Bygstad ved sentralbiblioteket i Hordaland var ein entusiastisk forkjempar for å utvide bok-båttenesta til resten av Vestlandet. Han laga eit budsjett på kr 84 000 til denne tenesta, og i januar 1964 løyvde Stortin-get dei naudsynte pengane til drift. Stortinget skulle løyve ein halvpart, og dei tre fylka skulle tilsaman løyve den andre halvparten.

Den utvida bokbåttenesta vart innleia i september 1964 då Epos la ut på sin tredje tur. Den 23. oktober starta båten sin første tur i Sogn og Fjordane og 17. november i Møre og Roms-dal. Det synte seg diverre at boksamlinga ikkje var stor nok. Bøkene måtte rasjonerast og det såg mørkt ut for vårturen 1965. Sjølv om staten, i tillegg til drifta hadde løyvt kr 30 000 til bøker sidan 1963, var ikkje det tilstrekkeleg. I Bergen vart

det no forsøkt å få inn pengar til bøker frå bankar og liknande, utan å lukkast. Då Kulturfondet vart ein realitet i 1965, søkte ein om kr 300 000 til ei basissamling for bokbåten. Dette vart innvilga med kr 150 000 i 1965 og tilsvarande i 1966.

Sentralbiblioteket i Hordaland var budd på å legge ned bok-båtdrifta frå 1965 på grunn av manglande løyvingar, men dei klarte å fatte eit vedtak om vidare drift.

Ny organiseringSentralbiblioteket i Hordaland administrerte tenesta og kjøp-te inn og gjorde istand bøkene fram til 1974. Då vart boksam-linga delt og drifta administrert frå fylkesbiblioteka i Ålesund, Førde og Bergen. Heretter vart bokval og val av kultur gjort lokalt, og bibliotekarar frå dei tre fylkesbiblioteka reiser med bokbåten i eigne fylke.

Båt på fjorden (foto: Stian Wiik).

Plakaten er på plass i Gammersvik (foto: privat). Bokbåten er eit populært tilbod for skule og barnehage (foto: Stian Wiik).

Page 6: Bokbåten Epos

10 11

Bokbåten i dei enkelte fylkaBokbåten i Møre og Romsdal Seinsommaren 1964 kom det beskjed til Sentralbiblioteket i Møre og Romsdal om at det var løyvt pengar til bokbåten for perioden frå 17. november til 17. desember. Ordførarane i aktuelle kommunar vart straks oppmoda om å nemne ut ein kontaktperson på dei stadane båten skulle vitje. Då båten i storm og uver kom til Ålesund den 17. november var det laga ei rute med 129 stoppestadar. Først den 19. november var veret så bra at båten kom seg ut i følge ruteplanen. Bibliotekar Bergljot Alme og bibliotekelev Hjalmar Olsen kunne glede seg over den store interessa publikum synte, men alt første dag måtte ein redusere utlånet av skjønnlitteratur til 1 bok pr. låner. Først var Severin Overaa med og holdt foredrag om FN og synte filmen «Kan det nytte», og seinare på turen kåserte Erik Svendsen om «Dikt og prosa i skjemt og alvor». Oppsummert var nok første tur i Møre og Romsdal ikkje heilt vellukka. Først og fremst gjorde veret gjennomføringa av ruteplanen proble-matisk, og av dei oppsette stoppestadane vart 24 sløyfa. Det vart lånt ut 4700 bind.

Andre tur i Møre og Romsdal gjekk frå 29. mars til 28. april i 1965. På grunn av frykt for bokmangel vart 129 stoppestadar redusert til 88 og alle fekk besøk etter oppsett ruteplan. Protokollen frå turen fortel om stort sett god oppslutnad, men på eit stopp står det at eit godt sildefiske er grunn til at folk ikkje kjem ombord. Nok bøker for vaksne var ikkje eit problem, derimot vart det for lite barnebøker og «rasjonering» av lån måtte til. Utlånet og vidareutlån på land var 8400 og talet på lånarar var 1371.

Turane fekk etterkvart berre mindre justeringar. I årsrapporta-ne kan ein lese at i dei første åra kunne det vere problem med kontaktpersonar som ikkje møter fram, ikkje vil ha vidareutlån og ikkje vil føre statistikk. I periodar var det og problem med å skaffe nok bibliotekpersonale om bord.

Kanskje det mest dramatiske desse første åra var melding frå formannen i Sande folkeboksamling hausten 1967 om at båten ikkje lenger var ønska. Kommunen meinte at Gjerdsvi-ka, Hakkalestranda, Haugsholmen, Larsnes, Haugsbygda og Brisingehaug ikkje lenger skulle ha stopp, fordi folkeboksam-linga no hadde mange bøker sjølve. Då sendte sjefsbibliotekar ved Sentralbiblioteket, Konrad Helseth, eit ganske krast brev til ordføraren i Sande. Sidan det framleis er fire bokbåtstopp i Sande, hjalp nok brevet frå Helseth.

Talet på stopp vart redusert frå knappe 90 til om lag 75 i løpet av få år. Sentraliseringspolitikken tidleg på 1970-talet gjorde at utkantstadar som Grip, Bjørnsund, Haugsholmen, Tautra vart lagde ned fordi folk flytta derifrå. Andre lokale endringar i busetting og samferdsel førte også til at stopp vart lagt ned. Lokalbåten vart mange stadar ertstatta av ferjer, noko som førte til forfall av dei lokale kaiene som Epos brukte.

I 1973 hadde båten 88 stoppestadar i Møre og Romsdal, og det var utlånt 21 800 bøker. Ti år seinare i 1983 hadde båten 75 stoppestadar og 25 500 utlån. Etter kvart vart det slutt på å registrere vidareutlån lokalt, så direkte samanlikning av utlånstal frå den første tida til i dag er lite relevant. Skolane og barnehagane sin aktive bruk av bøkene kjem heller ikkje fram av statistikken, men vi kan sjå ein positiv trend med auka utlån. I 2012 var det utlånt 12 500 bøker, og 5140 personar var til stades på kulturprogramma.

Årets bibliotek – bibliotekprisen i Møre og Romsdal«Svært mange i vårt fylke har gode minne og sterke forvent-ningar knytt til bokbåten. - Den har vore ein kulturformidlar, begeistrar og inspirator i snart femti år. I medvind og mot-vind har den sigla i eit geografisk utfordrande farvatn». Slik begrunna Ann Elin Øverbø, leiar i lokallaget til Norsk biblio-tekforening, tildelinga av prisen «Årets bibliotek i Møre og Romsdal» i 2012 til bokbåten.

Bokbåten i Sogn og Fjordane I Sogn og Fjordane var det ein del motstand mot å bli med i bokbåtdrifta. Fylkesmann Nikolai Schei meinte det var betre å byggja ut det nystarta sentralbiblioteket i Sogn og Fjordane. Men i mai 1964, i møte med m.a. fylkesmennene i Hordaland og Møre og Romsdal og bibliotekdirektør Anders Andreassen, let han seg overbevisa og ville leggja saka fram for fylkesutvalet.

Bokbåten hadde sin første tur i Sogn og Fjordane hausten 1964. Det vart sendt ut brev til ordførarane med spørsmål om kvar dei ville ha bokbåtstopp og ei prioritering av stoppa. Turen vart gjennomført på 23 dagar og bokbåten hadde 105 stopp.

Frå første dag i loggdagboka 23. oktober 1964:

«Ånneland. Ankomst kl 16. Tre barn som velkomstkomité på kaien, flere etterhvert. Stedet har ingen folkeboksamling. Hyggelige folk. Margrete Barstad hadde eventyrtime for ca 12 barn pluss en del vaksne. Filmene «Jegeren» og «Veslefrikk med fela» ble vist. Om kvelden foredrag av Karen Falck-Johannesen: Negermusikk, fra Afrikas jungel til Carnegie Hall. 18 mennesker til stede, disse viste stor interesse for bokbåten.»

På den første turen vart det lånt ut 6.046 bøker.

Etter den første turen var det trong for å justera kvar bok-båten skulle ha stopp, så på vårturen 1965 var talet på stopp nede i 74. Seinare har talet på dagar og talet på stopp blitt justert litt frå tur til tur, som oftast av naturlege endringar i samfunnsutviklinga elles.

Våren 1982 gjekk bokbåten som kulturbåt utan bøker. Perso-nalsituasjonen ved fylkesbiblioteket gjorde at det ikkje var mogeleg å gjennomføra turen på vanleg måte.

Sogn og Fjordane er det minste av dei tre bokbåtfylka med færrast dagar, stopp og besøk. Men utlånet har alltid vore høgt, både til barn og vaksne. I Sogn og Fjordane vert innkjøp og formidling av nynorsk barnelitteratur prioritert høgt.

I dag køyrer bokbåten 17 dagar to gonger i året i Sogn og Fjordane. Han har stopp rundt 40 stader fordelt på 16-17 kommunar. Nokre stader er det berre utlån, nokre stader er det berre kulturprogram, men dei fleste stadene er det både kulturprogram og utlån.

Besøkstala har vore stabile eller aukande dei siste fem åra. I 2012 var det 2.260 personar om bord, 1.332 barn og 928 vaksne. 1.831 såg kulturprogramma. Også utlånstala har halde seg ganske stabile dei siste 5 åra. I 2012 vart det lånt ut 14.838 bøker, 8.584 barnebøker og 6.254 vaksenbøker. Sjølv om det vert lånt ut flest barnebøker, er utlånet av vaksenbøker stor. Bokbåten er eit tilbod til heile familien.

Bokbåten i Hordaland Bokbåten «Epos» starta si ferd torsdag 2. mai 1963 i Bergen. Den 30. april var det innviingsfest for båten, med bibliotekper-sonalet, presse og kringkasting til stades.

Ved avreise 2. mai var fjernsynet igjen på plass og gjorde opptak frå utlånssalongen. I tillegg kom skipskontrollen om bord, noko som gjorde at jomfruturen vart 2 timar forseinka. Av den grunn måtte stoppet på Knappskog utsetjast, og gjekk med det frå å vere første til siste stopp på turen. Hanøytangen vart dermed den historiske første stoppestaden i Epos si lange bokbåtteneste. 48 skuleborn kom om bord og lånte med seg 132 bøker.

F.v.: Inger Lise, Katrine, Berit, Hilde, Ellen, Vidar og Ann Elin (foto: privat).

Forestilling med Klovnen Knut i Sogn og Fjordane (foto: privat).

Sogn og Fjordane har det største utlånet pr. stopp av dei tre fylka.

Page 7: Bokbåten Epos

12 13

Same dag gjekk det første kulturprogrammet av stabelen på Syltøy, 15 til 20 menneske høyrde Erik Svendsen som hadde laga eit «fengslande opplesingsprogram med alvor og skjemt».

