Arne Garborg 1923 Band 5: 2. janaur 1917 - 25. juni 1920framtiden-er-din.com/onewebmedia/dagbok band...
Transcript of Arne Garborg 1923 Band 5: 2. janaur 1917 - 25. juni 1920framtiden-er-din.com/onewebmedia/dagbok band...
Arne Garborg
Dagbok 1905–1923 Band 5: 2. janaur 1917 - 25. juni 1920
Aschehoug
Kristiania 1926
Førebels elektronisk utgåve desember 2002 ved Nynorsk kultursentrum
www.aasentunet.no
Føreord
Arne Garborgs dagbøker frå 1905 til 1923 vart redigerte og utgjevne av Hulda Garborg i seks
band 1924–1927. I 2000 vart denne bokutgåva digitalisert (skanna og korrekturlesen) av
Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo, og det er desse filene som her er gjorde
tilgjengelege. Det er gjort overslag som tyder på at Hulda Garborg utelet kring 25% av den
opphavlege dagboksteksten til Garborg då ho gav ut dagbøkene, og dei utelatne delane er
heller ikkje med i denne utgåva.
Ein del tekniske kodar er framleis synlege i teksten. Det gjeld hovudsakleg markering av
sideinndeling og fotnotar. Vi har late dette stå slik at det skal vere samsvar mellom bokutgåva
og denne elektroniske utgåva. Det er dessutan brukt manuelt lineskift i teksten, og det er
ikkje lagt vekt på utforminga i denne elektroniske utgåva. Nynorsk kultursentrum har likevel
valt å gjere dagbøkene tilgjengeleg i ei førebels elektronisk utgåve, til glede for forskarar og
andre spesielt interesserte som her får eit langt betre høve til å søkje og finne fram i
dagbøkene.
Nynorsk kultursentrum, desember 2002
Oddmund L. Hoel
Band 5 2. janaur 1917 - 25. juni 1920
<side nr=1>
1917.
2. 1. 17.
Det prøyssiske Fredssnakke avvist. Svare –
klaart og greidt og med Upplysningar som alle Ikkje-
prøyssarar maa forstaa – er forma i Paris, og
alle Ring-Landi vil – etter det som fraa alle
Hovudstader vert meldt, og etter det som skulde
vera sjølvsagt – skrive under. Præsident Wil-
son fær sitt Svar nokre Dagar seinare; det vert
same Innhalde i ein arman Tone.
Me gjeng daa inn i eit nytt Aar av Blodfløy-
ming og Brand, – av Svelting og Naud vel òg
til Slutt. Men etter ein Skuletime som denne
skulde Verdi ha lært aa forstaa eitt og anna??
Det fær vise seg.
– Eg hev vore i Ustand eit Par Dagar, og
hev nytta Tidi til aa gjera fraa meg ein Flokk
Julebøker. I Dag gjer eg ifraa meg dei Brev-
Lepparne som trengst; og so er det siste Aalvors-
take med Homer, – hyggjelege Gamlingen, som
det likevel er so vanskelegt aa faa Skikk paa.
– Joli vart heilt igjenom roleg. Eg skulde ha
vore ute ein Kveld; men Dagen fyrr havde eg vel
gjort meg skyldig i ei "Mat-Synd": Magekrampen
kom og gjorde Ende paa all Joleturing, Og no er
eg so gamall og ut-av-Dansen-komen, at her-
etter slepp eg vel.
<side nr=2>
8. 1. 17.
Den 3die eller 4de vart eg i Ustand att; og
so lenge varde dette, at ikkje fyrr no er eg –
noko-so-nær – ferdig med "Joleflaumen" (aa,
gjev eg kunde bli heilt spara for den!) – Og i
Veg att med Homer ber det.
– Ufred hev me som fyrr: so og so mange
Skip vert søkkte kvar Dag; og i Staden for bri-
tisk Hjelp, som det eit Bil vart ørska um, so
hjelper Briten Tyskland med aa a u k e Vanskarne
vaare (Kol- og Koksforbòd). Regjeringi hev daa
sendt ein ny Note, som skal ha "gjort eit godt
Inntrykk" i England; men høgre-norsk Krig mot
Regjeringi styrkjer Norigs Uvener der burte, so
det vil vel ikkje gaa fort aa koma i Orden att.
Me er eit Rike i Split med seg sjølv; det er eit
reint Raam, kor lenge det kann klara seg. No
fær me sjaa, um Tinge kann gjera nokon Ting.
– Knakande kaldt hev det vore ei Tid, –
ned til 20 Gr. No hev det gjeve seg att og kann
vera reint godt (¸ 8° i Dag); og vilde "Vaar-
herre" halde seg so vidt rimeleg framigjenom,
so var det nok godt, – ettersom Folk gjer alt
det dei kann til aa gjera det so r a n g t for
Smaafolki som Raad er. Dessverre hev me ingen
Ting aa stole paa, – anna enn Dauden, som
visst kjem til aa gjera seg ein rik Haust i Aar,
i Freds- som i Ufreds-Landi; det vert, aa slite paa
Taalmode som fyrr. Men etter det som hev vore
aa høyre t. d. nordanfraa, vert det meir enn van-
skelegt mange Stader.
D'er nok langt ifraa som det skal vera an-
nanstad heller; i Bladi i Dag høyrest det t. d.
uhugleg Rummel fraa Moskvakanten. Men Rus-
sen hev Politie aa hjelpe seg med, han; Tilstandi
kann vera so fæle dei vera vil, – so berre stengjer
Politie Dørerne og læt Folke daudsvelte. Det fær
vera Vaarherre si Sak det, meiner han, – lik-
<side nr=3>
som Tsaren, Keisar Wilhelm, Kong Georg læt
Vaarherre bera Skuldi for Krigen.
– Aah! dette "Menneskje"-Herk.
13. 1. 17.
Forkjølelsen held paa og held paa, so no duger
eg snart ikkje til anna enn til aa liggje burtslengd
paa Sofaen som ei gamall Kufte. Hev likevel
fenge fraa meg ein Bladstubb i Dag, "Bondevil-
kaar", som "lntelligenssedler" hev vilja ha (fraa
meg o. fl.); det er Ingenting; men – godt det
er undangjort lell. No er det Homer att; og Ho-
mer for Aalvor – –
– Hulda held Joleselskap i Dag; der er ymist
godt og gildt Folk, mest Askerfolk (Valstad- og
Holtsmark-kjenningar), Asker- Byfolk (millom deim
for fysste Gong Advokat Meyer og den engelske
Frua hans, som spelar fyssterangs Fele) og eit
Par Bymenneskje (Fernanda Nissen, ein russisk
Legasjonsmann Sawitsky, som Tuften les "Norskt"
med; ei utenkjeleg Blanding, som likevel høyrest
ut til aa gama seg svært godt. Men eg sìt her
uppe og kavar med Hosterider som eg lyt freiste
aa døyve – –
– Umframt Homer fær eg no mi eigi Bok aa
tenkje paa ("12 Aar, Dagboksstubbar fraa 1905
– 17"); den fær elles vera til Hausten. Men
"Paa Fantestien" (av gamle Kjenningen min M.
J. Mathiassen (-Schou!) hev eg alt spurt Ny-
gaard um; svarar han Nei, fær eg freiste Norli.
66 Aar. 25. 1. 17.
– Med Aari gjeng det daa fram-yvi, kva som
elles gjeng hin Vegen eller stend stilt. Og tegja
<side nr=4>
skal eg, so lenge eg kann arbeide – so vidt at
Tidi ikkje vert altfor lang.
Arbeide er elles ikkje lenger det det fyrr var.
Og det er ikkje berre Alderen som her gjer
Skilnad, men vel mest Tidsvilkaari. Det er Uraad
no um Dagen aa "vona visst, at Aand skal vinne
paa Troll til sist og Vit paa den Varge Villskap";
alt hev vorte ein einaste Vase av Tvil og av
Spursmaal. Grunnspursmaale er elles eitt: er
Framgangs-Tanken b e r r e Tøv; er det Uraad
jamvel for Kulturfolk aa halde – so i det store
og heile – Leidi framyvi; driv me reint verje-
laust med Storm og Straum?
Og med Tanken serskilt paa det Spursmaale
som no er det fysste: k a n n Mannheimen vinne
seg inn-under ein aalmenn lovbunden Skipnad,
som tryggjer Freden millom Folki, eller er Anar-
kie med sine Krigar (dvs. Neveretten) millomfolke-
leg Naturlov?
"Nevtrala Konferencen" i Stockholm hev forma
Spursmaale paa rimelegaste Maate (etter Synsmaa-
tane her uppe) og sendt det rundt um til tenkjande
Folk i Landi til Svar; 1ste Svarhefte (det skandi-
naviske) er utkome. Mange hev svara (um der
ikkje nettupp er so mange kjende Namn), og dei
fleste trur, at ein Fredsskipnad er tenkjeleg. Ein
og annan hev godt Mod: "Havde man i Næve
rettens Tid sendt ud Spørsmaal om . . . at faa
d e n afskaffet, saa vilde de fleste ha svaret:
det nytter ikke; Menneskene e r Rovdyr! Og dog
var det de t r o e n d e som fik Ret. Saa vil det
ogsaa gaa nu." Sume vonar paa dei "europæiske
Sambandsstatarne," um dei ikkje kann segja noko
um Vegen dit. Men dette vanskelege Spursmaale
um Vegen spøkjer for mange; ein segjer: "lige-
saalidt som et Frankfurter Parlament kunde samle
Tyskland, ligesaa lidt vil en international Kongres
kunne skabe et Verdensforbund." Og "Utformning
<side nr=5>
af et Program, ja selv international Anerkjendelse
af det samme Program, er bare et lidet Skridt
fremover paa en lang og vanskelig Vei." Men
rett mange vaagar ikkje aa tru paa Freden. Prof.
Geelmuyden (som er Lagsmann i "Conciliation
Internationale") finn, at alt "synes mere og mere
at pege i Retning af at la b Í t e h u m a i n e e s t
u n e b Í t e f e r o c e. " Provst Hesselberg, Ø. Gaus-
dal, meiner at "Varig fred er en Umulighed ifølge
Jesu Ord i Mth. 24" (Spaadomar um Tiderne
fyre Messiasrike); og mindre enn noko-sinne
trur han paa,"Traktater og Løfter mellem Folkene."
Ein svensk Heradshøfding segjer med altfor stor
Rett: "öfverenskommelser att underkasta alle tvi-
ster mellem stater ett fredligt avgörande komme
att bli bindande för de små och svaga, men i
viktiga, att ej søga vitala, frågor icke för vørlds-
makterna." Like eins: "en överenskommelse om
avvøpning skulle sannolikt kunna strafflöst kring-
gås eller brytas av de stora staterna." Provst
Kobro, Lillesand, meiner at alt vil vera faafengt
utan "en intens Kristendomstilegnelse." Og Prof.
N. Wille, Xia, held det vonlaust at "forsøge at
paavirke Mskene med sund Fornuft"; homo sapi-
ens er, etter hans Tru, kome inn paa "en Bane
som vil føre til Artens Undergang" (so hev det
gjenge med "saa mange Arter i de geologiske
Perioder"); "Krig og Overkultur" – eller um so
berre ein av desse "ødelæggende Faktorer" –
"Vil være tilstrækkelig til at fuldbyrde Ødelæg-
gelsen i Løbet af 10–20,000 Aar, saa Jorden
bare faar fossile Mennesker."
Denne Prof. Wille segjer um Lag det som eg
sjølv plar tenkje i modlause Stunder. Og der er
syrgjeleg mykje sant i svært mykje av det som
vert sagt imot Fredstrui og – arbeide. At dei
smaae Folki alltid vil faa berre eit Minstemaal
av Rett, og at Stormagterne, naarsomhelst dei
<side nr=6>
finn aa kunna tena noko paa det, vil gje Fanden
i alle Freds Lover og Vedtekter, det stend fast,
– alt til dess Folki fær skipa seg paa rette Maaten
innanriks.
Men gjeva upp alt, som denne (medicinske?)
Professoren [han vil Inkje gjera, av di han trur
at øtti vil døy ut um 10–20,000 Aar!], det er
meg f o r modlaust; eg fær – so til vanlegt –
vera "troende", um Verdsfreden aldri so mykje
er – likso utruleg no som Borgarfreden i gamle
Dagar. Og dei sambundne (Europa- eller vel helst)
Verds-statarne bør vera Framtidsvoni, kor grense-
laust mykje der so er aa vinne yvi, fyrr den
Draumen kann bli meir enn Draum..
– Men Herregud; skulde Wille faa Rett i, at
heile øtti – ved all denne veksande "Overkul-
turen" – døyr ut um 10–20 000 Aar . . . der
vil ikkje vera noko sers mykje tapt ved det, naar
ein daa ikkje nettupp trur paa eit komande "Over-
menneskje".
– Skattespursmaale er uppe att: vil ein sleppe
ei Bot paa 100–5000 Kr., so maa ein sende
inn ei Uppgaave yvi alt det ein hev tent i det
Aare som gjekk; ein fær elles Lov til aa nemne
Utgifterne sine med, trur eg. Og eg kann trygt
gaa ut fraa at Skattarne vert endaa større i Aar
enn ifjor (daa var dei i alt Kr. 621,52; d. v. s.: Sti-
pendie paa 2 400 Kr. vart i Røyndi minka til um-
lag 1 780 Kr.). Men ein fær nok Ingenting segja,
so lenge ein kann slaa seg igjenom. Kor lenge
d e t kann vara er langtifraa visst; Dyrtidi vert
verre og verre, og Tyskland og England er etter
oss kvar paa sin Kant, og kvar med sine Vaapn.
Og Krigen kann vara endaa eit Aar, etter som
eg saag i eit Blad igaar fraa England. Hutte-
megtu!
<side nr=7>
27. 1. 17.
Ernst Sars daaen. Han er vel ein av dei siste
fraa den Tidi som eg plar kalle "mi."
Han var ein gjæv Kar, um han ikkje alltid var
paa mi Side. Staten vil koste Gravferdi, og det
er rett og vel.
– Ja, ja. I Ungdomen gjeng ein og grav-
legg si Fortid; di eldre ein vert, di meir er det si
Samtid, ein fylgjer til Gravi. Til dess ein naar
dit fram sjølv.
9. 2. 17.
Vaarstemning: ljos, mild Luft; bleikblaa Him-
mel med kvite lette Strimeskyer; blaae Aasar langt
burte, myrk Skog, snøkvit Mark; sjøblaa Fjord,
der han. er open; eg lengta til Jærs, daa eg var
ute og gjekk i Dag. Og etter den lange harde
Kalderidi me hev havt er denne Linna ein rein
Lette. Gjev ho kunde halde seg eit Bil: – det
er her vel elles lite Von um.
– Krigen kann vera god for eitkvart den med;
det vonde han hev gjort i fredelege Land ved aa
skapa Dyrtid paa Kòl (og Ved), gjer no, at eg
slepp aa preike i "Hjemmenes Vel" den 19de
(um George); og det kjem stakkars gjæve Odys-
sevs til aa tena ein Dags Tid paa.
Eit Grand Krigsnytt hev me elles havt i sei-
nare Tid; Sambandsstatarne er fornærma paa den
tyske Villmannsmaaten aa føre Sjøkrig paa og hev
løyst det diplomatiske Sambande med Prøyssen; det
er halv Krigslysing, og Ufred skulde daa vera
ventande naarsomhelst, ettersom Tyskland Inkje
hev gjort til Utjamning. Og det er svært til Væp-
ningsstaak burte i U. S. A., ser det ut til. Eg hev
ikkje trutt noko paa heile Braake og trur ikkje
enno; Jankien morskar seg og freistar aa skræma
<side nr=8>
Prøyssaren; men denne tek det med Ro; og i
Dag saag eg alt i eit Blad, at ein og annan tek
til aa klunke paa Fredsharpa i U. S. A. att. For
Ufreden vilde koste mykje meir enn jamvel den
Halvfreden som dei nøytrale no lyt nøgje seg
med. Ein Dag held Wilhelm og Wilson Sonings-
fest att; og Prøyssen driv paa med Skipssøkkjing
som det hev gjort; U. S. A. vil tena Milliardar
endaa. Myk alt ihop.
Elles er alt ved det gamle. Frankrike "held
Ut", men vinn ikkje eit Stìg fram; Russland "held
Ut" og glid rett som det er eit Stìg atterut; Eng-
land held gilde Talur um det som maa og skal
bli gjort, og hev sterke Ord um den "vonlause
Stellingi" i Tyskland, men kjem ikkje lenger si-
dan enn fyrr. Einaste Fredsvoni skulde liggje i
det, at Tysken tek til aa svelte noko mykje no
("Folke" hev ikkje Jordeple eingong), og at det
vel i Røyndi paa baae Sidur vert mindre og
mindre Tru paa, at nokon av Partarne kann
"vinne"; men . . . naa-ja; sume trur, at no til
Vaaren vert det Aalvor av med, England, og at
Tyskland daa ikkje vil kunne halde ut noko
lenge. For oss nøytrale vert det verre og verre;
ingen veit kor lenge det kann gaa som det gjeng,
og kor lenge Folk kann finne seg i all denne
prøyssiske Sjørøvarferdi; men so lenge det heng
og sleng, so lenge fær det nok hengje og slengje;
kven skal faa Bjølle paa Katten av desse stak-
kars smaa Myserne?
– Fraa Ivar Mortensson gjeng det Ord, at
han i denne ovkalde Vinteren ikkje kann halde
dei umaateleg store Prestegardsromi i "Lauten"
varme, og at heile Huse ligg sjukt av Kjøld og
Fylgjur av Kjøld; Presten sjølv hev fenge att
sine gamle "Hekseskòt" og skal vera reint upp-
raadd. Og det hjelper vel ikkje aa beda um ein
tidleg Vaar eller linnare Vinter heller. At Ivar
<side nr=9>
ikkje er sterk, er visst; gale i Veg kann det daa
visst altfor snart bera. Men kunde det halde paa
som no i Dag – til dess Soli fekk full Magt!
19. 2. 17.
"Paa Fantestien" send til Forleggjaren; det
hev kosta meg ikkje so reint lite Arbeid aa faa
ho i Stand. No er det Homer att. Fantar og
Gudar; Variatio delectat; – elles er det Handel
og Slavehandel eg driv med der no (15de Song),
so Skilnaden er kje nettupp so stor i alle Maatar.
Men gjev eg kunde faa litt Fart i Arbeide no;
det gjeng so altfor mykje seinare enn Tidi.
– Med Engelskmannen er me nok endaa meir
i Uvenskap no enn med Tysken; Kòl-forbòde,
som er avteke for Sverig og Danmark, skal gjelde
for Norig enno eit Bil; etter seinare Melding er
Kòl-forbòde for Norig no avteke, men paa eit Vil-
kaar, som vil gjera den tyske Veideferd etter Han-
delsflaaten vaar endaa villare enn ho er. Og Eng-
land, "Herren paa Have", – kann den Herren
meir enn fyrr hjelpe? Og no tek det til aa knipe
alt; me lyt spara paa baade Banetog, Teater og
onnor Kveldsmoro, Skulehald osfr. So gjeng det;
naar ein vil vera Vener med baae, vert ein Uve-
ner med baae, og naar det kjem til Stykke er
nok Briten likso god "Barbar" som Prøyssaren.
Krigen gjeng elles sin gamle Gang; Amerika
er ikkje kome lenger – og England gjer ikkje
meir av seg – no enn fyrr; det einaste ein høy-
rer um er tysk Framgang i Europa og (no og daa)
engelsk Framgang i Mesopotamia (eller kor det
er helst – "utanfor Verdi") og so um søkkte og
sprengde Farty. Naa-ja, og so hev Grev An-
drassy skrive ein Fredsartikel i eit franskt Tids-
skrift. Der viser han at um England no døvver
<side nr=10>
Prøyssen, so vert det sidan Strid millom England
og Russland; England bør daa likso godt – lik-
som Tyskland – slaa seg til Ro med status quo,
eller so paa Lag daa. Mannen skriv godt og
klokt og segjer mange sanne Ting; men so lenge
han berre hev Vìt og ikkje Krut aa fara med,
vert han visst ikkje høyrt i nokon av dei store
barbariske "Kulturnasjonarne".
23. 2. 17.
Igaar gjekk Hulda inn i sitt 56de, liksom eg er
inne i det 67de. Det er ein knapp Maanad
(+ 11 Aar) imillom oss; men me glid smaatt um
Senn inn i den Alderen no, daa "alle er jam-
gamle." Det er no elles – som alle gamle San-
ningar – berre halvsant; ho vert visst alle Da-
gar mykje meir enn 11 1/12 Aar yngre enn eg.
Aarmaalsdags Kvelden vart hyggjeleg; det var
fleire gamle Kjenningar (som Harriet Backer, Fer-
nanda Nissen og Schjøtts) og dertil ein heil Flokk
nyare og nyaste (millom dei siste Peter Egge og
Frue); og daa me her i Huse aldri røder um Li-
teratur eller Politik, og daa me fekk god Mat og
godt Mønchen-Øl (fraa Frydenlund Bryggjeverk)
so gjekk alt rolegt og hyggjelegt. Og ved Borde
fekk Hulda mange hyggjelege Ord fraa snartsagt
alle Kantar, endaa me godt og vel slapp ifraa all
høgtidsam Stortaling.
Eg hadde – som vel Gamlingar flest – ingen
serskilt aa røda med, men var med litegrand
snart her og snart der, vel mest milloffi "Her-
rarne" (tvo gamle og tvo midaldrande, som rett
snart glid inn i den vanlege "ældre Herre"-
Moro: aa fortelja "vaaglege" Rispur; og det kann
paa sin Maate vera løglegt for ei Stund, um elles
desse Rispurne sjeldan er so skjemtsame at det
<side nr=11>
ureinslege ved deim kann heilt bli "lætt burt".
Meir og meir kjem eg etter, at eg ingen hev aa
tala med lenger um "aalvorsame Spursmaal" dvs.
at Strids Tiderne er til Endes; i min Alder hev
ein i alle Hovudspursmaal sine Meiningar upp-
gjorde og veit at det er like eins i so Maate
med dei andre; ein kan daa med fullgodt Samvit
"halde Fred". (Soleis t. D. i det religiøse, der
eg lenge var "krigførande Magt"; no er eg
hjarte fornøgd, at eg sjølv hev greidt dei Spurs-
maali, og veit, at naar det gjeld deim, maa kvar
staa – nettupp der han stend. I det heile drøy-
mer eg ikkje lenger um aa faa "Folke", dvs. "dei
beste i Folke", med her; det er som alltid, naar
det gjeld dei høgste Ting: berre faae som er ut-
valde.") Eg smiler elles med meg sjølv, naar eg
merkar, at eg er likso nøgd med aa høyre til "dei
gamle" no som eg ei Tid var ved aa kunne "rekne
meg til Ungdomen"; kvar Alder hev sine Ideal.
– Med Odyssevs er eg no i 16de Songen.
Men kann taka det noko rolegare enn fyrr; For-
leggjaren skriv, at no vert det for seint i Vaar
korsom er; no fær Boki koma i Septbr. Men
Arbeide er stort, so Prenting (med Prentretting)
vil taka Tid; di fyrr di betre bør daa Mskr. bli
ferdugt; men eg tarv ikkje nettupp sprengje meg.
Glad er eg. Verre er det med, at Papire vert so
dyrt; Staten hev hjelpt til fyrr, naar det galdt
Vitskaps- og Folkeskrifter og vil gjera sitt beste
enno; men det skal endaa vera vanskelegt aa
hindre Prisuppgang. Fanden ta Prøyssen!
7. 3. 17.
Marts alt; huff. Men eg fær drive paa, drive
paa so seint som det gjeng; no er 16de Songen
ferdug.
<side nr=12>
– Nygaard hev fyrebutt oss paa, at "Paa
Fantestien" kann bli utsett til Hausten (Papir-
vanskar, veit eg? – det segjer han Inkje um).
So hev daa eg fyrebutt Forfattaren att. Han tok
det rolegare enn eg hadde tenkt, la alt "i min
Haand" (dvs. "din"). Han hev late Sønerne sine
faa Huse og Hagen; sjølv tok han "paa Fante-
stien" att (so halvt: vert Skreppehandlar), um
han elles jamrar ille yvi Gikti. Men eg kunde
misunne ‘n hans lette "Fantenatur"; som Spon
paa Sjø greier han alle Vanskar.
– Fraa Hulda høyrer eg Inkje, men trøyster
meg som vanleg: det kom nok Kort eller Tele-
gram, um der var noko i Vegen.
Olav Midttun ("Syn og Segn") skreiv igaar
og vilde ha meg med i noko som heiter "Bjørn-
sonforbundet", og som er so provinsdanskt som
det kann bli (i Røyndi vel eit nytt Riksmaalslag,
med Fridtjof Nansen og Otto Anderssen i Fyre-
enden, som med full "Kraft og mykje Pengar
vil arbeide for s i t t "nationale", serleg millom
all Skuleungdom). Men baade han sjølv og Løv-
land og Koht er med – i god Tru, veit eg.
For min Part svara eg berre godslegt: det kunde
kje taka seg ut for meg aa vera med, sa eg,
som gjeld so halvt for ein Førar i Maalstriden;
men de andre kann sjølvsagt fylgje desse norsk-
danskarne, so lenge til de ser um det ligg noko
anna under enn de no tenkjer. – Aa, me
"norske"! Eg hev aldri trutt noko Svært mykje
paa oss, og Trui vil helst veikne; men sjølv fær
eg staa fast der eg høyrer til; gjeng so Skuta
vaar paa Grunn, so er det daa kje mi Skuld.
– Og so i Veg med 17de!
<side nr=13>
13. 3. 17.
Revolusjon i Russland – stor Revolusjon, som
er i Gang yvi alt Lande (Byarne)! – fortel
Dagbl. i Kveld. Og Russestyre driv Krigen mot
Folke med mykje meir Kraft enn Krigen mot
Tyskland.
Men denne Revolusjonen er noko reint for seg
sjølv: Høgre er òg med. Og det synest fysst og
fremst aa vera ein nasjonal Revolusjon: Reisning
mot den halvdulde Tyskdomen i Riksstyre; for
Prøyssaren hev lurt seg fram her som i Amerika
(og vel meir og meir allstad), – Prøyssarjøden.
og mot honom nyttar vel ingen Revolusjon. Men
hev Russen gjort lite av seg i Ufreden fyrr (Re-
gjeringi var tysk, i Løynd men i Røynd), – so
vert det vel endaa mindre no, veit eg?
Irland er like eins urolegt; trur kje paa As-
quith, Lloyd George o. s. fr. og deira "Rettferd"
lenger; det er berre Snakk, etter det dei no for-
stend. Ufreden vil dei likevel vera med i, til
Siger er vunnen; dei trur nok endaa mindre paa
Prøyssaren enn paa Engelskmannen. Men um
den irske Soldaten ikkje vert noko meir kald-
voren av seg heretter?
Det er den gamle Tragikomedia; alle ropar
paa Fridom og Rett, og alle driv Urett og held
paa Ufridom dvs. "Rett" og Fridom for sjølve seg,
det motsette for andre. England hev sitt Irland
liksom Russland og Tyskland sitt Polen o. s. fr.
Og no er det "frie" England i Lag med Russ-
land (som det "revolusjonære" Frankrike lenge
hev vore), og den hoch-kultivierte Tysken blan-
dar Blod med Tyrken o. s. fr. So at naar alt
kjem ihop, – so vilde det vera best at ingen
av deim "vann", dersom det ikkje berre førde
til Framhald av Toll- og Diplomatkrigen, som
vil føre til ny Blodkrig, so snart nye Herar er
framvaksne. Det vert daa vel sliks Slag, koss
<side nr=14>
det gjeng; heretter som fyrr fær det store Fleir-
tale slite og stræve til Bate for eit meir eller
mindre innknìpe Faatal.
– England synest elles aa vinne seg fram-
yvi no med Krigsførsla si; held seg godt, ja
gjeng so smaatt fram, mot Tysken i Nordfrank-
rike og hev nettupp no teke Bagdad fraa Tyr-
ken. (Eg likar elles ikkje Europafolk i Asia;
men Herregud, likso godt Europæarar som Tyr-
kar!) Men Tysken vert verre og verre Løynmor-
dar paa Sjøen; og mot den Dævelskapen synest
den engelske "Herren paa Have" aa staa likso
hjelpelaus som han hev gjort.
Og Europa synest i det heile aa kunne vente
Sveltihel snarare enn Fred.
– I Natt (med det nye Midnattstoge) kjem
Hulda endeleg. Men det er vel ikkje so beint
aa koma fram no: færre Tog, og dertil ein Snø-
vinter, so det vel vert ymis Seinking (liksom Is-
sprengjarbaatarne frys fast ned i Øresund og
derikring).
16. 3. 17.
Hulda hev havt det berre gildt upp i Trysil
– men stridt; hev køyrt i alt 22 Miler, og so
fraa Sleden inn paa Katedre Dag etter Dag –; i
den endelause Skogheimen der uppe lìver Folke
utanfor Verdi enno – dvs. utanfor Strid og Kav
og Braak i rolegt Arbeid og Heime Hyggje, so-
leis som alt Folk i Norderlandi lìvde, fyrr "In-
dustrialismen" kom upp. Velstand er der i det
heile, ofte stor Velstand; og Folk er norske: (les
Aftenposten og bannar Landsmaale, men) talar
Trysilmaal fraa øvst til nedst. Dette kann ein
gaa ut fraa vil vara, til dess Jønnvegen kjem;
men den maa – dessverre! – koma noko-
so-nær fort no, um ikkje Trysil med alle sine
<side nr=15>
Skogar skal glide meir og meir inn i Sve-
rig (som hev Bane heilt upp til Riksgrensa, so
at til Stockholm kann Tryslingen koma paa ein
Dag, med’ han treng tvo Dagar, fyrr han naar
Xania). Men um den norske Riksstyrar-Visdomen
kjem etter dette fyrr det er for seint ...
– I Sverig (og Danmark) er det Ordskifte i
Gang um ein skandinavisk Økonomi-Union, til
Hjelp for desse Landi naar Blodkrigen fær Ende
og Tollkrigen for Aalvor tek til. Spursmaale er
alt framme for Riksdagen; og der vil George-
istarne no taka eit Slag for heil Tollfridom ("Mo-
tion av herr Bengtson i Gøteborg m. fl. . . . an-
gaaende en överenskommelse mellan de nordiska
staterna om gemensam tillømpning av frihandels-
principen"). Johan Hansson hev sendt denne
Motionen (saman med ein annan – från herr
Palmstierna – um gjenomførd skandinavisk Til-
lemping av Tollvernskipnaden) til meg med Spurs-
maal um eg vil skrive noko um Saki.
Visst vil eg. Men vilja og kunna . . . Og so
Tid . . . Dessutan: Odyssevs og Belarne paa
den eine Sida og skandinavisk Tollpolitik paa
den andre –
Naa; ein Freistnad fær eg gjera, vel. Men det
er den tridje Rykkjingi etter Uttal eg fær paa
det nye Aare; og no hadde eg forsvore meg paa,
at Odyssevs skulde vera det einaste. –
Og det som verre er: eg vert so gamall. Ser
meir og meir det lovbundne i Samfundslive dvs.
ser at det vonde hev og maa hava Magti. (Ov-
rett mot eit Faatal og Urett mot Fleirtale). For
Faatale er dei forsvorne Egoistarne, som for det
fysste alltid ser sin eigen Bate og for det andre
er nærsynte nok til aa tru at deira Bate er
Samfundsbaten. Dei fær daa og alltid det halv-
blinde Fleirtale med seg i sin Strid (for "Sam-
fundets Interesse"), – liksom eit Faatal av Over-
<side nr=16>
klasse-Officerar fær heile Folke med seg i Blod-
krigen for same Faatalsbaten ("Fædrelandets Vel-
færd"). Men sin eigen Bate kan same Fleirtale
aldri forstaa; gjeng paa tvert imot den og fylgjer
Faatale, som alltid hev einkvar Kjøtknoken aa
lokke det med. Det andre Faatale – det som
ser, at Rett mot alle er det einaste som duger
og det einaste som kann halde ut –, det vert
daa alltid Faatal (naar det ikkje er stuttsynt nok
til aa lokke med Revolusjonar); det frelser sitt
eige Samvìt, men fær aldri Skikk paa Samfunde.
(Og skulde det einkvan Gongen hende, so varer
det aldri lenge, fyrr Magt-Faatale med sitt Muge-
Fleirtal fær det som var retta rengt att). No
skulde ein vente, at sjølve Mugen maatte lære
av ill Røynd etterkvart; og det trur me, so lenge
me er unge. Men til Slutt ser me, at Mugen
aldri hugsar so lenge at han kann lære, og aldri
ser so klaart at han kann hugse; same Narredan-
sen gjeng daa – med eitt og anna lite Form-
skifte – gjenom alle øvur; og det vituge Faa-
tale vert alltid "den vesle Flokken".
I denne vesle Flokken vil sjøvsagt alle vi-
tuge Folk vera med, so lenge dei elles hev Kraft
nok til aa "gaa etter Vite"; men naar ein vert
so gamall at ein ser korleis Samanhenge i Røyndi
er og vel alltid maa bli, so minkar det med Ar-
beidskrafti. Mange gjev upp au, – kannhende
dei fleste. For Trui var og er og vert "den
Magti som vinn paa Verdi"; det er den, maa
tru, som held Viljen sterk. Og veiknar Viljen,
so veiknar Armen.
– Revolusjonen i Russland held paa. Det er
ein Borgar-Umstøyt, som hev til Maal aa føre
Russland so politisk langt som Europa-Statar flest
er komne; og det vil ikkje segja so lite der
inne. Det gamle Styre (som hadde fenge alt i
Ustand, ikkje minst Krigsprovianteringi) er sett
<side nr=17>
fast, og ei duma-vald Nemnd styrer Revolusjo-
nen, hev Folke (og Garnisonen, 30,000 Mann) i
Hovudstaden med seg, og alt hev roa seg der;
det kann sjaa ut til, at der skal koma Skikk paa
den politiske Daarekista der inne. Stakkars halv-
tullute Tsaren er der ingen som spør etter; han
er nok halvt vitlaus av Rædsle, han. Og det
spørst um, kven som kann skræme ‘n mest; for
han kann visst bli baade "konstitutionel Monark"
og (Namn-) Førar for Atterslagsrevolusjonen. Dei
som no hev Magti synest vera ærlege og vituge
Folk; ein fær ynskje, at dei maa ha Lukka med
seg framleides.
22. 3. 17.
Enno gjeng alt godt i Russland. Og Finnland
og Polen fær att Sjølvstyre sitt. At Keisaren og
Keisarfrua er sette fast er vel berre vitugt; til
Trygd baade for deim og Lande.
Men ein ting gjer meg utrygg; det er meir og
meir Socialdemokratarne som tek Styre. Kann
det gaa lenge godt? Er dei kloke nok til aa
stelle seg so, at dei ikkje eggjer og samlar reak-
sjonen?
25. 3. 17.
Meldingarne motsegjer kvarandre rett som det
er, so ein kann ikkje so vel vìta kva ein skal
tru; men ettersom det i dei siste Par Dagarne
høyrest er Socialdemokratarne rimelege. Noko
utrygt vart det igaar: Keisaren skulde ha rømt.
Men det skal ikkje vera sant, etter det eit Blad
i Dag vil vìta. Og so "fær me no berre sjaa
daa".
Med Ufreden synest det gaa fram-yvi med
"Ringmagterne"; men so vert det sagt, at den
<side nr=18>
tyske Attergangen skal berre vera eit Schakkdrag
av Hindenburg, som er lei av aa liggje i Laup-
graver og vil ha eit Storslag eller tvo, noko "av-
gjerande". Me fær sjaa, ja.
Vaar Stelling er "vanskelig og kann bli kri-
tisk", ser eg i Bladi Gong etter Gong. Og no
skal me ha ei skjerpa Nøytralitetslov, som Bladi
hev skrike svært upp imot, men som skal vera
berre burt-i-mot so streng som t. D. den danske
og den sveitsiske. Men um det nyttar med Lo-
ver av det Slage for oss, som hev det med aa
vera sterke i Ord – – –
– I eit av dei siste Hefti av "Syn og Segn"
skreiv tvo av dei norske Professorarne vaare um
Fredsspursmaale, den eine (Koht) um "Fredstan-
kar og Fredskrav", den andre (Gjelsvik) um
"Forliksfred". Koht talar berre vent og vonfullt;
Gjelsvik er ikkje vonlaus, han heller, men synest
vera meir Realist: djupaste Grunnen til at den
tyske "Fredsforhandlingi vart avvist ser han i dei
engelske, amerikanske (Rooseveltpartie) og rus-
siske Storimperium-draumarne: dei tri vil skifte
Verdi millom seg (etter det som fraa engelsk Side
er kome fram) og vil ikkje ha nokon Fjordemann
med um Rove; Tyskland maa bli knekkt. For
4 Overstormagter vil betre halde kvarandre i
Schakk enn 3, meiner han (med den amerikan-
ske til Herre paa Have), og so kann me Smaa-
folk au faa liva.
Men ikkje meir han enn andre vanlege Freds-
vener slepp fraa det utan ein samfolkeleg Flòte
(og Hér). Og hev me den, so vil det kje vara
lenge, fyrr me hev ein Verds-Cæsar (-Napoleon);
og etter honom vil Verdi falle fraa kvarandre i
so og so mange rimelege Cæsardøme; og so er
det Krigshelvite som fyrr, berre heitare, av di
"Vitskapen" vil finne nye Helvitmaskinar og Mi
litarismen nye Djevlemetodar. Og so gjeng det
<side nr=19>
som Prof. Wille skreiv; um 10-20,000 (eller
5-10,000) Aar hev homo sapiens gjort Ende
paa seg.
Einaste Voni for meg er no som fyrr: gje-
nomført Samstyre og Grunnskyldskipnad. Daa
fær me i alle Land eit F o l k som greier seg godt,
og som daa vil hava og hev Magt til aa halde
uppe Fred; og daa kann kvart Land hjelpe seg
med ein liten Politihér. (Og skulde ein Napo-
leon her eller der drive det til aa gjera Folk magt-
og blodgalne, so fekk Politi-hérar fraa fleire Land
slaa Lag og døyve den Spiren).
Gjeng det ikkje paa den Maaten, so gjeng det
ikkje. Utan kannhende Russland no – daa visst
naar det fær "400 Millionar Menneskje" –
kunde bli Overherre yvi alle og (med Minne li-
vande um sine fælslege Røynslur fraa dei seinare
Tsarvelde-Tider) halde eit rimelegt Styre uppe,
til dess Folki fekk Syn for, kva rett Styre og
rett Økonomi hev aa segja? – Kannhende. –
Men um det kunde bli, fyrr dei 5-10-20,000
Aari var gjengne . . .
– Tryggaste Trøysti er til Slutt den eine og
kalde: i Røyndi hev det lite paa seg um øtti
er til eller ei, – naar ho daa ikkje kann faa likare
Livskaar enn ho no hev.
29. 3. 17.
Ein Russ innsett til Generalguvernør i Finn-
land, tvert imot den Grunnlovi som no skulde
vera komi til Magt att; Russland er russiskt
enno.
– Tysken søkkjer fraa 2 til 8 norske Skip um
Dagen; det gjeng Millionverd til Botnar kvar
Dag, og rett som det er øydest Mannaliv med
– all den grenselause Liding unemnd, som elles
<side nr=20>
høyrer heime i dette Helvite –; me Nordmenn
sìt her raadlause og tagalle og tek imot; det
gjeld aa vera nøytrale, maa tru. Og daa det erd
et same anten me lær eller græt, so berre tegjer
me og privatbannar.
Ringmagterne gjer Framstìg og kjem ingen
Veg; den tyske Storrøvaren vinn seg fram jam-
vel naar han "dreg seg tilbake". Alt rikkar att
og Fram og stend stilt som fyrr; alle spaar ende-
laus Krig, og Hungersnaudi snikjer seg nærare
og nærare. Det er Fanden som er slóppen laus;
og til Helvite bér det.
31. 3. 17.
Den vanlege Budda<fmark ind="1)"> med Søknader um Forfat-
tar-Stipend.
Av norske er der rett mange etter Maaten (9
Stykke, um ein kann rekne Oskar Braaten med
lenger), og alle so vidt gode eller vongjevande
– og "trengjande" (mest alle) –, at det er
lite Moro aa velja ut eit Par og vise dei andre
Døri. Men det er det som maa til, – for oss
som hev den sure øra aa "sitja i Nemndi".
Av nye (dvs.: som ikkje hev havt Hjelp fyrr) er
der tri: Lauritz Fjørtoft, Halvor Floden, Olav
Aukrust; av desse er der ein som synest kunne
bli, Speldiktar (Fjørtoft) ; honom fær eg stydja det
beste eg kann; me hev nok ikkje for mange av
det Slage. Floden og Aukrust skulde og vera
sjølvskrivne; men um dei kann vinne upp i Aar
– –Me hev elles heile 4 Smaakassur aa
ause av no: Staten, Schaffer, Forf.-lage, W. Ny-
<fnote ind="1)">Budda er (etter Hans Ross) ei "Dynge av skivefor-
mige, horisontalt paa hinanden liggende Gjenstande." Ei
Budda med Bøker, Brev, Papir, o. 1. (Ryfylke, Jæren, Da-
larne). H. G.</fnote>
<side nr=21>
gaard; men det hjelper ikkje stort; Søkjarflokken
veks fortare. Og um Hjelpeskillingarne vert
mindre og mindre Aar for Aar (samstundes med
at Pengeverde minkar!), – det me hev aa gjera
med er og vert for lite. – Huff ja; naar skal
eg sleppe ut or den Nemndi, tru?
– Det N. Teatre gjer det som vanleg godt i
dei andre Byarne. – Drabløs fér ikring og spe-
lar Norskt og Norsk-Danskt um kvartanna. Men
naar Heiberg kjem burt, gjeng han vel inn i
D. N. T. att (og kunde taka Styre der, med god
literær Hjelp?) – um det elles orkar aa halde
seg uppe.
– GraavÍr og Snø Dag etter Dag, men mildt.
–Eg arbeider med 17de Songen no, det hev
gjenge smaatt nokre Dagar; men no tek eg i att.
1. 4. 17.
I Russland ser det godt ut enno. Der er in-
gen Strid enno millom dei ymse Flokkarne, so
vidt ein kann sjaa; og i Dag fortél Bladi at Po-
len endeleg er frigjeve. Kann det vera sant?
Eller kann det vera aa tru paa? Eg trur det
beste av all Magt; men– –
Fraa Finnland ser eg Ingenting um den rus-
siske Guvernøren; er Finnarne alt so langt paa
Nedvegen komne at dei tek imot? Eller er det
kje sant, det um den russiske Guvernøren?–
Tru det beste, men drygje og sjaa . . .
Den republikanske Tanken synest sterk i russi-
ske Storbyar; derifraa kann ein endaa høyre det
store Orde um del europæiske Sambandsstatarne.
Men Stormengdi, Landsfolke, er nok ikkje med.
Og der lurer den verste Faaren: Prest og Bonde
kann slaa Lag og faa reist Tsarvelde upp att.–
<side nr=22>
Prest og Bonde er Millomalderen allstad, men i
Russland mest og verst.
Var det ikkje det, kunde ein vel no – etter
som det ser ut – vente, større Framstig fraa
Russland enn fraa Vestmagterne (+ Amerika),
der dei no, attaat den gamle Mammon, vel fær
seg ein ny Reaksjonsgud: Mars; me kann daa
berre vente Svevn eller Daude fraa den Kanten.
Elles er det for snart aa spaa; me "fær sjaa",
–dei som lìver so lenge
5. 4. 17.
Amerika gjeng inn i Krigen – etter ein her-
leg Tale av Wilson – "til Forsvar for Menn-
skje- og Folkerett" (og til Sjølvforsvar). Noko
større Kraft i Krigen vert det vel elles ikkje
fraa amerikansk Side – Sambandsstatarne hev
ikkje Krigsfolk, og maa, liksom England, men
endaa meir "for seint", innføre "Vernepligt" –;
men det kann hjelpe Ringmagterne med Pengar
o. a.
Det vert daa berre me Smaafolk, sorn vert
"nøytrale" dvs.: maa lata oss plyndre og slagte av
Prøyssarkulturen utan minste Motstand, ja utan
ein Sukk, me er Sauer i Ulvestova. Og det er
det villaste. Rovdyre som er det sterkaste; dei
andre – som kannhende vilde lata oss lìva paa
noko-so-nær rimelege Vilkaar – fær nok aa gjera
med aa verja kvar sitt eige Skinn, Liv. Den
engelske "Havdronningi" magtar ikkje so mykje
som aa skaffe sine eigne Siglarar trygg Veg paa
Have lenger.
Verds-Freden viser seg paa nytt aa vera ein
Draum. Dei som hev vore inne paa den, trutt
paa Traktatar og Haag-Møte, dei ser, at Traktatar
er Papir og Haag-Møte Talemaatar no som fyrr;
<side nr=23>
Magti raar; eit Land som hev Krute turrt kann
kva Dag som helst tvinge heile Verdi til aa danse.
Og det ikkje berre i Dag, men langt fram igje-
nom; den engelske Verdi, som var so byrg av
aa vera fri for Verne - P I i k t lyt no bøygje seg
for den barbariske prøyssiske Skipnaden – so
fort og so godt som dei kann. For den som vil
vera trygg i ein Røvarskog, maa alltid vera
væpna til Tennerne. Me lìver i ein Villmanns-
heim: Traktatar er Papir; det er Granatar som
gjeld, eller Neve mot Neve. Og trass i alle vene
Talemaatar: hev Uretten betre Vaapen enn Ret-
ten, so er det ikkje Retten som vinn. "Den
sene Retferd" kann vinne seg upp att sidan –
Uretten vekkjer alltid Mothug mot seg –; men
til daa kann mangt vera spillt eller øydt, som
ikkje læt seg rette upp att.
Eg trudde lenge paa Vitskapen; den vilde finne
upp Mordmaskinar so fæle, at jamvel den raaaste
Villskapen fekk meir enn nok. Men det var eit
Mistak. Villskapen vert berre dess blodtyrstare
di meir Blod han fær; di større Blodflaumar han
fær, di større vil han hava. Ingen sann Prøyssar
hev enno fenge ein Dròpe Blod for mykje.
Og noko aa slaast um vert det all Tid; no
slæst Magterne av berre Fredsvenskap. Det er
"for Freden", Prøyssen-Austrike fører Krig. Men
Freds Dryftingar vil dei ikkje vìta av; annan-
kvar Maanad fortél dei Europa, at i Grunnen vil
dei helst halde paa aa slaast. Men vil Ringmak-
terne bøygja seg straks, og bøygja seg heilt, so
Herregud, so kann dei faa Fred likevel, av di det
no ein Gong er rett mange som kunde finne
Freden nyttig. Betre Maate til aa døyve alle Freds-
Tankar paa vert endaa aldri uppfunnen.
Tingen er, at ender og daa treng Menneskje-
Villdyre eit Blodlaug. Hev det daa noko aa slaast
um, so er det godt; men h e v det kje noko, so
<side nr=24>
finn det paa noko. For no maa det faa lukte
Blod. Faa stikke og hogge og brenne og øyde-
leggje, vera heilt og av Hjartans Grunn villt.
Difor m a a me ha Krig, enno lenge fram-gjenom;
Officerar o. a. segjer alltid.
Me fær daa berre takke til, at Blod-Villskapen
er ein Rus som "går òfver", so at det daa stun-
dom er Fred. Godt er det òg, at der iminsto er
eit Faatal som hev vunne heilt yvi denne Vill-
skapen. Dette Faatal veks og minkar med dei
skiftande Tiderne; men i det heile kann ein vel
tru det veks. Ikkje minst i Tider.naar Krigen
vert altfor prøyssisk; naar Villskapen slær heilt ut.
Men eg trur ikkje lenger paa noko fredsven-
legt Fleirtal. Villskapen er det djupaste Grunn-
lage i det Dyre som kallar seg h o m o s a p i e n s;
og naar ein høyrer Folk flest vedkjennast si Tru
paa Krigen, og paa at den aldri vil halde upp,
so vil ein oftast merke, at der brenn ein heitare
Eld under den Trui enn under Trui paa Augs-
burg-Konfessjonen. For i Krigstrui lìver der Ur-
mensch. Og for Upphavsmenneskje er det den
høgste og dyraste Menneskjerett aa kunna "slaa
ihel" ; og den Retten hev vorte endaa mykje dy-
rare no, daa han er so sterkt innknìpen.
Men den som ser, at Krigen høyrer med til
den Villskapen Menneskje bør vekse ifraa, han
kann ikkje vera serskilt glad ved aa lìva i ei Tid,
som hev lagt snart sagt heile Mannheimen inn
under Krigsmolok. Einaste Voni er, at Folk vel
snart kjem til aa lide so mykje reint prosaiskt
Vondt av Krigen, at dei ikkje vil kunne vera
med paa aa syngje Krigssongar att – so paa dei
fysste fjortan Dagarne?
<side nr=25>
11. 4. 17
Engelskmannen kjem seg i det siste, ser det
ut til. Med Russen gjeng det skralt framleides.
Men enno ingen russisk Motrevolusjon. Og daa
det ser ut til aa gaa rette p o l i t i s k e Vegen
enno – Øystersjølandi skal faa Sjølvstende dei
med, segjer Bladi –, so maa ein vel snart kunne
kjenne seg so burt-imot trygg?
Eit Merke i same Leid er det vel, at Keisar
Wilhelm og tek til med politisk Reformering;
gjeng det etter det siste Breve hans, so vil Jun-
kervelde der nede snart ha sét sine beste Dagar.
Er dette Breve utsendt for noko anna enn berre
for aa friske Folke upp til dei siste Blod- og Pen-
geofringer mot England, – so kann der vera
Von for det prøyssiske Folke med, kannhende.
Den tridje Bakstræv-Festningi i Europa, Austrike,
vil Russland – og daa vel Ringmagtene i det
heile – ha sprengt sund; og ein tzechisk-slova-
kisk Forbundsstat vil vera eit godt Gjerde mot
tysk Landrøvarhug. – Den Ovmengd av tyske
Forretningsmenn o. s. fr., som er utviste fraa Russ-
land, viser, at Revolusjonen visst ikkje kom for
tidleg.
– Maa til Aas no Laurdag, med Foredrage um
George. Mykje Umskrivingsarbeid.
16. 4. 17.
I Fyrrdags (Laurdag) um Kvelden heldt eg
(etter Innbjoding) George-Foredrage mitt i Elev-
Lage paa Aas: der, paa Jordbruks-Høgskulen
skulde det Emne just høyre heime. Etter det
vesle Ordskifte etter Foredrage (der tvo av Ele-
varne kom fram med dei vanlegaste Modkasti
mot Grunnskyld-tanken, som eg vart aaleine um
aa svara paa) saag det elles ikkje ut til det; og
<side nr=26>
naar alt kjem ihop, so var nok det svært rime-
legt. Er all Skule utestengd fraa Verdi – fraa
Luft og Sol –, so er nok den det framifraa. Men
det var modigt gjort, at dei vaaga seg til aa
høyre eit Foredrag um den Ting; um det hadde
vore ein Georgemann i Flokken, so hadde det
vel ikkje vore klokt av 'n aa heise Flagg der.
Hans (Eivindsson) Hognestad – som visst er
Upphave til Innbjodingi, og som tok imot meg og
fylgde meg paa Stasjonen att, er ein stillsleg og
hyggjeleg Kar, som helst rødde um Hognest' og
Jæren, og som eg lika, so langt som eg i det
heile kom innpaa 'n; han tala godt Jærbumaal
au. Og det er Farsgarden (eller sin P a r t av
Farsgarden), han tenkjer paa so vidt eg kunde
skyna.
Eg laut liggje der nede um Notti; og igaar
kom eg kje til By'n att fyrr Klokka 1/2 12 eller so
– gjekk i og utikring Byen og dreiv ei Tid; kom
so til aa mistaka meg paa eit Klokkeslætt og kom
ikkje heim fyrr i Gaarkveld kl. 9; hadde spillt
mykje meir Tid enn eg hadde gjort Nytte fyre.
– Hulda strider enno med Bunad-Boki. Det
er Illustrasjonarne det gjeld. Hjelparane, skulde
vera, ligg sjuke skiftevis og hjelper med aa faa
alt i Ugreie; Hulda maa der inn Gong paa Gong;
men det dreg ut og dreg ut –.
19. 4. 17.
Nettupp ferdug med "Det store Fremstød" av
Mac Gill. Denne reint objektive Krigsskildringi
les ein halvt fælen og halvt flirande; eit Samfund
som segjer: du skal ikkje slaa ihel, og samstundes
segjer: di fleire du kann slaa ihel, di betre Kar
er du, – eit slikt Samfund er ikkje til aa taka
aalvorsamt. Men aa vasse rundt i desse rotnande
<side nr=27>
Likhaugarne og millom alle desse sundsprengde
Kropparne og avrivne Lìmerne – huff fy Fan;
ein trur seg paa Daarekista. Men alle desse
stakkars Patrick'arne og kva dei heiter, – dei
tek det rolegt og drep det. beste dei kann og hev
Inkje imot aa bli drepne, naar det berre kann gaa
fort og greit; men det dei likar best er aa faa
høveleg . smaa-store Saar, so dei for ei Tid kann
sleppe ut or dette Eld og Kjøthelvìte og heim;
for der kann dei paa nytt faa kjenne seg Menne-
skje. – Men um ei øtt som finn seg i slikt læt
seg "frelse" – ha, ha; lat oss heller høyra paa
den engelske Bispen som forkynner at denne
Krigen er heilag (um han elles ikkje sjølv aspirerar
til den Heilagmanns-Kruna).
– Sven Moren var her ute igaar; han var
narra til Byen ved eit Brev fraa Hans Aanrud,
som spaadde Møte i Sak-Kunne Utvale den 14de.
Han fortalde mill. a. um, at det meir og meir
"beinar seg til Krig" for Norig med; Tinge held
Møte for stengde Dører Dag etter Dag, og det er
færre og færre som Finn det forsvarlegt aa lata
Sjømennerne aaleine lide for Prøyssarvillskapen.
Ein maa òg tenkje paa alle dei Millionarne som
kvar Dag vert søkkte.
Ja ja. Der er noko i det, maa ein tru. Og
ein Blodflaum til Umbyte med den endelause
Ord- og Blekkflaumen kunde friske upp, vel.
Skapa meir Aalvor og meir Mannsvilje. Helvìte
med all sin Eld og all si Svaavelstank maa alltid
vera likare enn Rotning – – –
22. 4. 17.
Det var nok berre Drøsur, at me skulde med
i Ufreden. Og det er nok i mange Maatar vel
D. v. s. det er vel det einaste; at Hérstelle vaart
<side nr=28>
skulde vera kome i brukelegt Stand er sjølvsagt
berre Folkedikt. Og so er det daa det gamle
"me fær sjaa" att.
–Syttande Songen ferdug. No masar eg med
den 24de.
– Hev arbeidt meg igjenom ei diger Bok.av
Thorleif Homme: "Norsk Folkelagnad i 3-4000
Aar". Der er utruleg mykje godt i Boki, av ei
Teologbok aa vera; det er Historie i Nytidsmei-
ning. Og Mannen ser godt Samanhenge millom
Historia og Økonomien. Men til Grunnen, til
Jordspursmaale, naar denne Bondestudenten i k k j e.
Saklegt gjev daa ikkje Boki anna enn det gamle,
d. v. s. han hev naatt so langt som til Grundtvig
og Folkehøgskulen.
– Russland klarar seg enno, ser det ut til,
um der elles ikkje lenger er berre Fred millom
dei styrande. I Tyskland – som i Sverige o. a.
St. – tek Socialdemokratarne til aa røre paa seg;
aa ja; Folki i det heile. Men kor mykje det
vert til?
26. 4. 17.
Vart i Fyrregaar ferdug med Prentrettingi paa
8de Upplag av "Haugtussa". Enno finn eg dei
fleste av Dikti gode.
– Th. Homme arbeidar med ein Søknad til
Tinge um Gjenomføring av Krave um norsk Skule;
den Blandingsskipnaden me no hev fører til eit
norskdansk Babel; læt seg elles ikkje skikkeleg
gjenomføre. Han vil samle Underskrifter i Mengd
(upp etter Bygderne fysst og fremst) paa denne
Søknaden, og han meiner eg bør vera med. Han
hev sendt meg Framlegge; og det inneheld mykje
som er baade sant og godt. Spursmaale er berre,
kor langt ein kann bruke Lovmagt her, og kor
langt Lovmagti – u m me bruka ho – kunde
<side nr=29>
hjelpe. Og so er det den Ting, at alt som sma-
kar av Tvang er usmakelegt. Bryr kje Folke seg
so vidt um Norskdomen sin, at det nyttar den
Retten, det hev fenge til norske Skular – og
det er berre nokre faae Landsbolkar som synest
bry seg um denne Retten –, so er her ingjor
Raad: me fær finne oss i den Domen som Historia
feller yvi alle Folk, som ikkje hev Sjølvkjensle
nok, eller Samkjensle og Samhaldsvilje.
Men paa den andre Sida er det sant, at eit
Folk treng Førarar. Og den vesle Flokken som
skulde vera folkeførande i denne Sak, me burde
vel sjølve kunne samle oss no snart – um eit
Krav som kunde føre til ei Avgjerd. For skal
det halde fram som det no gjeng, so vert den
nasjonale Samlingssaki til ei Kløyvings- og Kvak-
lingssak. – Eg hev arbeidt nokre Dagar med aa
"finne ei Form"; men eg er so visst ingen Førar-
natur, og enno stend eg uppraadd.
– Den skjerpa Nøytralitetslovi gjekk ikkje heilt
igjenom i Tinge, og vedkomande Statsraad er
gjengen. Men Riksraadformannen – som sjølv i
Tinge forsvara dei Paragrafarne som fall – vert
standande. Og dei tvo forande Vinstrebladi
(dvs.: Gunnar Knudsen og Johan Castberg) stend
imot kvarandre, so det maa vera Hugnad aa sjaa
for alle Høgremenn og Socialdemokratar. Men
snart er her berre eit Spursmaal: Korleis skal
me sleppe igjenom Krigshelvìte utan for mykje
Svelting og Arbeidsstansing? – Og fraa tvo til
nie Farty misser me kvar Dag.
– 17de og 24de Odyssevs-songen er ferdug.
Men enno er det seks Songar att. Og noko høgt
med Arbeidsmodei er det i k k j e.
<side nr=30>
30. 4. 17.
Hulda held paa med eit Arbeid (Drama), der
Hiawatha, den indianske Messias, er Helten. Ho
hev daa samla det som er aa faa Tak paa her
(og serleg i Stockholm<fmark ind="1)">; for her er mest ingenting)av Bøker um honom og
um det indianske Live
f y r r Europæarane kom til Amerika, og fyrr Indi-
anfolki vart velsigna med europæisk Kristendom:
Mord og Brand, Jordrøving og Brennevin, i det
heile fraa den Tidi daa dei indianske Folki enno
var – so i det store set – seg sjølve.
Eg lés i desse Bøkerne, naar eg no og daa
kann taka meg Tid; i Dag hev eg halde paa
med D. G. Brinton, M. D.: Library of Aboriginal
American Literature No. II" (Filadelfia 1883).
Og her – som i Bibelen og andre gamle Skrifter
– fær eg ei uhugleg Kjensle av, kva den "euro-
pæiske Kulturen" er for syrgjeleg etisk Deka-
dence; dei Indianfolki, me no hev moral-forpesta
ihel, stod so uendeleg mykje høgre – etisk –
enn me, daa dei fysst kom ut for oss, at ein
reint maa skjemmast, naar ein les um det. No
ligg dei burt-i "Reservationarne" sine og drikk
seg ihel; dei "kristne" hev forgifta Folke som
dei hev røva Landet; men at ein og annan av
desse kristne fær eit lite Fyresviv um det Hel-
vitverke dei her hev gjort – det same som dei
driv paa med Verdi rundt, um ikkje alltid og
allstad fullt so villt som her –, det er visst
ikkje for mykje.
I visse Maatar var Indianfolki halvville, dei
med; Krigen var komen upp millom deim med,
og Blodtorste og Vaapnvillskap var veksande.
<fnote ind="1)">Mykje av den historiske Indianar-literaturen var
utseld i Amerika den gongen, soleis baade Morgans:
"The league of the Iroquois" og Horatio Hale: The Iro-
quois Book of Rites, dei tvo hovudverki um "The five
Nations." H. G.</fnote>
<side nr=31>
Men so vidt etisk Kultur var der i Folke like-
vel, at ein Hiawatha kunde staa fram, og at han
etter ymse Vanskar med god Hjelp fekk reist dei
fysste "sambundne Statarne" der burte, og det
paa ein uendeleg mykje reinare etisk Grunn enn
den dei "kristne" Sambandsstatarne sidan vart
bygde paa.
Det gjekk med den indianske som med den
galilæiske Messias; han vart umdikta til Gud;
paa den Umdiktingi hev Longfellow bygt sitt Hia-
watha-Kvæde. Men den historiske Hiawatha kom
ikkje so heilt burt som den historiske Jesus; og
no er han funnen noko-so-nær fram att, so eit
i all Hovudsak historisk Hiawatha-bilæte vil lata
seg teikne. Eg er ikkje langt ifraa aa misunne
Hulda dette Emne; men, naar alt kjem ihop:
Kva nyttar det aa reise ideale Bilæte i eit Hel-
vìte som dette europæiske?
– I "D. 17de" er der no um Dagen litegrand
Ordskifte um "Haugtussa"., "Trætte Mænd" og
meg dvs. Trui mi. Ola Raknes meiner, at "Reli-
gionen", "Kristendomen", etter mi Meining er ei
Hamn for Skipbrotne, "god nok" for einfalduge,
ei "faarleg Hovudpute" for lettlynde, og "for dei
aalvorlege Dauden."
Men Torstein Høverstad tek det noko djupare
og fær meir fram av det som eg kann vera med
paa. Han talar og varmare um "Jesus Messias"
og det Kristendomssyne som der er lagt fram enn
visst nokon hev gjort; og det er eg glad fyre.
Men serleg godt er det i denne Tid for meg, at
han talar aalment og ikkje segjer noko som tvin-
gar m e g ut i Ordskifte; enno ei god Stund vil
Odyssevs gjeva meg meir enn nok aa gjera.
<side nr=32>
6. 5. 17.
Song XXIII ferdug.
– Homme hev lempa noko paa Maalsøknaden
sin – som elles ikkje skal til Tings no, men til
Ungdomslag etc. og samle Underskrifter –, so
vidt at eg hev meint eg kunde gaa med. Det vert
elles Braak nok um, "Tvangspolitik"; dei norsk-
danske tenkjer som alle Magthavande: naar eg
brukar Magt mot deg, so er det rett; men naar
du brukar Magt mot meg, – so er det Tukthus.
Men det kunde vera Moro aa faa svara paa det
Snakke att – endaa ein Gong; for det er lenge
sidan sist no.
– Det vil elles ikkje "nytte" aa svara; for
denne Moralen: rett mot deg er urett mot meg,
det er aalmenn Moral no for Tidi; aalmenn kri-
steleg Moral endaa til; serleg er det kristeleg
Statsmoral. Naar t. D. Tyskland herjar det Belgia,
det paa ein "Papirlapp" hadde lova aa forsvara,
so er det god tysk-kristeleg Rett; men vilde Dan-
mark taka att Sør-Slesvig, so vart det Tukthus
eller Avretting. Og dette finn Folk flest er god
Moral.
Og naar England o. a. av "Retts"-grunnar for-
svarar Belgia – naa! England hev svært gode
Grunnar til aa tenkje paa seg sjølv au her. Frank-
rike like eins; det drøyrner dessutan um Elsass-
Lothringen. Og Amerika? – heldt seg i Ro, alt
til dess det vart aalvorsamt redd for Handelen
sin. Russland – hev all Grunn til aa ynskje
den urolege prøyssiske Grannen døyvd. Men
Prøyssen hev f r a m i f r a a "Rett": denne Over-
Røvaren "fiktar for sitt eige Liv," Stakkar.
Og er det nokon som for Aalvor preikar Fred for
desse Bandittarne –i Tyskland hev Socialdemokra-
tarne teke til med det, mill.a. av Rædsle for den
veksande Dyrtid og Sveltetid –, so hev alle Bandit-
tarne kvar sine Motbandittar aa skulde paa. Fraa
<side nr=33>
alle Kantar vert det tala med knakande Logik um,
at Skuldi er Fanden ta oss ikkje paa vaar Sida;
ein kjem rett som det er til aa minnast Fante-
kjerringi hjaa Ibsen: "Kan jeg hjælpe jeg, for
Fanden, at jeg blev til den jeg er?"
Den "kristelege" "Kultur"-Verdi er, med all
sin Tragik, i Grunnen berre til aa læ aat.
12. 5. 17.
Endeleg tek det til aa vaare. Snøen er burte,
og det er burtimot mildt jamvel um Kvelden.
Men det kann vera paa Tidi au.
– Bladi fortel meg, at Johannes Haarklou er
70 Aar. Tenk! so gamall! var min fysste Tanke;
men min andre var: um halvtridje Aar er eg
likso gamall. Ja – ja. Skal eg elles døme etter
Bilæti i Bladi er han minst likso kry og kraftig
no som i den forhistoriske Tidi, daa han ein
Gong imillom var med i min "Bande" – i den
Tid Skeibrok, Johan Selmer o. a. –, um han
elles aldri vart nokon rett Banditt. – Sidan hev
han vore reint som burtkomen; men ein Hende
Gong kom Namne hans i Bladi, so eg visste han
var til; og daa visste eg au, at han arbeidde.
For ei Tid sidan kunde dei endaa fortelja at han
hadde halde ein Konsert i Tyskland og gjort det
godt der; eg kunde daa skyna at han ikkje hadde
"vakse nedetter". Men han arbeider i dei store
Formerne, som der ikkje er noko Publikum for
her, dessverre. No ser eg elles at dei vil freiste
aa faa ihop Pengar til aa faa dei beste Verki hans
prenta for; gjev det maatte lukkast. Haarklou er
den fysste Komponisten av m i t t Folk, som hev
naatt Høgderne. Men fort gjeng det ikkje med
oss, og kann det ikkje gaa; me fær freiste aa
tru paa ei lang Framtid.
<side nr=34>
– I Verdi er alt likso uvisst som det hev
vore, eller verre helst: Russland synest ikkje
kunne koma i Orden att, og det vert beint sagt,
høgt og i sjølve Dumaen, at Russland stend paa
ytste Stupe. Det vil vekkje Glede og nytt Mod
i Berlin. Vestmagterne . . . dei gjer sitt beste
og klarar seg rett fint; men nokor Vending hev
dei ikkje kunna gjera. Amerika høyrer ein ikkje
stort til, – anna enn at dei held dundrande Krigs-
. . . F e s t a r der burte. Socialistarne baskar
med Fredsmøte; men Møte i Stockholm vert mis-
tenkt for aa vera tyskvenlegt, so no skal det att-
aat bli eit Vestmagt-Socialistmøte. Røre og Ugreie
uppe og nede og rundt ikringum og allstad.
– Tuften hev nyreist Krystalpalatse <fmark ind="1)">; den nye
ramsvarte Katt-ungen hev halde si Innferd; eg
held paa med Songarne XVIII og XXII; i Over-
morgo skal eg til By'n og – huff! – ha Sti-
pendiemøte; elles er eg so smaatt med i Hagen ...
16. 5. 17.
Eg kom i k k j e med i Stipendiemøte. Eg fekk
berre ei Minning um, at eg ikkje er ung lenger.
Kl. 1/2 11 var eg i By'n. Skulde millom anna
– og ikkje minst – faa stelt med Øyro.
Men eg hadde ikkje kunna tinga Time; eg
visste kje Namn og Adresse paa ein einaste Dokter
der inne (hadde i alle Fall gløymt det eg visste).
Og daa eg kom til det Gatehyrna der den fysste
Øyredokteren min hadde butt, so var det ingen
annan Ting der aa finna enn ein stor ny "For-
retningsgaard".
Men Øyro maatte eg ha Greie med, naar eg
skulde vera med i eit Møte; eg gjekk til den
eine Øyrelækjaren etter den andre; men all Stad
<fnote ind="1)"> Eit lite drivhus ("Kaldhus").</fnote>
<side nr=35>
var der "fullt Hus". Berre hjaa ein var det so
vidt rimelegt, at eg tenkte der kunde vera Von;
der sat eg daa ein Times Tid og venta. Men
so saag eg paa Klokka; Tidi var ute. Og endaa
sat det nokre att, som var komne fyre meg. Eg
gjekk att. Fekk sjaa um eg kunde finne nokon
som hadde Ettermiddagstimar. Men det fann eg
ikkje.
Det hadde vorte fælt til Traakk, dette, gjenom
alle desse braakande kjeidsame Gaturne. Dertil
kom ein annan Ting; alt lenge hadde eg merka
Fyrekjenslur til Magekrampen min, og hadde daa
agta meg vel for Mat. Og trygg var eg ikkje
enno; det vart soleis heiltupp Fastedag, aa kalle.
Dette gjorde, at eg trøytna reint burt; laut finne
meg ein Benk og sitja og kvile, rett som det var.
Men paa Møte fekk eg no gaa, kor som var.
Kunde eg raake Sven Moren fysst og høyre kva
Krav han meinte me norske burde setja, so kunde
det bli ei Rettleiding; ei Stund fyre 6 gjekk eg
upp i "Industrien" og vilde sjaa, um han kunde
vera komen, eller um eg kunde faa spyrja han
(og i Tilfelle Tvedt) upp. Men eg fann ingen
av dei "sak-kunnige" der; og daa eg so kom til
aa sjaa paa Restaurasjonsklokka, so viste det seg,
at eg var ein god Time for tidlegt ute.
Dermed stabba eg ut att. Eg var for trøytt
til aa gaa paa Dokterleiting; hev vel helst tenkt
paa aa finne meg ein Benk upp-i Parken att.
Men eg veit ingen Ting; for no sovna Minne.
Daa eg vakna att, var eg langt ifraa baade
Oslo og Valstad: i einkvan "Stasjonsbyen" uppaa
Lande ein Stad; og eg drøymde minst av alt um
Literatur eller Stipendiemøte. Eg hev ei heil
Rad av "Minne" fraa den Stasjonen og Lande
der ikring; soleis gjekk eg lenge og kava paa
ein endelaus Veg yvi Bakkar og Berg so trøytt
at eg vilde sige, og sette meg kor eg fann ein
<side nr=36>
Stein; like eins var der Vanskar ved sjølve Sta-
sjonen: han var, so inneringa paa alle Kantar med
høge Staaltraadvevgjerde, at eg ikkje kunde sleppe
ut. Men Samanheng i Bilæti kjem det ikkje,
fyrr eg sistpaa likevel er komen ut-i denne
Stasjonsbyen.
Den v e i t eg ligg so langt av Leid, at eg
kann ikkje koma heim til Kvelds; det gjeld berre
aa finne eit Hotel eller sliktnoko. Og eg slæpar
meg fraa Hotel til Hotel; men allstad er der
fullt, overfullt; kannhende hev dei kje nokor Til-
tru heller til ein Fyr som ikkje hev so mykje
som ein Vadsekk. Sistpaa freistar eg aa finne
ein Stad, der eg kann "liggje ute". Men den
einaste Staden eg kan finne er so ulagleg, at
det er Uraad aa faa lagt seg der; og den Plan-
ken eg sit paa er so smal og ligg so skakt og
ustødt, at eg, som verkjer av Trøyttleik i kvar
Led og Lém, eg k a n n ikkje slaa meg til der.
So spør eg meg fram til Lensmannen; vil lata
meg setja som Lausgangar; der fær eg daa Tak
yvi Hovude og ein Benk. Men Lensmannen "er
i Byn og kommer ikke hjem før med Nattoget."
Eg tek daa Storvegen ut-yvi og tenkjer eg
maa kunne finne meg ei betre Utelæge der ein-
kvar Stad. Men so møter eg ein Fyr – ein
Arbeidar var det visst – som kanskje kunde
vita um eitkvart Smaa-Logi . . . Eg gjev meg i
Drøs med Fyren um dette. Men han kann for-
telja meg, at alle Hus er yvi-fyllte; sjølv held
han Hus i "en av desse Bordstaplann her." Eg
slær paa, at eg kanskje for i Natt fær bruka
same Utvegen. Han smiler til dette og svarar
ikkje noko beintfram; men av det han segjer
skynar eg, at han i alle Fall ikkje vil raade meg
til det (han trudde vel ikkje eg greidde lenge
aa "liggje" der). Men det gjeng Tog til Byn
Klokka det og det. Ja, men eg skal paa ein
<side nr=37>
annan Kant, svarar eg. Snart hadde han Greie
paa, at eg skulde til Valstad i Asker – det
høyrdest som han skulde vera godt kjend der
ned-over; men rett som det var kom han til aa
segja noko slikt som "her i Sandvika"; og straks
etter: "det er da ikke lang Stubben fra Sandvika
til Valstad, vet Dere"; og no tek eg til aa faa ein
Mistanke: det kann hende eg e r ‘kje tilfjells! –
Mannen var i det heile pratsam (eit Grand druk-
ken); han gissa paa um eg kunde vera i øtt
med ein Mann han hadde set eit Portræt av
"en som hetter Garborg"; eg svara at eg v a r
Garborg. Han lova daa aa fylgje meg til ein
Mann, "som hadde betre Greie paa meg," og
som kanskje kunde "ha en Loftkrok aa avse"
eg merka elles fleire Gonger sidan, at han trudde
berre so halvt paa at eg hadde gjeve meg rett
Namn. Men han førde meg til Mannen sin,
Vaktmeister Jensen; og dette viste seg aa vera
ein greid Kar. Men Huse var fullt baade uppe
og nede; og daa eg sa, at eg gjerne laag paa
Golve, svara han at dei laag snart paa Golve
sjølve. Etterkvart kom Kvinnfolki med i Drøse,
fysst og fremst Dotteri, ei væn Gjente, som tyk-
test kjenne meg att fraa det Aare ho tente hjaa
Erik Lie; og Kona tok etterkvart til aa tenkje
paa, um ho ikkje likevel kunde skaffe meg ei
Seng; men so kom den Tanken upp, at kunde
eg faa Tak paa ein Auto, so kunde eg vera paa
Hvalstad um ei lita Stund . . . Snart etter sat
eg i Automobilen.
Der sat eg godt og fekk endeleg Kvile. Og
no, daa eg visste kor eg var, fann eg meg sjøl
au att, – hugsa daa og med ein Gong, at no
skulde eg ha vore i Stipendie-Møte. Heile Dagen
spillt! Men daa eg hadde harma meg ei Stund
yvi dette, sa eg til meg sjølv: ja no maa eg vel
endeleg vera ferdug i det "sagkyndige Udvalg".
<side nr=38>
– Snart var eg heime og fortalde at eg hadde
vore paa Vegen til Daarekista. Folke mitt tok
det rett rolegt, og Tuften sa: "du har gaat i
Søvne, Far." Me antrast litt um dette; men han
fekk meg sistpaa so halvt til aa tru det. Og eg
v i l tru det; det er den mest lempelege Forklaa-
ring som eg veit aa finne. Til Formannen hev
eg skrive og greidt ut Saki, so godt som det lét
seg gjera i eit Brev, og slutta med, at no bør
eg vera ferdug i Utvale. Det burde eg elles ha
vore ute or for lenge sidan; for eg orkar ikkje
lenger aa fylgje med i alt som vert skrive.
– Idag kom 8de Upplag av "Haugtussa".
26. 5. 17.
Full Sumar og fint VÍr; storfagert. Fugle-
kvitter og Gaukegjeling. Men stridt varmt, og
vel snart – som vanleg um Vaaren her – for
turrt; reint audt for Regn.
– Var i Byn igaar att og fekk stellt paa Øyro
mine. Og kom heim att utan Vanskar, – naar
eg daa ikkje vil rekne den, at der knapt nok
var so mykje som ein Staaplass paa Toge. Det
gamle Smalspore er nok utlivt paa Vestbanen med
no. – I Dag er Tuften hjaa Tannlækjaren; hev
elles vore der eit Par Gonger fyrr, men fekk
ikkje Hjelp; Dokteren er rædd at det ikkje berre
er ei Tonn, men sjølve Beine som er i Ustand.
Det skulde sjaa ut! No maa der vel i alle Fall
bli ei Avgjerdsle; det hev vore stride Dagar for
Guten dette. Og det no midt i "Vaarvinna"!
– Igaar var han elles 29 Aar; Dagarne gjeng
og Aari rullar.
– Brev fraa Hans Aanrud, Formannen i For-
fattarlage; han meiner eg bør halde ut i Nemndi
til det vert nytt Val dvs. enno eit Aar. Og lat
skure; d’er daa kje meir enn eitt Møte til.
<side nr=39>
– Brev fraa Ludvig Møller, Teaterstyraren;
han skal gjeva ut Brevi etter Mor si (Amalie
Møller – Skram) og bed um aa faa dei Brevi
fraa henne som me hev. Desse Brevi hev me
daa funne fram; men det var so faae, eg for min
Part kunde finne, at anten maa sume av deim
vera komne burt under all mi Flytjing og Flakk-
ing i so mange Aar, eller dei er for vel burt-
gøymde. Det vart elles eit lite Repetisjonskursus
i "Gamalt", dette med, um mindre i Amalie
Møller- enn i Amalie Skram-Kapitle.
– Krigen sjanglar i Veg som fyrr; og med
den russiske Revolusjonen stend det utrygt –
som fyrr; det siste eg hev merkt meg er tyrkisk-
tysk Villmannsferd i Palæstina – av same Slage
um vel enno ikkje so vidt drivi som den tyrkisk-
tyske Villmannsferdi – "den store Jammer" –
i Armenia. For Norig vert 2–7 Farty no som
fyrr søkkte kvar Dag; samstundes freistar Tysken
alt aa faa i Gang "norske" Eimbaatsrutur med
tyske Skip; um me kann vera samstellte nok til
aa hindre det – naa ja; me "fær no sjaa daa."
At Tysken tek til aa søkkje svenske Skip au no
-– daa Sverig endeleg hev fenge ein Handels-
skipnad med England –, det vekkjer Harme mot
Tyskland jamvel hjaa Tysk-Vénerne der inne;
dette bør kunna stydja Arbeide for ei sterkare
s k a n d i n a v i s k Handels-semje. Men i det heile
gjeng Skuta "i Aakeren" som ho hev gjort.
3. 6. 17.
Russland synest meir og meir aa losne i Sau-
marne (Soldat-Upprør i Kronstadt er siste Nytt);
Vestmagterne magtar ingenting; Tyskland stend
stødt som fyrr, men elles med eit Grand Knur-
ring her og der, av Arbeidarar eller Polakkar.
Utsyner: Krigen held paa, til Europa smaatt
<side nr=40>
um Senn sig ihop av Svolt og Armod og Trøytt-
leik. So "Fred" dvs. Vaapnkvile, til dess Folki fær
slite ihop nokre Milliardar att og avla nokre nye
Herar, og til dess nokre endaa fælare nye Mord-
maskinar er uppfunne. Daa ber det laust paa
nytt, og held paa, til dess Prøyssen hev lagt
Europa under seg. Aalmenn Reaksjon; ny "Mil-
lomalder." Sæle me, som daa ligg i Jordi.
Amerika, som er uttært av Mammonsdyrking
og Trældom, kjem knapt til aa gjera noko av
seg; det er daa visst ingenting, det som enno
hev vore aa høyre. Meir og meir gjev daa den
ikkje-tyske Verdi upp; det meir og meir mod-
lause og sveltande Folke reiser seg snart her og
snart der; Dyrtidi vert mindre og mindre til aa
greie, og ingenstad er der ein Mann som nokon
fullt ut trur paa; ettersom det no ser meg ut
kan desse siste Krampedraattar ikkje halde lenge
paa; "Freden", Vaapnkvila, kjem vel utetter Su-
maren eller Hausten.
