åRsmøtereferat nestangen 2009

3
Årsmøtereferat Nestangen Laugarlag 2009 cccp Nestangenårsmøtet vart gjennomført i god tradisjon laurdag 7.mars i kulturhuset! Arrangementskomiteen hadde på førehand lova godt innhald. Og dei leverte. Økonomisjefen sitt heldig laguttak var: K. Almås, O. Ellingsen, J. H. Lie ,K. I. Kristoffersen, M. Wiggum, og D. Skram som aktiv innbytar . Dei har hadde som venta lite felles og utfylde kvarandre derfor godt som team. Lie meldte forfall, så Gisle Solheim fekk for første gong referenten kjenner til offisiell rolle i laget med takkformatentale. Ellingsen var svært oppteken av å få med seg opninga av nytt kunstgalleri, men fekk markert seg kraftig på første timen av årsmøtet. Kronologisk gjennomgong av programmet: Kl 17001900: Bowling og øl Dette var ein braksuksess! Folk samla seg rundt fire baner og konkurranseinstinktet hos medlemmane tok raskt overhand. Eit par kalde øl bidrog ikkje til å dempe stemninga og K.I. kom stadig med oppmuntrande ord til Almås og oss andre. Diverre hadde bana underteikna og Asle Roar Hundere delte ei håplaus konveks utforming, i motsetnad til den konkave nabobana der renna låg i midten. Presidenten kan bekrefte dette då tok pause i elixirprepareringa for å prøve to kast for økonomisjefen. Uansett var resultatet til Jan Terje Nondal på 176 i første kamp mykje truleg dagens suverent beste. Kl 19002100: ÅRSMØTE i Kulturhuset. Heile 25 medlemmer møtte! Ja… Mykje kan seiast og mykje vart som venta sagt… Lokalet i år var klasserom 108 og ikkje vetlesalen. Fleire proklamerte ”Deja Vukjensler” Presidenten leverte si årsmelding med noko attåt. Referenten beklagar at han sat heilt på sida i salen og ikkje greidde lese teksten på veggen. VAL!!! :Presidenten sjokkerte forsamlinga ved å forkaste Adjutant Salveson. Ny høgrehand føreslått av valnemnda er Ove Ellingsen. I ein kommentar til at Presidenten ytra seg særs kritisk til kvinnfolka slo Ellingsen fast at han alt innleiingsvis hadde erfart og rekna med at høgrehandsvervet i åra framover vart ”j...lig hardt og travelt!”. Fleire forslag til endringar i Presidiet hadde ikkje valnemda. Økonomisjefen om lagsøkonomien. Dette supplerte årsmeldinga. Laget handterer finanskrisa på beste måte og revisor og kontrollkomité har sjølvsagt godkjent rekneskapen.(Den opne delen av rekneskapen er vedlagt. Innleiande notar er fjerna, då det inneheld sensitive detaljar om naudhjelp og kompetanseoverføring til naboklubbar med raude tal.) o Generalsekretær Sataøen (og medlem Fretland) helsa møtet Adjutant og travel høgrehand Ellingsen held raskt sitt innlegg med verbale treff ala Chris Iwelumo (skotsk spisskollega) før han hasta mot snorklipping på nytt kunsthus i parken (?!). Ålmås og Wiggum analyserte trenargjerninga i klubben og tok opp viktige spørsmål stilt alt i 2008. Kvar blir det av den gode foreldresamtalen og personlege oppfølginga? Korleis fordeler spelarmaterialet seg i ulike ferdigheitsnivå som skrik etter individuell tilrettelegging? Tom Chr Wergeland viste at Nestangen føl med på siste nytt i utvikling av treningsmetodar. Ei videoanalyse av trening var gjennomført med intervju av trenar og spelarar i etterkant. Strålande jobb, Tom! Berre so synd at videoen tydelegvis vart vist med sterkt redusert hastigheit.

Transcript of åRsmøtereferat nestangen 2009

Page 1: åRsmøtereferat nestangen 2009

Årsmøtereferat Nestangen Laugarlag 2009  cccp Nestangenårsmøtet vart gjennomført i god tradisjon laurdag 7.mars i kulturhuset!  