Bibliotekar på denne første turen våren 1963 var den legen-dariske bokbåtdronninga Margrete Barstad. På jomfruturen vart det lånt ut totalt 25. 747 bøker og det var 3.732 lånarar om bord.

Dei første loggbøkene frå bokbåten er interessante historiske dokument. Frå Lundegrend 21. september 1964 kan ein m.a. lese:

«Om kvelden måtte vi avlyse programmet på grunn av publi-kumssvikt. Det var bare 2 damer, Fru Eikeland og søsteren som kom. De sa fjernsynet nettopp var kommet hit og hadde nyhetens interesse. Dessuten var det midt i potetopptakingen og alle hadde nyttet det fine været til å få potetene i hus.»

Fjernsynet får skulda for publikumssvikt fleire gongar utover på 60-talet. Frå vårturen 1968 heiter det seg at «Kontakten sier at det er så mange som har kjøpt fjernsyn i det siste, og nå sitter de bare der og glor.» Ved eit anna høve er det tv-pro-grammet «Åpen post» som dankar ut bokbåten sitt program.

På den andre sida fortel loggbøkene også om folk som kjem langvegs frå for å vitja Epos, «et selskap på 5 var kommet en hel time i motorbåt i regnet, vinden og nattemørket, og ei mor og ei dotter ignorerte regn og kuling, og rodde i over ein time for å få med seg programmet.»

I mange år gjekk livet sin vante gong om bord. Frå byrjinga og langt utover på 80-talet var det filmframsyning om bord, enkelte dagar i tillegg til både barnetime og vaksenprogram. Tidleg på 70-talet vart det eit markant skifte i kva som var gangbart som kulturprogram: føredragshaldarane forsvann meir eller mindre ut, og i nokre år var visesongarane i vinden. I første halvdel av åttiåra kom eit nytt paradigmeskifte, vaksenprogramma såg ut til å forsvinne heilt, og det vart satsa fullt og heilt på familie- og barneprogram.

I perioden 1988 til og med 1997 gjekk Epos tre turar i året, både vår, haust og vinter.

I Hordaland samarbeider i dag fylkesbiblioteket med Lindås bibliotek om bokbåtdrifta. Fylkesbiblioteket har det admini-strative ansvaret, i tillegg til å organisere kulturtilbodet om bord. Lindås bibliotek har ansvaret for dei bibliotektekniske oppgåvene.

Bokbåten har tilpassa seg skiftande tider i Hordaland. Talet på stopp er redusert, ettersom infrastrukturen og folkebibli-otekstrukturen er betra i fylket. Frå å byrja med om lag 300 stopp 1963, er talet no i overkant av 50 stopp. Dermed er også besøket og utlånet redusert med om lag det halve. Men Epos lever godt i den nye tida, med godt utlån og godt besøk.

I 2012 hadde bokbåten 51 stopp i 21 ulike kommunar, både på vår- og haustturen. Det vart lånt ut 18.408 einingar og over 3.000 besøkande var tilstades på kulturprogramma.

Ein kontaktperson kjem med bøker til innlevering (foto: privat).

RammevilkårFrå byrjinga av 1970-talet løyvde Staten 50% av driftsutgif-tene til mobile bibliotekteneste, og dette kom bokbåten til gode. Frå 2001 vart det ei gradvis nedtrapping fram til 2005 då det var heilt slutt på den øyremerka statsstøtta. Etter den tid har fylkeskommunane vore den økonomiske ryggraden i bokbåtdrifta.

Sogn og Fjordane skil seg litt frå dei andre fylka når det gjeld finansiering. På midten av 1980-talet innførte fylkeskommu-nen i Sogn og Fjordane ein kommunal eigendel. Kommunane skulle betala ein timepris for bruk av bokbåten. I dei to andre fylka er det fylkeskommunen som finansierer heile bokbåt-drifta.

Skjer i sjøenTrass i popularitet og entusiasme for bokbåten, har det inni-mellom kome framlegg i alle tre fylka om nedlegging i periodar med trong økonomi.

Sentralbiblioteket i Hordaland var budd på å legge ned bokbåtdrifta frå 1965 på grunn av manglde løyvingar. Dei fatta likevel eit vedtak om vidare drift på vilkår om at dei tre fylka reduserte stoppa med 1/3, og at dei i tillegg skulle be om ekstra løyvingar til bøker frå dei tre fylkesmennene.

I Hordaland og Sogn og Fjordane har det vore nære på ei nedlegging fleire gongar, men bokbåten har mange vener og brukarar som har kjempa i det offentlege rom for bokbåten.

Høgt utlån og stor aktivitet (foto: Stian Wiik).

Page 8: Bokbåten Epos

14 15

Politikarane på fylkestinga har funne løysingar og sikra bokbå-ten økonomiske midlar. I Sogn og Fjordane vedtok fylkestinget i desember 2010 å evaluera bokbåtordninga innan tre år. Ei arbeidsgruppe vart oppnemnd med mandat å sjå på behovet for bokbåttenesta, vurdera ordninga og peika på potensial for utvikling og alternative driftsformer. Arbeidsgruppa sin rap-port vert lagt fram for hovudutval for kultur september 2013.

Nedlegging i Møre og Romsdal i 2000Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok på junitinget 2000 at bokbåten Epos skulle leggast ned i Møre og Romsdal som ein følgje av den store spareplanen til fylkeskommunen. Sidan bokbåten var den einaste bibliotektenesta som ikkje var lovpålagd, var det semje om å legge han ned.

Haustturen 2000 var ein trist tur for bibliotekarane, mannskap og folket på plassane båten besøkte. Folk kom med både blo-mar og sterke uttrykk for frustrasjon over å miste besøka av båten. Harmen over å miste nok ein institusjon i desse utkant-strøka tok straks form av ein stille protest. Folket på Bjørke inst i Hjørundfjorden, ved kontakten Jorun Sætre, starta ein underskriftaksjon alt andre dag på denne turen.

«Vi er glade i bøker her i bygda, og vi har sett stor pris på å få vitjing av bokbåten. Vi har etter kvart vorte glade i dei som er om bord og ordnar med bokutlån og kulturinnslag. Eit slikt til-bod er utruleg verdfullt for dei små utkantane rundt omkring. Men no kan vi ikkje med vår beste vilje forstå kvifor dette må takast ifrå oss. Med oljen strøymande opp frå Nordsjøen, skulle vi vel vere mellom dei rikaste land i verda. Men likevel ser vi heile tida at små, men verdfulle ting vert tekne frå oss.» Jorun Sætre, Bjørke

Nedlegginga av bokbåten utløyste eit stort lokalt enga-sjement i form av lesarinnlegg og stor medieinteresse. Dei fleste lokalavisene laga reportasjar frå siste besøk. Ordførar i Tingvoll, Kristin Sørheim kom både med tydelege signal til Aura Avis om nedlegginga som dårleg kulturpolitikk og ho tok initiativ til å sende eit brev om saka til alle dei andre 24 kommunane som kunne miste bokbåten. Kva som gjorde det endelege utslaget veit ein ikkje heilt, men engasjementet vekte tydelegvis fylkespolitikarane, for bokbåten kom tilbake på fylkeskommunen sitt budsjett for 2001 – eit vedtak i «tolvte time» – på fylkestinget 12.desember!

Dette utløyste stor glede, både i Møre og Romsdal og hjå dei to samarbeidande fylkesbiblioteka, for ei nedlegging i eit fylke ville nok ha trua tenesta også i desse fylka. Under nedleg-gingsturen vart boksamlinga om bord gjeven bort til skular og institusjonar, og dette vart problematisk i 2001. Ei heilt ny samling måtte kjøpast inn til båten skulle på ny tur, og det vart difor ingen vintertur dette året. Men haustturen 2001 kom Epos attende til folket sitt. Gleda og velkomsten var enorm. Folket møtte båten med blomar, flagg og kake. Om haustturen 2000 var eit gravøl, var tilsvarande tur i 2001 ein jubeltur!

Kampen mot nedlegging i Hordaland i 2007Hausten 2007 foreslo det politiske fleirtalet i Hordaland i sitt budsjettframlegg å leggje ned bokbåten. Dette førte til eit ak-tivt lobbyarbeid og mobilisering av brukarane av båten i fylket. Kampanjen blei fronta av Gunnar Staalelsen og Stig Holmås og fekk stor merksemd både i lokale og nasjonale media. Kristelig folkeparti og Fremskrittspartiet snudde og redda bokbåttenesta i Hordaland på fylkestinget i desember. - Det er reaksjonar frå folk som gjer at vi no går inn for framleis å gje pengar til bokbåten, sa fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg (KrF) til NRK.

Bokbåten i ei ny tidBokbåttenesta på anbodFrå 1963 har bokbåttenesta vore driven med same båt og same eigar. Årleg var det møte mellom eigar og fylkeskom-munane der drifta vart drøfta. Nye reglar for offentleg innkjøp kravde at tenesta måtte ut på anbod. Innkjøpsavdelinga i Hordaland fylkeskommune tok i 2003 på seg arbeidet med anbodsprosessen. Det kom inn 5 tilbod, men ingen kunne kon-kurrere i pris og ingen andre var betre tilrettelagd som bokbåt enn Epos, som no var eigd av Vinnes skyssbåtservice.

Ny profilering, bokbåtklubb og sosiale mediaI perioden 2000–2003 gjennomførte dei tre fylkesbiblioteka eit felles prosjekt der bokbåten Epos vart brukt til marknads-føring av bibliotektilbod til barn. Prosjektet vart støtta øko-nomisk av Statens bibliotektilsyn. Ved hjelp av eit designbyrå fekk ein utvikla ny design på fleire produkt, slik som bokmer-ker, bæreposar og plakatar.

Prosjektet førte også til at det vart oppretta ein eigen med-lemsklubb, og det vart gitt ut eit medlemsblad 2 gongar i året. Dette inneheldt m.a. omtale av barnebøker, konkurranser, vit-sar, og vart sendt til barna før kvar tur. Det var både kostnads- og tidkrevande å lage bladet, og difor vart det naturleg å legge funksjonane som medlemsbladet hadde over til bokbåten sin nettstad. Bokbåtklubben med personlege medlemmar vart avvikla i 2009.

I mars 2009 oppmoda fylkesbiblioteka skolar og barnehagar som brukte bok-båten til å finne på eit passande namn til maskoten vår, bokbåtkatten. Det kom inn mange flotte forslag frå alle dei tre fylka, men det beste var forslaget om at bokbåtkatten skulle heite Epus. Det var Hundeidvik SFO frå Sykkylven i Møre og Romsdal som fann på namnet, og dei vart premierte med ein bokpakke og alle elevane fekk kvar si Epos drikkeflaske då bokbåten kom til Hundeidvik.