Hjaa oss samlar alt seg no i eit veksande
Rop paa Lønsauking og Stats-Vedhogging og i
det heile Statshjelp. Socialdemokratarne hotar alt
so smaatt med Upprør; og Embættsverke vert
meir og meir kraftlaust: alle Lønsaukingar vert
for smaae og fleire og fleire av dei som duger
noko bergar seg ut or Statskontori og inn i For-
retningslive paa ein eller annan Kant. Eit godt
Aar vil hjelpe oss ut-yvi mykje, og alt ser i so
Maate godt ut; men Mode er ikkje høgt, i By-
arne daa visst, etter alt ein les eller høyrer.
Ein fær daa berre slaa si Lit til, at koss det
gjeng og ikkje gjeng, so gjeng det daa eileis,
etter eit garnalt Visdomsord.
– Nygaard hev sendt ut "Paa Fantestien"
Um Odyssevskvæde høyrer eg Inkje; det kjem
vel knapt ut i Aar daa, kann eg tru. Sjølv "sét
eg Eple" mest no um Dagen.
<side nr=41>
Naturi held si gildaste Høgtid, reint likesæl
um all den Møda og Helvìt Pina me kloke Men-
neskjeborni lagar ihop aat oss. Og var der nokon
Vaarherre, so vilde han med god Grunn Finne,
at me fær liggje som me sjølve reider upp.
Endaa Grunnen vilde ikkje vera so god likevel:
dei fleste lyt liggje som andre reider upp. Men
kva er der aa segja; kvi l æ t dei desse andre
reide upp aat seg? Lite Vit? Og endaa mindre
Ettertanke? Og minst av alt: Mod og Plan og
Samhald? I alle Fall: det gjeng som det gjeng.
Og den einaste paalitelege Frelsaren heiter Dauden.
7. 6. 17.
7de Juni skulde vera Festdag, og er det offi-
cielt; at eg inga Flagg ser her i Valstaddalen
hev vel inkje paa seg. Folk er Høgre eller So-
cialdemokratar her – eller upolitiske.
– Fraa han Johan (Matiassen Skau) kom det
Brev i Dag med Kvitting for Honorare; Boki
synest han ikkje ha fenge. Han vil knapt bli
noko glad i det nye Titelbilæte, Nygaard hev
sett paa ho; visst er det, at eg sjølv er misnøgd
med det; det er eit Mjøltraavarbilæte av argaste
Slag og reint stemningslaust.
– Tysken øydelegg tri-fire Skip for oss kvar
Dag (og drep Folk fort vekk); samstundes krev
han med strenge Ord at me skal vera fornøgde,
um vel ikkje nettupp takksame. Og me bøygjer
oss visst; Magt er Rett, veit me.
Danske Georgefolk ("Ret" – "Den lige Vei")
synest tru paa, at Krigen vil tvinge Folki inn
paa ein vitugare Politik og Økonomi enn den dei
til dessa hev greidt seg med; gjev det var so,
vel. Men eg trur ikkje svært mykje paa det; i
Røyndi stend Folke raadlaust. Det veit for lite,
<side nr=42>
og hev daa ikkje Mod til aa vaage seg inn paa
nye Vegar. Og nokon Mann som kann faa Folki
til aa "tru" paa seg hev dei danske Georgefolki
knapt meir enn me norske. Lenger enn me er
Danskarne likevel komne, so eg skal visst ingen
Ting forsverja. Det ser òg ut til, at Georgefolk
og Socialdemokratar held paa med aa arbeide seg
saman der nede; og kunde det bli Tilfelle, der
og her og Verdi rundt, so maatte Framvegen bli
tryggare.
– Igaar hadde Oslo-Socialistarne stor Uppvis-
ning "mot Dyrtidi" og lagde fram – for Stor-
tingspræsidenten – sine Krav um Raadbøter mot
den; eit Par tingsocialistiske Talarar klunka elles
paa Revolusjonsstrengen. Kva Riksmagterne elles
skal kunna gjera meir enn dei hev gjort og gjer,
det fekk me lite Greie paa; Socialistarne i By-
styre synest ikkje heller aa vìta nokon Veg. Meir
enn Uppvisningar og store Ord fær me vel i det
heile ikkje fraa den Sida.
– Voss-Tidsskrifte "Norsk Ungdom" skriv um
Ungsocialistarne, som tek til aa leggje seg aat
Soldatarne vaare og ved "aktiv Antimilitarisme
gjennemsyre dem med revolusjonær Aand", d. v.
s. med Forsvarsnihilisme. Og "N. U." er mod-
laust; mot slik Agitasjon vert det fraa norsk Side
Inkje gjort; "dei nasjonalhuga er somna so av i
si Likesæle, at dei vaknar visst aldri meir." Der
er i det heile mykje Modløyse der vestpaa, ser
det ut til; det er visst ikkje høgt med den norske
Ungdomen der heller. Rimelegt nok, dessverre.
Ungdomen veit altfor vel, kor lite me hev aa
fara med, um noko skulde koma paa; for honom
vert det Daude eller Skam, og for Lande lite
Hjelp, av di han er for laakt upplærd og væpna.
Og hev me daa nokon Rett til aa preike for Ung-
domen? Eller vil me kunna segja noko, um
han gjeng med paa "aktiv(!) Antimilitarisme"?
<side nr=43>
Me hev i det heile lite aa segja. Det einaste
me kann er: vone, og "vente og sjaa." Men
Freds-Tanken vinn meir og meir Magt allstad
no, i Tyskland med; "Voni" synest daa aa hava
so vidt Grunn, at ho ikkje vert berre til aa læ
aat. Kjem so den Dagen, at Verdi skipar seg i
Sambandsstatar med Samstyre, og innfører heil
Frihandel og ein vitug Skipnad med Jord og
Grunn, so vil Freden staa trygg; Kulturen vil –
endeleg! – ha vunne paa Villskapen.
– Men dette er ein Draum ? – um Lag som
den gamle um Tusundaarsrike? – Naa ja. So
fær vel me Smaafolk drøyme, til dess me hev
drøymt oss inn i den siste Svevnen. "Fylgje
med" i Væpningsvillska vert meir og meir raad-
laust kor som er.
28. 6. 17.
At det prøyssiske Barbarie ikkje minst hev lagt
seg etter Norig – som òg etter Sverig – er i
det siste korne upp paa ein serskilt uhyggjeleg
Maate; me hev havt (eg hev) Upplag av Bombur
og annan berlinsk Develskap i By etter By, fysst
og fremst i Oslo, og tyske Spionar og Løynmor-
darar (med leigde finske og, Gudbetredet, norske
Hjelparar) baade her og der. Og at den prøys-
siske kristliche und hochkultivierte Riksstyring
stend attum er tydeleg uppkome og fastslege.
Samstundes ligg Over-Gudshædaren Keisar Wil-
helm og slær um seg med Bøner so det berre
luktar. Og at Nordsjøen–Belgia–Holland, Skan-
dinavia o. s. v. fr. – skal inn under prøyssisk
Velde, iminsto Overtilsyn, vert sagt beint ut.
So no veit me heilt, kor me hev den Røvaren.
Men kor mykje me kann vente av dei Magterne
som vil vera Rettsforsvararar, det veit me i k k j e.
Det me kann vente er endaa eit Aars Krig og
<side nr=44>
verre og verre Dyrtid med alt som deretter maa
fylgje.
Samstundes fær me høyre av ein fransk Tol-
stoi-Svein (den store Diktaren Rolland) at me
ikkje skal hata. Men den same som sa: elsk
dine Fiendar, skjellte Skrymtarar og Røvarar so
lystigt ut, at heitare Harm glødde vel aldri paa
Jordi.
Skjelling nyttar elles ikkje meir enn Bøner.
30. 6. 17.
Kom til aa sjaa paa eit Stortingsreferat i Dag,
fraa Tolldebatten. Og so mykje Tull som eg der
saag er det ikkje ofte ein finn paa ei Spalte
eller tvo.
Det var eit Par Talarar som heldt fram Kravi
fraa Smaafolksida; dei vart avviste med, at dei
var Socialdemokratar. Vinstre vilde sjølv tenkje
paa Smaafolke; men galdt det ei Vare, som gav
Statskassa gode Tollintektar – som Sukker –, l
naah! so fekk ein gløyme Smaafolke. [Ein kann
heller leggje mindre Toll paa Silke og Vin og
slikt, som serleg Pengeherrarne brukar.] Dei som
hadde Bruk for Vernetoll skulde faa Vernetoll;
Smaafolk fekk faa Fatighjelp – Statshjelp –,
naar det kneip, av det som denne Vernetollen
gav inn; det var Statsøkonomi; ja det var Vinstre-
Statsøkonomi.
Eg slengde Blade. Og tenkte med meg sjølv:
faa Vit inn i slikt Flesk er raadlaust. Det fær
gaa til det gjeng sundt. Krut og Staal var dei
einaste Grunnarne som her kunde bite; men Krut
og Staal er dei Grunnarne som Storborgarsam-
funde sjølv held seg uppe med, og av deim hev
det daa likso mykje som det av vituge Grunnar
hev lite; Smaafolke kann daa ikkje tevle der heller.
<side nr=45>
Dei maa bruka Kunster paa sin Kant. Arbeids-
folke driv det lenger og lenger i den Kunsten
aa berre l a a t s t arbeide (liksom Lønerne oftest
er berre Liksomløner), og so i den Kunsten aa
streike. Men Bonden rømer til Fabrikar etc. og
lærer same Kunsterne. So veks Millionærvelde
og Herkemugen; men for Millomstandsfolke veks
Tyngslurne, til dess dei vert for store ein Dag.
1. 7. 17.
Enno hender det, at eg fær Hug til aa skrive
i Bladi; det kann alltid vera eitkvart som ein-
kvar kann ha godt av aa høyre, – kor vel eg
veit at det ingenting hjelper.
Men eg bør ikkje gjeva etter for den Hugen;
det einaste eg vinn er, – at eg fær nokre Mis-
prentingar aa harme meg yvi (som t. D. "Over-
mod" for Ov-armod o. dl.).
Harme seg yvi Misprentingar er elles likso
meiningslaust som aa prente: Folk les ikkje
lenger. Rimelegt nok! Den som vilde lesa no
fekk ikkje anna gjera.
Ein greier seg daa med aa "kikke igjenom"
det ein skulde lesa, so vidt ein ser "kva det
handlar um" eller kva Forfattaren "vil" ; so hiver
ein det og hev gløymt det. Bladi er snartsagt
einaste Lesnaden no; og Bladi er i det aandelege
Forretningslive det same som Telegraf og Telefon
i det økonomiske.
Naah; Bøker vert og lesne stundom, – til
Tidkort, eller av di ein skal "fylgje med." Men
det gjeng ikkje stort betre med deim; dei vert
gjenomhasta, sette i Hylla (eller sende paa Bok-
auksjon) og gløymde.
Laga Blad og Bøker, – det hev daa vorte
Massefabrikasjon no, som mest alt Arbeid. Ei
<side nr=46>
Bok varde sin Mann ut fyrr liksom ein Bunad;
no er Bunaden utsliten paa eit Aar og Boki paa
ein Dag, og so maa det Masseproduksjon til;
Forfattaren vert mindre og mindre Kunstnar og
meir og meir Fabrikant, – so i det heile.
Men Fabrikantar maa til; Folk treng deim. Og
so kjem det no og daa ein med ei ny Uppfinn-
ing som friskar upp; og dei literære Motarne
skifter mest likso jamt og stødt som dei parisiske
Klædemotarne. Det greier seg daa svært godt.
Og for det Faatale som likar Poesi i større Stil
hev me Høgskaldarne fraa eldre Tider.
Oslo, 1. juli 1917.
Gode Garborg!
Takk for brevet. Jau, det var sannt: eg vilde
vera glad um eg kunde vera med aa faa Odys-
seen prenta og utgjeven paa norsk!
Du veit det var Vinjes von og draum som han
sjukna fraa, og naar Du no med hjelp av Schjøtt
hev løyst uppgaava med Od., vøre det synd og
skam, um me inkje fekk verket fram. Send meg
so snart Du kann ein plan og utreikning um ut-
gaava.
Med helsingar
J. Løvland.
8. 7. 17.
Henrik Rytter var her i Gaarkveld og las upp
eit Spelstykke, han hev skrìve (dvs. er so burtimot
ferdug med), og som skal upp paa D. n. Teatre,
(og sidan ut).
I dramatisk Formkunst hev han enno ymist aa
lære; men Stykke vil greie seg, trur eg, med
nokre Avkortingar. Og Tanken i Stykke tok meg;
<side nr=47>
altfor mykje Sanning e r der i den: det norske
Folke vert – med alt det det "lærer" og med
all "Framgang" – meir og meir Aalmuge.
Fysstemannen i Stykke tek Livet sitt, daa han
er komen etter det; og hadde han heilt Rett, so
var her lite aa liva etter for Drøymarar av mitt
Slag. Det stend visst all Stad, eller mest all
Stad, – med eit og anna halvt Undantak, vil eg
tru – i Hovudsaki soleis til, som Stykke –
Helten – forkynner. Men me Drøymarar –
som òg hev ein Repræsentant i Stykke – gjeng
ut fraa, at anna ikkje er ventande, slike Vilkaar
som Folke hev havt i seinare Tider – ikkje minst
sidan 1813 og 14, daa Danmark flutte heilt inn
i Lande –, og at der skal eit langt og tòlmod-
samt Arbeid til – ikkje minst eit socialøkono-
misk Arbeid, som kann gjera Bonden til meir
enn Slæpar og Bønekrok –, fyrr Vilkaari vil
kunne rette seg att. Alt no er der Framgangs-
merke – ikkje mange eller store, men dei er
der –; og dermed maa me kunne tru, at me
skal vinne lenger.
Men visst er det, at Vanskarne vert større, di
meir Bonden vert Fant eller Spekulant, so at
Trui no hev vorte veik hjaa mange. Hjaa meg
– som alltid hev arbeidt med ein liten Tvil inst
inne – ikkje minst. Det kann daa vera godt,
at dette Ord vert sagt – og det sterkt og ærlegt
som Rytter fær det sagt –, um Folk paa den
Maaten kunde bli vakte til "Aalvor og Ettertanke."
–Etter eit Brev fraa Kyrkjestatsraaden – eit
Brev som viser at Mannen er betre med enn eg
i Grunnen trudde – hev eg sendt inn Søknad
um Statshjelp til Odyssevs. Men skal der bli
noko H j el p i Hjelpi, maa ho bli so stor, – at
det vel skal knipe, um me kann faa ho.
<side nr=48>
11. 7. 17.
Hulda attkomi fraa Ungdomsmøte paa Voss.
Der gjekk alt godt; Folk i Mengd, og svært mykje
gild og ven Ungdom.
Millom Talarar var der – umframt henne sjølv
(som vann sterkt Samtykke, um Maalbladi ikkje
nemner dette – ho er mill. a. Bymenneskje –)
– serleg tvo, det vart lagt Merke til; den eine
var Lars Eskeland, som i ein Tale um Bonden
gjorde so sterke Krav, at ein kann skyna han
er uroleg (det "underdeilige Hardanger" vert daa
au meir og meir eit Fabrikhelvite): den Talen
vert prenta og send til Ungdomslag og andre,
som vel er; den andre var Prof. Gjelsvik.
Han nytta denne norske Ungdomsfesten til eit
Tyskar-Defensorat, som vakte ymis Undring, her
og der Sinne, og maatelegt Samtykke. Men at
ein Mann fær Lov til offentleg aa lovprise ein
openberr Fiende – og det endaa til millom Ung-
dom, og paa ein Fest –, det er av dei Ting
som berre kann hende i Norig.
– Krigen gjeng sin skeive Gang. Og me
– svarar paa den tyske Sjørøvarkrigen med ein
Protest no og daa, men lyt elles ta alt for godt
og takke til at me fær halde oss rolege. Vest-
magterne – greier seg, og ikkje stort meir.
Kva Amerika kann gjera – anna enn auke Dyr-
tidsvanskarne for dei nøytrale –, det veit me
ikkje enno. Russland høgg i det siste betre i med
Krigen att. Men kóss det sjølv greier seg er
uvisst; Spursmaale vert meir og meir: losnar det
upp (sist hev Ukraine skilt seg ut), eller skal
Reaksjonen vinne?
– Sumaren straalande fin. Den blodige, bren-
nande, angesttyngde Verdi ser ut som eit Paradis . .
<side nr=49>
13. 7. 17.
N o k o godt ser det ut til, at Krigen skal gjera:
dei heilt og halvt mìd-alderlege Magterne i Aust-
og Millom-Europa vert piska fram-yvi so langt
som til "Parlamentarisme" med "aalmenn Røyste-
rett". Russland kom fysst (og me fær vone, det
klarar seg); no kjem Prøyssen: Keisaren "inn-
fører" den nye Skìpnaden, med' Bakstræve jamrar
(og 5 av Junker-Riksraadarne gjeng). I Austrike
er der like eins gode Framgangsvoner. Og Par-
lamentarisme er iminsto eit Stìg fram paa Upp-
gangsvegen, um det elles i den tyske Verdi vil
vara lenge, fyrr "Sjølvstyre" vert meir enn Form.
Um Fred utan Landrov vert det au meir og
meir Tale i den tyske Verdi. Men Magti er paa
den andre Sida, so Blodelvarne kjem til aa strøyme
lenge enno, fyrr Freden vert meir enn eit Folke-
ynskje. Og eit Folkeynskje er ikkje mykje meir
enn Null.
Me Smaafolk hev elles "Fred", so lenge me
rolegt finn oss i tysk Sjørøving. Men meir og
meir Stræv fær me med aa verja oss mot tyske
Spæjarar; det hev vorte utrygt endaa til her i
Valstaddalen no.
– Iaar skal eg ut med Kr. 730.50 + 265.30
i Skatt; det er 1000 Kronur aa kalle for. Soleis
skulde eg endaa bli rik eingong fyrr eg døydde,
– um elles berre paa Skattesetelen. – Ein Ting
er elles som ei Trøyst: naar eg dreg Skatten fraa
Stipendie mitt, so vert det kje att meir enn godt
1400 Kr.; og drog eg alle Toll-utgifterne mine
derifraa att, vart det visst mindre att enn nokon
skulde tenkje.
– Godt Nytt fraa Tinge: det kjem upp ein
Fyrespurnad der no snart um kva der er gjort
til aa hindre (slikt som det Sam. Eyde i det
seinste hev gjort:) at halve Kyrkjesokner vert
lagde inn under ein einaste Spekulant. Det skal
<side nr=50>
bli snodigt aa sjaa, um det vaagar seg fram noko
framsynt Ord i den Saki. – Elles hev Totalistane
vunni eit stort Slag no; der er kje anna Drikkand'
aa faa etter denne Dag enn Landsøl og Vin (for
dei rike; for dei fatige Laddevin etc.). Det er
godt at Freistnaden vert gjord; Tvang er ei umen-
neskjeleg Raad; men kann ho, som Operasjonar,
vera forsvarleg, nyttig?
18. 7. 17.
TorevÍr og godt Regn (som elles tok til med
Hagl) i Ettermiddag.
– Tyskland hev fenge ny Rikskanslar. Og det
for fysste Gongen ein borgarleg ein. Med same
gjekk det Ord um, at han skulde vera liberal av
seg: han hadde vist Samhug med Arbeidarane,
eller kva det var. Men straks kom det upp, at
han er stødare og stramare Reaksjonær enn B. H.<fmark ind="1)">
var. Det er vel so rimelegt.
24. 7. 17.
Savalguten, var, er 60 Aar i Dag, og me hev
sendt Helsing. – Han kom til aa gaa ein annan
Veg enn eg hadde venta; men ein "Framifraa-
Kar" er han i fleire Maatar; og fyrr eller sidan
maa eg lesa 'n i Samanheng og sjaa aa faa "greidt
'n ut".
–Ei Umvendingsbok vart (paa vanleg anonym
Vis) sendt meg eit Bìl sidan: "Tro og Tvivl" (av
ein dansk Teolog, Martensen-Larsen, – visseleg
ein av dei Danskarne me var saman med ned-paa
Sicilia). Boki er ymist betre enn dei vanlege;
Mannen hev vori ein rett vìtug og aalvorsam
<fnote ind="1)"> Bethmann Holweg(?) H. G.</fnote>
<side nr=51>
Tvilar; han var berre ikkje vìtug og aalvorsam
nok; med all Tvil driv han paa med Bøner og
Teologi, og tok eit Preste-Embætte som han –
alltid tvilande og alltid bedande – heldt ut i.
Og han fann "Fred" gjenom Nerveveikskap og
ei kroppsleg-aandeleg Tilfriskning, som gav'n Kraft
til aa samle seg um det som for honom hadde
vorti det "Væsentlige" i Kyrkjelæra: Paulusdomen.
No trur han seg aa vera Kristen, endaa han korkje
hev funni Faderen eller Syskjendi; det er Krossen
og Blode og ikkje Brorkjærleiken som er hans
Kristendom; det er Gud og ikkje Rikmannen (me),
som hev Skuldi for at Lasarus ligg millom Hun-
darne. Men han skriv so vidt godt – og stykkjom-
til so vidt intelligent (gjev Vitskapen mykje Rett
og krev ikkje heil Kyrkjetru – til aa byrja med
daa –), so han er visst ein av Byggmeistrarne
for alle desse "kristelege" Studenterlagi.
– Fraa Løvland høyrer eg ingenting. Og no
lid det so langt, at – med Vilkaari i denne Halv-
Krigstid (halve Setjarstyrken er ute "paa Vakt",
eller kva dei kallar det) – vert det raadlaust no
aa faa Boki ut i rimeleg Tid i alle Fall, etter det
eg i Dag fekk vìta fraa Forlage. Dermed fær
me drygje med Prentingi til ut-i Fysstningi av
næste Aar; no pakkar eg Kufferten og dreg til
Knudaheibakken. Og Hulda – som treng Hav-
bad – vert med;. ho vil freiste aa faa Husvære
paa Ogna eller derikring.
Det er fint VÍr; og det skal vera godt aa faa
anda Havluft att.
Knudaheibakken 29.7. 17.
Endeleg i Orden.
Sjølve Ferdi vart drjugare i Aar enn vanlegt:
Hulda var med; vilde freiste Havlaug eit Bìl, og
hadde Von um aa faa Hus paa Ogna. (D a g 1:
<side nr=52>
Pakking etc. og Ferd fraa Valstad til Hønefoss
– hyggjeleg By: ligg enno paa Lande –
D a g 2: til Bergen, og um Notti til Stavanger –
betre Baatar der no –, D a g 3: til Bryne og
Køyretur til Hognestad; i Stavanger hadde Hulda
fenge Greie paa, at der ikkje var Husvon paa
Ogna, der ho hadde tenkt, og no vilde ho høyre
um Hognestadfolke kunde vìta Raad; og Eivind
var grei; gjorde sitt beste; – D a g 4: til Ogna,
der Hussorgi vart sløkkt). No hev ho eit lite
Rom i den gamle Hjorth-garden – ute or d e n
øtti –; der likar ho seg og hev dei beste Voner.
Eg daa aaleine til Thime att, og so med Karjol
til Knudaheio. Men der tok Vanskarne til for
meg.
Det fysste eg saag var at han Jónnas i Mær-
lio (Merdlidi) Inkje hadde gjort med Huse; det
stod som daa eg reiste ifjor, etter alt det eg
utanpaa kunde sjaa. Daa eg so kom til Mærlio
etter Lykelen, var ingen der heime. So gjekk eg
inn-um til 'enna Inger (som er attkomi fraa "Mat-
og Lossi"-Freistnaden paa Thime og er berre glad
for det) og vilde høyre kor Jonnasfolke kunde
vera aa finne; jau, dei var ute og arbeidde hjaa
Folk, Mannen her og Kona der; men det var
Laurdagskveld, so dei var ventande heim, Kona
vel so um Lag ved 8-Tidi. Lykelen hadde dei
ikkje hengt inn her. Og at Jónnas Inkje hadde
gjort paa Knudaheio – anna enn rive ned Stove-
omnen og teki 'n heim til seg –: men sumla
burt Tidi til dess han ingjor Hjelp kunde faa, og
so sidan inkje brytt seg, – det fekk eg lange Ut-
greidingar um. Meir fekk eg au vìta; det hadde vore
"Innbròt" i Knudaheio, i Aar som so ofte fyrr,
men verre enn fyrr; Dotteri hadde vore der uppe
ein Gong og hadde set, korleis Kalk og Leir fraa
den ille medfarne Omnsmuren var traakka ut yvi
heile Golve av Ungdom som hadde brote seg inn
<side nr=53>
der – og dansa visst. So det var paa Voni, um
eg kunde faa Hus paa Knudaheibakken i Aar.
Sistpaa hugsa Inger, at ho enno hadde eit Bròt att
av den gamle Lykelen – den som hadde vorte
sundbroten den og den Tidi – tok eg den og
dertil fekk laane meg ei dugeleg Klypetong (som
eg kunde bruka til Handtak), so kom eg nok inn,
meinte ho. Men kneip det, so kunde eg faa Hus
til i Morgo her; Sengjerom var her, og loppefritt
med, lo Inger. Eg sa Takk for alle Tilfelle, tok
so Lyklebròte og gjekk heim til den "Garden
min", som meir og meir vart Fantebøle, kunde
eg forstaa; for at det vart mindre og mindre av
Folkeskikk i Grendi her, det var altfor tydelegt.
Med Lyklebròte kom eg i k k j e inn. Men eg
kom etter, at ei Rute i Kammersvindauga var
utslegi, og at ein gjenom det lett kunde faa heile
Glase upp; og kvi skulde eg kje vera Innbrots-
tjuv, eg som andre? – inne var eg um ei litor
Stund. Og um her ikkje saag so villt ut som eg
hadde tenkt etter det som var meg fortalt, –
omnslaus, med halve Muren naken og heile Golve
fælt lite reint (tilsulka av nedfallen Kalk og av
skitne (Dansar-?) Føter, dertil Restar etter Mat
paa Borde og etter Cigarettar og 2-Øres Cigarar
baade her og der, viste Stova Eigaren sin Døri
so godt som ho kunde.
Eg vart daa liggjande i Merdlidi i Nott; og der
sov eg godt nok, i ei ærleg Jærbu-Seng (med
Kvitlar, um ikkje nettupp med Aaklæ), som var
fullt ut "loppefri" [det vesle Huse der uppe er i det
heile i rett god Stand no]. Igaar flutte eg daa inn –
og fekk Dotter hennar Inger til aa vaske upp
"Uppvasken fraa i fjor"; sjølv sopa eg Golvi og
stellte elles det vesle eg kunde, so at no fær
det greie seg; og i Nott hev eg endeleg sove
"under eigjo Tòga" att. Men dette at Ungdomen
fantegjengst paa denne Maaten, – alle eg talar med
<side nr=54>
klagar seg ille for det. Ein vìtug Mann eg raaka
igaar sa beint ut, at Skulen løyser den gamle Hei-
men upp; og kven kann undrast paa det; Skulen
tek Baani fraa Heimen, og Heimen meiner daa,
at Skulen (Samfunde) fær taka h e i l e Arbeide;
Foreldri er avsette kor som er, og kann ingenting
gjera. Men Skulen k a n n ikkje taka heile Arbeide,
– mill. a. av den Grunn at det langt ifraa er alle
Foreldre som vil finne seg i det; Læraren stend
daa alltid meir eller mindre raadlaus. Og ned-yvi
bér det, smaatt men jamt.
– Det er fint og varmt paa Jæren au i Aar,
og i turraste Lage. Men i det siste hev det lik-
som "gjort under seg" til Regn. I Nott kom det
litegrand au; men det hjelpte nok lite. Likevel
er baade Eng og Aaker (og Epleaaker) so vidt
langt komne, at det greier seg; for, um det ikkje
er so mykje, so er det dess meir godt i slike
turre Aar; det er daa ingen som klagar. Dess-
utan er det desse Dyrtiderne; so gode Tider hev
Bonden aldri havt. At "gode Tider" av sovore Slag
ikkje paa Lengdi kann bli gode for Bonden heller, '
det vil der vel enno vera berre eit Faatal som skynar.
– Martin Johan Mathiassen ("Schou") var inn-
um her igaar; han hev havt ein god Sømar og
hev flakka vidt, med Kramkista og Fiskestongi;
no saag han godt ut og var i serskilt godt Lag.
Meg vilde han takke for den nye Utgaava av
"Paa Fantestien" ; det gjorde han med sterke Ord,
som vanlegt hjaa hans Folk; men eg saag at han
var i Godlag (han kunde au fortelja eitt og anna
som tyder paa at Boki "gjeng"); og daa kann eg
gaa ut fraa at det vesle Arbeide ikkje er heilt
spillt, – som eg nok helst var rædd for.
– Og so i Veg att med den gjæve Odyssevs!
Han s k a l bli ferdug paa Knudaheibakken i Aar,
so sant som det ikkje kjem eitkvart reint uven-
ande i Vegen.
<side nr=55>
Knhb. 3. 8. 17.
Varmt, og helst turrvore; ein Dag imillom
graavore og blaasande; no og daa, helst um Næ-
terne, litegrand Regn.– –
Hulda likar seg godt paa Ogna; ho "held seg
sjølv Kosten" og hev det soleis rett billegt (so
lenge ho klarar det); og med Laugingi gjeng det
godt. Sundag 12te skal ho tala i Ungdomslage
paa "Figgen" (Spinneverk upp-ved Aalgaard); dit
vert eg med. (Fer til Ogna Fredag og ser koss
bo hev det; so Figgjo Sundag; paa Heimvegen
derifraa tek eg Tu, Hognest, Salte, Garborg,
Tjensvoll; det fær greie seg for i Aar. Paa some
av desse Staderne burde Hulda vera med; fær
sjaa, um det kann laga seg.
Til Fredag skal eg vera ferdug med 20de
Songen; daa hev eg berre att 2/3 av 2 1 de. Sidan
vert det aa gaa i Gong med "Upplysningar" –
og Rettingar. Eg fær nok aa gjera; men eg skal
kunna byrja med Prentingi ein Gong i September
lell (som Nygaard skreiv her ein Dag), og til
Vaaren bør daa Odyssevs vera utkomen paa
Norskt – endeleg.
Sidan fær eg tenkje paa 1lioskvæde, – um
ingen annan løyser meg av. Men fysst fær eg
faa ut eitkvart sjølv: altfor "langt millom Dram-
marne" maa det kje bli for ein Mann som sìt.
med Statsløn.
– Helge Væringsaasen er nok meir til Mann
enn eg hev tenkt: han hev skìpa eit Fond med
norske Fyremaal og eit rett norskt Styre; det er
nok Folkehøgskulen han hev tenkt mest paa.
Men den norske Saki er ikkje nettupp utestengd;
dette Fonde hev endaa gjeve Hulda "ei lita Von
for det norske Teatre og Folkevise-Dansen". Gjev
ho fekk Rett! Men ... i Styre sìt det for mange
Folkehøgskulestyrarar og Lækprestar; eg trur daa
ikkje meir enn eg ser.
<side nr=56>
6. 8. 17.
Ferdug med 20de Song; no berre att 3/4 av
21de. Og so er det siste Gjenomsyn .... stridt
Arbeid, som eg fær ta etterkvart. Naa-ja, og so
Upplysningarne; dei tek eg til med, so snart
21de er ferdug.
– Ei uventa Melding kom i Dag: Tuften er
trulova.
Eg hadde gjeve upp den Tanken; tenkte med
meg, at Guten var "fødd Sveinkall" og at "mi
Line" av Garborgsætti ikkje vart lenger. At eg
mistek meg her, iminsto eit Stykke paa Veg,
viser seg no; og at eg ikkje kann hava noko
imot det er sjølvsagt.
Verdotteri, skal bli, kjenner eg ikkje.
Men alt høyrest so vìtugt og klokt som det
skulde vera ein klok gamaldags Far som hadde
vore Meister for det; og attaat er der Kjærleik
med i Leiken, so alt er so godt som det kann
vera; daa han dertil no er trygg for Lìvemaaten,
kann ein gamall Far Inkje segja; eg skriv og
ynskjer til Lykke straks; "all right; stakkars Gut,
– maatte det nu arte sig lidt rimeligt for ham !"
– som Hulda segjer i sitt Brev.
Eg fær ned til Ogna ein av Dagarne, so me
kann faa samraade oss um dette. Ei Raad maa
det bli, veit eg. Med sjølve øgteskape spaar alt
godt, ikkje rettare eg kann skyna.
12. 8. 17 (Knhb.)
Hev vore paa Ogna nokre Dagar, paa Gjesting
hjaa Hulda
Ho budde i det gamle Hjorth-huse – bygt paa
den gamle Jær-maaten, men større, romlegare,
meir velstelt enn jamvel paa Storgardar av det
vanlege Slage –; Utsyn hadde ho millom nokre
<side nr=57>
gamle Tre ned til Strandi og Have. Sunnan um
Husi er der noko som ein liten Park – eller no
fær ein segja Leivingarne av ‘n – med sine rare
smaae Bergknausar – og Vegen ned til Elvi
millom Gjerde av Smaaberg – er han noko reint
for seg sjølv liksom Naturen i det heile her paa
Ogna, der Havstrand (med Skjeljesandmoar) og
ein Bergheim ned- og sundskura av Istid-Magter
ein Gong i Verdi skapar eit Landskap som ein
elles ikkje ser Maken til.
Storgarden paa Ogna hev i ei 2-300 Aar havt
ei dansk øtt Hjorth til Eigar; siste Mannen av
øtti laut selja (no sìt han i eit Hus der attved
og driv litegrand "Pensionat"); den nye Eigaren er
ein Bonde-Handelsmann, som hev skrapa seg
ihop nokre Pengar og driv paa med det enno (er
Landhandlar),. han hev pakta Garden burt til ein
jærsk Agronom (fraa Lea), som er ein grei og
gild Mann ; gift med ei jærsk Gardmannsdotter
– grei og gild og tekkjeleg – lìver han paa van-
leg (nyare) Bondevis paa den veldige Garden, den
han driv med Maskinar og det vesle av Handkraft
som er aa faa; Hulda lika seg godt der (og eg
med, desse tvo-tri Dagarne). Lenge hadde me
elles ikkje klara det, nokon av oss, no i Sumar-
tidi, daa det ligg so mykje Bypøbel der paa
Ogna (der var eit Leven i "Parken" rett som
det var, og serleg um Kvelden og ut-etter Notti;
so der var kje lìvande for Folk med vaart Arbeid
og vaar Turft til Nattefred); dei nye Fabrikk- og
Jobbetider skal i det heile ha skapa ein "Bykul-
tur" av eit serskilt Slag; og at den ét seg ut
yvi Lande med – det lægste og verste av 'n –
kann ein vel ikkje undrast paa; eg høyrde, og
høyrer, so mykje um det, at eg meir og meir
sét mi Von til ei Framtid, som eg mindre og
mindre trur paa.
Hulda hadde vore paa Ogna i 14 Dagar no,
<side nr=58>
og "tilsneget sig et Bad" kvar Dag (VÍre hev
vore meir skiftande der enn her); og 14 Dagar
til hadde. ho gjort seg Von um; for Badi som
Lufti hadde vore henne gagnlege. No skulde
ho berre inn til "Figgen" (sic) med eit Foredrag;
so skulde me teke oss ei liti Jær-Ferd, og ho
skulde daa slege seg til paa Ogna att, var Tan-
ken. Men D. n. Teatret kom i Vegen; ho laut
til Oslo og setja upp "Sovande Sorg" straks (den
fyrre Instruktøren er burte, og fleire av dei likaste,
Spelarane er burte, som ille er, um elles Drabløs
er komen att; det vert daa færre Stykke dei
greier no av dei som dei no ei Tid hev livt paa).
Labraaten-hagen venter nok au sterkt paa henne.
I Dag er ho vel i Bergen – eller paa Bergens-
banen?
Eg sit daa etter "aaleine" og fær sjaa aa koma
i Land med Homer. Jær-Turen min fær eg skifte
i tvo; Tidi vert det i alle Tilfelle knapt med.
Og det er heldig, for eg hev raaka baade ein og
annan, som eg gjerne vilde tala noko meir med.
16. 8. 17.
Ferdug med 21de Songen,– og soleis med
heile Odyssevs-Kvæde. Den Dagen skulde daa
au koma ein Gong. No er det berre att noko
Etterarbeid: 1) Ikkje so reint lite Reinskrift;
2) dei siste 6 (?) Songarne maa eg gjenomgaa
med Schjøtt; 3) det heile treng eit Gjenomsyn
(etterkvart som det gjeng i Prentesmia); 4 Upp-
lysningar – og Ordtydingar –, som vel kjem
til aa fylle eit halvt Ark (Petit). – Men Pren-
tingi maa kunne byrja i Septbr.
–Brev fraa Tuften; han hev rett godt Mod
no. Kann han faa Lølandshuse (og den gamle
Hagen aa stelle i) og me elles kann kome til
<side nr=59>
Lags, – "daa vert det Stormannskaar for meg i
alle Maatar", skriv han; dvs. han vilde "truleg
sleppe aa dragast med Skuld ut-etter Aari"; og
det kann nok turvast: han hev berre halvtridje
Tusund Kronur um Aare aa greie seg med. (Um
18 Aar vert det 4 500 ¸ 10 0/o Innskot til Etter-
løn og Enkje- og Barnetrygding). Det vert Smaa-
kaar heile Tidi, – og endaa "Stormannskaar",
naar han fær vera heime og stelle med den
Hagen, der han hev "rusla heile Tidi og planta
mange Tre", det vil vera "Hugnad aa sjaa det
veks til," meiner han.
Ja; gjev alt kunde laga seg. – Eg svarar, so
snart eg høyrer fraa Hulda (som eg skriv til idag).
Det eg stolar paa er, at Tuften (og Aagot visst
med) er baade smaakrevjande og arbeidsglad; eg
trur daa godt at han kann faa sine Smaakaar til
aa bli "Stormannskaar i alle Maatar." Og for
oss "gamle" bør denne Skipnaden kunne bli
reint gild.
Knhb. 18. 8. 17.
Det er "Haustparten". Og rett haustlegt. Ikkje
kaldt. Mest skytung Himmel og Regn rett som
det er, og strid Regnvind Dagen lang (um Næ-
terne oftast stilt) – fraa Sudvest eller -aust helst.
Det er svært godt VÍr for Tøo. Men Smalen
søkjer attunder Gjerdi helst, og Buje gjev seg yvi:
vender Bakenden mot Regne og læt det gaa som
det kann. Og enno kann me faa ein fin Septem-
ber. "Me", – um eg held ut so lenge. Jau;
fysste Helvti av Septbr. tek eg med, so sant
VÍre fjelgar seg.
– Idag ferdug med Reinskrifti av 20de Songen.
So er det berre Reinskrifti av 21de att; den greier
eg Vika som kjem; i Morgo og Maandag fær eg
gjera fraa meg den eine av dei tvo Jær-Ferderne
<side nr=60>
eg tenkjer paa. Og naar Umsetnaden er "fer-
dug", tek eg til med "Upplysningar".
– Millom det eg hev lese no utetter er ei
Umsetjing til Norsk av Sallusts "Catilina" (ved
Eiliv Skard). Godt Arbeid, so vidt eg kann sjaa,
sjølvsagt rett mange Smaating aa setja Kryss ved;
men det vert færre av deim utetter mot Slutten;
so Mannen synest kunne lære, (og ny Mann; Son
av Skuledirektøren?); og sjølve Grunnskrifti er
forvitneleg nok: eit rett objektivt Bilæte paa den
Tidi daa Rom tok til aa rotne, – av ein tru-
skyldig Mann, som ikkje ser, at der er noko sers
i Vegen. –
Siste Hefte av "Edda" inneheld millom anna
rett forvitnelegt eit Stykke um "Nietzche og La
Rochefoucauld" (av Hans Berg), som er rett upp-
lysande (fyrr hev eg nok ikkje lese stort anna
biografisk-kritiskt um N. enn den – i mange
Maatar gode – Boki av Lou Andreas-Salomé).
Det er merkelegt, so mykje som N. – i Kriti-
ken av Samtidi – skylder ikkje minst La R–cauld.
Baade Domen yvi das Mitleid og Læra um det
sant-menneskjelege jenseits von Gut u. Bøse hev
han heilt ut fraa R-cauld. Den fine og djupe
Kritiken yvi Faafengdi er like eins fransk –
fysst og fremst –, som rimelegt kann vera (N.
hev elles sagt straalande Ting um den ikkje minst;
han er ingen Etterliknar i vanleg Meining). Sjølve
den (psychologiske) Grunntanken, at Egoismen er
Grunnlage for baade Liv og Tanke hjaa Menne-
skje, høyrer R–cauld til. Aforisme-formi med er
hans. I det heile: La Rochefoucauld og Cham-
bord er Grunnsteinarne under Nietzschefilosofien
i den "positivistiske" Tidi hans. (I den fysste,
"romantiske", var det Schopenhauer; i den siste
er han "Nietzscheanar" og Religionsstiftar, men
hev tydeleg Franskmennerne til Underlag daa med).
Baade dei store franske Moralistarne og N. (i
<side nr=61>
Tidbolkarne II og III) tenkjer aristokratisk og in-
dividualistisk. Dei hatar (som Schopenhauer) Des-
potie og Herkemugen like mykje. Men her vert
dei ofte uklaare, N. ikkje minst; blindt Hat til
"Mobben" fører Fanden i Vald liksom blind Folke-
dyrking. Aa vera heilt (men braakfritt) personleg
Aristokrat og samstundes vera i rette Meining
Demokrat, sjaa det menneskjelege hjaa Mobben,
og hjelpe til at det kann faa betre Lìvevilkaar og
dermed vinne seg meir og meir upp- og fram-
etter –, det er det sanne (Over-)menneskjelege,
– det som eg meir og meir finn mest heilt og
klaart framvakse hjaa Goethe.
At Faafengdi er ei Framgangsmagt – som
desse franske Moralistarne og Nietzsche held fram
– er visst nok; hjaa (Born og) Smaafolk er det
rein og smaabygd Faafengd som er til aa læ aat
helst (kan elles bli so "tjukk" at ein vert lei ho),
sidan veks ho: fær vidare Syn og høgre og høgre
Maal, og daa gjev me ho gildare Namn; men
fraa fysst til sist, og i smaatt som i stort, er ho
Framdrifti i oss. Me spottar ho, preikar for ho
– og ligg til Slutt paa Kne for ho. Der som
elles gjeld det aa sjaa so klaart, at me kann
døme rett: læ aat Utvokstrane og godkjenne –
og stydja – Framviljen, den gode og sanne i
denne livsviktige Grunnkjensla, som so ofte
krengjer seg um til Komedie og Karikatur.
Filosofar maa til, liksom Prestar, Juristar, Læ-
kjarar og mangt rart; men di eldre ein blir, di
mindre bryr ein seg um deim; ein ser berre dette,
at dei maa til, og kann kvar paa sin Kant gjera
meir og mindre Gagn – i det heile noko meir
Gagn enn alt det Ugagn dei gjer – dei er kvar
paa sin Kant Hjul under den veldige Arbeids-
vogni, som Smaatt um Senn skal hjelpe Verdi
fram-yvi.
– Med' eg sìt her og skriv hev VÍre skift
<side nr=62>
tvo Gonger; fysst klaara det upp dvs. Soli braut seg
fram; men no, for eit Par Minutt sidan svartna
det til att, verre enn fyrr, tok so til med Lyneld
og Torebrak og eit Regn so Verdi myrknar burt
i berre døkk-graatt; sant jærsk Seinsumar-vÍr er
dette; sjeldan kjende eg meg so "heme" som no.
Eit Sekund daudstilt; i næste Sekund heile Til-
være eit dundrande Sinai; Tora rullar rundt alle
Himlar, men synest stundom berre vera ein hard,
villt stigande Storm – – stundom Braakast so
harde at det høyrest som Huse skulde velte – –
Knhb. 23. 8. 17.
Sol. Men Storm so det skakar i Huse.
– Ferdug med Odyssevs. No er det berre
siste Gjenomgang att, og so "Upplysningarne".
Men endaa kjenner eg meg som Øyken som vert
beitt ifraa Lasse; det siste halve Aare hev eg ar-
beidt hardt, kunde det no berre bli noko Gagn i
Arbeide!
– Brev fraa Hulda. Ho hadde ei strid Ferd
austetter: tvo Vakenæter o. s. fr. Og so var det
"Sovande Sorg"; um det Stræve hev bo berre
eitt Ord: "Fælt!" – Dei skal spela det paa
Kongsvinger i Overmorgo. – Verdotteri hev ho
no teke imot. Og mykje Stræv, og Drøyming.
Men ingenting avgjort med Huse (og Schjøtt); og
dei unge vil setja Hus til Paaske. Det kann bli
nok av Leidur og Vanskar der; men dei er for-
nøgde, og det er Saki. – Eg fær skrive til Schjøtt
no. Og paa eikor Vis fyrebu Saki.
<side nr=63>
Brev fraa Hulda Garborg.
Labraatan 25/18 1917.
Kjære dig!
Tak for Brev idag og for alle Brevene, som
jeg saa daarlig kan svare paa!
Men nu kan jeg puste, for igaar blev jeg fær-
dig med Teatret. Idag reiser de til Kongsvinger
og spiller Geijerstams "Lars Anders og Jan An-
ders" i kveld og "S. S." imorgen. Det blev selv-
følgelig altfor kort Tid. 5 prøver til hadde vi
mindst trængt. Men det gaar vel paa en Maate.
Jeg tror ialfald vi fik noksaa fint Maal tilsidst,
men ellers er det et vanskelig Stykke at sætte
op. Jeg hadde nok engang Lyst til at omarbeide
det lidt.
– Du nævnte lidt i et Brev om muligens at
faa solgt Knudaheio. Det kan du sikkert for gode
Penge hvis du gjør det n u. Averter i Tilfælde i
"Gula" – –
– Det var vist Seland, som spurgte om du
ikke skulde oversætte I l i a d e n ogsaa. Jeg sa,
at da vilde ialfald jeg skilles fra dig; bare t æ n k e
p a a a t d u s k u l d e g j ør e det vilde ta Resten
af Livskraft fra m i g, og hvordan maatte det saa
ikke gaa d i g? Havde du vært her skulde du
faat dig en liten Rangel paa Bringebær og gam-
mel Ribsvin i Anledning Storværket.<fmark ind="1)"> Nu kan
jeg bare haabe og ønske at du ikke maa faa altfor
mye Tull og ørgrelse med det som er igjen.
Ak ja – kunde dere faa lidt Honorar, saa var
det nok godt baade for Schjøtt og dig! Han faar
da ta det fornuftig, o m det kommer. Jeg vil nu
se det først forresten –
Nu er der tusind Ting i Haven jeg maa ta
igjen.
Din Hulda.
<fnote ind="1)">Odyssevskvædet.</fnote>
<side nr=64>
Knhb. 25. 8. 17.
Um Sundag var eg paa Garborg; alt vel der
dvs. alt som fyrr. Berre "betre Tider".
Hjaa Tomas var eg inn-um – den nye Mannen
paa "Svennaparten" – og vart der, no som eit
Par Gonger fyrr, vel mot-teken. Men i Aar hadde
eg ørend; Sergeant Mossige (Son hans Gabriel
fraa mi Tid) – som eg raaka paa Ogna-Ferdi –
hadde sagt meg, at eg burde faa Tomas Garborg
(som er Timbremann) til aa sjaa paa Huse mitt
i Knudaheibakken og i det heile høyre um han
vilde hjelpe meg med eitt og anna som kunde
hindre Innbròt, som t. D. Vindaugs-Lukur.
Eg tala med Tomas um dette, og han var bein-
sam: lova aa koma upp-um med det snaraste.
Og i Dag kom han. Og revidera Huse fraa Kjellar
til Tak.
Det stod seg saa maateleg for Kritiken. Grun-
nen var god og Byggevyrkje godt; men det saag
ut til at Byggmeister og Murarar hadde havt Hast
eller vore mindre kunnige. Golve var sìge skakt
(difor gjeng Dørerne so traadt); Skorsteinen var
der mangt aa segja paa, og like eins paa Tòka
(serleg Øvresida, der det – nedst – flatnar av);
og so var det Spursmaale um Vindaugo, og um
sumt anna. Han tok paa seg aa gjera ved det som
mest og fysst trongst; men sumt, som Skorstei-
nen, vilde det bli for urimeleg dyrt aa stelle paa
i desse Tider, um eg daa ikkje var altfor rik.
Han dytta litegrand upp-ikring Skorsteinen, der
Arbeide var serleg skralt gjort, og der det daa
dryp reint urimeleg; det som elles var gjerande
no skulde bli gjort i Haust, naar eg var faren.
Og glad er eg, at her daa kann bli lempa paa
sumt av det som verst er. Vindaugo meinte han
kunde klara seg so lenge, naar me berre fekk
gjort nokre Kunster paa Innsida, so dei ikkje var
so lette aa faa upp; og elles meinte han det
<side nr=65>
vilde gjera godt, at det nettupp hadde stade eit
skarpt stykke i Stav. Aftenbl. um desse Garpe-
Innbroti paa Knudaheio; det vilde bli Snakk um
Tingen no millom Folk, og han smilte og meinte
at det vilde hjelpe; iminsto kunde me "drygja og
sjaa"; og det hadde eg Inkje imot. Me skildest
paa, at eg skal koma innum Garborg fyrr eg
reiser, so me kann gjera grei Avtale. Den Sorgi
er daa for det fysste sløkkt.
– Til Kvilelesnad hev eg i det seinste havt
nokre Hefte av det amerikanske Maanadsskrift
"The national geographic Magazine" (som Hulda
held, men desse Hefti naadde henne ikkje fyrr ho
reiste); dei inneheld mykje forvitnelegt og hev ma-
kalause Bilæte. No sist hev eg lese April-Hefte,
som – rart nok – inneheld krigspolitiske Ting,
soleis Talur fraa det franske Deputertkammers
og det amerikanske Senate fraa – og vedko-
mande – den fransk-engelske Sendeferdi til U.S.A.,
daa den amerikanske Ufredslysingi var komi; det
er herlege Prøvur av Talekunst, som fløymer med
fagre Ord. Og gode Ord, Ord som visst kann
vel faa jamvel Socialdemokratar til aa lyde. Grunn-
tanken er, at Verdskrigen er "a struggle between
the liberal spirit of modern societies and the spirit
of oppression of societies still enslaved to military
despotism." Det er Ord som synest ringje inn
ein ny Heimsalder. Men ser ein seg til, so er
det berre Ord. Store glimande Ordblaasur –
Fridom, Rettferd o. s. fr. –, som ikkje inneheld
nokon Ting, er berre Rhetorik og Luft. Og fell
det her og der cit Ord som synest innehalde
noko, – naah, so er d e t vel: vil lokke Folk til
aa tru, og til viljugt aa ofre Pengar og Blod; naar
den Dagen kjem, daa det innhaldsrike Orde skulde
bli halde, – daa vert han, som sa det, paa ein
pynteleg Maate lempa ut av det Styre han sat i,
og ein annan Mann vil forklaare, at dette Orde
<side nr=66>
av den framifraa Statsmannen "hev,som me ser,
vorte mistydt." Og Folki lyt til aa træle paa nytt
for den "Fridom, Rettferd o.s.fr.", som enno er
Halvsanningar og knapt nok det, Halvsanningar,
som i visse Maatar er verre enn dei gamle ærlege
Lygnerne: mindre lette aa koma til Livs.
Knhb. 29. 8. 17.
Andre Jær-Ferdi mi gjorde eg i Fyrregaar og
-Gaar, fysst til Tu (Gamlevegen ovan-um Mossig
til Fosse, so nedum Grøteim, Haugland, Re, Bryne);
der vart eg vel fagna som alltid. Men mangt
hadde hendt.
Moro var det for meg aa sjaa paa den nye
Torvdrifti som no kjem meir og meir i Gang;
Mossige'n hev selt ei Myr til eit Lutlag som driv
i stort, og eg fekk god Greie paa Maaten. Det
beste Torve kann bli 0,7 so godt som Kol; del
kann òg no nytte Myrarne vel so godt ut som
fyrr; det eine trengst vel og det andre fullt so
vel. Elles er det planta ikkje lite Skog no, paa
rett mange Stader; det vert etterkvart til Hjelp i
Brenslevegen med, og er sume Stader til Hjelp alt.
Ein ny Mann som eg lærde aa kjenne var
Stortingsmann Braut (lærarlærd; Bonde paa Sør-
braud, ein stor og gild Gard, godt gamaljærsk
bygd, med udyrka Vidder so han kan bli "te saa
stor"); Mannen er grei og klok og ikkje det
Grand "stortingsk". Det er Bondespursmaale han
tenkjer mest paa – um han elles ikkje er ko-
men djupare i Emne enn Folk flest, so vidt eg
tyktest forstaa –; men um det i desse Tider læt
seg gjera aa vera baade Tingmann og Gardmann
(uten god Hjelp heime), det er nok eit stort
Spursmaal; Mossige meinte han kom til aa segja
fraa seg Val no.
<side nr=67>
Heimvegen la' eg um Salte: helsa paa Rebekka
og Mannen hennar. Der paa Garden og der i
Huse er alt gildt og i god Stand; og der møter
eg ikkje "Spursmaal", men det gode gamle Jæren
(attaat det agronomiskt nye); og det er gildt aa
røda med Rebekka um Minne fraa det Jæren som
me vaks upp i; ho og Syster hennar paa Gar-
borg er snart det einaste eg hev att fraa mi Tid.
Ein ny Kjenning kann eg elles au segja eg
denne Gongen fekk: Banemeister Skjerpe, ein
grei Kar, ein Millomting av "Firmenning" og
"Femmenning" (ettersom Torkell Mauland hev
rekna ut – gjenom Bøfolke heng han ihop med
Farfarsfolke mitt fraa "Søra-Grødei"); og i Huse
hans var det like eins hyggjelegt og gildt (Gamle-
kona der var rett godt inne i jærsk "Historie");
og Dotteri var folkehøgskulelærd og grei, so der
var nok av "ny Tid" med; eg kjem til aa sjaa
innum der fleire Gonger.
Enno hev eg tri Stader att aa sjaa innum : paa
Tjensvoll (hjaa Eivind), paa Fotland og paa Sno-
restad (der det er komen ein ny Mann: ein Son
hans Kristian Skaarland; greid Kar, so vidt eg
kann skyna). Og so ein Gong til maa eg til Gar-
borg og til Hognestad; det vert ikkje meir enn
so vidt eg greier det.
– Idag stormar det (fraa Sudaust), so Huse
skakar. Men eg hev nytta Dagen godt; er ferdug
med Gjenomsyne av Tridje Songen. Men no kjem
4de Songen; den vil nok taka meir enn ein Dag.
Brev fraa Arne Garborg.
Knhb. 29. 8. 1917.
Kjære Hulda.
Brevet i Dag (Tak!) har befriet mig for øng-
stelsen i Anledning "Sovande Sorg"; sidst hørtes
<side nr=68>
det rent umuligt. Nu greier det sig vist fint.
Men jeg har ingen Ide om Selskabets Kræfter
længer, saa nogen Mening kan jeg ikke gjøre
mig. – Og for Hagen og Huset er det nok godt
at Du er færdig.
– Dere har nok rumsteret ordentligt op-paa
mit Rum, saa nu blir der nok endda adskilligt
gildere.
– Naar jeg kommer er ikke netop bestemt;
det kommer bl. a. an paa, om vi faar nogen Sep-
tember. For Øieblikket ser det ikke rart ud; i-
de sidste Dage har vi (for det meste) havt rent
Ruskeveir: Sol, Storregn, Tordenveir, Storm,
"omman-i-dom" dvs.. om-hinanden i størst mulig
Ustadighed. For Øieblikket stormer det, saa Huset
af og til ryster, og svære, men nu noksaa korte,
Regnbyger gaar ret som det er. Men af og til
gaar der i dag Hul paa Skydækket, saa jeg gjennem
Gluggen kan kikke op til den egentlige Himmel;
og den er saa blaa og solrig som nogensinde,
med her og der en langstrakt kvit Sommersky;
kan Graaveirsdjævlene bli fordrevne for Alvor,
saa blir her nok Sommer igjen. Og en 3–4
vakre Septemberdage skulde jeg ikke ha noget
imod her op paa "Vaglet" mit. Desuden har jeg
– foruden Hænderne fulde af Arbeide – et Par
Besøg igjen, som jeg vanskelig kan forsømme.
Men besøge Folk nu, da de gaar og værker over
de fuldmodne Aakrer, som de ikke faar legge
fuld Kraft paa at skjære . . .; i Stedet besørger
Vorherre "Tærskningen": Stormen banker det
modne Korn ud af Aksene, saa der snart blir
bare Halmen igjen; – jeg snakket med en Und-
heimsbonde om det i Dag, og han var rent mis-
modig. Det blir dobbelt Dyrtid! mente han –
det er ikke morsomt. – –
– Saa sidder jeg da her med Homer-Gjennem-
gaaelsen. Og nu og da er der Form-Vanskelig-
<side nr=69>
heder som er leie nok, saa hare Moro er Arbeidet
ikke. Imidlertid ser jeg, at Trykningen vil kunne
begynde om en 3 Ugers Tid eller saa, – siden
en vel altsaa maa kunne stole paa Deptet.
Iliaden lader jeg naturligvis foreløbig hvile.
Gaar det godt med Odysseen, og tager ingen
anden fat paa Iliaden, saa kan jeg ha den til "Fri-
stundsarbeide" ud gjennem Aarene, – om vi ellers
tror det kan nytte – og ikke blir kjed af det
– eller faar andet Arbeide som presser mer paa.
Men nu paa mine gamle Dage, da Ungdommens
"Tvile"-syge dukker op igjen og vel mer og mer
kommer til at døyve min Produktionstrang, kan
det være ganske bra at have et saadant Arbeide
til at "drive Tiden med" ; ialfald vil det være
godt i de 3 Aar Krigen endnu – efter hvad der
menes i Amerika – vil vare. For saa længe den
staar paa, forekommer det mig at vi lever i en
Art kulturel Fimbulvinter, som meget godt kan være
Indledningen til "den europæiske Kulturs" Ragnarok.
– Sælge Knudaheibakken ogsaa? Huff nei;
jeg ærgrer mig i al Hemmelighed nok over at
jeg har solgt Kolbotnen. Desuden, lidt Jærbu-
Trass er der i mig: denne Undheimsrampen skal
sgu ikke kunne fordrive mig! Jeg har faat fat
paa min forrige Gang omtalte Tømmermand; og
han har været her og revideret Huset fra øverst
til nederst samt sagt mig, hvad der nu bør gjøres
og hvad der kan udsættes til (mulige) bedre
Tider; med hans Hjælp vil jeg paa rimelig Maade
kunne klare Affærerne, saavidt jeg skjønner.
Desuden vokser "Skogen" min ganske modigt
nu; jeg vil se paa den i nogle Aar endnu, før
jeg gi'r mig. For jamenn har jeg havt Møie nok
med at faa den saa langt.
– Og nu til Lakedaimon! Med Helsingar –
til Dig og til tout Labraaten
Din G.
<side nr=70
Knhb. 4. 9. 17.
Igaar paa Garborg. Sa farvel for i Aar og
gjorde Avtale med Thomas, Kvernalanden um aa
stelle paa Huse mitt (Golv; Tak; Vindaugo). Var
etterpaa inn-um paa Tjensvoll, hjaa Eivind; han
driv Garden og er full Arbeidskar enno med sine
71 Aar. Litegrand Hjelp i dei stridaste Vinne-
tiderne hev han havt av tri Søner: 2 "Akademik-
karar" og ein Bonde (hev eit Smaabruk paa Tun-
heim); men Dreng hev han ikkje. No trøytnar
han elles; han vil slutte til Aars. Han sa ikkje
noko um, kven som daa skulde taka Garden.
–Brev fraa Hulda; det hev gjenge godt med
"Sovande Sorg" paa Kongsvinger, endaa dei hadde
fenge 5 Prøvur for lite. Vel er det; sant aa segja
hev eg vore ikkje so lite uroleg. – Dei unge
vil "forlove" (dvs. gifte seg), so snart eg kjem aust-
yvi att: Tuften i godt Lag. Som endeleg vel er;
han hev alltid vore noko modlaus av seg. Med
Husrom ser det vanskelegt ut; Huse hjaa Valstad
er burtleigt. Men Hulda vil flytja ovanpaa og lata
dei unge faa Stovehøgdi, og so "fær me sjaa".
Utpaa Hausten maa der vel bli Hus aa faa ein-
kvarstad; og Schjøtt – som nok helst vilde sleppe
aa flytja – ser koss det er og tek det rolegt, no
daa han ser han fær Tid til aa umraade seg.
Til meg skriv han og gratulerar, baade med
Tuften og med Odyssevskvæde. Men Honorar vil
han ikkje hava – um det vert aa faa –, eg
fær daa lata fru S. faa det eller setja det i
Banken paa hennar Namn –, til so lenge. Ein
snodig ein er den S.; men han er av den gamle
strenge, retts-plente Embættsadelen; ikkje ein
Skilling vil han ha, av di det – formelt – er
eg aaleine som er Umsetjaren. Men eg veit, at
utan hans Hjelp hadde ikkje eg vaaga meg paa
Homer: baade Tanken og halve Arbeide er hans;.
eg maa daa anten skifte likt med honom, eller
<side nr=71>
eg vert sjølv honorarlaus. So fær me daa sjaa.
–No hev eg set igjenom aatte av dei um-
sette Songarne, det fær vera nok til aa "byrja
med". Ymis Reinskrift trengst det; den tek eg til
med her –i Fristunderne fraa "Skog"-arbeide
mitt (Umplantning o. a.).– Og so austyvi, so
um ei 8 Dags Tid.
Knudaheibakken 11. 9. 17.
I Dag bér det austyvi att.
September hev narra meg i Aar; berre ein av
desse 10 Dagarne hev vore regnfri. Men klaga
skal eg ikkje; ein og annan StygvÍrsdag fraarekna
– og ein og annan serlegt strid av deim hev
her vore –hev Sumaren vore god; fin og mild,
ofte varm, ein framifraa Jær-Sumar.
Stova mi hev eg lært rett godt aa kjenne i
desse Regn-dagarne og ikkje minst Næterne; du
Verdi som det dryp, dryp, dryp, og ved Skorstei-
nen mest regner, fraa Take, naar det kjem Haust-
skurar av rette Slage. Og endaa ei Umtekkjing
–hev eg visst ikkje Raad til i desse Tider.
Kannhende sidan? Meir og meir uvisst. Eg fær
trøyste meg som fyrr. Stova held vel meg ut,
eller eg held den ut. At Myser og Rottur tek
til aa stordanse uppaa Lofte no er ikkje heller
gildt; men det er ikkje so rart; i Røyndi maa dei
kjenne seg Huseigarar her; eg er berre noko
Uty, som er til eit Grand Bry nokre Vikur um
Sumaren. Ein hev ikkje anna med Verdi aa
gjera enn sjaa aa koma til Rettes med ho, – til
dess ein vert kvitt ho.
–Med Arbeidssumaren fær eg vera nøgd;
Homer er "ferdug og dei fysste 8 Songarne
"gjenomsedde"; dei 4 fysste ferduge til Setjing–
og Korrekturlesing. Det vert vel stridaste Vin-
<side nr=72>
teren dette, men den siste, som vel er, – endaa
eg sjølvsagt vert dess meir glad med gamle Homer
di meir eg vert kjend med 'n. Eg fær ha Ilios-
kvæde til Hyggje og "Fristunds-"arbeid i dei Aari
som kjem,– um det daa ikkje skulde vera nokon
av dei unge (ein "klassisk Filolog"), som vaagar
seg paa Arbeide. Takk for i Aar daa Heimlande
–itaka – mitt.
Labraaten 20.9. 17.
Lang Heimferd; eg var so mange Stader "inn-
um paa Vegen": hjaa G. F., Nybyggjaren, grei,
praktisk Kar; fortalde meg koss (og kva Dato og
Aar) han vart umvend, hjaa Eivind Hognestad –
som eg ikkje raaka heime –; paa Njaa, hjaa
Enkja etter Endre; der gjeng alt vel; andre Sonen,
ein Gut paa 20, hjelper henne med Gardsstyre og
Gardsdrifti, til dess den eldste kann faa realisera alt
sitt i Amerika og koma heim, – kor snart no det
kann bli, daa U. S. A. er i Ufredstilstand! hjaa Furér
Mossige paa Bystykke paa Eiganese, med ei hyg-
gjeleg Kone av kjent Folk. So var eg inn-um i
Haugesund; der raaka eg ikkje dei eg vilde –
dei var i København – men av eit Slumpehøve
kom eg i Lag med Olav Dagestad, Aktiemeklar
no, ein av dei som slær Pengar i stort; men
Maalmann er han enno og held Lag med gamle
Kjenningar; saman med nokre av deim aat eg til
Middags hjaa 'n; og so tok me ein Biltur inn-
igjenom eit Par Mil til ein av dei innste og nørdste
Armarne av Ryfylkefjorden; hyggjeleg Dag. Og
i Bergen helsa eg paa Rusti-folke; dei er sine
same, greie og hyggjelege og gilde paa all Viss.
Og nok av Arbeid hev dei no um, Dagen; men
det gjeng med Portrætmaaling, og Rusti drøymer
um større Ting; no laut Tidi snart vera komi,
meinte 'n; og det same meinte eg. M i t t Por-
<side nr=73>
træt fekk eg "sitja" aat til Aars att, med di det
no ikkje vart Tid. Um Ettermiddagen køyrde eg
til Voss; der kunde eg nattkvile billegt paa "Mis-
sjonshotelle", hadde det vorte meg sagt. Det var
i alle Fall einaste Staden der det var Rom; elles
viste det seg der som so ofte, at norske – og
serleg landsnorske – lite duger til Hotelfolk.
Dagen etter skulde eg vore framme; men daa me
kom til Gulsvik kunde Konduktøren upplyse meg
um, at Tòge ikkje kom til Xia so tidleg, at eg
kunde naa Askertoge; endaa ei Nott laut eg daa
liggje paa Hotel. Laurdag vann eg daa sistpaa
fram; 6 Dagar hadde Ferdi kosta meg.
Hit var det berre gildt aa koma. Hulda hadde
endaa nytta Tidi til aa faa sett inn eit Par Tak-
vindaugo, eit ut i Gangen, so den hev vorte ljos,
og eit inn i Sengkoven hjaa meg, so no vert det
ikkje for myrkt her heller nokon Gong,– utan
naar Snjofonni vert for diger. Sundag gjekk me
(me gamle køyrde) til Drengsrudskogen og henta
Sopp; der raaka eg fysste Gongen Aagot – Gar-
borg skal bli; ho saag grei og tekkjeleg ut, so med
henne – som attaat er hagekunnig – maa
Tuften kunne koma vel ut av det. Men med ein
Gong kjende eg meg so trøytt, at eg var rædd
eg vart til lite Hugnad i det glade Ungdomslage;
eg melde meg ut og sa, at eg laut heim att og
slaa meg til Ro for i Dag. Eg saag nok so vidt
skral ut, at mitt Folk forstod eg hadde Rett;
Tuften fekk Fru Fougner<fmark ind="1)">) som er grei og beint-
fram med baade Millionar og Herregard, til aa
skaffe meg Hest og Vogn, endaa eg totte det
vart aa gjera vel mykje Braak for den vesle
Trøyttleiken Skuld; likevel fekk eg Grunn til aa
gleda meg for at eg kom snart heim; eg krabba
<fnote ind="1)"> Eigar av Drengsrud og versyster til William Ny-
gaard, Aschehougs forlag. H.G. </fnote>
<side nr=74>
meg aat Sengi snøggast eg kunde – og vart
liggjande mine 3 Dagar som vanlegt, naar dei
Uriderne kjem. No er eg uppe att og fær sjaa
aa stelle meg til Rettes fortast eg kann; eg hev
for det fysste eit Brev aa skrive til Forleggjaren
– som hev sagt Hulda, at det vert vanskelegt
aa gaa i Gang med Homer no i verste Julesjauen;
kann han lova meg Boki ut til Vaars, so sparar
eg honom gjerne til den Sjauen er yvistridd.
29. 9. 17.
Forleggjaren hev lova aa gaa i Gang med
Odyssevs naar verste Julesjauen er yvi dvs.: Slutten
Novbr. Eg tek det daa rolegt so lenge : ber inn
Ved og fær vel snart til med Jordepli. Og det
er det likaste, eg kann gjera; for um VÍre for
det meste er fint – med raudnande og gulnande
Lauv –, so er her so kaldvore, at eg berre frys,
naar eg skal sitja inne. Dessverre vert eg yn-
keleg snart jammerleg trøytt, naar eg skal arbeide;
og det ser ikkje ut til at eg "kjem meg med
Tidi" som fyrr.
– Fraa Hulda høyrer me ingen Ting; ho er
vel komi i Arbeid der uppe, veit eg. Og vil –
og bør – gjera seg ferdug, fyrr ho kjem bit ned
att; her fær ho ikkje Fred.
– Tysdag fær eg til Byn; Iver Holter hev
sendt meg Billettar til ein Konsert han vil halde
(og der han mill. a. vil føre fram ei Par Haug-
tussa-Songar; – kann slikt liggje for honom, tru?)
3. 10. 17.
Konserten var ein Songkonsert (Handelsstandens
Sangforening heldt med den 70-Aars Fest); og
der var mykje gild Song aa høyre. Og "Mot
<side nr=75>
Soleglad" og "Killingdans" gjorde seg godt; so i
Dag kunde eg med godt Samvìt skrive og segja
Takk for Innbjodingi. Fullt Hus og god Stem-
ning; av Kjenningar raaka eg Rosenkrantz John-
sen og den nye Kona hans; han er sin same.
– Paa Heimvegen raaka eg Advokat L. Meyer;
han er rett godt kjend med engelske Tilstand,
som òg med tyske; hev endaa nyleg vore i Russ-
land. Det han sa meg styrkte mi Vantru. Det
"Europa" me hev trutt paa er eit Faatal Fram-
gangsmenn som stod i O p p o s i s j o n til det Eu-
ropa som raadde. I Røyndi er det lite aa vente
jamvel av "Framgangs"-magterne (U. S. A. med);
"me fær sjaa"; men det me fær sjaa kann i
alle Tilfelle bli Nedgang og Attergang.
– I Morgo kjem Hulda att. Ho synest vera
nøgd med Ferdi, endaa det hev vore vanskelegt
for henne aa halde seg i Ro – noko so nær i
Ro – der som andre Stader; Brev og "Heimen"
forfylgjer henne, og eit og anna skal ho sjaa og
vera med paa. Heime vert det nok ikkje likare
i so Maate (kannhende fær ho eitgrand Blad-
krangling med, – men endaa maa ho kunne faa
"Hiawatha" ut til Vaaren; og det vert eit forvitnelegt
Arbeid, so vidt som eg kann sjaa (og noko nytt for
Teatri). Med Wentzel gjeng det godt der uppe; han
hev endaa kunna hjelpt Son sin so han hev fenge
seg ein lite større Gard (um elles Jordbrukaren
Jørgen Wentzel ikkje vil inn i mit Hovud.<fmark ind="1)">
–I Dag hev eg teke til med jordepli.
7. 10. 17.
I Dag hev "Fedraheimen" 40-Aarsfest – paa
ei Vis.
<fnote ind="1)">J. W. hev kunstnar-givnad etter foreldri sine, men
er likevel vortin ein framifrå jordbrukar. H. G.</fnote>
<side nr=76>
Paa ei Vis, ja. For det hev misst Live 2 Gon-
ger paa dei 40 Aari: "gjekk som Soli ned i
Blod"<fmark ind="1)"> i Skien fysst, og gjorde ein jammerleg
borgarleg Bankerot – under Namne "D. 17de
Mai" – seinare. Men var ingen Gong daudare
enn at det vakna upp att; ein fær daa ha Lov
til aa kalle det same Blade enno.
Eit Par gode Tider hev det au havt: 9de Juni-
og Riksrettstidi under mitt Styre og Unionsupp-
løysnings- og den fylgjande Tidi under Steins-
vik. Daa spela det ein ikkje so reint liten Rolle
millom Vinstrebladi; var i det heile eit av dei
Bladi ein laut "r e k n e med."
Men "lidne ero lange, laake Tider"; og det
vart dei som kom mest paa Tale i Gjærkveld,
daa Arne Falk var ber ute og skulde halde "ut-
spyrjing" yvi meg um den fysste Fedraheims
Tidi. Og mot mi Tru: at Vilkaari er heilt betre
no enn i mine Aar, heldt han fram, at i Hovud-
saki er Vilkaari dei same: Danskepressa hev
gjenge minst likso mykje fram som Norskepressa.
Dessutan: ikkje eit av Bladi vaare er beilt ovan-
paa enno. No i det seinste er dei dertil so lite
i Lag, at dei ikkje alltid magtar aa halda Fred
seg-imillom, dessmeir;, det hev soleis nettupp
vore noko Smaakrangel millom "D. 17de" og
"Gula", som hev gjenge rundt i mange Blad, til
stor Moro for Uvenerne vaare. Der er Ufred
millom "D. 17de" og Klaus Sletten (med "Møre
Tidend" o. a. Vestlandssmaablad) au; so at Flok-
ken er ikkje berre liten – mot den provins-
danske Héren, – men i full Borgarkrig. Noko
større "Jubilæumsstemning" kunde eg soleis skyna
at der var eller er ikkje i "D. 17de Mai", –
kva Veg det so sidan skal bera. Samstellte vart
me elles um, at med B o k heimen vaar hev det
<fnote ind="1)"> Som anarkistblad. Siste nummere vart prenta på raudt
papir. Rasmus Steinsvik var dengongen bladstyrar. H. G.</fnote>
<side nr=77
gjenge dugeleg fram desse 40 Aari, og at det
maatte spaa godt. –
–Med Jordepli er det berre nokre Dagars
Arbeid att no; der bør det daa i alle Fall gaa
framyvi, og det fort, – um elles GodvÍre held seg.
15. 1O. 17.
Etter Jordepli held Vedsjauen paa; og den vert
burtimot endelaus. Um Sundagarne hev det vore
Gjesting hjaa – eller av – Folke vaart; det
vert ein og annan "Middag" for dei unge au no.
Men no stillnar det vel av – so til Jol att.
– Lieng arbeider med Smaabrukarann sine,
som han fær meir og meir yvi paa George-sida;
heilt klaar synest han elles ikkje vera; eit Upp-
kast til Program, som han hev late meg sjaa
igjenom, smakar her og der ikkje so lite av So-
cialdemokratisme attaat. Men paa Veg til aa faa
eit lite georgistisk Parti synest me daa endeleg
aa vera. – Han hev òg late meg sjaa igjenom
eit Par Utgreidingar (um Ivar Aasen og um "Det
engelske og norske Maalstræv") av ein ung Lærar,
Eirik Hille, som baade skriv og tenkjer greidt og
lett, og som visst kunde bli ein god Arbeidsmann
(Maale hans er elles enno dansknorskt – ofte
ille uppblanda –, som hjaa dei fleste unge;
Raad med dette er her vel ikkje, so halvdanske
– eller halvnorske – som alle Skular og Skule-
bøker og det meste av Bok- og Bladbeimen er),
– no spyrst det um aa faa desse Utgreidingarne
ut. – Ein annan ung Lærar, som hev vore sinns-
sjuk i nokre Aar (han vedgjeng elles ikkje det;
hev med Fantekunster vorte sett paa "Asyl";
men der synest han alt ha vore rett lenge); no
vil han søkje Stortinge um Hjelp til aa faa noko
Jord; og so skal eg hjelpe 'n med nokre "varm-
<side nr=78>
hjarta" dvs.: hjartevarme Ord – eit Vitnemaal –
eg, som aldri hev høyrt Mannen nemne. Ja, ja.
Men ein ung Mann, som vil noko, v a a g a r
noko, v i n n noko ... er det nok gildare aa
raaka paa. Naar det ein Gong imillom, so tju-
gande-kvart Aar, kann hende!
–Verdi held paa med sitt same: med aa rive
seg sjølv sund. Ein og annan tysk Minister held
no og daa ein "Freds"-Tale til Styrkjing for den
tyske Krigshugen; han talar alltid so, at han veit,
Vestmagterne ikkje kann høyre paa det. I Bladi
gjeng det stundom Fraasegner um, at baade det
tyske Folke og dei tyske Soldatarne trøytnar av
den endelause Blodtappingi; men kor mykje der
kann vera i det fær ein sjølvsagt ikkje Greie paa
Engelland og Frankrike "held ut" – og hev
Framgang her og der; men alt held seg med det
same. I Russland vippar det som fyrr millom
Revolusjon og Bakstrævar-Statskupp; Tysken gjeng
fram, og Kerenski skriv Proklamasjonar; Amerika
skal "koma til Vaars". Eg fylgjer berre so maate-
leg med; undrast eit Grand paa Japan, som held
seg so stilt; ventar det, til dess Europa-Amerika
hev forblødt seg?
–Det er "Reformationsjubilæum" i Aar: 400
Aar sidan Munken Luther slo upp sine Teses paa
Kyrkjedøri i Wittenberg; no strøymer det daa
Heil- og Halvteologar fraa alle Land fram paa
Talarstolar og i Bøker og Blad og læt oss sjaa,
at dei ikkje er komne stort lenger enn denne
Munken fraa det 16de Aarhundrade. Og stort
lenger er Verdi i det heile ikkje komi, so nær
som i Mekanik og Myrdekunst; serleg i Tenkjing
og Etik er det berre det "utvalde" Faatale som
hev naatt nye Høgder. Men er ber i søme Maatar
Framgang, so er her i andre Maatar nok av Atter-
gang; og det er vel ikkje so svært mange, som
er med paa "Festen", veit eg.
<side nr=79>
– Eit svært Opus av den hollandsk-belgiske
Prof. Dr. H. Logeman um Per Gynt (kritisk Gje-
nomgaaing av Grunnteksti og dei utanlandske
Umsetjingarne) hev eg arbeidt meg igjenom; Ar-
beide er paa sin Maate forvitnelegt. Og det viser,
at Ibsen meir og meir vert aalmenn Klassiker.
Eg er ikkje med Logeman i alt; Per Gynt er
for mykje "Nordmannen" som skal ha Pryl til at
han rett kan bli Menneskje – soleis i Samhøve
med Solveig –; men der er svært mykje godt i
Arbeide. Og paa sin Maate løglegt er det aa
sjaa, kor lite det vesle norskdanske "Folke" hev
kunna greie den Tanken, at her hadde Norig
skapt ein europæisk Klassikar; dei hev kje so
mykje som kunna lesa skikkeleg Korrektur paa
denne Klassikeren sin, minst dei danske For-
leggjar-Korrektørarne; sjølve Gyldendal dvs. i sei-
nare Tid Peter Nansen, hev teke det rett rolegt
med den Ting (Danskarne hev vel i det heile
ikkje lika, at det vart den norske Provinsen, som
kom til aa skapa ein europæisk Klassiker); sjølve
Prof. Joh. Storm hev ikkje greidt Korrekturen
som han burde: hev freista aa "rette" paa Ibsens
Rettskriving, men hev ikkje gjenomført denne
Rettingi heller. No krev Europæaren Logeman
ei Ibsen-Utgaave med Ibsens eigi – ofte feil-
fulle, mangeleis skiftande – Rettskriving; for
det Europa bryr seg um er I b s e n og h a n s
Maalform, ikkje skandinaviske eller norskdanske
Rettskrivingsreformer; me fær daa sjaa, kva dei
norskdanske vil gjera med det.
– Same Dr. Logeman held no um Dagen paa
med aa setja um "Fred"; rett som det er lyt eg
hjelpe med Maal-Upplysningar. Men no hev han
arbeidt seg inn i Boki, skriv han, og han segjer
meg svært hyggjelege Ord um dette Arbeide, som
elles – for honom med –lenge var stridt "myrkt".
<side nr=80>
2. 11. 17.
Endeleg er me ferduge med Lutherfestingi.
Millom alt det vanlege teologiske Luther-tulle
hev elles eitt og anna vìtugt vore sagt; Edv.
Bull var soleis rett modig i ein Dagbladskjellar.