Arrangementskomiteen hadde på førehand lova godt innhald. Og dei leverte. Økonomisjefen sitt heldig laguttak var:  K. Almås, O. Ellingsen, J. H. Lie ,K. I. Kristoffersen, M. Wiggum, og D. Skram som aktiv innbytar . Dei har hadde som venta lite felles og utfylde kvarandre derfor godt som team. Lie meldte forfall,  så Gisle Solheim fekk for første gong referenten kjenner til offisiell rolle i laget med takkformaten‐tale. Ellingsen var svært oppteken av å få med seg opninga av nytt kunstgalleri, men fekk markert seg kraftig på første timen av årsmøtet. 

Kronologisk gjennomgong av programmet:  Kl 1700‐1900: Bowling og øl  

‐ Dette var ein braksuksess! Folk samla seg rundt fire baner og konkurranseinstinktet hos medlemmane tok raskt overhand. Eit par kalde øl bidrog ikkje til å dempe stemninga og K.I. kom stadig med oppmuntrande ord til Almås og oss andre. Diverre hadde bana underteikna og Asle Roar Hundere delte ei håplaus konveks utforming, i motsetnad til den konkave nabobana der renna låg i midten. Presidenten kan bekrefte dette då tok pause i elixirprepareringa for å prøve to kast for økonomisjefen. Uansett var resultatet til Jan Terje Nondal på 176 i første kamp mykje truleg dagens suverent beste. 

     Kl 1900‐2100: ÅRSMØTE i Kulturhuset. Heile 25 medlemmer møtte!  Ja… Mykje kan seiast og mykje vart som venta sagt… Lokalet i år var klasserom 108 og ikkje vetlesalen. Fleire proklamerte ”Deja Vu‐ kjensler” 

‐ Presidenten leverte si årsmelding med noko attåt. Referenten beklagar at han sat heilt på sida i salen og ikkje greidde lese teksten på veggen. 

‐ VAL!!! :Presidenten sjokkerte forsamlinga ved å forkaste Adjutant Salveson. Ny høgrehand føreslått av valnemnda er Ove Ellingsen. I ein kommentar til at Presidenten ytra seg særs kritisk til kvinnfolka slo Ellingsen fast at han alt innleiingsvis hadde erfart og rekna med at høgrehandsvervet i åra framover vart ”j...lig hardt og travelt!”.  Fleire forslag til endringar i Presidiet hadde ikkje valnemda. 

‐ Økonomisjefen om lagsøkonomien. Dette supplerte årsmeldinga. Laget handterer finanskrisa på beste måte og revisor og kontrollkomité har sjølvsagt godkjent rekneskapen.(Den opne delen av rekneskapen er vedlagt. Innleiande notar er fjerna, då det inneheld sensitive detaljar om naudhjelp og kompetanseoverføring til naboklubbar med raude tal.) 

o Generalsekretær Sataøen (og medlem Fretland) helsa møtet  ‐ Adjutant og travel høgrehand Ellingsen held raskt sitt innlegg med 

verbale treff ala Chris Iwelumo (skotsk spisskollega) før han hasta mot snorklipping på nytt kunsthus i parken (?!).  

‐ Ålmås og Wiggum analyserte trenargjerninga i klubben og tok opp viktige spørsmål stilt alt i 2008. Kvar blir det av den gode foreldresamtalen og personlege oppfølginga? Korleis fordeler spelarmaterialet seg i ulike ferdigheitsnivå som skrik etter individuell tilrettelegging? 

‐ Tom Chr Wergeland viste at Nestangen føl med på siste nytt i utvikling av treningsmetodar. Ei videoanalyse av trening var gjennomført med intervju av trenar og spelarar i etterkant. Strålande jobb, Tom! Berre so synd at videoen tydelegvis vart vist med sterkt redusert hastigheit. 

Page 2: åRsmøtereferat nestangen 2009

‐ Trenar Navarsete held eit innlegg der han tilbakeviste all kritikk og stilte plassen til disposisjon. Valnemnda såg ingen grunn til justering. 