I 2007 vart det oppretta ein nettstad for bokbåten, www.bokbaten.no. Han er felles for alle tre fylka. Her vert det lagt ut informasjon om bokbåtrutene og om kulturprogramma. I tillegg ligg her bilete og generell informasjon om Epos. Nett-staden kjem i ny utgåve til jubileet hausten 2013. Innsendt teikning av bokbåten Epos.

Nettstad.

Sangstund med sangpedagog og dirigent Kristin Groven Holmboe (foto: privat).

Page 9: Bokbåten Epos

16 17

Bokbåten har side på Facebook, Bokbåten Epos. Denne sida er hovudsakleg i bruk medan bokbåten er på tur, frå september til mai. Det vert dagleg lagt ut bilete og informasjon, og lånara-ne kan kommentera undervegs.

Båten for barn og lesestimulering Bokbåten har etter kvart retta tilboda sine meir og meir mot barn. Om bord er det fokus på leselyst og leseglede, noko som gjenspeglar seg i boksamlingane. Ein legg vekt på å ha eit godt tilbod av nynorske barnebøker og nye aktuelle bøker for barn. Fylkesbiblioteka prøver å finna nye måtar å formidla litteratu-ren på, både når det gjeld oppstilling, synleggjering og omtale av bøkene. Terskelen for å låna ei bok, eller helst mange, må vera låg.

Kontakt med skular og barnehagar Bokbåten har etter kvart fått tettare kontakt og betre samarbeid med skular og barnehagar. Mange skular bruker bokbåtbøkene som nyttige supplement til eiga boksamling og bokbåtbøkene vert brukt aktivt i ulike prosjekt. På stoppa kjem gjerne heile skular og barnehagar, og personalet låner ofte med seg fleire kasser med bøker. Dette er gode bidrag til å styrka barnehagen og skulen sitt arbeid med aktiv språksti-mulering og til å etablere gode lesevanar hos barn.

Den kulturelle skolesekkenBokbåten har på mange måtar eit nært «slektskap» med Den kulturelle skolesekken med sin formidling av leveande kultur til barn langs kysten. Etter at Den kulturelle skolesekken vart etablert har fylkesbiblioteka fått ulike roller i dette. Hordaland vert kulturprogramma om bord organisert og finansiert via Den kulturelle skolesekken i fylket, medan bokbåten i Møre og Romsdal er eit ekstratilbod i Kultursekken.

Facebook.

Lesande barn (foto: Stian Wiik).

Modernisering av biblioteket I 2006 vart delar av avkastinga frå fylkeskommunen i Møre og Romsdal sitt kulturfond nytta til nye bokreolar på Epos. Hyllene i desse er skråstilte og utstyrt med eit automatisk sikringssystem slik at bøkene ikkje så lett ramlar på dørken i uroleg sjø. Alle tre fylkesbiblioteka har etter kvart innstallert eit automatisert katalog- og utlånssystem om bord. Det er også innstallert trådlaust nettverk om bord, men nettdekkinga er diverre ikkje like god alle stadar.

I ekstremvær fungerer heller ikkje hyllesikringane optimalt (foto: privat).

Møre og Romsdal fylkesbibliotek har i samarbeid med Nynorsksenteret og Tennfjord barnehage laga 40 boksek-kar, som kvar inneheld ei biletbok og figurarar som høyrer til fortellinga. Poenget med dette er at barnehagetil-sette saman med barna skal «spele ut» fortellinga i boka, og leike seg inn i den litterære verda. Vidare har ein laga ein «Stjernesekk» som er tilpassa småsku-len (1.-4. klasse), med fokus på universet. 10 stjernesekkar er klare til jubileumstu-ren, og kvar sekk inneheld bøker, opp-blåsbart solsystem og spel.

Boksekken (foto: privat).

Page 10: Bokbåten Epos

18 19

Dei første kulturprogrammaKulturprogramma på bokbåten har alltid vore ein viktig del av tenesta. Kulturbiten av bokbåtdrifta var nok i starten krevjan-de med omsyn til å finne «kulturar» - som desse folka vert kalla på bokbåtspråket – som kunne vera med båten. I den første tida var eit nært samarbeid med «Samnemnda for studiear-beid» avgjerande, men behovet for fleire samarbeidspartnarar gjorde at båten i 1968 fekk status som eige folkeakademi. «Kontoret for kunst og kultur» gav midlar, men ikkje tilstrekke-leg dei første turane. Difor måtte sentralbiblioteka sjølve løyve midlar til kulturkveldane i sine fylke. Når det gjaldt å engasjera forfattarar og musikarar vart Norsk forfattarsentrum og Riks-konsertane viktige samarbeidspartnarar, ikkje minst økono-misk. Kveldsprogramma for vaksne var dei første åra klassisk folkeopplysing, men det var òg debattar om aktuelle tema. Det er mange kjende forfattarar som har reist med bokbåten, som Zinken Hopp, Terje Stigen, Kjell Askildsen, Astrid Hjertenæs Andersen, Ragnhild Magerøy, Gert Nygårdshaug, Edvard Hoem.

Frå loggdagboka til bokbåten laurdag 27. februar 1971:

«Søreide (Sogn og Fjordane): Flott fremmøte, kjempefine in-teresserte mennesker. Var lei av å se de samme fagbøkene om bord!!! Flott utlån – noe plukking i kasse i fellesskap. Barnetime med film: «Reveenka», «Pluto» og «Stoppenåla» og barnerim ved Bjørn (Nilsen). Fint! 8 barn og 9 vaksne. Kveldsprogram om «norsk virkelighet» med Bjørn (Nilsen). 19 fremmøte + hele båtens folk. Fin diskusjon!! Dette angår jo folk – bibliotekarbeid i rette forstand. (Det bor ca 80 personer her.) Diskuterte veisak (geologisk undersøkelse sa tunnel, men utsatt på kommunal prioriteringsplan).»

For ungane vart det gjerne synt kortfilmar eller det var song og opplesing. Etterkvart vart kveldsprogramma for vaksne mindre og mindre besøkte, og på byrjinga av 1980-talet vart det heilt slutt på dei. Ragnar Thorseth sine lysbiletekåseri frå turar i Nordishavet var slutten på kveldsprogramtilbodet i Møre og Romsdal, og i Sogn og Fjordane var det siste kveldsprogram-met for vaksne hausten 1982 med arkitekt Sverre Rane sitt lysbiletekåseri: «Hus i norsk natur».

Kulturprogram for barnFrå midten av 1970-talet er det fylkesbiblioteka som sjølve har ansvar for utvelgjinga av «kulturar». Fylkesbiblioteka priori-terte etter kvart «kulturar» som hadde program for barn.

Mange av dei var rikskjendisar, som musikaren Geirr Lystrup og forfattaren Ingvar Moe, og folk som var kjende frå «Barne-timen for de minste» som Helge Sverre Nesheim, Ingebrigt Davik, Anne Cath Vestly og Kirsten Langbo. Andre «kulturar» som tidleg i si profesjonelle karriere var med bokbåten er Jan Eggum i 1978 og Olav Stedje i 1985.

Fylkesbiblioteka har lagt vekt på kvalitet og variasjon i val av kulturprogram. Det har vore trylling, song, teater, dokketeater, forteljarteater, forfattarbesøk, mm. Kulturprogramma skal gjerne vera for ei ganske spreidd aldersgruppe, og publikum-stalet kan variera frå 2 til 80 personar. Det er dessutan intimt om bord, så det kan vera krevjande å ha kulturprogram! Dei tre fylkesbiblioteka har eit tett samarbeid når det gjeld utveksling av erfaringar med dei ulike programma.

Klovneri og trylling er også ei viktig og seriøs kulturytring for barn, og Klovnen Knut (Knut Berntsen) er den som har vore mest brukt, han har vore om bord ca 18 gonger. Men også Trond Magnum frå AbrakadabraTeatret, Vibeke Helgesen og Stein Lunde har vore mykje nytta på bokbåten.

Bokbåten har ikkje hatt kulturtilbod til ungdomar, men i ungdomsåret 1985 synte fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal spelefilmen «Piratene» på dei minste overnattingsstadene på kveldstid.

Sjå oversikt over alle «kulturane» som har vore med på Epos bak i heftet.

Frå NRK-innspeling i Sogn og Fjordane av Her er eg! Kristianne (foto: provat) .

Kulturbåten Epos

Sjantifanten Håkon Vatle (foto: privat).

Klovnen Knut: Sjonglør og tullekunstnar (foto: privat). Stor stemning når Teater Fusentast kjem ombord (foto: Stian Wiik).

Page 11: Bokbåten Epos

20 21

EigararSvåsandfamilien

Med Epos starta ein epoke med Svåsandfamilien, som skulle vare heilt til 2003 då båten vart solgt. Knut Svåsand var fast med heilt frå 1. tur til han brått døydde hausten 1984. Kona hans – Dagny – var med som kokke i periodar, og det var også døtrene Jorun og Åse. Sonen Knut Jørgen var med som matros frå slutten av 1960-talet, som skipper frå 1975 og som eigar etter at Knut døydde. I periodar var og den andre sonen, Tore, med som skipper. Knut Jørgen si kone Jorun var kokke om bord i mange år. I det store og heile var Epos ei familiebedrift. Veldig mange av mannskapet var på eit eller anna vis i familie med Svåsand.

Svein Ivar Vinnes frå Vinnes skyssbåtservice AS kjøpte Epos, og tok over bokbåttenesta i 2003. Han har i periodar sjølv vore med som skipper.

BibliotekararSom regel er det med 2 bibliotekarar frå fylkesbiblioteka. Kvart fylkesbibliotek har ansvar for sitt fylke. Det er mange bibliotekarar som i åras løp har jobba om bord, i kortare eller lengre periodar, men det er nokre av dei som må nemnast her:

Margrete Barstad, Hordaland fødd og oppvoksen i Volda i 1922 og døydde i Bergen 2012. Ho var distriktsbibliotekar i Hor-daland frå 1957. Margrete er bokbåtens «grande dame» som Holmås karakteriserer ho i bokbåtboka. Ho fekk det daglege ansvaret for bokbåtdrifta frå første tur i Hordaland i septem-ber 1959 og dei komande 17 åra.

Bergljot Melseter Worren (Alme), Møre og Romsdal var distriktsbibliotekar ved sentralbiblioteket i Møre og Romsdal tidleg på 60-talet. Då bokbåtdrifta vart utvida til heile Vestlan-det fekk Bergljot det praktiske arbeidet med drifta og var fast bokbåtbibliotekar fram til 1971. Saman med Hjalmar Olsen var ho med på den første turen i Møre og Romsdal.