Og Fr. Paasche hev i ei lita "Luther"-Bok skrìve
godt og fint um baade det store og det tidsbundne
ved denne Mannen, og um det hyggjelege med.
Og ved Universitetsfesten igaar kunde jamvel ein
Prof. teol. vedgaa, at Luther var Menneskje.
– Med Russland ser det ikkje rart ut; desse
Marxistarne ser ut til aa vilja sigle Skuta i Aake-
ren med ein ny Revolusjon; og i Ufreden greier
Lande seg berre so maateleg. Og Parlaments-
møte hev vorte utsett endaa ein Gong. Men ein
fær "tru" eit Bil enno. – Med Italia gjeng det
reint skralt. Den tyske Luftkrigen mot England
(London) held paa; men Engelskmannen greier
seg; noko større Framgang i Belgia gjer han
ikkje. Og Franskmannen vinn seg ikkje ut yvi
Defensiven. At Tysken lyt sende store Hérar
til Russland og Italia (og hev fenge "Krigstilstand"
med Brasilia med dvs. snart sagt heile Verdi) synest
ikkje vera Vestmagterne til noko større Hjelp;
d’er oftast "stilt paa Vestfronten". Amerika hev
enno ikkje gjort noko av seg. Men Vilkaari for
dei nøytrale versnar. Me vert sette meir og meir
paa Rasjon i Norig med; og fyrr eller sidan kjem
Hungertidi. Men noko aa gjera for oss Smaafolk?
Anna enn "protestera", kvar Gong Tysken for
altfor barbarisk aat? – Kva i Verdi skal eit
Smaafolk gjera?
– Inga Nalbandian, som for eit Par Aar sidan
gav ut "Den store Jammer", hev i Aar, gjenom
"De Hjemsøgte" gjeve Bilæte fraa den endelege
Nedslagting av det armeniske Folke; Slagtaren er
Tyrken, studd av den "kristne" Tysken, som hev
samansvore seg med Tyrken mot dei "kristne"
<side nr=81>
"Brørarne" sine i det heile. Og no kunde ikkje
Russland heller hjelpe Armenia. Eg hev lese
meg sjuk paa den Boki; men der er Inkje aa
gjera. Og segja noko er faafengt. Men jagu
kann det stundom vera vondt aa vìta, at der
ingen hemnande Gud eller Djevel finst. Der er
Inkje i Vegen for, at Tysken-Tyrken vinn i den
Storstriden som no stend; og daa vil desse Ban-
ditarne faa den Løni dei sjølve ynskjer seg –
um dei elles kann bli samstellte um Utbytingi –
for dette Folkemorde. Og um Tysken-Tyrken
i k k j e vinn, – naar det eingong kjem til Freds-
uppgjerd, so hev alle gløymt Armenia.
– No fær eg i Veg med Homer att.
6. 11. 17.
November. Regn og Skodde, myrkt og sturt;
mest Uraad aa arbeide. Og Verdi gjeng paa
Skakke, i smaatt som i stort, so at den som no
ikkje kann slaa seg like sæl, han er ille faren.
Og slaa seg like sæl, naar det gjeng smaatt med
Arbeide, det er ikkje lett; men for meg er her
endaa ei Hjelp: i slikt VÍr, og serleg, no, daa
Helios er si meste Tid i Underverdi, vil eg helst
berre sove. Berre um Kvelden, naar Ljose er
kveikt og Verdi heilt utestengd, kann eg halde
meg vaken; men det er ikkje lenger som fyrr,
at Kvelden og Natti er mi beste Arbeidstid.
Med Ufreden er det som vanleg; Tysken gjer
Ugagn kvar han kjem, og Vestmagterne vinn
ikkje meir enn verja seg, og det um so Tysken
samlar si meste Kraft i Aust eller Sør (det er
Italia som no vert nedtrampa). Minst magtar
England aa verja oss nøytrale; det siste tyske
Sjørøvarverke i Nordsjøen hadde slik Framgang,
av di dei engelske Konvoiskipi var so smaae og
<side nr=82>
so skrale. Ned i Litle-Asia er det ikkje stort
meir enn at England klarar seg mot Tyrken, dess
meir; og Russland, Stakkar, greier seg so vidt
mot seg sjølv (det Marxist-upprøre som ikkje kom
den Dagen dei venta, det kjem sjølvsagt ein Dag
naar dei i k k j e ventar det).
Her heime vert det verre og verre med Dyr-
tidi og meir og meir Kniping med Mat: dertil
aukar det med Uppskrike um at dei Styrande hev
teke det for rolegt: me skulde havt Knipepolitiken
fyrr. Korleis det daa skal gaa, um Krigen held
paa i endaa nokre Aar, det er der visst ingen
som kann gjera seg nokon Tanke um. Dessverre
hev Aare vorte rett skralt – nordpaa so laakt,
at det der kann vera av Meiravling sørpaa vil
turvast berre til lempeleg Utjamning –; andre
Stader i Verdi er det kje heller noko rart; og
det der er av Mat maa fysst og fremst gaa til
dei Millionarne, som er utkommandera til Myr-
ding; men di lenger Myrdingi held paa, di færre
Jordbrukarar vert det; Fanden er laus, og nokon
Peder Dass Finst det kje lenger. Det lyt daa
berre "gaa som det kann" eller "gaa til dess det
gjeng sund"; meir er her ikkje aa segja.
I Danmark og Sverig er der elles Folk som
enno hev Framgangsmod: Samstyre-Menn og
Rettsdemokratar; det plar eg trøyste meg med,
naar Svartsyne vil taka Magti. Men Tvilen vil
vakne her med: det Gode ligg vel under no som
det plar gjera?
10. 11. 17.
Ny Revolusjon i Russland. D. v. s. alt der inne
stend so laust no, at kven som vil kann faa det
til aa ramle. Det fyrre Revolusjonsstyre er sett
fast og Kerenski rømt; dei nye "Magthavarann"
kallar seg "Maksimalistar" (eit socialistisk Parti,
<side nr=83>
som styd seg til Arbeidarar og Soldatar), og den
nye Føraren heiter Lenin. Program: 1) ein de-
mokratisk og rettferdig Fred utan Anneksjonar
eller Skadebøter – straks; 2) Jordi til Bønderne;
3) Arbeidarane skal føre Kontrol med Produksjo-
nen. Ei Arbeidar- og Bonderegjering er alt skipa
og ein (Arbeidar- og Soldat-)Kongress fraa heile
Russland (?) opna.
Programe ser godt nok ut. Men ein demo-
kratisk og rettferdig Fred straks, naar Tysken
stend langt inn-i Russland og Russeheren er heilt
demoralisera (og dei nye Herrarne g j e n o m-
f ø r e r Demoralisasjonen), – det kann ikkje bli
anna enn Snakk. Det er vel "Russlands Sjølv-
mord" som er i Gang (Dagbl.) – dessverre.
(Um det daa ikkje kjem ein Kontra-Kontrarevolu-
sjon i Morgo att?) – Russland var nok likevel
ikkje "mogje for Fridomen".
– Den Rasjoneringspolitiken, som er komen
so braatt, og so beint i Strid med Statsraad Viks
Politik alt til langt ut paa Hausten, – er, etter-
som det no fraa snartsagt alle Kantar lydest –
komen so mykje for seint, at det svært lite Hjelp
vert i ‘n. Samstundes hev det vorte sagt – av
ein som bør vìta det –, at Verdi "gaar en al-
mindelig Hungersnød i Møde". Dette siste hev
eg lenge ræddast fyre. Og det vert ikkje berre
Hungersnaud. For naar d e n kjem – for Aalvor
kjem –, so gløymer Folki alt anna, og so vinn
Reaksjonen, – kannhende meir enn han paa
hundrad Aar hev tapt. Hev Pessimistarne Rett i,
at alle Folk er "umogne for Fridomen" – og vil
so bli? – Det siste kann eg i alle Fall ikkje
"faa meg med paa".
Men det vesle fatige Norig, som snart kjem
paa Sveltekur sjølv, lyt likevel hjelpe til med aa
brødføde dei store Krigsmagterne. Z(entral) E(in-
kaufs) G(esellschaft) ligg kringum i dei norske
<side nr=84>
Byarne og hjelper til med, at Tyskland fær det
d e t skal hava av Norigs Fiskefengd (15 pro-
sent), og B(ritish) P(urchase) A(gency) syter like-
eins for at England fær sitt. (I eit Blad fortél
ZEG-chefarne, at d e i er under streng norsk Kon-
troll og at BPA er kontrollfritt?" – Det er slikt
som smaae Folk kallar Sjølvstyre. Men – noko
maa dei betala, Stakkar, um dei vil faa Lov av
Stor-Folki aa vera til. Skulde det no bli aalmenn
Sveltihel, so fær me i alle Fall same Retten –
ja kannhende større Rett – til aa s v e l t e enn
StormagtsfolkÌ, – um det kann trøyste oss.
– Eg driv paa med Odyssevs. Arbeidet vert
meir og meir "tusun-djøfla", di gløggare eg
vert. Men like gagnlaust; kven bryr seg um
Homer no for Tidi?
22. 11. 17.
Var inn paa "Vor Frue Hospital" i Dag og
saag um Hulda. Noko likare er det med henne
no; men ho er svært veik. Og harde Pinslur
hev ho kvar Dag aa greie. Operasjonen burde
vore gjort for eit Par Aar sidan. No vert ho visst
liggjande lenge der inne; og einaste Voni er, at ho
etterkvart kann venia seg til baade Gatestaak og
Operasjonssal-Uro. Væl er det, at ho hev ei
hyggjeleg "Syster" (Fraa Savoyen) til Diakonisse. –
Brevskrivingi hennar fær eg greie so lenge.
– Fraa Politiken utan- som innanlands lite
anna enn leidt aa høyre. Russland riv seg meir
og meir sundt (og Monarki-Tanken tek til aa
vakne att); Italia er der lite ved, og i Frankrike
veks Modløysa (og Ministerskifti; siste Minister-
chefen, Clemenceau, ser elles modig ut); i Eng-
land klarar Lloyd George seg so vidt; og Ame-
rika er ikkje kome med det enno. Noko svært rart
<side nr=85>
er det nok ikkje i Tyskland heller; men der er
Hervelde so sterkt, at Folkemeiningi spør ingen
etter. – Her heime hev dei diskutera Regjerings-
spursmaale so ei 8 Dags Tid; einaste Resultat:
Gunnar Knudsen hev ofra Oddmund Vik (etter
at han fysst hadde lyst heile Regjeringi skyldig i
den Syndi som skulde vera Viks største). – I
"Gula" hev Johs. Lavik eit langt Foredrag, som
viser, at Bonden held paa og søkk (det hev han
visst Rett i), og at Vinstre er eit Byparti; men
det Møte der Foredrage vart halde, heldt seg like
fullt til Vinstre. Andre Maal- og Vinstreblad
nemner ikkje Spursmaale.
– Kristofer Janson er slóppen. Denne fysste
og fremste By-Maalmannen – ei fin, rak, nobel
Personlegheit – lìvde sine siste Aar og døydde
i Kjøpenhamn; si Ungdoms Von um eit heil-
norskt Norig hadde han ikkje lenger. Men me
fekk sjaa aa vinne so langt som me kunde, hev
han meint. Og meir er her vel ikkje aa segja,
veit eg.
– Gunnar Heiberg hev havt 60-Aarsfest. Eg
skulde ha sendt Helsing, eg òg, men kom ikkje med
i rett Tid; og um eg enno kann faa Stunder til
eit Brev veit eg ikkje. Der er aldri Tid; kvar
Stundi hev eg minst tri Ting aa gjera; og Ar-
beids Kraft og Mod – – –
27. 11. 17.
Fredstanken vert nedkuva Gong paa Gong.
Men han vaknar og vaknar paa nytt, som rime-
legt er, og vert sterkare og meir aalmenn etter-
som Krigstyngsla vert hardare; no skal han vera
aat aa faa Magt i sjølve Tyskland. Med Michaelis
skal Krigspartie der vera fellt; den nye Riks-
kanslaren, Bayraren Grev Hertling, skal vera
<side nr=86>
Fredsmann. Og det er Riksdagsfleirtale, som hev
tvinga det siste Kanslarskifte fram; "Berliner
Tageblatt" ser difor i dette Skifte Dagningi av ei
ny (parlamentarisk) Tid. (Andre er mindre stor-
drøymde). Men i alle Fall er der eit stort Riks-
dagsfleirtal, som krev Fred utan Landvinningar
eller Skadebotskrav; og naar Kanslaren er med
paa dette, so maa Keisaren au ha gjeve seg. –
Kor sætande dette kann vera er eit stort Spurs-
maal; men at Folke trøytnar av aa vasse i den
ævelege Blodflaumen og dertil halvsvelte, naar
Vonerne um aa "vinne Verdi" ikkje lenger er
noko sers trygge, det kann ein forstaa. Og Verdi
i det heile – som vrid seg under Dyrtid, villt
aukande Statsgjeld og Halv- og vel snart Heil-
hunger – den tok vel snart Fred paa kva Vil-
kaar som helst. Men so er det England (som
vinn eit og anna Slag no) og Amerika (som enno
ikkje er kome skikkeleg med); dei vil vel ha
Prøyssaren betre gjenomprylt, fyrr dei slepper ‘n.
– I Gaarkveld kom eg til aa kikke igjenom
eit Nummer av noko som kallar seg "Stjernebla-
det" (sendt til Hulda); og eg tenkte med meg
sjølv: sjuke Draumar i sjuke Tider. Det er
"Østens Stjerne" og ein ny Kristus som skal
koma, o. s. b.; attum stend den udøyelege Annie
Besant. Men sidan tenkte eg: Kven veit? "Stjer-
nen i Øst" hev til Motto: "Tankefrihed – i Reli-
gion, i Videnskab, i Kunst; selvstændig Tænk-
ning sammen med den høieste Tolerance er Frem-
tidens Løsen"; det er ikkje ille. Annie Besant
maa vera meir til Kvinnfolk enn eg hev tenkt;
og ho er engelsk og praktisk (no ligg ho t. D.
ned i India og held paa aa reise Folke der baade
religiøst og politisk; hev vore i Hòle eit Fjor-
dungaar eller so for dette, men held paa like
godt). Ho veit, at Folke (l a n g t upp-etter), –
det treng Mystik. So driv ho paa med Profet-
<side nr=87>
Fakter og Talemaatar og Bilæte og fær paa den
Maaten Magt; nyttar so den Magti til aa inn-øve
Folke i evangelisk Kristendom; for berre paa
den Maaten kann me fyrebu oss – segjer ho –
til den herlege Tidi daa den nye Messias kjem
(dvs. den gamle som kjem paa nytt); og ved aa
suggerere Folk dette fær ho dei til aa gjera det
dei kann til aa fylgje Evangeliekravi. Og det i
Samfundslive med, der ho er til Hjelp for ymist
– ikkje minst økonomiskt – Framgangsarbeid.
Fær ho daa Folke so langt, at Vilkaari ein Dag
tek til aa ljosne for det, so segjer ho vel: ja no
er Kristus komen, ikkje nettupp synleg, men . . .
(Ein synleg "Store Meister", "Verdslærar", "Herre
Maitvega" kann vel elles au lata seg arrangera).
Og Folke trur; for Vilkaari besnar Dag for Dag.
Soleis greier kanskje ho det, som me kloke stend
fast med: aa faa F o l k e inn paa etisk og øko-
nomisk Framveg! Ho er "Protektor" (ikkje –
trice) for "Ordenen Stjernen i Øst" o. fl. slike
religiøst-sosialistiske Lag (soleis "Rosenkorstem-
plet", som – merkeleg nok – hev "Høitemplet"
i Kristiania og "Provinsialtempel" i Kjøpenhamn
og Stockholm); i India gjev ho ut tvo Blad, o.
s. fr.
– Lars Eskeland hev umsett eit indisk Dik-
tarverk (fraa engelskt) til Norskt: "Hagemannen"
av Rabindranath Tagore (som i 1913 fekk Nobel-
prisen). Arbeide synest betre gjort (dvs. paa betre
Norskt) enn eg hadde venta; men mange vert
det ikkje av oss Halvbarbarar, som fær Tak paa
denne fine Poesien fraa ein Kultur so gamall
som den indiske.
28. 11. 17.
I sjølve Tyskland tek det endeleg so smaatt til
aa vakne Reaksjon mot Nietzsche-Sjukdomen; i eit
<side nr=88>
elles kav prøyssisk Tidskrift dernede hev det
nyleg vore sagt, at Magt er i k k j e det høgste,
ja at Magt utan Rett er Dyrehaatt: Villskap,
"Brutalitet". Det er godt, at slike gamle San-
ningar vaagar seg fram att; men den prøyssiske
Stuten vil ikkje forstaa ei slik Sanning, fyrr han
fær ho banka inn i Skolten sin, – og knapt nok
daa heller.
Noko sant er der elles hjaa Nietzsche med:
Retten treng Magt, um han skal staa trygg – i
ei Verd som enno er halvvill. Og til alle Tider
trengst det K r a f t, Livskraft, Arbeidskraft. Me
Smaafolk kann koma til aa visne burt av denne
prøyssiske Trui, at Kraft = Magt, Bøffelmagt til
aa stange ned andre.
Dei tri nordiske Kongarne var samla i Oslo
igaar; og heile Byen skal ha stade paa Ende, –
som rimelegt var; det er nok fysste Gongen han
heilt hev kunna kjenne seg Jamnlikar med Stock-
holm og Kjøpenhamn. Men den "Norden"-Poli-
tiken som no tek til, den spaar ikkje godt, –
utan (kannhende) i det Tilfelle at det vert Ende
paa das Preusserthum. Og um d e t er ven-
tande –??
– "Lærebog i Retsmoral" (ved Axel Dam)
heiter ei lita Bok (paa 1 1/2 Ark), som burde kunna
bli "den nye Katekisma", um ho klaart nok heldt
fram, at dei nye 5 Bòdi er naturgjevne, og at
Bròt paa kvart eit av deim straffar seg sjølve.
Eg vil elles sjaa aa faa meldt ho.
"Vore Fruers" Hospital 30. 11. 17.
Det gjeng betre med Hulda no, men svært
smaatt.
– Den "romerske Kyrkja" i Norig hev nok ikkje
so mykje aa gjera med som eg hev tenkt. Hospi-
<side nr=89>
talet hev for faa "Systrar" no; dei hev altfor urime-
leg mykje aa gjera; det er Overarbeid stødt, og aldri
Kvile, aldri Fritid. (Upp Kl. 5; Morgonstellet krev
kvar Sekund til Kl. 9; Operasjonstimar fraa 9–1
og 5–7 paa alle 3 Operasjonssalarne, som stødt er
fulle av Patientar; endelaust Arbeid med aa halde
Operasjons-greiur og -salar og alle Rom reine o.s.fr.).
Men glade og alltid venlege og huglege gjeng
dei der stødt, – til dei stuper. Serleg i desse
Ufredstider er det knapt med Tilgangen; der er
meir enn nok aa gjera baade i Frankrike og Tysk-
land no. – At elles franske og tyske Systrar
kann samarbeide no er merkelegt og hadde ei
Tid sine Vanskar; men Abbedissa hev forbòdet
deim aa tala anna Maal enn "Norskt"; og det
hjelper, – kóss det no kann ha seg.
Hjarteleg snilde og sant kristne er desse Sy-
strarne med all sin Katholicisme; Hulda er reint
glad i si. Men gjev det maatte gaa noko raskare
framyver med Helsa!
4. 12. 17.
Siste "Edda" inneheld eit Stykke um Joseph
Bédier, som endeleg gjev meg Greie paa Mannen:
han held paa aa slaa fast det eg lenge hev tenkt:
at "Folkedikt" som andre Dikt hev kvar sin For-
fattar, og at "Folke" ikkje hev havt anna med
desse Diktingarne enn at det song (og fortalde)
deim – og blanda deim ihop og gjorde Tildik-
tingar og Umdiktingar, som var meir eller mindre
gode (eller laake), og etterkvart halvgløymde og
sistpaa heilgløymde deim. So maa det vera. Og
denne gløgge franske Granskaren hev i Tilfelle
etter Tilfelle paavist, eller daa gjort det til det
einaste rimelege, at so e r det; dermed kann ein
daa vel gaa ut fraa, at d e n Draumskodda snart
<side nr=90>
vil vera sprengd og burtblaasi. – Paa sin Maate
forvitnelegt er det aa lesa um, korleis dei gamle
Klostri var reine Forretningshus i Reliquia, hei-
lage Lik, Segn-"historie"-dikting o. a. som kunde
draga Gjester til Klostre, og koss dei og konkur-
rera med kvarandre i so Maate, som all Forret-
ningsdrift gjer og hev gjort. Og naar i vaar Tid
romantisk Gransking hev vilja gjeva Folkediktingi
historisk Innhald, so paaviser Bédier i Tilfelle
etter Tilfelle, at det der er av Historie i det
høgste kann vera eit Namn; det Diktarane hev
nytta er Folkesegner og Munkekonstruksjonar og
so sin eigen Fantasi. Men sjølvsagt gjev desse
Diktingarne – som poetisk kann staa høgt –
Tidsbilæte: i mange Maatar lærerike Bilæte, av
Live i dei Tiderne dei var dikta.
– Prof. Logeman hev fenge ut fysste Bande
af "Scandinavische Bibliotheek" ("Arne en Hulda
Garborg: Buiten in de Bergen" dvs. "ute (uppe
vilde me segja) i Fjelli"). "Biblioteke" skal bli
ei Samling av danske, svenske, norske, islandske
Verk av snartsagt alle kjende Diktarar fraa sei-
nare Tider, og dertil "Studies" yvi mange av
deim og literære og Maal-utgreidingar (soleis yvi
"de nieuw-Noorsche taalbeweging (Maalstræv) van
Aasen tot Garborg"). Det maa bli eit stort Verk;
og greier det seg, so er der meir literær Interesse
i Holland enn eg tenkte.
– Fredsforhandlingar millom det nye (social-
demokratiske) Russland og Tyskland ser det ut
til at det skal bli, – kva Veg no det kann bera.
I Russland er elles alt so ugreidt, at ein ikkje
kann "tru" lenger enn fraa Dag til Dag. Og det
store Spursmaale er i alle Tilfelle: um Amerika
snart kann koma med i Ufreden. Enno er alt
berre Skodde og Spursmaal.
<side nr=91>
13. 12. 17.
– Engelskmennerne hev teke Jerusalem. Der-
med skulde jødarne ha Von um aa faa att Lande
sitt (under engelsk Overhøgd, sjølvsagt, – liksom
fyrr under romersk, babylonisk o. s. fr.).
Ja; um Vestmagterne greier seg mot Tysken
daa; – det orkar eg mindre og mindre aa
tru paa.
Russland er sprengt (og alt der inne reint villt;
Soldatar røvar og Bønder brenner og alle er i
Slagsmaal). Italia er døyvt; Frankrike veiknar;
Amerika ligg for langt or Vegen; det spyrst daa,
kor lenge England kann halde ut; for Prøyssaren
hev 2 Millionar Mann no paa Vestfronten. Enno
talar Asquith modig; men ingen kann tru lenger
enn fraa Dag til Dag i desse Tider.
Noko med det uhuglegaste er, at Berlin hev
Studnad i Rom; og Kyrkja er lur og langfingra
som sin Herre og Meister Fanden. Men Berlin
hev Studnad i Rom, av di "Centrum", Katholi-
cismen, er sterkare i Tyskland enn me taapne
Lutherske hev Greie paa. Naar daa den berlinske
Sabelen og Politistokken slær Lag med det ro-
merske Krucifikse – til den Sida vil Mammon-
kyrkja òg søkja, daa visst Tyngdi av ho –, so
er Helvitmagterne samla og daa visseleg allmeg-
tige. (Rom hev mykje Magt i England med; og
der er meir enn nok av baade Katolikar og Ty-
skarar i Amerika).
Di meir eg tenkjer paa dette, di mindre veit
eg elles kva eg skal segja um det. I Vestheimen
med sine Bankar og Børsmatadorar er Folke
ikkje betre fare enn i den romerske Verdi; ja
paa ein Maate er det verre fare; for attaat Ban-
karne og Børsherrarne hev Rom-Verdi Kyrkjur
og Munkar, som med gamle Kunster og Tale-
maatar kann "trøyste" Folke; ho hev og det
Vìtet at ho held Folke faakunnigt, so det finn
<side nr=92>
seg i alt, i Svelting med, og finn seg rolegt i det,
med Folke stundom gjer Staak i Vestheimsby-
arne, – faafengt Staak som gjer Vondt verre
helst. Er det daa kje likso godt, at Verdi som-
nar heilt av att? Anna enn Fuske-"Fridom og
Rett" fær ikkje Folke kor-som-er. Ikkje i "det
frie Amerika" heller. Og i det "kristelege Eng-
land" minst. Vestheimen hev nok havt sin Henry
George; men han vert nedlògen og nedtagd.
Eller nedkjøpt, um han her og der kann koma
upp for ei Tid; Folke hev aldri kunna halde
Retten sin uppe i det lange Drag; dertil er det
for stutt-tenkt og for smaatenkt.
– Naa-ja; "me fær sjaa." "Korleis det gjeng
og ikkje gjeng, so gjeng det daa eileis"; og um
det so gjeng verst,– me vinn oss i alle Fall
fram til Gravi.
15. 12. 17.
Kr. Bing, Formannen i Olsok-Nemndi i Bergen,
spør i eit "aabent Brev til D'hrr. Stortingsrepræ-
sentanter", um "Olavsdagen" skal "tvinges ind-
paa os"; sjølve dei historisk-nasjonale Minni vert
Stridsspursmaal i Norig.
Naa-ja; det er som med Maale. I andre
Land er det "det Rosenbaand, som store og smaa
omslynger"; hjaa oss slæst me um det. D. v. s.
me hev tvo Maal 3: inkje-noko. Fleirtale Fiktar
for sitt Provinsdanske (som elles kvar skriv paa
sin Maate); og Faatale hev i 60–70 Aar ført
Krig for sitt Norske (som like eins kvar skriv paa
sin Maate); og Ufreden kjem til aa vara 1 60–
70 Aar til minst, – um elles Norig "stend" so
lenge.
Paa same Maaten med Flagge. Det vart av-
gløymt i Dansketidi; og likesæle tok me Dane-
brog i Staden; i 1821 laga me oss eit nytt, av
<side nr=93>
Fargarne i den franske Trikoloren (som dei vel
hev meint skulde gjera. Charles 14 Jean blid).
Me "fekk" daa det Flagge, um ikkje paa den
Maaten me sjølve vilde; og sidan fikta me (dvs. ser-
leg dei Norskdanske) med Svensken um aa faa
det "frigjeve", so det kunde gjelde paa alle Havi.
Sidan kom Oskar I med sitt Unionsmerke (som
gøymde paa ei djupare Sanning enn me gauma
etter: det var ihopsett av b e r r e d a n s k e o g
s v e n s k e Fargar); det forte til "Flaggstriden",
som vel var den forgiftigaste Borgarkrigen me
hadde i Svensketidi.
1 1905 vart den norske Trikoloren heilt fri. Men
dette rare, at Norig fraa eldre historisk Tid skulde
vera flagglaust meir enn t. D. Sverig og Dan-
mark,– det viste seg ein god Dag aa vera
Tull: raudt med gul Kross var det gamle norske
Flagge. Det var daa søme som tok dette gamle
Flagge upp; serleg var det eit og anna Ung-
domslag som tok raudt og gult til Merkefargar.
Men dette syntest det elles aa somne av att; men
so friska Hulda upp Minne hjaa Ungdomslagi att,
og der kom noko meir Liv i Leiken.
Snart vart det likevel eitgrand Flaggstrid. att;
eit norskt Ungdomsblad protestera brandraudt imot
ein Tanke, Hulda hadde nemnt: at eingong maatte
det gamle norske Flagge bli Riksflagg att. Mot
den Protesten protestera so eg; og det vart so vidt
Strid, at det vart lagt Merke til. Straks kom daa
Vinstreblad etter Vinstreblad, og alle Maalbladi
med so nær som "Gula Tidend", og forsvara Tri-
koloren med Nebb og Klo; norske Fargar vilde
me ikkje vìta av her til Lands. (Serleg fanatisk
var H. E. Berner, som ein alltid kann forstaa).
Ikkje minst song Anders Hovden upp (i "Olsok"):
det rette norske Flagge var fraa gamall Tid og
dermed reaksjonært! Elles var dette med Flagg
og Fargar- noko som var lite aa bry seg med;
<side nr=94>
"eg hev aldri lagt større Vegt paa slikt." Eit lite
Serhogg til Hulda hev han elles òg: "alt det som
kjem fraa Vevstolen og Fargaren, anten det er
Flagg eller B u n a d e r, det er det kje so nøgje
med." – Nei nei; Anders Hovden er nok so
gild ein Flosshatt-Herre som nokon! Me hadde
nok, meinte han, med aa arbeide for Maale.
Der stend me. Eit Mindretal for norskt Maal,
og snartsagt ingen for norske Fargar; me er nok
ikkje for ingenting ein 500-Aars Heil- og Halv-
provins.
–No ser eg, at me snart kann vente For-
slage fraa Rettskrivings-Nemndi: Forslag um
sams Rettskrivingsreglar for Norsk og Norskdansk.
Kann bli Moro aa sjaa, koss det ser ut.
– Ein dansk Prest, Carl Koch, hev skrive ei
Bok um "Verdensfred", som ikkje er berre Teo-
logi, og ikkje berre Politik heller; det er den
fysste Fredsboki eg hev lese, som ser so vidt
djupt, at ho er verd aa merke seg; bo hev soleis
Syn for det økonomiske Hovudspursmaale (Jord-
og Grunnskipnaden). Kann eg faa Tid til aa melde
ho, skal eg gjera det. – Med Dagsspursmaale
um Fred vert det arbeidt jamt og samt, men med
smaae Voner; i desse Dager er det Bolschevi-
karne – eller kva dei heiter – som hev fenge
eit "Fredsrnøte i Stockholm" i Stand: men Bran-
tings Blad er skarpt etter deim, so det er klaart,
at dei hev ikkje Tiltru millom" sine eigne" (Soc.
dem.) heller. Og i England hev Lloyd George: i
ein Tale paavist, at "Fred" no vilde vera berre
til Bate for Tyskland, og vilde leggje Grunnen til
ein ny Krig. Vonerne er daa no som fyrr: meir
Blodflaum og aukande Halvsvelting – og det
store, tvilande Spursmaale: Kven skal vinne?
Men ei Magt vil vinne utan Spursmaal, og
vinn meir og meir for kvar Dag som gjeng:
Kyrkia, Aandsreaksjonen; det er Kyrkje- og Bispe-
<side nr=95>
møte rett som det er. Sjølve Bokheimen legg seg
meir og meir til Rettes for ei ny "Romantik"-Tid;
eg hev nettup pløygt igjenom ei Bok – "Euro-
pæerens Livsteknik – Racen som Grunnlag for
Kultur" av Thorleif Schirmer –, der det reli-
giøs-romantiske Programme vert framlagt paa
Filosofmaal og paa fullt tydeleg Maate. Hellas og
Rom er for dagklaare, Frankrike og England like
eins, paa sin Maate; jødarne fær like eins sitt
Pass paaskrive (med serleg Adresse til Georg
Brandes); det er tysk Aand som maa upp att. Og
religiøs Aand. Det vil vel helst segja katolsk;
for Protestantismen er berre Teologi; det hev
Schirmer Rett i. Og at Verdi hev fenge nok av
Tankekulturen for denne Gongen er greidt nok;
Spursmaale vert daa berre, korleis Reaksjonen
– "den nye Romantiken" – vil forme seg.
21. 12. 17.
Gjelsvik skriv i Dag, at han er korkje tysk-
eller engelsk-venleg, og at det er det, me Smaa-
folk bør vera: oss sjølve, korkje mindre eller
meir. Ja visst. Det heiter so; det er Formelen.
Det bør ein Professor vìta. Dessverre er det
ikkje meir heller; det hev me i seinare Tid lært
ved "Anskuelsesundervisning", ikkje minst av
Prof. Gjelsvik.
– Eg driv paa med Rettingar og Reinskrivin-
gar i Odyssevskvæde. Dei vert meir og meir
hyggjelege, desse gamle Hellenann<fmark ind="1)">, di meir
kjend eg vert med deim. Og dei lærer meg ikkje
so lite heller, soleis Teologi-historie. Heile den
gamle truskyldige Folkemytologien lìver enno;
der er endelaust med Naturgudar og Faggudar av
ymse Slag. Men eit Gudearistokrati hev skilt seg
ut; og millom Aristokratie er det ein som er len-
<fnote ind="1)"> Eintal: ein Hellén.</fnote>
<side nr=96>
ger komen enn alle: Zevs er tydeleg Overgud.
Og paa Veg til aa bli einveldig, Eineherre, Eine-
gud. Sjølve Lagnaden, som fyrr var ei upersonleg
Over-Gudemagt, er noko-so-nær vaksen saman
med Zevs, er den høgste, (halv)mystiske Zevs~
viljen. Hadde Hellenarne vore mindre republi-
kanske, mindre aristokratiske, meir Semitar, so
hadde Zevs vorte ein Jahve um ikkje so svært
lenge.
Nok er det; desse Gudarne er so hjarte hyg-
gjelege og menneskjelege. Og dei "forklaarar Til-
være" (og Live) so lettvint for desse hellenske
Barnenaturane. Er det aldri so lite som synest
ugreidt eller underlegt, – naah, so er det den
og den Guden – eller "einkvar Guddomen" –
som stend attum, og dermed er Vansken greidd.
Tanken deira er kje lenger komen endaa, enn at
han heilt og trygt stansar ved denne Forklaaringi:
ein Gud hev stelt det so; "vil det". Me vaksne
smiler: den som kunde slaa seg so lett til Ro!
Me kann ikkje klara oss med sjølve den uende-
lege Jahve, me; segjer nokon no: Gud vil det,
– so spør me : kor veit du det? og: kvifor vil
han det? o. s. fr.; og rett som det er ser me,
at denne Guddomen, som skulde forklaare alt,
ingenting forklaarar, men berre er ei ny og endaa
større Gaate umframt og ovanpaa dei andre. Det
er daa langt ifraa so, at me "treng denne Hypo-
tesen" ; me turvte heller eit Hestelass med nye
Hypotesar til aa "forklaare" Guds-Hypotesen med;
og so gjer rne daa med den som St. Olav gjorde
med Thorsbilæte paa Hundorp. At alt soleis til
Slutt er uforklaarlegt kann me Ingenting gjera
med, dessverre. Me sét berre upp ei formell For-
klaaring: alt hev alltid vore til og skal alltid vera
til, i ævelegt Formskifte og endaa ubrigdelegt.- I
Røyndi forklaarar den Setningen ikkje meir enn
Ordet "Gud"; men han treng daa ikkje Forklaa-
<side nr=97>
ring sjølv; 'han stend der som eit Punktum, og
det er ikkje meir han skal vera, av di me ikkje
kann koma lenger og daa ikkje bør narre oss
sjølve med Innbillningar. For me veit endeleg det
no, at det berre er det formale me kann "for-
klaare", sjaa Samanheng i.
Og me les, kved, fortél Homer, Folkesongar,
Folkesogur, Folketruer med same Hugnad som
den gamle hev av Barne- og Ungdomsminne.
Men Teologien, som vil vera Barn enno, men
ikkje kann, strævar med aa "forklaare det ufor-
klaarlege", – naa, den hev s i t t Publikum: den
endelause Mengdi som ikkje er – og aldri vert?
– meir enn halv-, kvart- eller endaa mindre
vaksi. Eller kannhende rettare: som lìver sitt
Liv paa eit anna Plan enn me tenkjande Folk:
paa det. praktiske Planet.
– Paa den nye norske "Flaggstriden" hev no
Finnland gjort Ende: hev teke det gamle norske
Flagge til finsk Handelsflagg<fmark ind="1)"> (R i k s flagge hev
andre Fargar). Historiskt Flaggsamanheng kann
daa vel Norig ikkje faa (um daa ikkje det finske
Sjølvstende skulde ramle att – som me ikkje
kann ynskje –; og me vert daa sitjande med
den norsk-danske Kross-Trikoloren fraa 1821 –
til Glede ikkje minst for Maalmennerne! (Fleir-
tale av deim). Eg hev sendt ein liten Stubb
(lempelegt gjønande) til "Gula" um dette, med
eit lite Ord um, at me bør kje bli modlause ("G.
T." var ikkje lite i Likferds-Lag sist; men um
Stubben kjem inn er vel eit Spursmaal.
<fnote ind="1)"> Det vart ikkje so. Den finske legation i Oslo gjev
meg 20. 6. 25 denne upplysning: "– de rødgula førgerne
plus blått och vitt interimistiskt anvøndes under en kor-
tare tid våren 1918, men de blåvita førgerne er genom
lag utførdad i maj samma år, definitivt antagit til Fin-
lands førger". H. G.</fnote>
<side nr=98>
Brev fra Sven Løvborg 22. 12. 17.
Gøteborg, Adeliebergsgatan 34, 22. 12. 17.
Køre Herr Arne Garborg,
jag har för en tid sedan låtit binda inn Arne
Garborgs skriftir i samling och så kommit att øn en
gång løsa om alltsammans och lefva om igjen
mycket af min egen ungdom, och jag kunde dør-
för ej låta bli att skrifva till Eder och søga Eder
ett tack. jag skulle önska att hela vårt folk finge
göra bekantskap med Fred – Heimkomin Son.
Det ør jo den enda bok dår vår religions historia
ør skrifven. Något finns jo översatt, men för litet
køndt.
Jag tror ej att jag tackat för Edra vønliga ord
om Samskolan i Samtiden.<fmark ind="1)"> Förlåt mig om jag
ej gjort det. Det beror i så fall ej på otacksam-
het utan nøstan på uförmåga. jag har haft ett
par røtt besvørliga år. – Och så har vi haft en
mörk höst. Men i dag ljusnar det. Skal man
våga vønta att det blir ljusare nøsta år?
Jag sønder en liten bok som trycktes redan
1916, men kom först i år. Den berör något en
sak som fru Hulda Garborg nømner om i sin
vackra uppsats om Hiawatha, för hvilken jag
hjørtligt tackar.
Hjørtligt tack och en hjørtlig hølsning til Eder
och fru Garborg. God jul och godt nytt år.
Eder tillgifne
Sven Lønborg.
22. 12. 17.
Tuften fér til Mandal i Kveld; skal gjeste Ny-
voldfolket. Han fær fint Vér, ser det ut til; det
er eit Grand kaldt, men stilt og rett klaart(trygt
for Frostskodde er her elles ikkje). – Sjølv er
<fnote ind="1)"> "Skulereformation", Samtiden 1915. S. 551 og 622.
Nr. 9 og 10.</fnote>
<side nr=99>
han (av Blod) halvt Austlending og halvt Vest-
lending; med Gifte fraa Mandalen (som Jærbuen
reknar til Austlande og Austlendingen til Vest-
lande, og som ein vel daa kann segja er mid-
landsk) vert Huse hans soleis rett aalment sør-
landsnorskt. Men i Maale norskdanskar ho endaa
verre enn han; kjem det daa Baan, vert det
fullkomne norsk-danskar. Det gjeng oftast den
Vegen med Baani vaare; me fær gjerne provins-
danske Gifte.
– Forslage fraa Rettskrivingsnemndi er kome.
Men sjølvsagt er der attaat kome eit Forslag fraa
ei privat (norsk-dansk og austlandsk-norsk) Rett-
skrivingsnemnd (der mill. a. Trysil-Kararne er
med, og Olav Midtbø m. fl., ja og so sjølvsagt
Koht), umframt eit trøndsk-austlandsk Framlegg
paa Prent av Jørgen Reitan, – so her vert visst
Strid nok.
Framlegge fraa den officielle Nemndi ser elles
ikkje verst ut (og det er vedteke av Riksstyre
igaar og skal bli gjeldande fraa lste Juli). Det
gjeng ut fraa dei tvo Maali og nærmar dei inn-
til kvarandre paa beste Maate. (Det er aa segja:
Midlandsmaale bryr det seg ikkje um); men me
fær heile 4 officielle Former: lett tillempa og meir
tillempa baade Landsmaal og Riksmaal (Riksmaale
lyt lempe seg mest), – so Zevs maa vita kóss Skule-
meistrarne skal greie seg. (I Landsmaale vert daude
dar strokne; millom dei valfrie Formerne er "je" og
"vi". I tillempa Lm. er det vel ofra ymse Difton-
ger; den vesle Prøva i "D. 17de" hev soleis
"høre" – huff). Men for oss Bokfolk vert det
seks nye Former aa velja i, – umframt alle dei
gamle, og umframt dei Kombinasjonarne som dei
nye Framleggi kann gjeva Tilhøve til; einaste
Trøysti er, at meir Formtull enn me alt hev kann
det vel ikkje letteleg verte.
<side nr=100>
30. 12. 17.
Hulda endeleg heime att. Ho er enno veik,
og ikkje heilt i Stand; men det hev gjenge mykje
raskare og betre enn Doktoren hadde venta, so
ho slapp heim "14 Dagar for tidleg" og ser ut til
aa kunna koma i Orden rett snart.
Ho hadde det elles bra paa "Vor(e) Frue(r)s
Hospital" med; men 12 Kr. Dagen er ikkje for
Smaafolk, og heime er no heime likevel. Kann
ho berre halde seg roleg nok, i det heile vera
vør nok, so vil denne Basken snart vera yvistridd,
og so vil ho vera heilt rask att.
– Sjølv sìt eg nedgraven i Jolebøker og Brev-
skriving og ynskjer at "denne søde Juletid" snart
var til Endes. Naar so Dagarne tek til aa ljosne
og lengjast att, vil alt gaa lettare, –
so sant som daa ikkje "Rasjoneringi" vert for strid.
31. 12. 17.
Farvel, 1917; gakk til dine Fedrar; og legg
deg og sov godt! – Eg kann ikkje tru, at nokon
vil sakne deg.
<side nr=101>
1918.
1.1.
Rasjoneringi er Dagsteksti no. Spursmaale er,
um me, det gode Folke, au skal faa kjenne kva
Svelting hev paa seg; – for at Fatigfolk svelt
er me vane med. At Dauden kjem til aa gjera
ein god Haust i Aar – serleg millom Gamle og
Baan (liksom Krigen og Krigssjukdomar herjar
millom dei Vaksne) –, det er noko me veit.
Og so er det Fredsspursmaale. Kor lenge tru
Berlin-Fanden kann halde ut, "med Guds Hjelp"?
Eller rettare: kor lenge held den ikkje-tyske Verdi
ut, m e d Guds Hjelp eller utan? Det russiske
Fredsstræve, er det anna enn tysk Komedie?
Og det amerikanske Krigsmase, er eller vert det
anna enn b l u f f? – Kor ein snur og vender seg:
berre Spursmaal og Tvil og ingen Ting aa halde
seg til; det einaste som synest visst er, at Prøys-
saren maa ha Rett, naar han – med Gud paa
Tunga – gjeng ut fraa, at "Rett" er berre ein
gamall Talemaate.
Einaste Voni er vel, at Verdi, som meir og
meir "kjem paa Vatn og Brød," etterkvart s v e l-
t e r Blodvillskapen av seg? For denne Gongen
iminsto? Og so fær me – um eit halvt eller
heilt Aars Tid – ein "Fred" som for det fysste
er berre ei Vaapnkvile. Men baade Folk og Re-
gjeringar vil daa ha lært so mykje, at Trui paa
Mord og Brand hev minka, so at sjølve Prøyssen
<side nr=102>
finn det klokt aa fylgja den Retten som "ikkje er
til"? – so langt, at Vaapnkvila kann b l i Fred?
– ein Fred, som sistpaa, gjenom vitugare Sam
funds- og Riksskipnad, kann bli varig?
Det er paa desse og dilike Spursmaal, det nye
Aare kjem til aa arbeide med aa finne Svar.
Svelting og Sveltrædsle vil vera strenge og gode
Lærarar for Folki; og Herrarne vert nøydde til
aa høyre paa Folki, naar dei ikkje lenger kann
stoppe Munnarne paa deim med Mat eller Mat-
voner.
1918 vert eit hardt Aar. Men til ei halvvill
Verd trengst det hard Skule. Ein hardare og
hardare Skule, di lenger upp i Klassurne ho
kjem. Og endaa er det vel uvisst, um ein nokon
Gong trygt vil kunne segja, at no hev øtti sveitta
Villskapen heilt ut.
12. 1. 18.
I Byen igaar. Raaka Bergens-Utsendingen for
det gamle norske Flagge – Bugge (Rusti er
sjukleg) – og var med honom upp til dei finske
Ministrarne (paa Grand). Dei tok væl imot oss,
og fortalde oss ymist um Tilstandi i Finnland.
Det stend ikkje godt til der; Hunger og russiske
Røvarar ("Soldatar"), – som dei ikkje kann
verja seg mot, daa Tsar-Russland hev vore so
"fredsvenlegt" der i Lande. Men endaa held
Folke ut; dei tvo Ministrarne, me raaka, synest
hava gode Voner, – mill. a. um aa faa Ende paa
Russerøvingi med. Gjev det var so vel! – Um
Flagge fekk me vita, at det berre er Riksmerke
som er vedteke; um Handelsflagge er dei ikkje
sameinte enno. Men det var rimelegt, at dei stri-
dande Partarne kom til aa semjast um eit firfarga
Handelsflagg. Og daa Gripenberg høvrde at Raudt
<side nr=103>
og Gull var dei gamle norske Fargarne, vart han
forundra (den "norske" Regjeringi hev soleis
Ingenting sagt) og lova aa halde det fram, naar
han kom heim, um det skulde turvast.
Um Ettermiddagen var eg med i "mitt" Møte
(eit privat Georgelag-Møte, som Lieng hadde fenge
i Stand). Det vart upplyst, at det gamle George-
Lage heldt paa aa leggje upp ("Retfærd" og i
Røyndi alt skulde stanse, av di Lage korkje hev
Arbeidsmenn eller noko vidare Lagsmenn); Grav-
preika var alt prenta i siste Nummere av "Ret-
færd" (enno ikkje utsendt, som vel var). Men no
kunde Lieng fortelja, at Smaabrukarlage endeleg
(her som i Danmark) hev teke upp Grunnskyld-
tanken; og det er no eit stort Lag; fleire tok òg
til no aa koma med: so no var det i k k j e Tid
til aa leggje ned Arbeide. Som vel var, fekk
han etter eit Grand Ordskifte Møte med paa
dette (derimillom Lagsformannen); sjølve den gamle
Bladstyraren (Wielgolaski, som elles er mindre
helsesterk no) var nøgd med den nye Skipnaden,
og me kunde skiljast med rett gode Voner. Eg
trur der er meir Tak i Lieng enn det saag meg
ut til i den fysste Tidi; og det Programe som
Smaabrukarlage hev sett upp er, etter alt eg kann
sjaa, eit godt Overgangsprogram, i Grunnen heilt
bygt paa Grunnskyld-Tanken. Gjev eg kunde
arbeide noko meir med!
Men no hev eg Brev fraa Nygaard, at me
skal i Gang med Homer – endeleg. So no fær
eg meir enn Arbeid nok for dei fysste tri Maa-
narne. – Ei Melding som Tuften hev sét i eit
Blad i Dag: at Tinget alt skulde ha gjeve 5 500
Kr. til Utgjeving av Odyssevskvæde, er sjølv-
sagt ei "Avisand".
<side nr=104>
Brev fraa Peter Hognestad.
Minne ved Bergen 25/1 1918.
Kjære Garborg!
Det er idag fødselsdagen din, og daa vil eg
faa senda deg ei helsing um ho enn kjem fram
seinare enn ho skulde. Eg vil ynskje deg lukka
med dagen og framtidi og med same nytta høvet
til aa takka deg for det som du hev gjort og
skrive for det gamle gulraude norske flagget. Eg
tykkjer som du det er saart at ikkje nordmen-
nerne visste betre daa dei slo fast flagget. Og
tenk um me hadde nytta 1905 til aa slaa fast
det gamle flagget! Det vilde vore svært leidt um
Finnland tok upp dette flagget, difor var det godt
at du var med og gjorde ditt til aa hindra det.
Eg hev havt høve til aa sjaa det gulraude flagget
i Bondeungdomslaget i Bergen, og no i festen i
Vestmannalaget, og baade kona mi og eg tykkjer
at det er venare enn det trifarga flagget, so friskt
som det enn er. –
Eg hev høyrt at fru Garborg hev vore sjuk,
og daa lyt eg beda deg helsa til henne og ynskje
henne god batning. Ho skreiv i si tid so godt
og vitugt um "austlandsk reising", at eg tenkte
paa aa senda henne eit takkebrev for det, men
det vart ikkje av. So vil eg daa takka henne no
baade for det og for det ho hev skrive um
flagget.
Med hjarteleg helsing til dykk baae tvo fraa
kona mi og meg. Peter Hognestad.
26. 1. 18.
Igaar fyllte eg det 67de. Med rett raske Stig
ber det no framyvi mot den store Kvila.
Sjølve Dagen rett gild. Ymse kjærkomne Hel-
<side nr=105>
singar, og um Kvelden Fest i Oslo Maallag –
ikkje serskilt for meg nettup – der rett mange
var møtte upp – og millom deim fleire Ting-
menn enn eg hadde venta, um elles sjølvsagt
ingen av dei førande; for meg tala Halvdan Koht
(og seinare utpaa Kvelden Torkell Mauland), og
for Hulda H. E. Berner. Sjølv svara eg med ei
Utgreiding av "Fedraheims"-Soga, der eg gav
rette Mannen, Rasmus Steinsvik, øra; eg fekk
òg sagt nokre Ord um det som eg held for Bon-
depolitik no, og som eg tenkjer er Hovudvilkaare
for ei norsk Framtid. Fleire gilde Karar raaka
eg der ut-etter Kvelden, – mill. a. H. E. Berner,
som held godt ut, um elles Aari no tek til aa
tyngje. – "Kjøkemeister" i Lage var Kapt. Os,
som eg raaka for fysste Gong; han greidde det
Embætte godt (er av ei gamall Kjøkemeister-øtt,
som han fortalde meg, og hadde i Arv etter deim
ymse gamle Helsingsformer, Talar og Songar
(Halvsalmar), som han nytta godt, med ikkje lite
Bergenshumor). Lage var elles i det heile mykje
mindre norskt enn dei Møti eg hugsar fraa Oslo
Gilde: der var t. D. knapt ein Bygdebunad aa
sjaa, og ikkje altfor mykje norsk Tale aa høyre;
nokon norsk Framgang kann "Norges Hovedstad"
ikkje rose seg av i dei seinste Aari, etter den
Tokken eg der fekk.
Hulda (som enno ikkje er fullsterk, men vaaga
seg til Byen likevel, og klara det rett godt), –
ho og eg vart verande der inne til i Dag; greidde
so vaare ørend og kom heim att til "Middag"
(Kl. 1/2 5) – baae tvo trøytte. Eg, Skam aa segja,
ikkje minst; det fær vera til i Morgo med Svar
paa Brev- og Telegram-Helsingar.
Attaat Trøytleiken kjem òg denne Kjensla av,
at det i k k j e er sterke eller store Tider no; i
alle Fall kjennest det for meg som der ikkje er
mykje aa tru paa. Men det besnar vel, naar Ti-
<side nr=106>
derne vert betre, – um dei vert betre daa. Ikkje
ein av dei norske Statsraadarne eller Statsraads-
emni. møtte upp, i dette einaste norske Gilde som
er halde i Oslo paa mange Aar no; alle ihop
hadde dei so mykje anna aa gjera som var vigti-
gare. Naah; me fær tru, som sagt, – at Tiderne
vert betre.
– Igaar hadde eg med meg til Byen (Prente-
verke) Korrekturen paa 1ste Songen av Odys-
sevskvæde; no er eg endeleg komen so langt.
Men um Arbeide kann bli ferdugt fyrr til Hau-
sten, – og um det vert noko av det med Stats-
hjelp og rimeleg Pris, – det veit kannhende
Gudarne.
5. 2. 18.
Hev havt ei av mine vanlege Urider – "Mat-
Rædsle" med Kraftløyse – og er sett ille tilbake
med Arbeide mitt; i Fyregaar kunde eg ikkje
koma med paa Løvlandsfesten heller. No tek det
til aa koma seg: men aa koma etter med Arbei-
de . . . Eg fær fuske med Homer. No maa eg
greie Mauland.
– I Verdi saag det ut til aa ljosne her ein
Dag: den tyske Arbeidaren reiste seg, med Krav
av same Slage som dei den russiske freistar
gjenomføre. Og Tysken kan rekne: naar han
reiste seg no, var det av di han saag, at no kunde
det nytte. Men det viser seg, at han ingen rett
Reknemeister hev vore likevel; Reisningi skal vera
noko-so-nær døyvd alt, – um ein daa elles i
desse Tider kann tru noko av det som kjem i
Bladi um slike Emne.
Men Fredskravi veks. Wilson meiner han skal
(saman med dei europæiske Vestmagterne)
kunna skapa forsvarleg Fred i dette Aarstale;
Lord Lansdowne krev Fred snart – ved Koali-
<side nr=107>
sjon av a l l e Magterne og paa Grunnlag av Sjølv-
styreretten for alle Folk –, men med sterke
Avslag i Territorialkravi (ei Semje som "ikkje
g r o v t krenkjar Rettferd og Fridom"; det er ein
Talemaate som kann tyde nettupp so lite som ein
vil leggia i 'n). Og Lansdowne og Lloyd George
plar vera i Samanheng. Einaste Voni skulde
liggje i, at det fraa tysk Sida au no læt seg skrive
um "Tysklands Opstandelse til Fred og Frihed
fra Krigens Rædsler og trykkende Forhold" som
eit aalment Ynskje.
Men Inkje er aa tru. Berre eitt er visst; heile
Europa ligg for lenge sidan i Lómma aat Penge-
jøden.
2. 18.
Bolsjevikarne – eller kva dei kallar seg –
hev nok endeleg gjort fraa seg i Russland no.
Og vel er det; dei er Revolusjonistar og Blod-
tapparar som berre kann gjera Ugagn. No ligg
snart heile Russland paa Kne for Prøyssarmatado-
ren og bed um "Orden" Fanden i Vald med
Rett; lat oss faa so mykje Urett det skal vera;
berre me fær Orden, so me veit, kva me hev
aa halde oss til!
Og til Slutt sk"nar ein det. Til Slutt kann
Menneskje greie alt, so nær som endelaus Uor-
den. Og i Prøyssen er der Ordensmagter nok,
fraa Wilhelm ned-yvi til den minste Konstabel;
leve Prøyssen med sitt Politi!
Russland rapar meir og meir ihop; Frankrike
og England deklarnerar og proklamerar og stend
der; Amerika proklamerar og deklarnerar og "kjem
um eit Aar"; berre ei Magt er her i Verdi som
vinn noko, kann noko: Prøyssen. Heile Verdi er
prøyssisk – i Overmorgo eller ein av Dagarne.
Snart stend Prøyssarhéren i Petrograd; so er
<side nr=108>
Wilhelm baade Kaiser og Tsar; alt anna er Skodde
og Skuggar.
For det fysste vert det vel Prøyssen og Japan,
som skifter denne vesle Kloten imillom seg? Me
Smaafolk kann "taka Teneste i Kongsgarden" kva
Dag me vil; Rett utan Magt er eit Sverd utan
Neve.
Orden! Ned med Rett og Talemaatar og Tøv
og lat oss faa Orden!
27. 2. 18.
Det hev teke til aa røre seg so smaatt inn i
Prenteverke att; i Dag sende eg 2dre Korr. paa
3die Arke (til IV, 389). Og no kann eg snart
– med Hjelp av Tuften – sende inn betre
Mskr., so det kann bli noko mindre ravgali Set-
jing. (Elles tenar dei Socialdemokratarne so villt
no paa Korrektur-retting, at dei vel sét so gale
som dei berre kann. So ser det ut daa; for fyrr
greidde dei Landsmaale mykje betre!)
– Fraa Sven Lønborg Brev; han driv med
hellensk Gransking no: fraa Sokratestidi ("en bok
om Sokrates, en motsvarighet i behandlingssøttet
til Jesu från Nazara"; og i den tidi "fins ju alla
våra problem i mycket klarare och enklare for-
mer"). Ei grei Framstelling av dette vil vera
serskilt forvitneleg. Men – naa-ja; den "histo-
riske Framgangen": for 2300 Aar sidan hev Verdi
dryft – og ikkje løyst – dei Spursmaali me
dryfter – og løyser??? – no; det heile er vel
berre eit Spel til Moro for historiske Granskarar?
– Han slær elles paa, at etter Homer burde eg
freiste med noko dramatisk fraa Aten-tidi (Evri-
pides); det hadde eg nok Inkje imot. Men kor
mykje meir eg rekk –? Eit Spursmaal som
elles paa nvtt dukkar upp att for meg er det:
<side nr=109>
um det kunde bli Tale um aa faa "Jesu från
Nazara" ut paa Norskt; vanskelegt vart det vel.
– Vestmagterne er rett djerve mot Tysken i
Ord; elles synes alt staa stilt; d. v. s. me fær
vel snart ein liten hyggjeleg Borgarkrig millom
Asquith og Lloyd George, so til eit Umbyte.
– Eg hev havt ei av Uriderne mine att; duger
til Ingenting enno. Men no tenkjer eg snart det
kjem seg.
10. 3. 18.
Kaldt, friskt, klaart, blankt; fin, ægte Marts; det
skulde berre vera gildt aa vera til i slike Tider.
Men alt er utrygt; og ein kann ikkje koma til
Ro, um ein aldri so mykje "gjev alt Fanden i
Vald". Verdi vert vel prøyssisk. Men um ho mot
all Utrekning endaa skulde sleppe – med aa bli
amerikansk – eller japansk? So lenge det ikkje
er avgjort, veit ein ikkje "kva Side ein skal leggje
seg paa". Meir og meir glad maa eg vera for,
at eg daa hev Homer; naar han fær Tak paa
meg, kjem eg heilt burt fraa baade Spursmaal og
Preusserthum.
Elles er Rettsdemokratarne etter meg no um
Dagen: eg skal skipa eit rettsdemokratiskt Lag i
Norig, so at "S k a n d i n a v i a" kann vende seg
til Europa med den rettsdemokratiske Fredstryg-
dings- – eller den fredstryggjande rettsdemokra-
tiske – Tanken. Det gjorde eg gjerne. Men 1)
er Nordmennerne ikkje med; "Rettsdemokrati:
kva er det for Slag?" – og 2) kann eg mindre
og mindre med Lag og Lagskiping, vert meir og
meir aaleine, hev mindre og mindre Barnetru . . .
Einaste Raadi eg visste var aa vende meg til ein
meir politisk Mann; men han gjer kje so mykje
som svarar. Ikkje heime, veit eg. Kva skal eg
<side nr=110>
so finne paa? – Lyt vel til Byen og sjaa, um
eg der kann faa Tak paa einkvar.
– Her paa Labraaten lid det til stor Revolu-
sjon: me skal ha Bryllaup. Og Schjøtts skal
burt; og der dei bur skal "unge Garborgs" flytja
inn; "gamle Garborgs" vert daa aaleine. Naa-ja;
me fær sjaa aa finne oss til rettes i det; men
for meg vert det ulaglegt at Schjøtt kjem so langt
av Leid. Dessutan kann han i det heile ikkje
vera so mykje med som han hev vore; den
"grøne Staren" i Augo hans tek til lìvne paa att,
dessverre; huff!
21. 3. 18.
I Byen fekk eg Tak paa Myrvang; og han lika
Tanken og var meg til god Hjelp; dertil fekk eg
Adressa til Formannen (Ingeniør Lyng) og skreiv
til honom (det vart ikkje Tid fil aa finne 'n i
Byen); han hev òg hjelpt godt til. Og det retts-
demokratiske Møte kom istand igaar, og gjekk
godt. Dei førande Georgistarne i Byen møtte
upp, og alle – so nær som Wielgolaski – gjekk
med paa Tanken, meir og mindre heilt, og med
meir og mindre Mod. Alle (~W – ski) var like
eins med paa, at me ikkje burde skipa noko ser-
skilt Lag, men vera den "rettsdemokratiske
Gruppe" i Grunnskyldlage. Til (skandinavisk
Forhandlings-)Nemnd vart Myrvang, Overlærar
Møller og eg (dessverre) valde (og Advokat Sol-
nørdal vil hjelpa til, men er so yverlesst med
Arbeid – og ikkje noko frisk –, at han kunde
ikkje gaa heilt inn i Nemndi). Denne Nemndi
skal dryfte Programe; Møte, der Svar til dei
Svenske og Danske skal bli sett upp, vert halde
straks yver Paaske. Idag hev eg skrive til N.
av Ekenstam um dette; det klarar seg, fær eg tru.
– Aagot Nyvold og Foreldri hennar kom til
<side nr=111>
Byen i Dag, trass i Skodda; um eit Par Dagar
vert det Bryllaup daa, og "ny Tid" tek til paa
Labraaten. Men i Huse sitt (paa Stabekk hev
dei kaupt eit) kann ikkje Schjøttfolket faa flytja
inn fyrr ut-ikring 20de April, so for det fysste
vert det ei "Overgangstid"; dei unge bur i vaart
Hus so lenge (dei nede og me "ovanpaa"). Hulda
dreg elles upp til det nye Huse sitt (det gamle
paa Vangen) i Straalsjøaasen, 3/4 Time fraa Kol-
botnen – so snart ho kann; og eg – naa-ja;
Homer vil vel ikkje kunne hindre meg fraa aa
flytja til Knudaheidbakken, naar det lid paa. –
Elles vert eg sitjande her enno eit Bìl, – til
burtimot Jonsok visst
– Sette Songen legg eg i Posten i Morgo.
24. 3. 18.
Igaar var det bryllaup i Huse. Med so mange
Gjester som her var Rom til, og Gjester av alle
Slag: fraa Kunstnarar til Kontorfolk; Skaanes<fmark ind="1)">
repræsentera Handverkstande. Dei eg mest
lagde Merke til var Nyvoldfolke; det er heilt
igjenom godt Folk. Og "Mandalitar" – jamvel
i øtt med Holmelands-(Jaabæk-)folke, um dei
talar norsk-dansk utan den minste Mandalstone.
Tuften hev all Grunn til aa vera nøgd baade med
Kona si og Folke hennar; og me "Gamle" er
ikkje mindre fornøgde, skulde eg tru. Det vesle
Huse vaart er endeleg i full Orden.
– I dag hev det norske Samlage 50-Aars-
fest. Eg hadde tenkt aa vera med der, men
kjenner meg for trøytt; m a a dertil faa fraa meg
noko Brevskriving og Korrekturlesing, so eg kann
<fnote ind="1)"> Venen vår, snikkar Joh. E. Skaanes frå Levanger,
som i tjuge år og meir hev vore fast hjelpesmann i alt
praktisk arbeid på Kolbotn, Labråten og Vangen. </fnote>
<side nr=112>
klemme paa med Song VII i Morgo med all den
Krafti eg eig; til Samlage fær me daa berre
telegrafere.
– Det Festhefte av "Syn og Segn" som kom
i Dag, sét meg elles ikkje i noko serlegt Fest-
lag; tenk: so mykje Slurvemaal i eit Festhefte
etter 50 Aars Arbeid! – "Hans Andlìt"; "hans
Augo"; "Draumens Sorgglans"; "hans Person-
legheits (!!) uttrykk" o. s. b.; o. s. b. – Meir
og meir lyt eg sjaa aa koma til Lags med den
Tanken at me vinn aldri so langt som til Norskt;
det høgste me vinn vert daa aa faa bytt um
Norsk-danskt med Dansk-norskt. Og um me vinn
so mykje?? – Me hev havt ei Dansketid og
kann faa ei Tysketid . . .
30. 3. 18.
Hosten vart so strid igaar Natt – og Halsen
hev i det heile synst vera so vidt i Ustand, – at
i Dag gjekk eg likso godt upp til Borgen – den
nye Dokteren her, som skal vera Specialist i
Halsspursmaal – og vilde høyre korleis det i
Grunnen var med meg. Dokteren – som viste
seg aa vera ein vìtug og grei Kar (Nordlending)
– granska meg væl (Bryste, Halsen, Nasegan-
garne) og kunde sistpaa fortelja, at alt er i god
Stand, – so nær som Nasen; eg hev Nase-
katarrh! – Aa "kurere" den Ugreia vilde taka
so mykje – og so lang – Tid, at for meg i
mine Aar og mine Arbeidskaar vart det det
einaste rimelege aa berre halde Sjukdomen i Age,
so han ikkje vart for brysam; og Hovudraadi
var: Luft; vera ute alt det eg kunde.
Ja, ja. Som eg sa Dokteren, og som han for-
stod: Arbeidet t v i n g a r meg til aa sitja for
mykje inne. Men eg fær tvinge meg til aa vera
<side nr=113>
ute alt det eg kann; og so fær det gaa so lenge det
greier seg. Det eg er glad for er, at Halsen klarar
det betre enn eg hadde tenkt; eg tok til aa ræddast
for, at den kunde kverke meg fyrr eg vardest.
– Noko med det verste ved slike Halvsjuk-
domar – "Fillesjukdomar" – er, at dei øyde-
legg Humøre; eg er so gretten no um Dagen,
at det vilde vera Skam aa fortelja det. Eg veit,
at det er Sjukdomen, og sparkar imot det beste
eg kann; men eg er langtifraa "meg sjølv", og
vinn meg visst ikkje upp att, fyrr det vert Sumar.
– I Ettermiddag gjekk Schjøtt igjenom 24de
Songen av Odyssevskvæde – Umsetnads-"Klad-
den" – med meg; det eg no hev att er daa
"Reinskrifti" (dvs. siste Gjenomarbeidingi og ende-
lege Formingi) av dei siste 18 Songarne. Det
vert ein strid Bask, attaat all Korrekturen; eg
vert ferdug med Song VII no i Paaskehelgi. Fraa
Ting eller Departement er Inkje aa høyre.
– Krigshelvite brenn, villare enn villt, verre
enn nokon Gong. Vestmagterne "held seg"; men
Tysken er sterkast; og ingen veit, um det vert
so svært mykje anna enn store Ord med Ame-
rika. Igaar gjekk det eit Ord gjenom alle Tele-
fonar, at Franskmennerne skulde ha vunne eit
veldigt, kannhende heilt-upp avgjerande Slag; i
Dag viser det seg, at det var noko-so-nær ingen-
ting; ei god Tid for Draumar og Gysjur er det
som no tek til. Men det som det gjeld um er
aa vera budd paa aa taka det som kjem. Det
fysste me hev aa vente er veksande Hunger.
Haugesund 13. 4. 18.
Kjære dig!
Inat Kl. 2 kom eg hit. Og naa sitter jeg i en
velsignet rolig Stue og har Ferie – til imorgen.
<side nr=114>
Dei fire Kveldane i Bergen var eg i Elden til
Midnatt og vel so det, trass i Krim og det som
dermed fylgjer. Men Ervingane var flinke, friske
og gilde, og eg raaka mange gamle Vener. Dei
gav meg og ei Mengd med Pengar – 200 Kr.
og fritt Hotelvivre. Jeg faar trøste mig med, at
jeg før har havt Høve til aa hjelpe dei utan
større Betaling. Jeg har foreslaat for dem at be-
gynde med nogen historiske Kvelder, f. Ex. en
Islands-Kveld med Sagalesning, Dans til islandsk
Vise og et Par Tablaaer. Saa en Færøkveld, en
Norgeskveld, en Hellaskveld (bl. a. med Oples-
ning av Vinjes Overs. av Byrons "Hellas", og
Stykket om Sokrates' Død paa Landsmaal efter
Lønborgs udmærkede Bog for "Samskolan"), o. s.
b. Likesaa literære Kvelder med én Forfatter
hver Gang og, sidst men ikke mindst B a r n e-
k v e l d e r. Der drives altfor uendelig og evig
med Foredrag og Foredrag og ikke noe andet i
alle Lagene.
Ervingerne var tilsyneladende opglødd for disse
Tankene og sa de vilde koste paa en Del for at
realisere dem. Me fær daa sjaa. Alvisst hev eg
lova aa vera der ein Kveld att paa Heimtur. Eg
trur du vilde gle deg over Dansen deira; naa be-
gynder det at bli en fast Grund i Sangdansen
her – en norsk Grund. For det er som jeg har
haabet, blit til det, at vi naa danser paa v a a r
Maate. Altsaa en Færødans i Utvikling.
Hos Rustis, d. v. s. hos Frida i Urdi, var jeg
et Par Gange (han ligg paa Sjukehus, veit du).
– Jeg saa paa hans to Billeder av dig – interes-
sante Arbeider, men saa rent u-Rustisk Male-
maate. Næsten brutalt. Han siger, at slik malte
han i Ungdommen.
Fridas Billede av dig som ligner udmærket,
men er lidt ufriskt i Farven, rent motsat af Ru-
stis, det er i disse Dage kjøpt af Ervingen, og
<side nr=115>
naar jeg nu kommer tilbake skal du hænge i
"Gimle" – ja huf, Ervingens prægtige Sal heter
saa – og se paa os. Det glæder jeg mig til,
for godt er Billedet paa Sæt og Vis. Særlig er
Blikket truffet paa en Prik, naar du anstrenger
dig for at være utenom dig sjølv et Øieblik, m.
a. O. naar du er oppesen og opmerksom, f. Ex.
i Samtale. Rusti har derimot tat dine Øine, naar
de holder paa at springe fulde af Taarer og "Sor-
gine dine er tunge som Bly". –
Nu haaber jeg at du har faat Flagget<fmark ind="1)"> fra
Vestmennerne; det var ei gild Gaave, som jeg
ogsaa glæder mig til. Det er det vakreste Flag
i Verden – – –
Ja nei, ja nei – nu m a a jeg arbeide –
Fik Kort fra Tuften ogsaa idag; du faar hilse
dem alle og si tak for alt, og saa faar du og de
leve herligt og i Glede til jeg kommer igjen.
Nils Sund mødte mig paa Bryggen inat; han
ber mig hilse.
Godt Veir og Helsa bedre efterhvert.
Helsing fraa
Gamla di.
"Kortet" var fra Selma Lagerløf om "Norsk
Klædebunad", som hun synes er "vacker och
interessant".
Bergen 12. 4. 18.
Hr. Arne Garborg,
Hvalstad.
Til Fødedagen Dykkar, 25de Januar iaar, var
Vestmannalaget og Bondeungdomslaget i Bergen
meinte paa senda Dykk eit norskt Flag.
Diverre vart det Uraad faa det ferdugt til Da-
gen, so no kjem me post festum.
<fnote ind="1)"> Det raude og gule krossflagge.</fnote>
<side nr=116>
Likevel vil me beda Dykk gjera so vel aa taka
imot det Flaget, som me no sender Dykk med
vyrdsam Helsing og Takk fraa Vestmannalaget og
Bondeungdomslaget i Bergen.
I Høgvyrdnad
C. B. Bugge, Eirik Hirth,
Formann i Vestmannalaget. Formann i Bondeungdoms-
laget i Bergen.
16. 4. 18.
Brev fraa Hulda, som den 13de var i Hauge-
sund og i Dag fér til Stavanger. Derifraa ei
Snøggferd sør-yvi, og so til Bjørgvin att, – endaa
ein Dag hjaa "Ervingarne". Helsa i Framgang.
Ho hev havt det gildt i Ervinglage. Og nokre
gode Raader ho gav deim til Slutt um Arbeids-
maaten: noko meir Umbyte ("historiske Kveldar",
t. D. ein Islands-, ein Færøy-, ein Norigs-, ein
Hellas-Kveld, o. dl.; dertil "literære Kveldar" –
med ein Forfattar kvar Gong –, og ikkje minst
Barnekveldar – endeleg kjem den Tanken upp,
at Baani maa med! –) lika Ervingarne og lova
aa freiste; gjev det vart noko av. Med Songdan-
sen gjeng det godt der burte: "det begynder at
bli en fast Grund i Dansen her, – en norsk
Grund; det er, som jeg haabet, blit til det, at vi
danser paa v o r Maate".
I Urdi var ho, og paa Sjukehuse hjaa Rusti;
han saag ikkje godt ut (det er Nyre-ugreiur, som
i hans Alder ikkje er greie). Men han er uppe
no og ute litt kvar Dag; snart skal han heim att.
Han hev teke til att med Maalemaaten fraa sine
unge Aar; ein meir djerv, "næsten brutal"; eit
Framstig, vel? – Men so er det Spursmaale
um Arbeidskrafti.
I Bergen straalande VÍr som her; i Haugesund
<side nr=117>
(og vel lenger søretter) "Sol, men sur Vind". –
Fraa andre Kantar høyrer eg, at Jærbuen snart
er ferdug med Vaarvinna alt.
– Igaarkveld nytt Rettsstat-møte. Færre møtte,
og det var meir Tvil og Tvihug enn sist; men
Overlærar Møller, "Sekretæren", var god; og
Enden vart, at me samla oss (noko-so-nær) um
"det centrale" i Programe, og eg fekk Fullmagt
til aa skrive til Sverig, at me vil vera med.
I Ordskifte kom det upp, at der er mykje
uklaart og uheilt hjaa dei fleste av jamvel desse
beste Georgeistarne vaare. Og inst inne kjende
eg med meg sjølv – som so ofte eller vel i Grunnen
alltid og det langt-ifraa berre i seinare Tid –, at
i Grunnen er eg gamall: trur ikkje. Hev berre
meir og mindre Voner. Og kjenner at eg maa
hava noko aa arbeide med, um eg skal halde ut
dette "Live". Og det eg kann segja og trur er,
at det vesle ein kann gjera vil alltid vera til
Gagn eller Framhjelp for ein og annan, iminsto
paa eit og anna Framgangs-stig. Men Verdi i
det heile, – den gjeng si skeive Gonge, um det
so kjem den eine Idealisten, ja Storingen, gildare
enn den andre; i Verdi styrer Riksstellaren, Spe-
kulanten, Militaristen; og dei Folk hev kje Bruk
for Idear utan no og daa til Taleprydnad. Berre
for det vesle Faatale av fødde Idealistar hev Tan-
kar o. s. fr. noko Livsverde. Og so kann det
alltid – Herregud! – falle av ein liten Smule
her og der, som kann bli til eit Grand Framhjelp
for Mugen – so i mindre Ting. Men um alle
Stormenner og Stortankar kann frelse – t. D.
no Europakulturen fraa aa gaa til Havs... –
Ufreden rasar like vitlaust; og vinn gjer vel no
som alltid den digraste Brutaliteten. Men dei
store, fagre Tankarne, Synerne o. s. fr., – dei
hev eit Verde likevel; gjer Live lìvande for
Idealistar og Drøymarar.
<side nr=118>
– Den danske Severin Christensen er mykje
til Arbeidskraft: driv paa med Rettsstaten og
"Retsstaten" og med Filosofi attpaa, serleg Etik;
siste Boki hans heiter "Indad". Den er tidhøve-
leg heilt og fullt: gjeng ut fraa det me no endaa
ein Gong er komne etter: at me inkje veit, og
brøyter Rom for "Livsanskuelser":<fmark ind="1)"> Etik og Reli-
gion ("Vurderingsfilosofi" jamsides "objektiv Vit-
skap"; Rasmus Nielsens "Tro og Viden" paa ein
ny – og enno betre – Maate). Det er ei god
Bok, og i fleire Maatar forvitneleg; sjølv vitskap-
leg opnar ho Vegar og legg Grunnar for den
Nyromantiken som alt hev Magti – "i denne
kulturfiendske Tid". Det kunde vera Moro aa
skrive um ho; men Stunder . . .
– Me skal faa eit skandinaviskt Literatur-tid-
skrift no; Redaktøren for Noreg er ein for meg
ny Mann: Ronald Fangen. No bed han meg
skrive um den nynorske (Landsmaals-)literaturen.
Det burde eg vel svara ja til; men – Stunder.
. . . Og dessutan: eg hev fylgt for lite med. Og
med for lite Interesse; kor det kann ha seg. Det
er vel det gamle: liksom "Sønerne" sjeldan bryr
seg um "Fedrarne", men heller søkjer lenger til-
bake, soleis finn "Fedrarne" mindre hjaa "Sø-
nerne", men set heller sine Voner lenger fram.
Dertil hev eg med Aari vorte meir og meir lite-
raturtrøytt. Herregud; dette her at kvar øtt maa
skrive – i Hovudsaki – det same upp att, kvar
paa sitt Maal . . . det maa sjølvsagt so vera;
men – naah. Forfattarar burde aldri bli meir
enn 50 Aar gamle.
<fnote ind="1)"> Av same forfattaren er på "Bokförlaget Natur och
Kultur" i Stockholm utkome eit forvitnelegt verk med
tittelen "Ett Kungarike för en Livsåskådning." (1926).
H. G.</fnote>
<side nr=119>
23. 4. 18.
Stort Umskifte paa Labraaten att: Schjøtt-Folke,
som me helst hadde tenkt skulde slaa seg til
Ro her for godt – det same hadde dei nok sjølv
tenkt –, hev flutt ifraa Labraaten – til det
vesle Huse (med 3 Maal Jord) som dei hev kaupt
seg paa Stabekk. Det vert ein stor Saknad,
ikkje minst for meg – og for Odyssevs. Men
Ungdomen veks til og krev større Rom, og det
gjeng daa som vanlegt ut yvi oss gamle.
Dei unge hev alt flutt inn i det tømde Huse,
– so halvt daa. For fullt Innbu hev dei ikkje
enno. Men det lempar seg nok til Rettes snart;
og so sìt me "gamle" etter her – aaleine, som
gamle skal sitja. Verst vert det daa ikkje like-
vel; det er berre som paa ein god Austlandsgard:
tvert-yver Tune millom dei tvo øttlekkarne.
Klaga skal me daa ikkje.
– Hulda held 2dre (og siste) Foredrage i
Flekkefjord i Kveld; ho hev daa berre att eit i
Eikersund og eit i Stavanger – og so ein Danse-
dag i Bergen –; so kjem ho heimatt – til "tomt
Hus", – korleis no det vil smaka. Men so er
det ikkje so lenge, fyrr ho skal til Vangen –
upp i Straalsjø-aasen; og so jamnar det seg etter-
kvart. Med Helsa er det no so langt paa Fram-
veg, at det visst er trygt.
29. 4. 18.
Endaa meir Umskifte. Tuften er flutt heilt ut
or "Fedrahuse"; Hulda og eg er dermed "de
ensomme gamle". Ja-ja; det gjeng so; men dei
einslege gamle fær trøyste seg med, at det er
kje langt tvert-yvi Tune.
– Lærar Lødøen driv med ei Lesebok og skal
ha ein Biografi; eg svara at den fekk han skrive
<side nr=120>
sjølv og lata meg rette 'n; det er no fraa baae
Sidur gjort. Men ein Biografi paa 1/2 Side . . .
– No skriv han elles og undrast paa, um han
skal taka med noko um det Samfundssyne eg hev
vunne meg fram til; det fær eg daa i Tilfelle
sjølv skrive, for Greie paa meg hev Mannen ikkje.
2. 5. 18.
Hulda kom att i Gaarkveld. Er i alle Maatar
væl nøgd med Ferdi. VÍre var godt (paa Jæren
so storfint, at ho fekk Hug til aa gaa i Sjøen,
daa ho fór framum Ogna), og Folk snilde og greie
all Stad. Tent rett godt hev ho òg.<fmark ind="1)"> Men det
var rart aa koma heim no, daa Tuften er utflutt.
Huse er so tomt!
– Brev fraa Johan Pedersen. Han finn, at
det er meiningslaust aa sitja og laga Literatur
no; det gjeld aa faa Skikk paa Samfunde, og
han vil ha meg med paa Samstyre-Arbeide.
Ja. Eg var nok gjerne med. Men eg kjenner
meir og meir, at eg "vert gamall".