‐ 50‐årsmarkering med æresprisar til Terje Rømo og Jan Inge Fardal ‐ Cupfinalenytt!‐ Turleiar Jan Inge Fardal la fram plan om å ta opp att 

tradisjonen. Avstemming synte at over 20 i årsmøtet ville delta! ‐ Kulturinnslaget i år hadde tema og henta inspirasjon frå bortebaner over 

kanalen. Den unge referenten sleit lenge med å formulere essensen i foredraget og måtte til slutt gje opp. (Lokalfotballhistorisk anekdote?) Beklagar.  

 Kl 21‐ 23  :China House  I år okkuperte vi kjellaren på China House. Prisen per medlem for 4 gode matrettar og ei raudvinsflaske vart kr 300 av innsamlingstekniske årsaker. Kvar mann betalte 20 kr i drinks. Walnum var innkrevjar og ingen våga mukke.  

‐ Kulturinnslag held fram: Gitaren var henta fram og her var meldingane ikkje til å mistyde. Stemninga var god. 

‐ Tangoprisen: Johan informerte om at i år var ingen kvalifisert ‐ Tømmekvarter: Det var i grunn uvanleg stilt og fredeleg i år. X‐Adjutant 

Salveson handterte sitt siste oppdrag særdeles godt. ‐ Benkeforslag: Gisle Solheim stilte tidleg til val, men halve måltidet 

gjekk før ein oppfatta i kva rolle. Presidenten let seg ikkje skremme. ‐ Takk for maten ‐ tala. Her greip Solheim sin sjanse og gjorde det godt! ‐ Det var mykje god diskusjon om fotballhistorie og litt om 

rettskrivingsreglar i årsmelding (og i Sogn Avis). ‐ HJ Walnum sa nokre få ord som nykommar om brukbart oksygenopptak grunna 

gode treningar og høgt nivå i laget.  Ca 23‐: Lægreid. Ingen sak vert referert, men etter sigande hadde kultursjef og turleiar lang heimveg.  

Måndag: Turleiar oppsummerte i ein kjapp kommentar på veg inn på Meny at det no var vondt men at årsmøtet hadde vore ”best ever”! 

For Presidenten,   Mvh Øyvind H Larsen ‐‐‐økonomisjefen‐‐‐ 

‐‐‐referent‐‐‐‐ 

Vedlegg 1 Årsrekneskap 2007/2008 

Page 3: åRsmøtereferat nestangen 2009

Vedlegg 1 Rekneskap 2008/2009 

Prinsippet lagt til grunn for økonomistyringa er som i 2007/2008: 

Stram kostnadskontroll 

Det har heller ikkje dette året vore unødvendige dyre innkjøp  

av nye isposar, bandasjer, vaskemiddel til treningsvestar … 

Og laget har vore ein vinnar på overgongsmarknaden. Alt på free transfer 

Økonomisjefen vil også i år få rette ein stor takk til Presidenten! 

for at han skaffa nye gratis treningsvestar‐ type gul, xxxl, merke Fatso 

men ikkje minst 

for  at  han  heller  ikkje  i  år  tok  med  seg  visakortet  for  lagskonto  på sydenferien. …i motsetnad til i sesongen 2006/2007… då han og mista det… 

Balansen syner at det no står pengar på laget sin konto.  

”The state of the union is good!” 

Revisor slår fast at årsmøtet ikkje bryr seg med detaljar som summar.  

Økonomisjefen  er  i  år  som  i  fjor  bekymra  for  den  framtidige  inntektssida  i budsjettering av neste  sesong. Etter  fjordårets  vellukka  fokus på  rekruttering håpar han årsmøtet no tek følgjande temaet grundig opp til debatt: 

Betalingsdisiplin!! 

For alle kritiske spørsmål : 

viser økonomisjefen til revisor…  

og alle rekneskapstal og revisor si beretning er levert Presidenten i einerom. 

Vyrdsamt 

Økonomisjefen