Grete Thingnæs (Slinning), Møre og Romsdal er bokbåten «par excellence» i Møre og Romsdal. Ho reiste sin første tur hausten 1966 og fekk ansvaret for det praktiske arbeidet med tilrettelegginga av bokbåten nokre år seinare. I løpet av desse 38 åra hadde ho 56 turar i Møre og Romsdal og ein tur i Sogn og Fjordane. Grete fekk Møre og Romsdal sin bibliotekpris i 2004.

Vidar Kursetgjerde, Møre og Romsdal. Sidan han var før-stereisgut vinteren 1977 har han 60 turar i Møre og Romsdal og ein tur i Hordaland.

Katrine Solberg, Møre og Romsdal har det praktiske arbeidet med bokbåten i Møre og Romsdal. Ho tok over etter Grete Thingnæs i 2004, og har hatt 17 turar i Møre og Romsdal og 1 i Hordaland.

Gunnvor Schei, Sogn og Fjordane var ein av veteranane på bokbåten og reiste med bokbåten sidan midten på 70-talet til ho døydde i 2011, berre 58 år gamal.

Svein Ivar Vinnes ved roret (foto: Stian Wiik).

Knut Svåsand (foto: Magnar Fjørtoft).

Brødrene Knut Jørgen og Tore i styrehuset på «gamle» Epos (foto: Magnar Fjørtoft).

Folka om bordIngrid Dræge, Sogn og Fjordane har det praktiske arbeidet med bokbåten i Sogn og Fjordane. Ho var med bokbåten i Møre og Romsdal i 1977. Frå 1982 har ho vore fast med i Sogn og Fjordane, noko som etterkvart har blitt til 60 turar.

I Hordaland har fleire bibliotekarar hatt ansvar for bokbåt-tenesta, i lange eller korte periodar. Etter Margrete Barstad, var det Siren Steen som styrte tenesta, før Sigrid Kvarekvål hadde jobben i mange år. Seinare har Ruth Ørnholt, Thomas Brevik, Eva Mostraum, Elin Golten og Ritha Helland i kvar sine periodar hatt ansvar for tenesta. I dag samarbeider fylkesbi-blioteket med Lindås bibliotek om drift av bokbåten i fylket. Ansvaret for tensta er fordelt på tilsette ved Lindås bibliotek og Sigrid Furnes ved fylkesbiblioteket.

Kontaktpersonar Heilt frå starten av såg ein behov for å ha ein lokal kontakt på kvart stopp. Kommunane vart bedne om å oppnemna ein person «som kan syta for at bøkene går på omgang, og som kan ha oppsynet med utlånet og kontrollen med bøkene», som det står i brev til ordførarane i Sogn og Fjordane. Kontaktane heng opp plakatar før bokbåten kjem, dei har ansvar for evt. bokdepot på land og er fylkesbiblioteka sin kontakt på staden. Tidlegare var nok oppgåvene meir omfattande, kontaktper-sonane hadde m.a. ansvaret for å samla inn alle bøkene før bokbåten kom. Framleis har fylkesbiblioteka ein kontaktper-son på dei aller fleste bokbåtstoppa, men no er det ofte skular som har denne oppgåva.

Eit nytt bokdepot skal på land, kontakt Oddlaug Øvrevik, Tustna og Grete Thingnæs (Slinning) (foto: Magnar Fjørtoft).

Margrete Barstad og Nanna Langeland om bord på Abdulla (foto: privat).

Page 12: Bokbåten Epos

22 23

Nokre av kontaktpersonane har hatt oppgåva i mange år, og det er heller ikkje uvanleg at dette går i arv i familien. Kontak-tane er mange, her er nokre frå kvart fylke:

Else Unni Bolstad Bjordal, Sogn og Fjordane har vore kontakt-person i Lånefjorden i Balestrand kommune sidan 1970 og ho har framleis denne oppgåva.

Trude og Trygve Brosvik, Sogn og Fjordane. Far til Trude, Trygve Brosvik var kontaktperson i Brosvik i Gulen kommune, frå 1964 til 1995, då overtok Trude.

Leidulv Wangelsten, Sogn og Fjordane var kontaktperson i Kinsedal i Luster kommune frå 1967 til 2009. Då overtok sonen, Jan.

Olbjørn Straume, Hordaland hadde ei tenestetid på 47 år. Han byrja hausten 1960 medan Abdulla framleis var i drift. Olbjørn var kontaktperson på Straume i Radøy kommune, seinare på Nordangervågen då stoppet var flytta dit. I loggboka er det ein kort og nøktern kommentar frå Margrete Barstad den 8. no-vember 1960 «Stedet er nytt og kontaktmannen virker grei». I 2007 tok svigerdottera Veronica Straume over arbeidet. Olbjørn Straume gjekk bort i januar 2013.

Sølvi Møgster, Hordaland har vore kontaktperson på Møkster i Austevoll kommune sidan 1986. Ho har dermed hatt vervet i 27 år.

Vivi Haraldseid, Hordaland har vore kontaktperson på Rostøy i Austevoll kommune sidan 1976. Ho kallar seg sjølv ein stor bokbåt-entusiast, noko 37 års tenestetid stadfester.

Petter Dyrkorn, Møre og Romsdal var kontaktmann på Fjørtoft i Haram kommune sidan første tur i 1964 fram til 1995. Ved sida av å vere kontaktmann var han filialstyrar ved den lokale folkebibliotekfilialen, ein høgt akta autodidakt arkeolog og geolog. Han var også ein framifrå historieforteljar. Han fekk fylkeskulturprisen i 1989. Petter var også med båten tre turar på slutten av 1970-talet der han fortalde korleis steinalderfol-ket på våre kantar levde, og demonstrerte korleis flintreiska-pane vart laga.

Svanhild Vestre Hauge, Møre og Romsdal er også ein absolutt veteran. Ho tok på seg vervet i Vestrefjord i Haram kommune i Møre og Romsdal i 1971 og er kontakt framleis. Svanhild er no pensjonist.

Andres Lyngstad, Møre og Romsdal var kontaktmann på Lyngstad i Eide kommune sidan 1967 til 2012. Då han takka av under ein «stor» fest om bord i båten hausten 2012 hadde han vore kontakt i 45 år og er den som har hatt dette vervet lengst i Møre og Romsdal.

«Kulturar»I løpet av desse 50 åra har 280 «kulturar» vore med som underhaldarar. Med så mange forskjellige personar om bord i eit lite miljø har det oppstått episodar på både godt og vondt, men absolutt mest godt. Dei aller fleste trivst om bord og får ein tur dei aldri vil gløyme. Aranke Sestak, som var med båten i 1996, si helsing frå gjesteboka kan representere alle saman: «Takk for en uforglemmelig uke! Nå er «triumfferden» Kristi-ansund-Ålesund over, jeg mistet både tids og stedssans. Jeg har ikke ledd så godt og mye på lenge, og ikke spist så god mat på lenge, og ikke sett så flott natur på lenge… Å gjøre 20 forestillinger på 8 dager må være en rekord! Barna var kjem-pefint publikum, kalte meg både salat, hai, Tyrannosaurus Rex, Smurf etc, så fantasien lever, heldigvis og det var så fint å opptre omgitt av masse bøker. «Hvis dette er en drøm, så vekk meg ikke» (Shakespeare). Hilsen Aranke Sestak, «Herr Artisjokk» altså en grønnsak.»

Og skodespelaren Roger Hilleren (til avisa Møre):

«Eg trur det er viktig for ein skodespelar å kunne gjere ulike ting, og ikkje berre vere med på ting som medfører luksus. Å få vere med på bokbåten gjer at eg ikkje vert blasert, som ein gjerne vert som skodespelar, der alle kjenner ein igjen og ein heile tida vert oppvarta. Det er ingen av barna som bryr seg om kven eg er – og tenk at vi er så heldige med veret!»

Geirr Lystrup var den første «populærartist» som var med alt i 1972. Seinare var han med 5 gongar til. Geirr er forfattar av «Bokbåtsangen» som vart innspelt på plate med det «Det Norske kammerkor».

Klovnen Knut eller Knut Berntsen som han heiter var med båten første gang i 1982. Han har totalt vore med 18 turar, og gleder stadig nye barn langs kysten.

Trond Magnum har vore med 15 gongar sidan 1982, og blir framleis brukt på bokbåten med stor suksess.

BåtmannskapetSom oftast har eigaren av bokbåten vore skipper om bord, som Knut Svåsand, Knut Jørgen Svåsand og Svein Ivar Vinnes. I tillegg var det, eit mannskap på 2: ein maskinist/matros og ein kokk. Dei seinare åra har mannskapet bestått av ein kokekyn-dig maskinist og skipper.

KokkaneVåren 1968 var det problem med å få tak i kokk slik at deler av turen måtte besetninga lage mat sjølve og dette medførte at lånarane ikkje fekk den oppfølginga ein ønska. Kokken, maten og forpleiinga er viktig for trivselen og det sosiale livet om bord. Båten har som oftast hatt med dyktige kokkar. Ei vandre-historie vitnar om unntak: «Ein som aldri før hadde vore kokk, kom om bord med to kokebøker medsendt av dottera, men til ingen nytte. Skippe-ren måtte trå til, elles hadde dei som var om bord svolte ihel. Mellom anna stormkokte han dei tidlegare faste fine lutefisk-stykka, berre sødet låg att i panna. Nokre paprika han fekk beskjed om å kjøpe, la han i fruktfatet, men det morosamaste av alt var fiskebollane i kvit saus, bollen kunne kvelvast utan at ein dråpe saus rann ut!»

Fortellar Amir Mirzai og bokbåtbibliotekar Inger Lise er klare for tur (foto: privat).

Uten mat og drikke, duger Berit, Arne, Svein Ivar, Kristin og Katrine ikkje (foto: Stian Wiik).