Det hev alltid vore eit Mindretal, som vilde
frelse Verdi. Men Verdi bryr seg ikkje um aa
bli frelst. Dyre homo sapiens skìl seg i tri Slag:
eit lite Faatal, Idealistarne; dei kjem aldri lenger
enn til aa skapa Sekter; eit større Mindretal,
"Herrenaturarne"; dei hev no skilt seg i tvo:
politiske og økonomiske Herrar (og Strævarar);
og so Fleirtale, den store Mengdi, som dyrkar og
fylgjer – eller bannar og bøygjer seg for – Her-
rarne og i baae Fall berre hev e i n Tanke: greie
seg ("Mat og Moro", panis et circenses) og kann-
hende – hjaa eit noko lenger kome Faatal –
<fnote ind="1)"> På nokre fyredrag som Stavanger forelæsningsfor-
ening ordna med. H. G.</fnote>
<side nr=121>
e i n Draum: aa vinne seg upp millom Herrarne
(eller for det fysste upp i den høgre Tenar-
klassa).
Naar me Idealistar i Ungdoms (og rett ofte
Manndoms) Aar vil frelse denne Verdi, og trur
at det kann lata seg gjera, so kjem det av, at me
ikkje kjenner eller vil kjenne ho, men diktar ho
um og lìver paa ei sjølvskapt Tru: at Verdi i det
heile er idealistisk, i Grunnen daa. Søme av oss
magtar aa halde uppe den Trui, um me so vert
gamle. Og eg hadde visst – med all min Tvile-
sjuke – greidt det.
Men Krigen kom. Og heldt paa Aar etter Aar.
Og tvinga meg til Gong paa Gong, og meir og
meir strengt, aa revidere Idealist-Rekneskapen
min. No sìt eg her so gjenom-eten av Tvil og
Vantru, at Arbeidskrafti er um Lag upptærd.
Livet er "Wille zur Macht". Vinn Tyskland, so
vert Verdi halvtysk – med no og daa ein Upp-
reist som druknar i Blod –; vinn Vestmagterne,
so finn Prøyssen seg i dette, til dess det hev
laga seg endaa fleire Mordmaskinar (paa Føter og
paa Hjul); daa tek Magtstriden og Maskinslagtingi
til att. Og held paa, til dess den europæiske
Soga er til Endes.
I alle Tilfelle: Vernetvangen, Militarismen, vil
halde seg og meir og meir vekse; d. e.: Herre-
magti veks. No og daa skriv Bladi um Uppreist-
Voner i baade Prøyssen og Austerrike; med deim
vil det gaa som med den veldige Folkereising i
Russland – variatis variandis. Alle Kulturar naar
so høgt at del vert sjuke, dvs. at det sjølvmotseg-
jande i all politisk og social Rangskipnad stig
heilt og fullt fram; daa vil det gjerne vera ein
og annan Lækjar som ser og sk"nar Sjukdomen
og finn ut – meir eller mindre fullkome – dei
Raaderne som kunde hjelpe, um dei vart nytta i
rett Tid; men Samfundsheilen er for seintenkt og
<side nr=122>
Samfundsviljen for sjølvstridig til at rette Tidi
kann bli nytta, og so døyr den sjuke Kulturen.
Alt Henry George skyna, at so vilde det –
vel helst – gaa. Og no, med Ufreden 1914–
18, er Baneriderne tekne til; den veike Voni
mi sloknar meir og meir av i den veksande Vissa,
at Sjukingen i k k j e greier det. Og um daa Ar-
beidsviljen kunde vera god nok, – det minkar
og minkar med Arbeidskrafti; eller rettare: eg
finn meir Grunn til aa spotte denne Tosken til
Sjuking enn til aa preike um dei Raaderne han
mindre og mindre kann faa noko Hjelp av.
6. 5. 18.
Herleg, straalande, solblank Vaar; for det meste
so stilt, at ikkje ei Lauvblokke rører seg; so
vidt kjøle (naar ikkje Soli stend paa), at det ikkje
vert for mykje Uty, – ein kann ikkje ynskje
seg det likare. Um det daa elles ikkje vert alt-
for turt snart. Dei Unge driv paa i Hagen av
all Magt og er langt komne.
Me gamle sìt inne kvar med sitt. I Dag kann
eg endeleg sende 9de Songen; og Prentingi, som
lenge stod still ("Setjaren vart sjuk"), hev so
smaatt teke til att.
– Fraa Johan Pedersen Brev; han hev arbeidt
seg igjenom tvo-tri av Bøkerne mine og finn eit
og anna der, men vil "opfordre" meg til "at op-
høre med Bogmageriet", um eg elles "vil Men-
neskene godt". For det ein soleis skriv (naar det
elles er "godt"), vert ikkje anna enn "hellige
Bøger", som kvar Lesar – serleg naar Forfattaren
er gamall eller daud – lempar til rettes etter
sitt Hovud og nyttar til Hjelp for sine eigne Mei-
ningar (Ynskje), um Forfattaren aldri so mykje
<side nr=123>
hev vilja og meint noko reint anna. "Min skumle
Hensigt er", slutter han, "at lokke Dem til paany
at tage aktivt og personlig Del i Arbeidet i D.(et)
u.(niverselle) S.(amstyre)"; "Høsten er stor og
Arbeiderne faa, og vi kan ikke undvære Dem
længere."
Ein Mann med mykje godt, men og med mykje
rart i Hovude sitt. Det han skriv um Bøker er
rett nok; men eg er meir og meir komen etter,
at ein kann segja det same um det "personlege
Arbeide" med; det fører ingen Veg, kor "helligt"
det kann vera. Ein kan taka personlege Sannin-
gar – som dei Jesus forkynte; dei vert um-
stelte, so Prestarne kann byggje seg ei Kyrkje
paa deim – eller Samfundstankar – som dei
fraa Revolusjonstidi – som Storborgarne hev stelt
um og bygt sitt Bourgeois-samfund paa –; prak-
tiskt Arbeid og Tanke-(Diktings-)arbeid fører like
langt: lærer Folk aa tenkje noko gløggare (so dei
kann faa vride seg undan dei nye moralske eller
sociale Kravi) og hev elles lite aa segja, utan for
dei som lìver for deim (Meistrarne og deira større
eller mindre Faatal av Sveinar). Johan Pedersen
fær ikkje sin politiske – eller George sin social-
økonomiske Tanke gjenomførd, fyrr dei Magt-
havande hev funne ein "Gjenomførings"-maate
som læt d e i m vinne – eller daa ikkje tapa –
ved den nye Skipnaden.
Det "løner" nok endaa Umaken aa arbeide for
gode nye Tankar; ein "vert driven" til det og
kjenner seg glad i sjølve Arbeide; og eitkvart
godt vil gjerne fylgje med, um "Gjenomføringi"
sistpaa vert nokso skral. Men paa dilik Maate er
det med den literære "Arbeidaren"; han "hev
si Glede i Arbeide" og hjelper alltid ein og annan
til aa sjaa n o k o djupare eller vidare og tenkje
n o k o meir klaart.
Det som gjer, at eg ikkje vert nokon god Ar-
<side nr=124>
beidar etter J. P.s Uppskrift, – det er berre den
Ting at eg er ein meir literær enn praktisk Natur.
– Me hadde nokre Gjester igaar, millom deim
Fernanda (Holst og seinare) Nissen og Son hen-
nar, Helge Holst. Sistnemnde hev vore eit Par Aar
i Siberia (ved eit norskt Handelshus der) og vil
dit upp att so snart han kann; som andre Euro-
pæarar hadde han lote røme for Bolsjevikarne.
Han hadde mangt aa fortelja, mill. a. den (u-)
hyggjelege Ting, at det er Lygn det meste av det
Bladi fortél um bolsjevikisk Villskap i Krigsførsla
(det er Motstandarar som fyller Bladi med Ten-
denslygner).
– Det nyaste Krigskapitle er vel so blod-
fløymt som dei fyrre; men Prøyssaren hev ikkje
vunne so langt som han vilde no heller; Vest-
magterne er ved godt Mod, og den vesle ameri-
kanske Styrken som enno er komen med i Stri-
den lovar godt; der er daa kannhende Von enno,
– so for denne Gongen. Men dei som taper
no, Midmagter eller Vestmagter, – dei kjem att
sidan, veit eg.
Einaste Voni kunde vera, at Austerrike gjeng
upp i dei skrale Limingarne sine (som det meir
og meir skal sjaa ut til); den germanske Magti
vart daa ikkje større enn at ho vel paa rimeleg
Maate lét seg halde i Schack. Men aa tenkje
fram i desse Spursmaali vil enno lenge vera faa-
fengt.
13. 5. 18.
Igaar var Ivar Mortensson (med Kona og eldste
Sonen her); det er ein Mann eg svært lite hev
baade set og høyrt fraa i mange Aar no (fraa
den Tidi han vart gift). Og noko Samarbeid oss
imillom hev det kje vore sidan "Fedraheims"-
<side nr=125>
dagarne (naar eg reknar ifraa, at eg sette um, eit
Par Dikt til Edda - Umsetnaden hans – for
lange Tider sidan).
Prestesoga hans er alt rett lang; med ikkje
faae Kapitel: 1) Stiftskapellan i Hamar; 2) Prest
i Telemarki; 3) Stiftskapellan i Xania Stift;
4) Sokneprest til Løten ("Løyten"). No hev han
– med Hjelp av den næstsiste Hamarbispen
(som vart glad i denne sermerkte – og paa eit
Par Kantar lærde – Prestemannen) vorte fri fraa
Embætts-yrke og skal drive paa med Bibelum-
setjing (for det fysste eit Par Profetar); og etter-
som det no ser ut hev han Von um aa faa halde
paa med dette Arbeide (jamsides Seippel). Han
var glad for dette, so vidt eg kunde forstaa; han
er daa og meir Diktar (og Granskar) enn Prest.
Men alt er nok ikkje fullgreidt paa den nye
Vegen hans heller. Det er ein Kyrkjebibel, dei
skal laga; og so vil Statskyrkja – dvs. Staten som
betalar – ha som eit Overtilsyn med Arbeide,
ved ein Professor i Hebraisk og ein Norsk-Kun-
nig. Den hebraisk Sak-kunnige er Ivar nøgd med;
men so spurde han um eg i Tilfelle vilde taka det
andre paa meg. Eg svara, at fraa mi Side skulde
det ikkje vera noko i Vegen; gjeng daa Dep.te
med paa dette (som eg ikkje trur), so kjem me
endaa ein Gong i Samarbeid, me tvo Motsetnin-
garne (Nord-Austlendingen og Sør-Vestlendingen,
den religiøse Diktar-Granskaren og den "friten-
kjande" Diktar-Tenkjaren), som endaa plar koma
so godt til Lags.
– Me er elles rett graae baae tvo no, –
mest han, men Karen hev stelt godt med Mannen
sin, so det hev gjenge godt no i mange Aar, –
so godt, at no er Savalguten (eller Einabugubben,
som Kjenningsnamne heretter skal vera) – ikkje
heilt fri for "Prestemage"! – Men Teolog er han,
og samstundes Teosof, – visst den utrulegaste
<side nr=126>
Prestemannen som nokon Gong stod paa ein norsk
Preikestol.
– Med Vaarvinna driv me hardt paa (eg er
med litegrand, eg òg, um det er aldri so knapt
med Tidi); store Jordepleaakrar fær me i Aar
etter Maaten, og det er daa der, eg, Bonden,
hjelper til. Elles er heile Huse med no og daa,
um Hulda elles – serleg i Aar – ikkje tòler
mykje Arbeid av det Slage. Det er Aagot, som
er beste Medhjelpi for Mannen sin; og dei tvo
er so godt eit Arbeidslag at det reint ut er "Hug-
nad aa sjaa".
– Med Schjøtt, som no bur paa sin eigen
Gard: "Villa Granholt" ved Stabæk, samarbeider
eg paa Odyssevskvæde (Korrektur etc.). Det
gjeng smaatt; "Fanden tage Trykkeriet!" skriv S.
med altfor god Grunn; eg undrast paa, um det
ikkje er Syndikalistar som regjerar der no um
Dagarne. I all Fall hev Setjararne fenge "sett"
igjenom ein Skipnad, so dei tener godt paa Kor-
rekturarbeide; – Naar so dertil kjem større Set-
jarløner i det heile og meningslaust høge Papir-
prisar, so vert det berre Upplagsgrossistar som
kann lìva av Bokskriving. Hadde kje Stortinge
hjelpt oss so godt denne Gongen, so kann eg kje
rettare skyna, enn at eg hadde lote Odyssevs liggja
a d g r æ c a s c a l e n d a s, – S. er elles ikkje i
Godlag, ser det ut til; siste Breve er under-
skrìve "Din ulykkelige å." – kva det no helst
kann vera som er i Vegen. (Augo?).
18. 5. 18.
Straalande Vaar. Men i turraste Lage, – endaa
nokre Regnskvetter hev me fenge. Og her um
Dagen hadde me eit TorevÍr som minte meg um
Jæren (i gamle Dagar); det varte elles berre ein
<side nr=127>
Times Tid eller so, dessverre er det nok i tur-
raste Lage yver heile Sørlande, um det elles
ikkje lenger er so gale som det ei Tid saag ut.
– Denne Indiamannen min, SrÓ Ananda
Acharya (som vel er nemnd fyrr, daa han hev
sendt meg tvo Brev), – han driv paa og sender
meg Dikti sine (i Manuskript); fysst fekk eg heile
Samlingi paa Engelsk, og no fær eg Smaasen-
dingar av same Samlingi paa Landsmaal. Men
det indisk-engelske Maale hans er vanskelegt;
og han som er Landsmaals-Umsetjar for 'n hev
ikkje altfor mykje Greie paa Norsk; berre Hug-
nad fær eg daa nok ikkje av dette uventa Møte.
Men ein merkeleg Kar er han, denne SrÓ Ananda;
han ligg der uppaa "Gaurisankar-Sætra" i Vesl'
Elvdal [Alvdal] enno og synest trivast der, um
han aldri so mykje er fraa det gamle Sol- (og
eldste Kultur-) lande.
– Overlærar Møller hev til Gjenomsyn sendt
meg det Stykke han hev skrìve (til eit Blad og
til ei Foredragsferd) um "Retsdemokratisk For-
bund" og Tankarne som det byggjer paa. Han
hev arbeidt mykje med Emne og Formingi, og i
all Hovudsak er Foredrage godt; men han hev
masa seg trøytt, ser eg, so Formi er ikkje so
grei og god som i det vesle Stykke han las upp
i Møte. No hev eg etter Uppmaning sendt honom
Merknader til Stykke; dei vert noko fleire enn
eg hadde tenkt; men eg gjer meg den Voni at
han tek det rolegt.
– I Blad etter Blad les eg eit Upprop til For-
svar for Riksmaale – stakkars Riksmaal! – med
visst so ikr. 100 Underskrifter: Knut Hamsun,
Johan Bojer, Nils og Nils Collett Vogt, Hans
Aanrud (og visst fleire) og minst 90 ukjende
Namn; det er ei heil Krossferd: det gjeld aa
berge den heilage Gravi! – Naa-ja; Pengar og
gode Ord fær dei visst nok av. Og me norske
<side nr=128>
– vert verande dei Armingarne me hev vore.
– I Morgo fær eg i Veg med 11te Songen;
hev alt set paa Utkaste ... det vil gjeva meg
Stræv nok, ser eg. Gjev eg var noko mindre
trøytt og noko meir gaapaa-modig!
24. 5. 18.
Igaar i Byen – Møte i Stipendienemndi. Der
gjekk det rett rimelegt; det hev vorte meir Pen-
gar (og fleire Legat) enn fyrr, so det vart noko
– meir eller mindre til dei fleste av deim som
det kunde vera noko Meining i aa gjeva. Men
for Fleirtale vart det berre Heimestipend (fraa
1000 til 500 Kr.), – som rimelegt i denne Tid.
– Noko stornytt var der: ein norsk Rikmann
(Mohr) hev sett ut elt literært Stipend som ikkje
er berre Sveltihel: Kr. 4 500,oo. Men for dei
Pengarne skal Stipendiaten halde seg ute eit heilt
Aar (og det er rett; kortare Ferder er der lite
Meining i); men i dei Tiderne som no er komne
er kr. 4 000 ikkje meir enn kr. 2 000 fyrr; so
Sømen er kje so stor som han ser ut til. – Det
var elles vanskelegt aa finne nokon aa innstelle til
dette Stipende; innstelt vart ein Versemakar som
eg ikkje veit um eg hev lese ei Line av. Og
til No. 2 Hjalmar Christensen, som mill. a. no
(i Tilfelle) vert ein heller aldrande Stipendiat.
Dei tvo Suppleantarne (Mohr vil ha noko aa velja
i) er meg like eins ukjende. – Men der er i
det beile ikkje stort "uppe" i Bokheimen no –
anna enn Reaksjon daa –, so eg var i Grunnen
berre so halvt med i heile Møte. Og var inst
inne glad for den eine Ting, at dette var siste
Gongen eg var med i det "sagkyndige Udvalg".
– Fraa Sverig er det kome Brev um Retts-
samfundsspursmaale. Etter det er dei baade der
<side nr=129>
og i Danmark nøgde med det vesle som her er
gjort, so no gjeld det berre aa faa valt – eller
gjeve Fullmagt til – ein (eller fleire) Med-under-
skrivar(ar) til Utanlandsbreve. Eg hev bede Møller
greie med aa faa Møte i Stand; vonar paa Fort-
gang.
– Eg kavar med Song XI – og med Gull-
bosten, som veks slik som berre Ugras kann
vekse. Dei er nok glupe, baade Tuften og Aagot;
men um det nokon Gong kann finnast Raad mot
Ugrase ...
Lenge kann ikkje mi vesle Fikting heller halde
paa. Altfor smaatt gjeng det med Odyssevskvæ-
de; og no maa eg til med Foredrage til Høne-
foss-møte – –
4. 6. 18.
"Dagboki", som meir og meir vert den einaste,
eg "hev aa tala med", kann ikkje faa mange
Stunderne, den heller – og aldri anna enn meir
og mindre trøytte Stunder –; "Tid" til slikt er
det mest aldri.
Og endaa fær eg kje gjort noko anna heller,
vidare; Homer tek meste Tidi; og med honom
gjeng det meir og meir smaatt, di meir eg fær
Tak paa, kor vanskeleg han er. Andre Bøker
legst det òg til stundom; soleis hev Torstein
Høverstad gjort væl og sendt meg den "Norske
Skulesoga" si (dvs. 1ste Bolken: "Det store Inter-
regnum 1739–1827"), – eit svært Verk, som
eg m a a faa lese eingong; men naar skal det
bli? – Her um Dagen tok eg til med Th. Roo-
sevelts Autobiografi: brydde meg ikkje stort um
Roosevelt, men meinte at han maatte kunna setja
meg godt inn i amerikanske Tilstand; kor langt eg
rekk med den digre Boki veit eg ikkje. Og noko
større Greie paa Amerika fær eg knapt; han er
<side nr=130>
Patriot og hev so mange og so mykje, han skal
vera snild eller daa rettvis imot. Men han sjølv
ser meg ut til aa vera noko meir til Mann enn
eg hev tenkt: driv ikkje med Jenki-Kyting –
noko nemnande daa –, det eg enno hev sét.
Ja han vedgjeng beint ut, at han ikkje er noko
tipp-topp, korkje i Skule- eller Gymnastikkvegen
(berre i Politiken vil han vera noko framifraa:
ærleg!) og ein engelsk-amerikansk Serhaatt, som
eg Nordmannen legg Merke til, synest han taka
som noko reint kvardagsleg og sjølvsagt: at han
fører Krig mot Astmaen sin med Gymnastikk;
ein norsk Gutunge med ein slik Sjukdom hadde
berre lagt seg til aa drikke seg ihel paa Medicin
– eller til aa døy utan Medicin: hadde vore ein
serleg gudforfylgd eller gud-naada. Eller det var
Gud, som i sin urandsakelege Visdom o. s. fr.,–
som Presten vilde segja. Men Jenkien med all si
Kyrkjetru, han gav ikkje Gud Skuldi for denne
Astmaen: gymnasticera og boksa og skaut etc.;
naadde ikkje upp millom dei fysste i nokon av
desse Kunsterne, men heldt paa og heldt paa –
og greidde seg: klara til Slutt baade amerikansk
Politikk og afrikansk Løvejagt; her kunde me
hava svært godt av aa gaa i amerikansk Skule.
– "Vaarvinna" mi held paa; noko-so-nær
ferdug med Gullbosten – som ein aldri vert heilt
ferdug med – lyt eg no til med Jordeplehyp-
ping (det er sett so mykje Jordeple i Aar, at me
treng "all vaar Kraft" til aa halde ."Aakrarne"
istand). Men eg vert jammerleg snart trøytt; og
dei austlandske Epleaakrarne aat Tuften er noko
reint anna enn dei Epleaakrarne, eg kjenner
heimanfraa, og som me greidde paa eit Par Dagar
med ein Hyppeplog. Alderen og mange Aars Still-
sitjing gjer dertil sitt; stor Hjelp er det ikkje i
meg. At eg daa ikkje vert noko glad i Arbeide
heller segjer seg sjølv. Og korleis eg i desse
<side nr=131>
Tider skal faa i Stand Hønefoss-foredrage mitt
– huttetu.
– I Gaarkveld Møte i "den rettsdemokratiske
Gruppe" av Grunnskyld-Lage. Overlærar Møller
las upp Stykke sitt (som han no hadde fenge
heilt god Form paa); og etter eit lite Ordskifte
um Sidespursmaal vart det godkjent. Møller upp-
lyste, at "Dagbl." hadde havt Stykke til Gjenom-
syn og funne det "interessant", men for langt
for eit Dagblad; det vart vedteke aa freiste "Sam-
tiden " (som eg daa skriv til i Dag). – Møller
vil i Sumar-fritidi halde Foredrag i Ungdoms-
o. a. Lag um Saki, og Th. Myrvang vil halde
Saki fram i Val-Fyredrag i Aar; soleis skal Flok-
ken vaar no til med praktiskt Arbeid.
Og arbeide fær ein. Men .., eg er Bonde.
Høyrer "Folke" til. Og veit av Røynd, at inst
inne bryr Folke seg i k k j e um praktiske Spurs-
maal. Folke "vil" ein einaste Ting: vil ha "Ar-
beidsfred". Politiske "Princip" o. s. fr. gjev det
ein god Dag; det vil helst ha ein rimeleg Ein-
valdsherre, som greidde alle desse Landsspurs-
maali sjølv, so at me kunde faa samle oss heilt
paa vaare eigne Fyrelogur. No veit han, at Ein-
valdsherrar er lite aa stole paa; er e i n av 10
rimeleg, so vil dei n i e vera meir og mindre
galne; det kann daa vera godt, at Folke fær
velia Tingmenn og soleis verja seg mot den verste
Herremannsgalskap. Men meir bryr det seg ikkje
um: det det gjeld um er, at me kann fikte oss
gjenom Verdi paa rimeleg Vis og so sidan berge
oss til Himmels.
Og um Lag so er det med h e i l e Folke;
ikkje berre med Bonden. Det bryr seg ikkje um
Statsvitskap; takkar til, at der er nokre Embætts-
og andre Herremenn som vil ha dette Brye med
aa setja seg inn i Statssaker og Styre. For seg
sjølv krev det berre Lìvemaaten, slik han kann
<side nr=132>
bli; og fær det kje den heller skikkeleg, so er
her kje noko større aa gjera; det er "Vaarherre
som straffar oss". Men vert Vilkaari altfor stride,
so er det godt aa ha Styrarar – eit Storting t. D.
–, som ein kann klaga seg for, skjella paa, og,
naar det knip altfor hardt, tukte litegrand paa
Valdagen, t. D. med aa gjera eit av dei gamle
Faatali til Fleirtal. Men Folke veit altfor vel, at
det nye Fleirtale vil snart vera likso gale som
det gamle.
At der er Naturlover i Samfundslive som i alt
anna Tilvære, det lærer Folke kannhende aldri
aa forstaa. Av Skulen sin krev det ikkje anna
enn Upplæring i Pontoppidan og Skriving og
Rekning og anna som kann vera kvardagsnyttigt;
Kunnskap i Samfundsøkonomi, i det heile i Sam-
fundsspursmaal, – slikt kann i det høgste vera
for Juristar. Eller um det no og daa kann vakne
ein Jaabæk eller Ueland; men han fær daa sjølv
lære slikt, um han tykkjest turve det.
Til Folke-Sjølvstyre er det i det heile so
langt fram at "endelaust" vel er rettaste Orde.
Men endaa .. – naa-ja; di fleire det kann vera
som fær ein Tanke um, at her er Samfunds-
"Natur" lover, og at me kann (maa) lìva etter
deim, di betre maa det vera, veit eg.
9. 6. 18.
Bryllaup i Garborgætti igaar; ei Brordotter gift
med ein Erling Wendt fraa Bærum – ein Bank-
funksjonær; fint Folk i alle Meiningar av Orde.
Eg lika meg godt i Lage; sat likevel no og daa
og tenkte paa, at no er heile øtti forbya og for-
danska – provinsfordanska fraa inst til yst. Og
den Vegen &mdash: "upp" – eller "ned"etter – gjeng
det i desse Tider med Bonden meir og meir.
<side nr=133>
Og endaa ... k a n n her vera Voner, liksom det,
kva Dag som helst, kann vise seg, at det er von-
laust; det er kje nok med, at ein ingenting veit;
i Tider som desse veit ein ikkje ein, Gong kva
ein fraa Dag til Dag kann vaage seg til aa tru;
ein fær daa berre "lata det drive".
I alle Fall: so lenge Folk hev Mod til aa gifte
seg og Raad til aa halde Bryllaup, so lenge er
det enno – langtifraa so ille som det kann bli.
16. 6. 18.
Igaarkveld hadde D. n. Teatre si fysste Fram-
syning paa Bygdøy. Og det gjekk so mykje betre
enn me hadde vaaga aa vente, at me drog rett
modige heim.
Fysst var det VÍre; det hadde heile Dagen
vore utrygt (Smaa-skurer) og saag helst ut vilja
sløkkje all Friluftsteaterhug hjaa Folke. Og so
var det Stykke: vilde "Friarar" vera noko for
Austlendingen? Men fysst og sist: vilde Kristia-
niapubliken tòla aa høyre Norskt? – I desse
Dagar, daa "Aftenp" hev fenge Knut Hamsun
til aa kveda upp mot "Maale", kunde ein vente
altslag.
Men alt jamna seg. VÍre klaarna upp; av Folk
var der ikkje lite; Stykke gjekk godt, og Lyden
var i berre Godlag; gama seg og fylgde godt
med. So det kann endaa greie seg for D. n. T.
paa Bygdøy.
Stykke kann det vera ymist aa segja paa; men
det hev rett mykje Moro og ikkje lite Humør.
Romantikk er det fritt for. Men ein og annan
grei og rak Natur inn-imillom alt det mindre
gjæve gjer, at ein ikkje vert modlaus av Skil-
dringi likevel.
– Som nemnt hev Knut Hamsun skrive mot
<side nr=134>
Norskdomen og oss norske i "Aftenp." – 12–-
14 Spaltur –, og gjort dette so, at Motstrævar-
bladi helsar han som ein ny (Gamall-) Bjørnson.
Han nemnde meg òg, so vidt at der var Grunn
til eit lite Svar; det skreiv eg paa Norskt og
sende "Aftenp." i den Trui at det ikkje kom inn;
hev daa òg sendt Stubben til "D. 17de". Igaar
fekk eg elles Korrektur fraa Aftenp., so det kjem
kannhende likevel; men nokon "Krig" kann eg
ikkje gjeva meg inn i.
– Trettande Songen (Od.kv.) driv eg paa med
no; han er visst ikkje mindre brysam enn dei
fyrre. Dertil er det Hønefoss-foredrage (um Retts-
demokratie), som eg maa faa (rimeleg kort) Form
paa; Tidi vert ille knapp.
22. 6. 18.
Igaar rett godt Regn, som gjorde veldigt godt,
og enno skyutt, so det kann bli meir, kann-
hende.
– Fyresømaren heilt til Endes; burte er alle
dei kvite Skyerne av Kirseber- og Apalblom, og
burte all den herlege "Gullregn" her paa baae
Sidur av Altanen min; me ét alt Kirseber no.
Dermed er Flytjetidi komi: i Dag fér eg – yver
Hønefoss, der eg skal preike – vest-yver.Og
um 2–3 Dagar skal Hulda til Vangen.
K n u d a h e i b a k k e n 26. 6. 18.
Etter tvo Næter og ein Dag paa Hønefoss
(Hyrnefoss?) – den vene vesle "Hovudstaden"
paa Ringerike, nedgrodd i veldige Skogar, med
vene Herregards Bygningar i romlege Hagar og
<side nr=135>
berre nokre faae keidsame "nymotens" "Gate"-
stubbar, med Foss og ei breid roleg Elv med
Timberfløyting –, der eg raaka gildt Folk og heldt
Foredrage mitt og var med i eit av Forhand-
lingsmøti aat "Bonde- og Smaabrukarlaget" (vart
etter Foredrage utnemnd til "øresmedlem" av
dette Lage; det fortenar eg no mindre) – drog
eg vestyvi den 24de, naadde Bergen um Kvel-
den, og so umbord paa Stavangerbaaten og av-
stad Kvelden 101/2 – 11. Det viste seg, at Baaten
alt var overfyllt, at det ikkje fanst Køy eller So-
verom og knapt nok ein Sitjestad, so det vart ei
lang og lite hugleg Natt, – med stri Vind og
utruleg Kalde attpaa. I Stavang 8 –9 Tidi den
25de, gjorde meg i Stand der og skrangla sør-
yvi halvsovande Kl. 2; fraa Thime ved 5-Tidi
(Tilhøve-skyss: med Sikvaland'en paa Undheim
paa eit Bordlass); i Knudaheibakken ved 7-Tidi;
fekk stelt meg so halvveges til Rettes og lagt
meg; sov 13 Timar i eitt og var endeleg "i
Orden. "
Men Jæren tok ikkje godt imot meg i Aar;
det var Nordvest (heller strid) og graatt og kaldt
og er so enno. Men det hadde regnt so vidt,
at den verste Turk-faaren var yvi og Folk i rett
godt Lag; i Natt hev det òg regnt, og slit og
smaaregner no og daa i Dag med, so Aakervo-
nerne no er gode og Høyvonerne ikkje reint verst;
Vinden er kje fullt so strid heller i Dag, – um
me kannhende kann vente likare VÍr i det heile
no snart?
– Stova mi etter Maaten rett godt i Stand i
Aar: Golvi drevne og Golv med Veggjer og "Rod"
skurde, so no er det berre Muren (med Omn),
som treng Vedgjering. "Skogen" min stend etter
Maaten rett godt. No spørst det, kóss eg i desse
Halvhungers-Tider kjem til aa greie meg med
Mat; det fær eg no ut og sjaa aa faa Vitring um.
<side nr=136>
Og so i Morgo til Itaka att, – um alt vil
laga seg.
–– E. M. Kl. 5: Sol og halvklaar Himmel
i Vest; tru han tenkjer paa aa skìpa seg?
Knhb. 30. 6. 18.
Fysste Sumarmerke: ei Fluge paa Kjøkglase.
Elles kaldt som fyrr; eg maa upp og slaa Flokar
rett som det er. Men stillare er det; berre eit
lite Drag av Nordvest; og i Dag er Himmelen
klaar, med berre ein Graabakke ut i Have. Og
det b u r d e sumrast snart no!
– Fysste Korrekturark: 4de Korr. paa 11te
Songen (fraa Schjøtt). Sjølv driv eg paa med
14de; men Kalde, Matsuter o. a. hefter: døyver
Arbeidshugen.
– "D. 17de" for 26de fortÍl Stornytt: Ung-
domslage i Oslo hev teke Luter for 100 000 Kr.
i D. n. Teatre.
Det er ei god Hjelp. Gjev fleire kom etter!
– Men Maalmann er mest = Fant i Pengevegen;
og vert ein Maalmann rik, so vert han provinsdansk.
– Telegram fraa Susanne og Nils Sund (Hau-
gesund) med Helsing til "øre-lagsmannen i Smaa-
brukarlaget". Det var sendt meg til Valstad;
soleis fekk eg samstundes eit Par Ord fraa Tuf-
ten med: Hulda var (25de) i Skien (Foredrag);
Per og Harriet var flutte inn i Huse vaart; fraa
Jonsokkvelden av hadde det regnt, so det var
"vel mykje av det gode". Kven skulde no ha
tenkt det ? – Men det er som vanleg: for mykje
eller for lite; det er nok ikkje etter vaare Turv-
ter, Naturen rettar seg, som Folk i gamle Dagar
(og dei som enno lìver i gamle Dagar) trudde
(og trur).
– Huff! gjev det kunde bli mildare snart!
<side nr=137>
Knhb. 3. 7. 18.
Inger i Mærlio (som hadde ein strid Lunge-
brand i Vinter og enno ikkje er fullsterk) hadde
lova aa baka meg Flatbrød, um eg sjølv kunde
skaffe Mjøl og Jordeple; no hev eg fenge (1 kgr.
Mjøl paa Bui og) 2 kgr. Mjøl og ein rett gild
Pose Jordeple paa Tunheim (hjaa Anna Svens-
dotter Garborg, g. m. Nils Aarrestad; eg er eit
Grand kjend der); det vil daa snart laga seg paa
den Kanten. – Petroleum hev eg fenge (1 Liter),
so vidt at eg kann koke Egg, – so lenge det
varer. Men enno ei Stund fær eg nok takke til,
at Hulda gav meg med eit og anna smaatt (Spe-
kemat, Ost o. a.) heimanfraa; utan det hadde eg
i det heile ikkje greidt meg.
– Godt var det elles, at eg fekk fraa meg
den Tunheims-Matferdi igaar; i Dag regner det,
so eg tenkjer heile Jæren ligg paa Kne av Glede;
alt som enno er bergande av Eng og Aaker vert
berga no. Som vel er; altfor vel turvtest det. For
meg hev elles dette Regne ikkje b e r r e vore
til Glede; det viser seg, at Tòka lék som ho fyrr
hev gjort; Lofte er snart fullsett av Dròpekjerald.
Gudarne maa vita um det nokon Gong kann bli
Skikk paa den Ting. Eg fær røda med Thomas,
naar eg kjem ned til Garborg.
– Brev fraa Hulda, som nok igaar (i Dag?)
kom til Veslelvdalen (Alvdal). Med nokre Fore-
drag (sist i Skien) hadde ho fenge Budgette litt
styrkt; no skal Fernanda og ho halde Hus paa
Vangen ei Stund (Marit er med); det spørst daa
berre um VÍr og Varme. (Ja og so um det kann
koma heilt i Skikk med Vangen-Stova). Men til
Hugnad for oss baae kunde ho fortelja, at i Aar,
daa eg ingenting tenar serskilt, og daa Dyrtidi
halvt um halvt et oss ut or Huse, skal eg ut
med Kr. 854,18 i Bygde- og 302,10 i Statsskatt.
Reknar eg dertil Tjuveskatten ("Toll"), so vert
<side nr=138>
det gode 2000 Kr. eg vert plundra fyre, eller
minst likso mykje som Stipendie. Naar eg ut
ifraa dette skal freiste aa gjera meg ein Tanke
um Landsøkonomien i det heile i desse Tider,–
naa-ja; Gudskelov at eg ikkje er Vaarherre.
– Fraa Cock-jensen Brev med 100 Kr. for
Foredrage. Eg hadde kje vaaga aa vente meg
noko Honorar fraa Smaabrukarlags-kassa; den
skulde vel ikkje ha meir enn ho turvte sjølv.
Men i desse. Tider vaagar eg ikkje anna enn
takka og ta imot; gjev Takkebreve var skrìve!
– l Stavanger vil dei halde Olsokfest; det er
eit Livsteikn. Eg er innbeden; men um eg fær
Tid er paa Voni. Dei bad meg um nokre Vers
med; dei hev eg sendt; men eg hev inga Tru
paa at dei vert bruka.
– Fjortande Songen ferdug. Gjev det var den
fire-og-tjugande!
Kveld.
Regne heldt paa til so Kl. 6. Daa var det
ei Stund det syntest vilja letne; eg saag endaa
ei Stripe blaa Himmel paa Sudvestkanten. Men
eit Bìl etter – heile Jæren burte i Skodd. Sam-
stundes auka Nordvesten att; strid, men flagut
dreiv han paa heile Kvelden utetter, um alltid
noko spakare etterkvart. Men Skodda heldt seg
like godt; Huse mitt laag som inni ei Sky.–
Det er ægte Jær-VÍr; men det minner meir um
Oktober enn um Jonsok; eg undrast meir og meir
paa um det vert Sømar i Aar.
Knhb. 8. 7. 18.
Det som vart "innført" i 1814 var ikkje "Fri-
Domen"; det var nokre (meir og mindre ufull-
komne) Fridomsformer; det danske Byraakratie
raadde som fyrr. Det som vart grunnlagt i Norig
<side nr=139>
i 1814 – som i alle Land ved Revolusjonen –
var Borgar- (Storborgar-, Penge-) velde. No viser.
dette seg tydelegt all Stad, i Norig med.
Bonden var noko sjølvstendigt fyrr; no er han
Banktiggar, Træl under Pengemagti. Og daa Pen-
gemagti fysst og fremst er Bymagt, so er han
komen heilt inn-under Byen. Der er for honom
alt som gildt er; dit søkjer Baani hans, so fort
dei veks til; og der søkjer han alle sine Myn-
ster: for Livemaate, Husbyggjing, Klædebunad,
Tale o. s. fr.; "Bondelande" Norig e r alt By-
land, um me elles vrid oss for aa vedkjennast dette.
At Knot av alle Slag daa breider seg ut yver
Lande med veksande Kraft, trass i alt det vesle
Maalstræve me kann drive, segjer seg sjølv; eg
røder kje mange Ord med eit ungt Menneskje
(og eg kann rekne mange eldre med), fyrr eg
høyrer By- og Halvbyformer som me i min Ung-
dom berre hadde flirt aat.
Fyrr hev eg trøysta meg med alle dei "gode
norske Bygderne"; dei skulde greie dei fysste
Vanskarne, og sidan vilde dei mindre gode au
koma med; ikkje minst stola eg her paa Upplands-
bygderne; der var Bonden meir ved Magt øko-
nomiskt, og heldt seg daa betre uppe i det heile.
Men vesle "Bonden" paa Veslhamar fær finne
korleis Tilstandi er i Røyndi; og av honom lærer
eg meir og meir aa forstaa, at det nok er lite
betre der burte; Smaabonden er kraftlaus og
modlaus som Vestlandsbonden, og Storbønderne
– kappast med Byherrarne i Norskdomshat. Paa
Midlande hadde eg lenge Telemarki aa lite paa;
og det er ikkje verst der. Men av "Norig" ser
eg, at det langtifraa er so langt kome der burte
heller som eg tenkte.
Her er nok òg den djupaste Grunnen til alle
desse Lempingarne og Firingarne i Maalformi
med; det gamle maa burt, kor godt det er. Og
<side nr=140>
kva skal ein segja eller gjera? Slikt m a a gaa
som det k a n n gaa. Og um "det norske Maale"
tilslutt vert anna enn proletarisera Norskdanskt,
–det vil ingen kunna segja.
Spursmaale vert vel "standande ope" mi Tid
ut. Einaste Voni skulde vera, at Bonden kom paa
tryggare Grunn att, vart mindre Bank- og Bytræl;
det er det, som der no endeleg synest opne seg
Voner til. Skulde dei Vonerne au svikte, eller
gjeng det for seint fram, so ender det nok –
som Vinje spaadde – med, at "vaar Norskdom
vert ein Runestein paa gamle Norigs Grav"; det
er svært smaatt med det, som me i yngre Aar
so modigt kalla "det norske Folke".
– I Dag hadde eg ein Mann av øtti til Gjest:
Ola(v) (Ola(v)son) Aase, Son av "Faster Aase",
som døydde for nokre Aar sidan; sjølv driv han
Maalaryrkje (og Handel) paa Sandnes og sìt godt
i det. Han bad meg til Gjest paa "Landstedet"
sitt innpaa Vatne-Kanten, paa Grensa av Høyland
og Hetland (Riskakvervo); der kunde eg faa eit
lite Hus for meg sjølv til aa skrive i, og Mat og
Sellskap i hans Hus. – Det er vent der inne;
og eg kunde ha god Hug til aa sjaa att Riska-
kvervo. Eg vil sjaa, um det kann lata seg gjera.
– – K v e l d. VÍre hev vore betre eit Par
Dagar, og storfint i Dag, so fint, at eg ikkje rett
hev vaaga aa "tru han". Nordvesten murka nok
enno so smaatt, men der var kje noko Magt i 'n,
og paa Ettermiddagen sovna han reint av; no er
det eit VÍr til aa gjera Vers um. Sjøen ligg
bleik og blank som eit stort Vatn; og um Top-
par og Ryggjer og "Kulur" til Fjells er det so
tindrande klaart – reint September-klaart –, at
eg kann kje so mykje som hugse Skodd og Skyer
lenger. – Men so vaknar det eit nytt Spursmaal:
skal her bli for mykje TurrvÍr att?
<side nr=141>
Haugesund 11. 7. 18.
Herr Arne Garborg.
Her hev nett no vore ei stemna av "Norsk
studerende ungdoms avholdslag". Ein sonen til
bisp S(tøylen) budde hjaa meg. Han studerar
jus og fortalde at dei iaar til prakticum fekk i
uppgaava:
"Giv en fremstilling og kritik av Henry Geor-
ges lære om jordrenten."
Det synte seg daa, at mest ikkje nokon hadde
greide paa dette, daa læreboki i statsøkonomi
inneheld so lite um Henry George. Men det var
daa so mykje kandidatane vart nøydde til aa ten-
kja paa Henry George. Ein kandidat var Henry
George-mann, og han fekk "indstilling" for sitt
svar.
Eg tenkte De kunde ha hug til aa høyra dette,
og difor hefter eg Dokke burt i dag.
Eg vonar De faar tid til aa stogga nokre dagar
her, naar De fer paa heimveg. De er hjarte-
leg velkomen.
Med dei besste helsingar
Dykkar
Nils Sund.
Knbb. 14. 7. 18.
Det er eikorleis kome ut eit Ord um, at eg
skal vilja selja Knudaheibakken. Og tri Mann
hev spurt meg, um dette er sant, og meir eller
mindre greidt sagt, at dei kunde vilja kaupe.
Med ein av deim hev eg endaa ein halv Avtale;
eg skal kunna bu her um Sumrarne so lenge eg
vil, og han skal seinare halde Huse ved Lag og
like eins "Skogen". Prisen skal me tala meir
um, naar eg hev fenge Greie paa, kor mykje
"Garden" med Hus kostar meg. Eg hev funne,
at han kunde vera ein rimeleg Kaupar; han er
<side nr=142>
Son til den Mannen som eig Marki der Knuda-
heibakken ligg, og han er Erving til Garden.
Men kva der kann verte av dette er uvisst.
Eg er komen til aa tenkje paa, at Pengar no
knapt er Helvti verde mot for ti–tjuge Aar sidan;
selja no for det Eigedomen kosta meg daa vart
aa selja for halv Pris; og det hev eg nok ikkje
Raad til.
– Til Ola Aase hev eg skrive og sagt fraa,
at eg kjem Tysdag. Fær daa vera inn paa Gar-
den hans til Laurdag eller so; det kann vera eit
lite Umskifte.
Med VÍre skifter det ustanseleg; Sudaust med
Regn hev det vore no eit Bìl, med heile og halve
GodvÍrsdagar inn-imillom.
– Igaar (og idag) eit Par Brev; ein Advokat
skriv og vil ha eit Responsum um Namneformerne
"Bruu" og "Bru" (som der er Høgsterettssak
um!); Luthersk Bokmission – der er noko som
heiter so òg – vil ha meg til Medlem; Nils
Sund skriv og fortél noko som er rett lystigt fraa
den siste juridiske Eksamen ved Fredrikshøgsku-
len. For fysste Gong var der til Praktikum ei
Stiluppgaave um George-Læra; ingen hadde Greie
paa den (Aschehoug og Morgenstierne hev vel
um Lag like lite um ho i Lærebøkerne sine);
berre ein Sinding (som er George-Mann) visste
noko; men han skreiv daa òg so han fekk "Ind-
stilling". – Elles utrulegt, at den gamle mose-
grodde Juristskulen der inne fylgjer so vidt med:
veit, at George-Spursmaale enno er lìvande.
– Fraa Hulda Brevkort; det hev vore kaldt
og regnlegt paa Tynnsetkanten med. Fraa Bergen
hev ho havt Brev: Rusti ikkje operera, men betre,
kor lenge det kann vara. Eg fær skrive og høyre,
kóss det gjeng.
– I Prøyssen skifter dei Rikskanslar no og
daa, liksom d e t skulde vera godt for noko. I Kri-
<side nr=143>
gen hev det i dei siste Par Dagarne vore eit-
grand + paa Vestmagtsida (Amerikanarne høyrer
ein svært lite til). Den russiske Revolusjonen
vert meir og meir Sky og Skodd; "alt flyt";
"fylgje med" løner seg ikkje. I "D. 17de Mai"
er der ein lang og harsk Strid um ein Lærar-
høgskule.
Knhb. 22. 7. 18.
Kjære Hulda!
Da jeg fik den vesle Pakken, tænkte jeg: dette
maa være Manuskript; aassen kan nu det hænge
sammen ?
Men saa var det solidere Ting: Lefse. øgte
Østerdalslefse. Lidt tør var den blit paa Veien,
saa den virket noksaa solid; men den var for
Øieblikket ubetinget mere "tidsmæssig" end selv
det mest udmærkede Manuskript. Og til næste
Middag blev Hovedretten: Lefse fra Kolbotnen,
Honning fra Labraaten og Smør og Tykmelk fra
Undheim; det var Mad fra mine samlede Hjem-
steder, og Mad som sa seks, og som smagte ud-
mærket, om end Tænderne fik ikke saa ganske,
let Arbeide. Og jeg takkede Dig oprigtig for
Maden. (Hvad jeg forresten hver Dag gjør; jeg
har endnu god Støtte af det jeg fik med mig. –
N u har forresten Ungfolket sendt mig baade Mo-
reller og mer Honningkake (= brød); det meste af
Morellerne hadde klaret sig godt; og Honning-
brødet blir – som Dessert til Middagen – en
værdig Efterfølger til det som Du gav mig med,
og som netop nu var "afsluttet").
Efter al denne Mat kommer der ogsaa lidt
Penge; der er kommet 40 Kr. til os hver fra
"Jolehelg". De 40 sender jeg til Straalberg; saa
kan Du vel hæve dem ned-paa Skole- og Post-
huset – og kvittere?
<side nr=144>
Jeg er netop hjemkommen fra Vatne, og har
nu ogsaa aflagt min Garborg-Visit (hvor jeg slap
med en Udgift for Husreparation – Gulv-Istand-
sætning m. m. – paa 120 Kr.); skal hilse fra
Anna, Konen paa "min" Gaard, hun med de
daarlige Undersaatter, som Du kanske husker.
Alt der nede uforandret. Men ned-paa Taarland
er der et Dødsfald: Lensmand Gausland (som jeg
bodde hos i "Haugtussa"-Tiden); men han var
80 Aar, og hans Død var en ganske rolig Falden-
i-Søvn, saa der er Intet at sige. Og han har gjort
godt Arbeid: dyrket op og bebygget to Gaarde
der ned-i Lyngheia, en til hver av sine to agro-
nomiske Sønner.
Jeg befinder mig for Tiden i 17de Sang, –
begynder smaatt om Senn at "se Land" altsaa.
Med Levernaaden hænger det ihop endda en
Stund, saavidt jeg kan se; og opstaar der Umu-
ligheder, saa skriver jeg, og saa faar vi slaa vore
Pjalter sammen igjen. Skjønt nu blir du vel alene
og har begyndt at arbeide?
Det har været noksaa bra – tildels godt –
Veir en Stund, saa det meste Høy er vel snart
inde; p. t. braaker Vinden fra Sydost eller -vest,
til Forberedelse af en ny Regntid antageligvis.
Maatte det være tryggere op hos Dig!
Hils Fernanda! Bra at hun har likt sig der
oppe.
Din G.
Hils Presten – Ivar Ikkje-Matlaus – og alt
hans Hus!
Knhb. 22. 7. 18.
Attkomen fraa Vatne, der eg i 4 Dagar hev
vore Gjest hjaa 0. Aase og Kona hans (Dotter
av fysste Thime-Klokkaren, eg minnest, og fysste
<side nr=145>
seminarlærde Klokkaren, Sven Mauland, av Nedre-
Maulands-øtti). I ei Fjeld-Li innanfor Vatne hev
han (og eit Par andre Sandnesborgarar – Halv-
Jærbuar –) bygt seg Hus (det er gamle smaae
Sandneshus som er uppflutte); der bur dei um,
Sumaren og trivst godt, som rimelegt kann vera;
der er venare der uppe enn eg hugsa: Fjell,
Lier, Sjø, og vene Gardar nedan- (gamle Vatne)
og ovanfyre (Lóssi- – skrive Lutzi-!) Garden;
serleg upp- (nordaust-) yver er det fin Utsyn.
Sonen i Huset (dvs. den eldste) hev sett seg upp
eit lite Ungkarshus ned-mot Vatne; der sat eg
og arbeidde med Song XVI likso fredelegt som
eg skulde sìte her (vart ferdug med Songen au);
hadde det i det heile godt og gildt paa alle Maa-
tar (naar eg reknar ifraa, at eg laut høyre paa
Sandnesmaal). Ein Kveld var me ned-um A a d n e
Aase (som hev eit lite Hus paa sjølve Vatnegar-
den); han hadde havt "Spanskaa", men var uppe
og noko-nær i Stand no. Noko sterk er han nok
elles ikkje i det heile; hev slutta med Handelen
no som med Sjømannslive fyrr; driv med litt
Spekulasjon og er Bankdirektør (i ein liten Sand-
nesbank) og hev rolege Dagar. Rart aa raakast
att; han hugsa mangt fraa vaare yngre Aar som
eg hadde gløymt; og me er haae tvo so vidt
gamle no, at Syni meir og meir vender seg att-
yver. Fredag Ettermiddag gjekk eg til Riska-
kvervo, der eg var Skulemeister for 50 Aar sidan;
paa dei 50 Aari var alt vorte nytt, Gardarne ut-
flutte og alle Hus bystykkefine – som paa Jæren.
Sjølve det gamle Huse paa Hau(g)aland, der eg
hadde fast Skule (med alt skìpa paa Umgangs-
skule-Vis), var umbygt (med Kvist) og kringbygt,
so ingenting var attkjennande.
– Igaar Natt ved 12–1 Tidi kom eg heim
(til Fots ifraa Thime); mild Luft, Himmelen lett-
skoddut; straalande Solnedgang; blìkstill Natt;
<side nr=146>
gamle Minne og Stemningar fekk Magti. – Igaar
Ettermiddag var eg paa Garborg, der alt er med
det gamle; med Thomas fekk eg gjort upp for det
Arbeide han hev gjort her uppe; etter Tidsvil-
kaari var han svært billeg. Han er i det heile
ein av dei "gode gamle", som eg er glad for at
eg hev lært aa kjenne.
– No bér det i Veg med Song XVll. Fraa
Deptet endeleg Skriv um Bevilgningi til Odyssevs-
kvæde; det er gjeve 5500 Kr. til "A. G.'s og
Overlærer S. S.'s Ovs. av Odysseen til Lands-
Maal", "derav til Oversættelseshonorar til Hr. G.
2000 Kr. og Resten til Utgivelsen paa Betingelse
av, at Oversættelsens Bokladepris ikke sættes
høiere end til Kr. 3,75 pr. Expl." – Eg er rædd
at det meste av Honorare (alt?) gjeng til Pren-
tar og Forleggjar, slik som Tiderne no er og vert;
men eg lyt nok berre vera glad endaa.
Knhb. 29. 7. 18.
Kjære Hulda!
Tak for Kort 22de. Alt vel her med. Hunde-
dagene begynder graatt og smaasurt, men stilt,
saa jeg bør ikke klage over Veiret heller. Fra
Matbua ingen nye Vanskeligheder at melde, men
ingen nye Forhaabninger heller; "me fær sjaa"
– fra Dag til Dag omtrent. Idag gaar jeg paa
med 18de Sang – sidste Revision; har altsaa nu
bare den sidste og korteste Fjerdepart tilbage.
Gildt at høre at Du har hvilt godt, og at Hvi-
len har virket; efter Hospitalshistorien og mang-
foldigt Stræv kunde det vist behøves. Men nu
er altsaa Fernanda borte, og saa begynder vel
"Arbeidsdagen" igjen.
– Ja; Knudaheibakken har to Feil: det er fælt
langt dit (og i disse Tider umuligt dyr Reise);
<side nr=147>
og saa ligger den paa Vestlandet. D. v. s. : det
kommer ikke Jernbane did før allersidst, før alle
de andre først er nogenlunde tilfredsstillede. Og
det blir ikke i vor Tid. Saa det var nok bedst,
om det kunde ordne sig med Vangen-Stua, dvs. at
den kunde faa staa hvor den staar, indtil den
ramler. Men derom ser det ikke ud til at Du
har talt med 'n Olav – endnu da.
Fra Hognestad skal jeg hilse; var der igaar.
Alt i Orden der; Aakeren staar gild paa de fleste
Steder; og Jærbuen begynder mere almindeligt
med Kveitedyrking nu; den. trives udmærket og
lønner sig bedre end selve Havren. (I min Tid
var det bare en og anden Experimentator, som f.
Ex. Far, som havde en liden Kveiteaaker jevn-
sides Rugen). Men saa blir der jo mindre av
Mjølk og Smør nu. Og der blir strengere og
strengere Kontrol med Meierierne – at de ikke
lader sig plyndre av Byfolk (som strømmer hit
helt ifra Bergen efter Smør; Vorherre maa snart
vide, om jeg kan faa med mig noget til La-
braaten !).
Lev vel! Og Veiret lysne!
Din G.
29. 7. 18.
Igaar paa Hognestad. Alt stend vel til; og den
unge øtti, Baani hans Eivind, fager og gild Ung-
dom, veks meir og meir til; 2-3 av deim er alt
aa rekne for vaksne. Og gamle Hans, 86 Aar,
greier seg utrulegt enno; han høyrer nok noko
lite, men fylgjer godt med; mykje baade gamalt
og nytt hadde han aa røda og spyrja um.
Eivind, som er Formann i Rasjoneringsraadet,
fortalde ymist um Vanskarne og Raadgjerderne
der; mangt hev det vore aa staa i. Men det hev
greidt seg og greier seg rett godt enno. Anna
<side nr=148>
han nemnde var Mauland og hans Rogalandssoge;
Forleggjar er funnen (Dreier) og alt i Stand; men
med Mauland er det den gamle Vansken; han
vert aldri ferdug, og aldri er der Greie aa faa;
kor mykje der kann bli av det er no som fyrr
reint paa det uvisse. Eivind sjølv hev elles fenge
Tak paa ymse gamle Brevskap vedkomande Hog-
nestad og øtti hans der; etter deim hev han sett
upp ei øttetavle, som fører rett høgt upp, – til
ein øttehovding paa Overgangen millom det 15de
og 16de Aarhundrade, Svein Hognestad, som daa
hev vore noko som ein Herse paa Jæren; fraa
honom spann det seg ut ei heil Rad av øtter
millom deim baade (Torkell) Maulandsætti og mi
øtt; det som enno vantar er øttetraaden fraa
honom og uppetter til den store Gamletidi; den
vert nok aldri funnen. Men at eg var so vidt i
øtt med baade Maulands- og Hognestadfolke
hadde eg ikkje drøymt um; laakt hev me fylgt
med, og ille veik hev øttekjensla og øttetanken
vore. Forstod eg Hognestad rett, tenkjer han
paa aa gjera ferdugt det Kapitle av Jær-Soga
sjølv, um Mauland skulde svikte; no spørst det
um h a n fær Stunder nokon Gong; d'er visst um
Lag all hans Tid som gjeng med til altslag offent-
legt Smaa-Arbeid. Men ymist Emne til ei slik
Bok hev han; nokre gamle Rettsdokument fraa
1700-Tale las han upp Prøvur av, som var sers
forvitnelege. Og han held Orden paa sine Ting,
so at fær ikkje han deim ut, so vil dei sidan
kunna koma. Og mykje gamal Soge ligg visseleg
gøymd og unytta i Riksens Brevsamlingar, naar
der kann vera so vidt mykje fraa ei einaste øtt
berre paa Jæren; ein Gong maa ho vel bli fram-
funni og utnytta, um elles Norig fær staa – og
lìva i Ro nokre Tider frametter.
Min Far kom ymist paa Tale; det var han som
var Lærar i "det vestre Distrikt" daa Hans
<side nr=149>
Hognestad vaks upp; og denne stille, flinke, tenk-
same Guten var han Far baade glad i og byrg
av, liksom han meir og meir nytta han til Hjelpe-
lærar. Presten (Frost) lagde daa òg Merke til
Guten; og Hans vart nytta til Lærar heilt ut (i
ein lærarlaus Krins) jamvel fyrr han var konfir-
mera. Far og han vart meir og meir Kjenningar;
og den Venskapen heldt ut. Ja sistpaa vart det
Læraren, som søkte Hjelp hjaa Eleven; siste
Gongen Far var paa Hognestad – eit Par Vikur
fyrr han døydde – bad han endaa han Hans
"hjelpa 'n Aadne" (som daa var paa Holt, og som
han vel hadde høyrt so ymist um). Hans sk"na
ikkje Meiningi; trudde at Far tenkte paa økono-
misk Hjelp, og meinte at Far greidde den Ting
betre enn han vilde kunna. Men Far berre tok
upp att sitt, utan meir Forklaaring; og ikkje fyrr
det vonde var hendt tok Hans til aa forstaa, kva
Meiningi maatte ha vore. Men det vart ikkje
sidan Spursmaal um Hjelp til han Aadne; han
siglde sin eigen Kos, han, og det saag lenge ut
til, at eg heilt og i alle Maatar hadde sagt Far-
vel til Jæren.
– Fraa Tuften Brev; Hagen gjev mykje av
seg; han kallar Morelltréi "Gullgruva" si. Med
Blomar og Frukt gjeng det i det heile godt, um
det vert skralt med Kjøkenhagen; det kann vera
godt aa ikkje vera altfor mykje Specialist.
– Fraa Hulda Brevkort; skralt med VÍre
framleies, men endaa hev dei trivest berre godt.
Fraa igaar av er ho aaleine og vil daa til aa ar-
beide; og Ro hev ho der uppe, og Helsa er fullt
i Stand, so Vonerne skulde vera sers gode. Fraa
Stvgr. Aftbl. (som eg skreiv til for henne) kom
det Melding i Dag um, at Dagboksuppskrifterne
hennar fraa 1905-Tidi kjem, "saa snart Somme-
rens døde Tid er over".
– Tomas (Kverneland) Garborg (ein Jærbu av
<side nr=150>
det g o d e gamle Slage) var her i Fyrrgaar og
stelte noko paa Tòka (serleg det verste Hòle paa
Øvresida Skorsteinen); det vert ei god Hjelp.
Sidan er det Von um, at han kann faa gjera
meir; men alle dei Smaadroparne paa Austsida
av Take er det vanskelegt aa faa Tak paa; god
Tid vil det turvast i alle Fall.
Knudaheibakken 8. 8. 18.
Kjære Hulda!
Takk for Brev 1/8; og tænk, idag er det alt
8/8 ; Tiden galopperer.
Du har ogsaa havt herligt Veir, hører jeg; og
da var det nok gildt at ligge i Fjeldet. Men saa
kom altsaa denne Grisungen i Veien. Naa-ja, og
saa m a a det indrømmes at være fornuftigt, at
det bor nogen paa Gaarden i denne Tid. Men
jeg kan ikke andet end beklage Dig, skjønt Val-
staddalen jo ogsaa er vakker. Forresten, baade
Fjeld- og Hav-Herlighed er vel lidet at stole paa
i Aar; jeg har havt Paradis her længe nu: men
i Dag skodder og blæser det op igjen, saa Gu-
derne ved om det ikke snart bærer hin Veien.
Med Matstellet greier det sig fremdeles ganske
bra, trods Ensformigheden; god Mjølk og godt
Smør og god Ost – god Graut ogsaa forresten
– hjælper utrulig længe. Brød er det noget
værre med; men saa har jeg Inger, dvs. udmærket
Fladbrød og meget godt "Kakbrø". Have har jeg
jo ikke; men en anden av mine Koner – hun
paa Tunheim – har (foruden Havremjøl og Fat-
ost) ogsaa skaffet mig Bær i Overflødighed. Ind-
til videre har det saaledes ingen Fare; og i det
hele blir det vel Parafin-Spørsmaalet, som blir
det avgjørende.
– Ja gid det kunde ordne sig med Vangen-
<side nr=151>
Stua. Herregud, det kunde ikke koste noget for-
skrækkeligt at faa fat i nogen nye Stokker og faa
indsat, om det her og der skulde trænges; og at
h e l e Stuen skulde være raatten naar Taget er
bra, det kan jeg ikke tro. Men Greie paa det
faar du vel engang!
– Ja nu maa jeg i Vei, skal jeg naa Posten!
Lev og hils! – ja nu er Du forresten paa La-
braaten (dvs. naar dette naar østover); jeg faar
adressere did nu altsaa.
Din G.
Befinder mig midtveis i 20de Sang; de 4 siste
skulde jeg ønske at faa fra mig i ett Kjør; faar
nu se da.
Knhb. 8. 8. 18.
RuskvÍr i Dag – etter ein rett lang God-
vÍrsbolk.
– Brev fraa Hulda; enno Inkje avgjort um
Vangen-Stova. Men Andreas (Trøan) skal forfara
Veggjerne no ein Dag, – um det kann vera Mei-
ning i aa tenkje paa nokon Handel. – I Over-
morgo flytjer ho til Labraaten att. Og ho ventar
"Gjensyn snart". Eg vilde nok gjerne bli ferdug
med Odyssevs her (sìt midt i Song XIX no); men
ingenting er visst; Parafin-Naudi kann drive meg
aust-yver fyrr eg tenkjer.
– I "Den 17de" er ein "Lærar" ute og spør
etter ei Samling av Bladstykki mine (o. dl.) att.
Men i Tider som desse er det visst raadlaust aa
tenkje paa den Ting. Fær vel elles spyrja Ny-
gaard, og so svara.
– "Han Johan, Son hans Fanta-Mattias", eller
no M. J. Mathiassen Schou, ligg og skal døy no,
etter eit Brev eg fekk idag. Eg gjekk nettupp
og venta paa aa sjaa han stige inn i Stova mi
<side nr=152>
naarsomhelst; Sumar Tid og storfint VÍr, – no
k u n d e han ikkje halde seg i Ro lenger, tenkte
eg. Men "langt fremskreden Mavekræft", som
Dokteren kallar det, vil nok tvinge han i Ro for
godt no. Og underleg nok: det er liksom noko
av meg sjølv sloknar med honom, noko av det
ein vel sist gløymer: Overgangen millom dei siste
Smaagut- og dei fysste Ungdomsaari. Med honom
døyr vel ein av dei alra siste av det gamle
"Fante"-slage (han er Halv- eller Kvart-? –
Zigøynar); han skulde daa helst vera glad med
aa faa "sleppe". Men i den vesle Brevstubben
sin segjer han Inkje um det; han berre takkar
for det vesle eg kann ha vore 'n til Hjelp og
ynskjer eit Par Ord til Svar; det skal han òg
faa, um det ikkje vert stort eg kann skrive.
Knhb. 12. 8. 18.
Igaar var det Hundadag: so varmt, at det var
mest vel mykje. Men i Dag er det svalt att.
Og Lufti – som vanlegt i Sumar – graa-eimut.
Elles so godt VÍr i det seinste, at det var Synd
aa klaga; Høye inne all Stad, og her og der –
som hjaa Nils Aarrestad paa Tunheim, der eg var
til Middags igaar – tek dei i Dag til med (Bygg-)
Skurden.
Men eg tek til med Song XX.
Siste Ufredsmeldingarne gjeng Tyskland so vidt
imot, at det mest kunde sjaa ut som ei Vending.
Og Amerika fortél, at det enno kann skaffe 12 1/2
– eller var det 22 1/2? – Millionar Soldatar.
Naa-ja; dei kunde ikkje slagte for mange Millio-
nar, um dei dermed fekk tynt Ufreden for all
Framtid; men dertil krevst det meir enn Ame-
rika enno tenkjer paa; ein ny politisk og økono-
misk Samfundsskipnad (og Nyskipnad i Tyskland,
<side nr=153>
Republik eller iminsto Klave paa den prøyssiske
Junkerdomen). Her er daa kje anna aa segja
enn det gamle: "me fær no sjaa daa".
Knhb. 15. 8. 18.
BøyevÍr; hyljande Regn, so det fossar ned-yver
Ruturne, og so Upphald att, – i jamt og raskt
Umskifte. Og so kaldvore; det er verst for meg.
Men eg driv paa best eg kann; tek i Dag til
med XXI.
– Brev fraa Hulda (11. 8); ho er paa La-
braaten no; det var nok litt hardt aa rive seg
laus der uppe, skriv ho (og same Dagen ho drog,
døydde det endaa ein av dei gamle der uppe
(Simen Trøan)); men paa Labraaten "er ogsaa nu
et Paradis, og vi har det udmerket i alle Maader."
"Barna" er farne til Fjells (men "lengta heimatt"
fyrr dei reiste); dei hev slite svært med Hagen;
men det løner seg au; "alt bærer vidunderligt."
Vangen-stova er kjøpt (og betala); Kr. 330 for
den og 2 Maal Grunn til "Tuft" – litt lenger uppe
(i Skogen); det er svært rimelegt, og ho er
"meget taknemmelig" mot Olav Straalberg – med
god Grunn. Men um ho no kjem til Jærs oftare
– –. "Hiawatha" kann det vera Von um aa
faa upp i Sverige; no gjeld det aa faa det umsett.
Og kven veit? Det vilde gjera seg godt, etter
mi Tru; ille at D. n. T. ingen hev som kann
spela Hiawatha. – Sjølv hev ho ei Komedie og
ei Bok aa skrive; men no er det berre Kirsebær
og Tomatar aa tenkje paa; Breve sluttar med
"paa snarligt Gjensyn"; men eg hev mine 4 Son-
gar og dertil "Skogen" aa tenkje paa. Det spørst
um VÍre – ja og so denne stakkars Parafinen.
– I Klepp "Vinstrelag" hev dei sett upp Korn-
toll paa Valprograme sitt. Og dei nye Ting-
<side nr=154>
mannsemni – Kleppe og Norheim – er Korn-
toll-menn. Reaksjonen vert sterk paa all Vis no
her paa Jæren. Men Herregud; det vert visst
berre Reaksjon allstad.
Knhb. 24. 8. 18.
Brevkort fraa Tuften; dei hev det regnlegt i
Lom med. Og Aakeren stend svært grøn. Berre
det ikkje altfor mange Stader vert til det, at dei
lyt slaa Aakeren ned til Grønfòr? – Naa; enno
er det for tidlegt aa spaa.
Fraa Hulda Brev; ho hev det "travlt som Mus
i Barselseng"; men i Hagen stend alt vel til.
Og meg hev ho sendt ei gild Forsyning av det
eine betre enn det andre, Frukt, Bakverk, Spikje-
flesk, slikt som nettupp no kom serskilt vel med.
So det er nok godt aa ha Labraaten au, attaat
Knudaheibakken! – og ha godt Folk paa La-
braaten, um eg her gjeng aaleine.
– 2 Ark Korrektur med ein Gong igaar; dei
set i. Og eg fær spenne i, eg med, so godt eg
kann; enno hev eg att 2 1/2 av dei 24 Songarne.
Men eg "ser daa Land" no. Gjev det kunde
slutte med dette Regne! Ho Inger i Mærlio
spaadde godt igaar; "for no slutta' Hundada'ene";
jau takk! Det vart spaatt GodvÍr, daa Hunde-
dagarne byrja med; men Spaadomar sæter kje
meir enn dei hev gjort. Elles er det gode Stun-
der millom Bygjurne; og stilt millom Stormda-
garne; men alt er usætande, – so nær som
(Halv-)Kalden; den er stø.
– Ein "Lærar", og no sist tvo, hev i "Den
17de" teke upp att det gamle Spursmaale: um eg
ikkje vil gjeva ut Bladstykki mine og andre Prosa-
stykke i Samling. Eg svara, at Tiderne ikkje er
laglege for slikt; men dei meiner at her alltid
<side nr=155>
vart so vidt Kjøparar at det greidde seg. Eg sva-
rar, at eg vil raadspyrja Forleggjaren, og at det
i det heile ikkje skal staa paa meg; men sant aa
segja trur eg lite paa heile Tanken. Dessutan:
skulde der bli Meining i det, maatte eg faa med
eit og anna som vilde gjera Samlingi dyr, og for
mange "tabu" (soleis "D. n.-n. Sprog- og Natio-
nalitetsbevægelse" og "Jesus Messias"). Eit fælt
Rote-arbeid vart det og – hu, enn alle dei gamle
Avishaugarne eg maatte kava meg igjenom! –;
men . . . naa-ja; fær sjaa. Nygaard vil i k k j e
bry seg um det. Men Norli kannhende?
28. 8. 18.
Det minkar med Pappere. Liksom med Mat
og med snartsagt alt. Men so minkar det med
Arbeide òg: eg er midt i næstsiste Songen. So
eg er rett nære Land. Og eg fær draga, so snart
eg fær sett punctum finale til 24de; "Upplysnin-
garne" set eg upp paa Labraaten.
Det er elles paa Tidi at eg fær segja Odyssevs
Farvel. Eg hev masa med 'n for lenge; set eg
meg til med 'n no, so vil eg helst sovne.
VÍre er kje heller noko rart. Det var godt,
stundom storfint, fysste Helvti av Hundedagarne;
so vart det graatt og regnlegt og stundom rett
svalt; mest jamt uklaar Luft; fraa Halvdimme til
Tettskodde. Etter Hundedagarne hev det halde
paa mest sameleis; men det hev vore lite og
inkje Regn, so i Dag laut eg aat Tjønni etter
Vatn att. No "snur" han visst paa nytt; det er
Sol og klaart (men dimmut i Have) og ein Nord-
vest so kald, at Soli greidde ikkje aa faa han
varm i sjølve Middagstidi. Vil han halde soleis
paa, vert det berre godt aa faa reise.
– Fraa Indiamannen min Brev (paa norsk-
<side nr=156>
danskt i Dag); han skriv, kva Tid eg "vil være
saa elskværdig" aa gaa igjenom "Snøfuglar"-ne
hans; det er vel same Diktsamlingi, som endeleg
hev fenge (ein god) Titel. Eg svarar, at fraa
midt i Septbr. . . . Daa lyt eg nok i Veg med
den politiske Kannestøyparen; men eg klarar det
vel. –
– Kom i Dag til aa sjaa paa "D. 17de" for
20de d. M.; las der eit nytt lite astronomisk
Stykke av S. Enebo; han skriv godt Norskt, attaat
det at han er ein glup Himmelgranskar. Fyrr
hev han fortalt um den "Verdi" som no hev
"Domedag" ("brenn", forgasar seg) uppe i eit av
"Himmelteikni"; der og i det siste Stykke
("Fiksstjernehimmelen") gjev han so full og klaar
Greie paa Stjerneheimen, at ein kunde vente
Prestarne vilde skrike upp,; men dei skynar vel,
at her gjer dei best i aa tegja. Men for mange
maa det vera rett revolusjonerande aa faa Greie
paa, at me lìver i øveheimen, og at det er
"Skapingsdagar" og "Domedag" kvar Dag rundt
um i denne Endeløysa, som er utan Grensur i
Tid som i Rom. – Det som elles hjelper det
store Fleirtale er, at det slettikkje tenkjer. Og
kor mange promille kann det vera, som i det
heile les slikt som dette um Stjernehimmelen?
– Er det so mykje som ein av tusund, so er
det vel Høgdi. Prestarne kan ta det med Ro.
– Fraa Krigen melder Bladi, at Vestmagterne
held paa aa gange fram; gjev det maatte vara.
Det vart Reaksjon (dvs. meir Reaksjon) daa med;
men ikkje fullt so vonlaus Reaksjon, trur eg.
Knhb. 4. 9. 18.
Det lid med' det skrid. Men September ser
ut til aa vilja lure oss i Aar; det er strid, sur
<side nr=157>
Nordvest jamt og eit svært urolegt BygjevÍr.
Endaa høyrer eg elles (og ser), at Folk lurer inn
i Tylvtevis med Kornlass; og kann Maten koma
i Hus, fær det vera det same um ein Penne-
slikkar frys litegrand.
– Fraa Overlærar Møller Brev; han hadde
tenkt paa ei Foredragsferd um Grunnskyldsaki,
men vart sitjande med noko Skulearbeid, so dei
Møte som vart tillyste laut bli avlyste att. Men
han vil taka det att sidan; det er ein av dei faae
utvalde, denne Møller.
– Brev fraa Nygaard um Stubbsamlingi; han
meiner me bør gjera som med Gunnar Heibergs:
gjeva ut Samlingi i serskilde Bøker, so kvar kann
kjøpe det han bryr seg mest um og ikkje er
bunden til heile det lange og dyre og seint ko-
mande Verke; det høyrest vitugt, og eg hev svara
Ja. Fysste Bande kann koma til Hausten; eg
fær byrja med Politik og Samfundsarbeid fysst,
trur eg.
– Paa Labraaten er alle heime no att, so nær
som Gamlen daa. Og dei er i fullt Mas med
Hausting. Hulda hev sendt meg ein ny Post-
pakke med Eple, Pylse, Ost; det kom vel med,
sjølvsagt, og er meg til god Hjelp desse siste
Dagarne. No er eg midveges i siste Songen og
vil kunne pakke inn um eit Par Dagar.
Og eg tek til aa lengte austyver. Kalde Dagar,
lenger og lenger Kveldar utan Parafin, og eg
sjølv meir og meir trøytt av Heksameterfiling, –
det vil vera best aa "koma i Hus" att.
Knhb. 8. 9. 18.
Husa Storm. Og Graaskodde langt innyver
Lande; eg kann nettup skilja Garborgsaasen. So eg
fær segja at Jæren tek ublidt Avskil med meg i Aar.
<side nr=158>
24de Song gjeng endeleg i Posten. No hev
eg berre Fyreorde og "Upplysningar" att. Og
so er det Stræve yverstade, – eit Stræv eg visst
fær lite Hugnad av.
– Takk for i Aar, Jæren!
Labraaten 3o. 9. 18.
Eg fekk sjaa inn-um paa Garborg og Hogne-
stad; Tu laut vera. For tvo Ark Korrektur hadde
eg aa greie, og nokre Brev attpaa.
Til Haugesund naadde eg Kl. 12 um Natti;
som vel var, tok Nils Sund og Olav Dagestad
imot meg, og eg vart berga i Hus. Men daa eg
sa, at eg laut avstad att i Morgo, so fekk eg vita
at i Overmorgo Kveld vilde Kjenningarne mine
møtast med meg her, so at no slapp eg ikkje
avstad, fyrr det Møte var fraa-seg-gjort.
Eg kjende, at ein Kvil kunde gjera godt, og
slog meg til Ro; og um VÍre ikkje var som det
skulde, – hjaa Sund hadde eg det godt nok.
Det var nok ille, at eg laut taka meg ein Dag i
Bjørgvin med (sjaa um Olav Rusti); men so fekk
eg taka Resten i ein Jufs; daa naadde eg endaa
fram til Fredag (og ny Korrektur); og "Fyreord"
og "Upplysningar" skulde eg vel greie paa ei 3
–4 Dagar.
Dei Par Dagarne gjekk snart. Og "Møte" –
eit heilt lìte Gilde – vart gildt nok : mykje godt
Folk fann eg der, og mange huglege Ord vart
meg sagde. Sistpaa kom ei Gaave paa 10 000
Kr. regnande nedyver meg . . .
Med same stod eg der rett uppraadd; slikt hadde
ikke hendt meg fyrr. Kva skulde eg gjera; kva
skulde eg segja? Eg fann ut, at for i Kveld laut
det bli med Takk og Glede og Von um, at eg
skulde faa Pengarne nytta paa ein Maate, so at
<side nr=159>
baade Gjevarann og eg kunde vera fornøgde med
det. Fraa Gjevar-Sida kom det nokre Ord um,
at Pengarne var til meg p e r s o n l e g t – no i
desse vanskelege Tider – servanskelege for alle
Forfattarar, men ikkje minst for oss norske –;
og det norske Haugesund hadde daa fysst og
fremst tenkt paa meg, ein Ryger, og ein norsk
Ryger, som dei sjølve. Eg takka paa nytt og
meinte at eg skulde nok bruka Pengarne, so dei
vart meg sjølv til Hugnad. Me skildest sistpaa i
beste Lag; og eg krabba meg i Regn og Rusk
umbord i Baaten.
I Bergen helsa eg paa Olav Rusti, som var
heimkomen fraa Sjukehuse att – utan Opera-
sjon –, og var etter Maaten i rett god Stand.
Men for meg – som ikkje hadde sétt han paa
eit Par Aar – hadde han folna rett mykje av,
so eg visste kje rett kva eg skulde tru eller ten-
kje. Han var med godt Mod og vilde til med
Arbeide att, ja var nok alt so smaatt i Veg. Og
no var det, at hans rette, store Arbeid skulde
byrja; for no kjende han seg Herre yver sin
Kunst – heilt-ut. Eg vil tru det beste. Men
det hender nok, at naar me endeleg kjenner oss
ferduge med Skulegang og Fyrebuing, – so hev
det veikna for mykje med Krafti; gjev det ikkje
var so i dette Tilfelle.
– Resten av Ferdi tok eg i eitt. Og alt gjekk
godt; i Kristiania raaka eg ein Kjenning og Skyl-
ding fraa Sandnes, som eg likar godt (Son hans
Ola Aase; han som eg hadde "butt hjaa" dei 8
Vatnedagarne i Sumar); han hadde vore sjuk,
men hadde friska seg upp paa "eit Kvil'stelle"
upp i Hallingdal og var no full Kar att. Fraa
Dramnsbanen kom eg med siste Toge; daa
eg kom der ut, var det full Haustnatt; det var
so svart, at eg "ikkje saag Neven for Tennerne".
Og daa eg var komen til Labraaten, var det meg
<side nr=160>
raadlaust aa finne Porten, – Inngangen til mitt
eige Hus. Lange Tider gjekk eg att og fram og
upp og ned, men fann berre Gjerde med Staal-
traadbandi øvst; endeleg, daa det so smaatt tok
til aa graane av Dag, berga eg meg ned til Steins-
vikporten og inn den Vegen; baska meg upp
Bakken, til dess eg fann Vegen paa den Sida;
kom so sistpaa til Hus so ved 3–4 Tidi.
Men daa var eg so trøytt, at eg orka knapt
halde meg uppe. Dagen etter vann eg meg ikkje
upp. Og sidan kom det ei av mine vanlege halvt
Trøyttleiks- og halvt Sjukdomstider, som eg enno
ikkje heilt hev vunne yver; og Upplysningarne
til stakkars Odyssevs er eg kje heller ferdug med.
Eit Grand Avismas fekk eg, av di ein Bladutspyrjar
i Haugesund hadde mistydt ein Setning eg hadde
sagt. Men med September er eg ferdug i Dag. Og
atterutsigld i det heile. Fraa Indiamannen hev eg
alt fenge ny "Uppringjing" ; og fraa D. n. Teatre
kann eg kvar Dag vente Rykkjing etter Kanne-
støyparen. Men med Arbeidskraft og Arbeidshug
og Nattesvevn er det so skralt, at eg er ikkje
meir enn halv Arbeidskar.
– Dei 10 000 fraa Haugesund hadde eg sist-
paa tenkt aa gjeva til D. n. Teatre. Men fraa
Haugesund kom det meir um, at det var til meg
og Huse mitt, Pengarne i desse Tiderne var
gjevne; og um Tiderne kunde Hulda fortelja meg,
at ho alt lenge hadde lote bruka av Bankskillin-
garne sine til Huse, – dei Skillingarne, som nok
ein god Dag kann turvast vel til Framtidstrygd for
henne. Teaterdraumen gjeng daa i Kaos, den med.