Page 13: Bokbåten Epos

24 25

Barndomsminne frå Epos, Åsta Vadset frå Runde

Her om dagen møtte eg Vidar, og brått er eg ni år igjen, står i vinduet på skulen på Runde og kikar ut i den mørke haust-morgonen. Ventar. På Epos. Og på Vidar og Grete. «Der ser eg lysa!» ropar Hans-Jørgen. Alle ungane spring bort til oss for å sjå. «Ja, der kjem han» seier Agnes, læraren vår. «No kan de gjere dykk klare til å gå nedover». Vi spring! Og står spent klare nede på kaia før skipperen har fått lagt til. Med kvar sine plastnett med bøker, som vi lånte forrige gong vi fekk besøk av bokbåten. «God morgen!» seier ei blid stemme før landgangen vert lagt ut. Vi går om bord. Inn i varmen. Det luktar bøker og båt. Bokbåt. Det kriblar i magen. «Er det noko spesielt du ser etter i dag?» spør bibliotekarane. Vi forestiller oss at dei bur på Epos. Heile året. At dei reiser rundt. Dei er jo her både om våren og hausten. Kvart år. Det kjem fleire folk. Helst pensjo-nistar. Elen som er på jakt etter bøker om hagestell. Paul som mest er innom for å slå av ein prat. Eg finn «Rasmus på loffen». Den har eg gleda meg til å lese. Igjen. Eller rettare sagt at be-stefar skal lese den for meg. Eg rettar meg i ryggen når eg står ved skranken og leverar bøker og seier namnet mitt.

«Ka tid han Davik kjeme?» lurer eg på. Vidar svarar at det enno er ei stund til forestillinga. Forrige gong bokbåten var her hadde dei med ein klovn. Gongen før spelte vi skuleungane inn radioprogram saman med Ingebrigt Davik. «Kekkek og Kjia på Kjaholmen». Vi kunne alle songane på rams. Det var stor stas! Eg er spent på kva han vil fortelle om denne gongen.

Vi har funne oss store puter som vi sit på. No må han kome snart! Underhaldning er ikkje kvardagskost for ungane på Run-de. Forrige gong var det ein film som Redningsselskapet viste då foreninga heldt basar på bedehuset. Vi får saft. Det hjelp på tolmodsløysa. Der dukkar gitaren opp bak ei halvopen dør. Og der kjem han: Ingebrigt Davik. Han er munter og handhelsar på oss. Takkar for sist. Så set han igong med familieforestil-linga. Får oss med på ei fantasireise. Han brukar forskjellige rekvisittar. Stiller spørsmål. Vi svarar villig. Han fortel om Flyndre-Fanten som gøymer seg. «Kva er det Flyndre-Fanten gøymer seg bak? Ser de det?» Eldar rettar opp handa. «Det er gniks!» seier han, som den jordnære guten han er. Det forventa svaret skulle vere «tare». Vi ynskjer at det aldri skal ta slutt, men til sist rundar Davik av. Vi finn lånebøkene våre, seier hadet og ruslar oppover til skulen att. Snur oss og vinkar. Gler oss til etter leksetid. Til å starte på nye bøker. Nye eventyr. Vi snur oss og vinkar på gjensyn.

Derfor smiler eg kvar gong eg møter Vidar.

Nokre minne frå Ytre-Standal, Egil Arne Standal

Eg voks opp på Ytre-Standal, som ligg i Hjørundfjorden midt på Sunnmøre, 10 km innover i fjorden frå Festøya, der E39 kryssar Storfjorden. Det er ikkje store bygda, berre 5 bruk, men då bokbåten byrja sine reiser i Møre og Romsdal i 1964 kom vi med som ein av stopp-plassane. Her var folk i alle husa då, og mange born – og vi hadde den gode steinkaia frå 1932 som bokbåten kunne ligge ved. Bygda fekk veg til Festøya i 1966, og etter som det høvde var bokbåten også eit tilbod for dei andre som budde langs Hjørundfjordstranda, særleg når det gjaldt program og barnetimar.

Bokbåten hadde mange bøker, men det var avgrensa kor man-ge vi fekk låne med oss direkte. Men viss vi fann spennande bøker, så kunne vi legge dei i bokkassa, som kontaktpersonen i bygda tok vare på. Dei første åra var det Ola-Johan, Johan O. Standal som var kontakt for bokbåten. Kassa med bøker var i stabburet i Ola-garden, og der kunne ein kome og få levere inn dei bøkene ein hadde lese, og få låne nye. Stas! Etter nokre år var det mor mi, Oddlaug Standal, som vart kontakt. Det hadde den fordelen at då kunne eg legge enda fleire bøker i bokkas-sa, og håpe på å rekke å få lese dei. Eg var ein ivrig lesar.

Eg er fødd i 1956, og var dermed berre 8 år i 1964. Det er natur-leg nok avgrensa kva eg kan hugse av kva eg lånte dei første åra, men somme bøker har festa seg. Pippi Langstrømpe vart lånt, og var så artig at i alle fall delar av den vart lese høgt for småsyskena mine. Thor Heyerdahl si bok «Aku Aku: Påskeøyas hemmelighet» var ei av dei første bøkene eg las. Mysteriet

«Mitt bokbåtminne»

Fryd og leseglede (foto: Stian Wiik).

med dei store steinstøttene på øya har gjorde inntrykk. Størst inntrykk gjorde likevel Thor Heyerdahl sin tur inn i ei trong hole, saman med ein av dei innfødde, der han måtte kravle og åle seg for å kome fram. Dette måtte prøvast: Kjøkkenstolane i stål vart plassert på rekke, og eg åla meg som ein Thor Heyer-dahl gjennom opningane i nedre del av ryggstøa. Eg lånte også André Bjerke si velskrivne og morosame bok «Spillet i mitt liv», om hans store lidenskap, sjakk. Så bokbåten skal kanskje vere medskuldig i at eg sikkert har brukt alt for mange timar på dette vanskelege og interessante spelet. Det beste var likevel populærvitskaplege bøker, om naturvitskap, om fysikk og kjemi, om atomkraft og romfart, om genetikk og biologi, og evolusjon, dinosaurar og fortidsmenneske. Eg plyndra bokbå-ten for desse, lånte dei eg fekk lov til, og la resten i bokkassa. Fryd og leseglede!

Eg kan ikkje hugse så mykje av at her var program og bar-netimar. Men for syster mi, Annfrid, som var fødd i 1965, var det stort å treffe Kine Aune frå barne-TV – og få fortelje at ho hadde eit kje som heitte Kine. På 1980-talet budde eg på Ytre-Standal og dreiv gard. Eg hadde fått born, og det var kjekt å ta dei med seg på bokbåten. I 1986 var eldstemann 4 år, og under barneprogrammet vart det spurt om nokon ville syn-ge ein song. Og Karl Ove var viljug, stilte seg opp framme, og song Mikkel Rev, greitt og tydeleg. Gjett om pappaen var kry!

Vi flytta frå Ytre-Standal i 1989, og med det stoppar mi bok-båt-tid. Eg har spurt kona mi, Inger, kva ho hugsar av bokbåten: Jau, Ingebrigt Davik hadde hatt barneprogrammet, og etterpå kom han heim til oss og spurde hyggeleg og høfleg om å få låne telefonen. Her var ikkje mange mobilar på 1980-talet.

Ei vise til Deg Epos! av Ingebrigt DavikHer kjem ei vise så lita, men «god»:Ho handlar om Epos og Grete og Co, om Båten som tok meg i voggande famn – bar meg frå hamn til hamn

Epos – kvar eg legg min veg,blir du ein del av meg!

I 80`ho Grete ho ringde og bad:«Kom og bli med oss! Syng ungane glad!»Og lauvfall og flytur og Kristiansund:Eg møtte båten – ei minnerik stund!

Epos – kvar eg legg min veg,blir du ein del av meg!

På brua stod Knuten, ein verbarka kall,som losa si skute blant fluer og fall:Eit andlet med styrke, med tryggleik og smil,eit menneske rett i ein Ulabrandstil!

Epos – kvar eg legg min vegblir du ein del av meg!

I byssa gjekk Dagny og trylla fram mat.Og inn i salongen kom fat etter fat.Ei hyggeleg stund, rundt eit hyggeleg bord,hyggeleg` vener som syng no i kor:

Epos – kvar eg legg min veg,blir du ein del av meg!

Og aldri eg gløymer dei barna som sattpå stolane rundt meg frå Smøla til Stadt.Eg ser tusen andlet som farer forbi,og høyrer ein flokk som stemmer i:

Epos – kvar eg legg min veg,blir du ein del av meg!Må bokbåten sigle i hundrede år,og spreie sin kultur langs vestkysten vår!På brygga står jenta og der står ein gutog venter på Vidar og Grete og Knut! (junior)

Epos – kvar eg legg min veg,blir du ein del av meg!

Ingebrigt Davik var med første gong i 1980. Før han døydde i 1991 rakk han å vere med 7 turar. Denne visa skreiv han på sin siste tur i januar 1985.

Page 14: Bokbåten Epos

26 27

Epos og Bjørke, Magnhild og Enok Kippersund

Det var visst i 80-åra Epos kom hit til Bjørke første gongen. Det var stor stas! Ein fossekall i Tussaelva like ovanfor kaien heldt i vaskekte glede ei meisterleg oppvisning i dykking. Det viktige spørsmålet til elevane kom etter at dei har vore om bord: Fann de noko som de fekk lyst å låne? Og dei fleste lånte både ei og fleire. Ein tur om bord skapte appetitt på bøker. I ei periode praktiserte skulen også å låne ei ekstra ladning til skulen. Da kunne fleire, attåt sine eigne lån, få eit påfyll i boktimen, og same boka kunne bli lesen av fleire. Program er populært! Det blir så nær kontakt med artisten, som i ei stove.

Så går utviklinga sin gang: Barnetalet har minka og skulen er nedlagt og seld. Vi er takksame for at Epos framleis svingar innom. Det er flott sørvis for oss som ikkje er mange. Bøker blir lånte og lesne!

Bokbåtbibliotekaren (dette var opprinneleg eit innlegg i bloggen til Thomas Brevik, som er korta ned av redaksjonen)

Hei, jeg heter Thomas, er bokbåtbibliotekar, og er offisielt den mest sjøsjuke som noensinne har jobbet på bokbåten.

Det er ikke alltid like lett å dra grønnfargen av fjeset og troppe opp i biblioteket ombord idet landgangen smeller ned på kaien og førti cherroxer dundrer ombord, men det er verdt det. Bokbåtbibliotekar er den ultimate bibliotekarjobben og jeg vil ikke bytte for all Postafen i verden.

Mannskapet ombord er jo bokbåtens viktigste ressurs. Vi er ikke mange, men svært så forskjellige. To hardbarkede sjøfolk, skipper og kokk/matros/motormann representerer det jordnære, praktiske og tøffe. Så har vi alltid med oss en

kulturell forestilling, som teater, klovn eller en forfatter, disse kalles, kulturen(e), og representerer det kunstneriske, høytfly-vende og vare (ikke alltid da). Til slutt har vi kulturens fotfolk, bibliotekarene, som er litt jordnære, litt høytflyvende, litt vare og litt tøffe, kort sagt, litt av begge verdener og brobyggerne i diskusjoner og hverdagens praktiske liv.