Og no vert det – fysst aa faa gjort Ende paa
Odyssevs, og so i Veg med indisk Lyrik og dansk
Komik; hu, gjev eg kunde setja full Steam paa!
<side nr=161>
8. 10. 18.
Hulda, som igaar skulde reist til Notodden paa
Ungdomsmøte, ligg sengfast og maa ha Tak i
Dokteren; det er, trass i Uppskurd og endelaus
Diæt og all Ting, dei gamle Ugreiurne. Eg trur
ikkje paa, at ho kann koma avstad; det vil taka
Tid enno, dessverre, fyrr bo vert heilt frisk att.
– Det "store" tyske Fredstilbode (gjenom den
nye Rikskanslaren, den badenske Hohenzollern-
prinsen Max) syntest med det same aa gjeva Von;
no, nokre faa Dagar etter, kjem det meir og meir
upp, at det berre var ein ny Freistnad paa aa
vinne Tid; Keisar Wilhelm hev i eit Bòd til
Heren endefram sagt, at det i k k j e er Meiningi
aa slutte med Ufreden. Og etter Meldingar fraa
Frankrike fér Prøyssardomen fram med same full-
komne Villskapen som fyrr mot jamvel dei Byarne
og Landstròki dei vert drivne burt ifraa og Folke
der. Kravi vert daa berre strengare paa, at Tysk-
land maa faa si Straff – og Folkestyre koma
istadenfor Keisar- og Junkerstyre –, fyrr det
kann bli nokon Fred som er litande paa. Svar
fraa Wilson – som Tyskland denne Gongen
vende seg til – er vel snart ventande.
– GodvÍr fraa Morgonen no um Dagarne,
men Regn til Kvelds; skrale Haustvoner. – Ar-
beidskrafti mi i Framgang; i Dag eller Morgo
maa eg vera heilt ferdug med Mskr. til Odyssevs-
kvæde – "Upplysningarne".
10. 10. 18.
Dokteren var her igaar; og han sette so vidt
Mod i Hulda (som elles alt kjende seg i Fram-
gang), – at i Dag stod ho upp. Og i Kveld er
ho paa Veg til Notodden. Ho var nok ikkje sterk
enno. Men ho fekk Telefonbòd um, at det vart
<side nr=162>
raadlaust for dei der uppe no, um ho ikkje kom;
og so ligg ho i Drammen (hjaa Dalsfolke) i Natt,
og paa Kongsberg (hjaa Mortensonfolke) i Morgo
Natt, og trur daa ho skal klara seg ifraa det. –
Meg gav Dokteren Kort paa finare Brød; det
vonar eg skal tryggje meg mot dei Vanskarne
som det vanlege, urimelegt grove og tunge "Stats-
brøde" veld meg.
– Ferdug med "Upplysningarne" ; no er det
berre Misprentingarne att; dei skal eg vel greie
i Morgo. Og so bér det i Veg med India-Ma-
nuskripte og "Kannestøyparen". Eg kann rekne
meg noko-so-nær arbeidsfør att.
– Svare fraa Wilson er kome; og det er godt.
Ikkje avvisande, um det elles er eitt og anna han
vil ha nærmare upplyst; men det han segjer greidt
er, at der kan kje bli Tale um Fredsforhandlin-
gar, so lenge det stend tyske Hermenn paa fra-
mand Grunn. Svaret hans vinn fullt Samtykkje
hjaa Vestmagterne.
– Hev lese siste Hefte av "Det 20de Aar-
hundrede"– med eit Ordskifte millom Emil
Stang og Ludv. Meyer um "Socialistisk Beskat-
ning og Samfundsordning". Eitt og anna kjem
fram der, som er godt. Men meir og meir kjen-
ner eg, at Socialdemokratiet med si Samfunds-
allmagt ber meg imot; Rettsstaten – med Kravet
um Rett for alle,men samstundes med greidt og
fulltrygt Rom for Individualiteten – er det eina-
ste, eg kann vera heilt med paa.
15. 10. 18.
Kort fraa Hulda. Ho hev kvilt seg fram – i
Drammen, paa Kongsberg, paa Bane og Bil(1 1/2
Time yver Meheia; i mi Tid kosta den ein Dag)
– og greidt det rett godt; til Notodden kom ho
<side nr=163>
Laurdag. Der "dansa ho med Ungdomslagsfolk
8–10 og greidde det so vidt"; Dagen etter i Ro
til 7 Etterm. Noko rart er det nok ikkje. Og
"botnalaus Surpe og endelaust GraavÍr". Men
"Ungdomen ser gild ut". Fredag Foredrag, –
"um Reidskapen held daa". Ja, det vert vel
Spursmaale. Ho vaaga seg svært snart ut.
– Ferdug med den indiske Metafysiken. Ulik
den europæisk. i mangt er han lik ‘n i Hovud-
saki; so og so mange Skular med so og so mange
System og større og mindre Tilheng; dei ligg
meir eller mindre i Strid; formar ut sine System
meir og meir gløgt, og Skule- og Systemtale
veks; Kviletider kann koma, daa eit Motesystem
fær Magti; men so tek ny Strid til; og soleis vil
det gaa, so lenge Folke er unge nok til aa tru,
at eit "aalmennsamt" (dvs.: alle samlande) System læt
seg finne. Og daa Filosofien er tankekvessande
Aandsgymnastik – og stundom, gjenom vitug
Etik, kann vera samfundsgagnleg –, so er det
godt, at han held seg med Mod og Arbeidskraft
dvs.: held uppe Draumen um, at Livs- og Tilvære-
gaata er løysande.
– Fraa Nils av Ekenstam Brev um eit samla
rettsdemokratisk Møte (i Lund 26de ds.); Freds-
vonerne, segjer han, krev, at me no gjer noko;
i eit Møte i Kaupenhamn hev dei svenske og
danske vorte samde um det. Eg hev mine store
Tvil, 1) um Fredsvonerne (Vestmagterne hev alt-
for gode Grunnar til aa ikkje tru paa den prøys-
siske Fredsviljen), 2) um Europa vil høyre paa
Smaamagter, som ligg utanfor Krigen, det er (no
um Dagen): utanfor Verdi; men Møte vil vera
hyggjelegt og kann bli gagnlegt for oss sjølve, so
me fær gjera det me kann til aa koma med.
Men eg hev so lite Tid, at kunde eg draga meg
undan, so gjorde eg det.
<side nr=164>
22. 10. 18.
Hulda heime att og i god Stand. Ho hev havt
det godt der uppe; og den Ungdomen, ho hadde
med aa gjera var svært gild. –
Ja. "Me hev mykje gild Ungdom". Men han
veks til; og so høyrer me kje meir til ‘n; han
fær nok aa gjera berre med aa livnære seg. Og
Mengdi dreg til Byarne; der vert dei i det høgste
Socialdemokratar. So dei "store Vonerne", me
plar setja til den "gilde Ungdomen", – dei er
ikkje rart underbygde. – Serleg paa Austlande
gjeng det nok helst atterut med Ungdomen, daa
visst i Norskdom; det maskerte Motstræve, som
kallar seg Austlandsmaalstræv, men er Danske-
maalstræv, gjev slikt eit godt Paaskot til aa draga
seg undanfraa, d. v. s. gjera Vending i m o t Norsk
domen.
Fraa Valstriden høyrest det fraa mange Kantar
um Framgang for Høgre. Ein av Grunnarne til
dette er, at Høgreblad (og mest Høgre-Valtalarar)
lovar Folk Brennevinsfridom att, um dei vil gjeva
Høgre Magti.Og daa fær dei mill. a. Stormengdi
av "Ungdomen" med. For me hev vore "demo-
kratiske" og havt "Tru paa Ungdomen" og sekkt
Røysterettsgrensa heilt ned til – er det kje 21 -
Aarsalderen? –; til Takk for det kann me snart
faa sjaa Ting som me minst hadde venta. Og
daa kjem Bakstræve til aa syngje upp: var det
kje det me sa, kanskje? – Me paa Vinstresida
vil daa lite kunna svara; me hev altfor lite tenkt
paa, at det k a n n vera faarlegt aa innføre bor-
garleg Rett fortare enn økonomisk Rett i Sam-
funde.
I det heile kann me faa lære mangt og mykje
i dei Tiderne som no kjem. Um daa ikkje Ufre-
den held paa, til dess han hev gjort Ende paa alt;
det ser helst ut til aa myrkne att med Freds-
vonerne.
<side nr=165>
– Eg for min Part driv no um Dagarne paa
med indisk Draumlyrik (SrÓ Ananda Acharya).
24. 10. 18.
"Snøfuglar" av den indiske Diktaren paa "Gau-
risankar Sæter" i Alvdal (Vesl’-Elvdal) kann –
etter Brev fraa Forleggjaren (Nygaard) ikkje koma
til Jol (for Skuld den Streiking paa Prenteverki,
som snart vert sett i Gang). So ille som dette i
mange Maatar er, so er det paa ein Maate godt
for meg; eg tarv ikkje sprengje so hardt paa len-
ger. Og kann gaa paa med Holberg, so snart eg
vert fullferdug med Homer; D. n. Teatre bør
ikkje turve vente.
– Det hev vore ein og annan liten Freistnad
med GodvÍr; men nei ; rett som det er trafsreg-
ner det att. For turr Vaar og for vaat Haust, –
det er nettup som det i k k j e skal vera; men alt
vondt skal vel samle seg no: Krig, Pest, Dyrtid,
Halvsvolt. For meg er ikkje minst dette ende-
lause Regne – med tung og myrk og ofte skod-
dut Luft - til Mein; eg lyt stundom plaage Augo
med Ravljos mest heile Dagen. Og so all den
gode Bjørkeveden, som me sette upp ute til Tur-
king – jau Takk! han rotnar vel snart burt.
Kjem det so ein dugeleg Frostvinter, so kann det
bli Moro, skulde eg tru! – Tuften ligg alt –
"Spanskesjuke", um ikkje (enno) noko sers hard
–; og skal det halde paa som det no ser ut,
vert Verdi vel meir og meir eit Sjukehus og eit
Likhus.
– Vali lovar oss kje heller noko Gjestebod.
Høgre arbeider seg fram-yver (serleg ved aa lova
Folk Brennevin – at det hev ein Hop Lækjarar
med seg her kann vera rimelegt nok; di meir
Sjukdom, di betre for Dokteren –); Vinstre og
<side nr=166>
Socialdemokratar veiknar; og Smaabrukarar og
Arbeidardemokratar med sine i Sanning gode
Program, dei kjem mest ikkje med. Det er elles
rimelegt paa ei Vis: di meir raadlaust alt ser ut,
di meir gjev Folke Vonerne upp og samlar seg
um det eine store Krave Brennevin. Ingenting
nyttar; lat oss drikke oss ihel!
– Brev fraa Ekenstam; Lund-Møte (etter
Ynskje herifraa, som kom sterkt fram i det Møte
me heldt) utsett til 16de Novbr. Daa maa det
vel bli lettare for oss alle her.
3. 11.18.
Den store Ufreden fraa 1914, som i Fysstningi
saag ut til berre Menneskjeslagting og Reaksjon
– det syntest sjølvsagt, at Prøyssen–Austerrik–
Tyskland maatte vinne – ser meir og meir ut
til aa bli ein veldig historisk Operasjon, som med
alt Blodtap endaa vil kunna bli til Framhjelp for
øttehelsa.
Det fæle Stykke ramsvart Millomalder, som
kalla seg Russland, ser verkeleg ut til aa ha fenge
operera burt – for godt – Tsardøme; og Bol-
sjevikarne – som lenge saag ut til leigde Prøys-
sen-Tenarar – skal, etter det som meir og meir
synest visst, vera ærlege Framgangsmenn, som
baade vil og synest vera i Stand til aa gjenom
føre verkeleg ny Tid i Russland. Og Valdsrike
skìl seg sund i nasjonale Rike; sjølve Polen sy-
nest nyreise seg. Det andre Stykke – noko
mindre svart – Millomalder, Austerrike, er sprengt
sund og i fullt Arbeid med aa skipa seg i Nasjo-
nalrike: Ungarn, Bøhmen, Serbia o. s. fr. Sjølve
Prøyssen –seinare Millomalder – baskar i alle
Fall med aa skipa "konstitusjonelt Styre"; ja
Tanken um Republik er uppe der med; og So-
<side nr=167>
cialdemokratarne held iminsto uppe K r a v e paa
økonomisk Nyskipnad.
Alt er enno meir og mindre uklaart. Og So-
cialdemokratarne er for mykje berre By- og Fa-
brikkfolk til aa kunna gjenomføre ein naturleg
Samfundsøkonomi og dermed ein full og trygg
Fridomsskipnad. Men berre dette, at det gamle
ramlar i Røys og tvingar Folk til aa taka Sam-
fundsspursmaali upp att til ny Gransking, berre
det er ein stor Ting. So langt skulde nok "den
europæiske Kulturen" kunna koma utan aa spille
eit Hav av Blod; men den europæiske Kulturen
var ei Lygn, og Blodhave og Milliard-Øydsla hev
dermed nok turvst, um ei Vending skulde koma.
Og kann me stole paa, at Vendingi – etter so
grenselause Offer e r komi, – so maa vel den
endelaust tunglærde Verdi sidan kunne vinne seg
lenger fram utan nye Blod- og Brandhelvite.
– Eg held paa med " Kannestøyparen"; ferdug
um eit Par Dagar. Men um D. n. Teatre hev
Folk til aa spela det? Og um det i det heile
klarar seg, so umogelege Tider det hev fenge til
aa baske seg fram gjenom? – Der er nok ein
Bondemillionær, som (gjenom Hulda) hev lova det
10000 Kr.; og ein og annan Smaasum elles er
komen eller ventande ; men kva er Tusundkronur
i denne Tid ?
– Brev fraa den indiske Diktaren er kome
med nytt Krav; Chr. Dybwad vil forleggja, so no
maa Manuskripte bli i Stand . . . Mange Bøner
les eg no um Dagen yver Chr. Dybwad; men
kva eg skal gjera, korleis eg paa rimeleg Vis skal
koma ifraa det – – –
– Meldingi um det utsette Lund-Møte vart
vel motteki med same; men no kjem det Brev
fraa Møller um nye Vanskar (det er so ille ugreidt
og uvisst med Skularne i desse Tider), so no
stend alt i same Skòra att. Eg fær freiste paa
<side nr=168>
aa faa Myrvang (og kannhende Lyng) med; eller
so fær eg – med lite Hug – reise aaleine.
4. 11. 18.
Siste Odyssevs-Korrekturen send, – endeleg.
– Av Nytt fraa Verdi: Austerrike heilt ut-
gjenge or Ufreden; Ungarn heilt skilt fraa Auster
rike (som vel i det heile løyser seg upp); Keisar
Wilhelm vert sitjande, men vil vera "Diener des
Volkes" (ein slik Talemaate kann vel alltid Tyska-
rar taka god); Jødarne hev fenge att sitt Kanaan,
Palæstina, og festar Verdi rundt med varm Takk
til England for dette. Og for mange Jødar (som
dei russiske o. a.) vil det visseleg vera godt aa
faa eit Heimland; elles vil det gaa no som etter
den fyrre Babylon-Tidi: Fleirtale av Jødar vert
verande Utlendingar. Dei vil leggje Verdi under
seg, ikkje med Staal, men med Gull; og dei er
visst lenger paa Veg med dette enn me tenkjer.
– Det n. Teatre hev havt Aarsmøte. Hulda,
som var der, fortÍl at Mode i Aar var serleg
skralt; sjølve Teaterstyraren rødde berre um Van-
skar. Eg kunde kannhende ha spart meg Brye
med"Kannestøyparen" (som nettupp er ferdug);
visst er dette likevel ikkje, so det er best Arbei-
de er gjort.
12. 11. 18.
Fred – endeleg. Tyskland hev bøygt seg for
Vestmagt-Kravi, og siste Skòte er gjort.
No hev Tyskland dertil gjort Revolusjon, – det
eg minst hadde venta. Keisar Wilhelm er rømd
(til Holland) og avsett (med heile sitt Hus) –
det er den 3die Keisaren, som Krigen hev blaase
burt, attaat nokre (tyske) Kongar og Smaafyrstar,
<side nr=169>
– og Socialdemokratarne hev teke Styre allstad.
I Staden for Fyrstar og Prinsar hev ein gamall
S'lmakar vorte Rikskanslar; og dei gamle og dei
"uavhengige" Socialdemokratarne hev skift Riks-
raadspostarne likt imillom seg. Og alt hev gjenge
fredelegt og rolegt. Folk hev endeleg misst Trui
paa det gamle; og um Fleirtale vel knapt trur
stort paa Socialdemokratie heller, so er dei so
trøytte av Blodfløyming og so utarma av Halv-
svelting, at dei tok Revolusjonen med Ro. Van-
skarne kjem nok. Men dei kjem visst ikkje, fyrr
Grunnlovstinge – som alt er innkalla – skal
til med aa slaa den nye Skipnaden fast.
Det vilde elles vera godt, um det socialdemo-
Kratiske Styre heldt seg so lenge, at det kunde
faa røyne seg ut; Socialdemokratarne hev enno
mykje aa lære. Det kann bli lærerike Tider i
det heile, dei som no kjem.
– Dei Freds-(Vaapenkvile-)Vilkaari, som vart
sette, er stride (Vestmagterne hadde med Keisaren
og Militaristarne aa gjera daa), men vert vel no
lempa paa, – liksom der alt er tenkt paa aa
syte for, at det tyske Folke ikkje tarv svelte alt-
for hardt, fordi det so truskyldigt fylgde si "gud-
gjevne Styresmagt". – Slutt paa dei dyre Tiderne
vert det elles ikkje paa lenge.
– I Overmorgo lyt eg nok til Lund. Men
heilt aaleine vert eg daa ikkje; Lieng kjem til aa
vera med, ettersom Lyng i Dag telefonerar.
20. 11. 18.
Til Lund kom me.
Men der var ikkje noko skandinaviskt Møte.
Det var Spanskesjuken, som var komen i Vegen;
me raaka Nils av Ekenstam, som var oss ein
hyggjeleg Vert, tok oss med paa Aarsmøte aat
dei svenske Rettsdemokratarne og fekk gjenom
<side nr=170
Telefonen skipa eit lite skandinaviskt Mote i Kø-
benhavn; so drog me til Malmø og fekk stelt paa
Passi vaare – med ymist Bry, av di Ordet "retts-
demokratiskt Møte" vart nemnt (eit Ord som vel
hev klinga revolusjonært for den skikkelege dan-
ske Konsulen); so til Lund att, der me mill. a.
saag Domkyrkja. Dagen etter til København, der
det "skandinaviske Møte" (1 svensk, 2 norske, 7
danske) kom i Stand, og der me raaka fleire av
dei fremste danske Georgeistar og Rettsdemokratar
(Severin Christensen, Sophus Berthelsen, Dr. Dam
o. fl. – gilde Karar). Det skandinaviske Mote
vart daa helst danskt; Danskarne tala mest, og
mest um danske Spursmaal; nokon skandinavisk
Eldhug var der ikkje; og eit Par av Georgeistarne
var heilt eller halvt imot sjølve Rettsdemokratie
med. Møte kom likevel til Lags um aa freiste
aa faa europæiske Framgangsmenn og -Lag med
paa ei Samling um den rettsdemokratiske Tanken.
Stemning for eit skandinavisk Tidskrift var der
millom danske som millom svenske Rettsdemo-
kratar; det kjem daa vel i Gang. Der var elles
ikkje so sterk skandinavisk Stemning millom Dan-
skarne som eg hadde venta; og i Grunnen tenkte
me nok alle mest paa dei store Dags-Spursmaal
ute i Verdi (Fredsforhandlingar og Revolusjonar)
– kjende med oss sjølve, kor lite me i Røyndi
kunde gjera, naar alt kom ihop.
Dei Par Dagarne i Kjøpenhamn nytta me elles
til aa sjaa oss um i Byen (Glyptoteke; Raad-
huse ; det istandsette Kristlansborg, der Riksdagen
er innflutt, og der Kongehuse og Høgsterett skal
flytja inn; Langelinje o. s. fr.); og um Kveldarne
var me paa Teater (Det kongelege; Dagmartea-
tre). Meir og meir laut me vedgaa, at Kjøpen-
hamn nok likevel er "Nordens Aten".
–Igaar kom Odyssevskvæde i Handelen.
<side nr=171>
1. 12. 18.
Millom deim som eg ikkje kom til aa helse
paa i Kbhvn.– av di Tidi var knapp, og av di
eg ikkje var meg sjølv, men Repræsentant for
Rettsdemokratie – var Augusta Finne (Syster til
Gabriel F.) og Mannen hennar ("Bellman"), tvo
sermerkte Menneskje og Kunstnarnaturar heilt ut.
No skriv ho og segjer meg Sanningi for dette
(ho hadde sét Namne mitt i "Politiken"), og eg
fær svara. So lenge som ho hev livt der nede
vert ho nok aldri dansk; ho lengtar svært etter
Fjellhytta si upp-ved Einunda; "Gud ved, naar
jeg igjen kommer der op!" – og "savner sine
egne der nede." Eg hugsa henne siste Dagen der
nede; men daa var det for seint; dertil bur dei
no ut-i Lyngby, ser eg. Og det hadde eg ingen
av dei 2–3 Dagarne kunna naa.
– I Dag var Hulda og eg paa Stabekk og
helsa paa Schjøtt-Folke. Me (i Lag med Ivar
Mortensson, som enno held seg paa Stabekk med
Bibelumsetjingsarbeide sitt) vart væl fagna og
hadde det svært hyggjelegt; og Schjøtt var i godt
Lag; men noko rart med 'n er det nok ikkje.
Ivar kvitnar og sterkt, og han treng sin Middags-
svevn. Men sitt gode Humør hev han, og det vil
halde 'n uppe lenge. At eg sjølv – som i Alder
stend nokonlunde midt imillom desse tvo – tek til
aa eldast kjenner eg tydeleg nok; eg vonar daa, at
eg ikkje vert noko sers garnall, eg heller, – at
eg slepp aa "yverleva meg sjølv". For det er
det verste som kann hende eit Menneskje.
Urdi, Solhov 1918.
Kjære Garborg!
Takk og æra fyre Odyssevskvædet! No heve
eg leset boki ut; men eg les henne uppatter. Eg
<side nr=172>
skynar daa betre baade kvædet i seg sjølv, kor
fagert det er, og kvat det vil segja aa faa eit
langframandt storverk som detta ljoslivande paa
norskt maal. Eg sit byrg heime i den norske
stova mi liksom og slepp aa lesa Homer i dansk
elder tysk umskrift. Maalet vaart heve visseleg
ogso ein fyremun i detta, at me segja alt meir
endeframt og utan altfor mange umgrip, slo som
dei gjera i tysk og dansk.
Sidan sist me var saman fekk me liva den
store dagen, at gledesbodet kom, no verd det
fred. Det var ei ugløymande Stund, daa Frida
og eg stod ute paa svali og høyrde alle kyrkje-
klokkorna ringia freden inn og alle skipi paa
hamni gav liod med sine fløytor. Den nya tidi
var det som sagde seg til. Ho heve kostat myket
blod og myki utukka; men ho var vel ikkje aa
faa fyre mindre.
"Den store freden" han kjem ifraa Amerika.
No er det andre gongen, og boki aat fru Hulda
fær eit eiget verde, ei eigi ærend ved det, at ho
kjem radt no og minner oss um, at det gode
ikkje kann døy, men fær framgong eingong, naar
tidi er mogi.
Elles er det nog likt til, me fær tronge tider
framleides, allvisst i aaret som no kjem. Frida
var i byen igaar og skulde kaupa inn mat til jol;
men ho sagde det var reint skræmelegt aa sjaa,
kor husmøderne var utor seg og stridde som fyre
livet. Mange slag matvaror var ikkje aa faa ein-
gong, flesk til dømes, og litet nog var det av
kjøt ogso. Naar det so jamvel skal vera smaatt
um fiskemat, kvat skal daa ei stakars mor setja
pa jolebordet?
Bror min<fmark ind="1)"> er nett komen heim fraa Berlin, der
han heve voret fleire maanader med huslyden
sin. Han segjer tyskarne taka det tolegt etter
<fnote ind="1)">Erik Rusten.</fnote>
<side nr=173>
maaten og stunda berre etter aa koma i full
verksemd atter. Bror min eig hus og hage i
Grønewald utanfyre Berlin, og han laut gjeva
herberge aat mange heimkomne herfolk. Men
dei var greide og snille. "Wenn wir nur wøssten,
warum wir in allen diesen Jahren gekømpft haben!"
sagde dei med honom.
Du lyt helsa fru Hulda myket baade fraa Frida
og meg. Ho var gild og lyddest um meg tvo
gonger i sumar, eg var iaak. No kjem eg meg
atter myket godt og kann faa gjera nokot; men
full kar er eg enno ikkje.
Me vona det stend vel til hjaa dykk paa La-
braaten, og me ynskja baade deg og dine av
hjartat ei gledeleg jol og eit godt nyaar!
Med mange helsingar fraa Frida og
Olav Rusti.
Du er gjerna gild og helsar Valstad og kona
fraa oss!
Fjellvang, Holmestrand 2. 12. 18.
Høgvyrde meister!
Ein hjartans takk for Odysseen! Gildare ting
kunde De ikkje gi det norske folk no. Nokon
dom om arbeide kan eg ikkje felle; eg veit berre
det er så godt gjort som det kan bli.
Dykkar takksame
Olav Duun.
Sumarro-gata 11. 12. 18.
Kjære Garborg!
Ikveld er eg ferdug med "fyrste lesing" av
"Odyssevskvædet". Eg hev lese høgt for kona mi,
og me tvo gamlingar hev vore hugtekne. Er inkje
det ei prøve paa at umsetnaden er god? Ingen
<side nr=174>
av oss hadde lese Wilster, og me var soleis nokso
frie for forutsetnader.
Takk, hjarteleg takk til Deg og til Schjøtt for
den gaava De gjev det norske folket og den nor-
ske bokheimen til jol 1918.
Og serskilt takk, at De sende meg boki med
paaskriv.
God jol og mange godnader til Deg og kona!
Din
J. Løvland.
7. 12. 18.
Skodde, Skodde, Skodde, tett, tettare, tettast,
og no og daa ein Regndag, eller ei Snø-Natt med
etterfylgjande Dropling og Tining, til dess Marker
og Vegar er berre Leirbløyte ... og soleis held
det paa og held paa og held paa, so me hugsar
snart ikkje korleis Soli ser ut. Og det er ikkje
Natt og Dag lenger, men Natt og Halvnatt; sét
eg meg daa til og vil arbeide, so veit eg kje Ord
av, fyrr eg sìt og dubbar og halvsøv eller heil-
sovnar; for i all denne Graaskodda og Halv- og
Heilnatti dovnar all Arbeidshug og Arbeidskraft
burt. Og endaa er det 4 Vikur att, fyrr det tek
til aa dagast.
– Ute i Verdi er det like eins graatt. Ikkje
Ufred og ikkje Fred; ikkje Fredsforhandling dess-
meir; berre her og der noko graa Halvrevolusjon
eller noko meir eller mindre blodig Bolsjevik-
tummel. Og um baade Blad og "Rosta-Bulletin"
er fulde av lange Telegram, so hender det i Grun-
nen ingen Ting. At baade Keisar Wilhelm og
Son hans hev fraasagt seg Trona hev visst Inkje
paa seg; at England vil krevja Ende paa all
"Verne"-Tvang, naar Fredskongressen ein Gong
vert anna enn ei Von, – det vil ein gjerne tru
<side nr=175>
maa vera meir enn Snakk; men kva veit ein?
Det einaste visse synest vera, at Vestmagterne
vil slaa ned den ryske (og tyske) Revolusjonen;
men um det vil vera godt gjort eller laakt gjort,
– kven veit det, so lenge det er Uraad aa faa
Greie paa, kva Bolsjevikbraake er for Slag?
Nansen driv paa med noko som skal bli ein
"Freds-Liga". Men ettersom det ser ut, vert den
Ligaen berre eit nytt Stormagt-Velde, som vil
vara nettupp so lenge som Stormagterne er for-
likte. Og ikkje ein av dei ordførande i Blad- og
Politikkskravle hev ein Tanke som gjev Trygd
for, at Poetsnakke um "ny Tid", som elles alt
tek til aa bli gamalt, e r anna enn Snakk.
Skodde, Skodde, Skodde, tett, tettare, tettast i
Politikkverdi med. Det einaste som melder seg
tydeleg no og daa, er den komande nye romantiske
Tidi. Og den bør koma; Realist-Tidi hev vorte
berre Mekanik og Matvisdom.
17. 12. 18.
Dei siste Par Dagarne full Snøvinter. I Dag
endeleg ein SolvÍrsdag; men det er kaldt; den
lange RegnvÍrs- og Graaskodde-Hausten er me
daa vel ferduge med. Og snart tek Soli til aa
stige og Arbeidskrafti til aa auke att; i dei siste
Par Maanarne hev eg helst vilja somne, naar eg
sat ved Skriveborde. Det er Aari, maa-tru!
–No og daa ser eg eit Par Ord i eit Blad
eller fær eg ein Brevstubb som inneheld, at
"Odyssevskvæde" vert lika. Og det gjer meg
godt; grunntrøytt som eg var etter det lange (og
paa Slutten rett stride) Arbeide hev eg havt lite
Mod: Arbeide saag meg reint skralt ut. Heilt-upp
glad vart eg ved ein slik Brevstubb fraa Løvland,
Kyrkjeministeren; eg kann daa gaa ut fraa, at
<side nr=176>
han ikkje tregar paa Rikshjelpi til Umsetnaden.
– Nokor sak-kunnig Melding er elles enno ikkje
komi.
–Fraa ein (meg ukjend) Franskmann, ein
"confrére", Lagsmann "de la Société des Gens de
Lettres de France", fekk eg i Dag Fyrespurnad
etter "Haugtussa" ; han vil ha eit Eksplar av
"l'édition norvégienne". Det maa vera reint ny
Tid der nede; ikkje nok med, at "det utlivde
Frankrike" klarar seg mot les Prussiens: det
"innestengde franske Aandslive" hev fenge Augo
som ser heilt upp til ultima Thule. – Kunde no
Franskmennerne dertil gjera seg frie fraa den keid-
same Millionær-Republiken sin! – som nettupp i
desse Dagar fraterniserar villt med den nordameri-
kanske Milliardær-Republiken og – gjenom sjølve
Præsidenten – fraasegjer seg all Tru paa Verds-
freden.
– I Russland og Tyskland ser enno alt ugreidt
ut. Engelske Tilstand er meg paa ei Vis likso
uklaare: Lloyd George er "Toryførar", og Asquith
er med paa den Ting. Men kannhende hev To-
ryarne vorte Framgangsmenn? Aa langt ifraa;
England vil vera Herre paa Have som fyrr, meir
enn fyrr; aukar av all Magt Krigsflòten. Lloyd
George trur daa vel ikkje meir paa Freden enn
Poincaré? Og Amerika? Fell vel for den repu-
blikanske Reaksjonen til næste Val, veit eg!
26. 12. 18.
Klaart; knakande kaldt; full Vinter. Men for
lite Snø.
– Odyssevskvæde ( 1 ste Upplage, som eg no
høyrer var meint paa aa vara i 10 Aar!) er utselt
i Xania, kor mykje der no kann vera att i dei
andre Byarne. Det bør daa bli Spursmaal um
nytt Upplag (endaa det fell ille ulaglegt for meg
<side nr=177>
av di det vert so lite Stunder til Gjenomsyn);
fær til aa elte Nygaard att, Stakkar.
– Joli hev gjenge med Brevskriving – Takke-
brev (for Takk-Helsingar for O.kvæde), som stun-
dom er vrange nok aa faa Skikk paa, mill. a. av
di eg stundom hev aa takke for Friekspl. av ny-
komne Bøker med –; og enno hev eg dei fleste
att, huff. Serleg vanskelegt vert det aa svara SrÓ
Ananda (som skriv paa Vers endaa-til), – av
di eg enno ikkje er komen i Gang med "Snø-
fuglar". (Og vert det ny Odyssevs-Sjau, kóss
skal det daa gaa ?) – Elles Joli svært still, som
vel er; einaste Gjesten (umframt Ungfolke hin-
sides Tune): Ivar Garborg (som i det seinste
ligg upp-ved Kongsvinger og er ,Myrmann" –
styrer med Torvmyrdrift – og snart skal bli
Skogmann); han blir meir og meir lik "han Far-
bror Ola" aa sjaa til. Han er daa no den einaste
i øtti, som minner meg litegrand um Gamleheimen.
– Brev fraa A. M. St. Arctander; han driv paa
med Faust II (som skulde vore ute til Jol, men
vart seinka ved Setjarstreiken). Og no, daa Folk
synest faa Hug for klassisk Lesnad att, tenkjer
han paa aa fornorske "sumt av Hesiodos og dei
græske Tragikarar", – "um berre Liv er meg
lage ei Stund frametter". Liv trur eg er honom
lage ei god Stund enno; og Arbeide hans trengst,
– um eg elles trur mindre paa Hesiodos.
31. 12. 18.
Me slutta det gamle og byrja det nye Aare
med ein Kveldsmat og eit Glas ned-hjaa Advokat
Meyer; livleg Samtale – Ufreden; Freden; Bol-
sjevisme etc. –; hyggjelegt.
No er den fysste Timen av 1919 gjengen.
<side nr=178
1919.
1. 1.
"Nytt Aar; alt med det gamle"; inkje nytt
under Soli. Jole-Literatur og (mest literære) Jole-
brev sìt eg enno og masar med; gjev eg var
ferdug.
–Klaart, kaldt, blankt, stilt; Fin Nyaarsdag.
So lite Snø som det skulde vera paaJæren. Med
ljosnande Dagar og stigande Sol kjem det ny Ar-
beidskraft, fær eg vone, um elles det vigtigaste
vantar: Trui paa at der er anna Gagn i Arbei-
de enn det eine, at det hjelper meg med aa faa
Tidi til aa gaa.
– Dei Spursmaali som me ventar Svar paa
av 1919 er: um me fær ein Fred som vil gjeva
Ro, eller ein som vil eggje til nye Væpningar;
og um dei Revolusjonarne som er (eller kjem) i
Gang vil føre til anna enn Reaksjon (Tvangssty-
ring ovanfraa eller nedanfraa). Mange trur paa
Wilson; men um han er sterk nok (?), so ser
han meg ikkje ut til aa vera klaar nok. Det
visse er, at Bakstræv-(Millionær-)magterne i Ame-
rika som i Europa meir og meir vil lyfte Hovu-
de; lenge vil Revolusjonsmagterne ìkkje kunna
halde deim nede.
4. 1. 19.
Dagblade held 50-Aars Jubilæum og prentar
daa upp ymse Stykke fraa gamalt; eg er repræ-
<side nr=179
sentera med eit Stykke um "Politistyre og per-
sonlig Frihed", som eg kom til aa sjaa igjenom
i Dag.
Ja; eg hugsar nok den Tidi. Og Stykke er
ikke utan Humør. Er rett nok òg i Grunnen.
Men no er me so innøvde i Politistyre, at me
undrast ikkje paa det lenger. Det er so gamalt
som alle Haugarne og er daa vel ei Naturmagt,
me fær Finne oss i det. Og kvar for seg fær
som Engelskmennene gjera sitt Hus til sitt
c a s t l e og takke til at han kann vera (so halvt
um halvt) fri der.
Berre Politi og Prestar er det no ikkje heller
som hev Skuldi for alle desse Bandi paa den
personlege Fridomen ; Ulukka er, at altfor mykje
av Folke ikkje er fritt. Ikkje k a n n styre seg
sjølv. Enno daa. Og Gudarne veit, um det no-
kongong kjem so langt. So stend ein daa der;
"personleg Fridom" og slikt, det er fagre Ord,
som ein tillempar so langt det læt seg gjera, eller
um ein vil segja Frarntidsvoner, som fær bli gje-
nomførde etterkvart som "Framtidi kjem" (dvs. al-
dri, um ein skal tru Henrik Ibsen).
– I det heile: det er rart for den gamle aa
hugse dei sæle Ungdoms Dagar, daa han trudde
paa allting, t. D. trudde at me var frie for di det
stod i Grunnlovi at me var frie o. s. fr. Lenger og
lenger fram vert det, di lenger ein fér, eller som
Johan Sverdrup sa: med Aari teiknar em Fram-
tidsperspektive med meir og meir-; lange Linur.
Og endaa ein Ting: eg hadde ikkje lært aa ten-
kje sociologisk den Gongen; var berre Individua-
list. Gjorde t. D. Narr av, at Samfunde vilde
"beskytte Arbeideren", men hugsa ikkje, at Sam-
funde b ø r verja Kona og Baani aat Arbeidaren.
Berre halvt Rett hadde eg daa i Fridomskrave
mitt; men halv Rett er Urett.
– Fraa Torkell Matiland hev eg Inkje høyrt
<side nr=180>
paa so lenge, at eg tenkte det laut vera kome
eitkvart i Vegen; kunde eg ha sagt noko i Bio-
grafien i "N. Folkekultur", som han mislika? –
Men so sende han meg "Lye-Prestarne" her eit
Bìl sidan (eit Ark Serprent or "Stavangeren");
det takka eg fyre; og i Dag fekk eg eit langt og
hyggjelegt Brev (med nokre Rettingar til Stykke
i "N. F."), so eg kann gaa ut fraa at alt er i
Orden att. – Han er 71 Aar no; og skal eg
døma etter Handskrifti i Breve, so hev han vorte
m y k j e eldre enn daa han sist skreiv. Og um
Arbeide sitt nemner han ikkje eit Ord. Gjev
det daa ikkje maa gaa som eg lenge hev ræd-
dast: at han somnar ifraa Arbeide sitt, fyrr det
er halvferdugt! – Eg fær sjaa ut til Sætre, so
snart som eg kann taka meg Tid.
9. 1. 19.
I Dagmorgo hadde eg ei av Uriderne mine.
Hadde sove mindre godt og drøymt tungt og vakna
hugmyrk og i verste Svartsyn-Lag; vart so ligg-
jande der og saag ut-yver Live mitt, og fann,
som vanlegt naar dei Riderne kjem, at alt
var Tøv og Ingenting; Tøv, Tull, tomt; "saa usige-
lig fattig kan en Sjæl da gaa tilbage i Intet, i
det taagede graa", hermde eg etter Peer Gynt;
og eg vann meg ikkje yver att, fyrr eg var upp-
komen og hadde gymnastisera og stelt meg og
fenge Morgonmaten og Kaffien. Daa var eg i
mitt vanlege Lag og smilte for meg sjølv: Live
er som ein ser det til; og ein ser det som ein
er i Lag til. Det viser seg for oss i endelaus Skif-
ting; i dei "store Stunderne" er det berre Høg-
tid og Jubel og Mod, og i Svartstunderne er det
Tøv og Tull og Inkjevetta. Til vanlegt er det
baae Slagi i endelaust skiftande Blanding. Men i
<side nr=181>
"Svartstunderne" hev Religionen vorte til og fenge
Magt, og daa hev han sin Rett: er til Hjelp for
den store Mengdi, som elles knapt greider det.
Mengd-Menneskje gjeng nok ikkje fri av dei
svarte Stunderne; ofte nok høyrde eg i Ungdoms
aari Preikebøker og Prestar skildre "de store An-
fægtelser"; men Fanden (og Vaarherre) fær Skuldi,
og Trøysti er, at det er Prøvingar, og at alt vert
uppretta til slutt, naar Himmelen opnar seg. Me
andre hev Mage og Nervur aa skulde paa og ret-
tar oss upp att med naturlege Hjelperaader. Og
naar "Anfægtelsen" er yver segjer ein som so:
er Live tomt, so er i alle Fall det ikkje mi
Skuld; eg fær nytte Live paa beste Maaten etter
Mitt skyn og med mine Gaavur og Vilkaar; daa
er eg meg sjølv og andre til so mykje Hugnad
og so lite Plaage som eg kann, og etter nokre
fleire eller færre Aar gjeng eg rolegt inn til den
store Kvila. I Røyndi hev Live sin Rikdom i
det mangfelde Skifte av Stemningar, fraa stor
mande Jubel til Modløyse og Sjukdom; ein tek
det alt med godt Mod eller Tolmod som best ein
kann og finn seg i, at alt er og vert Gaate, med
alle vaare religiøse eller filosofiske Freistingar
paa Forklaaring. – Rider av dette Slage vert
elles sjeldfengdare og lettare med Aari.
– Hev pløgt igjenom ei krigs- og samfunds-
Filosofisk engelsk Bok paa Norskdansk: " Det
fjerde Aar" av H. G. Wells. Denne Wells er ein
rimeleg Mann, som dømer vitugt um baade Vest-
magter og Midmagter, um Folki i det heile;
han skynar, at so langt som Verdi er komi i
Øydings- og Myrdingskunst no, so maa ho anten
paa ein eller annan Maate skipa Verdsfred: sam-
bundne Statar (eller ein Romarstat) Verdi rundt;
eller so vil Kulturen vaar gaa under; godt og
greidt og rolegt og engelsk legg han dette fram
so tydeleg, at noko større aa segja til det er her
<side nr=182>
knapt. Og til Tryggjing av Freden krev han sjølv-
sagt Folkestyre. Men han hev ikkje anna aa fara
med enn Tilmaats-Valmaaten. Den danske Fri-
valsmaaten, som er mykje baade enklare og full-
komnare, hev han ingen Draum um. Og Jydarne,
stakar, dei synest ikkje ha minste Lag med aa
gjera sine Tankar kjende; etter mange Aars Ar-
beid er Frivalsmaaten lite kjend i Skandinavia og
lenger ute heilt ukjend. Det er berre den engel-
ske og tyske Verdi som forstend seg paa Reklame.
16. 1. 19.
SrÓ Ananda – som hev gaatt den vesle Stub-
ben min i "Intelligensen" um "Snøfuglar" –
hev sendt meg den svenske Umsetnaden, som i
ymse Maatar vil bli meg til Hjelp.
– Den tyske Revolusjonen tek til aa bruka
den gamle Héren til Hjelp mot Spartakus-Flok-
karne. Dermed er Tyskland vel inne paa Reak-
sjonsveg att: Héren med sine Junkar-Officerar
vil snart taka Magti. Men Ententen – som paa
sin Maate er reaksjonær – sét Krav til Tysk-
land, som snart maa føre til ny Ufred. Og til
Wilson høyrer me Inkje meir. Lite aa vone og
Inkje aa stole paa, det er nok Sanningi.
– Laakt Nytt fraa "Villa Granholt" ved Sta-
bekk: Dokteren hev sagt fraa, at Schjøtt ikkje
hev noko lengje att. Eg fær sjaa inn-um der
burte, so snart eg kann; er det so skralt som
det høyrest no, so, er eg snart heilt aaleine.
25. 1. 19.
68 aar.
– Preika i Gjærkveld "Retts-Stat" i Bonde-
ungdomslage inn-i Byen. Fullt Hus; og endaa
<side nr=183>
skal det ha stade "Kø" heilt ned til Grand, for-
talte Sæland, som me raaka der inne i Dag, og
som ikkje hadde kunna sleppe inn, – rart nok.
Det gjekk elles som vanleg; litegrand Ordskifte
vart der med, der serleg Møller og Lieng var i
Elden; av dei 2–3 Røysterne or Publikum var
1 paa den "rette Sida". Men at det so smaatt
tek til aa glide millom meir tilkomen Ungdom
der inne kunde Møller fortelja um. Den 28de
skal me ha Møte um det skandinaviske Tids-
skrifte og "Retfærd". "Bondeungdomen" klappa
livlegare til Talen for 68-Aaringen enn eg hadde
venta; kor lite slikt hev aa segja veit eg no.
Men Herregud, det vesle ein kann hava av Namn
er vel alltid til litegrand Studnad for det ein ar-
beider med.
Elles er det berre øtti, som hev hugsa meg i
Aar; ein av Skyldingarne – Brordotteri Sigrid
– hev kunna helsa meg fraa Berlin (der ho sìt
paa Ministerkontore, av di ho er serskilt glup i
Franskt); det er kje so urolegt der nede som me
trur, fortél ho; held ein seg utanfor visse Gatur
og Stròk, so er Byen som han plar vera. – Ei
"Niece", Olga Rønneberg (Systerdotter) helsar
meg fraa Amerika paa Engelsk (det einaste Maale
som ho kann); eg er i Aar nettupp "fifty
years older",enn ho, fortél ho. – Torkell Mau-
land hev telefonera; han skal til Jærs no – paa
Granskarferd, etter som han fortalde. – Schjøtt
gratulerar og lovar aa halde Festmaaltid paa eit
Eple fraa Labraatenhagen; lovar Resten av Odys-
sevsmerknader til Slutten av Maanaden – den
Trufaste! Lærarar og Elevar paa 1 – ein –
Folkehøgskule "helsar i meg Føraren for dei
Unge" (me hev ikkje mange unge daa!) – og
Ungdomslage i Oslo sender ein herleg Tulipan-
bundel (som i denne Tid vil koste so mykje, at
eg, Bonden, kunde ynskje Sømen "betre nytta");
<side nr=184>
den skulde segja, at Arbeide mitt hev eit Fleir-
tal med seg der. I alle Fall det norske Arbeide.
Og det var nok ikkje so lite. I Takkebreve fær
eg daa visst "nytte Gaava ut" best eg kann.
Men Festgaavur talar sjeldan um anna enn "Fest-
stemningar": Folk finn Grunn til aa sjaa fest-
stemte ut. Og um det kann vera gildt nok i seg
sjølv, so er der Ingenting aa byggje paa det.
– Ungdomen, ja; det var den siste Trudoms-
Artikelen; Ungdomen maatte me tru paa; den
skulde gjera det; Ungdomen var Framtidi, maatru.
Men kor hev det vorte av den Ungdomen, me
no i snart eit halvt hundrad Aar hev "trutt paa"?
Naar Ungdomen naar Manndomsalderen, so viser
det seg alltid paa nytt: det var berre eit Faatal
som kunde "halde fast paa sin Ungdoms Ideal",
– eit Faatal so lite, at det oftast maa ei heil
Rad av øttlekkar til, fyrr det kann bli gjort eit
Stìg paa den Vegen, som "Ungdomen" for 50
Aar siden kalla sin. Og so kjem det Stansingar '
Sovetider eller Atterslag. Det er daa ikkje "Ung-
domen", ein kann stole paa, men det vesle Faa-
tale, som magtar aa gjera Ungdoms-Draumarne
til Manndoms Vilje.
– Eg kom til aa sjaa ein Føljetong av Vilh.
Krag i eit Blad um Homer (med nokre rett gode
Ord um "Odyssevskvæde") og den halvkultivera
høgre Skulen vaar; det var sterke Ord. Og det
e r n o k altfor visst, at me er komne ned i "Sin-
keleksa". Tru me finn utav dette Uføre att? Eg
hev tenkt mykje paa Spursmaale, men er dess-
verre i k k j e Mannen til aa greie det.
– Brev fraa Forleggjaren um eit "Supplerings-
Oplag" av "Bondestudentar", "som nu delvis bru-
kes som Læsebok i Gymnasiet" og vert selt for
Skulebokpris; mine 20 Procent hev òg vorte ein
liten Skilling. Og det tarvst nok; ingen kann
enno spaa, naar Dyrtidi fær Ende.
<side nr=185>
–Vonerne um "den ævuge Freden" er visst
uppgjevne i alle Blad no. Og Vali i Tyskland
gjev Socialistarne Faatal, liksom det ber meir
og meir ned-yver Bakke for Bolsjevikarne i Russ-
land. Det me no hev i Vente er vel berre Reak-
sjon. Gudarne gjeve oss Tòlmod!
– Eg gjeng i Veg med Inderen min att, som
– etter Upplysningar eg Finn i Innleidingi hans
til Indisk Filosofi (Xia. 1915) – berre heiter
Ananda ("Srî" og "Acharya" er Titlar; Mannen
hev naatt so høgt, at han hev Rett til aa skrive
seg: "D e n h e i l a g e A n a n d a , L æ r a r e n ").
30. 1. 19.
Møte i Grunnskyld- og Rettsstatslags-Styri i
Gaarkveid – til Fyrebuing av Aarsmøte i Grunn-
skyldslage.
Der kom det – endeleg! – upp, at "Retfærd"
i Røyndi i k k j e hev Tingarar. For 2–3 Aar
sidan vart det gjort ein Freistnad paa aa faa inn
Aarspengar – ein aalvorsam Freistnad, med eit
Brev fullt av Grunnar –; paa det svara ikr. 30
med Kontingent; no er det ikkje høyrande meir
fra deim heller. Og um Blade kjem eller ikkje
kjem: Ingen spør etter det.
Es ist die alte Geschichte. Dei som vil det
rette er 1) alltid i Faatal, og 2) kløyvde i tri:
dei som er "med i Principet" (og i Røyndi
like glade) dvs. Fleirtalet; dei som er heilt med
(i Teorien og i alt som kann bli gjort), men i
det høgste betalar sine Aarspengar: Faatale;
3) dei 2 eller 3 eller 5, som gjer noko; av desse
vil 1 eller 2 eller 3–5 hava saa mykje anna aa
gjera, at det i det høgste vert 1 eller 2, som
kann leggje litegrand – eller noko meir
Kraft i Arbeide.
<side nr=186>
Den store Mengdi fylgjer alltid Fleirtale: dvs.
Urettsflokken, som daa alltid hev Magti Rett-
færds-Faatale kann – pa a Yvervitnings- og
stundom paa Revolusjonsveg – stundom faa
lempa paa dei verste Uretts F o r m e r n e; merke-
lege Ting maa hende, um det nokon Gong skal
bli meir.
7. 2. 19.
Brev fraa Abel (22. 11. 18. – det hev vorte
langt til Amerika att!) som no er "Resident Agent
for State Bank of Conway", Wash. og greier seg
"bra"; han bur i Byen um Sumaren og i "Sæter-
stova" – med "Peis"! dvs. ein Millomting av Peis
og Kamin – burtved Seattle(?). Han vedlegg eit
Brev fraa Son sin, som er med i Ufreden – ein
Arne Garborg fraa U. S. A. i Krig i Frankrike-
Belgia! –; og der hev nok Guten ikkje havt
berre Moro. Han fortél serskilt um eit Basketak
paa 20 Dagar ved Chateau Thierry, der det var
"Bombespektakel" jamt, so han "kunde mest ikkje
tenkje, tumla berre i Veg som i Halvørske" (Guten
skriv Engelsk). Den Brigaden han var med i
(23de) var sidan i fleire – harde, men hepne –
Strider (soleis ved Montblanc-aasen, "ein av dei
vanskelegaste Staderne i Hindenburg-lina"); men
han slapp fraa Leiken med heilt Skinn mot alle
Voner; vart so flutt yver til Hovudkvartere for
Brigaden (den 2dre). Sidan var han med Okku-
pasjonshéren paa Marsen inn i Tyskland; dei drog
gjenom Belgia ("nedre Hyrna") og Luxembourg
og vart allstad festlegt mottekne. (Ein Stad i Belgia
fekk han endaa "sova millom kvite Lakan" – for
fysste Gong siden han var i Nyork.) – No er
han vel heime att.
–Den lange Skoddetidi er visst endeleg yver-
<side nr=187>
stridd; me hev den eine sol- og snøblanke Dagen
etter den andre. Og um det er kaldt, so er det
roleg og stilt; me kann daa vel tru, at "han er
litande paa".
Annarleis er det i den vesle Mannaverdi; der
er alt utrygt. Eller snarare trygt den galne
Vegen. Den store "Nasjon-ligaen"' – det vert nok
berre ein ny Tvangsskipnad: Stormagterne tvingar
Mindremagterne inn under sin Vilje med økono-
miske i Staden for militære Tvangsraader: vil me
kje dansa etter Englands Pipe, vert me sette paa
Sveltekur. For Handelskrig vert billegare enn
Vaapnkrig no. Og kva anna enn Magtstyre skal
me vente av Magterne?
Elles vert Handelskrigen Vaapnkrig att, naar
Stormagterne vert usamde seg imillom. Og soleis
vil Verdi glide nedi den gamle Blodsøyla att, fyrr
ho veit Ord av. Det er den gamle Soga som
alltid vert ny: naar Magterne skal skapa Fred, so
berre legg dei Grunnen til ny Ufred.
S k a l det bli Fred i Verdi, so maa Folki taka
Magti, og alt maa bli snutt um. Me maa faa full
Fridom for Arbeid og Handel (Grunnskyld i Staden
for Skattar og Toll) og fullt Sjølvstyre (Samstyre
i Staden for Diplomatkunster og Militærbraak og
Borgar- eller Partikrig).
Men Folki k a n n ikkje taka Magti. Folki kann
tvo Ting: gjera Revolusjon og setja nye Herrar
yver seg eller drive Partikrig med fleire og fleire
dvs. mindre og mindre Parti og dermed større og
større Partiførarmagt dvs. ny Herremagt. Lenger
kann ikkje Folke koma, av di det hev anna aa
gjera enn studere Politik. Og so vert det æveleg
same Dansen: fraa skiftande Former av Storherre-
styre gjenom skiftande Former av Smaaherrestyre
til nytt Storherrestyre ("Cæsardøme"), og gjenom
det til Undergang. Og so "næste Par upp!" o.s.fr.
– Fysste Helvti av,"Snøfuglar" send SrÓ Ananda
<side nr=188>
til Gjenomsyn. Korrektur paa 2dre Arke av 2dre
Upplag av Odyssevskvæde lese og sendt. No i
Veg med 2dre Helvti av "Snøfuglar"; og soleis
fær eg Tidi til aa glide.
11. 2. 19.
Gjester i Kveld: tvo av dei beste Rettsdemo-
kratarne vaare (Møller og Lieng) og ein svensk
Mann: August Schvan, Kammerherre og Attaché
og Samfundstenkjar. Ein Kammerherre reint for
seg sjølv: heil Georgist og i Grunnen heil Anarkist
(um ikkje nettupp i Teorien), og ein uvanlegt kunn-
skapsrik og tankeklaar – og taleklaar – Mann,
som eg er glad ved aa ha lært aa kjenne. Han
hev sét mykje av Verdi – serleg av "Stats"-
verdi – og talar dei 4 europeiske "Verdsmaali"
(dei gamle 3 + Russisk) likso godt som Svensk;
like eins kann han mykje og hev – etter alt eg
kunde forstaa – tenkt det igjenom, og det meir
heilt ut enn Folk plar tenkje sine Meiningar
igjenom; han er Fritenkjar i sann og full Meining.
Og mykje sagde han – um snart sagt alle vaare
"store Spursmaal" (Samfunds-, Kyrkje-, Skule-),
som var so klaare og modige at dei friska meg
reint upp. Eg kjende han paa ein Maate fraa fyrr
– veit um ei av Bøkerne hans : "Les Bases
d'une paix durable", og hev i danske Georgeistblad
lese um eit Foredrag, han hev halde i Kjøpen-
hamn –; no er her Von um aa faa 'n til aa tala
her med (i Bondeungdomslage for det fysste).
Og det skulde kunna hjelpe i ein By som Xania:
ein svensk Kammerherre, som er Georgemann og
"villt radikal"! – Tala kann han i alle Fall; og
han veit og kann meir, tenkjer eg, enn Storting
og Regjering ihoplagde. Kor som er vil han koma
i Folkemunn, og dermed Tankarne hans med;
<side nr=189>
skulde nokon kunna setja eit Grand Fart i oss,
maatte det vera ein Kammerherre som denne.
– Song Vll Xll av Od.kv. gjenomgjengne og
sende; no fær eg taka meg eit Par Dagar "Snø-fuglar".
16. 2. 19.
Me var paa Stabekk (Granholt) i Dag, Hulda
og eg, i Middag hjaa Schjøttfolke. Det var, som
alltid, hyggjelegt der; men ... med Schjøtt ber
det nedyver Bakke. Det er tydelegt aa sjaa no;
og det var vondt aa sjaa.
Enno klarar han seg. Men rett som det er
kjem det Urider, daa det er reint skralt – han
fell i Uvit rett som det er (anna leidt er der
med) –, og Dokteren hev sagt, at meir enn eit
Aars Tid vil han vanskeleg kunne greie seg.
Han er daa 75 Aar òg. Men so sterk og kry
som han hev vore alt til det siste, – eg hev
alltid i Grunnen tenkt, at han maatte minst bli
otti.
19. 2. 19.
Igaar kom endeleg "Kannestoyparen" upp paa
D. n. Teatre. Og det gjekk rett godt: burt-imot
fullt Hus og mykje Fagnad. Og um der kunde
vera ymist aa segia – det hev vore for lite
(iminsto for lite kunnig) Instruksjon –, so m a a
Teatre freiste seg paa store Fyrelogur no og daa.
Men Kritiken er – i det heile – sur; og at
me vaagar aa fornorske den "norske" Holberg til-
gjev dei oss ikkje. Og Spursmaale um skikkelegt
Husrom for Teatre vert eit Livsspursmaal meir
og meir; det er mill. a. ikkje mange som kann
klara aa flakke Land og Strand paa Spelferder
lenger enn so i 2-3 Ungdomsaar. Noko-so-nær
<side nr=190>
heile Flokken skal ha sagt upp, eller skal vilja
segja upp, um Teatre ikkje fær bygt skikkelegt
Hus aat seg i Oslo paa eit-Par Aar; men med
det ser det smaatt ut. Kristiania-Kulturen hev
fenge uventa Hjelp no: Sjuke Hestar og Hundar
"kann kje faa Husrom" utan nettupp i det Huse
som stend paa den Tufti der D. n. Teatre skulde
byggje. Og di meir Teatre upplyser um, at det
ikkje kann klara seg utan aa faa Rett yver den
Tufti det hev kjøpt, di gladare segjer Xaniakul-
turen Nei, av Hjarta lovprisande sine sjuke Hestar
og Hundar. Med Framvonerne er det daa berre
smaatt. Og kor det kann gaa med den nye Lut-
teikning i, Teaterstyre byd inn til, det er paa
Uvissa reint, veit eg. For Pengar vert meir og
meir alt; og eit Teater, serleg eit norskt Teater,
gjev mindre Rentur enn snartsagt nokon Speku-
lasjon; kven kann daa ofre anna enn i det høgste
ein Smaaskilling til sovore? – Mi einaste Trøyst
fær daa vera den gamle, at di meir Geiti vert
banna, di meir trivst ho; men kor lenge den
Trøysti kan halde ut – – –
– Kammerherre Schvan held Foredrag (um
"Individet, Staten og Nationenes Forbund") i
"Industripaladset" i Morgo Kveld; eg fær inn og
sjaa, um eit slikt Emne kann samle Publikum.
4. 3. 19.
Ei heil Rekkje Foredrag (um Jordsak og ny
Samfundsskipnad hev me havt i denne siste Tidi;
og det gjekk so godt som det kunde gaa, slik
som det enno er stellt her. Baade Aug. Schvan
og Sofus Berthelsen hadde me til Talarar; og dei
tala godt, og vann mykje Samtykke, um dei elles
fekk ein sterk Tokke av, at me ligg atterut her,
<side nr=191>
og at Arbeidsvilkaari er tunge. Schvan, den
svenske Kammerherren – ein rett rar Herre:
fin og skjemtesam Hoffmann, men samstundes,
etter alt eg kann skyna og sjaa, ein aalvorsam
Radikalar – hev nok snart misst Trui paa oss
som paa Landsmennerne sine eigne; no vonar
han berre paa Danmark og vil fylgje Berthelsen
der ned. Men misser han Trui der med, so vil
han fara til India og "finna sig en bajadere och
gi fan i altsammans", som han sa, – so halvt
skjemtande. Dei tvo Framande saman med Lieng
var her ute i Dag, og me hadde ei hyggjeleg
Stund, um det "saklege" Mode ikkje nettupp
var so høgt (Berthelsen var fyrebudd paa ymis
Reaksjon i Danmark, etter som eg tottest forstaa;
det nye Styre der vert der nok endaa mindre
Framtak i enn i vaart nye Knudsen-styre); og so
"fær me no sjaa daa". Hulda skal til Byen i
Morgo og vil gjera endaa ein Freistnad med
Bondeungdomslage og Stud.samf., – um ho kann
faa Schvan inn der (Berthelsen reiser i Morgo);
lét det seg gjera, kunde det vel friske litt paa
Mode hans; og det kunde ein so uvanleg Kam-
merherre fortena.
– Igaar hadde Sør-Austlands Maallage (For-
mann: Prof. Koht) eit lite Samlingsmøte (det
fysste) her i Asker; der var ikkje so reint lite
Folk, og det gjekk rett godt. Av aalvorsame
Ting var der, umframt nokre Inngangsord av meg
(dvs. eit lite Foredrag um det norske Arbeide fyrr
og no og heretter) eit Foredrag um den nye
(norske og norskdanske) Rettskrivningsskipnaden
av Prof. Liestøl (som talar svært greidt og godt),
og nokre gode Ord av Koht um Austlandsmaal-
stræv; ymist anna gildt var der og ymse gode
Folk (eg raaka Dr. Høverstad der, endeleg; det
er visst ei god Kraft); og sistpaa vart der Moro:
Hans Seland var der og fortalde Skjemtestubbar;
<side nr=192>
og det gjorde han etter mitt Skyn betre enn
nokon Gong fyrr; me lo oss glade alle, trur eg.
– Det hev vorte ein Stans i "Odyssevskvæde"-
prentingi att, kor det kann ha seg; for meg er
det elles godt; eg er noko trøyttvoren. Fraa
Øysterdals-Hinduen min høyrer eg no og daa:
han arbeider med aa faa Forleggjar, og er rett
godt paa Veg med Norli; eit Stykke paa Veg
med Gyldendal òg; men . . . naa ja-ja; kven veit?
– Men um eit Par Dagar lyt eg daa heilt i
Selen att.
– Med Odyssevs-Gjenomsyne hev eg naatt
til 16de Songen og kann paa nytt segja at eg
ser Land.
– Men den Haugen av Brev som ligg her . . .
Det gjeng seint for trøytt Mann aa faa Brev av
Garde.
8. 3. 19.
Ein Lærar (H. K. Busland) hev sendt meg
"Smaastubber av Alf Buestreng"<fmark ind="1)"> ("Tillægshefte
til "Lærerstandens Avis", Tvedestrand 1873;
Trykt av I. Isaksen") til Gjenomsyn, – um der
kunde vera noko aa finne der, som burde med i
Prosa-skriftsamlingi.
Det er der no ikkje, etter di "Smaastubberne"
er paa Vers. Og der hadde ikkje vore noko til
ei Verssamling heller; det er berre Skulegutarbeid.
Skuleguten hev elles vore rett flink: skrive Ibsen-
Vers, som ikkje er verst, ja som her og der kann
klinge; ein skynar òg, at der arbeider eitkvart i
Heilen hans; men alt er uklaart, og han hev
reint for lite aa gjera med. – Som rimelegt
kann vera med det eg daa hadde av "Skule".
– Nygaard hev fenge Tak paa John Flaxmans
<fnote ind="1)">Alf Buestreng var det namne Garborg mest skreiv
under i "Lærerstandens Avis". H. G. </fnote>
<side nr=193>
Odyssevsbilæte fraa London (det som Universitets-
bibl. hadde: Pope's Odyssé-umskrift med Illustra-
tionar etter Flaxman var ubrukande til ny Re-
produksjon), og er no meint paa aa faa deim inn
alle i ein Del av Upplage (til høgre Pris). Dette
kann eg ikkje ha noko imot, um eg elles ikkje
er like vel nøgd med alle Bilæte. Eg vil elles
raadføre meg med Schjøtt.
– Politiken innan- som utanlands ventar eg
meg mindre og mindre av; det kjem daa til aa
gaa som i alle Revolusjonstider: villare og villare,
til dess det endar i Reaksjon. (Um Bolsjevikarne,
som eg aldri hev kunna faa Greie paa, les eg i
Dag eit greidt Ord av ein Russ: Revolusjonen
deira er "eit asiatisk Despoti med kommunistisk
Etikette". Og den "store Freden" – vert vel
til eit nytt Stormagt-styre, som tvingar fram andre
Magt-samlingar og Magtstyre; Enden paa Visa:
nye Verdskrigar – og finis Europiæ.
12. 3. 19.
Eitt og anna gamalt dukkar upp rett som det
er; i Dag kom det Brev fraa ein Mann, som eg
kjende i 80-Aari, og som i det heile var kjend
daa: var Vinstremann (endaa han var Løytnant!)
og hjelpte til med "Folkevæpningi": Dietrichson
var Namne. Sidan hev han vore i Australia,
fortél han – kva han no hev drive med der –
men no er han komen heim og vil lìva sine
siste Aar i Norig. Men dei er vel burte no, dei
fleste som han var kjend med; og so vender han
seg til ein Halvkjenning som meg med Spursmaal
etter ein av deim, som enno er til, men som han
ikkje veit aa finne (Jakob B. Bull, som skal vera
i København). Eg fær skrive og rettleide Mannen
best eg kann; det er nok ikkje greidt aa "koma
<side nr=194>
heim att" i sine aldrande Aar og finne at ein er
meir framand "heime" enn ute. Men Breve
hans dreg dei fysste 80-Aari fram-for Minne mitt
att; der er mangt fraa den Tidi aa hugse, som
lenge hev vore forunderleg "burte" for meg.
Tingen er vel, at eg aldri hev vore heilt med i
Politiken vaar, um eg aldri so vel kunde sjaa,
at vigtige Spursmaal var uppe; det Norig som
no raadde (og i Røyndi enno raar), det var ikkje
mitt, – og kunde det nokon Gong bli mitt? –
Enno hev eg ikkje anna Svar paa det Spurs-
maale enn ei Von, som i det store og heile hev
vakse, men langt-ifraa jamt; og det eg veit er
berre det, at e g ikkje fær sjaa "den nye Dagen".
– Endaa noko gamalt: Sofus Berthelsen hev
sendt meg nokre Stykke, som han (under Laane-
namne Esben i "Ret" 1910–11) skreiv um
Bjørnson og hans "Daglannet", eller rettare: um
ei Samtale, han hadde med B. B. (paa Aulestad)
vedkomande Jordspursmaale, og korleis noko av
det han daa fekk gjeve den store Skalden inn,
kom att i "Daglannet". Det er rett forvitnelegt,
dette, og eg bør eingong sjaa aa faa nemnt det;
visst er det, likevel, at B. B. aldri kom so vidt
med her, at Folk forstod det; han hev aldri kunna
vera heilt med paa noko, utan naar han hadde
eit ikkje altfor lite Tal i Ryggen. Men Folk av
det Slage trengst ikkje minst; og ved aa halde
seg "der hvor han trodde Fremtiden grodde"
kom han til aa gjera eit Arbeid som var baade
stort og naudsynlegt.
Men naar han tala med ein Danske, so var
det – i dei Aari – rett naturlegt, at han kom
inn paa Maalsaki; og her sleppte han seg heilt
laus, som rimelegt kunde vera. Og han bruka
eit Bilæte um oss norske, som var endaa meir
raa-lystigt enn dei han stundom bruka, naar han
skreiv til meg ("disse Huleboere", "disse endnu
<side nr=195>
lodne Mennesker", "disse Dyr"); men so ufyse
som Bilæte var, so hadde han – altfor rimelegt
– Dansken heilt med seg; ja Dansken refererar
det offentleg – til Pris for den store Skalden og
Nordmannen. Nasjonaliteten skulde vera det
same for Folke som Sjølvkjensla er for Kultur-
mannen; men med Kulturen er det smaatt Stell.
"Nasjonaliteten" kann daa og føre til Menneskje-
slagting i Millionvis, liksom han innanlands fører
til "Krig hvor der dræbes med Ord"; det er
enno langt fram, fyrr Folk kann taka ein slik Strid
paa menneskjeleg Maate.
– Fraa Paris hev det vore meldt, at Wilhelm
av Hohenzollern skal for Retten, og at han ved
Meldingi um det hev fenge eit Nervechokk og
lagt seg. Noko er der vel i dette, etter som det
ikkje er kome Avsannings-telegram; men meir
enn eit Skræmeskòt hev det visst ikkje vore.
Elles fær ein vel kalle det eit Tidteikn, at Stor-
magter kann tenkje paa slikt som aa draga Chefen
for eit gamalt Kongehus for Retten.
23. 3. 19.
Dei unge held Aars-jubilæum i Dag; – tenk!
Det er alt eit Aar sidan Bryllaupe. Gjev dei
maa faa mange likso gode Aar som dette fysste
hev vore!
– Eg sìt med Fyreorde til "Snøfuglar". Og
det kann ikkje bli reint stutt; SrÓ Ananda hev
sendt meg Material til ein heil liten Biografi;
den bør daa kunne bli rett forvitneleg. Men du
store Tid, som desse Snøfuglarne seinkar meg!
Og so reint uforvarande som eg kom uppi dette
Arbeide! – Men no sìt eg der.
– 12te Ark af Korrekturen til "Odyssevs-
kvæde" send i Dag; det er godt og vel Helvti.
<side nr=196>
Men. kann Prenteverke greie Resten paa 8
Dagar??
– Inga Nalbandian: "Den hvide Mark" (siste
Band av "Armeniens store Jammer") hev eg
nettupp lese; eit godt Arbeid. Og Tonen merke-
leg roleg til so villt uhuglegt eit Emne: eit reint
tryntyrkisk, reint djevledyrisk Folkemord. Ein
vert skamfull ved aa vera Menneskje, naar ein
soleis ser kva Menneskje kann vera for ein galen
Hund; men det gjer godt aa sjaa eit Folk bera
ein so grenselaus Vanlagnad so verdigt. – Men
politisk vil dette store og aalvorsfulle Verke
Ingenting hjelpe. For dei kristne Kulturmagterne
hev nok anna aa tenkje paa enn ein stakkars liten
Flokk Armeniar; Tysken, Der hochcivilisirte, er
endaa i Samband med Tryntyrken. Og Armenia
ligg so velsigna avsides; ingen tarv vita kva som
der gjeng for seg. Aa, desse Menneskjebeisti,
som aldri vinn lenger enn til aa gaa og traakke
kvarandre ned!
Elles er der Grader i Villskapen; sjølve Bolsje-
vikarne er ikkje so djevelske som Tryntyrken –
etter ein Bladkjellar fraa Sibiria, som eg las i
Dag. Dei kann nok stengja Officerar inne og
brenne deim upp; og det er stridt av "kristne"
Folk i det 20de Aarhundrade. Men det er lite
mot den tryntyrkiske Rekorden: aa stengje inne
og brenne upp Kvende og Baan; berre gakk
heim og legg dykk, de Bolsjevikar.
– Med Vonerne um Verdsfreden fær ein vel
helst segja at det myrknar. Franskmennerne driv
paa med aa eggja Tysken ved aa gaa for braadt
paa i Elsass-Lothringen; millom Polen og Prøys-
sen er det vel snart Ufred; Italia vil ut or Freds-
dryftingarne, um det ikkje fær Fiume; og kor
langt den amerikanske Agitasjonen mot Wilson
kann vinne er i k k j e visst. – Dei nordiske
Utsendingarne kom ein halv Dag for seint til
<side nr=197>
Paris, og paa deim kunde daa Fredsmøte ikkje
vente; men det vart daa stelt so, at dei i eit
Privatmøte fekk lagt sine Tankar fram for ein av
dei franske Herrarne i Fredsmøte; han lova daa
aa leggja dei nordiske Spursmaali fram for Freds-
nemndi, so me kann segja me alt hev fenge ein
Fyresmak paa, kva den engelsk-amerikanske
Verdsfreden vert for Smaastatarne. Og i Bladi
ser eg, at baade Fredstrui og Fredstanken tek til
aa veikna.
Naah; eit "Fredsforbund" fær me nok. Men
um me skulde faa tvo! Det vilde vera fysste
Stìge paa Vegen til – næste Verdsufreden.
"Tru det beste og vera budd paa det verste"
– – – –
6. 4. 19.
Fyreorde til "Snøfuglar" sendt. No er det
berre Ordlista att. Og so det vigtigaste: aa faa
Forleggjar. Med den Ting ser det uvisst ut, dess-
verre. – Homer-mskr. til 2dre Utg. ferdugt
(berre ein Revisjon av "Upplysningar" att); –
og so skulde eg endeleg kunna gaa i Veg med
Bladstubb-Samlingi mi. Det er meir enn "paa
Tidi."
– Hadde ein fransk Gjest i Ettermiddag, –
M. Sauvageot, ein 21 Aars Gut, som hev Post i
det franske Gesandtskape i Stockholm, men i
Vinter hev vore ved Folkehøgskulen paa Voss,
mill. a. til aa studere den norske Folke-Ung-
domsskulen (som det franske Styre tenkjer paa
aa faa umsett til Franskt, d. v. s. den skandinaviske
Folkehøgskulen); den hadde han fenge eit svært
godt Inntrykk av. (Hadde jamvel lært aa tala
Norskt der; Landsmaalsbokheimen kjende han alt
fraa Frankrike.) Han fortalde mykje som var
<side nr=198>
forvitnelegt, fraa Frankrike (og Krigen, der han
hev vore med) og fraa Sverige.
Fraa-Ufreden kunde han fortelja fælare (tyske)
Ting enn ein fær sjaa i Bladi, og samstundes
villt-lystige Ting fraa Skyttargraverne; han hadde
kje vore lenge med, men meinte endaa at han
i visse Maatar vilde ha Skade av det for heile
Live. Men endaa meinte han, at det vilde vera
best aa halde fram med Krigen nokre Maanar til
med same, til dess Tysken var heilt døyvd; daa
kunde Europa faa Fred so ei 60-80 Aar; elles
vart det snart berre 1914–18 upp att. Og naar eg
meinte, at Verdi no maatte kunna lære aa skipa
seg so, at ho kunde sleppe den syrgjelegt uløn-
same Ufreden for ei lenger Framtid, so trudde
han visst ikkje meir paa det enn den franske
Ministerchefen gjer. Um Wilson sa han: "Han
gjeld meir og meir for ein Professor med ein og
annan god Tanke; men mindre og mindre for
Statsmann"; berre det ikkje er altfor sant òg.
Men mi Vantru paa den "Freden" me no fær,
den fekk han styrkt; og so fær me no sjaa daa."
– Med sine 21 Aar er M. Sauvageot ein ikkje
lite lærd og dertil en vidfaren Mand; fødd (av
franske Foreldre) i Konstantinopel voks han upp
der og i Litleasia (Smyrna, Lesbos og kva det
elles var for Namn han nemnde), til han var 14
Aar; og han og Syskeni hans tala Nygræsk (og
held paa med det enno seg imillom); og Ny-
græsk ligg det gamle so nære, at han med den
græske Huslæraren sin las Homer i Upphavs-
maale; der er kje større Skilnad paa Homers
Græsk og Nygræsk enn millom Gamalnorsk og
Landsmaal, – sa den unge Grækar-Franskmann.
(Eg tenkte med meg: me skulde bjode norsk
Ungdom aa lesa Gamalnorsk!) – Daa eg spurde,
um den franske Republikken ikkje altfor mykje
er ein Kapitaliststat, svara han ikkje noko vidare
<side nr=199>
so beintfram; men han fortalde, at der er ein
yngre og meir demokratisk Republikanisme uppe,
som vil kunna vera sterk nok um so ei 10–12
Aar eller derikring; og daa vilde den franske
Republikken bli noko anna enn han no er.
Sjølv var han Katolik og forsikra at heile det
franske Folke var ærlegt og varmt katolskt; men
paa noko franskt Prestevelde trudde han ikkje.
Gjev han maa ha Rett. Visst er det, at me vart
reint glade i den unge, stillfarande Guten, som
alt hadde sett seg inn i so mykje og i det heile
tenkte so klaart og so mannslegt. Men eit og
anna av det han fortalde – t. D. um Svenske-
politikken i denne herlege "Nyskandinavisme"-Tid
– gjorde meg lite glad.
Brev fraa Einar Strand.
M·løy, P·lsmessetidir 1919.
Herr Arne Garborg.
Eg er ein gamall heidning og barbar, arbeids-
træl og forsytar, som aldri hev havt tid til ·
lesa bøkr. Men no d· Odyssevskvædet kom p·
norskt m·l vart eg so forvitin at eg laut stela
den tidi som trongst til · lesa det. Og det vart
nokre herlege nattetimar ilag med den sløge stor-
skrøytaren og dei andre gamlekarane, som eg
nog høyrde gjetit medan eg var skulegut, men
som eg ikkje hev havt høve til · gjera meg nær-
mare kjend med. – Innhaldit var morosamt, men
den største njotingi havde eg av det skire norske
m·lit, alle dei gode norske ord og ordlag, som
er kjende for oss bøndr (men som byfolkit og
dei "konsenerte", stakar, ikkje kjenner), den
støde rytmin og ikkje · gløyma bokstavrimit. –
Inkje undr at boki gikk som varmt braud.
<side nr=200>
Og no med det same eg ynskjer Dykk til
lukka med ·rm·lsdagen vil eg òg ynskja at De
m·tte f· helsa og livedagar til · setja um Ilios-
kvædet og andre gamle bokverk, som vi kjenner
so altfor litit til, dei fleste av oss nordmenn. Og
so hev eg ei liti von um at vi skulde narra by-
folkit til · læra norskt med hjelp av desse bøkrne
og den nye utg·vo av Aasens ordbok. Takk, d·,
for Odyssevskvædet! Eit godt ·r det 69de!
Med vyrdsam helsing.
Einar Strand.
14. 4. 19.
Igaar paa Stabekk (hjaa I. M. og Schjøtt). Fint
VÍr og gild Tur (trass i "Ryggmatisme" – i
Ryggen); raaka mill. a. den sjeldsynte Olav Midttun
("Syn og Segn") og Frua hans (tysk); hyggjelegt
Folk. Mortensson var endaa ikkje kvitt all
Skrivingi som skal til for aa bli fri eit Prestekall
som Løten; hev elles mykje mindre aa røda um
no enn i gamle Dagar. – Schjøtt greier seg rett
godt no; men fraa Depte høyrer han ingenting;
Ordboks-manuskripte ligg der.
– Fredskonferansen hev endeleg fenge ut
Framlegge sitt. Det hev nok av Paragrafar;
elles fær ein vel helst segja lite Ull etter so
mykje Skrik.
– Eit danskt Tidsskrift ("Det nye Nord") finn
endaa at det nye Folkesambande minner sterkt
um Den heilage Alliance. Det er England, U. S. A.,
Frankrike, Italia og Japan som slær Lag, til aa
tryggje den Magti dei no hev vunne, "tryggje
Freden ved Trugsmaal um Krig".
For Avvæpning er der ikkje Tale um; Verdi
skal berre faa "Reduksjon i Væpningarne". Og
(dei 5 Stormagterne skal vera "Forsyn for Folki":
halde deim i Fred eller drive deim i Krig, –
<side nr=201>
"til Fredsforsvar" som vanleg. Det "ut-øvande
Raade" (der dei 5 Magterne hev 1 Røyst kvar
og alle dei andre Magterne 4 Røyster) skal setja
upp Forskrifterne for den nye Krigsmagti – i
det heile og i kvart av dei Landi som er med –;
aa vera med vert daa aa gjeva upp Sjølvstyre i
det Stykke (og i alt som dermed kann hange
ihop). O. s. fr.
Fraa norsk Side er der protestera i eit Par
Punkt; fleire kjem vel òg til aa protestere; Smaa-
ting (Former) læt seg vel rette paa; Sveits hev
alt sagt seg ut av det paatenkte Folke-Sambande.
Enden paa Visa vert vel fyrr eller sidan tvo
Folkesamband (det eine med Tyskland og Russ-
land til Hovudmagter?); Ufreden (med Toll o. s. fr.
eller med Vaapen) kjem daa til aa staa, til dess
det eine av deim fær Verdi under seg; og siden
vert det den ævuge romerske Ufreden mot Folk
som slær seg saman um aa rive seg lause. Den
store Verds "freden" vert siste, Kapitle av den
gamle Ufredssoga.