Bokbåten Epos er en personlighet av de store. Hun er den første, og hittil eneste formålsbygde bokbåten i verden. Hun ble bygd i 1963 (like gammel som meg). Om sommeren gjør hun seg fin for turister og blåturdeltakere, og har nok det som hovedinntektskilde. Jeg dømmer ikke. Men når september kommer, kineserne har vendt snuten hjem og vinden igjen tar seg opp så ingen fornuftig langtveisreisende begir seg ut på sjøen. Da tar hun på seg kulturkjolen og blir den vi elsker og vil leve med. Hun som bidrar til at livet på de ytterste øyer og i de dype fjordarmer blir litt mer levelig og fylt med vide perspektiv og et bredere verdensbilde. Den bok- og kultur-mønstrede kjolen har hun på til hun i slutten av april igjen må tjene til livets opphold med en innsmigrende sving på hoften til tilreisende.

Havet dukker opp i mange former i løpet av en tur. Fra blikk-stille hav i solnedgang, til liten storm og bølgehøyder vi ikke snakker om når det er barn til stede. Mellom disse to ytterlig-hetene kan det også nevnes at vannet av og til skifter karakter. Det går fra en flytende form som Epos er formidabelt godt tilpasset til, til en hardere substans som kan skape problemer av en uventet art. Da vi i 1996 beveget oss innover fjorden mot Våga, på østsiden av Sveiolandet, dukket det opp først, små isflak, så stadig tettere is, og til slutt et tjukt islag som Epos dunket seg igjennom. Jeg sto i styrehuset og gløttet bekym-ret bort på skipperen. Kom dette til å stoppe oss? Neida, ta det helt med ro, vi måtte gå med sakte fart, men ville ikke bli noe særlig forsinket til stoppet. På engelsk kalles dette for «Famous last words». For i det ordene var ute av munnen så føk temperaturmåleren på motoren over på den røde siden, lys blinket og alarmer sang og jeg fikk utvidet mitt vokabular med ord jeg ikke engang ante eksisterte. Vi hadde fått is i kjølevannsinntaket. Stoppet ble avlyst og vi fikk en stille dag i isen mens det ble pirket og dunket både innvortes og utvortes og Epos ble snudd med håndmakt og sakte haltet seg tilbake til åpent vann.

Ved dårlig vær, surrer vi hyllene. I gamle dager trakk vi tau gjennom hull i gavlene for å sperre for at bøkene skulle hoppe ut. I vårt nå moderniserte bibliotek har vi nye hyller med en

svært smart patent som gjør at et aluminiumsrør hopper ned av seg selv om båten skulle krenge så mye at det er fare for at bøkene vil ta seg en tur. NOT. Den som følger bokbåten på facebook vil raskt se at et stadig gjenvendende tema er rader av bøker som har hoppet ut av hyllene og nå ligger i varierende grad av sirlighet ut over dørken. Vi kaller det fortsatt å surre, og vi gjør det ofte når vi går utaskjærs.

Så kommer vi til det som uvergelig er slutten på alle historier, til DØDEN. I mitt tilfelle møtte jeg døden, eller noe som lignet, utenfor en øy som heter Hernar, nord for Øygarden og vest for Bergen. Hernar ligger midt ute i havgapet og er nok det stedet vi oftest må avlyse på grunn av været. Denne spesielle dagen hadde vi allerede lagt ut og var langt ute på fjorden da det blåste opp og jeg fikk mitt livs første møte med en ekte orkan. Da det begynte å huske som verst var det å hive seg rundt, løpe ned i biblioteket og surre etter beste evne. Når man sam-tidig tar min stadig økende sjøsjuke med i betraktningen var dette noe jeg kun kan omtale som en surrealistisk skrekkhis-torie. Etter vel å ha surret, bar det opp i styrehuset for å se på forholdene. Stemningen var det vi kan kalle lettere anstrengt. For første gang så jeg skipperen ha begge hendene på roret og knokene var hvite. Vi hørte på VHF-en at skyssbåten ikke ville legge ut og at redningsskøyta lå i høyeste beredskap. Vi var kommet for langt ut til å kunne snu, bølgene gikk nå over fordekket og salongen. Der nede satt en svært forskrekket kultur bredbent og tviholdt på fruktbollen som var det eneste knuselige som var igjen etter et raid fra kokken da alvoret ble klart. Jeg så meg rundt på bleke fjes og ut på en sjø hvor rokket sto så tett at vi ikke lenger så vårt mål for turen. Da fattet jeg en beslutning. Jeg balanserte med grønnskjær i alle kropps-deler ned i biblioteket. La meg forsiktig på rygg på gulvet med armene strekt ut til siden og så hvordan bok etter bok hoppet over tauet og dalte i et litteraturens fossefall ned på dørken. Så lukket jeg øynene igjen og tenkte det jeg trodde ville bli min siste tanke: Nå dør jeg som en ekte bibliotekar.

Alle hjalp til med boklasting, også skipper Alfred (foto: Christin Grilstad Prøis).

Ei slags oppsummering: Bokbåten har bidratt til leselyst og glede over bøker, underhaldning og kunnskap, for meg og mange andre. Og det kan vanskeleg vurderast for høgt.

Utdrag frå bloggen til Christin Grilstad Prøis som var kultur i Sogn og Fjordane hausten 2012:19. oktober – dag 2 på Epos:Den var ikke liten, for å si det sånn, trailer som ankom brygga i Førde, søkklasta med bøker! EPOS går i tre fyl-ker og hvert fylke har sin bokbase som lempes på og av. Men det var ikke bare bøker som dukka opp, men også et helt bibliotekarkorps som tydeligvis har lempa bøker før, for makan til effektivisering skal en leite lenge etter.

Paller med bøker, blå kasser stappfulle av glede, spen-ning, drama, krim, fagbøker, reisehåndbøker. Bøker for barn, ungdom og voksne. 6000 bøker skal ombord. Noen gang tenkt på hvor tungt det er å bære tre bøker? Ti bøker? 40? 100?

Første stoppested Svanøy. 70 innbyggere, halvparten av dem inntok EPOS. Med flagrende sommerfugler rundt øra kom jeg meg gjennom Heksagonprogrammet. Det er alltid litt svett første gangen. Og siden det, naturlig nok, er en stund siden sist jeg hadde førjulsforestilling, var konsentrasjonen skjerpa for å huske tekster og gjøremål underveis. Veldig hyggelig publikum. Ai låvv ju, Svanøyå-dienss.

Page 15: Bokbåten Epos

28 29

Helsingar frå «kulturar» (frå gjesteboka)

Gjestebok Hordaland, Klovnen Knut.

22. oktober – dag 5 på Epos:Og da er vi på vei inn den lange Sognefjorden. Det er kun et stopp i dag; Lånefjorden. Båten kjører i flere timer, tar til venstre et sted og fortsetter i det uendelige før jeg forstår at det snart vil stanse av seg sjæl, for igjen er vi altså innerst i det innerste, og der; mine damer og herrer – TADA-DA – ligger kaia/bryggeanløpet som ønsker velkommen til Lånefjorden.

Jeg ser fire hus. Fjella er blitt merkbart høyere, steilere. En enslig sau har forvirra seg til brygga, en kar med firhjuling og en liten tass på fanget kommer skrensende for å hilse på. Lånefjorden har helt sikkert sin sjarm, men akkurat denne dagen vi anløper, fremstår stedet som spøkelsesak-tig med en litt for stor stillhet. Så kommer folket. Det lånes bøker an mass. Kassevis med bøker. Elever fyller bærepo-

ser med bøker. Lånefjorden lever opp til sitt navn. Det er en bokglad gjeng som forlater EPOS.

23. oktober - dag 6 på Epos:Har ikke så himla mye å melde i dag. Vi er i Vik kommune og besøker Framfjorden og Farnes. Mye folk om bord, mye utlån, morsomme forestillinger; slik det blir når det er skoler og barnehager om bord fordi skravla da går lettere på publikum og det er aller morsomst når publikum deltar. Framfjorden får første plass for publikumsdeltagelse. En suveren gjeng.

Apropos; om noen lurer på hvor stor bokbåten er, kunne skipper Alfred fortelle at den er akkurat så stor at den rekker fra foran til bak!

Spøkelseskladden hviler over Lånefjorden (foto: Christin Grilstad Prøis).

Page 16: Bokbåten Epos

30 31

Gjestebok Hordaland, Teater Fusentast.Gjestebok Hordaland, Ola Bremnes.

Page 17: Bokbåten Epos

32 33

Bokbåten har alltid vore mykje omtalt i pressa. Lokalavisene og lokalradioen har vore flittige gjestar om bord. Likeeins Vestlandsrevyen og NRK Møre og Romsdal. Her er ei utval av omtalane bokbåten har fått i riksdekkande media.

Radio og fjernsyn• Bokbåt på Vestlandet. Ukerevy 39, 1959. Norsk Film 1959• Mitt skip er lastet med… epos. Om bokbåten «Epos»

i Sogn og Fjordane. NRK Sogn og Fjordane 1989• Jakten på det fullkomne bibliotek. Med Jostein Gaarder

gjennom bøkenes Europa. NRK1 2000• Her er eg! Kristianne. NRK 2010• Det flytande livet. Ei kjærleikshistorie om bokbåten Epos.

(Radiodokumentaren). NRK april 2013

Aviser og tidsskrift• Stigen, Terje: Om brændevin vestpå (en ulykkesmelding).

Dagbladet oktober 1967• Vestlandets flytende bibliotek. Perspektiv: Widerøe-

magasin nr 4 1999• Mitt skip er lastet med bøker. VG 17. oktober 1999• Syltebø, Tone: Bok i lasten. Dagbladet: Magasinet

22. november 2003

• Hegerberg, Helge: Mitt skip er lastet med… Adresseavisa: Ukeadressa 14. oktober 2006

• Holmquist, Tone: Populær og utgått på dato. Kommunal rapport 4. desember 2007

• Bokbåt i budsjettskvis. Klassekampen 7. desember 2007• Litterære ferjereiser: bokbåten «Epos» symboliserer Norge

som kyst og kultursamfunn. Klassekampen 11.desember 2007

• Mitt skip er lastet med bøker. Båtmagasinet nr 1 2008• Havsalte bøker: på dette biblioteket er du nødt til å sette

sjøbein. Dagbladet: Magasinet 24. april 2010• Bokbåten Epos: med kultur til folk, der folk bor- . SALT:

magasinet for kystens næringer og kystens folk nr 1 2010• Bücherschiff: die Bibliothek, die durch dei Fjorde fährt.

Mare: die Zeitschrift der Meere no 89 2011/2012• Skartveit, Hanne: Frå Sognefjorden til Groruddalen.

VG 9. mars 2013

Bokbåten i litteraturen• Bonde, Kurt: Organisering og drift af bokbåd i Norge, med

særlig henblik på forholdene i Sogn og Fjordane. København: Danmarks biblioteksskole, 1976

• Holmås, Stig: Epos. Boka om bokbåten Stig Holmås og Helge Sunde. - Bergen : Nord 4, 1988. ISBN 82-7326-012-7 (ib.)

• Yoshida, Yuko: Norwegian Libraries Fostering Culture: a Stage for Stories, Languages, and Knowledge. Tokyo: University of Tsukuba, 2013. ISBN-13: 978-4794809414

• Moe, Ingvar: Med bokbåten i Sognefjorden. [Dikt] Himabrent. Oslo: Samlaget, 1979

• Moe, Ingvar: Fråflyttingsbygd i Sogn. [Dikt] Himabrent. Oslo: Samlaget, 1979

• Lystrup, Geirr: Bokbåten. Barbershop på norsk. Oslo: Samlaget, 1980

• Davik, Ingebrigt: Ei vise til deg Epos! 1985• Styve, Jens K.: Teiknaren har ordet [teikneserie om

bokbåten]. Smult nr 1 2002• Tokvam, Finn: Tyl: roman. Oslo: Samlaget, 2005

Klar til opptak til tv-dokumentaren: Jakten på det fullkomne bibliotek f.v. Jostein Gaarder, Ingrid Dræge, Asle Veien (foto: privat).

Bokbåten i media

Denne er skriven av Zinken Hopp på slutten av haustturen i 1966.

Page 18: Bokbåten Epos

34 35

Krüger, Victor 1962 2 Kåsør, Samnemnda for studiearbeidThorsteinson, Sigmund 1963 1 KåsørScheer, Eva 1963 3 Opplesar /barnetimeSvendsen, Erik 1963 4 SkodespelarLarsen, Torkjell 1964 1 Kåsør, Samnemnda for studiearbeidRytter, Olav 1964 4 ForfattarFalck-Johannesen, Karen 1964 1 KåsørFlesland, Magnar 1964 1 KåsørOveraa, Severin 1964 2 Kåsør, FN-sambandetKlokkarstuen, Ottar 1964 2 OpplesarBerge, Helga 1964 1 OpplesarWollebæk, Per 1965 1 ForfattarStrømsted, Finn 1965 5 ForfattarEbbing, Nanna 1965 1 KåsørEriksen, Anders 1965 1 KåsørHopp, Zinken 1966 5 ForfattarHaaland, Tove Bryn 1966 1 Kåsør, opplesarSchoder, Rolf 1966 1 KåsørHalvorsen, Dag 1966 1 Kåsør

Krag, Helena 1966 10 SkodespelarStigen, Terje 1967 2 ForfattarBjørnseth, Finn 1967 4 ForfattarKristiansen, Kristian 1968 1 ForfattarAskildsen, Kjell 1968 1 ForfattarLie, Arvid Torgeir 1968 1 ForfattarBakke, Kari 1968 1 KåsørJensen, Brikt 1968 1 KåsørRønning, Svend 1969 3 ForfattarAndersen, Astrid Hjertnenæs 1969 1 ForfattarGundersen, Gunnar Bull 1969 1 ForfattarLønning, Per 1969 1 ForedragshaldarHenriksen, Hans 1969 3 KåsørGroven, Gudmund 1969 2 KåsørPettersen, Arvid 1970 2 ForedragshaldarBirkeland, Kirsti 1970 4 ForfattarCederblad, Johanne Grieg 1970 2 ForfattarGroven, Gudmund 1970 1 Kåsør, opplesarLybeck, Sebastian 1970 1 KåsørLykkman, Kristin 1970 1 OpplesarMyrberget, Lasse 1971 2 Forfattar

I desse 50 åra med bokbåt har 280 forskjellige «kulturar» vore med bokbåten i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland. Lista nedanfor inneheld alle. Dei er oppført krono-logisk etter når dei var med første gong, og talet på gongar dei var med.

Oversikt over «kulturane»

2000: Anne Marie Øvstegård frå Møre og Romsdal fylkes-bibliotek presenterte bokbåten under IFLA-konferansen i Jerusalem .

2004: Ruth Ørnholt frå Hordaland fylkesbibliotek presenterte bokbåten på den svenske bokbussfestivalen i Sundsvall.

2005: Ruth Ørnholt frå Hordaland fylkesbibliotek snakka om framtida for mobile tenester i eit nordisk perspektiv – også bokbåten - på Mobile Library Festival i Rijeka, Kroatia.

2006: Ellen Kristin Molvær frå Møre og Romsdal fylkesbibli-otek presenterte bokbåten på den årlege bokmessa i Herceg Novi, Montenegro.

2013: Ruth Ørnholt frå Hordaland fylkesbibliotek presenterte bokbåten på Austalasian Mobil Library Conference i Wagga Wagga, Australia.

Internasjonale presentasjonarHolth, Åsta 1971 1 ForfattarElster, Magli 1971 1 ForfattarMagerøy, Ragnhild 1971 1 ForfattarSchwartz, Johanna 1971 1 ForfattarBorgen, Ane 1971 1 ForfattarNilsen, Bjørn 1971 1 ForedragshaldarCappelen, Bodil 1972 2 BiletvevarØdegaard, Knut 1972 1 ForfattarNygårdshaug, Gert 1972 1 ForfattarLyhmann, Kristin 1972 1 ForfattarHoem, Edvard 1972 1 ForfattarHolth, Aasta 1972 1 ForfattarLystrup, Geirr 1972 6 VisesongarCorneliussen, Kari 1972 1 VisesongarFolkestad, Bernhard 1972 1 VisesongarUtne, Johan 1972 1 VisesongarMathisen, Mathis 1973 3 ForfattarBjørlykke, Oskar Stein 1973 2 ForfattarSagen, Rolf 1973 2 ForfattarVirkesdal, Erling 1973 1 ForedragshaldarIngstad, Sverre 1973 2 VisesongarOnsaker, Tore 1973 1 VisesongarGors, Arne 1973 3 VisesongarMesingset, Toril 1974 1 DokkespelarThorseth, Ragnar 1974 5 EventyrarNesdal, Sigrun 1974 5 FolkedansarNesdal, Sigurd 1974 5 Folkedansar, humoristRød, Åse Katrine 1974 1 Foredragshaldar, FolkeakademietHøverstad, Torstein Bugge 1974 1 ForfattarBerg, Stein Ove 1974 1 VisesongarWillgohs, J. Fr. 1975 2 KunstmålarKellmer, Inger 1975 1 ForfattarAune, Kine 1975 1 SkodespelarTakvam, Marie 1975 2 ForfattarLangbo, Kirsten 1975 1 ForfattarTveit, Norvald 1975 1 ForfattarStang, Jørgen 1975 4 ForfattarRuud, Edvard 1976 1 ForfattarHelgesen, Vibeke 1976 13 DokkespelarMoe, Ingvar 1976 5 ForfattarKrossøy, Wenche 1976 2 ForfattarGrimstad, Ivar 1976 2 ForfattarHåland, Karthon 1976 1 ForfattarDyrkorn, Petter 1976 3 ForedragshaldarEggum, Jan 1976 3 Visesongar

Öhlin, Berit 1977 1 SkodespelarEikås, Sigmund 1977 1 FolkemusikarRakeng, Oddvar 1977 1 ForfattarEngström, Claus 1977 1 KåsørCrosby, Jan 1977 1 TryllekunstnarBråland, Bjørn 1977 8 Tryllekunstnar «Teddy Scott»Nesheim, Helge Sverre 1978 4 «Barnetimeonkel»Hesjevoll, Magne 1978 1 FolkemusikarSkeide, Gro 1978 4 ForfattarAsker, Kari 1979 2 DokkespelarHenriksen, Mette 1979 2 DokkespelarLund, Carl L 1979 1 Tryllekunstnar «Don Carlo»Torheim, Anne Karin 1980 1 Skodespelar, Sogn og Fjordane TeaterJonassen, Roy 1980 1 Skodespelar, Sogn og Fjordane TeaterDavik, Ingebrigt 1980 7 ForfattarBrimi, Rolv 1980 1 FelespelarHauger, Torill 1980 1 ForfattarVestly, Anne-Cath. 1980 1 ForfattarHeie, Sigurd 1980 1 ForfattarThue, Ove 1980 2 MusikarNilsen, Anne May 1981 3 Skodespelar,Sogn og Fjordane TeaterBarth, Frøydis Alver 1981 2 ForfattarBelsvik, Rune 1981 2 ForfattarBjugn, Sissel 1981 1 ForfattarSejersted, Brit 1981 1 ForfattarWidnes, Marie Lovise 1981 1 KåsørStubseid, Gunnar 1981 1 MusikarStubseid, Hildur 1981 1 MusikarFredheim, Bjørn 1982 1 SkodespelarOverå, Astrid 1982 1 SkodespelarMagnum, Trond 1982 15 Skodespelar, Abrakadabra teateretMangerøy, Lillian Claussen 1982 2 ForfattarRøys, Helga 1982 2 ForedragshaldarBerntsen, Knut 1982 18 «Klovnen Knut»Carlstrom, Tone 1982 1 MusikarCarlstrom, Warren 1982 1 MusikarGundersen, Tor 1982 1 Skodespelar, Den Nationale SceneBredal, Peter 1982 1 Skodespelar, Den nationale Scene

Page 19: Bokbåten Epos

36 37

Hellesøe, Unni 1991 1 ForfattarTveitane, Olav 1991 2 MusikarObermayer, Gilles 1991 2 MusikarAnker, Pernille 1991 1 SkodespelarHelgesen, Anne 1991 8 Skodespelar, «Katta i sekken»Sagliocco, Guandaline 1991 1 Skodespelar, Guandaline Sagliocco EnsembleIslinger, Håkon 1991 1 Skodespelar, Guandaline Sagliocco EnsembleNewth, Philip 1992 2 ForfattarRamstad, Oddbjørn 1992 1 Musikar, Fylkesmusika- rane i Sogn og FjordaneOlsen, Ivanir Hansson 1993 3 Gjøglar, Cirkus SibyllaHamping, Lisbeth 1993 1 Dokkespelar, DockteaterhusetTenfjord, Jo 1993 1 ForfattarHaagenrud, Grete 1993 2 ForfattarOlsen, Carl Andreas 1993 6 Gjøglar, Cirkus SibyllaLudviksen, Vibeke 1993 2 Skodespelar, DukkenikkerneMoe, Hogne 1994 6 Forfattar, musikarKaroliussen, Tove 1994 3 Skodespelar, Stella PolarisLarsen, Elisabeth Helland 1994 6 Skodespelar, Stella PolarisMarkussen, Jack 1994 1 Dokkespelar, DukkenikkerneHolmås, Stig 1994 1 ForfattarHansson, Safira 1994 4 Gjøglar, Cirkus SibyllaIsungset, Terje 1994 2 MusikarSeglem, Karl 1994 2 MusikarRøsbak, Ove 1995 1 ForfattarSestak, Aranke 1996 1 SkodespelarCunningham, Dee 1996 2 SkodespelarHovland, Tove 1996 1 MusikarWang, Ragnhild 1997 1 SkodespelarHilleren, Roger 1997 6 Skodespelar, Teater JokerSveen, Helge 1997 4 Skodespelar, Teater JokerAustrem, Liv Marie 1997 1 ForfattarSortland, Bjørn 1997 3 ForfattarElling, Lars 1997 2 illustratørPrestø, Rolf 1997 3 MusikarSirnes, Valborg Maria 1998 2 Forfattar