Einaste Raaderne mot Uraad (heilt Folkestyre
(Samstyre) og rett økonomisk Skìpnad) vil Mag-
terne endaa mindre enn fyrr kunna tenkje paa
no, daa dei heilt maa samle seg um aa halde
uppe Magtretten. Dess meir burde alle tenkjande
samle seg um Retts-Tankarne; men kóss det vil
gaa med den Ting, so for det fysste daa, er vel
meir enn uvisst. Eitt og anna av Wilsons fagre
Ord er kome med i Framlegge; deim vil Fleir-
tale i det lengste tru paa.
19. 4. 19.
Den gamle Stoveklokka, som Hulda for nokre
Aar sidan fekk Tak paa hjaa ein Antikvitets-
handlar, og som sidan hev stade for det meste,
<side nr=202>
hev me endeleg fenge skikkeleg Dokter paa (ein
gamall Bygde-Klokkemeister her), so no gjeng ho;
og Huse vert meg reint heimslegt ved det. No
spørst det, kor lenge det varer.
– Med Odyssevs hev Korrekturen naatt ut-i
21de Songen, so no er snart den Soga slutt. So
spørst det, kóss det gjeng med "Snøfuglar" (som
Ananda trur at Norli tek); men den Korrekturen
vert ikkje so seig. Eg fær daa i Veg, best eg
vinn, med Bladstubbsamlingi. (Fanden er elles
laus att; det spørst etter eit Foredrag um Retts-
staten i Ullensaker; med det fysste; og so lite
Arbeidsfolk me hev er det mest Uraad aa segja
Nei.)
– Freds-Framlegge er ikkje fullt so like sælt
um Smaafolki som ein skulde tru etter "D. n.
Nord"; Smaafolki kjem nok med, skal me sjaa.
Men so spørst det, um det kann bli Skikk paa
Indrepolitikken, fyrr alt vert Upprør, og paa Sam-
fundsøkonomien, fyrr det vert Ufred att, trass i
all Fredsplaastring; alt er ugreidt. Og Verdi eig
ikkje ein einaste Mann. – Og at ho i Grunnen
er den same som fyrr, det er nok visst; no um
Dagen les me, at Sverig i Utlande spelar "Skan-
Dinavia" no liksom Danmark spela Norden fyrr.
Det er det gamle: Magti kann vera so liti ho
vil, – ho vert straks Rett mot den endaa mindre
Magti. Um Menneskjedyre vinn lenger nokon-
Gong – – – –?
– "Vaarknipa" som hev vore svært lempeleg
dei siste Aari, er eit Grand stridare att denne
Gongen, og dertil er det "Ryggmatisma" aa fikte
med. Det gjeng elles ikkje verst; men Arbeids-
krafti . . . . Og Augo; serleg det eine . . . . Noko
stormodig er eg ikkje.
<side nr=203>
22. 4. 19.
Tyskland kranglar: vil ikkje gaa med paa Freds-
tinging paa dei Vilkaari Vestmagterne hev sett
upp. Og Vestmagterne gjeng ikkje med paa
Tysklands Krav; no spørst det daa, kóss det vil
gange.
I England vaknar Vinstre att: Folket held paa
(relativ) Frihandel mot Vernetoll-Partie (som hev
fanga Lloyd George), og krev heil Rett for
Irland.
Tyskland og Russland (Sovjet-) gjeng i Sam-
band, vert det meldt (fraa Warschau). Verdskri-
gen upp att?
Revolusjonsbraake held paa.
27. 4. 19.
Det lid med Odyssevskvæde II; eg las i Dag
næstsiste Korrekturen paa dei siste Arki. No
trengst det berre ein Setning eller tvo i Tillegg
til Fyreorde (um Flaxmans Teikningar – og um
Prisen?), og so siste Korrekturen paa dei 3 siste
Arki; so kann eg – taka til med Bladstubb-
samlingi.
Ja og so skal der Underskrifter (Titlar) til
Bilæti (som eg fekk ei Avprenting av i Dag).
Men det er snart gjort. Tuften skaffar meg Popes
Odyssevsutg. i Morgo. Noko meir ugreidt ser
det ut med Statshjelp-spursmaale. Forlage (ein
ny Kontorfyr) spør, um e g veit naar Spursmaale
skal upp i Tinge; det hev sjølv, denne som fyrre
Gongen, tinga med Depte, men veit ingen Ting,
og veit ingen aa spyrja, anna enn ein Mann ut-i
Asker! – Og Løvland? – han hev havt so
mykje "Krise"-staak aa staa i, at han vel helst
hev g l ø y m t "dios Odyssevs". (Eller dei styrande
i Vinstre finn, at det fær vera nok med slike Ut-
<side nr=204>
gifter no? – Eg hev korkje høyrt eller sét so
mykje som eit Ord fraa den Kanten.) Me "fær
no berre sjaa daa", maa-tru.
– Prof. Kraus fraa Prag heldt Foredrag i Ung-
domslage i Oslo Fredagskvelden um den böhmiske
(og tzeckiske) Maalstriden. Den hev havt endaa
fleire Vanskar enn vaar aa stride med; men i mangt
hev det vore det same: "Bønder" (og Smaafolk) mot
"Kulturen". Han tala paa Dansk, som han kann
rett godt; men paa dette framande Maale kunde
han sjølvsagt ikkje vera so fri (var sterkt papir-
bunden, med' han elles, som han sidan sa, er
van til aa tala fritt); og Uttalen hans var i sume
Stykke mindre fullkomen, so mykje kom burt for
oss, naar han stundom tala noko fort (eller
gløyrnde aa agte paa Uttale-vanskarne). Men i
det heile var Foredrage svært forvitnelegt; og
han fekk sterkt Samtykke.
Etterpaa tala me med 'n (serleg Hulda; for
mitt Tyskemaal vert meir og meir ubrukande),
og me kom godt til Lags. Igaar var han (og
Frue i Lag med Kapt. Os og Frue) ut-hjaa Arc-
tander her og kom daa paa Attervegen inn-um
hjaa oss, og me hadde ei hyggjeleg Kveldstund.
(Elles ikkje berre Hyggje; det vart vist fram nokre
Fotografi fraa Svelteheimer ned-i Sør-Tyskland,
som var til aa faa vondt av: Smaaborn som kom
reint burt paa Jordi der dei laag; var berre som
ei tunn Skinnstrime med ein liten Hovudskalle:
eg orka ikkje sjaa paa dei.) No skal Kraus ut-
yver Lande og tala, i Bonde-Ungdomslagi helst;
og etterkvart som han "lærer" Foredrage sitt og
kjem meir inn i vaar Maate aa tala paa, vil han
kunna faa den norske Ungdomen godt med seg.
– Kóss det gjeng med "Verdsfreden" er enno
svært uvisst; Italia ser, at det kann truge seg
fram og vert daa berre stridare: so lyt vel Magti
bøygje seg, og det gjeng paa nytt Lag ut-yver dei
<side nr=205>
smaae. Tysken skynar òg, at det berre gjeld aa
halde Nakken stiv; Enden paa Visa vert daa vel
ein Fred av det vanlege Slage: ein som det veks
nye Ufredar etter. Sjølve det nye Rom-rike,
Britannia, som skulde vera slik ein Meister til
aa styre framande Folk, hev Upprør aa slaa ned
baade ber og der; onnor Raad enn eit langt og
lenger enn langt Tòlmod er ber nok ikkje enno
paa ei god Stund.
Hu, den som berre ikkje vart so hjarte trøytt!
– Apropos Trøyttleik: Eit og anna Forfattar-
blad vert sendt meg (Innbjoding til Tinging); og
eg ser paa dei lange Raderne av nye Forfattar-
namn, som der kann vera upprekna, Namn som
eg ikkje kjenner, og som eg er utruleg like glad
um; altfor vel veit eg, at det nye dei kjem med
– og som Ungdomen gled seg ved –, det er i
Hovudsaki gamalt nytt: "det same paa ein annan
Maate". Liksom det som var nytt i mine Ung-
domsaar, og som det nye til alle Tider. At alt
dette "nye" trengst er visst nok; kvar ny øtt
vil ha det gamle servera paa sin Maate; og paa
si Vis er det "nye" nytt. Men naar ein hev pløgt
igjenom det nye fraa nokre Tider, so vert det
like nytt og like gamalt alt; ein "kann" det.
D. e: med all Hamskifting er Livsens Grunnvil-
kaar og Grunnspursmaal dei same, og dei ende-
lause Forandringar berre Variasjonar av dei same
Motivi. Det ser ein klaarare og klaarare med
dei veksande Aari: vert meir og meir "trøytt".
Det beste ved Live er daa likevel det, at det
ikkje er for langt; og naar Gamlingen stundom
ynskjer aa lìva ein Mannsalder til, so han kunde
faa sjaa ein eller annan av Draumarne sine um-
sett i Liv, so burde han nok berre takke Gudarne
for, at dei segjer Nei til det Ynskje.
<side nr=206>
30. 4. 19.
Slutt paa April – og paa Snøen; men det er
rett kaldt enno, naar ikkje Soli stend paa. Og
Marki er graa mest jamt; berre her og der legg
det seg grøn-"Skuggar" eller kva eg skal kalle
det, yver Grunnen. No spørst det, um Mai vert
mildare enn han plar vera.
– "Fredskonferansen" er endeleg ferdug. Og
Enden var, at Verdi er kløyvd. Paa den eine
Sida Vestmagterne og Japan og rett mange Smaa-
statar, dei fleste (alle?) meir eller mindre mis-
nøgde; paa den andre Italia, Tyskland, Russland og
kven elles det kann vera som ikkje er komne
med. (32 Statar er med, og 13, millom deim
dei 3 nordiske, er "innbòdne".) Fyrr ein ser,
koss det lagar seg med dette nyttar det lite aa
"tru" noko; enno kann ein visst likso godt segja
at det bryggjast paa ny Verdskrig som at det
lagar seg til Fred. Det einaste ein kann segja er, at
det klaarnar vel eingong, – um det ikkje myrknar.
– I Dag hev eg lese siste Korrekturen paa
dei siste 3 Arki. No er det Misprentingsliste att,
og so Fororde (som ikkje kann koma i Stand,
fyrr me fær Greie paa Statshjelp-spursmaale);
i Dag steller eg dessutan med Bilæti hans John
Flaxman: kor dei skal bli innsette, og kva dei
skal "heite" paa Norskt. Dertil hev eg nokre
"Upplysningar" aa skrive heilferduge til "Snø-
fuglar" (som endeleg skal under Prenting no, –
i Kommisjon? eller Forlag? – hjaa Norli). Um
eit Par Dagar er eg vel "fri" nok til aa byrja
paa Universitetsbiblioteke.
– Eit og anna Tilfelle av indisk Religiøsitet
ser ein um i Bladi ender og daa; og Brahmatru
etc. var alltid betre enn den europæiske Kyrkje-
læra, – um ho kunde naa ned i Folke. Men
utan Fanden og Helvìte kann dei europæiske
Barbararne ikkje greie seg, Stakkar.
<side nr=207>
5. 5. 19.
Fraa W. Nygaard (som hev vore burte eit Bìl)
høyrer eg, at Regjeringi (Løvland med) er "blit
enig om, at det vil være forsigtigst ikke at æske
denne bevilgning". Og dette hev Løvland ikkje
funne det Umaken verdt aa lata Nygaard faa Greie
paa, – fyrr no, daa Nygaard pr. Telefon granska
etter i Depte, kor det hadde vorte av Eldhugen
hjaa den norske Skuleministeren.
Ja-ja. Løvland vert visst lett "enig" um, at
det er "forsigtigst" aa ikkje gaa paa. Men no vert
Boki (utan Bilæte) dyrare enn fysste Utgaava. Og
Utgaava m e d Bilæte vert mykje dyrare. Homer
fær daa greie seg sjølv som han best kann. At
eg ikkje fær ein Skilling for det lange og rett
mødesame Arbeide med 2dre "Upplage" fær
vera det same.
– Storfint VÍr; kann dette halda paa, vert det
ikkje lenge fyrr Sømaren kjem. For Hulda (som
er paa Heidmarki og vil pumpe ut ein gamall
Kjenning av Far hennar um Live paa Upplande
(og paa Saastad) i Overretssakførar Bergersens
Dagar, med' det enno er Tid, vil det vera her-
legt med dette VÍre; aa for Glans yver Sjø og
Land!
– Eg hev teke til so smaatt med Bladstubb-
samlingi; sìt inne paa Univ.bibl. um Fyremiddagen
og rotar – for det fyrste i "Lærarst. Avis" (fraa
1871–72), der eg hev funne eit Par brukande
Ting; og so fær eg freista "Dagbl.". "Fedrh."
fær eg rett mykje av hjaa I. M.; Resten fær eg
tru, at eg finn paa Jæren.
– I Paris skal dei snart til aa tinge med
Tysken, som er svært kry og vil krevja baade
eitt og hitt, ettersom det høyrest. Og millom
Frankrike og Italia er det so halvt Krig (um
Fiume), liksom det ser ut til Ufred millom Ukraine
og Rumenia; Gudarne maa vìta um Europa ikkje
<side nr=208>
snart stend i Brand att, trass i alle desse ende-
lause Fredsforhandlingarne.
– I Stortinge er der so halvt Borgarkrig
millom Byar og Bygder um Fossarne. Og utan-
for Stortinge sprengjer Tranmæl-Socialismen meir
og meir paa; dei førande Vinstrebladi kappast alt
um, kven som kann vera blidast imot deim.
(Berre i "Intelligensen" litegrand Kritik.) Men
i Maalbladi raar Halvteologi og Halvkultur.
11. 6. 19.
Ny øttled: me er aat aa bli "Besteforældre"
Det hadde eg no mest gjeve upp; men Vonerne
er nok dei beste. Og gjev daa alt maa gaa som
det skal!
– Gamle Erik Straalberg er Gjest hjaa oss i
Dag; det er vondt aa sjaa 'n med den Armen,
som vart avskoren i Maskinsagi. Men no skal
han faa "Kunsthand"; og dei Henderne skal vera
so kunstrike no, at ein kann bruka deim mest
som dei var lìvande. Erik er eit godt Stykke
uppi Aari no; men Haare er like svart, og um
han ikkje nettupp er so kvik som fyrr, eller
høyrer fullt so godt, so gjev han nok ikkje upp
enno paa ei Stund. Me skynar berre at han er
vorten svært aaleine.
– (Tor-)kjell Steinsvik, yngste Sonen hans
Rasmus, stend til Konfirmasjon i Dag. Og ein
av dei fysste Dagarne skal beile Steinsvikshuse
flytja – til ein Gard dei hev kaupt ut-ved Ljan.
Veslelia er burtleigd – til ein Ingeniør, var det
visst.
– Frau Alfhild Erfurt (Systerdotter til Hulda)
var her med Mannen sin i Dag; han hev etter
ymist Mas sloppe ut fraa Heimlandet. Det er ein
Tyskar av den gode Typen, hyggjeleg og grei;
<side nr=209>
um Tilstandi der nede hadde han lite godt aa
fortelja. Um Freden og Framtidi . . . . var ikkje
han klokare enn me. Og ikkje svært modig.
– Straalande VÍr, grønkande Mark og Skog;
herleg Fyresømar. Og den fær eg godt av paa
ein Maate no um Dagen: fÍr att og fram millom
Labraaten og Høgskuleboksamlingi kvar Dag.
Elles bunden til Skrivepulten som vanleg, ikkje
minst med Korrektur; knapt ferdug med Homer
lyt eg no i Veg med SrÓ Ananda, – veit eg?
– Alle tyske Blad protesterar av all Magt mot
Entente-Fredsvilkaari. Og det er likso rimelegt
som at Frankrike og Belgia held paa deim. Men
Wilson (og L1. George) fær ein tru hev gjenge
med paa deim i den Tanken, at det kunde vera
nyttigt aa ha "noko aa slaa av paa"? – Men
um dei tyske Sendemennerne paa det fysste Møte
var aldri so stive, – dei hev nok ikkje anna aa
gjera enn aa bøygje seg – no; Spursmaale er,
um Vestmagterne kann bli so vìtuge, at Tysk-
land gjeng inn i Freds-sambande f o r A a l v o r,
Det trur eg ikkje.
Brev fraa Arne Garborg.
Knudaheibakken 15. 6. 19.
Kjære Hulda!
Endelig fremme – og foreløbig installeret og
"etableret".
Og Veiret er bra. De Veirkyndige – hvori-
blandt fhv. Stationsmester Jens Lende – spaar
fortsat Godveir, om end med Beklagelse af, at
endnu er der blit for lite "Dogg"; og Vinden,
som igaar var fra Syd og altsaa skulde spaa
Regn, er i Dag svinget om paa Nordvest, saa
tørt og kjøligt er det sandsynlige.
<side nr=210>
Der har ingen Spektakler været ved Huset her
i aar; det eneste Inger hadde at fortælle var, at
det ene Kjøkkenvindu en vakker Dag (Nat) var
faldt ut, men uden ellers at lide nogen Overlast:
det laa ganske helt der udpaa den vesle Veien,
Og lod sig altsaa uden Vanskeligheder sætte ind
igjen. Men noget Spor til at nogen hadde været
inde fandtes ikke. Det Hele altsaa ubegribeligt
men faktisk.
Blandt Reisens Viderværdigheder kan noteres,
at jeg efterhaanden opdagede henved 10 Ting,
som jeg hadde glemt og nu maatte kjøbe, for det
var Ting som jeg behøvede ret som det var (Ex.
Barberkost og -Saape), og som der altsaa ikke
kunde skrives efter. Heldigvis var jo altsammen
Smaating; men det ærgerlige ved Sagen er jo
denne tiltagende Glemskhed. Aber Mensch, ørgere
dich nicht; hvad skulde det føre til?
I Stavanger traf jeg Jens Tvedt, som jeg havde
haabet skulde paa en eller anden Maade kunnet
hjælpe mig med ialfald en Del Aarganger af
"D. 17. Mai". Men desværre. Saa nu kan det
hende jeg blir ret snart færdig her le – skjønt
der er et Par Fedraheimsaargange som vistnok
indeholder adskilligt. Af Nyt forøvrigt fortalte
han om "Spanska"s Herjinger i Stvgr.
– Stavangerbaaden var overfyldt og jeg spurgte
forgjæves efter Køi; det hadde altsaa blit en stri
Tur, hvis jeg ikke hadde faaet ganske uformodent-
lig og utrolig Hjælp – af Bergens Biskop. Men
han kjendte Kapteinen, og han fulgte mig ombord
i sidste Øieblik (jeg havde spist Middag hos
Bispen – naa! Aften – Kl. 8) og la et godt Ord
ind for mig, hvad der til min Forbauselse virke-
lig kom til at hjælpe. Jeg blev puttet ind i en
Køi med 3 Senge, hvoraf en var blit ledig; der
havde jeg da sovet udmærket, hvis ikke en af
de 2 andre havde snorket saa torden-mæssigt, at
<side nr=211>
selv jeg vaagnede deraf, – vaagnede Gang paa
Gang hele Natten udigjennem. Men enda var jo
Køi bedre end Ikke - Køi.
Ellers er Turen gaaet bare bra. Men jeg har
havt mye at bestille i Dag og mærker at jeg er
træt; altsaa "mere siden".
Hils og vær hilset! Din G.
17. 5. 19.
Ein fager, um alltid noko kaldvoren 17. Blø-
mande Kirsebærtre og grønkande Lauvskog.
Men stilt paa Labraaten. Hulda i Kjøpenhavn
(Forfattarmøte), Tuften hjaa Dokteren (med ei
Hand som vart uppskori igaar), og eg bunden til
Skriveborde som vanleg. Og det skal knipe,
um eg klarar alt det eg hev paa meg. Meir og
meir skynar eg, at Alderdomen – altfor tidleg –
tek til; Arbeidskraft (og Arbeidshug, -mod, -tru)
minkar, so eg ikkje kann dylja det for meg sjølv
lenger.
Men som vel er aukar det og med Alder-
doms Ro.
Me er innbodne til Festen i Bondeungdomslage
ikveld (der Løvland skal tala); men eg lyt berre
segja Nei Takk.
Brev fraa Arne Garborg.
Knudaheibakken Jønsokaftan 19.
Kjære Hulda!
Mange Tak For Brev af 21de. Jeg havde elles
ophørt at vente, gik ud fra, at Teaterstrævet gav
Dig andet end Brevskrivning at tænke paa.
Men Du klember paa altsaa. Og s k a l være
<side nr=212>
færdig den 1Ode. Det er da extra storartet, at
Du har kunnet faa et langt Brev afsted; extra-
ordinær Tak! – Forresten bør der jo kunne
gjøres en Del paa saadan opimod et Snes Dage,
hvis Menneskene ikke er altfor umulige, og
Trætheden ikke blir Dig f o r svær (det er vel
ikke sagt, hvor længe det kan gaa med at "komme
halvdau hjem hver Aften").
Jeg tager lidt Trøst af, at Du ikke synes rent
modløs med hensyn til Liti Kersti; og den mu-
sikalske Hjælpen tør bli ganske bra – stemnings-
fuld Frilufts- (Fjeldtrold-)musik; hvem ved? Og
at der kommer n o g e t i Stedet for alt som maa
ofres er ialfald heldigt. Harpeakkompagnement
bak Scenen høres ganske oplivende, og stilfuldt
med. Og en graa Ganger maa der vel bli Raad
til? Faar Du ikke røvet nogen fra den konge-
lige Stald, saa er der jo nok af "beredne Løit-
nanter" etc. i Byen nu? – Det vilde jo være
gildt for alle Parter, om det gik lidt ordentlig
bra med Liti Kersti. – At alle er oplagte er ud-
mærket. Men der skal jo ikke lidet til for at
overvinde 100 000 Vanskeligheder!
Det er godt at Du har Harriet og Per nu, saa
Du kan "lægge Dig helt fra Dig", naar Du
kommer segnefærdig hjem. Tuften kan vel ogsaa
være til bra Hjælp nu da den værste Hage – og
Bisjauen vel er over.
– – Hvad mig angaar sidder jeg nedstuet i
Fedraheimar og skriver Afskrift efter Bog i lange
Baner; er netop færdig med 1878. Saa er der
et Par lidt slemme Aar (1880; 1882), men saa
minker det vist pent; lange Tider Ingenting visst.
Andet end D. 17de faar jeg ikke her, saa jeg
blir visst færdig medio Juli eller saa; faar saa i
Vei paa Biblioteket igjen.
Jeg har det forresten travlere end beregnet;
ikke nok med diverse Besøg paa denne Tid, og
<side nr=213>
saa Afskriverarbeidet da; men i Dag fik jeg hele
to Rykninger efter Avisstubber, jeg skal ha lovet.
Saa der er nok af Kjas og Mas, og noget svært
oplagt er jeg ikke. Veiret har ogsaa været –
som der aust omtrent: mest Godveir, men ret
som det er en Regndag; og saa jevnlig denne
halvkalde Blaasten – fra Nordvest eller Sydvest,
men omtrent like kold. Imidlertid klær jeg mig
godt og klemmer paa; "bankar Flokar" av og
til, men greier det noksaa bra. Med Madstellet
er jeg i Orden (Fladbrød, Mjølk, Smør og alting),
og Honningkrukka er mig en extra Velsignelse i
al denne Dyrtiden. Efter Dig spør alle; men
i Aar kan jeg med extra god Virkning tale om
den urimelig dyre Reise etc., og saa at Du har
noget Extraarbeide og siden skal til Fjelds og
bygge.
Tak for Barbergreierne; de Sager jeg havde
kjøbt viste sig naturligvis at være noe Skrap.
Nu klarer jeg mig.
I Anledning af et af de ovennævnte Rykkerbreve
maa jeg til Hognestad med det aller snareste og
faa Tak i ei Bok; haaber, at de snart er hjem-
komne. Jeg maa ogsaa til Garborg – og høre
om jeg kan faa lidt Tømmermandshjelp igjen.
Og jeg frygter endnu en Invasjon fra Byen –
gilde Folk; men Tia, Tia! Endvidere maa jeg
ind og se om Graven til Mor (Fars har jeg be-
søgt og fundet i Orden); men det faar vel bli
med det samme jeg reiser.
Gamle Inger klarer sig enda, skjønt Beina er
skrale; hun er komplet Bager (ogsaa udmærket
Fladbrødbager) og er forsaavidt til god Hjælp.
Nu hører jeg vel fra Dig ialfald naar Du er
kommen til Vangen? Eller helst før?
Helsingar til alle, Gjæster og Husfolk; først
og sist til Dig.
Din G.
<side nr=214>
21. 5. 19.
Eit Par Blad hev meldt, at Hulda hev vore
med i Ordskifte paa Forfattarstemna i Kaupen-
hamn; i eit Brev i D. 17de stend det at det er
eg, som hev vore med, – korleis det no kann
ha seg. Det maa bli retta.
Fraa Hulda Brev (Dato: 19de). Ho hev det
gildt nok der nede (um det elles er "surt og
koldt" der enno); ho er svært vel fornøgd med
"Jeppe" paa Kgl. Teater. Til meg hev ho ei
Helsing eg sét Pris paa: fraa Karl Larsen. Elles
gjeng ho mest og tenkjer paa Tuften og Handi
hans (Breve mitt hadde endaa ikkje naatt henne).
– Eit Helsingskort (tysk: "Bier"- eller no fær
me vel segja Kafékort) fraa nokre norske der-
nede kom samstundes (mill. a. fraa "Rosenschwanz,
f. Johnsen", "Elias Kræmmer"; naa-ja; nokre
fleire Namn med, som eg gjerne saag); dei hev
det visst gildt der nede. Og det kjem vel alltid
n o k o meir ut av denne Forfattar- enn av den
gamle Studenterskandinavismen? –
– Paa Biblioteke hev eg i Dag arbeidt med
Dagbl. 1881; det var daa Striden stod um Tala-
ren ved Wergelandsstøtta. Eg var ikkje so lite
med daa; trudde elles at eg hadde skrìve meir.
Det er nokso rart aa lìva dei ville Stridstiderne
eit Grand upp att. – Det var òg det Aare, at
eg heldt Foredrage i Stud.samf. um "Den reli-
giøse Erkjendelses Princip"; etterpaa kom eit
Ordskifte paa eit Par Kveldar; der hadde eg
heile det filosofiske Fakultet (Lyng og Monrad)
og dertil Prof. teol. Petersen imot meg; men
etter Dagbladsreferate ser det ut til, at eg klara
meg ikkje verst. Og det hev nok nettupp daa
vore Tidi til aa faa upp det Ordskifte. – Eg
hev i Hovudsaki vore rett klaar alt daa; men eg
gjekk med Draumar um aa faa sjølve Folke inn
paa friare religiøse Synsmaatar, og dei hev eg
<side nr=215>
nok etterkvart fenge "vekse ifraa". Det er ei
brutal Sanning, at "Folke" ikkje kann koma med
her (det store Fleirtale kann ikkje "tenkje" i
slike Spursmaal og tek daa med Takk imot dog-
matiske Lærebøker, kor urimelege dei kann vera;
Paulus og seinare dei romerske (og tyske) Teo-
logarne hev elles laga ihop ein rett "praktisk"
Folkereligion); men ei Sanning er det likevel;
og jamvel den seinare Draumen min: at det
skulde vera Raad aa faa upp – og det millom
sjølve Folke – J e s u Kristendom, den kunde
ikkje bli til meir enn Draum, den heller. N o k o
meir er alltid Jesus komen upp att i seinare Tid;
men det er meir i S"ndi enn i Røyndi; for Teo-
logarne, og endaa meir for Folke, er det Offere,
Blode, "Soningi", med eit Ord Heidendomen,
som er og som vert Hovudsaki; Antikristendomen
hev vunne og vil hava Magti langt fram-igjenom.
Eller alltid, kannhende? – dei aandelegt frigjorde
vert vel aldri meir enn eit Faatal, eit noko større
eller eit noko mindre; knapt nokon Gong eit Fleir-
tal sterkt nok til aa taka Styringi og g j e n o m -
f ø r e Tanken um fri Tru. Som det no er kann
det i k k j e bli anna enn Villskap, naar Fleirtale
slær seg paa "Fritenkjing". Det einaste som
maa vera vinnande, og som me alt er eit godt
Stykke paa Veg til aa vinne, er ytre Fridom: at
Folk fær L o v til aa halda seg til det som kvar
for seg finn rimelegt, – og Mengdi daa til sine
Majoritetssetningar, sine "Kyrkjetruer".
25. 5. 19.
Tuften 31 Aar. Men for meg ser han enno
ut som ein Ungdom. Og eg sjølv – kjenner
meg ikkje stort meir enn vaksen, naar Sanningi
<side nr=216>
skal upp. Men naar eg tenkjer paa, at eg hev
ein so vaksen Son, so skynar eg nok, at eg tek
til aa "skòra paa Honni".
– Hulda kom heimatt i Dag. Ho hev i mange
Maatar havt det gildt der nede, og hev raaka
mykje godt Folk (mill. a. Jeppe Aakjær, som ho
hadde Helsingar ifraa); men alt var nok ikkje
som det skulde vera. Det hadde ho fenge Greie
paa heller snart. Dei 200 Kronurne til Reise-
hjelp, som ho – og nokre andre – hadde fenge
av Forfattarlage, gav ikkje Aatkjøme til Møti
(um dei nok alltid kunde "beda seg inn", som
Hulda gjorde); det vart snarast som ei Fatighjelp;
dette kom dertil paa ein keiveleg Maate fram paa
Prent (gjenom "Skand. Forf.tidende") og vakte
ymis Uhugnad – –
Noko anna leidt er der og; det n o r s k e Bok-
manns-lage, som Danskarne vel ikkje hev visst
um og som daa ikkje var serskilt bede med til
Festen, hev ikkje visst, korleis dei skulde greie
denne Vansken. Dei telegrafera; og Telegrame
vart upplese; men dei Danske stod uppraadde:
skyna ingenting. No vert det vel ein Uppvask
imillom Norske og Norskdanske um dette; og
den kann vel bli mindre hugleg; men um det er
noko aa gjera ved det – – –
3. 6. 19.
Um Sundag var me paa Jesseim; alt gjekk
godt. Eit lite Ordskifte var der etterpaa, der
sume av dei vanlege Spursmaali kom upp; men
Tidi vart for knapp til at det kunde bli noko
mykje av det. Og Overlærar Møller er ein grei
og god Debattant. Hulda var og uppe.
Um Notti vart me liggjande i Byen; det er
med norsk Tankeløyse so stelt, at der i k k j e er
Samanheng millom Togi paa Aust- og Vestbanen,
<side nr=217>
So sat eg paa Boksamlingi til Kvelds og kom
heim ved 9–10-Tidi.
– I Verdi held det paa og kokar med Upprør
og Ufred; at Reaksjonen vinn til Slutt kann ein
vel altfor trygt gaa ut fraa. – I Fredsmøte hev
Tyskland Orde no; og det talar so godt, at fleire
og fleire høyrer paa det, og Trui paa Vestheims-
Imperalismen veiknar. Men vinn Reaktionen
Magti i Grunnspursmaale – det økonomiske –,
so kann dei byggje so gild ei Fredsborg, dei vil:
bo er bygd paa Sand og maa falle.
– Det er kaldt og skyut, men kann ikkje
vinne seg yver til Regn.
6. 6. 19.
Der er kje meir paa Universitetsbibl. aa gjera
for det fysste, og so ber det til Jærs. So snart
eg kann bli ferdug.
– Eg fekk her um Dagen sjaa noko av den
Korrespondancen, Hulda hev havt med "National-
teatret" (der eit Par av hennar eigne Stykke <fmark ind="1)"> og
eit umsett – av Gerh. Hauptmann<fmark ind="2)"> – hev legi
10–12 Aar eller kor lengi det er); det er for-
underlegt, at ho hev kunna halde det ut. Men
ho hev ikkje halde det ut heller, segjer ho; det
hev tyngt og tat paa Humøre, so no kjenner ho
seg reint "gamal" av det: trøytt og likeglad. Og
det kann eg forstaa, – so lenge som ho – med
"høflege" Band, gudbevars – hev vore bundi
til den Pinebenken.
– I eit Blad i Dag kom eg til aa sjaa ei
Melding fraa det siste Aarsmøte i dette same
Teatre; eg trudde det berre var Pengemenn og
Professorar, som der hadde Sæte. Men Bokfolk
<fnote ind="1)">"Liti Kersti" og "Sigmund Bresteson".</fnote> <fnote ind="2)">"Fuhr-
mann Henschel", som enno ikkje er spela. H. G.</fnote>
<side nr=218>
og Bladfolk er der òg; Nils Kjær og Sigurd
Bødtker var ikkje minst med i Ordskifte; og det
i full Fanden gale meg-Stil. So litegrand Moro
er det nok enno i Xania.
– Ute fraa Verdi er der alltid Nytt, som all-
tid er det same: Revolusjonar og Motrevolusjonar
og ein Fredskonferens som av all Magt jamnar
Grunnen for ein ny Krig. Eg er so trøytt av
denne Daarekista, at eg orkar snart ikkje aa lesa
Telegramsida heller. At ein Cæsar ikkje hev
reist seg alt – dvs. for lenge sidan –, det viser
berre, at Verdi vaar ikkje lenger orkar aa skapa
noko stort, korkje av det vonde eller av det gode
Slage.
– Eg lengtar til Knudaheibakken.
11. 6. 19.
Johan Mathiassen (Skou) er daaen. Han naadde
nettupp dei 70 (at han var eit Aar eldre enn eg
hev eg aldri kunna halde fast paa); men so spræk
som han var dei siste Gongerne eg saag han,
tenkte eg at han maatte vinne mykje lenger upp.
Noko større meir aa gjera hadde han vel elles
ikkje no, daa Baani er komne so langt at dei
greier seg; han hev daa vel kunna segja Verdi
Farvæl med all Ro. Ei lita venleg Livsskildring
fekk han av ein Theodor Dahl i "Stavangeren";
der var elles Orde "Fant" nytta so mykje, at
det hev gjort Baani hans Vondt; ei av deim (som
elles berre skriv seg S c h a u sende meg daa eit
Brev og bad meg skrive ein "penere Artikel";
eg hev daa sendt nokre Ord til "Stvgeren"; glad
for at eg iminsto fekk segja n o k o yver Gravi
aat denne min fysste Ungdomsvén.
– Eit Par andre Ungdomsvener hev eg i desse
Dagarne sét inn-um: Torkell Mauland (72 Aar)
<side nr=219>
og Steinar Sehjøtt (75). Mauland klarar seg rett
godt (um der elles, etter det Eivind Hognestad
segjer, ikkje er so mykje meir ventande av Bygde-
skildringarne hans: han vert aldri ferdug med
deim); men Schjøtt er det skralt med. Han held
seg uppe for det meste; men det er so lite Mat
han kann greie, at han reint ut "svelt ihel".
Dertil er det vanskelegt med Svevnen; han tòler
ofte korkje aa liggje eller aa sitja, men lyt s t a a
– so lenge han paa nokon Maate klarar det, og
so leggje seg nedpaa og "kvile" – so lenge han
klarar d e t. Og um det i hans Aar kann vera
nokor Raad for dette er vel svært uvisst. Han
tek elles Dauden med same rolege Mod som han
hev teke Live; men hu! at det so ofte skal vera
so reint ille vanskelegt aa koma laus fraa denne
Jammerdalen!
– Um eit Par Dagar skal eg vel kunna fara
vest-yver.
– – E. M. I Dag endeleg Regn, so vidt at
det kann vera litt Hjelp i det dvs. Hjelp for mange,
mange Millionar!
Knudaheibakken 15. 6. 19.
Rett fin Ferd hit-yver: fraa Valstad til upp-imot
Tyrifjord i RegnvÍr; sidan GraavÍr (med Notti i
Hønefoss og) til øvst i Hallingdal, men so berre
GodvÍr heilt til hit; og i Dag hev det teke til
med Nordvest, so Folk ventar berre TurrvÍr att.
Og det er ikkje berre godt; for enno hev det
regnt for lite.
I Bergen stogga eg ein Dag og var burtum
Urdi. Rusti er skral; held Sengi for det meste,
um han gjerne er uppe eit Bìl midt paa Dagen
og i GodvÍr sìt ute – attum Huse, i fullgodt
Live. Rett modig er han òg; han saag etter
Maaten godt ut med, um han alltid hev teke
<side nr=220>
dugeleg av; dei drøymde endaa so smaatt um ei
Sumarferd til Søgne, Heimbygdi hans, um det
vilde laga seg med VÍre. Dei heldt i det heile
Mode rett godt uppe, og Fru Frida er visst ei
god "Diakonisse"; men eg hadde ei Kjensle av,
at i Grunnen er Mode ikke høgt; sjølv tala han
ikkje lenger um sine Kunstnar-Framtidsdraumar.
Elles var dei glade ved, at Folk ofte ser innum
hjaa deim; daa eg var der, kom t. D. Bispen og
sat der ei Stund og var berre hyggjeleg; av Sam-
talen hugsar eg serleg noko som vedkom eit Ar-
beid som er i Gang i Bergen no: aa faa i Stand
ein norsk Kyrkjelyd i Bergen; den skulde vera
heilt sjølvstendig dvs. gjenomførd norsk i heile sitt
Stell; Tanken var endaa at han so snart Raad
var skulde faa si eigi Kyrkje. – Det var fysste
Gongen, eg raaka Peter Hognestad, sidan han
var vorten Bisp, og – soleis reint privat – var
han som fyrr (um elles Andlete tek til aa bli
meir bispelegt); me var Kjenningar som fyrr, og
han bad meg til seg til Kvelds (hev endeleg
fenge Hus i Byen, i Korsgata 2 – det høver
godt, men – 4de Høgdi); der hadde eg det
berre hyggjeleg, og han sette meg inn i eitt og
anna vedkomande meir ytre Spursmaal, Ting som
eg heilt kunde vera med paa; me var i det helle
berre Sambygdingar. Dette gjekk sistpaa noko
vel langt etter mi Meining; eg hadde kome til
aa fortelja, at eg hadde vore umbord og spurt
etter Køi og fenge det Svare, at Baaten var
"overfyllt", so eg fekk greie meg no som so
mang ein Gong fyrr, meinte eg; daa fylgde Bispen
sjølv Fritenkjaren umbord, og tala med Kapteinen,
som han kjende, og lagde eit godt Ord inn for
meg, so Kapteinen lova aa gjera sitt beste; eg
var meir takksam enn eg kunde faa sagt, men i
Grunnen litt brydd med, og takka best eg kunde;
dermed skildest me. Og eg drøymde ikkje um
<side nr=221>
at det kunde bli meir
av dette enn fagre Ord;
Skìpe syntest svært
fullt; Gudarne maatte
vìta, um eg etterkvart
skulde kunna finne
meg so mykje som ein
Sitjeplass. Men Bispe-
ord hev nok enno Magt;
so ikr. Kl. halv tie viste
Kapteinen meg ei Køi
for 3, der det berre var
2 Passagerar (eit Par
rett fjonge Namn nemn-
de han, som eg straks
gløymde); eg takka av
heil Hug og kraup til
Køis straks og sov godt, – til dess eg vart vekkt
av ein av Herrarne med dei fjonge Namni, d. v.
s. av Snorkingi hans; slikt Troll til aa storsnorke
hev eg aldri korkje høyrt eller tenkt meg. Det
vart soleis ei rett uroleg Natt; men Herregud,
Seng var alltid betre enn Ikkje-Seng.
I Stavanger fann eg Jens Tvedt (paa Boksam-
lingi); um han kannhende kunde hava nokre
Aargangar av "D. 17de Mai"? – Det hadde han
ikkje; men gild aa raaka var han som alltid, og
var meg til Hjelp paa ein annan Kant: skaffa
meg ein "Provianthandlar" i Staden for han eg
fyrr hev havt (og som no – rett braatt – var
daaen); og denne nye var i alle Maatar ein grei
Kar og godt forsynt. Men "Spanska" hadde herja i
Huse hjaa Tvedt; Kona hans hadde vore ille ute og
var enno veik; dei sette si Von til ei Hardangerferd
no i Sømar. Fælt leid hev denneSotti vore i Sta-
vanger, etter det han fortalde; men der som elles
"var det berre ungt Folk, han var etter" ; "dei som det
hadde vore mindre Saknad etter, dei vartgangande".
<side nr=222>
Timebyen er noko-so-nær som fyrr; men han
held paa og veks. Paa Line fekk eg fat paa
"Fedrh". Jon hev eldst mykje og er sjukleg;
Gamlemor er burte og ingjor ung Mor er komi
til; ei (ven og tekkjeleg) Syster steller for dei
tvo Brørarne. Av det gamle Line er ingenting
att no lenger (so nær som ei gamal ramleferdug
Husmannsbytte med Fjøler for Vindaugo; Steins-
land er like eins utflutt (nordanum Bakken) og
umbygt; sjeldan (som paa Tjensvoll) ser ein eit
av Husi fraa mi Tid, men daa helst paabygde
eller umbygde. D' er snart likso framandt her
som andre Stader; men Naturen stend; og det
er til Slutt Hovudsaki
– Huse i Knudaheibakken stend; det einaste,
ho Inger hadde aa fortelja derifraa i Aar var um
eit Vindauga (det i Kjøken), som ein Morgo vart
funne liggjande paa Vegen utanfyre, men heilt-
ikkje so mykje som ein Brest i ei Ruta. Eit anna
Vindauga (i Indrestova) held paa og "sig ut",
men vert vel sitjande eller hengjande i Aar,
veit eg.
No spørst det, um eg kann koma i Arbeidslag.
Enno er eg ubrukeleg, – urimeleg trøvtt etter
den vesle Ferdi.
Knhb. 22. 6. 19.
Sundag og fint VÍr – og rett mange "Gjester"
fysst ein Kjenning og Skylding (fraa Sandnes)
med ein av sine Kjenningar, sidan eit heilt lite
Lag fraa Stavanger (Formann: Einride Tveito), og
sistpaa ein Undheimsmann med eit Par unge
Bønder fraa Jarlsberg; dei skulde sjaa Utsyne
– og meg med; gilde Folk var det visseleg alle.
Og Selskap no og daa gjer godt. Med Arbeide
fær eg klemme dess hardare paa i Morgo.
<side nr=223>
– Eit Stykke, "Statssocialisme", som eg ein
Gong i Vaar skreiv og sende til "Rettsstaten",
hev eg no fenge Korrektur paa; dei tek det,
endaa det er paa Norskt. Men dei kjem knapt
til aa spyrja etter fleire Stykke; og no frametter
vil det vera best for meg, med alt det Arbeid
av reint anna Slag som eg sìt burtbunden med.
– Eg driv paa med Fedrh. 1878; der er eit
og anna, meir enn eg hadde tenkt. Og Rett-
skrivingi mi daa var meir gamaldags enn eg
visste (hev soleis alle daude Ende -t'ar (i Subst.,
Adj., Particip). Eg hev snart so mykje Mskr.,
at Setjingi naarsomhelst kann taka til.
– Fraa Hulda høyrde eg for eit Par Dagar
sidan; ho hev teke til med Innøvingi av "Liti
Kersti". Modig er ho ikkje nettupp; Stykke
høver i k k j e til Utestykke; men Teatre kann
ikkje finne noko anna (det vert ikkje skrive Folke-
stykke no); og so lyt daa ho staa for Støyten.
Ho tek det rolegt som elles; men det veiknar
med Mode hjaa henne med, etter alt eg kann
skyna. Og det skal so visst ikkje eg undrast
paa, som veit baade kva ho hev gjort, og kva
Takk ho hev fenge. – Stykke skal upp 10de
Juli, og so tek ho til Fjells. Ho hev elles fenge
Brev fraa Aschehoug & Co,, som vil ha ut eit
nytt og mykje større Upplag av Dansevisur; det
hadde ho minst venta no, – og eg med. Men
det er "godt Nytt" i alle Tilfelle.
– Freden skal bli underskriven no; Tysken
gjev seg. Men med Hat i Hjarta, kann eg tru,
og med berre ein Ting aa trøyste seg med:
Voni um den komande Hemnkrigen. Kva skal
ein segja? Vestmagt-Folki greier det ikkje betre,
blinde av ein Harm som er altfor naturleg;
men av Hat og Harm kann ikkje anna vekse
enn nettupp den nye Blodflaumen, som Tyskland
ynskjer (det Tyskland som nok er det sterkaste
<side nr=224>
enno), – den, som Europa kannhende skal drukne i.
Forunderlegt skulde det gaa til, um dette Helvite
som no er kveikt, kann slokne.
Knhb. 30. 6. 19.
Det blæs um Dagarne – mest Nordvest, i
Dag Sudvest – men stillnar av mot Kvelden.
Storfint no; fraa Skriveborde ser eg langt til
Havs; uppetter Vesthimmelen rolegt kvilande
Langskyer.
– Igaar tok eg ein "Jær-tur"; nord um
Aarest(ad), Lende, Fotland til Foss-bruno; so
vest yver Omabakkarne til Hognestad; der raaka
eg Folke heime (dei var komne eit Par Dagar
seinare enn eg), og dei hadde Gjester; fin Mid-
dag (med nokre Smaabitar Flatbrød) og hyggje-
legt; "Folkelege Grunntankar" fekk eg laane, og
Høverstad-Kristviks er det Von til at eg kann
faa (fraa Byen); so bar det søryver Markerne til
Garborg. Der var det Bryllaup (hjaa Thomas);
men eg kjende meg for trøytt til aa bli med inn;
fær raake Thomas "næste Gongen". Hjaa han
Jon (fyrr Eivind) gjekk eg innum og kvilte eit
Grand og saag paa gamle Tufter (Jon i godt Lag;
han gjer det godt, Huse hev han kjøpt no); so
bar det ned til henne Anna; ho er si same
(Føterne vel alltid noko meir skrale enn ifjor) og
var i godt Lag som vanleg; Framandfolk der
med. Sidan køyrde Jon meg til ovanum Risa;
der tok eg av og fann meg fram til Tjensvoll,
til han Eivind; Stova full av Husættingar og
andre Gjester; Eivind og Kona friske og for-
nøgde som fyrr. Sist innum paa Tunheim, hjaa
Aarest'en g. m. Anna Garborg; dei hev ein spræk
liten 2-Aars Gut som heldt oss med Moro; elles
gjekk det um Freds-(mis-)vonerne og anna utrygt;
<side nr=225>
i høveleg Kveldstid kom eg heim, paa ein Maate
trøytt, men i Grunnen godt utkvild.
Idag hev eg halde paa med Artikelen til Bruun-
boki (paa ein annan Maate trøytt); i Morgo skal
Mskr. i Posten. "Folkelege Grunntankar" hev
eg kikka igjenom; ho held seg rett godt, endaa
det er gode 30 Aar sidan eg las ho; og han hev
Rett i mykje. Eg fær sjaa aa faa nemnt Boki
til Slutt; men det er noko ugreidt med Maaten,
ettersom eg ikkje er heilt med, men ikkje kann
segja dette noko beintfram i eit Festskrift. Naa;
ei Raad fær det bli.
– Korrektur paa "Snøfuglar" tek til aa koma.
Flus Tilbunad; SrÓ Ananda maa ha god Penge-
hjelp i Ryggen. Men um eg fær noko for alt
det Arbeide, eg hev havt – og enno fær –;
naah! – Skapt til aa bli rik er eg ikkje. Og eit
endaa verre Spursmaal er det, kóss eg skal faa
T i d til dette Attpaa-Arbeide. Eivind Hognestad
lova meg nok igaar aa freiste aa Finne ein Av-
skrivar aat meg; men um han fær det til, og kor
mykje det vil kunne hjelpe – – –
Knhb. 3. 7. 19.
Finare og finare VÍr; klaart (eller halvdisut),
stilt (med no og daa ein Vindgufs midt paa Dagen),
og mildt, ja varmt: – og so fær eg Brev paa
Brev fraa Hulda um Regn, Regn, Regn burtpaa
Oslo-Kanten! Det ser reint ille ut for Teatre,
dette, og for "Liti Kersti" med, – um det ikkje
skulde snu seg.
– Den 10de skal Stykke upp. So bér det
til Einabu (Sylvbryllaupe), og sidan til Vangen;
derifraa er det gode Meldingar; Huse er betre
enn ventande, skriv Skaanes, og skal snart koma
upp. Det er hyggjelegt aa høyre.
<side nr=226>
Knhb. 7. 7. 19.
Igaar var det so stilt og fint at eg maatte ut.
Eitt og anna hadde eg aa gjera ute med, og av-
stad bar det – Gamlevegen fraa Tunheim og
nordyver um Mossige og Fosse, men fraa "Foss-
bruno" upp Omabakken til Løgje; so til Bryne
(der eg fekk lagt eit Par forseinka Brev i Post-
kassa); derifraa bar det til Salte (der eg i k k j e
raaka Folk heime), og so til Havstrandi, som
ikkje minst hadde drege meg i Dag. Eg kann
vel òg trygt gaa ut fraa, at det ikkje vert so
mange Gonger til, at eg fær gjeste Saltestrandi.
Men GodvÍrsdagen var nok ikkje berre for
meg: kor eg kom og gjekk raaka eg Hjularar og
paa sjølve Strandi Laugarar, – ikkje minst Ungar,
som "tok Luftbad" millom Sandhaugarne og paa
Strandi. Eg fann meg endeleg sjølv ei trygg
Kraa millom Sandhaugarne.og sat lenge og saag
paa den lette Baareleiken i Solglansen. Men
millom Barneminni fraa Havstrandi blanda det
seg no – som elles ofte i seinare Aar – Ung-
domsminne fraa den Tidi daa eg drøymde um
Kloster- og Einbue-Liv; eg skynar no, at dei
Draumarne ei Tid hev havt ikkje lite Magt med
meg. (Endaa so seint som i 22–23 Aars Alde-
ren tenkte eg stundom rett aalvorsamt paa aa
melde meg hjaa den katolske Presten i Oslo og
"umvende meg" og freiste aa sleppe inn i eit
Kloster. Men "Live" drog paa sin Kant; dess-
utan – Munkekutte og -tvang baud meg alltid
imot; det var Einbue-Live som i Grunnen drog
meg.)
Sidan dreiv eg "Salte-strondo" sørgjenom –
noko-so-nær i Fred for Luftbadar-Ungdom –;
fager og kvit laag ho der langt sør-igjenom, med
dei rolege solblinkande GodvÍrsbaarurne glidande
stilt og blidt liksom kjælande inn mot den fine
Sandstrandi. Yver Salteaabrui bar det so den
<side nr=227>
gamle, men no lite attkjennande Nærlandsvegen
– framum den nye Lufttelegrafstasjonen med
alle sine sky-stigande "Telegrafstenger" – og
sidan upp um Nesheim (no kløyvd i tvo Stor-
gardar, um elles den gamle "Kyller"-garden ligg
der likso lang og rar som fyrr) og upp gjenom
Bøbygdi til Malhaugarne; daa var eg i "mine
Grender" att. Lett paa Foten som fyrr er eg
ikkje og laut kvile Gong etter Gong; og eg tok
det meir og meir rolegt no uppetter dei kjende
Vegarne, der mest alt er liksom fyrr. Noko var
likevæl nytt: alle dei Cyklistarne som fór Vegen
att eller fram, og no og daa ei Køyrevogn, som
i k k j e var nokor gamaldags "Sædekjerra": det
var Vitnemaal um meir Vælstand enn fyrr, som
vel òg um meir Snobbeskap.
Noko anna nytt kom eg ut for: ovanum Gaus-
land møtte eg ei Ungdomsferd (paa Køyrevogner
og Cyklar); det kunde sjaa ut som eit Ungdoms-
lag, som kom fraa ei Skogferd; for Køyrarar som
Køyregreiur var pynta med Bjørkelauv og Kjervar
av Bjørkekvist; det saag godt ut. Og um den unge
Bjørki i Risaskogen vel ikkje hadde godt av aa bli
plundra paa slik Vis, so var nok dette betre
Ungdomsmoro enn baade den gamle med Fyll
og Nevebruk og ymis av den nyare med Bøner
og Syndedyrking.
Med sviktande Føter naadde eg Undheim og
var innum hjaa Sikvalanden etter Post; fekk der
vìta, at den Ferdi, eg hadde møtt, var eit Ung-
domslag, som hadde vore upp-i Knudaheio og
sét seg um, so som oftare hender desse Aarsens
Tider. Daa hugsa eg, at for gode 8 Dagar sidan
hadde det vore Spursmaal fraa eit Ungdomslag
ned-i Haakallet (gjenom ein Undheimsmann), um
eg var heime um Sundagarne no utetter og um
eg i Tilfelle vilde tala til eit Ungdomslag fraa
Nærbø, som venta seg upp-yver no snart; til det
<side nr=228>
hadde eg sagt som sant var, at eg Inkje visst
kunde segja; og no var eg i Grunnen glad for,
at eg ikkje hadde vore heime i Dag. For tala
i Lægprædikant- (og "Kinamissjons"-)stil korkje
kann eller vil eg; og tala um det som e g kunde
vilja halde fram; – naa, det vilde ingen Veg
føre. I det heile: eg duger ikkje i "Ungdoms-
arbeide". Eg hugsar altfor vel korleis eg sjølv
hadde det i unge Aar og langt upp-igjenom:
lìvde paa den og den Læraren og stod uppraadd
med alt som han ikkje hadde forklaara meg,
eller seinare paa den og den Boki (Forfattaren),
men alltid med den utrygge Kjensla av, at eg
sjølv Ingenting kunde greie for meg; og langt uppi
Aari kom eg, fyrr eg greidde den Ting aa vera
min eigen Lærar: lære av alle og alt og sjølv
finne Grunnar og Samanheng. Sidan hev eg
berre smaae Tankar um "Aandslive" i Ung-
domen: ein er Læregut; m a a hava nokon aa
"lìva paa". Folkehøgskulen er visst for mange
ei god Hjelp paa Vegen fram til aa bli vaksen,
og Ungdoms-Lagi med sine Foredrag og Ordskifte
maa like eins vera til Gagn; men Ungdomen
lìver paa Autoritetar, og for det meste paa Auto-
ritetar som eg er ferdug med eller forstend paa
ein annan Maate enn den, som gjeld millom Ung-
doms-Autoritetarne; i eit Foredrag kunde eg daa
ikkje koma inn paa noko djupare, og dei klingande
Talemaatarne ligg ikkje for meg; paa Katetre
hev eg daa ingenting aa gjera. Og naar eg skriv,
so vert det mest for Folk av mi eigi Aldersklasse.
Dessutan er eg nok vorten meir Einbue enn
det kann sjaa ut til. Hev mindre og mindre i
Samlag aa gjera, og hev færre og færre Theses
som er til aa slaa upp paa ei Kyrkjedør og bjode
til "Forhandling" um. Sjølve det "religiøse Spurs-
maale" skifter Karakter for meg; meir og meir
ser eg, at det er med Religionarne som med
<side nr=229>
FilosoFiarne: dei er alle "sanne" – relativt dvs.
for deim som treng deim – so lenge som dei
treng deim. Og daa det vel alltid vil vera Folk
som treng deim (eller dei fleste av deim – kvart
Folk sine), so vert Religionarne og Filosofiarne all-
tid relativt sanne. Det vert alltid berre eit Faatal
som hev Mod til aa sjaa den objektive Sanningi
rolegt i Augo, Mod til aa "tenkje fritt".
Knhb. 14. 7. 19.
I Dag fekk eg avstad fysste Sendingi Manu-
skript til Bladskrift-boki. Men aa faa ho ferdug
til Hausten vert eit hardt Mas.
Igaar var eg til Jærs att. Det var nok ein
strid og heller kald Nordanvind; men eg tenkte
som so: sitja heime ein Sundag nyttar ikkje; det
kjem for mykje Hjulmenner som skal sjaa paa
Utsyni (og kannhende sjaa innum til Knudahei-
mannen), at det vert lite Arbeidsro. Og ørend
hev eg baade her og der; dessutan sìt eg til
Kvardags so bunden no, at ender og daa b ø r
eg ut aa "røre paa meg".
Eg hadde so halvt tenkt paa Tu. Men eg kom
noko seint ut, og Nordanvinden var ikkje lett til
aa taka seg fram imot; eg "kvilte meg fram" til
Hognestad. Der var det hyggjelegt som vanlegt.
Og so var der noko nytt: tvo tyske Baan, av dei
som er hitsende til Helsestyrkjing og betre Lìve-
maate. Desse saag elles ikkje ut til aa ha lìde
noko Naud; det var vakre og snilde Baan (Syster
og Bror) paa 8–10 Aar; og um det gjekk som
det kunde med Forstaaingi paa baae Sidur (lite-
grand tysk Kunnskap er der elles i Huse), –
so greier det seg, – med Fingermaal og kva
som helst; litegrand Jær-Norsk lærer dei òg snart.
Um Ettermiddagen var det dessutan Ungdoms-
<side nr=230>
møte (paa den vesle Bergknausen austum Jordi,
der Eivind hev planta ein Furulund; Tréi er no
paa 1 1/2–2 Mannshøgder); der var eg med ei
Stund. Og saag paa den nye jærske Ungdomen.
Hm; bleik, byklædd, skuleklok visst; men eg
kjende meg ikkje nettupp paa Jæren i det Lage.
Naa; det hadde vorte betre, vil eg tru, um eg
hadde kunna koma meir i Lag med 'n (dvs.: um
det ikkje hadde vore so stengt millom unge og
gamle). Eivind opna med ein liten Tale, der
han tok denne Furulunden (fyrr Leikestad for
honom og Brørne hans) til Emne, og han sagde
mykje som var godt. Han slutta med nokre
Helsingsord til meg –"ein gamall Jærbu som
no søkte heimatt"– eg sagde nokre Ord til
Takk og Svar; so laut eg rusle. So bar det til
Garborg att (heile vaar eigi gamle Mark sør-
igjenom, og so upp "Træe" der eg kjende att
kvar Stein og kvar Røys, og dei gamle Ku-
stigarne, og Helleren ikkje minst (endaa der
ingjo' "Stove'" no var innunder den vesle "Berg"-
veggen); var so inn-um hjaa Tomas og fekk greidt
det eg der skulde; og det er hyggjelege Folk;
me vart sitjande og drøsa ei god Stund. Men
det kvelda og eg tok heim-yver.
Ovanfor Tunheim raaka eg ein Ungdom, som
kom og helsa so kjent og var i alle Maatar
hyggjeleg; han hadde vore paa Knudaheio og
skulde beda meg til Middags i Morgo hjaa Far
og Mor; eg kjende ikkje Guten, og kunde ikkje
finne eit einaste Drag i Andlite hans, som minte
meg um noko kjent Folk; ikkje kom han til aa
segja nokon Ting heller, som kunde gjera meg
vis paa iminsto kor han var ifraa; men so hjarte
trygg som han var paa aa vera kjend, kunde eg
kje spyrja kven han var heller; berga meg daa
med aa segja som sant var: at no sat eg so
bunden – og laut snart reise –, so eg nok
<side nr=231>
berre fekk segja Nei Takk. Han kunde daa kje
segja noko til det, og me skildest Vener og vel
forlikt, – eg like klok um Guten som fyrr. Fyrr
han gjekk fortalde han elles, at han hadde lagt
etter seg nokre Blad upp i "Byslagje" mitt, der
det stod um det Stykke som Kona mi hadde
fenge fram paa Friluftsteatre; det takka eg ikkje
minst fyre.
Heimkomen las eg Bladi og saag, at det hadde
gjenge godt: fint VÍr, fullt "Hus", Samtykke og
Framropingar. Kritiken var ikkje verst, den heller;
"Aftp." var, sur, og søme rett kritiske; alle hadde
noko aa segja; men Tonen i det heile var rime-
leg – det ser ut til at D. n. Teatre endeleg er
godkjend no–, og søme hadde mest berre godt
aa segja. I det heile var Slage so vidt vunne
som Raad var med so mange Vanskar og so lite Tid;
glad kunde eg skrive og gratulere. Og for meg sjølv
sende. eg ein Takk til den ukjende Guten med.
I Dag (dvs.: Ettermiddag) er det fint VÍr. Og
mot all rimeleg Von hev det i Natt rignt, – til
stor Hjelp for "Tøo", som det no tok til aa bli
turt fyre. I Fyremiddag gjekk det òg ei Skur
no og daa. Og fysst paa Ettermiddagen, daa eg
venta berre godt VÍr, drog det seg ei Graaning
yver Himmelen – slettikkje noko Skylag – og
tok til aa braake med Toreslag so kvasse og
harde, at Hestar og Sauer sette paa Sprang, slik
kvakk dei; og eg trur ikkje eg hev høyrt Maken
til Toreslaatt, utan kanskje her paa Jæren i Barne-
aari stundom. Saman med Toreslaatten. kom det
eit svært Regn, som blanda seg meir og meir
med Hagl, til dess det var Hagl alt, – no kunde
eg forstaa Kulden desse siste Par Dagarne. Men
snart drog UvÍre burt og det vart storfint att,
reint straalande; og stilt er det enno, so no fær
me tru at den Basken er til Endes.
<side nr=232>
Knhb. 19. 7. 19.
I Dag er det ein av dei faae Dagarne, daa det
kann vera stridt varmt paa Jæren – so midt paa
Dagen. Ute greier det seg elles betre: blæs lite-
grand (fraa Sudvest so det er vel Regn i Vente).
"Slaatten" er Folk snart ferduge med – han
tek langtifraa so mange Dagar no som fyrr Vikur),
so det vilde vera væl, um GodvÍre heldt seg
enno eit Bìl.
–Brev fraa Nygaard; han er nøgd med, at
der kom Mskr. so tidleg og vil med det fysste
sende "Budgett". Men eg, som enno ikkje sjølv
veit, kor stor Boki kann bli, fær svara og gissa
paa 12 Ark eller derikring; det k a n n vel noko
so-nær slumpe til aa høve.
–Brev fraa Tuft; alt i Orden. Jordepli i
Jordi; "Slaatten" skal snart taka til; "Grisen og
Kjuklingflokken trivst storveges, og Høna kom
med 4de Egge sitt i Dag."– I Sømar kjem
dei baae til aa vera heime,– av ein Grunn
som er god nok. – Um Skattesaki upplyser han,
at eg er heller lint medfaren, so der er ikkje
Grunn til Klage; i det heile er eg ikkje fullt so
fatig som eg trur, skriv han. Ja-ja. Men ikr.
1000 Kr. i Herads- og Statsskatt for eitt Aar,
og det for ein Maalstrævar – – –; Verdi hev
snutt seg reint. Ho fær daa staa eller velte,
ettersom falle kann; Statsbankerott maa det daa
visst bli Verdi rundt fyrr eller sidan.
Herlege Morellar fraa Hagen og fin Brødvare
hitsend; det kom sers vel med no.
–Fraa Fernanda Nissen Brevkort um "Liti
Kersti"; det gjekk godt, segjer ho, og mange,
millom deim ho sjølv, var sterkt tekne. Fraa
Hulda hev eg fenge Bladkritikken i Utklipp; han
er mykje betre enn ho hadde venta, og det eg
ikkje hev lese fyrr skal eg lesa, so snart eg kann
ta meg ei Stund. Eg er av alle Grunnar glad,
for det greidde seg so vidt godt med dette.
<side nr=233>
–Um Ekskeiser Wilhelm fortél D. 17de i
Dag fysst at han er sjuk og so at han er fraa-
fallen. Kva som er sant, eller um noko er sant,
vil vel næste No. kunna fortelja.
Knhb. 22. 7. 19.
Wilhelm av Hohenzollern er ikkje daaen, men
sjuk. Kor det vert med Frammøte hans (for
Retten!) i London hev eg ikkje sét eit Ord um
sidan Breve fraa Hindenburg stod i Bladi. – I
Paris er det Fredsfest i stor Stil. Og Fransk-
mennerne k a n n feste. Tyskland hev gjeve seg
heilt – so lenge. – Norig skal til aa laane i
Utlande att. – Det vert spaatt Nedgangstider
jamt og samt, og ein og annan Fabrik stoggar
Arbeide, ser eg: men Dyrtidi held seg.
– Ferdug med D. 17de for 1880, som gav
mykje Arbeid. 1881 ser ikkje lettvinn ut, den
heller, men kann knapt vera so strid. Og so
b u r d e eg greie 1882 her. Ventar paa Brev
fraa Hulda (som vel snart skal til Voss); fyrr
det kjem, kann eg Ingenting avgjera um, naar eg
skal aust-yver att.
– Unge Lensmann Norheim (og ein Bror
hans med Kòne) var innum i Dag; dei var ute
og skulde "sjaa Jæren". Lensmannen (utantil ei
tydeleg Blanding av Mossige- og Aasland-Andléti)
synest vera ein grei Kar; og eg vil gjera som
han bad meg: sjaa innum paa Vatsbø (ved Særekst-
vatnet nære Stasjonen); d'er mangt, Lensmannen
kann gjeva Greie paa.
– VÍre meir urolegt att: regnlegt um Næterne,
bygjutt og blaasande paa Fyremiddagen, Sol um
Ettermiddagen og still fin Kveld; kann godt hende
det vert fint HaustvÍr.
I Knudaheibakken er det kome so vidt i Skikk
<side nr=234>
no som ventande kann vera etter Vilkaari; det
som var Myr er turt, og det som var Lyngbakke
grønkar meir og meir: "Skogen" tek seg ikkje
verst upp –.og skal bli heilt bra næste Haust,
naar eg fær skìpa paa'n–; Erle og Sporv trivst
her no, og i Markerne ikringum beiter det Smale
og Kyr og eit Par Øykjer her og der som fyrr;
men gjenom Vindaugo hev eg den meir og meir
grønkande Jæren og i GodvÍr det blaanande og
blenkjande Have. So det er ikkje mykje eg er
so nøgd med i Verdi som Jær-"Fjellstova" mi.
Men rett rart er det aa sitja her og "lìva upp
Att" Bladmannslive sitt ut gjenom Tiderne; serleg
er 80-Aars-Striden forvitneleg. Og uhugleg. Det
er med Forfatningar som med diplomatiske Trygde-
brev: i seg sjølve er dei berre "Papirlappar" ; det
dei skulde vera er dei berre naar dei er lìvande
Liv i Aalmennhugen. Det som berga Syttande-
mai-Grunnlovi i den fysste Svensketidi var det
Danskevelde me endaa hadde; i den siste Svenske-
tidi var det den Ting, at Mengdi av Folke ende-
leg hadde fenge Syn for kva Sjølvstyre var.
Mengdi av Embættsstande og Byfolke og svært
mykje av Storbønderne var politisk mest likso
forsvenska no som fyrr fordanska; og det er
lærerikt aa sjaa, korleis dei tvo Partarne av
Folke fær kvar sine Meiningar og Ynskje inn i
–og ut av den eine og same Grunnlovi, som
dei baae hev svore til og baae krev etterlivd.
Gjenom det som kjem fram er det alt i 1880–
81 fullt klaart, at Grunnlovi er paa ein Gong
det store Fridomsbreve (for Vinstre og Folk flest)
og den gjenomførde Einveldelovi (for (dei Framande
og for Snobben). Eg hadde mest gløymt no, kor
djupe Motsetningarne var, so det var godt eg fekk
friska det upp att.
<side nr=235>
Knhb. 28. 7. l9.
Det var so storfint igaar, at eg maatte ut.
Var fyrst innum paa Garborg og sagde Takk
for i Aar, strauk so Markerne ned- og nordyver
um Haugland til Line (der eg var innum hjaa
Jon og fekk Lov til aa taka Fedrabeimsaar-
gangarne med meg austyver); og so til Bryne
(Stasjonen) med eit Par Brev (millom deim eit
til Hulda, som hasta; for no gjeld det um eg
skal reise i Overmorgo eller kann drygje ei 14
Dags Tid enno); var paa Vestly hjaa Tomas,
Kyrkjetenaren og fekk Greie paa Gravsteinen
hans Far (som stend godt no) og paa Gravi (som
er trygg enno i 12 – eller 8? – Aar, og lenger
no, med di Sokni hev fenge ny Kyrkjegard).
Men eg var komen for seint til Bryne til aa
koma inn paa Posthuse (som er uppe ein halv
Times Tid um Sundagen!); laut daa liggje yver
til Dagen etter (det galdt aa faa sendt Resten av
Løtpengarne til "D. 17de": 500 Kr. av dei 1000
eg hev teikna meg for no sist); Tidi var so langt
Iédi, at det var siste Dagen alt. Soleis gjekk Tidi.
Men fint og godt var det aa vera ute; væl varmt
eit Bìl; men so tok det til aa guste fraa Nord-
vest, og daa kunde det ikkje betre GangevÍr
vera.
Morgonen etter greidde eg Postsendingi og tok
paa Heimveg; var innum paa Fotland (den nye
Garden ved Foss-brui) og rødde elt Bìl med
Mannen der, som er ein uvanleg pratsam Jærbu;
han fortalde meg mykje um alt det Stræve det
hadde kosta aa faa gjort Lyngheidi her til Gard;
eit veldigt Arbeid er her gjort. No vonar han
paa Tilskòt av Statsbevilgningi, og den hev han
ærleg fortent. Kona hans er eit greidt og visse-
leg duglegt Menneskje; Mor hans var det beste
og hyggjelegaste "gamle Jæren", so henne skulde
eg gjerne rødt meir med. – Ikkje mindre enn
<side nr=236>
tvo av "Lesarkameratarne" mine raaka eg paa
denne Ferdi: fyrst Kyrkjetenaren, og so (paa
Lende) ei Gjente fraa Mauland (nedre), halv-
gamal Kone no; reint kløkt var ho ved Minne
um gamle Dagar.
–No gjeng eg her og ventar paa Telegram
fraa Hulda; Spursmaale er, um ho ser seg Raad
med ein Jær-Tur; fær eg kje Telegram i Over-
morgo, eller fær eg Nei-Telegram, so vert det
berre aa pakke inn.
Brev fraa Arne Garborg.
Knhb. 26/7 1919.
Kjære Hulda!
Tak for Kortene af 22de.
Ja, over Fjeldet til Stryn er mye morsommere
end alle disse uudholdelige Jernbaner. Og Du
"kommer tidsnok frem".
At Du vil faa Stova i Stand i Høst er rime-
ligt. Men der er aldrig vakrere der oppe end i
September, saa derfor kan Du nok faa Jæren
med – og et 14 Dages Sjøbad paa Ogna ogsaa.
Og saa fint Veir som det er her nu faar Du
knapt en anden Gang. Desuden, – nu, da Du
blir "fastboende"<fmark ind="1)"> paa Vangen, kommer Du knapt
til at tænke paa slike Galskaber som Jæderfærder
mere. Men nu, da Du altsaa er paa Vestlandet
lel – –
Jeg finder altsaa, at jeg bør afvente Din tele-
grafiske endelige Bestemmelse.
Selv vilde jeg forfærdelig gjerne bli med til
Vangen; og fik jeg brugt de næste 14 Dage godt
her, saa er det ikke umuligt at jeg kunde vove
det. lalfald saadan Slutningen af August eller
<fnote ind="1)">Um sumaren.</fnote>
<side nr=237>
saa, – des formedelst at der mangler mig en
Aargang af Fedrh. her (1883), som jeg faar faa
fat paa hos Ivar eller paa Universitetet og gjen-
nemgaa saa snart jeg kommer østover.
Du faar telegrafere. Skal jeg naa Dig paa
Voss (eller i Bergen kanske? Du stikker vel
der indom og hilser paa Rusti's?), saa maa jeg
afsted om 3-4 Dage, og da maa jeg benytte
Timerne godt, skal jeg kunne bli "færdig".
Helsingar!
Din G.
Knbb. 1. 8. 19.
Regn og Regnskodd; Sudvest og Nordvest,
baae like kalde; d'er reint som det var Sein-
haustes.
Men so vert eg ikkje gamall i Knhbakken
heller no. Telegram og Kort fraa Hulda melder,
at ho gjev upp Jæren for i Aar, mill. a. av di
det vert. meir og meir Bruk for henne paa La-
braaten.
Eg fær daa avstad, eg med. Vil berre bli
"ferdug med 1881" fysst; men den Aargangen
er seigare enn eg tenkte. Utruleg langt hev eg
soleis skrive um den "Fakultetets Betænkning"
(um Vetospursmaale), som no er so godt gløymd;
heile "Betænkningen" hev vore Tøv upp og Tull
i mente; men Bernadottarne og Svensken stod
attum, so den Gongen var det sgu Aalvor nok.
–A. M. St. Arctander daaen. Han skulde daa
ikkje upplìva aa faa ut Faust II, som han so visst
hadde vona. Men han hev arbeidt med Goethe-
Umsetjingar (Lyrik) til det siste; Dauden "tok
honom Pennen or Handi", skriv Bladmeldaren.
Hadde me mange so trufaste Arbeidsmenner!
–Fraa Schjøtt ein liten Brevstubb igaar (Svar
paa noko eg hadde skrive um ei samla Utgaave
<side nr=238>
av Fedraheimsartiklarne hans). Han takkar for
Tanken, men trur ikkje paa 'n. Og sjølv er han
heilt ufør; Sømaren synest ikkje ha vore 'n til
nemnande Hjelp: "Bedring udelukket", skriv han.
Det er elles ei god Stund att av Sømaren endaa,
so me "fær sjaa" endaa ei Stund. Men det maa
bli ei Vending snart no, skal det bli; mykje Kraft
er der kje att etter den lange Sveltekuren.
Eg fær sjaa burtum til 'n, so snart eg vinn
heim.
–Ute i Verdi synest det endeleg roa seg.
Socialdemokratisme og Bolsehevisme braakar enno
her og der, serleg i Russland og Ungarn; men
lenge kann vel ikkje det heller halde paa; og so
vert det vel "Fred" og Reaksjon, til Sjukdomen
paa nytt Lag bryt ut att.
Knhb. 7. 8. 19.
RuskevÍre held paa. No fær eg draga.
Fedrh. 1881 hev gjeve Mskr. for ei god Stund.
Og endaa er det ikkje kome Prenteretting paa
det fysste eg sende, so no er eg trygg for ei
Stund. I Overmorgo vil Huse mitt vera stelt;
og so Takk for i Aar, Knudaheibakken!
10. 8. 19.
Det er Kl. 10 um Kvelden umbord paa Kyst-
rutebaaten "Kr..ania", som nettupp no sét seg i
Gang – nordyver. Farvæl, Jæren!
Det hev vore ein lang Dag. Han byrja paa
Bryne med GraavÍr og Smaaregn og heldt fram
paa Sandnes og derikring (1) paa Skeiane-Kyrkje-
garden, der eg faafengt leita etter Gravi hennar
Mor, 2) paa Vatne, hjaa Ola Aase, der eg hadde
<side nr=239>
ei hyggjeleg Kvilestund og sidan fekk Friskjuss
til Sandnes og Fylgje – med Son hans – til
Stvgr; men Tid til aa gjeste Maavréss Kartavodl
vart der ikkje, dessverre. Eg fær skrive til 'n,
sø snart eg kjem i Ro att.
11. 8. 19.
Hev gjesta Rusti-folke; Mannen sjølv – er
uppe att, og ute i Hagen um Dagarne og pìlar
Bér, og so modig, at eg mest trur han greier
det, trass i alle myrke Lækjar-Spaadomar.
– Og so Takk for i Aar, Vestland!
Labraaten 15. 8. 19.
So her att. Og VÍre fint (etter ein lang
Regnbask, høyrer eg) og alt i god Stand. Eg
fær ikkje "flytja, inn til meg sjølv" enno (Simen-
sens vert verande August ut); men Rom hev eg,
so eg greier meg lell; og um eg alltid fær eit
Grand Slaatte-arbeid no, so sparar eg enno Tid:
slepp Matstelle.
– Med "Liti Kersti" hev det gjenge rett godt
heile Tidi, um RegnvÍre alltid hev vore noko i
Vegen. No fær Hulda litt meir Innstruksjons-
arbeid, av di Rydland skal taka den Rolla, Haa-
land hev havt; men alt ser godt ut no som fyrr.
Eg maa i Veg med "Slaatten" fortast eg kann;
og so gjeld det aa faa fri ein Dag til ei Stabekkferd.
17. 8. 19.
Igaarkveld saag eg "Liti Kersti". Stykke "gjorde
Seg" godt, trass i alle Vanskar: gjekk so godt
<side nr=240>
som ein Opera utan Musik (og med ymse Minus
i Spel og Uppsetnad og Utstyr) kann gaa.
Folk – visseleg for det meste rett vanlegt
Xaniafolk – hadde møtt mannsterkt fram og var
utrulegt "med"; i alle Fall var det lydande stilt-
yver heile Folkesveimen, so lenge det gjekk noko
for seg paa Tile. Ikkje minst var det vel Songen,
Stevleiken, Dansen, som tok Folk; men i det
heile var "Liti Kersti" noko reint nytt, noko som
eikorleis naadde djupare inn, fekk meir Magt med
Hugleik og Kjensle, skapte ei meir intim Stem-
ning enn det, som til vanlegt gjeng yver Hovud-
stads-Teatri.
Spele var der òg mykje godt ved. Men ofte
hadde eg ei Kjenning av, kor vanskeleg det maa
vera for Realistar fraa i Dag aa gjeva seg heilt
og fullt yver i Folkeviseromantiken. Og Stykke
held seg ikkje sjølv heilt innan dei folkevise-
romantiske Grensurne – Operaen var i Hast
umgjord til Talespel, og eit Par meir moderne
Motiv hadde daa trengt seg inn –; det hev
gjort sitt, veit eg.
Eit Rollebyte var der òg igaar: Rydland hadde
teke Gullsmeden i Staden for Haaland. Og det
gjekk som det plar gaa ved det norske Teatre:
det hadde vorte for lite Tid til Innstudering.
Men av ein serskild Grunn: daa dei – ein Sun-
dag – skulde til med 4de – vanskelegaste –
Akti, vart Hulda arbeidsufør: stupa i Koll og
braut Armen or Led – ut or Aksle-Leden.
Ei lang og fæl Lidingssoge fylgde: ingen Dokter
aa faa Tak paa, og lenge ingen Hest heller; sist-
paa vart det ei Marterferd over Lag – med
Armen strakt ende ut og halden uppe av ein av
Spelarane – til ei Lækjevakt inne i Byen, og
det nettupp i Austkanten av Byen; mest livlaus
kom ho dit. Med Magt og utan Kloroformering
vart so Armen bròten i Led att og lagd i- For-
<side nr=241>
binding, tett inn til Kroppen, med hard Surring
um Bryst og Rygg; um Armbeine var bròte
kunde dei kloke Medicinmennerne ikkje segja.
Og alt som var sundrive upp-ikring Aksle-leden,
det glødde og verkte, glødde og brann; men
Armen døydde burt: kjendest ikkje; var heilt
urørleg.
Langt um lenge vann ho seg heim. Her laag
ho og talmast i 2–3 Dagar, urørleg, med Brand
og ustanseleg Pine i Armen og tyngd yver Bringa
av den harde Forbindingi – den me laut lempe
paa, so godt me kunde –; likblaa og kjenslelaus
var Armen og Handi som daud; at Beine i Over-
armen var brote syntest vera visst, etter den fæle
Verken.
Daa Tròten hadde gjeve seg so vidt at der
kunde vera Von um aa faa Greie paa Tilstande
med Armbeine fekk me hit Bygdedokteren; han
fann ut, at Beinet visst hadde klara seg (fullvisst
var det ikkje), og nya upp att Forbindingi.
No er ho uppe rett mykje, og hjelper seg med
ei Hand som best det læt seg gjera; smaatt um
Senn tek det òg til aa koma Livskjensle i Armen.
Men Verken er snarare verre enn fyrr, og ho
treng alt det ho hev av Kraft til aa halde Mode
uppe. Svevnen er det ikkje heller rart med. Gjev
det seg ikkje med Verken i Morgo, maa me faa
Dokteren hit att, – eller um det knip, ein
Dokter fraa Byen.
22. 8. 19.
Det gav seg med Verken, so vidt at det ikkje
turvtest serleg Dokterhjelp; og no er det so vidt,
at ho kann vera uppe att no og daa; men det er
smaatt med Krefterne. Og ei lang Historie kann
me stole paa at det vert.
– Fysste Korrekturark paa Bladstykke-samlingi
<side nr=242>
endeleg kome, so no fær eg visst Arbeid nok.
–Men det gjeng svært smaatt med "Snøfuglar".
– Ingeniør Simensen kom att fraa Tyskland i
Kveld, og han hev mykje aa fortelja. Det stend
so smaatt til der nede, at Folk er reint modlause;
Statsbankerott er ventande um eit Par Maanader,
og kva som daa kjem kann ingen gisse seg til.
Og det skal ikkje staa stort betre til i Frankrike
og England heller. Er det nye Romarrike like-
væl dømt?
28. 8. 19.
Endeleg er eg flutt "inn til meg sjølv" att
(Simensen-folke reiste i Dag), og skal daa snart
vera fullt i Arbeid.
Eg driv paa med 1882 no – siste Bladstyrar-
aare mitt –; i dei Aari som daa kom skreiv eg
nok ikkje stort Politik; so daa kjem det til aa gaa
raskare. Sidan (i Slutten av 80-Aari) kjem Tunn-
set-Tidi, daa eg var noko meir med, og so "Syt-
tandemai"-Tidi og seinare eit grand Dagblads-
arbeid; men største Vansken heretter vert vel aa
faa noko-so-nær Samanheng. Her og der vert
det visst naudsynt aa fylle ut med korte Utsyn,
som kann binde Stubbarne – eller Arbeids-
tiderne ihop.
Med Hulda gjeng det framyver, men ille smaatt,
og det skal ikkje stort til, fyrr det bér attyver
att. Og um Armen tek til aa besna eit Grand,
so hev det kome noko nytt: ein Øyreverk, som
piner henne syrgjeleg. Med Svevnen gjeng det
daa òg skralt, trass i Pulver og Dropar. I Dag
ser det elles ut til, at det verste av den Pina òg
er yverstridt; er det so, so vert det heretter mest
Tòlmod det vil spyrjast um, og av det hev Hulda
ikkje rett mykje.
– Ingen Korrektur. So eg hev gode Stunder
<side nr=243>
til aa fara til Byen og "sitja" hjaa Tannlækjaren;
det hev eg endeleg teke til med, men nokre Aar
for seint, segjer Lækjaren (Julius Breck). –
Sjølv trøystar eg meg med, at vert eg tannlaus
fyrr eg vert livlaus, so fær eg lìva av Graut;
det greier seg nok.
– Det er Snakk um Nobel-Prisen att, og denne
Gongen i eit Par Blad; Sømen skulde bli skift
millom Hamsun og meg, er det ein og annan
som meiner. Eg tenkjer det gjeng no som fyrre
Gongen – for mange Aar sidan, daa ein av dei
som sat i Nemndi fortalde meg, at Tanken hadde
vore framme –; eg svara den Gongen, at det
var fleire som maatte gaa fyre meg; og no er
Vonerne visst ikkje betre for meg, det eg kann tru.
3. 9. 19.
Gjelsvik er ute og fører Krig mot England att.
Og han hev nok dessverre Rett: England er det
nye Romarrike (som det no paa nytt hev vist i
Persia); og noko meir vert der knapt av det,
etter som ein no kann sjaa.
Sjølve det store Folke-Sambande, som ei Tid
syntest gjeva Voner, – d' er nok berre Rom-
Tanken, Verdsrike-Tanken, i ny Skapnad. Og det
kjenner alle Folk paa seg; dei gjeng nok inn i
Sambande – av di dei ikkje vaagar anna – ;
men fraa Sambandsstatarne til vaare eigne skan-
dinaviske Smaarike, – dei tenkjer seg vel um,
fyrr dei vaagar det, og gjer Krav og sét Vilkaar,
ope eller meir og mindre løynt; serleg Tyskland
og Austerrike – som daa òg vert serleg ille
medfarne – læt tydeleg forstaa, at dei i k k j e
trur paa den engelske "Verdsfreden".
Anna enn Humbug vert denne Freden ikkje
heller. Ikkje berre fordi England vil vera Rom
<side nr=244>
–den Ting vil, serleg i Tyskland, veldigt hjelpe
Fyrste- og Militær-reaksjonen –, men endaa meir
fordi "Magterne" vil skapa Fred utan aa skapa
Freds Vilkaar, vil "lækja Sjukdomen" utan aa
gjera noko ved Sjukdoms Orsaki: den falske
Samfundsøkonomien. Heile Braake vil daa føre
til alt anna enn "ny Tid". Det burde dei ikkje
minst sjaa i England, der "Freden" gjev veksande
Dyrtid og ustanselegt Arbeidarbraak.
Men i Tyskland og Russland held Socialdemo-
kratarne paa med aa sigle s i Skute paa Grunn;
hev ikkje minste Greie paa korkje dei politiske
eller dei økonomiske Samfundsloverne. Dei gamle
Herrarne hev rømt utanlands og ligg no der og
ventar i Ro paa, at desse halvkultivera Halv-
bandittarne skal kollsigle heilt; daa kjem dei att
og tek Magti, og vert det ikkje verre enn fyrr,
so vert det visst ikkje betre. Etter all Revolu-
sjonering kjem Reaksjonen som vanleg, og Sam-
fundi sjuknar meir og meir burt i all denne
militær-politisk-økonomiske Feberen; so vil det
gaa i det engelske "Romarrike" med.
For so vidt ein kann sjaa hev alt (økonomisk)
Framgangsarbeid stogga, i England som andre
Stader. Berre i Danmark held det fram, ser det
ut til (iminsto held "Den lige Vei" seg uppe);
men um dei flinke Danskarne nokon Gong kjem
lenger enn til Ord, Ord, Ord – – –
– Her uppe vert Dyrtidi stridare og stridare.
Den hev elles ikkje minst Bonden havt godt av;
og det turvtest nok. (Det viser seg mill. a. i, at
me fær norsk Skule i fleire og fleire Bygder.)
Men Dyrtid er ei syrgjeleg Velstandskielde, og
lenge varer det ikkje, fyrr ho gjev det motsette
av Velstand.
<side nr=245>
10. 9. 19.
Fager September; Himmelen klaar eller lett
kvitskya; VÍre heilt rolegt, mildt, midt paa Dagenvarmt.
Eit Par Timar um Kveldykti er eg ute og "tek
upp Eple" (Jord-), og i slikt VÍr er det hyggjelegt
Arbeid. Eller v i l d e vera hyggjelegt, – um det
ikkje kvar Dag sat ein Fyr paa ei Tropp ned-
hjaa Jørgensen eller Slagtaren og drog og drog
paa eit "Trekkspel" Time etter Time – uh! –
eg ynskjer eg Var inne att og kunde stengje alt
eg hev av Dører og Vindaugo. Men skal eg
koma nokon Veg med Epli, lyt eg gjera meg
hard og halde ut.
–Eit Par Smaabøker hev eg lese desse siste
Par Dagarne: 1) " Væ Victis! Meine Erlebnisse
in Spanien u. Frankreich wøhrend des Welt-
krieges" av Paul Madsach, – ein Mann, som
knapt er av tyskt Blod; for det fysste klingar
Namne svært undeutsch, og for det andre skriv
han meir objektivt og mindre "ich"iskt enn ein
rett Tysker kunde gjera; av Boki lærer ein, at i
Ufredstider bryt Villmannen fram, meir og mindre
grovt, hjaa Franske som hjaa Tyske; – 2) Arvid
G. Hansen: "H i s t o r i s k R e l i g i o n s u n d e r v i s -
n i n g" (Xania 1919), ei Framstelling, mest etter
Sven Lönborg, av Religionslæremaaten ved Göte-
borgs Högre Samskola. Det er eit godt Arbeid;
men her i den norske Skoddeheimen vert det
vel knapt lagt Merke til. Hadde eg Stunder,
skulde eg melde Boki; eg hev elles tenkt aa
skrive um Emne sjølv. Eg "fær sjaa", "fær
sjaa" – –
I "Finsk Tidskrift" for Juli – August skriv Arthur
Travers- Borgström – i eit Stykke um "Mutual-
ism" – mykje forvitnelegt um samfundsøko-
nomiske Tilstand og Framtankar i Europa no
etter Krigen. Etter ein Kritik av dei gilde, men
<side nr=246>
uklaare og stundom sjølvmotsegjande Talemaatarne
fraa den "store" Revolusjonen som hev skapt
denne Tidi med alle hennar Vanskar, liksom òg
av Adam Smith og hans Økonomi, av Malthus
og hans "Pseudofilosofi", av Industrialismen,
Socialdemokratie o. a., sét Forf. fram sin "Mu-
tualisme", som ikkje nettupp er so klaar. I Hovud-
saki byggjer han paa Krapotkin, og Tanken er aa
faa fram Jordbruke jamsides Industrien, soleis at
kvart Folk kann vera sjølvberga; dette vil daa
vera baade ei økonomisk Trygd og ei Fredstrygd.
Og Spursmaale er vigtigt; "nationens og racens
framtid står på spel"; serleg vigtig – "livsvigtig"
– og aktuel er "jordfrågan". Um den kapital-
istiske Skipnaden, soleis som denne i det siste
Hundradaare hev vakse seg fram, skriv han ser-
skilt forvitnelegt. Merkande er det òg, at Jord-
spursmaale – den sociale "Sjølvhjelps"-tanken
– no etter Ufreden tek til aa arbeide seg fram
i Storlandi, ikkje minst i England. Like eins er
der Tankar uppe um ein ny Skipnad med Bank-
og Pengestell; at den Samfundsøkonomien som
no hev vakse seg fram er samfundsfaarleg tek
jamvel tenkjande Ortodokse til aa skyna. George-
læra synest denne Finnen ikkje aa kjenna til;
med Fotfeste i den kunde han ha fenge klaarare
fram det han i Grunnen synest meina og vilja;
men Georgelæra er ikkje heller klaar nok for
Byfolke, som meir og meir fær den politiske
Magti; Socialdemokratie, som gjer heile Sam-
funde til ein Fabrikk, og som berre hev det
eine enkle Ideale Likskap, – det vil meir og
meir faa Mengdi med seg. Og so fær me den
gamle Leksa: Revolusjonar med etterfylgjande
Reaksjonar, til dess den europæisk-amerikanske
Halvkulturen er upptærd og Austheimen (Japan)
rykkjer fram. Det er daa visst i den Leidi det
no peikar.
<side nr=247>
– Fraa "Retsstaten" (Blade og Lagi) hev eg
lenge Ingenting høyrt – kann Blade vera av-
somna? – Men i Dag kom det, gjenom N. af
Ekenstam, ei Sending som viser, at der nok enno
er eit Grand "Liv i Lage". Det danske Retts-
statlage hev – ved Dr. Axel Dam – sendt ein
Søknad til Bureau International de la Paix i Bern
um, at det danske Rettstat-Lage maa bli membre
actif av Freds-samnøyte; og no vil det hava dei
svenske og norske Lagi òg med paa dette. Me er
nok ikkje Fredslag i Namne, men "nous répresen-
tons en realité le pacifisme le plus radicale",
heiter det i den danske Søknaden til Freds-
"byraae" – Fraa Sekretæren i dette Byraae, Mr.
H. Golay, hev daa Danskelage fenge Lovi for
Fredslage – Statutes de l'Union internationale
des Sociétés de la Paix", vedtekne i Marts 1 9 1 4 !
–som Dr. Dam hev sendt til Ekenstam og
denne no sender til meg med Spursmaal um me
vil gjera Fylgje.
Eg fær daa faa eit Møte i Stand. I ei Tid
som korkje trur paa Rett eller paa Fred, men
berre paa Magt og paa Mynt, kjem ein nok
ingen Veg med korkje Retts- eller Fredslag; men
Herregud, "ropande Røyster i Audni" treng ikkje
minst slike Tider.
– Andre Upplag av Odyssevskvæde er ende-
leg kome i Bokhandelen.
23. 9. 19.
Altfor mykje Regn no nokre Dagar; det kjem
i Utid, liksom det var burte i Utid; varer det
for lenge, vert det ille for baade Aaker og Jord-
eple. – Elles er det den fagraste Haust-tid;
Lauvliderne er reine Eventyr av rikt men linnt
skiftande, paa ein Gong mjuke og sterke Fargar;
<side nr=248>
men yver Eventyre ligg Haust-tonen: Melankolien
av folnande Sumar, av sloknande Liv.
– I Dag hev me ein Minnedag att, ein ny
80-aars-fest: Christofer Bruun er òg so langt paa
Fjorden faren. Og dette: aa sjaa denne aande-
lege Hausten i den Tidi som var mi: det eine
Trée etter det andre som gulnar, den eine Blomen
etter den andre som fell, – det gjev si Stem-
ning. Bruun hev elles aldri vore meg heilt klaar,
eller heilt vore "min Mann"; men noko stort og
serskilt var der meg alltid ved 'n; og naar eg no
les um, at han kannhende er den, som nærast
eller mest hev stade Modell for "Brand", so fell
det meg ikkje urimelegt. Og det som no vaknar
av " Nyromantik ", maa for Bruun vera som Morgon-
roden for den Dagen han hev arbeidt for og venta.
– Dessverre er der svære realistiske Knutar aa
løyse, fyrr Live kann bli den Sundagen, som
Romantiken – meir og mindre lìver han i oss
alle – vonar paa; men dei som tek Sundagen
paa Forskòt er kannhende dei klokaste; for um
han i Røyndi kjem nokon Gong, – kven kann
staa inne for det, serleg i Tider som desse?
– Fraa Herman Wildenvey – den sanne
Diktaren med det lògne (og løglege) tyskdanske
Namne – er det kome eit Brev som handlar
um Henrik Rytter (honom kann W. ikkje med)
og um Nobelprisen, som Hamsun vil avvise(?)
og som eg i Tilfelle òg bør avvise. Han brukar
so mykje store Ord, at eg maatte smile. –
Nobelpris-spursmaale kann eg elles taka med
Ro;. at eit Par Maalblad nemner meg i Saman-
heng med den, det segjer vel helst mindre enn
Ingenting. Det einaste er, at eg tok snart sagt
kva-som-helst, um eg kunde segia ifraa meg Stats-
stipendie; det baade tyngjer og bind meg. I det
heile: lìva paa Naadeløn – uh. Eg hev nok
ikkje so lenge att, fær eg tru; men endaa – –
<side nr=249>
– No er det elles Tider som gjev lite Rom
for "fine Fornemmelser". Midt i den aukande
Dyrtidi fær me meir og meir Streiking i Land
etter Land; og hjaa oss med vert det spaatt Stor-
streik naarsomhelst, d.v.s. endaa hardare Dyr-
tid, og endaa mindre Von til aa berga oss igjenom
ho. Og det harmelegaste av alt: Skuldi er vaar
eigi; med tankelaus økonomisk Politik hev me
ført oss sjølve ut i Ulukka. Og hev endaa ikkje
lært; ikkje ser det ut til at me kann lære no
heller; det vert daa berre aa "krysse seg fram"
og sjaa kor langt Baaten kann bera.
– Fraa Overlærar J. E. Møller Svar um det
Rettstatslagsmøte eg skreiv til 'n um, Det vil
Vera raadlaust no aa gjera noko, meiner han;
Lage hev ikkje vakse, og med Arbeide gjeng det
smaatt; Lyng er sjuk og han sjølv yverlesst med
Arbeid – paa Skulen, der han mill. a. hev fenge
eit nytt Fag, og elles privat: Dyrtidi krev det.
Men i Oktober.vonar han aa kunna gjera meir.
(Eit lite "praktisk Framstig" er der òg Tale um:
ei Nemnd som arbeider med ein Banestubb Drø-
bak–Nesodden vil freiste med Økonomien ved
Bygningi av Slangerupbanen ved Kjøpenhamn;
eit Foredrag av Lyng hev sett deim paa Tanken).
– "Rettstaten" i Kphmn hev kravt sine 500 Kr.;
i Kassa var berre 250, som er sende; no spørst
det etter Resten. Og Raad lyt det bli, um eg
so sjølv skal "laane" "Lage" dei 250 Kr. Ja,
ja. Det gjeng so visst ikkje "fram so det d-nar",
nei. –
–Fraa Heinrich Erfurt hev Hulda fenge eit
Par Nummer av det Elberfeld-Barmen'ske Blade
"Freie Presse", der ein les baade løglegt-ville og
uhuglegt-ville Meldingar fraa den Halvfreds-Tidi
dei kavar med der nede. Soleis er der "ein
Kulturdokument" fraa den franske Brigaden i
München-Gladbach, der den kommanderande Ge-
<side nr=250>
neralen gjev Forskrifter for, korleis Soldatarne
skal stelle seg, so dei kann forlikast um det
einaste H-huse der er (med berre tvo Frauen-
zimmer); kvar Bataljon fær sin Dag i Vika (fraa
6–9 E. M.); berre Sundag er Huse stengt
– o. s. fr.; same Generalen gjev vel og For-
skrifter for Messe o. s. fr. um Sundagen. Eit
anna Stykke fortél um Mordprocessen i Mønchen;
alt oser og luktar av Raaskap og Villskap, so
ein reint fæler for den "Framtidi", som "Re-
volusjonarne" der synest spaa um. Csfr.; osfr.
Er det slik som det her ser ut, so m a a Re-
aksjonen koma; men fæl vert han. – Hu;
Menneskjedyr!
27. 9. 19.
I Natt vart eg Bestefar; Ungfolke fekk ei
Dotter. Alt gjekk godt; og alt stend væl til. –
Foreldri hjarteglade. Ein "Prins" hadde vel vore
serleg velkomen; men Prinsessa er nok meir
enn gild nok, ho med. Og ho er i god Stand,
so ho kjem visst til aa trivast.
Men ille er det for "Bestemor" med den
ubrukelege Armen; ho kann so lite hjelpe til.
Ikkje hev dei fenge seg Gjente heller; og aa faa
ei no er ikkje snart gjort; i desse Tiderne vert
det kannhende raadlaust. Det kann bli ei van-
skeleg Tid, desse 8–14 Dagarne til Aagot kjem
upp att; Hulda hev sagt fraa um det Gong paa
Gong; men aa faa Folk i denne Tid, naar ein
ikkje kann vega dei upp med Gull – – –
– Hulda hev vore i Byen og fenge Armen
röntgen-fotografert; det ser ut til, at ei Beinsplint
hev sprunge laus, og no lyt ho til Byen og faa
nærare Greie paa den Ting (Bygdedokteren hev
teke seg Ferie). Det kann daa vara lenge enno,
fyrr ho vert arbeidsfør att; – og dette skulde
<side nr=251>
koma nettupp no, daa ho kunde havt Bruk for
2 Par Armar! Og so syrgjeleg dyr som denne
Historia vert! Ho burde kunna faa Skadebot.
Men kven skal ho søkje? Det vilde nok vise
seg, at "ingen hadde Andsvare" for det meinings-
lause Staaltraad-"gjerde", – ingen, eller kann-
hende "D. n. Teatre"?
– Norig hev – ved vestmagtvenleg Nøytralitet
– vunne Svalbard og Bjørnøy (dvs. p o l i t i s k
Suverænitet); det fær ein kalle Nytt! – um det
òg i Røyndi berre er Uppfrisking av Gamalt.
Elles hev me god Rett no med, betre enn eg
visste: av dei vel 1000 Menneski som bur der
uppe er um Lag dei 850 norske. Og norske
Selskap hev baade Kol-felti (som skal kunne
skaffe oss so mykje Kol som me treng) og det
meste av Gruvedrifti. Kol er der paa Bjørnøy
med; det er eit Stavangerlag som der hev teke
til aa drive. –
Det vil venteleg taka eit Aars Tid, fyrr alt
kjem i Orden. Men um me kann faa uppatt det
norske Namne Svalbard? Det norske "17de
Mai" held konsekvent paa det tyske Spitzbergen;
berre Dagbl. og Gula er norske.
Anna godt Nytt er, at fast Luftferd kjem i Gang i
Haust. Der er skipa ein "Pool" for Luftferd-
trygding. Naar alt kjem rett i Stand, skal ein
kunna tru paa det som nyleg er sagt i Parla-
mente (fraa Regjeringsside): at Luftferd vert likso
trygg som Sjøferd. – Godt Nytt b ø r det vera,
at Norig trur paa Folkesamhande og paa den
millomfolkelege Domstolen; den Tidi maa vel
snart koma, daa me fær sjaa kóss det gjeng.
Nytt av serleg Vikt er ei Melding um den
nye Atomlæra og ein kann segja den nye Fysiken,
som no er komen upp, og som endevender mange
gamle "Sanningar". Alle Atom ser det no ut til
er bygde av dei positive og negative Partiklar
<side nr=252>
som Vatsto-Atome inneheld. Og Atome er ikkje
ei kompakt, men ei "praktisk tala tom" Kule: inne-
held berre øther og inst inne ein Partikel positiv
Elektricitet: kring den sviv i fast Bane ein eller
fleire Partiklar negativ Elektricitet. Ein skulde
daa kunne segja, at ein materiell Likam er:
øther med eit stort Tal elektriske Kraftcentra;
ein Likam skulde soleis vera likso ætherisk som
Verdsrome! – Og Tyngdkrafti, som fyrr galdt
for rett stor, er i Røyndi ørende liti mot dei andre
Krafterne i, Atome (som skal vera utruleg store).
Det er Universitetsdocenten i Fysik, Dr. Wereide,
som fortél um dette (utspurd) etter det skandi-
naviske Fysik-Møte i Lund; og han trur, "at den
moderne Fysik efterhaanden kommer til at tangere
eller muligens løpe over i Psychofysik"; i Saman-
heng med det nemner han noko anna nytt som
han trur vil faa mykje aa segja for Fysiken: Dr.
Crawfords Granskingar av psykiske ("spiritistiske")
Ovringar.
Det er tvo Forklaaringar, segjer Dr. C., av
desse Ovringarne: ei som vil finne Upphave til
dei i Under-Medvìte hjaa "Medie", og ei som
trur paa Aander. Dr. C. finn det etter sine For-
søk raadlaust aa greie seg med Undermedvìt-
hypotesen; ein er "nøydd til aa halda Operatørarne
for sjølvstendige Være" ; "sjølve gjev dei seg ut
for aa vera burtdøydde Personar". Han hev arbeidt
med strengaste vitskaplege Kontrol (mill. a. Foto-
grafering) og hev funne ut Ting som er likso
merkelege som uventande; um dette gjev Dr. W.
snart ut eit Hefte (Referat av eit Foredrag i
Psykisk Forening), som maa bli verdt aa lesa.
Spiritismen er soleis endeleg komen under vit-
skapleg Gransking – og ser ut til aa klara seg!
Skulde det vera Raad, so vil utenkjeleg mykje
nytt vera ventande. Det gjeld aa fylgje med i
denne. nye "Fysiken"!
<side nr=253>
9. 10. 19.
Klaart og Sol; men det tek til aa haust-storme;
og Lauvskogen med sin herlege Hauststas vert
meir og meir ribba, um han enno ikkje gjev heilt
upp. Men so er me og alt inn i siste Fjordungen.
Ei sterk Kjensle av aandeleg Haust hadde eg
òg i Dag, daa eg las i Blade um Dr. Wereide
og hans nye "Fysik" (Spiritisme); fysste Fore-
drage hans var so yverfløymt med Folk, at det
var berre eit Faatal som kunde koma inn; han
kunde daa berre tillyse nytt Foredrag. – Naa
ja: det er Haust. Og etter 4–5 Aars Menneskje-
slagting kann det vera rimelegt, um Folk gjerne
vil høyra um Livsvon atturn Mordarkniven med;
helst naar Evangelisten er Dr. og hev eit Par
engelske Doktorar aa halde seg til. Godt er det
òg, at Presten ikkje dreg av med den feite Steiki
aaleine.
– Med meg sjølv hev det vore upp og ned;
so lenge det stod paa med Streiking, og eg inkje
Ord høyrde fraa Forleggjaren, gjekk eg ut fraa,
at Jolevonerne var smaae og stod i Potetaakeren
alt med' eg orka. Men so kom det ein Dag, daa
eg vart forkjøla eller kva det var; sidan hev eg
– i 5–6 Dagar visst – lege her og sove og
halvsveitta. No i det siste er eg uppe se haalve-
stundo; eg tek jamvel til aa faa i meg eitgrand
Mat; kann daa vel tru, at eg er paa Framgangs-
veg. Og baade "Snøfuglar" og "Politik" er korne
att i Korrektur, so no spørst det for Aalvor, um
eg greier baade all den Korrekturen og so alt
som visst enno vert aa gjera med aa rote fram
Mskr.; eg fær nok sparke i og vera frisk, anten
det gjeng so eller so; det kann bli ein knaken
Maanad.
Til ei Innbjoding fraa Ungdomslage i Oslo um
aa vera med paa Tjugeaarsfesten hev daa eg
berre kunna svara at eg skal sjaa. Hulda er
<side nr=254>
so langt paa Framveg komi, at der er Von for
henne; men enno er der eit Spursmaal som ikkje
er greidt, og som Massøsa med finn uklaart; –
alt er likevel gjort som gjerande skulde vera, so
at anna aa gjera enn aa halda fram som fyrr er
her knapt; me trur daa i det lengste at det maa
laga seg. Men ei strid Tòlmodsprøve for henne
baade hev det vore og vert det.
11. 10. 19.
Snø. Snø og kaldt, so ein tek til aa tenkje
paa Vinter.
Men det folkar seg vel? –
– Eg er noko-so-nær ferdug til Ministerie
Sverdrup. So er det hans Nedgangstid, daa, og
Uppgangsvonerne 1905.
Det er kje so langt att no, som væl er. Men
Helsa berre so maateleg.
27. 10. 19.
Boki vart for stor; eg laut slutte ved Riksretten.
Og fekk endaa eit Attpaa-arbeid med aa gaa
igjenom og strjuka alt som strjukande var av det
som endaa ikkje (midt i Maanaden) var sett.
I Dag endeleg "ferdug" – med eit Arbeid som
bokstaveleg vart "korkje halvt eller alt".
– Men eg fær vera glad endaa. I Overmorgo
ber det til Helsebeimen paa Modum, der ein Dr.
Haavik skal prøve den Olsvigske Naturlækje-
maaten paa meg. Og etter det Hulda no hev
fortalt meg fraa dei siste Sjuke- – "Ustands"-
– tiderne mine, serleg d e n siste (Ting som eg
ikkje hugsar, men som er av det Slage at eg
aldri hadde gløymt deim um eg ikkje hadde
<side nr=255>
vore reint sløv), so trengst det nok. Og for tid-
leg er det visst ikkje. "Løne seg" kann det
vel òg, ettersom Hovude enno er i rett god
Stand, etter Alderen; det kann berre spyrjast, um
det ikkje er for seint alt. Men ein Freistnad
bør eg gjera, um eg nok elles for min eigen Part
kunde vera like sæl: som Verdi no ser meg ut
minkar det stygt med Arbeidsmode mitt. Bolsjevik-
Barbarie og alt som dermed heng meir og mindre
ihop kann ikkje føre til anna enn til hard og
langvarig Reaksjon; og dei Framgangstankarne,
der er Vìt i, hev eit utrulegt lite Faatal med seg,
so at um eg lìvde i 10 Aar til, fekk eg knapt
sjaa anna enn Nedgang. Og i Aandslive ser
det ikkje so mykje ljosare ut. Var eg tie Aar
yngre, gjekk eg med Hugnad i Strid mot Atter-
gangsmagterne i Tidi; no fær Resignasjonen alt-
for mykje Magt: eg ser den Skoddeheimen, som
Milliardarne lìver i og ræddast meir og meir for
at det er som det so ofte hev vore sagt: at Ljose
berre er for det Faatale som vinn seg uppaa
Høgderne.
Modum Helseheim 28. 10. 19.
Kom hit igaar, etter ei framifraa "Rusleferd".
(Eit Godstog hadde køyrt eit Par Vogner i Velten
ved Lier; me laut daa fysst sitja og vente i 7
Kvarter; so krabba me oss fram til Fots eit Stykke
Veg, og fekk nytt Tog ved Lier; me kom daa til
Drammen 1 Time etter Ruta, men slapp dermed
aa vente den Timen der; Bana hev Tid paa desse
Kantar som ho hev havt).
No er eg daa paa eit Sanatorium; det hadde
eg elles forsvore. Men eit Sanatorium paa Aust-
lande med eit norskt Namn og etter Olsviks
Maate (utan Medisin), – det er noko so heilt
for seg sjølv, at eg enno kjenner Eiden min
<side nr=256>
ubròten. Og Dokteren, upplærd i Naturlækje-
maaten ved Olsvik, ser meg ut til aa vera ein
greid Kar. Eg. hev so vidt teke til baade med
Laugingi og med Levemaaten og fær daa sjaa;
Lufti er dertil so "sterk" her, at eg enno gjeng
og berre halvsøv; det maa der daa i alle Fall
vera Kvile i.
Mest hev eg elles lese Korrektur: er komen
eit Ark lenger fram i "Politik" og endeleg til
Endes (med 2dre Korr.) paa "Snøfuglar". So no
fær eg endeleg segja at det dagast.
– Til Namngjevings- ("Daaps"-) Lage aat
vesle Sonedotter vaar, "Kari", hev eg sendt eit
Par Ord, so vidt at eg paa ein Maate "er med";
so fær eg friske paa meg sjølv, best eg kann –
Gongur upp til Tyrifjorden burde kunna bli gode,
um Føre ikkje vert altfor fælt (det hev vore
Vinterføre eit Par Dagar, men kjennest ut som
det vil mildnast atø; i det heile fær eg nytte
Tidi best eg kann, naar eg fysst er ut komen.
2. 11. 19.
I Dag skulde eg vore "hjaa Tuften", – vore
med i Namngjevingshøgtidi aat vesle Kari (upp-
kalla etter Farmor si: Karen Hulda G). Men um
eg er med berre skriftlegt, so er eg nok med
lell; og at Kari kjem til aa greie seg, kjenner eg
meg trygg paa, – korleis so dei Tiderne vert,
som ho skal baske seg igjenom. For fraa For-
eldri sine erver ho Ro og Mod, dei Gaavur som
alle Tider, og visst ikkje minst no, trengst for
kvar den som paa rimeleg Maate skal "klara
Verdi".
– Her er eg komen ut for ein Socialdemo-
krat; gild og grei Kar, ser det ut for, men knapt
meir djuptenkt i Samfunds-Spursmaal enn Social-
<side nr=257>
demokratar plar vera. Og eg er lite i Lag no til
aa røda um slike Ting; det er so smaatt med
Trui. At Folke er "fritt", vert det nokon Gong
meir enn det eine, at Folke no og daa paa fyre-
skriven Maate vÍl seg parti-fyreskrivne Styrarar?
Kann Folke, Folkefleirtale, noko-sinn vinne sjølv-
stendigt Syn paa slikt som samfundsøkonomiske
Spursmaal? – By-Halvkulturen vinn kann hende
so langt som til Socialdemokrati. Men lenger??
Eg er komen i Gang med Driving: tvo
Gonger um Dagen, ein Gong upp Ringeriks- og
ein Gong upp Hallingdalsvegen. Føre fær eg
taka som det er, til dess det kann bli betre;
VÍre er fint nok, um det alltid kunde vera
mildare.
Modum 5. 11. 19.
Straalande VÍr, men Vinter.
– Eg hev vore arbeids- – og badeufør i
3–4 Dagar – so reint i Utid! –; men det
vart daa ikkje av dei lange Uriderne, og so fær
det greie seg.
– Fraa Tuften Brev; alt gjekk som det skulde
paa Namnedagen; Kari var jamvel snild, trass i
alle framande Andliti.
– Hulda hev vore hjaa Schjøtt og skal helse.
Men det er skralt. Han hadde freista i fire
Dagar med aa svara paa den Brevstubben, eg
sende 'n, fyrr eg reiste, men ikkje greidt det.
No vann han seg ikkje heilt upp av Sofaen: laag
og sette seg upp av og til; sovna so halvt inn-
imillom.
Han hev skrive fleire Gonger til Løvland um
Ordboksmanuskripte; men inkje Svar er kome
og Inkje gjort; Løvland hev kje Bruk for Maal-
stræv, so lenge dette Tinge styrer. Men Tuften
hev endeleg fenge Telefonbòd fraa Sigghvat Hegg-
<side nr=258>
stad (paa 1ste Skulekontore), at han skal hente
Mskr. og forvara det paa Biblioteke "so lenge"
dvs. til det vert ufaarlegt aa drive med Norskdom
att for det norske Styre, – Ja, ja. Me finn oss
nok i aa vera Styvbaan me norske; det er det
me er vane med, maatru.
Tvo nye Ark Korrektur til "Politik" komne.
Men enno altfor mykje att. Det skal ikkje undre
meg, um Utgjevingi vert utsett til Vaaren.
Brev fraa Arne Garborg.
Modum Helseheim 8. 11. 19.
Kjære Hulda!
I Dag vovet jeg mig endelig ud igjen, saa
koldt som her var; og ved Henvendelse paa
Stasjonen fik jeg Tag paa Pelsen; Tak!
Den er godt sat i Stand og ser bra ud, saa
nu er jeg vel bergja; – det kan bli saa koldt
det vil, saa behøver ikke jeg sidde inde længer
for Veirets Skyld. Jeg føler mig rent ovenpaa.
Og i Eftermiddag er jeg begyndt med Bad-
ningen igjen. Den driver jeg da paa med, til
det viser sig, om der kan bli Udvei med Hals-
katarrhen.
Med Hjertet har det ingen Nød, mener Haavik
Dette Snakket om "Hjerteslag" er noget gammelt
Tull; alle "Slagtilfælde" (eller omtrent alle) er
Hjernetilfælde: Hovedaaren springer der oppe, og
da er alt afgjort i et Moment (og det er den ab-
solut letteste Dødsmaade), eller det er en af de
mindre Aarer – Hovedaaren for det eller det
specielle H j e r n e p a r t i – som springer, og da
blir der større eller mindre Lammelser, som er
mere eller mindre uhelbredelige, ialfald langsomt
<side nr=259>
helbredelige, – kjedsommelige Affærer. Saa Vibra-
tionerne i Hjerteregionen kan jeg tage med Ro,
– om det naturligvis vil lette Arbeidet for Hjertet
ogsaa, at Halspartiet kommer Orden. Men b l i r
Hjertet overanstrengt, saa kurerer man ikke med
Gift (Digitalis eller hvad de kaldte det), men –
paa ganske naturlig Maade – med Hvile. Den
hjælper, hvis virkelig Hjælp er mulig dvs. hvis
"Livskraften" (dvs. Legemet) ikke er altfor med-
taget.
– "Hvad Doktoren mener" om det enkelte
Tilfælde, f. Ex. nu min Doktor om mit, – det
har han nok ikke altid saa let for at uttale sig
om; han gjør sig til en Begyndelse kanske bare
en Hypotese og prøver sig frem efter den: om
Vanskelighederne paa d e n Maate lettest kunde
angribes. Lidt mere Kjendskab til Tilfældet og
Patienten kan let føre til øndringer i Opfatning
og Behandlingsmaade; saa er det gaaet mig før,
og saa gaar det nu: efter disse "Syge"-dage –
da Haavik næsten daglig var indom hos mig og
slog af en Passiar – er der gjort ganske be-
tydelige Forandringer med Badningen min; han
har da rimeligvis – hvad han ogsaa tildels lod
forstaa – fundet Grund til at "omlægge Metoden".
Nu faar vi se. Den nye Maade er enklere og
anstrenger mindre; samtidig er det nye – Eine-
vands-bad – paa én Maade kraftigere; og saa
"faar vi forsøge" da. Gamall Sjuke og gamall.
Kropp, – og ikke saa svært mye Tid aa gjøre
paa, – det kan nok gi Spørsmaal.
øldre Patienter reiser og nye rykker ind, fort-
væk. I Juletider er her naturligvis stille; men
siden vokser det raskere og raskere.
Hid op bør Du ikke i Din nuværende Forfat-
ning komme nu; Vinteren er rigtig sur, saa den
Affære kunde blive Dig lei nok. Og jeg er jo
nu saa vidt "indordnet", at jeg bærer mit Kors i
<side nr=260>
Forvisningen om, at alt faar en Ende. I alle
ydre Henseender har jeg det saa godt som jeg
kan ønske det; Fru Haavik kan jeg bare sige
godt om (ikke mindst nu i Febertiden var hun
mig til den største Hjælp); og hendes Kjøkken
er udmærket. Honning vanker det ogsaa ofte
paa hendes Frokostborde, saa jeg endnu har igjen
af den (endnu bedre), jeg hadde med fra La-
braaten.
Det var kjækt at Tuften fik hjælpe Schjøtt med
det uhorvelige Manuskriptet; og at det "foreløpig"
skal deponeres paa Univ.bibl., – naa, "foreløpig"
kan bli ganske længe,–
En Bog eller et Par kunde nok være gode at
have; og Du har vist flere som jeg burde ha
læst. Dig ønsker jeg – næst den fortsatte Lykke
som Bestemor – snarest mulig under Fru Ur-
dahls<fmark ind="1)"> Hænder igjen.
Helsing til alle. Din G.
Brev fraa Arne Garborg.
Vikersund 9. 11. 19..
Kjære Hulda!
Netop læst "Hjemligt Hedenskab"; fælt mye
rart, som efterhaanden klarer sig op; det skulde
være Moro at læse Bogen. Selve Anmeldelsen
er saa interessant, at Du ikke i mindste Maade
behøver at gjøre Dig Bekymringer.
Blandt de Ting jeg sidst glemte var at takke
for Tøiskoene; de er virkelig varme, hvad jeg
skulde have forsvoret (det pleier at være Humbug,
alt slikt). Endelig har jeg da faaet noget som
der er Hjælp i; Tak og Pris!
Jeg selv er i forholdsvis Orden og i Gang med
<fnote ind="1)"> Massøse.</fnote>
<side nr=261>
Badningen igjen; og den nye Methode (Damp-Hovedbad) synes absolut at virke paa Halshisto-
rien. Gaar det frem som i de sidste Par Dage,
kan jeg absolut komme hjem næste Søndag.
Her er knakende kaldt, men ud paa Tur!
Med Helsing.
Din G.
Modum 7. 11. 19.
Etter ein liten Ettersmekk er eg no rett kry
og skal ut – um VÍre er rett graasurt –, so
snart Pelsen min kjem (eller fyrr; Hulda skriv,
at Pelsen er send; men norske Banar forhastar
seg nok ikkje, minst Drammensbanen). Med Badi
tek eg til att i Dag.
– Med Hulda gjeng det rette Vegen, men
smaatt. – Tuften hev fenge berga Manuskripte
aat Schjøtt inn paa Biblioteke; so er daa den
fysste Suti sløkt. Med S. sjølv ber det nok jamt
ned-yver. Men igaar kom det ein liten Brev-
stubb likevæl. Og so fær me no sjaa daa. At
han er ein Trassigbukk, det vil visst sjølve Dauden
faa finne.
– Fraa "Olsok", Stakkar, kjem det Naudrop:
i dei Tiderne som no er komne er det aat og
søkk. Og bed daa um ny Hjelp, – paa eit
Norskt som er lite lokkande. (Naa; Former som
"meininga" – med hard g attpaa – kunde vel
lokke mange "Nyast-Norske", naar dei ikkje stod
skrikande mot Former som "byggja"; og eit Ord
som "hittil" og ei Form som "innbetale" kunde
gjeva sjølve dei Seip-norske Mod.) Men Meiningi
er god, maa ein tru; og so fær ein vise Godvilje
med, – so langt som ein orkar. (Dyrtidi vert
stridare i Staden for aa lettne; Hulda reint gled
seg yver den Inntekt-auken ho – saman med
<side nr=262>
Tuften – skal faa, naar ho fraa Nyaar tek heile
Styre i "For Bygd og By"
– Ja Dyrtidi, ja. Og Tiderne. Det vert spaatt
ymist serleg um Tiderne her: heile det siste Aare
hev det mest ikkje regnt; og um det ikkje var
godt for Jordbruke, so vert det verre for Verks-
drifti: Maskinarne gjeng. med Vatn, og Vatne tek
alt til aa minke. Stoggar so Verki, so vert det
gangande ei Mengd med Arbeidsfolk utan Arbeid;
og daa vert det svære Vanskar for Bygderne. Kann
Vere enno snu seg? Vonerne er meir enn smaae,
høyrer eg.
– I Europa er alt i endaa meir Ugreie enn
det var fyre Ufreden, – liksom det er Ufred
enno sumstad (i Aust-Europa) og Halvfred søm-
stad (i Tyskland-Austrike-Italia). Og dei økono-
miske Vonerne er meir enn smaae her uppe med,
kann dei Vise fortelja oss, so gildt som mangt
glimer enno. Kor lenge me skal gaa her og
"vente og sjaa" – eller, um me er Socialdemo-
kratar, halv- eller heil-revolusjonere og sjaa –,
det er alle Blad og Tidskrifter fulle av meir og
mindre halvkloke eller meiningslause Gissingar
og Utleggjingar um, og like vise er me; berre
det at me hev vondt i Vente er visst, kor langt
det no kann koma til aa bera i den galne Leidi.
Det gjeld daa berre aa gjera seg hard – huff.
Modum 11. 11.. 19.
Vinje: Skrifter i Samling er no – med 30te
Hefte – ferdug. Ymist er vel kome med ber,
som Samlags-Utgaava – ved Halvorsen – ikkje
tok med; i det heile kann det verte Moro aa
samanlikne. Titelvignetten – Høgfjell, med ei
<fnote ind="1)"> Eg hadde i mange år styrt ein liten lut av dette bladet. </fnote> H.G.
<side nr=263>
Ørn som stig liksom fram fraa Fjelle –(av
Otto Valstad) er god. Verke er paa 3 Band,
med 3 Bilæte av Vinje. – Det er 50 Aar, aa
kalle, sidan han fall ifraa; kannhende han no
fær Lesarar?
Labraaten 13. 11. 19..
Sist eg hadde Korrektur, kravde eg hitsend
alle reinprenta Arki, so eg kunde laga paa ei
Innhaldsliste. I Staden fekk eg Korrektur paa ei
Innhaldsliste, som Prenteverke sjølv hadde laga,
og som eg daa laut inn straks og rette; det vart
soleis endaa kortare Kur-Tid her enn eg hadde
tenkt. Men eg er betre; sjølve Halsen hev kome
seg. Og so fekk eg Dokteren til aa setja upp
dei Reglarne for "Hovud"- (Hals-) bad heime,
som han hadde tala um der uppe ein Gong (han
var inn-um kvar Dag i dei 4–5 Sjuke- (og
Halvsjuke-) dagarne mine og rødde um mykje og
mangt); og so fær eg freiste med deim naar eg
er komen i Skikk her heime.
Her stend alt godt til, naar eg reknar ifraa
Armen hennar Hulda (som det elles ynkeleg
smaatt gjeng framyver med) – og so Massøsa,
som enno er sengfast.
I Dag var eg i Byen og fekk retta Innhalds-
lista, so vidt at ho greier seg. Dermed er eg
ferdug med "Politikk", – liksom eg der uppe
vart ferdug med "Snøfuglar".
– Paa Heimvegen var eg innum hjaa Schjøtt,
som hadde 75-Aars "Jubilæum" i Dag. Han
hadde kome seg att; saag rett godt ut: greier
seg visst enno ei god Stund.
<side nr=264>
17. 11. 19.
Straalande Vinter framleides, blankt og fint og
stilt (eller stundom ein rett kald Nordanblaastr);
yver den frosne Jordskorpa eit tunt Lag Snø.
Det ser ut til berre Vinter; og berre godt er det
i k kj e.
– Med meg gjeng det rett godt; det er berre
smaatt med Arbeidshugen. Og kóss i Verdi skal
ein faa Tidi til aa gaa, naar ein ikkje kann finne
paa noko til aa gjera? – Eg sìt helst og heng
yver ei Bok; men naar ein er so boktrøytt som
eg er vorten og meir og meir vert – –
– Naa-ja; Gudmund Schøttes "Hjemligt Heden-
skab" er rett forvitneleg; ho gjev mykje nytt. Eg
ser der klaarare enn eg hev drøymt um det fyrr,
korleis det, som me kallar den gamle Gudelæra
vaar, er berre siste – og stuttaste – Kapitle
av det religiøse Live i Gamaltidi vaar; dei
Bolkarne som fyre gjekk – og av deim hev
serleg den fysste vore endelaust lang – hev me
lite og inkje havt Tanke um. Og dette fær me
no vìta fraa Danmark, der dei hev um Lag
Ingenting uppskrive av religiøse Minne fraa
gamle Dagar!
Det er ikkje so reint lite som læt seg finne
fram ved aa granske gamle Folketradisjonar –
og der hev Danskarne paa all Vis vore so
m y k j e glupare enn me – og so samanlikne
det med det som i gamle Dagar kann vera upp-
skrìve (soleis t. D. ved Saxe), naar ein endeleg
er komen so langt at ein kann tyde det paa
rimeleg Maate. Utruleg mykje er der aa lære
hjaa Gudmund Schøtte; eg tregar i k k j e paa den
Tidi som "Hjemligt Hedenskab" hev kosta meg.
– Fraa Karen Mortensson paa Stabekk fekk
eg Telefonbòd i Dag um, at Ivar er komen ned-
yver att; eg trudde han hadde slege seg til Ro
paa Einabu for Vinteren. Han tenkjer endaa paa
<side nr=265>
aa koma her ut, og Moro skal det vera; mill. a.
maa han kunna segja meg eitt og anna um, kóss
det gjeng med dette endelause Bibelumsetjings-
arbeide.
– Hulda laut inn i Styre for Det norske
Teatre " att. Teatre er noko-so-nær skuldfritt
6g b u r d e daa med rimeleg Styring kunna greie
seg. Med sjølve Spélarflokken er det so som
so; det vert meir og meir Byfolk, som ikkje fær
Plass ved By-teatri; og daa dreg Landsfolk seg
meir og meir ifraa: trivst ikkje rett i dette Lage.
No som fleire Gonger fyrr ventar eg daa Enden
paa Visa; maatte eg so sant faa Urett paa nytt!
23. 11. 19.
Eg arbeider med ei Melding av "Marseille-
Bataljonen" (ved Felix Gras), som nettupp er
komi paa Norskt; det er eit Kapitel Revolusjons-
historie, som denne Revolusjonstidi vaar burde
kunna lære av. Men um Folk kann lære? Av
anna enn ill Røynd dvs.: naar det er for seint? –
Til Slutt skriv ein for seg sjølv: til Klaaring av
sine eigne Tankar.
Fristunderne mine nyttar eg til Vedhogging og
til Lesing; det siste vert det minst med. Men
Tagore's Barnelivsskildring "Nymaanen" er mer-
keleg god – heilt realistisk, med eit fint
Humor, som her og der stig rett sterkt fram, og
endaa so hjarte fager –; og Anders Hovden
gjev – i "Rudningsrnerm" – enno ei rett frisk
Skildring av norskt Bondeliv fraa denne Tid –
og fraa Sunnmøre, der Bondeungdomen synest
klara seg best – um han alltid versar stridt
mykje, og um die Absicht stundom stig stridt
sterkt fram.
I – Spelarane ved D. n. Teatre hev fenge Løns-
<side nr=266>
tillegg (dei mest, som hadde mest fyrr, endaa
Hulda og eit Par andre freista aa lempe paa
Vanskarne for Teatre ved mindre Tillegg til dei
som hadde mest); og so fær det daa. gaa til det
gjeng sund, eller til eitkvart uventa Hende kann
berge Baaten endaa ein Gong. Merkeleg nok
hadde me enno ein Rikmann som ofra nokre
Skillingar (5000 Kr. var det visst) til Hjelp for
Teatre i denne verste Dyrtidi.
–Det hev vore mildare VÍr dei siste Dagarne,
og stundom reint mildt med Regn. Men med
Regne vart det for lite, og i Dag er Lufti reint
tett av fallande Snø; det er daa paa Voni um
me fær meir Væte, og det me fekk var reint for
lite.
26. 11. 19.
Hoprekstads nye Stykke "Bjørgedal" gjekk paa
D. n. Teatre igaar og gjekk godt. Og for godt
Hus. Det vil visst halde seg eit Bìl med; det
er nok aalvorsamt, men livfullt; det beste Stykke
Hoprekstad hev skrìve, trur eg. Ein Kvinnefigur
er der (Mildrid) som er baade god og ny, og eit
og anna er der som bør kunna "draga Publi-
kurn" med; nokre gode Kveldar maa det visst
kunna skaffe Teatre. Og ein Debutant var der,
som gav serskilt gode Voner (Nordlund), ein
Trønder, som dertil tala fullgodt Landsmaal; det
er òg ein vigtig Ting, um Teatre elles held ut,
og um han held ut ved Teatre.
– "Politik" er endeleg komi, um ho elles
ikkje hev naatt meg; ho hev endaa vore nemnd
i "D. 17de"; no fær me daa sjaa, kva Lagnad
den fær. Og i Dag kom "Snøfuglar" fraa Norli
Men tru det finst nokon, som kann og vil slaa
til Ljod for den?
– Det er mildt og graatt, skiftande med Snø-
<side nr=267>
fall, so Lufti er tett av fallande Flagur, og Regn
so det driv og renn; noko maa det hjelpe, veit
eg. Men stuslegt og myrkt er her som i Naa-
strand.
– Fraa Utheimen fortél Bladi, at Wilhelm,
Keisaren var, likevæl skal under Forhøyr; at der
er store Vanskar i Amerika for Wilson og hans
Fredsstræv, um visst enno ikkje heilt vonlaust;
at dei russiske Bolsjevikarne ynskjer Fred; at det
franske Deputertkammere hev fenge eit moralskt
Parti; at dei franske Socialdemokratarne er sterke
i Lande, men ved rangt Valstell faae i Tinge;
at Arbeidarspursmaale er ugreidt i England med;
at Reaktionen med stort Mod reiser Hovude i
Tyskland; det meste er vel Bladfyll, veit eg.
Det einaste som er visst er, at det vert meir
og meir Dyrtid.
30. 11. 19.
D`er Aars Nattetidi; ein burde berre sova.
Lufti er ei einaste Graavelling av Snøskodde og
Hugen er daud og lat og likesæl, – svevnug;
det vesle eg no og daa arbeider med "kann eg
ikkje faa til".
– Fraa SrÓ Ananda er det kome Brev med
Takk for Arbeide med "Snøfuglar". Men i Staden
for Honorar fær eg ei Innbjoding til Gaurisankar
Sæter. Og Boki er til denne Dag berre nemnd
i ein Petit-notis i "D. 17de Mai".
– I Tinge er dei endeleg ferduge med den
nye Valskìpnaden. Vedteke er "Hovedalterna-
tivet A IV", som læt Byar og Bygder velja kvar
for seg, soleis at Byarne fær 50 og Bygderne
100 Repræsentantar. Av Byarne fær Oslo 7 og
Bergen 5; elles er Byarne samla i Bundlar paa
fraa 5 til 8, som fær fraa 3 til 5 Repræsentantar
kvar. Av Landbygderne fær Austlande 56, Sør-
<side nr=268>
lande 30, Vestlande 28, Trøndelag 16, Nord-
Norig 20. Ein kann vel trygt gaa ut fraa, at
det vert ikkje mindre Misnøgje no enn fyrr; men
Meiningi skal daa òg vera, at den nye Skipnaden
berre er ein Millombìlsskìpnad. Kor lenge det
Millombìle elles kann koma til aa vara – –?
At elles Austland og Trøndelag er so mykje
sterkare enn Vestland og Sørland (72 mot 58)
hadde eg ikkje tenkt; og held det fram som no,
so vert det vel ikkje lenge, fyrr Byarne kann
krevja meir enn Tridjungen av Landsrepræsenta-
sjonen.
5. 12. 19.
Det lid med dette Aare òg. Det hev falle
meg langt, so kort som det var i Grunnen; Tingen
er vel, at me gjekk og venta paa ... baade eitt
og anna som ikkje kom. Det skulde me no
elles vera vane med. Og noko fær me kann-
hende sistpaa: ein Fred, som ikkje vert altfor
stutt?
– Med den russiske Bolsjevik-Revolusjonen
skal det lide no; den veksande Motrevolusjonen
sterknar, og Revolusjonen bélar til Vestmagterne
etter Fred, – vil Bladi vìta. Fraa Tyskland
hev det vore Segner um ei Nyreising av Keisar-
døme (ein Militær-Reaksjon); men Folk flest der
nede skal ikkje bry seg um den Keisaren som
rømde, daa det kneip, so store er nok Vonerne
ikkje. Paa den andre Sida skal Ententen ha
kravt, at Holland skal utlevere Keisar Wilhelm
h. v. til Krigsdomstolen i Paris; det stod i Bladi
for nokre Dagar sidan. Men sidan hev det vore
stilt att. Kóss det no heng ihop. Fraa England
hev det danske "Ret" ein Samtale med Red-
aktøren av "Land and Liberty" (fyrr Land Values);
han fortél, at Lloyd Georges Grunnskyld-Agitasjon
<side nr=269>
fyre Ufreden var berre "Val-flesk". Ved dei siste
Vali svikta han og hev no "brote alle Bruer
millom seg og det engelske Demokratie"; "Teppe
gjeng snart ned for den politiske Teaterhelten
Lloyd George". Og Asquith . . . . er veik; av
honom er nok Inkje aa vente. "Tidbolken aat
Social-Radikalismen hev byrja; men den kjem
ikkje utanum Jordspursmaale." I Amerika er
der ein Gruvestreik, som gjer "Situasjonen aalvor-
sam". Det peikar den Vegen, at Arbeidsherrarne
legg ned Drifti; daa vilde ikr. 1 Million Arbeidarar
bli arbeidslause. Og daa vart der vel Uppstyr!
– 0. s. fr. Og Dyrtidi tyngjer i alle Land.
Vanskarne vert større og større, og Mennerne er
nok all Stad altfor smaae. Utsynerne er dei gamle,
berre i større Maal: Revolusjonar som vert kvavde
ved Valdsreaksjonar, som skaper nye Revolusjonar,
som avlar nye Reaksjonar . . . . Vìt er der nok
ikkje stort meir av i Verdi enn der hev vore.
– Melding fraa Forleggjaren i Dag, at "Haug-
tussa" kjem i 9de Upplag. Den er nok den
einaste av Bøkerne mine som gjeng. Naa-ja;
"Bondestudentar" gjeng vel so smaatt den med,
ettersom ho er i Bruk i (fleire eller færre) høgre
Skular.
15. 12. 19.
Regnskodde og Snøskodde; Nivlheim, Naa-
strond; men so lid det daa og til Solkverv.
– Boklesing og Brevskriving og Ingenting.
Upp og ned med Helsa; i det heile ikkje verst.
Med Tuften hev det vore skralt ei 8 Dagars
Tid no: Tannverk og Tannbulle og fæl Verk;
endeleg betre att. Hulda driv paa med Massage
for den endelause Armen sin; det "ber fram-
yver", men syrgjeleg seint.
– Fraa Amerika Brev um "D. b. Faderen";
<side nr=270>
det gjeng no; men det er Forfattar og Umsetjar
som maa betala Forleggjaren Honorar; for eg er
ukjend der burte. Naa; me fær sjaa! – Men
Pengarne ser eg aldri att (og med Dollarkursen
no for Tidi vart 200 Dollars meiningslaust mange
Kronur!), – so eg kunde alltid ha fare mindre
tankelaust, serleg i Tider som dei me no hev.
– "Kristendom og Norskdom, Festskrift til
Christopher Bruun" er kome; der er eg komen
i rart Lag. Men Bruun hev – med alt det
uklaare som der alltid var ved 'n – vore ein
so god Norskdomsmann og Bondesaksmann, at
eg elles gjerne skreiv det Stykke (som elles
minst handlar um Bruun). Og naar eg vart
beden nettupp u eit Jordsaks-Stykke, so bør eg
vel tru, at desse Lærarhøgskulefolk tek til aa faa
eit Grand Syn for George-Tanken.
Elles er eg ikkje noko heilt med paa det som
Høverstad skriv um den nye Skuletanken. Kri-
tiken yver den gamle Skulen er god – um eg
elles kunde leggje eit og anna til der –; men
det som skal vera dei nye Tankarne (og som
inneheld ymist godt), – er ikkje klaart; ja her
og der synest det spaa meir Attergang enn Fram-
gang. No fær me sjaa. Det er visst paa høg
Tid, at noko nytt av det Slage kjem; og øm
Høverstad var ei klaarare Aand enn han visst er,
so vilde han vera nøydd til aa bruka Skoddestil
her og der, naar han hev med seg Folk av so
ymist Slag som dei som her skriv (mill. a.
Bispen Hognestad); men ... Naa; me fær vente,
til dess dei Skulebøkerne kjem, som han lovar,
–um dei kjem. For Vestlendingarne (med Hop-
rekstad til Førar) arbeider for ein Lærarhøgskule
i Bergen; og at den vinn er ventande: han vert
heilt og greidt reaksjonær.
– I eit nytt Skrift: "Den retfærdige Revolu-
tion" manar Aug. Schvan Danmark til aa straks
<side nr=271>
innføre Rettsstaten. "Tiden har Hast. Uveirs-
skyerne trækker sammen fra Dag til Dag." Og
"Danmark kan, ved at handle straks, frelse ikke
blot sig selv, men ogsaa Civilisationen". Han
segjer mykje, som er godt og sant og altfor sant.
Men Danmark, med eit Faatal av Georgeistar og
ei Mengd med Jordherrar, dertil med Tvokammer-
system og eit Minimum av Handlingskraft ....
beda Danmark handle straks i ei slik Sak klingar
som Spott helst. I det heile: kor er Handlings-
kraft og Handlingsvìt?
22. 12. 19.
So; no er Soli i Stigande att. Og dermed
Arbeidskrafti, – vil eg vone?
– Elles er der eitt og anna som er i Sigande.
Soleis hev Landsens Forretningsdrift eit Under-
skòt paa 620 Millionar Kronur; det er stridt. Og
det vert sagt, at "Stillingen er egnet til at vække
de alvorligste Betænkeligheter". Me er enno
Halvvillmenn; kann ikkje styre Pengar. Di meir
me tenar, di meir sumlar me burt; og so vert
me Fant etter "gode Tider" som etter laake.
– Fraa Utheimen ikkje noko serskilt. Det
skal vel snart lide til den Tidi, daa det aalmenne
Folke-Sambande skal bli født; men me Smaafolk
veit, at me daa vert Underbruk under England.
Og um det alltid er likare enn um Prøyssen hadde
vorte Overmagt, so kann me so lite vìta. Me
fær "tru det beste" og elles "drygje og sjaa".
Um Amerika gjeng med er enno ikkje avgjort.
–Overlærar Møller og Lieng var her i Aftes,
og det var hyggjelegt, endaa den Saki, det serleg
galdt um, var leid nok: det vert for dyrt for det
vesle me hev av Grunnskyld- og Rettsstats-"Lag"
aa halde "Retsstaten". Kvar av oss som vil fær
<side nr=272>
halde Bladet sjølv; – men det vert nok ikkje
mange. Einaste norske Voni no er Smaabrukar-
lage; det, ser òg endeleg ut til aa faa Vest-
lande med, og so kunde det bli rett sterkt.–
Naa-ja; i andre Lag er der òg Voner, – hadde
me berre noko fleire Foredragshaldarar. – Eg
fekk ei liti Bok av ein ny dansk Prest aa melde;
den er god. Og det er nok godt aa faa Prestar
med; det kunde faa Bonden, Stakkar, til aa for-
staa, at Rettsstaten iminsto ikkje er noko Fri-
tenkjarpaafund. – Fraa Byen vert det fortalt
ymist um den aandelege Nedgangen som dei
"flotte Pengetider" med alt sitt Moroliv hev ført
med seg; i det heile vert der meir av Storby
Vanskar og Sjukdomar; Ungdomen syng berre
"Røde Lygte"-visur no og søkjer si Aandsnæring
paa Kinematografar osfr. So ille som i større
Land (no serleg Tyskland) er det ikkje her; men
det bér ned-yver. Og fraa Byen sig Daarleg-
domen ut yver Lande. – Huff ja; Storbyar var
alltid Pestholur, og dei "gode Kommunikasjonarne",
me no hev, gjev Lande mindre og mindre Mot-
standskraft. Raad mot Uraad maa vel vera ein
Samfundsskipnad som gjev meir Arbeidshug, med
Framgangsvoner for alle?
– Heilt ukjend kann eg ikkje vera i Amerika
lell, iminsto ikkje i Minnesota; det er ein Mann
der, som skriv etter eit Fotogram av meg "to a
Collection for our Public Library". Men der er
kannhende mange norske i New Ulm, Minn.?
Aa, um eg snart kunde vinne yver all denne
Trøyttleiken, som tyngjer meg mest jamt!
26. 12. 19.
Ei dansk Bok um E. G. G e i j e r – utkomi
hjaa "H. Aschehoug & Co., K j ø b e n h a v n " –
<side nr=273>
gjev Eit godt Bilæte av denne gjæve Mannen og
Skalden; og for oss norske (og dei danske med,
vel), som kjenner so lite til den svenske Bok-
heimen, er det godt, at slike Bøker tek til aa
koma.
Noko av det eg mest hefte meg ved hjaa
Geijer (i den konservative Tidi hans), var den
Tanken, at Folkeupplysning er faarleg f o r F o l k e.
Denne Tanken kom han nok burt fraa i sine eldre
– liberale – Aar; men eg, som i mine fysste
Tider heldt Folkeupplysningi for det politiske
Grunnkrave, hev i m i n e eldre Aar stundom
kjent ein Tvil dukke upp i meg: e r det so, at
Folkeupplysning er ein god Ting?
Folkeupplysning vert aldri anna enn Halvupp-
lysning; og kann Halvupplysning gjera anna enn
Ugagn? Halvupplysning gjev Arbeids-uhug og
driv Folk inn i Tanketull av ymist Slag; gjer
deim serleg verjelause mot socialt Tull og Re-
volusjonsørske; hjaa oss er det ikkje minst denne
Halvupplysningi som driv Folk burt fraa Jordi og
gjer deim til eit lett Rov for Tòketankar og Ørske-
draumar? – Eg svarar meg nok, at Folke maa
faa meir og betre Upplysning; men .... di meir
Skuleliv og Bok-Upplysning, di mindre Arbeidshug
vel? – Det er Tankar, som eg driv fraa meg.
Men um eg s l e p p fraa deim? – Ein rettvis
Samfundsskipnad med gode Arbeidsvilkaar vil
greie Vanskarne. – Ja men kor skal me faa ein
rettvis Samfundsskipnad ifraa, so lenge Halvkul-
turen gjer Mengdi økonomisk ukunnig og politisk
umyndig? Slepp eg nokongong ut or den Tanke-
kreppa?
31. 12. 19.
Korrektur paa 1ste Ark av 9de Upplag av
"Haugtussa". Der er enno eitkvart smaatt, eg
<side nr=274>
kunde ha Hug til aa rette; men no fær det staasom det stend.
– I Fyregaar var me paa Stabekk. Med Schjøtter det skralt; der er lite meir att enn ein
Skugge;men aandsfrisk er han; han kann skjemte og
spotte enno, naar han stundom kviknar til.
– Hjaa Ivar hadde me ein hyggjeleg Kveld.
Han driv paa med Jobs Bok no; um eit Par
Dagar skal han til Einabu att.
– I Gaarkveld hadde me eit lite Jolelag;
millom Gjesterne hadde me den tyske Maagen
vaar, Fabrikkherren Erfurt (med Frua, Alfhild
Frenning, og Sonen som tenar si Verkstad-tid
her uppe til Ingeniøreksamen); han hadde lite
godt aa melde fraa Tyskland. Han tala ikkje
stort um Tilstandi der nede, sjølvsagt; men av
det vesle han sagde – og av det som han i k k j e
sagde – var det tydelegt, at Mode der nede
ikkje er høgt. Men Folke, det dansar, dansar,
dansar, held Gilde mest dei kann, ikkje minst
for aa gløyme, eller døyve ned Uroi; Teikn til,
at den tyske Arbeidshugen vinn seg uppatt er
der elles òg. Men Vanskarne er svære og alt
uvisst; "ein fær vone det beste og vera budd
paa alt" (han talar rett godt Norskdansk). I tysk
Austerrike er Tilstandi syrgjelege; den Hjelpi
som vert send er som ein Dròpe paa ein heit
Stein det gjeld berre um, kor lenge Folke
orkar aa vente. – Aa! for ei Villmannstid!
– Enno hev eg eit Par Bøker aa lesa og eit
Par Brev aa skrive; so fær eg sjaa aa koma i
Arbeid att. Men 1919 segjer eg Farvæl utan
ein Sukk; me venta mykje av det; men det vart
eit Uaar.
<side nr=275>
1920.
7.1.
Ei kald Joletid, men linnare Skoddedagar inn-
imillom; sterkare og sterkare Varsl um komande
laake Tider, som lett kann bli ei uhugleg øko-
nomisk Krise; ei og onnor ropande Røyst i Audni
som peikar paa Framvegen, men Allverdi blind
for andre Vegar enn den gamle, um den bér
aldri so beint paa Søkkjemyri, – det er i dei
store Drag det som hev merkt Nyaare 1920. Og
kva Aare i Røyndi fører i sin Skjold, det fær
me nok vìta; dei som styrer Lande talar Aalvor
og bed Folke passe sin Økonomi; men Staten
plar nok ikkje bli høyrd, naar han talar i den
Tonen; er ikkje Staten allmegtig? Hev han
ikkje sjølve Statskassa og ved Statslaan all Verd-
sens Statskassur – aa ause or?
– Sjølv hev eg vore noko-so-nær i Stand,
um ikkje nettupp i Arbeidslag; no skal eg i Lag
med eit Grand Bokmelding. Hulda hev vore paa
Gjesting 2–3 Dagar uppaa Tjerne og kann for-
telja ymist fraa Konowfolket der uppe: Korleis
dei no hev det, og mangt og mykje av deira
Røynslur – ofte grunnløglege, ikkje minst naar
Bamsen B. B. var ute – fraa vaare seinare
politiske Tider. Men dei tek til aa bli gamle og
skrale no; han lite korkje høyrer eller ser, um
han elles er aandsvaken nok; og ho, som visst
ikkje er mindre aandskvik, hev sine Alderdoms-
<side nr=276>
vanskar aa dragast med. Men ut-i Tenargarden
hev dei ein Gardsdreng paa 102 Aar liggjande;
han er ikkje minder aandsfrisk og fortalde mykje
og mangt, mill. a. fraa si Soldat-Tid (under Karl
Johan), og um denne framifraa Landsfaderen;
paa Tjerne hev han tent i 80 Aar. Og ei Gjente
hev tent der i 20 og ei onnor i 11 Aar; det er
Beste- og Oldefartidi som lìver enno der upp-i
Ringsak'.
– Millom det eg hev havt aa stelle med dei
siste Par Dagarne er ein Søknad fraa "Det nye
Teater" (norskdanskt) og Det norske Teatre um
Statshjelp til Byggjing (gjenom Rikslótspelet). No
kann Hulda fortelja meg, at der enno ikkje er
noko a v g j o r t i D. n. Teatre um denne Saki;
det var so faae som hadde møtt upp, daa dette
Spursmaale var fyre, at Styre fann det rettast
aa utsetja Saki til eitt nyt Møte. Samstundes
kann ho fortelja, at etter det Konow der uppe sa,
vil det vera heilt faafengt for Krav av det Slage
aa melde seg no; Riksmagterne no vert nøydde
til aa segja Nei til alt som dei k a n n segja Nei
til, um det ikkje skal bera til Fallit. – Um ein
kann vaage seg til aa tru, at Gamlingen er væl
svart-synt?
Kveld. Det hev regnt! Regnt dugeleg i tvo
Timar! – Men i Natt vert det Snø att.
12. 1. 20.
Steinar Schjøtt døydde i Gaar Natt paa Hospi-
tale "Det røde Kors". Og no stod det so smaatt
til, at det var nok best han fekk sleppe.
Men av "dei gamle" dvs. dei som var unge i
Aasen og Vinjes Tid (og som heldt ut paa den
norske Sida), var vel han den siste som att var.
No vert det daa aa fylgje 'n til Gravi. (Etter
<side nr=277>
Brev fraa Enkja hev han endaa vilja ha meg til
Marschal.) Og eit Stykke maa eg sjaa aa faa
skrive – i "D. 17de" vel.
17. 1. 20.
Igaar jordfeste me Schjøtt (paa Krematorie).
Mange var møtte upp. Men det vart berre ei
vanleg Kyrkje-likferd, med dei vanlege Preste-
talemaatarne og eit Par Salmur av vanlegaste
Slage: ikkje eit Ord um Schjøtt og hans Livs-
verk vart sagt; korkje Samlaget eller Studenter-
maallaget hadde fenge noko avtala eller tilskìp
i so Maate.
Huglause gjekk me derifraa. – Hulda og eg
fylgde Fernanda Nissen heim til den gamle hyggje-
lege Villaen hennar i ein gamall Skoghage i
Briskebyvegen; reint forundra vart eg yver, at
det enno finst noko so vidt gamalt og gildt i Xia.
Men Frøkni, som eig og held paa det er gamal;
um nokre faae Aar vil alt vera burtkvorve. –
No gjeld det, um eg kann faa ferdugm i "Grav-
tale" til "S. og S." til i Overmorgo.
Brev fraa Einar Strand.
Máløy 25/1 1920.
Herr Arne Garborg.
P·lsmessedag tek tankarne mine seg ein tur
tvers yver landet og stansar ved Hvalstad. Eg
ynskjer Dykk helsa og lukka og iser gode augo
i det nye øret. Ifjor var eg ein av dei som bad
um meir Homer. Vi fekk Politik istaden. Og
meir forvitneleg bok kunde vi ikkje f·, vi som er
so gamle at vi hugsar litt av tilburdarne fr· 70
<side nr=278>
–80 ·ri. – For kvart stykke eg las m·tte eg
sj· p· ·rstalet og rekna ut kor gamall De var
den gongen, og eg laut undra meg kor vaksin
De var i yngdi. – Eg er slik lagad at eg hev
2–3 slag njotingar n·r eg les eit stykke: inn-
haldet, stilen, ordi og rettskrivingi. Eg tok til ø
fundera på um De hadde byrjat med ei ny
(dvs. gamal) rettskriving med fulle tidformer i verbi.
(Eg er glad i former, m·vita.) Men det er fulla
helst so at De brukade den rettskrivingi d e n
gongen.
Eg tykte eg s·g nokot i For B. og B. um
Ilioskvadet. Ja, kunde vi f· b·de det og meir
Politik var det sjølvsagt det beste, men det vert
for mykit p· 1 ·r. Men e g er ikkje istand til
· velja. No, det kjem fleire ·r, og eg vonar at
det vert tid til alt.
Steinar Schjøtt – det var eit syrgjebod. Men
han havde gjort so mykit godt arbeid at vi kann
unna honom kvild. Vi fær lita pø at der er
emne til store tre i ungskogen.
Mi beste helsing til Dykk og frua og dei yngre
ætt-leder!
Einar Strand.
26. 1. 20.
So; no er eg alt inne i det 70de Aare.
Sjølve Aarmaalsdagen høgtida eg paa Hamar,
der det vesle Maallaget (fraa Lærarskulen ikkje
minst) heldt eit Møte der eg var beden med (og
der Rektor Vislie tala for meg og Prof. Liestøl
gav ei forvitneleg Utgreiding um Folkevisa); sidan
vart det dansa Visedans (stor Ring): det var i
det heile ein gild norsk Kveld, – reint utruleg
paa Hamar, skulde ein ha tenkt! – Med Natti
var eg hjaa Skuledirektør Eftestøl (som bur stor-
fagert paa "Vidsyn" – med herleg Utsyn vest
<side nr=279>
og sør yver Mjøslandet); der hadde eg det berre
hyggjelegt. – Heimkomen finn eg rett mange
Helsings-Telegram; og i "D. 17de" (og "Natio-
nen"!) skriv Haakon Garaasen um Livet og Ar-
beidet mitt; han synes ha fylgt betre med i Soga
um Maalstriden i den siste Mannsalderen enn eg
tenkte. – Og det kann vera godt aa sjaa, at der
er Samkjensle millom Austland og Vestland enno;
mest vil desse norske Vikingsønerne slaast.
– Millom det som laag og venta paa meg daa
eg kom heim var Korrektur paa Søknaden um
Pengehjelp (av Stats-Lótspele) til Det norske og
Det nye Teatre. Bojer hev lòte stroke alle høf-
lege Godkjenningsord um D. n. Teatre, og endaa
er der fleire av Riksarne (b. b., søme av Kome-
diantarne o. a.), som hev gjort Vanskar eller beint
ut negta aa vera med. Det er soleis berre ein
liten Flokk Provinsdanskar, som – jamvel naar
der kann vera noko aa vinne med det – finn
seg i aa staa saman med oss norske paa same
Papiret. I visse Maatar er der Gaman til aa
graate yver sovore i slikt eit lite Land, som
kunde trengje so væl aa samle si vesle Kraft;
men det er laattelegt samstundes og lokkar paa
Satiren. – Siste Korrekturen er send i Dag; og
i Overmorgo skal me til Gunnar Knudsen og
høyre, kva han vil segja um Saki.
– H(agbard) E(manuel) Berner er daaen (den
24de), væl 80 Aar gamall. Godt heldt han ut,
baade aandeleg og likamleg; og mykje fekk han
gjort og sett i Gang; eg fær sjaa aa koma med
i Likferdi. Skrive skulde eg um honom med
(som òg Jørg. E. Møller ynskjer): men Tid, Tid,
kor tek eg den i fraa? – Rart nok, at Berner og
Schjøtt (som i "Heimskringla"-Dagarne og lenge
<side nr=280>
etter laag so i Ufred med kvarandre) skulde koma
til aa fylgjast til Gravi, kann ein mest segja.
– For det fysste hev eg meir Bladskriving
enn eg greier (fær takke i eit Blad for Tele-
grammi), og so lyt eg samle meg um Schjøtt-
Biografien fortast eg kann; – gjev det no berre
ikkje vert noko med Forkjøling eller andre Ugreiur
att; det skal so altfor lite til no, fyrr eg vert
arbeidsufør.
– Meldingi av Gismars "Retsforbundet" kom
i Dagbl. i Dag.
30. 1. 20.
Igaar var Joh. Bojer og eg i Byen og freista
aa raaka Gunnar Knudsen, men faafengt; i Dag
laut me daa inn paa nytt, og daa gjekk det betre:
me fann baade (Finans- og) Statsministeren og
Kyrkjeraad Løvland. Me vart rett væl mottekne;
og um Modet ikkje syntest vera stort hjaa nokon
av Herrarne i Teatersaki, so lova dei aa hjelpe
til, so langt Raad kunde vera; – det vert visst
Vanskar nok. Og so "fær me no sjaa daa".
Mykje aa vente er der ikkje ; men gjort er det
som gjerast kann.
Mange gode Namn, norske og norskdanske,
stend under Søknaden; det er fysste Gongen, dei
tvo Fiends-Hérarne hev kunna slaa so vidt Lag.
Sjølve b. b. hadde sistpaa gjenge med; – kann-
hende i Von um den (norskdanske) Styrarposten? –
– For meg er tvo Dagar spillte ved dette; no
gjeld det aa klemme paa. Men ein Ting læt seg
ikkje rette upp att: Hagbard Berner vart gravlagd
igaar, og eg kom ikkje med; visste ikkje um
Likferdi dessmeir, – fyrr eg var komen heim att.
<side nr=281>
31. 1. 20.
Dei siste Dagarne hev det snøa soleis, at Tunet,
serleg ned-ved vaart Hus, hev drive heilt fullt,
so at daa eg skulde reinske upp Vegbrauterne
vaare, laut eg hive Snøen høgt upp-yver Hovudet
paa meg; greidde det mest ikkje. Og Taki er
reint yverlesste av Snø, so Takfennerne og Mark-
fennerne gjeng mest ihop; paa Heimehuset vaart
er Tòka so nedtyngd, at det er eit Par av Lofts-
dørerne her paa Sida av Romet mitt som ikkje
gjeng skikkeleg att (Døri til Klæderomet og Døri
til Baderomet); held det paa med dette Snøfallet,
so maa Gudarne vìta, um Taki klarar den Tyngdi.
Maken til Snøfall skal – etter Otto Valstad –
ikkje ha vore sidan 1862, um Tuften elles meiner
at det var minst likso ille i 1900; og det er berre
maateleg Moro aa leggje seg i Kveld – med den
Tanken, at me kann faa Tòka med so og so
mange Centner Snø sigande ned-yver oss, naar
det lid utpaa Natti. For Snøen er ille vaat og
samansìgen og tung, so det leitar mest altfor
hardt paa alt no. Men etter Vegbrøyting og Veg-
hogging er eg so trøytt, at eg kjem til aa sovne
fraa alt ihop; og fær eg Taket med dei veldige
Snøfennerne yver meg, so somnar eg heilt av
med same, vil eg tru; det skulde i alle Fall meir
enn mykje til, fyrr eg vakna.
5. 2. 20.
Olav Rusti daaen. Det eine høge Trée etter
det andre fell.
Men Olav Rusti, denne paa ein Gong fine
og sterke Naturen, kjem eg ikkje minst til aa
sakne.
Eg gjekk og venta paa aa faa høyre, at han
endeleg var komen i Arbeid att. Han saag meg
<side nr=282>
alltid so grunnsterk ut; var dessutan berre 60
Aar gamall. No ser eg, at han var 70. Og
Sjukdomen var Nyre-aat. So det var nok honom
best aa faa gaa til Ro.
Men Frida Rusti, – no sìt ho der aaleine.
Og ho vart vel endaa meir aaleine, um ho fór
"heim" – til Baden – no.
6.2.20.
Johan Pedersen, Far til Samstyretanken, er
daaen. Han var eit Geni; og Samstyretanken er
so god, at Mengdi vel aldri fær Tak paa 'n, –
liksom ho væl aldri fær Tak paa Rettstatstanken.
Men Arbeide skal halde fram. Og Tanken
hev vakse: no krevst det Sam-økonomi med (eit
nytt Lag: "Dansk humanistisk Forbund", arbeider
for Samhjelp dvs. Samstyre og Samøkonomi). Eg
fær sjaa, um eg kann faa Raad til aa bli med,
– iminsto i Samstyrelage.
– Fraa Danmark (som sjølvsagt fraa Paris)
høyrer og ser ein (gjenom Teikningar) meir og
meir um all den Utoeskapen som fær Magt, i
Liv og Leik (Dans) som i Klædeskikk (Kvinn-
folki gjeng snart heilnakne i Dans): alle Blod-
flaumarne hev ingenting hjelpt mot den Sjuken.
Og daa det er den Sjuken alle Kulturar døyr av,
so er det greidt, at Europa-"Kulturen" òg no
lagar seg til Rettes for Lik-kista. Paa den andre
Sida veks Blodvillskap og Bolsjevisme; slikt gjev
òg utrygge Voner. Spursmaalet vert daa meir
um Bonden: kann han berga seg igjenom denne
Daudedansen? – Dei fær sjaa, dei som etter
oss skal lìva.
– Prentingi av det nye Upplage av Haug-
tussa tek til att (etter Jolesjauen); Prentretting
paa 4de Arke kome i Dag.
<side nr=283>
21. 2. 20.
Møte i Student-Maallage igaar um D. n. Teatre
og Vanskarne der. Ingiald Haaland tala godt –
um alltid noko "kunstnerisk" og aalment – og
hadde mill. a. framme Krave um, at eit norskt
Teater korkje i Maate eller Maal maatte vera dei
norskdanske uppatt; "trassigt" maatte dei halde
sitt eige uppe midt i Framanddomen; han tok
rett sterkt Samtykke. Hulda (som sìt i Teater-
styre og soleis var nøydd til aa vera so lempe-
leg som Raad var) heldt fram alt som lét seg
segja av godt um Teatre, men understrika dette um
"trassig" Norskdom; – ho veit altfor godt, kor
syrgjeleg lite "trassige" dei er jamvel dei norske
i Spelarflokken. Eg freista aa vera noko stramare
og nemnde serleg dette um "Brøderne Ø–s
Huskors" og det eg hadde høyrt um Spelemaale
der; men eg visste altfor væl, at no gjeng dei
ifraa, dei som likast skulde vera (Drabløs vil ut
paa ei serleg Spelferd att), liksom eg visste og
veit, at D. n. Teatre no helst er ein Fyre- eller
Millomstasjon for Norskdanskar, til dess dei kann
faa Rom ved eit av sine eigne Teater. Og all
denne Byfiffen, held for det fysste Landsfolk (ser-
leg Kvende) burte fraa Teatre, og for det andre
vert dei sjølve sjeldan anna enn Framande der.