Kvambe, Sissel 1998 3 VisesongarHuser, Asmund 1999 2 DokkespelarAase, Stian 1999 1 MusikarCranner, Arne Barthold 1999 6 Musikar, ABC-Studio ØstgaardOtnæs, Geir 1999 2 Musikar, ABC-Studio ØstgaardForsland, Thor Ivar 1999 9 SkodespelarSund, Torvald 2000 1 ForfattarKaldestad, Per Olav 2000 2 ForfattarSvennsrud, Håvard 2000 1 MusikarHansen, Atle 2000 2 MusikarBorgen, Michelle Anette 2000 1 TryllekunstnarFevåg, Bjørn David 2000 1 Tryllekunstnar, «Davido»Isaksen, Karoline 2001 4 Skodespelar, Teater «ViTo»Soltvedt, Thor 2001 2 ForfattarBergmann, Annette 2001 2 KlovnBakke, Inger 2002 7 SkodespelarSolevåg, Anett 2002 1 SkodespelarNæsheim, Nina 2002 7 ForfattarGravdal, Øyvind 2002 1 MusikarMoen, Petter 2002 1 MusikarHulbækmo, Tone 2002 1 MusikarAndersson, Ann Kristin 2002 1 MusikarHøeg, Kirsten 2003 3 SkodespelarRobsrud, Geir 2003 1 Skodespelar, Alter EgoMaanum, Kirsti 2003 1 Dokkespelar, Dukke- teateret Diddi Kirsti MaanumPrøis, Pål 2004 1 MusikarVatle, Sylvelin 2004 1 ForfattarPrøis, Christin Grilstad 2004 7 Forfattar, barneteaterKaldestad, Roald 2004 3 Forfattar, musikarRitzau, Nini 2005 1 MusikarMoe, Knut Jørgen 2005 1 MusikarBarry, Adame 2005 1 Musikar, forteljarBjørkum, Anneka 2005 1 Musikar, forteljarBarth, Gabrielle 2005 2 SkodespelarMørkeset, Eva 2006 4 SkodespelarRørvik, Bjørn 2006 2 ForfattarVatle, Håkon 2006 4 Visesongar, Storm Weather Shanty ChoirSkjaker, Kjersti 2007 1 SkodespelarJohnsen, Per Trygve Stevik 2007 1 Skodespelar, Studio teater

Digranes, Anne Gullbjørg 1982 1 Skodespelar, Vestlandske teaterlagBerge, Berit 1982 1 Skodespelar, Vestlandske teaterlagJonassen, Roy 1982 1 Skodespelar, Vestlandske teaterlagZaitzow, Tatjana 1983 3 Dokkespelar, PetrusjkaRingstad, Målfrid 1983 1 Dokkespelar, Ålesund dukketeaterBang, Bjørg 1983 1 Dokkespelar, Ålesund dukketeaterLyngheim, Milly 1983 1 ForfattarHoltskog, Liv 1983 1 ForfattarRane, Sverre 1983 1 ForedragshaldarÅsland, Karl 1983 1 MusikarKinn, Terje 1983 1 MusikarKleppevik, Johannes 1983 1 MusikarFolderøy, Kristoffer 1983 1 MusikarAndersen, Tove Pemmer 1983 2 SkodespelarDavis, Bembo 1983 1 SkodespelarJostad, Morten 1983 1 SkodespelarHaaland, Agnete G. 1984 1 Skodespelar, Sogn og Fjordane TeaterUthaug, Gro Ann 1984 1 Skodespelar, Sogn og Fjordane TeaterDons, Eva 1984 1 Dokkespelar, MusidraTostrup, Camilla 1984 3 Dokkespelar, MusidraHeining, Ola 1984 1 KåsørWerring, Giert 1984 10 Skodespelar, Baldrian og MusaAbbeddissen, Vidar 1984 1 Tryllekunstner, «Abbadull»Olsen, Asbjørn 1984 1 TryllekunstnarSveen, Gry 1985 3 Skodespelar, Det lille musikkteaterStorleer, Inka 1985 2 Skodespelar, Det lille musikkteaterSkjølsvik, Per 1985 4 Skodespelar, MusidraLunde, Stein 1985 17 Skodespelar, MusidraMyrvang, Eli Stav 1985 1 Dokkespelar, Kruska dokketeaterHansen, Bjørg Uhlin 1985 1 Dokkespelar, Kruska dokketeaterLarsen, Dag 1985 1 ForfattarBolling, Jens 1985 1 ForteljarStedje, Olav 1985 10 Visesongar

Hjorth, Vigdis 1986 1 ForfattarVabog, Petter 1986 1 Klovn, «Klovnen Melvin Tix»Størseth, Randi 1987 1 Skodespelar, Det lille musikkteaterWexelsen, Vera Rosin 1987 1 Skodespelar, FlaminateateretChristensen, Jan Erik 1987 2 Skodespelar, Sogn og Fjordane Teater, Hordaland TeaterMartinsen, Gunnar 1987 1 Dokkespelar, Sogn og Fjordane TeaterByrknes, Ingebjørg 1987 1 Dokkespelar, Sogn og Fjordane TeaterEriksen, Helga Gunerius 1987 2 ForfattarOmvlee, Coby 1987 5 Skodespelar, Studio teater/ Teater FusentastFredini 1987 5 TryllekunstnarVeer, Johanna van der 1988 2 Skodespelar, Studio teaterLorentzen, Gustav 1988 1 MusikarEide, Randi Fasmer 1988 1 Musikar, Distrikts- musikarane i Sogn og FjordaneTurmyr, Siri 1988 1 Musikar, Distrikts- musikarane i Sogn og FjordaneTråsdahl, Heidi 1988 1 Musikar, Distrikts- musikarane i Sogn og FjordaneArmand, Yngvil 1988 1 SkodespelarAmundsen, Geir 1988 1 Skodespelar, Gullars og IndigoGundersen, Tor 1988 1 Skodespelar, Gullars og IndigoLystad, Ingunn 1988 4 VisesongarJørgensen, Per 1989 1 MusikarPrestø, Rolf 1989 3 MusikarFliflet, Gabriel Henrik 1989 4 MusikarGjerstad, Alf Bugge 1989 4 MusikarHamre, Magne 1990 1 BiletkunstnarSandberg, Liv 1990 1 ForfattarHertog, Jaap den 1990 1 Skodespelar, Teater FusentastOsland, Erna 1991 1 Forfattar

Page 20: Bokbåten Epos

38 39

Roar Hagen : Med bokbåten Epos i Undredal i Sogn

Teikninga er laga av Roar Hagen. Han er avisteiknar i VG. Teikninga vart laga til ein kommentar som Hanne Skartveit hadde til Kulturutredninga i VG den 9. mars 2013.

Skjønberg, Siv 2007 2 Skodespelar, Teater SiriusWestby, Inger Lise 2007 2 Skodespelar, Teater SiriusHølleland, Øistein 2007 1 ForfattarSaue, Sissel 2007 2 MusikarKolstad, Lars 2007 6 Musikar, Tromme-LarsBerntsen, Jarle 2007 1 SkodespelarLarsen, Baard 2007 1 SkodespelarFosse, Linda 2007 1 Skodespelar, songarMatheussen, Kjell 2008 1 Skodespelar, Dårekisten TeaterKjelsen, Reidar 2008 2 ForfattarStensrud, Marianne 2008 1 Skodespelar, forteljarAlfsen, Knut 2009 2 DokkespelarReinert, Karl Markus 2009 3 Skodespelar, Teater Fusentast

Horndal, Sissel 2009 1 ForfattarHøie, Karen 2009 1 Skodespelar, visesongarAarsand, Per Jostein 2010 5 Forteljar, FortellerhusetVestre, Øystein 2010 1 Forteljar, FortellerhusetBremnes, Ola 2010 1 VisesongarTusj, Torunn 2011 1 SkodespelarBjerke, Vilde 2011 1 ForfattarMirzai, Amir 2011 2 Forteljar, FortellerhusetNesje, Sara Birgitte Øfsti 2011 2 Forteljar, FortellerhusetHolmboe, Kristin Groven 2011 2 Musikar

Gjestebok, «Kjære Gud» av Reidar Kjeldsen.

Page 21: Bokbåten Epos

40

ww

w.eggedosis.no

Geirr Lystrup : Bokbåten Smett i sko og trøye, no kjem bokbåten inn,so blå og so fin, no kjem bokbåten inn.Det blir skulefri, ja reine 17.mainår «Epos» glir inn og hiv trossa på kai.Wergeland er skipper og kultursjef om bord:Hei, Lie og Kielland, ta i!og syng ein shanty i kor.I maskinen sløkkjer styrmann Ibsen ein brannsom smøraren Hamsun hev rota i stand.Lettmatrosen Bjørnson hev fått landlov klokka fem,so Synnøve pyntar seg til bokbåten kjem.

Stig på, i bokkafèen er det blanda kost å få,hardkokt eller rå, det er som det må,for kokka Sigrid Undset ho har mange gryter på,sveittar, saltar og strir med middag til store og små!

Smett i sko og trøye, no kjem bokbåten inn,so blå og so fin, no kjem bokbåten inn.Det blir skulefri, ja reine 17.mainår «Epos» glir inn og hiv trossa på kai.Hemingway er heidersgjest, han nippar vin og kjeks.Når han tek kokka på fang,får Ivar Aasen kompleks.Nedi boksalongen er det Walt Disney Showmed Dolly og Donalds American Love.Snart slår skipper Wergeland på klokka: ding ding då,takk for denne gongen,takk for denne gongen,no må bokbåten gå!

Geirr Lystrup var med bokbåten første gang i 1972.

9 788299 216715

ISBN: 978-82-992167-1-5