– Og noko slikt som ein Teaterstyrar, som baade
er heilt norsk og dertil hev Kraft (og Kultur)
nok, – finst ikkje. So at – her som elles, kann
eg snart segia – berre "tru det eg ser".
– Ikkje minst "trur eg det eg ser" um Folke-
sambandet og "Verds-freden". Vilkori for Folke-
sambandet er endeleg fastsette (so i Hovudsaki),
og fleire Land hev meldt seg inn; andre, som
Norderlandi, er meinte paa aa gaa inn; nøgde
med Vilkaari er visst ingen; men Voni er, at ein
maa kunne faa lempe paa Vilkaari etterkvart.
Den "aalmenne Freden" vert soleis for det fysste
<side nr=284>
aalmenn Uro med aalmenne Dryftingar, som ein
fær tru vil føre fram, daa Ufred no er livsfaarleg
for baade dei som vinn og dei som taper. Men
trygt er ingenting, so lenge Amerika, Tyskland,
Russland ikkje er med (og ingen veit, kor langt
Japan kann vera aa tru); uklaart er det ikkje
minst med Amerika, der Wilson – som er komen
til Helse att – er paa sin Kant misnøgd med
Vilkaari liksom Storparten av Kongressen paa
sin, medan Folk flest skal vente paa "næste
Ufreden" med det fysste. Einaste "Trygdi" skulde
vera den, at Verdi spelar upp økonomisk, som
baade engelske og tyske Blad spaar um (sjølve
Amerika skal sjaa Botnen i Gull-Lagere sitt);
men i Dag ser eg, at der er økonomiske Upp-
gangsmerke i sjølve Tyskland, og er det sant, so
er vel ikkje den Trygdi heller aa stole paa. Noko
aa halde seg til er det daa ikkje enno. Men
Freds-Vonerne synes vera dei sterkaste.
Ei fæl Tid. Alt utrygt, og alt er villt, villt
Kav; hardt slit Verdi paa Nervurne sine.
– Hjaa oss er eit av dei smaae Storspursmaali
avgjort: Universitete, som fyrr hev vore skift i
tvo (med Biblioteke i tri), vert so skift i tri (fire):
1) Hovudsæte øvst i Karl Johan, 2) Tøien ut paa
Oslo-Kanten, 3) Blindern paa Vestkanten (og so
4) Biblioteke paa Drammensvegen). Fanden spare!
– VÍre ein Dag klaart og kaldt, ein Dag,
Skodde og mildt (med og utan Snø); heilt driv
me nok ikkje ned i Aar heller. – Eg held paa
med Bladarbeid; men det gjeng smaatt; den
Gamalmannsvisdomen, at alt gjeng som det maa
gaa, og at "Ingenting nyttar", hev altfor mykje
Magt med meg!
24. 2. 20.
Iforgaars var Hulda 58, og i Dag fér ho til
Berlin (saman med Fernanda), og skal so – i
<side nr=285>
Lag med Bladmannen Øksnevad (Jærbu: fraa
"Øksnavad", som Folk segjer der: dei skynar
ikkje fysste Samansetningslekken) til Paris, og
fraa Paris aaleine til ein By ned-ved Pyrenæarne,
der ho mill. a. vil sjaa paa Baskarfolke, som er
ættlaust i Europa, men synest høyre ihop med
Indianarne; eg skynar i det heile, at eg vert tvo
Aar eldre enn ho for kvart Almanak-aar som
gjeng: ikkje for alt i Verdi vaaga eg meg i desse
Tider so langt som berre til Berlin, naar eg ikkje
nettupp var nøydd til. Og Baskar! Og Indianar!
– Naa; godt so lenge ein kann vera ung og
modig. Av Ferdi vil ho visst ha godt.
– Der er her som i andre Land ymis Tvil og
rett mykje Ordskifte um dette Folkesambande,
som nok langtifraa vert det Tusundaarsrike som
mange fyrr drøymde um. Men det vert vel ikkje
mange som vaagar aa halde seg utanfyre heller;
det kunde bli væl so faarlegt. Smaalandi kjem
daa vel til aa gaa med – og Norig, vel utan
Reservasjonar –; men Amerika? – der ser alt
ugreidt ut; helst peikar det andre Vegen. Og
Amerika, Tyskland, Russland utanfyre og berre
so halv Tru og Trygd millom deim som er utan-
fyre vert det ikkje lenge, fyrr Mannheimsfreden
gjeng upp i Røyk.
– Eg driv paa med ein og annan Bladstubb;
hev i det seinste gravlagt Schjøtt (i "Syn og
Segn"), og H. E. Berner og Olav Rusti (i "For
Bygd og By"), og no alra-sist Johan Pedersen
(i "D. 17de" – med ein Freistnad paa aa friske
upp-att den Samstyre-Tanken, som ingen ser ut
til aa skyna). Og endaa hev eg tvo-tri Bok-
meldingar att; men smaatt gjeng det.
– I Millomstunder les eg eikor Bok; det er
som ei Kvild (eller høgg Ved; det kviler betre);
– no sist las eg Rikard III (Umsetjar: Erik
Eggen); Umsetnaden er visst ikkje ille. Men hu!
all den Villskapen; det maatte ein Shakespeare
<side nr=286>
til, um slikt eit Liv som det det engelske Hoffe
førde i den Tidi skulde bli lesande.
– I siste Edda-hefte viser H. Koht, at den
norske Nasjonaliteten fysst tek til aa koma upp
so midt i 1000-Talet. "Fysste Gongen me merkar
noko til norsk Nasjonalaand er i Reisingi mot
Danevelde straks etter 1030". – Me er ikkje
gamle. – I same Hefte upplyser ein Belgier, at
den fysste som gjorde Edda kjend i Europa (som
"keltisk" Skaldeverk), var ein Franskmann (Mallet,
Professor i fransk Literatur i Kjøpenhavn fraa 1752
og utetter).
– Eg tek til aa tenkje paa ei Bok att, noko
som ei Avskilspreike: Attersyn og Utsyn eller
kva Namn ho kunde faa; undrast paa, um d e n
kann bli meir enn Tanke?
29. 2. 20.
Igaarkveid tala Borgarmeister Lindhagen fraa
Stockholm i Studentersamfunde (Turnhallen); og
um han ikkje nettupp er nokon Talar, so er han
ein intelligent Mann og var væl verd aa høyre
paa. Det var eit socialistisk Spursmaal, han
hadde for seg; og klaart og godt fekk han fram,
det eg lenge hev vore inne paa, at Partistyre, i
det heile den nyare Politiken, med sin Strid og
sitt Hat, den kann aldri føre fram til eit godt
Samfundsliv, til social Harmoni: det er dei "gamle
Sanningarne", me maa byggje paa, dei som er
framme baade hjaa Konfutse, Buddha, Kristus:
Næstekjærleikslæra, Bòdet um aa vera mot andre
som me vil at dei skal vera mot oss o. dl. Dette
kom so godt fram, at det var visst mange – ein
og annan av dei unge "Bolsjevik"-studentarne
med – som forstod; det vart daa visst klappa
dugeleg. For meg, som kjenner Tanken fraa
<side nr=287>
baade Henry George, fraa "Samstyre"- og fraa
"Retisstatt"-Arbeide, var Foredrage reint gildt aa
høyre paa – han bør gjeva det ut –; og han
kritisera baade Høgre og Vinstre og sitt eige
(socialdemokratiske) Parti paa ein Maate som
viste, at han hev vunne seg ut or Partitræl-
domen, er likso fri som intelligent. Serleg sterk
var Kritiken hans yver Samfundsmoraliteten (som
preikar Næstekjærleik um Sundagen og elles driv
Partikrig); og naar Folke – etter hans Røynsle
– tenkte meir etiskt (kristelegt) her enn dei
politiske Førarane sine, so kann der vera noko i
det; iminsto hev det fyrr vore so – i Norig med.
Men Folke kjem meir og meir inn i Ufreden, det
òg: at Borgarkrigen dreg nedyver gjeld nok ikkje
berre for Overklassa.
– Ei diger russisk Bok hev eg pløgt igjenom:
"Antikrist eller Peter den store og Alexei" (Son
hans) av Meresjkovski. Det er eit svært Verk,
og godt fortalt; eg fylgde med lenge. Men etter-
kvart vert det noko mykje av russisk Halv- og
Heilvillskap og Draumsjuke; ut-imot Slutten
trøytna eg av. No etterpaa hev eg ein Usmak
av Russland og serleg Russehoffe som minner
meg um den Usmaken eg fekk av den engelske
Kongsgarden i Tridie Rikards Tid (Shakespeare);
og naar eg tenkjer paa, at slikt hev Folk funne
seg i, ja vore med paa, Gong paa Gong, Tid
etter Tid, og er med paa det enno, naar so fell,
– ja daa er det nok ikkje høgt med Trui mi
paa Mannaætti.
– Fraa Hulda høyrer me ingenting – anna
enn det vesle Breve, Tuften fekk eit Par Dagar
etter Avferdi. Me trøystar oss med, at var der
noko i Vegen, so fekk me nok vìta det; men
rart er det no.
<side nr=288>
4. 3. 19.
Etter eit 3 Dagars Osdskifte stend det no fast,
at me skal inn i Folkesambande. Og det er vel
det likaste, – serleg daa alle no – etter den
rett kraftige Opposisjonen som var komen upp –
veit, at dermed er ikkje Tusenaarsrike kome.
Dessutan er Verds-samfunde enno berre noko
ein kann "tru" paa. Amerika er eit stort Spurs-
maal; Russland og Tyskland kannhende eit endaa
større. Helst um Japan ein god Dag skulde finne
det klokt aa svikte. Men alt som gjerande er
vert gjort til aa faa Amerika med (og no, daa
Wilson frisknar til att, kunde det føre til ei og
onnor god Lemping i Sambandslovi?); daa vil
dei hine òg gaa med – for ei Stund iminsto.
Men endeleg "Fred paa Jordi" vinn ein ikkje
med slik ei Ovanpaa-"Reform"; Sjukdoms-Orsaki
sìt djupare.
– Fraa Hulda Brev. Ho (og Fernanda) bur i
eit rolegt Hotel like ved Brandenburger Thor og
hev eit stort og godt (men u-elda) Rom for 8 Kr.
Døgret; Middag fær dei (som greier seg godt)
paa ei Matstove nære ved for 2–3 Kr.; etter
Pengeverde der nede no er det utrulegt billegt.
Og Folke hev i visse Maatar havt godt av
Ulukka; "all Brauting er burtblaasi". Men og
det Live som viser seg er stuslegt og svært
"borgarlegt". Um Kvelden er Gatelive humør-
laust og fatigslegt; og alt Ljos vert sløkkt 1/2 11.
Dei hev set ein Film; den var beint ut "lider-
Lig". Wedekind vert spela paa tri av Teatri; tvo
av Stykki hans hev dei set; deim kaller ho "ud-
spekulerte og ublue, – pinlege". Hjaa Reinhardt
gjeng eit Stykke "Frøhlingserwachen" ; det vert
godt spéla; men sóme Scenur er leide: "brutalt
blir vi tat med ind i det mørkeste og vondeste i
ungt Menneskeliv". Eit Stykke, ho hev set,
"Erdgeist", var sovore at ho kjende seg som paa
<side nr=289>
eit Bordell. Og Teatri er stappfulle. Men ei
Trøyst er det, at gode Stykke, ja gamle klassiske,
like eins dreg ovfulle Hus (ho nemner "Danton",
av Rolland, paa Grosses Schauspielhaus). Ein
Hauptmannpremiére vil ho òg sjaa.
Dei er ofte i Lag med Brordotter mi, den
"diplomatiske" Sigrid. Sundag dreg Hulda (saman
med Øksnevadfolke) til Paris, – um ikkje den
franske Banestreiken skulde koma upp att.
– Eg arbeider med ei Bokmelding (Var·t·-
skuggsj·); men det gjeng smaatt.
Brev fraa Carl Lindhagen.
Stockholm den 12/3 1920.
Herr Arne Garborg.
Mycken tack för Edert ovøntade brev, vilket
som Ni kan förstå gjorde mig mycket glad. Med
detta föll øven min bekymrade förmodan, att
föredraget blev mindre njutbart, då jag i följd av
förkylning kønde mig ganska odisponerad.
Det uppmuntrar mig och styrker min förvis-
ning om de gamle sanningarnes odödlige mission,
att Ni, och just Ni – så oförbehållsamt tillegnat
Eder enabanda förtröstan.
Något referat av föredraget förekom icke i
nogon norsk tidning har man sagt mig och sjølv
har jag icke åstadkommit något. I svenska riks-
dagen har jag emellertid i år vøckt 34 motionar,
de flesta i aktuella dagspolitiske frågor, men några
i "humanistisk" syfte. På grund av Edert vøn-
liga intresse tillåter jag mig samtidigt sønda ett
exemplar av de senare.
Medutmørkt högaktning
Eder förbundne
Carl Lindhagen.
<side nr=290>
15. 3. 20.
Nord-Slesvig hev røysta seg attande til Dan-
mark att: med Mìdslesvig gjeng det vel hin
Vegen: Prøysseren er den same Brutalisten som
han hev vore, og hev bruka alle dei Fanteraaderne
han megtig var.
Og no hev me Motrevolusjon i Tyskland; det
er den prøyssiske Reaksjonen som er ute der
med. Men Sør-Tyskland gjer Motstand, og Re-
volusjonsregjeringi manar heile Arbeidsmagti fram
til Strid: kva Veg det bér er vel enno uvisst. –
Keisarvelde vaagar Motrevolusjonen ikkje aa
tenkja paa for Skuld Vestmagterne: det er alltid
ei Trøyst; og Arbeidarfolke freistar han aa vinne
ved Socialdemokratisme eit Stykke paa Veg; dess-
utan er det nok paa Voni, um Arbeidarane er
noko vidare glade i Erzbergerstyre (eller kva
Namne helst var); Motrevolusjonen er vel soleis
ikkje heilt vonlaus. – Eg for min Part hev elles
ikkje stor Tru til Socialdemokratarne heller.
– Hulda skriv fraa Paris. Det var enerverande
paa all Vis aa vera i Berlin no ("alle spaadde
Revolution inden Utgangen av Marts"); men sjølv-
sagt er ho glad for ho hev vore der nettupp i
denne Tidi. Sidan hev ho vore hjaa "Heinrich"
(i Beyenburg); der var det huglegt, endaa det –
med all Rikdom var knapt med Kosten. (Fernanda
var med, men vart liggjande sjuk; dei ræddast
for Spanska, men det hev vel berre vore Kjøld.)
VÍret var surt der nede no att, og det snødde,
so Marki laag kvit; for Hulda vart det verre
med Hosten att. I Köln fekk dei (ved Heinrich)
Hjelp hjaa den norske Konsulen, ein ovrik Mann
med livréklædd Privattenar; men den rike Mannen
kunde ikkje beda Framande til Middag (for "alles
war sehr knapp"); og i Hotelli var ingen Mat aa
faa, av di Klokka var yver 3, so alle Tenarar
var gjengne (dei hev fenge 8 Timars Arbeidsdag);
<side nr=291>
dei fekk klara seg med det vesle dei hadde fenge
med fraa Heinrich. I Paris bur ho hjaa Frk.
Krag, som ho kjenner her fraa Asker (ho var
Sjukerøktar her ifjor, daa Spanska herja); og der
hev ho det trygt og godt og søv veldigt (etter
den lange og mest svevnlause Ferdi); Lag hev
ho havt med Øksnevad- og Ristefolke. No ber
det til Montpellier; der er full Sumar, og der
møter ho Henny Holtsmark, som vil "fylgje henne
kor ho vil", til Baskarne med, um det læt seg
gjera; der er so herlegt der nede, segjer ho, at
ho hev aldri drøymt um slikt. – Der nede maa
Hosten gje seg; og der er vel Mat nok.
– Bondeungdomslage i Skien hev sendt meg
1000 Kr. til Takk for Odyssevskvæde og med
alle gode Ynskje; det er so reint uventa, og det
gjer meg so godt: men aa finne Ord til Svare
– – –
– Ferdug med "Indiaspegelen". Men so er
det endaa ei Bokmelding, og eit Par Jolestubbar,
– men inga Arbeidskraft . . .
– Fridtjof Øvrebø skriv og meiner me maa
kunna vaage paa med "Politik" II. Men dess-
verre: – naa, eg fær vel skrive til Nygaard og
høyre kva han meiner.
22. 3. 20.
Brev fraa Nygaard; han kann ikkje segja noko
visst um "Politik" I, fyrr i Juni-Juli, naar Upp-
gjerderne fraa Bokhandlarane kjem; men han tek
upp att det gamle: at Boki vart for stor (dyr), og
han slær paa, at næste Gong fær me freiste med
ei (høveleg stor) Samling literære Stykke o. dl.
Det hev eg daa skrìve til Øvrebø. Og so fær
eg tenkje paa den literære Samlingi daa! men
den politiske fær eg fullføre i Manuskript, um
det sidan skulde bli Bruk for ho.
<side nr=292>
– Brev fraa Mabel Johnson Loland, at, "D. b.
Faderen" er under Prenting og vil vera ferdug
snart; godt at det gjekk so vidt i Orden.
– Brevkort fraa Hulda (18/3): daa sat ho paa
Banegaarden i Tarascon og venta paa Tog, som
ho vona vilde føre henne til Montpellier; ho
hadde vore eit Døgr psa Reisi fraa Paris utan
Soveplass og reist tvo Gonger galen Veg (att og
fram); hu, at det skal gaa so vrangt daa. Men
VÍret var godt, og alt saag herlegt ut. Og no
maa ho daa endeleg vera framme og hev kvilt
seg godt ut, so næste Gong vonar eg alt er som
det skal vera. – Eg sender henne ein liten
Svarlapp saman med eit kort fraa "Finna"<fmark ind="1)">, som
nok tenkjer paa aa koma til Einundhytta att til
Sumars; det er fleire Aar sidan ho var der no.
– Sjølv driv eg paa med Aug. Schvans "Ret-
færdige Revolution"; Boki er god og grei, so det
kunde vera godt aa faa ein og annan til aa lesa
ho. – Ute er det fint og mildt, og Snøen tiner,
so eg ser alt bar Mark rundt ikring eitkvart
Tréet. Og det gjeng endeleg lettare med Arbeide.
– I Folke-sambande kjem Amerika i k k j e med.
– I Tyskland er det enno Kommunistbraak her
og der; men det gamle halv(?)-socialdemokratiske
Styre er ovanpaa att, og det fell paa nytt nokre Hovud.
– Her uppe hev "Unge Venstre" halde Aars-
møte, Norske ser dei ret til aa vera med heil
Hug, Fleirtale; og fram vil dei elles òg, maa ein
tru; dei hev i alle Fall sterke Ord mot dei gamle
som ikkje hev noko "Program"; men um dei
sjølve hev noko . . . . For det fysste vart det til
det, at dei skulde sende ei Spyrjeliste ut-yver
Lande og sjaa, um dei der kunde finne noko aa
vilja. – Slikt kallar d e i aa vera unge og "Vinstre",
Stakkar.
<fnote ind="1)">Bilæthoggar fru Augusta Finne Berg, no busett i
Danmark. H. G.</fnote>
<side nr=293>
27. 3. 20.
Etter "Den lige Vei" hev det ugreie Zahle-
ministerie (i dette Tilfelle Edv. Brandes og Ove
Rode) endeleg kome med det lenge lova og Gong
paa Gong utsette Framlegge um Grunnskyld. Det
hev ymse Lyte, men er Stykkevis rett godt, so
at kann det bli vedteke og sidan etterkvart retta
og fullført, so kann Schvan endaa faa Rett i si
– for meg uventande – Tru paa Danmark.
Men enno er alt uvisst; – "me fær sjaa". Men
ein Stubb um Framlegge skal eg sjaa aa faa inn
i "D. 17de"; det er mange som hev godt av aa
faa ei Meining um, at me norske i k k j e lenger
er millom dei fysste i Politiken, dessverre.
– Presten Homme var her igaar med eit
Stykke, som han vil faa inn i danske Blad, med
Krav til Danskarne um aa godkjenne Norigs Rett
til aa nyreise Bokmaale sitt. Stykke var i det
heile godt skrive og hadde alt fleire Underskrifter;
og eg skreiv under, eg med; um det væl ikkje
vil hjelpe stort – Danmark er i slike Ting eit
godt lite Prøyssen –, so er det paa Tidi no, at
det Orde fraa norsk Side vert sagt.
– Ei Pakke georgistiske Smaaskrifter (og mitt
eige Hefte um Folkestyre og Partistyre) er sendt
meg fraa Danmark uten Upplysning um, kven
som hev sendt det. Naa; det kjem vel Brev
sidan, kann eg tru.
– Det held paa med Uro i Tyskland, serleg
i Berlin. Det skal vera nyt motrevolusjonært
Kupp i Vente fraa Bakstrævssida; "raudt" Braak
held det òg paa med. Og igaar gjekk heile Re-
gjeringi; no er det ein heilt ny Fyr – med det
ikkje nye Namne Møller – som skal skipa Riks-
styre, lydest det. Samstundes vert det fortalt, at
Bolsjevismen er i sterk Framgang, og at ein kann
vente "raudt Brorskap" millom Tyskland og Russ-
land, um Fredstraktaten ikkje vert revidera. Osfr.
<side nr=294>
– Fraa England vert det fortalt um veldigt ny-
vaknande Spiritisme etter Krigen. øtti hev Ingen-
ting lært og Ingenting gløymt.
– Hev set igjenom ei av Tor Flatins "Gamalt"-
Samlingar fraa Numedal. D' er kje noko sers
rart korkje med Maale eller med Formingi; men
ein ser at dei hev vore heilt med i den gamle
Folkekulturen, Numedølerne med.
– Kort fraa Hulda (Montpellier 17/3); ho er
daa framkomi. Ho hadde vorte klein i Paris og
skunda seg daa sør-yver; men ho hev funne
Vinter der med: "Folk gaar i svære Pelse".
Lenge kann elles ikkje dette vara; dei vonar
paa Morgondagen. Og etter det Tuften fortalde
igaar er det kome Telegram fraa Frk. Holtsmark
til ein Bror hennar inn-i Byen at dei daa alt var
paa Pyrenæ-Ferd.
– I Dag ferdug med "Den retfærdige Re-
volution".
30. 3. 20.
Danskekongen hev sett Riksraade sitt paa Porten.
Og det paa heilt uparlamentarisk Maate. Det er
Slesvig-Spursmaale som hev velt Vogni.
No vert det Høgreministerium. Og vill Strid;
Socialdemokratarne lovar jamvel Aalmannstreik.
Dei nye Vali vert vel reaksjonære – "nasjonale"
– helst. Det peikar galne Vegen for Danmark,
dette. Men kann snu seg enno, vel?
– Eg fær sjaa aa faa stelt litt paa Slutten av
Stykke um "Den retfærdige Revolution".
I Tyskland er Leidi socialdemokratisk att, –
med Strid millom dei tri Flokkarne. England
hev sin irske Sjuke – og Striden millom Lloyd
George og Asquith.
<side nr=295>
3. 4. 20.
Telefonbòd kjem, at Inge Garborg, Brorson
min, er daaen, – fròsen ihel upp-ved Finse, der
han var paa Paasketur, det er meg likso utrulegt
som uhuglegt.
(Seinare.) Bladi melder, at det nok er altfor
sant. Eit Lag paa 15 Mann drog yver Hardang-
jøkelen (til Demmevasshøgdi); uppaa Jøkelen fekk
dei Snøstorm og laut snu; 3 av deim, "Grosserar
Garborg", ein ung Løytnant (Karl Uchermann,
Son av Maalaren) og ein 15 Aars Gut kom burt
fraa dei andre og v a r t burte; Kvelden etter vart
dei funne ikkje langt fra Demmevatshytta; Inge
var fallen utfor eit Stup so ein 100 Meter fraa
Hytta. Kona hans og den vesle Dotteri var med
der uppe; ein syrgjeleg Lysttur vart dette for
deim.
Men er det sant, so minkar det stygt med
Brorsonflokken min: tri burte og berre ein att;
og denne eine hev mykje som minner meg um
han Farbror Ola og kann visst godt bli Sveinkall
liksom han; – veik Vokster er det paa øtti
vaar. Og det som er att av ho er spreidt vidan
um i Verdi; eg minnest so ofte den Draumen
hans Far, som tyngde 'n meir enn eg daa skyna:
at "øtti hans skulde døy".
– Fraa Hulda Brev med Skildringar fraa
Pays Basque, det franske og det spanske og fraa
Ferder i Sudfrankrike, millom Vinrankar og blø-
mande Orangetre og med snøkvite Pyrenæryggjer
paa Sørsida. Breve er datera Saint Jean de Luz
"i Hjertet av pays basque"; ho er nettupp attkomi
fraa ein Biltur inn i Pyrenæarfjelli, der ho hev
set paa eit Par Baskar-Landsbyar – vælstelte og
ikkje so skitne som dei franske –; "nydelige Men-
nesker; Naturen paradisisk. Dei gamle kann lite
Franskt, men dei unge lærer Fransk i Skularne
og "arbeider ikkje lenger paa aa halde uppe sin
<side nr=296>
Nationalitet". – Ho hadde der for fysste Gong
eit heilt godt Hotelrom, "med Bad osv."; og like
utanfor Vindauga rulla Biskayabaarurne mot ei lang
Strand; Lufti "ren og deilig". Dagen etter skulde
ho saa yver Grensa til spansk Biskaya (St. Seba-
stian).– I Saint Jean de Liaz "tjukt med kjedelige
Englændere". – Henny Holtsmark var med. Men
i det alra siste hev det vore so surkaldt der nede,
ho hev gjeve upp Baskardraumarne; no er ho i
Paris og tenkjer paa Heimferd; og det er hyggje-
legt for oss. Og so fær ho freiste med norsk (Sjø-
og) Fjell-Luft til Helsebot for Bringa.
– Ute er Lufti graaleg-ljos og mild, med
Kvitring av Fugl, med Bekkjesus, med meir og
meir snøberrt og med fælt Føre; men det vaarar
Dag for Dag, so me kann visst snart segja Far-
væl til heile Vinteren. – Men so vert det vel
Likferd? – Undrast paa, kóss Mori greier denne
nye Støyten?
6. 4. 20.
Danmark hev fenge eit nytt Forretningsmini-
sterium (Friis i Staden for det 8 Dagar gamle
Liebe); dermed er Generalstreiken avblaasen og
alt i Orden, – korleis det no kann ha seg.
Kannhende Arbeidarane er nøgde berre med den
Ting, at dei hev tvinga Kongen til aa byte Per-
sonar i Statsraade sitt? – Det visse er, at med
eit Generalstreik-Trugsmaal hev dei skaffa Lande
ei ny Regjering, so no veit dei, at det er d e i
som styrer Lande, berre dei held ihop; men um
eit Tvangs- og Standsstyre nedanfraa vert betre
enn det gamle ovanfraa, det er nok uvisst.
– Ugreie millom Frankrike og Tyskland i eit
Serspursmaal (vedkomande Ruhr-Distrikte; Tysk-
land er som vanlig ikkje aa tru); Sinn-Feinarne
held uppe Staake i Irland og vil ha irsk Repu-
<side nr=297>
blik, men kjem vel ingen Veg med Valds- og
Brotsraaderne sine; Persia og Bolsjevik-Russland
slær Lag; – all Stad Røre, ingenstad noko aa
tru paa.
– Inge Garborg skal aat Krematorie i Dag;
Tuften møter upp og "repræsenterar Familja". –
Nærare Upplysningar i Dag um Ulukka: den 15-
Aars Son aat Generaldirektør Wessel var sakka
atterut; Inge og Løytnanten (Uchermann, Son av
Maalaren) høyrde han ropa "Far, Far" og snudde
og vilde hjelpe; med ein Gong saag dei Stormen
drive 'n burt yver Snøen, og burte for deim vart
han; dei leita eit Bìl og kom daa burt fraa kvar-
andre og fraa Flokken; og no hev det nok vore
at Inge datt utfor Stupe (og kom ned paa ein
slik Maate at Nakken brotna, so alt var med ein
Gong Slutt).
– I Dag kann "T. T." fortelja at Fernanda
Nissen er daai (i Beyenburg hjaa Erfurt). Eg
hadde livt meg inn i den Trui, at ho var frisk
att no, sidan me Inkje høyrde; men det hev vel
kome eit Attertak. – Sæle dei som slepp!
12. 4. 20
2 Breve fraa Hulda (Beyenburg). 1ste Paaske-
dags Kvelden Kl. 10 møtte Heinrich henne i
Barmen (hadde ikkje kunna koma fyrr, daa ein
av del revolusjonære Flokkarne hadde "rekvirera"
den vesle Bilen hans – liksom den store fyrr
var rekvirera til Krigen –; det er i det heile
lystigt der nede; ein annan Flokk kom ein annan
Dag og rekvirera det han hadde av Vaapn; og
daa han spurde um dei hadde Fullmakt fraa
nokon, so svara dei "Nei; men me hev gode
Børsur". I Lag med Heinrich gjekk ho daa upp
paa det Sjukehuse, der Fernanda hadde lege dei
<side nr=298>
siste 14 Dagarne – eit godt og vælstelt Sjuke-
hus –; der saag ho Rome hennar og tala med
Lækjaren og fekk sjaa henne; ho var "lite for-
andret, – vakker, med et viljefast, bestemt Ud-
tryk". Det var Hjarta, som slog Klikk; alt til
um Langfredagen saag det ut til, at ho skulde
greie det. Etterpaa var dei ute og tinga Kistur
(Zinkkiste og Utanpaakiste av Eik) og tinga Grav
(i Unter-Barmen); ho hadde ynskt aa bli jordfest
der nede; hadde ikkje vilja bli "sendt rundt i
Verden". Um alt dette skreiv Hulda til Helge
Holst, Son hennar; men han telegrafera, at ho
nok helst hadde ynskt aa bli brend, og at Oska
daa kunde bli heimsend. Og sidan "strøymde
det inn" med Telegram fraa Norig um Brenning
og Heimsending. Daa det so viste seg, at dette
lét seg gjera, vart det so stelt (Heinrich hev vore
"storartet" i alle Maatar, baade no og mot Fer-
nanda sjølv, som han hadde vorte "saa glad i");
Oskekrukka skal Hulda taka med heim. Ho ventar
aa faa Fylgje med Sigrid Garborg, som og skal
heim (til Likferdi aat Bror sin; Finse-Ulukka
hev gjort eit sterkt Inntrykk der nede med, som
ventande var). Hulda er daa snart ventande;
"gid vi saa sandt aldrig var reist!" skriv ho.
Godt skal det òg bli aa vìta henne væl ute av
all den Uhugnaden og Utrygdi; Telegram bør
vera ventande med det alra fysste.
Og andre Breve sluttar som det fysste byrja:
med Bilæte fraa Lovløysa der nede. Gateslusk
fartar ikring med Gatetausar som spelar "Raude-
kross-systrar" og er inne allstad og "rekvirerar"
til "dei særde"; og ingen torer segja Nei; Bandit-
"Vakti" stend utanfyre veit dei; – "fæle Til-
stande".
Huff ja, Og kor lenge skal det halde paa, tru?
Det kann vel ikkje vera den endelege europæiske
Uppløysningsprocessen som alt er i Gang?
<side nr=299>
Millom England og Frankrike hev det sétt
heller graavore ut etter dei siste Hendingarne i
Ruhrdistrikte; men Franskmennerne (som nok
skynar at dei hev forrennt seg) tek det so lem-
pelegt at det lagar seg vel.
– Etter eit Par straalande Soldagar Regnrusk
og surt att. Men Vaaren er i god Framgang;
det meste av Vollarne er snøfritt, og Seljurne
tek til aa grønkast. Og av Bladi ser eg, at paa
Jæren (og fleire Stader vestpaa) er dei i fullt
Arbeid med Vaarvinna. Elles er det Nedgang i
dei (syrgjelege) "gode Tiderne", so Tollkrav og
annan Villskap tek til aa vakne att millom Smaa-
bønderne med; men kva er her aa segja? Sam-
funde fær bøte for Synderne og Faavite sitt, til
dess det lærer, eller til dess det spelar upp.
Brev fraa Hulda Garborg.
Beyenburg 3die Paaskedag 1920.
Kjære Garborg!
Som du alt vet av mit kort fra Cöln kom jeg
forsent til at træffe Fernanda ilive; hun døde om
natten, mens jeg sat paa toget fra Paris. En
frygtelig reise – – –
– Heinrich møtte mig i Barmen kl. 10 om
kvelden i øsende regnveir første paaskedag, og vi
blev paa hotel derinde til igaar. Sov paa gamle
damaskesduker. Det er 10 km. fra Barmen til
Heinrichs hjem, og nu har de revolutionære
bander været her og "rekvirert" den lille bilen,
som han har hat til personlig bruk efterat den
store blev tat til krigen. Saa det er meget be-
sværlig for ham. En bande paa 8 mand, be-
væbnet med bøsser, kom en anden dag og for-
langte hans vaaben. Han forhandlet med dem
<side nr=300>
– ubevæbnet paa trappen – og to mand fik
komme ind og undersøke huset. De gik igjen
med hans to jagtgeværer. Heinrich spurte om
de hadde nogen bemyndigelse fra nogen. "Nei,"
sa de, "men vi har gode bøsser." Nu har han
klaget og faat geværene igjen. Men her er ikke
hyggelig – han bor jo alene her med to piker
nu. –
Igaar gik vi da op paa det store hospital, hvor
Fernanda laa de sidste 14 dage – et av de
peneste og bedst indrettede nye sykehus i Tysk-
land. Jeg saa hendes værelse, snakket med lægen
og saa hende. Hun var saa litet forandret –
vakker, – med et viljefast, bestemt uttryk.
Saa gik vi ut og bestilte kister, zinkkiste og
en av umalt eketræ, og ellers alt fornødent.
Reiste saa herut ved middagstider i vogn med to
hester for atter i øsende regn.
– Igaar efterm. skrev jeg da utførlig til Helge
om alt og sendte de linjer hun hadde diktert Er-
furt, bl. a. om at hun vilde begraves hernede og
"ikke sendes rundt i verden". Idag telegram fra
Helge. Han mener, at hun helst ønsket at brændes,
og at asken da kunde sendes hjem.
Men her er ikke noget krematorium, og Hein-
rich undersøker nu, om en utlænding kan bli
brændt i H a g e n, en by ikke svært langt herfra.
Nu faar vi da se. Ellers maa vi begrave hende
i Barmen, senest Fredag. Jeg er saa spændt
paa, om ikke hendes bror eller nogen anden for-
søker at komme herned. Hvis ikke blir hendes
følge ikke stort – Heinrich og jeg. For mig
vilde det ha været mindre vondt, om jeg kunde
faat hende med hjem; dette er saa usigelig trist
og fattig. – Hun fik armene fulde av forglem-
migei og hvite syrener igaar, og idag sender
Heinrich sit norske flagg ind til at sætte kisten
paa i kapellet.
<side nr=301>
Saasnart alt er over reiser jeg hjem hurtigst
mulig – var vi saa sandt aldrig reist!
Heinrich har været storartet, besøkt hende hver
dag trods den lange vei, og han blev saa glad i
hende. Det var hjertet, som slog feil; det andet
var over, og like til langfredag trodde de hun
skulde klare det. Ja, nu faar jeg slutte idag –
gud give dere var friske?
Din Hulda.
Brev fraa Hulda Garborg.
Beyenburg 8/4 1920.
Kjære dig!
Nu har jeg set Fernande to ganger, siste gang
igaar, før kisten blev loddet. Og Heinrich og
jeg var paa den vakre kirkegaard i Unter-Barmen
og kjøpte et stort gravsted. Begravelsen bestemte
vi til imorgen kl. 3.
Men nu strømmer telegrammer ind fra Norge
om brænding og hjemsending. Arbeiderpartiet
vil ta begravelsen, o. s. v. Hendes ønske de siste
dage var at begraves hernede; hun vilde "ikke
sendes rundt i verden". Men vi maa respektere
Helges<fmark ind="1)"> ønske. Nu ser det ogsaa ut til at vi
kan faa benytte krematoriet i H a g e n, en times
vei med jernbane herfra. Jeg tar da, efter Helges
anmodning, asken med hjem. Forfærdelig alt-
sammen – –
Vi venter nu paa advokat Bonnevie fra det
norske gesandtskap i Berlin; han blir da med,
og det blir nok ikke større følge end vi tre.
Heinrich har været, og er storartet. –
H a g e n er paa veien til Berlin, og sandsyn-
ligvis blir Bonnevie og jeg da der om natten og
fortsætter næste morgen. –
<fnote ind="1)"> Helge Holst, fru Nissens søn.</fnote>
<side nr=302>
– Igaar var vi i Barmen altsaa, og der saa
vi litt av de fra Essen hjemvandrende røde
tropper utenfor byen. Her, like forbi huset, gik
igaarmorges en flok paa 2–300. Ganske unge
mennesker, bevæbnet med geværer. I en bu-
tik saa vi en gatejente med to slusker, hvorav
den ene var saaret. Hun kjøpte hvidt skaut og
armbind – skulde optræde som Røde-korssøster.
D. v. s. gaa ind i husene og forretninger og "re-
kvirere" til "de saarede". Ingen tør negte dem,
for de har sin vagt utenfor. Fæle tilstande.
Fernanda fik da opleve revolution, som hun
ønsket – men derom siden. Og saa paa gjen-
syn s n a r t.
Din Hulda.
15. 4. 20.
Hulda kom heim att i Dag; 7 Vìkur hev ho
vore burte.
Og stort var det for henne aa koma inn i eit
reint og velstelt Hus att, – umframt Hyggja ved
at det var heime! Fælt mykje Skìtenskap og
Vannstell er der mest allstad der ute no, og det
i sjølve det reglementrette Tyskland. Mykje verre
er det enn me tenkjer; og dertil kjem Matløyse
og Ugreie i alt, og eì Modløyse som det ikkje
vert lett aa vinne yver att. Men midt i all Raad-
løyse ein einaste heit Vilje og Tanke: væpne seg
til næste Krig! – Grenselaust veks Hat og Hemn-
hug. Og so serleg all "Bolsjevik"-Villska i Tysk-
land (ikkje minst Prøyssen); ingenstad er ein
trygg, og ingenting kann ein vita. Dei verste
Bandittar med sine Kvende stryk ikring og "re-
kvirerar" i Staden for, som det fyrr heitte, aa
røve; og Embættsmagti – som er like gløgg og
streng i si Protokolførsle – læt dette Banditt-
live ganz ruhig passieren; før was ist zu thun?
<side nr=303>
– Men "Arbeidar"-flokkarne, dei som liksom
skal "repræsentere Framtidi", eig ikkje anna
"Program" enn "Proletar-Diktature" dvs. aalmenn
Plundring. Elles er det ingen som veit noko aa
vilja eller aa vone paa; – utan Reaksjonistarne,
som vil tilbake til det gamle – og til ein ny
Krig, Stakkar.
Jamvel so stø og roleg ein Mann som Hein-
rich Erfurt ser ingenting lenger som han kann
tru paa; det er Uraad aa segja kva Veg det ber.
Og Frankrike er berre Nervøsitet; det ser ein
daa òg av Politiken der i det seinste.
Det var godt aa koma so langt som til Fredriks-
hald og faa ein Kopp skikkeleg Kaffi! Og ærleg
Mat! Ein tysk Løytnant som var med – han
skal til Norig og rette paa Helsa si – song upp
um, at no vilde han aldri til Tyskland meir. Me
hev nok havt eit og anna aa staa i, me òg, og
verre vert det vel, høyrest det ut for; men
Sanningi er nok endaa den, at me "veit ikkje
kor godt me hev havt det".
– Anders Hovden fyllte sine 60 for eit Par
Dagar sidan, og han fekk rett mange fagre Aar-
maalshelsingar, i Bladi med. Og er han Førar
for mange, so vert han det for fleire og fleire,
etterkvart som Reaksjonen styrkjest og Presten i
'n fær Magti. Men endaa vert han mykje betre
enn andre, me fær; Peter Hognestad vert ein av
dei leidaste: hev alt vaaga seg fram med Helvìte
og Fanden, som han fyrr tagde rett fint med.
Men Folke, Stakkar, hev nok Bruk for dei
Magterne!
– Prentrettingsark 10 av "Haugtussa" lese
og sendt, so no er det att berre eit Par Ark;
men so syrgjeleg seint som det gjeng, kjem ikkje
det nye Upplage ut i Vaar heller.
– llte Ark nettupp kome; tru det er Meiningi
at dei vil spenne i likevæl!
<side nr=304>
Det tek eg elles rolegt. Poeten i meg er ferdug,
aa kalle for; og anna Arbeid vert det ikkje heller
mykje av; det minkar med Arbeidskrafti – og
endaa meir med Trui. Eg fær sjaa aa faa ut eit
Par Band til med Blad- og Tidskriftstykke – og
so eit "Utsyn", kannhende –; stort meir vert
det knapt. Men meir og meir pinefullt vert det
aa lìva "paa Kassa". Stundom undrast eg paa,
um eg skulde søkje ein Ekstraskrivarpost; men
so er det det, at der er vel meir enn nok av
Søkjarar, so at um der var ein Statsraad som
vilde unne meg ein slik Post, so kom eg berre
i Vegen for ein av "dei unge". (Og so er der
vel Aldergrense, der med!) Eg fær daa lata det
skure som fyrr: spenne i best det eg vinn so
lenge eg kann og elles stole paa, at eg vel ikkje
kann verte noko gamall.
25. 4. 20.
I Dag var me i Byen, i "Folkets Hus"
(huff), og var med i Minnefesten etter Fernanda
Nissen. Det vart ein Storfest – ikring 600
Menneskje, eit Hav av Blomar og ei lang Rad
Talur –, visseleg utan Samanlikning den største
Kvinne-Likferdi, det nokon Gong hev vore i Norig.
Og sterkt kom det fram, kor merkeleg mykje
ho hev vore for reint utrulegt mange; det var
ikkje Ende paa alle dei Arbeidar- og Kvinnelag
som sende Kransar og i sterke Ord priste hennar
gode Vilje og varme Hjartelag og klaare Syn;
Helsingar fraa Sverig og Danmark kom det med;
ja fraa russiske Bolsjevikar (upp-i Finnmarki, –
ved Tranmæl), liksom der var Helsingar og Blomar
fraa Bladverdi, Kunst- og serleg Teaterverdi osfr.
og fraa private Kjenningar (Hulda o. fl.); og en-
daa fekk me sidan høyre, at det var kome Mengd
<side nr=305>
som Kransar og Blomebundtar som ikkje kunde
bli borne inn, av di Rome var fullt og av di Festen
ikkje kunde bli altfor lang. Mykje meir hev ho
vore enn eg visste um, men alt paa ein so intelli-
gent Maate, at Bilæte hennar for meg berre voks;
der kom inga falsk Line inn i det. – Etter
Festen var me i Middag hjaa Riksraad Berg,
der rett mange av hennar beste Véner av In-
telligensen møtte (Talur av Verten, av Bank-
chef, fyrrverande Tingmannen Horst og Frue
("Pylle", den eldste av Venekrinsen hennar),
Barbra Ring o. fl., med ei g o d Svartale av Son
hennar, unge Holst; ved Kaffin samla alle seg
um Hulda, som fortalde fraa den siste Ferdi
hennar, og fortalde godt, so trøytt som ho var
(ho hev havt stride 6 Vikur no, so det er godt,
at ho endeleg heilt kjem i Ro att). Det vart i
det heile ein sann Festdag, visst den mest heilt
og sant stemningsfulle, eg hev vore med paa; og
hev eg fyrr vore glad ved aa kjenne Fernanda –
baade T h o m e s e n og H o l s t (fraa den fysste
Forlovings- og sidan fraa Dagbladtidi) og N i s s e n
–, um alltid mest fraa Literatur- og Teaterinteresse-
sida, so er eg det ikkje mindre no, daa ho hev
fenge meir heilt Samanheng for meg. – Det
som drap henne var eit Hjartetilfelle (etter ein
Lungebrand, som i seg sjølv var linn); ho var
elles berre glad ved aa faa sleppe. Presten av-
viste ho med full Ro. –
– Med Arbeide gjeng det skralt. Eg hev tri
Bladstykke under Hendar; um noko av deim vert
ferdugt . . . . fær me sjaa. Um "Den burtkomne
Faderen" i Amerika høyrer eg Inkje meir.
Vaaren er i Framgang. Men Regn, Regn, Regn
– – Og surkaldt.
<side nr=306>
29. 4. 20.
I Danmark hev (det moderate) Vinstre vunne.
Det er eit Atterstìg i Staden for Framstìg; Or-
saki er vel fysst og fremst Slesvig-Staake. Noko
aa venta er det daa ikkje fraa Danmark heller;
men ein fær tru so godt ein kann paa deim som
spaar, at dette Atterslage ikkje kann vara lenge.
I det heile er her for det fysste ikkje anna aa
gjera enn aa legje seg til og suge paa Labben.
Det aalmenne Atter-Straumdrage i Lag med Krigs-
og Umveltingsreaksjonen og jamt veksande øko-
nomisk Nedgang vil skapa ei god Tid for Prestar
og Daudepreikarar og i det heile Skuming og
Modløyse; sidan – so "fær me no sjaa daa";
det visse er, at Tidi eig ikkje ein einaste M a n n.
– Fraa Ananda Acharya Brev um ei ny Bok,
han arbeider med, og som han vil hava meg til
aa umsetja. Men no fær eg nok berre sjaa, um
eg kann bli ferdug med mine eigne Smaating, –
"Utsyn" og eit Par Samlingar.
– Han Ivar, den einaste etterlìvande av
Sønerne aat Bror Jon, er her i Dag; han fortél,
at han paa gode Vilkòr hev fenge selt Forret-
ningi aat Inge, fraafallne Bror hans, so at dei
Etterlìvande, baade Mor og Kona hans Inge, vil
vera berga.
– Brev fraa Homme um eit "Brev til Det
danske Folket" (vedkomande Norskdom og Nordisk-
dom), som han hev sendt meg til Um- og Under-
skriving: me maa vente med aa sende det, skriv
han, til dess Slesvig-saki er heilt avgjord der
nede. Det er rett nok. Men um det i det heile
kann nytte noko aa sende eit slikt Brev til
Danskarne, – det er meir enn eg kann segia.
– Regn, Regn: graatt, graatt . . . . Men enno
kann aarsvonerne vera like gode, skriv ein Jord-
brukskunnig i eit Blad i Dag.
<side nr=307>
6. 5. 20.
Fru Christiane Schjøtt var her ute i Dag. Ho
hev vore burte lenge, fysst i Nidaros hjaa ei
Syster, sidan i Kongsvinger hjaa ein Son; no
vilde ho nok helst flytja til Oslo, der ho hev
baade ein Son og ei Dotter; men Husrom og
Prisar.... – For det fysste lyt ho slaa seg til
Ro burtved Stabekk, der elles Sonen òg skal bu
no; det er ei stor Hjelp. Men Pensjonsspurs-
maale er enno ikkje avgjort, og mykje Tru hev
ho ikkje paa Tinge; det hev ikkje eg heller, men
trøysta henne best eg kunde. Og kven veit? –
Schjøtt gjorde Ordboksarbeide sitt so billegt, at
finst det Skam i dette Stakkars "Stortinge", so
læt det Enkja faa hava den vesle Overlærarløni
dei Aari ho enno kann liva. Men no hev dei
"Tiderne" aa orsaka seg med, so der er Inkje
aa tru.
– Anton Aure hev sent meg Serprent av 25-
Aars-Utsyne sitt yver "Syn og Segn". Han skriv
svært godt, den Mannen, og Stykke er meir inn-
haldsrikt enn eg fysste Gongen lagde Merke til.
Dessverre; – trass i alt det gode Arbeide som
er gjort laut "S. og S." no sist ut med Tiggar-
posen; det er vel "Tiderne" att. Uhuglegt, at
naar det er gode Tider, – um dei er aldri so
storgode, so er dei aldri gode for den norske
Saki. Anna enn stundom "rett gode" eller "ikkje
so verst". Og Tiderne vert nok ikkje betre enno
paa lenge. No vert det endaa spaatt nytt Stats-
tilsyn med sjølve Matstelle; Bønder som Arbeidarar
held i Storlandi paa med Revolusjon, og Jordi fær
sove; dermed lyt Staten spara, daa Folk sjølve
ikkje kann; og kven kann i slike Tider tenkje
paa Kulturspursmaal?
– Igaar var me i Middag hjaa Rosenkrantz
Johnsen og den nye Fru R. J.; det var so halvt
ei Uppfrisking av gamle Dagar. R. J. held seg
<side nr=308>
merkeleg godt; men han er godt gift med, so
han tarv ikkje fortaka seg, og hyggjelegt hev dei
det baae tvo, etter alt det me kunde skyna. Me
hadde ei fredeleg Stund i dette rolege Huse.
Men Hulda forkjølte seg paa Ferdi og fekk eit
nytt og rett leidt Aatak av den "3 Dagars Halse-
sjuken" eller kva det er ho hev aa dragast med.
No hev ho lagt seg og vil liggje eit Par Dagar
og freista aa sveitte Sjukdomen ut; gjev ho kunde
koma til full Kraft att.
– Fraa Elevlage paa Sæ(hei)m S m a a b r u k a r-
l æ r a r s k u l e er det kome Spursmaal um Fore-
drag. Og det um 8 Dagar. Kann eg paa nokon
Maate greie det, tru? – Og det krevst "Svar
straks". Det lyt bli Nei, veit eg, um eg helst
vilde svara Ja; Tidi er knapp, og eg er halvt-
um-halvt Tenestgjente, ettersom Ingeborg Vangen
er reist og Hulda ikkje i desse Dagar kann "gaa
i Huse". Dertil er Lufti myrk og Temperaturen
raakald; eg kann ikkje koma i Arbeidslag. Og
Gudarne skal vìta, at det er ikkje rart med den
aandelege Temperaturen heller.
8. 5. 20.
Raakaldt og Regn. Men Skogen og Jordi
grønkar, so det vert vel Vaar denne Gongen
med.
Hulda er uppe att. Og um ho ikkje er fullt
i Stand, so er Framgangsvonerne gode, – um
ho ikkje forkjøler seg att.
Med Foredrage gjeng eg i Gang lell; Smaa-
brukarrørsla skulde vera ei Von liksom. Elles
er det svært lite aa halde seg til; Folke er
Smale utan Gjætarar og ettersett av ymis Smaa-
varg, som vilde vera aa læ aat, – um her
ikkje var so gjætarlaust; alt gjeng paa eit Raam,
<side nr=309>
og anna enn Vanskar er visst ikkje aa sjaa eller
anna enn Varsleróp aa høyre. Europa ligg som
svimeslege; sjølve Revolusjonarne dovnar av, daa
det ikkje er stort meir aa røve, eller stort fleire
Varp aa gjera av noko Slag; venteleg glid det
inn i dei gamle Spori att, av di det ingenstad
finst Menn som duger til aa vise ny Veg. Det
einaste nye vert vel ein ny Krig, naar det lid
paa. – Danmark hev fenge eit nytt Styre, som
Ingenting vil – utan dette eine aa freiste med
aa faa Tak paa noko meir av Slesvig; men no
sender Tyskland òg sine Sakførarar til Paris, so
det vert berre eit Grand nytt Krangel og sidan
endaa ei ny dansk Regjering, elles vel fysst en-
daa eit nytt Val.
– Her paa Labraaten skulde eitt og anna
Arbeid (med Husi: Maaling o. a.) vera gjort; like
eins skulde Huse hennar Hulda uppi Straalsjø-
aasen bli sett i Stand; men alt stansar paa, at
der ingenstad er Arbeidsfolk aa faa, anna enn (kann-
hende) slike som me kjenner so vidt no, at me ikkje
vil hava noko med deim aa gjera. Alt som ikkje
kann "liva av sine Pengar" vil til Byn: paa
Kantor eller i Fabrik, eller um dei lyt inn i eit
Handverk; paa Lande vert det meir og meir som
i gamle Dagar: at den som vil lìva der maa
kunna vera sin eigen baade Jordbrukar og Hand-
verkar. Men den som er uppvaksen i mi Tid
og er utan Naturgaavur i Handverksfage, – han
maa til Byen; og skal han greie seg der, maa
han vera rik; kva Veg det skal bera med oss
skynar me mindre og mindre.
I slike raadlause Tider slær Folk seg meir og
meir paa religiøs Drøyming; der er ymis Teosofi,
ikkje lite Spiritisme, og sjølvsagt ei Mengd med
Pietistar og Kyrkjetruande. Søme av desse
siste freistar for Skam Skuld aa sjaa noko meir
eller mindre sjølvstendege ut; ein slik er no ute
<side nr=310>
i Gula, der han syng upp med noko som skal
vera heilt kristelegt. Men rett som det er les
han upp den vanlege Paulus-Lutherske Leksa.
Samanhengslaust vert det daa. Og kraftlaust med
alle Knottingar i Borde. Elles skriv han godt;
kannhende kann han etterkvart arbeide seg fram
til noko heilt endaa? – Elles er det ynkeleg
lite aa sjaa, som gjev Von. Oftare og oftare sig
den Tanken inn-yver meg: at det norske Folke
– m i t t norske Folk – hev gjort sine siste Par
Sprett no: i Politiken og i Maalsaki; men ingen-
stad hadde det Kraft til aa gjenomføre noko heilt;
og no sét det seg meir og meir til aa syngje paa
siste Verse.
Men so trøyster eg meg med, at eg er gamall og
tek til aa sjaa svart. Og at Nedgangstider er det
i alle Folks Liv: naudsynlege Kviletider. I alle
Tilfelle: det er meiningslaust aa syte for Ting
som eg ikkje kann gjera noko ved. Kvile fær
eg elles jamvæl paa myrke Dagar, naar eg er
ute og høgg Ved, eller ute og gjeng, eller eg fær
Tak paa ei Bok som ligg langt utanfor mitt Ar-
beid, – som no sist den vesle gilde Boki av
Ernst Høckel: "Die Natur als Kønstlerin"; – det
er ei Bok som fører ut paa større og friare Vidder.
14. 5. 20.
Paa Smaabrukslærarskulen – der eg preika
igaarkveld – er det Elevar fraa Vestland og
Norrland, men ikkje fraa Austlande (Austlande
søkjer sjølvsagt berre "Landbrukshøiskolen"); –
men Smaabrukslærarskulen maa liggje paa Aust-
lande (og nære Xia!) likevæl.
– Hulda er ikkje sterk enno. Igaar hadde
ho ei Svimingsrid, som endeleg skræmde henne
til Doktoren. Der fekk ho strengt Paalegg um
<side nr=311>
aa liggje minst 2 Maanader tilfjells og kvile,
kvile, kvile; meir vart ikkje sagt. Og me fær
daa tru, at det berre er Kvile som trengst. –
Naar ho berre k u n d e kvile!
16. 5. 20.
Etter ei lang GraavÍrstid med mykje Regn
synest det endeleg vilja klaarne upp; og det
var nok ikkje for tidlegt. Elles synes alt aa spaa
godt; i alle Fall er det "Mai Kulde", so det er
berre so vidt me greier oss utan Omnsvarme
(kaldast inni Hus). Ute grønkar og sprett det
(smaatt um Senn); Blaaveis og i det seinste
Kvitveis og annan Vaarblom lyser upp i Skogen;
kvar Morgon herleg Fuglekonsert; Vaaronna i
full Gang; det vert nok Sømar i Aar med, skal
me sjaa. Eg tek alt so smaatt til aa drøyme um
Jæren.
– Siste Korrekturarke til "Haugtussa" er en-
deleg sendt. Og so er eg ferdug med Veslemøy
for godt, tenkjer eg.
– Endaa ei Bok av Ernst Høckel er eg
komen til aa lesa: "Die Weltrøthsel, – Studien
øber monistische Philosophie" (1899). Ho vart
meg eit Repetisjonskursus i Striden fraa Slutten
av det 19de Hundradaare og var forvitneleg ved
det, um ho ikkje nettupp gav noko nytt. Ja og
so minnte ho um, at Reaksjonen tok til aa faa
Makt alt i 1890-Aari; no hev han vel Makti all-
stad, aa kalle. Men i Hovudsaki stend det, som
vart vunne i den store Gjenombròtstidi som me
kann kalle det 19de Hundradaare (Goethe–La-
marck–Darwin), fast, um nye Vanskar og Spurs-
maal sidan hev vakna, og um dei "siste Spurs-
maali" aldri kann faa Svar. Og likso fast stend
det, at det alle Dagar berre vert "dei faae", som
<side nr=312>
er "utvalde" dvs. vinn Klaarleiken som er aa naa;
Mengdi vil heretter som fyrr halde seg til sine
Trudomar. Ja og so hev me den store aandelege
Millomklassa, som berre "fylgjer med Tidi" dvs.
held seg til dei Synsmaatarne, eller dei Tale-
maatarne, som til kvar Tid er paa Moten. Hovud-
spursmaale er, um det alltid læt seg halde uppe
so vidt Aandsfridom, at dei som ærlegt søkjer
Sanning kann vinne so langt som komande er;
men det vil alltid vera vanskelegt, av di den
Mengdi som lìver paa Trui aldri kjenner seg
heilt trygg utan naar ho kann gaa ut fraa, at
alle trur som ho. Her er ein av dei Vanskarne
som aldri heilt læt seg greie.
19. 5. 20.
Etter Bladi hev det vore ein rett gild 17de i
Oslo, endaa VÍre var berre so midt-i-Lag.
I Bondeungdomslage held Trond Vigerust Talen
paa Gudbrandsdalsmaal – um aa dyrke Jordi
(dei 8–10 Millionarne Maal som enno ligg
udyrka) og Bondekulturen og Heimemaale. –
I Bergen hev dei havt ridande Vossabryllaup,
som gjorde seg godt; i Ervingen tala Skule-
direktør Vevle, i Bondelege Helge Valtysson;
mykje Kvende i brikjande norsk Bunad (men
berre kvende – i Xania er det reint Slutt med
slikt no). – I Bergen hadde dei dertil eit 50-
Aarsminne: fysste Nummere av "Fraa Bygd og
By" kom ut 17. 5. 1870 (med Henrik Krohn til
Styrar).
Elles det vanlege. Og paa Teatri spela dei
Nitouche og anna uvedkomande. Men n o k o
Gagn gjer den 17de Mai likevæl, – um han
elles no hev fenge den 1ste Mai aa slaast med.
– Tyskland skal betala ei Krigsskadebot paa
<side nr=313>
120 Milliardar Mark i Gull – med aarlege Av-
drag i 33 Aar. For 50 Aar sidan galdt 5 Milli-
ardar for store Pengar: "saadant som 5 Milliarder,
det kunde kun du" (dvs. det 19de Aarh.) "finde
paa", vart det den Gongen skrive. Frankrike
fær sjølvsagt mest: 55 % eller 66 Milliardar.
Franskmennerne gjer elles det dei kann til aa
døyve det tyske Sinne; det er den franske Lega-
sjonen som hev gjort (dvs. fenge Lov til aa gjera)
Framlegg um dei 33 Aari og um, at Tyskland
skal bli hjelpt med eit Kjempelaan (baade til Bot-
Betalingi og til indre Atterreising av Tyskland).
Elles held det paa med Bolsjevik-ufred, Streiking,
Gatedemonstrasjonar. Og Folkesambande er enno
lite meir enn eit Spursmaalsteikn. Sveits vil elles
vera med; men Fleirtale er ikkje stort: 410 000
Røyster av 720 000. Og kva Veg det bér med
Sambandsstatarne . . . . Det einaste nye derifraa
er, at Wilson ligg for Dauden att.
– "Olaboka" hev Hulda fenge Tak paa (Xia
1839). Den Ole Rynning hev vore ein rimeleg
Mann, som ikkje kytte meir av Amerika enn rett
kunde vera; men det hev skapt Tiltru til Mannen
og i det heile styrkt Amerikahugen; – det kunde
nok lokke ein Vestlending aa høyre um Jord ("i
de vestlige Stater") "saa fed, at den bærer et-
hvert Slags Korn uden Gjødsel", liksom det var
eventyrlegt med Statar der det voks Sukker, Ris-
gryn, Tobak, Bomull osfr. – Fysste Nordmannen
som vandra ut hev vore ein Kleng(?) Peersen
fraa Stavanger, som kom dit i 1821. Og han
fekk det fysste norske Utvandrer-Lage i Veg (52
Mann paa ein liten Slupp, som kom til Nyork
1825). Sidan (fraa 30-Aari) vart det meir og
meir Utvandring, for det fysste fraa Bergens og
Xsands Bispedøme.
– Arnold Zweig: "Die Sendung Semaels;
jødische Tragödie in 5 Aufzøgen" (13de Upplag
<side nr=314>
av "Ritualmord i Ungarn") gjev eit Bilæte av
Jødeliv i Ungarn (der sjølve Staten no driv paa
med – eller finn seg i – Jødeforfylgjingar.
Ein fær ei uhugleg Kjenning av Halvvillskapen
der nede og skynar ikkje, at Jødarne kann ha
halde ut under slike Vilkòr (og at dei enno trur
paa sin Elohim!); men med sine gløgge øko-
nomiske Hovud tenar dei væl so godt millom
Hunnarfolke, at dei held ut likevæl; dessutan er
det vel ikkje tryggare andre Stader nedyver der
paa den Kanten. – Stykke er elles ikkje noko
Lesedrama.
27. 5. 20.
Kvitsundag. Og endeleg KlaarvÍr, som ser ut
til aa kunna halde seg. Men so vert her vel for
mykje av det med, liksom det hev vorte for mykje
Regn, – mange Stader daa visst.
– Eg hev endeleg teke til so smaatt med den
literære Artikelsamlingi. Fær no sjaa, koss det
kann gaa.
– Hulda er midt upp-i verste Mase med Teneste-
gjentespursmaale att. Etter Lysing i "D. 17de"
kom det 4 Billettar. Av deim er der tvo, som
det kann vera Spursmaal um. Men den eine av
desse Gjenturne (Fraa Hadeland) skal paa Skular;
Spursmaale er berre: kor snart. Den andre (fraa
Øysterdal) hev òg svært gode Vitnemaal – fraa
ein Folkehøgskule og ein Kapellan; det vert daa
vel like eins der: ho skal lenger paa Skule- og
Byveg. Og Posten hjaa Hulda skal vera eit Stìg
paa Vegen. I alle Tilfelle: veldige Lønskrav.
Desse veks og veks, so det snart berre er Mil-
lionærar som kann koste seg slik Stas som ei
Tenestgj- hm; Tenestedame.
Naa; det er sværande godt at Gjentur vert
Damur. Mindre godt er det, at den Vegen, me
<side nr=315>
her er komne inn paa, fører til mindre og mindre
øgteskap. Det kunde elles òg vera godt paa ei
Vis, – um det førde til mindre Folkevokstr. Men
det fører til m e i r Folkevokstr – paa den galne
Kanten: meir og meir Proletariat.
Me fær tru, at Amerika hjelper oss – med
endaa fleire Maskinur. Det som i det heile vil
vekse er: Maskinkultur, Proletariat, Halvdaning,
Bolsjevisme.
25. 5. 20.
I Dag er Tuften 32 Aar. "Det er utrulegt so
gamle som me Foreldri blir," segjer me Foreldri.
Og no er der ein ny øttlekk: eit Barnebarn!
<side nr=316>
Som nok berre er nokre Maanar gamalt, men
berre sprettande Liv, og utruleg Intelligens i dei
klaare blaae Augo. Gjev alt maatte gaa so godt
som det no ser ut!
– Ute er det endeleg Sømar. Straalande
Sømar, med Glans og Glitter og Srnaafugle-
Kvitter og Grønking og Bløming – og Gullboste-
Glim yver alle Engjer, og dermed meir enn nok
av Arbeid for meg. – Attaat hev eg teke til
med Innsamling av Stykke til Samlingi av literære
Artiklar. Men det er mykje gildare ute.
29. 5. 20.
Høyrde i Gaarkveld eit Foredrag av Carl Lum-
holtz um Borneo og siste Uppdagarferdi hans der
(1916–18). Det var forvitnelegt, endaa Mannen
ikkje nettupp er Talar. Han hev dertil livt det
meste av sine 69 Aar utanfor Norig, so Norsk-
dansk fell ikkje lenger heilt naturlegt for 'n;
sjølve Uttalen hadde her og der noko engelsk
ved seg.
Dajak-folke høyrer Øyi til, men Øyi høyrer
ikkje lenger det til; Malayar hev sett seg til paa
Strenderne og uppetter Elverne og driv Handel,
og Kinesar er der mykje av; men no er det
Europæaren som raader (Hollendingen og – i
den nørdre Tridjungen – Engelskmannen). Da-
jakarne er etter europælsk Maalbruk ville:
brukar svært lite Klæde (um elles Malayarne
prakkar paa deim noko meir no) og ikkje stort
Husrome heller (Husi bygd paa meir og mindre
høge Pælar, til Tryggjing baade mot den vaate
Grunnen og mot Udyr, ikkje minst Orm); og
noko vidare Religion hev dei ikkje (trur berre
paa gode og vonde Aander og so eit Paradis
som er som Borneo paa Lag, med noko tryggare
<side nr=317>
og huglegare Livsvilkaar). E i n religiøs Skikk
hev dei som hev gjort deim verds-kjende: dei er
Hovudveidarar: røver Hovud. Sidan gjer dei seg
(ved god Mat) til Vens med Sjælerne i desse
Hovudi og gjeng so ut fraa, at dei (Sjælerne)
vil vera til Vern og Hjelp for Husi deira. (Mot
denne Hovudrøvingi hev Europæarane gjeve Lov-
bód og sett upp Straffar, so Skikken vil vel etter-
kvart døy ut.) I det heile er Dajakarne eit gjævt
og godt Folk, som aldrig lyg og aldri stél, og
som er greidt aa koma til Lags med, naar ein
steller seg rett med deim (og aa stelle seg rett
er aa stelle seg honnet, sa Lumholtz; det gjeld,
sa han, alltid, naar ein hev med Villmenn aa
gjera). Og sjuke er Dajakarne aldri, aa kalle for;
jamvel mot Kolera og Ormgift veit dei oftast aa
greie seg: hev gode Lækjarar, mest Kvende.
Men dei meir kraftige, men mykje mindre ros-
verdige Malayarar trengjer deim meir og meir
inn og upp i Lande, so det vil gaa med deim
som med so mange andre ærlege og fredelege
Folk: dei kjem til aa liggje under for "Magti".
Borneo er rikt paa Dyr, Fugl (fleire av dei
fagraste i Verdi) og Krypdyr (søme av dei verste
Giftkryp i Verdi); millom Dyri er ei Mengd med
Apeslag, soleis Nase-apen (med Snyteskaft som
eit Menneskje) og Orang Utan'-en (i k k j e -tangen);
Namne tyder Skogmannen, og han hev godt Vìt,
so stygg som han er.
Gjenom ei lang Rekkje fyssterangs Ljosbilæte
fekk me sistpaa sjølve gjera ei Ferd gjenom
Borneo; og me saag mykje baade av den her-
lege Naturen og av Folke. Dette saag godt ut i
sitt solbrune Skind; mange (serleg Manns-)Andlit
saag verkeleg intelligente ut, og Baani var reint
ut fagre.
Om eit Aars Tid ventar Lumholtz aa faa ut
Boki si um denne Ferdi; og næste Gong er det
<side nr=318>
Nyguinea (største Øyi paa Kloten, liksom Borneo
er den næst-største), han vil gjenomreise. –
– Det er reint hundedagsheitt um Dagen, og
klaart og stilt; storfagert, men stridt aa vera ute.
Og Fugle-Tirling og Kvitring og Song. Og Jordi
skin av Gullboste, og Aplarne blømer, so Hagen
er eit sant Paradis. Men med Arbeide gjeng det
smaatt.
1. 6. 20.
Litt Regn i Natt endeleg. I Dag like varmt
att (noko svalare igaar); men det er skyut og
visseleg mykje Væte i Lufti, so det kann vera
Von um meir Regn. – Eg held paa med Gull-
bosten; hev eg slege Jordi grøn um Kvelden, er
ho gul att um Morgonen (aa, um Gagnvokstrarne
var so viljuge!); men andre Blomar veks til no,
so den verste Tidi er no snart yver.
– I Dag er Hulda hjaa Tannlækjaren. Ho
hev i det heile mykje aa dragast med; Armen
er enno langtifraa god, og indre Vanskar er der
enno, som slettikkje er aa skjemte med. Ho
held nok Mode uppe og liter trygt paa Sømar-
kvila til Fjells; men um ho vert so sterk som
ho hev vore fyrr er vel eit Spursmaal. Dertil
kjem desse Tenestgjentesorgerne, som jamt vert
verre. Helst vilde ho greie seg aaleine; aa hava
eit framandt Menneskje i Huse – helst i eit Hus,
der det ikkje er annan Ungdom – hev sine
Vanskar, um Gjenta er aldri so bra. Men
daa laut ho gjeva upp alt anna; og det kann ho
ikkje heller. Og Jenkien finn nok upp mykje
som er til Hjelp og Lette for einslege Hus-
mødrar; men mekaniske Tenestgjentur, – til
deim er det vel enno langt fram. Og paa Lande
vert det vanskelegt med Samkjøk-skipnaden med.
<side nr=319>
Døtrar vert det au mindre og mindre Hjelp i;
so snart dei vert so store at dei kunde vera til
Gagn, skal dei paa Skular. Dessutan: di meir
Kvinna vert maskulin: lærd, politisk, Kontormann
osb., osb., di mindre vil ho bry seg um "Huse".
Men Overgangstidi vert verst, og den er me
inne i no; me gamle fær daa berre trøyste oss
med, at dei Aari, me hev att, hanglar me oss
alltid igjenom.
– Politiken vert so keidsam, at eg orkar
mindre og mindre aa fylgje med. I Tyskland
skuldar dei ymse Fylkingarne kvarandre for aa
vilja gjera Revolusjon – reaktionær eller bolsje-
vikisk –, og i Russland, der Styre vert meir og
meir militaristisk, arbeider Lenin og hans Folk
samstundes paa aa bolsjevisere heile Europa; kor
mykje eller kor lite det kann vera i alt dette
Bladsnakke veit ingen: det rimelege er, at det
vert noko meir eller noko mindre Braak endaa
ei Stund framigjenom, og at alt tilslutt sig ned-
att i "det gamle Gnage". For det einaste visse
er, at det finst ikkje ein Statsmann i heile Verdi,
likso lite som det finst nokon Statsøkonomi (offi-
ciel), som kann faa upp nokon Folkevelstand.
Dei som vil forstaa seg paa Samfundsøkonomi
spaar daa Nedgang, Nedgang, – um daa ikkje
amerikansk og engelsk Sparsemd (som Bladi dei
siste Par Dagarne hev innehalde forvitnelege
Meldingar um) skulde kunna faa Tiderne til aa
snu seg.
– No um Dagen held eg paa med Kritiken
min (fraa 1883) yver Heuchs "Vantroens Væsen";
det er eit godt Stykke. Men um det i denne
Bakstrævtidi kann bli til Gagn paa nytt – –
<side nr=320>
11. 6. 20.
Etter nokre kaldvorne Dagar knakande varmt
att. So varmt, at det er godt aa ikkje bu paa
Solsida.
Gullbostekrigen er um Lag til Ende. Noko
sers glup hev eg ikkje vore, og det er eit Spurs-
maal, um Stræve mitt hev nytta noko; eg veit
berre som vanleg, at hadde eg ein Øyre for
kvart Bostehovud eg hev fellt – – –
Men Tuften er anna til Kar. Usliteleg seig;
held paa til Midnatt i Hagen etter ein trøyttesam
Bibliotekdag; gjev han ikkje masar seg ut for
snart. Me preikar for 'n det beste me kann;
men han tek det rolegt og meiner, at med hans
Arbeidsmaate skal det klara seg. Og ein trur i
det lengste det ein gjerne vil tru. – Kari trivst
og vert meir og meir kvik og klok; er "Sol-
straalen i Huse".
Me gamle "klarar oss". Hulda dreg til Fjells
den 16de, og eg til Havs so Jonsok.
Harriet Backer skal til Einabu; der kjem ho
til aa trivast. Kannhende Ivar fær gjort henne
til Teosof med. – I næste "For Bygd og By"-
hefte hev han eit langt Dikt um Bonden og
Jordi; det viser, kor rolegt han no tek det øko-
nomiske Spursmaale. Og eg maa reint ovunde
'n for det i Tider som desse.
– Tiderne ja; Ludv. Meyer hev sendt meg eit
Hefte, han hev gjeve ut, um Lenin og den nye
kommunistisk-bolsjevistiske Socialdemokratismen;
eit og anna der er rett forvitnelegt. Og heile
Skipnaden so kunstig, at han nettupp maa høve
for den Aalmenningen, som han serlegt skriv for.
Sjølvsagt skal den nye Tidi koma snart; men her
tarvst ingen Blod-Revolusjon; steller en seg rett
so vil det gaa av seg sjølv. – Noko meir hev
eit Foredrag av Jakob Naadland interessera meg
(Referat i Norig); etter eit forvitnelegt historisk
<side nr=321>
Utsyn kjem han innpaa ein Synsmaate som i eit
Hovudspursmaal – ikkje det økonomiske –
minner um den danske Rettsstat-Tanken: han
krev Grensur for Statsmagti. Men um han kann
faa den Tanken til aa fengje i ei Tid, daa alle,
og ikkje minst Bonden, nettupp hev sett seg til
og vil patte Staten – – – – Kunde eg faa
Stunder, so skulde det vera Moro aa skrive noko
um dette.
Men no hev eg sumla burt nokre Dagar med
ein Stubb til Jolenummere av "For By og Bygd";
det gjeng so seint for meg no, maa-tru, aa faa
noko so vidt til, at eg tykkjer det kann lata seg
prenta.
18. 6. 20.
Igaar drog Hulda til Fjells. Og det var paa
Tidi; ho treng væl um aa faa Kvile. Det vert
elles berre Halvkviling: ho hev baade "For Bygd
og By" og ei "Bok til Jol" aa greie; men ho
slepp Huse og kann daa for det fysste meir
samle seg og for det andre taka seg Kvilestunder,
daa ho er heilt fri. Og det, saman med Fjell-
lufti plar gjera Vidunder.
Her held Forsòmarhìten og Stilla paa, so eg
er reint glad ved aa bu paa Skuggesida. Igaar
saag det ut til aa kunna verte Regn, og glade
var me: men det vart berre nokre Toreskrall
langt hi-Sides Fjorden og ikkje ein Dròpe; og i
Dag er det same Hìten og Stilla att. Det vert
snart for mykje; og sidan kjem det vel for mykje
Regn; det Naturen minst forstend seg paa er aa
halde Maate.
– Igaar og i Dag hev eg rota igjenom Blad-
haugen min; det finst ikkje mykje der, som vil
høve i den literære Samlingi. I det heile hev
<side nr=322>
eg nok skrive mindre um "Literatur" enn eg
trudde; d e n n e Samlingi maa daa vel kunna bli
ei høveleg Bok.
– 9de Upplag av Haugtussa kom i Dag; 5000
Expl er prenta. Det vil vara ei god Stund<fmark ind="1)">.
Med Arbeidskrafti er det ikkje rart; men eg
sét mi Von til Jæren og Havlufti. Berre det
ikkje var denne raadlaust lange Ferdi! – Luft-
ruta kjem vel ikkje i Gang, fyrr eg er for gamall,
veit eg.
– Me held paa skifte Regjering no. Det kann
vel vera godt i søme Maatar; "Vinstre" kann
trengje væl til aa friske seg upp att (um det
k a n n bli uppfriska meir). Elles vert det vill
Attergang, veit eg. Ikkje minst nasjonalt; baade
Gunnar Knudsen og "Vinstre" kann mill. a. gleda
seg ved, at no fell Spursmaale um Hjelp til D. n.
Teatre heilt burt.
Derimot hev Xia-Bakstræve bøygt seg: Teatre
skal faa Raaderett yver den Tufti det eig fraa
Hausten 1911. (Liksom Kaffistova i k k j e skal
bli utkasta fraa Garden paa Stortorge.) No vil
det daa spyrjast, um ein kann faa skrapa inn
Byggjepengar nok til Teatre; med Tiderne bér
det nok meir og meir ned-yver. Men Krav vil
her vera nok av som vanlegt; no er soleis Snorre-
Nemndi kome med ei Liste. Aa, den som hadde
eit halvt Tjug Millionar, – kor det skulde vera
lett aa bli deim kvitt!
– Ute fraa Verdi er der lite Nytt aa hefte
seg ved. Det eg hev lagt Merke til er, at ikkje
eingong so liten ein Ting som det aa nyreise eit
Palæstina greier Verdsmagterne. Dei hev gløymt,
at Rett mot Jødarne vilde bli Urett mot det Folke
som no bur i Palæstina; og daa so dette Folke
protesterar, so stend Verdsmagterne der. Magt
til aa hindre Jødeforfylgjingar hev dei ikkje heller.
<fnote ind="1)"> Det varar allvisst enno i november 1926. – H. G.</fnote>
<side nr=323>
Urett kann dei gjera, og Valdsverk kann dei øve;
men Rett – – –; stakkars Stormagter. Og
stakkars Verdi.
20. 6. 20.
Det nye Riksstyre er av stridaste Høgre-Slag
– fire Mann fraa sjølve den faste Reaksjonsborg
Høgsterett–, so at no – med det veike Tinge,
me dertil hev – vert det nok meir enn Still-
stand.
Serleg hev me norske tapt. Den verste Maal-
etaren, me hev i Tinge, Michelet, er komen med,
og den nye Kyrkje- og Skuleministeren, skal vera
av same Slage. Dei andre er daa vel ikkje stort
likare. Og av Lærarstande, som i desse Tider
liver paa halv Sveltihel, kann det ikkje vera mykje
aa vente; me fær daa vel ei ny Sove-rid.
Til Forsvarsminister hev me fenge ein Over-
lækjar. Han (som dei fleste andre i Raade) er
elles ukjend for meg. Av dei 10 Mennerne er
1 fraa Lande (men daa òg fraa Østfold, og Stor-
bonde m. m.); av dei 9 Bymennerne er 4 fraa
Oslo, og so hev Troms, Trondhjem, Bergen, Stav-
anger fenge ein kvar. Bypolitiken fær daa Magti;
men Bypolitik no er Industrialisme.
Bonden stend heilt utanfyre. Arbeidaren med,
underleg nok. Men so "fær me no sjaa daa".
– Fraa Hulda høyrer me Inkje; kannhende
hev det laga seg med den Heidmarksturen, ho
tenkte paa.
25. 6. 20.
No lid det; i Morgo skal eg vest-yver.
Dei siste Dagarne er gjengne med "Gjenom-
rotings"-arbeid: eg hev kikka igjenom gamle
"Fedraheims"- og "Syttande-Mai"-Aargangar, um
<side nr=324>
det kunde vera noko literært der, som lét seg
prente upp att. Av slikt var der lite. Men eg
kom til aa sjaa paa sømt av det politiske fraa
1890-Aari, og det var paa sin Maate forvitnelegt;
– huh. Aa, som desse stakkars Folki alltid og
æveleg piner og plagar seg sjølve og kvarandre!
Og dette held paa og held paa. Former og Maatar
skifter; men utrygt er det jamt, ikkje minst for
dei smaae Folki; og um det kloke Europa nokon
Gong vinn seg lenger, det er eit svarlaust Spurs-
maal no som fyrr.
– Det held seg blaasande og halvkaldt med
ei Regnskur no og daa; eg er soleis væl fyre-
budd paa den jærske Nordvesten og det jærske
Regnet, som eg vel kann vente meg i Aar som
vanleg. – Farvel so lenge, Labraatan!